44
____________________________________________________________________________________________________________________________ Jula 2011 7. årgang Laussal kr. 50,- Børsdalsnissen møter blånissen. Les meir side 10-12 Seks politikarar om Uskedalen Side 16-19 Dagens bruk av pc og mobil Side 26-28 Dei 11 bilane til Fridtjof Side 5-9 Juleevangeliet i 2011 oversetjing Side 44

Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

____________________________________________________________________________________________________________________________

Jula 2011 7. årgang Laussal kr. 50,-

Børsdalsnissen møter blånissen. Les meir side 10-12

Seks politikarar om

Uskedalen Side 16-19

Dagens bruk av pc og mobil

Side 26-28

Dei 11 bilane til Fridtjof

Side 5-9

Juleevangeliet i 2011

oversetjing Side 44

Page 2: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 2 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Framleis gode kort på handa

For 4 år sidan, då det også hadde vore val, skreiv

vi på denne plassen i Uskedalsposten at bygda

hadde gode kort på handa. Då hadde vi fått valt

inn 4 representantar i kommunestyret og så godt

representert hadde ikkje bygda vore sidan 1970-

talet då det var 9 og 7 i 2 periodar.

Forventningane var naturleg nok store og vi

spurte: Kva kan vi venta av dei? No har vi fått

vald inn 6 og det er enda større grunn til å stilla

dette spørsmålet. Det gjer vi på annan plass i

bladet.

Som Kjell Yri heilt rett strekar under er dei 6

innvalde av veljarane i heile kommunen. Det er

etter dette valet særleg grunn til å peika på dette i

kjølvatnet av den håplause og negative

diskusjonen om indre og ytre luten. Det er grunn

til å venta at dei ikkje urettmessig set noko del av

kommunen til side i ei gitt situasjon, Men det er

rart med det. Som Yri også peikar på står

Uskedalen deira hjarta nærmast Det vil vera

naturleg at dei 6 alltid er på tå hev for bygda vår.

Kva skal dei så prioritera av oppgåver som

kommunen har herredømme over? Delvis i

motsetnad til sist er dei gledeleg nok svært

samde. Skulen, gangveg mot Børnes og Børnes

industriområde går att som dei 3 viktigaste

oppgåvene og vi får tru at einigheit skaper styrke

også i dette høvet.

Skulen står øverst på lista og heile

kommunestyret vil truleg gå inn for byggjestart

neste haust. 15 millionar som står på

langtidsbudsjettet er ikkje all verden men i første

omgang får vi ta til takke med det sjølv om det

ikkje aukar kapasiteten. Elevauken har vore stor

og gledeleg i det siste og vi får vona at han held

fram og legg grunnlaget for ny utviding. Eit av

dei beste korta vi har på handa er slagordet ”Bu i

Uskedalen” Underforstått: Då kan du gjerne

arbeida ein annan stad.

Men Børnes er også eit godt kort som ikkje bør

forsømmast og vi har venta svært lenge på det

kommunale initiativ som no er teke.

Gang- og sykkelvegen frå brua og til Børnes er i

grunnen ein naturleg del av det heile.

Andre saker bør også vera aktuelle, vi tenkjer

ikkje minst på ein sentrumsplan/analyse fordi vi

snart må få veta kor det bør byggjast og vi treng

eit meir konsentrert sentrum.

Bustadbyggjinga bør få farten opp i kommande

periode og Uskedalen ligg i teten i Kvinnherad

med over 100 tomter.

No står berre marknadsføringa att!

På denne plassen skal vi ikkje gå meir i detalj om

akkurat det men det er også ei sentral oppgåve å

”selja” bygda meir effektivt. Vi har mange gode

kort på handa også med omsyn til miljø og fritid

og dugnadsånda har kanskje aldri vore sterkare.

Ola Matti Mathisen

Leiar

Page 3: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 3 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

No koma Guds englar

Elias Blix noregs største salmediktar vart

minna i Uskedalen Kyrkje for nokre vekar

sidan. Uskedalsposten bringar her ein av de

mest kjende salmane hans. No koma Guds

englar som han skreiv i 1875.

Elias Blix vart født 1836, død 1902.

No koma Guds englar med helsing i sky.

Guds fred og velsigning dei bjoda.

No stig ifrå jordi ein helgasong ny,

som skal gjennom himmelen ljoda:

Guds fred og vel møtt,

du barn som er født!

Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Til frelsa den fyrste er kåra og krynd

og komen til løysing og lukka

for menneskeborn som er fødde i synd

og alt uti vogga må sukka.

Guds fred med dei små

som honom fekk sjå!

Vår fredsfyrste høgt vere lova!

I djupaste mørker vart himmelen klår,

då stjerna av Jakob seg viste.

I hardaste vetter det grønkar av vår,

og fagraste knupp spring av kviste.

Guds fred og god jol

med sumar og sol!

Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Der ute er jordi så isande kald

og trei stend svarte i skogen.

Men Isai stuv, som til frelsa er vald,

skyt livskvisten fager og mogen.

Guds fred med den tein

av grønkande grein!

Vår fredsfyrste høgt vere lova!

No stjerna frå Betlehem lyser om land

frå høgsal til armaste hytta.

Det ljosnar så vent over dalar og strand

der inn hennar strålar få glytta.

Guds fred over mold!

Vår sol og vårt skjold,

Vår fredsfyrste høgt vere lova!

No ljodar ein lovsong frå alle Guds born,

på alle folks tunger dei kveda.

Så vide som klokkone tima frå tårn,

stig tonar av hugnad og gleda.

Alt kling som i kor:

Guds fred over jord!

Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Lat gjetordet ganga frå grend og til grend,

så vida som tunga kan mæla,

om Sonen som er oss frå himmelen send

all verdi til siger og sæla!

Syng ut i kvar bygd:

Guds fred ifrå høgd!

Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Den freden meg fylgje frå vogga til grav,

meg hugge i såraste suter!

Så seier eg når eg frå verdi fer av

og døyande hovudet luter:

Guds fred og farvel!

No sovnar eg sæl.

Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Page 4: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 4 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

No koma Guds englar og Kling no klokka av

Elias Blix er to viktige og store julesamlar i

kyrkja vår.

Vi syng salmane, men tenkjer sjeldan over kva

teksten tyder og fortel oss.

Det kan vera nyttig med ei tekstforståing av No

koma Guds englar med helsing i sky, skriven i

1870 og gjort kjend i julenummeret av Svein

Urædd.

I talande naturbilete vert himmel og jord knytte

saman, noko som er typisk for mange av Blix sine

tekstar.

Tema er: Om å tola motgang. Salmen spelar på

kontrastane i menneskelivet. Fredsfyrsten skal

vera lova frå vogga til grav.

I dei fire fyrste versa fortel og skildrar Blix det

som hender ved juletid.

At Guds englar kjem med helsing i sky, er som

henta rett ut or juleevangeliet.

Bruken av det enkle ordet ”no”, gjer det

nærverande.

Omkvedet ”Vår fredsfyrste høgt vere lova” vert

teke opp att i kvart einaste av dei åtte versa. Med

dette vert vi minna på at fredsfyrsten er sendt oss

frå Gud.

”Til frelsa” er stikkordet i andre verset.

Bakgrunnen er menneska sin tilstand av synd.

I tredje verset vert vi minna på kontrastane

myrke/ljos og kulde/varme.

Ja, diktaren skriv: ”Guds fred og god jol med

sumar og sol”

Vidare nyttar Blix målande bilete av ei

knoppskyting som fører fram det nyfødde barnet,

våret som kjem og livet som skyt fart.

I vers fem og seks er framleis ”ljos” og ”fred”

sentrale ord. Versa tek til med ”no” og fortel oss

at bodskapen er aktuell her og no.

Jesus er framom alt fredsfyrsten. I vers 7 vert vi

minna om misjonsbodet,- ”Lat gjetordet ganga frå

grend og til grend”.

Sigeren over døden finn vi att i vers 5 i orda:

”Guds fred over mold”.

Og i det siste verset vert det så drege ei line ”frå

vogga til grav”.

Elias Blix er i si samtid dristig i valet av melodi.

Han nyttar ein folketone som i folkeleg song er

knytta til ein tekst av Petter Dass. Fyrst i salme-

og koralbøkene, som kjem på 1920 talet, er det

semje om å bruka folketonar tilo salmar.

Det er utruleg kor mykje diktaren får sagt i denne

salmen.

Eg har berre teke med eit lite utdrag og eg har

ikkje sagt noko om ordval, seiemåtar og bruk av

rim.

Les teksten nøye og du vil finna ein innhaldsrik,

konsentrert og mektig julesalme.

I Nors salmebok er julesalmen tidfesta med to

årstal, 1870 og 1875.

Det er kjend at No koma Guds englar vart sungen

i Lårdal i Tokke 1. juledag 1884. Dette vart gjort

av prosten utan landsmåls-godkjenning.

Statsråden var faktisk Elias Blix, diktaren sjølv.

Seinare har salmen vore nytta i mange kyrkjerom

og av mange kor og songlag.

Vårt eige kor, Røysterett for alle, har salmen med

på framføringane sine i adventstida og på

julekonsert i Uskedal kyrkje.

No koma Guds englar – eit formfullendt vitnemål

om det store ljoset og den jublande gleda frå

julenatt.

Ved Kristian Olav Bringedal

Page 5: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 5 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Dei 11 bilane til Fridtjof Av: Ola Matti Mathisen

Aslaug Lyse i det spesiele ”motormuseet” i

garasjen på Solheim.

Dei historisk interesserte og som hugsar

godt veit at Aslaug og Fridtjof Sunde

starta Solheim Pensjonat i 1956. Det færre

er kjent med er bakgrunnen til Fridtjof

både som sjømann og bilentusiast. Då han

gjekk i land i 1928 som 24-åring hadde

han vore innom 17 land og det heldt fram

med å skje mykje på stutt tid. Året etter

vart han gift med Aslaug Døssland og

same året vart han den første som tok til å

køyra bil i Uskedalen.

