12
1 DEN NORSKE KYRKJA Fjaler sokn 6963 Dale i Sunnfjord Mål for kyrkja i Fjaler: At Kristus skal bli kjend, trudd, elska og etterfølgd. Møte folk der dei lever; i glede og i sorg.

DEN NORSKE KYRKJA Fjaler sokn 6963 Dale i Sunnfjordfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Aarsrapport_2016_Fjaler_sokneraad.pdfHausten 2015 starta vi arbeidet med å finne ein entreprenør

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

1

DEN NORSKE KYRKJA Fjaler sokn

6963 Dale i Sunnfjord

Mål for kyrkja i Fjaler: At Kristus skal bli kjend, trudd, elska og etterfølgd.

Møte folk der dei lever; i glede og i sorg.

2

ÅRSRAPPORTEN 2016 omtalar aktiviteten til kyrkja i Fjaler . Gudstenester med mange deltakarar er eit prioritert satsingsområde. Gudstenester der mellom anna kor og barn som deltek i trusopplæringstiltak er involvert, er viktige. Årsrapporten vil vere tilgjengeleg på Fjaler sokn si heimeside: www.fjaler.kyrkja.no, blir lagt fram i kyrkjene/kapella og på kyrkjekontoret.

Fjaler sokneråd har 8 faste, leke medlemer og soknepresten som er geistleg representant. Når rådet handsamar saker som ”kommuner med flere sokn tilligger kirkelig fellesråd.”,(Jfr. KL §6) møter den kommunale representanten.

Medlemer Terje Roald Halsnes – leiar, Trude Gjeitanger Høgseth Felde – nestleiar, Kåre Ove Eimind, Randi Grete Fretland, Hanne Angermann Ulvatne Igelkjøn, Atle Kåre Lyngstad Ness, Oddrun Yndestad og Evelyn Åsnes. Lilja Kristin Thorsteinsdottir – sokneprest, og Hans Stav - kommunal representant (Fr-saker) Varamedlemer: 1. Lena Therese Solheim, 2. Elin Skår, 3. Morten Langeland, 4. Esther Iren Rennestraum Alisøy og 5. Magnar Hellesøy. Geistleg varamedlem: Knut Arne Kummeneje – spesialprest barn og unge (50 %). Kommunal varamedlem: Sølvi Ann Solheim Løkkebø. Kommunen har valt ein varamedlem som verken er fast medlem av formannskap eller kommunestyret, noko som er uvanleg og ikkje anbefalt av Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon.

Soknerådsmøte, -saker, representasjon, samlingar og soknemøte. Fjaler sokneråd har hatt 6 møte og handsama totalt 49 saker. Soknerådet hadde to arbeidsutval som jobba med gravplassgraving og vårfest. Det uvanlege dette året er at soknerådet ikkje har hatt høyringar, verken frå kyrkjerådet eller departementet. Soknerådet har gitt tilbakemelding til Fjaler kommune om kommunedelplan for Dale, varsel om oppstart av endring. Har òg gitt tilbakemelding til kommunen på høyring til framlegg til planstrategi 2016-2019. Budsjett, økonomiplan, rekneskap, årsrapport, gudstenesteplan og offertildeling er årlege saker. Nokre andre saker vi jobba med, som ikkje er nemnde under dei ulike tenestene: Hausten 2015 starta vi arbeidet med å finne ein entreprenør til å overta gravinga på

kyrkjegardane i Fjaler, etter at «gravaren» gjennom nesten 20 år, Reidar Langeland, sa opp og ønskte å slutte til årsskiftet – 31.12.2015. Det lukkast ikkje å finne erstattar innan årsskiftet, men vi lukkast innan 1. mai 2016, då var det akkurat 20 år sidan Reidar Langeland starta som gravar. Det vart skrive kontrakt om gravinga med entreprenør Rune Alværvik, som har 20 års erfaring frå drifting av gravemaskiner.

Kantor Mark Taylor «spelte» inn til soknerådet utfordringar i eit notat med nokre tema: Gudstenesteliv, kultur – kyrkjemusikk og korverksemd. Soknerådet samtalar om diverse utfordringar knytt til ulike tema på soknerådsmøta.

Kantor Mark Taylor er vigsla medarbeidar og ønskte seg skråstola til bruk i tenesta. Denne vart godkjent og bestilt inn.

