39
Nilesaren – ein idébank som viser korleis aviser kan fremje leselyst. leseren

Nilesaren Hft

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Avis i Skolens idéhefte til Nilesaren, nynorsk. Undervisning med avis som læremiddel. publ. 2008

Citation preview

Page 1: Nilesaren Hft

Nilesaren– ein idébank som viser korleis aviser kan fremje leselyst.

leseren

Page 2: Nilesaren Hft

Forord

Når du les, stiller du spørsmål til deg sjølv før, under og etter lesinga.Før du startar tenkjer du: «Dette handlar nok om …..»

Under lesinga bruker du dei kunnskapane du har til å finne meining i teksten. Til slutt spør du deg sjølv om du er samd med skribenten, og om du lærde noko nytt.

Det er opp til deg å velje, forbetre og utvikle ideane i dette heftet slik at dei er tilpassa undervisninga.

Lukke til!

«Å lese» er å stille spørsmål, og sjå om du får rett.

Venleg helsingAvis i Skolen

Innhold

Kap 1. Nilesaren – planlegging Årshjulet Informasjon til elevane Utvalde oppgåver (eit forslag) Vurdering, 1. periode Kap 2. Å kome i gang Skattejakt Nyhende denne veka

Kap 3. Avisa si rolle Kva er eit nyhende Ulike typar nyhende Avisa som meiningsbærar Ein kontroversiell påstand

Kap 4. Menneska i avisa Bilete av ein person Avisteikning

Kap 5. Lesestrategiar Tilpassa tekstutval i aviser Gjett ein artikkel Skumming Scanning Oppsummering Fleire idear

Kap 6. Kritisk lesing Å forstå årsak og verknad Pålitlege kjelder

Kap 7. Analyse Aviskort Biletanalyse

Kap 8. Journalistiske sjangrar Tilpassa leseopplæring

Kap 9. Les avis og lær matte Fleire forslag til oppgåver Engelsk og matematikk i avisa

Kap 10. Evaluering

Kap 11. Sluttord

“ “

Vår visjon:

Avis i Skolen vil bidra til ein god skole med dagsaktuell undervisning, i tråd med skulen sitt føremål.

Tekst og pedagogisk tilrettleiing.

Visuell idé og presentasjon: Lettlest media AS

Per Tore Moen

side 39

side 03side 04side 05side 06side 07

side 8side 9side 10

side 11side 12side 13side 14side 15

side 16side 17side 18

side 19side 20side 21side 22side 23side 24side 25

side 26side 27side 28

side 29side 30side 31

side 33side 34

side 35side 36side 37

side 38

Page 3: Nilesaren Hft

Kap 1. Planlegging 3

NB! Dette heftet er meint som ein idébank, der de kan tileigne dykk kunnskapar og øve ferdigheiter i tråd med Kunnskapsløftet sine intensjonar. Hovudfokus skal vere lesing, men skuleavis/klasseavis kan vere eit alternativ! Det er ikkje meininga at de skal gjere alle øvingane, men velje det som høver!

Læremiddel. Det viktigaste læremiddelet i prosjektet er avisa, på papir eller nett. Men vi tilrår òg bruk av andre læremiddel til å bygge opp ei kritisk forståing av dei sakene avisa vel å publisere. Den lokale avisa på papir vil vere tilgjengeleg og gratis dei fleste stader til dette prosjektet, men vi tilrår òg å bruke nettaviser der det er ynskjeleg.

Årshjulet. Nilesarprosjektet si lengd vert fastsett av skulen. Vi tilbyr inntil ni veker med aviser, helst fordelt på kortare periodar, t.d. 3x3 veker i løpet av skuleåret. Det kan vere lurt å velje prosjektperiodar der de veit at interessante emne (jfr Kunnskapsløftet) vil bli omtalt. På hausten veit vi om skulestart, statsbudsjettet, FN-dagen, bokhausten, Barnekonvensjonen (20. nov), Nobels fredspris, menneskerettar osb. På våren kjem likestilling (8.mars), serieopning i fotball, Verdas bokdag (23. april), Pressefridomens dag (3. mai), OL/VM, lønsforhandlingar m.m. Ting derfor gratis klassesett av aviser i periodar der de vil ha best nytte av dei.

Prioriterte oppdrag. Prosjektet bør ha minst tre prioriterte oppdrag: o1: Følgje nyhenda (samfunnskunnskap) o2: Lesetrening (den andre leseopplæringen)o3: Aktualisere «pensum» (ta opp tema i Kunnskapsløftet når dei er dagsaktuelle)I tillegg bør elevane få trening i å uttrykkje sine meiningar i det offentlege rom (som lesarbrev, SMS, blogg, nettbyar osb). Prosjektet gir òg høve til å øve på eit dagsaktuelt ordforråd, øve på kritisk vurdering av tekstar, trene intervju (stille gode spørsmål) og innføring i dei mange avissjangrane

Gratis materiell. Avis i Skolen tilbyr gratis klassesett av den lokale avisa (gjeld aviser som er medlemer av Mediebedriftenes landsforening). NB! Ver ute i god tid med tinginga!Avis i Skolen kan òg tilby klassesett av anna gratis undervisningsmateriell:”Nyhendedagboka” høver til oppdraget med å følgje nyhenda.”Nyhendekalenderen” gir ein god peikepinn på kva som skjer av dagsaktuelle hendigar gjennom skuleåret.Sjå ellers nettsida til Avis i Skolen: www.avisiskolen.no.

Informer elevane. På dei neste sidene finn du nokre forslag til korleis elevane kan få informasjon om prosjektet!

Evaluering. Du finn òg eit enkelt evalueringsskjema som kan nyttast internt etter kvar periode. Det er laga eigne evalueringsskjema for sluttevalueringa.

Lykke til!

Nilesaren: planlegging

Page 4: Nilesaren Hft

Kap 1. Planlegging

Årshjulet

4

Framtida er gitt på den måten at året går sin gang, årstidene skiftar omtrent på same tid kvart år og enkelte datoar får same innhald – i alle fall i avisene.

Det er utruleg mange føremål og organisasjonar som har ein dato øyremerkt si verksemd. Dessutan er det mange andre hendingar og /eller tema som har sin faste «plass» i kalenderen. Her følgjer eit årshjul som kan brukast som reiskap for å få til dagsaktuell undervisning. Dei ulike tema i årshjulet vil de temmeleg sikkert finne att i avisspaltene. Det er òg ein god idé å tilpasse eit slikt årshjul til lokale hendingar - som ein vil finne att i lokalavisa sine spalter.

Årshjulet- eit døme på ein reiskap som kan vere til hjelp i planlegging av undervisning som skal gjere læreplanen sine tema meir dagsaktuelle.

Aktuelle dagar Aktuelle tema Aktuelle hendingar01.01. Første nyttårsdag

06.02: Samefolket sin dag14.02: Valentins dag21.02: Kong Harald V sin fødselsdag Andre sundag: morsdag

08.03: Internasjonal kvinnedag23.03. Meteorologisk verdsdag

01.04: Narredagen07.04: Verdas helsedag14.04: Første sommardag ifølgje primstaven23.04: Verdas bokdag

01.05: Arbeidarrørsla sin dag03.05: Internasjonal dag for pressefridom08.05: Frigjeringsdag 194515.05: Internasjonal familiedag17.05: Grunnlovsdag21.05: Verdsdagen for kulturelt mangfald 31.05: Verdas røykfrie dag

05.06: Verdsmiljødagen06.06: Svenska flaggans dag07.06: Unionsoppløysninga 190512.06: Verdas dag mot barnearbeid20.06: Verdas dag for flyktningar21.06: Sommarsolkverv23.06: Jonsok

04.07: USA sin nasjonaldag

24.08: Stiftningsdagen for NATO

21.09: Internasjonal fredsdag

02.10: Internasjonal barnedag10.10: Verdsdag for mental helse14.10: Vinterdagen iflg. primstaven16.10: Verdas matvaredag24.10: FN-dagen

01.11: Allehelgensdag19.11: Minnedag for ofre i trafikkulukker25.11: Internasj.dag mot vold mot kvinnerAndre sundag: farsdag

01.12: Internasjonal AIDS-dag10.12: Menneskerettighetsdagen13.12: Luciadagen22.12: Vintersolkverv

Nyttårsløfte, forbruk, materialisme, kosthald, helse

Kjærleik, venskap, mor

Streik, likestilling, klima, ver

Meisterskap i vinteridrett

Oscarpris-utdelinga

Lønns-oppgjer

Påske, tru, tradisjon, trafikk, vår, litteratur.

