12
Evald Sandvik (t.v.) og Kim Ronny Lykkebø er to av tre eldsjeler bak planane om å bygge ut treningssenter på Vassenden. Jølster treningssenter skal drivast på dugnadsbasis for og av vassendarar. Dugnad for folkehelse NÆRINGSLIVSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE

2F 16. april 2013

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Næringsliv i Sogn og Fjordane

Citation preview

Page 1: 2F 16. april 2013

Evald Sandvik (t.v.) og Kim Ronny Lykkebø er to av tre eldsjeler bak planane om å bygge ut treningssenter på Vassenden. Jølster treningssenterskal drivast på dugnadsbasis for og av vassendarar.

Dugnad for folkehelse

NÆRINGSLIVSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE

Page 2: 2F 16. april 2013

Kva er viktigast når ein skal flytte tonnevis medsaft og syltetøy langs landevegen år etter år - ogvil gjere det billegast mogleg og med best mil-jøprofil? Er det sjåføren sin køyrestil? Vegvalet?Alderen på vogntoget? Eller vegstandarden? ILerum-konsernet blei dei for nokre år sidan leiav å tru og synse om dette. Dei måtte ha sikkerviten – og den einaste som kunne gi sikre svarvar i realiteten Lerum Frakt sjølv. Slik starta eiteit FoU-prosjekt med base i Sogndal, eit pro-sjekt som handla om å montere teknologi ivogntoga og logge den minste rørsle, dieselfor-bruk, køyremønster og utslepp over eit gitt tids-rom og på gitte køyredistansar.

Svenskane blei medVolvo blei tent på prosjektet og stillte datatek-nologi til rådvelde. Datainnsamlinga starta i2010 og blei sluttført no ved årsskiftet. Data-materialet har no blitt til ein rapport som Vest-landsforsking er i ferd med å bearbeide ogpopularisere for at andre skal nyte godt avLerum sitt FoU-prosjekt. Sjølv er konserndi-rektør Trine Lerum Hjellhaug overtydd om atprosjektet dei satsa på har gitt dei viktig kunn-skap:

– For vår del var svara eintydige: Det er ikkjevogntog-teknologien eller sjåførane sin køyres-til som er avgjerande for å frakte gods raskt ogmiljøvenleg. Det er vegvalet og ikkje minst veg-standarden som verkeleg betyr noko. Å få sik-ker viten om slike ting er sjølvsagt viktig forkorleis ein planegg og gjer investeringar forframtida, slår Lerum Hjellhaug fast.

Som eit døme på kva informasjon Lerum nosit på, og som kan bli viktig for å transporteremiljøvenleg i framtida, kanein sjå på dieselfor-bruket opp Hemsedalsfjellet kontra Filefjell.Medan eit fullasta vogntog med 500 hestekref-ter brukte 22 liter på mila opp Hemsedalsfjel-let, var forbruket berre 14 liter per mil overFilefjell. Når ein så veit at Filefjell no blir ytter-legare utbetra, kan det få betydning for kva ruteLerum Frakt vel å bruke i framtida.

Sjølv om vegstandard er viktigast, viste alllogginga at korleis sjåførane køyrer har ein vissbetydning, noko som igjen har gjort at Lerumhar laga systematiske rutinar for å «trimme»sjåførane sin grøne køyrestil – og halde på denover tid.

Hjelp var avgjerandeLerum-sjefen hadde ikkje fått gjennomførttransport-prosjektet utan drahjelp utanfrå.

– Vi allierte oss med Vestlandsforsking ogTransnova, det statlege programmet som skalarbeide for meir miljøvennlege transportløy-singar i Norge. Utan deira hjelp ville vi ikkjevisst det vi veit no, seier Trine Lerum Hjell-haug.

UMOGLEG ÅLEINE: – Vi har fått ny og viktig viten, men vi hadde ikkje klart det utan tettoppfølging frå forskingsmiljøet i Sogndal, seier konserndirektør Trine Lerum Hjellhaug.

Foto: Sogn Avis

Forska fram eigen t

TYSDAG 16.04.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Lerum frakt

▶ Har 15 bilsett i drift per idag, 9 semitrailerar og 6vogntog. ▶ 4 av semitrailerane harkjøl og frys. Bilmaterielleter profilert for LerumFabrikker og Lerum Konser-ves.▶ Kvart døger rullar tivogntog fullasta av saft,syltetøy og jus ut av Sogn-dal. ▶ Lerum sysselset totalt142 personar ▶ 4 av 5 eigarar i Lerum erkvinner

Konklusjonane

▶ Vegstandard har størsteffekt på dieselforbruk. Lågfart og høgt kraftuttak påbratte, svingete vegaraukar forbruket monaleg.Nyare og betre vegar erdifor ein avgjerande føre-setnad for lågare energi-bruk og utslepp på langsikt. Vegbygging er såleiseit viktig klimatiltak omikkje tungtransporten vertflytta over på jernbaneeller sjø. Med dei krav einhar i dag på levering fortastmogleg og minst mogleglagerkapasitet hjå grossis-tane er det vanskeleg å sjåføre seg effektive trans-portsystem utan bruk avlastebil.

▶ Køyreåtferd har likevelnoko å seie for forbruket,meir bruk av utrulling (tril-ling i unnabakke) og mindretomgangskøyring gjevlågare forbruk. Men effek-ten av ulik køyrestil er min-dre enn effekten av ulikvegstandard. Grovt rekna ereffekten av vegstandard pådrivstofforbruk 10-12gonger sterkare enn effek-ten av køyrestil.

