19

Frå Ragnar til alle

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Ragnar Hovlands interne e-post i utval

Citation preview

Page 1: Frå Ragnar til alle
Page 2: Frå Ragnar til alle
Page 3: Frå Ragnar til alle

Ragnar Hovland

FRÅ RAGNAR TIL ALLEE-post i utval

SamlagetOslo 2013

Page 4: Frå Ragnar til alle
Page 5: Frå Ragnar til alle

3

Frå: Erle M. StokkeTil: LesarenEmne: Til oppmuntring. Eit slags forordSendt: 24.03.2013

For å ha sagt det med ein gong: Dette er ei viktig bok! Den vil for-andre livet ditt. Endre synet ditt på pungdjevlar, samliv og bank-funksjonærar. Tvinge deg til å stille spørsmål du ikkje tidlegare har våga å nærme deg: «Treng eg ein minihøvel?» Slike ting. Om du i tillegg er interessert i gammalt Lusternytt, Samlags-soger og Ragnar Hovlands forfattarskap i alle fasettar, er dette boka for deg. Som hovudkonsulent med fast kontor to dagar i veka, var Ragnar Hovland i mange år ein ivrig brukar av «Til: Alle»-feltet i dei interne e-postane til kollegaene i Samlaget. Dei fleste arbeidsplassar har ein slik ein, som enten har misforstått bruken av «Svar alle»-funksjonen eller alltid har «noko» på hjartet – vi var heldige på Samlaget, som hadde Ragnar Hovland! Og då forlaget midt i digitaliseringa av den papirbaserte forfattarskapen hans bestemte seg for også å papirifisere delar av den digitale, meinte alle det var ein god idé. Særleg sidan det meste av stoffet var skrive i arbeidstida, og dermed alt betalt for. Underteikna hadde ikkje jobba mange dagar i Samlaget før eg skjønte det var skilnad på dagane, sånn e-postmessig. Nokre dagar hadde e-postane emne som «Budsjett, ny versjon», andre dagar «Ei lita oppmuntring» eller «Nytt frå Luster». Med min dårlege e-postkultur har det hopa seg opp med uviktig e-post (ja, eg har spart på fråværsmeldingar), og når eg no skulle rydde og kaste i innboksen likevel, fekk eg denne beinharde redigeringsjobben på kjøpet. Utvalet er basert på enkle kriterium som relevans, vesentlegheit og uvesentlegheit, og forfattarens eige fokus på små ting og store spørsmål, samt Jølster, har vore nyttig å ha i bakhovudet. Og skulle det vere nokre små ting som likevel verkar litt for store, så kan du jo berre bruke minihøvelen på dei. Eg klikkar med dette vidaresend!

Page 6: Frå Ragnar til alle

5

“På tur med bikkja”

Dette er ein film. Den står nett no stille, men ein ser kva som skjer. Den blei første gong send ut for mange år sidan av den tidlegare samlagsmedarbeidaren Marina d’Este. Hovudkonsulenten har så sett det som ei av sine hovudoppgåver å sende filmen ut på ny, eit passeleg antal gonger i året. Takk til Marina, kor ho enn er i dag.

Page 7: Frå Ragnar til alle

7

2000

Page 8: Frå Ragnar til alle

9

Fra: Ragnar HovlandSendt: 16. august 2000 12:28Til: SamlagetEmne: Populær serie

I serien “Komplett uforståelege songar vi gjerne syng med på” er turen denne gongen komen til Ante-songen:

Manne gal’gá ædni gán’da læt nu bivnut jåHåi-lá-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi lá låi-låi-lå.Håi-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi lá låi-låi-lå Håi-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi-llá-lá låi lá låi-låi-lå

Gå dan gabb’ba bæska biddjala jå baddjelide dat baddjenieidat birra jåradæmen – jåHåi-lá etc.

Gå dan là egávti biddjala jå baddjeliide dat dálo-nieidat birra jåradæmen – jåHåi-lá etc.

Gå dan alit dræssa biddjala jå baddjeliide dat riv’ guniedat birra jåradæmen - jåHåi-lá-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi lá låi-låi-lå.Håi-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi lá låi-låi-lå Håi-lá låi-lá-lá låi-lá-lá låi-llá-lá låi lá låi-låi-lå

Neste veke: “Sukiyaki”.

Page 9: Frå Ragnar til alle

10

Fra: Ragnar HovlandSendt: 24. august 2000 13:40Til: SamlagetEmne: Er tv skadeleg?

Ja, dette er eit spørsmål mange stiller seg i vår tid, og mykje kan seiast både for og imot. No kan ein sjølv finne ut dette ved hjelp av følgjande vesle test: Slå på tv-en. Set deg i ein stol og sjå tv ein heil dag, på så mange kanalar som råd, frå 8 om morgonen til midnatt (gjerne lenger, dersom det går ein spennande film på TV3 som du gjerne vil sjå slutten på). Reis deg så frå stolen og kjenn godt etter. Kjenner du deg litt rar? Dersom svaret er ja, er det mangt som tyder på at tv verkeleg er skadeleg.

