2
POSITIV NYNORSKUTVIKLING I NRK – Vi arbeider lojalt for å nå 25 % nynorsk i NRK, men vi treng hjelp til å styrkje rekrutteringa, sa kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas då han la fram sin språkrekneskap for NRK, eller ei løypemelding om stoda for nynorsken som han sjølv kalla det. NRK har fått kritikk frå Medietilsynet for at nynorsk- prosenten ikkje er 25, men for dei fleste kanalane er tala stigande, og i nærleiken av 25 %. Det er ein viktig tankevek- kar at talet er svakast for NRK Super (16 %) som ganske sikkert vil ha stor språkleg påverknad på digital-TV-gene- rasjonen og deira framtidige språkval. – Nynorskprosenten for nyutdanna journalistar er berre 8 % på landsbasis. Det er med andre ord viktig at nynorsken blir brukt meir i utdanningsinstitusjonane for at rekrutte- ringa av nynorskjournalistar skal bli betre, påpeika kring- kastingssjefen. DUETT MED MALIN Sola braut nesten gjennom då Malin avslutta konserten på Volda bygdetun med ”Sommer og skolefri”. Meir enn 400 barn og vaks- ne let seg ikkje stoppe av litt sommarregn, men kosa seg med kjende songar frå barnestjerna, som no er ungdom. Heldigast av alle var vesle Jenny som fekk syngje duett med Malin på den sis- te songen. SEI DI MEINING OM KORLEIS NYNORSK SKAL SKRIVAST Om mindre enn eitt år legg ei nemnd under leiing av Grete Riise fram eit forslag til rettskriving for nynorsk som mange vonar vil vere levedyktig i mange tiår. Arbeidet er ope, og i dag klokka 13 kan du seie di meining i den opne debatten i Aasen-tunet der fleire av medlemene i nemnda er til stades. Då Olaug Nilssen byrja å skrive på boka om Sigvart Dags- land blei ho utfordra på sitt bilete av kristne menn. Ho had- de m.a. konkludert med at Sigvart såg kristen ut på dei fleste plateomslaga. I samtalen ”Førsnakk” fredag kveld, av- slørte Dagsland sjølv at han berre har to uttrykk å veksle mellom på plateomslaga sine – alvorleg og ettertenksam. Samtalane dei hadde i forkant av boka Nesten frelst av Sigvart Dagsland gav Nilssen eit mykje meir nyansert bilete av personen og artisten, og ho inntok sjølv rolla som kon- servativ mot Dagsland si meir radikale gudstru. Med Nils- sen si tydelege forteljarstemme, har boka fått eit meir lit- terært preg enn bøker om kjende personar vanlegvis har, heilt etter Dagsland sitt eige ønske. ”Førsnakk” var eit oppspel til utekonserten seinare på kvelden der om lag 250 publikummarar fekk ei strålande konsertoppleving i svært skiſtande vêrforhold. Saman med Torjus Vierlid, Hildegun Garnes Reigstad og Ingelin Reig- stad Norheim serverte Dagsland smakebitar frå meir enn 20 år som artist. Vakkert, svingande og i godt samspel med fuglesongen i Aasen-tunet. Konserten med Dagsland var den andre av tre kvelds- konsertar ute i Aasen-tunet desse Festspela. Vêret har ikkje dempa stemninga på dei to første, og i kveld kjem finvêret – og Valkyrien Allstars. NYTT FRÅ DEI NYNORSKE FESTSPELA 2010 LAURDAG 26. JUNI 24 25 26 27 FESTSPELSYMRA UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG ANSVARLEG REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD STRÅLANDE SIGVART Torjus Vierlid, Ingelin Reigstad Norheim, Sigvart Dagsland og Hildegun Gar- nes Reigstad Malin og Jenny (foto: Ingrid Aasen Lødemel)

Festspelsymra 3 2010

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Nytt frå Dei nynorske festspela

Citation preview

Page 1: Festspelsymra 3 2010

POSITIV NYNORSKUTVIKLING I NRK – Vi arbeider lojalt for å nå 25 % nynorsk i NRK, men vi treng hjelp til å styrkje rekrutteringa, sa kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas då han la fram sin språkrekneskap for NRK, eller ei løypemelding om stoda for nynorsken som han sjølv kalla det.

NRK har fått kritikk frå Medietilsynet for at nynorsk-prosenten ikkje er 25, men for dei fleste kanalane er tala stigande, og i nærleiken av 25 %. Det er ein viktig tankevek-kar at talet er svakast for NRK Super (16 %) som ganske sikkert vil ha stor språkleg påverknad på digital-TV-gene-rasjonen og deira framtidige språkval.

– Nynorskprosenten for nyutdanna journalistar er berre 8 % på landsbasis. Det er med andre ord viktig at nynorsken blir brukt meir i utdanningsinstitusjonane for at rekrutte-ringa av nynorskjournalistar skal bli betre, påpeika kring-kastingssjefen.

