9
Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006

Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006 · 2012. 4. 26. · Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006 · 2012. 4. 26. · Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl

Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006

Page 2: Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006 · 2012. 4. 26. · Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl

Som leiar i Stiftinga målROCK er det ei glede å ynskje velkommen til glade festivaldagar i Årdal. Vi kan i år, som tidlegare år, freiste med ulike kulturtilbod av svært høg kvalitet. Vi har blanda ei gryte med dei fremste rockebanda i landet, profilerte forfattarar og biletkunstnarar som saman vil syte for å gje bygdafolket og tilreisande ei fantastisk oppleving. Saman med ei bygd og eit bygdafolk som i dag osar av nyvunnen optimisme vil vi i arrangørstaben gjere dette til ei oppleving på første klasse.

Vi har etterkvart tilleigna oss høg kompetanse på gjen-nomføring. Vi har ei fantastisk festivalleiing som vil gjere alt for at årets arrangement skal føya seg til i rekka av tidlegare suksessar. Samarbeid med lag og organisasjonar er eit absolutt krav for å kunne gjennomføre eit så stort arrangement. Saman med Årdal Arrangement, IL Jotun og Årdalstangen IL har vi sett saman eit korps som til ei kvar

tid veit kva som skal til for at nettopp DU skal få ei god op-pleving i samband med ditt besøk på våre arrangement.Vi har òg etterkvart fått eit stabilt og godt samarbeid med offentlege og private sponsorar som sjølsagt er presentert i magasinet. Eg tillet meg i den samanheng å rette ei spesiell takk til Årdal kommune og vår generalsponsor Indre Sogn Sparebank, som ALLTID stiller opp.

Årets program i meieriparken og i samfunnshuset syner eit mangfald av artistar og band som knapt nokon gong tidlegare har vore samla på samme festival. Her bør det vere noko for einkvar smak, og høgdepunkta står i kø frå torsdag ettermiddag og til BigBang avsluttar det heile natt til søndag. BigBang representerer noko nytt ved årets festival. Bandet spelar fantastisk rockemusikk og syng på engelsk og nett dette siste er vi ikkje vane med på ein målROCK festival. Utan at dette ”rockar” ved grunnidèen og føremålet med

festivalen vil dette garantert vere eit val dei fleste av årets publikum , støttespelarar og sponsorar og ikkje minst medarrangørar, vil sjå tilbake på som ”en høydare”.

I dette magasinet vil du finne mykje godt lesestoff om artistar, band, forfattarar og biletkunstnarar som alle vil gi sitt bidrag for at årets festival skal verte ei oppleving for deg som publikummar.

Mi oppfordring til slutt vil vere at alle møter opp i god tid og gjev alle eit fortent fantastisk publikum.

Mange takk til alle som har gjeve sitt bidrag for ein vellukka festival og velkommen til nokre fantastiske augustdagar i Årdal.

Stiftinga målROCKArvid Fodnes - leiar

Velkommen til

Torsdag 10. august blir målROCK offisielt opna i Samfunnshuset på Årdalstangen. For fjerde året på rad er Finn Tokvam på plass som målROCK-konfransier, og under opningsshowet har journalisten og forfattaren frå Flåm ei sentral rolle gjennom Radio Røynda og popensemblet Finn Erix. Men Tokvam og gjengen i Radio Røynda blir ikkje åleine om å opne årets festival. Tokvam er kjent som ein svoren Olav Stedje-tilhengjar, og nettopp Stedje blir å finne på scena saman med humoristen frå Flåm.

Olav Stedje frå Sogndal har i ei årrekke vore ein strålande ambassadør for Sogn og for heimfylket sitt. Stedje plate-debuterte i 1981 med «Ta med meg» og har til saman gitt ut ni album. Det er ikkje første gong sogndølen samarbei-der med gjengen frå «nynorskrealityen» Radio Røynda. Då Tokvam, Halvor Folgerø og Odd Erik Lothe laga Radio Røynda-fjernsyn for NRK saumfarte dei Vestlandet på leit etter intelligent liv. Og sjølvsagt var Stedje ein av gjestene deira.

Intelligent liv ville dei nok også funne i Ålesund, der komi-

karen Terje Sporsem kjem frå. Sporsem har lenge vore ein av landets mest ettertrakta stand-up-komikarar, og har mellom anna delteke i TVNorge-programmet «Judas» og i NRK-serien «Usett: Latter på latter». Men det var først tidlegare i år at fjernsynskarriera til Sporsem tok av. Då var han deltakar i TV2-suksessen «Skal vi danse». Med heite rytmar og mjuke hofter dansa han seg inn i hjartet på dei norske tv-sjåarane. Sporsem og dansepartnar Cecilie Brink Rygel kom seg heilt fram til semifinalen, og gjen-nom heile tv-serien viste han gong på gong prov på sitt komikartalent.

målROCK har også tradisjon for å gi plass til norske lit-teraturkrefter under festivalen, og i år vil forfattar Ragnar Hovland ta del i opningsshowet. Ragnar Hovland står bak ei rekke kritikarroste bøker, og har mellom anna fått Samlagsprisen, Kritikerprisen, Brageprisen, Vinjeprisen, Kultur- og vitenskapsdepartementets debutantpris og Noregs Mållag sin barnebokpris for sine arbeid. Mållagsprisen har han faktisk fått heile tre gonger.

Finn Tokvam og Radio Røynda opnar saman med gjestene Terje Sporsem, Ragnar Hovland, Finn Erix og Olav Stedje målROCK 2006.

Knallopning av målROCK 2006

målROCK-Magasinet 2006Ansvarleg utgjevar, Stifinga målRockv/Arvid FodnesPostboks 15 - 6885 Årdalstangen

Opplag: 13.000 stk.Distribusjon: Årdal, Lærdal, Aurland, Vang, Luster, Sogndal, Vik, Balestrand og Høyanger kommune.