▶ Sidan køyrestil har eineffekt på forbruk kan trans-portselskapa sjølve bidra tillågare forbruk og utsleppgjennom jamnleg kursingog informasjon til sjåførar.

«Vi haddeikkje visstdet vi veit no,utan hjelp fråVestlands-forsking.»

Trine LerumHjellaug

Korleis transporterer du varer på lan-devegen mest mogleg miljøvenleg ogkostnadseffektivt? Lerum-konsernetblei lei av å synse og bestemte seg forå finne svaret sjølv.

Svend Arne [email protected]

Page 3: 2F 16. april 2013

250 KRONER OPP BAKKEN: Å køyre eit fullasta Lerum-vogntog dei få kilometerane frå Borlaugkrysset i Lærdal og til Breistølen mot Hemsedalsfjellet kostar heile 250 kroner, viste køyrekartleg-ginga Lerum-konsernet og Vestlandsforsking har gjennomført. Den nye kunnskapen som saft- og syltetøyprodusenten no sit med, vil vere verdifull for å leggje framtidas transportenergi.

Foto: Lerum Frakt

– Eg har jobba med mange prosjekt imine år ved Vestlandsforsking. Dette erdet beste, seier forskar Morten Simon-sen.

Det er særleg det tette samarbeidetmed Lerum Frakt sine sjåførar, og atresultata frå granskinga er tydelege ogkan brukast til noko konkret som ergrunnen til at Morten Simonsen rosarprosjektet.

– Vi har ei verksemd med ei viktigproblemstilling, der miljøaspektet ervesentleg. Vi har køyretøyprodusenten

Volvo som stiller opp. Vi har sjåføranesom heile vegen har vore positive og voreheilt avgjerande – og vi ved Vestlands-forsking har lukkast med vår del av pro-sjektet. Då blir forsking og innovasjonspennande å arbeide med, konkludererhan.

– Resultata som no ligg føre fortel atdet ikkje er køyretøya og sjåføren som eravgjerande, men vegstandarden. Sliksett kan forsking og også bli ein politiskfaktor?

– Heilt opplagt. Vårt prosjekt viser at

dersom ein vil ha ned miljøskadelegeutslepp frå landbasert godstransport,gitt at trafikkmengda er ein konstantfaktor, så er det betre vegar som gjeld.Det kan sjølvsagt vere eit politisk innspeli klimadebatten, konstaterer Simonsen.

– Det beste FoU-prosjektet eg har jobba med

transport-strategi

GIVANDE: –Det er kjekt å delta i FoU-pro-sjekt som du veit kjem til å bli nytta umid-delbart av oppdragsgjevaren, seier forskarMorten Simonsen ved Vestlandsforsking.

TYSDAG 16.04.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Page 4: 2F 16. april 2013

Er verksemdene i Sogn og Fjordane så dårlege på innovasjon som tala tilseier – eller er det tala som delvis lyg?Svend Arne [email protected]

Ser ein på Statistisk sentralbyrå sine statistikkar, er detikkje rare innovasjonstakten næringslivet i fylket og detoffentlege Sogn og Fjordane kan slå i bordet med. Einjumboplass, på linje med Finnmark er fasiten når detgjeld såkalla FoU-prosjekt. Likevel kan det ligge eit littmeir nyansert bilete bak tala, meiner leiar ved Vest-landsforsking, Agnes Landstad.

Sentralmakta rår– Hugs på at vi er ein utkant. Konsernmakta og eigar-skapen sit ofte langt borte, og kvar forskingsprosjektblir registrert på papiret og kvar dei faktisk skjer i røyn-da, kan vere to forskjellige ting, påpeikar ho.

Landstad meiner også det foregår mykje «kvardags-innovasjon» rundtom i små og mellomstore verksem-der. Og slikt dagleg utviklingsarbeid blir kanskje ikkjelogga og registrert av verksemdene som innovasjonsar-beid og hamnar difor ikkje i statistikkane. Likevel delerho delvis bekymringa over SSB-tala.

– Dersom FoU åleine er faktoren som måler innova-sjonsarbeid, så er dette eit dårleg teikn og eit signal omat vi har for låg innovasjonstakt. Men innan ein delutblinka satsingsfelt som fornybar energi og offshorere-laterte bransjar som driv godt økonomisk, finst detsterke tradisjonar for innovasjon og forsking i fylketvårt, påpeikar Landstad.

Samtidig trekkjer ho fram ei anna næring som hosårt treng meir FoU-tenking for å løfte seg opp og fram.

Reiseliv - sovande bjørn?– Reiselivsnæringa i fylket er allereie stor og viktig. Her

har ein langt dårlegare utgangspunkt for innovasjonmed dels dårleg lønsemd, korte tidshorisontar på plan-legging og manglande samordning. Med slike råmer erdet sjølvsagt mykje tyngre å kjøpe seg forsking for åløfte produkta sine, og her er ein heilt avhengig avfinansiering frå det offentlege. Vi burde gjort meirinnan felles destinasjonsutvikling og prøvd å skapesterkare eigarstrukturar. Eg trur på same tid at nettoppreiselivsnæringa har det største potensialet for å henteut positiv utvikling gjennom meir forsking, utvikling oginnovasjonsarbeid, fastslår ho.