Start på fotball-sesongen

Fagforeiningar, arbeidarrørsla, ytringsfridom, rasisme/kulturelt mangfald, russefeiring, tobakk/rus

Filmfestivalen i Cannes

Miljøvern, barnearbeid, fordeling av goder, ferietid

Jonsok

SOMMARFERIE SOMMARFERIE

Skule, utdanning, forsvar Skulestart

Mat, kosthald, landbruk Val

Psykiatri, FNs tusenårsmål, UNICEF

Opning av Stortinget, statsbudsjettet

«Halloween» – amerikansk skikk, amerikanisering, trafikkultur, vald mot kvinner, far, farsrollen

Start på vintersport- sesongen

Utdeling av Nobels fredspris

Helse, Amnesty, jul

Januar

Februar

Mars

April

Mai

Juni

Juli

August

September

Oktober

November

Desember

Page 5: Nilesaren Hft

Kap 1. Planlegging

Informasjon til elevane

5

Vi skal vere med på eit avisprosjekt som heiter «Nilesaren». Du skal jobbe med avis i 3x3 veker, og dei første vekene er 37, 38 og 39. Resten av prosjektet vil bli på nyåret.

Alle vil få kvar si avis kvar dag i perioden, og du skal lese (både papir- og nettutgåva), debattere, skrive, stille spørsmål, svare på spørsmål m.m. Alle oppgåvene skal samlast i eit hefte. Du vert evaluert for kvar periode, men heile heftet vil telje med på årskarakteren din.

Du får nokre oppgåver du må gjere, og nokre du kan gjere. Nokre oppgåver skal gjerast ein gong kvar veke.

Mål. Målet er at du skal bli betre kjend med aviser og dei ulike sjangrane der, men òg at du skal bli ein betre avislesar og få betre kunnskap om samfunnet.

Du må sjølv sørgje for å ta ei avis kvar dag, lese ho på skulen og/eller ta ho den med heim. Elles brukar vi følgjande timar til prosjektet i denne perioden:2. time måndag,5. time onsdag,1.- 2. time fredag.

Arbeid. Desse oppgåvene skal du gjere kvar veke:

01: «Skattejakt»02: «Nyhendedagbok»03: «Ordliste»04: «7-nøtten» (www.avisiskolen.no )eller ein quiz som vi lagar sjølve.

HelsingLærerteamet, 9. trinn

Dette er eit døme på korleis du etter å ha valgt læringsmål, informerer elevane om hva første prosjektperiode skal innehalde:

Til elevane på 9. trinn!

Nilesaren

Foto

: is

tock

phot

o.co

m

Page 6: Nilesaren Hft

Kap 1. Planlegging

Utvalde oppgåver (eit forslag)

6

Nileseren

Dette er eit døme på oppgåver som er vald for den fyrste prosjektperioden. Dei er henta frå denne idebanken, eller frå andre kjeldar:

Her kjem ei detaljert oversikt over dei oppgåvene du skal gjere. Der det er referert til eigne ark, vil desse liggje inne i heftet ditt eller bli delt ut av lærar i timane.

n Finn døme på følgjande, og lim inn på eige ark:

- eit lesarbrev- ein reportasje- ein leiar- ein annonse- ein notis- ei melding (av ei bok, ein film eller eit spel)- ein enquete

n Nettavisoppgåve (sjå eige ark: «Dette har eg lese i nettavisa»)

n Utfylling av «Nyhendedagboka» – vel ein sak hver dag

n Skrive opp vanskelege ord i «Ordlista» – eleven si eiga ordliste

n Quiz – test deg sjølv på «7-nøtten» (www.avisiskolen.no), eller lag ein tilsvarende quiz til ein kamerat som handlar om nyhende denne veka.

n Debatt – Kvar fredag skal vi ha ein debatt i klassen. Finn forslag til tema vi kan debattere ut frå nyhenda i veka. I denne perioden brukar vi øvinga «Ein kontroversiell påstand».

n Skriv eit lesarbrev. I løpet av perioden skal du skrive eit lesarbrev på sidemålet. Finn ut korleis eit lesarbrev bør byggast opp, og lag eit utkast ut frå ei av dei store sakene i veka.

n Oppgåve om personar i avisa (sjå eige ark)

n Intervjuoppgåve. – Sjå gjennom avisene for denne veka og finn to-tre personar som har opplevd noko utanom det vanlege. Det kan vere ein lokal fotballspelar som har fått tilbod frå ein eliteserieklubb, - ein kvinnelig lege som ber om hjelp til gatebarn i Brasil, - ein gut som har overlevd ei trafikkulukke osb.

Lag tre-fire verkeleg gode spørsmål til kvart tema, og test ut spørsmåla på ein ven som kan spele intervjuobjekt. Oppsummér kort kva du fekk vite.

Lukke til!

Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler

Page 7: Nilesaren Hft

Kap 1. Planlegging

Vurdering 1. periode

7

Dette er eit døme på eit enkelt vurderingsskjema:

Vurdering av Nilesaren1.periode

Arbeidsinnsats:

Utforming/orden:

Nyhendedagbok:

Ordboka:

Debatt:

Intervju:

Lesarbrev:

Sluttkommentar:

Navn:

Page 8: Nilesaren Hft

Kap 2. Å kome i gang 8

Å kome i gangSkattejakt i avisspaltene

Til læraren. Skattejakt (sjå døme neste side) er motiverande lesetrening samstundes som elevane øver på lesestrategien scanning (sjå eigen omtale, side 23). Elevane får dessutan kunnskap om kva som hender i samfunnet. Skattejakt viser òg kor utruleg mange ulike opplysningar du kan finne i ei avis. Her finn de mange riktige svar på spørsmåla…

Skattejakta kan vere av generell natur, som dømet på neste side, eller knytast til spesielle emne eller ferdigheiter, som t.d.:

Skattejakt i avisa. Lag oppgåver som tek elevane frå side til side, frå annonse til bilete til nyhende osb… - til dei til slutt finn skatten.

Ordjakt. Døme på oppgåver: n Finn fem substantiv, fem adjektiv, osv.n Finn ord eller uttrykk som du vil karakterisere som klisjear…n Finn ord frå engelsk som har gått inn i det norske språket…n Finn ord som skildrar negative eigenskapar…

Vel ein person. Vel ein lokal eller nasjonal kjendis. Finn ti ord som du meiner skildrar personen på ein utfyllande måte.

Sportsjaktn Finn namn på ti utøvarar frå ti ulike idrettsgreiner…n Finn ti ord som skildrar ei idrettsgrein, eller ein idrettsprestasjon…n Finn beste lokale utøvar i ein eller fleire konkurransar…n Finn eit sportsbilete ut frå ei skildring…

Lat elevane lage oppgåver til kvarandre.

“ “

NB! Dei fleste oppgåveideane kan med fordel brukast både på papiraviser og nettaviser

Frilesing. Set av nokre minutt der elevane kan bla i avisa og gjere seg kjende med innhaldet. Dette vil gi dei høve til å ta eigne leseval.

Nyhendedagboka. Elevane skal velje eit nyhende for kvar dag. I den øvste (objektive) ruta skal dei fortelje om nyhendet (fakta). I den nedste (subjektive) ruta skal dei skrive personlege kommentarar til nyhendet.«Nyhendedagboka» Kan tingast frå Avis i Skolen.

Nettavis. Finn di lokale avis på nettet. Samanlikn førstesida med papirutgåva.

Aktiviteter kvar dag eller kvar veke:

Da startar vi med

å skape leselyst

blant elevane!

Page 9: Nilesaren Hft

Kap 2. Å komme i gang

Skattejakt

9

SkattejaktAviser er fulle av informasjon som nyhende, annonsar, meiningar og meir underhaldande stoff. Les i avisa og sjå om du finn desse opplysningane…

01: Kor mykje kostar den avisa du no les?

02: Finn prisen på ein bruktbil!

03: Finn tre samansette ord! (eks.: fiskekort, gjennomgå…)

04: Finn ein idrett der det deltek meir enn 20 personar samstundes!

05: Finn namn på to byar i andre land!

Svar: Side:

Svar: Side:

Svar: Side:

Svar:

Svar:

Side:

Side:

06: Finn namn på to kjende personar!

07: Finn to ord du ikkje forstår!

08: Kva sier værmeldinga for det området der du bur?

09: Kva program vert synt på NRK1 kl. 18.23 i kveld?

10: Kva handler avisa sin leiar om i dag?

Svar: Side:

Svar: Side:

Svar: Side:

Svar: Side:

Svar: Side:

Page 10: Nilesaren Hft

Kap 2. Å komme i gang

Vekas nyhende

10

Gruppeoppgåvern I løpet av ei veke skal de lese aviser og plukke ut ei sak kvar dag som de vil ta tak i. Diskuter saka:

01: Kva har hendt …?02: Kva er årsaka …?03: Kva for konsekvensar …?04: Kva kan gjerast …?

Leit òg etter matematiske problemstillingar, sjå på om desse er relevante for saka, diskuter dykk fram til forslag til løysingar og sjå på kva for konsekvensar dette vil få.

n På fredag vel de ei «hjartesak» frå veka og legg ho kort fram for klassen. Deretter vel heile klassen ei sak som de skal setje søkelyset på. Den/dei gruppene som har “utreda” saka forklarer ho grundigare for klassen.

n Vurder om denne saka er så viktig at ho fortener ein debatt, eller ei meiningsytring til avisa.

Vekas nyhende

Di eiga ordlisteFinn minst eitt ukjent ord i avisa kvar dag. Finn ut kva ordet tyder og skriv ei forklaring med eigne ord.

Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler

Page 11: Nilesaren Hft

Kap 3. Avisa si rolle 11

Avis si rolleAvisa har ulike roller. Den skal informere, utdanne, påverke, underhalde, marknadsføre og vere ein ”handelsplass” på papir og nett.

Kva er eit nyhende? Eit nyhende er nøyaktig, konsis notidsinformasjon om det som hender rundt oss. Nyhenda kan vere lokale, regionale, nasjonale eller globale.

Ikkje to aviser er like. Dei varierer m.a. i stil, innhald og lesarappell. Derfor har kvar avis sin eigen definisjon av kva eit nyhende er, sjølv om mange av nyhendekriteria er allmenne. Dessutan styrer Ver Varsom-plakaten, Redaktørplakaten og avisa sine skrivne og uskrivne interne «lover» det som kjem på trykk. (Sjå neste side)

Kritisk lesing. Det å streve etter å gi ei objektiv nyhendedekning, er ei slik uskriven ”lov”. Å vere objektiv inneber at alle sider ved ei sak skal presenterast likeverdig, at ein reporter ikkje skal vere personleg involvert eller gi uttrykk for eigne meiningar.Slike subjektive meiningar skal heller kome fram i leiarartiklar, kommentarspalter og lesarbrev.

I nokre tilfelle er imidlertid grensa mellom objektivitet og subjektivitet flytande. Derfor er det svært viktig at lesarane er kritiske, og ikkje godtek ”alt” utan vidare. Dei må lære seg å reflektere for å kome fram til gjennomtenkte meiningar.

Til debatt:n Er aviser ideelle organisasjonar, som berre vil oss alt godt, eller kan dei òg ha andre føremål? Kva trur du er avisa sitt fremste mål med det å gi ut ei avis?

n Kva bør ei ideell, god avis innhalde etter di meining?

Frilesing

Nyhendedagboka

Nettavis. Velg tre interessante artiklar frå di lokale nettavis. Finn du dei same artiklane i papirutgåva? Vurder årsaker til eventuelle skilnader.

Aktiviteter kvar dag eller kvar veke:

Vekas nyhende

Eleven si eiga ordliste

Konkurranse. Løys 7-nøtten på Avis i Skolens si heimeside: www.avisiskolen.no.

“ “

NB! Dei fleste oppgåveideane kan med fordel brukast både på papiraviser og nettaviser.

Kva rolle har

eigentleg avisa?

Foto: istockphoto.com

Page 12: Nilesaren Hft

Kap 3. Avisa si rolle

Kva er eit nyhende

12

Kvar einaste dag må redaktørar og journalistar avgjere kva saker som skal publiserast i avisa. Kva kriterier vurderer dei etter når dei viktigaste nyhenda skal veljast ut?

Relevans. Vil nyhendet ha noko å seie for avisa sine lesarar? Vil saka bety noko for deira liv, økonomi, helse eller utdanning?

Stad. Skjer dette i vårt distrikt? Vil saka ha noko å seie for utviklinga i området?

Viktigheit. Vil saka gjelde for mange menneske utan omsyn til kvar dei er?

Tid. Hender dette nært i tid? Eller er det spesielt viktig akkurat no?

Kjendisfaktor. Er kjende menneske innblanda, slik som politikarar, idrettsutøvarar eller selebritetar?

Historia. Er saka om ei hending / - ein handling? Vil ho vekke kjensler?

Uvanleg. Er saka uvanleg? Har det hendt noko merkeleg?

Konflikt. Er det konflikt mellom menneske, eller mellom menneske og natur?

Noko nytt. Er det gjort ei ny oppfinning som kan påverke framtida?

Nytteverdi. Inneheld saka informasjon som lesarane kan ha nytte av?

Anna. Kva anna kan gjere saka til eit nyhende? Du avgjer….

n NB! Undersøk om ei lokalavis legg vekt på dei same nyhendekriteria som ei riksavis (eller ei laussalsavis)!

n Plukk ut nokre tilfeldige saker frå dagens avis. Lag ein enkel analyse av kvar av dei, og skriv opp kriterier du trur redaktøren har lagt vekt på då han bestemte seg for å ta saka inn i avisa.

Kva er eit nyhende?

01: Tittel:

02: Tittel:

Kvifor er det eit nyhende?

Svar:

Kvifor er det eit nyhende?

Svar:

Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler

Page 13: Nilesaren Hft

Kap 3. Avisa si rolle

Ulike typar nyhende

13

Ulike typar nyhendeNyhende vert presenterte på mange ulike måtar. Ofte er det saka sitt innhald og natur som avgjer korleis ho blir sjåande ut i avisa. Ein måte å dele nyhenda inn i, er «hard news», «soft news» og «feature».

Harde nyhende («Hard news») gjev «harde, kalde» fakta om ei hending. Meiningar kan kome inn, men då berre som direkte sitat. Tittelen samanfattar ofte saka i nokre få ord. I sjølve historia vert det svart på dei seks gode hjelparane: Kven, kva, kvar, når, korleis og kvifor.

Saka blir presentert med fallande viktigheitsgrad, det viktigaste kjem alltid først. Politikk, krim, næringsliv, krig og katastrofar er nokre av mange emne i denne kategorien.

n Vel ei førstesidesak og finn svara på dei seks gode hjelparane. Meiner du lesarane «vert hjelpne» ved denne måten å skrive på?n Kan t.d. sport tenkjast å omfatte òg «harde» nyhende?n Lag minst ei oppgåve om eit «hardt» nyhende.

Mjuke nyhende («Soft news») fokuserer på dei mjuke, menneskelege hendingane. «Hund reddar gut frå drukningsdøden» kan vere eit slikt nyhende.

«Mjuke» nyhende omfatter òg sport, motar, mat, underhaldning m.m.n Skriv eit ”mjukt” nyhende basert på ei hending du har opplevd.n Lag minst ei oppgåve om eit ”mjukt” nyhende.

Feature. Desse artiklane går meir i djupna på ei hending. Samanlikna med eit hardt nyhende inneheld dei meir bakgrunnsstoff, fleire sitat, fleire observasjonar og analyser.

Dei omfattar ofte meir litterære måtar å skrive på, enn den direkte nyhendejournalistikken. Featuresaker kan vere både «harde» og «mjuke». Dei vert ofte skrivne som ein oppfølgjar til ei nyhendesak.n Les ei featurehistorie og avgjer om den er «hard» eller «mjuk».

Intervju. Når du intervjuar ein person har du minst tre utfordringar:

n Du må vite kva du skal finne ut. n Du må stille spørsmål som gir deg dei opplysningane du er ute etter.n Du må kunne samanfatte og skrive ned den informasjonen du har fått.

Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler

Page 14: Nilesaren Hft

Kap 3. Avisa si rolle

Avisa som meiningsberar

14

Avisa som meiningsberarPå kommentarplass (leiarartiklar, kommentarspalter og lesarbrev) gir redaktørar, journalistar og lesarar uttrykk for eigne meiningar, ofte for å skape debatt.

Leiarartiklar, kommentarspalter, lesarbrev og avisteikningar.

Leiarartikkelen vert skriven av redaktøren eller ein journalist som redaktøren utpeikar. Dette er avisa sitt offisielle syn i ei sak.

Kommentarspalter kan skrivast av alle; journalistar som lesarar. Dei er ofte ordrike og inneheld lange tankerekkjer og argument for eit syn på ei sak.

Lesarbrev vert skrivne av lesarane og kan innehalde alt frå «fugl til fisk», ei sak som opptek skrivaren. Lesarbrevet bør vere kort og fyndig.Avisteikninga uttrykkjer teiknaren sin kommentar til eit aktuelt «heitt» tema.

n Finn eit døme på kvar av dei ulike meiningsberande sjangrane i dagens avis.n Strek under skrivaren si meining og kva for fakta han/ho underbyggjer denne meininga med.n Undersøk dagens avisteikning. Forklar for ein kamerat kva saka gjeld og kva for verkemiddel teiknaren har brukt.

Nyhendedagboka er eit fint utgangspunkt for å avgjere kva for tema som skal debatterast på siste dagen i veka (eller første dag i neste veke). Som innleiing kan t.d. to og to elevar spele roller for og i mot problemstillinga i artikkelen.

n Sjå øvinga «Ein kontroversiell påstand» på neste side.

Vekas debatt Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler

Page 15: Nilesaren Hft

Kap 3. Avisa si rolle

En kontroversiell påstand

15

Meininga med denne øvinga er å setje deg i ein situasjon der du blir ”tvungen” til å sjå ei kontroversiell sak frå minst to sider. Øvinga er lagt opp som eit rollespel der du skal delta i ein diskusjon med gitte tidsfristar. Du får på førehand vite kva for standpunkt du skal forfekte. Du skal altså ikkje diskutere ut frå eigne meiningar, men frå eit tildelt standpunkt.

Eit tema. Finn eit aktuelt tema ved å lese aviser. Klipp ut/skriv ut ein artikkel, eit sitat, ein påstand, eit lesarbrev, - og bli samde i klassen om kva for tema de skal diskutere.Bruk litt tid til å finne bakgrunnsinformasjon om saka.Formuler ein påstand som det er lett å vere for eller imot.

