Upload
others
View
3
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
Krokane barnehage 2013
”Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK ”
Eit barnehageprosjekt basert på å at morsmålet gjev støtte for læring av norsk
Sluttrapport
2013
Krokane barnehage 2013
Innhaldsliste
Forord s. 1
Innleiing s. 2
Kva har barnehagen gjort i forhold til oppsett prosjektplan? s. 2
Økonomi s. 2
Resultatmål og organisering s. 3
1. Gje informasjon om og å introdusere dei 12 eventyra og dei 22 bøkene barnehagen
har valt å leggje vekt på året rundt til alle minoritetsforeldre i barnehagen s. 3
2. Opprette samarbeid med dei minoritetsforeldre som ønskjer og kan sette over kjende
norske eventyr og biletbøker, til sitt morsmål der dette ikkje finnast s. 3
3. Opprette samarbeid med andre personar, organisasjonar som Innvandrarsenteret i
Flora kommune som kan vere til nytte i arbeidet med å sette over litteratur s. 4
4. Gjennomføre gjentekne samlingsstunder i barnehagen kvar månad der eventyr og
bøkene som er valt ut vert presentert på norsk s. 4
5. Formidle den utvalte litteraturen til alle minoritetsforeldre i Krokane barnehage på
deira morsmål s. 4
Vurdering av oppnådde mål s. 4
Statistikk over innsamla data s. 5
Kartlegging i foreldregruppa s. 5
Kartlegging i personalgruppa s. 5
1. Auke aktiviteten av litteraturformidling til førskulebarn s. 5
2. Minoritetsforeldre oppdagar verdien av å lese/formidle litteratur til barna sine s. 6
3. At det er ein positiv samanheng mellom god morsmålsundervisning og vellukka
norsk språktileigning og norskspråkleg faglæring. s. 7
4. Kompetanseheving i personalgruppa s. 9
5. Vidareformidling av prosjektet vårt til andre barnehagar s. 11
Korleis personalet har handtert utfordringane i utviklingsarbeidet s. 11
Utfordringar i det vidare arbeidet i Krokane barnehage s. 13
Avslutning s. 14
Litteraturliste
Vedlegg 1:Ovesikt over omsette forteljingar
Krokane barnehage 2013
Forord
Krokane barnehage er ein fokusbarnehage i NAFO (nasjonalt senter for fleirkulturell
opplæring). Barnehagen har sidan starten januar 2006, hatt gjennomsnittleg 20 familiar kvart
år som har vore minoritetsspråklege. Det er asylsøkjarfamiliar og familiar som har fått
opphald i kommunen vår. Språkgruppene har i hovudsak vore Tsjestjensk, Arabisk, Tamilsk,
Farsi, og Dari. Vi har i desse åra hatt tilsette i barnehagen frå desse landa. Dette har vore ein
ressurs for oss i arbeidet med barn og foreldre.
Vårt prosjekt starta som ei direkte følgje av ”Snakkepakken året rundt”. Eit hefte til støtte og
inspirasjon for alle som jobbar med språk i barnehage og skule. Dette opna augo til personalet
om at morsmålet gjev støtte for læring av norsk og at det er lettast å knekke lesekoden på
morsmålet. Morsmålet gjer det lettare å forstå verda på eige språk. Difor vart det viktig for
personalet å formidle litteratur vidare til minoritetsspråklegeforeldre.
Å forstå verda på eige språk er eit to års prosjekt i perioden januar 2011 til desember 2012 i
Krokane barnehage. Erfaringa vår så langt er veldig positive. Minoritetsspråklege foreldra
viser større interesse for å lese saman med barna sine, barna har synt ei språkleg framgang og
interesse for litteratur etter at prosjektet starta.
Florø, 1. mars 2013
Merete Moe Sissel Engevik
Styrar Migrasjonspedagog
1
Krokane barnehage 2013
Innleiing
Prosjektet Å forstå verda på eige språk har fokus på litteratur og litteraturformidling til
minoritetsspråklegeforeldre og barna deira. Målet vårt er å auke leselyst hos
minoritetsspråklegeforeldre, formidle kjend norsk litteratur på ulike språk, og auke familien si
deltaking i barnet si språkutvikling. Vi veit at minoritetsspråklege familiar innehar ein stor
mengde ressursar som ikkje blir nytta, nemleg deira eigne ressursar. Foreldra til barna i vår
barnehage har alt frå ein menneskealders erfaring, til høg utdanning med spisskompetanse.