Chevroleten vekte ein viss oppsikt, for eigentleg

var det ikkje tillete å køyra fordi vegen frå

Løfallstrand til Herøysund ikkje var open for

biltrafikk. Og mellom Løfallstrand og Utåker var

det 40 grinder!

Men for gründaren på Nausthaugen skulle livet i

stor grad bli livet bak eit ratt. Faktisk eigde og

køyrde han 11 bilar gjennom livet fram til han

gjekk bort i 1983 som 79-åring og ved stor hjelp

av dottera Aslaug og hennes mann Henrik har vi

sett nærare på Fridtjof sitt bilforbruk.

Lista fortel framfor alt at han var svak for

amerikanarar og difor var det eit sidesprang til

Volga i etterkrigstida. Men den russiske bilen

hadde han i minst 4 år.

-Fridtjof var utadvendt og glad i folk. Han var

også samfunnsbevisst og var mellom anna med

og starta det private vassverket, seier Aslaug og

Henrik. Dei har lagt stor vekt på å ta vare på

minnene etter gründaren og kan vise fram

forskjellige gjenstandar som gjer Solheim til eit

lite transportmuseum.

Eit poeng som var typisk for Fridtjof Sunde var at han

hadde ein konkurrent eit lite steinkast unna, men han

og Bjarne Myklebust var gode vener gjennom heile

livet.

I tillegg til vanleg drosjekøyring hadde Fridtjof

postkøyringa opp til Fjellandsbø og også køyringa for

Telegrafverket. Den gongen var det ikkje køyring av

skuleborn.

Bilen som Fritjof hadde til einkvar tid var å rekna

som ein av ungane hans. Då han skulle ut i oppdrag,

reingjorde han bilen før han la seg.

Page 6: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 6 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Chevrolet 1923-modell, kjøpt

1929, første bilen i

Uskedalen, fotografert ved

Sundes barndomsheim. Sjåfør

er Fridtjof sjølv og foran ved

sjåføren sit Edith Kindt. Bak

fru Kindt den eldre sammen

med ukjent passasjer

Chevrolet 1930, fotografert

ved Døssland.

Samme bilen, fotografert på

Kaldestad.

Page 7: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 7 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Lastebil, A-Ford, modell

1928/1929, kjøpt i 1935,

vart nytta til køyring av

trelast for Uskedal

trelastlager- Vart også nytta

til Transport av jernbjelkar

frå Beinavikjo kai til den

nye skulebrua i 1936. Felles

transport saman med Bjarne

Myklebust. Fritjof måtte

rygga heile vegen på grunn

av lengda på bjelkane.

Biletet teke etter

okkupasjonen i 1940, men

lastebilen vart ikkje

beslaglagd av tyskarane,

seld til Norheimsund.. Til

høgre : Studebaker 1937-

modell, kjøpt året etter.

Kjørt fram til krigen av

Johannes Sunde, omgjort til

7-seter, beslaglagd av

tyskarane.

Same bil, legg merkje til

blending på lykter. Jenta er

Torhild, syster av Aslaug,

født våren 1939.

Studebaker 2, kjøpt like etter

krigen.

Page 8: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 8 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Dodge 1946, behalde fram

til 1952

Plymouth Crombrook,

produsert i Canada, 1951-

modell, fotografert i

Rosendal, kjøpt 1952, seld

til Karmøy 1962. Staseleg

bil, eigaren kvitta seg med

den med tårer i augo.

Plommeraud, taket vart

seinare måla kvitt. Berre

Olav Guddal fekk lov til å

køyra han utanom eigaren.

Olav køyrde brudeparet

Torhild og Erling med bilen

i 1961.

Volga 1960-modell, kjøpt i

1962 og seld i 1966.

Page 9: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 9 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Chevrolet (Chev Malibu) kjøpt 1966 som ny, bytta i ny Chevrolet 1970 (som vart den siste drosjen) her fotografert ved

kyrkja i samband med vigsla til Aslaug og Henrik i 1967, Fridtjof opnar døra.

Chevrolet 1970, siste drosje, seld 1973. Fridtjof kjøpte seg så ein Toyota med automatgear. Det vart den siste bilen hans.

Diverse minner etter Fridtjof

Page 10: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 10 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Intervju med Børsdalsnissen Av: Tina B. Eik, Sunniva E. Myklebust og Ingeborg H. Bjørnebøle

Børsdalsnissen med

trekkspel.

Dei fleste i Uskedalen, både store og små, har sikkert møtt

Uskedal sin eigen nisse, Børsdalsnissen. Men, veit vi så

mykje om han? Vi bestemte oss for å spørja han skikkeleg ut.

Gjennom 20 spørsmål kjenner vi nå Børsdalsnissen mykje

betre. Håpar vi treff på han når det nærmar seg jul i år og.

Kos dåke med intervjuet!

Page 11: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 11 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Børsdalsnissen har fått grauten sin.

-Kvifor er du julenisse?

-Fordi det gler meg å sjå at born og vaksne likar og set

pris på Nissen.

-Korleis blei du julenisse?

-Nissen er berre nissen. Det er noko du er og held

fram med så lenge det er interesse og at nokon spør

etter nissen.

-Kva er det dei fleste ønsker seg til jul?

-Borna ynskjer seg spel og sportsutstyr.

Dei vaksne ynskjer seg snille born og ei god og trygg

framtid.

-Kva gjer du når det ikkje er jul?

-Då er eg heime med nisseungane og førebur neste jul.

-Finst det ein nisseskule?

-Ja, det finst nisseskule i Finland og i Danmark.

Ein gong hadde eg tilbod om å få vera med på

nissesamling i Danmark, midt på sumaren. Det passa

ikkje meg.

-Kva lærer de der?

-Dei lærer om korleis ein skal oppføra seg og det å

kunna snakka på ein god måte til alle born.

-Har du noko kjæledyr/dyr?

-Nissen sine dyr er mus og reinsdyr

Berre tenk på Prøysen si Musevise.

-Kven er du i familie med?

-Alle nissane er i slekt, men den næraste familien er

nissakono og nissungane.

-Korleis kjem du gjennom pipene?

-Eg brukar ikkje å koma gjennom pipa, men går med

kjelken min fram dit eg skal.

Eg går varsamt rundt huset der eg ser det er ungar.

Gjer meg synleg ute og ungane kjem i glaset og

undrar seg.

Så bankar eg forsiktig på døra og spør om det er snille

ungar her i huset.

Page 12: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 12 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Vil vi finne Børsdalsnissen ved den flotte grana i år og?

Så spør eg etter foreldra, sysken, besto og bessen.

Nissen veit og om nokon har mista nokon av sine

nærmaste dette året. Då kan det vera trøyst å få.

-Korleis kjem du deg fram på julaften?

-Då går eg, men likar å få skyss med hest og slede.

På kjelken ( krubba ) og i sekken har eg pakkane.

-Kva trur du om framtida til julenissen?

-Nissen vil alltid ha ei framtid så lenge born og

vaksne tek vare på kulturarven, fantasien, det å kunna

undra seg og bruka tid på forteljing og opplesing av

eventyr og segner.

-Klarer julenissen seg utan mobil? Korleis

-Kor lenge i soga har vi hatt mobiltelefon, tru ? 20 –

30 år. Nissen har vore til lenge, lenge før det.

Treng ikkje moderne utstyr for å vera nisse.

Nissen føler på seg og veit kva som skjer.

-Kva syns du om dagens ungar?

-Borna er snille, fantasifulle og finn på mykje positivt.

Mange er flinke på skulen. Mange går i kulturskulen, i

idrettslaget og på Bedehuset. Alle sunne og gode

aktivitetar fører til noko positivt.

-Har du ull innerst på julaften?

-Nissen må ikkje frysa. Difor kler han seg med gode

ullunderkle, ullgenser og ei tjukk vadmeldsbuka

ytterst. -Koster det deg noko å gje presangar?

-Det skal ikkje kosta noko, berre arbeid. Til det har eg

god hjelp frå Nissakono og ungane mine.

-Kor får du pengane frå?

-Nissen har ikkje og brukar ikkje pengar.

Det heiter naturhushald når ein ikkje treng driva med

kjøp og sal.

-Har du elles nokre gode råd om korleis vi skal kle

oss når det er kaldt?

-Alle må kle seg i gode strikkaplagg, laga av ull og

bomull. Alle må ha ei god strikkahua på hovudet.

-Kva er yndlings songen din?

-Alf Prøysen sin Julekveldsvise.

Elles likar eg godt Elias Blix sin julesalme: No koma

Guds englar med helsing i sky.

-Spelar du noko instrument?

-Ja, eg spelar trekkspel.

-Driv du med noko sport?

-Ikkje anna enn eit aktivt friluftsliv, går tuar i fjellet

og ror færingen min når eg skal til Skorpo.

Page 13: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 13 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Page 14: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 14 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

DIN LOKALE LEVERANDØR

TELEFON 53 48 61 01

HUSNES STORSENTER - Tlf. 53 47 16 08

Vi ynskjer alle våre kundar og leverandørar ei riktig god jul og eit godt

nytt år. Vi takkar for alle oppdraga i året som snart er til endes.

Stian Haugland tlf. 95 78 48 08

Tor Ove Haugland 90 51 14 71

Arne Johs. Haugland tlf. 95 78 62 39

Page 15: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 15 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

TI OM JULA Av: Ingeborg H. Bjørnebøle, Sunniva E. Myklebust og Tina B. Eik

Spørsmål:

- Kvifor gleder du deg til jul?

- Kva ynskjer du deg til jul?

Inger Lise Voll

-For då skal eg

kosa meg med

familien.

-Fint ver!

Ann-Kristin

Huke

-Masse gode

fridagar, vera med

familien og kosa

seg.

-Nye ski og å få

kosa meg med

familien min.

Solbjørg

Musland

-Håper på fint ver

og snø og vera

saman med

familien.

-At alle er friske.

Thomas Eide

-Masse god mat

og pakkar.

-Kler.