Fjaler sokneråd har ikkje hatt som vane å bruke pengar på feiring, men dette året gjorde vi eit unntak, og hadde vårfest/blåtur i mai. Her markerte vi at tre tilsette kyrkjetenarar er blitt alderspensjonistar, og at trufaste laurdagsklubbleiarar slutta.

3

Vi har prøvd å rekrutere folk i kyrkjetenarstillingane, men det har enno ikkje lukkast. På grunn av liten oppslutnad og interesse ved framlegging av Fjaler sokn sin årsrapport på kyrkjelydsmøta, har vi slutta med det. Årsrapporten vart lagt ut på heimesida og i kyrkjene. Tilsette Fjaler sokneråd har stillingsheimlar for vel 3 årsverk, fordelt slik: Kyrkjeadministrasjon 1,35 årsverk Kyrkjer 1,61 årsverk Kyrkjegard Dale og Guddal 0,35 årsverk Trusopplæring 0,25 årsverk finansiert av statleg tilskot Kyrkjeverje Irene Fløde har permisjon i 20 % av stillinga for å hjelpe Hyllestad sokn med kyrkjeverjefunksjonen, og kyrkjesekretærstillinga er auka opp frå 30% til 40%. Reinhaldar på kyrkjekontoret er Ragnhild Stav, 5% stilling. Andre tilsette: Mark Taylor – kantor, Reidun Eiken – organist (på timebasis), Ragnhild Stav – trusopplærar, Jostein Løseth – kyrkjetenar i Dale kyrkje og kyrkjegardsarbeidar på Dale kyrkjegard, Liv Svanhild og Reidar Langeland - kyrkjetenarar og kyrkjegardsarbeidarar i Guddal, Sigrid Kleppe – kyrkjetenar i Hellevik – og i Folkestad bedehuskapell. Eirik Baug Barsnes – kyrkjetenar ved einskilde gudstenester i Folkestad kapell 1. halvår (på timebasis). Kyrkjetenarane både i Guddal og Hellevik og Folkestad kapell er blitt alderspensjonistar, men fortset då det ikkje har lukkast å få nokon til å overta stillingane, no på timebasis med pensjonistløn. Prestetenesta Bjørgvin bispedømeråd er arbeidsgjevar for sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir 100 %, og Knut Arne Kummeneje, spesialprest barn og unge, 50 %. (Knut Arne har resten av stillinga si i Askvoll). Sokneprestane i Fjaler og Gaular samarbeider om tenesteveker ved gravferder og vigslar, og vikarierer for kvarandre ved ferieavvikling. Prostiprest Stein Oltedal i Førde hadde sju gravferder, og Frode Skeide seks gravferder. I tillegg hadde Sigurd Sande og Erling Nydal (prostiprest) kvar si gravferd.

Dåp: Vi har god oppslutnad om dåp i Fjaler, årleg ønskjer fleire som bur andre stader å døype barna sine der dei sjølv er døypte.

LIVSRITER

2012 2013 2014 2015 2016

Dåp 28 23 33 17 19

Konfirmasjon 33 19 25 20 33

Vigsel 6 7 4 4 3

Gravferd 34 36 40 30 35

Lilja Kristin Thorsteinsdottir sluttar ved årsskiftet, etter vel 5 år som sokneprest i Fjaler . Ny sokneprest frå 1.1.2017 vert Knut Arne Kummeneje.

4

Konfirmant: Konfirmanttalet varierer frå eitt år til eit anna, dette året var det eit svært stort kull.

Oppslutninga er oftast 100 % av dei døypte !

Vigsel: Årleg ønsker par busette utanom Fjaler å bli vigde her. Dei har gjerne foreldra sine her, og finn det vel naturleg å komme heim for å gifte seg.

Gravferd: Tal gravferder varierer òg frå år til år. Fordelinga var 19 i Dale (25 i 2015), 5 i Guddal (2 i 2015), 1 i Hellevik (1 i 2015) og 10 i Folkestad (2 i 2015).