Dette er ressursar som kan kome alle til gode, og samtidig kan vi ved å ”vekke” desse
ressursane, hjelpe personane med å vinne att eiga styrkje og kjensle av å vere til nytte.
Samtidig vil dei vere til nytte for sine eigne og andre sine barn, og det norske samfunnet
generelt.
Hovudfokus i sluttrapporten tek utgangspunkt i kva barnehagen har gjort og lært, og korleis vi
handterte utfordringar i prosjektperioden. I første del av rapporten presenterast resultatmål og
organisering knytt til prosjektplanen. I andre del vurderast nådde mål gjennom kartlegging i
personalet og foreldregruppa, i tillegg til praksisforteljingar frå både personale og foreldre.
I siste del diskuterast handtering av utfordringar undervegs og utfordringar i det vidare
arbeidet.
Kva har barnehagen gjort i forhold til oppsett prosjektplan?
Økonomi
Rekneskap for heile prosjektperioden 2011 -2012
Lønn/personalkostnader
Opplæring/informasjonsarbeid/formidling/omsetjing 30 000,-
Direkte kostnadar
Bøker 10 000,-
Konkretiseringsmateriell til litteratur 20 000,-
Interaktiv tavle 40 000,-
Totale kostnadar 100 000,-
Inntekter
Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,-
Norsk kulturråd 20 000,-
Sum inntekter 70 000,-
Eigeninnsats
35 eventyrposar; 70 timer à 150,- 10 500,-
20 dekorerte språkkoffertar; 20 timar à 150,- 3 000,-
Hekling/strikking av konkretar; 5 timar à 150,- 750,-
Omsetjing frå foreldra; 40 timar à 150,- 6000,-
Sum eigeninnsats 20 250,-
2
Krokane barnehage 2013
Den største kostnaden er knytt til litteratur og materiell. I tillegg til at vi kjøpte inn ei
interaktiv tavle frå Kontorteknikk i Førde, noko som kom som ei ekstra utgift og som ikkje
var med i planen i starten. Den største tilskotsytaren i prosjektet er fylkeskommunen i Sogn
og Fjordane.
Resultatmål og organisering
Resultatmål og organisering i prosjektet vårt, var konkrete ytingar som medverka til å
oppfylle prosjektmålet.
1. Gje informasjon om og å introdusere dei 12 eventyra og dei 22 bøkene barnehagen
har valt å leggje vekt på året rundt til alle minoritetsforeldre i barnehagen
Det er gjeve informasjon og svart på spørsmål frå foreldre i foreldresamtale gjennom heile
året, dette ansvaret låg hos samlege pedagogar. Informasjon om prosjektarbeidet vart gjeve i
eit felles foreldremøte hausten 2011. Vi hadde eit eige foreldremøte for minoritetsforeldra der
foreldra fekk ei innføring av kor viktig morsmålet er for den norskspråkelege utviklinga til
barnet er. Alle språkgruppene som var representert i foreldregruppa hadde tolk til stades som
kunne oversette og utdjupe tankar og spørsmål som kom fram i møtet. Innvandrarsenteret
støtta oss med tolk . Ansvaret for presentasjonane var styrar Merete Moe, pedagogisk leiar
Gerda Hoclas og migrasjonspedagogisk leiar Sissel Engevik.
2. Opprette samarbeid med dei minoritetsforeldre som ønskjer og kan omsetje kjende
norske eventyr og biletbøker til sitt morsmål, der dette ikkje finnast
Foreldra har omsett eventyr til språka tamil, arabisk, farsi, tsjetsjensk og russisk, i forkant av
at eventyra er brukt i samlingane i barnehagen og tilgjengelege for foreldra. Vi har omsett
mange eventyr, men nokre står att enno, eller er under omsetjing. Omsetjinga, og å hente inn
litteratur, har gått føre seg parallelt med gjennomføring av arbeidet med månadsplanane frå
Snakkepakken året rundt.
