7
Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag, felles i Teams. Eg ber difor om at alle elevar er pålogga og klare 08.30 inne i klassegruppa. Tysdag 21.04.20 skal vi ha matematikkundervisning på morgonen, i tillegg til det vanlege møtet. Ekstra viktig at alle elevane vert med, sidan vi skal gå igjennom nytt emne. Minner om at alt som står på planen (inkludert fysisk aktivitet og lesestund) er obligatorisk skulearbeid (ikkje lekser) og skal gjennomførast. Ein kan altså ikkje velje bort dette. Dersom arbeidet på planen ikkje vert gjort og levert inn (der vi ber om det) må vi dokumentera det. Det er tenkt at kvar av arbeidsøktene skal vare i om lag 45-75 minutt (vil variere for kvar elev) og at øktene med fysisk aktivitet og lesestund skal vare i 30-60 minutt. Husk å ta pausar mellom øktene! Det står klare instruksar i planen om kva for arbeid som vert forventa levert inn dokumentasjon på at er gjennomført. Nokre stadar står det ikkje, til dømes ved multi smart øving og lesemeister. Dette er grunna at eg her får opp ei oversikt over kven som har vore inne, kor lenge der har vore der og kor mykje dei har gjort. De finn aktivitetsbingo og dei praktiske oppgåvene til gjennomføring nedanfor i dokumentet. Dei nye matematikkarka som vert lagt inn i klassegruppa i Teams kan elevane anten skrive ut og skrive rett på arka, elles så må dei ha dokumentet oppe på skjermen og skrive av oppgåvene i skriveboka si. Eg er tilgjengeleg for elevar og føresette på telefon, mail og Chat i Teams i den vanlege skuletida. Dersom det er noko de treng hjelp til, det er noko de ikkje forstår eller er usikre på kan de kontakte meg der mellom kl. 08 og 15 kvar dag. (Fredag til 14.00) Telefon: 47906213 Epost: [email protected] / [email protected] Lukke til! Helsing Elin Ljones Mikkelsen.

Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. · 2020-06-12 · Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag,

  • Upload
    others

  • View
    7

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. · 2020-06-12 · Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag,

Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning.

Vi held fram med å starte dagane i lag, felles i Teams. Eg ber difor om at alle elevar er

pålogga og klare 08.30 inne i klassegruppa.

Tysdag 21.04.20 skal vi ha matematikkundervisning på morgonen, i tillegg til det

vanlege møtet. Ekstra viktig at alle elevane vert med, sidan vi skal gå igjennom nytt

emne.

Minner om at alt som står på planen (inkludert fysisk aktivitet og lesestund) er obligatorisk

skulearbeid (ikkje lekser) og skal gjennomførast. Ein kan altså ikkje velje bort dette. Dersom

arbeidet på planen ikkje vert gjort og levert inn (der vi ber om det) må vi dokumentera det.

Det er tenkt at kvar av arbeidsøktene skal vare i om lag 45-75 minutt (vil variere for kvar

elev) og at øktene med fysisk aktivitet og lesestund skal vare i 30-60 minutt. Husk å ta pausar

mellom øktene!

Det står klare instruksar i planen om kva for arbeid som vert forventa levert inn

dokumentasjon på at er gjennomført. Nokre stadar står det ikkje, til dømes ved multi smart

øving og lesemeister. Dette er grunna at eg her får opp ei oversikt over kven som har vore

inne, kor lenge der har vore der og kor mykje dei har gjort.

De finn aktivitetsbingo og dei praktiske oppgåvene til gjennomføring nedanfor i dokumentet.

Dei nye matematikkarka som vert lagt inn i klassegruppa i Teams kan elevane anten skrive ut

og skrive rett på arka, elles så må dei ha dokumentet oppe på skjermen og skrive av

oppgåvene i skriveboka si.

Eg er tilgjengeleg for elevar og føresette på telefon, mail og Chat i Teams i den vanlege

skuletida. Dersom det er noko de treng hjelp til, det er noko de ikkje forstår eller er usikre på

kan de kontakte meg der mellom kl. 08 og 15 kvar dag. (Fredag til 14.00)

Telefon: 47906213

Epost: [email protected] / [email protected]

Lukke til!

Helsing

Elin Ljones Mikkelsen.

Page 2: Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. · 2020-06-12 · Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag,

Arbeidsplan / vekeplan veke 17 for 5 klasse.

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Norsk

1. Arbeid med

skriveforståinga for

veke 17. Svar på

oppgåve A, B og C

i Word inne på

Skooler på PCen

din. Svara sender

du på mail til

Wenche.