Landstad skulle gjerne sett at næringsliv og for-skingsmiljø i fylket inngjekk tettare partnarskap.

– Vi sit stundom for langt frå kvarandre. Forskarenskvardag blir så ulik kvardagen til dei som krigar ute iein marknad om kundar og posisjonar. Vi manglar kan-skje nokre uformelle møtestader, vi manglar den dagle-ge kontakten. Det er berre å innrømme, seier forskar-sjefen.

Likevel er ikkje biletet heilsvart. Stundom kan detvere eit gode å vere få og små som i Sogn og Fjordane.

– Miljøa våre er oversiktlege, då kan det vere lettareå samspele. Men vi må vere meir medvitne på dette enni dag, slår ho fast.

Men skulda ligg ikkje berre hos forskarane. Mange

små verksemder har for lite tid og kompetanse til åsamspele med forskings- og innovasjonsmiljø. Då blirdet også vanskeleg å få til den kreative, kontinuerlegedialogen.

– Vi ser at i dei tilfella FoU-miljøa sit tett på bedrif-tene, som Lerum-prosjektet er eit døme på, så kan for-skarmiljøa vere ein risikoavlastar i prosjektet, meinerLandstad.

LÅG TAKT: Det er ikkjeberre vårt fylke som

kjem dårleg ut i nasjo-nal samanheng når det

gjeld innovasjon. Eisamanstilling av Norgeog fire andre europeis-ke land viser at vi kjem

dårlegast ut når detgjeld innovasjonstakt.

– Ei forklaring er atoppdragsforskings-

miljøa våre sit for langtunna verksemdene til åfungere skikkeleg inn-

ovasjonsdrivande, seierAgnes Landstad ved

Vestlandsforsking.

TYSDAG 16.04.   2013TEMA NÆRINGSLIV

«I mange verksemder driv ein dagleg innovasjons-arbeid som aldrihamnar i statistikkane.»

Agnes Landstad, Vestlandsforsking

Jumbo på innovasjon – eller?

FoU-tal▶ I 2011 brukte norske verksemder i overkant av 20 milliardarpå såkalla eigenutført FoU, der dei sjølve finansierte prosjektsom gav ny viten, nye produkt og kom opp med ny teknologi.▶ Det var ein auke på 8,4 prosent frå året før, viser tal frå SSB.▶ Halvparten blei brukt i verksemder innan tenesteyting (10mrd). Industriverksemder kom på andreplass med sju milliardar.▶ Over åtte milliardar FoU-kroner blei brukt i verksemder medmeir enn 500 tilsette. Men det var i bedrifter med mellom 100og 200 tilsette som hadde størst prosentvis vekst, med 33prosent.

Page 5: 2F 16. april 2013

TYSDAG 16.04.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Subsea Eventyret i Florø

Page 6: 2F 16. april 2013

Ved å bruke nye webløysingar har INC-konsernet i Florø fått ein heilt ny kvar-dag i kampen om å sikre seg dei godehovuda.Svend Arne [email protected]

Skal du søkje jobb i nokre av dei INC-eigde sel-skapa med base i Florø, kjem du ikkje lengerutanom elektroniske plattformer.

– Vi såg at noko måtte gjerast. Tradisjonellesøknadsprosessar var altfor tungvinte og tid-krevjande. Vi måtte tenke nytt, fortel mark-nadskoordinator i INC Gruppen, Roald Leive-stad.

Bygde databaseEin softwareleverandør blei valt, og med hjelpav programmet HR-Manager Talent Solutions

har alle verksemdene under INC Gruppen noutvikla ein felles stillingsdatabase, der ein til eikvar tid finn oppdaterte oversikter over kvajobbar som er lyst ut, kva søknadsfristar somgjeld - og kva ein elektronisk søknad på ein avjobbane skal innehalde.

– Alle vert no behandla likt, anten ein søkjerjobb på Fjordbase, i Havlandet-systemet, i INCEngineering, INC Vedlikehold, NBN Elektro,WIS-grupperingane eller andre verksemder,fortel Leivestad.

INC går framleis ut i aviser og andre mediermed annonsering. Men annonsen har no denoppgåva å sluse folk inn i databasesystemet. Ogderfrå får INC ein heilt annan kontroll og over-sikt.

Leivestad legg heller ikkje skjul på at databa-sen er eit viktig verktøy for framtidig hovud-jakt.

– Vi forheld oss sjølvsagt til reglar frå Data-

tilsynet på kor lenge og i kva grad vi kan lagresøkjarinformasjon, understrekar han.

«Usynleg innovasjon»Leivestad trekkjer fram dette prosjektet som eitdøme på det han kallar «kvardagsinnovasjon».

Slike endringar gjer vi og mange heile tida.Eg stiller meg tvilande til at næringslivet i fyl-ket vårt skal vere så «bakpå» når det gjeldnytenking, utvikling og innovasjon som ein delstatistikkar tyder på.

– Eg trur heller at innovasjon og utviklinghar blitt ein så vanleg del av kvardagen vår at vikorkje tenkjer over det eller rapporterer det inngjennom kanalar som til dømes SSB, seier han.

