16

2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

  • Upload
    others

  • View
    4

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale
Page 2: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

2 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Pioneren PeterPå en teikneseriestrips kjem det ein munk seglande frå Irland og seier: ”Eg kjem med kristendomen til deg, Hårek.” Og Hårek svarer: ”Fint! Set han der borte!”

Ved utgangen av Matteusevangeliet står det: Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande og lær dei å halde alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

(Matt 28, 18-20)

I boka The Apostle’s Notebook skriv den en-gelske presten Mike Breen at det grovt sett finst to typar menneske: Pionerar og settlarar. Då Amerika blei erobra, såg ein tydeleg kven som var kven. Pionerane var cowboyane. Dei drog heile tida vestover, og inntok stadig nytt land. Settlarane kom etter og slo seg ned. Dei bygde byar og dyrka jorda.

Olav Den Heilage var nok ein pioner. På viking-tokt i Middelhavsområdet blei han kristen, og kom heim og kristna store delar av landet.

Også læresveinane til Jesus kan vi seie var pio-nerar. Peter er det beste dømet på ein som ville mykje. Ofte blir han framstilt som ein klossete type – men han hadde samtidig mykje offensiv kraft.

- Han trudde det var mogleg å gå på vatnet – og klarte det – ei stund ...

- Det var han som lova Jesus evig truskap. Han klarte ikkje det – men han ville veldig!- Det var han som først gjekk inn i den tomme grava.- Det var han som kasta seg i sjøen då dei fekk auge på Jesus inne på stranda etter oppstoda.- Det var han som tok initiativet til å velje ut ein ny apostel etter Judas.- Det var han som tok ordet på Pinsedag.

Peter var ein handlingens mann med ei barnleg dristigheit som ofte gjekk over til feigheit. Vendepunk-tet i Peters liv var at Jesus viste seg for han etter oppstoda. Sikkert er det at Peter frå pinsa av blei ein tydeleg og modig kyrkeleiar, som uredd møtte den forfølginga og straffa som blei resultatet for hans verksemd. Peter er sjølve definisjonen på ein som trur det er mogleg å få til mykje. Han var med då dei tok farvel med Jesus på fjellet, og fekk høyre misjonsbefalinga om å reise ut og fortelje andre om Jesus. Saman med befalinga fekk dei lovnaden om at Jesus ville vere med dei. Dette er den indre dynamikken i misjon. Han som har all makt i himmel og på jord er gått i førevegen. Misjon vil sei å gå ut dit han er gått føre, for å hjelpe menneske på kvar ein stad – til å sjå han.

Han let oss ikkje vere igjen som foreldrelause born. Han kom til oss. Også takka vere Peter sin innsats – og munken frå Irland. Som reiskapar for sin misjon, brukar han menneske i si teneste – pionerane og settlarane.

Likar du nye utfordringar og forandringar – eller stabilitet, orden og ro? Er du ein pioner eller en settlar?

Knut Arne Kummeneje

Page 3: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

Kyrkjelydsblad for Fjaler 3

På kyrkjebakken

Innhogging av nye namn og oppfrisking av skrifta på gravminne.

Kyrkjeverja formidlar kontakt med ein som kjem vår og haust og gjer slikt arbeid.

Ta gjerne kontakt!

BLADPENGAR TIL KYRKJEBLADET

GIROEN MANGLA i førre nr – kjem i bladet til hausten, blad nr. 3! Giro for innbetaling av bladpengar har alltid lege ved i årets første kyrkje-blad. Dessverre så gløymde trykkjeriet å leggje med giroen denne gongen.Nokre har betalt inn bladpengar utan giro – takk til deg for det!Du som ikkje har betalt treng ikkje å vente på giroen som kjem til hausten, men kan betale bladpengar til Kyrkjeblad for Fjaler via nettbanken til bank-kontonr: 3741 20 73135. Fint om du betaler 200 kr og merker innbetalinga med “Bladpengar”. Hugs å skrive namn og adresse, slik at vi veit det er du som har betalt!

FASTEAKSJONENFjalerkonfirmantane sin fasteaksjon til støtte for KIRKENS NØDHJELP er avslutta og når fastebøssene er talde opp blei 39 317 kr overført til Kirkens Nødhjelp saman med 2 941 kr som kom inn på solidaritetskonserten. Takk til konfirmantane, musikarane og takk til deg som støtta Kirkens Nødhjelp!

