27

Død manns kiste

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Kriminalroman av Kroken & Kolden.

Citation preview

Page 1: Død manns kiste
Page 2: Død manns kiste

1

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 1

Page 3: Død manns kiste

Kroken & Kolden

Død manns kiste

Kriminalroman

SamlagetOslo

3

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 3

Page 4: Død manns kiste

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Page 5: Død manns kiste

Bente Ruste stig av sykkelen og tek med seg dagens postfrå den grøne kassa på grindstolpen. Ho opnar grinda,trillar inn sykkelen og set han frå seg mot garasjeveg-gen. Går dei få metrane til inngangsdøra og låser opp.Dette er siste gong ho skal vera med på den hersensaerobictreninga. Det er dei same trinna, den samemusik ken og dei same folka kvar gong. Heretter skal hotrimme åleine. Jogge, gå turar i skogen. Det var Mettesom fekk henne med på jentegruppa. To gonger i veka.Sidan ho var ny i Lom, tenkte ho det kunne vera ein finmåte å koma i kontakt med folk på, laga seg eit nett-verk. Men ho har ingen ting til felles med dei andre jen-tene. Dei fleste er yngre enn henne. All praten om kjæ-rastar og ferieturar og kosekveldar – ho orkar ikkje sliktog har ingen ting å tilføre ein slik samtale. Det skulleteke seg ut om ho hadde kome med sine erfaringar tildet romantiske sukkerspinnet deira! Berre Mette og eitpar andre kvinner på gruppa er på hennar alder. Mettehar ho mykje til felles med, men dei andre har ho nes-ten ikkje veksla eit ord med. Ho som heiter Tea, likar hoikkje i det heile. Arrogant og skitviktig, tenkjer Bente.Snakkar knapt med dei andre. Asosial bitch, det er detho er. Men flott å sjå på, ho må innrømme det. Og visst-

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 5

Page 6: Død manns kiste

nok veldig dyktig. Tea Hovde er rådmann i kommunen,eller administrasjonssjef, som Mette hadde retta det til.

Bente slengjer gymbagen frå seg i gangen. Sparkarav seg skorne. Går inn på kjøkenet. Legg posten på bor-det. Opnar kjøleskåpdøra. Nesten tomme hyller. Berreein kartong med mjølk, ein kvitost, eit par tomatar ogein altfor gamal paprika. Eit halvt brød. Så får det blivarme ostesmørbrød til kvelds. Ho går bort til opp-vaskbenken. Opnar kaldvasskrana, lèt det renne litt.Drikk to glas på styrten og fyller det tredje. Tek medseg posten og set seg i sofaen i stua. Som vanleg ligg detreklamebrosjyrar innimellom aviser og brev. Ho måhugse på å reservere seg, få tak i eit klistremerke å ha påpostkassa. Elles er det dagens aviser, eit par rekningarog eit brev som ser meir personleg ut. Adressa hennarer skriven med gamaldags skrivemaskin. Akkurat sompå dei ho har fått før. Det første brevet kom tidleg iaugust, det andre for ei veke sidan. Anonyme brev. Hoskjønar det ikkje og klarer ikkje heilt å ta det alvorleg.Ho har vore i Lom berre nokre månader, og det mesteav tida går med til arbeid. JÆVLA HURPE, stod det idet første. FALSKE KJERRING, stod det i det som komførre veka. Ho har berre slengt breva i omnen. Hartenkt det måtte ha med arbeidet som dyrlege å gjera. Atein eller annan var sur fordi ho hadde påpeika dårlegdyrestell. Ho ser litt av kvart i jobben og er kanskje littfor rask somme gonger til å gje dyreeigarane ei litairette setjing. Ho klarer ikkje la vera. Dyrevelferd ernoko av det ho brenn mest for, og det er altfor mangesom ikkje veit kva ansvar det medfører å ha dyr.

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 6

Page 7: Død manns kiste

Ho ser på brevet. Høyrer ein bil køyre forbi utanfor.Opnar konvolutten og brettar ut det halve, ulinjerteA-arket. Berre nokre få ord, som sist: DU SKAL FÅSVI.

Men denne gongen er det teikna eit svart kors bakorda.

Er det ein dårleg spøk? Eller er det Roger – har hanverkeleg klart å finne henne? Har det vore Roger heiletida? Den tanken har faktisk ikkje falle henne inn. Førnå.

Angsten strammar til i bringa, gjer det tungt å puste. Det må vera han. Helvete! Skal ho aldri få fred for

han? Og kven har sladra om at det er hit ho har flytta?Nei, det kan ikkje stemme. Og det liknar ikkje Roger ånytte seg av skrivne ord. Hadde det vore han, ville hansete her i sofaen og flirt da ho kom heim. Her har dumeg, liksom, og du blir aldri kvitt meg.

