30
1 Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal Produksjonsforslag 2019/2020 Her er liste med forslag til kulturtilbod det går an å nytte i Den kulturelle spaserstokken. Alle kommunar står sjølvsagt heilt fritt til å lage sitt eige program, så lenge tilskotet blir nytta til profesjonell kunst- og kulturformidling retta mot innbyggarane som er frå 70 år og oppover. Her finn de produksjonsforslag som utøvarane sjølv har sendt inn Møre og Romsdal fylkeskommune til for at dei skal bli formidla vidare ut til kommunane. Om de treng nærare informasjon om produksjonane, til dømes om pris, tekniske behov eller innhald, tar de kontakt med utøvarane. Kontaktinformasjon står under produksjonspresentasjonane. Hugs at reisegodtgjersle og eventuelle andre utgifter til transport og opphald kjem i tillegg til honoraret. Vi håper programforslaga kan vere til inspirasjon og at de finn noko de vil bruke for Den kulturelle spaserstokken i dykkar kommune. Ta gjerne kontakt om de har synspunkt, spørsmål, ønske for framtidige programforslag, eller om de kjenner til produksjonar som bør vere med i neste oversikt. Lukke til med arrangementa! Med vennleg helsing Camilla Wiik rådgivar, Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune Telefon: 71 28 03 09 E-post: [email protected]

Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

  • Upload
    others

  • View
    8

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

1

Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal Produksjonsforslag 2019/2020 Her er liste med forslag til kulturtilbod det går an å nytte i Den kulturelle spaserstokken. Alle kommunar står sjølvsagt heilt fritt til å lage sitt eige program, så lenge tilskotet blir nytta til profesjonell kunst- og kulturformidling retta mot innbyggarane som er frå 70 år og oppover. Her finn de produksjonsforslag som utøvarane sjølv har sendt inn Møre og Romsdal fylkeskommune til for at dei skal bli formidla vidare ut til kommunane. Om de treng nærare informasjon om produksjonane, til dømes om pris, tekniske behov eller innhald, tar de kontakt med utøvarane. Kontaktinformasjon står under produksjonspresentasjonane. Hugs at reisegodtgjersle og eventuelle andre utgifter til transport og opphald kjem i tillegg til honoraret. Vi håper programforslaga kan vere til inspirasjon og at de finn noko de vil bruke for Den kulturelle spaserstokken i dykkar kommune. Ta gjerne kontakt om de har synspunkt, spørsmål, ønske for framtidige programforslag, eller om de kjenner til produksjonar som bør vere med i neste oversikt.

Lukke til med arrangementa! Med vennleg helsing Camilla Wiik rådgivar, Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune

Telefon: 71 28 03 09

E-post: [email protected]

Page 2: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

2

Innhald

Djupdykk blant mystiske vesen i blåmyra / Guri Aasen / forteljing .................................................................................................. 3

Fiskarkona og døtrene hennar / Guri Aasen og Andrine Longva Kopperstad / forteljing og musikk .................................. 4

Minne frå krigen / Ingunn Røyset / litteratur ............................ 5

Hemmeleg helt / Svein Sæter / litteratur .................................... 6

Kongen av Spitsbergen / Svein Sæter / litteratur ..................... 7

Ofelias skyggeteater / Vestnes kulturskole / forteljing og musikk ...................................................................................................... 8

Everts eventyr / Teater ViTo ............................................................ 9

Spring! / Hildur dansekompani.................................................... 10

Nordmørstoner og litt til / Tor Strand og Ola Bræin / musikk ................................................................................................... 11

Konsert med Polkabjørn & Kleine Heine .................................. 12

Særsvip / Britt Elise Skram, John Inge Bjøringsøy og Anna Gjendem / Folkemusikk- og dans ................................................ 13

Konsert med Guren Hagen og Lars Martin Myhre ................. 14

Herbarium / Guren Hagen / konsert .......................................... 15

Diger dag / Geirr Lystrup / konsert ............................................ 16

Hildringstimen / Roar Engelberg og Håvard Svendsrud / musikk ................................................................................................... 17

Kunsten å leggje seg paddeflat / Are Pilskog / film ............... 18

Havets sølv/Are Pilskog/Film ....................................................... 19

Eg er eit hus / Sissel Stangenes / visuell kunst ........................ 20

Reminisens / Sissel Stangenes ...................................... / visuell kunst 21

Tradisjonsmat. Lefser og flatbrød / Stiftinga Sunnmøre museum / kulturarv .......................................................................... 22