Journalist: Frode Agawww.frodeaga.noLayout/produksjon: Skrivargarden aswww.skrivargarden.no

GeneralsponsorGENERALSPONSOR for Målrockfestivalen er Indre Sogn Sparebank. Stiftinga målROCK er glade for å ha Indre Sogn Spare-bank med som samarbeidspartnar for å etablere ei trygg økonomisk plattform for framtidige målROCK-festivalar.

Indre Sogn Sparebank sitt lokale område er kommunane Lærdal, Årdal og Sogndal. Men banken har mange kundar spreidd over heile landet, også i utlandet. Internett vil derfor vera eit viktigt medium som gir deg oppdaterte opplysningar om Indre Sogn Sparebank og tenester dei tilbyr. Indre Sogn Sparebank ynskjer å vera på offensiven, og alltid med deg som kunde i fokus. I tillegg til å vere konkurransedyktige på “tradisjonelle” banktenester, har banken som mål å tilby deg som kunde “moderne” banktenester basert på ny teknologi. Nettbanken er eit eksempel på dette.

Indre Sogn Sparebank er medlem av Eika-gruppen. Gjennom dette samarbeidet kan dei tilby tenester som Terra Skadeforsik-ring og Terra Fonds. Du finn meir info om desse produkta ved å gå inn på banken sine nettsider.

www.indresognsparebank.no

Støttespelarar

Page 3: Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006 · 2012. 4. 26. · Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl

Gaute Ormåsen valde vekk engelsken og fann seg sjølv som artist.

Gaute Ormåsen var ein av dei aller største profilane då Idol-sirkuset byrja å rulle i 2003. Han song seg heilt fram til finale mot Kurt Nilsen, ein finale han tapte knipent. I kjølvatnet av Idol-suksessen fekk han gi ut plata «A New Kid in Town». Albumet selde rundt 30.000 eksemplar. Oppfølgjaralbumet var også planlagt på engelsk, men etter å ha stått i stampe i lang tid, snudde 23-åringen brukte i staden norsk og dialekten han kjenner aller best frå heimstaden sin Brumunddal.

- Som for dei fleste andre kjendest det først naturleg å halde fram med pop på engelsk, men etter å ha jobba i om lag seks månader med eit album på engelsk merka eg frustrasjon over kor vanskeleg det var å gjere noko som eg ikkje følte var gjort frå før. Eg var ikkje nøgd med å vere nok ein «wannabe-Robbie Williams». I tillegg følte eg eit behov for å vere litt meir folkeleg i

musikken min. Etter å ha tenkt mykje, fant eg ut at eg ville prøve meg på min eigen dialekt. Eg visste allereie då at det neppe var den enklaste løysinga. Eg fomla rundt i blinde ei stund, før eg endeleg skreiv ein song som kunne vere ledespor for resten av albumet, skriv Gaute sjølv på heimesida si.

Med albumet «G for Gaute» fekk Ormåsen gode tilba-kemeldingar frå både platekjøparar og platemeldarar. Plata låg på VG-lista i mange veker, og singellåten «Kjærlighet er mer enn forelskelse» hadde stor suksess på radio. Gaute Ormåsen er andre artist ut laurdag 12. august.

Bandet består av Gaute Ormåsen, vokal og gitar, Alf Magne Hillestad, trommer, Daniel Hovig, tangentar, Olav Torgeir Koppsland, gitar, og Kim Nordbækk, bass.

Du finn meir informasjon om Gaute på nettstaden www.gauteormaasen.no.

GauteOrmåsen

- Eg brukar meir enn berre ungdomsslang i tekstane mine, og eg har henta fram mykje spennande etter å ha snakka med besteforeldra mine. Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl III og Sjef R i Side Brok.

Det har gått litt over to år sidan han og Side Brok sette både Hovdebygda og brei sunnmøredialekt på kartet med låtar som «1,2,3 fyre» og «Likandes Kar». Ut av ingenting kom dette snåle hip-hop-bandet med dei snåle tekstane og sjarmerte store deler av Musikk-Noreg i senk. Dei tok by:Larm og andre festivalar med storm og fekk austlandsung-dom til å kalle flotte damer for «kjekse» og saggebukse for «side brok».

- Tanken er ikkje å sloss for korkje dialekten vår eller nynorsken. Det er reine estetiske val som gjer at vi brukar dei orda vi gjer. Men det er sjølvsagt ein kjekk bieffekt at vi er med på å hente fram at ein del ord og uttrykk som har gått i gløymeboka, seier Gudnason og legg til:

- Eg såg forresten nyleg i Dagbladet at ordet «kjekse» skulle vere med ei bok om norske slanguttrykk. Det tykkjer eg er artig. At ord og uttrykk spreier seg til andre plassar i

landet er morosamt, seier Gudnason.

- Har du eit favorittord frå tekstane dine som skil seg ut?

- Ja, det har eg faktisk. Sorphøne. Det er eit ord eg brukar på den siste plata vår.

- Sorphøne?

- Ja, nettopp. Sorphøne. Kva trur du det betyr? spør Gudnason og småhumrar.

Han veit kva svaret blir. For det høyres unekteleg ut som noko nedlatande ein sunnmøring kan finne på å seie til ei jente.

- Det seier dei fleste eg spør. Men det betyr faktisk snur-rebass. Det er eit flott ord med gode kvalitetar. Og så kling det godt. Eg tykkjer dialekten vår har mange gode lydar og ord, og dei kraftige konsonantane fungerer veldig godt i musikken reint rytmisk sett.

SpråkprisMed innslag som ”sorphøne” i eit rikt Side Brok-ordfor-

råd er det kanskje ikkje så rart at bandet frå Hovdebygda for nokre år sidan vart kåra til årets nynorskbrukarar av Nynorsk Kultursentrum. Dei har også opplevd at ein av tekstane deira har blitt brukt som eksamensoppgåve på bachelor-nivå. Saman med dikt av Jan Erik Vold og Tarjei Vesaas dukka teksten til låta «Setra» opp på nordisk-eksamen ved universitetet i Trondheim i fjor vår. Det er eit kvalitetsprov Gudnason set stor pris på å få.

