20

En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid
Page 2: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

Forsiktig går eg bort til døra og kikkar inn i kapellet. Kista står der, med ein einsleg bukett på lokket. Lysa brenn. Men rommet er heilt tomt. Den døde fyller rommet med fråvær. Ingen fyller det med nærvær.

Vi ventar til litt over tida. Ingen kjem. Den døde er framleis åleine i kapellet.

Nokon frå gravferdsbyrået lurer på kva vi skal gjere. Går det an å ha ei gravferd utan at nokon har møtt fram? Skal vi berre bere den døde ut på gravplassen og kaste jord på kista så fort og så enkelt vi kan?

Det er då denne tanken slår ned i meg: At vi er dei einaste, tilfeldige vit-na til det absolutt siste som skjer med dette mennesket vårt her på jorda.

Men nokon gleda seg då han blei født. Nokon var kanskje gjestar i konfirmasjonen hans. Kanskje har han vore gift, kanskje har han barn.

Nokon har sett han og vore vitne til det han har sagt og gjort.Den dagen heldt presten og dei tilsette i gravferdsbyrået gravferd over ein som ingen hugsa lenger.

Dei syng salmane. Dei ber bønene. Presten talar om at vi no skal vere til stades i gravferda på vegne av alle som har vore glad i han som ligg i kista.Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid ser. Alltid vakar over liva våre på jorda.

Av og til les vi i avisene at menneske døyr heilt åleine. Det er trist. For det er viktig at det er vitne til det som hender med oss.

Livet handlar om å stille opp. Det er noko vakkert som skjer når vener og familie besøker den sjuke, for å trøys-te, og ta farvel. Alle dei som besøker er på ein måte vitne til at det mennes-ket gjekk ut av tida.

Det gjer vondt. Men det er også ein rikdom og eit privilegium.

Ein vaker over ein som snart skal døy. Men også himmelen vaker. Guds auge ser. Det finst ein beredskap på den andre sida.

Dette er det kristne håpet, slik bibelor-det lyder ute på grava etter jordpåkas-tinga:

Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde. 1. Pet 1,3

Og Svein Ellingsen har skrive dette salmeverset:Snart går vi ut av tiden,og våre navn blir glemt,men, Gud, i din erindringer vi for evig gjemt.Det liv som blir til intet,er i din skaperhånd.I trygghet overgir vitil deg, o Gud, vår ånd.

Norsk salmebok 2013, nr. 870

2 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Sletta og gløymt, men hugsa – av GudEn prest fortel: Det er ein kald haustdag. Eg svingar opp vegen til kapellet, tek prestekjolen over armen og går inn. Eg veit at eg skal stå for ei gravferd, men eg veit lite om den døde. Berre namnet, at han var utan fast bustadadresse, og blei funnen død ein stad i byen.

Page 3: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

950 års-jubileum på SeljaSøndag 8. juli blir det på Selja feira at det er 950 år sidan bispesetet for Vestlandet vart etablert, på nettopp klosterøya Selja i Selje kommune.

På Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si heimeside står følgjande: «Søndag 8. juli kjem H. M. Dronning Sonja til Selje kommune i samband med Bjørgvin bispedøme sitt 950-års jubileum. Bjørgvin bispedøme vart i år 1068 oppretta som Selja bispedøme, med sete på øya Selja i Selje kommune. Bispesetet vart i år 1170 flytta til Bergen. Selje kommune og Den norske kyrkja vil markere 950-års jubileet i samband med den tradisjonelle Seljumannamessa, som kvart år vert arrangert på Selja den næraste søndagen til 8. Juli. Dronning Sonja vil vitje Selje kommune i samband med jubileet.»

Set av datoen og ta turen til Selja denne sommarsøndagen i juli. Programmet er ikkje klart, men Bergen Domkor kjem. Søk etter «Seljumannamesse 2018», på nettet etter meir informasjon når det nærmar seg.

Vandringsdamer med kvilepulsPå Alværa Misjonssenter 4 km austover frå ferjekaien i Lavik i Sogn. Tema: Gledebekken.25. mai - 27. maiWeekend for vaksne damer som likar å gå på tur. Det kan bli alternativ tur etter vêr og føreforhold, eller etter dagsform for den enkelte.

Vi legg vekt på

• mat for kropp og sjel, m.a. bibeltime, misjonsfokus, gudsteneste

• opplegg med kvilepuls, ikkje «heseblesande» eller «fullt» program

• at det skal vere kjekt å gå på tur, i passeleg tempo med tid til å nyte utsikt, ta bilder, prate og setje seg ned med niste i det fri.

Temaformidlar er Åse Snøtun frå Gaupne.

Påmelding til Alværa: [email protected] eller mob. 48990661 seinast 11. mai. Først til mølla-prinsipp. Vi set strek ved 40 påmelde på grunn av plassen.

Pris: Heile helga : kr 1700,- med eige sengetøy/sovepose. Leige av sengetøy/handkle: kr 100,- Oppreidd seng: kr 250.-. Vi kan ikkje love einerom, men går det, så kostar det kr 350,- ekstra. Gebyr ved avmelding seinare enn 18. mai: kr 500.-

Hjarteleg takk!Takk for kr 4 300 til Ljosheim ved gravferda til Oddbjørg Marie Løseth i Dale kyrkje 22.2.2018.

BladpengarDei siste åra har vi bedt om kr 230 og kr 300 (utanbygds) i bladpengar for året. Dette tørr vi framleis be om, sjølv om vi, som vi skreiv i førre nummer,

reduserer tal blad frå 4 til 3 nummer i året. Vi ønskjer å fortsetje med å ha fullfarge på heile bladet, som vi har hatt det siste året, og det er fordyrande. I tillegg skal posten ha meir og meir for distribusjonen for kvart år. Er vi så heldige å få overskot, kan det verte nytta til prosjekt som er ønskt, men som ikkje vert finansiert av kommunale midlar. Vi monterer no nytt tale- og musikkanlegg i Dale kyrkje som ikkje er fullfinansiert. Dale kyrkje er konsertkyrkja i Fjaler sokn, og alle vil ha glede av det nye anlegget.Bankkontonr: 3741 20 73135.