Helsing4. høgdaForbrukarrettleiingsavdelinga

Page 10: Frå Ragnar til alle

11

Fra: Ragnar HovlandSendt: 23. august 2000 11:06Til: SamlagetEmne: Korleis terge Aschehoug og sleppe unna med det

I morgon skjer det: den tradisjonsrike hagefesten til Aschehoug. Dersom det er nokon her på huset som ikkje har tenkt å gå (det ligg framleis nokre invitasjonskopiar på bordet mitt), så kan dei likevel få ei slags kjensle av å vere med der det skjer og samtidig terge opp Aschehoug skikkeleg. På invitasjonen står det, som dei fleste veit: “Skulle det mot all formodning bli dårlig vær, må arrangementet dessverre avlyses. Hvis du er i tvil, kan du ringe oss torsdag 24. august etter kl. 12.00. Tlf: 22 400 400.”

Det du gjer er dermed følgjande: Straks klokka har slått 12 i morgon kastar du deg på telefonen til Aschehoug – uansett korleis vêret ser ut – og spør om det blir fest eller om det tvert imot kan sjå ut som det blir avlysing. Når du har fått svar på det, ventar du eit par minutt, ringer opp att og spør om det same. Hald det gåande slik så lenge du orkar, iallfall eit par timar. Då vil du truleg etter kvart merke at det kjem noko anstrengt i den røysta som i utgangspunktet var så hyggeleg og imøtekommande. For å få full effekt, ber du alle vennene (dersom du har slike) og slektningane dine gjere det same.

Ein meir hardcore-variant er å ringe same nummer og be om å få snakke med William Nygaard. Så spør du om korleis vêret er på Aschehoug og om det kan tenkjast at det blir regn, etc. Elles følgjer du same prosedyre. Lykke til.

Helsing4. høgda

“Vi gjer kvardagen litt meir meiningsfylt”

Page 11: Frå Ragnar til alle

12

Fra: Ragnar HovlandSendt: 23. november 2000 09:35Til: SamlagetEmne: Grünerløkka

Det ser svart ut for Grünerløkka no. Eg har vore på ein liten befaring der oppe, og Akerselva har snart rive med seg alt. Men då eg seint i går kveld stod på balkongen min og stirte ned i bakgården (ein liten vane eg har lagt meg til), så slo ein tanke meg: Bakgården er akkurat stor nok til å romme ein liten teltleir for evakuerte grüner-løkkebuarar. Eg er også betalande medlem av Norges Røde Kors, så slik sett er det gunstig. Så dersom det er nokon her som bur på Grünerløkka eller kjenner nokon andre ulykkelege frå distriktet, så er dei herved tipsa. Ein ting til som eg gjerne vil nemne: Når det nærmar seg jul brukar eg gjerne å henge opp ei remse med små julelys på balkongen, for å gjere det litt ekstra hyggeleg.

Om det no skulle vere andre som kjenner seg inspirerte til å yte litt for dei vanskelegstilte, så er det fritt fram. Det er dei utstrekte hendene som gjer verda litt vennlegare. Og ikkje å forgløyme: Det hjelper, som alltid, å tenkje positivt.

4. høgdas avd. for altruisme og veldedigheit

Page 12: Frå Ragnar til alle
Page 13: Frå Ragnar til alle

13

2001

Page 14: Frå Ragnar til alle

15

Fra: Ragnar HovlandSendt: 14. februar 2001 12:33Til: SamlagetEmne: Uhyggeleg trend

Eg har merka meg at eg ikkje lenger kan vere ute av huset ein augneblink utan at folk sluttar eller seier opp. Eg innsåg ikkje at mitt nærvere hadde så stor betydning. Så eg kan ikkje gjere anna enn å love (for det det er verd) å vere på huset så mykje som muleg framover. Leiinga har kome med små hint om at det er venta at eg prøver å lokke dei som har slutta/sagt opp til å kome att, og eg skal som vanleg sjå kva eg kan gjere.

Bill.mrk. “Folk kan då ikkje berre slutte”

Page 15: Frå Ragnar til alle

16

Fra: Ragnar HovlandSendt: 22. februar 2001 11:10Til: SamlagetEmne: Ei fin oppleving II

Ring heim til deg sjølv. Vent til du høyrer di eiga røyst på telefon-svararen. Trykk så på høgtalarknappen (der som det står På/av, veit du) på telefonen. Då vil di eiga røyst runge gjennom kontoret, og du vil tenkje at dette er hyggeleg. Ja, det er som å vere saman med ein person du kunne tenkje deg å bli nærmare kjend med.

