4
Nr. 3 - juni 2019 Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal INFORMASJON Sendar/ returadresse (Arven): Kyrkjeverjekont., Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND Arven ønsker lesarane ei god og velsigna pinsehøgtid - og god sommar! Innsamlings- resultatet frå faste- aksjonen til KN i april Tysdag 9. april var konfirmantar, for- eldre o. a. ute med bøsser og samla inn pengar til KN (Kirkens Nødhjelp). Innsamlinga ga eit flott resultat. Kyrkjeverjekontoret opplyser at det kom inn kr 29 336,- i dei tre bygdene (Hjartdal 10 225, Sauland 10 137, Tuddal 6 342, og kr 2 632 via Vipps). I heile landet kom det inn kr 28,7 mill. Kva pengane går til Den årlege fasteaksjonen er til inntekt for KNs arbeid i land med fattigdom og kriser. Hjelp til reint vatn hadde fokus også i år. Vatn trengst til drikke, matlaging, sanitært, klesvask, jordbruk og mykje anna, og er særs viktig for menneske i naud. - FHS Endringar blant tilsette og for kyrkjeverjekontoret I år vert det ein del endringar blant dei tilsette i kyrkja lokalt, også med kyrkjeverjekontoret. Her følgjer litt om stillingstilhøva, så langt Arven har informasjon pr. midten av mai: Kyrkjeverja/ kyrkjeverjekontoret Sjølve kontoret er i kommunehuset, og har dei siste åra vore bemanna av kyr- kjeverje Arild Bjørnstad, i 50 % still- ing. Han gjekk av med pensjon 1. mai. Ingen søkarar etter han gjer at det undersøkast samarbeid med Notodden kyrkjeverjekontor, kanskje med kon- tordag el. l. i Hjartdal kommunehus. Kyrkjetenar Arild Bjørnstad hadde også 50 % stil- ling som kyrkjetenar, i det høvet knytta mest til Hjartdal kyrkje/ kyr- kjegard. Lars Petter Andresen er til- sett etter Bjørnstad, frå 13. mai. Soknediakon Svanhild Rui Gustavsen går av med pensjon frå 1. juli. I hennar 50 % stilling i Hjartdal er tilsett Torill Solli Haugen, som startar 15. august. Sokneprest Rune Lia sluttar i Hjartdal i midten av august, og begynner som sokne- prest i Notodden/ Gransherad/ Lisle- herad. Ny prest er ikkje tilsett ennå, i mellomtida vert det vikarprest(ar). FHS/ Hjartdal kyrkjelege fellesråd Pinsehendinga Pinse er den tredje av dei store kristne høgtidene. På Jesu tid var pinsa ei jødisk høgtid. For dei nye kristnefekk ho ny meining da Den heilage Ande kom til disiplane i Jerusalem, ti dagar etter Jesu himmelfart. Hendinga står nærmare skildra i Apostel- gjerningane i Bibelen. - Den heilage Ande er etter dette eit uttrykk for Guds nærvær hos menneska etter at Jesus ikkje lenger er på jorda, og vil gi kraft og liv til kyrkja og dei kristne. Hendingane den dagen reknast som kyrkjas fødselsdag, da apostlane nå byrja å spreie bodskapen om Kristus. FHS/ Bibelselskapet Duer er nytta som symbol fleire stader i Bibelen, m.a. som symbol på Den heilage ande. Glimt frå dei lokalkyrkjelege vår- og påskedagane Her er litt frå noko av det som fann stad lokalkyrkjeleg i vår og påskedag- ane attåt dei «vanlege» gudstenestene: Utover det som bilda her viser, var det Taizé-gudsteneste i Sauland kyr- kje 26. mars, m.a. med songar frå det franske Taizéfellesskapet, bøner, natt- verd og lesing av bibeltekster. Palmesøndag var det i god tradisjon gudsteneste i Bondal gamle skule. Etterpå var det kaffe, og felespel v/ Nils Bondal. Elles på palmesøndagen hadde Sauland barnegospel også i år konsert, i ei fullsett Sauland kyrkje, med tema frå påskeevangeliet. I Tuddal kyrkje 17. april var det konsert med Ingvild Lilletvedt Nord- stoga, song, og organist/pianist Ro- bertas Lamsodis, begge busett i Vinje. Langfredag var det konsert i Hjart- dal kyrkje med strykekvartetten Quar- tet on the Corner, som framførte «Jesu sju ord på korset» av Joseph Haydn. I gudstenesta 1. påskedag i Hjartdal deltok også Wiggo Dahl på fiolin, og i Sauland 2. påskedag Ingrid Skåland Lia på saksofon. Tekst/ foto: FHS Framføring frå Markusevangeliet Bildet: Tim Peter- son, norskætta pas- tor frå Minnesota, sto for ei gripande framføring av ho- vuddelar i Markus- evangeliet (utanat, og på norsk), i Sau- land kyrkje 3. april. Han har hatt fram- føringar også andre stader i Noreg. - Etterpå var han med på samvære i menighetshuset. «Ung messe» med konfirmantane: Bilde frå guds- tenesta i Sauland kyrkje 31.mars. Konfirmantar frå alle tre bygdene var samla den helga for å førebu messa i lag med ungdomsarbeidar Ragnar Nørstrud (til v.), som òg leia gudstenesta. Den veksla mellom dei faste ledda og innslag konfirmantane sjølv sto for - som refleksjonar om tema tilgjeving (gruppa på bildet) og eigne bøner. Dei framførte også songar og salmer, samla og i mindre grupper. Dei frammøtte kunne undervegs gå til ulike «stasjonar» i kyrkjero- met og t. d. bli bedt for. -Også i år vart «Ung messe» ei fin gudsteneste, og med godt med folk tilstades.