Asbjørn Olsen

-Mykje fri.

-CD.

Øyvind Sture

-Samla familien.

-Veit ikkje.

Sveinung Bauge

-Samla familien.

-Veit ikkje.

Simen Meling

-Samla familien.

-Veit ikkje.

Jens Haugse

-Då kan eg vera

heime med

familien.

-Fred og ro.

Mona Voll

-Vera med

familien.

-Veit ikkje.

Brekketoppen, 5463 Uskedalen

Vakttelefon 926 40 546 - Tlf: 53 48 63 22 Bilutleie

Understellsbehandling

Viking/NAF redningstjeneste

Sal av Tysse-tilhengarar

Leverar blomar til alle anledningar.

Velkommen inn – eller ring og bestill.

Page 16: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 16 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Seks politikarar om Uskedalen

Over er uskedelingane samla ved Rådhuset: Magne Huglen og Jostein Grov frå Arbeidarpartiet,

Kjell Yri frå Venstre, Eskil Moen frå Framstegspartiet, Elin Legland frå Senterpartiet og

Gunn Mari Moberg frå Høgre (Foto: OlaMatti Mathisen)

Dei nyvalde set skulen først.

Uskedalen har fått 6 representantar i

det nye komunestyret og ein skal

langt attende i førre århundre for å

finna like stor representasjon frå vår

bygd.

Men kva kan ein venta av dei?

Kva vil dei prioritera i perioden som

kjem?

Uskedalsposten har spurt dei og det

er ingen tvil om at skulen kjem først.

Trafikksikring og opparbeiding

av Børnes er dei andre mest sentrale

oppgåvene.

Høgres Gunn Mari Moberg har dette

svaret på spørsmålet.

1. Vi må få Uskedal oppvekstsenter i godkjent stand.

Skulen vår er ikkje i godkjent stand i dag. Den står

øverst på prioriteringslista til kommunen, så vi må

arbeida for at det vert starta opp arbeid her.

Barnehagen driv utan godkjent kjøken. Nytt godkjent

kjøken må prioriterast.

2. Trafikksikring. Gangveg frå sentrum til Børnes

industriområde.

3. Opparbeidd og tilrettelagt Børnes industriområde.

Andre viktige saker er å få offentleg badestrand i

sentrum av Uskedalen, midler til å vidareutvikla

Kvinnherad Vekstbedrift og få fjerna (lagt i jord)

luftlinja frå Ospelund til sekundærstasjonen.

Ellers så oppmodar eg bygdafolket til å ta kontakt

med og bruka politikarane frå bygda

Page 17: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 17 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Senterpartiets Elin Legland skriv slik

om partiet sitt arbeid:

Det er ikkje lenge sidan valet, og vi har bare såvidt

"rodd fjorden" når det gjeld arbeidet med programmet

vi gjekk på val til. Heilskapen i programmet

Senterpartiet har for Kvinnherad i dei 4 åra som kjem,

ligg på nettsidene våre:

www.senterpartiet.no/kvinnherad.

For Uskedalen er skule, trafikksikring og næring dei 3

viktigaste hovudområda for dei kommande 4 åra.

Desse er grunnsteinar og vil kunne stimulere vidare til

utvikling innan busetnad, fritid og lokalengasjement i

bygda vår. Næring er sentral. Det er næring som

skapar verdiar vi kan skape samfunn av; busetnad,

oppvekstmiljø, fritid og trivsel.

Skule

Uskedalen Oppvekstsenter ligg inne i

langtidsbudsjettet med midlar om rehabilitering då

skulen i dag ikkje er godkjend. Senterpartiet vil vere

med å sjå til at desse midlane vert brukt til

rehabilitering snarast.

Kvinnherad Kommune kan gje etter- og

vidareutdanning av pedagogisk personale. Staten

dekkjer 40% av kostnaden, kommunen dekkjer 40%

og lærar sjølv dekkjer 20%. Dette er ei super ordning,

og Senterpartiet ønskjer at fleire frå Kvinnherad skal

kunne ta del i denne ordninga.

Vidare ønskjer Senterpartiet å arbeide for at det vert

sett av meir midlar til utstyr og læremidlar i skulen.

Det vart sett inn auka midlar for 2011, og dette bør

halde fram.

Trafikksikring

Senterpartiet har vore med å ta initiativ til å rullere

trafikksikringsplanen for Kvinnherad. Ein oppdatert

og god plan trengs for investeringar og søknader om

sentrale midlar til bygging av mellom anna gong- og

sykkelsti. For 2011 har det vore øyremerka 330

millionar kroner til gong- og sykkelveg. Det er råd for

bedrifter, organisasjonar og offentlege etatar å søkje

Transnova om midlar til tilretteleggjing for syklistar.

Senterpartiet har samferdselsminister, og når vi frå

lokallaget møter sentralpolitikarane tek vi opp lokalt

viktige saker. Midlar til tafikksikring er ei av dei

sakene.

God trafikksikring sparar liv, og kan vidare bidra til

mindre bilbruk, mindre forureining og betre

folkehelse.

Næring

Trygg, solide arbeidsplassar er med på å få folk til å

busetje seg i nærmiljøet. Senterpartiet ser at heile

spekteret av arbeidsplassar er viktig. Vi treng jordbruk

og fiske, vi treng industri og produksjon og vi treng

servicenæringane våre. I Uskedalen har vi alle desse.

Senterpartiet vil ha meir norsk jordbruk, enklare vilkår

for mindre bedrifter, betre ordningar for sjølvstendig

næringsdrivande og sterke støtteordningar for

miljøvenleg produksjon og flytting av offentlege

verksemder til distrikta. Kvinnherad Senterparti

ønskjer å sikre eksisterande næringsliv i Uskedalen,

og vere med på å auke antal arbeidsplassar i bygda. Vi

ønskjer å vere ein samarbeidspartnar for næringslivet i

bygda, og ta aktuelle problemstillingar opp og fram i

Kommunestyret, på Fylketstinget, i Stortinget og til

Regjeringa.

Uskedalen Utvikling gjer eit kjempearbeid med å ha

ein arena som ivaretek interessene i bygda, og

Dialogforum løfter fram saker og får dei debattert

blant bygdafolk. Lag og organisasjonar legg ned

mykje dugnadsarbeid og byggjer ei fellesskapsånd, eit

engasjement og eit fritidstilbod som gjer bygdelivet

verdifullt for store og små. Det som måtte vere av

utfordringar og ønskjer vil vi politikarar gjerne bli

orientert om for å kunne bidra til å halde oppe, og

gjerne styrke, trivselen i Uskedalen. For Senterpartiet

er det slike bygdesamfunn som ber nasjonen vår,

kulturen vår og framtida vår.

Jostein Grov frå Arbeidarpartiet

svarar slik på spørsmålet om

prioritering for Uskedalen i nærmaste

periode:

• Trafikksikring

• Oppgradering/renovering av skulen

• Ljos til Beinavikjo

• Sentrumsplanen-stadanalyse

• Vidareutvikling av Børnes industriområde

• Uskedalen som besøksmål knytt til Folgefonn

Nasjonalpark

Framstegspartiets Eskil Moen

prioriterer slik:

1.Renovasjon/opprustning av skolen

2. Gang- og sykkelsti fra brua til Børnes

3. Opparbeiding av næringsareal på Børnes

Page 18: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 18 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Rehabilitering av Uskedalen skule er ei viktig sak for politikarane frå Uskedalen. Det er denne delen av skulen som skal

rehabliteras.

Venstres Kjell Yri svarar slik på

spørsmålet. Skal ivareta heile Kvinnherad

Som folkevalt til kommunestyret, er ein valgt for å

ivareta heile Kvinnherad kommune.

Åkra og Fjelberg er like viktige som Uskedalen.

Når det er sagt kan eg ikkje leggja skjul på at eg har

eit spesielt vakent auga for den bygda eg er fødd og

oppvaksen i.

Uskedalen er ei bygd som klarar seg bra. Vi har hatt ei

jevnt bra folketalsutvikling, vi har ein god butikk, vi

har ein god skule, vi har gode bedrifter og vi har eit

blømande lagsliv.

Svært mykje dugnadsarbeid vert lagt ned, og dette er

ein av dei viktige berebjelkane for at folk skal trivast i

Uskedalen.

Det er mykje som skulle vore gjort av kommunen i

vår bygd, men her er mi rangering:

1. Stå ved lovnaden om opprusting av Uskedal skule.

Skulen er pr dags dato ikkje godkjent av

helsemyndighetene. Skulen er ein stad der borna våre

oppheld seg store deler av dagen. Difor må forholda

vera i tråd med det som er kravet. Ein må ikkje

risikera helseplager grunna dårlege bygningsmessige

forhold på skulen. Vi har Aktivitetshuset og vi har

Grusbanen. Dette er verdfulle anlegg som etter kvart

bør inngå som ein kommunal del av skuleanlegget.

2. Trafikksikring.

Gong og sykkelveg til Steinsletto, og gatelys fleire

stader i bygda. Trygg veg for dei gåande er ein av dei

viktigaste miljøfaktorane. Samstundes fremjar det

folkehelsa.

Etter fleire som går og held seg i form, etter ferre

treng plass på sjukehus og sjukeheim. Ikkje minst

møter ein andre gåande og opplever positive møter.

3. Børnes Industriområde og Børnes kai.

Tilrettelegging av næringsareal er svært viktig for

utviklinga. Nye bedrifrter skaper nye arbeidsplasser.

Dette gjer igjen at folketalet aukar, og vi kan

oppretthalda skule og andre servicetilbud i bygda.

Andre saker som og er veldig viktige for bygda vår er

å oppretthalda brannstasjonen i Uskedalen. Revidering

av kommunedelplan og planlegging av Uskedalen

sentrum er og ei heilt nødvendig sak i den kommande

fireårsperioden.

Page 19: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 19 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Gang/sykkelveg fra Uskedal brua til Børnes er ei viktig sak.