Roller. Læraren avgjer kven som skal vere for denne påstanden, og kven som skal vere i mot. Halvparten av klassen for, og halvparten i mot.

Gjennomføring. Set deg skikkeleg inn i det synet du skal diskutere ut frå.n Finn så mange argument du klarer i løpet av den gitte tidsfristen (3 min?)n Snakk med ein som har fått same rolla som deg. Del argument og finn fleire saman i løpet av den tida de har til rådvelde (5 min?)n Gjennomfør ordskiftet i løpet av ein gitt tidsfrist (5 min?). Den rolla som er mest ytterleggåande startar ordskiftet.I ein treningsfase kan de godt stoppe øvinga her. Men det kan òg vere interessant å fortsetje med å byte roller.n Byt roller og lat dei som var for no vere imot påstanden. Førebu dykk på samme måte.n Ny diskusjon - der du skal forsvare di nye rolle. NB! No skal du ha ein annan diskusjonsmotstandar enn sist gong.Etter å ha prøvs å argumentere for og i mot to sider av same sak, er det no på tide å gjere seg opp ei eiga meining: Kva meiner du sjølv om denne saka?

Plenum. Til slutt kan de diskutere denne saka i klassen ut frå eigne meiningar

Alle som sutrar i timen burde vore tvinga til å gå med smukk og bleie!

Ein kontroversiell påstand

Nokre opplysningr. Dette er ei fin øving når de skal lære/trene på argumentasjon.

De får øving i å:n Finne argument n Formulere dessen Lytte til andre sin argumentasjonn Få andres reaksjonar på synspunktn Vurdere eigne standpunkt

I tillegg er det rimeleg «ufarlig» å framføre ei rolle. Dessutan blir undervisninga vonleg motiverande når de tek opp dagsaktuelle problem.

Foto: istockphoto.com

Page 16: Nilesaren Hft

Kap 4. Menneska i avisa 16

Menneska i avisaMenneske i avisspaltene – nokre idear:

Nyhendetavle. Set av veggplass til bilete av personar som dukkar opp i nyhenda. Skriv ein minirapport med dei viktigaste opplysningane om kvifor denne personen er avbilda i avisa. Heng minirapporten under biletet.Dersom saka går over fleire dager, kan de følgje opp med utfyllande opplysningar.

Nyhendetavla kan vere ei verdifull læringskjelde. De får høve til å gjere eigne val og offentleggjere desse for dei andre elevane.

Lag til dømes: n Eit utsnitt av nyhendebiletet i veka, slik de ser det. Grunngi vala dykkar.n Ei nyhendeside om ”Verda til klassen” med eigenprodusert stoff, lesarbrev, annonsar osb.

NB! Slike sider bør skiftast ofte – helst kvar veke – for å halde på interessa til lesarane.

Ekspertvitne. No skal du gjere deg til ekspert på ein person som ofte dukkar opp i avisspaltane. Samle inn så mykje informasjon som mogeleg om personen i ein periode, og lag ei ”arbeidsbok” med utklipp og eigne kommentarar.

Ved slutten av perioden presenterer du personen for klassen, til dømes i ein ”pressekonferanse” der klassen fungerer som ”journalistar”. Inviter gjerne personen til klassen dersom han/ho ikkje bur for langt unna.

Konkurranse. Bilete av personar i aviser, kan vere utgangspunkt for mange typar konkurransar. Utfordre klassen til å lage ulike typar konkurransar til kvarandre.

Kven er eigentleg i avisspaltane?

“ “

NB! Dei fleste oppgåveideane kan med fordel brukast både på papiraviser og nettaviser.

Frilesing

Nyhende-dagboka

Nettaviser. Finn ut kva for nettaviser som høyrer heime i ditt fylke. Merk av

på eit kart. Samanlikn førstesidene. Kva er ulikt?

Aktiviteter kvar dag eller kvar veke:

Eleven si eiga ordliste

Vekas debatt

Konkurranse. Forsøk deg på ein quiz frå Aftenposten:www.aftenposten.no/quiz

Foto: istockphoto.com

Page 17: Nilesaren Hft

Kap 4. Menneska i avisa

Bilete av ein person

17

Aviser inneheld informasjon om mange ulike menneske, frå dei mest berømte til «mannen i gata».

n Vel eit bilete av ein person frå avisa. Lim det på dette arket.

Kvifor er denne personen i avisa i dag?

Bilete av ein person

Samle saman mange bilete av kjende personar frå avisene i løpet av ei veke. Lim dei opp som ein collage på eit stort papirark.

No kan du teste kameraten din:n Kor mange kjenner ho/han namnet på?n Kvifor trur han/ho at personane er omtalt i avisene siste veke?

Kjendis-collage

?Skriv tre opplysingar du no veit om personen:

01:

02:

03:

Skriv tre spørsmål du gjerne vil stille til personen:

01:

02:

03:

Page 18: Nilesaren Hft

Kap 4. Menneska i avisa

Avisteikning

18

Avisteikninga finn du som oftast på same side som leiarartikkelen i avisa. Den er, på ein morosam måte, teiknaren sin kommentar til ei aktuell hending.

NB! Nokre aviser har ikkje avisteikningar.

Ta ein nærare kikk på ei av avisteikningane frå denne veka. Etter det kan du svare på spørsmåla under.

Avisteikning

01: Kva for sak tek avisteikninga opp?

Svar:

07: Er du samd med teiknaren? Kvifor eller kvifor ikkje?

Svar:

06: Kva er bodskapen i teikninga? Kva er det teiknaren prøver å seie?

Svar:

02: Kven er hovudkarakter på teikninga? Kva eller kven skal dei forestille?

Svar:

03: Kvar i verda utspelar handlinga seg?

Svar:

05: Kva heiter teiknaren?

Svar:

04: Kva er det som gjer teikninga morosam?

Svar:Fo

to:

Ale

xand

er M

. Sch

indl

er

Engelsk n Visit www.cagle.com and answer the same questions about one of the cartoons.

Page 19: Nilesaren Hft

Kap 5. Lesestragier 19

“ “

NB! Dei fleste oppgåveideane kan med fordel brukast både på papiraviser og nettaviser.

LesestrategiarHar du tenkt over at avisa inneheld ei rekke tekstar som du må bruke ulike lesestrategiar for å knekke?

Vi les ikkje alle tekstar på same måten. Korleis les du ein teikneserie, eit TV-program, ei spennande bok, ein nyhendeartikkel eller ei lærebok?

Du varierer kor fort eller kor grundig du les etter føremålet med teksten.

Når vi les. Når vi les (bortsett frå høgtlesing), er det ofte ikkje naudsynt å lese i det heile tatt. Når du «les» ei avis, vandrar blikket ditt opp og ned på sidene for å finne noko du er interessert i, - ofte avgjer tittelen om du vil lese resten.

I andre samanhengar har du bruk for å fordjupe deg i teksten, forstå og finne samanhengar, til dømes når du les lekser.

Hovudsakeleg les vi av to grunner, enten for å lære noko, eller for å bli underheldne.

Nokre lesestrategiar, ein oversiktn Forventning: Det er lettare å forstå ein tekst dersom du veit noko om han på førehand. Derfor les du betre dersom du gjettar kva teksten handlar om, før du startar å lese.Tittel, ingress og layout hjelper deg til å finne innhaldet i teksten.

n Skumming: Når du skummar, let du augene gli hurtig nedover teksten for å få tak i hovudinnhaldet.

n Scanning: betyr å sjå nøye på, søkje etter. Når du scannar leiter du etter ei bestemt opplysing i teksten.

n Sammenheng: Alle tekstar har ein «indre» samanheng. Finn du denne betrar du leseevnene dine.

n Intensiv lesing: Når du les intensivt, les du for å få tak i hovudinnhaldet og så mange detaljer som mogeleg.

n Ekstensiv lesing: Når du les ekstensivt, les du for å få ei oppleving.

Frilesing

Nyhende-dagboka

Nettavis. Finn fram til ein artikkel i ei engelskspråkleg nettavis. Bruk leseøvinga «Gjett ein artikkel».

Aktiviteter kvar dag eller kvar veke:

Eleven si eiga ordliste

Vekas debatt

Konkurranse. Bruk avisa sin tittel og ingress til å lage spørsmål, t.d.: «Vårens lønsoppgjer er i gang. Partane er innstilte på å finne ei løysing, men LO er ikkje villig til å ofre løna for ein god AFP».n Kva handlar eigentleg AFP om?A) LønB) ArbeidstidC)Førtids-pensjon

Foto: istockphoto.com

Korleis les ein

eigentleg ei avis?

Page 20: Nilesaren Hft

Kap 5. Lesestrategiar

Tilpassa tekstutval i aviser

20

Tilpassa tekstutval i aviserTekstane i avisene er på mange måtar forsøkt tilpassa lesarane. Det gjeld både papiraviser og nettaviser.

