15
VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS Årsmelding for året 2011 71. driftsår Nytt Bandakspenn sett frå Flekstveitsida, 66 kV – 2200 m. Foto: Aslak Bekhus

for året 2011 71. driftsår - vtk.no · øre/kWh eller om lag 5 øre lågare enn i 2010. Produksjon og omsetning sin andel av driftsresultatet utgjer i 2011 om lag 90 % mot 70% i

  • Upload
    doannhu

  • View
    216

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS

Årsmelding

for året 2011

71. driftsår

Nytt Bandakspenn sett frå Flekstveitsida, 66 kV – 2200 m. Foto: Aslak Bekhus

1

1

VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS HISTORISK OVERSYN Vest Telemark Kraftlag vart stifta 13. september 1940 som eit selskap der deltakarane hadde avgrensa økonomisk ansvar (BA). I 1981 vart Kilen Kraftlag i Kviteseid overteke og i 2000 vart Nissedal Kommunale Elverk (NKE) innfusjonert. Nissedal kommune gjekk då inn på eigarsida i VTK i høve til dei verdiane som låg i verksemda. NKE var stifta i 1921. Som fylgje av lovendring (lov om interkommunale selskap §41) vart VTK (BA) omorganisert til aksjeselskap (VTK AS) med verknad frå 01.01.2002. Omorganiseringa skjedde ved namneendring og nye vedtekter. Aksjekapitalen på 100 mill.kr vart fordelt i same høve som andelskapitalen i BA-et. Eigarane har inngått avtale som regulerar aksjeomsetning og styrevalg m.m. Vedtaket om omorganisering vart gjort i representantskapet 10.01.2002 og var samrøystes. EIGARSKAP OG FØREMÅL VTK er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommunar. Nissedal eig 5 %, dei andre 19 % kvar. Aksjekapitalen er på 100 mill.kr. Konsesjonsområdet dekker dei same kommunane med unntak av Fjågesund i Kviteseid, Felle og Haugsjå i Nissedal og Rauland i Vinje. Området utgjer omlag 40 % av Telemark fylkes areal. VTK har forretningskontor i Høydalsmo i Tokke kommune, og ei avdeling i Treungen. Føremålet med selskapet er elnett, kraftproduksjon, kraftomsetning, elektroinstallasjon, teletenester og liknande. VTK er medeigar i produksjonsselskapa Skafså Kraftverk ANS (67 %), Sundsbarm Kraftverk (8,5 %) og Grunnåi Kraftverk AS (15 %). Til saman gjev dette 240 GWh i eigenproduksjon. Vidare har VTK 40 % i breibandselskapet Telefiber AS. HOVUDTAL VTK har over 13000 nettkundar og talet aukar med 2-300 i året. I høve til talet på abonnentar har VTK eit omfattande nett: 112 km regionalnett 7 transformatorstajonar 1042 km høgspentnett 6 koplingsstasjonar 1776 km lågspentnett 912 nettstasjonar VTK sine aktivitetar sysselset ved utgangen av året 63 personar (60 årsverk), av desse er 6 årsverk tilknytta produksjonselskapa. Dei fleste er medlemer i VTK’s eigen pensjonskasse som har eit pensjonsfond på 83 mill.kr.

2 3 2

OVERSIKT OVER EIGARSKAP pr 31.12.

Vest-Telemark Kraftlag AS Skafså Kraftverk ANS (67 %) VTK Pensj.kasse (100 %) Sundsbarm Kraftverk (8,5 %) Grunnåi Kraftverk AS (15 %) Telefiber AS (40 %) Rekneskapsmessig inkludert i VTK Konsern. Eigne skattesubjekt. Ikkje inkludert i

rekneskapet til VTK AS.

ORGANISASJON OG LEIING Vest-Telemark Kraftlag AS Generalforsamling Styret 8 medlemmer

Adm. direktør Dagleg leiing Skafså Nettdrift Økonomi DLE Kraftomsetning engros Nyanlegg Måling og avrekning Målarar

Energiutgreiing Entreprenørtenester Kraftsalg detalj Ny produksjon Fiber EDB

Kontortenester Personal

Styreleiar: Rolf Normann (Åse Wrålid) Tokke Styrets nestleiar: Guro Libjå (Olav Gisle Noraberg) Fyresdal

Styremedlemer: Bjørg K. Ståland (Magne Wraa) Kviteseid Magne Reinstaul (Iselin B. Stundal) Seljord Torgrim Thomassen (Kari Rustberggard) Vinje Kari-Anne Nordbø (Kåre Rønningen) Nissedal Aslak Bekhus (Tor Ivar Berge) (vald av tilsette)

Jarle Solbu (Steinar Mandt) (vald av tilsette) Dagleg leiar: Adm.direktør Ketil Kvaale Revisor: Revisorteam Vest-Telemark A/S v/reg.revisor Vetle H. Olsnes. (Namna i parantes er personlege varamedlemer).

NETT Nettsjef

Gunnar Snarteland

DLE Tilsynsleiar Tor Ivar Berge

PRODUKSJON m.m. Energisjef Aslak Ofte

ØKONOMI/KONTOR Kontorsjef

Terjei Mjaaland

3

STYRETS ÅRSMELDING GENERELT OM ÅRET Samandrag År 2011 starta som eit år med streng kulde og ein svært vanskeleg kraftsituasjon, men utvikla seg til eit svært vått år med normal temperatur i snitt. Takk vera import frå utlandet og ein uvanleg mild april månad, kom Noreg seg så vidt i gjennom denne situasjonen utan rasjonering og utan at kraftprisen kom vesentleg høgare enn det ein har sett i kalde år tidlegare. VTK sin kraftproduksjon kom berre opp på normalnivå, sidan mykje av nedbøren vart nytta til oppfylling av heilt skrapa magasin. I nettverksemda var også dette året aktiviteten retta mot nyanlegg (hytter), ombygging av høgspentanlegg og skogrydding. Nytt 66kV fjordspenn over Bandak var det største enkeltprosjektet. Fleire omgangar med kraftig vind førte til svært mykje feil og rekordstore KILE-kostnader. Leveringskvalitet er den lågast målte på over 15 år. Økonomisk sett ein reduksjon i høve til rekordåret 2010. Driftsresultat på 52 mill.kr. Kraftig auke i skattebyrde gjev eit resultat etter skatt på 24 mill.kr. Produksjon og kraftsalg engros I 2011 var det i Skafsåvassdraget (ref Åmdal) 28% meir nedbør enn normalt og 75% meir enn i 2010. Mykje av nedbøren vart nytta til å fylle opp att magasina til normalnivå, etter at dei var tappa kraftig ned for å koma i gjennom vinteren 2010/2011. Produksjonsauken vart difor berre 9% frå 271 til 295 GWh. VTK sin andel av produksjonen i Skafså kraftverk og Sundsbarm kraftverk vart 238,9 GWh mot 213,7 GWh i 2010 og 252 GWh i 2009. Spotprisen var høgast i januar og gjekk deretter kraftig ned utover året. I snitt låg den på 36 øre/kWh eller om lag 5 øre lågare enn i 2010. Produksjon og omsetning sin andel av driftsresultatet utgjer i 2011 om lag 90 % mot 70% i fjor. Etter skatt er andelen noko lågare, då skattenivået er vesentleg høgare på produksjon enn nett. Det nominelle driftsresultatet vart 4,5 mill.kr (9%) lågare enn i 2010. VTK sin 15 %-eigardel i Grunnåi Kraftverk AS er ikkje med i desse tala då dette selskapet rekneskapsmessig står på eigne bein. Selskapet har i 2011 eit resultat etter skatt på 1,8 mill.kr (4,2 mill.kr i 2010).