HJARTELEG TAKK:til Dale bygdekvinnelag for gåva på 3 000 kr til Ljosheim og 1 000 kr til Laurdagsklubben i Dale.

HJARTELEG TAKK:for 650 kr i minnegåve til Guddal kyrkje ved gravferda til Borgny Bjordal 4. april.

VI ØNSKJER ALLEein fin og velsigna sommarferie!

FRAMSIDEFOTO: David Zadig.Dale barnekor har spele inn ein CD som vi kjem til å dele ut til 6-åringane i Fjaler. CD-en inneheld songar frå Mi Kyrkjebok 6, og frå hausttakke--festen der 6-åringane deltar. CD-en er finansiert av trusopplæringsmidlar, og dei flotte gruppebileta er sponsa av fotograf David Zadig.

Så pynter vi vårt hus til fest, Norsk Salmebok 2013 nr.562, T/M: Kristin Solli Schøien ©Cantando Musikkfor-lag AS.

Vil du gje tid til menneske som treng nokon å snakke med?Velkommen som medarbeidar på Kirkens SOS i Sunnfjord! Du kan gjere ein forskjell for menneske som har det vanskeleg, og samstundes oppleve personleg utvikling.

Kirkens SOS er Noregs største døgnopne kriseteneste på telefon og internett. Du får god opplæring og oppfølging undervegs.

Innføringskurs begynner i Førde 1. oktober. Interessert?

Kontakt: Kirkens SOS i Bjørgvin, tlf 55 32 58 45 / mob 941 83 654 Epost: [email protected] Meir informasjon på www.kirkens-sos.no/bjorgvin

Page 4: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

DoReMi deltok på barnefestivalen i Stryn 5. april. Vi deltok med 6 born og jammen var dei flinke sjølv om det var langt å reise! Vi møtte opp i kinosalen kl.11.00, der vi fekk greie på kva vi skulle gjere i løpet av dagen. Fyrst måtte vi øve saman med dei andre kora på de tre songane som vi skulle synge på konserten seinare på dagen. Dette gjekk kjempefint. Etterpå var vi med på myldretorg, der kunne vi vere med på: ballongdyr, teikning, lage smykke, lage kort, dans, ansiktsmåling, fysikk, fargespel. Sidan vi ikkje hadde solo-innslag, kunne vi gå rett til maten. Der fekk vi 2 pizzabollar og 1 flaske vatn. Eg synest det er bra det blir bydd på vatn og ikkje saft/brus.

Så var det ny øving til felleskoret. Kon-serten vart veldig fin, det var mange flinke kor som fekk vist seg fram, men eg er stolt over DoReMi som reiste med dei yngste songarane som var glade og fornøgde og song i felleskoret.

Eg gleder meg til neste gang!

Helsing Ida Fretland- leiar i DoReMi -

Foto: Ida Fretland og Trine Mandelid

4 Kyrkjelydsblad for Fjaler

DoReMi og Guddal familiekor på festival!

Jon Helge, Ina, Anna, Citrina, Heidi, Leia og Ronja representerte DoReMi på barnefestivalen.

Juniorane frå Guddal familiekor reiste også på barnefestivalen. Her ser vi Karoline, Andrine, Ane, Oline, Ida, Marie, Sondre, Signe, Nandor, Malene, Brage og Thea.

Page 5: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

Besteforeldre med barnebarn, unge familiar heime på påskeferie og elles gode folk frå Fjaler. Flotte musikalske innslag der “gamlefar” spelte trekkspel medan ei skule-elev spelte piano og song sjølvkomponerte og andre song-ar. Åresal, gode kaker, mykje latter, ein god prat og misjonsinformasjon.

Palmelaurdagsbasar på Ljosheim i Dale er ganske enkelt ein tradisjon med slitestyrke og som har makta å

fornye seg. Det er kjekt å sjå at basar faktisk ikkje er “heilt ut” men kan vere ein flott møteplass for NMS i lokalmil-jøet.

Takk til alle gode NMS folk i Dale som med godt humør og stor innsats held tradisjonen levande.

Ingvald A Frøyen - Tekst og foto

Kyrkjelydsblad for Fjaler 5

Lyst til å vere med på MILK?Kyrkjene i Askvoll, Fjaler og Hyllestad har inngått eit samarbeid ved å starte eit leiarkurs for ungdommar etter konfirmasjonsalder. MILK-kurset er utvikla av KFUK-KFUM, og har blitt veldig populært!