3
Krokane barnehage 2013
3. Opprette samarbeid med andre personar, organisasjonar som Innvandrarsenteret i
Flora kommune som kan vere til nytte i omsetjinga av litteratur
Innvandrarsenteret har hjelpt med omsetjing av eventyra: Raudhette, Gullhår, Musa som fekk
ei nøtt i hovudet, Pepparkakeguten, Geitekillingen og Skinnvotten til språka tigrinja, arabisk,
farsi, somalisk. Fleirspråkleg personalet i barnehagen har omsett eventyr til språka arabisk,
farsi, tsjetsjensk og russisk. Omsetje forteljingar ligg som vedlegg. Vi har og oppretta fleire
språkpraksisplassar i barnehagen i samarbeid med Innvandrarsenteret. Språk som er
representert i språkpraksis er: arabisk, farsi, tigrinja, somalisk
4. Gjennomføre og gjenteke samlingsstunder i barnehagen kvar månad der dei utvalte
eventyra og bøkene vert presentert på norsk
Personalet har utvikla eit skriv om kva, kvifor og korleis samlingsstunda skal vere i Krokane
barnehage. Arbeidet vart presentert og gjennomført i eit personalmøte. Skrivet er ein mal for
korleis vi ønskje å ha fokus på formidlingsform og konkretisering når vi fortel eventyr og
bøker i samlingane våre. Ansvar for leiinga og presentasjon var pedagogisk leiar Monica
Brandsøy, saman med migrasjonspedagogisk leiar Sissel Engevik.
5. Formidle den utvalte litteraturen til alle minoritetsforeldre i Krokane barnehage på
deira morsmål
Forelda har kvar månad blitt formidla omsetje skriv, eller lånt bøker på eige morsmål.
Vurdering av nådde mål
I prosjektplanen laga vi oss effektmål over planlagde og forventa endringar vi ønskja av
tiltaket/prosjektet. For å vurdere arbeidet har vi teke utgangspunkt i praksisforteljingar, i
tillegg har vi føretatt ei kartlegging i både i personalgruppa og i foreldregruppa. I
personalgruppa er det 19 av 26 som svarte. I foreldregruppa var 13 av 17 foreldrepar som
svarte. Kartlegginga gjev oss ein viss peikepinne på grad av måloppnåing, men det er viktig å
ha i bakhovudet at svara samstundes kan vere eit tenkt ”ønske” om korleis vi vil at situasjonen
skal vere.
4
Krokane barnehage 2013
Statistikk over innsamla data
Kartlegging i foreldregruppa
Krokane barnehage desember 2012
Ja/
0
Delvis/
1-2
Nei/
3-4
Leser du eventyret for ditt barn? 13 1 0
Liker du å lese eventyr til barnet ditt? 14 0 0
Kjenne du noen av eventyrene fra før? 10 3 1
Har barnet ditt oppnådd bedre norskkunnskap når du/dere har
lest eventyret på morsmål hjemme?
9 5 0
Har du/dere fått informasjon om hvorfor eventyr er delt ut til
barnet ditt?
12 0 2
Tal gongar 0 1-2 3-4
Hvor ofte leser du eventyret for barnet ditt i uken? 0 10 4
Hvor ofte leser du eventyret for barnet ditt i måneden? 0 2 9
Kartlegging i personalgruppa
Krokane barnehage desember 2012
Ja
Delvis
Nei
Brukar du månadens eventyr i samling? 13 4 1
Er samlingsstunda di endra frå då prosjektet starta til no? 15 2 0
Brukar du eventyr/forteling på ein ny måte i dag(konkretar,
gjenstandar o.l.)?
16 2 0
Har barna nådd betre norskkunnskap når du brukar eventyr
/forteljinga i samlingsstunda?
14 3 0
Er det lettare for minoritetsbarna å delta i leik der
eventyret/forteljinga er utgangspunktet?
12 5 0
Barna får leike med konkretar og gjenstandar frå eventyret 13 50
Les/fortel/gjenkallar du, eller nokon annan på basen din
eventyret på barnet sitt morsmål?