Jacob Sande. Salte vers og sursøte songar / Teater ViTo / kabaret ................................................................................................... 23

Å du store mi tid / Hildur dansekompani .................................. 24

Radiominner frå 40-50-60 tallet / Odd Arne Halaas / konsert ................................................................................................... 25

Musikken bak blendingsgardinene / Odd Arne Halaas og Knut Ivar Bøe / konsert ................................................................... 26

Bacalhau da Noruega / Arnt Inge Sæter og Øystein Heggstad / musikk, foto, kulturarv ................................................................. 27

Fra lux-såpe til Love me tender ..................................................... 28

Den glade enke .................................................................................... 29

Page 3: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

3

Djupdykk blant mystiske vesen i blåmyra / Guri Aasen / forteljing

Kontakt Guri Aasen Telefon: 936 06 715 E-post: [email protected]

I denne forteljarframsyninga får tilhøyrarane stifte kjennskap med eit utval av dei underlege, undersjøiske, overjordiske skapningane vi må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten for å få auge på. Slike som Kraken, Draugen, Havbokkjen, Marmælen og Margygra. Ispunne vitnesbyrd om truverdige sjøfolk sine møte med desse underlege og mektige skapningane, får publikum og lære litt av kvart om gamle merke på godt og ringt fiske, og om magi som fremjar lukke eller tvert imot kan føre til ulukke til havs.Segntradisjonane og folketrua om dei løyndomsfulle kreftene tilknytta det blå djupet har vore levande blant kystfolket heilt opp til vår nære fortid. For å rå med naturkreftene har det å kunne lese merka i naturen, veret, vinden og sjøen til alle tider vore livsviktig kunnskap i kystfolket sin kamp for tilveret.Ein kunnskap vi moderne menneske óg kanskje har noko å lære av? Kraftfulle historier er det i alle fall, så velkomen til ein time med garantert sjøgong. Pris: kr. 4 500,- Lengde på framsyninga: 45 minutt Tekniske krav: Golvplass 3 x 3 meter. Lerret til projektor

Page 4: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

4

Fiskarkona og døtrene hennar / Guri Aasen og Andrine Longva Kopperstad / forteljing og musikk

Kontakt Guri Aasen Telefon: 936 06 7 E-post: [email protected]

Kven hadde ho vist seg å vere tru, skulptør Tore Bjørn Skjølsvik si fiskarkonestatue på Vågsplassen i Fosnavåg, om ho kunne tre ned av sokkelen og fortelje oss om livet sitt? Gjennom ei samling minnefortejingar frå tidsromet 1860 til 1960 vil forteljar Guri Aasen og felespelar Andrine Longva Kopperstad gjennom ord og tonar bere til torgs både fiskarbonden og tenestetausa, budakokka og kverkejenta. Forteljeframsyninga har vekse fram frå skriftlege lokalhistoriske kjelder og gjennom samtalar med 30 kvinner og menn i alderen 48 -104 år, alle med solid handlingsbåren kunnskap. Pris: etter avtale

Page 5: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

5

Minne frå krigen / Ingunn Røyset / litteratur

Kontakt Ingunn Røyset Telefon: 413 36 236 [email protected]

Krigen sett frå kjøkkenbenken Forfattar Ingunn Røyset har samla forteljingar frå born og unge som opplevde andre verdskrigen. Det har det blitt tre bøker av: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen (Samlaget, 2014), Aldri fred å få (Samlaget, 2015) og Brevet frå krigen (Samlaget, 2017). I kåseriet «Krigen sett frå kjøkkenbenken» tek ho oss med tilbake til farlege dagar i eit okkupert land. Men også til dagar med samhald og humor. Sjølv om det er over 70 år sidan, har dei som opplevde krigen ikkje gløymt det. Forteljingane frå andre verdskrigen lever også vidare hos barn og barnebarn og oldebarn.Det er desse forteljingane forfattaren har tatt vare på. Ingunn Røyset les frå bøkene sine og fortel frå møte med dei som opplevde andre verdskrigen. Vi får også sjå foto som er brukt i den siste boka til forfattaren: Brevet frå krigen (Samlaget, 2017). Pris: 3500 kr Tekniske krav: Prosjektor Lengde på produksjonen: 60 minutt (35 min kåseri 15-25 min deling av minner)

Page 6: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

6

Hemmeleg helt / Svein Sæter / litteratur

Kontakt Svein Sæter Telefon: 478 47 017 E-post: [email protected]