- Det er kjekt å få anerkjennelse frå andre hald enn det ein er van med. Det er rett nok moro å få folk glade med underhaldande musikk, men det er samstundes kjekt at nokon oppdagar at det er meir substans i det vi held på med enn at ord som «sprit» og «drit» rimar på kvarandre. For sjølv om humoren er viktig for oss, er vi dønn seriøse i det vi gjer. Det er leik på blodig alvor, seier Gudnason, som gler seg til å vitje målROCK igjen. Side Brok var eit av dei store trekkplastera under festivalen i 2004. Det er ein kon-sert som har klort seg godt fast i minna til Gudnason & Co.

- Vi hadde det utruleg kjekt. Den gongen minnest eg at Vestlandsfanden skulle spele etter oss, og eg var fast bestemt på å få med meg showet deira. Men publikummet i Årdal var så bra at vi tok oss heilt ut på konserten vår.

Samtalane med besteforeldra på Sunnmøre er ei utømmeleg skattekiste for rapparane i Side Brok.

Side Brok

Nordfjordingen Odd-Erik Lothe og sogningen Torbjørn Ellingsen stiller med eit slagkraftig sjumannsband når dei vitjar målROCK med sitt nye band Todd.

Odd Erik Lothe er målROCK-veteran i dobbel forstand. I ei årrekke skreiv han nynorske kritikarroste tekstar og låtar i viserockbandet Fabel. I tillegg har han delteke på to målROCK-festivalar - ein gong med Fabel og ein gong med prosjektet Lothe.

- Det var eg og Torbjørn Ellingsen som sto bak Lothe også, men vi valte å skifte namn til Todd, seier Odd-Erik Lothe.

Ellingsen er ein ettertrakta frilansmusikar og har skrive både filmmusikk og laga lydkulissar til fleire NRK-program. Musikalsk er bandet til dei to kompisane inspirert av glade poplåtar frå 60-talet og tekstane deira er sjølvsagt på nynorsk denne gongen også.

- Det er musikk inspirert av den amerikanske solskinsskysten, seier Lothe.

Todd, som er første band ut laurdag 12. august, kjem med plate tidleg i haust.

Bandet består av Odd-Erik Lothe, vokal og gitar, Torbjørn Ellingsen, tangentar og Halvor Folgerø, bass, Ståle Wick, gitar og kor, Laila Beate Førde, saksofon og kor, Jan Erik Reknes, trompet og Tor Bjarne Bjelland, trommer.

Det var heilt ko-ko framfor scena, og vi var så utkøy-rte at vi ikkje klarte å komme oss ut til konserten med Vestlandsfanden.

Thirstin Howl IIIMykje har skjedd sidan den gongen. Debutalbumet «Høge Brelle» har passert 10.000 selde album. Dei har samar-beidd med den anerkjende amerikanske undergrunnsrap-paren Thirstin Howl III på EP’en Side Brooklyn, og i februar lanserte dei sitt andre album «Kar me kjøme frå».

- Det å få samarbeide med Thirstin Howl III var nokså sur-realistisk. Men det var langt frå så vanskeleg å få til som eg hadde trudd. Det var faktisk berre å ringe han, seier Gudnason, som har teke namnet Thorstein Hyl III frå nett-opp Brooklyn-rapparen.

- Vi var spente på korleis han ville reagere på ein slik førespurnad, men etter at vi fekk forklart han konseptet var han med på notane og sa ja til å bli med på ein låt. Vi flaug han til Oslo der han var med oss i studio eit par dagar. Seinare var han også med på eit par konsertar i Trondheim og Bergen, seier Gudnason, som er stolt over både «Side Brooklyn» og den siste plata «Kar me kjøme frå».

- «Kar me kjøme frå» let mykje meir organisk samanlikna med «Høge Brelle». Den gongen «Høge Brelle» kom var vi meir inspirerte av electronica-sjangeren, mens vi denne gongen har jobba meir analogt og komme opp med ei plate som inneheld alt frå bossanova- til funknummer. Vi hadde behov for å gjere noko annleis, og det same vil nok skje når vi etter kvart kjem ut med ei tredjeplate. Vi kjem aldri til å gi ut like Side Brok-plater.

- Er de alt komme i gang med tredjeplata?

- Arbeidet med å lage ny musikk skjer kontinuerleg, og sjølv om vi ikkje har planlagt kor tid den skal komme, så kan eg tenke meg det blir ein gong i løpet av neste år.

Bandet består av Runar «Torstein Hyl III/Sjef R» Gudnason, vokal, Bård «Skatebård» Aasen Lødemel, vokal og rytme og Odd «Odd-G» Kristensen, bass.

Side Brok er nest siste band ut i Meieriparken på Årdalstangen fredag 11. august. Meir informasjon om Side Brok finn du på www.sidebrok.no.

Side Brok-ordbok:røle = skryte, gjerne med eit avslappa forhold til sanninga svide (el. glide) = køyre bil, tilsynelatande utan mål Vik (el. Ørstavik) = Ørsta sentrum femme = femliters plastdunk, helst fylt med heimelaga, alkoholhaldig drykk kjekse = lekker kvinne å fare på = å ha sex med nokon forbina = forundra marabakkje = bratt botnskråning langs stranda Alida = tidlegare bossplass i Volda

Fredag 11.08kl. 23.15

Laurdag

12.08

kl. 19.1

5

Laurdag 12.08

kl. 18.00Todd

Page 4: Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006 · 2012. 4. 26. · Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl

- Vi er stolte av å synge på norsk, og det er heilt essensielt for oss å bruke vårt eige språk i musikken. Alt eg gjer, det gjer eg på norsk, og då skulle det berre mangle at eg ikkje brukte norsk i tekstane mine også, seier CC Cowboys-frontmann Magnus Grønneberg, som er sikker på at han kommuniserer langt betre med publikum sine enn kva mange andre engelskspråklege band gjer.