2 7 9
Tal gongar 0 1-2 3-4
Kor ofte les du, eller gjenkallar i anna form
eventyret/forteljinga for barnegruppa i uka?
3 10 5
Kor ofte les du, eller gjenkallar i anna form
eventyret/forteljinga for barnegruppa i månaden?
0 4 12
Med utgangspunkt i kartlegginga, refleksjonar og tilbakemeldingar undervegs i prosessen vil
vi saman med effektmåla, vidare freiste å vurdere om måla vi sat oss for prosjektet, er nådd.
1. Auke aktiviteten av litteraturformidling til førskulebarn
Vi kan seie ut i frå kartlegginga at foreldra les for barna i løpet av månaden, og at det er ulikt
kor mykje dei les. Det vi ikkje kan seie noko om er om foreldre les meir for barna no enn før
vi starta prosjektet. Vi opplev at foreldre i dag spør etter forteljingar og eventyr meir enn før.
5
Krokane barnehage 2013
Dei ønskjer å vite kvar vi har lånt bøker på morsmålet deira, sidan dei ikkje finn desse i det
lokale biblioteket. Dei månadane vi ikkje har klart og omsetje eit eventyr til eit av morsmåla,
vert eventyret etterlyst av foreldra.
I personalgruppa har litteraturformidlinga auka. Spesielt måten litteratur vert formidla på i
samlingsstunda, er endra frå før prosjektet starta. På basen der dei eldste held til har vi
investert i ei interaktiv tavle, som vert brukt til å lese bøker og leike med nøkkelord.
2. Minoritetsforeldre oppdagar verdien av å lese/formidle litteratur til barna sine
I foreldremøtet i starten av prosjektet fekk foreldra informasjon om kvifor barnehagen valde
akkurat lesing/litteraturformidling som prosjektarbeid og kvifor det er viktig å støtte
morsmålet til barna. Fleirtalet av foreldra møtte til foreldremøte.
Doktor Ludde vert lese og konkretisert
for barnegruppa
6
For at foreldra skulle få leve seg inn i
korleis barna deira kan oppleve
forteljarstunda i barnehagen, og kor viktig
rolla deira er i språkutviklinga, fekk dei
høyre eventyret om Prinsessa på erta på eit
tysk.
Krokane barnehage 2013
Vi avslutta med dialogmøte og spørsmål om tospråkleg utvikling etterpå. Både vi og foreldra
hadde nytte av at vi hadde tolkar tilgjengeleg. Foreldra takka oss for eit godt møte.
I følgje kartlegginga kjem det fram foreldra likar dei å lese for barna, og for fleire foreldre er
eventyra kjende frå før. Ei mor gjev tilbakemelding om at barna hennar gret om kvelden viss
ho ikkje set av tida til å lese eventyr som barna har med heim frå barnehagen. Ei anna mor
fortel at barnet forstår alle eventyra, når ho les roleg. Eit anna foreldrepar uttrykkjer ønskje
om å få fortelingane på eit anna språk i tillegg. Samarbeidet med og foreldre har vore lærerikt.
Arbeidet har vore krevjande til tider, men også veldig inspirerande og fagleg utviklande.
3. At det er ein positiv samanheng mellom god morsmålsundervisning og vellukka
norsk språktileigning og norskspråkleg faglæring
God morsmålsundervisning i barnehagen jamfører vi med at foreldre og morsmålsassistentar
les og fortel eventyr i samlingsstunder. Etter prosjektet er avslutta vart foreldre spurt om
barna deira har nådd betre norskkunnskap av at dei har lese eventyret heime på morsmålet,
svarte 9 av 13 foreldra ja, mens 4 av 13 svarte delvis.
5 6
Forteljinga vart først lesen frå boka, utan
konkretar der følgjande spørsmål vart stilt;
Kva forstod foreldra?
Det var ikkje nokon som forstod kva
pedagogisk leiar Gerda Hoclas las.
Deretter vart forteljinga lesen på nytt,
denne gongen med konkretar; Kva forstod
foreldra no?
Foreldra uttykte overrasking og meldte at
dette var ei nyttig oppleving.