4 5 4

Kraftsalg til sluttbrukarar VTK sel berre til sluttbrukarar i eigarkommunane. Marknadsandelen målt i volum er 90 % (91% i fjor). Dei kundane VTK ikkje har, er stort sett landsdekkande kjeder og firma som har sentrale avtaler med ein leverandør. Også nokre enkeltkundar let seg overtale av pågåande seljarar. Med den prispolitikken VTK har er vanskeleg å sjå at andre kan levere til lågare pris over tid. Prispolitikken til VTK er å selje til engrospris (innkjøpspris). Dersom ein set vanleg dekningsbidrag (påslag) til 1,5 øre/kWh, gav denne aksjonærstyrte prispolitikken ei verditilbakeføring til kundane på om 3- 4 mill.kr. Denne prispolitikken er også lagt til grunn i budsjettet for 2012. Då denne aktiviteten har null i dekningsbidrag gjev den eit lite negativt resultatbidrag. Dette er inkludert i resultattala for produksjon/engrosomsetjing over. I 2011 var det berre Vinje kommune som stilte med eigen kraft, då også Tokke kommune valde å selje all si kraft i marknaden. Prisen i Vinje var 20 øre/kWh. Frå 2012 er Tokke tilbake på gamal ordning. Båe kommunane har auka prisen mykje dei seinare år og i 2012 er den 36 øre/kWh (Tokke) og 25 øre/kWh (Vinje) + elsertifikat og mva. Når marknadsprisen er lågare enn desse prisane er det marknadsprisen som gjeld. Det skjer no stadig oftare. Utviklinga skuldast ikkje auka pris på Særavtalekrafta inn til kommunane, men heller eit ynskje frå kommunane om større inntekter frå denne kraftavtala For forsyning av dei andre kommunane vert det kjøpt inn kraft i marknaden. Vekta pris i 2011 var her 36 øre/kWh mot 41, 30, 34, 23, 40, 24, 25 og 32 øre/kWh åra før.

Nett I 2011 var det, som tidlegare år, utbyggingar til nye hyttefelt og ombygging/ fornying av høgspentnettet som stod i fokus. Det vart, pga mykje uvær, også bruka store ressursar på feilsøking og feilretting. Fornying av 66KV- fjordspenn på 2,2 km over Bandak var den største enkeltkostnaden. Det vart bygd 16 km 22 kV jordkabel, 6 nye nettstasjonar (+ ombygging av 15 stk) og 27 km lågspent jordkabel. Målsetjinga er å nytte jordkabel ved alle nyanlegg og fornyingar i høgspent- og lågspentnettet. Andel jordkabel i høgspentnettet auka frå 20,4 % til 21,7 % og i lågspentnettet frå 40,7 % til 41,7 %.

5

I 2002 vart VTK, som dei fleste andre nettselskap, pålagt ekstraordinær skogrydding i og langs alle linjegater. I perioden 2002 til 2010 vart det rydda både høgspent- og lågspentnett til ein samla kostnad på om lag 25 mill.kr. Det siste året er det gjennomført vedlikehaldsrydding i samsvar med plan og til ein kostnad på 2,9 mill.kr. Av dette er 60 % kostnader til innleigde firma. Talet på nettkundar auka med 136 mot 257 året før, og har no kome opp i 13350. Auken i nye hyttekundar var 183, om lag som i 2010. Dette er ein nedgang i høve til toppåra for 4-5 år sidan, men likevel ein fin auke. Tala viser at det har vore ein nedgang på andre kundetyper enn hytter

Forbruket hjå VTK sine kundar var 262 GWh inklusiv overføringstap. Dette er ein nedgang på 10 % i høve til året før. Nedgangen skuldast meir normale temperaturforhold. Driftsregulariteten var svært dårleg med ein målt regularitet på berre 99,86%, mot 99,97 og 99,94 åra før. Dette tilsvarer i gjennomsnitt over 12 timar straumlaust i løpet av året, eller om lag 3 gonger verre enn normalt. Hovudårsaken var 3 tilfeller av kraftig vind (8.april, 27.november og 25.desember). Dette førte til mykje trefall på linjenettet og straumutfall over store delar av forsyningsområdet. Planlagt utkopling pga arbeid på nettet utgjorde 8% av ikkje levert energi (ILE). Naturlege årsaker(vind, snø, trefall, fuglar og dyr) stod for 70% av feilårsakene, medan teknisk svikt var årsaken i 17% Resten er menneskeleg svikt (2 %) og ukjendt årsak (3%). Dei totale KILE-kostnadene i 2011 var 13,9 mill.kr mot 5,7 mill.kr året før. Dei største hendingane kom på tidspunkt då satsane er lågare enn på dagtid. Dette var med å redusere KILE-kostnaden målt i kr/kWh. I tillegg er det utbetalt 0,8 mill.kr i erstatning til kundar som var straumlause meir enn 12 timar.

6 7 6

Nettleiga vart ikkje auka i 2011, likevel aukar midlare nettinntekt med med 1,4 øre/kWh til 34,4 øre/kWh. Dette skuldast redusert forbruk pr kunde og større andel hyttekundar. Avrekna nettinntekter frå forbrukarar vart redusert med 3,9 mill.kr (4,4%) til 84,9 mill.kr. Årsaken er redusert forbruk. Tek ein med inntektene frå kraftverkskundane vart avrekna nettinntekter 94,4 mill.kr mot 102,1 i 2010, altså ein nedgang på 7,5%. Inntektene vart difor vesentleg lågare enn ramma og det er inntektsført 6,5 mill.kr i mindreinntekt. Med ”normale” KILE-kostnader ville mindreinntekta blitt ca 15 mill.kr. Dei totale bokførte nettinntektene vart 102,4 mill.kr mot 110,2 mill.kr i 2010. Denne nedgangen skuldast redusert ramme og høgare KILE-kostnader (til saman ca 14 mill.kr). Rammejustering for store investeringar i 2011 og korreksjon for 2010 dreg motsatt veg (jfr note 19). VTK fekk redusert sin effektivitetsscore frå 110 til 106% (103% i 2009), men er framleis over gjennomsnittet. Effektivitetsscoren gav eit rammetillegg på 4,6 mill.kr (5%) i høve til middels effektivitet. Driftsresultatet for nettdrifta vart ca 5,5 mill.kr om lag 10 % av det totale driftsresultatet. Dette er ein reduksjon på 15 mill.kr i høve til år 2010. Årsaken er store KILE-kostnader, auka avskrivingar, høgare personalkostnader og meir innkjøpte tenester.