Arven - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arve… · gudsteneste i Bondal gamle skule. Etterpå var det kaffe, og felespel v/ Nils Bondal. Elles på palmesøndagen hadde Sauland

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Arven - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arve… · gudsteneste i Bondal gamle skule. Etterpå var det kaffe, og felespel v/ Nils Bondal. Elles på palmesøndagen hadde Sauland

Nr. 3 - juni 2019 Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal

INFORMASJON

Sendar/ returadresse (Arven):

Kyrkjeverjekont., Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND

Arven ønsker lesarane ei god

og velsigna pinsehøgtid - og god sommar!

Innsamlings- resultatet frå faste- aksjonen til KN i april

Tysdag 9. april var konfirmantar, for-eldre o. a. ute med bøsser og samla inn pengar til KN (Kirkens Nødhjelp). Innsamlinga ga eit flott resultat. Kyrkjeverjekontoret opplyser at det kom inn kr 29 336,- i dei tre bygdene (Hjartdal 10 225, Sauland 10 137, Tuddal 6 342, og kr 2 632 via Vipps). I heile landet kom det inn kr 28,7 mill.

Kva pengane går til Den årlege fasteaksjonen er til inntekt for KNs arbeid i land med fattigdom og kriser. Hjelp til reint vatn hadde fokus også i år. Vatn trengst til drikke, matlaging, sanitært, klesvask, jordbruk og mykje anna, og er særs viktig for menneske i naud. - FHS

Endringar blant tilsette og for kyrkjeverjekontoret I år vert det ein del endringar blant dei tilsette i kyrkja lokalt, også med kyrkjeverjekontoret. Her følgjer litt om stillingstilhøva, så langt Arven har informasjon pr. midten av mai:

Kyrkjeverja/ kyrkjeverjekontoret Sjølve kontoret er i kommunehuset, og har dei siste åra vore bemanna av kyr-kjeverje Arild Bjørnstad, i 50 % still-ing. Han gjekk av med pensjon 1. mai. Ingen søkarar etter han gjer at det undersøkast samarbeid med Notodden kyrkjeverjekontor, kanskje med kon- tordag el. l. i Hjartdal kommunehus.

Kyrkjetenar Arild Bjørnstad hadde også 50 % stil-

ling som kyrkjetenar, i det høvet knytta mest til Hjartdal kyrkje/ kyr-kjegard. Lars Petter Andresen er til-sett etter Bjørnstad, frå 13. mai.

Soknediakon Svanhild Rui Gustavsen går av med pensjon frå 1. juli. I hennar 50 % stilling i Hjartdal er tilsett Torill Solli Haugen, som startar 15. august.

Sokneprest Rune Lia sluttar i Hjartdal i midten av august, og begynner som sokne-prest i Notodden/ Gransherad/ Lisle-herad. Ny prest er ikkje tilsett ennå, i mellomtida vert det vikarprest(ar).

