8
Fylkesaktuelt 01 feb 2018 Hoppetau- konkurransen Hopp for hjertet er ein flo akvitet - gjerne kombinert med andre fag! Jostedal helselag melder om at det er mange som går tur sjølv på vinteren, og skriv navnet si i vinter- boki i trimmkassen på Einehaugen. Foto: Mary Aasen INFORMASJON OG INSPIRASJON TIL HELSELAG OG DEMENS- FORENINGAR I HORDALAND OG SOGN OG FJORDANE Snart er våren på veg det nærmar seg . . . . . . . . Ut på tur!

Fylkesaktuelt - Nasjonalforeningen · 2018. 6. 25. · På Trudvang skule i Sogndal har dei vore flinke og nytenkjande og fått til å kombinera morsom aktivitet med teoretiske fag

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Fylkesaktuelt 01 feb 2018
Hoppetau- konkurransen Hopp for hjertet er ein flott aktivitet - gjerne kombinert med andre fag!
Jostedal helselag melder om at det er mange som går tur sjølv på vinteren, og skriv navnet sitt i vinter- boki i trimmkassen på Einehaugen. Foto: Mary Aasen
INFORMASJON OG INSPIRASJON TIL HELSELAG OG DEMENS- FORENINGAR I HORDALAND OG SOGN OG FJORDANE
Snart er våren på veg det nærmar seg . . . . . . . . . . . Ut på tur!
Då er de heilt sikkert i full gang med å gjennomføra årsmøta, og alle andre aktivitetar. Ei takk til alle som går ut av styra, og velkommen til dei nye styremedlemmane!
Håpar deltakarane på regionmøta har fått ny inspirasjon av å høyra på alle gode tiltak som laga har fortalt om!
Fylkesårsmøta står for døra, og håpar at laga sender fleire dele- gatar. I Hordaland ynskjer me velkommen på Scandic Flesland Airport Hotel 13. og 14. april, og i Sogn og Fjordane på Skei hotell den 20.-21.april. Det blir spennande kursopplegg i kosthald frå Folkelig, som Ingvild og Åse gav oss god info om på region- møta. Det blir også foredrag om demens, og håpar at tema blir til inspirasjon til kvar og ein.
Meld dykk på Hjerteveka 2018, som i år er frå 30. april til 6. mai! Lukka til med alle gode aktivitetar!
Det er enno litt tid til å minna skulane om påmeldingsfristen til Hopp for hjertet, så ta kontakt med skulen! Spander gjerne frukt eller lunsj på elevane som premiering!
I Lokallagssending nr 1/18 fekk de søknadsskjema til tilskot til 3 hjerteaktivitetar. Bruk denne gode muligheten!
Landsmøte, som er 4. kvart år, blir arrangert 8.-10. juni i Trond- heim. Påmeldingsfristen er 1. mars. - Fylkesstyra i både Sogn og Fjordane og Hordaland betaler deltakaravgift på kr 2.500 for 1 delegat pr. lag, og så håpar me at de sender delegatar til denne viktige møteplassen.
Me ynskjer helselaga og demensforeiningane lukka til med alle aktivitetane framover.
Godt nytt år til helselag og demensforeiningar i Sogn og Fjordane og Hordaland!
Helsing Asborg Leirdal Kjærvik – fylkesleiar Sogn og Fjordane og Kjell Nesbø – fylkesleiar Hordaland
“Når soli bakom blåe fjell . . . ” Jostedalen, ein fin dag i vinter. Foto: Mary Aasen
Regionmøter I månadskiftet januar-februar har vi samla oss lokalt og halde 12 region- møter: på Askøy, i Gloppen, Sogndal, Stord, Førde, Lavik, Austevoll, Lindås, Granvin, Osterøy, Kvinnherad og i Masfjorden. Godt oppmøte og gode samtalar. Her blei også den spennande nye kosthaldsaktiviteten “Smak på mat” frå Folkelig introdusert.
Fylkesårsmøter
Årsmelding I år vil de ikkje motta og bli bedt om å senda inn det tid- legare faste årsrapportskjemaet (aktivitetsoversikt med avkryssing m.m.). Men alle lag sender fortsatt “vanlig” årsmelding og regnskap inn til oss på fylkeskon- toret etter årsmøtet sitt.
Fylkesårsmøta er ein fin arena til å treffa likesinna. Her kan du få inspira- sjon og påfyll, og samtidig få senka skuldrene og gjera litt stas på deg sjølv på hotell med god mat. På programmet står to paralelle tema: kosthald og demens. Alle hjerteleg velkomne! - vi ser fram til å treffa både nye og meir erfarne deltakarar. For tid, stad og påmeldingsfristar: sjå baksida. Invitasjon er vedlagt denne sendinga, og også sendt leiar på
Landsmøtet i Trondheim Landsmøtet er eit viktig demokratisk forum, men det er samtidig ein plass kor vi skal ha det hyggelig, bli inspirert og møte menneske frå alle delar av organisasjonen. I tillegg til møter, blir det byvandring i Trond- heim, ein tur i Nidarosdomen og folkehelsetorg. Vi håpar vi møter mange av dykk der. Påmeldingsfrist 1. mars. (For meir info; sjå e-post frå 02.02).
og Kjell Nesbø – fylkesleiar Hordaland
“Når soli bakom blåe fjell . . . ” Jostedalen, ein fin dag i vinter. Foto: Mary Aasen
I perioden 24. april - 4. mai 2018 arrangerar vi konkurransen “Hopp for hjertet” for elevar på 4.-7. trinn for trettande gong. I fjor engasjerte vi over 100 000 barn i heile landet! - I løpet av to veker hoppar elevane tau i friminuttane og får poeng for antal minuttar kvar dag. Det blir kåra ein nasjonal vinnar og ein fylkesvinnarar i alle fylke. Det vert sendt ut infor- masjon om Hopp for hjertet på e-post til skular i påmeldingsperioden. Påmeldingsfristen er 9. mars.