Årsrapporten for Fjaler sokn 2017Årsrapporten vil vere tilgjengeleg på Fjaler sokn si heimeside: www.fjaler.kyrkja.no, blir lagt fram i kyrkjene/kapella og kan hentast på kyrkjekontoret.

Framsida av bladet viser altartavla i Guddal kyrkje, måla av Johannes Ludvig Losting i 1870.

Kyrkjelydsblad for Fjaler 3

På kyrkjebakken

Her finn du oppdatert informasjon om gudstenester, konsertar, osv.

Vi har også heimeside: www.fjaler.kyrkja.no.

Kyrkja i Fjaler er på Facebook:www.facebook.com/FjalerKyrkja

Innhogging av nye namn og oppfrisking av skrifta på gravminne.

Kyrkjeverja formidlar kontakt med ein som kjem vår og haust og gjer slikt arbeid.

Ta gjerne kontakt!

Foto: Bård Fløde

Page 4: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

4 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Flyktningen som ble hjelpearbeider

– Uten vann finnes ikke noe. Vi trenger det til å vaske oss, lage mat og drikke, så den jobben jeg gjør her er jeg vir-kelig stolt over, smiler Innocent.

Navnet hans betyr «uskyldig», men det er ingen uskyld å finne i flukthis-torien hans. Først måtte han flykte da soldater kom til byen der han jobbet. 85 prosent av de som var i byen ble drept, hevder Innocent.

Han flyktet mot byen der han og fami-lien bodde, men etter to dager kom soldatene også dit. Det skulle vise seg at den beste løsningen var å flykte til nabolandet Angola, litt lengre sør i Afrika.

Koordinator i flyktningleirenTil slutt havnet han og familien i flykt-ningleiren Kakanda der Innocent etter hvert fikk seg jobb som koordinator for Kirkens Nødhjelp. Nå passer han på

at vannet alltid er rent, at søppelet blir tømt og at toalettene blir vasket.

– Jeg får brukt evnene og erfaringen min til å hjelpe, og det er flott å kunne støtte Kirkens Nødhjelp. Jeg er kristen, og for meg er det viktig å kunne hjelpe andre med de evnene og midlene jeg har for hånden, sier Innocent.

Han får en liten lønn for jobben han gjør, men mye av drivkraften er lysten på å gjøre noe godt for andre. Han vet bedre enn de fleste hvor viktig rent vann er, for under flukten var det ofte at han ikke kunne drikke. Og som mange andre i leiren har han vært syk fordi han har drukket urent vann.

Fast rutine: I en krok i flyktningleiren står teltet der Innocent Nigindu sover. Han avslutter alltid dagen med å lese 15 minutter i Bibelen, og be en bønn til Gud. Troa ble sterkere etter flukten, forteller Innocent, fordi Gud hjalp han og familien bort fra krigen i live.

– Vann er selve livet, sier Innocent Nigindu. Han flyktet med familien fra en blodig konflikt i Kongo. Nå er han en stor ressurs for Kirkens Nødhjelps arbeid i flyktningleiren der han endte opp.

Page 5: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

Kyrkjelydsblad for Fjaler 5

SMS (200 kr) eller Vipps til 2426

FASTEAKSJONEN 2018

18.-20. MARS

Stort smil: Innocent Nigindu elsker jobben sin i flyktningleiren i Dundo i Angola. Han er selv flyktning fra Kongo, og setter pris på å kunne jobbe for Kirkens Nødhjelp med å hjelpe andre som har flyktet fra samme konflikt.

Innocent er en av mange som hver dag jobber for Kirkens Nødhjelp. I landsbyer, byer, flyktningleirer og kriseområder i en rekke land rundt om i verden jobber Kirkens Nødhjelp for å sikre tilgang til rent vann, trygge toaletter, energi og mye annet. For at maskineriet skal fungere trenger man helter som Innocent.

Avhengig av hjelp for å hjelpeMen for at maskineriet skal fungere trengs det også hjelp fra norske frivil-lige. Folk som ikke er på flukt, men som i likhet med Innocent har et enga-sjement og kompetanse til å gjøre en forskjell. Hvert år er tusenvis av slike frivillige med på å samle inn penger til Kirkens Nødhjelps arbeid gjennom Fasteaksjonen.

Og det er nettopp disse pengene som gjorde det mulig å starte opp arbeidet i Nord-Angola, raskt og effektivt. For Innocent og over tusen andre flyktnin-ger i leiren har det vært livsviktig hjelp.

Også i år skal frivillige over hele Norge være med på å samle inn pen-ger til brønnboring, latrinebygging og andre tiltak som redder liv rundt om i

verden. Også du kan bidra når kyrkje-lyden i Fjaler skal gjennomføre årets aksjon, enten ved å være bøssebærer eller å støtte aksjonen.

Redd for å dø

Kjære Jesus Kristus!Jeg er redd for å døselv om du døde for meg.Jeg forstår ikke hvorfor du måtte lidefor at vi skal bli frelst.Men takk likevel, Jesus,for påskehemmelegheten.