Fekk heilt ny flyt i hovudjakta

DIGITALISERTE JOBBSØKINGA: – Vi har fått langt betre flyt i INC-systemet når det gjeld tilsetjingsprosessar etter at vi tok i bruk digitale verkstøy, konstaterer marknadsdirektør Roald Leivestad.Her saman med oljekonsulent Audun Erik Sunde. Foto: David Ekerhovd Antonsen

TYSDAG 16.04.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Page 7: 2F 16. april 2013

Ein jungel av gode hjelparar

TYSDAG 16.04.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Det finst ein hærskare av støttespelarar ålene seg på for verksemder som ønskjer åbli meir innovative. Men det er også ein heiljobb å halde styr på kven som kan hjelpedeg med kva.

Det skortar ikkje på aktørar i FoU- og innovasjonsapparatether i landet, og heller ikkje i Sogn og Fjordane. Her er ei over-sikt over dei viktigaste aktørane og tilboda per i dag:

▶ Innovasjon Norge (IN) – treng ingen presentasjon i rollasom finansiør, men dei administrerer også SkatteFUNN-ord-ninga, som er ei lågterskel og rettsbasert ordning for bedrif-ter som ønskjer å samarbeide med eit forskingsmiljø om åutvikle nye produkt/tenester. Kontaktperson SkatteFUNN:Rune Henjesand. Også aktiv og til dels initiativtakar i utviklingsprosessar somt.d. på innovasjon og FoU i IT-næringa i S&Fjordane, utviklingav forskingsprogram i reiselivsklynge, FoU i frukt- og bærnæ-ringa osb.

▶ Sogn og Fjordane fylkeskommune: Har rolle som regio-nal utviklar; initierer, finansierer og ofte leiar regionale utvik-lingsprosessar, til dømes FoU-strategi for næring i fylket ogno eit forskingsprogram for reiselivet i Sogn og Fjordane.Kontaktperson fylkesdirektør for næring Jan Heggheim.

▶ Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane: Bedriftskontaktog kompetanse-meklar mellom bedrifter og aktuelle FoU-miljø, til dømes når det gjeld å utvikle SkatteFUNN-søknader,men også partner i utvikling av klyngesamarbeid, til dømessekretær i det avslutta Forskingsprogram for fornybar energi.

▶ Høgskulen i Sogn og Fjordane: FoU-aktør som samarbei-der også med næringslivet, t.d. gjennom Forskingsprogramfor fornybar energi (avslutta 2012). Kontaktperson: Erik Kyr-kjebø.

▶ Bedriftsnettverket: Dyrkar klyngesamarbeid mellomenergibedrifter, leverandørbedrifter og FoU-miljø (HiSF ogVF) på energi: Energiregion Sogn og Fjordane. Kontaktper-son styreleiar Atle Hamar.

▶ Vestlandsforsking: FoU-aktør og i nært samarbeid medbedrifter innan IT, reiseliv og fornybar energi, til dels ogsåfinansnæringa (FNO) og petroleum (Gaz de France Suez).Samarbeid gjennom SkatteFUNN, bedriftsstyrte prosjektfinansiert av Forskingsrådet, EU, men også initiativtakar tilregionale utviklingsprosessar på FoU i næringslivet som pro-sjektet «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» i samarbeidmed Torger Reve.

▶ NHO: bidreg aktivt i regionale utviklingsprosessar somVRI-partnarskapen, initierer også eigne prosessar og setagendaen på innovasjon i næringslivet, sist på årskonferan-sen der tema var potensialet innan energibransjen. Kontakt-person fylkesdirektør Jan Atle Stang.

▶ Fjord Invest Såkorn – såkornkapital for bedrifter som felli «gapet» mellom IN og bankane, driv oppsøkande verksemd,ikkje spesielt FoU fokusert, men innovasjonsfokusert. Kon-taktperson Aud Inger Espeland.

▶ I tillegg kjem viktige private aktørar som både initierersamarbeid rundt FoU i bedriftene, finansierer eigne prosjektog støttar opp om initiativ frå andre som til dømes Spareban-ken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest, Sogn og Fjor-dane Energi, fleire av aktørane i Måløy-miljøet og mangeandre.

Oppå desse aktørane finst eit utval av reine verkemiddel:

▶ VRI Sogn og Fjordane: mobiliserande verkemiddel finan-siert av Forskingsrådet, partnarskapssamarbeid om mobilise-ringstiltak for at bedrifter i fylket skal ta i bruk forsking i sineinnovasjonsprosessar. Både eit fellesprosjekt i partnarskapen(off, privat) og eit forskingsprosjekt på innovasjon i ruralestrøk (HiSF, VF). Kontaktperson: Lars Hustveit i fylkeskommu-nen.

▶ SkatteFUNN: lågterskel finansiering av FoU-prosjekt ibedrifter.

▶ Regionalt Forskingsfond Vestlandet (RFF): Samarbeidmellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane om priori-tering og fordeling av forskingsmidlar frå Forskingsrådet. I allhovudsak er det bedrifter som søker om midlar til FoU-pro-sjekt, i eit samarbeid med eitt el fleire forskingsmiljø. Kon-taktperson: Jone Engelsvoll, Hordaland fylkeskommune.

▶ Forskingsrådet sine verkemiddel, særleg BiA (bedrifts-styrte arenaer), kan vere ei vidareføring av SkatteFUNN-pro-sjekt

▶ Internasjonale (EU) finansieringsordningar for bedriftsstyrteforskingsprosjekt, krev samarbeid mellom bedrifter og FoU

▶ Nærings-PhD: Ei ordning der bedrifta kan tilsette ein PhD-kandidat/gje eit PhD-stipend til eigen tilsett (3år), finansiert 50prosent frå Forskingsrådet og resten frå bedriftene

▶ SIVA – medverknad i Næringshagane og Kunnskapsparken.