Magne Huglen frå Arbeidarpartiet

svarar slik på spørsmålet om

prioritering for Uskedalen i nærmaste

periode:

Dei tre viktigaste sakene for Uskedalen:

1. Rehabilitering av Uskedalen skule

2. Gang/sykkelveg Uskedal bru/Børnes

3. Børnes industriområde

Dette er punkt som fleirtalskoalisjonen har med i

sin avtale som spesielt gjeld Uskedalen. Utbetring

av Uskedalen skule ligg inne i langtidsbudsjettet,

og skal koma igang i 2012. Dette er eit prosjekt

med høg prioritet.

Gang/sykkelveg har og vore prioritert, men ei ny

gjennomgang av trafikksikringstiltak som no

pågår, kan kanskje forskyva denne prioriteringa.

Me politikarar må heile tida vurdera tiltak i heile

kommunen opp mot einannan.

Tilrettelegging av Børnes industriområde er ei

viktig investering for heile kommunen, og vil på

sikt styrkja økonomien for kommunen.

I tillegg vil eg nemna at vegljosa frå Uskedal Bru

langs Kjerlandsvegen bør forlengast med 2-3

vegljos fram til Dønhaug Gardsbarnehage. (Helst

også forbi Myklebustsvingen.) Dette burde vore

på plass i samband med opprettinga av denne

barnehagen.

Ei evt. kommunal overtaking av Aktivitetshuset

kan og vera ei viktig sak for bygda, dersom

styret/luteigarane i Aktivitetshuset ynskjer det.

Kvinnherad kommune går truleg inn i ein

vanskeleg økonomisk periode, med større

økonomiske utfordringar for kvart år. Dette vil

sjølvsagt leggja føringar for både investeringar og

drift. Den største utfordringa for oss politikarar

blir å skaffa oss nok inntekter og /eller redusera

utgiftene nok, slik at budsjettet balanserar. Dette

vil sjølvsagt vera avgjerande for kva

handlingsrom politikarane har til gjennomføring

av gode tiltak for innbyggjarane.

Page 20: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 20 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Mykje brukt i over 28 år

Dette intervjuet vart

laga for 3 år sidan av

redaktør Tomas

Bruvik i

Kvinnheringen.

Inger Lise og Dagny Haugland.

Inger Lise synes det er så kjekt når

ungane kan komma inn og kjøpa seg

noko godt for 1 krona.

(Foto over Tore Mathiesen

Til høgre Kvinnheringen)

I vel 25(no 28) år har Inger Lise

Eidsvik drive bruktbutikk i

Uskedalen.

Det er no rett over 25 år sidan Inger Lise

Eidsvik starta bruktbutikk i det gamle bakeriet

på Geilo i Uskedalen. Sidan har ho flytta

på seg eit par gonger, og no held ho til ved

riksvegen midt i Uskedalen. For 25 år sidan

dreiv ho rein bruktbutikk, men for 15 år

sidan gjekk ho over til å selja ein del nytt òg.

Då butikken opna i 1983, skreiv Kvinnheringen

at det var opna ein bruktbutikk i Uskedalen.

Ho fekk då mykje skryt for at det

endeleg var nokon som ville satsa på sal av

brukte gjenstandar. At butikken skulle halda

det gåande så lenge, trudde ikkje ein gong

den då 45 år gamle Inger Lise Eidsvik.

No er ho fylt 70 år (no 73 år), men ser ikkje ut til å

vera ein dag over 60.

– Helsa er utruleg viktig. På alle desse åra

har eg berre vore vekke i rundt tre veker i to

periodar for å ordna litt på hoftene.

Elles har eg vore stort sett frisk, fortel butikkdama.

Heilt sida ho var lita, elska Inger Lise å

jobba i butikk. I barndomen leika ho butikk,

men draumen var å kunna driva sjølv. Og det

å jobba i butikk er like kjekt som det ho

hadde håpa.

– Både for meg og kundane er det sosiale

viktig. Det å kunna helsa på folk og ta seg tid

til ein prat – det er det ikkje mogleg å gjera i

så mange butikkar i dag, meiner Inger Lise.

– Alt for få faktisk, legg ho til.

Kontroll Om det kanskje er noko kaotisk i butikken,

har butikkeigaren full kontroll over alt ho

har.

Når det gjeld antikvitetar og brukt utstyr,

er alt nummerert og sirleg skrive ned. Totalt

7085 personar har så langt levert inn utstyr.

I butikken kan du finna alt frå gamle skrivemaskiner,

bøker, hyller, kjørel, gamle kister,

måleri, videoar, ja alt du kan tenkja deg i

grunnen.

Page 21: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 21 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Inger Lise og Bjørg Olaug. (Foto Tore Mathiesen) Vinduslutstillingen i Krambua- Julebua.(Foto Tore

Mathiesen)

I løpet av dei 28 åra har ho reist mykje og

henta brukt utstyr. På mange av turane har

svigerdøtrene Nina Rød og Valborg Sjøwall

vore med. Særleg har Nina vore med svigermora

på mange turar.

– Det er heilt utruleg kva ho har vore

nøydd til å vera med på, seier Eidsvik.

Ein heilt spesiell episode kramdamo hugsar,

er då ho og Kirsten Rød skulle henta ut

ein del brukt utstyr frå det gamle posthuset i

Herøysundet.

– Der var det rimeleg farleg å gå, og mest

alt av utstyr som vi skulle henta var ete på av

mink. I tre etasjar hadde minken gått heilt

berserk, minnest Inger Lise.

Sommaren Butikken har mange stabile og god kundar

frå Uskedalen og elles i kommunen, men rik

blir ho ikkje av jobben.

Sjølv om det no nærmar seg den fine juletida,

drøymer Inger Lise om sommar og sol.

Særleg med omsyn til butikken.

Sommaren er verkeleg høgtid med alle

båtturistane som kjem til bygda.

– Faste turistar kjem innom kvar gong dei

er her, det er berre så utruleg triveleg. Då er

det verkeleg fart her. Dei er så fantastiske

desse turistane. Dei kjem innom og seier dei

er så glade for å ha butikken her. Sommaren

er høgtid, utan tvil.

25 år på baken med butikk i Uskedalen er

ikkje nok for den driftige dama.

– Nei no har eg halde på så lenge at eg

ikkje kan gje meg med det første. Så lenge

helsa held, blir eg ein del år til

Litt av utvalget i Krambua – Julebua (Foto Tore Mathiesen)

Page 22: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 22 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Kva for ein julebrus er best? Av: Ingeborg H. Bjørnebøle, Sunniva E. Myklebust og Tina B. Eik

Nissen er ofte brukt i

reklame for brus. Nissen er

mykje brukt i Coca Cola

sine reklamekampanjer før

jul.

Det var seks ulike

julebrusar som blei testa

og fikk ternigkast av

Testpanelet i

Uskedalsposten sin

uhøgtidlege julebrustest.

Foto Ola Matti Mathisen

Redaksjonsmedlemmar i Uskedalsposten

var testpanelet som foretok ein

uhøgtidleg test av julebrusane i butikken i

Uskedalen. Nokre frå heimtraktene til

redaktør Ola Matti Mathisen.

Dei ”lokale” variantane fekk tøff

konkurranse med julebrusen frå

Hamar/Lillehammer.

Spar sin julebrus: Sunniva:

Masse skum. Søt. Kjedelig og lite farge på design.

Terningkast 4

Tina:

Skummande og søt. Ikkje noko spesiell

design.Terningkast 4

Ingeborg:

Søt. Kjedelig designTerningkast 4

Hansa sin julebrus: Sunniva:

Sterk raudfarge, beisk. God men ingen favoritt. Masse

farge på dekoren. Terningkast 3.

Tina:

Sterk raud, beisk. Smaka maling så ingen favoritt! Fin

dekor og fargerik.Terningkast 2

Ingeborg:

Søt. Kjedelig dekor. Terningkast 3

Page 23: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 23 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Testpanelet i djup konsentrasjon for å kåre vinnaren av Uskedalsposten sin uhøgtidlege julebrustest. Foto Ola Matti

Mathisen

Hamar Lillehammer julebrus: Sunniva:

Gråbrun farge, masse kulsyre. Søt, smaker

champagne. Masse kuler farger på

dekoren.Terningkast 5.

Tina:

Lys brun farge. Meir kulsyre. Søt. Champis. Fargerik,

kul og fin dekor. Terningkast 5.

Ingeborg:

Søt lukt og mykje kulsyre. Masse fine og kule farger

på dekoren. Terningkast 5.

Lerums julebrus: Sunniva:

Lys raud farge, kunstig smak. Lite smak i slutten.

Koselig dekor på flaska. Terningkast 4.

Tina:

Lys raud, ikkje mykje smak, søt og god lukt. Koselig

men vanleg dekor. Terningkast 3.

Ingeborg:

Hadde ikkje så mykje smak. Koselig og vanleg dekor

på flaska. Terningkast 3.

Hansa, glasflaske Sunniva: Masse lyd når du tømer av flaska. Smkafull

og søt. Terningkast 4.

Tina: Luktar meir og har meir lyd enn plastflaska.

Meir smak enn plastflaska, søt. Terningkast 4.

Ingeborg: Skummande men ikkje så mykje kulsyre.

Søt. Terningkast 4.

Hamar Lillehammer julebrus, glasflaske Sunniva: Masse skum, masse smak og søt.

Terningkast 6.

Tina: Kulsyre, søt. Litt sur champ. Søt. Terningkast 5.

Ingeborg: Skum og kulsyre. Søt.Terningkast 5.

Som vi ser så kjem Hamar Lillehammer sin julebrus

best ut i testen. Og glasflaskebrusen slår

plastflaskebrusen. Kva vert din favoritt?

Page 24: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 24 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Jule- og nyårstradisjonar Av: Tina B. Eik, Sunniva E. Myklebust og Ingeborg H. Bjørnebøle

Vi har mange tanker om korleis jula,

romjula og nyttårsfeiringa skal vera. Vi

feirar denne tida på ulike måtar. For å finna

ut kva vi born i Uskedalen tenkjer om

denne høgtida, har vi spurt ein elev i kva

klasse på skulen vår.

