74
UNIVERSITETET I BERGEN Institutt for administrasjon og organisasjonsviteskap Masteroppgåve Middelvegen til det ideelle universitet? Institusjonell autonomi og akademisk fridom i Kina Ein casestudie av Fudan universitet, Shanghai Aina Isdal Haugland Haust 2011

Masteroppgåve - Forside - Det juridiske fakultet...Ei spanande og lærerik reise på jakt etter sanning og visdom er snart over. Når eg så har kome til endestasjonen håpar eg det

  • Upload
    others

  • View
    3

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

U N I V E R S I T E T E T I B E R G E N

Institutt for administrasjon og organisasjonsviteskap

Masteroppgåve

Middelvegen til det ideelle universitet?

Institusjonell autonomi og akademisk fridom i Kina

Ein casestudie av Fudan universitet, Shanghai

Aina Isdal Haugland

Haust 2011

Middelvegen til det ideelle universitet?

2

”Kongzi sa:” Fødde med kunnskap, er dei øvste. Har fått kunnskap frå å læra er dei neste. Har

lært med mykje strev, er dei neste etter det. Har strevd, men ikkje lært, desse er dei lågaste av

folket” (XVI,9, Rongen, 2011).

Middelvegen til det ideelle universitet?

3

Føreord Ei spanande og lærerik reise på jakt etter sanning og visdom er snart over. Når eg så har kome

til endestasjonen håpar eg det er litt klokare enn ved oppstarten. Eg håpar òg andre kan finne

inspirasjon i arbeidet eg har lagt ned. Feil og manglar er sjølvsagt mine. Eg ønskjer å rette ei

takk til alle som har hjelpt meg ut av kratt og blindspor undervegs.

Professor Ivar Bleiklie har gitt gode råd og rettleiingar gjennom heile prosessen. Han har gjort

at eg har stått på trygg fagleg grunn. Eg er òg takksam for at eg alltid har kunne gått litt lettare

til sinns og litt meir smilande tilbake til lesesalen enn då eg kom. Svein Michelsen har med

tolmodige forklaringar vore til uvurderleg hjelp tidleg i arbeidet. Deltaking på KPO har gitt

meg fagleg innsikt i utdanningspolitikk, noko som heilt klart har hjelpt meg under arbeidet og

for den breiare forståinga for feltet.

Takk til Thor Øyvind Jensen for nyttige kommentarar gjennom prosessen og til Dag E. Berg

for gode innspel mot slutten. Også ei takk til dykk og alle på PGI for ei imponerande evne til

å engasjere dykk. De viser interesse for dei utrulegaste forslag og set dei så inn i gode

teoretiske rammer. Det er alltid inspirerande å lære av diskusjonar der.

Ei særskilt stor takk til Cecilie F. Bakke, Yi Wang og Anne Kari B. Johansen ved Norsk

senter for menneskerettar (NCHR) ved Universitetet i Oslo for gode og viktige innspel om

Kina og koplinga mellom menneskerettar og akademisk fridom. Frå NCHR har eg mottatt

stipend for dei siste 4,5 månadene av skrivinga.

Til alle ved Nordisk senter ved Fudan er eg takksam for all hjelp og venlege og gode

forklaringar på litt av alt det eg ikkje forstår om livet i Shanghai og i Kina. Sjølvsagt òg ei

takk til alle som har stilt opp til intervju eller på andre måtar gitt meg eit innblikk i kinesisk

kultur og samfunn. Takk til Kinanettverk Bergen for tilbakemeldingar og kommentarar til

oppgåva.

Trude, Denise og Kristine og alle på Lindstrøms: Takk for oppmuntringar, tørre vitsar og

gode samtalar. Eg kjem til å sakne dykk! Ei ekstra takk til Hanne, Bente og Målfrid for

gjennomlesing i innspurten.

Anita, Anne, Bente, Elin, Ingrid, Jannicke, Karen, Marte og Monica; takk for oppturar,

nedturar, hytteturar, fjellturar, flyturar og heilt alminnelege spaserturar. Og til mor, far, Alf,

Ole Ingmar og bestefar; tusen takk for at de alltid er like snille og flinke til å vise omtanke.

Middelvegen til det ideelle universitet?

4

Innhald Føreord ................................................................................................................................................ 3

1 Gaokao 1977 ......................................................................................................................................... 6

1.1 Problemstilling ............................................................................................................................... 8

1.2 Den historiske utviklinga og den politiske rolla til det europeiske universitetet .......................... 8

1.3 Den historiske utviklinga og den politiske rolla til det kinesiske universitetet ........................... 10

1.4 Det kinesiske utdanningssystemet i dag ..................................................................................... 12

2 Teori .................................................................................................................................................... 17

2.1 Akademisk fridom ........................................................................................................................ 17

2.2 Normative ideal ........................................................................................................................... 17

2.3 Organisatoriske ideal ................................................................................................................... 19

2.4 Ulike nivå av autonomi ................................................................................................................ 21

2.5 Autonomi på kinesisk .................................................................................................................. 23

2.6 Drøfting av teori .......................................................................................................................... 23

3 Metode ............................................................................................................................................... 26

3.1 Case ............................................................................................................................................. 26

3.1.1 Ulike tilnærmingar ................................................................................................................ 28

3.2 Datakjelder og innsamlingsmetodar ........................................................................................... 30

3.2.1 Dokumentasjon .................................................................................................................... 30

3.2.2 Arkiv ...................................................................................................................................... 31

3.2.2 Intervju ................................................................................................................................. 32

3.2.4 Deltakande observasjon ....................................................................................................... 33

3.2.5 Fysiske gjenstandar .............................................................................................................. 36

3.3 Gjennomføring av studien ........................................................................................................... 36

3.4 Reliabilitet og validitet ................................................................................................................. 37

3.5 Mine val ....................................................................................................................................... 38

3.5.1 Vanskar undervegs ............................................................................................................... 40

4 Fudan .................................................................................................................................................. 42

4.1 Akademisk fridom ........................................................................................................................ 42

4.2 Fudan som verktøy for staten ..................................................................................................... 50

4.3 Fudan som bedrift ....................................................................................................................... 56

4.4 Fudan som autonom kulturell institusjon ................................................................................... 62

5 Analyse ............................................................................................................................................... 65

6 Avslutning ........................................................................................................................................... 69

Middelvegen til det ideelle universitet?

5

7 Litteraturliste ...................................................................................................................................... 71

Middelvegen til det ideelle universitet?

6

1 Gaokao 1977

1977 var det store året for endring og for stabilitet. Kulturrevolusjonen var over, Mao var død

og Deng Xiaoping kunne omsider opne dørene for ein meir marknadsretta politikk. Dei fire

moderniseringar, der jordbruk, industri, forsvar og teknologi var dei utvalde felta, er ein del

av desse endringane (Goodman, 1994). At utdanningsnivået måtte hevast var ein naturleg del

av dette. Ein skulle ta etter dei asiatiske tigrane med å skape eit høgare kunnskapsnivå for å

danne grunnlag for økonomisk vekst. Kina gjekk vekk frå den reindyrka kommunismen og

endra den økonomiske politikken. Deng satsa på kunnskap for å løfte Kina, universiteta opna

igjen og tok endeleg inn studentar. Gaokao, det eldgamle eksamenssystemet som hadde vorte

avskaffa på starten av hundreåret vart gjeninnført og elevar frå vidaregåande skule måtte på

ny gjennom desse knallharde testane for å bli vurderte til opptak ved kinesiske universitet.

Deng opna Kina og gjorde klart for nok eit stort sprang. Kina var klar for ei ny tid.

Kinesiske universitet har vorte påverka av hendingar som har hatt store konsekvensar og som

har påverka sjølvstendet deira. Då Mao døydde var landet var fattig, og reformene og

femårsplanane hadde ikkje ført til vekst som skulle gjort livssituasjonen betre.

Leverstandarden var etter 25 år med kommunisme blant dei lågaste i Asia (Chang, 1988).

Kulturrevolusjonen, som starta i 1966, var til tider valdeleg og enda med store øydeleggingar.

Rein teoretisk kunnskap var ikkje sett på som tenleg, men skulle kunne praktiserast og

kinesiske universitet var stengde i fleire år. For universiteta var dette ein periode som fekk

store konsekvensar (Hayhoe, 1989) og somme hevdar dette framleis påverkar

kunnskapsproduksjon i dag (Jin, Li og Rousseau, 2004).

Berre det å opne universiteta igjen, var ei viktig endring for den akademisk fridomen. Ikkje

minst når det gjeld den haldninga som var til intellektuelle under Kulturrevolusjonen til at

desse no skal vere ein viktig del av samfunnsutviklinga og den økonomiske veksten.

Forventningane om at det kinesiske regimet skulle bli mildare og meir demokratisk då Deng

Xiaoping tok over etter Mao vart likevel avviste ved opprøret på den himmelske fredsplass i

1989. Kinesiske studentar i USA fekk tilbod om permanent opphaldsløyve etter denne

hendinga, medan akademikarar i Kina opplevde ei sterk innstramming i fridomen sin.

Økonomisk vekst og stabilitet har dei siste 30 åra vore dei viktigaste måla for kinesiske

styresmakter. Stabilitet er overordna og ein kan ikkje kritisere eittpartisystemet eller kome

med kritikk eller på andre måtar utfordre den kinesiske stabiliteten.

Middelvegen til det ideelle universitet?

7

Den 27. oktober 1997 signerte Kina konvensjonen for menneskerettar og i mars 2001 vart

denne ratifisert, altså godkjend som endeleg bindande. Konvensjonen, som er juridisk

bindande, har igjen vore med på å gi ein del vestlege aktørar håp om betre levevilkår, større

fokus på menneskerettar, ytringsfridom og ei meir demokratisk framtid for Kina. Utdanning

er ein viktig del av denne, både som ein rett i seg sjølv, men minst like viktig for å kunne

oppnå andre menneskerettari

Mange vilkår må vere til stades for at eit samfunn skal fungere på same måte som dei

europeiske demokratia. I det europeiske demokratiet ligg mellom anna eit ideal om

kunnskapsutvikling som autonom og prega av akademisk fridom. I den tyske tradisjonen har

idealet om sanning og leitinga etter denne vore sentral og som akademikar skal det vere

nærast eit livskall og ein kunst å drive med denne forma for arbeid. Pengar, makt eller

posisjon skal ikkje kome inn som forstyrrande faktorar. Samstundes er maktbalansen mellom

stat og universitet ein sentral del av utviklinga. For makthavarane vil kunnskap og det å

regulere eller kontrollere denne vere viktig for korleis dei sjølve kan styrke sin posisjon.

I den kinesiske tradisjonen har høgare utdanning vore nært knytt til keisaren og til staten. Det

har vore utdanning av mandarinar, som var den akademiske eliten, som kom gjennom

utdanningssystemet og vart tilsett i forvaltninga som har vore hovudfunksjonen. Keisaren har

i stor grad kontrollert systemet og enkelt kunne utdanne dei han trengte til forvaltninga. Det å

ha mandarinar som kunne ta på seg dei fleste oppgåver, utan å vere spesialiserte eller ha

praktisk erfaring har vore norma. Korleis står det til med ein av dei faktorane som er blant

grunnpilarane i det vestlege demokratiet, den akademiske fridomen og institusjonelle

autonomien til universiteta i Kina i dag?

I denne masteroppgåva skal eg sjå nærare på akkurat dette. Først vil eg gå litt tilbake i tid,

både i Kina og i Europa og ser på utviklinga og historia til høgare utdanningsinstitusjonar. Eg

har kort gått inn på trekk ved det kinesiske universitetssystemet i dag. I teorikapittelet

forklarar eg om normative og organisatoriske ideal, autonomi og akademisk fridom i tillegg til

ei kort drøfting av teorien på slutten av kapitlet. Gjennom skriveprosessen har eg lese ei

rekkje artiklar og bøker, men vil her berre presentere eit utval av den teorien og den empirien

som eg meiner er mest relevant og naudsynt for analysen. Metodekapitlet har ein diskusjon

om case der eg prøver å setje positivismen opp mot ei meir hermeneutisk tilnærming. Eg

presenterer deretter korleis eg har gjennomført mi eiga datainnsamling. Resultata i

datainnsamlinga er presentert i kapittelet etterpå. Her har eg delt inn underkapitla etter dei

Middelvegen til det ideelle universitet?

8

organisatoriske ideala som eg har presentert i teorien. For å gjere lesinga litt meir interessant

har eg gått inn på analysen allereie i denne delen av oppgåva, men meiner likevel at det skal

gå klart fram kva som er funn og kva som er analyse. Når det gjeld dei organisatoriske ideala

er det viktig å understreke at dei ikkje er gjensidig utelukkande og at fleire av dei kan

plasserast andre stader. Somme stader har eg plassert eit punkt der eg meiner det mest logisk

høyrer heime, til dømes under universitetet som verktøy for staten. Andre stader har gjort det

motsette. Dette for å få fram at det er spenningar og overlapp i funna mine og i

utdanningsfeltet generelt. Det er ikkje alltid klare overgangar mellom kategoriane og det å

gjere endringar på eit område kan påverke eit anna område. Når det gjeld dei normative ideala

er målet å bruke det idealistiske og det rasjonalistiske idealet for å sjå spenningane og

nyansane mellom ytterpunkta og få eit betre innblikk i den faktiske situasjonen ved Fudan

universitet i Shanghai. Det å bruke dei teoriane som finst og som er brukt innanfor forsking på

europeiske universitet gjer at ein enklare kan samanlikne til dømes nasjonale tendensar og sjå

kva skilnader som finst.

1.1 Problemstilling Korleis vert Fudan universitet styrt? I kva grad er Fudan eit autonomt universitet som sjølv

kan avgjere kva det vil forske på og korleis det kan spreie forskingsresultata sine? I kva grad

opnar den måten Fudan universitet vert styrt på for institusjonell autonomi og akademisk

fridom?

Eg vil kome tilbake til omgrepa autonomi og akademisk fridom i teoridelen.

1.2 Den historiske utviklinga og den politiske rolla til det europeiske

universitetet Clark (2006) deler utviklinga av det europeiske universitetet inn i moderne og tradisjonell, der

det moderne universitetet er forskingsuniversitetet og det tradisjonelle det som kom før dette,

gjerne med religiøse overtonar. I den tidlege fasen av det moderne universitetet var mange av

strukturane lik familien og det var mykje nepotisme, mange tenester og gåver. I

opplysingstida forsvann mykje av det religiøse aspektet. Byråkratiske og økonomiske

interesser stod for ei rasjonalisering som sette nye krav til akademikarane. Dei skulle ikkje

vere prega av kjensler, men vere nøytrale, objektive og profesjonelle. Målet med utdanning

Middelvegen til det ideelle universitet?

9

var å få dekt behova i forvaltninga, noko som og var sentralt i det kinesiske systemet. Perkin

(2006) går gjennom utviklinga av ulike universitetsmodellar frå 1200-talet og framover, frå ei

tid då akademia hadde sterk tilknyting til kyrkja, til universiteta ei eigen makt i seg sjølv ein

stad mellom stat og kyrkje, og fram til i dag. Han skriv mellom anna at det var krigar og

sterke konfliktar mellom statane og det faktum at desse var avhengige av universiteta, som

gjorde at dei ikkje fullstendig underlagde den einskilde stat.

Somme ønskte å gå vekk frå ordninga med universiteta, som var for allmenne, og heller gå

over til meir spesialiserte institusjonar (Ben- David, 1991). Mellom anna refererer Clark

(2006) til Johann Justi, som på 1700-talet var sentral innan politisk økonomi og

administrasjon i Tyskland, og som la sterk vekt på at studentar skulle vere nyttige verktøy.

Sanninga for sanninga si skuld var mindre interessant, då det var lite for staten å hente i

nettopp dette. Ved å gje akademikarane rimeleg fridom ville dei kome fram til nyttige idear

og tankar, samstundes som det var i staten si interesse å ha ein viss kontroll over universiteta.

I det nittande hundreåret vaks det vi i dag ser på som sjølve ”ideen” til universitetet fram i

Tyskland og landet leiande innafor den akademiske verda. Fordi det tyske systemet var sett

på som særskilt vellukka det i løpet av 1800-talet innført reformer for å etterlikne den tyske

modellen andre stader. Den ikkje-religiøse, vitskaplege tenkinga grunnleggjande for det nye

forskingsuniversitet. At Tyskland som kulturell stormakt gjekk ut over eigne grenser,

samstundes som landet hadde mange desentraliserte universitet, gjorde at ein spreidde

systemet til eit stort område og fekk stor konkurranse mellom ulike universitet. Dette igjen

førte til stor grad av nyskaping (Ben-David, 1991, Perkin, 2006). Den akademiske fridomen

forsøkt sikra ved strukturell stabilitet og motvilje til endring av sjølve systemet. På slutten av

det 18. hundreåret hadde både staten og kyrkja sterk innverknad på universiteta, slik at

fridom, status og økonomisk utbytte var avgrensa for universiteta og dei tilsette der (Ben-

David, 1991). Napoleonskrigane opna for nye sjansar for den tyske filosofien, men

institusjonane aldri heilt som filosofane drøymde om (Ben-David, 1991). Humboldt, som såg

på absolutt fridom i læring og undervisning, lernfreiheit og lehrfreiheit som dei viktigaste

midla for å oppnå wissenschaft, som var den høgaste forma for kunnskap, peikt ut til å

reformere det prøyssiske utdanningssystemet. Bytteforholdet med eit autonomt universitet

som er avhengig av staten vaks fram i denne perioden (Perkin, 2006). Universitetet treng vern

og finansiering. I bytte kan det bidra med undervisning og forsking.

Middelvegen til det ideelle universitet?

10

Det engelske systemet var noko annleis enn det tyske. Den aristokratiske eliten og eit langt

meir nytteorienterte krav var sentrale for utviklinga. Systemet var heller ikkje sett på som så

vellukka som det tyske og dei oppnådde aldri same konkurranse og innovasjon som i

Tyskland. Engelske universitet er ikkje så opptekne av forskinga, men godtek i langt større

grad at dei oppfyller ein del funksjonar for staten. Dei utdannar nasjonale leiarar slik at desse

har ei generell utdanning for å kunne bli leiarar og ikkje til ei spesialisert rolle eller stilling

(Ben-David, 1991), meir i retning av det ein kan kalle mandarinar i den kinesiske tradisjonen.

1.3 Den historiske utviklinga og den politiske rolla til det kinesiske

universitetet

”The Moral Law causes the people to be in complete accord with their ruler, so that they will

follow him regardless of their lives, undismayed by any danger.” (Sun Tzu 2005: artikkel 5)

Kina er ein kultur der ein har stor respekt for autoritetar og der kjønn og alder er viktige

faktorar for kva posisjon ein har sosialt. Læra etter Konfutse legg vekt på at ein ikkje skal

endre på drifta av farsgarden, før ein sjølv har drive den i tre år. Kulturelt kan ein altså ha eit

utgangspunkt som gjer at kritisk forsking, der sanning er viktigare enn posisjon og det å miste

ansikt1, ikkje er enkelt å oppfylle. Samstundes var Konfutse, likeins med Humboldt, oppteken

av edle og moralske verdiar og danning, som gjer at ein og i dette systemet kan ha

forventingar om å finne trekk som ligg nær den idealistiske modellen, som eg skal presentere

seinare i oppgåva.

Konfutse og hans tankar vert difor eit utgangspunkt for å betre kunne forstå aspekt både ved

kinesisk kultur generelt og kinesisk akademia spesielt. Høgare utdanning i Kina går tilbake til

500 år før Kristus, då Konfutse skal ha hatt så mange som 3000 tilhengjarar, og tok etter k ei

form som i Europa på 1200-talet (Chen, 2010). Konfutse var den fremste læraren og

pedagogen Kina har hatt og han såg på lærdomen som det viktigaste og sosial klasse som

underordna. I staden var klassedeling etter intellektuelle evner å føretrekkje (Rongen, 2011).

Likevel var det andre måtar å kome inn på. Mellom anna kunne aristokratiet oppnemne

kandidatar og hadde såleis lettare for å kome gjennom systemet. Det å ha kontaktar blant

1 Diu lian, det å tape ansikt, ved å bli avslørt som ikkje kompetent nok til ei stilling, ta feil eller på andre måtar

bli påført ei kjensle av skam eller personleg tap (til dømes å bli avvist i venskap eller kjærleik), der ein kjem fram som ikkje god nok, er i kinesisk kultur langt verre enn i ein del vestlege kulturar.

Middelvegen til det ideelle universitet?

11

offentlege tenestemenn var til stor hjelp, då ein var avhengig av å få ein offentleg tenestemann

til å gi ei tilråding for at ein skulle få ta eksamen. Systemet var med andre ord ikkje heilt opp

til dette idealet (Franke, 1943).

Ein annan faktor som var sentral var forholdet mellom meister og student.

“In this acquiring of degrees there really is something worthy of admiration in the relationship

that grows up between candidates of the same year. Those whom fortune has brought together

in attaining a higher degree look upon one another as brothers for the rest of their lives. There

is mutual agreement and sympathy among them, and they help each other and one another’s

relatives as well, in every possible way. The friendship they enjoy with their examiners is like

that of a son and a father, or a disciple and his master, and they continue to show them respect

and deference though it might happen at times that the pupil is raised to even higher honors

than are enjoyed by his former preceptor.” (Matteo Ricci i Wolfgang Franke, 1943:12).

Sitatet over viser litt av essensen i forholdet mellom professor og student, noko som framleis

er viktig i kinesisk akademia i dag og som er langt tettare enn i til dømes Noreg. Det er viktig

for mellom anna kva stilling ein får etter studiane. Omgrepet ”guanxi”, som sitatet kan vere

eit døme på, er viktig i kinesisk kultur og omfattar personlege, uformelle band mellom to

menneske. Det er eit langvarig forhold og ein psykologisk kontrakt om gjensidig plikt og

lojalitet til kvarandre. Tillit og kjensler er viktig for særskilt gode guanxi. Andre måtar å sjå

det på er som moralske prinsipp eller uformelle tillitssystem mellom menneske (Chen og

Chen, 2004).

Dei fire bøkene er arven etter Konfutse og har vore grunnlaget for det kinesiske

utdanningssystemet. Desse består av Middelvegen, Den store læra, Samtalar og Mengzi. Dei

er nedteikna av etterfølgjarane til Konfutse, sjølv om ein har få nøyaktige opplysningar om

kven som har gjort dette arbeidet. Middelvegen omhandlar nettopp dette med å finne balansen

og den rette sti og ikkje det ekstreme. Følgjer ein desse levereglane når ein ei av dei viktigaste

konfutsianske dygdene og viser seg som eit edelt menneske. Den store læra, som på mandarin

er da xue er det same som det moderne ordet for universitet, og kan omsetjast med

vidfemnande lære eller lærdom eller lære for vaksne menneske (Rongen, 1999). Samtalar

omhandlar det moralske forfallet i samtida, hykleri og korleis menneske sviktar ideala sine.