- Du som lyttar skjønnar norsk like godt som meg, og gjennom språket får musik-ken vår eit slags ansikt, ein identitet, som du kan kjenne deg igjen i. Eg er sikker på at dei som brukar engelsk misunnar oss den kommunikasjonen vi har med vårt publikum, seier plateaktuelle Grønneberg. 28. august er nemleg Fredikstad-gjengen klare med sitt sjuande studioalbum – «Evig liv». Den første singelen «Kom igjen» har allereie fått svært gode tilbakemeldingar hjå kritikarane, og VG trilla terningkast fem og meinte låten var ein «usedvanleg delikat smakebit frå ringrevane».

- «Evig liv» er eit album som er veldig naturalistisk og homogent. Det er litt dog-meaktig i form av at vi har brukt veldig lite pålegg. Eg syng live, og alt er ope og ærleg. Men det let framleis som CC Cowboys, seier Grønneberg, som prøvde ut ein ny arbeidsmetode då dei tok til på arbeidet med albumet som er spelt inn i Sverige. Geriljajobbing er ordet han brukar for å beskrive prosessen.

- Denne gongen ønskte vi ikkje å sette av tre veker i studio for å gjere alle innspelin-gane på ein gong. I staden har vi i løpet av halvanna år hatt tre-fire intensive fem dagars-økter. Det er ikkje noko vi giddar å gjere opp att, men det fungerte godt denne gongen. Slik er det alltid. Ei ny plate inneber nye metodar og arbeidsprosessar.

CC Cowboys har hatt ei lang og innhaldsrik karriere. I 1990 tok bandet Noreg med storm med det sterke debutalbumet «Blodsbrødre». Den inneheld rockeklassikarar som «Harry», «Død manns blues» og «Vill, vakker & våt». Deretter følgte dei opp med albuma «Rock’n roll Ryttere», «Tigergutt», «Pernille & Panser» og «Himmeltitter». I 1996 la dei karriera på hylla, og to år seinare blei karriera oppsummert med samla-plata «Ekko», ei plate som har selt over 100.000 eksemplar. I samband med denne plata la bandet ut på ein avskilsturnè som har gått inn i historien som ein av dei lengste av sitt slag. Det stoppa ikkje før CC Cowboys hadde gjort 70 konsertar. I 2003 gjorde rock’n roll-ryttarane comeback med albumet «Lyst», og no er dei tilbake med endå eit nytt studioalbum.

Bandet består av Magnus Grønneberg, vokal og gitar, Agne Sæther, trommer, Jørn Christensen, gitar og Per Vestaby, bass.

Du får med deg CC Cowboys i Meieriparken laurdag 12. august. Meir informasjon om bandet finn du på nettstaden www.cccowboys.no

Gjennom ei 16 år lang karriere har norske tekstar vore nøkkelen til suksess for CC Cowboys.

CC CowboysLaur

dag

12.08

kl. 21.4

5

Det smalt då Bigbang blei hyra inn som det første engelsk-språkelege bandet på målROCK. Det kjem garantert til å smelle igjen når Bigbang avsluttar årets festival i Meieriparken. Men at Greni & Co skulle toppe plakaten på ein festival som står i bresjen for nynorsk og dialektbruk i musikken, hadde dei ikkje sett føre seg.

- Nei, eigentlig ikkje. Men eg snakkar jo dialekt sjølv som alle andre, og har det mykje moro med det, smiler Greni, som sjølv har ein far som var pioner innanfor nynorsk rock. Pappa-Greni var nemleg ein del av bandet The Undertakers Circus, eit band som stakk seg fram på 70-talet.

- Eg er ganske sikker på at The Undertakers Cirkus var det første norske rockebandet som song på nynorsk, noko som etter mi meining høyres litt «gjøglete» ut sidan bandet var frå Lillestrøm. Men dei hadde nokon dritbra og tunge norrøn mytologi-inspirerte låtar på debutalbumet sitt Ragnarock.

- De har gjort cover av ein av låtane til dette bandet tidle-gare. Kan det bli aktuelt å køyre på med ein Bigbang-låt på norsk under målROCK?

- Det stemmer at vi har spelt tittelsporet Ragnarock nokre gonger, men den er vanskeleg og det er ein låt som bør ha blåserekke. Difor vil eg heller vise folk til Limewire for ein versjon av denne.

- Sjølv om de syng på engelsk på målROCK, føler de som festivaltrekkplaster at de er med på å gi andre meir

ukjende norske band som syng på norsk eit større publi-kum?

- Det er eit godt poeng, men samstundes må vi hugse på at faren for at vi kan inspirere ungdom til å synge på engelsk også er til stades. Det er forresten noko som min far slo hardt ned på i si tid, seier Greni og held fram:

- Når det gjeld språkdebatt er eg generelt meir opptatt av kva som faktisk skjer enn kva enkelte meiner bør skje. Språkbruk kan vere fantastisk på så uendeleg mange måtar, og det er eit paradoks at ein i norskfaget lærer om korleis språket vårt blei endra frå urnordisk til norrønt, men samstundes prøver å stoppe dei endringane som skjer i dag. Det er flott med mangfald, men det er viktigare å kommunisere, seier Greni, som sidan 1992 har vore driv-krafta og hovudmannen bak Bigbang-suksessen. Oslo-bandet har gjennom hardt arbeid og årevis med turnering opparbeidd seg eit rykte som eit av dei aller beste live-banda i Noreg.

- Vi byrjar å få mykje erfaring og eg trur folk opplever oss som eit stødig band som er drivne av kjærleik til musikken. Publikum veit at vi gir alt live og dei likar at vi fokuserar på låtar.