Men om det ikkje er Roger – kven er det da? Ho snur på konvolutten for å sjekke poststempelet.

Men brevet har ikkje stempel. Det må vera lagt i post-kassa medan ho var borte. Ho har ingen uvener somho veit om, bortsett frå Roger. Som ho endeleg harkome seg langt unna, etter eit ekteskap med krangel ogspetakkel. Da det vart utlyst dyrlegestilling i Lom, tokho spranget. Reiste langt nok unna til å sleppe å støytepå han på gata. Ho har innbilt seg at det var utenkjelegat han ville dukke opp her.

Nei, ingen uvener utanom han. Ho har ikkje nokouoppgjort med nokon. Men kanskje er det nettopp deteg har, tenkjer ho nå. Det er ikkje alltid like lett å vera

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 7

Page 8: Død manns kiste

dyrlege. Å måtte ta avgjerder som går på tvers av detkundane vil. Det har vore dyr ho ikkje har lykkast åredde. Kattar og hundar ho har måtta avlive på grunn avsjukdom, somme gonger til heftige protestar. Eller …ikkje protestar, kanskje, men ho har vore nøydd til åargumentere hardt for å få eigarane til å forstå at detbeste er å avlive. Dyr skal ikkje pinast og haldast i liveberre fordi vi menneske ikkje orkar å ta farvel, er hennarfilosofi.

Eller kanskje er det ein som er misnøgd overrekninga han eller ho har fått i posten? Det er mangesom klagar på prisen. Men både medisinar og opera-sjonar av ymse slag er kostbare, dyrlegane kan jo ikkjedrive med gratistenester meir enn andre fagfolk. Kan-skje skulle folk ta personleg økonomi med i betrakt-ninga når dei skaffar seg dyr, har ho ofte tenkt.

Det kan vera den rare bonden på fjellgarden oppiBøverdalen òg. Ola Tusshaug. Plassen ligg langt frå folkog har brattaste gardsvegen ho har køyrt nokon gong.Ola såg hatefullt på henne da ho la ut om korleis eitfjøs skulle vera for å oppfylle alle krav til akseptabeldrift. Kvinnfolket som budde saman med han, helsaikkje eingong, berre skulte mistenksamt på henne ogsåg ut som ho helst ville ha henne der ifrå. Bente skalopp dit att i morgon, dei har litt problem med eit parsøyer som har vore på fjellbeite til nå.

Ho snur og vender på brevet. Ser på dei få orda. DUSKAL FÅ SVI.

Brevet verkar meir truande enn dei første. Mest pågrunn av korset. Det er bruka for å skremme, mest

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 8

Page 9: Død manns kiste

sannsynleg utan ein seriøs tanke bak. For det kan daikkje vera nokon som verkeleg vil henne til livs? Mennokon har altså lagt brevet i postkassa hennar. Eigen-hendig. Har teke seg bryet med å køyre hit opp og risi-kere å bli sett. Ho skal jammen spørje naboane i mor-gon. Jorid, som bur litt lenger oppi vegen, og Konrad,som bur bortanfor henne. Konrad, ja. Han òg er sinnapå henne, kjem ho på. Han kom innom kontoret hen-nar i går, skjelte og smelte og nekta å betale for avlivingav ei smellfeit, hjartesjuk tispe. Og Konrad kan lett nåpostkassa hennar ved å tøye seg over sitt eige gjerde.Ho frys på ryggen ved tanken.

Bente legg frå seg brevet. Går bort og sjekkar veranda -døra.

Den er ulåst. Er dregen heilt inntil, men open forkven som vil. Ho må bli meir nøye med å låse. Ho serut i den snart mørke septemberkvelden. Går ut påverandaen og set opp att ein stol som har velta. Ser motljosa i sentrum og den minkande trafikken nede påriksvegen. Ho var heldig som fekk leige dette huset.Det ligg på Øvergrenda med fin utsikt mot Bergom,bygdesenteret der alle butikkar og viktige offentlegekontor er samla.

Ho angrar litt på at ho ikkje sa ja til å eta pizza ogdrikke øl med jentene. Dei hadde invitert henne medetter treninga. Ho skulle ønskje ho hadde einkvan åprate med. Nokon å ringje til, men kven skulle det vera?Mette er ute med dei andre jentene. Kanskje JørgenVold. Han er politi. Kan ho ringje og seia ho er trua?Nei, ho vil ikkje vera dramaqueen. Ho får heller vente

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 9

Page 10: Død manns kiste

til han kjem til kontroll med hunden sin att. Han varsvært nøgd med henne da ho sydde det djupe såret tilboxeren hans sist veke, og dei fekk god kontakt. Dagenetter kom det ein flott bukett til kontoret. «Til Bente.Mange takk for hjelpa med Leopold», stod det på kor-tet som følgde med. Eit par timar etterpå ringde han ogbad henne på kaffi. Dei hadde hatt det veldig hyggeleg,Jørgen Vold var verkeleg ein mann etter hennar smak.