Boka inneheld korte dialogar og læresetningar, og framstillingar av korleis Konfutse var

(Rongen, 1999). Filosofen Mengzi meinte menneskenaturen var god og han var oppteken av

etikk og politikk. Han vidareutvikla læra etter Konfutse. Boka Mengzi er sett saman av

dialogar mellom han og elevane hans, herskarane i ulike kinesiske statar og filosofiske

motstandarar (Rongen, 1999).

Middelvegen til det ideelle universitet?

12

Mykje av læra til Konfutse legg vekt på respekt for kunnskap og visdom, det moralsk riktige

og at ein skal vere reflektert som menneske, men også respekten for dei som innehar

kunnskapen og som er høgare oppe på rangstigen er sentral. Innhaldet kan til tider vere

motstridande, men det er heile tida middelvegen og det edle mennesket som er målet.

Eksamenssystemet har hatt høg status, og har vore vanskeleg å kome gjennom, der første del

har dreidd seg om å kunne gjengi Dei fire bøkene, slik at ein ikkje nødvendigvis er kritisk i

læringsfasen av denne. For å få ei stilling i regjeringa eller i byråkratiet, både sentralt og på

fylkesplan, har kunnskap til desse skriftene vore grunnleggjande (Rongen, 1999).

1.4 Det kinesiske utdanningssystemet i dag

Kinesiske universitet tok først opp den vestlege forma på slutten av 1800-talet, og har vorte

påverka både av nasjonalistane (Kuomintang) og dei sosialistiske ideala til Kommunistpartiet.

Det moderne kinesiske universitetet har ei relativt kort historie. Dei har heller ikkje hatt den

autonomien og akademiske fridomen ein i Vesten har sett på som så viktig, sjølv om dette var

eit ideal som vart forsøkt innført ved starten av 1900-talet (Hayhoe, 1996).

Som samfunn er kinesiske universitet ekstremt stabile, der ein sidan 50-talet i stor grad har

rekruttert internt og der heile den akademiske karrieren vert tilbrakt ved same institusjon

(Hayhoe, 1996). Nettopp dette kan i stor grad vere med på å påverke korleis reformer og

forholdet til staten har vore, og kan ventast å prege forholda også i dag.

Måten kunnskapsproduksjon har vore organisert på etter at Mao døydde går tilbake til 60-

talet. Den har vore sterkt sentralisert og integrert med byråkratiet slik at ein ikkje på same

måte som i det vestlege systemet kan sjå på ei deling mellom stat og universitet.

Uteksaminerte kandidatar frå 30 universitet som var under direkte kontroll av

utdanningsdepartementet var garantert jobb på statleg nivå. Pensum var sentralstyrt og det var

eit sterkt prinsipp at det aller meste skulle sentraliserast, slik det og var tilrådd av europeiske

rådgjevarar på 30-talet. Absolutt politisk kontroll over kunnskapen var eit klart mål (Hayhoe,

1989). Universiteta si oppgåve var å setje i verk Kommunistpartiet sin politikk.

Ein kan sjå på forholdet mellom staten og det kinesiske folk som ein pendel som går mellom

ytterpunkta shou og fang. Shou inneber avgrensing, eller gjerne direkte kontroll, medan fang

tyder liberalisering og større fridom. Etter at open dørs politikk vart sett i verk har ein del

kinesarar hatt ei forventing om at tendensen generelt har gått mot eit meir ope og friare

Middelvegen til det ideelle universitet?

13

samfunn. I periodar der fang er dominerande får somme kinesarar større kontroll over enkelte

område i livet sitt, til dømes eiga forsking. Likevel kjem denne fridomen først og fremst

gjennom partidrivne organisasjonar (Gold, 1990).

Undervisning var den viktigaste oppgåva og læraren overførte først og fremst den kunnskapen

andre hadde bestemt han skulle overføre. Den faglege standarden var sikra av fagkomitear,

men det var lite rom for tverrfagleg eller kritisk tenking både for studentar og lærarar

(Hayhoe, 1989). Like før Kulturrevolusjonen hadde dei kinesiske styresmaktene klart å få

opp talet på studentar og lærarar, men dei held samstundes eit tett grep om juss og

statsvitskap, som var så farlege for regimet. Det som var igjen av konfutsianismen var den

sosiale kontrollen mellom autoritet og underordna, og ikkje først og fremst dei ideala som var

meir sanningssøkjande (Hayhoe, 1989).

Hayhoe (1989) trekkjer fram to dokument som sentrale for utviklinga og forminga av det

kinesiske moderne utdanningssystemet som er skissert over. ”Decisions on Unifying

Management in the Higher Education System” og ”Sixty Articles of Higher Education”

begge skrivne på 60-talet. Etter 1978 det gjort små endringar. Desse gav inntrykk av å vere

moderne, men i realiteten gav dei lite rom for demokratisering av systemet. Til dømes hadde

statsvitskap og jus høg status i Kina, men veldige låge studenttal. Dette innebar at ein nesten

var garantert ei stilling høgt i byråkratiet (Hayhoe, 1989), noko som kan vere med på å halde

talet på systemkritikarar nede ettersom dei vert integrerte i statsforvaltninga.

Kinesiske universitet vert styrte både av sentrale styresmakter, relevante faglege departement,

samt provinsregjeringar i eit komplekst system. Departementa er sett på som vertikale (tiao)

og lokalregjeringar som horisontale (kuai). Universiteta kan administrerast frå begge nivå og

systemet er eit resultat av planøkonomien (Wang, 2010). Tiao er regjeringane sine

byråkratiske organisasjonar retta mot særskilde sektorar. Kuai er regionale styresmakter på

ulike nivå (Gore, 1999). Mertha (2005) skriv om kuai som ei desentralisering og ein måte å

oppnå lokalt sjølvstende frå ytre påverknad og for å tilpasse seg lokale forhold, der

relasjonane er mellom ulike instansar på same nivå. Ein kan ha ein kuai-relasjon til ei rekkje

ulike aktørar og forholda er først og fremst rådgivande, altså ikkje-bindande. Bindande ordrar

kan bli gitt av den direkte overordna styresmakta (tiao) og det har her skjedd ei sentralisering

sidan 1998. Standardisering og enklare iverksetjing av sentral politikk vert av oppgitt av

offentlege tenestemenn som bakgrunnen for endringa.

Middelvegen til det ideelle universitet?

14

Sidan 80-talet har kinesiske universitet gått frå å ha ein brei variasjon i

utdanningsinstitusjonar på høgare nivå til å nærme seg ein meir allmenn modell, der ein

utdannar menneske til meir generelle oppgåver (Chen, 2010), gjerne nærmare det ein ser på

som mandarinar. I den konfutsianske tenkinga var det å spesialisere seg til dels unyttig, då ein

kunne ha langt større bruk av generealistar (Chen, 2010).

I dag tek 250 millionar kinesarar kvart år ei eller annan form for utdanning. Analfabetisme er

på god veg til å bli utrydda i store delar av landet. Utdanningssystemet i Kina har seks år

grunnskule (6-11 år) og tre år ungdomsskule (12-14 år). Dette er obligatorisk og det er ei

forventing om at innan 2020 vil alle born i skulealder ha tilgang til niårig obligatorisk

utdanning. Heilt klart eit viktig mål og når det gjeld menneskerettar. Etter ungdomsskulen

kjem vidaregåande skule (15-17 år) og universitetet, som er delt inn i lågare grad (18-21 år),

master (22-24 år) og doktorgrad (25-27 år) (Ji, 2005). I 2002 nådde Kina nivået for

masseutdanning, der minst 15% av den aktuelle aldersgruppa tok høgare utdanning (Jacobson,

2007).

Kvaliteten på høgare utdanning har vore låg, dels eit resultat av at ein etter

Kulturrevolusjonen måtte starte på nytt og det fanst lite læremateriell etter at universiteta var

stengde (Jin, Li & Rousseau, 2004). Dette er no i ferd med å bli betre. Gjennom forsking og

innovasjon skal høgare utdanning hjelpe på den sosioøkonomiske utviklinga i Kina og staten

har sett i gang prosjekt 985 og prosjekt 211som er sentrale for universitetssektoren. Desse

viser noko av dei offisielle målsetjingane Kina har med universitetssystemet (Ji, 2005).

Prosjekt 211 starta i 1995. Målsetjingane med dette prosjektet var å betre undervisning,

forsking, administrasjon og effektivitet ved 100 universitet og innan særskilte felt. Desse 100

universiteta skal så stå fram som drivkraft for å utdanne høgt kvalifisert personell og dei skal

kunne takle sentrale problemstillingar vedrørande økonomisk utvikling og sosial framgang.

Særskilt er tre felt viktige: Dei generelle tilhøva ved universiteta må betrast og kvaliteten på

lærarar må opp. Infrastruktur og menneskelege ressursar er viktige forskingsinnsats og å få

overført dette til industrien, samt endre skulesystemet. For det andre skal ein utvikle

nøkkelområde for studiar og kunne produsere lærde og ekspertar på høgt nivå innan realfag

og teknologi. Forskingsinstitutt ved ulike universitet vil bli valt ut til å forske på kompliserte

felt innan desse områda. Økonomisk og sosial utvikling skal vere ei drivkraft bak akademisk

og teknisk framgang. Det er venta at dei skal utøve ein stor innverknad på økonomi, realfag,

teknologi og nasjonalt forsvar. Til sist skal ein byggje eit rammeverk av offentleg tenesteyting

for høgare utdanning, der universiteta kan få tilgang til moderne laboratorium og utstyr. Ein

Middelvegen til det ideelle universitet?

15

vil gjennom å utnytte klynger av universitet få betre utbytte av utstyret som finst og heller

byggje senter der ulike universitet kan få tilgang til dette. Hovudoppgåvene for prosjektet er å

halde fram oppbygginga av sentrale universitet slik at dei vert leiande innanfor undervisning

og forsking nasjonalt. Dei skal også kunne handtere meir kompliserte problemstillingar

innanfor nasjonal og lokal økonomi, vitskapleg, teknisk og sosial utvikling (Ji, 2005).

Det andre prosjektet kinesiske styresmakter har starta er prosjekt 985 for utvikling av

universitet i verdsklasse og verdskjende forskingsuniversitet. Prosjektet starta i 1999. Peking

universitet og Tsinghua universitet var dei to første som tok del. Etter kvart har mellom andre

Fudan, Shanghai Jiaotong, Nanjing, Zhejiang kome til. Å skape ei stor utvikling innan høgare

utdanning er viktig og ein sentral del av strategien om å fornye landet og gjere det sterkt

gjennom å dyrke talent (Ji, 2005).

Eit av måla er at universiteta skal heve kvarande gjennom samarbeid. Dei er vortne meir

konkurransedyktige gjennom prosjektet, som støttar opp om rekruttering både innanlands og

utanlands. Fudan har sett opp eit fond for rekruttering av særskilt dyktige forskarar og lærarar

for å framheve framifrå akademiske og forskingsprogram. Danning og innovativ tankegang

har og vore viktige mål og kvaliteten på utdanninga har gått opp. 985 har vore vellukka som

banebrytande prosjekt og det har gitt merkbare resultat. Omregulering og best mogleg

utnytting av eksisterande akademiske strukturar har vore med på å styrke opplæring,

rekruttering og forskingsresultat. Desse universiteta skal danne grunnlaget for at Kina skal

kunne hevde seg internasjonalt. Infrastruktur har og vore ein viktig faktor her (Ji, 2005). Dette

vil eg kome tilbake til i analysen, særskilt når eg ser på universiteta som verktøy for staten.

Dei seinare åra er det gjennomført endringar som gjer universiteta i Kina meir autonome og

sjølvstyrte. Det har vore ei overføring frå sentrale styresmakter til lokale når det gjeld

universitetspolitikk. Ein kan likevel stille spørsmål ved kor reelle endringane faktisk er (Mok,

2010). Pan (2007) tek opp problemstillinga med veksten i høgare utdanning, der ein går frå å

leggje vekt på det kvalitative til det kvantitative. Dette er ein tendens som gjer seg gjeldande

på verdsbasis. I samanheng med dette veks det fram eit behov for å sjå på utvikling av

lærarstaben, som er sentrale for kvaliteten på høgare utdanning. Her legg ein vekt på det

pedagogiske, og at det er formidlinga som er det sentrale for at kvaliteten på lærarstaben skal

bli høgare. Slik eg forstår det vert det slik at om ein skal produsere kunnskap er det

formidlinga som avgjer kvaliteten. Det må vere lett for studenten å lære og det skal vere

engasjerande å gå på førelesing. Pedagogikken har vorte viktigare som ledd i den globale

Middelvegen til det ideelle universitet?

16

endringa i kunnskapssektoren og med masseutdanning har krava til pedagogikk vorte høgare

(Tjeldvoll, 2007). Går ein tilbake til tidlegare fokus på undervisning i det kinesiske systemet,

er det mogleg den kinesiske staten vil legitimere større fokus på formidling og pedagogikk i

staden for forsking og kritisk tenking.

Middelvegen til det ideelle universitet?

17

2 Teori

2.1 Akademisk fridom Ei sentral problemstilling i forskinga på akademia er knytt til kontrakten universiteta har til

samfunnet rundt. Universiteta har ei viktig rolle som kunnskapsprodusent, der forsking og

undervisning er dei sentrale produkta (Bleiklie & Byrkjeflot, 2002). Staten si rolle er å

finansiere og verne universiteta. Behova i ulike samfunn og ulike tidsperiodar er ikkje dei

same. Såleis må ein heile tida forhandle om korleis dette forholdet skal vere og kva som skal

vere oppgåvene til staten og kva som skal vere oppgåvene til universitetet. Målet med denne

masteroppgåva er å sjå nærare på korleis denne dynamikken utspelar seg i Kina. Ulikt Europa,

der ein har hatt ei sterkare deling mellom stat og universitet, har høgare

utdanningsinstitusjonar i Kina vore nært knytt til staten. Likevel finst det grader av dette og

Altbach (2001) går inn på fleire døme der fridomen til universitetet har vorte truga i Europa.

Fridomen på universiteta er større enn elles i samfunnet (Altbach, 2001). Likevel er det slik at

fridomen til universiteta inngår i ein sosial kontrakt med samfunnet og difor heller aldri vil bli

absolutt (Rothblatt, 1995). Akademisk fridom kan berre finnast dersom dei som støttar

institusjonen, støttar fridomen (Rothblatt, 1995). Institusjonane kan heller ikkje vere meir

opplyste og fleksible enn kva historia deira har vore. Det vil altså alltid vere eit

spenningsforhold mellom stat og universitet der ein ventar at forholdet vil endre seg over tid.

Hayhoe (1989), Chen (2010), Bleiklie (1998) og Ben- David (1991) skriv alle om endringar i

ulike tidsperiodar eller ulike stader og det er nettopp denne sosiale kontrakten mellom

samfunn/stat og universitet eg vil sjå nærare på her.

I eit land som Kina kan ein akademikar reint faktisk risikere å miste jobben eller i verste fall

bli forfølgt og fengsla. Særskilt gjeld dette sensitive område som er av politisk eller ideologisk

art, først og fremst innanfor samfunnsfag, der avgrensingar av den politiske fridomen er ein

sentral del av det akademiske liv. Internasjonalt samarbeid og akademiske nettverk gjer

likevel at ein oppnår relativt stor fridom (Altbach, 2001). Akademisk fridom vil eg her sjå på

som den einskilde student og akademikar sin rett til fritt å forske på, diskutere og undervise i

det dei ønskjer.

2.2 Normative ideal For å kunne forklare trekk ved det kinesiske universitetssystemet og sjå på likskapar og

skilnader det har med andre universitet vil eg bruke det teoretiske rammeverket Bleiklie

Middelvegen til det ideelle universitet?

18

(1998) brukar for å forklare endringar i det norske systemet. To spørsmål er sentrale her; kva

skal eit universitet gjere og korleis skal det skal styrast.

Under dei normative ideala deler Bleiklie (1998) inn i idealisme, funksjonalisme og

rasjonalisme. Den tyske idealistiske og den amerikanske funksjonalistiske tilnærminga er dei

to dominerande tradisjonane innanfor forsking på høgare utdanning (Trow og Nybom,

Rohtblatt og Wittrock i Bleiklie, 1998). Dette er ulike måtar å forklare universiteta på, korleis

det er forventa at dei skal fungere og kva funksjon dei har. I det idealistiske perspektivet er

institusjonell autonomi grunnleggjande, saman med den akademiske fridomen til å leite etter

sanning for sanninga si skuld. Akademisk fridom er ikkje berre viktig i seg sjølv, men også

for samfunnet og å setje søkelyset mot samfunnsproblem eller at ein kan hindre forsking på

saker og forhold som er øydeleggjande for ei gruppe menneske som til dømes har stor makt.

Staten si rolle er å verne om desse rettane, gjerne det Humboldtske idealet som Ben-David

(1991) og Perkin (2006) skriv om, og som eg har gått nærare inn på under europeisk historie.

Retninga er kritisert for ikkje å vere realistisk nok i tilnærminga og for å ikkje gjere eit klart

skilje mellom det som er det tenkte idealet og korleis dette reint faktisk kan fungere.

Funksjonalismen har sitt utspring i USA og ein ser på universitetet som ein del av samfunnet

sitt kulturelle subsystem. Korleis universitetet er utforma er avhengig av dei behova som

eksisterer i samfunnet rundt, slik at den funksjonalistiske tradisjonen kan forklare funksjonen

universitetet har i ulike land. Her kan ein forklare leiting etter sanning med at kunnskap og

sanning er forventa å gi utbytte og betre forskingsresultat, som igjen har nytte for samfunnet

(Bleiklie, 1998).

Den tredje kategorien som vert brukt er rasjonalismen. Denne retninga prøver å forklare staten

si interesse for kunnskapsproduksjon, at staten ønskjer kunnskapsproduksjon for å styrke

eigen posisjon og å få gjennomført større prosjekt og endringar i samfunnet. Nytteargumentet

og det rasjonalistiske argumentet rettferdiggjer at staten utnyttar både rutinar og nyskaping

betre enn ein marknad, som ikkje vil tene fellesskapet like godt (Bleiklie, 1998). Blant andre

som var inne på at staten burde ta seg nytte av universiteta og kunnskapsproduksjonen var

kameralistane (Ben-David, 1991). Eg oppfattar deira syn som mindre interessert i

fellesskapstanken og meir retta mot makthavaren si interesse for å styrke eigen posisjon.

Bleiklie (1998) skriv likevel om idealisme og rasjonalisme som motstykke til kvarandre.

Skilnaden ligg, slik eg oppfattar det, i fokuset på det autonome universitet i den første og

universitetet som verktøy for staten (og fellesskapen) i den andre tradisjonen.

Middelvegen til det ideelle universitet?

19

I denne oppgåva vil eg ta utgangspunkt i det idealistiske idealet på ei side og det

rasjonalistiske idealet som motstykke til dette. Bakgrunnen for dette valet er ei forventning

om at Kina som ein sterk sentralstyrt stat vil ha klare trekk av, og godt kunne forklarast

gjennom, det rasjonalistiske idealet. Som institusjon er eit universitet og særskilt dei

akademisk tilsette venta å ha klare interesser i og identiteten sin knytt nærare til det

idealistiske perspektivet. Innvendingar til denne tilnærminga kan vere at særskilt idealismen

er tufta på den tyske tradisjonen og at denne kulturelt sett er langt frå det som er reelt for

Kina. Som eg har vore inne på under den politiske og historiske utviklinga av dei europeiske

og kinesiske universiteta finst det likevel fellestrekk mellom Konfutse og Humboldt som gjer

at dette kan vere tenleg. I så måte er både idealismen og den absolutte akademiske fridom som

ligg i dette ytterpunktet av dei normative ideala nettopp ideal og ikkje ei forventing om at det

er nøyaktig slik det vil vere. For forskinga på dette området er endringar i og organisering av

universitetspolitikk sentral. Det same er skilnadene mellom ulike land og korleis historisk

utvikling er med på å prege det som i teorien skal vere ein lik universitetsstruktur.

2.3 Organisatoriske ideal Vidare bruker Bleiklie (1998) 3 ulike organisasjonsideal som utgangspunkt for ulike

handlingsmodellar. Dette høyrer til under dei organisatoriske ideala, som altså er knytt til

korleis universitet vert styrt. Han ser på universitetet som offentleg organ (public agency),

autonom kulturell institusjon og som bedriftsføretak (corporate agency). Alt dette gir ulike

måtar å tolke handlingar som skjer innanfor institusjonen. Som offentleg organ skal

universitetet lojalt setje i verk politikk staten fører gjennom lovgjeving og statsbudsjett, men

ettersom verdien om universitetet som idealform står sterkt, vil staten måtte vere forsiktig

med å trakke på fridomen universitetet har. Dei skandinaviske landa er typiske døme på denne

modellen.

Autonom forsking og undervisning med humboldtske verdiar og den akademiske kvaliteten

som faneberar, skildrar universitetet som kulturell institusjon. Det finst ein tilsvarande variant

inspirert av det amerikanske systemet. Vernet mot eksterne aktørar er sentralt i modellen

(Bleiklie, 1998).

Som bedriftsføretak er universitetet ein tenesteytar, eller kunnskapsprodusent, det produserer

forsking og undervisning, og har i tillegg til ei leiing akademisk, teknisk og administrativt

tilsette. Effektivitet, med forventingar om reduserte kostnader, nyttige tenester og

Middelvegen til det ideelle universitet?

20

produksjonsmål har vorte den viktigaste målestokken i denne modellen. Produkta skal vere

standardiserte og lette å kontrollere. Denne modellen er i stor grad knytt opp til New Public

Management og endringar i måten staten styrer på (Bleiklie, 1998).

Det finst ei rekkje ulike dimensjonar som påverkar forholdet mellom stat og universitet, og

ulike perspektiv og modellar ein kan plassere desse inn i. Dill og Sporn (1995) går i Emerging

Patterns of Social Universities nærare inn på den vestlege (am/eng/eur) universitetsmodellen,

som er den alle moderne universitetsmodellar byggjer på. Dei understrekar at ulike sosiale

behov formar universitetsreformer. Som eg har gått nærare inn på i den historiske delen om

Europa, er ikkje forholdet mellom stat og universitet uproblematisk og det finst mange måtar

staten kan utøve makt over universiteta på. Staten har hatt nær kontakt med og kontroll over

universiteta, slik at det ikkje berre er den idealistiske modellen Bleiklie skisserer som har gjort

seg gjeldande, men eit langt meir pragmatisk forhold mellom stat og universitet.

Neave (1995) går inn på ulike måtar å tolke forholdet mellom stat og universitet på. Staten

kan påverke universiteta indirekte på ei rekkje ulike måtar. Ved å delegere funksjonar til

lågare nivå, som han kallar ”Thickening of the Administrative Rind” kvittar staten seg med

den finansielle byrden frå statleg nivå. Dette har vore aktuelt i England, Frankrike og Spania.

I Kina har staten sin prosentdel av finansieringa til det einskilde universitet gått ned dei siste

åra (Ji, 2005). Overgang frå statleg kontroll til statleg overvaking, der New Public

Management, kvalitetssikring og evalueringar er sentrale, er ein annan måte å påverke på

(Neave, 1995). Dette oppfattar eg å vere dels samanfallande med dei organisatoriske

inndelingane Bleiklie (1998) bruker i sin artikkel, men desse kan vere med på å gi eit noko

anna blikk på forholdet mellom Fudan og den kinesiske stat, særskilt ettersom artikkelen til

Bleiklie er retta mot New Public Management og utviklinga i Noreg. Til trass for at mange

tendensar er globale og ein kan vente å finne fellestrekk, er Kina framleis eit land med sterk

sentralisert kontroll.