Anna verksemd Breiband VTK eig 40 % av Telefiber AS. Selskapet vart stifta 28.08.2006 og held til i VTK-bygget med 2 tilsette. Selskapet leverar breibandtenester i Vest-Telemark + Hjartdal, eit område som krev store investeringskostnader pr kunde. Selskapet har ca 2000 kundar. Selskapets økonomi er god og i 2011 vart det overskot for 3. året på rad. Av ei omsetning på 14,6 mill.kr vart det eit resultat før skatt på 1,3 mill.kr. VTK si rolle er å eige, bygge og drive fibernettet og fylgje opp vår eigarrolle i Telefiber AS. Fibernettet vart i 2011 bygd vidare ut med ca 17 km, slik at samla lengde ved utgangen av året er i underkant av 610 km. Av desse er ca 290 km delfinansiert av VTNU via RDA-midlar og anna. VTK har ca 3 mill.kr i årlege leigeinntekter frå utleige av fiberkablar til Telefiber, men også kostnader til drift og vedlikehald, avskrivingar og finansiering av dei same kablane. Leigeinntektene dekker drift, avskrivingar og avkasting (renter).

7

Kontortenester m.m. I det utvida VTK-bygget har Vest-Telemark Brannvesen IKS (VTBV)og Telefiber AS kontorplass. Geomatikk AS sitt avdelingskontor vart avvikla i 2011. Skafså Kraftverk ANS vert administrert av VTK. VTK yter også kontortenester til VTBV og Telefiber. ØKONOMISK RESULTAT OG FINANSIELLE FORHOLD Generelt Resultatet er vesentleg svakare enn 2010, men så var også 2010 det beste nokon gong. Årsakene er reduserte inntekter/dekningsbidrag, høgare driftskostnader og relativt sett høgare skattekostnad. Gjennomgangen under refererer seg til KONSERN-tala. Resultatrekneskapen Driftsinntektene er 232,1 mill.kr, som er ein nedgang på 19,5 mill.kr i høve til 2010. Dei viktigaste årsakene er lågare kraftprisar og svært høge KILE-kostnader som fylgje av mykje uvær (vind). Jfr note 1, 2 og 3. Denne brutto nedgangen vert til ein viss grad kompensert med redusert kraftkjøp (sjå under). Kraftkjøp og anna varekjøp er 74,7 mill.kr, som er ein nedgang på 13,8 mill.kr i høve til 2010. Reduksjonen skuldast i hovudsak lågare prisar på innkjøpt kraft. Jfr note 4. Postane over gjev eit dekningsbidrag på 157,3 mill.kr som er ein nedgang på 5,6 mill.kr. Nedgangen fordelar seg nokolunde likt på produksjon og nett. Jfr note 4b. Personalkostnadene til drift aukar 16 %. Av dette er 11% knytta til årsverkauke og generell auke i personalkostnader; - lønsauke, meir overtid (jfr uvær), fleire AFP-pensjonar og høgare pensjonspremie. Dei resterande 5% skuldast lågare andel aktiverte personalkostnader enn i 2010. Jfr note 5. Avskrivingane aukar med 9% som fylgje av relativt store investeringar i 2011 innanfor alle typer anleggsmidlar. Jfr note 11 og finansielle forhold under. Andre driftskostnader aukar med 6,4 mill.kr (16%). Den relative auken er lik både i produksjon og nett. Årsaken er stor aktivitet innanfor vedlikehald og utgiftsførte reinvesteringar; - innkjøpte varer og tenester aukar difor med 4,3 mill.kr. Eigedomskatten aukar med 0,4 mill.kr og erstatningar med 0,7 mill.kr (direkteutbetaling pga straumbrot >12 timar). Jfr note 6. Driftsresultatet går som fylgje av dette ned med 19,2 mill.kr til 52,0 mill.kr.

8 9 8

Netto finanskostnader minkar med 0,7 mill.kr som fylgje av høgare renteinntekter og redusert gjeld. Jfr note 7 og 8. Resultat før skatt vert då redusert med 18,5 mill.kr (28%) til 47,0 mill.kr, noko som er 4.beste resultatet nokon gong og berre marginalt dårlegare enn i 2008. Skattekostnadene får ein kraftig relativ auke frå 42% til 50% av resultat før skatt. Hovudårsaken til dette er at Sundsbarm Kraftverk for fyrste gong har kome i grunnrenteposisjon. Det gjev ein ekstra skattekostnad på 2,7 mill.kr. I tillegg bidreg kraftproduksjonen relativt sett meir til resultatet i 2011 enn i 2010. Dette aukar midlare skatteprosent fordi produksjon vert skattlagt 58% og nett 28%. Jfr note 9. I tillegg vert det betalt 7,5 mill.kr i eigedomskatt, men den er ført som ”andre driftskostnader”. Årsresultatet vert med dette 23,7 mill.kr, som er ein nedgang på 14,2 mill.kr eller 37,5%. Finansielle forhold Investeringar Det er i året investert for 56,2 mill.kr. Av dette er 4,4 mill.kr finansiert av kundar o.a. Netto aktiverte investeringar vert då 51,8 mill.kr mot 30,4 i 2010. Dette er ein auke på heile 70%.

• Kraftverk 8,4 mill.kr. (Ferdigstilling av forsterking av indre dammar i Borsæ 5,9 mill.kr m.m.). • Regionalnett 12,5 mill.kr (Nytt Bandakspenn 10,2 mill.kr, Lio trafostasjon 2,1 mill.kr) • Distribusjonsnett 21,3 mill.kr • Fiber 1,5 mill.kr • Diverse 8,1 mill.kr (Lager Treungen 2,2 mill.kr, Transportmidlar 3,7 mill.kr m.m.)

Investeringane er i hovudsak finansiert av avskrivingar og årets løpande driftsoverskot. Akkumulert mindreinntekt i nettet inkl. renter er 22,5 mill.kr ved utgangen av året. Dette er ein auke på 8,3 mill.kr og skuldast at faktiske nettinntekter i 2011 var lågare enn tildelt ramme gav rom for. Jfr note 14 og 19. Sum eigendelar (totalkapitalen) går ned med 1% trass i at anleggsmidlane aukar med 6%. Dette skuldast kraftig nedgang i korsiktige krav som fylgje av låge årsavrekningar (lågt forbruk). Langsiktig gjeld er uendra. VTK har no berre lån hjå sine eigarar. Note 17. Kfr. også kassakreditten i note 18. Eigenkapitalen i selskapet (konsernet) er ved utgangen av året 267,7 mill.kr (56 %) før avsetjing til utbyte. Med eit føreslege utbyte på 20 mill.kr vert eigenkapitalen 247,7 mill.kr (51,8 %). Jfr note 16. Årets utbyte er høgare enn resultat og investeringstakt skulle tilseia, men er forsvarleg isolert sett. At EK-% likevel aukar skuldast den litt tilfeldige reduksjonen i kortsiktige krav (låge årsavrekningar). Dette kan slå ut motsatt veg neste år. Avkastning på totalkapitalen: 11,4 % (15,3%) Avkastning på eigenkapitalen: 18,3 % (26,1%)

9

DISPONERING AV ÅRSRESULTATET Styrets framlegg: Overføring til fri eigenkapital 3,7 mill.kr Utbytte 20,0 mill.kr Sum disponering 23,7 mill. kr Samla utbytte til eigarane sidan 1999 har då kome opp i 308 mill.kr.

TILSETTE VTK hadde ved utgangen av året 56 tilsette (53 årsverk). I tillegg kjem omlag 6 årsverk i kraftverka som også er med i personalkostnadene. LIKESTILLING Styret har 8 medlemer med personlege varamedlemer. Dei 6 eigarkommunane har rett til ein styreplass kvar. Frå dei tilsette vert det vald 2 medlemer. Etter valet på generalforsamlinga i 2011 har styret 50/50 fordeling på menn og kvinner; - slik lova krev med eit styre på 6 eigarvalde medlemmer. Varamedlemene er kjønnsfordelt på same måte.