Knut Haugland deltok på verdas mest kjende sabotasjeaksjon; tungtvatnsaksjonen mot Nazi-Tyskland sitt atombombeprosjekt. Etter krigen deltok han på verdas mest berømte ekspedisjon; ombord på Kon-Tiki over Stillehavet. I boka Operatøren har forfattar Svein Sæter fortalt Knut Haugland si historie om eit eventyrleg liv og om kva ressursar som finst i mennesket. Produksjonen Hemmeleg helt byr på eit fengjande møte med forfattaren Svein Sæter som gir ei oppleving de seint vil gløyme! Pris: etter avtale Lengde på produksjonen: 60 min Tekniske krav: Projektor og lerret

Page 7: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

7

Kongen av Spitsbergen / Svein Sæter / litteratur

Kontakt Svein Sæter Telefon: 478 47 017 E-post: [email protected]

Einar Sverdrup var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen – og byen sjølv – blei livsverket hans. I 1942 Leidde han ein militær operasjon for å fri Longyearbyen. I boka Kongen av Spitsbergen har forfattar Svein Sæter fortalt Einar Sverdrup si historie som ein av Noregs ukjende heltar og samfunnsbyggjarar. Produksjonen Kongen av Spitsbergen byr på eit fengjande møte med forfattaren Svein Sæter som gir ei oppleving de seint vil gløyme! Pris: etter avtale Lengde på produksjonen: 60 min Tekniske krav: Projektor og lerret Svein Sæter skal på turné for Kultursekken i desse kommunane: Vår 2018: Fræna, Molde, Surnadal, Volda, Ulstein, Ålesund, Stranda, Haram, Herøy

Page 8: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

8

Ofelias skyggeteater / Vestnes kulturskole / forteljing og musikk

Kontakt Vestnes kulturskule ved Olla Rypdal Telefon: 915 19 878 [email protected]

I framsyninga Ofelias skyggeteater blir den vakre historia av Michael Ende formidla gjennom forteljing og feletonar. Ofelia har heile livet arbeidd som sufflør på det vesle teateret i byen. Nå er Ofelia blitt gammal, teateret stenger – og ho blir oppsagt. Etter den siste framsyninga sit ho aleine i sufflørboksen for å ta farvel, og for å tenke gjennom livet sitt. Plutseleg dukkar det fram ein skugge… Framsyninga handlar om korleis Ofelia handterer alle skuggane ho møter, om angst, om glede – og om døden. Framsyninga passar for eit vakse publikum, gjerne i forum der alderdom, demens og einsemd er tematikk. Med Olla Rypdal (forteljar) og Britt Elise Skram (felespelar) Lengde på produksjonen: 35-40 min Pris: pris etter avtale

Page 9: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

9

Everts eventyr / Teater ViTo

Kontakt Karoline Isaksen Telefon: 952 79 224 Epost: [email protected]

Evert Taube si dikting er ein kulturskatt vi gjerne vil formidle vidare! Med skodespel og musikk levandegjer vi den eventyrlege barndomen hans i skjergarden, reisene over ”sjø og land”, samt det rike persongalleriet som dei flotte visene gjev rikeleg høve til å dramatisere. Forfattarskapen osar av kjærleik og livsglad observasjon av medmenneske, blanda med unike skildringar av natur og folkeliv. I botnen ligg inspirasjon frå Bellman, folke- og sjømannsviser samt middelalderballadar. Men opplevingar i ungdommen, frå kyst- og sjøliv og dei mange reisene jorda rundt, vev han saman i eit perfekt samspel mellom tekst og melodi. Måten han dikta og såg den svenske sommaren på gjorde Evert Taube til nasjonalskald, på same tid klarte han heile tida å bringe inn det eksotiske og internasjonale. Desse er med: Knut Ivar Bøe – trekkspill, Richard Von Løwensprung – gitar, song, skodespel og Karoline Isaksen- song - skodespel. Pris: kr. 10 000,- + reise og ev. opphald Vi stiller med utstyr. Speleplass: Ca. 4 m bredde, 3 m djupn

Page 10: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

10

Spring! / Hildur dansekompani

Kontakt Anna Gjendem Telefon: 474 09 302 E-post: [email protected]