GUDSTENESTE og gudstenestefeiring 2013 2014 2015 2016 Gudstenester – totalt i Fjaler, inkludert barnehage- og skulegudstenester

85

83

81

80

Gjennomsnittleg frammøtte til gudsteneste 75 80 69 72

Lysmesse i Guddal kyrkje Gudstenesteframmøtet er bra stabilt. Tal døypte og konfirmantar har innverknad på frammøtet. Gudstenesteinvolvering står sentralt både i korarbeid, musikkarbeid og trusopplæring. Vi er heldige som har tilsette som er interesserte i å få med flest mogleg som deltakarar i gudstenestene. Vi er takksame for godt oppmøte, særleg på utdelingsgudstenestene våre. Vi må likevel vere så ærlege å seie at vi gjerne skulle hatt ein litt større kjernekyrkjelyd som gjekk fast til gudsetnestene. Som nemnt har soknerådet fokus på utfordringa. Eit «kjenneteikn» for gudstenestene våre er at det svært ofte er song- og musikkinnslag. I tillegg til eigne kor deltek også andre lokale krefter i Fjaler. Julaftangudstenestene i Fjaler er godt besøkte, sjølv om oppslutnaden i Dale i år var litt mindre enn tidlegare. Vi vil prøve å halde fram med å ha gudstenester i begge kyrkjene og i begge bedehuskapella, så sant vi greier å skaffe ein lek gudstenesteleiar. Soknerådet dekkjer utgiftene til dette, og dei siste åra har Hans Stav hatt desse to gudstenestene i ytre Fjaler.

TRUSOPPLÆRINGSTILTAK "Saman i trua, saman i kyrkja"

Vi har framleis god oppslutnad på dei ulike trusopplæringstiltaka for born i Fjaler. Dåpsfase med dåpssamtale (0 år) Kyrkja får informasjon om nyfødde som har foreldre der ein eller begge er medlemer i kyrkja, og det vert sendt ut invitasjonsfaldar om dåp.

Hausttakkefest i Dale kyrkje

5

I dåpssamtalen får foreldra dåpsperm, CD med kristne barnesongar, og ei innramma kveldsbøn til å hengje på veggen. Babysong (0-1 år) Dette er eit tiltak i samarbeid med kulturskulen og helsestasjonen. Det er ei familiesamling vår og haust er på Ljosheim. Ein representant frå kyrkja er med på desse samlingane. Dåpshelsing 1, 2 og 3 år etter dåpen (1-3 år) Kyrkja sender ut ei helsing til barnet og familien til eitt- og to- og treårsdag for dåpen. Desse helsingane handlar om dei kristne høgtidene og korleis ein kan feire dei. Det første brevet er om jul, det andre om påske, og det tredje om pinse. Tanken er at ein set desse helsingane inn i dåpspermen. 2-årssamling Til dette tiltaket vert alle toåringane i Fjaler inviterte til ei samling på Ljosheim i Dale. Dei får høyre forteljinga om den bortkomne sauen, lære rim og regler, syngje nokre songar og leike med dei andre ungane. Opplegget er basert på innhaldet i 2-årsboka, som dei får utdelt på samlinga. Oppslutnaden var 48%. 4-årsbok Vi har to samlingar. Først møter dei for ei førebuande samling der dei øver på songane som skal syngjast i kyrkja, får høyre ei forteljing, og jobbar med oppgåvene i heftet som høyrer til 4-årsboka. Songane og forteljinga er henta frå 4-årsboka. Den andre samlinga er deltaking på 4-årsgudstenesta, der borna får 4-årsboka. Oppslutnaden var 79%. Dåpsskule (6 år) Vi har tre samlingar, der den siste samlinga er deltaking på Hausttakkefest-gudstenesta. På dei to første samlingane øver vi på dramatisering av skapingsforteljinga frå Bibelen», på songane til gudstenesta, ser relevante kristne filmar for målgruppa, og løyser oppgåver frå heftet som høyrer til 6-årsboka. Vi hadde særs god oppslutnad i år, heile 85 % Påskevandring (9 år) Vi har tre samlingar, der den siste samlinga er deltaking på barnas påskegudsteneste. Den første samlinga er ei påskevandring der ein går gjennom hendingane frå palmesøndag til påsketida. Her får ein både smake, kjenne, sjå og høyre litt om korleis Jesus og disiplane opplevde desse spesielle dagane. På gudstenesta får dei utdelt påskeboka «Påskeforteljinga». Oppslutnaden var 29 %. GT(gudsteneste)- agentane (10 år) Vi har to samlingar, der den siste samlinga er deltaking på gudsteneste. Oppslutnaden var 50 % (11 av 22 inviterte frå Dale og Flekke), 8 gutar og 3 jenter.