Teori om den overvakande stat går ut på at staten ikkje involverer seg, men lar marknaden

styre slik at staten reduserar kostnadene, samstundes som den kan oppretthalde eigne mål. Det

einskilde universitet vert meir avhengig av å tilpasse seg marknaden og nasjonale rettesnorer

(Neave, 1995). Den politiske definisjonen av akademisk fridom som korporativ, gjerne

tilnærma det Bleiklie refererer til som bedriftsføretak, går ut på at universitetet vert

kompensatorisk i at det får ein eigen fridom frå staten.

Middelvegen til det ideelle universitet?

21

Korleis universitetsutdanning skal finansierast varierer. I England er det vanleg å regulere

konkurranse blant akademikarar på arbeidsmarknaden og fastsette lønsnivå. I Frankrike og

Tyskland regulerer staten i større grad pensum, kven som vert tekne opp som studentar, peiker

ut kven som skal undervise og kven som skal forske. Maktbalansen vert utjamna av dei

uformelle akademiske nettverka, medan det amerikanske systemet i langt større grad er styrt

av marknaden (Dill og Sporn, 1995). Dill og Sporn teiknar opp ein trekantmodell mellom

statleg autoritet, marknad og akademisk oligarki, som kan vere nyttig for å vise forholdet

mellom dei ulike aktørane. Kor tette banda er vil variere i ulike forhold.

Dei organisatoriske ideala er ikkje gjensidig utelukkande, men representerer heller ulike

tendensar og sedimenteringar i organisasjonen. Til dømes er det at universitetet er under

direkte administrasjon av State Education Commission eit uttrykk for universitetet som

offentleg organ. I tillegg er Fudan frå grunnlegginga av engasjert i akademisk fridom og

sjølvstende (Hayhoe, 1989), som refererer til organisasjonen som ein autonom kulturell

institusjon. Kinesiske styresmakter i dag har starta prosjekt 211 og 985 som i stor grad

handlar om å heve kvaliteten på kunnskapsproduksjonen, dels ved å bruke

finansieringsordningar som insentiv for at universiteta skal nå visse mål. Fleire asiatiske land

har i større grad gått over til ein utdanningspolitikk der ein brukar marknadsmekanismar for at

universiteta skal kome høgare på internasjonale rankingar (Mok, 2010). Universitetet som

bedriftsføretak vert slik ei aktuell tilnærming. Ulike trekk ved universitet kan forklarast

gjennom ulike kategoriar.

2.4 Ulike nivå av autonomi Verhoest, Roness, Verschuere, Rubecksen & MacCarthaigh, (2010) er inne på fleire

definisjonar av autonomi i si bok. Det eg ser på som eit nyttig utgangspunkt er definisjonen av

autonomi som graden av moglegheit ein organisasjon har til å ta avgjerder over saker den

sjølv ser på som viktige. Dette vil krevje at ein definerer og har eit klart bilete av kva som er

viktig for institusjonen. Det er difor mogleg ein slik definisjon vert for omfattande og

vanskeleg å finne gode svar på. I Bleiklie (1998) si inndeling vil eg bruke den organisatoriske

tilnærminga for å finne autonomi, altså sjå på strukturane universitetet må rette seg etter.

Dette kan dei ha i form av delegert autonomi, som inneber at dei er unnatekne frå somme

reguleringar, eller formell og strukturell autonomi. Policyautonomi inneber retten til å ta

avgjerder om prosessar og prosedyrar som skal til for å produsere dei produkta (altså

Middelvegen til det ideelle universitet?

22

kunnskap) dei er sett til å produsere (Verhoest mfl. 2010) Med ein slik definisjon av

autonomi kan ein nok forvente større grad av autonomi ved Fudan, ettersom dei då har klarare

avgrensingar for oppgåvene sine. Denne definisjonen kan nok vere enklare å rette seg etter,

slik at ein får ei klarare avgrensing av oppgåva.

Når det gjeld interne styringsteknikkar kan institusjonar bruke ulike variantar for å sikre

interne forhold ved institusjonen. Autonomi i form av personalpolitikk, som kan innebere

kontroll over løn, opprykk og evaluering av personell (Verhoest m. fl. 2010), er ei anna

mogleg vinkling for Fudan, for å finne ut korleis den akademiske fridomen vert regulert av

universitetet sjølv. Denne tilnærminga kan vere med på å avdekke kva som skal til for å få

opprykk i systemet, og vil prege korleis den akademiske fridomen artar seg.

Fordi universiteta etter kvart har vakse til å bli store og dyre å drive er dei i større grad

avhengig av finansiering frå staten eller kommersielle krefter. På denne måten vert dei også

ein del av staten eller marknaden, noko som avgrensar autonomi og akademisk fridom

(Perkin, 2006). Neave (1995) stiller spørsmålet om universiteta vert meir effektive dersom dei

har større sjølvstende. Det vil avhenge av kva ein legg i effektivitet, og kva ein ønskjer å

oppnå, og om flest mogleg studentar, best betalt for oppdragsforsking eller om det er jakta på

den evige sanning som er mest effektivt. Han deler inn i tre typar autonomi: institusjonell,

posisjonell og personleg. Den personlege autonomien er det eg kjem til å sjå på som

akademisk fridom, i kva grad den einskilde akademikar og student har spelerom til å forske

og undervise fritt. Universitetet kan opptre som sjølvstendig aktør frå staten, som er det eg ser

på som institusjonell autonomi, men kan samstundes bruke staten som vern mot andre aktørar

for å sikre sin posisjon. Noko av problemet med autonomi er at det er lett å omdefinere kva

omgrepet inneber, som nettopp denne delen av oppgåva viser.

Finansiell autonomi inneber fleksibilitet i måten organisasjonen får inn midlar på. Dette

inneber større grad av sjølvstende når det gjeld budsjett og kva ein skal bruke midlane til.

Både langsiktige lån og det å selje og kjøpe aktiva er ein del av dette. For organisasjonen kan

dette gjere at det er enklare å nå strategiske mål. Prestisje og organisatorisk makt kan vere

personlege mål for leiarane om ein får til større økonomisk sjølvstende. Det å sjølv kunne

setje prisar for produkta sine er ein viktig faktor i denne kategorien (Verhoest m. fl. 2010).

Policyautonomi kan gjelde alt frå strategiske til operasjonelle saker. Korleis det kan påverke

målsetjing, kvantitet og kvalitet på produksjonen, og korleis produksjonen vert organisert

(Verhoest m.fl. 2010).

Middelvegen til det ideelle universitet?

23

2.5 Autonomi på kinesisk På kinesisk vert autonomi omsett på to måtar. Den eine er som sjølvstende (zizhiquan) og den

andre som meister over seg sjølv (zizhuquan). Det første referer til den politiske bruken, som

autonome regionar, og dels til vestlege universitet der ein har eit større behov for å unngå

ekstern innblanding i kunnskapsproduksjonen og der det vestlege idealet om autonomi er eit

mål i seg sjølv. Det å vere meister over seg sjølv vert brukt i kinesisk samanheng. Zizhuquan

omgår den politiske faren ved autonome universitet i vestleg forstand, men fokuserer på

frigjering av sinnet til universitetsmedlemmer og det å våge å tenkje og å utføre (Zhong og

Hayhoe, 2004), ei tolking som stemmer med det konfutsianismen seier om den edle og vise.

Kommunistpartiet utsteda i 1993 eit omriss av utviklinga og reformene i kinesisk utdanning,

der dei framheva sjølvregulering og ansvar for universiteta. Autonomi som zizhuquan er sidan

1995 nedfelt i lova, og universiteta er definerte som legale personar som er under overvaking

av staten. Dette inneber at dei kan styre seg sjølve og organisere undervisning og opptak,

kontrollere registrering og intern disiplin, utstede diplom og sertifikat, tilsetje, straffe og

godtgjere, ha eige budsjett og nekte illegale aktivitetar på universitetet. Samstundes er dei

forplikta til å følgje lova, setje i verk offentleg politikk og sikre kvaliteten på utdanninga,

verne om rettane til studentar og tilsette, sette semesteravgifter og godta overvaking i følgje

lova (Zhong og Hayhoe, 2004).

Universiteta har mellom anna hatt ein funksjon som forvaltningsskule, der ein først og fremst

utdannar menneske til embetsverket. Eit visst behov for forsking og undervisning finst også.

Så lenge dette forholdet er 1:1 vil det i liten grad vere eit problem med dissidentar.

Problematikken oppstår først når ein får ein overproduksjon av akademikarar, som kan ende

opp som opponentar til staten. Slik er det altså staten sjølv som produserer dei største

motstandarane sine. Når ein i dag har gått frå ha eliteuniversitet til å masseprodusere

utdanning vil ein møte andre problem og få stor overflod av intellektuelle som kan kritisere

makthavarane.

2.6 Drøfting av teori Dei moderne kinesiske universiteta som dukka opp frå slutten av 1800-talet fekk ein vestleg

struktur og er i så måte inspirert av det vestlege universitetet, så til trass for store omveltingar

i Kina etter dette er det fellestrekk ved oppbygginga til organisasjonane. Både Law (1996) og

Pan (2007) tek opp problemstillinga med ei vestleg tolking av det kinesiske systemet, der

Middelvegen til det ideelle universitet?

24

særskilt autonomi vert vektlagt. Historisk sett har staten og høgare utdanningsinstitusjonar i

Kina vore tett knytt til kvarandre. Teoriane eg skal bruke meiner eg likevel er høvande fordi

dei tek utgangspunkt også i staten sin bruk av universiteta. Rasjonalismen svarar på og

skildrar universiteta og kunnskapsproduksjon som noko som skal vere til nytte for staten og

for fellesskapet. I dei organisatoriske ideala er universitetet også sett på som eit verktøy for

staten. Pan (2007) viser i sitt case om Tsinghua universitet at det trass nære band mellom

akademikarar og offentlege tenestemenn på høgare nivå er fullt mogleg å oppnå autonomi.

Slik eg ser det kjem ikkje dette i konflikt med det teoretiske grunnlaget i mi tilnærming.

Den historiske utviklinga og kulturelle særtrekk er noko eg vil ta med når eg skal analysere

funna mine fordi dette vil hjelpe meg å forklare sedimenteringane i organisasjonen. Dette har

eg gjort greie for dels i dette kapitlet og dels i innleiinga. Metodekapitlet vil ta for seg somme

kulturelle forståingar og drøfting rundt denne. Å skulle ha tilstrekkeleg innblikk i kinesisk

kultur er likevel ei krevjande oppgåve som klart kan gjere analysen vanskelegare. I så måte er

innsikta eg sjølv har den største avgrensinga. Utfordringa er i mitt syn heller ikkje teoriane i

seg sjølve, men min eigen bruk av teorien i samband med val av metode og i kva grad eg

evnar å analysere ulike trekk ved Fudan både gjennom det rasjonalistiske og det idealistiske

synet. Dette går i så fall meir på i kva grad eg er i stand til å vere kritisk til mine eigne

normative synspunkt og klarar å plassere funna i den mest passande kategorien eller å forklare

funna frå meir enn ein ståstad, og ikkje på teoriane i seg sjølve. Samanhengen mellom teori og

metode er sentral for kva data eg samlar inn og korleis eg kan tolke desse på ulikt vis.

At kulturelle og historiske så vel som økonomiske og internasjonale tendensar påverkar

systemet slik Law (1996) skriv er det også høgd for i teoriane eg brukar. Faktisk er det

nettopp dette eg vil gå inn og sjå nærare på. Korleis er det ved eit kinesisk universitetet i dag

og korleis tek det opp i seg ulike element både frå omverda og eiga historisk og kulturelle

utvikling? I kva grad universitetet kan ta avgjerder om saker som vedkjem seg sjølv handlar

om graden av institusjonell autonomi. Mellom anna tek Musselin (1997) opp korleis det er

nasjonale variasjonar i korleis forholdet mellom universitet og stat fungerer. Styring av

universiteta vil såleis kunne ha nasjonale særpreg til trass for felles påverknad og

internasjonale tendensar. Når det gjeld autonomi er forventninga at denne vil vere avgrensa,

slik Zhong og Hayhoe (2004) skriv om autonomi i Kina, men at det likevel vil finnast trekk av

det. Dette meiner eg vert tilfredstilt i denne tilnærminga. Ei slik tilnærming kan også vere med

på å få klarare fram skilnader mellom aust og vest, noko som kan vere interessant med tanke

på internasjonalisering av utdanning og internasjonale rankingar og for å gi djupare innblikk i

Middelvegen til det ideelle universitet?

25

kva som særpregar det kinesiske systemet. Det kinesiske programmet 211 der ein freistar å

løfte 100 kinesiske universitet til internasjonal standard (Law, 1996) viser at Kina har

ambisjonar om endringar i universitetssystemet. Eg ønskjer å sjå kor reelle desse faktisk er.

Også Yoder (2010) skriv om dette prosjektet og prosjektet kalla 985, som eg vil gå inn på

seinare i oppgåva, som døme på at Kina tek opp i seg internasjonale tendensar og lærer frå

industrialiserte land. Difor meiner eg at ein kan forvente at somme tendensar er dei same i

Kina som i Noreg eller resten av verda. Forventninga er likevel at Fudan og det kinesiske

universitetssystemet har klare nasjonale trekk.

Middelvegen til det ideelle universitet?

26

3 Metode

3.1 Case

“A case study is an empirical inquiry that; investigates a contemporary phenomenon within its

real-life context; when the boundaries between phenomenon and context are not clearly

evident; and in which multiple of sources of evidence are used.” (Yin 1989:23)

Å gjennomføre ein casestudie kan gi eit heilskapleg bilete der ein kan finne gode

karakterstikkar for det typiske ved dette caset. Ein casestudie kan gi eit godt rammeverk for

vidare diskusjon og kan gi forskaren ei djupare innsikt og større forståing av fenomenet enn

det andre metodar kan (Flyvebjerg, 2006). Dette har vore noko av bakgrunnen for at eg har

valt å utføre ein casestudie.

Yin (2009) nemner tre kategoriar av forsking; utforskande, skildrande og forklarande. Dei

organisatoriske ideala eg har presentert tidlegare ser først og fremst på korleis universiteta

vert styrte. Ettersom eg i stor grad søkjer å oppnå ei utvida forståing av korleis kinesiske

universitet fungerer i dag og kva forhold dei har til staten ser eg på eit utforskande case som

den mest tenlege metoden. Ei historisk undersøking kunne gitt svaret på dette, men ville i

mindre grad gitt svaret på korleis situasjonen er i dag. Forventningane har vore at eit case vil

gi meg den informasjonen eg treng for å kunne bruke teorien til å sjå på fenomenet frå ulike

vinklar og såleis få ei breiare innsikt til å finne ut av eit komplekst sosial fenomen der

grensene til samfunnet rundt er uklare (Yin, 2009).

For at verdien av samfunnsfagleg forsking skal bli høgare framhevar King, Keohane og Verba

(1994) to kriteria. Det eine handlar om at problemstillinga skal ha noko å seie for ei gruppe

menneske, slik at ein forskar for å oppnå høgare forståing av saker som er relevante for

samfunnet og dei menneska som lever i det. Problemstillinga mi kan gi kinesiske studentar og

akademikarar betre innsikt i korleis kunnskapsproduksjon i Kina fungerer, men eg forventar at

den i større grad vil vere relevant og bidra til større læring for utlendingar som prøver å forstå

og lære meir om Kina, kinesisk utdanningspolitikk og kinesisk akademia.

Det andre punktet til King, Keohane og Verba er relevansen for teori og utviklinga av ny teori

og at det einskilde prosjekt skal ha eit klart mål for å auke den faglege forståinga. I tråd med

dette har eg prøvd å bruke teorien til å oppnå ei djupare forståing for Fudan spesielt og

utdanning i Kina generelt. Ikkje minst kan det å utføre ein casestudie vere til nytte for andre

Middelvegen til det ideelle universitet?

27

som seinare kan bruke den til samanlikning anten over tid eller på tvers av land. Slik sett kan

min studie vere med på å danne grunnlag for teoriar på eit seinare tidspunkt (Page i Bleiklie

og Kogan, 2006) og kan vere til nytte i til dømes ein debatt om effekten av globalisering.

Noko av kritikken mot casestudie er at dei gjerne vert for generelle eller at dei vert eit slags

forstudie til ei anna type undersøking. Eit casestudie gir ikkje først og fremst rom for

generalisering for til dømes korleis alle kinesiske universitetet er, men gir i følgje Yin (2003)

heller innspel til teoriar og vidareutvikling av hypotesar. I så måte er det nyttig å sjå om

teoriar som vert brukte i ein europeisk kontekst kan brukast om hendingar og situasjonar

andre stader. Tendensane i høgare utdanning er dels dei same verda over, mellom anna med

overgangen til utdanningssystem som er retta mot massane heller enn elitane og der ein i

større grad har eit kunnskapssamfunn. Ved å bruke dei same teoriane er det enklare å

overføre, forstå og sjå i kva grad det ein forventar er dei same tendensane reint faktisk er det,

og casestudie kan som kjend og fungere som svarte svanar, altså ein måte å avkrefte ein teori

eller ein hypotese på (Flyvebjerg, 2006).

Ein slikt studie kan sjå konsekvensar av open dørs politikk og politikkendringar etter 1977.

Det kan vise i kva grad internasjonale tendensar påverkar det nasjonale universitetssystemet

og mellom anna korleis Kina taklar overgangen frå elite til masse når staten er oppteken av

stabilitet og legg store avgrensingar i korleis ein kan kritisere eitt-partisystemet. Det kan vise

at større endringar har fått gjennomslag, gjerne med tanke på menneskerettar og

demokratisering som gjev massane verktøy og utdanning som gjer at dei i større grad kan bli

politisk medvitne borgarar.

Eit case som Fudan kan avkrefte eller vise tendensar i Kina og er slik sett eit bidra til den

forskinga som skjer innanfor feltet. Bytteforholdet mellom makt og kunnskap og kva

konsekvensar denne har for autonomien vil også kunne sjåast i eit større perspektiv. Det er

mogleg å sjå på trekk ein finn ved Fudan og finne tilsvarande tendensar i andre autoritære

regime. Økonomisk vekst og internasjonalisering og den innverknaden dette har på statusen til

universiteta kan ein sjå i ein større samanheng. Det at caset kan brukast som døme på særtrekk

ved det nasjonale eller periodiske, gir rom for generalisering i etterkant. Nettopp det å sjå

korleis situasjonen er i dag, med internasjonal utveksling og tendensar innanfor

kunnskapsproduksjon og ikkje minst korleis Deng Xiaoping sine opne dørar og

masseutdanning har påverka kinesiske universitet kan vise skilnader frå andre periodar i

kinesisk historie, og på om internasjonale tendensar har eller ikkje har slått til.

Middelvegen til det ideelle universitet?

28

Taylor (1985) hevdar på si side at det grunnleggjande spørsmålet for sosial teori dreier om

kva det er som eigentleg skjer. Målet med teoriar er ikkje berre å gjere verda og

sjølvforståinga meir eksplisitt, men gjennom teoriar å utvide og kritisere eller til om med

utfordre den (Taylor, 1985). Også Flyvebjerg (2006) skriv om læring heller enn prov som

grunngjeving for eit case. Ein skaper eit nyansert syn som gir konkret læring og kan skildre

djupare årsaker heller enn symptoma eller frekvens av eit gitt problem eller hending. Det at

Fudan er eit atypisk case kan framheve grunnleggjande trekk ved kinesisk

kunnskapsproduksjon og for forholdet mellom stat og kunnskapsprodusent.

3.1.1 Ulike tilnærmingar

Mange forskingsprosjekt vil oppleve at studieobjektet og ein sjølv kan ha ulike definisjonar av

sentrale omgrep. Subkulturen i ein organisasjon eller ei gruppe kan ha utvikla eit anna språk

eller tolking av ulike omgrep som ein ikkje alltid vil oppdage. Taylor (1985) legg vekt på

forskaren si rolle og forskaren si tolking av språket, og som den som har definisjonsmakt,

noko som ofte kan føre til eit feilaktig bilete av realiteten. Verdiane ein finn i ein kultur treng

ikkje alltid vere tilstades i ein annan. Likevel treng ikkje eit utgangspunkt der ein forventar

språklege forviklingar vere negativt, det kan heller gjere ein meir medviten på at her kjem det

til å vere vanskar og ta høgde for det i intervju og datainnsamling elles.

Eit casestudie kan vere ei god tilnærming fordi ein gjennom å finne ulike kjelder kan avkrefte

tidlegare oppfatningar, samt gi ei djupare forståing av det respondentane legg i omgrepet.

Dette har vore veldig nyttig i samtalar og intervju. Eg har stilt ein del av dei same spørsmåla

til ulike personar, ikkje berre intervjuobjekta, for å få avkrefta påstanden eller for å få

stadfesta at eg er på rett spor. Det er med på å nyansere dei inntrykka eg har slik at eg kan

skildre Fudan betre seinare i oppgåva. Særskilt med omgrep som autonomi og akademisk

fridom, der eg har hatt forventning om at forståingane er særskilt ulike i Kina og i Vesten, kan

dette gi eit klarare bilete av det som er situasjonen ved Fudan. Dette er ikkje noko eg alltid har

diskutert, men ein del som heller går på den generelle kulturforståing og innblikk i kva

forholdet er mellom staten og samfunnet elles. Når det gjeld litteraturen om vitskap,

kunnskapsutvikling og autonomi er den i stor grad utvikla for vestlege universitet, dette gjer at

ein ikkje kan vente at alle funn vil passe inn i desse modellane.

Taylor (1985) tek opp problemstillinga med kontrastar mellom språka og at ein verken kan

forstå ein kultur gjennom sitt eige eller deira språk, men i eit felles språk der ein kan klare å

Middelvegen til det ideelle universitet?

29

formulere begge kulturar på deira eigne premissar. Det å stille mange oppfølgingsspørsmål og

bruke tid på å la respondentane forklare si forståing, men i tillegg stille spørsmål ved mi eiga,

i tillegg til at det kan vere nyttig at eg sjølv gjer greie for mi eiga forståing for informantane

mine håpar eg kan hjelpe til med å unngå noko av dette. I kinesisk kontekst har dette vore dels

vanskeleg. Erfaringane er ikkje nødvendigvis at ein har ulik forståing av ulike omgrep, men at

ein kommuniserer på veldig ulike måtar. Dette viser seg i at ein til dømes ikkje er like direkte

i Kina som ein er i Noreg. På somme spørsmål får ein kanskje eit klart svar, men det kan vere

eit kort svar der det ligg uendeleg mykje informasjon mellom linjene, nettopp fordi den ein

snakkar med av ulike grunnar ikkje ønskjer å gi eit utfyllande svar eller fordi dette vert for

tidkrevjande. Det å ha deltakande observasjon i tillegg til intervju har vore nyttig, særskilt

fordi ein får fram motstridande opplysningar mellom det folk seier og det dei gjer, samstundes

som det fyller ut og kanskje kan forklare og nyansere det som kjem fram gjennom intervju

eller dokumentanalyse. Det å opphalde seg i Kina har gjeve meg langt betre innsikt i kinesisk

kultur og samfunn.