Tekstane i papiravisene har ein lesarvenleg layout, eit rikt innhald og stor variasjon i sjangrar. Nettavisene er bygde opp slik at ein raskt skal kunne klikke seg fram til dei tekstane ein er interessert i. Tekstane er tilpassa ved layout, innhald og sjangrar: :

Layout. Ta for deg ein nyhendeartikkel. Han er bygd opp etter ein fast mal: Tittel, ingress, brødtekst, bilete og bilettekst. Nokre gonger er òg viktige sitat og faktaboksar utheva som grafiske element i teksten.

Alle desse elementa er forsøk på å skape ei «førehands-forståing» som er så viktig for at lesaren skal skjøne og få glede av sjølve brødteksten. I tillegg har brødteksten korte linjer, han er delt opp med mellomtitlar og dersom journalisten har følgt vanlege retningslinjer, er den bygd opp etter fallande nyhendeverdi; - det avisa synest er viktigast kjem først.

Det kan altså vere mogleg å få med seg mykje av det som har skjedd siste døgeret, utan å vere ein god lesar, og det kan vere mogleg å finne lange, utdjupande tekstar som er tilrettelagde for dei raskaste lesarane.

Innhold. Stoffutvalet i avisene er svært variert, frå dei minste lokale nyhenda til store internasjonale problemområde, meiningsytringar frå «grasrota» og frå «rikssynsarar». Her er matspalter, TV-program, kinoannonsar, kulturstoff, finansstoff, politikk, underhaldning, annonsar for kjøp og sal, teikneseriar, skjønnlitterære tekstar osb.Det skal mykje til at ein ikkje finn noko som interesserer.

Sjangrer. Eit rikt utval av sjangrar i avisa, gjer tekstane meir lesarvenlege. Her finn vi lange featureartiklar med skjønnlitterært snitt og korte saksorienterte notisar. Vi finn eit heilt spekter annonsar, frå heilsides- til små rubrikkannonsar. Her er biletsjangrar, grafiske framstellingar, teikneseriar, veroversikt, sitat, dikt og poesi. Utvalet er stort, og presenterer stoffet på varierte måtar.

Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler

Page 21: Nilesaren Hft

Kap 5. Lesestrategiar

Gjett ein artikkel

21

I denne øvinga skal vi arbeide med dei tankar, forventningar og idear som vi får når vi møter ein tekst.

Tidsfristane skal tvinge alle til hurtig lesing der attkjenning og gjettingar er viktige. Oppgåva sluttar med ei grundig gjennomlesing, der de kanskje finn ut at dei fleste tekstar reiser fleire spørsmål enn dei gir svar.

Læraren har valt ein artikkel som inneheld elementa tittel, bilete, bilettekst, ingress og brødtekst.

01: Sjå i 15 sekunderDe får utlevert tittel, bilete og bilettekst og skal sjå på desse i 15 sek. Så skal de skrive kva de trur saka dreier seg om.

02: Skumles i eitt minuttDe får utlevert ingress og brødtekst som de skumles i til dømes eitt minutt for å skaffe dykk rask oversikt over hovudinhaldet. Skriv nøkkelord.

03: Les alt!Les heile artikkelen i ro og mak, og finn svar på dei «gode hjelparane»: Kven, kva, kvar, når, korleis og kvifor.

04: Skriv spørsmålTil slutt skal de skrive spørsmål om ting de gjerne vil vite meir om. Arbeid gjerne to og to.

Gjett ein artikkel

For å fokusere betre på målet med lesinga, kan de ta utgangspunkt i disse tre spørsmåla:

01: Kva handlar avisartikkelen om?Her skal de forklare fakta og handling for å setje dykk inn i innhaldet i artikkelen.

02: Kva tyder dette?Her skal de tolke, gjette, resonnere for betre å forstå bodskapen i artikkelen.

03: Tyder dette noko for meg?Her skal de setje dei nye opplysningane opp mot eigne erfaringar og kunnskapar, for lettare å sjå konsekvensar for eigen situasjon.

n Desse tre spørsmåla kan brukast på alle tekstsjangrar i avisa: nyhendeartiklar, featureartiklar, leiarartiklar, sportsreportasjar, kommentarar, lesarbrev, annonsar osb….

Lese for å forståFo

to:

Ale

xand

er M

. Sch

indl

er

Page 22: Nilesaren Hft

Kap 5. Lesestrategiar

Skumming

22

Skumming

Lag ein titteln Skumles teksten og finn vokalane som gir tittelen meining.

Når du skummar, let du augene gli hurtig nedover teksten for å få tak i hovudinhaldet.

(Finn fleire døme frå avisa)

Seoul (NTB-AFP): Sommaren er sesong for hunde- og katte-elskarar i Sør-Korea. Men her dreier det seg ikkje om kjæledyr: I sommarsesongen står hunde- og kattekjøt på menyen.

Styresmaktene finn dette direkte pinleg, spesielt ovanfor utlendingar som aldri kunne tenke seg å sette tennene i eit grilla hundebryst. Derfor er det i god tid før dei olympiske sommarleikane i Seoul, som tek til 17. september, sett i gang ein kampanje mot gourmetane.

Kampanjen har ikkje hatt særleg verknad. På Chung-Ang marknaden i Seoul sel dei kvar dag dusinvis levande hundar og kattar i små bur der dei knapt kan stå oppreiste.

Hundane og kattane som kundane vel ut blir slakta i eit lite skur ved marknaden, parterte og leverte i gryteferdige stykke.

– Hundemat er ein koreansk tradisjon, og det er sunt. Utlendingar forstår ikkje dette, og burde heller passe sine eigne saker, sa ein kunde på marknaden, då han vart spurde om kva han meinte om å ete hundesuppe.

Hundekjøt kostar mange gonger så mykje som vanleg storfekjøt, men det som tel for kundane er trua på at hundekjøt aukar vitaliteten og potensen. Kattekjøt kokar ein kraft på, og krafta vert drukke av kvinner som nett har nedkome.

m

n

np h nd

n

Page 23: Nilesaren Hft

Kap 5. Lesestrategiar

Scanning

23

Scanning

Er det nokre gode tilbod?Du er på jakt etter:n Ein sykkeln Ei leilighetn Ein snikkarn Eller noko anna du treng

n Kvar finn du det beste tilbodet? Finn du annonsar det er verdt å undersøke nærare?

Scanning betyr å sjå nøye etter noko spesielt, - søkje etter.Når du skannar, leiter du etter en bestemt opplysning i teksten.

(Finn fleire døme frå rubrikkannonsane i avisa)

Page 24: Nilesaren Hft

Kap 5. Lesestrategiar

Oppsummering

24

OppsummeringNokre aviser skriv korte oppsummeringar av dagens nyhendeartiklar. Dette for at lesarane lettare skal kunne velje kva for tekstar dei ynskjer å lese i avisa.

Oppsummering, å kunne gi eit kort samandrag av ein tekst, er viktig å kunna på skulen, i forretningslivet og i kvardagen. No skal du trene dette:

n Vel tre nyhende i avisa – ei nasjonal, ei lokal og ei som interesserer deg – og lag oppsummeringar av dei tre tekstane nedanfor. Sørg for at dei viktigaste poenga er med, inkludert kven, kva, kvar, når, kvifor og korleis.

Tittel:

Oppsummering 01:(nasjonalt nyhende)

Tittel:

Oppsummering 02:(lokalt nyhende)

Tittel:

Oppsummering 03:(ditt val av nyhende)

Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler

Page 25: Nilesaren Hft

Kap 5. Lesestrategiar

Fliere ideer

25

Oppgåva «Gjett ein artikkel» ovanfor er eit døme på korleis du kan bruke lesestrategien forventning i leseopplæringa.

Eit anna døme er: «Gjett ein tittel»: n Fjern alle vokalane i ein avistittel. Kven kan gjette kva det handler om?

Skumming:n Lim fire avisnotisar utan titlar på eit ark. Lim så dei fire titlane nederst på arket. Kombiner tittel og tekst så raskt som mogleg.

n Ein variant av denne øvinga er å klippe orda i titlane frå kvarandre, slik at de først må setje saman titlane, og så kombinere tittel og tekst.

Scanningn Bruk ei side med rubrikkannonsar i avisa. Finn t.d. ut kor mange som tilbyr sal av ein sykkel, og kva for tilbod som høver best for deg.

n TV-programmet kan òg brukast: Kva for program er verdt å sjå i dag? Kva går på ein bestemt kanal på eit bestemt tidspunkt? …

Samanhengn Klipp ein artikkel i fleire bitar. Finn den riktige rekkefølgja.n Klipp to lesarbrev i fleire bitar. Set dei saman på riktig måte

Intensiv lesingn Les ein leiar eller ein kommentar. Finn ut kva forfattaren ynskjer å oppnå med dette innlegget. Er argumentasjonen grei? Seier han/ho noko om korleis dette skal skje?

n Dette er eit fint utgangspunkt for diskusjonar to og to, i smågrupper eller i plenum.

Ekstensiv lesingn Featureartiklane i laurdagsavisa høver godt til denne typen lesing. Dei har ei meir litterær form, og tek ofte opp tema som er aktuelle.