FHS/ Hjartdal kyrkjelege fellesråd

Pinsehendinga Pinse er den tredje av dei store kristne høgtidene. På Jesu tid var pinsa ei jødisk høgtid. For dei ”nye kristne” fekk ho ny meining da Den heilage Ande kom til disiplane i Jerusalem, ti dagar etter Jesu himmelfart. Hendinga står nærmare skildra i Apostel-gjerningane i Bibelen. - Den heilage Ande er etter dette eit uttrykk for Guds nærvær hos menneska etter at Jesus ikkje lenger er på jorda, og vil gi kraft og liv til kyrkja og dei kristne. Hendingane den dagen reknast som kyrkjas fødselsdag, da apostlane nå byrja å spreie bodskapen om Kristus. FHS/ Bibelselskapet

Duer er nytta som symbol fleire stader i Bibelen, m.a. som symbol på Den heilage ande.

Glimt frå dei lokalkyrkjelege vår- og påskedagane Her er litt frå noko av det som fann stad lokalkyrkjeleg i vår og påskedag-ane attåt dei «vanlege» gudstenestene: Utover det som bilda her viser, var det Taizé-gudsteneste i Sauland kyr-kje 26. mars, m.a. med songar frå det franske Taizéfellesskapet, bøner, natt-verd og lesing av bibeltekster. Palmesøndag var det i god tradisjon gudsteneste i Bondal gamle skule. Etterpå var det kaffe, og felespel v/ Nils Bondal. Elles på palmesøndagen hadde Sauland barnegospel også i år konsert, i ei fullsett Sauland kyrkje,

med tema frå påskeevangeliet. I Tuddal kyrkje 17. april var det konsert med Ingvild Lilletvedt Nord-stoga, song, og organist/pianist Ro- bertas Lamsodis, begge busett i Vinje. Langfredag var det konsert i Hjart-dal kyrkje med strykekvartetten Quar-tet on the Corner, som framførte «Jesu sju ord på korset» av Joseph Haydn. I gudstenesta 1. påskedag i Hjartdal deltok også Wiggo Dahl på fiolin, og i Sauland 2. påskedag Ingrid Skåland Lia på saksofon. Tekst/ foto: FHS

Framføring frå Markusevangeliet

Bildet: Tim Peter-son, norskætta pas-tor frå Minnesota, sto for ei gripande framføring av ho-vuddelar i Markus-evangeliet (utanat, og på norsk), i Sau-land kyrkje 3. april. Han har hatt fram-føringar også andre stader i Noreg. - Etterpå var han med på samvære i menighetshuset.

«Ung messe» med konfirmantane: Bilde frå guds-tenesta i Sauland kyrkje 31.mars. Konfirmantar frå alle tre bygdene var samla den helga for å førebu messa i lag med ungdomsarbeidar Ragnar Nørstrud (til v.), som òg leia gudstenesta. Den veksla mellom dei faste ledda og innslag konfirmantane sjølv sto for - som refleksjonar om tema tilgjeving (gruppa på bildet) og eigne bøner. Dei framførte også songar og salmer, samla og i mindre grupper. Dei frammøtte kunne undervegs gå til ulike «stasjonar» i kyrkjero-met og t. d. bli bedt for. -Også i år vart «Ung messe» ei fin gudsteneste, og med godt med folk tilstades.

Page 2: Arven - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arve… · gudsteneste i Bondal gamle skule. Etterpå var det kaffe, og felespel v/ Nils Bondal. Elles på palmesøndagen hadde Sauland

Side 2 A R V E N Nr. 3-2019

DEN NORSKE KYRKJA

Hjartdal sokn

Redaksjonen avslutta 19.5.2019 Neste nr. av Arven:

September 2019 Stoff må vere innkome til 10.august

Kyrkjelydsbladet

Arven Utgjevar: Hjartdal sokneråd. Soknerådet vel kvart 4. år eit styre for bladet. Redaktør, redigering/ layout: Frøydis Hagene Skoje, Skojevegen 260, 3692 Sauland, tlf. 350 23011/ 47 05 30 35 Abonnement: Bladet sendast gratis til husstandane i kom-munen. Bladet drivast ved fri-viljuge gåver. Ein kan få bladet tilsendt også utanfor kommunen. Arvens bankkonto: 2699.50.38454, Hjartdal og Gransh. Sparebank Etablert: 1949 Opplag: 950 stk. Trykk: Telemark Trykk AS Internett: http://www.hjartdal. kommune.no/kyrkja/arven