Bli betre kjend med dansetradisjonane frå heimplassen! Danseverkstaden Spring! ynskjer å gi eldre i Møre og Romsdal ei felles oppleving av levande musikk, samdans og lokal forankring. Folkedans er inkluderande, miljøskapande og gir eit unikt høve til trening av rytme, motorikk og balanse. Sjangeren er lett tilgjengeleg for alle typar fysikk. Mykje av dansetradisjonen i Møre og Romsdal er i ferd med å dø ut då ein ikkje har grepe eller fått høve til å lære desse fantastiske rørsleskattane. Deltakarane får lære å danse den springaren/polsen som er nærast av dei formene som vi i dag kjenner til. I praksis vert dette Todalspols på Nordmøre, Romsdalsspringar i Romsdal, og på Sunnmøre: springarane frå Tafjord, Sykkylven/Stranda, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre - i alt fem ulike, unike og lokale dansar. Pris: 10 000,- + reise Varigheit: 60 minutt

Page 11: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

11

Nordmørstoner og litt til / Tor Strand og Ola Bræin / musikk

Kontakt Ola Bræin Telefon 907 97 098 E-post: [email protected]

Konserten Nordmørstoner er basert på praktboka av Ola Bræin med same tittel. Boka inneheld 100 melodiar arrangert av Edvard Bræin for piano og song/instrumental. Boka og konserten har appell til både historisk interesserte og musikkinteresserte med sitt unike kjeldemateriale. Ola Bræin formidlar både i skrift og verbalt i løpet av konserten kjeldeportrett som fortel mykje om ei tid som har funne plass i historia sitt skuggeland. Folketonane er arrangert av mellom anna Ola Bræin, Henning Sommero og Tor Strand. Lengde på produksjon: 45 - 60 min. Produksjonen kan spelast på institusjonar, samfunnshus, kyrkjer m.m. Tekniske krav: Vil gjerne bruke akustisk piano Pris: 5 000,- for ein konsert - 7 500,- for to konsertar per dag.

Page 12: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

12

Konsert med Polkabjørn & Kleine Heine

Kontakt Stageway v/ Jonas Svare Telefon: 957 79 972 E-post: [email protected]

Polkabjørn & Kleine Heine er den usannsynlige suksesshistoria om kameratane Bjørn Tomren og Heine Bugge frå Romsdalen som starta trekkspel og jodleband - og erobra verda. Overraskinga var like stor for Polkabjørn & Kleine Heine som for resten av verda da dei blei det offisielle oppvarmingsbandet på den norske delen av A-Ha sin avskjedsturne. Polkabjørn er antakeleg den einaste i verden som har jodla for kongen, dronninga og Jonas Gahr Støre på same tid. No vil dei gjerne spele for eldre i Møre og Romsdal. Publikum vil få høyre både kjende og mindre kjende polka- og jodlehits, som til dømes “Jeg er fra Romsdalen Norges Tyrol”.

Page 13: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

13

Særsvip / Britt Elise Skram, John Inge Bjøringsøy og Anna Gjendem / Folkemusikk- og dans

Foto: Thor Hauknes Kontakt Anna S. Gjendem E-post: [email protected]

Folkemusikken og folkedansen kan vere gamal og ny på same tid. Tradisjon er ikkje tradisjon utan at den vert brukt av nye kroppar som legg sin personlegdom i utføringa. Å vere folkemusikar/dansar er arbeid med gamalt materiale i ei ny tid. Og den nye tida skal synast og høyrast. Produksjonen - Særsvip - med Britt Elise Skram, John Inge Leira Bjøringsøy og Anna Liv Skjelten Gjendem er eit møte mellom ein folkemusikar, ein jazzmusikar og ein folkedansar. I dansekonserten får du både høyre, sjå og kanskje bevege deg til lokal folkemusikk frå Møre og Romsdal. Medvirkanda er: Britt Elise Skram, folkemusikar, John Inge Bjøringsøy, pianist og organist og Anna Gjendem, dansar. Visningsstad: Pris: 6000 + reise Lengd: 40 min

Page 14: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

14

Konsert med Guren Hagen og Lars Martin Myhre

Kontakt KHK Kulturverksted Telefon: 997 23 152 [email protected]

Guren Hagen og Lars Martin Myhre har kjent hverandre i mange år, men har ikke tidligere jobbet sammen på scenen. Man skulle kanskje tro at forskjellen i uttrykket er stor på Guren fra Rendalen og Lars Martin fra Tønsberg, men likhetspunktene er mange: Sterke melodier, varme og personlige tekster og en stor formidlingsglede. Da Lars Martins manager kom opp med forslaget om et konsertsamarbeid, møtte det begeistring fra begge to. Etter mange år med gjensidig respekt og beundring for hverandres arbeid, syntes begge at det var kjempespennende å møtes i en felles konsert. Mulighetene er store for at publikum vil få en minneverdig, varm og morsom kveld hvor verken smil eller tårer er langt unna Pris: etter avtale

