8
Samkøyrde treningsvenner side 4 Velkommen til treningsglede – du finn oss på Hornnes i Førde! Entusiast i nitten år side 6 Favorittreninga side 3

Frisksi og svettis avis nr 1

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Avis for Friskis & Svettis Førde.

Citation preview

Page 1: Frisksi og svettis avis nr 1

Samkøyrde treningsvenner side 4

Velkommen til treningsglede – du finn oss på Hornnes i Førde!

Entusiast i nitten år side 6 Favorittreninga side 3

Page 2: Frisksi og svettis avis nr 1

FRISKIS OG SVETTIS2

Middels. Smak på ordet. Høyrest det spe-sielt ut? Ekstraordinært? Motiverande? Engasjerande? Truleg ikkje. Det høyrest gjerne… ja, du veit, heilt middels ut?

I Sverige seier dei Medel-Svensson om seg sjølv når dei verkeleg skal understreke at dette er noko som gjeld alle svenskar. Og medel, ja det betyr sjølvsagt middels. Middels som i middel-mådig og heilt gjennomsnittleg. Men må noko

som gjeld alle vere middelmådig og gjennom-snittleg? Sjølvsagt ikkje.

Middels i Friskis-samanheng er eit positivt omgrep, eit fyrverkeri av eit ord, eit ord som er knytt til eit kinderegg av ei trening. Ei uslåeleg treeinig samansetjing som inkluderer kon-disjonstrening, styrketrening og bevegeligheit-strening, sett saman i eit intervallopplegg med heftig musikk til.

Friskis&Svettis tilbyr etter kvart mange forskjel-

Media overøser oss med informasjon om hva, hvordan og hvorfor vi skal trene. Nye trender avløser gamle og helse har blitt business. For deg vil din indre motivasjon og glede over trening er uansett være det som teller mest.

For noen handler det om å prestere i konkurranser, få større muskler eller gå ned i vekt. Men for veldig mange handler det nok mest om å bli i bedre form til å orke i hverdagen – det være seg snømåking, hjulskift, lek med barna eller bæring av matvarer hjem fra butikken. Det handler om fysisk og psykisk velvære – og å legge til en god vane. I Friskis&Svettis velger vi å sette funksjonell trening, variasjon, felless-kap og bevegelsesglede i fokus!

Funksjonell treningFunksjonell trening fokuserer på øv-elser som gjør deg sterkere og i bedre stand til å takle hverdagslige gjøremål og aktiviteter. Hensikten er å få en kropp som fungerer bra. Å trene funk-sjonelt gjør deg også mindre utsatt for skader. Mange av oss har jobber som består av mye stillesittende og ensfor-

mig arbeid, f.eks. time etter time foran en datamaskin. Funksjonell trening er også med på å redusere belastning-slidelser bl.a. i rygg, nakke og skuldre.

I løpet av en saltime med Friskis&Svettis kryr det av funksjonelle øvelser: Knebøy gir oss sterkere ben til bl.a. å løfte opp barna fra gulvet, utfall frem tilsvarer å gå i trapper og situps gir deg sterke magemuskler til å komme deg opp fra liggende.

Balanseøvelser forebygger fall og brudd, bevegelighetsøvelser for rygg og nakke motvirker stive rygger og stressnakker, og kondisjonstreningen øker hjertets kapasitet. Øvelsene skal kjennes naturlige, selv med to armer og bein i aksjon. Samtidig utfordrer vi med bevegelser i alle bevegelsesret-ninger. Og ikke minst har vi mye fokus på god, sterk holdning, den er et viktig utgangspunkt for alt vi gjør og en viktig faktor i forebygging av belastningss-kader og slitasjegikt.

VariasjonMan trenger muskler for å orke å trene kondisjon. God bevegelighet er viktig for å kunne utføre styrkeøvelsene mest mulig effektivt. Derfor er det hensiktsmessig å legge inn elementer av både styrke-, kondisjon- og bev-egelighetstrening når vi trener. På F&S jympa (saltrening) får vi alt i løpet av én treningstime. På spinning er det først og fremst kondisjon som er i fokus, derfor er det ideelt å kombinere dette

Tren i dag slik at du får lyst til å trene i morgen!

Heilt middels?

