12
1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane i fjellet i seinare år har kome inn på denne lista (NOF, 2015). Deriblant fjellrype og lirype. Bergirisk er der allereie. Alle tre artane hekkar på Guleslettene. Det er gjort ein del arbeid knytt til kartlegging av fugl i samband med konsesjonssøknaden og desse artane er nemnde (Swecorapport, 2011). Vi har fått Florø sin fremste ornitolog og ein av dei med mest fartstid på Guleslettene til å kort skildre fuglelivet her: 1. Fuglelivet på Guleslettene, ei kort oppsummering Med «Guleslettene» er her meint fjellområdet avgrensa i grove trekk av Rv 614 i aust og dalføret Sagavatnet – Aurebrekkene i vest. Typisk for dette området er skrint jordsmonn og lite vegetasjon. Dette påverkar tettleiken av hekkande fugl negativt. Karakterartar i hekkesesongen er heipiplerke, steinskvett og bergirisk. Det er ein liten rypebestand, lirype i lågare strok (4-500 moh) som t.d. Kupa og på austsida av Dyrelifjellet og Klauekeipen , på toppane finn ein og fjellrype, kanskje dei lågast hekkande fjellrypebestandane i Sør- Norge. Begge artar er fåtallige. Dette er truleg dei fugleartane i dette området som vil vere mest utsette for direkte skade av vindmøller. Ein kan her vise til undersøkingar gjort i tilknyting til vindparken på Smøla. Havørn og lirype var dei mest utsette artane. Mange fuglar vart kappa i to ved å flyge inn i rotorblada. Ein så låg rypebestand vil neppe tåle denne ekstra belastninga. Under trekket vår og haust passerer store flokkar med gjess ein korridor som synest å gå like vest for Terdalskeipen. Dette er mest grågås, men andre gåseartar er og observert, m.a. er dverggås observert på vårtrekket. Også andre artar følgjer denne ruta, t.d. storspove, som trekker om natta. Trastetrekket synest følgje same rute om hausten , enkelte i år i store mengder. Denne uttalen byggjer på eigne observasjonar frå mange turar i og ved området i over 35 år til alle årstider. Bjørn Angell-Jacobsen Cand Real med hovudfag i ornitologi 2. Bakgrunn for kravet om ei avgrensa undersøking om fugletrekk vest for Guleslettene Olje- og Energidepartementet gjekk gjennom kunnskapsgrunnlaget om fugl i si handsaming av klaga på at Zephyr fekk konsesjon for utbygging av Guleslettene industrianlegg (vedtaksbrev OED 11.11- 2016). Det resulterte i eit krav om å undersøke trekkaktivitet kun i den vestre og nordvestre delen av industriområdet.

Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

  • Upload
    others

  • View
    4

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

1

Vedlegg 3

Fugletrekk og naturmangfald

Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av

fugleartane i fjellet i seinare år har kome inn på denne lista (NOF, 2015). Deriblant fjellrype og lirype.

Bergirisk er der allereie. Alle tre artane hekkar på Guleslettene. Det er gjort ein del arbeid knytt til

kartlegging av fugl i samband med konsesjonssøknaden og desse artane er nemnde (Swecorapport,

2011).

Vi har fått Florø sin fremste ornitolog og ein av dei med mest fartstid på Guleslettene til å kort skildre

fuglelivet her:

1. Fuglelivet på Guleslettene, ei kort oppsummering

Med «Guleslettene» er her meint fjellområdet avgrensa i grove trekk av Rv 614 i aust og dalføret

Sagavatnet – Aurebrekkene i vest.