Matematikk

1. Gjer side 78 i

Multi 5A. Skriv

svara i skriveboka

di.

2. Gå inn på Salaby

– kanal S –

Matematikk -

Drillrom –

tallforståelse. Jobb

i 15 minutt.

Send bilete av

oppgåvene til Elin

når du er ferdig.

Engelsk

1. Les teksten

«London Zoo» på

side 109 i Stairs 5.

2. Skriv glosene i

skriveboka di.

3. Øv godt på

glosene frå veke 16

og 17!

Send bilete av

glosene til Elin når

du er ferdig.

Tema

1. K&H

«Lag ein

heimelaga vev».

Sjå forklaringa

lenger nede i

dokumentet

Ta bilete av

arbeidet, lim det

inn i word saman

med forklaringa di

og send det på

mail til Berit.

Videomøte i

Teams.

Felles gloseprøve.

Arbeidsplan

1. Sjå dagens

episode med

Supernytt.

2. Kodeskolen på

Salaby.

Fysisk Aktivitet

(minimum 30

minutt)

Kryss av minimum

2 aktivitetar på

bingoen.

Fysisk aktivitet

Følg instruksane til

kroppsøvingsøkta

på den siste sida i

dokumentet.

Fysisk aktivitet

(minimum 30

minutt)

Kryss av minimum

2 aktivitetar på

bingoen.

Fysisk aktivitet

Kryss av

minimum 2

aktivitetar på

bingoen.

Fysisk aktivitet

(minimum 30

minutt)

Kryss av minimum

2 aktivitetar på

bingoen.

Engelsk

1. Les teksten

«Madame

Tussauds» på side

108 i Stairs 5.

2. Skriv ned

glosene i

skriveboka di.

3. Øv godt på

glosene frå veke 16

og veke 17.

Send bilete til Elin

av glosene når du

er ferdig.

Norsk

1. Arbeid med

skriveforståing for

veke 17. Gjer/skriv

oppgåve D, E og F

i Word inne på

Skooler på PCen

din. Svara sender

du på mail til

Wenche.

Ekstra:

Oppgåve G.

Tema:

REBUS

Du skal

gjennomføra eit

rebusløp denne

økta. Forklaring på

kva du skal gjere,

finn du lengre nede

i dokumentet!

Kanskje du kan

leite etter pinnar til

Kunst og

handverkoppgåva

du skal ha torsdag

mens du er ute og

går?

LUKKE TIL!

Norsk

1. Gå inn på

www.lesemeister.

no

og logg inn med

Feide. Finn deg ei

lydbok og lytt i ca.

30 minutt.

2. Skriv 5

setningar om kva

du lytta på i ein

mail til Wenche.

Ekstra:

Arbeid med Verb

på Salaby – kanal

S – Norsk –

adjektiv.

Matematikk

1. Gjer side 81 i

Multi 5A.

2. Arbeid i 30

minutt på Multi

Smart Øving.

Ekstra:

Gå inn i Teams –

matematikk –

ekstraoppgåver.

Arbeid med arka

for veke 17.

Lesestund

Les i ei valfri bok i

minimum 20

minutt

Lesestund

Les i ei valfri bok i

minimum 20

minutt

Lesestund

Les i ei valfri bok i

minimum 20

minutt

Lesestund

Les i ei valfri bok

i minimum 20

minutt

Lesestund

Les i ei valfri bok i

minimum 20

minutt

**Kvar dag skal du logge inn i Teams og skrive korleis dagen din har vore i ein

privat chat til Elin. (Sei ifrå om de treng hjelp til å opprette chat i Teams på Skooler) **

Page 3: Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. · 2020-06-12 · Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag,

Orientering – Litlabø skule – Våren 2020

Du skal no ut å leite etter postar i nærområdet på Litlabø og Nysæter.

Dette må du ha med deg:

Noko å skrive med: Blyant, penn eller tusj.

Noko å skrive på: Ark, notatblokk eller skrivebok.

Kvar post har eit spørsmål som du må svare på. Det er viktig at du skriv ned

svaret og nummeret på posten fordi forbokstavane i svarorda til slutt skal danne

eit løysningsord.

Dersom du ikkje kan svaret bør du skrive ned spørsmålet slik at du kan spør om

hjelp eller søke når du kjem heim.

På kvar post vil du få beskjed om kor du finn den neste.

Du kan sykle, gå eller jogge mellom postane.

Dersom du leitar lenge utan å finne ein post kan du ringe meg.