I tillegg til å få god leiartrening og utdanning (kursbevis som kan nyttast når du søkjer jobb), vil du bli kjent med ungdommar frå andre stader.

MILK-kurset startar i september 2014 og blir avslutta i april 2015. Det er ei samling i månaden, og samlingane vil vekselvis vere i Askvoll, Fjaler og Hyllestad.Dei som gjennomfører MILK-kurset, kan bli ungdomsleiarar i kyrkjelyden. Det går også å fortsetje på KFUK-KFUM sitt leiarkurs over to år, LIV, som står for «Leiarar i vekst».

Om du har spørsmål om MILK, ta gjerne kontakt med Knut Arne på tlf 908 55 230.

UNGDOMSHAPPENING 15-18 år med konsert og turneringHugsar du nattcupen frå konfirmanttida? 21. november 2014 kan du få vere med på noko liknande.

Då er alle 15-18 åringar i heile Sunnfjord Prosti invitert til ein felles ungdomshappening i Florø. Det vert konsertar og fotball-, volleyball- og innebandyturnering. Ein stiller med det same laget i alle tre idrettane.

Tid: 19.00-03.00, med moglegheit for overnatting etterpå. Pris: 150 kr + reise.

Meir informasjon kjem etter sommaren, men sett av datoen no! Dette vert kjekt – særleg viss DU kjem!

Arrangør: Trusopplæringa i Sunnfjord Prosti.

Palmelaurdagsbasar!

Page 6: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

6 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Mange vil feire Dale-kyrkjaSom tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale kyrkje. For 50 år sidan, til 100-årsmerket, var opple-gget stort, m.a. med restaurering av kyrkja. Slik er det ikkje no, men feire skal vi, og du vil vel vere med?

Det vil i alle fall fleire av dei som tidlegare har gjort teneste som sokne-prestar og kapellan hos oss, men har flytta. Såleis har både Anne Marie Dahl Mustard, Kåre Mestad og Trygve Ebbesvik så langt sagt at dei kjem. Prost Reidar Knapstad vert også med.Jubileumsmarkeringa tek til om kvelden fredag 5. september, då kantor Mark Taylor held konsert i kyrkja. Det meste han framfører er på eitt eller anna vis er knytt opp til 1864, året då kyrkja vart reist. Nærare om konserten i Fir-da, Origo, kyrkja si heimeside og på Facebook når det nærmar seg.

Søndag 7. september vert dei todelt markering. Først samling i kyrkja til vanleg høgmessetid, der prosten held preika, og der noverande og tidlegare prestar deltek. Vi får også korsong ved Cantus, og sjølvsagt må det vere fin orgelmusikk. Fjaler kommune er naturlegvis representert.Etter gudstenesta samlast vi på Ljosheim, der det vert servert rømme-graut med det som trengst attåt. Eit slikt festmåltid er ikkje fullgodt utan kaffi og kaker, og jubileumsnemnda har ikkje tenkt å ta den gleda frå nokon. Under bordseta her vil Cantus syngje, og det vert høve til å komme med helsingar o.a. for dei som vil det. Samlinga her

er også eit godt høve til å helse på og prate med dei tilreisande som har gjort teneste i Dale-kyrkja og elles tidlegare.

Til jubileumshelga vil også heftet som blir skrive vere i sal. Viss nokon skulle ha funne noko dei ikkje har sagt frå om før, men som kanskje burde få plass i heftet kan seie frå til under-teikna, så er det mogleg med eit lite innsmett enno. Men no hastar det verkeleg!

Vi i jubileumsnemnda er optimistiske og trur at rett mange har lyst å vere

med denne dagen. Sidan det skal serverast middag, og fordi det ikkje er ubegrensa tal plassar på Ljosheim, må du melde deg på til samlinga der. I god tid. Vaksne betaler 150 kroner ved frammøte, dei under konfirmasjon-salder går gratis.

Konserten fredag og gudstenesta søndag er sjølvsagt for alle.