Men det å vere eit utprega liveband er også tøft. Øystein Greni har rundt 200 reisedøgn i året, og innrømmer at det kan vere slitsamt til tider.

- Men heldigvis føler eg at vi treffer masse bra folk og at vi

får mykje energi av publikum. Men det er fleire bandmed-lemmer som ikkje orkar meir av all reisinga og det skjøn-nar eg godt.

- Eg elskar å spele for folk. Ofte er det dessutan bra med motgang, utan eg vil oppmode arrangørar til å gjere ein dårlegare jobb. Men det er ofte fint å gi alt ein har av depresjonar og sinne til musikken. Den klarar ofte å kana-lisere det ut på ein god måte, seier Øystein Greni.

Du treffer han og dei andre i Bigbang på hovudscena i Meierparken som avslutningsband laurdag 12. august.

Bandet består av Øystein Greni, gitar og vokal, Olaf Olsen, trommer og Erik Castberg Tressel, bass. (Tressel er ikkje med på liverun-den med Bigbang, og truleg vil anten Nikolai Eilertsen eller Lasse Weeden spele i Årdal.)

Meir informasjon om Bigbang finn du på www.smallbang.net

Øystein Grein i Bigbang ser fram til målROCK. – Fin scene og fin utsikt kan ikkje slå feil. Vi gler oss masse!

Bigbang

Laurdag 12.08kl. 00.45

Page 5: Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006 · 2012. 4. 26. · Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl

- Kaizers er ikkje lenger eit norsk fenomen, men eit europeisk fenomen. I år gjer vi rundt 30 festivaljobbar, og eit par og tjue av dei er ute i Europa. Det er gutedraumen vi står midt oppi no, seier sjakalen sjølv, Janove Ottesten til målROCK-magasinet.

Med oljetønner, jærbudialekt og ompa til du

både blør og dør, har Kaizers Orchestra blitt årets festivalkaizerar i Europa. Lista inkluderer stor-festivalar som Roskilde, Rock am Ring, Rock im Park, Hultsfred og Park Pop. Det er stort, sjølv i Kaizers-målestokk.

- Dette er den beste sommaren vår så langt. Sjølv om Maestro-plata kom i fjor, har vi klart å halde

Kaizers Orchestra

oss aktuelle for sommarfestivalane gjennom ein live-CD frå Vega i København og ein DVD frå same konsert, seier Ottesen.

Men ingenting har komme gratis for Kaizers. Det er målretta arbeid og kontinuerleg konsertjob-bing som har lagt grunnlaget for festivalfruktene bandet no haustar ute på kontinentet.

- Vi har gjort rundt 240 jobbar i Europa dei to-tre siste åra, og parallelt har vi arbeidd med å halde ved like posisjonen vår i Noreg. Det har vore steinhardt arbeid, men for eit band som vårt, som først og fremst er eit liveband, er det van-skeleg å gjere hundrevis av jobbar her i landet år etter år. For å unngå slitasje må vi nesten late Noreg kvile litt innimellom, seier Ottesen og forklarar kvifor europasatsinga har vore viktig for Kaizers Orchestra.

- Moglegheitene blir så uendeleg mykje større. Med det grunnlaget vi no har lagt både her heime og ute, kan vi turnere kontinuerleg. Det er dette fundamentet som skal gjere det mogleg for oss å ha ei karriere som strekk seg langt fram i tid. For vi er ikkje ferdige enno, lovar Ottesen, som hadde tilbod frå dei aller fleste festivalane i Noreg denne sommaren. Likevel var det berre eit fåtal som fekk ja. målROCK, som hadde besøk av kaizerane i 2004, var blant dei heldige.

- Vi tykte det var veldig kjekt å spele der sist. Den gongen var det sol og 30 grader og vi var utpå fjorden i racerbåt saman med ein lokal indianar. Vi bada og fiska i Sognefjorden og hadde det heilt strålande, både før og under konserten. Men det er ikkje berre det som er grunnen til at vi kjem att. Vi føler også at vi må ta eit ansvar.

- Ansvar for kva?

- Kor mange norskspråklege band klarar du på ståande fot å ramse opp? Det er truleg ikkje mange. Nettopp difor tek Kaizers ansvar og syng på den breiaste dialekten av alle. Vi har til og med den største suksessen ute i Europa av alle. Målet vi brukar er litt av poenget for oss, og eg føler vi passar veldig godt inn i målROCK-set-tinga.

Ein annan festival som har hatt Kaizers Orchestra på besøk tidlegare, er Roskilde. I år spelte dei der for tredje året på rad.

- Det første året spelte vi på den gule scena framfor 10.000 tilskodarar, og hadde full klaff. Konserten skapte furore og blei kåra til årets beste konsert under heile festivalen. Den andre gongen spelte vi der med «Evig Pint»-plata på den grøne scena med endå fleire tilskodarar. Den gongen hadde vi litt tekniske vanskar og fekk ikkje full uttelling. Difor var det ekstra kjekt at vi i år, med Maestro, fekk sjansen på den oransje scena framfor 50.000 tilskodarar saman med artistar som Bob Dylan og Queens Of The Stoneage. Det er ei hyggeleg stadfesting for oss som band at Roskilde ville ha oss for tredje gong.

11. august får du servert verdas feitaste jærbu-tango frå scena på målROCK. Då har dei spelt om lag 110 konsertar etter at Maestro-plata kom.

- Showet vårt har utvikla seg veldig frå den første konserten vi gjorde på turneen og fram til i dag. Det har skjedd ting dag for dag, og vi varierer også frå konsert til konsert. Det er vi nøydde til å gjere, både for vår eigen del og for publikum sin del. Vi har ein del hardcore-fans som reiser rundt på mange konsertar, og for at dei skal sleppe å sjå det same kvar gong, må vi variere. Skulle vi gått på «repeat», ville det dessutan blitt kjedeleg for oss og då hadde vi heller ikkje hatt den naud-synte motivasjonen som må til for å gjere ein god konsert.