Page 16: Frå Ragnar til alle

17

Fra: Ragnar HovlandSendt: 14. mars 2001 13:57Til: SamlagetEmne: Bilspalte Vi i 4. høgda får ofte spørsmål frå lesarar om ikkje vi, med vår breie orientering, solide leiareigenskapar og heilt meiningslau-se kunnskap på så mange felt, ikkje kan lage ei spalte som folk flest kan ha nytte av. Dette har vi tatt såpass til etterretning at vi i dag startar ei lita bilspalte. Seinare kjem vi også truleg med ei samlivsspalte, då dette med samliv no visstnok er på full fart inn att. Ein tredje plan er eit lite forbrukarmagasin, der vi testar ymse ting. Bilspalte4. høgda testar Subaru Justy 1999.99-modellen er ei nett lita sak med ein stilfull og urban mørk grønfarge. Bruker etter vår oppfatning passeleg med bensin på mila og det er lett å finne vesentlege ting som kløtsj og brems. Det som kan utsetjast på den er først og fremst at vindusviskarane bråkar litt mykje – noko som kan vere eit problem for bilførarar med litt svake nervar – og, framfor alt, det er så godt som umuleg å finne knappane som opnar (og lukkar) vindauga. Dette kan lett bli eit problem når du kjem til ein bomstasjon, noko du fort gjer om du t.d. skal til Drammen. Etter å ha spurt oss føre, fann vi til slutt knappane – bak handbrekket. Ingen stad å plassere slike, spør du oss. Eit anna problem er dette med å kjøre på to hjul i svingen, som du sjølvsagt fort vil prøve. For å få det til må du rett og slett lene deg godt mot døra, og dersom du har ein passasjer i bilen, bør du også overtale denne til å lene seg mot deg når de kjem til ein sving.

Bortsett frå desse klare veikskapane er Subaru Justy altså ein snerten bil, god på breie austlandsvegar. Og om du har planar om å kjøre t.d. til Luster, over Sognefjellet, så klarer den dette også.

Fort går den òg. 5. giret ligg sentralt plassert, og den gjer lett unna turen Oslo–Drammen på under halvtimen. (Noja, det var kanskje litt drøyt.)

Page 17: Frå Ragnar til alle

18

Neste gong: VW Golf 1985-modell.4. høgdas bil- og motorforum

Page 18: Frå Ragnar til alle

19

Fra: Ragnar HovlandSendt: 21. mars 2001 12:34Til: SamlagetEmne: Forbrukarmagasinet 4. høgda testar eit par Vegard Ulvang-sokkarNår ein går gjennom klesskåpet sitt er det mangt som kan kome for ein dag, t.d. eit par ubrukte Vegard Ulvang-sokkar. Ein spør seg: Kor kjem dei frå? Kven har lagt dei der? Og då svaret ikkje kjem, tenkjer ein at dette kan jo kome verda til nytte. La oss teste sokkane.

Resultatet ser slik ut: Sokkane er relativt varme, det skal dei ha. Såleis kan dei ha sin funksjon om ein skal ut ei vinternatt, slik at ein kan fortelje at ein har vore ute ei vinternatt før. Men sokkane har også eit like klart minus: dei er for lange i tåa. Særleg den høgre. Slik at tåa på sokken blir liggjande i ein slags tull mot innsida av skoen. Slett ikkje så behageleg.

Alt i alt må det seiast at Vegard Ulvang enno er undervegs som sokkefabrikant, og at han førebels er (var) betre til å gå på ski enn til å lage sokkar.

(Er det forresten ikkje eit paradoks at skiløparar og andre idretts-menn kastar seg inn i motebransjen? Det er då ikkje rekna som spesielt mandig?) 4. høgdas forbrukarrettleiingsteneste“Vi seier det som det er og ventar inga takksemd.”

Page 19: Frå Ragnar til alle

20

Fra: Ragnar HovlandSendt: 18. april 2001 10:36Til: Audun Heskestad; SamlagetEmne: SV: Program festspela 2001

Det eg utan tvil gler meg mest til i dette rikhaldige program-met er “ein time med heidersmannen Bjarne Rabben”. Ein time i selskap med heidersmenn er no aldri å kimse av, og Bjarne Rabben har eg sjølv møtt i den tid eg var eit framståande med-lem av Barnelaget Mjølner i Luster, som kjempa ein utrøytteleg kamp for fråhaldssaka. Ein eller annan stad har eg også ei bok av han, som eg vann i ei spørjetevling om nettopp fråhalds-saka. Er det andre som har hatt eit møte med Bjarne Rabben?

-----Opprinnelig melding-----Fra: Audun HeskestadSendt: 3. april 2001 08:30Til: SamlagetEmne: VS: Program festspela 2001 Årets festspeldiktar: Brit Bildøen

Vi har lagt fram programmet i dag, og legg ved oversyn og presse-meld ing. Programmet er framleis i arbeid, og meir godbitar kjem nok etter kvart.Ottar ønskjer vel møtt