Kyrkjekontoret tek imot påmeldingane. Du kan stikke inn om og skrive deg på liste, du kan sende e-post (kyrkjesek- [email protected]), slå på tråden 57 73 97 70 eller melde deg inn via Facebook, for dei som er der. Felles for alle er at her duger det ikkje å vente. 1. september er frist for påmelding, men vil du vere sikker på å få plass, meld deg snarast. Vel møtt til jubileumshelg i september.

For jubileumsnemndaAtle Lyngstad Ness

1864 orgelkonsertDu hugsar vel den flotte orgelkonserten i fjor november, Toccata!, som feira 30-årsjubileet for orgelet i Dale kyrkje? I år blir det 150-årsfeiring av Dale kyrkje med ein ny orgelkonsert ved kantor Mark Taylor. Temaet er 1864, byggjeåret for Dale kyrkje, og Mark framfører orgelverk komponerte i same året og orgelstykke over kjende salmetonar som var komponert i 1864, som Påskemorgen slukker sorgen. Det blir også toccata-stykke i denne konserten: Sløgedal sin toccata over Kyrkja ho er eit gammalt hus og toccata over Å hvor salig å få vandre av Barr. I tillegg blir det musikk av komponistar som var født i 1864, inkludert den verdenskjende opning til Also sprach Zarathustra av Rikard Strauss. Ikkje går glipp av årets store orgelkonsert!

MT

Page 7: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

Kyrkjelydsblad for Fjaler 7

DaleDøypte:Alwa Madsen ÅsnesLucas Leander BergJohannes Stav BjørnstadVictoria Hatløy Flekke

Avdøde:Noris Barsnes f.1918Sverre Holmelid f. 1927Marie Nilsine Larsen f. 1941Laura Brynestad Skår f. 2014Arne H Åsnes f.1918

GuddalDøypteLiam Eivind Langeland

Avdøde:Borgny Bjordal f. 1925Erling Guddal f. 1937

FolkestadDøypteMathea Lammetun Dale

Avdøde:Nils Losnegård f. 1921Sverre Olav Folkestad f. 1930Inger Olava Folkestad f. 1918

I kyrkjelyden sidan sist

Kyrkja i Fjaler er på Facebook:https://www.facebook.com/FjalerKyrkja

Kviforkjem DU til Laurdags-klubben?Vilde: Fordi det er gøy!

Karen Marie: Fordi det er gøy og morsomt!

Ingebjørg: Eg likar å danse!

Aurora: Eg òg likar å danse!

Linnea: Eg likar å fargelegge!

Carmen: Eg likar at vi teiknar og lærer mange ting om Jesus og så selvfølgelig kjeksa!

Emma: Og det er gøy å leike. og så å danse likar eg.

Adele: Eg likar å leike med lego.

Teodor: Eg likar å spele.

Noah: Å bygge!

Steffen: Eg likar å ete.

Gry: Eg likar å syngje!

Anja: Eg likar òg å syngje, og songen eg likar best er ugh ugh-songen (Kven er jungelens konge).

Følg med på Facebooksida til Laurdagsklubben for oppstartsdato til hausten.(facebook.com/laurdagsklubben)

Page 8: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

8 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Konfirmasjon 2014

Dale kyrkje 4. maiFramme, frå venstre: Ida Lindelid, Hanne Hauge Ulvik, Johanne Haugsbø.2. rekkje, frå venstre: Cecilie Oen-Jamne, Daniel Ulltang, Ann Katrin Skiftesvik Høyvik.3. rekkje, frå venstre: prest Knut Arne Kummeneje, Ådne-Andre Leirpoll, Jonas Aanestad Moltumyr, Finn-Kristian Leirpoll.4. rekkje, frå venstre: Sebastian Taylor, Stian Kenneth Myklebust Skår.5. rekkje, frå venstre: Ørjan Nordbotten Andreassen, Dag-Magne Leirpoll Espedal, Gard Høgseth Felde

Folkestad kapell 1. maiFrå venstre: Mia Ulvik Fristad, Emilie Skår Lone, sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir, Anne-Lise Vågenes, Julie Hugøy Furset.

Page 9: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

Kyrkjelydsblad for Fjaler 9

Hellevik kapell 1. maiFrå venstre: Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir, Jørgen Sætrum Holt, Tormod Arstein og Sander Håvåg Standnes.

Guddal kyrkje 11. maiFrå venstre: Thomas Svartefoss, Sandra Yndestad Engen, Sondre Svartefoss og prest Knut Arne Kummeneje.