Hjartdal sokn

Tilsette

Prestekontoret: Sokneprest Rune Lia (til midten av august 2019), Saulandsvn. 553, 3692 Sauland. Mobiltlf.: 909 80 803 Epost: Rune.lia@hjartdal. kommune.no

Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Kyrkjeverje: Kontoret i kommune-huset i Sauland er ved trykketids-punktet for dette nr. av Arven ikkje bemanna (ny kyrkjeverje ikkje tilsett etter pensjonsavgang). Diakon: Svanhild Rui Gustavsen (til 30. juni 2019), mobiltlf.: 915 77 011 Epost: [email protected] Diakon frå 15. august 2019: Torill Solli Haugen. Kyrkjetenar Lars Petter Andresen, mobiltlf.: 959 62 228 Kyrkjetenar Helle Kaufmann Gjerde mobiltlf.: 992 58 790 Kyrkjetenar Ragnar Nørstrud mobiltlf.: 924 45 911 Organist Torild Møinichen Skårdal mobiltlf.: 911 97 667

Valde kyrkjelege råd

(nov. 2015 – okt. 2019)

Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Leiar: Signe Nordbø Lonar

Hjartdal sokneråd: Leiar: Signe Nordbø Lonar

Konfirmantar

2019— Tuddal

og Hjartdal

God pinse! Nok ein gong feirar me pinse. I år er høgtidsgudstenesta i Sauland kyrkje. Velkomen frå alle bygdene!

I pinsa gler me oss over det me har saman. Òg på tvers av alle kyrkje-samfunn. Me samlast alle i krinsen rundt Kristus. Det skjedde noko heilt spesielt den gongen, i pinsa, og det skjer framleis.

I år vil eg i pinse-andakten i Arven minne om alle dei rundt om i verda som lid på grunn av at dei er kristne. Bomber vert sprengde i kyrkjer under gudstenester, prestar vert knivstukne framom altaret, kristne familiar vert jaga frå sine buplassar. I store område i verda gjeng andelen kristne ned kvart år. I nokre område kan ein snakke om folkemord på kristne. Dei som trur, dei som sit i krinsen rundt Kristus, vert drivne bort eller drept.

- Det du vil andre skal gjere mot deg, det skal du gjere mot dei, høyrer me der me sit i Kristus-krinsen. - Om

nokon slår deg på eine kinnet, vend det andre til.

Dette er sterke og krevjande ord. My-kje vanskelegare å leva etter enn ein i fyrste omgang trur. Å bryta hevnspi-ralen ved ikkje å slå tilbake, krev mo-ralsk styrke. - Eg er vegen, seier Jesus Kristus. - Stikk sverdet i slira, seier han i Getsemanehagen. Vår Herre og Meis-ter viser oss vegen med sitt eige liv.

Eg vert fylt med ærefrykt i møte med kristne menneske som dagleg lever i livsfare, og samstundes lever slik Jesus Kristus lærte. Dei og me sit i den same krinsen rundt Kristus, men dei kristne som lever i desse områda i verda har ein heilt anna kvardag enn oss her i framleis trygge Noreg.

Lat oss be for våre brør og systrer rundt om i verda, og lat oss takke for det landet me bur i. Amen.

God pinse til dykk alle! Rune Lia, sokneprest

Til v./ til v. bakerst i dei to bilda: Sokneprest Rune Lia. Til h./ til h. bakerst i dei to bilda: Ragnar Nørstrud, ungdomsarbeidar i Øvre Telemark prosti, og medar-beidar i konfirmantarbeidet.

Tuddal kyrkje. Konfirmasjon søndag 12. mai.

Konfirmantane, frå v.: Kari Hjartsjø, Ingrid Haukås.

Hjartdal kyrkje. Konfirmasjon

søndag 28. april. Konfirmantane,

framme frå v.: Åsne Bratsberg,

Inger Helene Liane Dalen, Magnhild Garnås Haugen,

Camilla Schia. Bak, frå v.: Mona Våle,

William Johansen, Gerda Tho.

Andakt til pinse

- Kjære pinse-venner

Foto (begge bilda): Bø Fotosenter, fotograf Mæland.