Page 15: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

15

Herbarium / Guren Hagen / konsert

Kontakt KHK Kulturverksted Telefon: 997 23 152 [email protected]

Guren Hagen hadde flere hyggelige konserter for eldre rundt om i landet vårt i 2014. Det er derfor en glede for KHKulturveksted å tilby ny turné med Guren basert på låter fra den nye samleplate; Herbarium2, som kom våren 2015. Her vil publikum møte flere av hans «slagere» fra radioen som ”Hjertet mitt”, ”Sammarsmårrå” og ”La lyset stå på”. Guren kan gjøre opp mot to konserter per dag. Åpne konserter på bibliotek, kafeer, samfunnshus og andre arenaer har vært stor suksess, men Guren kan også gjøre lukkede konserter, for eksempel på eldresentre, kombinert med disse. Guren Hagen er en av Norges fremste visekunstnere og har et trofast publikum, både på konserter og ved radioapparatene. Han har til nå utgitt elleve album. Bli med på en reise der humor og melankoli går hånd i hånd! Pris: etter avtale

Page 16: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

16

Diger dag / Geirr Lystrup / konsert

Kontakt KHK Kulturverksted Telefon: 997 23 152 [email protected]

Etter over førti år på viseveien er Geirr stadig på farten med nye og gamle sanger. Han spiller for folk i alle aldre og gjør gjerne to eller tre konserter på en dag. Kan dette være noe for dere? Geirrs beste viser. Konsert for eldre ”Sommar i september”, ”Honninghumla”, ”Egg & champagne”, sammen med sanger fra den nyeste CD’en: Konrad åh Konrad. Allsang innimellom med Jakob Sande og Alf Prøysen. Trivelig stund som Geirr sjøl kaller et musikalsk samvær. Alf og damene. Konsert for eldre Allsangkonsert der Geirr, sammen med publikum, synger jentevisene til Prøysen ispedd noen av Geirrs gamle og nye sanger. Pris: etter avtale

Page 17: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

17

Hildringstimen / Roar Engelberg og Håvard Svendsrud / musikk

Kontakt Roar Engelberg Telefon: 41 61 44 63 E-post: [email protected]

Vi har satt sammen et trivelig og variert program med bred appell, og en lyrisk grunntone, som inneholder mye norsk musikk og litt eksotisk musikalsk krydder. Dette er spesielt beregnet på et voksent publikum. Vi har spilt dette programmet på et stort antall seniorsentere, aldersboliger og sykehjem. Mange kommuner legger opp sammenhengende turneer på ulike møtesteder og institusjoner for eldre. Vi tar mer enn gjerne på oss en slik turne også i Møre og Romsdal, om det skulle være interesse for det. Pris: Vårt honorar er kr. 4000,- for duoen, pluss utgifter pr. konsert. Det bør være to konserter per dag på en slik turne. Ved en lengre turne kan enkeltpris diskuteres og evt. reduseres. www.roarengelberg.no www.hsvendsrud.com

Page 18: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

18

Kunsten å leggje seg paddeflat / Are Pilskog / film

Kontakt Are Pilskog Telefon: 977 66 471 E-post: [email protected]

Lisjevatnet inst i Austefjorden har ein av Europa sine største paddebestandar. I 2010 starta bygginga av ny Europaveg rett gjennom leveområdet til paddene. Opphavleg var planen å lage ein kort reportasje. Lite viste den prisvinnande filmskaparen Are Pilskog om at han skulle bruke fire år på desse paddene, at paddene etterkvart skulle bli rikskjendisar og setje eit heilt lokalsamfunn på hovudet. Are Pilskog fekk Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend til å lage filmen. Pilskog er filmskapar og biolog og har spesialisert seg på naturdokumentarfilm. I DKSS-produksjonen Kunsten å leggje seg paddeflat viser Are Pilskog viser filmen, fortel om prosessen og svarar på spørsmål frå publikum. Visningsstad: Kino Pris: etter avtale

Page 19: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

19

Havets sølv/Are Pilskog/Film

Kontakt Are Pilskog Telefon: 977 66 471 E-post: [email protected]

STORSLÅTT NATURDOKUMENTAR PÅ KINO

Et unikt naturfenomen finner sted langs norskekysten. Det har aldri blitt filmet før, nesten ingen har sett det. Gjennom ett år følger vi silda på dens forunderlige vandring, og ser hvordan vandringen påvirker livet over og under havoverflaten.

Havets sølv er en storslått naturdokumentar og et fantastisk drama om gigantiske sildestimer, et sårbart økosystem og en skjør kyst.