ELLIE LEIN, fysioterapeut treningsleder og – instruktør

i F&S Lillehammer kursholder i F&S Norge

Kom i gang!Trening hos oss er enkelt. Det er enkelt å byrje, og det er enkelt å fortsette. Du treng ikkje dyrt og fancy utstyr for å komme opp av sofaen, du treng berre kroppen din – slik den er. Du kan trene så mykje du vil, litt

er betre enn ingenting. Finn ei treningsform du trivst med, då er sjansen større for at du held fram. Du vil snart kjenne at regelmessig trening gjev deg energi og overskot, og ein betre kvardag.

I Friskis&Svettis har vi den enkle og funksjonelle treninga, anten det er styrke eller kondisjon på time-planen. Treningsglede står i fokus, du skal ha det kjekt når du trenar og du skal få lyst til å komme tilbake til oss for ei ny treningsøkt.

Finn dei timane som passar deg best, tren variert og utfordre deg sjølv!

Vi ynskjer deg eit godt nytt treningsår!

Kva er Friskis&Svettis?Friskis&Svettis Førde er eit idrettslag drive på dugnad av medlemmer i Førde. 40 funksjonærar står på for at du som mosjonist skal få eit godt treningstilbod der kvalitet og variasjon står i fokus.

Laget vårt er organisert i Fleridrettsforbundet i Norges Idrettsforbund. F&S vart starta opp i Sverige 1978 av Johan Holmsæter som eit tilbod til studentane i Stockholm. På den første treninga møtte det fram ein mosjonist. Sidan har organisasjonen spreidd seg til fleire land og no er det 530.000 menneske som trenar akkurat som oss. Av desse er 27.000 i Norge fordelt på 40 foreiningar.

Alt F&S gjer er tufta på dugnadsarbeid og eit ynskje om lettilgjengeleg, kvalitetstrening for alle!

LEIA

R

Friskis&Svettis-avisaI redaksjonen: Astrid Systad, Britt Iren Nordeide, Ingeborg Watne Flatland, Anne Brit Sande. Fotograf: Silje MowattGrafisk produksjon: Ole Johnny DevikTrykk og distribusjon: Sogn og Fjordane Avistrykk

HORNNES

F Ø R D E

FRISKIS & SVETTIS

BERGUM

TIL FØRDE

TIL NAUSTDAL

HORNNES

FRISKIS & SVETTIS

Page 3: Frisksi og svettis avis nr 1

FRISKIS OG SVETTIS 3

Vigdis Stafsnes og Silje Stafsnes Bøyum

Vigdis: Eg likar Cirkelfys, Int-revallflex, mid-dels, spinning, vektstang…. Eg klarer ikkje å velje, eg likar variasjonen. Om eg må seie noko, vert det kanskje Cirkelfys og

Intrevallflex fordi det kom som noko nytt innanfor treningstilbodet til Friskis&Svettis. Cirkelfys likar eg fordi det er så intenst, du jobbar og har heile tida meir å gå på fordi øvingane er så varierte. Plutseleg er timen over. Intervallflex likar eg på grunn av flexdelen til slutt, der du er varm og god i kroppen og kan tøye og strekke heilt ut i ytterledda.

Silje: Eg klarer ikkje heilt å velje. Men eg er veldig glad i Cirkelfys og Intervallflex. Dei synest eg er tyngst og gir mest treningseffekt. Det beste med desse trenin-gane er at dei er effektive og varierte i øvingane. Det er ikkje slik at du går og ventar på at timen skal vere slutt, plutseleg så er den berre over.

Trond Ueland og Emma Sætre Ueland

Trond: Spinning kjem høgast på mi liste. Eg kjem fort opp i puls og får teke meg heilt ut. Eg vert lurt kvar gong, eller eg lar meg lure kvar gong. Middelstimane vil eg seie har blitt livsnødven-dige for meg,

dei held kropp og helse på plass. Eg vil tilføye at eg er storleg imponert over tilbodet her ute, der alt arbeid både av instruktørar og vertar er gjort på dugnad. Det er kjekt å vere ein del av dette.

Emma: Kombinasjonen av spinning og middels er det som er best for meg. På spinning får eg teke meg heilt ut kondisjonsmessig, medan på middels får eg styrke i tillegg. Desse treningane har driv og trøkk, noko som gjer at det er motiverande å stå på og ta seg heilt ut.