7
Krokane barnehage 2013
Dette samsvarar med inntrykket personalgruppa sitt att med i følgje kartlegginga. Samstundes
som personalet ser at formidlinga kan vere med og gjere det lettare for nokre minoritetsbarn å
delta i leik, der eventyret er utgangspunkt for eit felles leikegrunnlag og leikeforståing. Ingen
vaksne kan erstatte det verdifulle møtet mellom barn i leik. Her er fleire faktorar som er
avgjerande for kvaliteten på arbeidet og som barnehagen vår treng sjå nærare på. Erfaringar
viser korleis dei vaksne leiar barnegruppa, er av stor verdi for leiken. Det inneber blant anna;
- at dei vaksne sin kompetanse vert utnytta- kven er god til kva?
- korleis dei vaksne er til stade psykisk og fysisk
- kva grad av støtte og hjelp barnet/barna treng
- kor medviten dei vaksne er til og setje ord på og å gjenta forteljinga, at dei vaksne er
høgtalarar for barna
- organisering av leikegruppe, der miljøet attkjennande og lagt til rette for leik med
eventyr
Personalgruppa opplev at eventyra som er omsett til ulike språk, er veldig nyttige for både
barna og foreldra som les dei. Når vi i dag fortel, brukar vi konkretar og bilete i tillegg til
kroppsspråk. Barn i førskulealder er nyfikne på språk og vil få ei språkleg oppleving sjølv om
dei ikkje forstår alle orda som blir sagt. Både barna og foreldra syner ei større forståing av kva
som skjer i barnehagen. Det er tydeleg at prosjektet verkar positivt inn på norsktileigninga hos
barna. Barna lærar utruleg fort norske ord, berre nøkkelorda vert gjenteken i kvardagen vert
det fortalt i personalgruppa. Barna syner stor glede over å kjenne att nøkkelord og eventyr.
Foreldra og barna treng anerkjenning av sitt morsmål i barnehagen. Gjennom å spørje etter
kompetansen til foreldra og involvere dei i barnehagen sitt språkarbeid, erfarer vi at foreldra
vert meir aktive i barna si språkutvikling i barnehagen. Før vi starta prosjektet ønska for
eksempel ikkje barna å tale morsmålet i barnehagen, i dag når vi spør kva eit ord heiter på
deira morsmål, svarar dei tilbake på morsmålet og er synleg stolte. Når vi opplev det
språklege mangfaldet vil det etter kvart verke positivt på haldningar og identitetsutvikling.
Fleire studie syner at det er lettare å lære andre språket viss barn har eit godt utvikla morsmål.
Forsking viser og at eit godt utvikla omgrepsinnhald på morsmålet er ein viktig støtte for å
lære nytt språk. Vi ser at vi er på rett veg og samanhengen mellom morsmål støtte frå foreldra
og norskspråktileigning er god, men at både foreldre og personalet treng meir kunnskap om
samarbeid og fleire verktøy til bruk i kvardagen. Blant anna treng personalet å ta i bruk
8
Krokane barnehage 2013
eksisterande språk i personalgruppa, slik det går frem i kartlegginga ser det ut som at
språkressursane blant dei vaksne ikkje vert brukt i kulturformidlinga slik vi ønskjer og det er
noko vi ønskjer å arbeide vidare med.
4. Kompetanseheving i personalgruppa
Det meste av kompetansehevinga gjekk føre i barnehagen gjennom systematisk informasjon
og opplæring frå prosjektleiar og migrasjonspedagog på personalmøter og planleggingsdagar.
Bruk av språkkoffertar og språkposar er sentralt saman med litteraturen, metoden er
systematisk brukt gjennom heile prosjektperioden.
Samlingsstunda er og ein viktig arena der læring går føre seg. Barna lyttar, ser, tek imot, og
deltek i fellesskapet. Vi valde difor å rette fokus på korleis samlinga byggjast opp.
Samlingsstunda er eit reiskap for å skape eit felles «vi» i barnehagen. Vi såg nærare på viktige
metodar som førebuing, faste innslag/rutinar, struktur, rutinar som skapar føreseielege vilkår
for barna. Innhald og gjennomføring med utgangspunkt i eventyr og konkretar. Bilete frå
presentasjonen:
Personalet meiner sjølv dei er vorten meir medviten eiga kompetanse innan område
litteraturformidling og norskspråktileigning i barnehagen. Eventyr og forteljingar saman med
materiell og nøkkelord er i større grad enn før teken i bruk dei formelle samlingane, i tillegg
til dei meir uformelle situasjonane. Vi har eit gjennomført fokus på eventyr og forteljing, der
vi trekk fram nøkkelord frå eventyra i songar, rim og regler, spel og ikkje minst gjennom leik.