Til slutt skal du sende svara frå kvar post og det ferdige løysningsordet til meg

på chat i Teams (husk å sende i ei eiga melding og ikkje slik at alle får svaret).

Lykke til

Post 1 finn du i nærleiken av hovudinngangen ved

samfunnshuset.

Page 4: Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. · 2020-06-12 · Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag,

Kunst og handverk  - Heimelaga vev

Tema: Kreativitet og miljø

Kompetansemål: Bruke ulike strategiar for idéutvikling og

problemløysing.

Denne veka skal du lage din eigen vev av pinnar du finn ute i

nærområdet.

Du treng 4 pinnar og du kan velje korleis du vil feste veven. Du

kan til dømes knyte pinnane saman, bruke spiker eller andre

metodar om du har ein god idé, men fest godt.

Du må bruke ein litt sterk tråd til renninga (trådane som du skal

veve gjennom), gjerne bomullstråd, pakkeband, fiskesnøre,

tanntråd eller anna sterk tråd.

Når du skal veve kan du få vere kreativ og bruke det du finn.

Du kan bruke garn, pakkeband eller annen tråd du finn.

Du kan lage naturvev med strå, gras, blad og anna du finn i naturen.

Du kan klippe opp ei gammal, utslitt t-skjorte eller anna tøy og lage strimler som du kan veve

med.

Du kan klippe opp plastposar i strimler.

Ja, det er berre fantasien som setter ein stoppar for kva me kan veve med og du må gjerne

blande dei ulike materiella.

LUKKE TIL!

Page 5: Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. · 2020-06-12 · Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag,

Praktiske oppgåver til gjennomføring heime:

I løpet av veka skal du gjere 2 av desse praktiske oppgåvene. Du vel sjølv kva for oppgåver

du vil gjere frå lista nedanfor Kryss av dei du har gjort og send eit bilete av lista til meg på

fredag.

1. Tøm oppvaskmaskina.

2. Vask alle dørhandtak.

3. Hjelp til med å lage middag.

4. Dekk på bordet før middag.

5. Rydd av bordet etter middag.

6. Legg på plass bretta klede.

7. Hjelp mamma eller pappa med ein ting dei treng hjelp til.

8. Hjelp til med å skifte på senga di.

9. Vel 2 av Yoga positurane og gjennomfør dei.

10. Rydd rommet ditt.

Sjølv superheltar treng

pause!

Page 6: Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. · 2020-06-12 · Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag,

Aktivitetsbingo veke 17. Kor mange kryss

klarar du å setje i løpet av veka?

Øv på årets

BlimE-dans!

Hopp sidelengs

rundt huset

Saman med ein i

familien: Ein står

på alle fire. Den

andre kryp under

og hoppar så over.

Gjer dette 10

gongar kvar.

Hink baklengs

bort til

postkassane.

Lag ein blink med

teip på ein vegg

ute. Stå 2 meter i

frå, og prøv å

treff blinken ved

å sparke ein ball.

Lag ei hinderløype

ute

Uteaktivitet 30

minutt – slengtau,

hoppetau,

hoppestrikk….

Sett ei (eller

fleire) plastflaske

3 meter i frå deg.

Prøv å treffe ho

med ein ball.

Stav namnet ditt

og gjer

styrkeøvingane

som høyrer til

kvar bokstav (sjå

oversikt under).

Sykle ein tur

Hopp og roter 180

grader til kvar

side. Gjenta 5

gonger.

Just dance på

Youtube

Snurr rundt 15

gonger og forsøk å

gå heilt rett

etterpå.

Lag ein blink med

teip på ein vegg

ute. Stå 3 meter i

frå, og prøv å

treff blinken ved

å kaste ein ball.

Sett ei bøtte

nesten inntil ein

vegg. Stå 2 meter

ifrå. Prøv å få

ballen til å treffe

veggen og

deretter bøtta.

Hopp bakover så

langt du klarar.

Gjenta 10 gonger.

Page 7: Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. · 2020-06-12 · Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag,

Kroppsøving veke 17

Oppvarming: Gå inn på www.nrksuper.no og finn BlimE-dansen for 2020. Øv deg gjennom dansen del

for del.

Styrketrening med kortstokk: Du skal trekkje eit og eit kort. Sorten på kortet fortel deg kva øving du skal gjere og talet

fortel deg talet på repetisjonar. Klarar du å jobbe deg gjennom halve kortstokken? Klarar

du kanskje heile kortstokken? Stå på!

= froskehopp

= armhevingar

= sit ups

= knebøyg

ESS (A) = 10 burpees (hopp

opp med armane og legg deg så heilt ned på magen –

gjenta 10 gongar)