Det vi trygt kan sei er at alle gleder seg og

har forventningar til jula og fridagane i

samband med jula.

Fredrik 1. klasse -Kva er det viktigaste med jula?

-Pakkane.

-Kva gjer familien din på julekvelden?

-Veit ikkje heilt.

-Går du på juletrefest?

-Nei, ingen.

-Kva et du på julaften?

-Pinnakjøt.

Celine Musland 2. klasse -Kva er det viktigaste med jula?

-Å få pakkar.

-Kva gjer familien din på julekvelden?

-Snakkar saman.

-Kva et du på julaften?

-Pinnakjøt.

-Går du på juletrefest?

-Ja.

-Kva juletrefestar?

-I gymsalen i Uskedalen.

Silje Soldal 3. klasse -Kva er det viktigaste med jula?

-Snø!

-Kva gjer familien din på julekvelden?

-Då opnar vi julepakkane.

-Går du på juletrefest?

-Ja.

-Kva juletrefestar?

-Ein på Husnes.

-Kva et du på julaften?

-Pinnakjøt.

Page 25: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 25 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Thea Taranger 4. klasse -Kva er det viktigaste med jula?

-Å kosa oss.

-Kva gjer familien din på julekvelden?

-Opnar pakkar og et god mat.

-Går du på juletrefest?

-Ja av og til.

-Kva juletrefestar?

-Den på Dønhaug.

-Kva et du på julaften?

-Pinnakjøt.

Jaran Jensen Eide 5. klasse -Kva er det beste minnet fra nyttårsafta?

-Rakettskyting!

-Kven feirar du nyttårsafta med?

-Familien min og av og til Ole Eik sin familie.

-Kva plar du gjera i romjula?

-Stå på ski og ake.

-Kva julegodteri likar du best?

-Alt unntatt marsipan!Og julekaker.

Veslemøy Haugland 6. klasse -Kva er det beste minnet fra nyttårsafta?

-Rakettar og det å vera med familien.

-Kven feirar du nyttårsafta med?

-Familien og vener av familien.

-Kva plar du gjere i romjula?

-Vera med familien og eta god mat.

-Kva julegodteri liker du best?

-Julemarsipan og julekaker.

Karen Pedersen Brede 7. klasse -Kva er det beste minnet fra nyttårsafta?

-Då vi var på hytta til tante og dei. Då laga vi

vulkan av is. Vi laga iskuler og bygde dei til

vulkan. Så satte vi rakettane rundt.

-Kven feirar du nyttårsafta med?

-Familien.

Kva plar du gjera i romjula?

-Eta god mat og kosa oss og ser på gåvene.

-Kva julegodteri liker du best?

-Snopet eg får i julesokken.

Page 26: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 26 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Dagens bruk av pc og mobil Av Marit Inga Tråvik Sture

Marit Inga Tråvik Sture ved bærbar pc og mobil.

Det er inga tvil om at bruk av pc og mobil har blitt ein svært populær fritidssyssel dei

siste tiåra. Dei fleste som har si eiga datamaskin, brukar den fleire gonger om dagen.

Det er ikkje alltid berre èin pc det er snakk om! Mange har 2-3 pc'ar tilsaman som

prydar stovebordet, kontoret og kjøkkendisken. I tillegg er det mange ungdommar som

har med seg datamaskina si på skulen, der den slett ikkje alltid blir brukt til berre

skulearbeid. Den auka bruken av pc og mobil er noko forskarane lenge har diskutert og

vurdert, og resultata dei har kome fram til er sjokkerande for mange. Folk har blitt

sjuke, mobbing har blitt mykje meir vanleg og så vidare. I dag spør vi oss sjølve; kva er

det teknologien eigentleg gjer med oss menneske og korleis kjem dette til å utvikla seg

i framtida?

Page 27: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 27 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Gjennom mange undersøkingar har forskarar funne ut

at bruken av datamaskin kan kome til å skade helsa

vår. Både vaksne og ungdommar kan oppleva å bli

plaga av muskel- og skjelettlidingar, augeproblem,

stress, søvnløyse og psykiske problem. Dette er dei

vanlegaste lidningane/plagane som kan oppstå grunna

den auka bruken av pc og datautstyr. Strålingane som

kjem ifrå både datamaskina og mobilen kan òg vere

farlege.

Sjølv om det aldri har blitt bevist at strålingane kan

føre til blant anna kreft, er det viktig å vere obs på at

dette faktisk kan skje. Ein bør altså vere forsiktig med

å ha pc'en for lenge på fanget eller ha mobilen for

lenge i bukselomma. Mange anbefalar òg at dei som

nyttar mobilen mykje, bør bruke øyretelefonar.

Forskning viser at barn og unge som sit foran pc-

skjermen fleire timar i strekk, og heller vel denne

aktiviteten istadenfor uteleik og liknande, blir

inaktive. Dette igjen har konsekvensar for helsa deira.

Det er t.d svært mange unge i dag som er overvektige

og får diabetes 2 grunna dette. Eit anna helseproblem

er at barn ikkje får nok søvn. Dei surfar på

datamaskina til langt på natt og får dermed ein dårleg

døgnrytme.

Helsa kjem alltid først, men det er óg svært viktig å

vere klar over korleis bruken av pc går utover

skulearbeidet. Fleire gonger om dagen blir både data

og mobil brukt på skulen, både med og utan lov. Så

lenge ungdommane har tilgong til internett, vel dei

heller å sufre på nettet enn å følgje med i timane. Dei

klarar ikkje å sitje lenge å høyre på noko dei ikkje

interesserer seg for.

Nettsider som blant anna Facebook og Twitter kan lett

øydeleggje for konsentrasjonsevna til ungdommane.

Det kan òg hende at dei ikkje forstår leksene og at dei

ikkje får, eller gidder å spørre om hjelp. Dette

resulterer som oftast i at dei heller vel å skru på

datamaskina. Dette problemet gjeld både heime og på

skulen. Når det er sagt, må vi og sjølvsagt nemna at

datamaskina kan vere eit svært godt hjelpemiddel på

skulen.

Oftast er det berre internettet, og slik det blir brukt,

som er problemet. Ved bruk av pc går skrivinga

raskare, ein får god opplæring i rettskriving og ho

kjem til god nytte når ein skal ha framføringar.

Innføring av pc i skulen har òg vore til svært god hjelp

for dei med ulike typar funksjonshemmingar som t.d

utviklingshemming, høyrselshemming og barn med

lese- og skrivevanskar (dysleksi).

Det norske skriftsspråket har endra seg svært mykje

etter at mobilen og datamaskina kom i bruk. Ein har

byrja å skriva på dialekt, med forkortingar og med

kombinasjonar av bokstavar og tal. Eit problem som

kan oppstå, er at dette nye «språket» også blir teken i

bruk når det skal skrivast stilar eller innleveringar.

Når ein først har byrja å skrive på ein bestemt måte, er

det ofte veldig vanskelig å koma inn igjen på det

«rette sporet». Dette kan igjen føre til både dårlegare

karakterar i norsk og at det oppstår eit språk som berre

bestemte grupper kan forstå seg på.

Den auka pc-bruken har ført til at vi ikkje lenger er så

sosiale som vi ein gong var.

Kjem Facebook til å bli den nye møtestaden for

ungdom? Kjem Google til å bli den nye

læringsplatformen? No for tida skjer nesten alt på

datamaskina; vi får nye venner, vi får kjærestar, vi

leser bøker, vi ser filmar og vi speler. Takka vera den

nye og forbetra teknologien, er det blitt mogleg for oss

å gjere alt dette på nettet.

Mange syns nok det å «henge» på chatte- og

datingssider er veldig spennande og morosamt, men

direkte sosialt er det ikkje. Ein kan ikkje sjå personen

ein chattar med, og ein ser ikkje noko uttrykk i hans

eller hennar ansikt. På den måten er det vanskeleg å

vite om personen verkeleg er t.d så glad eller trist som

han/ho utgir seg for å vere. Fleirtalet meinar at det må

både fysisk og verbal kontakt til for å vere sosial. Den

kontakten har ein ikkje dersom ein berre pratar saman

på nettet.

Chatting på nettet kan vere både positivt og negativt.

Ved å chatte på opne sider er det mogleg å bli kjent

med ulike typar kulturar, tradisjonar og språk. På den

måten seier vi at internett skapar ei mindre verd.

Landa i verda er altså tettare på kvarandre no enn det

dei var før.

Ei anna positiv side ved chatting er at t.d særskilte

grupper i befolkninga har tilbod om eigne chattesider

der dei kan møtast. Kanskje det er nokon som føler

seg utestengd eller innelukka, og har behov for å prate

med nokon som er i samme situasjon. Her kan ein

nemna barn som er utsatt for vold og overgrep i

heimen, ungdommar som er usikre på si eiga seksuelle

legning eller barn som blir mobba. Ei ulempe ved

chatting er at internett ikkje berre skapar ei mindre

verd, men óg stor avstand mellom folk i t.d ei lita

bygd.

Mange nyttar seg nemleg av moglegheiten til å heller

føre samtalar på pc istadenfor å møtast personleg.

Dette fører til at vi blir mindre og mindre sosiale og at

innbyggjarane «sklir» frå kvarandre. Sjølvsagt skal

Page 28: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 28 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Det kan sjå ut som om dataen har innhenta nissen

og..

Telfonen er eit viktig kommunikasjonsmiddel for

barn og unge i dag.

ein òg vere forsiktig med kven ein pratar med på

nettet. Det er slettes ikkje alle ein kan stole på. Den

neste du chattar med kan vere ein 60 år gamal mann

som utgir seg for å vere 15 år. Kanskje han overtaler

deg til å møtast, for så å gjere grusomme handlingar

mot deg.

Det blir stadig fleire barn som får mobil og pc i ung

alder. I dag er det svært vanlig at t.o.m 5.klassingar

får eigen pc til jul og eigen mobil til 10 års dagen sin.