6

”Den store forteljinga” (11 år) for Minikonfirmantar Vi har tre samlingar. Den siste samlinga er deltaking på gudsteneste, der barna får Konfirmantbibelen. På samlingane øver vi på dramatisering av «likninga om såmannen», som vert framført under gudstenesta, og andre oppgåver borna har under gudstenesta. Vi har òg undervisning på samlingane. Middag og misjon (13 år) Dette trusopplæringstiltaket hadde vi første gong våren 2015. No har vi flytta det til hausten, men det er framleis for 8. klasse. Vi har «Middag og misjon» i samarbeid med Det Norske Misjonsselskap. Områdeleiar i NMS, Ingvald Frøyen, hadde ansvar for misjonsdelen, medan ein av dei busette flyktningane i Dale laga middagen. Oppslutnaden var 23 %. Konfirmasjon (14-15 år) Konfirmanttida starta med innskrivingsgudstenester før sommarferien og presentasjonsgudstenester i august. Nattcupen var 23. oktober 2015, og konfirmanthelga var 12.-13.mars 2016 med innsamlingsaksjon til Kirkens Nødhjelp 14.-15. mars, samt solidaritetskonsert 15. mars kl 20 i Dale kyrkje. I løpet av konfirmasjonstida var det 8 samvær kl 18.00-20.30, og kvar konfirmant måtte møte på 10 gudstenester inkludert konfirmasjonsgudstenesta. I 2016 var det 33 konfirmantar i Fjaler, 100% av kullet. Tiltak etter konfirmasjonsalder Vi har hatt to tiltak for eldre ungdom, Nord-sør-søndagsgudsteneste tilknytt TV-aksjonen, og Solidartitetskonsert i samband med fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Nord-sør-søndagen er eit samarbeid med United World College i Flekke. I 2016 vart denne gudstenesta ei misjonsgudsteneste utan samarbeid med UWC. (Sjå bilde på framsida). Solidaritetskonserten er eit samarbeid med Hyllestad og Fjaler kulturskule, og United World College.

KOR OG KORARBEID

I Fjaler er vi kjende for det gode korarbeidet og betydninga det har for gudstenestefeiringa. Kora gir barna eit aktivt og positivt møte med kyrkja, samtidig som koret gjer gudstenestelivet i kyrkja rikare. Kantor Mark er musikalsk leiar for kora som også har sine eigne styre der foreldra er med. Foreldra er flinke til å stille opp som ansvarlege på turane og fortener ros for det. Dei ulike kora har sine eigne årsmeldingar som gir utfyllande opplysningar om aktiviteten. Sjå heimesida www.fjaler.kyrkja.no. Kora har vår-, haust og julekonsertar på Fjaler sjukeheim og bidreg slik diakonalt.

Dale barnekor: 20 barn i vårsemester, og 19 barn i haustsemester. I alt har 26 barn vore innom koret i løpet av året, alle jenter.

Vi starta med ein treårs-syklus i ytre Fjaler og Guddal i 2016. I løpet av 3 år skal dei aktuelle målgruppene ha fått tilbod om å delta på «Den store forteljinga», «GT-agentane» og «påskevandring». I 2016 var det «Den store forteljinga» som stod for tur. Sjølv om hovudvekta for dei som var minikonfirmantar var 11 år, var rekkevidda frå 9 til 12 år. Oppslutnaden mellom 11-åringane var 67%, medan oppslutnaden for alle 9-12 åringar i Fjaler var 32%.

7

DO RE MI: 11 barn

Guddal familiekor: 12 barn og 2 ungdommar

Cantus auka med ein, til 29 songarar (28 i 2015). Songgudstenester, konsertar og kortreff Tenebrae- gudsteneste i Dale kyrkje i februar var med kantor Mark, Cantus, tekstlesarar og konfirmantar. Her vart det framført songar og salmar med tekstar frå Klagesongane i Bibelen, fem av dei som Mark hadde tonesett. Med tekstlesingane vart heile boka Klagesongane frå Bbelen lesen. Dette var ei markering av Bibelselskapet sitt 200-årsjubileum. Do Re Mi feira 20-årsjubileum (sjå bilde på framsida) i Folkesatad kapell søndag 24. april med gudsteneste, konsert og fest. Barna imponerte med ein times program, og sjølvsagt var det god mat på festen etterpå. Kantor Mark overtok som musikalsk leiar/dirigent hausten 2004, etter å ha vore med som akkompagnatør og rådgjevar sidan koret starta i 1996. Do Re Mi og Guddal familiekor deltok på KFUK-KFUM sin barnefestival i Førdehuset I april var dei eldste frå Dale barnekor, Ungdomskoret og delar av Cantus saman med fleire andre kor, med på ein Bjerkrheimjazz-konsert i domkyrkja i Bergen og i Os kyrkje. Barnekora var også i år på hausttur. I oktober reiste 9 barn frå Guddal familiekor, 7 barn frå Do Re Mi og 14 barn frå Dale barnekor, på Ung Kyrkjesong Bjørgvin sitt hausttreff i Åsane kyrkje i Bergen. Elviskonserten i Dale kyrkje i august, som avslutning på Dalsfjordveka, vart ein stor suksess med om lag 300 i kyrkja.