Paul Leer SalvesenFrå Norsk salmebok 2013

Page 6: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

6 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Vellukka basar på LjosheimLjosheimbasaren 17. februar gav det flotte resultatet kr 62 493 + ei gåve på kr 1 000. Vel 90 stk. med stort og smått var sam-la på Ljosheim denne laurdag ettermid-dagen i starten av vinterferien. Mange var tidleg ute, og lokalet var fullt då «basarsjef» Marie Skadal ønskte folket velkommen klokka tre. Etter at Knut

Arne hadde hatt ei kort andakt, var resten av basaren via til to åresal, kaffi og mange gode kaker, to åresal og til slutt trekking av bøkene. Årar gjekk unna som «varmt kveitebrød», så det kom veldig godt med at vi hadde sup-plert med mange fleire årar. Vi takkar for gevinstar og gode kaker. Vi takkar òg for hjelp med loddsal og loddkjøp.

Eitt menneske må nemnast og takkast særskilt. Stor takk til Marie Skadal – utan hennar store innsats veit eg ikkje heilt korleis vi skulle ha «kome i hamn» med Ljosheimbasaren.

Irene

Page 7: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

Kyrkjelydsblad for Fjaler 7

Velkomen!Kyrkjetenar i Dale kyrkje dette året er Stig Moltumyr. Jostein Løseth søkte, og fekk innvilga permisjon i 2018 og Stig Moltumyr er tilsett i vikariatet. Han er dette året òg kyrkjetenar ved Guddal kyrkje og ved arrangementa i Hellevik kapell. Sigrid Kleppe hjelper oss med reinhald og varme i kapellet. I Folkestad kapell deler Ann Kviteberg og Randi Fretland på kyrkjetenar-oppgåvene.

Stig Moltumyr vil du òg sjå med grasklippar og han vil gjere anna vedlikehald både på kyrkjegarden i Dale og Guddal. På dei to gravplassane i ytre Fjaler, Hellevik og Folkestad gravplass vil, frå og med denne sesongen, Jostein Folkestad ta seg av slåt-ten og anna vedlikehald.

Kyrkjetenarsituasjonen er løyst, i alle fall for dette året

No eig Fjaler sokn Ljosheim åleine26. januar 2018 vart skøyta som viser at Indremisjonen har overdrege sin halvpart av Ljosheim til Fjaler sok-neråd tinglyst.

Forsamlingshuset Ljosheim, som høyrer under Steia gard og har fått adresse Jakob Sandes veg 11, vart bygt i 1965, av Dale Indremisjon og Dale sokneråd. Då Dale Indremisjon ikkje har vore aktiv sidan 2005, gjekk eigardelen deira over til Sogn og Fjordane Indremisjon. Dale sokn eksisterer som kjent heller ikkje lenger, der gjekk eigarskapen over til det nye Fjaler sokn.

I «lovene» for Ljosheim stod det m.a. at soknerådet og indremisjonen kvar skulle ha 3 medlemer og 2 vara-medlemer i styret for Ljosheim. Det er såleis lenge sidan Ljosheim har hatt eit styre i samsvar med lovene for huset. Soknerådet har difor ei tid arbeidd med sikte på å bli eineeigar av Ljosheim.

All verdiskaping i Ljosheim, frå huset

vart bygt i 1965, har skjedd lokalt i Dale. Etter 2005 har Fjaler sokne-råd åleine teke kostnaden med drift og vedlikehald. Ljosheim får ikkje kommunalt tilskot. Inntektene kjem frå utleige, basarar og minnestunder. Vi har òg fått minnegåver og andre gåver. Sparebankstiftinga i Fjaler har gitt støtte til universell utforming.

Vi er takksame for at avtale om vederlagsfri overtaking blei signert av Sogn og Fjordane Indremisjon (SFI) i 2017. I avtalen står det at «Sogn og Fjordane Indremisjon kan bruke huset vederlagsfritt inntil tolv gonger per år, så sant dette ikkje kjem i vegen for soknets eige bruk av huset».

Page 8: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

Som ein konge, med palmegrei-ner og heiarop. Men i gjennom nokre dagar snur stemninga. På Skjærtorsdag er Jesus saman med disiplane sine. Det er då han inn-stiftar nattverden. Etter måltidet går dei ut og til ein stad som heiter Getsemane. Der blir Jesus tatt til fan-ge, etter at ein av hans eigne, Judas, har fortalt kvar han var til dei som ville ta han. Så kjem Langfredag, dagen då Jesus blir korsfesta og døyr. Til all lukke stoppar ikkje his-toria der, men held fram påskedag

med den tome graven. Jesus er stått opp! Og 2. påskedag handlar om at Jesus møter disiplane sine igjen, no som den oppstandne. Desse dra-matiske dagane er heilt avgjerande for at det finst ei kristen tru og ei kyrkje. Det at Jesus døydde og stod opp frå dei døde, er grunnlaget for at folk følgjer etter Jesus den dag i dag. At han døydde for vår skuld, og viste seg sterkare enn døden, gjer han til noko meir enn ein lære-meister. Det er det som gir oss eit håp om evig liv. Difor feirar vi påske

år etter år. For å fortelje denne histo-ria om igjen. For å minne oss om det Jesus gjorde. Og for at det skal få endre livet til folk i dag også.I påska fortel vi historia om det som skjedde med Jesus då han døydde og stod opp igjen. Det tek til på pal-mesøndag.

www.kirken.no

8 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Vi har henta fram nokre verseliner frå påskesalmar. Skriv ned namnet på salmane – første line i første verset - sitata under er henta frå.Send svaret på e-post til [email protected] eller lever det inn på kyrkjekontoret.Fredag 13. april trekk vi ein heldig vinnar av ei overrasking.

• «Gjer kvart hjarterom til din heilagdom!»

• «Gå din Gud i møte, glad i sjel og sinn.»

• «Såkorn som dør i jorden, lever i nye korn.»

• «Men vil min kjærleik kolna av, min Frelsar, eg deg bed: Å, minn meg om din kross, di grav ….»

• «Derved du ble Guds grønne kvist som blomstret visst, og evig liv ble gaven!»

• «Eg har vunne, Jesus vann!»