Atle Systad

Eg er begeistra for spinning, men likar også saltimane. På spinning får eg køyrt meg kondisjonsmessig, men for å få med styrke og bevegeligheit er det godt å få med seg nokre saltimar i tillegg. Middelstimane er den type trening eg har gått på lengst, og dei utfordrar stadig både på kondisjon, styrke og bevegelegheit. Etter mitt

syn har Friskis&Svettis eit heilt spesielt godt miljø, og det er motiverande i seg sjølv å møte kjentfolk og slå av ein prat på trening. Dugnadsinnsatsen til vertar og instruktørar er ikkje mindre enn imponerande, det er flott at så mange står på og gjer ein gratisinnsats for folkehelsa.

Eirin Alvilde NordeideEg likar best Cirkelfys og Inter-vallflex, men om eg må velje er det Intervallflex eg likar best. Første halvtimen av Intervallflex er effektiv og hard trening, og i siste delen får du tøyd og strekt alle musklane. Etter timen kjen-ner du deg skikkeleg gjennom-trent, og du kjenner at du har fått brukt heile kroppen.

Elna Valaker og Marie (Mien) LoBegge er samstemte – det er Middels som er favorit-ten. Vi får trena både styrke og kondisjon i same økta, og det er fart og trøkk i treningane. Då får vi lyst og energi til å stå på og jobbe til siste tone har stilna. Vi har trena med F&S sidan Friskis kom til Førde for 20 år sidan, og vi held fram fordi vi likar det!

Kva er di favorittrening, og kvifor det?

med vektstang- eller sirkeltrening, som er mer rendyrkede styrket-reningstimer. En variert treningstime-plan vil både utfordre kroppen på en gunstig måte og redusere risikoen for skader og overbelastning.

FellesskapForskning viser at det er lettere å yte mer når man trener sammen med andre. Høye kneløft på slutten av en saltrening, en fartsøkning på spin-ningsykkelen eller de siste sekun-dene av en planke på vektstang- eller sirkeltreningsøkt oppleves mest sannsynlig mye tyngre dersom vi gjør det helt alene.

I Friskis&Svettis har vi alltid hatt en sterk tro på effekten av et sos-ialt treningsfellesskap. Når vi trener sammen med andre, løfter man seg gjerne et hakk høyere. Terskelen for å gi opp heves – og godfølelsen et-terpå blir tilsvarende bedre. Indivi-duell trening er en sterkt voksende treningstrend, bl.a. i form av trening i styrkerom. Men selv denne indivi-duelle treningen vil vi gjerne gjøre i lokaler der det er andre mennesker. Fellesskapet er med på å pushe oss. Fellesskap er viktig, også når vi trener.

Bevegelsesglede…kan defineres på så mange måter. For noen er det en glede å kunne løpe milevis alene, for andre handler det om å finne avkobling i meditative treningsformer med fokus innover. Eller kanskje får du godfølelsen når du beveger deg til heftige rytmer?

Uansett – skal du klare å gjøre treningen til en god vane, må du finne glede eller mening i det du gjør. Også mens du trener, ikke bare etterpå. Det handler om å mestre, tøye grenser og kjenne at krop-pen lever og fungerer. Kanskje du også tar deg selv i å smile mens du trener… Da er mye av jobben gjort!

Og da er vi tilbake der vi startet: Tren i dag slik at du får lyst til å trene i morgen. Velkommen til trening!

Ellie Lein

lige treningsformer, men saltreningane Middels og Basis dannar grunnstam-men i tilbodet. Desse treningane er enkle og effektive, utan fancy namn og utstyr du ikkje veit opp eller ned på. Det seier kanskje litt om kvaliteten på tima-ne at den første middelstimen gjekk av stabelen i 1978. Noko som er middel-mådig og gjennomsnittleg kan vel ikkje halde seg populært så lenge?

På ein alminneleg og gjennom- snittleg dag i Førde er det minst ei saltrening på Hornnes.

I salen møter du både kvinner og menn, unge og litt mindre unge. Det dei har til felles, er at dei alle har funne ut at det å bruke 55 minutt på ei sal- trening er ei god investering i eiga helse. Dei har funne ut at middels nett-opp ikkje er…. Middels.