Page 3: Arven - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arve… · gudsteneste i Bondal gamle skule. Etterpå var det kaffe, og felespel v/ Nils Bondal. Elles på palmesøndagen hadde Sauland

Side 3 A R V E N Nr. 3-2019

Slekters gang

Hjartdal

21/4: Sander Hundseth Andersen

Tuddal

19/1: Mari Hermansen og Håvard Hermansen (Tofte)

Døypte

Vigde

Kyrkjevalet - 9. september 2019 Over heile landet er det i 2019 (som omtalt også i Arven nr. 1 i år) val på medlemer til sokneråd og bispedøme-råd. Valet er for 4 år, med valdag mån-dag 9. september, som for kommune-styre- og fylkestingsvalet. For Hjartdal er det elles no som kjent eitt felles sokneråd frå 1.1.2016 (mot før tre). I Noreg har ca. 3,1 mill. røysterett i kyrkjevalet, og totalt skal det veljast ca. 7000 soknerådsmedlemer i landet.

Røysterett: Røysterett har medlemer av Den nors-ke kyrkja som er busett i soknet, står i soknet sitt manntal på valdagen og har fylt 15 år innan utgangen av valåret. Førehandsrøysting: Gjeld perioden 10. aug. - 6. sept. Kyr-kjeverjekontoret i kommunehuset er førebels ikkje fast bemanna no, kom-munens servicekontor kan kontaktast i opningstida ang. førehandsrøysting. Vallokale, 9. september: Hjartdal: Hjartdal misj.hus kl. 9-20 Sauland: Sauland menig.hus kl. 9-20 Tuddal: Tuddal menig.hus kl. 9-20 Soknerådsvalet: Endring på valliste/ røystesetel: Du kan levere røystesetelen utan end-ringar. Alle kandidatane på røy-stesetelen får då ei røyst kvar. Vil du endra på røystesetelen, kan du: - Gje inntil tre kandidatar ei tilleggs-røyst ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet til kandidaten. Kandidaten får da to røyster.

-Tilføye på røystesetelen namnet på inntil tre valgbare personar. Eit namn kan berre førast opp ein gong på røystesetelen. Kandidaten får da ei røyst. - Det er ikkje høve til å stryke kan-didatar på røystesetelen. Bispedømerådsvalet: For bispedømerådsvalet i Agder og Telemark bispedøme kan ein sjå kandidatnamna på nettsida https://kirken.no/nb-NO/bispedommer/agder/nyheter/kirkevalglistene-2019/ Valet der har i år tre vallister - ei frå bispedømets nominasjons-komité, ei frå Åpen folkekirke, samt Bønnelista. (Listene i papirversjon reknar Arven med at ein kan få til-sendt ved å kontakte bispedøme-kontoret, sentralbord 38 10 51 20.)Medlemene i bispedømeråda deltek også på det årlege Kyrkjemøtet, det øvste organet for Den norske kyrkja Endring på valliste/ røystesetel: Du kan levere røystesetelen (ein av dei tre) utan endringar. Vil du endra på røystesetelen, kan du: - Gje inntil tre kandidatar ei til-leggsrøyst ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet til kandida-ten. Kandidaten får da to røyster. - Føre opp inntil tre namn frå andre vallister. Desse kan du ikkje gje til-leggsrøyst. Kandidaten får da ei røyst. - Det er ikkje høve til å stryke kandidatar på røystesetelen.

Val-liste ved soknerådsvalet i Hjartdal 9. september

Det skal veljast 6 medlemer og 5 vara-medlemer til Hjartdal sokneråd, for 4 år. Kandidatnavna på nominasjonskomi- téens val-liste er i prioritert rekkefølgje. Stemmeresultatet ved valet avgjer kven som vert medlemer og varamedlemer.

Val-kandidatar (namn, fødselsår, bustad (H = Hjartdal, S = Sauland, T = Tuddal))

Nominasjonskomitéens kandidat- liste til valet:

1. Geir Atle Kvamme 1948 (T) 2. Helle Kaufmann Gjerde 1964 (S) 3. Geir Johannes Hagen 1943 (S) 4. Ragnhild Mosebø Bekkhus 1943 (H) 5. Sigurd Normann Haug 1970 (S) 6. Torunn Gjerjordet 1969 (S) 7. Sven Erik Bakken 1958 (T) 8 Anne Kaldal 1965 (H) 9. Ragnhild Solberg Tokerud 1947 (S) 10.Gunvald Tho 1967 (H) 11.Tone Karin Larsen 1972 (S)