Typisk for dette området er skrint jordsmonn og lite vegetasjon. Dette påverkar tettleiken av hekkande

fugl negativt. Karakterartar i hekkesesongen er heipiplerke, steinskvett og bergirisk. Det er ein liten

rypebestand, lirype i lågare strok (4-500 moh) som t.d. Kupa og på austsida av Dyrelifjellet og

Klauekeipen , på toppane finn ein og fjellrype, kanskje dei lågast hekkande fjellrypebestandane i Sør-

Norge. Begge artar er fåtallige. Dette er truleg dei fugleartane i dette området som vil vere mest

utsette for direkte skade av vindmøller. Ein kan her vise til undersøkingar gjort i tilknyting til vindparken

på Smøla. Havørn og lirype var dei mest utsette artane. Mange fuglar vart kappa i to ved å flyge inn i

rotorblada. Ein så låg rypebestand vil neppe tåle denne ekstra belastninga.

Under trekket vår og haust passerer store flokkar med gjess ein korridor som synest å gå like vest for

Terdalskeipen. Dette er mest grågås, men andre gåseartar er og observert, m.a. er dverggås observert

på vårtrekket. Også andre artar følgjer denne ruta, t.d. storspove, som trekker om natta. Trastetrekket

synest følgje same rute om hausten , enkelte i år i store mengder.

Denne uttalen byggjer på eigne observasjonar frå mange turar i og ved området i over 35 år til alle

årstider.

Bjørn Angell-Jacobsen

Cand Real med hovudfag i ornitologi

2. Bakgrunn for kravet om ei avgrensa undersøking om fugletrekk vest for Guleslettene

Olje- og Energidepartementet gjekk gjennom kunnskapsgrunnlaget om fugl i si handsaming av klaga

på at Zephyr fekk konsesjon for utbygging av Guleslettene industrianlegg (vedtaksbrev OED 11.11-

2016). Det resulterte i eit krav om å undersøke trekkaktivitet kun i den vestre og nordvestre delen av

industriområdet.

Page 2: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

2

På side 8 andre avsnitt i vedtaksbrevet byrjar det å gå i ball for forfattaren av vedtaksdokumentet, det

står [klammer er våre merknadar]: «I arbeidet med rapporten [NINA rapport 825] blei det gjort

radarundersøkingar av fugletrekk ved kysten av Bremangerlandet…[for to gruntområder i Nordsjøen

vest for Bremangerlandet, sjå Fig. 1. Her trekker det antakeleg også fugl på veg til og frå

Storbritania]…Resultata tyder på at deler av fugletrekket [vår understreking] kjem inn over

Bremangerlandet og vidare sørover mot ytterkanten av Guleslettene i vest og nordvest. I kva grad

fuglane trekk gjennom sjølve planområdet, og om nokre av turbinane i prosjektetvil kunne få store

negative konsekvensar for fugletrekket er usikkert».

Figur 1. Figuren er henta frå NINA-rapport 825. Den viser den maksimale rekkevidda til radaren som

vart nytta for å kartlegge fugleaktivitet ein haust. Den blå pila viser det dokumenterte gåsetrekket og

storspovetrekk som går over Guleslettene.

Skrivaren av vedtaksdokumentet finn det altså logisk at fuglar som føl denne vestlege trekkruta skal

vinkle aust søraust og inn over Guleslettene, og ikkje sørover eller sørvest ut over Nordsjøen på

hausttrekket (Fig. 1). Og vidare at det berre er heilt i vestlege områder av Guleslettene at det er

relevant å registrere trekkande fugl. NINA-rapporten støttar på ingen måte opp under ei slik tolking.

Vi må understreke at ein radar ikkje bestemmer trekkrutene til fugl, men at den registrerer fugl som

flyg nær staden den står. Kor brei fronten for trekkande fugl er på vår og hausttrekk krev ein studie

med mange radarar inn over land.

Det verkar som at vedkommande som har skrive vedtaksbrevet når han er komen til side 8 alt har

gløymt gåsetrekket over Guleslettene som han nemner på s. 6, og merknaden der han skriv at

Fylkesmannen (øvst på s. 7) har konkludert med at studiane om trekkande fugl til havs (den nemnde

NINA-rapporten) er lite relevant i forhold til trekkaktivitet over Guleslettene. Og at fugl som flyg over

dei vestre områda på konsesjonsområdet faktisk må fly vestover for å kome inn i radaren sin dekning

før dei svingar nordaust eller søraust att (Fig. 1).