Ungdommar og barn blir meir og meir bortskjemte, og

dei vil ha alt innan nyare teknologi; Iphone, Ipad,

Macbook osv. Foreldre brukar meir og meir pengar på

barna sine. Spesielt i ungdomsmiljøet i dag er det stort

press innan teknologi. Har du ikkje den nyaste og

beste telefonen, får du ikkje vere «medlem» av den

kulaste gjengen. Dette presset har først og fremst vore

blant ungdommar. No byrjar diverre òg barn i

barneskulen å føla presset om å måtta ha alt innan den

nyaste teknologien.

Overalt høyrer ein om barn og ungdom som blir

mobba på nett og mobil. Det er sjølvsagt ei tydeleg

grense mellom spøk og alvor når det gjeld slik

mobbing. Medan nokre tar seg nær av den minste ting

sosiale

og blir lett såra, er det andre barn som faktisk

opplever å få stygge kommentarar på nettstadar kvar

dag. Desse kommentarane kan gi barn svært dårleg

sjølvkjensle, som igjen kan føre til depresjon og i

verste fall sjølvmordstankar. Denne mobbinga skjer

som oftast på nett eller mobil, og særlig på chattesider

som Facebook eller MSN. Mobbarane er redde for å

bli tatt på «fersken», og dei synest det er lettare å sei

noko stygt om andre på nett og mobil enn ansikt til

ansikt. Undersøkingar viser at barn og unge meinar

det er like ille å bli mobba på nett og mobil som det er

å bli mobba direkte. Diverre er det vanskelig for både

mobbeofferet og «tilskodarane» å sei ifrå om

mobbinga, og foreldre veit lite om kva som skjer i

denne «ungdomsverda».

Det er ikkje tvil om at dagens teknologi som pc og

mobil er komen for å bli. Det er derimot vanskeleg for

oss å sei om all nyare teknologi verkeleg har ført til eit

betre samfunn. Det finst både positive og negative

sider, men i denne teksten har det kome fram fleire

ulemper enn fordelar. Det som til alle tider er viktig,

er å tenkja sjølvstendig, vera kritisk og ikkje «sluka alt

rått».

Page 29: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 29 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Til bedehuset frå heile Kvinnherad Tekst og foto: Ola Matti Mathisen

Dei kjem frå heile Kvinnherad og har det triveleg og trygt i Bedehuset. Nelly Kjærland er ein av eldsjelane i

bedehusmiljøet i Uskedalen.

Ho er sentral i fleire tiltak og eitt av dei er

småbarnstreffet, som ho avviklar

annakvar onsdag saman med gode hjelparar

og gjestar. Uskedalsposten var

med på eit treff der 9 smårollingar hadde det

triveleg saman med foreldra sine i halvannan

time.

Dei kom ikkje berre frå Uskedalen, men frå

heile Kvinnherad. 3 var frå Uskedalen, 3

frå Valen, 1 frå Sunde, 1 frå Rosendal og 1

frå Seimsfoss.

-Det er ikkje alltid like lett å få

uskedelingane til Bedehuset, er

kommentaren til Nelly.

No har ho halde det gåande i snart 7 år med

småbarnstreffa sine. Oppslutnaden har vore

varierande, men det har vore så mange som

24 ein gong.

Sesongen tek til i august og varar til 17. mai.

Hovudposten kvar gong er ei forteljing frå

Bibelen og denne dagen var Daniel i

løvehola og kong Darius tema.

Dei små var intenst engasjerte då Toril Langeland fortalde.

Etterpå laga dei ei løve!

Jula set no sitt naturlege preg på programmet med juleverkstad

28. november, Baking av julemenn 14. desember og julefest for

store og små 27. desember.

Nelly serverer bollar

Page 30: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 30 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Teksten er omsett og gjendikta av Svein Rimestad. Av Kristian Olav Bringedal

Svein Rimestad

Svein Rimestad er Uskedalen sitt svar på

Johannes Gjerdåker frå Voss.

Eller skal vi heller sei Olav H. Hauge, Haldis

Moren Vesaas og Hartvig Kiran.

Dei to siste omsette mykje for Det norske

Teateret på 1960 talet og framover.

På mest alle konsertane til Røysterett for alle vert

det sagt av programleiaren at den og den teksten

er omsett av vår lokale Svein Rimestad.

Slik har det vore så lenge koret har funnest.

Koret er stolt over å kunna ha som medlem ein

dugande språkleg medarbeidar.

Røysterett for alle er soleis langt på veg kjend for

eit språkleg medvit i utval og bruk av tekstar.

Den siste omsetjinga til Svein er den

nederlandske julesongen Ver no hjartans fagna

frå 1600 talet.

Før det har han mellom anna omsett desse

tekstane for Røysterett for alle:

* Kvannsanketid

* Våren ( Vivaldi - frå dansk )

* Eit rettleleg gullbryllup ( frå engelsk )

* Gåtenes marknad ( Scarborough Fair )

* Svarttrast ( Blackbird )

* Drama ved Uskedalselva ( Om the Banks og

the Ohio )

Les kva Svein Rimestad sjølv skriv om det å

utføra den krevande oppgåva med å gjera ei god

omsetjing innhaldsmessig og språkleg.

Page 31: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 31 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Å omsetja/omskriva songar frå andre språk Av Svein Rimestad

Når ein ser vekk frå ei einskilt omsetjing av ei

amerikansk skjemtevise som eg gjorde i studietida, er

″Kvannsanketid″ det fyrste eg har omsett med eit

spesifikt føremål. Den gongen var det ein del

medlemer i Røysterett for Alle som truga med å melda

seg ut or koret dersom det skulle verta noko særleg tal

songar på ″utanlandsk″. Me hadde godt midtvegs i

1995 nett vore på songarstemne på Stord og vorte

presenterte for ″Wild Mountain Thyme″, ein keltisk

folkesong som alle i koret iallfall lika tonen på. Med

det for auga å ikkje trekkja for hardt på kontoen

″utanlandsk tekst″, gjorde eg den om til

″Kvannsanketid″. Denne har i ettertid vorte rett så

populær, og har vorte nytta mykje. Etter den tid har

eg ved ulike høve omsett songtekstar til meir og

mindre hugnadsbruk internt i koret. Noko av dette har

vore omsetjing av britiske tradisjonssongar som var

ferdig arrangerte for blanda kor, der det berre var

teksten som skurra for nokre.

Til ulike festlege høve har me og nytta ulikt omsett

(stort sett frå engelsk) til allsong. Eg kan forresten

skryta av at eg i 1992 omsette ein russisk song

(Moskvanetter), men lyt vel vedgå at sjølv om songen

var russisk, var han nok alt omsett til svensk. Eg har

altså omsett ein russisk song utan å kunna eit ord

russisk - det er vel ikkje verst! Me nytta den i

repertoaret til 5-årsjubileet. Den nederlandske

julesongen hadde Elisabeth Croles med seg i haust, og

lurte på om eg kunne omsetja. Ho skreiv ein

nokolunde fri ″ord for ord″-versjon som eg jobba

vidare med etter ein del opplysningar om sjanger og

det som elles høyrde til. Her hadde eg ein del fridom i

høve til at me i Noreg ikkje er så bundne til

tradisjonar som England/Nederland og ein del andre

land der nede med omsyn sjangeren Christmas Carols.

Vanskane med denne songen spesielt, var å få nok

meining inn i dei stuttaste linene.

Det viktigaste ved å gje seg i kast med omsetjing av

songar, er at du må ha lyst. Dette er iallfall ein

føresetnad for meg.

Eit viktig omgrep er og dette med opphavsrett. Gjer

du noko slikt berre for deg sjølv, står ingen hinder i

vegen, men skal eit resultat sleppast laust, lyt ein ha

fått tillating både frå teksteigar og toneeigar. Eg har

til no halde meg til tradisjonsstoff, og så vidt eg veit

er slikt folkeeige. Så lenge ein kjenner med seg sjølv

at ein ikkje mishandlar teksten, trur eg at ein står

ganske fritt.

Så er det det med kva slag song du har med å gjera.

Er det ei vise, ein salme, er det for vaksne eller born,

er det høgtidsamt eller gjort i skjemt? Dette har

mykje å seia for kva for ordval ein nyttar, og kva stil

ein vel. Det kan vera ei utfordring å få eit resultat

som er i same ånd som utgangspunktet har.

Alle skjønar at det ikkje går med direkte omsetjing

ord for ord; då kjem ein i beita med at det ikkje lenger

vert songbart (talet på stavingar går ikkje lenger opp i

høve til dei opphavelege verselinene). Altså lyt ein

heile vegen ha med seg korleis teksten kan passast til

kvar verseline, og at lina framleis har meining. Det er

ikkje alltid originalen er så strengt bygd opp at kvart

vers har same tal stavingar i same line. Då er

vanlegvis dette løyst ved at ein til dømes deler opp ein

firedelsnote til to åttedelsnotar for å få plass til ei

ekstra staving. Manglar det ei staving, kan ein av og

til slå saman to firedelsnotar til ein halvnote til dømes.

Skal ein ta seg denne fridomen, tykkjer eg det er

viktig at ein ikkje gjer det utan at slikt er gjort i

originalen og.

Orda ein vel må og plasserast slik at både trykklette

og trykktunge stavingar hamnar på rett stad i

verselina. For å få dette til, er det mest ein føresetnad

at du kjenner tonen, og deretter testar det heile ut line

for line etter som du skrir fram.

Så lyt ein få med seg om det vert nytta rim i

originalen. Mest aktuelt er i så fall enderim, men i

eldre tekstar finst og meir avanserte former (innrim,

bokstavrim, og kan henda kombinasjonar). Formene i

parentesen har eg inga røynsle med, så dette kan eg

ikkje seia meir om. Må du nytta enderim, set dette

avgrensingar i dette med å få til både rim, meining og

samanheng slik at resultatet vert både attkjennande,

forståeleg og framleis i same ånd som originalteksten.