Bente veit inst inne kvifor ho skunda seg heim attfrå aerobictreninga. Det var fordi Jørgen hadde sagt athan kanskje stakk innom i løpet av helga. Dersom detvar ok for henne, og dersom han fekk tid.

– Greitt for meg, det, hadde ho svara. Hadde prøvdå høyrast roleg og nesten uinteressert ut, men ho skulleønskje han kom i kveld. Ho ser på klokka. Den er ennoberre ni.

Ho har vore litt saman med ein annan mann fråbygda. Da ho flytta inn, var han innom og fiksa eit parutette kraner og ei skåpdør som mangla eit hengsel.Like etter ringde han og bad henne på kino, og sidanhar dei treft kvarandre ein gong iblant. Men det er eitteller anna som skurrar mellom dei. Bente klarer ikkjesetja fingeren på kva det er, men somme gonger gjerhan henne utrygg. Han spør henne ut, ikkje av inter-esse, men for å kontrollere henne. Og fordi han ersjalu. På kollegaene, på dyreeigarane ho vitjar i jobb-samanheng. Nå har dei ikkje treft kvarandre på eistund. Ho har funne på orsakingar når han har ringt,og sist gong sa ho rett ut at dei kanskje skulle avslutteforholdet. Ho har høyrt nyss om at han har noko på

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 10

Page 11: Død manns kiste

gang med ei anna. Bente er letta, sjølv om ho var veldigforelska i han til å byrje med.

Jørgen er nok eit betre kort. Ho må forte seg å dusje.Dersom Jørgen verkeleg stikk innom, kan ho bestillepizza frå Nordal. Under trappa nede i gangen har hoståande to -pakningar med øl. Han bur ikkje langtunna, så han kjem sikkert gåande.

Ho går inn på soverommet og kler av seg, legg tre-ningstøyet i skittentøykorga, tek på seg ein kosedressog går inn på badet. Ho ser seg i spegelen. Ho er ikkjeså verst, eigentleg. Krølla, mørkt hår, brune augo, friskhudfarge. Ho smiler til seg sjølv. Tennene er kvite, menlitt skakke. Ho opnar eine døra på badeskåpet for åfinne seg eit nytt såpestykke. Det gamle som ligg påservanten, er det att berre eit lite flak av. Ho smett ut avkosedressen og skrur på dusjen.

Da ringjer det iltert på dørklokka. Søren, da rekk hoikkje dusje. Men det må ho. Ho luktar sveitte og fjøsetter ein lang arbeidsdag. Kanskje Jørgen kan ta seg einøl medan han ventar. Ho skundar seg å ta på dressenatt.

Med det rennande, dampande dusjvatnet somakkom p agnement går ho og låser opp døra.

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 11

Page 12: Død manns kiste

Jørgen Vold opnar hundeburet og løftar den bruneboxeren ut av bilen. Han sender ein venleg tanke til dendyktige dyrlegen som fekk sydd saman det lange såretLeopold har under buken. Ein heilt vanleg luftetur i sko-gen veka før vart både vond og dramatisk da dei plutse-leg møtte ei lausbikkje. Utan noko som helst forvarselkasta hunden seg over Leopold. Han er ikkje så stram ogsjølvsikker som før. Kryp saman for den minste ting,legg halen innunder magen og ser redd ut. Som om hanber om orsaking for at han er til. Den sinte hunden sågdei aldri att. Ikkje fann Jørgen ut kven som åtte han, hel-ler. Ein turist, kanskje.

I helga skal dei ta det med ro. Jørgen har fri fråarbeid og kan gjera akkurat det han vil. I morgon harhan invitert kjærasten Tea ut på middag. Elles har hanikkje planlagt nokon ting.

Han er ikkje uroa over såret til Leopold lenger, men erlitt bekymra over den psykiske knekken han har fått.Leopold er berre ein unghund, det løner seg sikkert å fåeit meir erfarent hundemenneske til å plukke av han ang-sten. Kanskje kan Bente Ruste gje han eit råd eller to i densamanhengen. Det verka som ho vart glad da han spurdeom det var greitt å ta seg ein tur. Han hadde tenkt å gå

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 12

Page 13: Død manns kiste

innom henne i løpet av kvelden, men slår det frå seg. Detbyrjar å bli seint. Det var godt å prate med eit menneskesom var like interessert i hund som han sjølv. Når dethandlar om dressur, fôring og stell av Leopold, kan Jør-gen prate i time etter time, og han blir aldri lei av å lesaom boxerar. Slikt er det stort sett berre boxereigarar somgidd. Ikkje Tea, i alle fall. Ho er ikkje glad i hundar. Hanhar hatt med seg Leopold heim til henne berre ein gong.Tea sat stiv som ein stokk medan dei var der. Jørgen smi-ler for seg sjølv. Av alle han kunne forelske seg i, vart detaltså Tea Hovde. Truleg den raraste dama i heile Lom.