Kaizers Orchestra består av Janove «Sjakalen Kaizer» Ottesen, vokal, Geir «Hellraizer Kaizer» Zahl, gitar, Terje «Killmaster Kaizer» Vinterstø, gitar, Helge «Omen Kaizer» Risa, pumpeorgel, Øyvind «Thunder Kaizer» Storesund, kontrabass, Rune «Mink Kaizer» Solheim, trommer.

Du finn meir informasjon om målROCK-aktuelle Janove og Kaizers Orchestra på nettstaden www.kaizers.no.

Kaizers Orchestra tek kontroll på kontinentet. Sommaren har dei brukt til å utvide Kaizerriket slag for slag.

Fredag

11.08

kl. 00.3

0

Page 6: Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006 · 2012. 4. 26. · Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl

Fredag 11.08

kl. 19.00

Nephew er kritikar- og publikumsyndlingar i nabolandet i sør, og det er ikkje småtteri av ein CV bandet kan slå i bordet med. Høyr berre her:

I 2005 raska dei med seg heile fem prisar under Danish Music Awards. Då kvelden var omme kunne dei mellom anna smykke seg med tittelen «årets band». Dei fekk også pris for å ha levert årets album uansett sjanger, årets roc-kealbum, årets song og årets danske musikkvideo. Nephew har også vunne Nordic Music Awards som beste nye danske artist, og dei har fått ei heil rekke andre prisar frå ulike danske magasin og radiostasjonar.

Dei er vidkjente som eit svært solid liveband, og Simon Kvamm er ein av dei aller beste frontmennene i dansk rock om dagen. I 2004 stod bandet framfor 15.000 ekstatiske fans på Roskilde, og konserten vart av mange musikkjour-nalstar kåra til årets beste liveopptreden på den legenda-riske festivalen.

Men sjølv om det er no dei siste åra at det har teke av for Nephew, går historia heilt tilbake til 1996. Danskane pla-

tedebuterte i 1998 med ei sjølvfinansiert plate. «Tunes» blei trykt opp i beskjedne 500 eksemplar og blei sendt rundt til ulike plateselskap, spelestader og radiostasjonar. Konsertane blei fleire og fleire, og ryktet som eit pottetett liveband vaks.

Den verkelege albumdebuten kom i 2000. Då sleppte Nephew «Swimming Time». Publikum tok imot plata med opne armar, sjølv om det var mange som hadde vanskar med å forstå Simon Kvamm sine tekstmessige eksperiment. Kvamm blandar nemleg danske ord og frasar med engelsk. Dette har samstundes gitt Nephew eit særpreg som har skilt dei frå andre band. Etter ein hektisk start på årtusenet med drøssevis av kon-sertar i Danmark og Tyskland, møtte bandet veggen. I eit par månader av 2001 var bandet oppløyst, og dei bestemte seg for at ein stor festivaljobb skulle bli deira avskilskonsert. Dei leverte varene og i staden markerte dette showet ein ny start for Nephew.

Bandet gjekk i studio på ny, og for å få eit så levande og

energisk lydbilete som mogleg vart mesteparten av son-gane spelt inn «live» i studio. Blandingsforholdet mellom dansk og engelske er no bytta ut. No er det dansken som dominerer tekstane til Kvamm. Den musikalske og lyriske vridinga har dei lukkast fullt ut med. USADSB selte til dobbel platina og er no å finne i platehyllene til over 80.000 danskar. Bandet består av Simon Kvamm, vokal og tangentar, Kristian Riis, gitar, Kasper Toustrup, bass, Søren Arnholt, trommer og René Munk Thalund, tangentar med meir.

Meir om Nephew på www.nephew.dk.

For første gong får målROCK utanlandske gjester. Nephew har selt over 120.000 plater og er eit av Danmark sine aller største rockeband.

Nephew

Sidan i fjor har Raga Rockers vore på vegen. Det legenda-riske oslobandet gjorde over 20 konsertar på comeback-turneen sin, og selde mellom anna ut Rockefeller to gonger. Slett ikkje verst for eit band som på mange måtar er sjølve definisjonen av eit undegrunnsband!

Raga Rockers blei danna av rockepoeten Michael Krohn. Krohn hadde fram til då vore trommeslagar og låtskrivar i eit anna band med sterkt fotfeste i norsk rockehistorie, nemleg Kjøtt. Då Raga-frontmannen forlet punkbandet, fekk han samstundes fridom til å realisere låtane sine slik han sjølv ville.

Bandet debuterte i 1983 med albumet «The Return of Raga Rockers». Deretter følgte dei opp med album som «Maskiner I Nirvana», «Varme Dager», «Forbudte følelser», «Blaff» og «Rock’n Roll Party» som kom i 1990. Året etter sa det stopp for Raga. Det var rusk i maskineriet og i mai-utgåva av musikkavisa Puls kom Michael Krohn med følgjande melding:

«Her er Michael Krohn. Klokken er ti over to. Det er fredag fireogtyvende mai. Jeg kommer for å si at jeg skal oppløse Raga. Raga Rockers er ikke mer.»

Den gongen tok det fire år før rocketoget var på skinnene

igjen. «Perler for svin» frå 1995 markerte ein solid start på runde nummer to på oslobandet. To år etter lanserte dei «Til helvete med Raga Rockers», før det siste studioalbumet «Raga Rockers» kom ut i 2000. Deretter blei det stilt rundt Raga igjen før dei la ut på ein omfattande noregsturné i fjor. Gruppa gjekk også inn på ein imponerande andreplass på VG-lista med samlealbumet “Ragas Beste / Live fra Roskilde ‘99”.

Fredag 11. august står Raga Rockers på scena i Meieriparken. Dette blir garantert ein målROCK-klassikar levert av eit band som gjennom si 23 år lange karriere har gitt det norske rockepublikummet låtar som «Hun er fri», «Noen å hate», «Ole og Ali» og «Jeg tror jeg er noe».