Vi har utvikla eit aktiv miljø i dramakroken.
9
Krokane barnehage 2013
Tras er nytta gjennom prosjektet, for å vise korleis eventyr og bøker er til verdi i
språkkartlegginga. Personalet nyttar situasjonar eventyr og litteraturformidling gjev, saman
med konkretar i kartlegginga av språk:
Trollet lastar skipet med…..Politi-bil, hai………..(elefant, helikopter, paraply…..)
Uttale, ord- og setningsproduksjon
(bil-pil, mus-hus, katt-hatt..)
Trollet befaler (1)
Trollet holdast opp og befalar barna etter tur:
Spørsmåla kan tilpassastkvart barn/barnegruppe og ut frå dei ord og omgrep einønskjer å fokusere på:
”Legg trollet under brua.””Sett trollet på graset som er grønt.””Legg den største bukken i elva.””Sett trollet bak brua””Gje meg den som er blå””Gje meg noko som er grå”
(Utvid - ta heile rommet i bruk)
Språkforståing og språkleg medvite
Kims leik
• Nokre av rekvisittane i eventyret ligg igjen på bordet
• Barna får sjå i nokre sekund
• Så legg vi eit teppe på og barnet skal hugse kva som ligg under duken
• Vidare ta vekk 3 av gjenstandane, utan at barna ser det, ta bort duken og be barna fortelje kva du har teke bort
Samspel, kommunikasjon og merksemd
Vi er i dag ein fokusbarnehage for NAFO, nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring, der vi
får vidare retteleiing og utviklar ny kompetanse.
Arbeid etter boka om Doktor Ludde i dramakroken
10
Krokane barnehage 2013
5. Vidareformidling av prosjektet vårt til andre barnehagar
Barnehagane Torvmyrane og Dalvegen har hatt personalmøte i barnehagen, i tillegg til
Høgskulen i Sogndal. Dei har fått informasjon om arbeidet og vorte vist rundt i barnehagen.
Steinhovden barnehage har fått informasjon og rettleiing i forhold til arbeidet vårt. Barne og
ungdomslinja ved Flora vidaregåande har fått undervisning i barnehagen.
Barnehagelærarstudentar tek med seg erfaringar og lærdom tilbake til eigne barnehagar, der
dei fører vidare formidling av litteratur og nøkkelord og arbeid med konkretar.
Prosjektet skal presenterast eksternt i styrarnettverket for barnehagar i Flora Kommune.
Sluttrapport vert sendt til Fylkeskommunen i Sogn og fjordane og Norsk kulturåd.
Korleis personalet har handtert utfordringane i utviklingsarbeidet
I prosjektplanen laga vi nokre milepælar for arbeidet, som blant anna var å lage eit styre. I
styringsgruppa sat styrar og prosjektleiar Merete Moe, migrasjonspedagogisk ansvarleg Sissel
Engevik og økonomiansvarleg Oddrun Eikeset. Økonomien vart seinare teken over av styrar
Merete Moe, fordi Oddrun Eikeset gjekk over i ei anna stilling i kommunen. Foreldregruppa
har ikkje hatt ein representant frå foreldreutvalet med i styre. Vi ser at vi i framtida må bli
betre til å involvere foreldra inn i utviklingsarbeida våre. Grunnen til at foreldra ikkje vart
involvert som planlagt, kan vere at vi organiserte møter undervegs ved behov i løpet av
kvardagane.
Styringsgruppa har også fungert som prosjektgruppe, der styrar og migrasjonspedagog
utarbeida prosjektplanen og koordinerte arbeidet i barnehagen. Styrar har hatt oversikt over
drifta. Prosjektet har vore evaluert fortløpande i jamlege møter mellom styrar og tilsette, på
personalmøter og basemøter, og mellom pedagogiske leiar og dei fleirspråklege foreldra.