Page 3: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

3

Vi må difor understreke at for trekkfugl som føl kysten nordover vil det vere kortare å fly over

Guleslettene, nord over Berleporten på Bremangerlandet (kor det kvart år er store gåsetrekk; pers.

medel A. Liseth og A. Melvær) og vidare mot Selje og indre del av Stadtlandet (Fig. 2). Det er altså ikkje

grunnlag for OED å konkludere som dei gjer.

Figur 2. Denne trekkruta veit vi at mellom anna at grågås føl på vårtrekket.

Det er vår konklusjon at grunnlaget for kravet om å berre undersøkje dei nordvestlege delane av

industriområdet for trekkfuglaktivitet ikkje er haldbare og er basert på ei feiltolking. Fleire

underlagsdokument dokumenterer fugletrekk over dei sentrale og austlege delane av Guleslettene,

og frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling side vart det konkludert at vi veit altfor lite om omfanget

av denne trekkfuglaktiviteten. Det er urovekkande at slike vedtak som OED har gjort her om

fugleregistreringar kan fattast i eit statleg departement kor vi forventar at den faglege standarden

skal vere høg.

3. Departementet og dermed NVE sitt krav om for- og etterundersøkelser om fugletrekk

I konsesjonen for Guleslettene industriområde gitt av NVE står det:

«Det skal gjennomføres for- og etterundersøkelser for å kartlegge fugletrekk i vestlige og nordvestlige

deler av planområdene. Resultatene av forundersøkelsene skal beskrives i detaljplan/Miljø-, transport-

Page 4: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

4

og anleggsplan, der også eventuelle nødvendige endringer i planområdet eller driften av turbinene av

hensyn til trekkende fugl skal beskrives. Eventuelle slike nødvendige endringer og tilpasninger i

planområdet av hensyn til trekkende fugl skal gjennomføres på bakgrunn av disse resultatene, og inngå

i Miljø-, transport- og anleggsplan. Planen skal godkjennes av NVE. NVE skal forelegge planen for

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for uttalelse før godkjenning. Områdene som er omfattet av dette

vilkåret er i vest og nordvest, de områdene som omfatter de nåværende turbinpunktene 1-5, det vil si

nord for Fossedalsegga, og 14-17, det vil si vest for strekket Smådalene – Storemyr. Program for

undersøkelsene godkjennes av NVE».

Vi, og som det går fram av teksten over frå OED og NVE, har tolka utbyggingsplanen i

konsesjonssøknaden til Zephyr som ein reell utbyggingsplan. Teksten over gjev inntrykk av at

turbinplasseringane innanfor industriområdet er endelege, og at fugletrekkanalysar skal gjerast der

det skal stå turbinar. No veit vi at Zephyr ikkje ynskjer å ha turbinar i det nordlege området då det er

for mykje kastevind her. Det er ikkje urimeleg at fugletrekka unngår område med mykje turbulens, og

såleis er dette ein god grunn til å ikkje gjere fugletrekkregistreringar i eit slikt område.

4. Zephyr si handtering av kravet om fugletrekkanalyse og rapportskriving

Zephyr valde å bruke eit svensk konsulentfirma (ÅF) som har spesialisert seg på å serve vindindustrien

til å utføre fugleundersøkinga på Guleslettene. I følgje grunnlagsdokumentet (vedlegg 3 til MTA-

planen) har ÅF leigd inn feltobservatørar frå Calluna AB, også desse svenske. Kven som har bearbeidd

og skrive teksten i rapporten til ÅF er ikkje klart, sidan teksten i rapporten er skriven på norsk (med

nokre få unntak; s. 20, artslista s. 22, og to intervju som er nedskrive på engelsk og delvis svensk, s.21).

Sidan artslista ikkje er oversett tyder mykje på at det ikkje er fagfolk som har laga den norske versjonen.