Hopp i fag og friminutt På Trudvang skule i Sogndal har dei vore flinke og nytenkjande og fått til å kombinera morsom aktivitet med teoretiske fag. Dette har Nasjonal- foreningen sentralt tatt tak i, og laga ti videoar for å visa korleis “Hopp for hjertet” også skal kunna inkluderast i fag og undervisning. Filminga er gjort på Trudvang skule og viser korleis hoppetau kan brukast for å repetera og øva på pensum utandørs i faga matematikk, norsk og engelsk.
For å sjå inspirasjonsfilmar, påmelding og meir informasjon, gå inn her: www.hoppforhjertet.no
Hjarteveka 2018: veke 18 (30. april - 6. mai) “
Hopp for hjertet
Påmelding/bestillingssfrist materiell er 1. mars For meir informasjon om påmelding m.m., sjå lokallagssending sendt til lokallagsleiar på e-post i januar.
NB merk også at 10. mai er Verdens aktivitetsdag, som kan gje rom for samarbeid om aktivitet med andre lag i nærmiljøet.
Aktivitetsvenn Mange foreningar har vore aktive og fått i stand Aktivitetsvennkurs i samar- beid med kommunar og frivilligsentralar, både i Vågsøy, Eid, Hornindal og på Os har dei hatt god oppslutning. Om nokon ønskjer meir informasjon rundt dette, ta kontakt på e-post: [email protected]
Å vera Aktivitetsvenn går ut på å gjera noko ein likar, saman med ein som har demens. På eit Aktivitetsvennkurs får ein bl.a. kunnskap om demens, korleis kommunisera godt med ein som har demens og ikkje minst eit nettverk å dela erfaringar i. Kursopplegget er utarbeida som eit prosjekt av Nasjonalforeningen for folkehelsen, av pengar frå TV-aksjonen 2013, og blir ofte gjennomført i samarbeid mellom ulike aktørar i kommunen.
Vi i Hornindal demensforening har saman med Frivilligsentralen og demensteamet i Hornindal kommune, halde eit to-dagars Aktivtets- vennkurs. - Samarbeidet har vore heilt topp! Og det har vore utruleg inspirerande at vi fekk heile 16 deltakarar! Noko som kanskje må vere rekord, sett i forhold til at vi berre er 1220 innbyggarar i kommunen.
- helsing Kirsti Flø, leiar Hornindal demensforeining.“ ”
Demensvennlig samfunn
Marianne Sandahl Bjorøy, ordførar i Fjell kommune i Hordaland og Lisbet Rugtvedt, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehels- ens, skreiv 18. januar under sam- arbeidsavtalen “Demensvennlig Samfunn”. Dette er ein flott start!
“ ”“
Fusa dremensforening hadde stand på Fjord’n senter, der dei hadde lotteri og fekk delt ut brosjyrer og informasjon om pårørandekurs. Lurt å kombinera lotteri og informasjon, som gir ein lavare terskel for å ta kontakt. Vellukka! - frå ein viktig, ny aktør i bygda.
foto: uskedalen.no
Glimt frå lokallaga
Vi i Brekke helselag har hatt dansekurs for born. Sidan det kanskje kunne bli litt lite med berre Brekke-skulen, så inviterte vi med Matre skule også, til å vera med om dei ville. Heile 27 born vart med! Dei blei delt i to grupper etter alder. Dette blei veldig kjekt, og kanskje har vi eit påbyggingkurs seinare. - Petra Hjartholm, Brekke helselag.
Om ditt lag ønskjer å gjera noko liknande: Sogn og Fjordane fylkeskom- mune har tilknytning til eit prosjekt som heiter “Dans Uten Grenser”, - ta gjerne kontakt med daglig leder for DUG: Ove Hennig Solheim, tlf.: 41657941, for meir informasjon og kanskje mulighet for samarbeid.
Følg oss på Facebook
Hopp for hjertet: 24. april - 4. mai. Påmeldingsfrist 9. mars Hjerteveka: 30. april -6.mai. (Frist bestilling materiell/påmelding: 1. mars) Søknadsfrist Extrastiftelsen: 15. mars
Landsmøte: Trondheim 8. - 10. juni. Påmeldingsfrist 1. mars
Fylkesårsmøte Hordaland: Scandic Flesland Airport hotell 13. - 14. april Påmeldingsfrist: mandag 19. mars Frist for å melde inn saker til fylkesårsmøte er 4 veker før møtet, altså for Hordaland: 16. mars
Fylkesårsmøte Sogn og Fjordane: Skei hotell 20. - 21. april Påmeldingsfrist: 23. mars Frist for å melde inn saker til fylkesårsmøtet Sogn og Fjordane: 23. mars
Vi vil gjerne dele små og store nyhende frå ditt lokallag
Viktige datoar utover våren:
Overhøyrt i studentkantina: “ - Eg drøymer om å bli rik, som min far”
“ - Åja, han er rik?!” “ - nei, men han drøymer om det!”
Fylkeskontoret Nasjonalforeningen for folkehelsen
Bredalsmarken 15 5006 BERGEN