10 11 10

Av dei ca 60 årsverka totalt vert omlag 7,5 utført av kvinner (9 personar). Kvinnene er tilsett i kontor- og reinhaldsfunksjonar og er innanfor desse arbeidsområda i stort fleirtal. Avtaleverket og lønssystemet er kjønnsnøytralt, slik at det er lik løn for likt arbeid. VTK har ingen vedteken strategi for å auke talet på kvinner utover det som fylgjer av det generelle avtaleverket innafor KS Bedrift sitt virkeområde. HMS Internkontroll i samsvar med forskrift er i drift. Arbeidsuhell, farlege tilhøve og andre HMS-avvik vert registrert og fylgd opp. Alle avvik vert analysert og tiltaksvurdert. I 2011 var det ingen arbeidsuhell med fråvær. Sjukefråværet i VTK AS var 3,0% mot 2,6% i 2010. Gjennomsnittet siste 5 år er 3,9 %. VTK er tilknytta bedriftshelsetenesten SAMT (Senter for ArbeidsMiljø i Telemark) og gjennomfører ymse systematiske undersøkingar i regi av dei. STRATEGI OG FRAMTIDSUTSIKTER Rett etter årtusenskiftet endra VTK sin prisstrategi frå å tilbakeføre verdiskapinga i selskapet til kundane gjennom så låge prisar som råd, til å ha ein prispolitikk som gjev rom for utbyte, sjølv om maksimalt overskot ikkje skal vera målet. Prinsippvedtaket om dette vart gjort på generalforsamlinga i 2002 og utforma i detalj på generalforsamlinga i 2003. Vedtaket vart då å auke inntektene i nettet opp mot inntektsramma og ta full marknadspris for kraftproduksjonen. Kraftsalg til kundar i eigarkommunane skulle skje til engrospris (innkjøpspris). I alle år seinare er denne strategien fylgd opp av selskapet. Dette har gjeve gode økonomiske resultat og store utbetalingar til eigarane. VTK har som mål å auke eigenproduksjonen ved å kjøpe eller ta del i lønsame utbyggingar av små og mellomstore kraftverk. VTK sende i august 2007 konsesjonssøknad for utbygging av Lårdalsåi. I 2010 sendte vi ein justert søknad etter oppmoding frå NVE. På delar av fallet er det 2 søknader. NVE har trass i mange purringar ikkje sendt søknadene på 1.gongs høyring enno. NVE vil avvente resultatet av ei jordskiftesak som er på gang. VTK meiner dette er eit brot på sakshandsamingsreglane i forvaltningsloven. I regi av Skafså Kraftverk ANS vert det arbeid med planer om utbygging av restfall i Skafså-vassdraget. For 2 små kraftverk i dammar er søknadene under handsaming, og selskapet arbeider vidare med 2 litt større prosjekt. Kraftomsetninga er frå 2003 lagt opp slik at produksjon (og engroshandel) vert handtert uavhengig av sluttbrukarsalet. Kraftoppdekkinga vert ordna gjennom marknaden og ved direkte kjøp frå Tokke og Vinje. Styret legg til grunn at kraftomsetninga framleis skal skje utan dekningsbidrag, dvs salg til innkjøpspris. Kostnader til pliktig elsertifikatkjøp frå 2012 og profilkostnader vert rekna som ein del av innkjøpsprisen i den samanheng.. Når det gjeld nettdrift er selskapets mål å halde sin posisjon som rimeleg effektiv etter NVE sin målestokk, og meir effektiv enn gjennomsnittet. Denne målsetjinga har vi oppfylt til no. Dette sikrar ei inntektsramme som gjev rom for god avkastning på kapitalen. Det har i mange år no vore stor aktivitet i utbygging av straum til gamle og nye hyttefelt. Ein viss reduksjon har vi merka etter finanskrisa i 2008, men framleis er det ein jamn etterspørsel etter hyttestraum til nye hyttefelt.. Mykje av VTK sitt høgspentnett vart bygd ut på 40-, 50- og 60-talet og behovet for vedlikehald og fornying aukar på. Desse anlegga er systematisk vurdert og rangert som grunnlag for årlege fornyingsplanar. Alle sikringsanlegg i mastetrafoar må byggast om for bakkebetjening innan 2016. Vi er no godt i gang med dette, og dei fleste vert ombygd på enklaste måte med nedbygging av sikringsarrangement og vidareføring av trafo i mast. For å redusere KILE-kostnadene, og

11

dermed auke leveringskvaliteten, vil vidare utbygging av overvakings- og fjernstyringssystem vera eit prioritert område framover. VTK har hatt, og vil dei næraste åra få, store investerings-oppgåver både i regionalnettet og distribusjonsnettet. I tillegg kjem pålagt utskifting av heile målarparken i løpet av dei neste 4-5 åra, kostnadsrekna til 50 mill.kr. Inntektsrammesystemet synest å gje VTK tilfredsstillande økonomiske vilkår i åra framover, noko som bør kunne sikre ressursar til nødvendig fornying og forbetring av nettet. Ved utgangen av 2011 er akkumulert inntektsført mindreinntekt ca 22 mill.kr. Dette står oppført i balansen som eit krav mot våre nettkundar (påløpt ikkje fakturert); - jfr note 14 og 19. Kravet kan berre hentast inn gjennom høgare nettleige i ein periode. Dette vil koma i tillegg til tariffauke som fylgje av dei (pålagte) nettinvesteringane som er nemnd over. Felles nasjonal tariff for regionalnettet frå 01.01.2014 vil, så langt vi ser no, dempe tariffauken og i så måte vera positivt for våre kundar. Å avskrive inntektsført mindreinntekt vil i tilfelle medføre ein tilsvarande resultatreduksjon i det året avskrivinga vert gjort. Det er berre generalforsamlinga som eventuelt kan gjera vedtak om slik avskriving. Sidan 1995 har VTK bygd ut fibersamband til eige bruk. På generalforsamlinga i 2004 gav eigarane styret fullmakt til å setja i gang utbygging av eit breibandnett til allmenn bruk. Grunngjevinga var mellom anna at god breibandsdekning til ein akseptabel pris er ein føresetnad for næringsutvikling, undervisning, nyskaping, gode offentlege tenester og interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark i åra framover. Ved utgangen av 2011 har VTK over 600 km fibernett i drift. Den kommersielle utnyttinga av dette nettet er Telefiber sitt ansvar. Etter å ha sikra minimum breibandsdekning til (nesten) alle i Vest-Telemark, går no Telefiber vidare og vil bygge ut FTTH (Fiber To The Home) for leveranse av Altibox. Denne strategien er forankra i føringar frå everka og deira eigarar. Dette vil medføre store investeringar for VTK og dei andre everka i Telefiber; - storleiksorden 50 mill.kr neste 5 år. VTK har ein svært stabil arbeidsstokk. Dette er viktig når så mykje av aktiviteten krev oversikt over, og lokalkunnskap om, eit svært stort geografisk område med tilhøyrande tekniske anlegg. Styret vil ha fokus på å behalde og rekruttere personell gjennom å syte for at VTK er ein attraktiv arbeidsplass. I 2008 er det innført seniorpolitiske tiltak med positiv effekt. Styret takkar alle tilsette for god innsats i 2011. Styret meiner at VTK har ei stabil utvikling og ein solid økonomi, og at selskapet difor også framover vil kunne oppfylle dei mål eigarane til ei kvar tid har for selskapet. Føresetnaden for halde fram drifta er difor til stades.