Are Pilskog er en filmskaper og biolog som har spesialisert seg på naturdokumentarfilm.

Visningsstad: Kino Pris: etter avtale

Page 20: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

20

Eg er eit hus / Sissel Stangenes / visuell kunst

Sissel Stangenes 2007

Kontakt Sissel Stangenes Telefon: 971 60 557 E-post: [email protected]

Eg er eit hus er eit prosjekt om identitet. Huset fungerer som ein metafor for å kunne fortelja og visualisere den personen vi er. Huset står som eit symbol for livet i seg sjølv - det som er oss, vi og/eller eg “kven er eg”. Eg er eit hus er ei enkel innføring i det å teikne og male. Biletkunstnar Sissel Stangenes gir ei felles innføring i korleis blande farge og rettleiar deltakarane underveis. Deltakarane får melom anna instruksjon i korleis dei kan arbeide med penslar i ulike bredder og korleis ein kan å blande fargar. Verkstaden er ei praktisk øving for konsentrasjon og motorikk. Alle kan være med, også de som har behov for hjelp, enten ved assistanse frå pårørande eller frå tilsette / pasientvenner o.l. Deltakarane blir rettleia gjennom heile prosessen, slik at alle når fram til eit resultat. 8-12 deltakarar er ei fin gruppe om det er med assistentar. Lokale: hobbyrom eller arbeidsstue på aldersheim eller liknande. Pris og varigheit: etter avtale.

Page 21: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

21

Reminisens / Sissel Stangenes / visuell kunst

Tusjteikning av Ingegerd Charlotte Gule, 79 år (2001)

Kontakt Sissel Stangenes Telefon: 971 60 557 E-post: [email protected]

Utgangspunktet for Reminisens er biletkunstnar Sissel Stangenes si erfaring av kva som skjedde da hennar eiga aldersdemente mor fekk ein blyant og begynte å teikne igjen, for første gong sidan ho, i likskap med mange andre, slutta å teikne som tenåring: “i det øyeblikket hun grep blyanten, og gjennom hele tegningen var min mor inne i seg selv og framstod som den unge jenta hun engang var ivrig opptatt med å tegne og fortelle om det hun tegnet... om jenta, om håret, om kjolen, detaljer på kragen og da det var moderne med puffermer... Den forviste blyantstreken gjennom mange år satt i kroppen, hun grep bare fatt i streken der hun slapp den i ungdommen og med stor innlevelse og trygghet gikk hun inn i en reminisens”

I Reminisens utforskar Stangenes, saman med aldersheimar og pårørande, korleis ein kan kommunisere med dei eldre om kjensler, minne og erfaringar gjennom visuell bildeskaping. Stangenes leier deltakarane gjennom ein teikneprosess der demenspasientar hentar fram minne gjennom teikning og samtalar med tilsette, pårørande eller andre. Kva og korleis vil gamle menneske teikne når dei hentar fram igjen blyant og minner frå sin barndom, sin ungdom og sine liv?

Pris, varigheit og opplegg: etter nærare avtale.

Page 22: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

22

Tradisjonsmat. Lefser og flatbrød / Stiftinga Sunnmøre museum / kulturarv

Kontakt Stiftinga Sunnmøre museum ved Ingvill Wille Telefon: 980 96 723 E-post: [email protected]

Lefser og flatbrød er noko av det mest tradisjonsrike vi har i norsk matkultur. No kan bakeglade entusiastar lære å bake lefser og flatbrød saman med Stiftinga Sunnmøre museum. Deltakarane blir rettleia gjennom deiglaging, utkjevling, stieking og smørjing av lefser. Til slutt er det smaksprøver, og alle får med seg sin eigen bakst heim. Eigna lokale: skolekjøkken eller liknande Pris: etter avtale

Page 23: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

23

Jacob Sande. Salte vers og sursøte songar / Teater ViTo / kabaret

Kontakt Teater ViTo Telefon: 41302594 E-post: [email protected]

En times lang Jacob Sande-kabaret med et utvalg dikt og sanger som får en til å både le og gråte! Den folkekjære, jordnære og humoristiske forfatteren fra Dale i Sunnfjord har skrevet et stort antall tekster fulle av livsvisdom og gullkorn! Sande treffer oss med tekstene sine, fordi vi kjenner oss igjen i menneskene, handlingene og omgivelsene. Han skriver bilder som vi klart og tydelig ser for oss, som i «Likfunn», og «Kallen og Katten» - om Bulendingen som ville ta livet av katten sin med dynamitt! Det er alltid en glede å fremføre disse tekstene, og forestillingen passer i små og store lag. Vi trenger ikke mye plass og har med lyd og lys om nødvendig. Pris: 4 800,- kroner pluss reise/opphold