Jørgen og Leopold har sprunge eit godt stykke. Dei erpå veg gjennom industriområdet som ligg på Gjeisar-øya, litt utanfor sentrum. Jørgen kikar opp i lia, motØvregrenda. Han er berre ti minutt unna huset til BenteRuste. Kanskje han skal stikke innom ein tur likevel.

– Eller kva seier du, Leopold? Leopold kikar på han der han spring ved fot, lograr

litt med halen, seier seg samd med eigaren sin og erparat til å følgje med kvar som helst.

Dei kryssar riksvegen og tek fatt på Øvregrendsvegen.Ein bil kjem i høg fart nedover, Jørgen må skunde segog dra Leopold med seg ned i veggrøfta. At folk aldrilærer! Det er altfor mykje grisekøyring på vegane, ogsiste året har det vore ein auke i beslaglagde førarkort.Han rekk ikkje sjå registreringsnummeret før bilenforsvinn rundt ein sving, berre at det er ein eldre, kvitVolvo stasjonsvogn. Sikkert ein ungdom som nett harfått sin første køyredoning og skal tøffe seg med åtrakke hardt på gasspedalen.

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 13

Page 14: Død manns kiste

Andpusten spring Jørgen opp siste vegstubben ogringjer på utgangsdøra til Bente. Ingen kjem og låseropp. Han prøver ein gong til. Ingen reaksjon. Han kjempå at han har lagra telefonnummeret hennar, og tekopp mobilen. Det ringjer og ringjer, før han til sluttkjem til mobilsvar, som ber han leggje att ein beskjedetter pipetonen. Leopold pip og pistar utolmodig.

Jørgen kjenner på døra. Den er ulåst. Han går inn igangen, bankar på dørkarmen.

– Bente! ropar han forsiktig. – Hallo! Det er Jørgenher!

Det er heilt stille. Han går opp trappa til hovudeta-sjen, kikar inn i stua. Der er det ingen.

– Bente? Er du her?Han nøler litt før han kikar inn på kjøkenet. Tomt

der òg, og like ryddig som i stua. Ein liten gang tilhøgre for kjøkenet fører til det han trur må vera eitsoverom. Han trykkjer dørklinka forsiktig ned og tittarinn. Ei dobbeltseng, ryddig og oppreidd. Eit nattbordved hovudenden, med tre-fire bøker på. Ei skittentøy -korg borti hjørnet. Det er ingenting anna der. Ikkje såmykje som ei klesfille på golvet. Han høyrer plutselegnoko. Vatn. Rennande vatn. Ho dusjar. Sjølvsagt! Deter derfor ho ikkje har høyrt han.

Han går ned og slepper inn Leopold, går inn i stuaog set seg. Tenkjer at han bør gå ut att, vente ei stund,ringje på døra og låst som ingenting, men lèt det vera.Han får berre seia det som det er. At døra var open, ogat han gjekk inn ubeden.

Det varer og det rekk. Lyden av vatnet tek ikkje slutt.

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 14

Page 15: Død manns kiste

Jørgen ser på klokka. Eit kvarter. Han reiser seg, går ut iden vesle soveromsgangen. Baderomsdøra er ikkje lukkaheilt inntil. Leopold pip litt bak han. Han ligg og ser påhan frå det lodne teppet under salongbordet i stua. Detårvakne blikket ser nesten litt undrande ut, som om haner i villreie om kvifor dei har hamna her.

– Bente? seier Jørgen mot den kvite døra. Ikkje noko svar. Med eitt er det noko illevarslande

med den rennande lyden. Han nøler litt. Skal han veraså freidig at han kikar inn? Han må nesten det. Tenkom ho ligg hjelpelaus på golvet der inne.

Han opnar forsiktig døra, såpass at han kan stikkehovudet inn og ta ein kikk. Det er ei skodde av damp idet vesle rommet. På golvet like innanfor døra står totøflar. Eit stort, lilla badehandkle ligg over ein korgstolved sida av vasken. Ei hylle med små krukker, tubar ogkosmetikk er plassert under ein rund spegel. Spegelenhar glinsande strimer av væte som renn nedover denblanke flata.

Han tøyer seg inn og ser mot kroken der dusjen er. Det blåmønstra forhenget er fråtrekt. Dusjen er

festa i det vesle stativet på stonga. Vatnet renn og renn.Det har runne så lenge at varmtvasstanken er tømd.Han kjenner eit kjølig drag frå det kalde vatnet.

Jørgen ser på vatnet som sprutar, på dei ljosblå, flis -lagde veggane. Han kikar til og med bak døra.