Om dette ikkje er ein komparativ studie har eg veldig ofte sett på korleis ulike situasjonar

kunne vore ved UiB, men då mest for å bli meir medviten på min eigen bakgrunn. Ofte viser

det seg at eg har oppdaga noko som får meg til å stille tvil til kor autonomt det kinesiske

universitetet kan vere, for så å oppdage at det same er tilfelle ved UiB.

Eller som Taylor skriv:

”Indeed, what I want to argue is that there are times where we cannot question the one

properly without also questioning the other” (Taylor 1985:125).

Ei viss grad av samanlikning ligg altså i caset. Målestokken vert på mange måtar universitetet

i Bergen, delvis som ein kontroll (men på ingen måte ein fasit) for å sjå likskapar og

skilnader. Slik sett ligg det òg ei samanlikning i at eg brukar ”Justifying the Evaluative State”

som teorigrunnlag.

Vidare skriv Taylor (1985) om korleis vi validerer sosiale teoriar og korleis vi kan bruke

vestlege teoriar i andre kulturar. Skilnaden mellom realfag og samfunnsfag er sentral for

korleis vi ser på vitskapleg metode, men Taylor meiner naturfaga i for stor grad vert ein mal

for korleis vi driv samfunnsforsking. Samfunnsforskinga tek opp spørsmåla om kva det

eigentleg er som skjer og kva det er som ligg bak teoriane. Korleis ein oppfattar seg sjølv,

Middelvegen til det ideelle universitet?

30

sjølvforståinga, er sentral for oppfattinga av institusjonane og verdiane i eit samfunn og for

korleis desse kan eksistere. Institusjonar kan ikkje overleve utan sjølvforståing. Marxistisk

teori ser på individet sine val som meir eller mindre påtvinga av institusjonane og

omgjevnadene, til trass for at individet kan sjå på seg sjølv som uavhengig eller fritt. I mi

tilnærming har eg brukt ulike metodar, der intervju og deltakande observasjon vert dei

mjukaste variantane og dei som er vanskelegast å etterprøve. Eg meiner likevel desse er

sentrale for resultatet av studien og for mi eiga forståing for realitetane ved Fudan.

3.2 Datakjelder og innsamlingsmetodar Eg har vore i Shanghai to gongar for å gjennomføre datainnsamling. Den første turen tok eg i

april for å få eit litt betre inntrykk av kva som kunne la seg gjennomføre i praksis. På denne

turen gjennomførte eg ein del samtalar med internasjonale (nordiske) og kinesiske studentar.

Eg gjennomførte eitt intervju i Bergen i mellomtida. Deretter reiste eg tilbake til Shanghai i

midten av juni og var der i to månader. I denne tida har eg hatt mest kontakt med kinesiske

studentar, men gjennomførte også intervju med to internasjonale studentar. I begge periodane

har eg brukt ressursane som finst på Nordisk senter på Fudan.

Yin (2009, kap 4) går gjennom seks beviskjelder ein kan bruke i casestudie. Kjeldene Yin

listar opp (dokumentasjon, arkiv, intervju direkte observasjon, deltakande observasjon og

fysiske gjenstandar) har i varierande grad vore aktuelle.

3.2.1 Dokumentasjon

Fordelane med dokumentasjon er at den er stabil og kan lesast igjen og igjen. Den er heller

ikkje laga som del av eller resultat av studien og innhaldet vert såleis ikkje påverka av denne,

slik til dømes eit intervju kan bli det. Dokumentasjon er nøyaktig og inneheld namn og

referansar til ulike hendingar. Til sist kan dei dekkje eit stort tidsrom og mange hendingar.

Ulemper med dokumentasjon er at det kan vere vanskeleg å få fatt i, anten fordi det ikkje finst

eller fordi tilgangen er avgrensa og at det kan vere einsidig anten i kva som er samla inn eller i

kva som faktisk står skrive (Yin, 2009). Her har eg tatt utgangspunkt i offisiell dokumentasjon

gjennom kanalar som nettsidene til universitetet og utdanningsdepartementet for å sjå på den

formelle organiseringa til Fudan. Det å finne ut meir om kva organisasjonar Fudan har

samarbeid med er tilgjengeleg gjennom nettsider, brosjyrar og interne dokument, sjølv om

sistnemnte er noko eg i liten grad har fått tak. Etter ein del om og men fekk eg fatt i årsrapport

Middelvegen til det ideelle universitet?

31

for 2009 og statusrapport for 2010-2011. Sistnemnde viser mellom anna er ei oversikt over

finansieringa til universitetet, men denne er lite detaljert og det har ikkje lukkast meg å få fatt

i meir enn dette. Gjennom eit av intervjua mine fekk eg likevel ein litt meir spesifikk

gjennomgang av nettopp denne delen.

Eg har funne ein del avisartiklar frå kinesiske aviser. Avisartiklane eg har lese har i liten grad

vore spesifikke for Fudan, men har vore med på å gi eit innblikk i problemstillingar som er

aktuelle for universitetssektoren under eitt. Det er sjølvsagt heller ikkje gitt at avisene

offentleggjer alt av kronikkar eller tek opp dei problemstillingane som universiteta eller

akademikarane sjølve er mest opptekne av. Artiklar og bøker av meir akademisk art der det

finst ein del informasjon om Fudan har i denne samanheng vore langt nyttigare enn

avisartiklar.

Eg har brukt ein del tid på nettsidene til Fudan. Desse er i stor grad tilgjengeleg på engelsk,

sjølv om betre språkkunnskapar heilt klart kunne vore til nytte for å få meir informasjon. Det

å setje seg inn i den formelle organisasjonen til det kinesiske utdanningsdepartementet har

vore tidkrevjande og eg skulle gjerne hatt meir tid til å studere sentrale dokument. Ettersom

eg i liten grad går gjennom strukturen til utdanningsdepartementet her, men meiner mål og

politikken som vert ført er viktigare for så å sjå kva utslag det gjer ved Fudan, har eg hatt

nytte av boka ”Higher Education in China” som er skriven av Zhou Ji, som var

utdanningsminister i Kina i perioden 2003 – 2009. Denne boka har eg brukt som kjelde til

delar av det formelle systemet og til å sjå nærare på kva mål den kinesiske stat har, for så å

kunne bruke dette i analysen. Eg ser på denne boka som ei kjelde til det offisielle synet som

kinesiske styresmakter har.

3.2.2 Arkiv

Universitetsarkiva er også ein måte å få informasjon på, men arkiv har ofte avgrensingar for

kven som kan lese dei (Yin, 2009). Det finst eit universitetsmuseum der ein kan sjå den

historiske utviklinga til Fudan, der har eg vore fleire gongar, men får berre sett det som er

offentleg fram til slutten av 70-talet. Den skriftlege informasjonen er også dels avgrensa, då

det er lagt mest vekt på bilete. Igjen er dette med på å gi betre innsikt og forståing, men dette

er i liten grad brukt konkret som grunnlag for analysen.

Middelvegen til det ideelle universitet?

32

3.2.2 Intervju

Intervju av studentar, administratorar og vitskapleg tilsette har eg hatt fleire av. Å bruke ein

kombinasjon av kinesiske og vestlege studentar/akademikarar som informantar har vore ein

nyttig inngang og hjelpt meg å få litt betre innsyn og til å finne ein del skilnader. Mange av

dei institusjonelle verdiane som ligg i sjølve universitetet vil ein best kunne finne blant dei

tilsette der og ikkje hos staten som kan ha heilt andre interesser. Sjølvforståing og uformelle

reglar har vore noko av det eg har vore oppteken av og intervjua har hjelpt med å forstå noko

av dette. Ustrukturerte intervju (Grønmo, 2004), der eg valte ut tema i forkant, men der sjølve

intervjua var ganske fleksible, var nyttige i ein tidleg fase. Eg har gjennomført 8 slike med

nordiske og kinesiske studentar som eg har fått kontakt med gjennom Nordisk senter. Eg fekk

e-postadresser til nordiske studentar ved Fudan og sende ut førespurnad om intervju til desse.

Her fekk eg tre intervju og har brukt snøballmetoden til å få kontakt med dei resterande.

Minuset med den er at eg risikerer eit snevert utval og at dei som gir meg tips har baktankar

med kven dei tipsar meg om. Ettersom eg har intervjua fire personar uavhengig av kvarandre,

har møtt ei rekkje menneske gjennom den deltakande observasjonen og i tillegg har fem

intervju med vitskapleg tilsette, meiner eg å ha tatt høgde for dette. Eit intervju har eg òg fått

gjennom Kinanettverk Bergen her heime.

Planen var å ha ustrukturerte intervju med dei utanlandske studentane og strukturerte intervju

med dei vitskapleg tilsette. Det siste for å heve reliabiliteten i oppgåva og enkelt kunne

samanlikne svara i intervjua med kvarandre. Då eg kom så langt at eg fekk intervju med ein

professor ved Fudan var dette på kort varsel og utan at eg hadde utarbeidd ein ferdig

intervjuguide i forkant. Tre av intervjua mine fekk eg gjennom feltarbeidet mitt, der to av dei

var like etter ein undervisningstime. To intervju fekk eg gjennom Nordisk senter og det første

av desse var ikkje stadfesta før eit par timar før eg skulle ha det. Til trass for at eg hadde jobba

med spørsmål og tema for intervjua hadde eg altså ikkje intervjuguiden klar og måtte ta

intervjua mine på sparket. På bakgrunn av dette er ingen av intervjua bygd opp likt, men har

utvikla seg dels etter kva intervjuobjekta har vore villege til å svare på. Til dømes var det

første intervjuet mitt med ein professor som langt på veg står for Kommunistpartiet sitt syn

politisk sett og som gjennom førelesingane han hadde presenterte eit syn som var langt unna

dei nordiske studentane sine syn. Han verka noko motvilleg då eg kontakta han og presenterte

temaet mitt, sjølv om han raskt sa seg villeg til å snakke med meg. Det var i så måte

vanskeleg å vite korleis eg skulle førebu meg og kva han var villeg til å svare på, så eg måtte

Middelvegen til det ideelle universitet?

33

prøve meg fram. Det kom mykje nyttig ut av intervjuet, men eg opplevde fleire gongar at eg

måtte trekke meg tilbake og ikkje gå vidare med tema eg hadde tatt opp. Under andre intervju

har det vore ei langt meir open og avslappa stemning og eg har i større grad kunne stilt dei

spørsmåla eg ønskte.

Solinger (2006) framhevar potensielle vanskar og misforståingar som kan kome når den som

skal intervjue ikkje brukar det same språket som intervjuobjektet, ikkje berre i Kina, men òg

andre stader. Kultur og språk gjer igjen at forståinga lett kan bli feil og difor også tolkingane

og analysen. Eit av problema her kan vere at ordet autonomi, som er sentralt i masteroppgåva

mi, knapt nok eksisterer på kinesisk. I den grad det gjer det har det ei anna tyding enn den

vestlege. Noko av dette håpte eg å unngå ved å bruke både strukturerte, semistrukturerte,

formelle og uformelle intervju (Grønmo, 2004). Ettersom dei eg intervjua har hatt gode

engelskkunnskapar og i stor grad internasjonal erfaring har eg ikkje opplevd det språkege som

eit stort problem.

3.2.4 Deltakande observasjon

Deltakande observasjon er ei anna av kjeldene Yin (2009) trekkjer fram. Deltakande

observasjon er to handlingar om gongen, ein deltek og ein observerar. Ytterkantane av skalaen

vert anten å berre observere eller berre å delta. Fangen (2005) framhevar at for å utføre

deltakande observasjon skal ein vere med i sosial samhandling og ein treng ikkje utføre same

handlingar som studieobjekta. Ved å delta, innanfor visse rammer, unngår ein at dei ein

studerer føler seg som objekt, samstundes som ein får meir truverdige data. Ein skal ikkje

stille seg utanfor verda ein studerer. Slik ser eg på det feltarbeidet som eg har gjort som

deltakande observasjon, slik at rein observasjon er mindre aktuelt. I tillegg vert ein lett lagt

merke til som utlending i Kina, slik at rein observasjon vil vere vanskeleg å gjennomføre.

Førstehandserfaring er ein av fordelane med feltarbeid og kan vere med på å utvikle

forståinga for feltet. Det at ein skal reflektere er ein viktig del av feltarbeidet. Gjennom å stille

nye spørsmål heile vegen får ein betre inntrykk av den tause kunnskapen som finst og det som

er sjølvsagt for til dømes eit intervjuobjekt eller som aldri vil bli skrive i eit møtereferat.

Akkurat dette har vore nyttig og samstundes gjort at eg veit litt om veldig mykje. Vanskane

med dette er at det er vanskeleg å dokumentere eller få fram gyldige tal eller meir bastant

dokumentasjon på at ”nøyaktig slik er det”. Likevel meiner eg å ha kompensert for dette ved å

bruke ulike metodar for datainnsamling.

Middelvegen til det ideelle universitet?

34

I løpet av det andre opphaldet mitt i Shanghai tok eg del i to kurs. Det første varte i 3 veker og

var eit innføringskurs i kinesisk politikk (Introduction to Modern China). Kurset var først og

fremst lagt til rette for nordiske bachelorstudentar og det er ingen krav til forkunnskap for å

bli tatt opp på kurset. Dette var med på å gi ein innfallsvinkel til å sjølv observere kor ope ein

kan snakke om saker som er skadelege for partiet og som ein frå før av har ei forventing om at

kan vere sensitive. Kurset er i regi av Nordisk Senter, men har kinesiske førelesarar. I forkant

har vi fått beskjed om å skaffe litteraturen frå eige universitet før vi kjem til Kina, dels på

grunn av opphavsrett, men òg fordi vi elles risikerer å ikkje få tilgang til den på grunn av den

kinesiske brannmuren.

Det andre kurset ”Doing business in China” er for studentar på masternivå og gjekk over ei

veke. Kurset var først og fremst nyttig for min del fordi det litt mindre politisk enn det første.

Det var færre studentar og studentane var litt eldre. Medan særskilt den første veka på

”Introduction to Modern China” litt politisk og ein del studentar stilte kritiske og

konfronterande spørsmål, var det andre kurset rolegare og ein fekk langt betre svar på ein del

spørsmål.

Å bruke eit slikt kurs til å utelukkande konkludere om korleis tilhøva ved Fudan er og ikkje

minst den akademiske fridomen er, kan kritiserast. Det er eit innføringskurs som er lagt til

rette for internasjonale studentar og eg er ikkje sikker på om eit tilsvarande kurs halde i Noreg

hadde vore veldig ulikt dette. Likevel viser det ein del konfliktar og får kanskje i større grad

fram desse enn kva som hadde vore tilfelle dersom eg skulle vore deltakande observatør der

både førelesarar og studentar er kinesiske. Det at somme av dei nordisk studentane

innimellom opptrer på ein måte som eg tolkar som dels uhøfleg i eit land der vi er gjestar og

på ein heilt annan måte enn kva kinesiske eller meir erfarne studentar ville gjort kan i så måte

vere nyttig. Det at dei manglar opplæring i og kunnskapen om kva ein ”bør” og ikkje bør

gjere kan få fram andre sider enn ei gruppe som har ei anna sosialisering. Litt av målet med

oppgåva er å få fram det som er ulikt og annleis, og ikkje minst få ei større forståing. Det at

førelesarane får spørsmål som vekkjer reaksjonar kan i så måte vere interessant, om det enn

ikkje gir eit fullstendig bilete. Den deltakande observasjonen har vore med på å gje eit meir

utfyllande bilete enn det berre intervjua har gjort.

Ein god del tid har vorte brukt på universitetsområdet og på ulike arrangement der kinesiske

og internasjonale studentar har hatt tilgang. Det å opphalde seg på Fudan har gitt godt rom for

deltakande observasjon.

Middelvegen til det ideelle universitet?

35

Vidare skriv Fangen (2005) at det er usemje kring kva grad problemstilling og teori skal vere

ferdig utarbeidd før eit kvalitativt, utforskande forskingsprosjekt tek til. Delar av

analysearbeidet skjer i feltet, medan ein framleis observerer. Før ein byrjar å observere bør ein

ha ein ide om kva det er ein leitar etter. Teorien min var langt på veg klar før eg tok til med

den deltakande observasjonen, så eg har hatt nokre klare idear om kva eg har sett etter.

Likevel ser eg i etterkant at eg godt kunne vore meir medviten og hatt klarare meiningar om

kva situasjonar som eventuelt kunne oppstå og gjerne hatt eit skjema der eg lett kunne

kvantifisert funna mine. Heller valte eg å skildre det som skjedde. I starten var eg mest

oppteken av det som sagt, men etter kvart tok eg fleire notat om kroppsspråk. Tidvis var det

vanskeleg å få med seg alt av spørsmål frå salen, svar frå førelesar samt kroppsspråk. Difor

varierer det noko kva som er med. I somme tilfelle har kroppsspråket vore særskilt tydeleg.

Eg har då skildra dette og tatt med hovudtrekket i spørsmål og svar.

Fangen (2005) skriv at det ikkje finst klare svar på om forsking skal ha ei målsetjing om å

endre eller ikkje, men for å ha eit klarare forskingsprosjekt kan det vere tenleg å ha tenkt

gjennom dette. Samtalar med andre som kjenner miljøet du skal opphalde deg i og gjere

deltakande observasjon i, kan vere nyttig og gi gode tips. Skriv ned ny kunnskap slik at du

kan gå tilbake til den seinare. Korleis eigne kjensler spelar inn er også viktig. Har ein gjort

investeringar ved å velje deltakande observasjon som metode, kva tenkjer eg om meg sjølv

som deltakande observatør, kva kjensler har eg kring temaet mitt og kva fordommar og

forventingar har eg om feltet og menneska eg skal møte? Kva med motstridande kjensler som

kjem fram gjennom kroppsspråk og ord? I somme tilfelle har eg hatt ei veldig klar oppfatning

av kroppsspråket der og då, men i etterkant har eg likevel stilt spørsmål ved dette og lurt på

om det ikkje kan vere andre forklaringar enn den eg har. Ein må forstå korleis eigne

fordommar spelar inn på datainnsamling, spørsmål og resultat og at ein kan ha både sanne og

falske fordommar. Personar, tid og stad er tilfeldig fordi ein heile tida må vere budd på at ein

møter interessante menneske eller situasjonar (Fangen, 2005). Dette har tidvis vore ganske

slitsamt. Det at ein lever meir eller mindre i oppgåva heile tida gjer at ein alltid må vere på

vakt, alltid tenkje på teoriar og årsaksforklaring eller at ein stiller spørsmål til veldig mange

hendingar som er rundt ein, ikkje berre på universitetet, men også i byen elles.

Middelvegen til det ideelle universitet?

36

3.2.5 Fysiske gjenstandar

Fysiske gjenstandar kan gi innblikk i det kulturelle. Eg har brukt ein del tid på å gå rundt på

universitetsområdet og fotografert bygningar på området. Virtuelt privat nettverk (vpn) og

brannmuren på internett har vore eit tema som eg i ein periode har diskutert med informantar

og tatt opp i intervjua mine. Om dette ikkje nødvendigvis er noko ein fysisk kan ta med seg,

ser eg likevel på det som ein fysisk gjenstand som påverkar akademisk fridom og korleis

universitetet kan overvake den einskilde student og akademikar.

3.3 Gjennomføring av studien Når det gjeld føresetnader for å kunne gjennomføre ein slik studie listar Yin (2009) opp ei

rekkje eigenskapar. Å stille gode spørsmål og å kunne lytte, òg til det som ikkje vert sagt, er

viktige eigenskapar. Mi eiga erfaring gjennom deltakande observasjon og dels intervju er at

det ligg veldig mykje mellom linjene. Korleis måle eller vurdere innhaldet i det som ikkje vert

sagt er naturleg nok vanskeleg, særskilt med tanke på reliabilitet. Eg har prøvd å få dette fram

ved å skildre situasjonen slik eg opplevde den. I den grad det som vert sagt ikkje stemmer

med dei handlingane som vert utførte har eg prøvd å få fram spenningane og variasjonane.

Studiet er utforskande og målet mitt har såleis vore å få mest mogleg informasjon og best

mogleg forståing for den konteksten eg er i.

Tida før kurset starta stort sett brukt til å gjennomgå metodebøker. Særskilt brukte eg tid på

boka om casestudiar (Yin, 2009) og førebudde ein casestudieprotokoll slik boka langt på veg

skildrar. Deretter gjekk eg gjennom intervju (Kvale, 2008) og deltakande observasjon

(Fangen, 2005). I tillegg prøvde eg å leggje til rette for analyse på eit seinare tidspunkt, ved å

lage skjema og oversikter som gjorde at eg kunne analysere etter kvart, særskilt med tanke på

intervjua. Meir erfaring og større innsikt eller forventningar kunne nok likevel gjort dette

betre.

Kvale (2008) legg vekt på at ein bør tenkje på det ferdige produktet gjennom heile prosessen,

noko som var til dels krevjande fordi tid alltid er ein sentral faktor, men som eg likevel håpar

sparte meg tid på lang sikt. Mykje av denne litteraturen om metode skulle eg gjerne gått

gjennom tidlegare i prosessen, men tida gjekk med til å prioritere teori. I ettertid ser at dette

har vore nyttig, slik også Yin (2009) skriv at det å ha ei forståing av teorien som ligg til grunn

for studien er med på å avgjere om ein klarar å halde seg på riktig spor gjennom studien. Når

Middelvegen til det ideelle universitet?

37

det er nemnt så har dei perfekte spørsmåla ein tendens til å dukke opp etter kvart som eg er

ferdig med datainnsamling og har kome godt i gang med skrivinga.

Det å vere tilpassingsdyktig og fleksibel (Yin, 2009) er det området eg opplever eg har takla

best. Å vere grundig særskilt i innsamlingsfasen og å aktivt føre ein casestudieprotokoll var

viktige utgangspunkt for meg, sjølv om eg etter kvart merka at det å skrive inn notat frå papir

til datamaskin var vanskeleg å få til etter ein lang dag med mykje informasjon. Det at ein lett

vert sliten er noko av det Yin (2009) trekkjer fram som vanskeleg med ein casestudie.

Samstundes er det å sleppe alle heimlege plikter og avtaler eit godt høve til å faktisk bruke tid

og overskot til å fordjupe seg i både teori og empiri. Akkurat denne delen syns eg personleg

har vore noko av det mest givande ved datainnsamlinga.

3.4 Reliabilitet og validitet

Grønmo (2004) skriv om univers, utvalstypar og generaliseringsmåtar. Å bruke Fudan som

case er eit strategisk val der målet har vore å oppnå større forståing for kunnskapsproduksjon

på høgare nivå i Kina, slik at eg har samla inn relativt store mengder informasjon om dette

einskilde tilfellet. Datatypen er i første rekkje kvalitativ, men eg har prøvd å bruke statistikk i

den grad det er tilgjengeleg. Det at studieobjektet kan målast både kvalitativt og kvantitativt

og at ein ikkje treng detaljerte observasjonar kan gjere studien lettare å gjennomføre.