Nominasjonskomité har vore: Håvard Kaasa (T) Gunvald Tho (H) Helle Kaufmann Gjerde (S)

Konfirmantar 2019— Sauland

Valkort Alle som står i Den norske kyrkja (Dnk) sitt medlemsregister med røyste-rett, får tilsendt valkort før førehands-røystingsperioden byrjer 10. august. FHS (basert på informasjon på Dnk og bispe-

dømet sine nettsider og kyrkjevalreglane)

Sauland kyrkje. Konfirmasjon søndag 5. mai. Framre rekke, frå v.: Hans Olav Brukås, Emma Hovde, Marita Lonar, Trine Hegna Kåsa, Siri Lia, Jan Inge Schia. Midtre rekke, frå v.: Ørjan Werge-

land, Halvor Bøen, Tore Vatnar Dølen, Kevin Næssén, Jon Olav Skårnes, Håkon Skårdal, Kristian Lorentzen Næss.

Bak, til v.: Sokneprest Rune Lia, til h.: Ungdomsarbeidar Ragnar Nørstrud.

Foto: Bø Fotosenter, fotograf Mæland.

Gåver til Arven og til diakoniarbeidet

Gåvelister i dette nr. av Arven utgår pga. plassmangel. (Arven: Gåver frå 9.11.2018 og framover. Diakoni: Gåver frå 29.12. 2018 og framover). Sjå seinare blad. Takk for gåvene!

FHS/ Hjartdal sokneråd

Page 4: Arven - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arve… · gudsteneste i Bondal gamle skule. Etterpå var det kaffe, og felespel v/ Nils Bondal. Elles på palmesøndagen hadde Sauland

Gudstenester

Søndag 9. juni - pinsedag Preiketekst: Johannes kap. 14, 23-29 - … Den heilage ande … min fred -

Sauland kyrkje kl. 11: Gudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Måndag 10. juni - 2. pinsedag Preiketekst: Johannes kap. 7, 37-39

- Elvar med levande vatn - Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer. Søndag 16. juni - Treeiningssøndag

Preiketekst: Lukas kap. 24, 45-48 - … forkynnast for alle folkeslag -

Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

23. juni - 2. søndag i treeiningstida Preiketekst: Johannes kap. 3, 1-13

- Jesus og Nikodemus - Tuddal kyrkje kl. 11:

Folketonemesse. Takkoffer til diakoniarbeidet.

30. juni - 3. søndag i treeiningstida Preiketekst: Markus kap. 10, 13–16

- Jesus og borna - Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

7. juli - 4. søndag i treeiningstida Preiketekst: Matteus kap. 9, 35–38

- Grøda er stor - Hjartdal kyrkje kl. 11:

Gudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

14. juli - 5. søndag i treeiningstida Preiketekst: Matteus kap. 18, 12–18

- Sauen som gjekk seg vill - Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

21. juli - Aposteldagen/

6. søndag i treeiningstida Preiketekst: Markus kap. 3, 13–19 - Jesus kallar dei tolv apostlane -

Sauland kyrkje kl. 11: Gudsteneste. Takkoffer til diakoniarbeidet.

28. juli - 7. søndag i treeiningstida Preiketekst: Markus kap. 5, 25–34 - Ho som rørte ved Jesu kappe -

Bondal gamle skule, Tuddal, kl. 11: Gudsteneste. Takkoffer til nytt

våpenhus/ inngangsrom til Tuddal kyrkje. Kaffe etter gudstenesta.

4. august - 8. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Markus kap. 12, 28–34 - … Du skal elska Herren din Gud

(og) nesten din … -

Hjartdal, stulsmesse Bjordal kl. 11: Takkoffer til Hjartdal misjonshus/

menighetshus. Servering og program etter guds-tenesta. Ta med noe å sitte på. Ca. 10 km frå Hjartdal kyrkje.

11. august - 9. sønd. i treeiningstida

Preiketekst: Lukas kap. 6, 36–42 - Døm ikkje -

Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

18. august - 10. søn. i treeiningstida Preiketekst: Markus kap. 11, 25–26

- … så tilgjev han. - Sauland kyrkje kl. 11:

Gudsteneste. Takkoffer til Sauland menighetshus.