Page 4: Frisksi og svettis avis nr 1

FRISKIS OG SVETTIS4

Dei fire veninnene frå Slåttebakkane er samstemte. Og dei har godt samanlikningsgrunnlag, for dei trenar mykje – og ofte. På det meste rekk dei opptil fire-fem treningar i veka.

Sigrid M. Ø. Vedvik, Evy Bente Salbu, Erna Kalstad og Malin Jeanette Eimind er blant Friskis & Svettis Førde sine mest iherdige mosjonistar. Dei fire er ofte å sjå på Hornnes. Og dei kjem samla, for dei køyrer i lag og dei trenar i lag. Det har dei fire damene gjortsidan dei nye lokala på Hornnes vart opna i 2012.

Alltid selskap– Det er alltid nokon som skal på trening og kan køyre, og då har vi alltid nokon å gå i lag med, forklarer dei ivrig. På det meste er vi oppe i fire-fem treningar i veka, seier Malin.

– Er de treningsavhengige?– Ja, vi har vel blitt det. Vi

dreg kvarandre med på trening. Det er ekstra motiverande når vi er fleire, og det er nesten så ein får dårleg samvit når ein ikkje kan gå ein kveld, seier ei av dei, og resten er samde. Her er det gruppepress med positivt for-teikn, tenkjer eg.

- «Team Slåttebakkane», skyt Malin Jeanett Eimind inn, og alle ler godt. Ho er den yngste i

teamet, midt i trettiåra, medan dei spreke veninnene er mellom 40 og 50. Erna og Evy er søstrer, Malin er niese og Sigrid er ven-ninne og nabo. Alle bur i same nabolag, og alle likar treningane til Friskis & Svettis.

– Og så går vi på fjellet i tillegg, smiler Sigrid. Ho fortel at om sommaren er ho ikkje så mykje på innetrening. Då vil ho heller til fjells, og det gjer ofte Erna og Sigrid i lag, medan Malin og Evy går litt på fjellet og har litt innetrening.

Men ein kald og våt haustkveld er det fint å trekke inn i salen på Hornnes, saman med 29 mosjo-nistar, som dei er denne kvelden, og instruktørane Mona Sande og Astrid Systad.

FørebyggingOppvarminga er i gang, Mona instruerer mosjonistane, som har stilt seg opp mellom dei ti posta-ne og utstyret dei snart skal få utfordre seg på. Her er det mykje styrke og i dag er det to nye øvingar: kettlebellswing og drag i gymband som heng i frå taket.

Noko av det dei fire likar best med Cirkelfys er variasjonen. Og større variasjon har det også blitt på timeplanen dei siste åra.

– Det er kjekt med alle dei nye treningane som Friskis & Svettis har på Hornnes. Det vart noko heilt anna då det starta opp her, seier Malin. Sigrid og Erna, som har gått på Friskis & Svettis i 10-12 år, hugsar godt korleis det var før. Dei har vore med på utviklinga frå gymsalar rundt om i Førde til det nye lokalet på Horn-nes, med eit breiare tilbod.

Meir styrke i armar og bein er ein motivasjonsfaktor for des-se damene. Som mange andre, kjenner både Sigrid og Erna at det er viktig med trening for å førebygge helseproblem. Erna fortel at ho er revmatikar og at treninga hjelper mot dei plagene som den kroniske sjukdommen kan medføre. Sigrid har kontor-jobb og er også oppteken av å førebygge helseplager som kan-skje kjem etter kvart i slikt arbeid.

MotiverandeTretti spreke sunnfjordingar jobbar og sveittar seg gjennom programmet til musikk med driv og rytme. Instruktørane Mona og Astrid er overalt og rosar, justerer

–Favoritten er Cirkelfys

VARIERT TRENING:1

2

3

4

1

2

3

4

Vektstang

Cirkelfys

Spinning

Dans Fuego

Page 5: Frisksi og svettis avis nr 1

FRISKIS OG SVETTIS 5

–Favoritten er Cirkelfys

og rettleiar i grep og haldning, med smil og oppmuntrande tilrop.

– Vi har lyst til å skryte over dei fantastiske instruktørane her, dei gjer ein fantastisk jobb som frivillige og er alltid positive og flinke. Ni-vået på instruktørane er kjempebra. Dei gjer til at treningane blir kjempekjekke. Og så er det alltid kjekt å komme inn døra der, når ein blir møtt av ein smilande vert, som ønskjer deg velkommen til trening, rosar dei entusiastiske damene.