Samstundes har ikkje casestudien vore berre enkel å gjennomføre, men tvert om stilt store

krav til at eg har måtta vere open for å endre retning eller justere oppfatningane og

forventningane mine undervegs.

For å skape validitet er det viktig med fleire kjelder, beviskjede og å få sentrale informantar til

å gjennomgå utkastet til casestudierapporten. For intern validitet er det å samanlikne mønster,

bygge forklaringar, drøfte motstridande forklaringar og å bruke logikkmodellar viktige tiltak.

Den eksterne validiteten styrkar ein ved å bruke teori i casestudien. Reliabiliteten vert høgare

om ein brukar casestudieprotokoll og utviklar ein casestudiedatabase der ein loggførar funna

sine. Kritikk retta mot casestudiar er mellom anna at dei ikkje er operasjonaliserte godt nok,

og at dei såleis ikkje vert målbare. Slutningar kan ha vorte gjorde utan at ein har tatt med alle

moglege forklaringar, eller utan at alle funn peikar i same retning (Yin, 2003).

Middelvegen til det ideelle universitet?

38

3.5 Mine val Når det gjeld informantintervjua har eg i liten grad tolka desse før i etterkant, først og fremst

fordi tida var for knapp til gjennomgang av teori i forkant. Slik gjekk eg i april litt fram og

tilbake mellom teori og empiri, for å heve kunnskapsnivået mitt på begge område. Gjennom

informantintervjua har eg til eit visst punkt fått avkrefta eller stadfesta ein del hypotesar,

samstundes som målet med desse intervjua har vore å finne ut kvar i organisasjonen eg kan

leite etter relevant informasjon.

Innimellom har eg brukt leiande spørsmål, men då for å få fram eit poeng og for å setje ting

på spissen. I ein del tilfelle har eg stilt spørsmålet meir som ein påstand og etter ei kort pause

lagt til at ”eller er det feil?” , ”stemmer det?” eller liknande i håp om å få informanten til å

tenkje gjennom korleis det eigentleg er og i kva grad påstanden stemmer eller ikkje stemmer.

Som Kvale (2008) skriv skal ein i eit intervju aller helst analysere undervegs, slik at det meste

av analysen er ferdig når intervjuet er ferdig. Gjennom intervjua mine med vitskapleg tilsette

har eg i stor grad gjort dette. Innstillinga mi til intervjua var at dette er noko eg gjer for å få

betre innsikt i organisasjonen og i etterkant bruke desse som eit tillegg til skriftlege kanalar

for å utdjupe desse. Eg ser at det gjev eit nyttig tillegg til den deltakande observasjonen,

særskilt der opplysningane som kjem fram ikkje stemmer overeins. Ved nærare gjennomgang

av data er det likevel ein del samsvar og nyansar som kjem fram, slik at ein kan sjå

samanheng mellom ulike typar data.

Noko av det Kvale (2008) framhevar er at transkribering er tidkrevjande og det transkriberte

dokumentet har ein tendens til ikkje å bli brukt i særskilt stor grad. I samtale med

medstudentar som har transkribert har det sterkaste argumentet deira for transkribering vore at

det er nyttig med tanke på sitat, noko som gjorde at eg har stilt meg litt tvilande til kor stor

nytte eg ville ha av transkribering totalt sett. Då eg har hatt mangel på tid avgjorde eg før

oppstarten av datainnsamlinga å notere undervegs i staden.

Eg har brukt intervjua aktivt for å stadfeste eller avkrefte eigne fordommar og forventingar,

slik sett ein del av analysen. Ei slik innsikt meiner eg det er lettare å få gjennom ein samtale

der ein lyttar og tilpassar seg til intervjuobjektet heller enn å stille fastsette spørsmål. Eg har

likevel hatt ei liste med ting eg ønskjer å finne ut av, slik at mykje av informasjonen eg får er

samanfallande og dannar ulike bitar av det ferdige biletet. Det å stole på meg sjølv og

kjennskapen til oppgåva mi har vore sentralt for å kunne gjennomføre ustrukturerte intervju,

Middelvegen til det ideelle universitet?

39

slik at eg har fått nyttig informasjon ut av desse, sjølv utan ferdig intervjuguide. For

reliabiliteten sin del hadde ein slik guide naturleg nok vore ein fordel.

Temaet mitt er potensielt sensitivt, noko som gjer at eg har vore skeptisk til bandopptakar

fordi det kunne påverke intervjuobjekta. I samtale med andre som har gjennomført ein del

intervju i Kina fekk eg samtykke om at det kunne vere betre å ta notat. Ved å utføre eit

casestudie vil eg totalt sett få mykje informasjon. Det å skulle transkribere intervju i tillegg til

å tolke, analysere og gå gjennom det transkriberte intervjuet vil bli tidkrevjande og ein endar

fort opp med mykje informasjon som ikkje vert brukt i analysen (Kvale, 2008). Ved

gjennomgangen av dei data eg har samla inn ser eg fort at dette stemmer og at det å skrive ut

intervjua etter minnet gjer at dei er lette å lese og lette å gå gjennom i etterkant. Kvale (2008)

skriv at idealintervjuet i stor grad vert tolka medan det går føre seg og at intervjuaren gjennom

intervjuet skal freiste å stadfeste eller stadfeste eller avkrefte sine tolkingar av

intervjupersonen sine svar i løpet av intervjuet. Dette er òg grunngjevinga for at eg har valt å

ikkje ta opp intervjua på band og såleis heller ikkje transkribere. I staden har eg tatt notat

undervegs i intervjua og deretter gått rett heim for å skrive ei oppsummering av intervjuet.

Ved å bruke bandopptakar kunne eg fått med meg fleire detaljar og nyansar. Det hadde nok

gitt meg ei noko anna læring med tanke på eigen framgangsmåte og intervjuteknikk som eg

ikkje har fått ved å skrive eit samandrag i etterkant. Det å lytte til mine eigne spørsmål ville

kunne gitt meg eit betre grunnlag for å vere kritisk til meg sjølv og det er klart at dette er ein

måte å heve reliabiliteten på. For å unngå å tillegge intervjuobjekta idear dei ikkje har, har eg

vore særskilt streng med kva eg har skrive ned i etterkant og difor late vere å skrive ting eg

trur eg hugsar, men ikkje er heilt sikker på. I ettertid ser eg at eg har fått mykje nyttig

informasjon gjennom intervjua og at ulike personar fortel ulike delar av same historie, slik at

bitane faktisk passar saman til slutt. Dette gjeld gjerne spørsmål og saker som eg i løpet av

intervjua eller datainnsamlinga ikkje har tillagt stor vekt, men som eg i gjennomgangen av

data og starten på analysen ser er med på å skape eit større bilete av Fudan. Ein anna fordel

med å ikkje nytte bandopptakar er at eg må konsentrere meg og vere fullt tilstades gjennom

heile intervjuet for å vere sikker på at eg får med meg all informasjon.

Særskilt dei akademisk tilsette som eg har intervjua er nok lette å kjenne igjen ut frå stilling,

fagretning og tilknyting til Nordisk senter. Eg har intervjua fire menn og ei kvinne, alle med

doktorgrad. For å gjere det enkelt i empirien har eg valt å referere til dei etter fagretning. Eg

har kome i kontakt med tre personar gjennom kurset eg deltok på. Den eine er professor

Middelvegen til det ideelle universitet?

40

innanfor internasjonalt diplomati (intervju 1), ein har ei fersk doktorgradsutdanning frå

fakultet for journalistikk ved Fudan (interjvu 4) og den tredje er ein ung antropolog med

doktorgraden sin frå USA (intervju 2). Dei siste to intervjua har eg fått gjennom Nordisk

senter. Dette gjeld rådgivaren for universitetspresidenten ved Fudan (intervju 3) og ein

professor frå elektronikk (intervju 5). Også han har doktorgraden sin frå utlandet, men lågare

grad frå Fudan. For å gjere det lettare å lese vil eg i empirien referere til dei etter fagretning.

Dette er personar som i stor grad kjenner til grensene for kva dei kan og ikkje kan seie. Når

det gjeld dei resterande informantane og intervjuobjekta mine har eg valt å ikkje identifisere

dei. så den største uroa mi ligg ikkje her. Heller er det informantar utanom, både dei som har

kome inn i den deltakande observasjonen, der dei fleste ikkje er informerte av meg, og

utanlandske og kinesiske studentar som eg har intervjua og som i ulik grad kjenner grensene

for kva dei kan og ikkje kan seie. Sjølv om mange av funna mine er som forventa, er noko av

det eg har hatt størst vanskar med å finne ut av er nøyaktig kvar grensene går (kanskje nettopp

fordi dei verken er nøyaktige eller klare). Eg ønskjer ikkje å setje andre menneske i ein

vanskeleg situasjon på grunn av mi eiga manglande forståing og velgjer difor å halde meg på

trygg grunn slik at min bruk av data og mine koplingar vert mitt ansvar og ingen andre sitt.

Dette gjer at eg i somme tilfelle har endra kjønn på personen i den deltakande observasjonen

eller at eg har late vere å ta med eit døme, fordi det er så spesifikt at det kan sporast tilbake til

ein gitt person. I andre tilfelle har eg kontakta personen det gjeld i ettertid for å klarere at

dømet kan brukast. Dette gjeld først og fremst delen om akademisk fridom. I andre delar seg

er dette som langt meir uproblematisk. I teksten har eg referert til dette med fotnote

deltakande observasjon eller intervju med bokstavkode med referanse til notatane mine.

3.5.1 Vanskar undervegs

Det er tidvis krevjande å drive datainnsamling i Kina. At eg har eit potensielt sensitivt

prosjekt gjer nok at eg føler dette sterkare. Innimellom vert eg rett og slett ekstremt paranoid.

Eg har mistillit til alt og alle og har ei sterk kjensle av at ingenting stemmer og at alt er fasade.

På desse tidspunkta kan eg sjå fleire ting som tyder på at eg vert overvaka, utan at eg kan

dokumentere at det er anna enn tilfeldige hendingar. Det handlar nok dels om at det er

vanskeleg å stole på andre menneske i dette landet, at det er kamera overalt, at ein lett vert

lagt merke til som utlending og at det generelle nivået av tillit er lågt. Eg opplever gjerne at

andre er ute etter å lure meg, helst med økonomisk vinst, at folk gir uriktig informasjon med

Middelvegen til det ideelle universitet?

41

vilje, eller at dei snakkar om meg når eg er der, noko som kan vere ubehageleg eller at eg

misforstår og det tek lang tid å oppklare ting, òg med menneske eg stolar på.

Neste morgon har eg stort sett sove det av meg og kan halde fram som normalt og ikkje minst

verdsette det landet der eg oppheldt meg og sjå at det finst menneske som gjer kva dei kan for

å hjelpe meg. Likevel vert ein van med å sjå seg over skuldra og vere skeptisk til andre sine

intensjonar.

Kjensla av mistillit kan nok til ei viss grad vere nyttig likevel. Ein del av målet med

masteroppgåva er å lære å vere kritisk. Informasjon har eit (eller fleire) føremål og ein kan

ikkje basert på eit enkelt dokument eller ein enkelt samtale alltid seie heilt klart kva dette

målet er. Ein skal stille spørsmål ved informantar og opplysningar ein får i løpet av eit slikt

prosjekt. Ein må kunne gå god for det ein skal skrive. Noko av det som er vanskeleg med å

gjere datainnsamling i Kina er at det er lett å bli frustrert og få stor mistillit til dei menneska

ein møter og den informasjonen dei gir. Eg er i eit samfunn der ein ikkje stolar på kven som

helst og der ein ikkje talar heilt fritt. Det er kan hende ein normativ og lite vitskapleg påstand,

men som utlending føler eg det ofte slik. Innimellom er det nesten som om ein heilt manglar

faste haldepunkt. Fleire av utlendingane eg har snakka med har tidvis liknande kjensler. På

sett og vis kan det kanskje auke forståinga mi for korleis det er å bu i Kina og ikkje minst for

korleis det er å vere akademikar i Kina. Det er alltid nokon som ser deg.

Middelvegen til det ideelle universitet?

42

4 Fudan

4.1 Akademisk fridom

”How can there be academic freedom?”2

seier han med armane i kross etter at eg har presentert temaet for masteroppgåva mi i pausen

mellom to undervisningstimar. Førelesaren snakkar roleg og mildt. Litt lenger ut i samtalen

slappar han litt meir av. Sjølvsensur er ordet han brukar for å skildre korleis det er å vere

akademikar ved Fudan, men etter spørsmål frå meg seier han at det i det daglege ikkje treng

vere eit problem3.

Under intervjua mine med vitskapleg tilsette på samfunnsfag er det ingen som utbasunerer

klart og tydeleg at mangel på akademisk fridom er eit problem. To av dei yngste eg intervjuar

seier at dei opplever at dei har fridom til å gjere det dei vil4. Tvert i mot er den som uttrykkjer

mangel på akademisk fridom klårast professoren frå realfag, men då fordi prosjekta der er

dyre å drive. Mannen med doktorgradsutdanning i journalistikk seier han kan velje fritt og i

liten grad har opplevd å bli sensurert5. På antropologi, som er ganske nytt i Kina, opplever

antropologen i stor grad at ho kan vere med på å forme faget sjølv, samstundes som ho må

vere den som står på krava6.

Fleire av dei utanlandske og i tillegg ein av dei kinesiske studentane har nemnt studentar med

bandopptakarar som eit problem for den akademiske fridomen, men frå journalistikk seier han

at han ikkje ser det på som eit problem fordi dei har ein grunn til å drøfte det dei gjer. Ein

diskuterer ikkje berre for diskusjonen si skuld, men har eit mål; å undervise, forklare eller

illustrere og vanlegvis er studentane einige i det professorane tek opp7.

I løpet av den deltakande observasjonen min får eg likevel eit litt anna og meir nyansert

inntrykk.

”How do the government control teachers?”

spør ein av medstudentane mine i ein time.

2 Deltakande observasjon.

3 Deltakande observasjon.

4 Intervju 2 og 4.

5 Intervju 4.

6 Intervju 2.

7 Intervju 4.

Middelvegen til det ideelle universitet?

43

”I didn’t say anything bad about the government”,

ler førelesaren, faldar armane og trekkjer seg litt tilbake, litt meir uroleg og nervøs enn før

spørsmålet vart stilt. Under ein dialog om internett og spørsmål om kvifor Facebook er

blokkert er svaret:

“I don’t know. I didn’t block it”. (laughs)…. (pause). “Maybe Microsoft is more

willing to work with the government.”

Meir enn det får vi ikkje til svar. Igjen er armane i kross og førelesar trekkjer seg litt bakover.

Kvaliteten på førelesinga er i mitt syn god og det er mykje innhald der det er store rom for

koplingar og spørsmål til saker som kan vere sensitive. Spørsmåla frå salen i denne timen er i

ulik grad kritiske og kor medvitne vi er på at vi er kritiske varierer nok òg, men stemninga

generelt er heller undrande enn konfronterande. Likevel, når timen litt seinare bli avslutta

med ”Any questions?” velgjer eg å ikkje stille fleire spørsmål, sjølv om eg har lyst, rett og

slett fordi førelesaren verkar litt ukomfortabel og tilbaketrekt. Tanken på det å med vitande

vilje stille spørsmål om ei sak eg veit kan vere vanskeleg gir meg vondt i magen.

I ein annan time nemner førelesaren at han unngjekk å skrive ”Falun Gong” i presentasjonen,

nettopp fordi søkjemotorane på universitetsnettverket vil fange opp dette, noko som kan føre

til at det vert ei sak ut av det. Nøyaktig kva dette inneber vert ikkje drøfta, men ved eit anna

universitet i Shanghai, East China University of Political Science and Law, skal ein av

professorane der ha vorte klaga inn av studentane for å ha nemnt nettopp ”Falun Gong” i ein

undervisningstimeii. På vår førelesing vert Falun Gong likevel diskutert

8 utan at dette verka

problematisk, og eg har ikkje funne tilsvarande døme på Fudan.

Noko av det som har vore vanskeleg har vore å få klare svar på kva ein kan og ikkje kan gjere

og korleis søkjemotorane og brannmuren på universitetet fungerer. Ein av informantane mine

fortel at ein kamerat av han hadde ein film av studentopprøret på slutten av åttitalet lagra på

datamaskina si. Då han kopla datamaskina si til universitetet var denne automatisk skanna og

fila funnen. Han kalla inn til ein kopp te og beden om å slette fila. Det fekk ingen andre

konsekvensar. Sjølv bruker informanten min programvare som sikrar mot at andre kan gjere

dette. Utlendingar som har tilsvarande film på si datamaskin har ikkje opplevd dette.

På ei anna førelesing kjem det fram at kinesiske studentar stort sett veit kva dei kan og ikkje

kan skrive på bloggar eller tekstmeldingar. Dei vert søkte opp på visse ord, særskilt gjeld dette

8 Deltakande observasjon.

Middelvegen til det ideelle universitet?

44

ord som kan vere kodeord for opprør eller protestaksjonar og organisering av dette.

Studentane er ikkje frie til å seie nøyaktig kva dei vil, men dei kjenner grensene. I den

teoretiske bakgrunnen om akademisk fridom er noko av kjernen at studentar og akademikarar

har eit noko friare spelerom enn andre. Påstanden ein av førelesarane kjem med er i tråd med

dette:

”If you are a student police will talk to your teacher”.

Då eg seinare tok opp problemstillinga om at studentar har betre vern enn andre med ein

annan av førelesarane og viste til at politiet ikkje ville straffe studentar, men heller gjekk til

læraren, fekk eg eit døme frå førelesaren på juss. Dette var relatert til ein musikkstudent som

hadde kome i ei trafikkulukke, noko som hadde ført til at ei dame vart skadd. Ho var i ferd

med å ta nummeret hans. Då han oppdaga dette steig han ut av bilen, tok med seg ein kniv og

tok livet av kvinna. I rettssaken mot han forsvarte fleire professorar han med at eit liv allereie

hadde gått tapt og at eit til difor ikkje burde takast. Han vart dømt til døden. Eg meiner eg

stilte oppfølgingsspørsmål om det var vanleg at professorar involverte seg slik. Han snakka då

om ein sak om ein person som hadde ei ulovleg bod i liten skala og som vart åtaka av åtte

politimenn. Han rømte inn i huset sitt og politiet kom etter. Det enda med at han tok livet av

den eine. I rettssaka mot han gjekk professorar i forkamp for han med å seie at han gjorde det

i sjølvforsvar og difor ikkje burde dømmast til døden. Kva dette hadde med spørsmålet mitt å

gjere forstod eg ikkje fordi eg relaterte det til studentar, men det var klar for å starte timen og

eg takka og gjekk og sette meg. Han snakka så mykje at det var vanskeleg for meg å bryte inn

undervegs. Eg sit igjen med ei kjensle av at han unngjekk å svare på spørsmålet, ei kjensle

som dukkar opp fleire gongar både når eg sjølv stiller spørsmål i pausen mellom to timar eller

når andre stiller spørsmål i plenum. På ulike måtar trekkjer førelesarane seg unna ved somme

spørsmål, ein ved å snakke rundt det, ein ved å svare på noko heilt anna, andre ved å svare,

men trekkje seg vekk, medan andre igjen kan svare i ein setning, sjå venleg, men bestemt på

deg og ikkje seie meir. Dei som gir klare og gode svar er gjerne dei som gir det offisielle

svaret og som fremjar eit syn som er i tråd med Kommunistpartiet. Dialogen litt seinare i

kapittelet er eit døme på det. Her er det sjølvsagt verd å nemne ein frustrasjon som kjem fram

frå fleire av førelesarane, at Kina får veldig mykje negativ merksemd i vestleg media og at

den kinesiske versjonen ikkje kjem godt nok fram. Mange svar er nyttige og bidrar med gode

forklaringar på til dømes kulturelle skilnader og kvifor veldig mykje i Kina reint faktisk er

veldig ulikt Norden.

Middelvegen til det ideelle universitet?

45

Då eg stilte spørsmål om studentar har eit betre vern eller meir fridom enn andre til ein tredje

av førelesarane fekk eg svar. Han stadfesta at i somme saker, av politisk eller aktivistisk

karakter, men ikkje kriminell, kunne læraren bli kontakta fordi ein ikkje ønskjer å setje

studentar i fengsel for slike saker. Dette vert då ei intern sak for universitetet. På spørsmål om

studentar har særskilt vern frå universitetet verka han litt ukomfortabel, men det var først etter

at eg hadde stilt fleire oppfølgingsspørsmål og difor var dels direkte i tilnærminga mi. Då eg

spurte om eg kunne lese regelverk for studentar om kva dei kan og ikkje kan gjere og

eventuell straff frå universitetet om dei skulle bryte desse, sa han at det i lita grad finst eit

formelt regelverk, men at det er uformelt. Det siste spørsmålet mitt var om kva tiltak eller

straff som ville bli sett i verk om dei skulle bryte ein av desse, men han rista venleg på

hovudet og eg takka for meg. Han trur ikkje det er skilnad mellom Fudan og andre universitet.

Under ei førelesing på Doing Business in China vert det stilt ein del spørsmål, både om

Taiwan, Tibet og Kina som føderalstat. På spørsmål om Taiwan svarar han roleg av det

framleis er 10-12 land som opprettheld diplomatiske band til Taiwan. Eg har skrive ned noko

av dialogen frå timen. Dette er ikkje ordrette sitat, men tek ut hovudpoenga i det som vart

sagt.

A: Taiwan treats itself as a country. Republic of China didn’t die in 1949 in their own

eyes they still exist. In mainland – there still exists some competition. The unification

of China is not finished. In mainland China one is concerned about how to get

reunited. Countries that have formal relations to Taiwan could still have informal

relations to China. These countries are fairly small, not very important countries.

Q: Will the US defend Taiwan?

A: History: after 1949 the US wanted to build relations but then the Korean War

happened and China had to get involved for the sake of their national security. The US

sent their navy to the Taiwan Strait and China could not send their forces back. They

kept expanding but also wanted to build relations to China. Kissinger visited in -71

and Nixon in -72. The requirement that the US had to cut their relations or end their

treaties with Taiwan maintained. The US retreat their troops from Taiwan. After that

the US could not interfere as it was considered a domestic issue. There might still be a

US act to Taiwan. If Taiwan is attacked the US is to protect her. This is illegal. The

US is pragmatic.

Middelvegen til det ideelle universitet?

46

Q: Is there a true willingness in Taiwan to be reunited?

A: HK and Macau are back but these cases are different. But Taiwan is governed by

local people. Culturally they know they are Chinese. Their natural identity is not the

problem. I have several friends there and have been there several times. The problem

is the political system. We have different political systems. Taiwan became 1 out of 4

small dragons. After their economy took off the system was liberalized. In 1988 it was

deregulated ban on political parties and people could organize their own political

parties. It became a major target for the new parties to have their independence.

Ordinary people now want to maintain status quo. Reunification should first happen

when issues have matured.

Q: Why is it so important to reunite?

