8
MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / januar 2012

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / … nr … · og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / … nr … · og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

Nr 1 / januar 2012

Page 2: MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / … nr … · og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars

2

JULEMØTET 2011 Siste møtet før jul vart avvikla i Hillesvågen den 5.desember. 25 deltakarar var med. Nytt i år var quiskonkurranse, - alle like ivrige. Etter at det tradisjonelle grautmåltidet var unnagjort, var det ny lærdom å hente. Svein Harald Bjørke demonstrerte og rettleia i snorlaging. På medarbeidarkurset som han og Aud Marit var på i haust, lærte dei ein teknikk som heiter KumiHimo. Denne teknikken var det han lærte vidare til dei frammøtte. Og dei fleste såg ut til å tileigne seg den nye teknikken bra. Snorene kan brukast til mangt. Her ser ein døme på bruk som reflekssnor. Ein startar flettinga ved reflekshempa.

Page 3: MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / … nr … · og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars

3

Handarbeidstreff 9.januar På første handarbeidstreffet i år hadde me og snorlaging. Aud Marit synte ei snor som ho kunne. Denne snora vert laga med fire lykkjer som to personar trær gjennom sine to lykkjer kvar sin gong. Fargane på garnet avgjer mønsteret på snora. Ein fin bli kjent aktivitet,og snora er nyttig til mangt, som fingerheklinga. Ingrid Eidsnes hadde lært seg dobbel fingerhekling, og dette lærte ho vidare denne januarkvelden i Hillesvågen. Denne snora kan og brukast til mangt, t.d snor i strikkelestane til babyen, til hua eller hempe til handduken.

FINGRING - DOBBEL FINGERHEKLING

Tråden (og snora) vert halden med langfinger og tommel. Peikefinger brukast til

å henta ny lykkje gjennom den lykkja som den andre peikefingeren held oppe.

Og så veksler ein til andre sida.

Ill: Ingrid Sødal Eidsnes

Page 4: MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / … nr … · og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars

4

Innkalling til årsmøte

Årsmøtet i PL Husflidstova og Nordhordland Husflidslag vert halde

måndag 13. feb. 2012 kl. 18.00 i Husflidens hus i Hillesvågen.

Saksliste til årsmøtet for PL Husflidstova: 1. Val av møteleiar. 2. Godkjenning av møteinnkalling. 3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps. 4. Godkjenning av årsmelding. 5. Godkjenning av årsrekneskap. 6. Endring av vedtektene for å få samsvar med Lov om Samvirkeføretak. 7. Val

Saksliste til årsmøtet for Nordhordland Husflidslag: 1. Val av møteleiar. 2. Godkjenning av møteinnkalling. 3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps. 4. Godkjenning av årsmelding for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 5. Godkjenning av årsrekneskap for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 6. Forslag til årsplan for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 7. Val Årsmøta slutt Enkel servering Vel møtt. Med helsing Aud Marit Halland leiar

Page 5: MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / … nr … · og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars

5

Konferanse om lokale rasar av sau (villsau) og ull – 29.mars til 1.april 2012. (North Atlantic Native Sheep and Wool Conference) Denne konferansen som er felles for alle landa rundt Nordsjøen, har som formål å spreie kunnskap om gamle lokale rasar av sau, korleis de kan nyttas i dag og samtidig lede merksemda mot bruken av ull, som et fantastisk materiale som kanskje er for lite skjønnet på i dag. Konferansen blir halde i Nordhordland, med Strilatun i Seim som base. Programmet omfattar foredrag om ull og hald av sau. Det vert bidrag frå alle landa rundt Nordsjøen; Shetland, Island, Orkenøyane, Færøyane, Hebridane, Grønland og Noreg. Foredraga vil ta opp lokale tradisjonar, men og tankar om framtida for dei tradisjonsrike næringane knytt til sau og ull. Det vert demonstrasjon av ulike handsverksteknikkar som spinning, veving og strikking på forskjellige vis, utstilling av ferdige produkt og turar til m.a. Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret og Nordhordland husflidlag sine lokaler. Det vil og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars 2012 med kulturelt innslag og et kåseri om Villsauen i et historisk perspektiv. Avslutning er søndag 1.april 2012. Norsk koordinator for arrangementet er Karin Flatøy Svarstad. Nærare opplysning om programmet, priser for å delta og eventuell påmelding, kan skje ved å kontakte henne på telefon: 95215399, eller på epost: [email protected]. Det er mulig å delta på heile eller delar av konferansen, eller bare komme innom for å sjå på utstillingar og demonstrasjonar av handverksteknikkar. Eli Bjørkeli

Måndag 6. februar kl 18 vert neste handarbeidstreff i Hillesvågen.

Tema denne gongen er makramè. Svein Harald Bjørke og Ingrid Eidsnes instruerer. Ta med deg vener og kjende og kom.