Til slutt kan ein vel seia at ein omsetjingsprosess kan

leggjast i ulike nivå:

Enklast: Rein omsetjing - det å omsetja teksten

strengt ord for ord utan å ta omsyn til rim, rytme og

anna.

Neste steg: Omskriving - det å få til (meir og

mindre) rim, rytme og meining i det omsette

produktet.

Mest avansert: Attdikting - det å få til alt i steget

over, men med slik skjønsemd og så kjenslevart at ein

skjønar vil nytta ordet kunst om produktet.

Eg trur nok at det vil vera lurt å vera varsam med å

meina å jobba på nivå tre. Me vanlege kan vera godt

nøgde dersom me kan operera akseptabelt på nivå to.

Page 32: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 32 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Ver no hjartans fagna (Gamal nederlandsk song frå sekstenhundretalet)

Omsett og attdikta av Svein Rimestad

Ver no hjartans fagna, Herre, Jesus kjær.

Du kom frå fjerne høge; med eitt var nær.

Kom, ver hjartans fagna frå dei høge himlar ned.

Du på jorderiket er sakna sidan det.

Hyrdingar på marka englar songen bar

Om Jesus som var komen, så nytt det var:

Gå til denne staden, for der finn de Han for visst

Betlehem er byen, no har det hendt til sist.

Vismenn kom frå Austen, reisa den var hard.

Dei søkte fromt vår Frelsar og offer bar.

Myrra, gull og røykjelse dei baud til barnet søtt.

Æra vera Jesus som allheim rår så støtt.

Page 33: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 33 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Dønhaug gardsbarnehage

har laga mat av ein sau Av: Sunniva E. Myklebust og Ingeborg H. Bjørnebøle og Tina B. Eik

For mange av ungane var nok dette fyrste gongen dei var med på å dele opp ein dyreskrott.

Dønhaug gardsbarnehage har laga

mat av ein sau. Barnehagen har fått

sauen av Fatland slakteri. Og med

god hjelp av Svein Hjelmeland har

dei delt opp sauen.

Ungane i barnehagen har vore med

og delt den opp og laga maten og eta

den.

Av bogen og ryggen skal dei laga lammefrikase.

Av ribbebeina skal dei lage pinnekjøtt.

Me intervjua styraren i barnehagen, Helene

Bjørnebøle:

- Korleis kom dåke på dette?

- Eg blei inspirert av ein anna barnehage som

hadde gjort det samme med ein gris.

Interju med Svein Hjelmeland:

- Kor lenge har du dreve på med å slakta?

- I over 40 år.

- Har du nokon dyr.

- 170 kyr og kalvar i ei samdrift, og cirka 40

sauer som eg eig sjølv.

- Lager du julemiddagen din sjølv?

- Ja, lutafisk om dagen og pinnakjøtt om kvelden.

Ungane fylgde godt med.

Dette kjem til å bli flott pinnakjøt!

Page 34: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 34 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Julegrisen er slakta på Nausthaugen Av Tekst Kristian Olav Bringedal, Foto Brit Hallaråker

Grisen vert lagt på

slaktebenken

Julegrisen på Nausthaugen vart slakta

laurdag 19. november, ikkje på veksande

måne i år, slik det gamle var, men på

fløande sjø. I over 20 år har Jostein frå

Grov på Stord og Jan Erik Olsson frå

Helsingborg i Sverige slakta sau og gris i

god tid før jul. Begge har tradisjonen med

seg frå heimplassane sine. I dag bur dei på

Nausthaugen og er naboar.

Dei er oppvaksne med gris på tunet og

begge var tidleg med på slaktinga.

Far til Jostein, Johannes, var slaktar og

dreiv slakteri og slaktarforretning på

Leirvik saman med broren Lars.

Janne kjem frå Helsingborg, den gongen i

utkanten, i dag som ein del av sjølve byen.

I starten er slaktar Berge med og slakteplassen er på

Stølen i sentrum av Uskedalen.

Seinare har Jostein og Janne gjort jobben sjølve på

Nausthaugen.

I juli månad vert 2 – 3 griser henta, leveringsklare på

vel 25 kg.

Grisene er utegåarar og har eit lite uthus for ly.

Slaktedagen Dagen tek til med å varma vatn i ei stor gryte. Vatnet

skal brukast til skåldinga for å få busta til å losna,

ikkje for varmt. Svoren kan sprekka.

Avlivinga er meir brutal på 1800 talet. Då vert dyret

rett og slett stukke i hel. Kring hundreårsskifte kjem

slag- og skytemasker. Jostein og Janne vil ha ei roleg

og human avliving. Grisene vert jaga inn kvelden før,

roa ned med lite stress. Dei slepp fram på golvet og så

vert dei skotne med gevær.

Ei tid brukte dei anten skytemaske eller boltepistol.

Sjølve slaktinga er mannfolkarbeid på Nausthaugen. I

eldre tid på gardane var kvinnene med for å ta hand

om blodet. Eit forsøk på å få kvinnene med, har

mislukkast så langt, men ei svigerdotter syner

insteresse.

Grisen vert så lagt på slaktebenken og skålda, all

innmat vert teken ut.

Hjarta, lever og nyre vert lagt i rennande vatn.

Skrotten vert hengt opp nokre dagar før nedskjering

og partering.

Det gamle var at grisen skulle slaktast til

Mortensmesse 11. november. Ein god gamal regel var

for mange å venta med griseslaktinga til siste

veksande måne før jul. Om ikkje var busta vanskeleg

å få av, fleske og kjøtet vart udrykt og mindre

velsmakande.

Page 35: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 35 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Skåldinga tek til og busta skal av.

Blodmat, kjøt og flesk Blodet vert brukt blodkake og blodpudding. Janne

lagar blodpølse. Det var vanleg å gjera i

Helsingborg.

Av innmaten lagar dei leverpåstei og finka.

Hjarta vert saman med levera brukt i levergryte.

Av tradisjonell julemat lagar dei mellom anna

svineribbe, salta og røykt juleskinke og sylteflesk.

Alt ferskt kjøt vert beina ut før nedfrysing.

Hovudet går i sylteflesket. Korkje Janne eller

Jostein brukar labbane, tarmane og vomma. Det

var vanleg før og dei har begge vore med på det i

oppveksten.

Talgen vert skild frå kjøtet og kan brukast til

smolt.

Noko av skinka vert spekemat. Jostein legg skinka

åtte veker i saltlake før turking.

Sauene vert slakta i oktober og pinneribba er klar i

god tid før jul.

Slaktaren Slaktaren var ein høgt akta mann i bygda før. Han

vart tilkalla når det trongst.

Han kom i morgonmyrke og måtte fyrst inn på

kaffi og ein dram. Det var det faste rituale. Den

gamle slaktaren er sjeldan å finna.

Men på Nausthaugen i Uskedalen har vi to: Ein frå

Grov på Stord og ein frå Helsingborg i Sverige.

Slå den du !

Slaktarane er Jostein Grov og Janne Olsson

Page 36: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 36 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Julemorro frå redaksjonen!

Finn ord som høyrer til jula. Orda finn du i alle retningar!

J U L E T R E D D F N O H A M

U P J U R I N E I P Ø J I N A

L I R V B S E R R J T T H J R

E N J H L E R N Y G T R A O S

B N D E H N G O D G E O E N I

R A B N N G O T T E R I B S P

U K L R J R C K D G O J B U A

S J V E O Y D Ø U G S H Y N N

M Ø K J H N N O D A I E R N H

I T T T I S J S P K N N K G O

V T G S A G M U A A O L I F K

G G S J N R O A L R K I G J J

U E V O U Ø R K L E Y K H H O

T D B K L T N N S A K B E M H

G C R O E A T R A J H R C Y J

T B S L R E G G D J J O A H N

C Y K A L E N D E R B I V N H

T K K D L R T D E R J M F U S

T H T E J H N Y M N C F N H D

Y G S E O A I P F K H B R G A

Kjekk leik når ein samlast i jula

Teikn ein song UTSTYR: Ca. 10 kvite A-4 ark, 2 blyantar, tusjar eller kulepennar og ca. 10 bretta lappar med ein

sangtekst på kvar.

Leikeleiaren har på førehand laga lappar med begynnarstrofene frå nokre kjende songar. Desse ligg

bretta, slik at ingen ser kva som står på dei, på eit bord. Gjestene blir delt i to lag med like mange

personar på kvart lag.

Ein frå kvart lag byrjar med å henta ein lapp, les kva det står på den, og går tilbake til sitt lag for å

teikne songen. Det er nå om å gjera for resten av laget raskest mogeleg å gjetta kva song det dreier seg

om. Så snart fyrste oppgåva er løyst, går neste mann frå laget fram til bordet, hentar og les ein ny lapp,

og går til laget sitt for å teikne den.

Det laget som raskast klarar å teikne (og gjette) de 5 songane er vinnar.

Page 37: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 37 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Her finn du ein masse jente og gutenavn. Orda finn du i alle retningar!

A S E J G G K L D B E D R N M

T T O N E I T O R I L L L K L

G D I S L G V L I T I R P L H

M L F N I L K E N J K J N D M

E B P T A M A R E N D O R I A

H F L J S K A L K L I H L R N

S B E L G G N M I E U A O S D

E F D E I F L E S P E N L G R

M T T R E V I S U E I T I T E

M O N V A D G F N R R T N L A

I R S E F B I N N F I H E D S

E G R O B E G N I H K S I F K

M E U D R G N I V I L D E G O

A I A A I I O F A D Y I A R R

L R D U T L A R S U S M Y D U

I F U L T N U T O R E K S M I

N I B N I S R U A N D A G A N

J K G E E J O O H M V H L L G

E J O R L F R I U D I G U U A

T B D T K U A U D U N T J H R

Enda ein kjekk juleleik.

Mitt skip er lasta med UTSTYR: 1 appelsin.

Deltakarne sit i ein ring og fyrstemann held ei appelsin e. l. i hendene. Fyrst blir ein enig om ein

bokstav som all "last" skal byrja på, til dømes s.