Fleire ideer

Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler

Page 26: Nilesaren Hft

Kap 6.Kritisk lesing 26

Kritisk lesingLese kritisk, trekkje slutninger

Media prøver å følgje sjølvpålagde, etiske retningslinjer. Desse er nedfelde i Ver Varsom-plakaten, Redaktørplakaten og Tekstreklameplakaten. I tillegg har Pressas Faglege utval (www.pfu.no) i oppdrag å dømme medier som ikkje følgjer desse plakatane.

Strategiar for å vurdere påstandar i teksten:n Først må de tenkje gjennom årsaka til at teksten vart skriven: Kva ynskjer forfattaren at lesarane skal tru?

n Deretter må de tenkje setning for setning om de les fakta eller om det berre er forfattaren si synsing. Merk faktastoff med grøn farge og synsestoff med gul farge.

n Tenk gjennom om dei faktaopplysingane som forfatteren vektlegg støttar hans/hennar posisjon, og undersøk samstundes om viktige opplysningar er «gløymde».

n Tenk over kven som vil dra fordel av forfattaren sine konklusjonar, og om det vil vere til beste for lesarane at dei vert gjennomførde.

Strevar du med å lære kritisk lesing?Då kan desse spørsmåla vere til hjelp:

01: For å hugse ulike sider i saka:n Kven gjorde….?n Kva har skjedd….?n Kva er….?n Fortel med dine eigne ord…?

02: For å analysere og vurdere ulike sider:n Kvifor likte du ….?n Kva for andre konklusjonar kan trekkjast…?n Basert på våre etiske grunnverdiar, kva …?

n Oppgave: 1. Finn ut om pressa sine etiske retningslinjer òg gjeld for deg, dersom du legg ut opplysningar og bilete på nettet. Kven eig det du har lagt ut?

“ “

NB! Dei fleste oppgåveideane kan med fordel brukast både på papiraviser og nettaviser.

Frilesing

Nyhets-dagboka

Kritisk blikk på nyhenda. Sjå på titlar i avisene. Speglar dei bodskapen i teksten, eller gir dei andre assosiasjonar?

Aktiviteter kvar dag eller kvar veke:

Eleven si eiga ordliste

Vekas debatt

Konkurranse. Kven lagar det beste «Nytt på nytt» – programmet frå nyhenda denne veka.

Kan vi ikkje

stole på det

journalistane

skriv?

Foto: istockphoto.com

Page 27: Nilesaren Hft

n Denne teksten inneheld m.a. følgande årsak/verknad-forhold:

01: Kari fekk hjernerystning (årsak) fordi

02: Kari fordi hun sprang på eit nybona gulv (virkning)

Kap 6. Kritisk lesing

Å forstå årsak og verknad

27

Å forstå årsak og verknadDu treffer stadig forhold som gjeld årsak og verknad i dagleglivet.

n Dersom t.d. venen din av ein eller annan grunn var oppe heile natta, er det ikkje usannsynleg at han ville sovne i ein time på skulen dagen etter. Å vere opp heile natta ville då vere årsaka, mens verknaden (eller resultatet) er at han sovna.

Tekstar som handler om årsak/verknad finn du ofte i avisa.

n Når t.d. Jens Stoltenberg kritiserer regjeringa i Zimbabwe for ikkje å offentleggjere valresultatet, kan det føre til støtteerklæringar frå nokre land, mens Robert Mugabe vil vere usamd. Det at valresultatet ikkje vart offentleggjort var årsaka, mens eventuelle reaksjonar frå ulike hald var verknaden.

Sjå òg på dømet til høgre og svar på spørsmåla nedanfor:

Kari Nordmann, elevrådsleiar på Anonymes skule, vart tysdag send til sjukehus med hjernerysting.

– Det var berre eit kjedeleg uhell, sa ho.

– Då klokka ringde ut frå siste timen, var eg så oppspelt at eg sprang gjennom korridoren. Eg visste ikkje at golvet var nybona. Då eg prøvde å stoppe, sklei eg med hovudet først inn i eit garderobeskåp.

Dr. Hansen la til at ho snart ville bli frisk igjen:

– Men eg vil tilrå at ho brukar hjelm etter dette.

Elevrådsleiar til sjukehus

Årsak:

Saken:

Virkning:

n Les dagens avis, og vel ut ein tekst som skildrar ei lokal eller nasjonal sak. Skriv ei kort oppsummering av kvar sak, og finn deretter eitt eller fleire årsaks/verknads-forhold.

Page 28: Nilesaren Hft

Kap 6. Kritisk lesing

Pålitelege kjelder

28

Pålitelege kjelder?Journalistar sjekkar med mange kjelder for å vere sikre på at dei fakta dei skriv er rette, og for å kunne belyse saka for lesarane med ulike vinklingar og synspunkt.

n Til dømes: Ei sak om forbod mot bruk av mobiltelefon under bilkøyring bør innehalde argument frå bilførarar som er både for og mot eit forbod, politikarar, politi, forsikringsselskap, statistiske opplysningar om skadar på grunn av mobilbruk osb…

Målet er å presentere alle sider av saka på ein så balansert måte som mogleg.

For å få eit innblikk i korleis disse ideala blir praktiserte i di avis, kan du gjere ei lita undersøking ved å fylle ut opplysningane i skjemaet under:

Vel eit av nyhenda på førstesida, lles òg omtalen inne i avisa og finn så mange vinklingar som mogleg i saka. Skriv hovudargument og kva for kjelde som er nytta:

Hovudkjelde (navn) Argument (synspunkt, sitat)

01:

02:

03:

Hovudkjelde (navn) Argument (synspunkt, sitat)

01:

02:

03:

Hovudkjelde (navn) Argument (synspunkt, sitat)

01:

02:

03:

Vel eit av nyhenda frå sports- eller kultursidene, og finn så mange vinklingar som mogleg i saka. Skriv hovudargument og kva for kjelde som er nytta:

Vel eit nyhende som interesserer deg, og finn så mange vinklingar som mogleg i saka. Skriv hovudargument og kva for kjelde som er nytta:

Ekstra:n Gjer den same undersøkinga med ei avis som er prega av tabloid journalistikk. Finn du ulikskapar?

Page 29: Nilesaren Hft

Kap 7. Analyse 29

- og bodskapen er…?

AnalyseÅ lese er viktig! Det å finne bodskapen i ein tekst er ikkje alltid like lett. Eit viktig mål for tekstanalyse, er å få lesarane til å bli kritisk vurderande til all tekst. Spesielt gjeld dette tekstar i massemedia!

Tekstanalyse kan utførast på mange måtar, avhengig av formålet med analysen. Her får du eit utval spørsmål som kan brukast på ulike avissjangrar.

Notisn Kven handlar det om? Kva har hendt? Kvar hende det? Når hende det?n Er tittelen dekkjande for innhaldet i notisen? Er tittelen interessevekkjande?n Meiner du dette er ein god eller dårlig notis? Begrunn!

Lesarbrevn Er brevet kort? Tek det opp ei eller fleire saker?n Går skrivaren rett på sak: Skildrar han/ho situasjonen? Skildrar han/ho kva problemet er? Har han/ho forslag til løysingar? Skildrar han/ho kva for konsekvensar desse løysingane vil få? n Er språket enkelt eller inneheld brevet mange framandord eller fagterminologi?

Nyhendeartikkeln Er artikkelen god/dårleg? Kvifor?n Kvifor byrja du å lese artikkelen?n Kvifor las du han heilt ut? ….eller: Kvifor kom du ikkje lenger enn til innleiinga? …eller: Kvifor hoppa du over nokre avsnitt? n Tykte du artikkelen drøfta temaet grundig nok? Kva for opplysingar sakna du?n Fann du opplysingane truverdige, eller var det noko du tvilte på?

Leiarartikkeln Kva handlar leiaren om? Kva er avisa sitt syn på saka? Kva meiner du er det viktigaste poenget i leiaren? Kven trur du denne leiaren er skriven til? Kva for argument har redaktøren brukt? n Undersøk om redaktøren har brukt mange vanskelege ord og uttrykk i teksten!

Er det godt eller dårleg stoff i avisa?

“ “

NB! Dei fleste oppgåveideane kan med fordel brukast både på papiraviser og nettaviser.

Frilesing

Nyhende-dagboka

Nettavis. Her er nokre spørsmål du kan drøfte ved ein kritisk analyse:

Kven er avsendar?Kva er bodskapen?Kven er mottakar?Kva er føremålet?Kven tener på…?

Aktiviteter kvar dag eller kvar veke:

Eleven si eiga ordliste

Konkurranse. Sjekk Aftenposten sine geografi-quizar:www.aftenposten.no/reise

Lag ei geografi-spørjetevling med utgangspunkt i avisa sine nyhende.

Foto: istockphoto.com

Page 30: Nilesaren Hft

Kap 7. Analyse

Aviskort

30

AviskortAviskortet er eit visuelt bilete av innhaldet i ein tekst, f.eks ein avisartikkel.

Skriv tittelen på artikkelen i midten, og svar på spørsmåla kven, kva, kor, når, korleis og kvifor på dei seks «lappane».

n Skriv ned spørsmål du gjerne vil ha svar på nederst på arket. n Skriv òg di eiga meining om saka.

