Galskap og kreativitet @ First Tuesday Bergen

Preview:

DESCRIPTION

Galskap og kreativitet Birger´s Oter Utleie er ein underfundig gruppering av individ som er under middels yoga-interesserte, men som liker å slenge ukvemsord til framande. Martin Lothe er diktator i foretaket, noko som blandt anna medførar at han får vere fyst i alt når dei spelar fotball. Når Martin ikkje dikterar Birger´s evangelium arbeidar han som Grafisk Designar og vin-importør. Birger´s Oter Utleie er i bunn og grunn berre ein interesse for teikning og alkohol som har vokst ut av proposjonar. Og verre skal det bli. For med slagord som "Jubalong frå Hong Kong", "Kåre ser fin ut på moped" og "Luis Vuitton, ta å heng deg i ein telefonstolpe" så kan det vell kun gå bra. Birger´s Oter Utleie vart stifta i alkorus på danskebåten mens Diktatoren og presidenten var på veg til Tyskland for å kjøpe 100 liter maling. Dette foredraget kjem til å handle om korleis ting ballar på seg mens ein står der med flasken i neven. Vell møtt og lykke til.

Citation preview

Recommended