Sogn lokalmedisinske sentersognlms.no/historie/wp-content/uploads/2014/09/felles-formannskap… ·...

Preview:

Citation preview

Sogn lokalmedisinske senter

Felles formannskapsmøte 5. september 2014

Vidar Roseth – prosjektleiar Margun Thue - prosjektmedarbeidar

Føremålet med Sogn lokalmedisinske senter

Helsetilbod som

held høg kvalitet og sikrar tryggleiken til pasientane

er berekraftige over tid

løyser kommunane sine utfordringar knytt til samhandlingsreforma på ein god og kostnadseffektiv måte

Forstudium

• Gjennomført frå 2011 til våren 2012

• Tilråding om vidare utgreiing, oppdeling i tre delprosjekt

• Sogndal og Luster ikkje med i delprosjekt 1

Utgreiing av samarbeid om legevakt

• Grundig utgreiing av interkommunal legevakt ved Lærdal sjukehus

• Låg føre i februar 2013

Forprosjekt

• Gjennomført hausten 2012 – november 2013

• Nærare utgreiing av aktuelle samarbeids-område, organisering, stillingar, kostnader osv

• Handsama i dei aktuelle kommunane innan mars 2013

Fordeling på tenester og kommunar

Fordeling på tenester Kostnad Legevakt-

sentral Legevakt Døgntilbod

ø-hjelp

Andre

Sjukepleiarar natt 50 % 50 %

Sjukepleiarar dag/kveld 60 % 40 %

Dagleg leiar legevakt-sentral/legevakt

50 % 50 %

Kjøp av tenester frå Helse Førde: Legevakt /legevakt-sentral

35 % 65 %

Leiar Sogn lokalmedisnske senter

10 % 10 % 10 % 70 %

Fordeling på kommunar

Teneste Fordelt likt Etter folketal Merknader

Legevakt 30 % 70 % Vertskommunen betaler 300 000 kr ekstra

Legevaktsentral 40 % 60 %

Døgntilbod for ø-hjelp

I samsvar med stipulerte liggedøgn pr år for kvar kommune

Andre funksjonar 40 % på vertskommunen, 20 % på Årdal, Aurland, Leikanger *

NB! Evaluering etter eitt år * Leikanger betaler ikkje for kreftkoordinator

Kostnader Lønskostnader legevakt/legevaktsentral inkl leiing 7 560 325

Driftskostnader legevakt (netto) 400 000

Driftskostnader legevaktsentral 250 000

Kjøp av tenester Helse Førde – legevakt/legevaktsentral 484 347

Kjøp av tenester Helse Førde – døgntilbod ø-hjelp 3 710 786

Tilsynslege - 20 % stilling 341 961

Leiar av kommunale funksjonar - 50 % stilling 393 059

Medisinar 60 000

Kreftkoordinator 70 035

Løn til legevaktslege for tilsyn ved ø-hjelp-senger 227 974

SUM 13 498 486

Nokostnad legevakt i ÅLA -2 507 678

Nokostnad legevaktsentral 7 kommunar (110 kr/innb) -2 975 830

Øyremerka tilskot til døgntilbod ø-hjelp -2 930 880

Netto kostnad 5 084 098

Kostnader pr kommune

Årdal Lærdal Aurland Vik Leikanger Sogndal Luster Sum

Legevakt 2 279 089 1 471 666 1 018 654 - - - - 4 769 408

Legevaktsentral 576 705 339 379 306 587 376 099 346 094 728 660 547 629 3 221 154

Døgntilbod ø-hjelp 1 081 912 421 878 319 810 - 408 269 - - 2 231 869

Andre 78 373 133 401 78 373 - 55 028 - - 345 176

SUM 4 016 079 2 366 323 1 723 424 376 099 809 391 728 660 547 629 10 567 606

Om ein tek hensyn til dagens kostnader, blir auka kostnad for kommunane

Kostnad legev.sentral

i dag. 604 560 239 140 188 650 295 680 249 480 838 530 559 790 2 975 830

Kostnad legevakt i dag 780 000 1 037 678 690 000 - - - - 2 507 678

Ny nettokostnad 2 631 519 1 089 505 844 774 80 419 559 911 (109 870) (12 161) 5 084 098

Avtalar

• Særavtale om døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp inngått med dei fire kommunane (som har fått tilsegn om tilskot frå Helsedirektoratet)

• Prinsipp for for drifts- og leigeavtale mellom Helse Førde og vertskommunen Lærdal har vore drøfta

• Framlegg til avtale om kjøp av legevakttelefonsentral-tenester blir sendt Luster, Sogndal, Leikanger og Vik i desse dagar

• Avtalar mellom vertskommunen og legane blir forhandla no

Skjerpa krav til legevakter og legevaktsentralar?