At dei fire har trent mykje styrke er lett å sjå, med tunge vekter på knebøy, raske rotasjonar på «propellen» og lette armhevingar. Vi jobbar oss igjennom dei ti postane i salen fleire gon-ger og ingen ber preg av å vere utslitte når vi nærmar oss slutten av timen og roleg musikk tek over etter den raske, til dei siste minutta med uttøying.

– Denne timen går veldig fort, seier Erna, og Malin er einig, medan vi ryddar salen. Beg-ge føler at dei har såvidt begynt og så er timen over. Dei neste mosjonistane er på veg inn til dans fuego, idet vi forlet salen. Men «team Slåttebakkane» er nøgde og ferdigtrente - for i kveld.

FØRDE:57 83 72 00

SOGNDAL:94 81 80 81

SANDANE:57 86 84 00

BERGEN VEST:55 50 15 42

MINDE:55 59 97 00

ÅSANE:55 53 68 00

www.frydenbo.no

FØRDE:57 83 72 00

SOGNDAL:94 81 80 81

SANDANE:57 86 84 00

BERGEN VEST:55 50 15 42

MINDE:55 59 97 00

ÅSANE:55 53 68 00

www.frydenbo.no

Page 6: Frisksi og svettis avis nr 1

FRISKIS OG SVETTIS6

Myrtle Irene Pascua Rodriguez Kristoffersen er ein av veterana-ne i Friskis & Svettis Førde, med sine snart nitten år i ulike roller for idrettslaget. Myrtle starta å trene i 1995 og som frivillig og vert i 1997. Etter to år sa ho ja til eit treningskurs og har vore tru-fast instruktør kvart år sidan.

I dag har Myrtle seniortreninga, som går på torsdag ettermiddag. Vi er inne i siste halvtime, og dei fjorten mosjo-nistane i salen lar det swinge før Björn Afzelius’ «Tusen bitar» roar ned, med uttøying av armar og skuldrar. Og så kjem det velkjente kvileminuttet på gol-vet, til ei klassisk perle. Myrtle har ein musikkmiks i programmet sitt som skal appellere til dei godt vaksne damene og herrane på seniortreninga.

– Flott at så mange kom, seier instruktøren idet dei siste uttøyingane blir utførte. Og til slutt, sterke armar og bein, på tå, opp-opp-opp. Alle strekker seg mot taket.

– Og vi klappar for oss, avsluttar Myrtle.

Enkle øvingarDet er bra oppmøte i dag, men det er alltid plass til mange fleire i salen på Hornnes. Myrtle oppfordrar dei som lurer på å byrje å trene, til å få seg ein prøve-time. Sjølv om ein ikkje har trent før.

– Det går heilt fint å kome på ei trening og prøve korleis det er. I mitt program er styrkedelen samla, så det er eit jamnare treningsprogram utan så mange vekslingar som dei andre inten-sitetane har. Og så er det nokre fleire sekund med pause mellom øvingane, med tid til å reise seg og gjere seg klar for ny øving. Her skal det ikkje gå kjapt; programmet har eit tempo som er na-turleg for eldre. Ein skal ikkje ha nokon prestasjonsangst, presiserer den blide instruktøren.

– På seniortreninga trener vi styrke, kondisjon og smidigheit, balansetrening og beinstyrke, men ikkje hopp, fortel Myrtle. Ho forklarer at basis for seniorar er grunnleggande trening, der ein skal unngå belastning. Dei enkle øvingane er det viktigaste i hennar program. Det er ikkje nødvendig å bruke både armar og bein viss ein ikkje får det til, då held det lenge å bruke beina.

– Vi legg vekt på skadefri trening, det vil seie at treninga ikkje skal ha belast-ning. Frå 67 år er ein litt meir stiv, då er det viktig å unngå krevjande øvingar. Musikken er også viktig.

– Eg prøver å mikse saman både nye og gamle låtar, så det ikkje skal bli kjedeleg, forsikrar ho.

Starta med familieleikMange i Førde har møtt 61-åringen i ulike gymsalar og år. Myrtle er mellom dei som har vore med Friskis & Svettis heilt sidan starten. Først som mosjonist frå 1995, i ’97 vart ho vert og i 1999 trenar. Ho har også vore med i styret i to år. Etter instruktørkurs i ‘99 starta ho med tilbodet Familieleik i gymsalen på Halbrend skule.