Høydalsmo 31. desember 2011 / 25. mai 2012

Rolf Normann (leiar) Guro Libjå (nestleiar) Bjørg K. Ståland Torgrim Thomassen Magne Reinstaul Kari-Anne Nordbø Aslak Bekhus Jarle Solbu Ketil Kvaale (adm.dir.)

12 13

RESULTATREKNESKAP 2011

(Tal i 1000 kr.)

Konsern Konsern Tekst Note VTK AS VTK AS2011 2010 2011 2010

123 126 135 498 Kraftsalg 1 119 746 131 611102 377 110 217 Nettinntekter 2 102 377 110 217

6 578 5 833 Andre driftsinntekter 3 5 972 5 218232 081 251 548 Driftsinntekter 228 095 247 046

74 747 88 584 Kraftkjøp og anna varekjøp 4 84 199 95 70839 757 34 224 Personalkostnader 5 35 851 30 54520 140 18 423 Avskrivingar 20 140 18 42345 471 39 098 Andre driftskostnader 6 35 824 31 074

180 115 180 329 Driftskostnader 176 014 175 750

51 966 71 219 Driftsresultat 52 081 71 296

1 289 1 109 Finansinntekter 7 1 174 1 0316 304 6 873 Finanskostnader 8 6 304 6 8735 015 5 764 Netto finanskostnader 5 130 5 842

46 951 65 455 Resultat før skattar 46 951 65 454

23 259 27 528 Skattekostnad 9 23 259 27 528

23 692 37 927 ÅRSRESULTAT 23 692 37 926

3 692 12 926 Overført til fri eigenkapital 3 692 12 92620 000 25 000 Avsett til utbyte 20 000 25 00023 692 37 926 SUM DISPONERINGAR 23 692 37 926

31.12.2011

(1000 kr) (1000 kr)

Konsern Konsern Tekst Note VTK AS VTK AS2011 2010 2011 2010

EIGENDELAR

26 448 29 471 Immaterielle eigendelar 10 26 448 29 471382 796 351 110 Varige driftsmidlar 11 382 796 351 11011 056 14 522 Finansielle anleggsmidlar 12 11 905 15 371

420 300 395 103 Sum anleggsmidlar 421 149 395 952

8 842 6 067 Varelager 13 8 842 6 06746 496 73 438 Kortsiktige krav 14 46 496 73 4382 998 7 706 Pengemidlar 15 2 998 7 706

58 336 87 211 Sum omløpsmidlar 58 336 87 211

478 636 482 314 SUM EIGENDELAR 479 485 483 163

EIGENKAPITAL OG GJELD

140 000 140 000 Innskoten eigenkapital 16 140 000 140 000107 729 104 037 Opptent eigenkapital 16 108 578 104 886247 729 244 037 Sum eigenkapital 248 578 244 886

150 902 150 909 Langsiktig gjeld 17 150 902 150 90980 005 87 368 Kortsiktig gjeld 18 80 005 87 368

230 907 238 277 Sum gjeld 230 907 238 277

478 636 482 314 SUM EIGENKAPITAL OG GJELD 479 485 483 163

Rolf Normann Kari-Anne Nordbø Guro Libjå Guro Libjå Bjørg K. Ståland (styreleiar) (nestleiar)

Magne Reinstaul Torgrim Thomassen Kari- Anne Nordbø

Aslak Bekhus Jarle Solbu Ketil Kvaale (adm.direktør)

Styret i VTK, 25. mai 2012

BALANSE

Styret i VTK, 25. mai 2012

14 15

KONTANTSTRAUMOPPSTILLING

Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS2011 2010 2011 2010

Tilgang av midlar:23 692 37 926 Årets overskot 23 692 37 92620 140 18 423 Ordinære avskrivingar 20 140 18 423

3 309 3 309 Avskriving på kraftkontrakt 3 309 3 3093 024 3 233 Endring i utsett skattefordel 3 024 3 233

50 165 62 891 Sum tilgang 50 165 62 891

Disponering av midlar:51 827 30 478 Aktiverte investeringar 51 827 30 478

-167 -389 Avgang anleggsmidlar/aksjar -167 -3897 20 000 Avdrag på lån 7 20 000

10 0 Kjøp av aksjar 10 020 000 25 000 Utbytte 20 000 25 00071 677 75 089 Sum disponering 71 677 75 089

-21 512 -12 198 Endring i arbeidskapital -21 512 -12 198

Spesifikasjon av endring i arbeidskapital:2 775 -776 Endring varelager 2 775 -776

-26 942 22 924 Endring kortsiktige krav -26 942 22 924-4 708 -6 270 Endring betalingsmidlar -4 708 -6 270

-28 875 15 878 Endring omløpsmidlar -28 875 15 8787 363 -28 076 Endring kortsiktig gjeld 7 363 -28 076

-21 512 -12 198 Endring arbeidskapital -21 512 -12 198

ØKONOMISKE HOVUDTAL

Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS 2011 2010 2011 2010

Lønsemd:22,9 28,8 A) Resultatgrad % 23,3 29,3

0,5 0,5 B) Kapitalens omløpstid 0,5 0,511,1 15,0 C) Totalrentabilitet % = A*B 11,1 15,0

Finansiering:94,8 100,0 Anleggsmidlanes finansiering % 94,9 100,0

Soliditet:51,8 50,6 Eigenkapital % 51,8 50,7

Likviditet:0,73 1,00 Grad 1 0,73 1,000,62 0,93 Grad 2 0,62 0,93

Resultatgrad =(Driftsresultat + finansinntekter) / DriftsinntekterKapital. oml. =(Driftsinntekter / Gj.snittleg totalkapitalTotalrentabil. =(Driftsresultat + finansinntekter) / Gj.snittleg totalkapitalAnl.midl. fin. =(Langsiktig gjeld + eigenkapital)/AnleggsmidlarGrad 1 =Omløpsmidlar/kortsiktig gjeldGrad 2 =(Bet.midlar + kortsiktige krav)/Kortsiktig gjeld

16 17

NOTER(1 000 kr)

Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS2011 2010 2011 2010

Note 1 Kraftsalg74 546 81 935 Sluttbrukarar 74 546 81 93548 580 53 563 Engros m.m. 45 200 49 676

123 126 135 498 Sum kraftsalg 119 746 131 611

Note 2 Nettinntekter9 494 13 286 Tariffinntekt, produksjon 9 494 13 286

84 942 88 792 Tariffinntekt, forbruk 84 942 88 79294 436 102 078 Sum avrekna nettinntekter 94 436 102 078

1 449 279 Korreksjon frå året før 1 449 2796 492 7 860 Meir(-)/mindre(+)inntekt (jfr note 19) 6 492 7 860

102 377 110 217 Sum nettinntekter 102 377 110 217

Note 3 Andre driftsinntekter6 027 5 404 Entreprenørinntekter 5 421 4 789

551 429 Diverse inntekter 551 4296 578 5 833 Sum andre driftsinntekter 5 972 5 218