Fleire merkelege setningar og konklusjonar i teksten tydar og på at i alle fall delar av rapporten ikkje

er skrive av fagfolk, til eksempel står det på s. 19: «Allikevel bedømmes det utfra erfaringen til ÅF og

deres partnere at konklusjonen i denne rapporten er robust». Ordlyden får oss til å tru at det er Zephyr

som har skrive akkurat denne setninga. Det same ser vi av setninga på side kapittel 2.2.3 s. 8. Her viser

rapporten til området som skal undersøkast og rundt kva for vindturbinar det skal gjerast

undersøkingar: «Dette er basert på daværende turbinlayout». Noko som indikerer at det allereie på

eit tidleg tidspunkt var klart for Zephyr at det nordlege området skulle vere fritt for turbinar. Likevel

sende Zephyr observatørane sine inn her for å telje fugl. På kva tidspunkt Zephyr bestemte seg for å

kutte turbinar i det nordlege området veit vi ikkje, men vi har kart frå Zephyr datert 19. oktober 2017,

10 dager før siste tur til Guleslettene for observatørane (vedlegg 3a). Dette har dei tydelegvis ikkje

varsla NVE om som vi då må forvente ville har gripe inn og endra kravet til kor fugleundersøkingane

skulle gjerast.

5. Forstudie og utføring

I rapporten til ÅF går det fram at observatørane gjorde ein «forstudie» før dei reiste til Noreg. I denne

«forstudien» nytta dei internettsøk og tok eit par telefonar; ein til Florø flytårn og ein til ein lokal

grunneigar som vi finn har jobba med næringsutvikling for Årebrot grendalag. (sjå Fig. 2 for oversikt

over undersøkingsområde). I MTA planen har Zephyr gjeve grunneigaren spesialistbetegnelsen «lokale

ornitologer», (altså fleirtal), men observatørane frå ÅF og Calluna nyttar ikkje ornitologtittelen om

denne personen.

Page 5: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

5

ÅF skriv i kap 2.2.1 på side s. 7 at metoden for feltarbeidet var i kontinuerleg utvikling ettersom dei

jobba med prosjektet. Dette kan diverre tyde på lite røynsle med registreringar av fugletrekk og feil

fagleg profil til å gjere slike undersøkingar. Periodane for feltobservasjonar vart bestemt frå følgjande

artar [våre merknader i klammer]:

• Storspove (Numenius arquata) [trekk i mars/april-juli oktober, 4000-6000 individ]

• Lappspove (Limosa lapponica) (hekker kun i Finnmark [3500-5000 individ, men kan påstøtes

over hele landet under høsttrekket som starter i juli og varer til oktober]

• Makrellterne (Sterna hirundo) [ i Norge fra mai-juli/september]

• Sivhøne (Gallinula chloropus) [hekker spredt i kystområder, dels stamfugl/trekkfugl]

• Dykkere (Podicipedidae)

• Fiskeørn (Pandion haliaetus) [200 par i Noreg]

• Myrhauk (Circus cyaneus) [250-500 individ i Norge]

Kvifor akkurat desse fuglane vart brukt for å definere kva dagar dei skulle gjere registreringar har dei

ikkje grunngjeve. Calluna AB utførde sine feltundersøkingar som 5-timarsøkter i 3 dagar i april, mai,

august og oktober (tabell s. 14 i vedlegg 3). Dei var berre to med på kvar felttur, og dei gjekk samla.

Det var berre om morgonen/formiddagen dei var i fjellet, utan at dette er gjeve nokon fagleg grunn til

dette. Mange fugleartar trekker om natta og gjennom dagen. Vi set eit stort spørsmål ved dette

tidspunktet for å gjere systematiske observasjonar. På grunn av få observatørar til studien kunne dei

heller ikkje gjere samstundes observasjonar ved sjøen, noko som øydela for meiningsfull samanlikning

av trekkaktivitet mellom høge og låge områder.

Page 6: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

6

Figur 2. Kartutsnitt over Guleslettene. Raude piler viser intervjuobjekt for ÅF-consult. Raude ringar viser

fokusområdet til fugleobservatørane. Blå pil viser eit vårlege gåse- og storspovetrekk. Desse

fugletrekka går gjennom det planlagde industrianlegget. Grått skravert område skisserer nye

turbinplasseringane slik Zephyr AS har skildra dei i MTA-planen.