Den største utfordringa undervegs har vore sjølve omsetjinga av litteratur. Det har kravd
mykje tid og ressursar til å rekruttere omsetjarar. Foreldra vi har spurt har stilt opp og gjort så
godt dei har kunne. Innvandrarsenteret var velvillauge i starten, men dei trakk seg etterkvart
vekk på grunn av mangel på tid og motivasjon hos omsetjarane.
11
Krokane barnehage 2013
Det har overraska oss kor lite det eigentleg er omsett av barnelitteratur på einskilde språk,
men vi ser i den tida vi har heldt på at meir og meir vert tilgjengeleg og i Noreg særleg på
arabisk. Bøker har vi lånt hos det lokale biblioteket, som igjen skaffa oss bøker frå det
Fleirspråklege bibliotek i Oslo. Vi har og bestilt tospråkleg litteratur gjennom nettstaden
mantralingua.
Utarbeiding av konkretar og materiell til eventyr og bøker har teke tid, her har mykje vorte
gjort på dugnad av migrasjonsansvarleg. Kostnadane til materiell vart større ein vi hadde tenkt
i startfasen. Fordelen no er at vi har eit stort lager å ta av. Ei utfordring som møtte oss er at
litteratur og tilhøyrande materiell og konkretar, måtte vere lett tilgjengeleg i kvardagen.
Arbeidsrommet vart difor omorganisert, hyller vart her delt inn i 12 månader, kor materiellet
er plasert. Her finn vi alle dei 22 bøkene i språkkoffertar. For kvar månad har vi eit ideheftè
med ulike aktivitetar som speglar fagområda frå Rammeplanen for barnehagen, songar, rim
og regler, fargeleggingsark, turar, omsetje eventyr og bøker. Materiell som synleggjer
nøkkelord.
Alt skriftleg materiell er tilgjengeleg på fronter,
ei digital læringsplattform i kommunen.
Hylle i arbeidsrommet med 8 av dei 12
månadane, her finn personalet til saman
22 bøker med tilhøyrande konkretar
12
Krokane barnehage 2013
Utkledningstøy til dei ulike forteljingane har vi fordelt i store baggar delt inn i tema for kvar
månad. Barna sette pris på at det kvar månad er noko nytt og spennande i leikekroken som
speglar att forteljingane som er i fokus. Lagerrom som ligg nærast basane er organisert etter
dei 12 eventyra.
I starten av prosjektarbeidet hadde vi diskusjon i personalgruppa med tanke på kun å arbeide
med utvalte eventyr og bøker. Tankar som kom fram er at det kunne fort verte keisamt å
arbeide med same eventyr over tid. Denne haldninga har snudd seg ettersom erfaringar synte
at litteraturen vart meir spennande å bruke. No kjenner vi forteljingane så godt at vi er mykje
meir kreative i formidlinga vår. Planlegginga har vorte enklare, fordi vi veit kva tema som blir
omhandla kvar månad. Det er lettare å ta over når nokon i personalgruppa vert sjuke, sidan
heile barnehagen arbeidar med same tema og litteratur. Samtalar med utgangspunkt i
forteljingar finn stad på tvers av alle alderar. Dei spontane samtalane som finn stad er lettare
og byggje vidare på saman med barna som frå før har få omgrep.
Utfordringar i det vidare arbeidet i Krokane barnehage
Vi har fleire utfordringar å ta fatt i. Først og fremst må vi som tidlegare nemnt gripe tak i den
språklege bakgrunnen som finnast i personalgruppa, synleggjere og ikkje minst ta i bruk
denne kompetansen i kulturformidlinga. Å gjere dei fleirspråklege personalet meir trygg i
arbeidet sitt gjennom å heve deira faglege kompetanse. Heile barnehagegruppa kan få ei
språkleg oppleving med ein assistent som for eksempel fortel eventyret om Skinnvotten på
tamil.