Rådvill blir han ståande i døropninga. Leopold harkome ut i gangen bak han, pistrar, er utolmodig etter åfortsetja den avbrotne turen. Jørgen kommandererstrengt «dekk» før han går inn på badet og slår av vatnet.

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 15

Page 16: Død manns kiste

Han ser seg rundt. Nå er det etterforskaren i hansom ser. Etter teikn på kva som kan ha skjedd, etterspor. Kva får eit menneske til å forsvinne frå ein ren-nande dusj?

Han ser på tøflane på baderomsgolvet, på handkleeti stolen, tinga på hylla under spegelen. Éin ting mang-lar i det vesle rommet: Det er ikkje eit einaste klesplaggder, ikkje så mykje som ei badekåpe. Han går og kikarinn på soverommet att. Ryddig, stilig. Han går bort ihjørnet og lettar på lokket til skittentøykorga. Trenings -tøy øvst. Han tek det opp, det kjennest litt fuktig. Nylegbruka.

Jørgen set seg på sengekanten og prøver å samletankane. Kan ho vera ein annan stad i huset? Han måsjå gjennom heile bustaden. Kanskje er ho i kjellaren,kanskje har ho måtta ut på dyrlegebesøk og rett og slettberre gløymt å slå av dusjen. Det kan finnast hundregrunnar til at huset er folketomt og dusjen var på.

Han tek opp telefonen og ringjer nummeret tilBente enda ein gong. Det ringjer ein stad i huset. Hangår etter lyden, mot stua. Og der ligg den og lyser. Ivindaugskarmen, delvis bak ei blomepotte med einlilla orkidé. Tre tapte anrop. To av dei er frå han sjølv.Han lèt telefonen liggje. Dette er ikkje politietter fors -king, det er ufint å kike i telefonloggen hennar.

Han byrjar på ein runde gjennom huset. Ser i alletenkjelege og utenkjelege krikar og krokar. Opnarskuffar og skåp, ser bak gardiner, inni benkar, undertrappa og uti det vesle kottet ved sida av inngangspar-tiet. Ingen ting.

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 16

Page 17: Død manns kiste

Han går inn i stua og set seg i sofaen att. På bordetligg aviser og brev, eit halvtømt vassglas står ved sidaav. Jørgen blar distré gjennom posten. Det vanlege.Same avis og brosjyrar som han sjølv fekk i dag. To–trebrev. Ein lapp ligg oppå det kulørte dobbeltarket medreklame frå Rema. Han brettar den ut og les. DUSKAL FÅ SVI, står det med store bokstavar. Og bakorda eit svart kors, teikna med tusj.

Kva i alle dagar …Med eitt kimar telefonen hans så han kvepp. Han

tek den opp og ser på displayet. Det er kjærasten, TeaHovde. Ho har ei eiga evne til å ringje når det ikkje pas-sar, tenkjer han. Han har mest lyst til å la vera å svara,men nærast automatisk trykkjer han på svarknappen.

– Eg må avlyse middagen i morgon, seier Tea påtelefonen. – Det dukka opp noko her, og … vel, vi får tadet ein annan gong.

– Har du sprunge? spør Jørgen.– Nei, korleis det? seier ho. Det er noko med stemma hennar òg. Den er litt for

høg, som om ein ørliten fistel har snike seg inn mellomleppene hennar og lagt seg utanpå orda. Med eitt hug-sar Jørgen korleis ho snakka som ungdom. Det er berreto år mellom dei, ho gjekk i niande da han gjekk i sju-ande. Dei få gongene han høyrde henne seia noko,hadde røysta vore litt pipande. Somme hadde gjortnarr av henne for det. Nå, som vaksen, har ho eigentlegei behageleg, mjuk stemme.

– Har det skjedd noko? spør han.– Nei, kvifor masar du om det?

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 17

Page 18: Død manns kiste

– Eg masar da ikkje, det er berre det at du høyrestlitt …

– Høyr her, Jørgen, – eg har ikkje sprunge, og det harikkje skjedd noko. Eg ville berre seia at eg ikkje kan etamiddag med deg i morgon. Kan du ikkje slutte med åvera politimann heile tida? Du grev og spør som om …nei, gløym det. Vi snakkast etter helga, ok?

– Ok, det har i grunnen dukka opp noko her òg, sådet passar fint. Og Tea, eg meinte ikkje …

Men ho har alt lagt på. Irritert legg han frå seg telefonen og ser på Leopold.– Tea er ikkje lett å bli klok på, Leo. Og når ho ikkje

likar deg, så er det kanskje likså greitt. Vi burde sjå ossom etter ei som er glad i dyr, du og eg, trur du ikkje det?

Han seier det i spøk, men medan han snakkar til deikloke hundeaugo, kjenner han ein slags letnad over atmiddagen ikkje blir noko av.