Page 10: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

10 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Velkomen til korEin song som du har lært kan ingen ta frå deg.

Forsking har vist at korsongarar har betre helse enn andre og lever lengre. Gøy er det også! Her er ein oversikt over kora og program for komande sesong:

Blanda-koret Cantustreng fleire menn, men

også kvinner er hjarteleg velkomne, særleg dei som vil syngje den lågare “alt” stemme! Vaksne i alle aldrar er velkomne. Vi øver onsdagar kl.20.00-21.30 på Ljosheim med fruktpause. Oppstart 20. august. Til hausten har vi blant anna øvingsdag i Rive-dal laurdag 23. august og deltek på 150-års jubileum for Dale kyrkje 7. september med song i både kyrkja og på Ljosheim.

Dale barne-korhar

oppstart måndag 18. august i musik-krommet på Dingemoen skule, og øver kvar måndag kl.14.25-15.00. Songglade gutar og jenter frå 4. til 7. årssteg er velkomne. Haustens stor-hending er turen til Bergen med konsert og bading, laurdag 25. oktober. Elles syng vi m.a. på hausttakkefesten, lysmessa og på julaftan i Dale kyrkje.

Ungdomskoret i DaleUngdomskoret deltek på gudstenester i Dale kyrkje med flott song. Det er kjekt å syngje kanon og fleirstemt, ja, opp til fire stemmer! Kan reise også på vårtr-eff til Ung Kyrkjesong Bjørgvin i Bergen i oktober med overnatting. Koret øver annan kvar onsdag på Ljosheim rett etter skulen kl.14.30-15.00 og er open for ungdom på ungdoms- og

vidaregåandeskulane. Oppstart 20. august.

Guddal familiekor har eit tilrettelagt tilbod for småbarn frå 4 år til 3. klasse i Guddal – Familiekor junior. Den fyrste halvtimen av øvin-ga frå kl.16.00-16.30 er tilpassa små ungar

med gøyal oppvarming, enkle barne-songar og mykje rørsle. Junioravde-linga av koret syng mindre i kyrkja enn dei store – mest på gudstenester med barn i fokus. Vi øver annan kvar tysdag på Guddal skule med oppstart 26. august. Eldre barn (frå 4. klasse oppover) øver med ungdom og vaksne vidare til kl.17.00 og ungdom og vaksne fram til kl.17.15. Koret også satsar på haustturen til Bergen 25. oktober.

“Syng for Herren, syng ein ny song. Syng for Herren all jorda!” Sal 96,1. Det er mange med gode songstemmer i Fjaler – kom og del talentane dine med fellesskapet, samtidig som du får utvikla dine musikalske interesse og ferdigheter! Den største gleda her på jord, det er å syngja i kor! Her syng Dale barnekor og Cantus i lag jubileumssongen “Det går et festtog gjennom landet” som preludium i Dale kyrkje på 17. mai i år.

Page 11: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

Kyrkjelydsblad for Fjaler 11

I dag lurer eg på kva eg skal gi mora mi og sonen mi til bursdagane deira?Eg synes alltid det er vanskelig å velje gåver til andre. Det er viktig å finne den rette gåva. Ei gåve som verkeleg gleder. Eg hugsar at då eg var ei lita jente og spurde mora mi kva ho ønskte seg til jul eller bursdag, svarte ho alltid : “Eg ønskjer meg berre ei glad og snill jente.” Eg vart litt irritert og syntes det var ikkje noko bra svar, fordi det hjelpte ikkje til val av gåve. Etter som eg er blitt eldre og har barn sjølv, blir dette svaret meir og meir innhaldsrikt. Når borna mine spør kva eg vil ha til gåve, svarar eg “ Eg ønskjer meg berre glade og snille born.” Dei er ikkje fornøgde med svaret.

Eg veit at mor mi vil ha “berre ei glad og snill jente” men kva skal eg gi sonen mi? Kva kan eg gi han som han blir veldig glad for? Eg veit han ønskjer seg bl.a. saksofon, mobil, data og iPad, men kva vil eg gi borna mine? Kva slags gåve blir dyrebar og meiningsfull? Konklusjonen er at eg ønskjer å gi borna mine meir av meg sjølv og meir tid. Eg ønskjer å dele kjenslene mine, sorga og gleda. Eg ønskjer å fortelje dei historier frå barn-domen min og korleis eg ser på alt som har skjedd etter at eg vart voksen kvinne. Eg ønskjer å gi dei innblikk i korleis eg har opplevd Guds rettleiing og velsigning.