Spørsmål:

Dine kommentarer:

Kven? Kva? Kor?

Kvifor?Korleis?Når?

Tittel:

Page 31: Nilesaren Hft

Kap 7. Analyse

Biletanalyse

31

Fortel først kva du straks kan sjå

n Kven har laga biletet?

n Kvar går det føre seg?

n Kva hender i biletet?(førsteinntrykk)

n Kven eller kva opptrer i biletet?

n Gi ein karakteristikk av personen(-ane):kroppsspråk, uttrykk, klednad m.m.

n Gi ein karakteristikk av sentrale gjenstandar:kroppsspråk, uttrykk, klednad m.m.

n Kva vil du seie om komposisjonen av biletet?

Biletanalyse

Fortel kva du tykkjer biletet seier deg; gjer ei subjektiv vurdering av bodskapen i biletet!

n Fortel biletet ei historie? –– i tilfelle kva for historie?

n Kva fortel biletet om geografiske tilhøve?

n Kva fortel biletet om sosiale tilhøve?

n Kva for ei stemning er framherskande i biletet?

n Korleis er det å leve i dette miljøet?

Page 32: Nilesaren Hft

Kap 7. Analyse

Biletanalyse

32

Avsender – mottaker:

n Kven er avsendar?

n Kven er målgruppene?

n Konklusjon:Kva for haldningar er representerte i biletet?

Studer tilhøvet mellom bilete og tilhøyrande tekst

n Studer ordvalet i biletteksten (tilhøyrande tekst). Kva for grunnstemning skapar disse orda?

n Korleis er samanhengen mellom bilete og tekst?

n Kva, trur du, er føremålet med å bruke nettopp dette biletet og denne teksten?

Page 33: Nilesaren Hft

Kap 8. Journalistiske sjangrar 33

Journalistiske sjangrarEi «sak»?

I ei avis finn du mange ulike sjangrar, men det som er litt pussig, er at når du snakker med en journalist, er han oftast i gang med ei sak. Omfanget av saka og kor viktig ho er, avgjer korleis ho vert presentert i avisa.

Nyhendeartikkel: : Det er sjølve nyhendet som er det viktigaste i ein nyhendeartikkel. Han blir brukt når journalisten objektivt skal fortelje om det som hender frå dag til dag. Han inneheld tittel, ingress og brødtekst, ofte òg bilete og bilettekst. Teksten vert skriven med fallende nyhendeverdi, og gir svar på spørsmåla: Kven, kva, kvar, når, kvifor, korleis og kva så…

Notis: Ein notis er eit kort samandrag av eit nyhende, og inneheld tittel og tekst. Den gir svar på spørsmåla: Kven, kva, kvar og når.

Lesarbrev: Her er det di personlege meining om ei sak som skal på trykk. Det må vere kort, gå rett på sak, førast i eit enkelt, lett språk og ha ein fengjande tittel. Først presenterer du situasjonen som har ført til at du skriv lesarbrev. Så skildrar du problemet. Deretter kjem du med forslag til løysingar og avslutter med kva for konsekvensar løysingene dine vil gi.

Leiartikkel: Leiaren vert vanlegvis skriven av redaktøren, og gir uttrykk for avisa si meining om ei aktuell sak. Leiarartiklar vert rekna som viktige tekstar fordi dei vert vurderte av personar som tek avgjerder i samfunnet.

Førsteside: Førstesida er «utstillingsvindauget» til avisa. Her presenterer redaksjonen dei sakene dei meiner lesarane vil ha størst interesse av å lese. Vanlegvis har førstesida eit hovudoppslag og fleire små. Saka blir presentert med tittel, ein kort tekst, bilete og/eller bilettekst. Annonsane er ofte små.

Fleire sjangrar i avisa: Kommentar, avisteikning, petit, annonse, teikneserie, reportasje, feature, tabell, melding (kunngjering), salsannonse, rubrikkannonse, eigenannonse, stillingsannonse, vêrspalte, portrettintervju, kåseri, enquete, matspalte, bokmelding, musikkmelding, filmmelding, førehandssomtale, referat, kino- og teaterannonsar, grafikk, valutakursar, børskursar, radio- og TV-program, personleg-annonsar, forteljing. Og endå er det fleire som ikkje er nemnde her….

Oppdrag: Vel ut ein eller fleire sjangrar og lag ein kort definisjon av dei!

Frilesing

Nyhende-dagboka

Sjangrar. Les ei avis. Kor mange ulike sjangrar finn du i denne avisa? Lag ei liste…

Nettavis. Les ei nettavis. Kva for sjangrar finn du her? Lag ei liste!Kva for sjanger er mest typisk for ei nettavis?

Aktiviteter kvar dag eller kvar uke:

Eleven si eiga ordliste

Vekas debatt

“ “

NB! Dei fleste oppgåveideane kan med fordel brukast både på papiraviser og nettaviser.

Kvifor skriv

journalistane så

mykje ulikt?

Foto: istockphoto.com

Page 34: Nilesaren Hft

Nokre nyttige nettadresser:n AvisWeb: http://www.avisiskolen.no/avisweb/ n Skoleavis: http://www.ais-vest.net klikk på skoleavis i menyenn På dansk: http://www.aiu.dk/avisnet/ klikk på Håndbogn På svensk: http://www.tidningeniskolan.se klikk på TIS elev i menyen

Kap 8. Journalistiske sjangrar

Tilpassa leseopplæring

34

Tilpassa leseopplæringTekstane i ei avis høver godt til tilpassa leseopplæring på grunn av måten dei vert presenterte på. Tittel, ingress, brødtekst, bilete og bilettekst gir god forståing før sjølve lesinga.

Å lese sjangrar…n Finn leiarartikkelen i dagens avis. Gjer et «djupdykk» i teksten ved å undersøke:01: Kva for emne handlar denne leiaren om?02: Kva for argument meiner du er det viktigaste?03: Kven trur du denne leiaren er skriven til?04: Undersøk om redaktøren har brukt mange vanskelege ord og uttrykk.05: Forklar kort bodskapen til redaktøren slik at ein ungdom yngre enn deg vil skjøne det!

n Les ein nyhendeartikkel der tittel og ingress er klipt vekk. Lag eit forslag til ingress og deretter tittel. Samanlikn dine forslag med en kamerat sine forslag. Diskuter kva for forslag som gir best lyst til å lese vidare?

n Velg deg ein notis i dagens avis. Undersøk om den oppfyller krava til ein god notis (interessevekkjande tittel, - at den gir svar på spørsmåla: Kven, kva, kvar og når…)

n Gjer det same med ein nyhendeartikkel og eit lesarbrev.

n Vurder avisa si førsteside. Er ho ein god ”reklameplakat” for avisa?

Å skrive sjangrar…n Sjå på leiarartikkelen i avisa. Skriv den om slik at elevar som er yngre enn deg vil forstå hovudpoenget.

n Skriv et lesarbrev om noko du er sint eller irritert over. Lat ein kamerat lese brevet, og så fortelje deg kva han/ho fekk ut av innhaldet. Stemmer det med det du ville seie? Gjenta oppdraget med eit lesarbrev om noko du er glad for.

n Tenk deg at du er journalist. Du har fått i oppdrag å lage ein notis eller ein nyhendeartikkel om noko som nettopp har hendt i nærmiljøet ditt.

Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler

Page 35: Nilesaren Hft

Kap 9. Les avis og lær matte 35

Matematikk i avisa? Kvifor?

– Vårt samfunn vert styrt av tal Pengar, areal, lengd, nedbør, CO2-utslepp, bananer, alt vert målt i tal og gir retningslinjer for korleis samfunnet vårt utviklar seg.

– Får vi nokon gong bruk for all den matematikken vi lærer i løpet av skuletida?

– Kor viktig er matematisk kunnskap og dugleik for å klare dei utfordringane som samfunnet gir oss? Tenk berre på sjølvmeldinga, politiske avgjerder, offentlege tenester, tilbod på varer, rutetabellar osb.

Det er viktig å auke elevane sitt matematiske vokabular. Då vil dei kunne uttrykke seg meir presist og få større utbyte av diskusjonar som rører ved slike spørsmål

n Å finne matematikken. «Scan» gjennom avisa, på jakt etter ting og omgrep som vert målt i tal. Kor mange finn de? Er det mogleg å sortere desse i grupper?

n Tekstoppgåver. Lag matematikkoppgåver til kvarandre med avisa som kjelde. Dette er fin trening i høve til å klare tekstoppgåver.

Nokre forslag til oppgåver:n Vel ei avisside. Set ring rundt alle tal og tal skrivne med bokstavar på sida. No skal du fortelje kva dei ulike tala er blitt brukte til. Døme: Talet 3 er brukt til å markere nummeret på avissida.

n Finn ein avisartikkel der det er mange talopplysningar. Svar på disse spørsmåla:Er talet rimeleg? Kvifor? Kvifor ikkje? Gir artikkelen deg god informasjon? Forstår du alt i artikkelen? Saknar du nokre opplysningar?

n Undersøk om ein annonse gir feile opplysningar eller ikkje gir vesentleg informasjon om eit produkt. Det hender at produkta ikkje oppfyller alt som står i ein fristande annonse.