A: Taiwan does not want to be independent. It can be compared to Quebec, would

Canada let them go? It is the last step for China to end history. There is always an

incentive for the local people to get independent. There is an incentive for the local

majors/officials.

Q: Why should China not become a federal state?

A: 1/10 of the countries are federal states. There are pros and cons to this system.

China is a unitary system. Whether we want a federation or a unitary system depends

on the historic path. We have our own perception. There is federal system in terms of

economy but in terms of policy it is still highly centralized. Our institutions are young,

only 6 decades. Too much autonomy could be a problem. A federation is not a good

situation for China.

Q: After the train incident in the end of Julyiii

, lawyers have been discouraged from

taking law suits from families involved in this.

A: The government is negotiating with the families and making contracts with them.

(His answer is to me general and a bit careful but still thorough. My impression is that

he is open and honest but cautious. Question/comment is repeated “if the lawyers are

told not to take the law suits it would be very hard for the families to sue”). “They

cannot formally deny lawyers to take a case but can put informal pressure on them”

Middelvegen til det ideelle universitet?

47

(which is his answer, to some extent I am happy with it and he does seem sincere and

that this is what he can say, and there is a lot between the lines here).

Q: How many numbers does the largest opposition party have?

A: We don’t have opposition parties. Ah… the minority parties. I don’t know. Maybe

1 million. They are pretty small.

Q: Why are there smaller parties?

A: CCP is mainly for the working classes. There is a need for different representatives;

for intellectuals, overseas Chinese, writers, but the parties are not so important.

Q: What are the requirements to be member of the party?

A: You have to be loyal to the Party (but he does not explain what that actually

involves). I am a party member. We get together to discuss documents to make sure

we have the same understanding (not exact words). Yes, it can be helpful to get a

promotion (after Q from us). The member fee is 1% of your monthly salary.

Q: Is there an advantage to be a member?

A: Situation is changing. Yes but if you work in the private sector it is not so

important.

Også her kjem vi også inn på temaet akademisk fridom:

“Q: As an intellectual is it freer to discuss in the Party or at the University?

A: The University is more open. There can be a lot of academic freedom so some

issues can have some more open discussion within Fudan than at CCP meetings.

Q: What if you say something wrong in media?

A: The party controls the media. So if you say something wrong it will probably be

censored by media itself. (Q being repeated). He laughs (friendly), and says “read the

laws and regulations” (and does not give an accurate answer about what happens if

you have said something wrong in public). In classrooms you have to be a bit more

conservative. Outside even more.”

Middelvegen til det ideelle universitet?

48

Tilbake til intervjuet på journalistikk får eg etter kvart ei nyansering av korleis den akademisk

fridom er. Det er ei avgrensing i denne, seier journalisten, og ein bur i ein sosialistisk stat der

ein ikkje kan kritisere Kommunistpartiet. Dette er reflektert i utdanninga, utan at han kan

kome på korleis. Ein veit implisitt kva ein kan og ikkje kan snakke om. Skilnaden i akademia

er at ein kan diskutere ein del i klasseromma. Usagte reglar gjeld, men ein kan diskutere fritt

på instituttet, og området innanfor Fudan er friare når det gjeld diskusjon enn det er utanfor9.

Også antropologen kjem med kommentarar som ikkje heilt stemmer med det ho seier om at

ho opplever at ho har akademisk fridom. Eldre meir konservative meiner ho må tilpasse seg,

men ho er ikkje einig i dette10

. Store delar av undervisninga ho har er på engelsk, noko som

gjer at ein kan sjå på sosialantropologi som eit uttrykk for Fudan som bedrift. Antropologi er

eit fag som ein lett kan selje til utanlandske studentar til dømes som eit tillegg til språkstudiar.

Samanlikna med andre på sin eigen alder er dei fleste andre førsteamanuensis. Ho fekk ingen

særskilte fordelar då ho vart tilsett. Ein annan i same situasjon (antropolog frå Harvard) har

heller ikkje fått opprykk til professor11

.

Ho seier noko av årsaka er at ein tel publiseringar når ein vurderer opprykk. Kvantitet er

viktigare enn kvalitet. Mykje av det akademiske arbeidet som vert publisert i kinesiske

tidsskrift har låg kvalitet. Ein skriv på ein annan måte. Ho meiner ein må lære seg ein meir

vestleg akademisk stil. I USA må ein til dømes gjennom fleire rundar med redigering og det

kan ta år å få utgitt ei bok. I Kina betalar ein nokon for å gi ut boka, slik at prosessen går

mykje fortare12

.

Ettersom ein del av studentane på Introduction to Modern China etter kvart saknar meir

utfyllande informasjon om nyare kinesisk historie vert det halde eit føredrag av ein av dei

nordiske instruktørane. Temaet er opprøret på den himmelske freds plass i 1989. Ein går

grundig inn på hendingane som leidde opp til at styresmaktene greip inn og forklarte kvifor,

og til slutt litt om konsekvensar og talet på døde. Filmklippet der ein enkelt student stiller seg

framføre panservognene vert vist. Førelesaren uttalar at denne førelesinga er i gråsona for kva

ein kan fortelje, men fordi det berre er utlendingar vert den gjennomført. Ei stund etter dette

føredraget får eg tilfeldigvis vite av ein av dei kinesiske kjenningane mine, som kjende til at

dette innlegget skulle haldast, at vedkomande hadde vurdert å ta del på føredraget, men ikkje

9 Intervju 4.

10 Intervju 2.

11 Intervju 2.

12 Intervju 2.

Middelvegen til det ideelle universitet?

49

kunne fordi det kolliderte med andre planar. Informanten min er likevel letta for ikkje å delta

på ei slik førelesing, fordi temaet elles er tabu og det lett vekkjer kjensler.

Ein av informantane mine tek ein dobbel mastergrad på London School of Economics (LSE),

der det første året er i London og det andre ved Fudan. Undervisninga går føre seg på engelsk

og har berre studentar frå LSE, sjølv om det i løpet av førelesingane dukkar opp kinesiske

studentar, noko studentane frå LSE etter ei tid lurar på om påverkar førelesar. Eit av krava frå

LSE er at det skal vere full akademisk fridom på dette kurset. Før avreise til Shanghai vart

studentane ved LSE likevel informerte av utsendte frå Fudan at det er tre tema dei ikkje kan

skrive masteroppgåve om; Taiwan, Tibet og Tiananmen. Sjølv om mange kjenner til at

akkurat desse felta er tabu, kan noko av den største utfordringa for utanlandske forskarar med

forsking i Kina vere:

“There are two main aspects of this issue: direct political-ideological control, and the more intangible

influence of the dominant Party discourse” (Thøgersen og Heimer, 2006:12).

Ein av dei andre informantane mine nemner at akademisk fridom vert eit tema for studentar

ved Universitetet i Oslo (UiO). Innreise og visum til Kina gjer at styresmaktene enkelt kan

halde dei verste kritikarane ute. Den akademiske fridomen til akademikarar som arbeider med

Kina vert innskrenka. Fleire ved UiO velgjer i følgje min informant difor vekk Tibet som

tema for masteroppgåva. Somme studentar kjem til Kina for å utfordre, mellom anna måten å

tenkje på her, seier journalisten. Dei har sine eigne reglar. Akademisk, metodisk og med tanke

på skrivemåte har dei mykje å lære. Læraren vil i mange tilfeller åtvare dei mot å vere for

kritiske13

. Konfutse sine ord kan illustrere noko av haldninga somme akademikarar ved Fudan

har til dette.

”Meisteren sa: ”Har du ikkje ei stilling der, skal du ikkje drøfta styringstiltaka der heller.”

(VIII, 14, Rongen, 2011).

Under det første intervjuet mitt kjem saka om ein svensk student opp. Professoren i diplomati

nemner, litt av seg sjølv eigentleg, den svensk studenten14

som dagen før vart utvist fordi han

på den kinesiske bloggen sin oppmoda andre til å ta del i ein offentleg protestaksjon under

markeringa av 90-årsjubileet til Kommunistpartiet. Studentar som kjem til landet må rette seg

etter kinesiske lovar og reglar og måte å gjere ting på. Han verkar litt oppgitt over at svensken

13

Intervju 4. 14

http://www.dn.no/forsiden/utenriks/article2178890.ece

Middelvegen til det ideelle universitet?

50

har forsøkt å blande seg inn i det som er kinesiske innanrikssaker. ”Not his country”, seier

han, noko som går igjen frå ei førelesing vi hadde med professoren dagen før. Det er risikabelt

å reise hit og det er ei verdifull erfaring. Studentar som kjem her for lengre tid er kanskje meir

førebudde psykologisk sett og er difor meir villege til å forstå korleis ein tenkjer her. Dette ser

ein i avhandlingane deira, seier han vidare15

. Utanlandske studentar eg har snakka med har

vist noko frustrasjon for akkurat dette og at det er ein del avgrensingar i korleis ein skal skrive

oppgåver og avhandlingar.

Journalisten er ikkje like kategorisk, og heller ikkje like kjenslevar. På spørsmål om det er feil

av utanlandske studentar å kritisere tenkjer han lenge. Han meiner det er delvis feil, men på

direkte spørsmål om den svenske studenten som utvist, meiner han det var feil av han å

protestere fordi han var her for å studere og brukar det som ein måte å skape politisk

ustabilitet16

.

4.2 Fudan som verktøy for staten Fudan universitet i Shanghai vart oppretta i 1905 og har lenge vore leiande innanfor

samfunnsfag og humaniora. Frå grunnlegginga av var universitetet trufast mot verdiane

akademisk fridom og sjølvstende (Hayhoe, 1989). Fudan har lange tradisjonar med samarbeid

med Vesten17

, og ikkje minst med å vere ein kanal for kunnskap frå Vesten og inn til Kina

(Hayhoe, 1989). Universitetet er under direkte administrasjon av State Education Commission

og har to styre, der det eine er Kommunistpartiet sitt kontrollorgan, Party Affairs Leaders

(partistyret) og det andre Executive Leaders (universitetsstyret) som det utøvande organ.

Partistyret er overordna universitetsstyret.

15

Intervju 1. 16

Intervju 4. 17

Intervju 3.

Middelvegen til det ideelle universitet?

51

Dagens to styre ser slik ut:iv

Party Affairs Leaders

Secretary Zhu Zhi-wen

Vice Secretary Chen Li-min Liu Jian-zhong Wang Xiaolin

standing

Commissioner

Zhu Zhi-wen Yang Yu-liang Chen Li-min

Liu Jian-zhong Wang Xiao-lin Chen Xiao-man

Gui Yong-hao Xu Zheng Jin Li

Feng Xiao-yuan Lu Fang Lin Shang-li

Qin Li-ping

Liu Jian-zhong

Executive Leaders

President Yang Yu-liang

Standing Vice

President Chen Xiao-man

Vice President

Cai Da-feng Gui Yong-hao Xu Zheng

Jin Li Feng Xiao-yuan Lu Fang

Lin Shang-li

President Assistant Ding Guang-hong

Middelvegen til det ideelle universitet?

52

Universitetsstyret og partistyret har tette koplingar og det er stor grad av overlapp mellom dei

to, slik at dei fleste personane per i dag er medlem i begge. Dette inneber at dei fleste

medlemmene i universitetsstyret er medlem av Kommunistpartiet. Wang (2010) skriv at dette

er vanleg i det kinesiske systemet og at det i praksis vil seie at universitetsstyret manglar

sjølvstende frå partistyret.

Lov for høgre utdanning tredde i kraft i 1998 og gjev rammeverket for alle aspekt ved høgre

utdanning. Høgre utdanning må organiserast i tråd med lova og må finne støtte i regjeringa sin

politikk (Ji, 2005). Fudan er styrt av staten. Staten set pensum og avgjer kva fag dei kan

undervise i, sjølv om læraren ikkje alltid følgjer pensum, til dømes i obligatoriske

introduksjonsfag om Mao sine skrifter, sosialisme med kinesiske særtrekk og marxisme18

. Eit

av måla til staten er å sosialisere, gjere nytte av, skape lojalitet, drive politisk utdanning,

rekruttere medlemmer til partiet i tillegg til at dei har ei eiga avdeling av partiet, fortel

professoren på internasjonalt diplomati. Studentar kan skape eigne idear, og universitetet er

ein stad for ulike idear, seier han. Då eg spurde om balansen mellom masseutdanning og elite

der ei risikerer å få ein konflikt mellom det å lære opp og sosialisere, samstundes som ein skal

kontrollere massane, svarar han kort at det vert eit bytteforhold som tidvis kan skape

spenning19

. Statistikk om medlemskap i Kommunistpartiet på landsbasis viser at det er ein

auke i medlemstalet med nærare 14 millionar frå 2002 til 2010. Auken i prosentdelen

medlemmer som har høgare utdanning har gått opp. Den var 17,8% i 2002 og 32,4% i 2007v.

Her har eg ikkje funne statistikk for Fudan.

Det er sentrale styresmakter som peikar ut presidenten og visepresidenten, og dei fleste

presidentar ved universitetet har hatt roller i Kommunistpartiet (Ji, 2005). Presidenten har det

fulle ansvar under leiarskap av partikomiteen, som hjelper presidenten med å styre

universitetet (Ji, 2005).

Presidenten har ei lang rekkje ansvarsområde; mellom anna å lage utviklingsplanar, setje

reglar og reguleringar, lage og følgje opp årlege arbeidsplanar, organisere undervisnings- og

forskingsaktivitetar og danning, avgjere internt organisasjonsoppsett, tilsetje og seie opp

leiarar i den interne organisasjonen, lærarar og administrativt tilsette, dele ut prisar og straffer,

og sikre universitetet sine rettar og interesser (Ji, 2005).

18

Intervju C. 19

Intervju 1.

Middelvegen til det ideelle universitet?

53

Presidenten kan altså gjere organisatoriske endringar, noko rådgjevaren eg snakka med òg tok

opp. Per i dag er det planlagt fleire institusjonelle endringar ved Fudan. Kinesiske universitet

har ikkje vedtekter. Dette skal dei no lage på Fudan og ei arbeidsgruppe samanliknar

vedtekter frå ulike universitet verda over for å skrive sin eigen. Mellom anna er universitetet i

Helsingfors brukt som inspirasjon. Dette vert noko nytt i Kina og vil skilje Fudan frå dei

andre universiteta, meiner rådgjevaren. I vedtektene skal ein mellom anna definere rollene til

president og partisekretær og ein skal ha ein kongress for akademisk tilsette der dei skal ha

røysterett.20

.

Opprettinga av ein akademisk komité og budsjettkomité skal betre styringa av universitet. Det

vert i tillegg ein partikomité. Komiteane vil vere parallelle og vil verte oppretta på humaniora,

samfunnsfag og medisin. Tidlegare var det til dømes president eller partisekretær som

avgjorde konsekvens dersom ein akademikar vart klaga for fusk. Dette skal no gjerast av den

akademiske komiteen og presidenten skal ikkje kunne overstyre dette. Den akademiske

komiteen kan utvise og dette kan ikkje etterprøvast. Bakgrunnen for desse endringane kan

vere at ein dei siste to åra har vore meir medvitne, at ein har fleire innspel frå utlandet, både i

form av studentar og eigne opphald. Tidlegare var det vanleg at regjeringa styrte21

. Dette kan

gjere at akademiske prestasjonar heller enn politiske konsekvensar vert vurderte og at ein som

forskar får noko større spelerom. Det er likevel avhengig av kven som er med i desse

komiteane og kva kriteria som ligg til grunn for at dei vert valte inn i dei, dersom det er lojale

partimedlemmer treng det ikkje føre til ei endring eller styrking av den akademiske fridomen.

Spørsmålet vert om det er universitetet sine interesser som organisasjon eller individet sine

interesser og dei sakene individet trekkjer fram som vert viktigast og kva organisasjonen er

villeg til å gjere for å verne sine tilsette i vanskelege saker.

Innanfor budsjettet og krava til kor mange studentar Fudan som universitet skal ta inn, kan

fakulteta frå i år forhandle seg i mellom. Dette har vorte forsøkt for fysikk og matte, men på

grunn av manglande kjennskap til budsjettarbeid gjekk ikkje dette så bra. Prosjektet er likevel

vidareført og det vil krevjast litt opplæring22

.

På fakultetsnivå administrerer ein forsking og undervisning i tråd med læreplanen og dei

handterer akademiske og forskingsproblem med tanke på studentar og lærarar direkte.

Dekanen ved kvart fakultet vert peikt ut av universitetspresidenten (Ji, 2005).

20

Intervju 3. 21

Intervju 3. 22

Intervju 3.

Middelvegen til det ideelle universitet?

54

Ein skal i større grad byrje å subsidiere bustad for akademikarar23

.

Rekruttering frå utlandet vert meir og meir vanleg, både kinesarar som har utanlandsk phd, 1.

generasjon utvandra kinesarar og utlendingar elles. Det finst også eigen budsjettpost for dette.

Det er vanskeleg å rekruttere internt i Kina, då berre eit fåtal andre universitet har

tilstrekkeleg høg kvalitet på utdanninga si. Mykje vert difor internasjonalt. Eigen budsjettpost

til dette finst også, då utanlandske forskarar vil krevje ein noko høgare standard24

.

Fudan i 1929 eit av dei viktigaste universiteta i Kina etter at det oppretta fire nye fakultet;

journalistikk, juss, utdanning, og sivilingeniørutdanninga. Universitetet fekk også nye

moglegheiter etter at Kina opna seg mot verda og er i dag eit forskingsuniversitet som dekkjer

humaniora, statsvitskap, realfag, ingeniørfag og medisin (Fudan daxue gaikuang, 2010-2011).

Om seg sjølv seier dei:

“The single and solitary goal of Fudan is to cultivate more and more all-round talents for

modern China. Emulating the other successful institutions of tertiary and quaternary education

at home and abroad, the University has been carrying out a series of daring experiments to

integrate the various disciplines of learning and to utilize the abundant resources of a

comprehensive university. After years of exploring and practicing, Fudan has now established

its own curriculum and management system, both of which are unique and progressively

improving.” vi

Det øvste organet på Fudan er som nemnt partileiinga, med partisekretæren i spissen. Direkte

under seg har dette styret partikomitekontoret (party committee office), kontor for saker på

lågare grad (Undergraduate Affairs Office), kontor for saker på høgare grad (Graduate Affairs

Office), formidlingsavdelinga (Publicity Department) og tryggingskontoret (The Security

Office)vii

.

Graduate affairs office:

“The Graduate Affairs Office is responsible for the ideological instruction and current event

education for all the graduate students of the University. It investigates into and keeps close

watch on their political outlook, directs the graduate Society of Deng Xiaoping’s Theory and

part-time Party school, and systematically cultivates student political carders. Besides, it

operates the graduate Party School, the management of grants, scholarships, awards, student

loans, and the reduction and remittance of tuition fees and accommodation fees. It maintains

the graduate student dormitory community and directs the Self-government Board of the

Graduate Dormitories.” viii

23

Intervju 3. 24

Intervju 3.

Middelvegen til det ideelle universitet?

55

For kontor for saker på lågare grad er dette arbeidsinstruksen:

“This Office is responsible for the ideological instruction and current event education for all

the undergraduate students of the University. It investigates into and keeps close watch on

their political outlook, directs the undergraduate Society of Deng Xiaoping's Theory, and

systematically cultivates student political carders. Besides, it operates the student evaluation

system and the management of grants, scholarships, awards, student loans, and the reduction

and remittance of tuition and accommodation fees. It maintains the undergraduate student

dormitory community and works to improve the undergraduate students' political views and

life on campus.” ix

For begge desse kontora er ideologi og politikk viktige saker. Studentar eller akademikarar

som viser usømeleg oppførsel kan bli bedne på ”ein kopp te”, ein samtale der dei får pålegg

om å endre tilnærming, å verte kalla inn på teppet i norsk kontekst. Universitetet kan her

verne både studenten/akademikaren og seg sjølv, samstundes som dei føyer styresmaktene.

Det at ein sosialiserer studentar inn i kinesisk akademia og er forsiktig med å kritisere, kan i

somme tilfelle vere for å verne individet mot konsekvensane det å vere for kritisk kan ha.

Sett i system som vist over er dette ei sterk formalisering av partiet sine interesser. Ogden

(2004) trekkjer fram ei rekkje forskarar som har kritisert kinesiske intellektuelle for ikkje å

vere opptekne av rolla si som opponent til staten, og at dei er meir opptekne av status og

karriere heller enn dei demokratiske sidene ved forsking ein er meir opptekne av her i vesten,

men hevdar kritikken kan bli litt for krass. Kinesisk intellektuelle prøver å utvide debatten,

men risikerer at arbeidet deira vert forbode eller at dei mister jobben dersom dei går for langt.

Heller ikkje i vesten kjem ein heilt vekk frå intellektuelle som har sterke ønskje om å jobbe

innanfor staten, og som ser på karrieren sin som det viktigaste. Tradisjonelt sett har også

keisaren hatt stor støtte i dei intellektuelle.

Det er meir og meir vanleg med tverrfagleg arbeid innanfor realfag. Likevel kan det bli langt

betre mellom anna med tanke på samarbeid om utstyr og finansiering av dette. Ein kan gå

saman og bruke utstyret på fleire område. Fudan var tidleg ute med eit høgt nivå. Dei beste

masterstudentane reiser utanlands, ein del går til nasjonalt næringsliv og nokre mellom/lågare

sjikt tek doktorgradsutdanninga si ved Fudan. Dei beste doktorgradsstudentane her kjem frå

andre universitet. På lågare grad har Fudan eit høgt nivå og dei prøver å oppretthalde dette.

Mellom anna prøver dei å redusere talet på nye studentar. Til ei viss grad kan det svare seg

Middelvegen til det ideelle universitet?

56

med liberal education, men det er viktig å oppretthalde ein balanse slik at realfagsstudentar får

tid til å spesialisere seg. For samfunnsfag meiner han dette er noko annleis25

.

Det er mykje nettverk, guanxi, innanfor feltet generelt i Kina. Ein må kjenne dei rette

menneska for å få finansiering. Korrupsjon er også vanleg. Det er likevel ei viss betring her.

Prosjektet med akademisk fagkomité kan nok betre dette noko, men det er så nytt at det ein

ikkje kan sjå resultata av det enno. Plagiat finst nok også, noko eg spør om, men han seier

ikkje så mykje om dette26

.

4.3 Fudan som bedrift

Internasjonale rankingar har dei siste åra vorte viktigare, noko som også er med å påverke

styresmakter i Asia og strategiane dei fører i utdanningspolitikken (Mok, 2010). Å skape

universitet som er i verdsklasse er viktig for Kina, der det sett i verk to program, 985 og 211,

for å fokusere på kvaliteten ved høgare utdanning. Fudan er med i begge desse programma og

var i den siste Shanghai-rankinga plasserte i same gruppe som Universitetet i Bergen, mellom

201 og 300. Det vert rekna å vere mellom dei 3-7 beste i Kinax.

Ein av informantane mine tek opp temaet akademisk fridom som PR27

. Internasjonalt

samarbeid, rangeringar og behovet for internasjonale midlar og studentar gjer at Fudan kan

tenkjast å fokusere meir på nettopp dette. Av akademikarane eg intervjuar er det delte

meiningar. Medan sosialantropologen meiner at det å auke akademisk fridom vil vere god

reklame for Fudan28

, verkar dette meir ømtålig hos professoren på internasjonalt diplomati.