• «Sangen toner, vår forsoner, vår forsoner til evig pris;»

Kvifor feirar vi påske?

På skattejakt i påskesalmane

Page 9: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

Kyrkjelydsblad for Fjaler 9

Vår grøne kyrkjelydKva seier Bibelen og den kris-tne trua om forholdet vårt til naturen og klimautfordringane?

Eit utdrag frå hefte Klima-rettferd av gronnkirke.no, omsatt til nynorsk av Norunn Stendal Aksnes.

SyndefalletUrhistoria i Bibelen fortel korleis mennesket har gått ut over dei rammene Gud sette for livet i verda. Syndefallet skapte eit brot mellom Gud og menneska som har fått store følgjer både for menneska, andre skapningar og heile verda. Mennesket skulle forvalte skaparverket etter Guds skaparvilje – og som eit svar på Guds kjærleik. Når mennesket har svikta forvaltaransvaret ved utbytting, urettferdig fordeling og vitlaus ureining, er det eit svik mot oppdraget, mot oppdragsgivaren og mot det skaparverket vi er sette til å forvalte. Forvaltninga vår er i stor grad prega av den egoismen og hækna som kom med syndefallet. Heile skaparv-erket lid under konsekvensane av dei menneskeskapte klimaendrin-gane:Ekstremver, endringar i vindsys-tem og havstraumar, meir flaum og tørke, jorderosjon og det at havet stig, set press på både matproduksjon, vassforsyning,

biologisk mangfald og heile øko-system.

Gud taler til oss gjennom skaparverket, ikkje berre for å demonstrere hans velde og prakt, men òg som eit kall til omvending frå ein livsstil som bryt ned og påfører skaparverket og mennes-ka liding.

Menneska er skapte til eit liv i fellesskap og har fått ansvar for kvarandre. Gjennom syndefallet blir også dette fellesskapet trua. Jesus seier at vi møter Gud i men-neske som svelt, tørstar, er heim-lause og sjuke (Matt 25,34–40). Let vi att auga og øyra for liding og urett, ser vi ikkje Guds ansikt i den verda som lid, og dermed stengjer vi oss ute frå Guds vel-signing (Jes 58). Mange menne-ske får dramatisk verre levekår fordi vi har ein livsstil som bryt ned og øydelegg skaparverket. Det rammar særleg søskena våre i sør, som alt er fattige og slit med å overleve, og urfolk over heile kloden, som lever i sam-spel med naturen. Klimaurett vil seie at dei som har minst skuld i klimaendringane, er dei som lid mest.

At klimakrisa er menneskeskapt, vitnar om at menneska er fra-mandgjorde for skaparverket

og har svikta forvaltarkallet. Utfordringane er så store, og vi kjenner oss så makteslause. Derfor strevar vi med å erkjenne og vende om frå synda vår.

Men når vi fell og sviktar, får det følgjer for meir enn vårt eige liv. Det bryt ned alle relasjonane vi er involverte i, inkludert forholdet til resten av skaparverket og den økologiske balansen i naturen: «Vi trenger å bli frelst fra et livsmønster som ødelegger både oss selv og livet rundt oss. Her venter alt det skapte på vår for-vandling … Dette Jesus-livet skal kirken være bærer av, i all sin avmakt, glød og frustrasjon.»

Vi erkjenner at:• Syndefallet fjernar oss frå

Gud, frå hans gode vilje, frå naturen og frå oss sjølv.

• Livsstilen vår påfører skaparv-erket liding, ureining, utpining av ressursane og utrydding av artar og økosystem.

• Klimaendringane går mest ut over dei fattigaste, sjølv om dei har minst skuld for dei.

Mark Taylor

Page 10: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

10 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Dale

Døypte:Casper Sebastian Willemoès SystaddalIsak Heggøy SolheimIngeborg ØenRuben Ullebø KjosaasIsabell Øverås

Døde:Olav Åsnes f.1932Aud Hauge f.1943Nelly Vassliås f.1923Signy Myklebust f.1925Oddbjørg Marie Løseth f.1928Halldis Eikerol f.1919Oddleif Jarstad f.1960Petra Eilertsen f.1924Hjørdis Brynestad f.1930Birger Andreas Halsnes f.1929

Folkestad

Døde:Johanne Marie Halvorsen f.1931Jenny Sofie Folkestad f.1926

Årsstatistikk I kyrkjelydensidan sist

Årsstatistikk

2014 2015 2016 2017

Døypte:

Dale 24 12 18 18

Folkestad 6 2 1 4

Hellevik 0 0 0 2

Guddal 3 3 0 0

Fjaler 33 17 19 24

Konfirmerte:

Dale 14 19 21 19

Folkestad 4 0 8 3

Hellevik 4 0 3 0

Guddal 3 1 1 2

Fjaler 25 20 33 24

Vigde:

Dale 3 2 2 4

Folkestad 0 1 1 1

Hellevik 0 0 0 0

Guddal 1 1 0 1

Fjaler 4 4 3 6

Gravlagde:

Dale 23 25 19 28

Folkestad 8 2 10 4

Hellevik 2 1 1 0

Guddal 7 2 5 2

Fjaler 40 30 35 34

Page 11: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

Kyrkjelydsblad for Fjaler 11

Konfirmanter 2018Dale kyrkje Søndag 6. mai kl.10.00Marthe Hove BråtaneTiril Eikevik DyrstadHanna Sofie Askeland HofstadElias Nyttingnes HøivikMarie Ulvatne IgelkjønEiliv LindelidGaute MyklebustAugust Pedersen HovlandAnna SalbuMaja Ullebø SkårEmilie Olava Rabben SlettelandEivor Jeanett SolheimIngrid Sørland SolheimSivert Igelkjøn Åsnes