DUETT MED MALIN

Sola braut nesten gjennom då Malin avslutta konserten på Volda bygdetun med ”Sommer og skolefri”. Meir enn 400 barn og vaks-ne let seg ikkje stoppe av litt sommarregn, men kosa seg med kjende songar frå barnestjerna, som no er ungdom. Heldigast av alle var vesle Jenny som fekk syngje duett med Malin på den sis-te songen.

SEI DI MEINING OM KORLEIS NYNORSK SKAL SKRIVASTOm mindre enn eitt år legg ei nemnd under leiing av Grete Riise fram eit forslag til rettskriving for nynorsk som mange vonar vil vere levedyktig i mange tiår. Arbeidet er ope, og i dag klokka 13 kan du seie di meining i den opne debatten i Aasen-tunet der fleire av medlemene i nemnda er til stades.

Då Olaug Nilssen byrja å skrive på boka om Sigvart Dags-land blei ho utfordra på sitt bilete av kristne menn. Ho had-de m.a. konkludert med at Sigvart såg kristen ut på dei fleste plateomslaga. I samtalen ”Førsnakk” fredag kveld, av-slørte Dagsland sjølv at han berre har to uttrykk å veksle mellom på plateomslaga sine – alvorleg og ettertenksam.

Samtalane dei hadde i forkant av boka Nesten frelst av Sigvart Dagsland gav Nilssen eit mykje meir nyansert bilete av personen og artisten, og ho inntok sjølv rolla som kon-servativ mot Dagsland si meir radikale gudstru. Med Nils-sen si tydelege forteljarstemme, har boka fått eit meir lit-terært preg enn bøker om kjende personar vanlegvis har, heilt etter Dagsland sitt eige ønske.

”Førsnakk” var eit oppspel til utekonserten seinare på kvelden der om lag 250 publikummarar fekk ei strålande konsertoppleving i svært skiftande vêrforhold. Saman med Torjus Vierlid, Hildegun Garnes Reigstad og Ingelin Reig-stad Norheim serverte Dagsland smakebitar frå meir enn 20 år som artist. Vakkert, svingande og i godt samspel med fuglesongen i Aasen-tunet.

Konserten med Dagsland var den andre av tre kvelds-konsertar ute i Aasen-tunet desse Festspela. Vêret har ikkje dempa stemninga på dei to første, og i kveld kjem finvêret – og Valkyrien Allstars.

NYTT FRÅ DEI NYNORSKE FESTSPELA 2010

LAURDAG 26. JUNI 24 25 26 27

FESTSPELSYMRA

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG ANSVARLEG REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

STRÅLANDE SIGVART

Torjus Vierlid, Ingelin Reigstad Norheim, Sigvart Dagsland og Hildegun Gar-nes Reigstad

Malin og Jenny (foto: Ingrid Aasen Lødemel)

Page 2: Festspelsymra 3 2010

HOVUDSPONSORAR

FESTSPELA I DAG – LAURDAG

FESTSPELA I MORGON – SØNDAG

Oddgeir Bruaset

Festspelgudsteneste11.00 Utescena, Aasen-tunet

Preike ved sokneprest Margit Lovise Holte. Liturg: Kjell-Roger Isene. Tekstlesing ved festspeldiktar Rønnaug Kleiva Arr.: Volda sokneråd i sam-arbeid med Ørsta sokneråd

All verdas språkI år: Språk på vandring13.00 Salen, Aasen-tunet

Reiseleiar: Rolf TheilKr 100

Journalisten Oddgeir Bruaset14.00 Salen, Aasen-tunet

I samtale med Audhild Gregoriusdotter RotevatnKr 100

Aasen-stemnet15.00 Utescena, Aasen-tunet

Stemnetale ved Erling LægreidSusanna frå SunnfjordJorunn Torsheim, Tove Krag-set (piano) og Erlend SamnøenKr 200 / honnør og student 150 / barn 50 / familie 400

Billettar og meir informasjon på www.aasentunet.no. Du får også kjøpt billettar på Narvesen.Følg oss på facebook: facebook.com/deinynorskefestspela

Jorunn TorsheimFoto: Astrid Waller

Benedicte MaursethFoto: Anders Bergersen / Rikskonsertane

Agent ordspion Lurivar av Aasen-tunet13.00 Utescena, Aasen-tunet

Tunkatten Lurivar (Aslak Strønen) og forfattaren Hilde (Unn Catodotter Fyllingsnes) på tur i litteraturen Tunkattaktivitetar og ordløype Høver best for born 6–10 årKr 50 / familie 150

Benedicte Maurseth solo16.00 Salen, Aasen-tunet

PlatesleppI samarbeid med GrappaKr 200 / honnør og student 150 / barn 100

Valkyrien Allstars21.00 Uteamfiet, Aasen-tunet

Tuva Livsdatter Syvertsen, Ola Hilmen, Erik Sollid, Martin Langlie og Sondre MeisfjordKr 300 / barn 250 / familie 750

Skáidi23.30 Målbar, Møre folke-høgskule, Ørsta

Inga Juuso (joik) og Steinar Raknes (kontrabass)I samarbeid med Kultur i TromsKr 100

Lurivar og Hilde Valkyrien Allstars Steinar Raknes og Inga Juuso