Dale barnekor deltok på Ung Kyrkjesong Bjørgvin sitt vårtreff ved Sætervika leirsenter i Samnanger i april.

Ungdomskoret: har auka til 7

faste medlemmer, og

nyttårsaftan var koret òg

styrkt med eldre ungdomar

8

Jølstrakoret og Førde trekkspelklubb leigde Dale kyrkje ein ettermiddag i november og framførte ein veldig fin konsert som var godt besøkt. Dei framførte m.a. salmar frå den nye salmaboka som musikalsk leiar i trekkspelklubben hadde arrangert for kor og trekkspel. «Juleevangeliet – Miriam si forteljing» er Håvard Rem si gjenforteljing av juleevangeliet. Dette stykket framførte Idun Losnegård ved Sogn og Fjordane Teater, i Dale kyrkje i november. . Hellevik kapell hadde førjulskonsert 11. desember med allsong og musikkinnslag ved Do Re Mi, Fure og Våge Songlag, Dalsfjorden Spelemannslag, kulturskulen og kantor Mark Taylor. I Dale kyrkje var den tradisjonsrike julekonserten 20. desember med lokale musikalske krefter. Litt færre i kyrkja i år, men likevel ganske fullt. Laurdagsklubben (Søndagsskulen) i Dale (starta hausten 1998 -Tilknytt Norsk søndagsskuleforbund) Laurdagsklubben i Dale på Ljosheim er eit veldig populært tiltak for barn frå 4 år. Ei vanleg samling brukar å innehalde ei forteljestund, ei songstund med varierte songar, saft og kjeks pause og ei stund til leik, spel eller teikning. Då Laurdagsklubben starta opp att i haust hadde soknerådet engasjert Ragnhild Stav til å leie klubben. Ho og far hennar, Hans Stav, delar på forteljarstunda. Foreldra til ungane på Laurdagsklubben hjelper til med det praktiske. Her var 30 barn innom i løpet av året. Laurdagsklubben syng i 4-årsgudstenesta og i barnas påskegudsteneste.

Diakoni og Institusjon Fjaler sokn har ikkje tilsette som spesifikt arbeidar med diakoni, men ettersom diakoni er ein dimensjon som kjem til uttrykk gjennom gudstenestefeiringa, forkynninga, trusopplæringa og barne- og ungdomsarbeidet, kan vi seie at alle våre tilsette også er diakoniarbeidarar. Vår og haust har kora konsertar på sjukeheimen. Prest og kantor har andakt på sjukeheimen annankvar onsdag. Konfirmantane gjennomfører årleg fasteaksjon. Kyrkjekaffi knytt til gudstenester er også diakoni, og vi har prøvd å ha fleire sosiale treffet i forlenging av gudstenestene. Pårørande busett i Fjaler og som har mista eit familiemedlem siste året, får blomehelsing til jul, finansiert av diakonifondet. Gudtenestene og gravferdene i Dale kyrkje vert overførde til sjukeheimen via telefonen, og difor har vi telefon i kyrkja. Misjonsprosjekt Fjaler sokn støttar to misjonsprosjekt gjennom det Det Norske Misjonsselskap (NMS): ”Integrert landsbyutvikling i Mali” og "Senter for gatebarn i Egypt" der vi støttar eit senter som bidreg til at

Frå starten og fram til sommaren i år dreiv Gro Sollesnes Kummeneje, Joy Taylor og Knut Arne Kummeneje laurdagsklubben på dugnad. Dei vart takka for sin store innsats på soknerådet sin vårfest i mai.