Å gi av seg sjølv er ei ganske stor gåve. Å vere til stades for kvarandre og å dele erfaringar er ei sjenerøs gåve. Det viktigaste i livet er å ha eit godt forhold til barna våre og famil-ien, fordi det er ikkje nokon som veit korleis framtida blir og kva som ventar oss. Det veit vi ikkje, men ein ting veit eg – at vi går ikkje livets veg aleine. Gud er med oss.

Livet er ikkje lett. Det er komplisert, fullt av prøvingar og freistingar. Det inneber iblant at vi må ta fleire vanskelege val og avgjerder. Vi blir freista av ting heile tida og står ofte ved vegkryss i livet. Det er ikkje alltid enkelt for oss å velje rett veg! Ingen har full oversikt, og vi treng alle å be om Guds leiing, ikkje berre når vi skal

ta store avgjerder, men også i vår daglege vandring med Gud. Når det gjeld måten vi lever liva våre på, leier Gud oss primært gjennom sitt ord. Der lærar han oss å tru på Jesus, å elske nesten vår som oss sjølve, å tilgje våre skuldmenn, å elske fiendane våre og å vitne om Jesus i ord og gjerning. Guds ord vil alltid vere ei kjelde for kraft og lys for dei som vil finne veg og retning i livet. Eg ønskjer å gi borna mine tru på Gud. Gud som leier og viser omsut for borna sine i alle livets situasjonar. Eit liv med Gud, liv i tru og medvit om at Gud er alltid hos oss, på alle vegane våre og at han omsluttar oss med sin kjærleik, er den beste gåva vi kan gi. Lilja Kristin Thorsteinsdottir

Den besta gåva

Do Re Mi – barne-koret i ytre Fjaler har oppstart måndag 18. august og øver annankvar måndag i Hellevik barnehage kl.17.45-19.00. Paus-

en med fri leik (t.d. lufthockey og bord-fotball) er populær. Alle songglade barn frå 5 år til 7. klasse er velkomne, både gutar og jenter. Vi skal på haust-tur til Dale med song på sjukeheimen, festar og tur til Bergen 25. oktober! Vi gleder oss også til Barnefestivalen i Førdehuset laurdag 14. mars med Bjarte Leithaug!Bilde av Do Re Mi på øving/i gym-salen/ avslutningsfest

Ta kontakt med Mark på kyrkjekontoret eller send melding til 975 13 449 om du vil vere med og synge i kor!

MT

Kjelda til alt godt

At du har skapt osser kjelda til alt godt,at du held oss oppeer kjelda til all velsigning,at du tukta oss er kjelda til all kunnskap,at du vekkjer oss opper kjelda til alt liv.Eg takkar deg for di miskunn.Di sanning er mitt livs andedrag.

Efraim frå Syria (-373) O: Karin Reitan (1938-2001) etter Anders Frostenson (1906-2006).

Page 12: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

12 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Årets fasteaksjon er avslutta og kr.39.317 blei overført til Kirkens Nødhjelp frå dør-til-dør innsamlinga pluss kr.2.941 frå solidaritetskonsert-en. Takk til bøssebærarane, takk til deg som støtta aksjonen, og takk til alle som deltok i konserten. Her var mange talentfulle ungdom samla, og det blei ein flott konsert.Foto: Joy Taylor

Solidaritetskonserten

Page 13: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

Kyrkjelydsblad for Fjaler 13

Årets vårtur med Dale barnekor, gjekk til Jondal der Ung Kyrkjesong Bjørgvin hadde vårtreff. Det var ein lang biltur, men ingen av barna klaga over det. Dei fleste var derimot einige om at det hadde vore ein kjekk biltur. Vel framme i Jondal venta det varm og god mat då vi kom. Etterpå var vi ein tur i kyrkja for å synge litt før vi sjekka inn på romma for kvelden. Barna kosa seg og blei kjente med barn frå barnekora i Jondal, Odda, Utne, Ullensvang, Slet-tebakken, Biskopshavn, Åsane, Lindås og Vaksdal.

Neste dag (laurdag) var vi tidleg oppe for å ete frukost. Etterpå var det fellesøving saman med dei ulike barne-kora i Jondal kyrkje. Dei skulle øve til felles koropptreden som skulle vere under gudstenesta søndagen.