Page 7: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

7

6. Resultat og diskusjon i ÅF sin rapport

Resultatkapittelet innleier med: «Det er svært lite fugleaktivitet oppe på Guleslettene, spesielt

sammenlignet med lavereliggende områder». Samanlikninga er meiningslaus; å samanlikne sjø- og

skogshabitat med høgfjellshabitat er som å samanlikne pærer og eple. Dermed vert det umogleg å ta

stilling til substansen i desse observasjonane. I følgje artslista har dei observert mellom anna

hakkespett, kjøtmeis, orre, tiur og skarv i skogen og ved sjøen. Inntrykket av slike kommentarar er at

observatørane antakeleg aldri har gjort fugleregistreringar i norske fjell eller har evna å sette seg inn i

lokal geologi og vegetasjon.

I fjellet finn dei ryper (nær truga) og «kanskje bergirisk» (nær truga). I rapporten skriv ÅF i første avsnitt

kapittel 3.1 at når observatørane var nede ved sjøen (på ettermiddagane må vi anta) observerte dei

vesentleg meir trekkaktivitet enn oppe i fjellet, utan at dei seier kva artar dei har sett eller talfesta det.

I NINA-rapport 825 nemnt over, var eit av funna at den høgaste trekkaktivitet fann stad om

ettermiddag og kveld, men samstundes at dette også var lokasjonsavhengig. Verdien av

observasjonane til ÅF vert dermed lik null.

I april var det periodevis hard vind og sterk nedbør. Etter figuren på side 9 i fuglerapporten (vedlegg 3

til MTA) var dei to observatørane berre ein dag oppe i områder det skal stå vindturbinar (Sørdalen og

vidare vest), og det vart kortvarig av di dei måtte dei ned i låglandet pga veret. Mesteparten av tida sat

dei altså nede ved sjøen eller gjekk til og frå i skogen eller var i det nordlege området. Dei to

feltobservatørane observerte grågås i terrenget ein dag. Hovudtrekket til grågås er i slutten av mars,

men spreier seg over lang tid om våren. Etter å ha registrert lite trekkfugl i fjellet ringde dei ein

fuglestasjon på sydspissen av Sverige (Falsterbo i Skåne) for å høyre om det var trekkfuglar på vengene,

noko det var. Då vart dei beroliga og dei skriv: «Det har også blitt foretatt en kontroll mot

trekkaktivteten registrert i Falsterbo fuglestasjon, og det virker generelt å ha vært normal og til tider

høy trekkaktivitet i Skandinavia under de fire feltobservasjonene. Dette stemmer også bra overens med

et par, uformelle observasjoner av trekkaktivitet lenger inn i landet i forbindelse med transport til og

fra Guleslettene (uvitenskapelige observasjoner fra bilvindu)». Etter vårt syn hadde det vore meir

naturleg å kalibrere trekkaktiviteten med feltstasjonen på Lista eller med Norsk ornitologisk forening,

og det hadde for så vidt vore interessant å vete kva fuglar dei såg frå bilen og kor.

7. Kritikk og kommentarar frå Naturvernforbundet

Dagslyset på vårparten er i snitt 15 timar (midten av mars-midten av mai). Totalt tal timar i denne

perioden er. 60 dagar * 15 t = 900 t. Observatørane var i observasjonsområdet i mindre enn 30 timar,

dvs mindre enn 15 timar i kvart observasjonsområde, til saman i den same perioden, altså fråverande

96,7 % av trekktida. Skal vi også ta med nattrekk vil det ikkje ha vore observatørar i fjellet 98% av

trekktida. Og meir enn halvparten av tida dei var der oppheldt dei seg altså i eit områd det ikkje skal

vere vindturbinar.