– Det var eit tilbod til småbarnsfa-miliar, born frå 3 til 6 år saman med foreldre. Det var leik til musikk, fortel Myrtle. Treninga var lagd til laurdagar, den einaste dagen foreldre hadde fri. Veldig kjekt, minnest ho og tenkjer tilbake på ungar ho møtte på trening

den gongen på nittitalet, som er vaksne i dag. Det blir mange år med dugnad, utan pause. Når eg spør kva som har halde ho gåande, kjem svaret kontant.

– Trivsel! Og at eg er glad i å trene. Det er ein bra flokk med funksjonærar som har eit godt fellesskap, og Friskis & Svettis er ikkje-kommersielt. Det er fri-villig arbeid og innsats, men du får det igjen med helse som gåve. Du gir ikkje berre deg sjølv trening, men du gir det som gåve til dei andre også, legg ho til.

Alltid aktivMyrtle Irene Pascua Rodriguez kom frå Filippinane til Noreg i 1977 og budde først i Kirkenes før ho kom til Førde i 1980. Myrtle har i dag to vaksne søner og jobbar som operasjonssjukepleiar på Førde sentralsjukehus. Etter ein del år i Førde valde ho å engasjere seg i frivillig arbeid, for Friskis & Svettis.

– Kvifor sa du ja til å bli instruktør?– Eg var aktiv i barndommen. Faren

min var trenar i friidrett. Eg spelte basket-ball og dreiv med badminton, løp, ballett og jazzballett. Ja, eg hadde det eigent-leg i familien, stadfestar ho og ler litt av samanhengen med eigen aktivitet. Og no er begge sønene mine blitt personlege trenarar, legg ho til med eit smil.

– Kva har Friskis & Svettis Førde betydd for deg?

– Eg ville ha god helse og i tillegg det sosiale. Samt det å kunne yte noko av meg sjølv til andre, det har gitt meg veldig mykje. Ein får energi av å trene. Men du må ha det bra med deg sjølv, du må vere i god form for å kunne yte.

Positiv utviklingHo kan historia og har følgt utviklinga til Friskis & Svettis i Førde, frå trening rundt i dei ulike gymsalane, til eige treningslokale på Hornnes. Frå få til mange funksjonærar og eit breitt treningstilbod, med mange ulike intensitetar. Ei utvikling ho tykkjer er bra.

– Ja, eg trur det har vore positivt, i alle fall for meg som instruktør. Vi har hatt både interne og eksterne kurs. Vi utviklar oss gradvis og trinnvis gjen-nom kursing. Eg har vore instruktør for dei aller yngste og dei aller eldste, frå familieleik til senior. Samt junior- trening i Førdehuset i 2007. Men basis og seniortrening er det ho har trivest aller best med.

– Nokon spesiell episode som har festa seg?

– I fjor, på siste trening før jul, utfordra eg mosjonistane til å kle seg ut. Det gjorde dei ikkje, men det gjorde eg, seier ho og ler godt ved tanken på seg sjølv som nissemor, til stor underhaldning for mosjonistane. Og vert Turid Holsen følgde opp med heimebaka bollar, som alle fekk smake etter treninga.

Jobb og fritidMyrtle Kristoffersen er leiar for ein av seksjonane på operasjonsavdelinga på Førde sentralsjukehus.

– Er det plass til andre fritidsinter-esser enn Friskis & Svettis?

Ho ler godt. – Nei, det er det ikkje tid til, svarar

ho først, før ho nyanserer det noko. – Jo, eg strikkar, heklar og syr… Og

spelar piano. Eg kan ikkje gå på ski, veit du. Så eg er no eigentleg glad for at det er innandørstrening, legg ho til og ler godt av seg sjølv.

– Eg skulle ønske at eg kunne gjere fleire ting, men tida strekk ikkje til. Det viktigaste av alt er at ein har god helse; det er det ein må hugse på.

– Kva har vore det kjekkaste gjen-nom desse åra?

– Å sjå at mosjonistane er fornøgde. Den glade bodskap i smilande ansikt. Ikkje berre at vi funksjonærane trivst med kvarandre, men at mosjonistane også trivst med oss, avsluttar Myrtle.