• Framlegg til ny akuttmedisinforskrift: Auka kompetansekrav til legevaktlegar. Dersom vaktlege utan slik kompetanse: Lege i bakvakt, som evt må kunne rykke ut.

• Også auka kompetansekrav til hjelpepersonell som arbeider saman med lege i vakt

• Innskjerping av at legevaktsentral skal vere døgnopen i samband med nytt naudnett

• Lettare å løyse i eit samarbeid

Hovudprosjekt

• Starta vinteren 2014

• Varer til Sogn lokal-medisinske senter er sett i drift

Kven er med på kva?

• Interkommunal legevakt: Lærdal, Årdal og Aurland

• Interkommunal legevaktsentral: Lærdal, Årdal, Aurland, Luster, Sogndal, Leikanger og Vik

• Døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp: Lærdal, Årdal, Aurland og Leikanger (5 sengeplassar)

• Kreftkoordinator: Lærdal, Årdal og Aurland

• Kompetanseutvikling/fagnettverk: Alle kommunane

• Utvikling av pasientforløp: Alle kommunane

Bemanning

• Leiar for Sogn lokalmedisinske senter (100 % stilling) er tilsett og starta i stillinga den 1. september

• Legevaktsjef (20 % stilling) er tilsett

• Kreftkoordinator (50 % stilling) er tilsett

• Tilsetting av operatørar ved legevaktsentralen (som og er hjelpepersonell for legevaktslege m.m.) pågår

Lokalisering og areal

• Det har vore avstemming mot Helse Førde sitt arealprosjekt ved Lærdal sjukehus

• Ombygging av lokale i 1. etasje til legevakt /legevaktsentral

• Tilpassing av rom i 2. etasje til døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp

Arbeidsgruppe legevaktsentral/naudnett

• Etablere Sogn legevaktsentral

• Kvalitetskrav og særskild opplæring for legevaktsoperatørar

• Utstyr som stettar krava for nytt naudnett

• Legge til rette for medverknad i utforming av tilbodet frå deltakarkommunane

Kompetanseutvikling/fagnettverk og pasientforløp

Kva fagnettverk skal etablerast i Sogn? – Kompetanseutvikling for leiarar/leiarnettverk – Fagnettverk for øyeblikkeleg hjelp døgnopphald Korleis bør fagnettverk organiserast? – Forankring på kommunalsjefnivå – Utvikling og koordinering gjennom leiar Sogn LMS Pasientforløp – tilråding frå arbeidsgruppa: Implementering av rutinar for pasientforløp knytt til SognLMS må prioriterast først. Dette må skje i samband med oppstart av Sogn LMS. Kan vurdere å ta inn element frå Orkdal-modellen.

IKT og telemedisin

• Val og innføring av pasientjournalsystem – eige prosjekt pågår i tett samarbeid med Helse Vest IKT

• Prosjektet har sett av 400 000 kr til telemedisinsk utstyr

• Konsultasjonar, rettleiing, undervisning, møte

• Videoutstyr på legevakta og delfinansiering av utstyr på sjukeheimen i alle dei 7 kommunane

• Kjem på plass no!

Prosjektavslutning og oppstart

• Dette blir vurdert av prosjektgruppa den 12. september og styringsgruppa den 3. oktober

• Målet er oppstart i byrjinga av november – avhengig av tilsetjingsprosessar

• Sogn lokalmedisinske senter blir ein realitet

• Dette blir spennande for både kommunane og Helse Førde og legg godt til rette for samhandling mellom nivåa i helsetenestene våre

Følg oss

• På www.sognlms.no

• Historikk, alle planar for prosjektet og oppdaterte nyhende

Recommended