Fyrstemann sier då "Mitt skip er lasta med sitroner." Så kastar han appelsina til ein annen deltaker som

fortset med å si "Mitt skip er lasta med saltkar." Slik fortset ein å kasta appelsina frå mann til mann.

Den som ikkje innan 5 sekund klarar å finne ei "ny last" som byrjar på den valde bokstaven, går ut av

leiken. Like eins går den ut som gjentar "last" som ein annan har nevnt tidligare.

Den som sit igjen til slutt er vinnar og fortjener ein liten premie.

Page 38: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 38 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

…..med klær fra

Julematen frå havet blir levert til

alle butikkar i Kvinnherad av:

Sverre Myklebust Maskinstasjon AS

5463 Uskedalen

Graving ● Sprenging ● Boring ●

Masseflytting

Mobil 913 45 035

E-mail [email protected]

SPEKEMAT - KJØTTPØLSER

SYLTEFLESK – BACON

Friheim - 5463 Uskedalen

Telefon 53 47 63 11

KRAMBUA - JULEBUA

I USKEDALEN

Er nå fylt opp med mykje fint i juleting.

Englar – Nisar m.mm

Krambua ope: mån., ons. og tors. 10.30-17.30.

Fre. 10.30-18.00, Laurd. 10.30-16.00. Tysd. stengt.

Tlf. 53 48 63 46 / 48 02 16 29

Husnes Storsenter

Postboks 204, 5480 Husnes Tlf: 53 47 16 26 – Fax: 53 48 12 97

[email protected]

Page 39: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 39 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

JULEPRESANGER!

HUSFLID PRODUKTER

TREVARE PRODUKTER

HAGE – UTEPRODUKTER

TRYKKING PÅ DIV. ARTIKLER

VED

-tar imot bestilling og kjører ut.

VASKERI

-dyner, madrasser, tepper, klær, soveposer,

kjeledresser m.m.

UTEOPPDRAG

-rydding av skog/hage, rive bygninger,

produksjon og oppsett av gjerde o.l.

TLF: 53 47 55 00

epost: [email protected]

Rimeleg overnatting og frukost i ein lun og koseleg

atmosfære, finn du sentralt i Uskedal sentrum.

Ope heile året.

Nausthaugen 1, 5463 Uskedalen

Tlf.: 53 48 60 39 – Mobil: 90 08 41 36 – Fax: 53 47 74 88

www.solheimturiststasjon.no

email: [email protected]

Julegåva i år

---------------

Stølar og setrar i Kvinnherad

Skriftstyrar: Kaare Skaala

Utgjevar: Kvinnherad Mållag

* 20 sider stoff frå Uskedalen

* Alle gardsbruka og stølane er omtala

Pris: kr. 350,-

I sal her: Rosendal Bokhandel og Libris Husnes

Page 40: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 40 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Noko godt til jul. AV: Sunniva E. Myklebust og Ingeborg H. Bjørnebøle og Tina B. Eik

Pepperkaker ca 160 stk

Temp: 200 grader

Steiketid: ca 8 min

1 ½ dl sirup

3 dl brunt sukker

200 gr smør

2 små egg

1-2 ts nellik

500 gr mjøl

1 ½ ts natron

Kok opp sirup og hell den over sukkeret og smøret.

Rør til det er kaldt. Tilsett egg og krydder. Løys opp

natron i litt kaldt vatn og tilset dette. Rør inn

mesteparten av mjølet. Arbeid deigen saman. La den

stå natta over.

Kjevle ut deigen og stikk ut hjerter eller andre figurer.

Berlinerkranser ca 65 stk

Temp: 190 grader

Steiketid: ca 10-12 min midt i ovnen

2 kokte eggeplommer

2 rå eggeplommer

125 gr sukker

250 gr smør

ca 300 gr mjøl

Pensling:

Eggekviter

Garnering:

Perlesukker

Mos dei kokte eggeplommene godt. Bland dei med

dei rå plommene og sukker. Visp eggedosis. Tilset

mjøl og smør vekselsvis og arbeid deigen lett saman.

Trill deigen ut til smale pølser, ca 12 cm lange som

formes til kranser. Pensle kakene med samanpiska

eggekvite og dypp dei i perlesukker.

Kromkaker ca 20-25 stk 125 gr smør

2 egg

125 gr sukker

125 gr mjøl

Smelt smøret. Pisk egg og sukker til eggedosis. Tilset

smør og mjøl. Varm krumkakejernet. Stryk røra jevnt

over jernet og steik krumkakene. Ca 1 ss røre til kvar

kake.Form kakene rundt ein krumkakepinne eller

form dei til ei skål i ein kopp så snart du tek dei av

jernet.

Page 41: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 41 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Vannbakkels- festdessert

55 gr smør

1,5 dl vatn

70 gr mjøl

1 ts sukker

2 egg

Til sjokoladesausen:

100 gr mørk kokesjokolade

25 gr smør

3 ss kremfløyte

Til fyllet:

1,5 dl kremfløyte

Ha vatn og smør i ein kjele og kok opp.

Sikt mjøl og sukker saman. Ta smørvatnet av plata når

det kokar og tilset alt mjølet og sukkeret.

Rør kraftig i blandinga til deigen er ein klump som

slepp sidene i kjelen.

Visp egga. Ha dei i deigen, litt om gongen mens du

rører kraftig. Du skal ha ein blank, ganske tjukk deig.

Sett deigen på bakeplata med to teskjeier.

Steiketid: 20-25 min

Temp: 200 grader

Legg vannbakkelsene over på rist til avkjøling. Stikk

hol i dei med ein gaffel så dampen slepp ut og dei

held seg sprø.

Sjokoladesausen:

Smelt sjokolade i ein kjele saman med smør og fløyte.

Varm sakte til sjokoladen har smelta. Rør heile tida.

Fyllet:

Pisk fløyten til krem. Skjær eit snitt i vannbakkelsen

og fyll dei med krem.

Legg vannbakkelsene på fat. Hell over

sjokoladesausen og pas på at det kjem saus på alle

vannbakkelsene. God apetitt!

Tiramisu til 4 personar

50 gr mørk kokesjokolade

225 gr primula eller anna kremost

225 gr kesam eller cottage cheese

1 dl sukker

3 dl sterk kaffi eller cola

20 fingerkjeks eller andre søte kjeks

Riv sjokoladen på eit rivjern. Rør saman dei to

ostane og sukker i ei bolle. Ha kaffi eller cola i ei

lav form. Knekk kjeksa i to og vend dei i væska.

Fordel halvparten av kjeksa i botnen av

serveringsglasa. Legg så halvparten av

ostemassen over kjeksa dryss på litt av

sjokoladen. Gjenta laga med osteblanding øverst.

Sett tiramisuene kjølig i 2-3 timar før dei vert

servert.

Sandnøtter ca 30 stk

Temp: 175 grader

Steiketid: ca 10-15 min midt i ovnen

125 gr smør

125 gr sukker

2 ts vaniljesukker

1 egg

275 gr potetmjøl

Rør smør, sukker og vaniljesukker kvitt. Tilsett egget.

Til slutt potetmjøl. Kna deigen lett. Trill deigen ut til

små kuler. Legg dei på bakepapir og trykk dei ned med

ein gaffel.

Page 42: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 42 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Page 43: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 43 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

KVA SKJER I JULA?

Uskedalen Bedehus Desember

10. des. kl.13.00 -14.30 Laurdagsskule + graut=

sant.

12. des. kl. 19.00 - 20.30 Hobbyklubben har

juleavslutning.

14. des. kl. 10.30 - 12.00 Småbarnstreff.

27.des. kl. 17.00 Julefest for små og store.

Kvar onsdag kl. 18.30 Bønemøte i vetlesalen

JULEFEST FOR SMÅ OG STORE

Uskedal bedehus Tirsdag 27. des. kl. 17.00

Av program nemner vi: • Andakt av Lise Marie Litlabø.

• Matøkt og posar til borna.

• Juletregang m.m.

Alle er hjarteleg velkomne.

Uskedalen Kyrkje

4. des kl. 15.30 Lysmesse

11.des kl. 19.00 Julekonsert.

24.des kl. 14.00 Julekveldsgudsteneste.

JULETREFEST

Grendahuset Vonheim onsdag 28. des. kl. 19.00

Tale, juletregang, leikar m.m

Kansje kjem nissen med noko til borna.

Ta med kaffi og noko å bita i.

Alle er hjarteleg velkomne!

Redaksjonen:

Tina B. Eik (10 år)

Sunniva E. Myklebust (10 år)

Ingeborg H. Bjørnebøle (10år)

Ola Matti Mathisen (leiar)

Tore Mathiesen (leiar)

Britt Torill M. Mathiesen (leiar)

Trykkeri: AFA AS, Uskedalen

Kontakt:

Hobbyklubben

v/Tore Mathiesen

Muslandsvegen 144, 5463 Uskedalen

Tlf: 93 83 94 45

Ola Matti Mathisen

Tlf: 99 37 13 25

E-mail: [email protected]

Utgiver av Uskedalsposten er Hobbyklubben i

Uskedalen som er ein barne- og ungdomsklubb frå

5. kl og oppover. Vi har aktivitetar på bedehuset i

Uskedalen anna kvar mandag frå kl. 19.00 -20.30.

Page 44: Elias Blix noregs største salmediktar vartuskedalen.no/files/uskedalsposten/Uskedalsposten_Jula_2011.pdfamerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men

Jula 2011

USKEDALSPOSTEN Side 44 ___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________

Juleevangeliet (2011 oversetjing)

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.

Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var

landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som

heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt og skulle skriva seg der saman

med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida

då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei

krubbe, for det var ikkje husrom for dei. Det var nokre gjetarar der i området som var

ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel

framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.

Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor

glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er

Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg

i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og

song: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!»

Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn

til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så

skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei

fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde

på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og

grunda på det. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt

og sett; alt var slik som det var sagt dei.