9

menneske i ein fattig bydel i Kairo får ein betre kvardag. Ofringane i gudstenestene er fordelt slik at det i gudstenester der barn deltek og det er ofring til misjonsprosjekt, går offeret til Egypt. Misjonskonsulent Ingvald Frøyen deltok på ei misjonsgudsteneste i Guddal kyrkje.

Samarbeid Kyrkje – barnehage/skule Gudstenester Det var skulegudstenester i Guddal før jul og sommarferien. Der var også barnehagen var med. Elevar førebur lesing, synging og speling. Ytre Fjaler har skule- og barnehagegudsteneste i Folkestad kapell før jul. I Dale kyrkje er det gudstenester både før jul og sommarferien for barnehagane (Elvetun og Yksnebjør), barneskulen og ungdomsskulen. Flekke skule har eigen adventstund med besøk av presten, der var også barnehagen med. Kyrkjebesøk frå Dingemoen skule 1. årssteg: Blomeprosesjon til påskestund og Lysprosesjon til adventsstund 2. årssteg: Kyrkjebesøk i april, med fokus på kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd, samt kristne symbol 4. årssteg: Lysberarar ved Lysmesse i Dale kyrkje med øving i kyrkja ein gong i veka før 6. årssteg: Om lag 10 elevar(halv klasse) var medhjelparar til påskestund, med øving i kyrkja

ein dag på førehand 7. årssteg: Om lag 10 elevar(halv klasse) var medhjelparar til adventsstund, med øving i

kyrkja ein dag på førehand. Kyrkjeblad for Fjaler – heimeside og facebook. Kyrkjebladet kom ut med sine fire årlege nummer.Framleis set innbyggjarane pris på kyrkjebladet og betalar bladpengar som finansierer bladet. I kyrkjebladet kan vi lese om aktiviteten i kyrkjelydane gjennom året. I tillegg til kyrkjebladet når vi ut til folk gjennom heimesida og facebook. Kyrkjesekretær Joy Taylor er redaktør og har ansvaret.

Samarbeid med andre – her kan vi nemne samarbeidet med

Kulturskulen og andre utøvarar på instrument, samt kor deltek på konserter og gudstenester i kyrkjene og kapella.

Det Norske Misjonsselskap om tiltak innan trusopplæring og misjonsgudstenste.

UWC om solidaritetskonserten og den årlege Nord-sør-søndagsgudstenesta.

Kulturskulen og helsestasjonen om babysong, der det vår og haust er familiesamling på Ljosheim.

Framover Utfordringar framover for kyrkja i Fjaler vil vere å engasjere og motivere fleire til å la seg begeistre av å tilhøyre kyrkja. Vi treng fleire frivillige, fleire som tykkjer det er kjekt å komme på gudsteneste, fleire som ønskjer å ta i eit tak og bidra til å skape ei levande kyrkje. Det er viktig for kyrkja at alle menneske i alle aldrar skal kjenne at dei er velkomne. Dette vil vi ha på dagsorden framover. Målet er at fleire skal kjenne at dei har sin heim i kyrkja. Mange døypte og medlemer av Den norske kyrkja, tenker at kyrkja er «dei andre». Vi vil jobbe for at kyrkja skal vere eit «Vi». Kyrkja er «Oss», ikkje «Dei». Mottoet for trusopplæringa i Fjaler skal hjelpe til å forstå dette: «Saman i trua. Saman i kyrkja.» Rekruttere kyrkjetenarar Det er ei stor utfordring å rekruttere og få tilsett nokon i små stillingar. Vi arbeidar kontinuerleg med å finne nye kyrkjetanarar både i Guddal og ytre Fjaler.

10

KYRKJEKONTORET Vi har bra kontorlokaler i Dalehuset, bortsett frå at her er alt for lytt mellom kontora. Etter at kyrkjekontoret var i andre høgda til Firda bilag i nesten 20 år, er det over 19 år sidan vi flytta hit.

Dette året har vi hatt store utfordringar med internett, så vi har måtte tatt noko kostnad, både

med å skifte nokre kontaktar og rutarar, og i tillegg fått kopla oss til fiberkapel.