Note 4 Kraftkjøp og anna varekjøp46 726 54 516 Kraftkjøp for salg 60 781 68 65710 766 15 236 Kjøp av nettap 10 766 15 2363 309 3 309 Langsiktig Kraftkontrakt 3 309 3 309

13 145 14 336 Overføringskostnader 8 591 7 334801 1 187 Anna varekjøp 752 1 172

74 747 88 584 Sum kraftkjøp og anna varekjøp 84 199 95 708

Note 4b Dekningsbidrag69 143 71 286 Dekningsbidrag Produksjon/Omsetning 55 656 59 64588 191 91 678 Dekningsbidrag Nett/Øvrig 88 240 91 693

157 334 162 964 Dekningsbidrag Totalt 143 896 151 338

Note 5 Personalkostnader31 801 28 925 Løn 29 364 26 5154 050 3 630 Arbeidsgjevaravgift 3 725 3 3396 981 5 685 Pensjonskostnader 6 058 4 8801 393 1 732 Andre personalkostnader 1 172 1 559

44 225 39 972 Sum personalkostnader (brutto) 40 319 36 2934 468 5 748 Aktiverte personalkostnader 4 468 5 748

39 757 34 224 Sum personalkostnader (drift) 35 851 30 545Løn til adm.dir. i VTK AS er utbetalt med kr 850 352Samla styregodtgjersle er kr 378 830Ingen tilsette eller styremedlemer har lån i selskapet

Driftsmidlar og avskrivingar

Inventar, Utstyr og transportmiddel

Goodwill og rettighetar

Nettanlegg Kraftverk Bygn. Og Anna eigedom

(ta i 1000 kr) SUM

Bokført verdi 01.01. 28 702 3 350 181 277 117 805 23 326 354 460 Ansk. kostnad 01.01. 62 783 3 490 363 274 169 783 32 708 632 038 Årets tilgang 7 279 0 33 781 6 313 4 454 51 827 Årets avgang 0 0 0 0 0 0 Ansk. kostnad 31.12. 70 062 3 490 397 055 176 096 37 162 683 865 Akk. avskriv. 31.12. 38 272 140 193 743 55 407 10 155 297 717 Bokført verdi 31.12. 31 790 3 350 203 312 120 689 27 007 386 147 Årets avskrivingar

4 191

0

11 747

3 429

773

20 140

Avskr. satsar 10 – 25% 20% 0 – 2% 0 – 3% 0 – 1%

16

NOTER TIL REKNESKAPET OG BALANSEN Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova og norske rekneskapsstandardar. Klassifisering Eigedelar bestemt til varig eige eller bruk samt eigedelar som forfell meir enn eitt år etter balansedagen er klassifisert som anleggsmidlar. Andre eigedelar er klassifisert som omløpsmidlar. Anleggsmidlar er oppført til kostpris. Anleggsmidlar med avgrensa økonomisk levetid er avskrivne planmessig. Ved klassifisering av kortsiktig og langsiktig gjeld er analoge kriterium lagt til grunn. Immaterielle eigedelar Selskapet har ein stor utsett skattefordel som skuldast skilnad mellom bokførte verdiar og skattemessig fastsette verdiar på kraftanlegg og nettinstallasjonar. Sjå eigen skattenote. Balanseført goodwill stammar frå kjøpet av Nissedal Kommunale Elverk i 2000 samt næringsfond ved omgjering til tidsuavgrensa konsesjon for Åmdal og Osen kraftverk. Kjøpt goodwill blir avskriven over 5 år, medan næringsfond ikkje vert avskrive. Varige driftsmidlar Varige driftsmidlar er avskrivne over forventa økonomisk levetid. Anleggsmidlar tilhøyrande nett er avskrivne lineært i samsvar med retningsliner frå NVE. Viser til eigen note.

Andelar Eigardelar i Skafså Kraftverk ANS (67 %) og Sundsbarm Kraftverk (8,5 %) er vurdert etter bruttometoden for resultat og nettometoden for balansen. Andel av inntekter, kostnader, eigedelar og gjeld er innarbeidd linje for linje i rekneskapet. Aksjar Aksjar i andre selskap er vurdert til å vera anleggsmidlar og er difor oppført til kostpris, men vert nedskrive til verkeleg verdi ved varig verdifall. Varelager Varelager er verdsett til lågast verdi av verkeleg pris og innkjøpspris. Ein del av varelageret (3,5 mill. kr) er rekna som beredskapslager og oppført som anleggsmiddel under nettanlegg. Fordringar Kundefordringar og andre fordringar er ført opp til pålydande etter frådrag for avsetjing til forventa tap.

Pensjonar VTK har eigen pensjonskasse. Ordninga omfattar alle tilsette med arbeidstid over 15 t/veke i VTK AS, Skafså Kraftverk ANS og Telefiber AS. Storleiken på framtidige ytingar er avhengig av talet på oppteningsår, lønsnivå ved pensjonsalder og storleiken på ytingane frå folketrygda. Pensjonsforpliktingane er aktuarberekna til 80 mill. kr med 100 % dekningsgrad og ei grunnlagsrente på 3 % (realrente).

18 19

Konsern VTK Tekst VTK AS VTK2011 2010 2011 2010

Note 6 Andre driftskostnader5 646 5 023 Materiell, verktøy m.m. 4 782 4 060

19 546 15 917 Arbeid og tenester frå andre *) 14 037 11 8477 509 7 138 Eigedomskatt 7 509 7 1381 549 1 549 Konsesjonsavgift 0 01 474 797 Erstatningar 1 107 402

573 483 Tap på krav 573 4839 174 8 191 Diverse driftskostnader 7 816 7 144

45 471 39 098 Sum andre driftskostnader 35 824 31 074*) Herav honorar til revisor med kr 156 920

Note 7 Finansinntekter 359 203 Renter meir-/ mindreinntekt (netto) 359 203489 442 Renteinntekter bank 374 364441 464 Andre finansinntekter 441 464

1 289 1 109 Sum finansinntekter 1 174 1 031

Note 8 Finanskostnader5 911 5 409 Renter på lån frå eigarane 5 911 5 409

214 1 197 Renter på banklån 214 1 197179 267 Andre finanskostnader 179 267

6 304 6 873 Sum finanskostnader 6 304 6 873

Note 9 Skattepliktig inntekt og skattekostnad

A. Endring i grunnlag for utsett skattefordel22 541 14 287 Mellombels skilnad omløpsmidlar 22 541 14 287

-104 118 -106 566 Mellombels skilnad anleggsmidlar -104 118 -106 566-809 -1 011 Gevinst- og tapskonto -809 -1 011

-82 386 -93 290 Sum mellombels skilnader -82 386 -93 29023 097 26 121 Utsett skattefordel 23 097 26 1213 024 3 233 Endring utsett skattefordel 3 024 3 233

B. Skattepliktig inntekt46 951 65 454 Resultat før skatt 46 951 65 454

443 356 Permanente skilnader 443 356-10 799 -11 548 Endring i mellombels skilnader -10 799 -11 54836 595 54 262 Skattepliktig inntekt 36 595 54 262

C. Skattekostnad10 219 15 193 Inntektsskatt 10 219 15 193-3 091 -3 108 Motrekna naturressursskatt -3 091 -3 1087 128 12 085 Betalbar inntektskatt 7 128 12 0853 091 3 108 Naturressursskatt 3 091 3 108