Dale kyrkjeSøndag 6. mai kl.12.00Nikolai Horstad EikenTori Fu HaugsbakkHåvard HovlandFredrik Skiftesvik HøyvikOthilie HålandOle Elias HålandJannike MyklebustFredrik Løveng MyklebustRobin Oen NæssRegine Boge SkadalJonas Alexander SkårViljar StandnesGuro Hauge UlvikElise Myklebust Øksenberg

Folkestad bedehuskapell Helgetorsdag 10. mai kl.11.00Vilde Margrete Baug BarsnesTorgrim Selvåg EspenesHanna Hugøy FursetIda HåvågAurora TraaKent-André Vågenes

Guddal kyrkje Søndag 13. mai kl.11.00Daniel BogeMarie Kråkenes LangelandKaroline Mandelid SandøySondre Mandelid Solheim

PalmelaurdagsbasarDamene i Håland misjonsforeining inviterer også i år til basar, palmelaurdag 24. mars kl. 15.00 på Ljosheim.Vi får besøk av pendlarmisjonær Ingvald Andersen Frøyen frå Det Norske Misjonsselskap (NMS) i år som i fjor. Han er busett i Naustdal og er deler av året misjonær i Mali. Det er mange fine gevinstar på åresal og hovudlotteriet. Det vert matøkt med gode kaker. Vi vonar du tek ettermiddagskaffien saman med oss og støttar opp om misjonsbasaren.

Page 12: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

12 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Orgelmesse av François CouperinDen store franske barokk-komponisten François Couperin starta sitt livsyrke allereie som 11 åring då han arva stillinga som organist i katedralen St. Gervais à Paris etter sin far. Som 22 åring, gav han ut i 1690 sine fyrste komposisjonar: To orgelmesser, ei til bruk i nonnekonvent og ei til høgtidele-ge feiringar i soknekyrkjene.

Ei messe for orgel er ein musikalsk komposisjon som var populært i Frankrike i 1600 og 1700 tala. Den består av ei serie korte stykke (vanlegvis 21 i tal) som vart spela i veks-ling med messing av dei faste liturgiske ledda, Kyrie, Gloria (Lovsong), Sanctus og Benedictus (Heilag) og Agnus Dei (Du Guds Lam). Ein viss fridom blei overlatt til organisten, som kunne komponere sjølvstendig musikk til ledda Takkoffer og Deo Gratias (Sending).

Messe for soknekyrkjene er eit mektig verk – 55 minuttar med flott orgelmusikk. Ein orgelkonsert som også er ei ånde-leg oppleving. Høyr den vakre musikken og samtidig tenk over dei kjende gudstenestetekstane som musikken tolkar.

Som 25 åring blei Couperin i 1693 organist til kong Louis XIV på slottet Versailles, ei stilling han heldt til han pensjo-nerte seg i 1730. Couperin sin musikk reflekterer denne stor-domstida i Frankrike, ofte pompøs og høgtideleg. Samtidig var Couperin veldig nøye på kvar slags orgelstemmer som

skulle brukast, om det var trompetten eller fløyten eller andre tider lyse stemmer. Musikken hans vart så populær at den vart kjend utanfor landets grenser, slik at Johann Sebastian Bach også spela Couperin sin musikk på orgelet sitt i Tyskland.Søndag 10. juni kan du høyre Couperin sin musikk på orge-let i Dale.Kollekt til NMS sitt misjonsarbeid.

Orgelkonsert ved kantor Mark TaylorDale kyrkje søndag 10. juni kl.19.30

Søndag 5. august kl.20.00 inviterer Cantus til ein Jakob Sande korkonsert i Dale kyrkje. På programmet vil det vere to avdelingar med korsong, kjende dikt av Jakob Sande for det meste tonesatt og arrangert av lokale komponistar som Jørgen Alisøy, Jan Haugen, Karette

Stensæth og Mark og Joy Taylor. Midt i konserten får koret ein pause mens publikumet tek ein økt med all-song.

MT

Jakob Sande konsert i Dalsfjordveka

Page 13: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

Kyrkjelydsblad for Fjaler 13

In Memory of ElvisGospel9. februar kom Paal Flaata, Stephen Ackles og Vidar Busk sin kritikarroste gospelturne til Dale. Med lyd- og lysanlegg, teknikarar og band, vart kyrkjerommet transformert, og publi-

kumet vart begeistra. Vår eigen Leif Gunnar Igelkjøn opna konserten saman med Cantus. Her var det mektige melodi-ar, kraftfulle stemmer og eit sterkt kristent bodskap.

Foto: Joy Taylor

«Det var en flott konsert!»

«Dette var DIGG; den eine augneblinken var eg våt i auga, i den neste augneblink-en rykka det i rockefoten. Så var det høgtidelegheit innimel-lom. KjempeBRA!»

«For å si det sånn; om englesangen blir i nærheten av dette, gleder jeg meg enda meir!»

«Veldig fin konsert!»

Page 14: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

14 Kyrkjelydsblad for Fjaler

SIDE

Finn 5 feil

Vitsar

Kvelden før Jesus blei korsfesta, feira han påskemåltid med læresveinane sine. Finn dei fem feila i biletet til høgre.

Teikning: Jan McCafferty

Teikning: Jan McCafferty

Mannen gjekk inn på reisebyrået og sa:

– Eg vil ha ein billett til Sikte.– Sikte, kor er det?

– Eg veit ikkje, men på vêrmeldinga sa dei at det

var betre vêr i Sikte.

– Kvifor et du plaster?

– Eg har så vondt i magen.

– Kvifor puttar du iPhonen din i juspressa?

– Eg lagar Apple-jus.

Jesus vaska føtene til læresveinane.Prikk til prikkFargelegg!Teikn ein strek frå 1 til 2 og så vidare. Kva skjuler seg?

Jeg takker deg for at jeg er så underfullt laget.

Underfulle er dine verk, det vet jeg godt.