Fudan har allereie eit godt omdøme og utanlandske studentar må tilpasse seg og godta Fudan

sin politikk, er svaret eg får. Her er han ganske bestemt og sjølv om eg ønskjer å gå nærare

inn på dette temaet og få fleire nyanseringar, må eg gi meg29

. Fudan universitet har sidan 50-

talet, som eit av dei første kinesiske universiteta tatt i mot internasjonale studentar innanfor ei

rekkje fagfelt. Blant samarbeidsuniversiteta er Harvard University, Cambridge University,

University of Oxford, Stanford University, Yale University, The National University of

Singapore, MIT, Princeton University, University of Hong Kong, Vanderbilt University,

Chung-Ang University, Peking University og Tsinghua Universityxi. Gjennom Nordisk

25

Intervju 5. 26

Intervju 5. 27

Intervju I. 28

Intervju 2. 29

Intervju 1.

Middelvegen til det ideelle universitet?

57

senterxii

har UiB og fleire andre nordiske universitet eit samarbeidsprosjekt med Fudan. Som

nemnt har samarbeid med internasjonale universitet lang tradisjon ved Fudan. Ikkje minst er

dette ei viktig inntektskjelde.

Tidlegare utdanningsminister Zhou Ji (2005) skriv at universitetssystemet har hatt behov for

endring frå å ha staten som den einaste som finansierer til å også ha andre inntektskjelder,

sjølv om staten framleis skal stå for brorparten av finansieringa. Etter reformene på 90-talet

gjekk staten sin del av finansieringa til kinesiske universitet ned (Wang, 2010). Staten har

samstundes oppmoda private initiativ til å plassere pengar i utdanning. Budsjettet for

utdanning gjekk opp med 1% kvart år i perioden 1998 til 2002 (Ji, 2005). Prosentdelen av

finansieringa som kjem frå styresmaktene har i perioden 1978 til 2004 likevel gått ned.

Semesteravgifter frå studentar er i dag er ei sentral inntektskjelde (Wang, 2010), noko som òg

er tilfelle for Fudan. Lønsskilnad mellom rurale og urbane strøk gjer at ein får auka skilnader i

utdanning. Det er lettare for studentar frå urbane familiar enn for studentar frå dårlegare stilte

familiar å fullføre studiane sine. Desse må ofte gje opp plassen sin fordi foreldra ikkje kan

dekkje kostnadene (Wang, 2010). Fleire av informantane mine kommenterer at dette òg er

tilfellet ved Fudan.

Ji (2005) listar opp ni ulike måtar universiteta vert finansierte på. Statsbudsjettet og midlar frå

sentrale og lokale styresmakter er som nemnt viktig. I tillegg kjem skattetrekk på utvikling

innanfor høgteknologi og skatteinntekter frå staten (utdanningsskatt), semesteravgifter og

andre studentavgifter, inntekter frå bedrifter drivne av universitetet, donasjonar, legat og

stiftingar, oppdragsforsking, lån og renter frå oppsparte midlar. For Fudan er staten den som

betaler mest pengar til universitetet, noko som naturleg nok gjer at staten er den som også kan

vere med på å styre. Semesteravgifta for kinesiske studentar er relativt låg, slik at det meste

kjem frå utanlandske studentar. Det finst ein eigen post i det einskilde fakultet sitt budsjett der

ein har rekruttering av forskarar frå utlandet, dels går dette til bustad når dei er i Shanghai30

.

For Fudan under eitt er rekneskapen frå 2008 slik:

30

Intervju 3.

Middelvegen til det ideelle universitet?

58

Inntekt

27,44 hundre millionar

RMB31

Oversikt i hundre millionar

Tildelingar frå MOE og Shanghai byråd 9,84

Undervisning/semesteravgifter 7,13

Forskingsfond 6,46

Andre kjelder 4,01

Totale utgifter 33.65

hundre millionar RMB

Oversikt

Infrastruktur 6,54

Løn og sosiale velferdsordningar til administrativt

og vitskapleg tilsette

8,22

Offentlege fasilitetar 14,26

Forsking 4,64

Fudan University gaikuang (statusrapport) 2010-2011:9.

Internasjonalisering er viktig når det gjeld inntekter. Utanlandsstudentar betaler langt høgare

semesteravgifter enn kinesiske studentar. Semesteravgifta for engelskspråklege kurs er

100 000 RMB for to år. Journalistikkstudentar frå London School of Economics har eit

spesiallaga masterprogram der dei har eit år ved Fudan. Prisen for dette er 80 000 RMB32

.

Juridisk fakultet har ei ordning der utanlandsstudentar får tilskrive kvar sin kinesiske

”buddy”xiii

. Årleg studieavgift på dette programmet, der dei i tillegg får rettleiar er 160 000

RMBxiv

. For kinesiske studentar er prisen 5000 RMB, noko professoren på internasjonalt

diplomati meiner er veldig lågt. Staten gir i hans syn heller ikkje mykje til den einskilde

institusjon33

. I to av intervjua mine vart det likevel nemnt planar om å auke semesteravgifta

for internasjonale studentar for å få høgare inntekter34

. I 2008 var det 6484 internasjonale

studentar ved universitet, eit tal som inkluderer studentar som studerer mandarin (Fudan

daxue gaikuang, 2010-2011), noko som kan vare kortare tid enn eit semester. Talet for dette

semesteret er 3633, medan 26 362 kinesiske studentar studerer på heiltidxv

På realfag tek finansiering opp mykje av tida til intervjuobjektet mitt. Han er den som klarast

uttrykkjer at akademisk fridom kan vere vanskeleg, nettopp fordi prosjekt på realfag er langt

dyrare enn innanfor statsvitskap og humaniora og det av økonomiske grunnar er vanskelegare

å forske på det ein vil. Prosjektet han driv no får 80 millionar RMB og mykje av dette går til

31

100 RMB er rundt 85 NOK, august 2011. 32

Intervju 1. 33

Intervju 1. 34

Intervju 1 og 3.

Middelvegen til det ideelle universitet?

59

utstyr. Masterstudentar som tek del i dette får betalt for arbeidet, men ganske lite. Det er rett

og slett ikkje pengar til meir35

. Ein av dei kinesiske studentane i Bergen nemnte at det for

masterstudentar innan realfag var langt vanskelegare å velje fritt når dei skulle velje

mastergradsprosjekt enn det som er tilfelle for samfunnsfag og humaniora fordi forskinga på

realfag i større grad skjer i grupper og som større prosjekt. Studentar på realfag risikerer i

større grad å gå langt over normert tid fordi det er rettleiar som avgjer kor tid dei kan levere

masteroppgåva si, og dei treng ofte masterstudentar til å utføre arbeid på forskingsprosjekta

sine. Professoren eg snakkar med tilbakeviser likevel dette. Han meiner somme professorar

kan utsetje godkjenning av doktorgrad eller master til prosjektet er ferdig fordi dei risikerer å

ikkje få nye personar inn og dei treng studentane til å gjere arbeidet, men han meiner dette

skjer i lita grad36

. Då eg stilte spørsmål i det første intervjuet mitt om det var slik at det kunne

vere større fridom innanfor samfunnsfag enn på realfag, var synet hans at masterstudentar og

særskilt stipendiatar kunne vere ein byrde for han som professor, medan det på realfag er

annleis og masterstudentar og doktorgradsstipendiatar utfører arbeid for rettleiar. Han brukar

ord ”workers” og ”slaves”37

. Antropologen eg intervjua seier at mykje av betalinga er for å

undervise. Statsstipend er generelt av liten interesse, men ho har arbeidd for ein del private

selskap, som oppdragsforsking. Dette gjer at ho i ettertid kan publisere eiga forsking frå desse

stadene. Dette gjev tilstrekkeleg med fridom og ho kan gjere litt som ho vil, meiner ho38

. Når

det gjeld finansiering, som er viktig for den akademiske fridomen, opplever altså professoren

på realfag dette på ein annan måte enn dei eg har intervjua på samfunnsfag, men begge er

avhengige av å disponere midlar frå andre prosjekt på ein slik måte at dei kan bruke dei til

eiga forsking.

Mangel på finansiering er og ei viktig årsak til at det er vanskeleg å rekruttere internasjonalt

fordi ein ikkje har ekstra midlar til å betale utanlandske professorar39

. Mykje av finansieringa

på realfag kjem frå store prosjekt. For å gjere det han sjølv vil må han setje av pengar frå

desse slik at han kan bruke dei på eigne prosjekt i etterkant, sjølv om han jamt over seier dette

er ok, men han meiner systemet i Europa der ein har høgare grunnbeløp frå staten er betre.

Dette er veldig lågt i Kina40

. Sjølv går mykje av tida hans med på forsking, på å samle

finansiering og på å skape internasjonalt samarbeid. I lita grad bruker han tid på studentar.

35

Intervju 5. 36

Intervju 5. 37

Intervju 1. 38

Intervju 2. 39

Intervju 5. 40

Intervju 5.

Middelvegen til det ideelle universitet?

60

NFC (nasjonalt forskingsorgan) finansierer også prosjekt. Denne organisasjonen er noko

friare enn staten41

.

Ingenting er særskilt bra med å ha doktorgrad, særskilt i ein sosialistisk marknad. Ein får

likevel høgare sosial status. Journalisten eg snakka med likar Fudan og føler seg heldig som

får undervise her, ikkje minst på grunn av kontakten med internasjonale studentar og

akademikarar. Det er ei god plattform å byggje vidare på og dei tilbyr ressursar og mange

moglegheiter, mellom anna å reise utanlands42

.

Fudan er eit pent universitet og universitetsområde i Kina er ofte grøne, har mindre trafikk og

menneske enn områda utanfor. Dette for at ein skal kunne konsentrere seg om det ein driv

med43

. Likevel er delar av universitetet nedslite og fleire nye byggeprosjekt er nettopp ferdige

eller i ferd med å bli starta opp. Mellom anna har journalistikk fått nye lokale, rett over vegen

for hovudområdet til Fudan. Ein er også i ferd med å byggje nye universitetsområde for

ingeniørfaga, også desse vil liggje på eit eige område.

I 2006 vart “Fudan University Education Development Foundation” oppretta i USA.

Målsetjinga for denne organisasjonen er å gjere det enklare å gi donasjonar til universitetet.

Donasjonane skal i stor grad brukast til vitskapleg forsking og kulturelle aktivitetar. I tillegg

skal dei setje opp stipend og finansiell støtte til studentar. Infrastrukturen på universitetet er

eit anna viktig føremål. Det finansielle er likevel berre ein del av detxvi

.

“Meanwhile, the foundation also serves as Fudan and Shanghai’s bridge with the world so as

to raise the university’s profile, strengthen its network and develop strategic partnerships in

the United States and the other parts of the world.” xvii

Løn for kinesiske akademikarar er standardisert og sett av staten44

. I store delar av Kina har

akademikarar dårleg løn, noko som er særskilt vanskeleg i Shanghai. Ein har krysspress, med

vanskeleg økonomi og akademisk press. Sjølv har han gamle foreldre som til tider krev

ekstra, kone og ein gut på sju. Ein har i det siste fått ein del fleire stipend frå staten. Noko av

bakgrunnen for dette er at ein vil ha endring for å fordele veksten til unge akademikarar.

Berekraftig vekst for universitetet betyr betre vekst for akademisk tilsette45

. Også frå

41

Intervju 5. 42

Intervju 4. 43

Deltakande observasjon. 44

Intervju 3. 45

Intervju 4.

Middelvegen til det ideelle universitet?

61

rådgivaren til presidenten vert dette eit tema, særskilt med tanke på rekruttering. Det finst

også eigen budsjettpost for dette. Det er vanskeleg å rekruttere internt i Kina, då berre eit fåtal

andre universitet har tilstrekkeleg høg kvalitet på utdanninga si. Mykje vert difor

internasjonalt. Eigen budsjettpost til dette finst også, då utanlandske forskarar vil krevje ein

noko høgare standard46.

Som det går fram av rekneskapen er inntektene til Fudan lågare enn utgiftene, og mykje av

utbetringane er lånefinansierte. For Nordisk senter oppretta i 1995 og heldt til på Fudan, er

dette litt annleis. Bygningen dei heldt til i er finansiert av nordiske universitet, regjeringar og

bedrifter. Senteret er eigd av 25 nordiske universitetet og legg til rette for studentutveksling

mellom Kina og dei nordiske landa.

Universitetet har ei lang rekkje fagområde og dekkjer dei fleste felt. Særskilt er dei sterke

innan humaniora og samfunnsfag. Dette er også ei av årsakene til at Nordisk senter er nettopp

her. I tillegg er økonomi og management viktige fag, der mellom andre BI er ein viktig

nordisk aktør. I kinesisk målestokk er ikkje Fudan eit veldig stort universitet, men er med sine

rundt 30 000 studentar dobbelt så stort som Universitetet i Bergenxviii

. Det er eit fleksibelt

universitet og det gir også rom til Nordisk senter til å gjennomføre dei aktivitetane dei

ønskjer.

Utdanningsdepartementet endra politikk for nokre år sidan slik at infrastrukturen på

universiteta skal bli betre (journalistikk har vorte flytta, ingeniør skal flyttast til nytt

universitetsområde), (dette skal også gjelde hus for tilsette, min kommentar, sjekk

investeringar frå staten). Alle akademisk tilsette måtte då ta doktorgradsutdanning. Målet er å

heve kvaliteten. (jf med rekruttering internasjonalt, nivå lågt i Kina, langsiktig mål om å heve

nivå på utdanning/forsking, innovasjon er også mangelvare i det kinesiske samfunn, igjen min

kommentar)47

. Det å tiltrekkje seg gode studentar gjer ein mellom anna gjennom å reklamere

for fasilitetar ved universitetet, sjølv om mange av desse per i dag manglar isolasjon og

klimaanlegg. For studentar på lågare nivå er det også slik at fire personar deler eit rom, der dei

har seng, skrivepult og skap. Studentar på masternivå har noko betre studentbustader.

“Fudan University also provides its graduate students with convenient facilities and a

comfortable living environment. For instance, a huge graduate dormitory community was put

into use in September, 2001.”

lxix

46

Intervju 3. 47

Intervju 4.

Middelvegen til det ideelle universitet?

62

Mange trekk ved Fudan gjer at det er nyttig å sjå på universitetet som ei bedrift. Særskilt gjeld

dette endringar i finansiering og auka internasjonalisering. Dette er tendensar ein òg kan sjå

igjen i andre land og som kan påverke både den institusjonelle autonomien til universitetet og

den akademiske fridomen til den einskilde. Det opnar for ei stor inntektskjelde for

universitetet. Desse midlane kan dei bruke til å nå målet om å skape leiarar. Samstundes er

mange av endringane målsetjingar som kjem frå staten, men kan i tillegg vere i Fudan si

interesse fordi det gir større finansiell autonomi der dei står friare til å velje kva dei skal bruke

midlane til sjølve.

4.4 Fudan som autonom kulturell institusjon

Skrivestilen er ulik i Kina, meir generell og abstrakt og grunnforsking er ikkje så vanleg48

.

Kinesiske universitet er korleis heller enn kvifor. Folk handlar i eigeinteresse og vil unngå

trøbbel, meiner den eine studenten eg intervjua49. Fusk og plagiering under eksamen er

vanleg, fortel han vidare. Under eksamen forventar professor at pensum skal verta gjengjeve

korrekt, slik at ein altså må pugge bøker og artiklar heller enn å forstå og gjengi med eigne

ord eller eiga forståing50. Dette er ikkje ulikt det som var vanleg i før 1900-talet.

Filosofisk debatt i kinesisk historie og nye idear vart i tidlegare tider gjerne forsøkt tilskrivne

Konfutse sine tankar og idear.

”Originale tankar helst gøymde vekk i sitat frå eller tilvisningar til dei gamle tekstane.”

(Rongen, 2011:XLV).

Dette ser ikkje ut til å ha endra seg særskilt. Dei internasjonale studentane er dels frustrerte

over kinesisk skrivemåte, der ein i liten grad kan kritisere, men må gøyme vekk eventuell

kritikk i eit lite avsnitt. Det å tenkje nytt kan difor vere vanskeleg i ein slik kontekst.

For professoren på realfag er innovasjon mangelvare. Innovasjon, internasjonalisering og

informasjon er viktig for faget hans, men det er litt for lite av det51

. Ein av fordelane ved

internasjonalt samarbeid er at det kan vere nyttig særskilt med tanke på innovasjon og nye

idear. Ein virtuell campus mellom eit nordisk universitet og Fudan er under utarbeiding. Fordi

nordiske land er gode på innovasjon er samarbeid Fudan og Norden interessant og nivået er

48

Intervju 2. 49

Intervju A. 50

Intervju A. 51

Intervju 5.

Middelvegen til det ideelle universitet?

63

ikkje for ulikt (som om ein til dømes skulle samarbeidd med Harvard). På lang sikt har ein eit

ønskje om å utvide dette til å gjelde Europa52

.

Professoren på realfag er ikkje åleine om å sakne innovasjon, og prosjekt 985 som legg stor

vekt på danning , innovasjon og internasjonalisering (Ji, 2005) er difor sett i verk. For fem år

sidan starta ein ”liberal education” ved Fudan for å verte betre på desse områda 53

.

”We aim at a successful transformation from traditional education to liberal education. We

wish to convert our students to young masters of sciences and the humanities, with rich

knowledge about history as well as their own time. They are expected to be creative, active

and progressive, with sound moral integrity and a strong sense of responsibility. They will

learn to synchronize themselves with the frequent changes and intense competitions in the

world, and to cooperate and communicate with others.”xx

Alle studentar må ta seks kurs, mellom anna kinesisk sivilisasjon og verdssivilisasjon, og ein

skal kunne tilby eit semester i utlandet for kvalifiserte studentar på lågare grad. Dette skal på

sikt endre statusen til Fudan. Universitetet har dei siste åra redusert inntaket av studentar og

tok inn 3000 nye i fjor54

. Fudan godtok ikkje å ta inn fleire studentar, til trass for at

styresmaktene pressa på for dette55

. Dei prøver å få eit større fokus på danning, Konfutsianske

verdiar og sanningssøkjande fokus. Eit av problema her har vore foreldre som er skeptiske til

dette. Kinesarar er pragmatiske og vil at borna skal lære seg noko slik at dei får ein jobb.

Dette er nok ein av årsakene til at karakterkravet frå gaokao gjekk ned i fjor56

.

Programmet kjem likevel til å halde fram. Eit anna mål er å fjerne lågare grad på jus,

journalistikk og økonomi. Særskilt på journalistikk er pensum sentralstyrt. Mange andre

universitet har journalistikkutdanning. Denne vert difor veldig standardisert. For å skape eit

betre tilbod vil ein difor krevje lågare grad frå andre fag og så spesialisering frå journalistikk.

Dette vil også heve fagkunnskapen for journalistar på sikt57

. Dette kan vere med på å fjerne

mykje av den styringa som finst. Journalistikk er eit av dei mest kontrollerte fakulteta på

Fudan, fjernar ein den delen som er mest standardisert står universitetet mykje friare.

Mastergrad har større del av fritt innhald og kan difor ikkje kontrollerast på same måte som

ein bachelorgrad. I tillegg vil ein journalistar med utdanning frå Fudan ha ein mykje sterkare

kompetanse og kunne få meir sentrale stillingar, som igjen kan vere viktig for Fudan på lang

sikt.

52

Intervju 5. 53

Intervju 1. 54

Intervju 1. 55

Samtale under deltakande observasjon. 56

Intervju 1. 57

Intervju 3.

Middelvegen til det ideelle universitet?

64

Tilbake til utsegna ”How can there be academic freedom” i byrjinga av dette kapittelet, stiller

eg spørsmål til førelesaren om det ikkje finst eit noko breiare spelerom blant akademikarar

ved Fudan fordi staten treng kritikarar. Førelesaren svarar at Fudan har nokre ekstra

privilegium og at det finst professorar som er i ei stilling der dei kritiserer

Kommunistpartiet58

. Representanten frå journalistikk seier at Fudan ofte gjev råd til

regjeringa. Dette gjev rom for akademisk fridom i desse dialogane, men vil i mindre grad gå

utanfor dette rommet59

.

Han-dynastiet starta eksamineringa til høgare utdanning i Kina og det har vore ein metode å

velje ut dei beste kandidatane på, ein slags talentrekruttering for å trekkje til seg dei skarpaste

hovuda. Såleis har dei intellektuelle vorte koopterte inn i statsforvaltninga og slik har ein har

fått fram statsministrar60

, seier professoren på internasjonalt diplomati.

Det finst ei rekkje døme på at Fudan har klart å få fram personar i viktige posisjonar. Det å ha

gode forhold til lokale og sentrale styresmakter, tiaokuai, er viktig og kan vere med på å gi

Fudan eit ekstra spelerom og ekstra privilegium.

Under Jiang Zemin på 90-talet sto universiteta i Shanghai, med mellom andre Fudan, sterkt.

Fleire akademikarar gav råd til presidenten, ein del av dei flytta til og med frå Shanghai til

Beijing i denne perioden. Særskilt innanfor propaganda, politikkutforming og

utanrikspolitiske saker var rådgjevarane sentrale. Wang Huning som var dekan ved juridisk

fakultet ved Fudan vart etter kvart personleg assistent for Jiang og etter det leiar for Policy

Research Office i Kommunistpartiet sin sentralkomité (Li, 2009). Han har vore medansvarleg

for av den kontroversielle boka ”Political China, Facing the Era of Choosing a New

Structure” vart gitt ut. Boka drøftar politisk sensitive saker rundt politisk reform (Ogden,

2004).

Long Yongtu er dekan ved School of International Relations and Public Affairs. Han var

tidlegare viseminister ved Foreign Trade og var forhandlar med WTO før avtalen tredde i

kraft. Også Gong Xueping, tidlegare assisterande partisekretær i Shanghai og Song Zhao,

viseminister i Shanghai propagandadepartement, er æresdekan og dekan ved Fakultet for

kommunikasjon og journalistikk ved Fudan. Cao Yuanzheng, assisterande CEO ved Bank of

China International Holdings er gjesteførelesar ved universitetet (Li, 2009).

58

Deltakande observasjon. 59

Intervju 4. 60

Intervju 1.

Middelvegen til det ideelle universitet?

65

Gui Yonghao som sit i styret ved universitetet kan vere eit døme på at det sitjande partistyret

har kontaktar i andre viktige organ eller store prosjekt. Han har mellom anna vore leiar for

“National Research Project of the Tenth Five-year Plan”, “Key Projects of the National

Natural Science Foundation”, “Projects of Eugenics” som var finansiert av Ministry of

Health, I tillegg til fleire prosjekt finansierte av Science and Technology Committee of

Shanghaixxi. Chen Li-min er eit anna døme. Han har vore nestleiar i Commission of

Pedagogical Direction for College Environmental Science i Utdanningsdepartementet,

medlem i Shanghai Environmental Science Association, jurymedlem av National Awards for

Inventions og National Awards for Scientific & Technological Advancement, leiar for Higher

Education Division of the Shanghai Education Committee og Shanghai Academic Degree

Office xxii

. Dei kan og vere døme på tiaokuai, at det finst representantar ved Fudan som har

gode nettverk til lokale og sentrale styresmakter.