Seinare på dagen vart det arrangert leik for barna. Aktivitetane var mange og varierte. Dei kunne velje mellom blant anna: fotball, hoppe på tram-poline, spele badminton, eller klatre i tre. Etter middag om kvelden gjekk ein i samfunnshuset for ei felles avslutting der dei ulike barnekora stod for under-holdninga i form av songar, sketsjar og leikar. Her var det mange flotte bidrag frå alle dei ulike kora som gjorde til at det heile vart ein triveleg og minnerik kveld!

Søndag fekk vi delta i ei flott gudste-neste med mykje fin korsang. Her blei det framført korsang frå det enkelte barnekor og felles korsang der alle

barnekora deltok. Preika denne dagen var ei song-preike, eit samspel mellom Ellen prest og korsongarane med tema: Fiskemenneske, Tomas og Jesus, Mitt rikes hemmelegheit, Skaparverket i si kraft og Du som gav oss liv og glede. Felleskoret hadde urframføring av korsongen “Tomas og Jesus”. Tekstforfattar Kristin Straume Audestad og komponist Olav Arne Steinkopf var begge tilstades, Olav Arne med drivande latinospel på djem-be under urframføringa.

Takk til føresette Hege, Gry, Annfrid og May-Iren som køyrde og passa ungane på turen!

Tekst og bilete: Hege Vosseteig Brat-telid og Anne Karin Stormyr

Vårtreff med Ung Kyrkjesong

Barna som represen-terte Dale barnekor saman med kordirigent Mark Taylor. Agathe i luftige hopp på trampolinen

Felles korøving i Jondal kyrkje.

Barna blir organiserte i ulike aktiviteter, med Jondal kyrkje i bakgrunnen.

Page 14: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

DALE KYRKJE Søndag 22. juni kl.11.00Gudsteneste. Offer til kyrkjelydsarbeidet.

Søndag 6. juli kl.11.00Gudsteneste. Kyrkjekaffi bak i kyrkja. Offer til Blå Kors.

Søndag 20. juli kl.11.00Gudsteneste. Offer til Menighetsfakultetet.

Søndag 3. august kl.20.00Kyrkjekonsert med Duoen Zweyerley Pfeifferey: Musikk frå middelalderen og folketonar frå Irland, Spania, Ungarn og Skotland på ulike fløyter og sekkepiper, orgel, geithorn og fiolin. Kollekt til Fond for Kyrkjemusikk.

Søndag 10. august kl.19.30Gudsteneste.

Søndag 24. august kl.11.00Gudsteneste. Presentasjon av konfirmantane. Ungdomskoret deltek.

Fredag 5. september kl.19.301864-orgelkonsert v/Mark Taylor til feiring av 150-årsjubileum for Dale kyrkje. Kollekt til kyrkjelydsarbeidet.

Søndag 7. september kl.11.00Gudsteneste. Vi feirar 150-årsjubileum for Dale kyrkje. Cantus og tidlegare prestar deltek. Kollekt til kyrkjelydsarbeidet.

Søndag 21. september kl.11.00Hausttakkefest. Dåpsskulen og barnekoret deltek. Utdeling av 6-årsboka.

Søndag 5. oktober kl.11.00Gudsteneste. Markering av FN eldredagen. Cantus og Fjaler pensjonistlag deltek.

GUDDAL KYRKJE Tysdag 24. juni kl.11.00 Jonsokgudsteneste. Reidun Porten (kornett) og Ingvald Frøyen frå NMS deltek. Offer til NMS misjonsprosjekt i Mali.

Søndag 31. august kl.11.00Gudsteneste. Konfirmantpresentasjon. Store frå familiekoret deltek.

Søndag 28. september kl.14.00Hausttakkefest. Familiekoret deltek.

FOLKESTAD KAPELL Søndag 29. juni kl.11.00Gudsteneste. Offer til NMS misjonsprosjekt i Mali.

Søndag 17. august kl.19.30Gudsteneste.

Søndag 14. september kl.11.00Gudsteneste.

Søndag 5. oktober kl.19.00Syng-med-oss kveld. Kveldsmat.

HELLEVIK KAPELL

Søndag 28. september kl.11.00Hausttakkefest. Dåpsskulen og DoReMi deltek. Utdeling av 6-årsboka.