▶ ARENA Tourism – Fjord Norway: Eit klyngesamarbeidmellom reiselivsbedrifter og FoU-miljø på Vestlandet, finansiertav Forskingsrådet og IN, for å utvikle reiselivsnæringa på Vest-landet. Innretting på tematurisme og verdiskaping. Speler innforslag til RFF Vestlandet slik at utlysingar derfrå matchar sat-singar som reiselivsnæringa i regionen etterspør. Kontaktperson:Dagleg leiar Marcel, ARENA Tourism

Page 8: 2F 16. april 2013

Viss alt går som planlagt, opnardesse dørene i løpet av septem-ber: Då har også Vassenden fåttsitt eige treningsstudio.Svein [email protected] 91149819

Kim Ronny Lykkebø, Roger Midtun ogEvald Sandvik har etablert Jølster tre-ningssenter SA – eit senter som skal dri-vast på dugnad, der eventuelle inntekterskal pløyast tilbake for å utvikle senteret.

– Saman kan vi få til det utrulege, menvi er heilt avhengige av at lokalsamfunnetbidreg, seier Evald Sandvik.

Positiv responsSå langt er responsen overveldande. 91vassendarar har kjøpt andelar i senteret,og salet av sponsorpakkar har så langtgitt 72.000 kroner.

Og pengane kjem vel med, for investe-ringsbehovet er på i overkant av 600.000kroner, og initiativtakarane signererikkje ein einaste avtale før alle bitane ifinansieringspuslespelet er på plass.

Fleire søknader er i sirkulasjon,mellom dei ein sende til Sparebankstif-tinga Sogn og Fjordane og Sparebank 1.

– Og viss tidsplanen skal halde, må altvere på plass i løpet av mai, seier KimRonny Lykkebø.

Senteret skal etablerast i bygget somtidlegare hyste LeFi bakst. Ivar A. Sundeeig bygget som i dag blir brukt til lager.

Senter på 240 kvadrat– Sunde er positiv til å bygge om arealetvi treng og leige det ut til selskapet. Og på240 kvadrat får vi plass til treningsstu-dio, eitt rom med tredemøller og eitt somkan nyttast til spinning viss det viser segå vere interesse for eit slikt tilbod, seierden entusiastiske duoen.

Dei møtte Firda utanfor bygget somligg i gangavstand frå både bustadfeltaHjelbrekkefeltet og Langhaugane.

Begge er overtydde om behovet og atvassendarane saknar eit slikt tilbod.

– Støttegruppa på Facebook tel 240medlemmer, og vi blir møtt svært positivtnår vi bankar på dørene for å selje ande-lar i senteret, seier Sandvik, klar på atsenteret vil lette tidsklemma for deimange som i dag må reise til Førde for åfå eit slikt tilbod.

– Småbarnsfamiliar er kanskje i denheftigaste tidsklemma med jobb i Førdeog barnehageplass på Vassenden. Der-med blir det lite tid å reise til Førde for åtrene i helsestudio på kveldstid. Ved å haeit tilbod i nærmiljøet vil det bli langt let-tare, og kanskje tek endå fleire seg tid tilå trene, seier Lykkebø.

– Kva bakgrunn har de for å drive tre-ningssenter?

– Ikkje noko spesiell utover at vi likar åtrene. Men så er vårt ansvar å få senteret

Eldsjeler opnar døra til be

TYSDAG 16.04.   2013TEMA NÆRINGSLIV

FOLKEHELSE: Kim Ronny Lykkebø (t.v.) ogEvald Sandvik ser eit klart folkehelseperspek-tiv i arbeidet med å etablere treningssenter påVassenden. Går alt som planlagt, opnar dørenetil dei 240 kvadrat meter store lokala i det tid-legare LeFi-bygget. Foto: Svein Heggheim

«Vi blir møtt svært positivt når vi bankar på dørene for å seljeandelar i senteret.»

Evald Sandvik, medeigar i Jølster treningssenter SA

Page 9: 2F 16. april 2013

betre helse

Saka

TYSDAG 16.04.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Industri og næring Øyrane i FørdeIndustri og næring Øyrane i Førde

RASPEBALLSIGNES

• GRASFORDELAR FOR SILO• REKKVERK

Øyrane 10, 6800 Førde. Døgnvakt 900 68 123

Øyrane, 6800 Førde, tlf. 57 83 43 83

Profesjonell leverandør av Shell Industri- og Smøreoljar frå eige lager i Førde

Tlf. 57 82 03 03www.signeraspeball.no

[email protected]

Vil du ha annonsen din her?

Tlf. 951 98 509

Øyrane 5, 6800 Førde, tlf. 57 82 90 90

opp og gå, og bidra til eit selskap medsunn drift. I det ligg også avtaler medpersonlege trenarar som kan samar-beide med brukarane, seier Lykkebø.

Senteret skal etter planen organi-serast etter sjølvbeteningsprinsippetder medlemmer over 16 år får nøkkel-kort og tilgang til lokala. Men initia-tivtakarane er også i dialog med grup-per i idrettslaget med tanke på åbruke lokala til aktivitet for dei under16 som skal ha ein vaksen til stades.