Bandet består av Michael Krohn, vokal, Tore Berg, gitar, Livio Aiello, bass, Nils Aune, gitar, keyboards, Hugo Alvarstein, tangenter og Jan Kristiansen, slagverk.

Meir informasjon om Raga Rockers finn du på www.ragarockers.com.R

aga Rockers

Raga rockar igjen! Og dei har knapt vore større.

Fredag

11.08

kl. 22.0

0

Laurdag 12.08

kl. 23.15

Fredag 11. august får du stifte kjennskap med Vandring, eit nytt spennande og talentfullt bergensband. Debutplata til gruppa kom ut i mai og har fått namnet «Løynd i svevnen».

Sjølv om Vandring har tilhaldsstad i vestlandshovudstaden Bergen, har dei likevel bygda i sitt hjarte. Bergensbandet har eit ønskje om å få ungdom i byen til å sjå verdien av den vakre norske kulturarven og at også folk i byen skal nytta nynorsk. Difor er det også naturleg for dei å bruke språket aktivt i musikken sin. Dei let både folketradisjonar og norsk natur vere ei sterk kjelde til inspirasjon. Resultatet er rock med blanding av elektronica-impulsar, nasjonalromantikk og nynorske tekstar.

Med to trommeslagarar er rytmeseksjonen ein vesentleg del av lydbiletet til Vandring. Dette, saman med spelestilen til gitaristane og dei melankolske basslinjene, underbyggjer melodiane i vokalen på ein svært interessant måte.

Bandet består av: Eyvor Skogesal (vokal/fløyte), Eirik Digranes (bass), Geir Heimark (gitar), John Inge Ellingsæter (gitar), Anders Talleraas (el. og akk. trommer) og Einar Olsson (trommer/perk.).

Meir informasjon om Vandring finn du på www.vandring.no.

VandringBergensbandet Vandring brukar musikk for å fremje nynorsk.

Page 7: Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006 · 2012. 4. 26. · Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl

Torsdag 10. august opnar ei eiga kunstustilling i Samfunnshuset, og laurdag samlar aktuelle profilar som Halvor Folgerø, Finn Tokvam, Kai Martin Brekke, Maria Tryti Vennerød, Ragnar Hovland og Erling Lægreid seg til litteraturkveld på same stad. Litteraturkvelden var ein stor suksess i fjor, og ein av tilhøyrarane den gongen var nett-opp Erling Lægreid.

- Det var eit svært vellukka og interessant opplegg, og eg tykkjer både Frode Grytten og Olaug Nilssen gjorde ein fin figur. Det var dessutan gledeleg å sjå at det var smekkfullt i salen på eit slikt arrangement, seier Erling Lægreid, som under årets målROCK-dagar er aktuell med boka «Han». Boka, som blir gitt ut av forlaget Press, er ein del av ein serie småbøker der ei rekke norske forfattarar og profilar har fått fritt spelerom til å skrive om nett det dei vil. For Lægreid enda det i ei bok om sitt alterego.

- Det er på sett og vis meg og mine historier eg fortel, men det er ikkje noko sjølvbiografi eg gir ut. Eg står ikkje inne

for at alt det eg skriv om i boka er sant, seier Lægreid, som vil lese utdrag av boka under litteraturarrangementet.

Årdølen, NRK-profilen og målmannen har vore ein trufast målROCK’ar sidan starten, og han meiner festivalen har styrka Årdal sin posisjon som kulturstad og at festivalen har blitt ein viktig stad for nyskaping.

- Det finst snart ein festival i kvar einaste kommune i dette landet, og dei har lett for å bli veldig like. Men eg likar målROCK sin profil. Det er ein festival som har eit hav av moglegheiter, meiner Lægreid.

Han tykkjer det er gledeleg at årets målROCK for første gong får besøk frå utlandet gjennom danske Nephew, og Lægreid ser gjerne at endå fleire utanlandske band legg turen til Årdal og Meieriparken i august månad.

- målROCK har eit stort potensiale og det ville vere spen-nande å dra inn dialektbaserte aktivistar frå andre deler av

Europa også. Kvifor ikkje satse på irske og skotske band? Det rører seg også mykje spennande i både Sveits og Sør-Frankrike, og dette er band som ikkje nødvendigvis treng å koste all verda å hente inn. På den måten kan målROCK bli ein arena for nyskaping både på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan, seier Lægreid.

At festivalen også vier stor merksemd til både biletkunst og litteratur, skil også målROCK frå andre festivalar.

- Det er svært bra, og også litt overraskande, at eit littera-turarrangement som det i fjor trekkjer fulle hus.

Torsdag opnar ei variert salsutstilling i Samfunnshuset på Årdalstangen med ti kunstnarar. Jens Hauge, Janne Nes, Siri Brekke, Hege Gjerde, Frøydis Lunde, Jørgen Holen, Lars Øhlckers, Bjørn Kjødnes, Reidun Vinda og Rigmor Fjeldstad er kunstnarane som vil presentere sine arbeid under mål-ROCK-festivalen i Årdal.

Mål, kunst og litteratur gjer målROCK til noko meir enn ein vanleg festival. I år er Erling Lægreid og Ragnar Hovland blant forfattarane som set farge på målROCK.

Meir enn musikk

- Det blir veldig artig å vere med. Eg har aldri vore på festivalen før, men eg høyrte litteraturarrangementet i fjor var kjekt, og for meg som bur i Oslo gir det meg eit godt høve til å kjenne meg som vestlending og sogning, seier Maria Tryti Vennerød.

Dramatikaren, som skal ta del i litteraturarrangementet, er oppvaksen i Sogndal og i Førde, men har også nær slekt i målROCK-kommunen Årdal.

- Bestefar min bur på Tippen på Tangen, og mor mi vaks opp i bygda. Og sidan eg har røter i Årdal og Sogn, blir det ekstra spennande å vere med.