10 016 9 080 Grunnrenteskatt 10 016 9 08020 235 24 273 Sum betalbar skatt 20 235 24 2733 024 3 233 Endring utsett skatt 3 024 3 233

23 259 27 506 Sum årets skattekostnad 23 259 27 5060 22 Korreksjon vedk. tidlegare år 0 22

23 259 27 528 Sum skattekostnad 23 259 27 528

Driftsmidlar og avskrivingar

Inventar, Utstyr og transportmiddel

Goodwill og rettighetar

Nettanlegg Kraftverk Bygn. Og Anna eigedom

(ta i 1000 kr) SUM

Bokført verdi 01.01. 28 702 3 350 181 277 117 805 23 326 354 460 Ansk. kostnad 01.01. 62 783 3 490 363 274 169 783 32 708 632 038 Årets tilgang 7 279 0 33 781 6 313 4 454 51 827 Årets avgang 0 0 0 0 0 0 Ansk. kostnad 31.12. 70 062 3 490 397 055 176 096 37 162 683 865 Akk. avskriv. 31.12. 38 272 140 193 743 55 407 10 155 297 717 Bokført verdi 31.12. 31 790 3 350 203 312 120 689 27 007 386 147 Årets avskrivingar

4 191

0

11 747

3 429

773

20 140

Avskr. satsar 10 – 25% 20% 0 – 2% 0 – 3% 0 – 1%

Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS2011 2010 2011 2010

Note 10 Immaterielle eigendelar3 350 3 350 Konsesjonar (næringsfond) 3 350 3 350

23 098 26 121 Utsett skattefordel 23 098 26 12126 448 29 471 Sum immaterielle eigendelar 26 448 29 471

Note 11 Varige driftsmidlarKonsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS

2011 2010 2011 201027 006 23 326 Bygningar 27 006 23 326

120 689 117 805 Kraftverk 120 689 117 805203 311 181 277 Nettanlegg 203 311 181 277

31 790 28 702 Transportmidlar, inventar og utstyr 31 790 28 702382 796 351 110 Sum varige driftsmidlar 382 796 351 110

Note 12 Finansielle anleggsmidlar0 0 Skafså Kraftverk ANS (67%) 670 6700 0 Sundsbarm Kraftverk (8,5%) 179 1790 0 Sum andelar i integrerte selskap 849 849

6 000 6 000 VTK's pensjonskasse ( 100%) 6 000 6 00029 29 KLP 29 29

6 029 6 029 Sum øvrige andelar 6 029 6 02948 48 Norsk Enøk og Energi AS 48 48

1 769 1 769 Grunnåi Kraftverk AS (15%) 1 769 1 7692 000 2 000 Telefiber AS (40%) 2 000 2 000

0 167 Langemoen energigjenvinning AS 0 16710 0 AS Haukelivegen 10 0

3 827 3 984 Sum aksjar i andre selskap 3 827 3 9840 3 309 Kraftkontrakt m.m. 0 3 309

1 200 1 200 Lån til Telefiber AS 1 200 1 2001 200 4 509 Sum langsiktige krav 1 200 4 509

11 056 14 522 Sum finansielle anleggsmidlar 11 905 15 371

Note 13 Varelager8 842 6 067 Varer til eige bruk (nettverksemda) 8 842 6 0678 842 6 067 Sum varelager 8 842 6 067

Driftsmidlar og avskrivingar

Inventar, Utstyr og transportmiddel

Goodwill og rettighetar

Nettanlegg Kraftverk Bygn. Og Anna eigedom

(ta i 1000 kr) SUM

Bokført verdi 01.01. 28 702 3 350 181 277 117 805 23 326 354 460 Ansk. kostnad 01.01. 62 783 3 490 363 274 169 783 32 708 632 038 Årets tilgang 7 279 0 33 781 6 313 4 454 51 827 Årets avgang 0 0 0 0 0 0 Ansk. kostnad 31.12. 70 062 3 490 397 055 176 096 37 162 683 865 Akk. avskriv. 31.12. 38 272 140 193 743 55 407 10 155 297 717 Bokført verdi 31.12. 31 790 3 350 203 312 120 689 27 007 386 147 Årets avskrivingar

4 191

0

11 747

3 429

773

20 140

Avskr. satsar 10 – 25% 20% 0 – 2% 0 – 3% 0 – 1%

20 21

Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS2011 2010 2011 2010

Note 14 Kortsiktige krav3 358 3 503 Kundekrav, abonnentar 3 358 3 5034 257 11 892 Kundekrav, andre 4 257 11 892

10 412 35 017 Levert ikkje fakturert 10 412 35 017-260 -260 Avsetjing til tap på kundekrav -260 -260

17 767 50 152 Sum kundekrav 17 767 50 15222 541 14 241 Mindreinntektsfond (inkl. renter) 22 541 14 241

6 188 9 045 Andre krav 6 188 9 04528 729 23 286 Sum andre kortsiktige krav 28 729 23 28646 496 73 438 Sum kortsiktige krav 46 496 73 438

Note 15 Pengemidlar14 18 Kasse 14 18

2 984 7 688 Bankinnskot 2 984 7 6882 998 7 706 Sum pengemidlar 2 998 7 706

Note 16 Eigenkapital100 000 100 000 Aksjekapital 100 000 100 000

40 000 40 000 Overkursfond 40 000 40 000140 000 140 000 Sum innskoten eigenkapital 140 000 140 000

104 037 91 111 Annan (fri) eigenkapital 104 886 91 96023 692 37 926 Årets overskot 23 692 37 926

-20 000 -25 000 Utbytte -20 000 -25 000107 729 104 037 Sum opptent eigenkapital 108 578 104 886247 729 244 037 Sum eigenkapital 248 578 244 886

Aksjekapitalen er fordelt på 100 000 aksjar á kr 1000Eigarar: Fyresdal kommune 19 000 aksjar

Kviteseid kommune 19 000 aksjarNissedal kommune 5 000 aksjarSeljord kommune 19 000 aksjarTokke kommune 19 000 aksjarVinje kommune 19 000 aksjar

Note 17 Langsiktig gjeld902 909 Lån frå kundar (obligasjonsinnskot) 902 909

150 000 150 000 Gjeld til eigarkommunane 150 000 150 000150 902 150 909 Sum langsiktig gjeld 150 902 150 909

Driftsmidlar og avskrivingar

Inventar, Utstyr og transportmiddel

Goodwill og rettighetar

Nettanlegg Kraftverk Bygn. Og Anna eigedom

(ta i 1000 kr) SUM

Bokført verdi 01.01. 28 702 3 350 181 277 117 805 23 326 354 460 Ansk. kostnad 01.01. 62 783 3 490 363 274 169 783 32 708 632 038 Årets tilgang 7 279 0 33 781 6 313 4 454 51 827 Årets avgang 0 0 0 0 0 0 Ansk. kostnad 31.12. 70 062 3 490 397 055 176 096 37 162 683 865 Akk. avskriv. 31.12. 38 272 140 193 743 55 407 10 155 297 717 Bokført verdi 31.12. 31 790 3 350 203 312 120 689 27 007 386 147 Årets avskrivingar