Page 6: MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / … nr … · og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars

6

Kurs i spinning på handtein Vegen frå ull til tråd er gamal og velprøvd teknologi . I eit klasserom ei helg i januar freista seks par hender å lære ein av dei eldste spinnemetodane. Kurshaldar Vigdis Valde gjer seg nokre refleksjonar kvelden mellom dei to kursdagane: Denne helga, 21. og 22. januar, held eg kurs i spinning på handtein. Stad for kurset er Meland ungdomsskule. Lokala måtte leigast av Meland kommune, sidan kursaktiviteten allereie var stor i Hillesvågen. Men sjølv utan kaffikoppar pryda av bunadsfolk er dette ei kjekk helg! Det er laurdag kveld (21. januar) og eg sit her og let dagens spinneopplevingar synke inn: Det var ein målretta gjeng som stilte med seg sjølv, litt ull, eit par karder og halvtannan rokk (den ”halve rokken” mista eit bein på på veg til kurset og måtte tilbringe laurdagen liggande…). Hovudmålet for helga er spinning på handtein, men eit par damer som melde seg til spinnekurset på rokk som ikkje blei i haust fekk freista å ta med rokken. Og det viste seg etter ein heil dags arbeid at dei både hadde stort pågangsmot og var imponerande uthaldande – på handtein. Det blei ikkje tid til rokkane i dag. Det heile starta med ein god runde om kva for motivasjon ein har ha for å ville læra seg spinnekunsten. Det kom fram fleire gode grunnar, til dømes det å forstå dei gamle reiskapa i praksis, å kunne utnytte ull som spinneria ikkje vil ha (les: villsauull) men som er fin material som fortener ei anna lagnad enn skrothaugen, det å kunne laga sitt eige garn rett og slett, for betre å forstå kva garn er, og sist (men ikkje minst) for å kunne visa teknikken vidare og dermed syta for naudsynt tradisjonsformidling. Etter ei økt med prat og teori i starten, samt litt karding, var det sjølve spinninga på handteinen som sto for tur. Enkle prinsipp (gi snurr til lause ullfibre slik at dei held saman og blir ein tråd) viste seg å vere til dels utfordande. ”Detta kan eg bli hekta på…” Og det var nett det vi gjorde: vi hekta kroken på ulla og arbeida med å lage tråd. Ein utfordring i koordinasjon og handlag. Phu! Detta var noko vanskeleg! Vi treng blodsukker! Men berre etter ein rask matbit til lunsj (eg var berre halve vegen ned i matpakka) så eg armar og bein i bevegelse igjen. Og med ei ny dose energi kvitra dei glade kursdeltakerne om alt det fine dei kunne laga med den spennande effekt-tråden som kom til mellom fingrane på dei. Og slik held vi på. Eg dels spann saman med dei og dels hjalp dei når det oppsto eit og anna problem. Det er jo noko nytt som skal inn i fingrane og noko som krev ein del øving for at ein skal kjenne at det flyt slik ein vil. Men eg trur alle gjekk heim etter dagen med ei kjensle av at dei mestra å forme lause fiber til tråd. Det blei iallfall hespa av ein god del tråd som heng rundt om til tørk og strekk nett no slik at det kan bli ei lita framsyning av ferdig, intressant eintråda effektgarn når vi sees att til kursdag to imorgon. Vigdis Valde

Page 7: MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / … nr … · og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars

7

Bilder frå spinnekurset:

Venstre: Bente Hordvik kardar Høgre: Her har vi fått taket på kardinga Under venstre: Eli Bjørkli spinn, her med handteinen mellom knea Under høgre: Anne Grete Breisnes og Aud Marit Halland i full konsentrasjon

Over: det vart tid til spinning på rokk andre dagen. Her Tone Knapskog Høgre: Anne Grete Breisnes fekk spinninga bra til etter kvart Venstre: Kurshaldar Vigdis Valde lagar hespe på hespetre av det spunne garnet til Anna Tråve

Page 8: MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / … nr … · og bli markvandring i kulturlandskapet og møte med lokale bønder som driv med villsau. Konferansen opnar torsdag 29.mars

8

POST TIL PRIMSTAVEN

Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver gild å ta kontakt med oss: Øyvor H. Larsen, Bruvegen 44, 5914 Isdalstø Tlf. 56 35 15 51 /99 53 24 42; e-post: [email protected] Anne Grete Breisnes, Kvalvågen, 5943 Austrheim Tlf. 56167032 / 97511208, e-post: [email protected] Utgjevar: Nordhordland Husflidslag, Returadr.: Anne Grete Breisnes, 5943 Austrheim

JANUARDIKT

Ein onsdag i januar gjekk eg ned bakken med hendene på ryggen og såg på skyene som var låge og grå

og la merke til det var godt det eg gjorde der eg kom gåande.

Eg blei glad så glad eg kan bli men eg stoppa ikkje for det

eg kom gåande nedover bakken slik eg før hadde gjort. Eit minne for livet rikare.

(Frå Einar Øklands Romantikk. Folkeminne. 1979)