Lokalkjende og fastbuande i Brandsøy, Grønenga (vedlegg 3b), Terdal, Saga og Pusavika har stadfesta

ovanfor Naturvernforbundet i Flora at gåsetrekket, som er det mest karakteristiske fugletrekket langs

kysten, er årevist over Guleslettene. Nordover om våren og sørover om hausten. Terdalskeipen ser ut

til å vere eit referansepunkt for mange flokkar, men det flyg flokkar over heile platået vest til

Aurebrekkene og Guleskarvatnet.

Page 8: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

8

Vi vil hevde at val av område for fugletrekkobservasjonar er underleg og lite tillitsvekkjande. Zephyr

presenterte i oktober 2017 kart over turbinplasseringar til Flora kommune. Område nord, kor Calluna

sine observatørar sat og skulle telje fugl, var det ikkje planlagt turbinar. I området vest for Guleskarnipa

planlegg Zephyr no å bygge fleire turbinar. Dette er eit område både havørn og kongeørn nyttar (vi sit

på videoopptak av kongeørn i dette området). Det er sterkt beklageleg at observatørane ikkje valde

Guleskarnipa som observasjonspost då dette ville gitt vesentleg betre dekning av det vestlege området

av Guleslettene industrianlegg.

Det vert skote eit tresifra tal hjort i vest for fylkesveg 614, også innafor Guleslettene industriområde

sine grenser. Særleg i Guleskarlia og Aurebrekkene vert det fleire skote titals hjort. Slakteavfallet

tiltrekkjer seg rovfugl, ravn og andre åtselsfuglar i betydeleg antal frå heile området. Det er sannsynleg

at dette aukar faren for kollisjonar med vindturbinar, men dette er ikkje utgreidd. Vidare er det heller

ikkje utgreidd om vindturbinane toler hagleskot, rifleskot eller rikosjettar.

8. Om akseptabel metode for fugleundersøkingar på Guleslettene

Ei feltundersøking om fugletrekk gjennom Guleslettene industriområde er i utgangspunktet ikkje

komplisert å gjennomføre. Ein veit at fugletrekket føl ein nord-sør akse. Sidan det er fastbuande sør,

vest og nord for det planlagde industrianlegget vil det vere naturleg å intervjue desse. I tillegg er det

med GPS, kikkert og fotoapparat enkelt å dokumentere og kvantifisere trekkfugl gjennom

industriområdet vår og haust. Men dette er veravhengig og dermed vil det vere viktig å gjere dette

over to sesongar og med lange nok observasjonsperiodar. Terdalskeipen, Slettevarden og Guleskarnipa

er dei klart mest opplagte observasjonspostane til ei slikt oppgåve . Då vil ein oppnå godt oversyn over

trekkfugl i lufta vår og haust. Det naturlege punktet for å få ein samanlikning med frekvens av trekkfugl

gjennom det planlagde industriområdet og trekk langs sjøen er å ha samstundes observasjon (kontroll)

frå den flate Gåsøya som ligg i sjøen vest for Guleslettene (Fig. 3). Val av tidspunkt ville vere naturleg

å kalibrere med norsk ornitologisk foreining (NOF) sine trekkobservasjonar langs vestlandskysten vår

og haust. Feltobservasjonane må også støttast med radarundersøkingar frå slettevarden og Gåsøya.

Då får ein med nattrekk og dette vil kvalitetssikre feltobservasjonane.

Eit oppsett som vi har skissert her ville ha vitskapleg verdi og gje eit forsvarleg grunnlag for å plassere

vindturbinane slik at skadeverknadane av industrianlegget vert redusert.

Page 9: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

9

Figur 3. Dei blå sirklane viser frå vest; Gåsøya, Gulskarnipa, Slettevarden og Terdalskeipen. Dette er dei

mest naturlege observasjonspostane for å registrere trekkande fugl gjennom Guleslettene

industrianlegg.