1. mars vart Jølster treningssen-ter SA registrert. Formålet er åskape eit treningstilbod for inn-byggarane på Vassenden. Detskal vere eit sjølvbetent tre-ningssenter der oppstart ogdrift baserer seg på dugnad ogfrivilligheit

Page 10: 2F 16. april 2013

LIFT' M ... UP AS▶FørdeTenesteyting innanfor kreativ idéskaping,kommunikasjon, menneskerelatert pro-sjektutvikling, samt kursverksemd vare-handel, vareproduksjon og liknande verk-semd.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Inger Fonn

29-2 AURLAND AS▶AurlandKurs- og turistnæring, samt utleige av fasteigedom.Aksjekapital: 30.000 krTone Rønning Vike, dagleg leiar

2Ø SERVICE AS▶ SogndalUtleige av personale og kjøp og sal av varer.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Sigve Ølnes

BB EIGEDOM AS▶LusterKjøp/sal, drift og utleige av eigedom.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Bjørn Berge

BERSETNO FELLESSTØL SA▶LusterOrganisasjonsform: SamvirkeføretakDyrke og drive fellesstøl med felles stell avbeitedyra. Bersetno Fellesstøl leiger ellerkjøper det arealet som trengst til føremå-let. Bedrifta kan også drive anna verk-semd som er naturleg knytt til laget.Styreleiar: Claus Rumohr Moe

BLOMSTERHAGEN RESTAURANT AS▶FloraDrift av restaurant- og serveringsverk-semd.Aksjekapital: 50.000 krDagleg leiar: Karin Nina Gjervik

CAPILLI FRISØR SOGNDAL AS▶ SogndalDrive frisørsalong.Aksjekapital: 100.000 krEvy Merethe Lunde, dagleg leiar

DIN HUD- OG FOTTERAPEUT JULIE ER-VIK (ENK)▶ SeljeKlinikken skal drive med førebyggande ogbehandlande arbeid av ulike former forfotproblem og fotlidingar, i tillegg til åsamarbeide med andre yrkesgrupper oganna kvalifisert helsepersonell. Det vilogså vere eit tilbod innan hud- og kropp-spleie. Tilbyr hårfjerningsbehandling, an-siktsbehandling, massasje og kroppsbe-handling. Sal av produkt og forbruksarti-klar.Innehavar: Julie Elise Ervik

EIDE GARD KAFE HOTELLET V/MARA NYHUS (ENK)▶LusterServering. Overnatting.Innehavar: Mara Nyhus

FJORD AGENTUR AS▶FjalerSal og eksponering av ulike varer og pro-dukt til butikkar med meir, og tilhøyrandeverksemd.

Aksjekapital: 30.000 krPer Morten Alværen, dagleg leiar

FJORDFORSK AS▶Vik i SognFramstilling/sal av rådgjeving, prosjekt-leiing, og utvikling av løysingar innan na-noteknologi innan piezoelektrisitet.Aksjekapital: 30.000 krSergio Manzetti, dagleg leiar

FJORDKLIPP AS▶LeikangerFrisørsalong med omsetjing av hårtenes-ter og tilhøyrande hårprodukt.Aksjekapital: NOK 30.000,00Marita Sandal, dagleg leiar

FOSSHEIMGARDANE MIKROKRAFTVERK AS▶ JølsterÅ planlegge utbygging, bygge og drivekraftverk, produksjon og sal av energi,samt å bevare restane av Skei Elektrisitets-verk frå 1918 (museumsdelen av prosjek-tet) og halde ved like området ved Foss-heimsfossen. Aksjekapital: 150.000 krKåre Eide, dagleg leiar

FROST SEAFOOD AS▶GaularSelskapets formål er kjøp og sal av fisk ogannan sjømat.Aksjekapital: 45.000 krStyreleiar: Vidar Varlid

FØRDE GRANITT AS▶FørdeUtvinning og handel med naturstein ogskifer.Aksjekapital: 30.000 krØystein Menes, dagleg leiar

FØRDE GRANITT EIGEDOM AS▶FørdeSjølv, gjennom heil- eller deleigde selskapeller ved samarbeid med andre verksem-

der stå føre kjøp, sal, utleige og annan for-valtning av eigedommar og annan verk-semd beslekta med dette.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Øystein Menes

FØRDE TAXI SA▶FørdeOrganisasjonsform: SamvirkeføretakSyte for at innbyggarane i konsesjonsom-rådet har eit tilfredsstillande drosjetilbod.Utnyttinga av dei drosjeløyva som er til-knytt Førde Taxi SA skal samstundes vereeffektive og økonomisk forsvarleg for denenkelte løyvehavar. Førde Taxi SA skal hal-de seg løpande orientert om etterspørseletter drosjetenester i området og tilpassekøyreplanen etter transportbehova.Styreleiar: Arne Reidar Solheimsnes

GULATING BRYGGERI AS▶FjalerProduksjon, import og sal av øl.Aksjekapital: 30.000 krRolf Ivar Skår, dagleg leiar

INNOVAGASS AS▶ StrynUtvikling, sal og service.Aksjekapital: 300.000 krStyreleiar: Harmen Derk Wieldraaijer

JORDALSBAKKEN AS▶AurlandEigedomsverksemd med utleige og entre-prenørverksemd innan graving, masse-transport, sprenging og liknande verk-semd.Aksjekapital: 30.000 krTerje Jordalen, dagleg leiar