SupersetningSalme 139,14

9 2017

27. august

Når jeg ser

din himmel

Ju jitsu – lær samuraienes

selvforsvar!side 9

Ditt ord er en lykt for min fot

og et lys for min sti.

SupersetningSalme 119,105

10 2017

17. september

Gud gir

de 10 bud

Gøy med basketball!

side 9

Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal

dere få alt det andre i tillegg.

SupersetningMatteus 6,33 15

201719. november

Guds rike og de små

Hyttelandsby i skogen!

side 9

For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

SupersetningJohannes 3,16

14 2017

5. november

En ny himmel og en ny jord

– Jeg elsker å synge!

side 9

Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal dere få alt det andre i tillegg.

SupersetningMatteus 6,33

13 2017

29. oktober

Jesus og den lamme

mannen

Kult med hip-hop!

side 9

Jeg gir deg skatter som er skjult i mørket, og rikdommer gjemt på hemmelige steder, for at du skal kjenne at jeg er Herren, som kaller deg ved navn.

SupersetningJesaja 45,3

12 2017

15. oktober

Skatten og perlen

Aktive Ester! side 9

Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal dere få alt det andre i tillegg.

SupersetningMatteus 6,33

11 2017

17. september

Jesus hos Marta og Maria

Koselig med kanin!side 9

Gje barnebladet BARNAS til eit barn

du er glad i!

Desse oppgåvene er henta frå bladet.

Bestillabonnement

på sondagsskolen.no eller 22 08 71 00

1

23

4

5

6 7

8

9

10

11

12

13

141516

17

1819

20

21

2224

25

2627

28

23

Page 15: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

Kyrkjelydsblad for Fjaler 15

Vi har tre kristne høgtider; jul, påske og pinse. I jula feirar vi at Jesus blei født. I påska feirar vi at Jesus stod opp av grava og sigra over døden. I pinsa feirar vi at dei første kristne blei døypt og fekk Den Heilage Ande.

Alle desse høgtidene er viktige og heng saman som ei his-torie og eit bodskap. Påska har sitt viktige bodskap om då Jesus rei inn i Jerusalem på palmesøndag. Dette var starten på hans lidingssoge, der læresveinane åt det siste måltidet med han på skjærtorsdag, før Jesus dagen etter døydde på krossen.

Men det slutta heldigvis ikkje der. For tre dagar etter stod han opp igjen av grava og sigra over døden. Dette var ei så fantastisk hending at denne bodskapen om hans oppsto-de spreidde seg over heile jorda – også til Noreg. Det blei bygd kyrkjer og landet vårt blei styrt av kristne kongar, og kyrkja starta også dei første skulane.

Kyrkja i Fjaler vil invitere born til å delta i og høyre om denne fantastiske historia som hende i påska for 2000 år sidan.

Det vil vere påskevandring i Guddal tysdag 17. april kl.14.30 i Guddal kyrkje for dei i 3.- 5. klasse.

I Dale kyrkje vil det vere påskevandring for dei på 3. årssteg laurdag 21. april kl.10.30.

I Folkestad kapell vil vi ha påskevandring laurdag 28. april kl.12.30 for dei i 3.- 7. klasse.

Til alle opplegga vil vi avslutte med gudsteneste. I Guddal vil det vere gudsteneste søndag 22. april kl.14.00, i Dale kyrkje 22. april kl.11.00, og i Folkestad søndag 29. april kl.11.00. Vel møtt!

Velkommen tilpåskevandring i april!

Page 16: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

16 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Kyrkjelyden sittmisjonsprosjekt i Midt-AustenKyrkjelydane i Fjaler har i mange år vore med på å støtte misjonsarbeidet som Det Norske Misjonsselskap(NMS) har i Mali i Vest-Afrika. Dei seinare åra har vi samstundes støtta eit arbeid i Egypt mellom vanskelegstilte born i millionbyen Kairo, også dette eit NMS prosjekt i samarbeid med kyrkjer i Egypt.

Sidan januar 2017 har ein i NMS lagt om mykje av innsamlingsarbeidet, og difor har ikkje kyrkjelydane lengre avtale om støtte til heilt spesifikke pro-sjekt men land og områder. Grunnen til dette er tredelt.

Fyrst handlar det om at så mykje som mogeleg av gåvekronene skal gå til det faktiske arbeidet med å hjelpe menneske i naud og med å nå ut til fleire med evangeliet. Å ha færre pro-sjekt å rapportere om gjer at mindre tid og pengar går vekk til admini-strasjon.

Dernest handlar det om at vi i Midt-Austen samarbeider med mange ulike lokale kyrkjer og små organisasjonar som heile tida er i endring. Dei ynskjer å kunne vere mobile i sitt arbeid og satse der det trengst mest, og er difor glade for at vi gir dei handlingsrom og ikkje låser støtta vår berre til lang-

siktige prosjekt.Sist, og ikkje minst, våre samarbeids-partnarar i Midt-Austen og Nord-Afrika lever som ein kristen minoritet i sam-funn der det å vere kristen og drive kristent arbeid er farleg. Difor har vi sett at vi må vere meir medvitne om korleis vi eksponerer dei her i Noreg, og at vi ikkje kan skrive og fortelje om alt som vert gjort eller vise bilete av alle aktivitetane.

Har pengane frå Fjaler kome fram? Svaret er Ja! Sjølv om de altså no har Midt-Austen som prosjekt, så går fram-leis mange av dei kjente tiltaka i Egypt og i Kairo. Framleis er born og unge i

Barn på det diakonale senteret i Kairo.

Page 17: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

Kyrkjelydsblad for Fjaler 17

fokus, men dei siste åra har ein og fått mykje fokus på dei store gruppene av flyktningar i området.