Les avis og lær matte “ “

NB! Dei fleste oppgåveideane kan med fordel brukast både på papiraviser og nettaviser.

Frilesing

Konkurranse. Lag ei skattejakt i avisspaltene, der alle oppgåvene har med matematikk å gjere.

Kritisk blikk på nyhenda. Kontroller at dei talopplysningane avisa opererer med i en artikkel er korrekte.

Nettavis. Studer valutakursane. Gå til nettaviser i to land med ulike valutaer. Finn eit produkt og samanlikn prisane, òg med tilsvarande i Noreg.

Aktiviteter kvar dag eller kvar uke:

Eleven si eiga ordliste

Vekas debatt

Slik les du og lærar matte samstundes!

Page 36: Nilesaren Hft

Kap 9. Les avis og lær matte

Fleire forslag til oppgåver

36

Fleire forslag til oppgåver01: Leit etter uttrykk og opplysningar som kan vere vanskelege å skjøne, dersom ein ikkje kjenner samanhengen svært godt, t.d. ”Intel Pentium Dual Core DDR2 RAM” i ein annonse for ein datamaskin, eller bruk av tal og prosentar i ei meiningsmåling.

02: Leit i annonsar eller i redaksjonell tekst etter ord, uttrykk og tal som er laga for å påverke oss. På kva for måte prøver avsendaren å påverke lesaren?

04: Kva kostar det å setje inn ein annonse i avisa?

05: Dersom vi reknar med at dagens avis er ei gjennomsnittsavis, Kor mange sider gir avisa ut kvart år?

06: Undersøk kor stor del av ei vald side som er redaksjonelt stoff, og kor stor del som er annonsar. Oppgi svaret i prosent. Undersøk òg kor stor prosentdel av heile avisa som inneheld annonsar.

07: Lag ei grafisk framstelling, der du finn den informasjonen du treng på sportssidene. Det kan handle om tap/siger, mengd scora mål eller poengtal.

08: Mange aviser har grafar som viser korleis veret har vore siste veke. Rekn ut høgaste gjennomsnittstemperatur dei siste 7 dagane. Mål temperaturen ute kvar dag på eit bestemt klokkeslett i veka som kjem.

Kva vart gjennomsnittstemperaturen? Søk på nettet for å finne ut kva temperaturen var på same tid førre år. Kva finn du ut?

09: Vel tre hus eller leilegheiter som er averterte til sals. n Kor stor er salssummen for kvar av dei?

n Kor stor blir kapitalkostnadene pr år dersom du må låne halvparten av kjøpesummen, og renta er på 7% p.a.?

n Undersøk kor stor bustadflate kvar bustad har?

n Kva for bustad meiner du vil gi deg mest for pengane? Kvifor?

10: Sjekk valutakursane for framand mynt. Finn dagens kursar for fem sentrale valutaer i avisa, eller på nettet. Kor mykje vil det koste å veksle inn 500 norske kroner i desse valutaene?

11: Lag rekneoppgåver i lekkjer med opplysningar frå avisa. T.d. Multipliser antal sider i dagens avis med vermeldiga sin høgaste temperatur, divider med antal scora mål i ein fotballkamp, adder så prisen på ein bruktbil og divider med antal spaltar på side 5 i avisa.

12: Lag eit variert utval rekneoppgåver til ein kamerat ut frå opplysningar i dagens avis!

Page 37: Nilesaren Hft

Kap 9. Les avis og lær matte

Engelsk og matematikk i avisa

37

Engelsk og avismatteAreaSkill: Students measure the area of rectangular shapes using appropriate units.n Find several pictures and cut them out of the newspaper. Measure the length of each picture and write it along the edge. Measure the width and write it along its edge. Figure the area and write it in the middle. Don’t forget to label the area with the proper unit of measure.

TV TimeSkill: Students find a sum using hours and minutes; demonstrate understanding of time relationships; determine the duration of a time interval.n Use the TV schedule in the newspaper. Pick out the television programs that you watch each day. List the programs and the length of time they are on the air. Total your time in hours and minutes for one day’s TV viewing. Compute how many hours a week you would spend watching. How many hours a month? A year?

Logo HuntsSkill: Students identify symmetry in logos.n Use the business or advertising sections to find the following: a logo that uses no straight lines, a logo with an animal in it, a logo with a letter, a logo with a human beeing. Which have symmetry?

Plan a MealSkill: Students compute the sum of positive decimals.n Use the grocery ads to plan breakfast for four people. Be sure the meal is well balanced. List each of the food you would need to purchase. List their quantity and price. Compute the total cost. How much would breakfast cost for one week? How much would it cost for one month?

Figuring RatesSkill: Students find the sum of money amounts using decimal notation.n Turn to the classified ads. Find the rate schedule and determine the price for one line in the classified section. Find a three line ad and determine how much it costs. Write an ad of your own to sell to your teacher or parent. Do not write more than six words on each line. How much would your ad cost?

Life’s Price TagSkill: Students apply math and reading skills to solve real-life problems involving money and work.n Look through the classified ads and select a car, a house and one other item you would like to have. Add up the cost. What kind of salary would you need in order to afford your purchases? Find a job that pays that salary. What skills and training are needed for that job?

Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler

Page 38: Nilesaren Hft

n Opplegget sin tittel:n Fag, emne og tidsrom:n Opplegget sitt læringsmål:

n Fortel om gjennomføringa av opplegget:

n Eg vurder elevene sitt utbytte slik:

n Eg vurder bruk av aviser som læremiddel i opplegget slik:

n Andre kommentarar eller forslag:

Kap 10. Evaluering 38

Dette er eit døme på korleis prosjektet kan evalueres. Ein kort, fri rapport vil også gjøre nytten:

EvalueringEvalueringen har to mål:01: Vidareutvikle prosjektet02. Erfaringsdeling mellom lærarar/skuler

n Det er utarbeidd to enkle rapportskjema, eitt for teamet og eitt for den enkelte lærar som deltar i prosjektet. Desse vil bli sende på e-post i mai, og du finn dei òg på AiS sine nettsider. Vi ber om at rapportane vert sende digitalt til den lokale prosjektleiar i Avis i Skolen når prosjektet er avslutta, innan 1. juni.

n Trinnet si målsetjing med å bruke avis som læremiddel

n Liste over dei beste erfaringene:

n Kan avislesing bidra til tilpassa undervisning? Eventuelt korleis?

n Kan avislesing vere med på å støtte opp under lesing som grunnleggjande dugleik i alle fag? Eventuelt korleis?

n Kva bør endrast av praktiske tiltak før neste års Nilesarprosjekt?

n Vil de tilrå neste års trinn å delta i Nilesaren?

n Andre kommentarar og forslag:

01: Teamet si samla vurderingSkule: Kontaktlærar:

02: Lærarar sine erfaringer med undervisningsopplegg der avis som læremiddel har vore sentralt:

Page 39: Nilesaren Hft

Kap 10. Sluttord 39

SluttordVer kritisk og tenkjande når du les aviser på papir og nett. Det er ikkje sikkert at alt er sant!

n Vær Varsom–plakaten gir etiske normer for pressa (trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar). Vedtatt av NORSK PRESSEFORBUND, sist i 2007.

Du finn han herhttp://presse.no/Pressens_Faglige_Utvalg_PFU/Var_Varsom-plakaten/

I tillegg må pressa følgje Redaktørplakaten og Tekstreklameplakaten.

Dei finn du her:Redaktørplakaten: http://presse.no/Pressens_Faglige_Utvalg_PFU/Redaktorplakaten/

Tekstreklameplakaten: http://presse.no/Pressens_Faglige_Utvalg_PFU/Tekstreklameplakaten/

n Pressens Faglig utvalg (PFU) drøftar og dømer medier som ikkje har følgt plakatane.

Du finn saker PFU har handsama her: http://presse.no/Pressens_Faglige_Utvalg_PFU/Prinsipputtalelser/

Kritisk blikk på nyhenda. Vel ei sak som har klare polariseringar. Set deg grundig inn i saka og finn flest mogleg motførestellingar til avisa sine vinklingar. Kven av desse «held mål»?

Kritisk blikk på nyhenda. Dine evner til kritisk tenking vert utvikla ved regelmessig lesing av ulike tekstar og ved å diskutere aktuelle problemstillingar.

Kritisk blikk på annonsane. Vel ein annonse som skal «selje» eit produkt. Les kritisk. Finn du noko som gjer at produktet blir presentert på ein for positiv måte?

n Region Oslo og Akershus: [email protected] Region Agder: [email protected], www.ais-agder.net n Region Hordaland og Nord-Rogaland: [email protected] , www.ais-vest.netn Region Nord: [email protected] n Region Oppland: [email protected], www.ais-oppland.netn Region Trøndelag: [email protected] n Region Vestfold-Telemark-Buskerud: [email protected]

Kontakt oss:

Foto

: A

lexa

nder

M. S

chin

dler