- -evt. lyd/lys: 1 500.-

Spilletid: ca.1 time (kan justeres) Riggetid (opp / ned): 1 time Scene: helst 3x 3 meter spilleplass. Publikum: fra 10-200

Page 24: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

24

Å du store mi tid / Hildur dansekompani

Foto: Hanna Fauske Kontakt Anna Gjendem Telefon: 474 09 302 E-post: [email protected]

- i fra gamle tider, vi den samme rytmen har, mor og far til bestefar, de danset også polka. Jo Einar, Anna, Hilde og Mathilde gir deg kjente og kjære danser til svingende fele- og toradermelodier. Polka, tango og vals i skjønn forening. Kanskje byr de også opp til en dans? Medvirkende: Anna Gjendem - dans Mathilde Øverland - dans Hilde Fjerdingøy - torader Jo Einar Jansen - fele Konsertlengde: Ca. 35 min Opprigg: 40 min Pris: 12 000,- + reise Plassbehov: Plass til at ett par danser, vi er fleksible. Aktuell turneperiode: Etter ynskje frå kommunane

Page 25: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

25

Radiominner frå 40-50-60 tallet / Odd Arne Halaas / konsert

Kontakt Odd Arne Halaas Telefon: 920 66 067 E-post: [email protected]

Radioens betydning i tidsperioden 1930 til 1960 er ein viktig del av vår kulturhistorie, og for dei generasjonane som opplevde dette, er minnene mange. Det var en periode kor fantasien og kreativiteten fikk gode arbeidsvilkår. I denne perioden var samlingsstundene rundt radioapparatene en viktig del av dagleglivet. I 1960-åra kom fjernsynet og mykje vart forandra, både med hensyn til det sosiale mønsteret, men også rundt evna til å fantasere. Kven hugser ikkje stundene ein satt saman, gjerne pent kledt, for å høyre ønskjekonserten, Hjallis gå på skøyter eller Vi går ombord med Erik Bye? Vi tek eit hyggelig tilbakeblikk på programmer, songer og melodiar som ble spilt på denne tiden. Kom og bli med på eit hyggelig gjenhør med radioens glansdager kor vi saman syng og mimrer oss gjennom tre tiår med fantastisk radiounderholdning Pris: etter avtale

Page 26: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

26

Musikken bak blendingsgardinene / Odd Arne Halaas og Knut Ivar Bøe / konsert

Kontakt Odd Arne Halaas Telefon: 920 66 067 E-post: [email protected]

Mørke og truande skyer låg over Noreg i fem lange og tunge år, men bak blendingsgardinene blomstra kulturen og alt som kunne bygge opp patriotismen og samhaldet. På Grini sat Otto Nielsen og skreiv "Det har vi" og på revyane song Leif Juster kløktige kamuflerte tekstar om svartebørshandelen og om "Det vi venter på" På landsbygda held ungdommen illegale dansar, og i byane blei konsertar kamuflerte som "foredrag", - alt for å skape litt lys i alt mørkret, og då Lalla Carlsen song "Noreg i rødt, hvitt og blått" i maidagane 1945, var ikkje eit auge tørt. Odd Arne Halaas og Knut Ivar Bøe inviterer til ei hyggestund med musikalsk mimring for dei som opplevde denne tida. Dei har begge eit stort repertoar bygd på ei felles interesse; -klassiske slagerar frå før- og etterkrigstid! Her tek dei for seg kjende og kjære skandinaviske slagerar frå ei tid då underhaldning var mangelvare; radioapparata var inndrivne, og for å få kjøpt ei ny grammofonplate måtte ein levere inn to gamle! Kanskje vart kulturen meir dyrebar og fekk ei blømingstid grunna dette? Uansett eit tankekors for dagens samfunn som støyande badar i importert underhaldning. Pris: etter avtale

Page 27: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

27

Bacalhau da Noruega / Arnt Inge Sæter og Øystein Heggstad / musikk, foto, kulturarv

Kontakt Øystein Heggstad Telefon: 997 26308 E-post: [email protected]