Det er våre samarbeidspartnarar i Egypt som bestemmer kvar det er naudsynt med støtte, og difor vekslar det noko frå år til år om kor vår støtte kjem inn som ein ressurs, men vi får heile tida forteljingar om at hjelpa kjem fram og at den er til hjelp. Vi er og jamleg på besøk i området, så vi ser kor pengane tek vegen. På heime-sida til NMS www.nms.no , kan de lese mange forteljingar frå arbeidet i Midt-Austen, fylgje med på blogg og bli oppdatert fortløpande. Det ligg og mykje informasjon om arbeidet på facebook og youtube.

Nokre få eksempel.Den mobile augeklinikken i Kairo er framleis i drift og hjelper både små og store med enkle operasjonar og med briller. Dagsentra og barneheimen i Kairo er framleis i drift, men i tillegg er vi no og inne og støttar ein del tiltak for fattige gutar frå landsbygda som kjem inn til Kairo for å tene pengar som eselkjerre-førarar. Mange av dei vert utnytta og er mest som slavar å rekne. Kyrkja lokalt har gjeve nokre av dei betre arbeidsoppgåver og ein trygg stad å bu, og dei vil gjerne nå ut til fleire av desse unge gutane med hjelp. Dei driv og med ein liten yrkes-skule for tenåringsjenter og gutar for å hjelpe dei ut av håpløysa.

Sist vil vi nemna det store arbeidet mellom dei mange flyktningane i regi-onen. Vi har fått ein del flyktningar til Europa frå krigen i Syria, men dei aller fleste er flyktningar internt i Midt-Austen. Å hjelpe flyktningane i leirane, mellom anna med skulegong for born via TV, er ein av mange oppgåver.

Takk for di trufaste støtte!

Ingvald Andersen FrøyenRådgiver og misjonær i NMS

Laben på Anafora der dei produserer krydder, olje, såpe mm for eige bruk og for sal.

Page 18: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

18 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Velkomen til kyrkjeSøndag 18. mars Dale kyrkje kl.19.00 Samtalegudsteneste med konfirmantane frå heile Fjaler. Offer til Alværa Misjonssenter.

Tysdag 20. mars Dale kyrkje kl.20.00 Solidaritetskonsert med Ungdomskoret, Kulturskulen og UWC. Kyrkjekaffi etterpå. Kollekt til Kirkens Nødhjelp – Fasteaksjonen.

Skjærtorsdag 29. mars Folkestad bedehuskapell kl.19.15 Mark Taylor spelar orgelkonsert av Johann Sebastian Bach.

Folkestad bedehuskapell kl.19.30 Gudsteneste. Offer til Strømmestiftelsen.

Langfredag 30. marsDale kyrkje kl.19.30 Gudsteneste.

Påskedag 1. april Dale kyrkje kl.11.00 Høgtidsgudsteneste med Cantus. Offer til Strømmestif-telsen.

Guddal kyrkje kl.16.00 Høgtidsgudsteneste. Kyrkjekaffi. Offer til Strømmestif-telsen.

2. påskedag 2. april Fjaler Sjukeheim kl.11.00 Gudsteneste.

Søndag 22. april Dale kyrkje kl.11.00 Barnas påskegudsteneste. Utdeling av påskeboka til påskevandrarar frå 3. klasse. Offer til IKO - Kirkelig pedagogisk senter. Kyrkjekaffi.

Guddal kyrkje kl.14.00 Barnas påskegudsteneste. Utdeling av påskeboka til påskevandrarar frå 3. 4. og 5. kl. Familiekoret deltek. Offer til IKO - Kirkelig pedagogisk senter. Kyrkjekaffi.

Søndag 29. april Folkestad bedehuskapell kl.11.00 Barnas påskegudsteneste med Do Re Mi. Utdeling av påskeboka til 3.4.5. + 6. kl. Offer til IKO - Kirkelig pedagogisk senter.

Straumsnes grendahus kl.14.00 Gudsteneste. Fure og Våge Songlag deltek. Offer til Kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.

Søndag 6. mai Dale kyrkje kl.10.00 KonfirmasjonsgudstenesteOffer til barne- og konfirmantarbeid.

Dale kyrkje kl.12.00 Konfirmasjonsgudsteneste. Offer til barne- og kon-firmantarbeid.

Helgetorsdag 10. mai Folkestad bedehuskapell kl.11.00 Konfirmasjonsgudsteneste Offer til barne- og konfirman-tarbeid.

Søndag 13. maiGuddal kyrkje kl.11.00 Konfirmasjonsgudsteneste. Store korbarn deltek. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Torsdag 17. mai Dale kyrkje kl.11.00 Gudsteneste. Dale barnekoret deltek. Offer til NMS Misjonsarbeid i Mali.

Folkestad bedehuskapell kl.11.00 Gudsteneste utan nattverd Offer til Folkestad bede-huskapell.

Guddal kyrkje kl.13.00 Gudsteneste utan nattverd Familiekoret deltek. Offer til Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet.

Pinsedag 20. mai Dale kyrkje kl.11.00 Høgtidsgudsteneste med Cantus. Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.

Folkestad bedehuskapell kl.19.30 Høgtidsgudsteneste. Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.

2. pinsedag 21. mai Fjaler Sjukeheim kl.11.00 Gudsteneste.

Søndag 3. juni Skaparverkets dagDale kyrkje kl.11.00 Misjonsgudsteneste med Ingvald Frøyen frå NMS. Kyrkjekaffi. Offer til SOS Barnebyer.

Page 19: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

Kyrkjelydsblad for Fjaler 19

Kyrkjeblad for FjalerKontonr. 3741 20 73135Bladpengar kr. 230 / 300 for året.Redaktør: Joy TaylorPrent: Ingvald Husabø Prenteverk [email protected]

Kyrkja i Fjalerwww.fjaler.kyrkja.noKyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.Telefon: 57 73 97 70

Kyrkjekontoret er ope måndag-torsdag kl. 9.00-14.00fredag kl. 9.00-12.00Ved oppdrag og ferie kan du oppleve kontoret stengt også når det skulle vore ope.