«Mor Friskis» i Førde

«Du gir ikkje berre deg sjølv trening, men du gir det som gåve til dei andre også»

Myrtle Irene Pascua Rodriguez Kristoffersen

AKTIV ENTUSIAST: Myrtle er både Friskis & Svettis-veteran og instruktør i Førde.

Page 7: Frisksi og svettis avis nr 1

FRISKIS OG SVETTIS 7

Ny instruktør og lokale tonar på Vassenden–Treninga mi skal vere enkel og funksjonell, slik at folk i alle aldrar kan delta. Det lovar Camilla M. O. Sørensen, som startar som instruktør på Vassenden etter nyttår.

Camilla har vore på Jympa-kurs på Tjøme og gler seg til å starte opp eigne treningar i gymsalen på den vidaregåande skulen.

Programmet som Camilla er i ferd med å setje saman, blir ei middelstrening. Middels er for dei som er vant med å trene, men samtidig er Camilla bevisst på at det skal vere lett for nye mosjonis-tar å hekte seg på.

– Det å trene skal vere kjekt! Tre-ninga skal vere enkel, utan for mykje fokus på koordinasjon. Det er viktig at treninga gir ei god oppleving med fokus på funksjonelle øvingar, det vil seie øvingar som i sin hensikt kan overførast til kvardagslege aktivite-tar, forklarer ho.

Sterk i motbakkeFrå januar/februar får F&S-mosjo-nistar på Jølster to faste trenarar: Fabian og Camilla. Hittil har dei hatt ambulerande instruktørar frå Førde ein dag i veka. Camilla har både vore vert i to år og mosjo-

nistpå Vassenden sidan 2007. Då ho og familien flytta til Jølster, vart ho med svigermor Turid Langvatn på Friskis & Svettis, og dermed var det gjort.

– For min del må eg seie at eg er blitt heilt avhengig av treninga. Eg må ha trening, sprelle med armar og bein og løsne stive mus-klar, smiler 34-åringen.

– Etter at eg passerte 30 har eg trena for å bli sterkare og trenar no 3-4 gonger i veka. Det er jo investering i eiga helse å halde seg i form, understrekar den entusi-astiske bergensaren, som også er halvt nordfjording.

Camilla har i yngre år drive med mellom anna fotball og innebandy, men aldri vore superaktiv, som ho sjølv seier. Men motbakkar, det likar ho!

– Det er grådig kjekt å gå i fjel-let, og mest av alt i motbakkar, eg er ikkje så glad i å gå nedatt, seier ho med eit smil.

Musikk med dragTrening skal gje kjensle av glede, og musikken er ein viktig del av treninga.

– Det skal vere lystbetont trening med kvalitet, understrekar Camilla, medan ho tenkjer litt på

dette med musikken ho skal ha i programmet sitt. Ho jobbar akku-rat no med treningsprogrammet og funderer litt på å bruke lokal musikk også.

– Sjølv er eg altetande innan musikk, så eg kjem til å satse på det som eg meiner treff. Det blir eit vidt spekter med gla’- musikk, som verkar motiverande og inspirerande. Det må vere drag i musikken, den skal bety mykje. Eg er opptatt av rytme og det å kjenne takten, seier ho og ler i det same med tanke på at også instruktøren av og til fell ut av rytmen.

Kjenner miljøetCamilla er fersk som instruktør, men kjenner godt miljøet på Vassenden. På etterjulsvinteren håpar ho å sjå både nye og gamle mosjonistar. For dei som vurderer å realisere nyttårsforsett på Friskis & Svettis, har ho følgande råd:

– Finn nokon å gå saman med! Kom og prøv ein gong. Trening skal ikkje vere komplisert, men enkelt og kjekt. Det er rørsle til musikk. I mitt første program skal det kanskje vere ekstra enkelt. Og eg har veldig lyst å sjå nye fjes, legg ho til med eit stort smil.

«Eg er opptatt av rytme og det å kjenne takten»

Camilla Sørensen

–Friskis&Svettis sin samarbeidspartner på treningsklede og sko i Førde.