25. august - 11. søn. i treeiningstida Preiketekst: Johannes kap. 8, 31–36

-… sanninga skal gjere dykk frie - Tuddal kyrkje kl. 11:

Gudsteneste. Takkoffer til Sjømannskirken.

1. sept. - 12. søndag i treeiningstida Preiketekst: Joh. kap. 4, 27-30/ 39-43 -… tok til å tru på Jesus på grunn av

det kvinna sa då ho vitna …- Hjartdal kyrkje kl. 11:

Gudsteneste. Takkoffer til diakoniarbeidet.

8. sept. - 13.søndag i treeiningstida Preiketekst: Johannes kap. 15, 13-17

-... ei frukt som varer …- Sauland kyrkje kl. 11:

Gudsteneste. Takkoffer til lys-globe/ lystre i Sauland kyrkje.

15. sept. - 14. sønd. i treeiningstida/

Vingardssøndag Preiketekst: Matteus kap. 19, 27–30

- … skal (…) arva evig liv … - Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

Normisjons venner, Hjartdal Måndag 9. sept. kl 19.30, hjå Bjørg Aamaas.

Refleksklubben i Hjartdal Refleksklubben ønsker alle barn

og ungdommar ein riktig GOD SOMMAR!

Me startar oppatt til hausten, som før på Bratsberg. Datoar: Sjå seinare. Helsing leiarane v/ Sissel Bratsberg

Giroblankettar i bladet til diakoniarbeidet/

soknediakonstillinga

I dette nr. av Arven (blada innanfor kommunen) skal det ligge ved giro til diakoniarbeidet/soknediakonstillinga. Ein del av 50 %-stillinga som sok-nediakon i Hjartdal finansierast av friviljuge gåver. Diakon Svanhild Rui Gustavsen går av med pensjon. Som ny diakon er tilsett Torill Solli Hau-gen, som startar 15. august. Blant diakonoppgåvene har vore t.d. besøk og samtaler på sjukeheim-en og i heimar, tiltak som formid-dagstreff og gåturar, bidrag i gudsten-ester, andakter, pensjonistlag, m.v Takk til alle som gir til arbeidet!

FHS/ Hjartdal kyrkjelege fellesråd

Avskilsmarkering søn. 9. juni for soknediakon og sokneprest

Etter gudstenesta i Sauland pinsedag 9. juni vert det avskilsmarkering med kyrkjekaffe i Sauland menighetshus. Det gjeld soknediakon Svanhild Rui Gustavsen, som går av med pensjon, og sokneprest Rune Lia, som begyn-ner som sokneprest i Notodden/ Gransherad/ Lisleherad. (Ved Arvens trykketidspunkt ligg det forøvrig an til at siste gudstenesta Rune Lia leiar som sokneprest i Hjartdal, er guds- tenesta 23. juni i Tuddal.)

Velkomen til alle! Hjartdal sokneråd

Fest for 50-årskonfirmantar Søndag 8. september

Fest for 50-årskonfirmantar, i Sau-land menighetshus søndag 8. sept. etter gudstenesta. Felles for alle tre bygdene. - Velkomen også til alle andre som ønskjer å ta del!

Hjartdal sokneråd

Busstur juli 2020 til m.a. pasjonsspelet i den tyske alpelandsbyen Oberammergau

Busstur, i samarbeid med LB-tur, for kyrkjelydane i Øvre Telemark prosti. Tidsrom: 4. - 12. juli 2020. Reiseleiarar: Sokneprest Rune Lia og organist Dagfinn Køhn. Turmål er m.a. den tyske landsbyen Oberammergau. Der vert det kvart 10. år sidan 1634 (neste gong i 2020) i mai - oktober sett opp eit pasjonspel som trekkjer hundretusenar besøkan-de, med Jesu lidingshistorie og opp-stode som tema. Elles går turen i fo-tefara til Luther, Bach og Bonhoef-fer, og til kjente stader som t.d. Wart-burg, Leipzig, Dresden, til alpesjøen Kønigssee med båttur, Seefeld med gondoltur, mv. Påmelding, info, pris etc.: Rune Lia, tlf 909 80 803.

Sokneprest Rune Lia

Vel møtt til gudsteneste!

Gudstenestelista: Det kan skje endringar med lista som Arven ikkje fangar opp tids-nok i høve trykking og tid mellom utgåvene. Vi minner difor om at gudstenester blir kunngjort også m.a. i annonser i Telen fredagar.