9. Konklusjon av Naturvernforbundet

For å redusere skadeverknadane av turbinar i trekkruter til fugl, er det viktig at undersøkingane vert

utført etter vitskaplege prinsipp og med høg fagleg standard. Etter vårt syn er det fleire alvorlege

manglar i studien Zephyr baserer MTA-planen sin på: 1 Observatørane har kun spurt ein lokal bebuarar

vest for industrianlegget om omfang av fugletrekk gjennom industriområdet. Dei har ikkje kontakta

norske fagfolk for å få ei vurdering om trekkaktivitet i området eller langs Norskekysten. 2 Dei har kasta

vekk halve observasjonstida si i eit område det ikkje skal stå vindturbinar. 3 Dei har ikkje teke med ein

observasjonslokalitet (kontroll) nede ved sjøen som ville stadfesta lite/høg trekkaktivitet i langs kysten

i undersøkingsperioden, og som kunne sagt noko om andel trekkfugl ved sjøen kontra industriområdet.

4 Dei har vært for kort tid i området til å få nok talgrunnlag om fugletrekk gjennom industriområdet,

og dei har vore på feil stadar og til feil tid (den skulda må OED og Zephyr AS dele på).

Page 10: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

10

I vitskapleg samanheng står studien til stryk metodisk sett og ville aldri vert godkjent publisert i eit

vitskapleg tidsskrift. Med denne undersøkinga har Zephyr og NVE spolert ein sjanse til å få ei

undersøking som gav gode svar om fugletrekk gjennom industriområdet. Dersom det ikkje vert

utført ei fagleg forsvarleg fugleundersøking om trekkaktivitet over Guleslettene og tilpassar

turbinplasseringane etter resultat frå denne, vil vi ende med ei industriutbygging som kan få sterk

negativ verknad på stam- og trekkfugl. Studien kan heller ikkje nyttast som grunnlag for å seie noko

om fugletrekket før industrianlegget vart etablert dersom bygginga startar allereie no. Vi vil hevde

at dette er eit brot på konsesjonskravet.

Med dramatisk endra utforming på industriområdet og fortetting av større, meir støyande turbinar og

lyssetting med høgintensitetslys kan Guleslettene industrianlegg arte seg som ein vegg for trekkfugl

som gjer at dei vel å fly rundt eller vesentleg høgare ( i god sikt). I dårleg sikt kan dei havne i sveipet til

vengene til turbinane. Konsekvensutgreiinga har ikkje teke omsyn til denne problemstillinga (naturleg

nok sidan anlegget var planlagt på ein heilt annan måte), og det må hentast inn erfaringar frå liknande

Europeiske anlegg for å vurdere korleis åtferda til fugl vert påverka av dette.

NVE sit med hovudansvaret for planlegging og godkjenning av vindindustriområder og sit med det

overordna ansvaret for å vurdere konsekvensane av dei mange industrianlegga for vindkraft som kjem

i havet, på øyer og fjell langs heile Norskekysten. Kvart einaste anlegg vil slå i hel fugl, og i den

samanheng vert sumverknaden av potensielt hundrevis av vindindustrianlegg og titusenvis av

vindturbinar langs kysten av Noreg og Europa i tiåra framover svært viktig å ha kontroll på. I mangel

på gode fugletrekkdata vert dette ei umogleg oppgåve. Dette er alvorleg og må få konsekvensar for

NVE si handtering av vindkraftkonsesjonar.

Naturvernforbundet krev at NVE straks og i samråd med kompetente fagmiljø (Europeisk

kompetanse, Universitetsmiljøa, Norsk ornitologisk foreining, NINA og Klima- og miljødirektoratet)

får på plass faglege minimumskrav til alle fugletrekkregistreringar i samband med nedbygging av

natur til vindindustri.

Page 11: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

11

Vedlegg:

Vedlegg 3a: Zephyr sine turbinplasseringer oktober 2017

Page 12: Fugletrekk og naturmangfald · 1 Vedlegg 3 Fugletrekk og naturmangfald Nasjonalt har 1 av 3 norske fugleartar no komne på raudlista, og eit slåande trekk er at mange av fugleartane

12

Vedlegg 3b:

Anders Braanaas (NOF) sine registreringar av fugletrekk over Grønenga (NVE sit allereie på denne

dokumentasjonen).