Jørgen stryk Leopold over den vanlegvis så blankepelsen. Den er litt matt om dagen, sikkert på grunn avskadane han har. Leopold ser oppmerksamt på eigarensin, halen sveiper att og fram.

– Denne lappen, mumlar Jørgen. – Kva trur du dentyder, Leopold?

Han går gjennom posten på bordet. Bente harsnakka om at ho har rømt frå eit valdeleg ekteskap. Atho for første gong på mange år har det bra. Er det eks-mannen som har leita henne opp? Sendt truande brev?Og har han vore her, i huset? Har Bente gøymt seg i allhast?

Jørgen ser på Leopold.

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 18

Page 19: Død manns kiste

– Nå tek vi ein runde rundt huset, seier han. – Og igarasjen. Kanskje har ho teke av stad med bil i hurtenog sturten.

Det er september, det metta mørkeret som er såtypisk for haustmånadene, gjer at Jørgen må tenne denvesle lommelykta han alltid går med i lomma.

Han opnar garasjen og kikar inn. Bilen står der. Deter ein blå Skoda stasjonsvogn. Han lyser inn i den medlykta. Ein sykkel står pent mot veggen til venstre. Ellesingenting. Alt er i orden, ryddig, kvardagsleg. Han gårut att, ser seg rundt på den vesle tomta. Lyser bak nokrebusker, lettar på ein presenning som løyner ein ved-stabel og ein grasklippar, kikar inn mellom nokre tresom sikkert høyrer nabotomta til, bøyer seg ned og serunder verandaen.

Men nei. Bente er ikkje her. Det er ikkje anna å gjeraenn å koma seg heim. Han får prøve å ringje henne sei-nare, for sikkerheits skuld.

– Sannsynlegvis er Bente berre ute på dyrlegebesøkog har gløymt å slå av dusjen i farten, det er ikkje verreenn det, seier Jørgen til Leopold og går mot grinda.

Han prøver å ignorere innvendingane som hopparopp og ned i takt med dei joggande stega hans nedoverØvregrendsvegen: Dyrlegebesøk? Til fots? Utan utstyr?Stod ikkje dyrlegeveska hennar i framsetet på bilen?

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 19

Page 20: Død manns kiste

– Skulle ikkje dyrlegen koma i dag? Olga Krystova ser på Ola Tusshaug over bordet. Dei

et formiddagsmat. Han svarar ikkje. Munnen tygg ogtygg medan han ser på henne med likegyldig blikk.

Ho reiser seg frå bordet i det gamaldagse kjøkenet.Går bort til fasttelefonen som Ola ikkje har fått somlaseg til å seia opp abonnementet på. Ser på kalenderensom heng på veggen over.

– Ho skulle ha vore her klokka , seier ho. – Det erden . september i dag, ikkje sant? Dyrlege Rusteklokka , står det her.

– Hmh. Trudde det var i morgon, eg, seier han medmunnen full av mat.

Olga blir ståande borte ved telefonen. Leitar etterdei rette orda. Norsken hennar er ikkje heilt stø enno.

– Kanskje du skulle ringje, seier ho. – I tilfelle dyrle-gen har gløymt oss.

Ola ser på henne. – Eg skal nok ringje. Ho får pent koma, dersom det

er i dag vi har avtale. Han puttar i seg ein ny munnfull av maten. – Kvifor er du plutseleg så ivrig på at dyrlegen skal

koma? seier han.

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 20

Page 21: Død manns kiste

– Den eine søya treng hjelp fort. Ho har det veldigvondt. Men viss du ikkje tykkjer det er nødvendig, så …og for meg kan ho gjerne la vera å koma. Eg likar henneikkje.

– Nei, det har eg skjøna, seier Ola med munnen fullav mat. – Sist ho var her, gjorde du ikkje så mykje somå helse på henne. Det var pinleg. Kva må ikkje folk tru,når du ikkje eingong seier god dag når dei kjem.

Som om det kjem så mykje folk her, tenkjer Olga.Her, som det ikkje er grannar. Berre to gonger i løpet avsommaren har det vore bygdefolk innom hjå dei. Deter så langt til gards at ingen gidd å ta vegen utan å haærend. Eller kanskje hadde dei gjort det om Ola varmeir gjestfri. Kjem det nokon ein sjeldan gong, møterhan dei ute på dørhella. Han ber dei aldri inn. Sommegonger ser ho fiskarar som skal til tjerna innpå snau-fjellet. Dei går berre forbi, følgjer stigen mellom Tuss-haug og Bakkom, grannegarden som ikkje har vore idrift på meir enn femti år. Og i går såg ho ein jeger, detkjem sikkert til å fara fleire av dei nå som det er haustog jakttid. Men ingen stoppar.

Ola skuler på henne. Drikk den siste slurken mjølkog tørkar seg rundt munnen.