Gjennom hausten har vi erfart at ei interaktiv tavle kan brukast som eit verktøy for å fremme
barnas språkutvikling. Den har så langt vore med å vekke interesse, begeistring og motivasjon
hos barna på basen der vi i haust fekk dette til. Tavla kan løyse ut barns nyfikne, og dermed
vere drivkraft til å forske ut leik, aktivitet og verbal kommunikasjon. Framføre ei interaktiv
tavle, og gjennom samhandling kan barna tileigne seg ny kunnskap, sosial- og digital
kompetanse, samt bli kjent med nye omgrep, forteling og eventyr. Det hadde vore spennande
og undersøkt dette nærare i alle aldersgrupper i barnehagen.
Den siste utfordringa vi vil nemne er foreldresamarbeidet, og korleis vi kan gjere det betre.
Det er nokre av minoritetsforeldra som ikkje les for barna, fordi dei ikkje kan lese. Å få lese
13
Krokane barnehage 2013
inn eventyra på lydfiler, vil vere til stor hjelp. Vi har allereie invitert til nytt samarbeid med
Innvandrarsenteret og asylmottaket i kommunen om å intervjue foreldre i saman. Dette for å
finne ut kva opplevingar, tankar og erfaringar foreldre sit med frå barnehagen, og ut i frå det
få nye perspektiv og sjå nye løysingar. Ein tanke er at det kan vere interessant å invitere
foreldra – mor frå introduksjonsprogrammet til lesegrupper om lesing av bøker for barn.
Gjennom ei slik gruppe kan foreldra – mor verte meir fortruleg med å bruke bøker, også dei
som har lita eller ingen lesedugleik på verken norsk eller morsmål.
Avsluttande
Ei summering av prosjektarbeidet viser at vi har arbeida strukturert og godt. Vi har klart å
auke leselysta hos minoritetsforeldra og vi formidla kjend norsk litteratur på ulike språk.
Litteraturen har synt seg å vere kjent for fleire av foreldra og nokre har opphav frå deira
heimland. Ved at vi involverar foreldra som språkbyggarar i eit tidleg stadium, aukar vi
minoritetsfamilien si deltaking i barnet si språkutvikling. Saman med kompetanseheving i
personalgruppa fører dette saman til ein vellukka norsk språktileigning hos barna. Barna i
Krokane barnehage har opplevd Å forstå verda på eige språk.
14
Krokane barnehage 2013
Litteraturliste
Baker, C. (2001): Foundations of Bilingual Education and Bilingulalism.
Kap 5, 6 og 8. I kompendium Fleirkulturell forståing.
Avdeling for lærarutdanning og idrett 32/2007.
Eriksen, T. H.(2002): Flerkulturell forståelse. 2. Utgave, 2 opplag.
Universitetsforlaget.
Gjervan, M./Andersen C. E./
Bleka, M ( 2006): Se mangfold! Perspektiver på flerkulturelt arbeid i
barnehagen. Cappelens Forlag As, Oslo
Hauge, A. M. (2007): Den felleskulturelle skolen. 2. Utgave.
Universitetsforlaget.
Rammeplan (2006): Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver.
Kunnskapsdepartementet.
Valvatne, H./Sandvik, M. (2002): Barn, språk og kultur. Cappelen Akademisk Forlag.
Øzerk, M (2007): Multimetodisk modell for tilpasset opplæring –
Pedagogisk – metodiske ideer for å arbeide etter
Kunnskapsløftet i flerspråklige klasser. Kolofon Forlag
AS, Oslo
Krokane barnehage 2013
Oversikt over omsetjingar
Arabisk Bosnisk Farsi Engelsk Russisk Spansk Tagalog Tamil Thai Tigrinya Tsjetsjensk Somali Slovakisk
Bukkene Bruse X X X X X X X X
Skinnvotten X X X X X X X X
Haren og
skilpadda
X X X X X X X X X
Pannekaka X X X X X
Prinsessen på erta X X X X X X X X X X X
Gruffalo X X X X X
Lille Larven
Aldrimett
X X
Den lille røde
høna
X X X X X X X X X
Geitekillingen X X X X X
Skilpaddebabyen X X X X X X X
Rødhette X X X X X X X X X X X
Gullhår X X X X X X X X X X
Musa som fekk ei
nøtt i hovudet
X X X X X X X
Løven og musa X X
Pepparkakeguten X X X X X X X X X X
Vedlegg 1