Eit døme på tette band mellom Fudan og dei lokale styresmaktene i Shanghai er Qin Shaode,

som har utdanninga si frå fakultet for journalistikk. Han har hatt ei rekkje offisielle verv og

stillingar i Shanghai og er i tillegg medlem av National People’s Congress og er (Fudan daxue

gaikuang, 2010-11).

Målet er å lære seg ulike kulturar og tenkje meir kreativt. Ein skal kultivere Kinas nye

leiarar61

. Også på realfag er det ønskje om å halde Fudan som eit eliteuniversitet og

forskingsuniversitet62

.

5 Analyse Fudan har ingen ekstremistiske grupperingar som jobbar for ein meir maoistisk eller vestleg

ideologi, slik det finst ved ein del andre universitet. Dette gjer at Fudan er ein relativt roleg

61

Intervju 3. 62

Intervju 5.

Middelvegen til det ideelle universitet?

66

stad å arbeide. Universitetet har ei pragmatisk tilnærming og konsentrerer seg om saker heller

enn regime63

. Lojalitet og autonomi er stikkord, men kva er konsekvensen for individet?

Dei viktigaste spørsmåla eg har prøvd å svare på i denne oppgåva gjeld styringa av Fudan og

graden av autonomi og akademisk fridom der. Fudan Universitet vert styrt av staten og det

ligg mykje makt i dei formelle strukturane som forholdet mellom partistyret og

universitetsstyret og den rolla det har internt. Kinesisk sentralstyring fører til at mykje av

pensum er fastsett og ikkje opp til den einskilde akademikar å endre.

Ser ein på Fudan som ein kulturell autonom institusjon kan forklare at dette likevel inneber at

dei ikkje alltid følgjer pensum, og det finst rom for å diskutere ein del saker i klasserommet.

I kinesisk kontekst er det vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, å skilje Fudan som verktøy for

staten frå det å vere ein autonom kulturell institusjon. Lang historie fører til at forholdet til

staten er innarbeid. Zizhuquan tanken om oppseding og frigjering av sinnet, med det skiljet

frå resten av samfunnet som finst i den kinesiske tradisjonen er framleis den mest dekkjande

for Fudan. Sjølv når Fudan opererer meir eller mindre som ei bedrift eller når dei fokuserer

meir på danning, svarar dei til staten sine mål. Dersom Fudan klarar å halde fram med å

produsere leiarar, vil dei kunne halde på fridomen og vere kritiske til staten, innanfor dei

rammene som gjeld. Det at partiet er integrert i alle delar av organisasjonen, frå

partisekretærar på det einskilde institutt, via presidenten utpeikt av Kommunistpartiet, til

dekanen ved dei ulike fakulteta som er utpeikt av presidenten gjer at lojalitet til partiet kan

ventast å vere framtredande gjennom heile organisasjonen. Det at det leiande organ ved

universitetet er partiet sitt kontrollorgan gjev stor makt. Ein faktor som gjer at den akademiske

fridomen til den enkelte lett står i fare er at partileiinga og presidenten ved universitet har

mandat til å overvake og straffe studentar og tilsette. Mykje formell makt er lagt til

presidenten sitt kontor, noko som gjer at han i samspel med partistyret har ei sterk rolle. Det

er planlagt ei endring her, men det er vanskeleg å seie kva konsekvensane blir, sjølv om målet

er å ta makt frå partiet og overføre det til akademia. Dette viser og ei viss grad av

policyautonomi.

Fudan som bedrift, der stipend og oppdragsforsking vert viktigare, kan gi større akademisk

fridom enn dersom staten lønar til dømes berre for undervisning eller gitte prosjekt. Likevel er

det staten som deler ut mange av stipenda og som i stor grad er med på å avgjere kva som skal

63

Intervju 1.

Middelvegen til det ideelle universitet?

67

forskast på. Akademisk fridom som resultat av finansiering står svakare på realfag enn på

samfunnsfag. Ei av dei viktigaste årsakene til dette er at prosjekta der ofte krev dyrt utstyr.

Endringar og satsing på dette feltet kan gjere at det vert lettare å få tilgang til utstyr på desse

faga, slik at ein oppnår ei betring i den akademiske fridomen for den einskilde student og

akademikar.

For ein forskar innan mjukare fag treng ein kan hende berre dekkje lønskostnader til ein

person. Her er strukturane ikkje i endring og andre faktorar enn økonomi er viktige for den

akademiske fridomen til individet. Sjølvsensur er innanfor samfunnsfag ei langt meir sentral

årsak til at den akademisk fridomen vert utfordra. Sosialisering inn i akademia skjer frå

mange hald og kan føre til at ein unngår ei rekkje tema for forsking eller undervisning, fordi

temaet er tabu. Her kjem dei formelle organa og Fudan si rolle som verktøy for staten inn

igjen. Ein kopp te er eit verkemiddel for å snakke enkeltindivid til rette. Brannmur,

sosialisering, partimedlemmer med partisekretærar på kvart institutt er med på å halde Fudan

stabilt. Sjølvsensuren vert slik effektiv. Ikkje alle akademikarar ved Fudan har like sterke

kinesiske band. Somme, og i aukande grad, har både master og doktorgradsutdanninga si frå

utlandet. Dette kan vere med på å endre den akademiske identiteten på sikt, med ettersom

Fudan alt er ein eliteinstitusjon, er det mogleg dette berre vil styrke Fudan si rolle.

I den grad Fudan skal vere ein produsent av kinesiske leiarar treng både universitetet og staten

dette. Det er likevel ikkje gitt at det kjem til å endre fridomen, sjølv om høgare kvalitet kan

gjere den einskilde akademikar tryggare på eigen kompetanse og på sikt føre til endringar. For

dei som får dei rette stillingane kan det og vere mogleg å kritisere styresmaktene og forske på

saker som ein elles kanskje hadde valt å la liggje. Resultata frå forskinga og diskusjonen rundt

denne risikerer likevel å bli avgrensa til ei lita gruppe menneske. Særskilt vert dette aktuelt for

samfunnsfag og humaniora.

Få av dei kinesarane eg snakkar med vektlegg i særskilt stor grad akademisk fridom som eit

problem. Ja, Partiet er der, ja det er ikkje alt dei kan diskutere fritt. Universitetet har sine

rammer som det må arbeide innanfor og det har som organisasjon motiv for å verne både seg

sjølv og dei tilsette. Dette kan dei mellom anna ved å velje kven dei rekrutterer, men òg

korleis dei vert sosialiserte. Gjennom førelesingane på kurset og samtalar med kinesarar eg

etter kvart vert betre kjend med, får eg innimellom innblikk i at det finst ein noko anna

situasjon. Dette vil ikkje nødvendigvis seie at folk talar usant, men heller at dei er vane med

kvardagen sin og har lært seg kvar grensene går. Ein av dei sentrale informantane mine, som

Middelvegen til det ideelle universitet?

68

er student, omtalar seg sjølv som radikal og vi diskuterer ei rekkje saker ganske fritt. Likevel

fortel han at han frå vidaregåande skule av har måtta lære seg å vere forsiktig med kva han

seier og kven han seier det til, noko som ikkje nødvendigvis er eit særtrekk for universitetet,

men for Kina under eitt.

Gjennom nettverka til leiande personar ved universitetet er det fullt mogleg for Fudan å oppnå

ein større grad av institusjonell autonomi. I den grad sentrale personar i leiinga har

framtredande og viktige roller i sentrale og lokale styresmakter og i akademiske faggrupper

som jobbar på statlege prosjekt, kan dette vere til fordel for organisasjonen under eitt.

Forholdet kan gå begge vegar. At sentrale styresmakter har lojale medspelarar lokalt og difor

får gjennomført politikken sin, kan redusere Fudan sin autonomi. Dersom det lokale

partistyret og universitetsstyre tvert i mot har gode kontaktar og posisjonar med styresmakter

lokalt og sentralt, kan dei bruke det til å styrke sin eigen posisjon og gjere Fudan sin posisjon

sterkare. Lojalitet er i kinesisk kontekst viktig og ved å vere lojale og styrke posisjonen og

nettverka sine sentralt, kan den akademiske fridomen til den einskilde verte styrka. Det er

likevel avgrensingar i dette, då kritikken vil måtte skje internt og ikkje treng vere med på å

gjere Kina til eit meir ope samfunn ved å bidra til samfunnsdebatten. Heller tener Fudan og

lojaliteten deira staten, eller Kommunistpartiet. Dette inneber sjølvsagt ikkje at alle krefter

ved Fudan er einige i dette. Formelle og uformelle former for sosialisering er med på å hindre

opprør.

Den finansielle autonomien er ein av styrkane til universitetet. Utdanning som eksportvare er

ei viktig kjelde til inntekter. Så lenge internasjonale universitet ser seg tente med samarbeid

med Fudan, vil det vere med på å styrke universitetet og det kan gi den enkelte akademikar og

student høve til større akademisk fridom, men det er likevel autonomien til universitetet som

stiller sterkast.

Middelvegen til det ideelle universitet?

69

6 Avslutning

Det kunne vore tenleg å utføre to casestudiar for å samanlikne desse. Til dømes kunne

samanlikning mellom to universitet i Kina og Hong Kong vore aktuelt for å sjå korleis det

kulturelle kan vere likt samstundes som ein kan forvente at staten i noko mindre grad har

direkte kontroll over universiteta i Hong Kong. Særskilt kunne det vore interessant å sjå om

det var endringar i Hong Kong etter at Hong Kong igjen vart kinesisk og samanlikne eit

tilfelle der ein har gått frå eit lukka til eit meir ope samfunn med eit ope til eit kan hende meir

lukka og regulert samfunn. Tid og tilgang har diverre vore med på å setje grenser her.

Å sjå nærare på rekrutteringa Kommunistpartiet har ved universiteta og konsekvensane av

denne, både for universiteta, Kommunistpartiet og Kina, kunne vore eit anna interessant tema

som er verd å sjå nærare på.

I denne oppgåva har eg gått inn på sentrale trekk ved Fudan og sett på universitetet gjennom

normative og organisatoriske ideal. Eg har gått nærare inn på ulike tydingar av autonomi og

vist at det er skilnader på spelerommet til individet og til organisasjonen. Eg har òg sett

nærare på noko av det som særpregar Fudan universitet i Kina.

”But there is one continuity that we should be able to glean from a long view of the past, it is

Eurasia’s resistance to a uniform system, a single great ruler, or one set of rules” (Darwin,

2008:505).

Det kinesiske universitetssystemet har særpreg som det har opparbeidd gjennom ei lang

historie. Dagens system er likevel påverka av internasjonale tendensar og utveksling av idear

mellom land. Systemet er sentralstyrt og Fudan har tette band til staten, noko som kan gje

positive utslag om ein ser på målet med kunnskapsproduksjon som nytte på den normative

skalaen. I den rasjonalistiske tradisjonen klarar kinesiske styresmakter å bruke Fudan til å

oppnå politiske mål. For Fudan kan det vere fordelar med denne symbiosen og dei arbeider

for å oppretthalde eit godt forhold til styresmaktene.

Innanfor det idealistiske idealet der ein ser på akademia og deira forsking og undervisning

som ein del av eit ope samfunn er eg langt meir tvilande. Til det er kravet om stabilitet og det

at ein ikkje kan kritisere eittpartisystemet for dominerande. Delar av dette ligg i at regimet

held tett kontroll. I tillegg har ein gjennom ei lang historie har ein utvikla ein kultur og gjerne

ein akademisk stil som er ulik det tyske idealet. Heller gøymer ein vekk kritikk, sjølv om dei

som er sosialiserte inn i ein slik tradisjon, vil kunne oppfatte denne kritikken sterkare enn ein

Middelvegen til det ideelle universitet?

70

som ikkje er det. Sjølvsensuren som skjer innanfor særskilt samfunnsfag og humaniora er ein

del av dette biletet. Samstundes finst det formelle strukturar som gjer at det å kome gjennom

med kritikk av Kommunistpartiet er vanskeleg, sjølv om det finst dei som gjer det. Går ein til

konsekvensar for til dømes forsking på samfunnsproblem, som saker som er viktige for andre

grunnleggjande menneskerettar vil ikkje ein enkelt forskar lett kunne ta tak i dette utan at det

er i takt med Kommunistpartiet og stemninga generelt på Fudan. For studentar å prøve å ta

opp ein debatt, vil han eller ho lett kunne bli stansa av dei formelle systema.

Det er i det kinesiske systemet vanskeleg å skilje universitetet sin kultur heilt frå staten fordi

desse alltid har hatt eit tett band. Heller ikkje i dag gjer Fudan, som eit av dei beste i Kina,

opprør mot staten eller ei udelt tilnærming til det vestlege systemet. Lojalitet til staten er her

og gjennom å halde fram med å vere lojale vil dei truleg best kunne halde på sin eigen

posisjon, til trass for at det nok finst aktørar ved universitetet som vert skadelidande under

dette, i form av sjølvsensur, men kollektivet ved Fudan vert då viktigare. Dette har ein klar

nyttefunksjon for staten. Eit normativt ideal som det idealistiske vil ein nok finne trekk av,

men då i ein meir konfutsiansk variant der det edle menneske tener fellesskapen og den ein

har over seg. Fudan klarar gjennom å ha gode nettverk og vere lojal å skape spelerom og

status som eliteuniversitet, og er i så måte kanskje nær opp til det ideelle universitet i kinesisk

målestokk.

Middelvegen til det ideelle universitet?

71

7 Litteraturliste Altbach, P.: Academic freedom: International realities and challenges. Kluwer Academic Publisher.

Netherlands. 2001.

Ben-David, J: “Universities and Academic Systems in Modern Societies.” Scientific growth. Essays on

the Social Organizations and Ethos of Science. U. of California press. Oxford, England, 1991.

Bleiklie, I.: “Justifying the Evaluative State.” European Journal of Education 1998, Vol.33. No3.

Bleiklie, I. og H. Byrkjeflot: Changing knowledge regimes: Universities in a new research

environment. Særtrykk nr 12. Institutt for Adminstrasjon- og organisasjonsvitenskap. 2002.

Bleiklie, I. og M. Kogan: “Comparison and Theories” kap 1 i Transforming Higher Education redigert

av M. Kogan, M. Bauer, I. Bleiklie og M. Henkel. Springer. 2006.

Chang, D.W.W.: China Under Deng Xiaoping – Political and Economic Reform. Macmillan

Academic and Professional Ltd. 1988.

Chen H.: Toward General Education in Higher Education: Chinese Model, Graduate School of

Education, Peking University. Paper til The Global University: Past, Present, and Future Perspectives

A Multidisciplinary International Conference. 2010

Chen, X.P og C.C. Chen.: On the Intricacies of the Chinese Guanxi: A Process Model of Guanxi

Development. Asia Pacific Journal of Management, 21, 305–324, 2004.

Clark, W.: Academic Charisma and the Origins of the Research University. The University of Chicago

Press. 2006.

Darwin, J.: After Tamerlane. The Rise & Fall of Global Empires, 1400-2000. Penguin Books. 2008.

de Boer, H., J. Enders & Elke Weyer: The Transformation of the European University: Institutional

autonomy and internal governance. 1st draft, 12 April 2010.

Flyvebjerg, B.: “Five Misunderstandings about Case-Study Research”, Qualitative Inquiry. 2006, vol.

12, No. 2 s. 219-242.

Gold, T.: “The Resurgence of Civil Society in China,” Journal of Democracy, 1990, Volume 1,

Number 1, ss. 18-31. The Johns Hopkins University Press

Goodman, D.S.G.: Deng Xiaoping and the Chinese Revolution. Routledge London and New York.

1994

Gore, L.: The Legacy of Communism in post-Mao Economic Growth. The China Journal nr 41, 25-54.

1999.

Grønmo, S.: Samfunnsvitenskaplige metoder. Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS. 2004.

Hayhoe, R: China’s Universities 1895-1995 – A Century of Cultural Conflict. Garland Publishing Inc.

New York and London. 1996.

Hayhoe, R.: China’s Universities and the Open Door Policy. M.E.Sharpe, Inc. 1989.

Jakobson, L.: Innovation with Chinese Characteristics. High-Tech Research in China. Edited by

Linda Jakobson Finnish Institute of International Affairs. Palgrave Macmillan. 2007.

Middelvegen til det ideelle universitet?

72

Jin, B. L. Li og R. Rousseau: “Long-Term Influences of Interventions in the Normal Development of

Science: China and the Cultural Revolution.” Journal of the American Society for Information Science

and Technology. 2004

King, G., R. Keohane og S. Verba: Designing Social Inquiry. Princeton University Press. 1994.

Kvale, S.: Det kvalitative forskningsintervju. Gyldendal akademisk. 2008.

Law W.W.: “Fortress State, Cultural Continuities and Economic Change: Higher Education in

Mainland China and Taiwan.” Comparative Education 1996 Volume 32 No. 3 s 377-393.

Li, C.: “China’s New Think Tanks: Where Officials, Entrepreneurs and Scholars Interact.” China

Leadership Monitor 2009, No 29.

Mertha, A.C.: “China’s “Soft” Centralisation: Shifting Tiao/Kuai Authority Relations.” The China

Quarterly. Cambridge University Press. 2005.

Mok, K.H.: “Global Imaginings and Strategizing for World-Class Status: New Modes of Higher

Education Governance and the Emergence of Regulatory Regionalism in East Asia” presentert på

“The Global University: Past, Present, and Future Perspectives. A Multidisciplinary International

Conference”. 2010.

Musselin, C.: “State/University Relations and How to Change Them.” Europen Journal of Education,

1997 Vol 32, No2. Evaluation and Quality in Higher Education.

Neave, G.: “The Stirring of the Prince and the Silence of the Lambs: The Changing Assumptions

Beneath Higher Education Policy, Reform and Society.” Emerging Patterns of Social Demand and

University Reform, redigert av Dill og Sporn. Redwood Books. 1995.

Ogden, S.: “From Patronage to Profits - The changing relationship of Chinese intellectuals with the

Party-state.” Chinese Intellectuals Between State and Market, redigert av Edward Gu og Merle

Goldman, Routledge, London, 2004 ss. 111-137

Pan M.: “Faculty Development in Higher Education Institutions” kap 1 i Key to University Quality

Assurance: Faculty/Staff Development in the global Context, redigert av Maoyuan Pan, Yihong Fan,

Yu Zhu, Fujian Education Press, 2007.

Pan, S.Y.: “Intertwining of Academia and Officialdom and University Autonomy: Experience from

Tsinghua University in China”. Higher Education Policy, 2007, 20, s.121–144.

Perkin, H.: “History of Universities.” International Handbook of Higher Education redigert av James

J. F. Forest og Philip G. Altbach. 2006.

Rothblatt, S.: “An Historical Perspective on the University’s Role in Social Development.” Emerging

Patterns of Social Demand and University Reform, redigert av Dill og Sporn. Redwood Books. 1995.

Rongen, O. B.: Middelvegen og Den store læra. To klassiske konfutsianske tekstar. Det Norske

Samlaget. 1999.

Rongen, O.B.: Konfutse - Samtalar. Bokklubben. 2011.

Solinger, D.J.: “Interviewing Chinese People: From High-level Officials to the Unemployed.” Doing

Fieldwork in China redigert av Maria Heimer og Stig Thøgersen. University of Hawaii Press. 2006.

Sun-Tze: Art of War. Penguin Books. 2005

Middelvegen til det ideelle universitet?

73

Taylor, C.: “Social Theory as Practice” og “Understanding and Ethnocenticity.” Philosophy and the

Human Sciences. Cambridge, Cambridge University Press. 1985, kap 3 og 4.

Thøgersen, S. og M. Heimer: Introduction. Doing Fieldwork in China redigert av Maria Heimer og

Stig Thøgersen. University of Hawaii Press. 2006.

Tjeldvoll, A.: “Globalization, the ICT- Revolution and Teaching Professionalism in Mass Higher

Education.” Key to University Quality Assurance: Faculty/Staff Development in the global Context

redigert av Maoyuan Pan, Yihong Fan, Yu Zhu. Fujian Education Press, 2007, kap 4.

Verhoest, K., Roness, P., Verschuere, B., Rubecksen, K. og MacCarthaigh, M.: Autonomy and Control

of State Agencies – Comparing States and Agencies. Palgrave Macmillan. 2010.

Wang, X.: Higher Education as a Field of Study in China – Defining Knowledge and Curriculum

Structure. Lexington Books. 2010.

Yin, R.: Case Study Research Design and Methods. SAGE Publications. 1989.

Yin, R.: Case Study Research. Design and Methods. SAGE Publications. 3rd

edition 2003.

Yin, R.: Case Study Research. Design and Methods. SAGE Publications. 4th edition. 2009.

Yoder, B.: “Adaptation of Globally Held Ideas about Research in China’s Universities” kap. 5 i

Crossing Borders in East Asian Higher Education. Springer. 2011.

Zhong, N., og Hayhoe R.: “University Autonomy in Twentieth Century China.” Education, Culture &

Identity in Twentieth-Century China redigert av G. Peterson, R. Hayhoe, & Y. Lu. Ann Arbor, The

University of Michigan Press. 2001.

Rapportar

Fudan daxue gaikuang, 2010-2011

Lenkjer:

i http://www.unhchr.ch/tbs/doc.nsf/0/ae1a0b126d068e868025683c003c8b3b?Opendocument ii http://www.npr.org/templates/story/story.php?storyId=98739613

iii http://www.nytimes.com/2011/07/25/world/asia/25train.html?_r=1

iv http://fudan.edu.cn/englishnew/about/preadmin.html

v http://www.chinatoday.com/org/cpc/

vi http://www.fudan.edu.cn/englishnew/about/intro.html

vii http://fudan.edu.cn/englishnew/about/admin.html

viii http://fudan.edu.cn/englishnew/about/graduateoff.html

ix http://fudan.edu.cn/englishnew/about/studentsoff.html

x http://www.arwu.org/Country2010Main.jsp?param=China

xi http://www.fudan.edu.cn/fudannews/englishnews.html

xii http://www.nordiccentre.org/

xiii http://www.ilaw.fudan.edu.cn/s/86/t/306/p/1/c/3660/d/3666/list.htm

xiv http://www.ilaw.fudan.edu.cn/s/86/t/306/p/1/c/3660/d/3668/list.htm

Middelvegen til det ideelle universitet?

74

xv

http://fudan.edu.cn/englishnew/about/intro.html xvi

http://www.fuedf.org/usa/AboutUs.aspx xvii

http://www.fuedf.org/usa/AboutUs.aspx xviii

http://www.studie.no/utdanning/studier/universiteter/universitetet-i-bergen.html xix

http://www.fudan.edu.cn/englishnew/admission/graduate.html xx

http://www.fudan.edu.cn/englishnew/admission/undergraduate.html xxi

http://fudan.edu.cn/englishnew/about/guiyonghao.html xxii

http://fudan.edu.cn/englishnew/about/chenlimin.html Lenkjene er riktige per 30/11-11.