Tilsette med kontorplass:Sokneprest Knut Arne Kummenejejobb: 57 73 97 75, mobil: 908 55 [email protected]

Kyrkjeverje Irene Flødejobb: 57 73 97 71, mobil: 992 38 [email protected], onsdag, torsdag og fredag

Kantor Mark Taylor jobb: 57 73 97 74, mobil: 975 13 [email protected] har fri kvar torsdag

Sekretær Joy Taylorjobb: 57 73 97 72, mobil: 911 71 [email protected] og fredag

Kyrkjetenarar:Dale kyrkje og kyrkjegardStig Moltumyrtlf: 926 11 778

Guddal kyrkje og kyrkjegardStig Moltumyrtlf: 926 11 778

Hellevik- og Folkestad bedehuskapell

Fjaler soknerådLeiar Terje Roald Hasnes mobil: 905 60 416

Beredskapstelefon for prestutanom kontortid 95 48 31 52.

Folkestad bedehuskapell kl.15.00 Gudsteneste for skaparverkets dag. Bibelspel Noas Ark og vårsong-ar v/ Do Re Mi. Offer til SOS Barnebyer.

Søndag10. juniHellevik bedehuskapell kl.11.00 Gudsteneste med konfirmantinnskriving. Offer til Alværa Misjons-senter.

Dale kyrkje kl.19.30 Solo orgelkonsert v/ Mark Taylor. "Messe til soknekyrkjene sine høg-tidelege feiringar" av den store franske barokk-komponisten Francois Couperin. Kollekt til NMS sitt misjonsarbeid.

Søndag17. juniGuddal kyrkje kl.11.00 Gudsteneste med innskriving av konfirmantane. Familiekoret deltek. Kyrkjekaffi. Offer til Alværa Misjonssenter.

Dale kl.19.30 Gudsteneste med innskriving av konfirmantane. Ungdomskoret deltek. Kyrkjekaffi. Offer til Alværa Misjonssenter.

Søndag 1. juliDale kyrkje kl.11.00 Gudsteneste. Offer til kyrkjelydsarbeidet.

Søndag 22. juliDale kyrkje kl.11.00Gudsteneste.

Søndag 29. juli OlsokKorssundkrossen kl.14.00 Friluftsgudsteneste ved steinkrossen. I tilfelle dårleg ver, i Folkestad kapell.

Søndag 5. augustDale kyrkje kl.20.00 Jakob Sande konsert med Cantus. Billettsal ved inngangen kr 150,-

Søndag 12. augustDale kyrkje kl.11.00 Gudsteneste.

Søndag 26. augustDale kyrkje kl.11.00 Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane. Ungdomskoret deltek.

Guddal kyrkje kl.14.00 Gudsteneste med konfirmantpresentasjon. Store frå koret deltek. Kyrkjekaffi.

Det kan kome nokre justeringar i gudstenestelista undervegs. Oppdatert informasjon finn du på www.fjaler.kyrkja.no og på Facebook.

Page 20: En prest fortelfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2018.pdf · kista. Så talar presten om Gud i himmelen. Om at Gud likevel alltid er vårt vitne. Alltid

INFORMASJON

Avsendar: Fjaler kyrkjekontorPb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord

B

20 Kyrkjelydsblad for Fjaler

«Ikkje sidan andre verdskrig har fleire menneske vore på flukt. Difor er Fasteaksjonen viktigare enn nokon sinne. Den gir oss moglegheit til å gjere noko konkret – diakonalt – og no håpar vi at det blir ein stor dugnad,» seier Helen Wibe Nesvold, som er prosjektleiar for Fasteaksjonen i Kirkens Nødhjelp.I årets fasteaksjon fortset vi å seie: «Ja, vi elskar dette vatnet», fordi vi veit at reint vatn er livsviktig og heilt avgjerande for all utvikling. Dei siste åra har vi sett at det har skjedd ein positiv utvikling i mange land. Det er færre som lever under fattigdomsgrensa, og fleire har fått tilgang til reint vatn, men om vi skal ha håp om å nå utviklingsmåla som verdas politikarar har blitt einige om, må vi heile tida fortsetje å kjempe for denne viktige saka. Det er fortsatt langt fram. Kirkens Nødhjelp voks fram i ruinane av andre verdskrigen. Dei

menneska som sjølv hadde opplevd brutaliteten av krigen, ønskte å hjelpe sivilbefolkninga hos den tidligare fienden, Tyskland. For dei hadde alle menneske same verdi. Lat oss ta med denne arven når vi no skal førebu oss til Fasteaksjonen 2018. Den er også ein del av reformasjonsmarkeringa: I fjor var det seminar, gudstenester og foredrag. No er det tid for diakonal handling. Kyrkjelydane i Fjaler vil vere med på dette, og gjennomfører ein dør-til-dør-

aksjon på aksjonsdagen til Kirkens Nødhjelp – i veka før palmesøndag. Størsteparten av dei som går er konfirmantar, men også andre bøsseberarar deltek i aksjonen.I år vert dør-til-dør-aksjonen søndag til tysdag, 18.-20. mars. Vi avsluttar med Solidaritetskonserten i Dale kyrkje tysdag 20. mars kl.20.00 Vi oppmodar alle til å ta godt imot bøsseberarane våre! Ha kontantar klar. Ditt bidrag er veldig viktig!

Dør-til-dør-aksjon og konsertSøndag 18. - tysdag 20. mars

Velkomen til Solidaritetskonsert i Dale kyrkje tysdag 20. mars kl.20.00! På biletet ser du eit av innslaga frå Hyllestad og Fjaler kulturskule i fjor.