KORSSUND Søndag 27. juli kl.15.00Gudsteneste. I tilfelle dårleg ver, i Folkestad kapell.

14 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Velkomen til kyrkje

Page 15: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

Kyrkjelydsblad for Fjaler 15

Kyrkjeblad for FjalerKontonr. 3741 20 73135Bladpengar kr. 200 / 225 for året.Redaktør: Joy TaylorPrent: Ingvald Husabø Prenteverk [email protected]

Kyrkja i Fjalerwww.fjaler.kyrkja.no

Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.Telefon 57 73 97 70

Kyrkjekontoret er ope måndag-torsdag kl. 9.00-14.00fredag kl. 9.00-12.00Ved oppdrag og ferie kan du oppleve kontoret stengt også når det skulle vore ope.

Tilsette med kontorplass:Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottirjobb: 57 73 97 75 priv: 57 73 63 01mobil: 456 38 [email protected]

Spesialprest Knut Arne Kummenejejobb: 57 73 97 73 mobil: 908 55 [email protected]

Kyrkjeverje Irene Flødejobb: 57 73 97 71 mobil: 992 38 [email protected]

Kantor Mark Taylor jobb: 57 73 97 74 priv: 57 73 61 65mobil: 975 13 [email protected] har fri kvar torsdag

Sekretær Joy Taylorjobb: 57 73 97 72 [email protected]å kontoret: Tysdag og fredag kl.9-13

Kyrkjetenarar:Dale kyrkje og kyrkjegardJostein Løseth tlf: 906 07 913

Guddal kyrkje og kyrkjegardLiv Svanhild og Reidar Langelandtlf: 57 73 88 21

Hellevik- og Folkestad bedehuskapellSigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57

Fjaler soknerådLeiar Terje Halsnes tlf: 57 73 55 95 mobil: 905 60 416

Beredskapstelefon ved akutt behovutanom kontortid 95 48 31 52.

Kyrkjekonsert medrenessanse- og folkemusikkDale kyrkje søndag 3. august kl.20.00

Duoen Zweyerley Pfeifferey spelar hovudsak-leg musikk frå middelalderen, renessansen og folketonar frå Noreg, Spania, Skotland, Ungarn, Sverige, Tyskland og USA. Reper-toaret inkluderer Amazing Grace, Eg veit i himmerik ei borg, Per Spelmann og Bruremarsj frå Østerdalen, og musikken av renessanse-komponistar som Dandrieu, Prætorius, Schein og Scheidt.

Maria Scharwiess spelar fleire forskjellige sekkepiper i tillegg til orgel:

i. “Hümmelchen”, den minste tyske sekkepipa med ein låg og nasalt men vakker klang som etterliknar ei humle,

ii. den tyske renessanse sekkepipa “schäferpfeife” eller gjetarpipe som nyleg er rekonstruert etter teikninga av Michael Prætorius.

iii. den kraftige spanske sekkepipa “gaita” som er brukt m.a. på kristne festivalar i Galicia.

iv. og den nyaste sekkepipa (frå 1700-talet) den velkjende skotske “great highland bagpipe”.

Heidi Frielinghaus spelar sopran- og tenor-gemshorn (geitehorn), fiolin og bassblokkfløyte.

Maria Scharwiess var korpsdirigent i Noreg mellom 1966 og 1976, men jobbar no som kantor i den evangeliske Nataniel-kyrkje i Berlin, ei stilling ho har halt sidan 1979. CD-ane som ho har spela inn inkluderer Orgel-jass, Power of Love Vol. 1 & 2 og i lag med Henning Sommerro, Berlin Concert. Ho har også komponert ei rekkje orgelstykke og musikk for kor og orkester.

Page 16: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler6 Kyrkjelydsblad for Fjaler Mange vil feire Dale-kyrkja Som tidlegare meldt her i bladet er 7. september sett av til å markere 150-årsjubileet for Dale

INFORMASJON

Avsendar: Fjaler kyrkjekontorPb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord

B

16 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Vi feirarDale kyrkje 150 år!Fredag 5. september kl.19.30: Orgelkonsert 1864 ved kantor Mark Taylor.

Søndag 7. september kl.11.00: Jubileumsgudsteneste med påfølgjande fest på Ljosheim!

Les meir på side 6.

Vel møtt!

© David Zadig