Page 8: Frisksi og svettis avis nr 1

FRISKIS OG SVETTIS8

AvhengigDet er berre å seie det som det er: Eg er avhengig. Avhengig av rus. Treningsrus. Eg må ha mine vekentlege kick på Friskis&Svettis. Høgdepunktet i veka. Bli med inn i rusen min, ein vanleg tysdag:

Ettermiddagen er eit salig kaos. Middag på bordet, under bordet og i håret. Velta vassglas. Tomatsaus på vegga-ne. Klissvåte barnehageklede. Støvlar fulle av gjørme. Fulle skittentøyskorger og fulle tørkestativ. Fullt hovud. Tomt kjøleskåp. Ungar som leikar i fred og harmoni. Ungar som kranglar. Ungar som slåst.

Midt i Barne-TV-tida skjer det noko. Eg tar på meg dei raude treningskleda mine. Eg kjenner det begynner å krible i kroppen.

«Skal du på tjening?» spør jenta på tre. «Skal du på Friskis&Svettis?» spør femåringen. «Ja!» seier eg. Eg seier god natt til dei, og vinkar farvel til kaoset. No er det andre ting som gjeld.

På Hornnes blir eg møtt av ein blid og smilande vert. Vi utvekslar nokre ord om vêret, om forma og om forvent- ningane: Blir vi mange i dag, tru?

Jo, der kjem det ein. Ein til. Og endå ein. Nei, han skulle visst på spinning. Etter kvart fyllest det opp på stolane

i gangen. Nokre pratar, andre ser på skoa sine. Nokre har vore her mange gonger før. Andre er heilt nye. Alle er her for å trene, og alle er like vel-komne.

Klokka går. Døra til salen går opp, og ut strøymer sveitte kvinner og menn. Raude kjakar, våte t-skjorter og store smil om munnen. Praten går lett og latteren sit laust. Kriblingane i kroppen aukar. Snart er det vår tur!

Så står eg der. I midten. Eg ser rundt meg. Smiler. Så kjekt at dei som har vore her før, kjem tilbake! Og så fan-tastisk kjekt at det kjem nye!

Eg håpar dei blir fornøgde. Verten er der, og musikken startar. Litt roleg til å begynne med. Kjenner kor godt det er å få kroppen i gang, og korleis spen-ningar i kroppen forsvinn i takt med at musikken aukar. Strekk og tøy, arm- hevingar, ryggløft og sit-ups.

Vi spring, vi trampar. Vi jobbar oppe og nede. Vi smiler! Og brått er timen over. Begynte vi ikkje nettopp? Eg ser rundt meg igjen. Ansikta har fått ein annan glød, ein annan glans. Noko av glansen skuldast sveitte, men det er også noko anna. Eg ser det, det er endorfinane. Det er rusen.

Eg er avhengig. Avhengig av rus. Og eg har ingen planar om avvenning.

Ingeborg Watne Flatland, instruktør

KICKSTART PÅ 2014Friskis&Svettis gir deg ein kickstart på treningsåret!

• 30 min spinning,••30 min middels

30 min cirkelfys

Søndag 5. januar kl. 18.00-20.00 set vi saman ei nyttårssprudlande trening fylt med gode forsett:

–Gratis trening foralle, så ta med ei ven, naboen, ein kollega eller kven som helst som vil opp og ut av sofaen i 2014! STAD:

Salen på Hornnes

–Gratis trening for alle i veke1 og 2 fråog med2. januartil og med13. januar!

NYTTÅR-FORSETT?

Timeplan Vår 2014

TIMEPLAN VÅR 2014

www.friskissvettis.no/forde

Måndag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag SøndagSaltrening Førde

16.00 Middels 16.00 Trening*

17.00 Basis 17.30 Senior

18.00 Core 18.00 Cirkelfys 18.00 Vektstang 18.30 Intervall Flex 18.00 Middels

19.00Vektstang 19.00 Puls Basis 19.00 Middels 19.30 Middels 75 19.00 Middels

20.00 Middels 20.00 Dans Fuego 20.00 Basis

Spinning Førde20.00 Spinn 90min

19.00 Spinn 60min

19.00 Spinn 60min

19.30 Spinn 60 min

Saltrening Vassenden

20.00 Middels 20.00 Middels

* Treningane på laurdagar på Hornnes vil ambulere mellom ulike intensitetar og ulike instruktørar.

Timeplan Friskis & Svettis vår 2014