– Neste gong dyrlegen kjem, får du oppføre degsom folk, så dei ikkje trur eg har drege ein imbesil tilgards, seier han og legg ei klype med snus under leppa.

Olga overhøyrer han. Det er sagt utan energi, han erikkje i kranglehjørnet.

– Eg må ned til Lom, seier han. – På mølla ein tur.– Nå? Men du var jo der i går?

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 21

Page 22: Død manns kiste

– Ikkje på mølla, nei.Kva dreiv han med i kjellaren etter han kom heim

att i går kveld? Han var sein. Olga såg han køyre bileninn i geitfjøset, som dei framleis kallar det som nå ergarasje. Etterpå høyrde ho han romstere i det instekjellarrommet, under stua.

– Kan eg bli med nedover? seier ho forsiktig. – Eghadde tenkt meg på bærskogen, men det rekk eg i etter-middag. Eller i morgon.

– Du har nå vel anna å gjera enn å gå i butikkar kvarskapte dag?

Blikket hans hardnar. – Kvifor kom du forresten så seint heim att førre

gongen du var nedover? seier han.Han kan spørja, men ikkje ho. Ho skulle ha kome

han i forkjøpet. Om ho berre ikkje var så feig. – Eg var innom hjå Pearly nede i grenda. Det er så

triveleg hjå henne, så vi vart sitjande lenger enn eghadde tenkt. Men så seint var det nå ikkje.

– Klokka var ti. Det kallar eg seint. Og kva dreiv dumed før du kom inn?

– Før eg kom inn?– Ja, det gjekk sikkert eit kvarter frå du parkerte

bilen og til du kom inn døra her. – Eg var innom fjøset og såg til dyra. Det veit du da

at eg alltid gjer. Ola reiser seg frå bordet. Tek den flate lua si og er på

veg mot døra. – Men skal du ikkje ringje dyrlegen? seier Olga mot

den breie ryggen hans. – Ho burde ha vore her for lenge

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 22

Page 23: Død manns kiste

sidan. Og vi kan ikkje la søya liggje og ha det vondtlenger. Foten er skikkeleg hoven.

Med det same ringjer telefonen. Ola snur seg, gårattende, løftar av røyret.

Olga ser på han medan han taus lyder til personen iden andre enden.

– Tusen takk, seier han til slutt. – Da ventar eg at einannan stikk innom i ettermiddag.

Han legg på røyret. – Når ein snakkar om sola. Olga ser uforståande på han. Alle desse ordtaka han

slår om seg med, ho skjønar dei ikkje. – Det kjem dyrlege i ettermiddag, seier han. – Ikkje

Ruste, men ein annan. Ruste er sjuk. – Sjuk? – Ja, han sa så, han som ringde. Skulle ikkje du på

bærskogen? Skal du ha tyttebær, må du plukke dei nå,før frosten kjem.

Han forsvinn ut døra før ho får sukk for seg. Olga ryddar av bordet. Ventar på lyden av bilen som

startar ute i tunet. Berre dei stundene ho er åleine,slappar ho heilt av. Ho kjenner seg framleis som einframand, etter fire månader på Tusshaug.

Lyden kjem ikkje. Men ein annan lyd. Kva er det han driv med? Olga ser ut gjennom stuevindauga. Som vanleg kjen-

ner ho seg litt svimmel når blikket tek inn den fantas-tiske utsikta. Bakkane ligg som tjukke, kuvne magarnedover bratta. Bygda ligg djupt, djupt nede. Dei burpå toppen av verda, ho og Ola. Garden ligg i så bratt

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 23

Page 24: Død manns kiste

lende at husa er bygde på rekkje oppå ein lang mur.Ikkje som på gardane nede i dalbotnen, som har roms-lege tun. Som eit kraftig augnebryn mot ein digerskalle av snaufjell ligg Tusshaug, og innanfor husa erdet berre plass nok til ein gangstig på ei meterbreistripe med gras.

Her oppe frå ser elvene Visa og Bøvra ut som toujamne trådar som møtest midt i dalbotnen. Gardaneer som små prikkar, liksom tilfeldig plasserte på deihaustbleike firkantane av åker og eng. Olga Krystovakjem aldri til å venne seg til det. Å vera så høgt oppe, også avsides. Ho er oppvaksen utanfor Volgograd, i einfattig landsby der eit kyrkjespir og eit gamalt vasstårnvar det einaste som stengde for utsynet, og der husastod tett i tett. Her på Tusshaug tek det nesten ein timemed bil å koma seg til butikken, og vegen ned til bygdaer så bratt og humpete at ho enno ikkje har vent segheilt til å køyre den på eiga hand.