4 191

0

11 747

3 429

773

20 140

Avskr. satsar 10 – 25% 20% 0 – 2% 0 – 3% 0 – 1%

Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS2011 2010 2011 2010

Note 18 Kortsiktig gjeld4 656 9 091 Kassakreditt (limit 40 mill.) 4 656 9 091

18 006 14 594 Leverandørgjeld 18 006 14 59420 235 24 273 Betalbar skatt 20 235 24 2731 647 1 531 Skattetrekksmidlar 1 647 1 5311 064 932 Arbeidsgjevaravgift 1 064 9326 669 5 969 Forbruksavgift (elavgift) 6 669 5 969

20 000 25 000 Avsett utbyte 20 000 25 0003 177 2 817 Feriepengar 3 177 2 8174 551 3 161 Annan kortsiktig gjeld 4 551 3 161

80 005 0 87 368 Sum kortsiktig gjeld 80 005 87 368

Note 19 Nettinformasjon98 707 104 685 Inntektsramme frå NVE 98 707 104 685

4 280 0 Justering for kapitalkostnader 4 280 08 403 7 334 Kjøp av overføringstenester (netto) 8 403 7 3343 635 3 628 Eigedomskatt, nett 3 635 3 628

-13 907 -5 709 KILE-kostnader (-)/inntekter (+) -13 907 -5 709101 118 109 938 Total tillatt inntekt 101 118 109 938

94 626 102 078 Avrekna nettinntekter 94 626 102 0786 492 7 860 Meir (-)/mindre (+)inntekt frå årets drift 6 492 7 8601 449 0 Korreksjonar frå tidlegare år 1 449 07 941 7 860 Bokført meir(-)/mindre(+)inntekt i året 7 941 7 860

0 -282 Tilbf.saldo 1.1. meir/mindrenntekt inkl renter -28221 552 0 13 611 Saldo meir(-)/mindre(+)inntekt pr.31.12 21 552 13 611

989 630 Saldo renter meir(-)/mindre(+)inntekt pr.31.12 989 630

Driftsmidlar og avskrivingar

Inventar, Utstyr og transportmiddel

Goodwill og rettighetar

Nettanlegg Kraftverk Bygn. Og Anna eigedom

(ta i 1000 kr) SUM

Bokført verdi 01.01. 28 702 3 350 181 277 117 805 23 326 354 460 Ansk. kostnad 01.01. 62 783 3 490 363 274 169 783 32 708 632 038 Årets tilgang 7 279 0 33 781 6 313 4 454 51 827 Årets avgang 0 0 0 0 0 0 Ansk. kostnad 31.12. 70 062 3 490 397 055 176 096 37 162 683 865 Akk. avskriv. 31.12. 38 272 140 193 743 55 407 10 155 297 717 Bokført verdi 31.12. 31 790 3 350 203 312 120 689 27 007 386 147 Årets avskrivingar

4 191

0

11 747

3 429

773

20 140

Avskr. satsar 10 – 25% 20% 0 – 2% 0 – 3% 0 – 1%

22 23

24

Tekst Eining 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011Tilsette i VTK AS årsverk 52,1 50,7 50,7 51,9 51,0 51,6 52,3 53,9 53,1 54,0Tilsette i Konsernet årsverk 65,1 64,5 64,0 65,0 65,0 59,0 59,0 60,0 59,0 60,0

Trafostasjonar antal 6 7 7 7 7 7 7 7 7 7Nettstasjonar antal 854 859 867 878 886 894 894 901 906 91266 kV linjer km 118 112 112 112 112 112 112 112 112 11222 kV linjer km 854 841 835 831 829 828 823 822 821 81622 kV kabel km 114 136 140 167 177 181 190 203 210 226Lågspent linjer km 1 071 1 062 1 058 1 055 1 051 1 044 1 043 1 038 1 040 1 036Lågspent kabel km 430 467 496 542 575 614 656 682 713 740Nett totalt km 2 587 2 618 2 641 2 707 2 744 2 779 2 824 2 857 2 896 2 930

Fiberkabel km 58 88 122 311 411 483 530 578 593 610Nettkundar antal 10 932 11 184 11 416 11 747 12 145 12 533 12 750 12 957 13 214 13 350Herav hytter antal 3 154 3 399 3 609 3 893 4 240 4 563 4 818 5 028 5 203 5 386Kraftkundar antal 10 597 10 906 11 213 11 549 11 839 12 205 12 414 12 586 12 766 12 840

ILE (Ikkje lev.energi) MWh 92,8 125,6 165,1 107,1 87,0 141,7 112,1 144,5 91,6 340,0KILE (Kostnad v/ILE) 1000 kr 1925 4270 5153 3497 3150 4986 3478 6972 5709 13907KILE-ramme 1000 kr 4168 6040 6040 6040 6040 3497 3150 4986 3478 6972Leveringsregularitet % 99,96 99,94 99,92 99,95 99,96 99,93 99,95 99,94 99,97 99,86

Eigen produksjon GWh 230,6 197,1 248,1 241,3 217,4 256,6 244,9 251,9 213,7 238,9Kjøp av kraft GWh 213,0 219,5 208,7 153,1 153,5 149,9 177,6 170,8 174,8 144,7Salg til sluttbrukar GWh 208,0 203,1 206,9 208,8 209,1 213,8 219,9 226,6 245,2 222,4Salg engros GWh 217,6 201,7 231,1 167,2 143,5 174,7 164,7 158,6 107,9 132,8Overført i distrib.nettet GWh 221,8 216,1 218,9 219,9 222,7 229,5 237,2 244,8 268,7 247,4Tap i distrib.nettet GWh 17,0 10,2 17,7 17,2 17,2 15,4 20,2 20,7 23,9 14,9Tap i distrib.nettet % 7,1 4,5 7,5 7,3 7,2 6,3 7,8 7,8 8,2 5,7Temperatur Åmdal C 3,7 4,3 4,4 5,2 5,4 4,7 4,9 4,0 2,7 4,7

Driftsresultat mill.kr 21,2 22,2 33,8 28,2 42,1 41,2 59,5 61,3 71,3 52,1Resultat før skatt mill.kr 13,0 15,6 30,3 25,0 40,4 33,7 47,9 52,3 65,5 47,0Resultat etter skatt mill.kr 8,3 9,5 21,3 16,0 23,0 21,9 27,3 31,9 37,9 23,7Utbytte mill.kr 6,2 6,2 6,2 6,2 6,2 156,2 14,0 20,0 25,0 20,0Eigenkapital % 65,9 67,1 73,4 70,3 73,9 46,9 49,3 50,1 50,6 51,8

Midlare nettleige øre/kWh 20,8 23,2 25,0 25,1 24,2 26,9 31,3 31,3 33,0 34,3Midlare kraftpris *) øre/kWh 19,0 32,2 24,8 24,1 40,0 20,0 34,0 30,5 41,0 37,8Totalpris (ekskl. avg.) øre/kWh 39,8 55,4 49,8 49,1 64,2 46,9 65,3 61,8 74,0 72,1

*) Frå 2003 har Tokke og Vinje eigen prisavtale. Prisen i tabellen er referert til dei andre kommunane.

STATISTIKK 2002-2011

Vest-Telemark Kraftlag ASForetaksnummer 955 996 836

HOVUDKONTOR

3891 HøydalsmoTlf. 35 07 57 00E-post: [email protected]: www.vtk.no

AVD. KONTOR

3855 Treungen

Erik

Tan

che

Nils

sen

AS

, Ski

en