JØLSTER TRENINGSSENTER SA▶ JølsterOrganisasjonsform: SamvirkeføretakFøretaket skal starte og drive treningssen-ter. Formålet er å skape eit treningstilbodpå Vassenden for innbyggarane. Detteskal vere eit sjølvbetent treningssenter deroppstart og drift baserer seg på dugnad ogfrivilligheit, og føretaket har eit ikkje - øko-nomisk formål. Verksemda si avkastningblir ståande i verksemda til vidare drift,vedlikehald og utvikling. Oppstartskapitalblir blant anna basert på gåver frå næ-ringslivet, stiftingar, det offentlege, orga-nisasjonar og andelsteikning frå allmenn-heita. Dei som kjøper andelar blir med-lemmer og kan ta del i drift og utvikling avtreningstilbodet. Brukarane av føretaketmå betale ei treningsavgift kvar månadsom skal dekke driftskostnader og sikreframtidig drift og utvikling.Styreleiar: Kim Ronny Lykkebø

KLINIKK 54 FYSIOTERAPI OG AKUPUNK-TUR AS▶EidKlinikk for fysioterapi og akupunktur.Aksjekapital: 30.000 krBjørn Lien, dagleg leiar

KVERNEVIK HOLDING AS▶ SeljeDrift av restaurantar og kafear, sal av han-delsvarer, rådgjeving og deltaking i andreverksemder.Aksjekapital: 400.000 krOddgeir Agnar Kvernevik, dagleg leiar

Roar Moe - Litle Færøyna Kystkulturlag SA

Nye bedrifter

Arne Reidar Solheimsnes - Førde Taxi SA

Per Andreas Øren - Per A. Øren Holding AS

TYSDAG 16.04.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Page 11: 2F 16. april 2013

LAUKI OG MELEI KRAFTLAG SA▶ StrynOrganisasjonsform: SamvirkeføretakDrive kraftproduksjon i Laukifossen for ålevere elektrisk kraft til gardsnr. 89 Mel-heim og gardsnr. 112 Løken. Overskytandeproduksjon vert seld vidare til annan kjø-par.Roar Oddbjørn Alsaker, dagleg leiar

LITLE FÆRØYNA KYSTKULTURLAG SA▶ SolundOrganisasjonsform: SamvirkeføretakDrive historiske stader og bygningar medkystkulturell og historisk verdi. Vidareskal Litle Færøyna Kystkulturlag SA arbei-de for auka kjennskap til gammal norskkystkultur. Vidare skal føretaket ta handom båtar og båtutstyr frå tida før motor-alderen, og om mogleg, setje dei i stand isamsvar med gammal gjerd. Ta vare pågamle reiskapar frå fiske og anna tradisjo-nell verksemd på kysten. Her vil ein leggesærleg vekt på reiskapar og handverkstra-disjonar i Solund.Roar Moe, dagleg leiar

NAUSTDAL EIGEDOM AS▶EidForvaltning og utleige av fast eigedomsamt kunne delta i andre verksemdergjennom aksje- eller kapitalinnskot.Aksjekapital: 50.000 krArve Henning Naustdal, dagleg leiar

ODDLEIV JEVNLID (ENK)▶ StrynOrganisasjonsform: EnkeltpersonforetakBestyrarordning på Taxi.Innehavar: Oddleiv Jevnlid

OLDEN VASSVERK SA▶ StrynOrganisasjonsform: SamvirkeføretakSkaffe sikker forsyning av vatn med god-kjend kvalitet til bustader, gardsbruk, for-retningar, servicebedrifter og offentlegebygg (skule, helsetun, kyrkje m.m.)Styrets leiar: Kjartan Urne

PER A ØREN HOLDING AS▶HøyangerInvesteringsselskap.Aksjekapital: NOK 140.400 krPer Andreas Øren, dagleg leiar

RALF BJARNE TARALDSET (ENK)▶HornindalIT – konsultasjon og utvikling.Innehavar: Ralf Bjarne Taraldset

ROADHAWK NORGE TERJE STYVE (ENK)▶ JølsterSal av bilkamera med tilbehøyr, samt ka-mera til MC. Utleige av sjåførteneste. Ut-leige av Harley Davidson.Innehavar: Terje Styve

SAMEIGE STRANDGATA 22▶FørdeEigarseksjonssameige.Styreleiar: Liv Judit Straume

SAMS EIGEDOM AS▶LusterOppføring, forvaltning og eige av fast ei-gedom, samt ved aksjeteikning eller på an-nan måte å delta i andre verksemder.Aksjekapital: 30.000 krKjetil Hovland, dagleg leiar

Rolf Ivar Skår - Gulating Bryggeri AS »Framhald neste side

TYSDAG 16.04.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

DEN HELT NYE FORD KUGA 4X4En bil du kan snakke til? Som ringer opp dine kontakter, spiller din yndlingslåt og dirigerer deg til riktig sted – når du ber om det? Med en hands-free bakluke som åpner seg bare du beveger foten? Det er den helt nye Kuga. Høres ikke det ut som en SUV som nettopp har blitt til…

SMARTUTILITYVEHICLEford.no

Velkommen til prøvekjøring!