Forestillingen viser klippfisk-historien fra Møre og Romsdal og Portugal. Vi bruker film, bilder, musikk og tekst til å fortelle historien med humor. Musikken varierer fra nykomponert Fado for solo piano i jazz stil, til vår egen folkemusikk spilt på trekkspill. Sammen synger vi «Tilvirkervisa» og «Eksportørvisa». Portugal er det landet i verden som spiser mest klippfisk og portugiserne er kjent for sine mange oppskrifter. Vi presenterer egne lokale favoritter fra Kristiansund og Ålesund samt retter fra ulike restauranter i Lisboa og i Porto. Forestillingen forteller om vår bacalao og ulike framgangsmåter og vi vil at publikum kan få dele sine oppskrifter og erfaringer. Vi vil gjerne bruke akustisk piano, men kan ta med el-piano. Vi har med oss projektor, lerret og lydanlegg. Pris: 6000,-

Page 28: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

28

Fra lux-såpe til Love me tender

Kontaktperson: Gina Nordby Mobil: 93229849 E-post: [email protected] Hjemmeside: www.ginanordby.no

Gina Nordby er sykepleier, musiker og foredragsholder og brenner for gylne øyeblikk i eldreomsorgen. Du husker henne kanskje fra NRK Puls da hun besøkte pappaen til Helene Sandvig? Da delte de et magisk øyeblikk med Roger Whittaker’s Last farewell. Møtet kan du se her: https://www.nrk.no/video/PS*177890. De siste fem årene har hun reist Norge rundt og inviterer til fest med den populære konserten «Fra Lux-såpe til Love me tender». Her geleider hun publikum gjennom minner om alt fra tapt ungdomsforelskelse til farmors forfengelighet. Alt godt krydret med kjente og kjære melodier. Det blir allsang, latter og kanskje også noen tårer. «Det var det vakreste jeg har hørt her på senteret» og «…beboerne ble helt bergtatt» er noen av tilbakemeldingene! Varighet: ca. 45 min (avhengig av hvor mange klemmer Gina får!) Pris: etter avtale

Page 29: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

29

Den glade enke

Kontaktperson: Stephanie Lippert E-post: [email protected]

Den Glade Enke er den mest kjente operetten gjennom tidene. Vi har laget en forestilling for spaserstokken rundt handlingen til dette fantastiske verket fylt med humoristiske innslag og kjente sanger fra Den Glade Enke og andre sanger fra opera til viser. Hanna Glawari har nettopp blitt enke, og vurderer å flytte til Oslo fra hjemkommunen Tomrefjord. Frierne står på rad men ordføreren i Tomrefjord vet at byen har stor gjeld og vil helst at hun gifter seg med byens store sønn, Danilo, slik at formuen hennes blir i kommunen. Men Danilo og Hanna har et uoppgjort kjærlighetsforhold bak seg, og Danilo avviser idéen tvert. Han vil ikke at Hanna skal tro han gifter seg med henne for pengenes skyld. Hanna som fortsatt har følelser for ham må bruke all sin list til å få Danilo til å vedgå at han fortsatt har følelser for henne. Etter flere forsøk på å gjøre ham sjalu, lykkes hun til slutt. Og, når han sier at han er forelsket i henne i den kjente duetten ”Enkevalsen” avslører hun de følelsene hun alltid har hatt for ham, og de forenes i en vals. Vi har brukt denne sprudlende historien og gjort det til en 45 minutters konsert full av dans, sang, kjærlighet og humor. Konserten er utarbeidet med erfaring fra tidligere mini-operaer vi har laget for spaserstokken og vi vet at dette blir noe mange kommer til å ha stor glede av. Varighet: ca. 45 min Pris: etter avtale

Page 30: Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal

30

Da e va lita

Ta kontakt med [email protected] for mer informasjon eller bestilling.

Bli med når Astrid Overaa synger og fortel om korleis det var å vere lita før – i «gamle dagar». Da e va lita va byen våra litt annleis. Vi sang andre sanga og leika andre leika. På lørdagskvelden hadd` ìkkje vi taco eller pizza, men mi mamma laga goe skive med fiskepudding og majones-smilefjes på. Så hørte vi på Barnetimen på radio. Da e va lita gikk tia litt saktere. Eller gjor den de? Av og med Astrid Overaa | Varigheit ca. 30 - 40 minuttar Målgruppe heile familien frå 3 år. Førestillinga fungera fint for eldresenter eller lignande som ønsker å invitere barnehagar på besøk for i fellesskap å oppleve førestillinga. Publikumsantall Ca. 30 vaksne og 20 barn. Kan tilpassast rom og behov, men fungerer best som intim førestilling med nær kontakt til publikum. Pris 6.500 (som inkl. reiseutgifter) | Periode: 20. april – 9. mai.