KYRKJER I Dale kyrkje vart vindauget oppe på tårnet, mot elva, vølt. I Guddal kyrkje fekk vi utvida eit skåp i våpenhuset og laga eit nytt skåp på galleriet. Det vart kjøpt inn ny teleslyngeforsterkar og ny mikrofon til presten. Vi starta arbeidet med å få montert elektrisk ringing. Før eventuell godkjenning, vil Riksantikvaren gjennomføre synfaring, men hadde ikkje midlar til reisa i 2016. I Hellevik- og Folkestad bedehuskapell er vi leigetakarar. Orgla vert stemde annakvart år, og vart gjennomført i år.

KYRKJEGARDAR/GRAVPLASSAR Dale, Guddal og Hellevik gravplassar hadde vanleg vedlikehald. På Folkestad gravplass vart det i tillegg sett opp ein liten mur ned mot sjøen på den nyaste delen.

Det er ikkje noko nytt med omsyn til utviding av Dale gravplass på Øyra. Ljosheim Etter at Ljosheim feira sitt 50-årsjubileum i 2015 med både basar i februar og jubileumsfest om hausten, var det dette året igjen berre den årlege basaren. Basaren var laurdag 20. februar med fullt hus og god stemning. Med førehandssal av lodd gav lodd- og åresal kr 61 708 i kassen. Eit kjennemerke ved vinstane til Ljosheimbasaren er mykje fint, lokalt handarbeid, der Marie Skadal og Hilda Haugen er dei største bidragsytarane, men også andre. Marie Skadal har hovudansvaret for gevinstar og loddsal, noko vi er svært takksame for. Huset er svært viktig for kyrkjelyden og bygda elles. Dale kyrkjelyd brukar huset svært mykje til ulike aktivitetar. I matsalen var det 5 minnestunder i samband med gravferder. Tal minnestunder har gått ned år for år. Sogn og Fjordane Indremisjonsforbund (ImF), som eig Ljosheim saman med Fjaler sokn, har framleis ikkje gitt oss svar på kva dei ønskjer med sitt eigarskap i bygningen. Soknerådet har oppnemnt ei arbeidsgruppe som arbeider vidare for å finne ei løysing på saka.

Rullestolrampe – universell utforming – har vore planlagd lenge og som bildet viser, er prosjektet no realisert. Huset har alltid trong for vedlikehald, og vi takkar dei som deltek på dugnad.

11

Prosjekt på kyrkjer og kyrkjegardar som det må jobbast vidare med å få gjennomført: Kyrkjene i Dale og Guddal har trong for meir vasking og oftare måling enn tidlegare. Dette kjem av meir miljøvenleg måling med mindre giftstoff, og meir forureina nedbør.

Dale kyrkje

Vøle vindauge på vestsida av kyrkja

Vurdere lydanlegget – felles høgtalarar som går både til tale og song/musikk

Nye brudestolar må på plass fordi dei knall raude som er i kyrkja, passar verken i form eller farge

Sikkerheitsgitter på røyromnane under benkane

Slipe og lakke ferdig golvet i kyrkjeskipet

Planlegge påbygg på inngangspartiet. Livslaupsstandard på toalett, dåpsventerom og lagerplass

Guddal kyrkje

Elektrisk ringeanlegg (godkjenningssøknad er send)

Vasking og måling

Flytte preikestolen mot veggen – for at alteret skal bli meir synleg, og for å få betre plass i koropninga – (godkjenningssøknad er send)

Skiferen på kyrkjetaket er av dårleg kvalitet. Dessutan rustar spikrane, slik at heller dett ned og vert knuste

Dale kyrkjegard Utvide kyrkjegarden med ny gravplass Sluttføre registreringsarbeidet Omregulere kyrkjegarden. Teikne nytt kart over kyrkjegarden der graver som er yngre enn

25 år er nøyaktig plasserte

Guddal kyrkjegard. Teikne nytt gravkart. Utviding av reiskapshuset med handikaptoalett.