Nye Ford KUGA fra kr 396.600,-* inkl. Tectyl* Levert Florø/Førde. Årsavgift kommer i tillegg. CO2 utslipp ved kombinert kjøring 154- 179 g/km.

www.autoforum.sf.no

Page 12: 2F 16. april 2013

SANDEN PENSJONAT OG HANDEL AS▶LærdalDrift av pensjonat og feriehus med fru-kost- og anna servering, auksjonsverk-semd, sal av brukte og antikke gjenstan-dar, kunst, andre varer og tenester og ak-tivitetar.Aksjekapital: 30.000 krStein Hallvard Trohaug, dagleg leiar

SELLEVOLL VILLSAU DA▶AskvollOrganisasjonsform: Ansvarleg selskap,delt ansvar. Drive med villsau og annalandbruksnæring. Deltakarar: VegardKristoffer Vilnes (Andel: 50 %), JohannesArctander Herland (Andel: 50 %)

SNEKKERMESTER OG FJELLBONDE GEIRR VETTI AS▶LusterEntreprenørverksemd innan gråsteins-muring og stiarbeid, arkitekt og konsu-lentarbeid, samt tømrartenester.Aksjekapital: 150.000 krGeirr Norman Vetti, dagleg leiar

STRYN BYGGIMPORT AS▶ StrynImport og vidaresal av byggevarer.Aksjekapital: 50.000 krIgnacy Kacperski, dagleg leiar

STRYN TOEMRER OG SNEKKER FIRMALIMITED▶ StrynOrganisasjonsform: Norskreg. utanlandsk

føretak. Bygging, riving og rehabiliteringav bygg, samt eksport, import av byggma-teriale. Lene Dall, dagleg leiar

SÆTRE BYGGEFIRMA AS▶ SogndalTømrarverksemd, kjøp og sal av eigedom.

Aksjekapital: 180.000 krMarius Henjesand Sætre, dagleg leiar

SØRØYANE VASSVERK SA▶GulenOrganisasjonsform: SamvirkeføretakSyte for vassforsyning til Sørøyane ved ut-bygging og drift av vassverk. Føretaket kansamarbeide med andre føretak.Olav Solheim, dagleg leiar

THARASO AS▶ SogndalForvaltning, kjøp, sal og utvikling av fasteigedom samt entreprenørverksemd ogoppgåver som naturleg fell inn under det-te.Aksjekapital: 30.000 krOlav Farestveit, dagleg leiar

THARASO HOLDING AS▶ SogndalÅ investere i aksjar og andre verdipapir,eige og forvalte fast eigedom.Aksjekapital: 45.000 krOlav Farestveit, dagleg leiar

THINGNES HOLDING AS▶Naustdal

Selskapet sitt føremål er investering ogkjøp og sal av aksjar og andre finansielleeigendelar, samt i eigedommar.Aksjekapital: 70.000 krStyreleiar: Lars Gunnar Thingnes

ULLSENTRALEN AS▶FørdeKjøp og sal av eigedommar, samt utvikleog prosjektere eigedommar.Aksjekapital: 100.000 krChristina Maria Kvamme, dagleg leiar

UTVIK BYGGEVARE AS▶ StrynOmsetjing av byggevarer.Aksjekapital: 30.000 krBjørn Otto Hauge, dagleg leiar

VADHEIM ABSORBER AS▶HøyangerProduksjon, sal og marknadsføring av ab-sorberande produkt. Polymere absorben-ter for emballasje, helse og miljøfrem-jande beredskapsprodukt. Handelsverk-semd, import og eksport. Eigarskap i an-dre selskap. Investering og utvikling avnye innovative produkt og prosjekt.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Knut Greve Rødsæther

VARDAHEI IT AS▶ SogndalKonsulentverksemd innan informasjons-teknologi.Aksjekapital: 100.000 krAsbjørn Dale, dagleg leiar

VEEKIOSKEN AS▶ÅrdalSal av kioskvarer/servering.Aksjekapital: 70.000 krAnn-Helen Bukve, leiar

VERNING AS▶BremangerFiske og fangst, samt omsetning av fangstog andre tilhøyrande aktivitetar.Aksjekapital: 300.000 krJohn-Roar Grotle, dagleg leiar

VEVRING MONTESSORISKULE SA▶NaustdalOrganisasjonsform: SamvirkeføretakFremje medlemmene sine interessergjennom å etablere, eige og drive ein skulegrunna på montessoripedagogikk som eitanerkjent pedagogisk alternativ, og medhøg pedagogisk kvalitet. Vevring Montes-soriskule SA skal drivast i samsvar medLov om private skular med rett til statstil-skot. Avkastning blir ståande i verksemda.Vevring Montessoriskule SA skal vere eittilbod for grunnskuleborna frå 1. til 7.trinn. Føretaket legg vekt på formidlingom og bruk av lokal natur, kultur og kunst.Veronica Standal, dagleg leiar

ØRJAN THUNSHELLE (ENK)▶AurlandEttersyn, vedlikehald av hytter og fjellei-gedommar.Innehavar: Ørjan Thunshelle

Nye bedrifter

Christina Kvamme – Ullsentralen AS

Heistad Brønnboring AS er en boreentreprenør med over 40 år i bransjen. Vi utfører oppdrag over hele landet.

- Fundamentering- Grunnundersøkelser- Spesialboringer- Energibrønner- Energiparker- Høgtrykkspyling- Vannbrønner- Gjennomslag under veg- Rådgivning / Befaring

Hen, 6320 IsfjordenTlf. 71 22 58 61 - Mob. 924 44 [email protected]

GOD I GRUNNEN !

TYSDAG 16.04.   2013TEMA NÆRINGSLIV