Ho kom i mai, etter lang tids utveksling av mailarog bilde med Ola på internett. Dei hadde skrive eng-elsk, båe to. Han litt meir korrekt enn henne, og sommegonger hadde ho fått att mailar med rettingar av det hosjølv hadde skrive. Engelsk var eit nytt fag da ho gjekkfolkeskulen heime i Russland på nittitalet, og dethadde vore så som så med lærarkrefter i faget.

Ingen ting i Norge har svara til forventningane. Garden er mykje mindre og meir tungvint enn ho

trudde, og at den ligg heilt utanfor allfarveg, nemndeikkje Ola med eit ord.

Han er heilt annleis enn han sa han var, og alle dei

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 24

Page 25: Død manns kiste

fine tinga han innbilte henne skulle skje, var berrevakre ord han sikkert hadde henta frå dårlege filmareller bøker.

Den versjonen av Ola Tusshaug som henta hennepå Gardermoen, var tausare, gjerrigare, meir uvenlegenn den som skreiv mailar til henne. Og sintare. Forden minste ting kan han flyge opp i eit veldig raseri. Hoblir nervøs av det, alltid på tå hev og nesten handlings-lamma fordi ho er redd for å gjera noko han ikkje likar.Så blir det gale òg, sjølvsagt. Ikkje kan ho laga mat, seierhan, ikkje kan ho stelle krøtter, og ikkje er ho noko å hai senga heller. Da er det rart du vil liggje med meg kvareinaste kveld, hadde ho stotra på den ufullkomne eng-elsken sin. Da slo han henne. Det er tre månader sidan.Han har slått henne eit par gonger til. Ho går alltidmed ein liten angst i bringa. Men ho skal halde ut. Tilho finn ein utveg til noko anna. Heldigvis byrjar ho å fåtaket på språket. Dialekta dei snakkar her i dalen. Olaer flink til å lære bort, det skal han ha.

Det finst stader ho ikkje får gå. Avlåste rom. Sliksom kjellaren. Berre det vesle, kalde rommet rett undergolvlemmen på kjøkenet, der dei oppbevarer her -metikk og posemat, kan ho bruke. Elles er kjellardørenestengde, både den utvendige og den innvendige ute igangen. Ho anar ikkje kvifor. Somme gonger kan hohøyre han romstere der nede med eitt eller anna. Sliksom i går kveld, da han kom att frå turen til sentrum.Og i dag tidleg innbilte ho seg at ho høyrde skrapelydarder nede frå, sjølv om Ola var ute på jordet. Det skremdenesten vettet av henne, heilt til ho såg katten koma ut

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 25

Page 26: Død manns kiste

den vesle opninga i steinmuren med ei mus i munnen.Muren har små lufteopningar, laga for at kjellaraneskal halde seg tørre.

Ein gong i sommar gløymde Ola å låse døra igangen etter seg da han gjekk ned kjellartrappa. Hosneik seg stille etter han. Kunne høyre lyden av stegahans mot steingolvet, dei forsvann lenger og lengerinnover. Ho høyrde at han låste opp ei dør, og at døraslo i og det vart stille.

Ho hadde berre våga seg til å kike inn i det førsterommet.

Det var eit rom med ljosrøyr i taket. Masse reiskap iryddige rekkjer på veggen. Knivar, små sager, ei øks, tovassbaljer som hekk på kvar sin krok. Spikar og skruar,hammar og tong. Ein sekk med salt på eit kraftig bordmidt på golvet. To svære fryseboksar langsmed veggen.Ho kika ned i den eine. Heilt tom. Avslått. Den andre varlåst med ein hengjelås. Lampene lyste, og motoren duraog gjekk. Kanskje det var der han gøymde viltet hantjuvjakta, dei morgonane han stod opp i otta og komheim att ved høgstdag med hjort eller rådyr over aksla.Ho såg aldri noko til det kjøtet. Og ho spurde ikkje.

Da ho høyrde Ola nærme seg, skunda ho seg opp ikjøkenet. Ho hadde ikkje vore der nede sidan.

Nå driv han med eitt eller anna att. Det høyrest utsom han er like utanfor veggen, på nedsida av huset. Holegg ansiktet heilt inntil vindauga, snur det til sida, kikarnedover langsmed ruta, kjenner lukta av nypussa glas,prøver å nå den utvendige kjellarinngangen med blikket.

Ho ser ikkje Ola. Han må halde på inne i sjølve kjel-

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 26

Page 27: Død manns kiste

laren. Lyden er rytmisk, som om han sliper på noko.Eller sagar på eitt eller anna hardt. Men ikkje metall.Noko anna hardt.

Ho opnar glaset og tøyer seg ut. Ola er ikkje å sjå.Den gniksande, skarpe lyden kjem ut gjennom kjellar-døra og opp langs veggen til henne. Saman med denkjem ein eim som får kvalmen til å stige som ei bølgjegjennom kroppen hennar. Det er den stramme, varmelukta av avsaga bein og ferskt blod.

Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 27