Hellevik gravplass: Ny tilplanting rundt kyrkjegarden

Folkestad gravplass: Vurdere å legge duk og plante ved det nye gravfeltet m.m. Meir vedlikehald av steinmuren rundt delar av gravplassen

FJALER SOKNERÅD SIN REKNESKAP FOR 2016

Rekneskapen til Fjaler sokn vert førd av Fjaler kommune og revidert av kommunerevisoren. Fjaler sokneråd er takksame for det gode samarbeidet med kommunen, og for drifts- og investerings- tilskot frå kommunen. Fjaler sokneråd sin rekneskap har fire tenester: Kyrkjeleg administrasjon, Kyrkjer, Kyrkjegardar og Andre kyrkjelege føremål. Kommunen har finansieringsansvaret for all aktivitet under dei tre første tenestene. Kommunen sitt økonomiske ansvar overfor den lokale kyrkja finn ein i kyrkjelova (KL) § 15. Her i årsmeldinga vert det berre ein kort oppsummering av rekneskapen for 2016. Det vert elles vist til Fjaler sokneråd sin rekneskap, med kyrkjeverja sine noteopplysningar og meir detaljerte merknader, som vert lagt fram for soknerådet og revisor. Aktiviteten under tenesta «Andre kyrkjelege føremål», er soknerådet sine oppgåver etter § 9 i kyrkjelova (KL). Her er det berre ved Konfirmantarbeid at det er kommunal delfinansiering. Kommunen har etter kyrkjelova § 15: ansvar for utgifter til ”lokaler, utstyr og materiell til konfirmasjons-opplæring”. Elles er inntektene: offer, gåver, tilskot og billettinntekter m.m. Offer til

12

kyrkjelydsarbeidet er med og finansierer utdelingsmateriell som til dømes dåpslys, fadderhelsingar, dåpsbilde (m/ kveldsbøn) og bøker som vert delte ut. I tillegg mottek soknerådet årleg statstilskot til trusopplæring, der ein har rapporteringsplikt til kyrkjerådet via bispedømerådet. Resultat – Inntekt - Utgift Rekneskapen er, under dei tre tenestene der kommunen har finansieringsansvar, avslutta med eit rekneskapsmessig overskot på kr 6 949,36. Inntekt Brutto driftsinntekter, inkludert inntekter under 044 Anna kyrkjeleg verksemd, er kr 3 771 035. Driftstilskot frå Fjaler kommune var kr 2 650 000, det same som i 2014. Av andre inntekter kan nemnast (ikkje uttømmande): Provisjon frå formidling av oppussing av gravminne, kr 18 716. Minnegåver til Guddal kyrkje, til saman kr 23 350. Inntekter under 043 Kyrkjegardar: sal av tenester, gravstell, festeavgifter m.m.: kr 306 997. Av etterslepet på festeavklaring og festefornying på Dale kyrkjegard, fekk vi gjort ein betydeleg innsats sommaren 2016. Verdien av kommunal tenesteyting (Rekneskapsføring, og lønsutbetaling) er sett til 55.000 kr, og er ført som inntekt/utgift (summen burde vore større). Inntekter under tenesta 044 Anna kyrkjeleg verksemd. Her har vi sju tenester som, med unnatak av 04430 Konfirmantarbeid, vert «nulla ut» før rekneskapsavslutning. Her har alle tenestene kvar sitt fond, og då blir det anten avsetjing til fond, eller bruk av fond. Dette fordi desse vert haldne utanfor dei andre tenestene der kommunen har finansieringsansvar. Dei sju tenestene under Anna kyrkjeleg verksemd er: Kyrkjelydsarbeid, Dåpsopplæring (Trusopplæring med statleg tilskot), Konfirmantarbeid, Diakoni, Kyrkjemusikk, Laurdagsklubben og Kyrkjelydsblad. Statstilskot trusopplæring: kr 173 565 + kr 20 000 ekstra i 2016. Inntekter - Kyrkjeoffer/billettinntekter/gåve og fasteaksjon:

Utgifter Brutto driftsutgifter, inkludert utgifter under 044 Anna kyrkjeleg verksemd, er kr 3 753 282. Løn: Lønsutgifter og sosiale utgifter utgjer kr 2 128 133. Bruk og avsetjing til bunde fond inkl. gravstell Samla bruk av bundne fond: kr 58 976,88. Avsetjing til bundne fond: kr 89 448,50.

2014 2015 2016 1 Offer, kollekt og gåve til eige arbeid 36 826 20 559 29 996 2 Kollekt/billettinnt. Fond kyrkjemusikk 22 239 16 073 14 309 3 Offer til Lag og organisasjonar 53 796 45 876 39 206 4 Offer til Misjonsprosjektet 27 680 26 304 24 484 5 Offer til Kirkens Nødhjelp 26 626 21 983 20 217 6 Fasteaksjon Kirkens Nødhjelp 39 317 43 023 49 566 7 Bladpengar til Kyrkjeblad for Fjaler

69 935

65 555 62 525