28-åringen har trass sin unge alder opplevd svært mykje som dramatikar. Ho debuterte med «Meir» og «Ta meg på vengene» ved Norsk Dramatikkfestival i 2002, to stykke

som seinare blei oppført på Sogn og Fjordane Teater. Våren 2004 blei ho igjen plukka ut til Norsk Dramatikkfestival med stykket «Dama i luka» og i mars 2005 blei ho tildelt Ibsen-prisen. Like etter var ho klar med «Frank» på Det Norske Teatret, eit stykke som ho vann ein norsk-svensk dramakonkurranse med. I «Frank» hadde mellom anna Nicolai Kleve Broch ei av hovudrollene.

- Det har skjedd mykje på kort tid. Eg håpar og trur at eg har hatt noko nytt å bidra med, men samstundes har eg vore heldig med timinga. Vi er inne i tid i teateret der dei i større grad enn tidlegare har både trua på og lysta til å prøve nye stemmer, seier Tryti Vennerød, som har meir enn nok å henge fingrane i om dagen.

- Eg og ein gjeng skodespelarar er i gang med eit prosjekt som vi har kalla «Gokk». Her skal eg både skrive

førestillinga og ha regien på stykket, så det blir litt spesielt. I tillegg er eg så og seie ferdig med stykket «Neverland». Stykket omhandlar mellom anna Michael Jackson. Eg har samarbeidd med Det Norske Teatret om å skrive det, men det har enno ikkje heilt komme i hamn som produksjon.

I arbeidet sitt brukar «sognesunnfjordingen» nynorsk.

- Nynorsken er språket mitt, og då er det naturleg for meg å bruke det i arbeidet mitt også. Når eg skriv så ønskjer eg å vere personleg, og for meg er nynorsk eit meir personleg språk. Ikkje berre fordi det ligg nærare talemålet mitt, men også fordi opphavet til sjølve språket er meir personleg, seier Tryti Vennerød

Laurdag 12. august kan du treffe ho i Samfunnshuset på Årdalstangen.

Maria gler seg til målROCK

Maria Tryti Vennerød har hatt ei rakettkarriere som dramatikar. No står målROCK for tur.

The Foes, eller på godt norsk «fiendane», har fått med seg Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee på nynorsk-prosjektet. Vee, som har målROCK-røynsle frå tida som tekstforfattar og songar i Strupetakarane, har skrive om alle dei engelske tekstane til lyrikk i god gammal «strupetakarånd».

målROCK-prosjektet er livedebuten til The Foes på morsmålet, men det er likevel ikkje første gong bandet syng på norsk. På Vålerenga-supporterane Klanen si plate frå tidlegare i år er dei bidragsytarar med låten «Vi er Klanen».

The Foes, som i desse dagar er i studio for å snekre saman debutalbumet sitt, stiller på heimebane under målROCK. Tre av bandmedlemmene er frå Årdal, og dei har gjort fleire konsertar i heimbygda. Gruppa har eit vidt spekter av låtar, og spelar alt frå det som har blitt beskrive som countrygrønsj til meir tradisjonelle pop- og rockelåtar.

Fredag 11. august får du med deg nynorsk-versjonen av The Foes i Meieriparken.

Bandet består av Odd Einar Nordheim, vokal og gitar, Frode Aga, vokal og gitar, Jo Schumann, gitar, Jarle Bernhoft, gitar, Alf Magne Hillestad, trommer og Endre Hareide, bass.

The Foes

Det skreiv VG sin musikksjef Stein Østbø då han roste Målrock-aktuelle Matpackers si siste av i alt fem plater, ”Hedersmann”, i fjor haust.

Matpackers frå Sandeid utanfor Haugesund platedebuterte allereie i 1997 og med kontinuerleg turneverksemd er dei etterkvart blitt eit av Noregs mest rutinerte konsertband. Laurdag 12. august slepp dei til på målROCK.

Bandet, som spelar ei blanding av irsk rock, rock, blues og roots, blei i 2002 kåra til årets artist i Rogaland. Tittelen

kapra dei framfor nasen til meir kjende namn som Bjørn Eidsvåg og Vamp.

Bandet består av Sveinung Bjelland, sang og gitar, Kjetil Ulland, bass, Jon Ornes, mandolin, gitar og banjo, Tore Knutsen, trommer, Nils Halleland, gitar og lapsteel og Reinhardt Toresen, kor og munnspel.

Meir informasjon om Matpackers finn du på www.matpackers.no

Matpackers- Tenk deg eit råare Hellbillies frå Haugesund, og vips så har du Matpackers!

Sleit du i tysk på vidaregåande og er nyfiken på innhaldet i hardrockarane Rammstein sine tekstar? Då er det berre å gle seg til målROCK 2006. Då kjem nemleg nynorskversjo-nen av det legendariske tyske rocketoget til Årdal. I vakker nynorsk språkbunad er «Weisses Fleich» forvandla til «Kvitt flesk», «Du riechst so gut» har blitt «Du duftar godt» og «Mein Teil» er i Rammsund sitt tekstunivers blitt «Lemmen min».

Rammsund er i likskap med Rammstein kjent som eit eksplosivt liveband. Dei har levert varene på stader som John Dee i Oslo, Kvarteret i Bergen og Blæst i Trondheim. Hausten 2005 bula veggene då dei sette publikumsrekord

på Oslo-bula «Blue Monk». Konsertane deira har kort og godt blitt eit kultfenomen. Kanskje ikkje så rart med tanke på at dei brukar verkemiddel som whiplash-trugande hovudslenging, stikkvåpen og eit og anna sexleiketøy for å halde konsentrasjonen til publikum oppe!

Bandet består av Geir «Gråbein» Nordby, sang, Nikko, gitar, Ali Reza Ahmadi, tangenter, Sigmund Bade, bass og Bjørn, batteri.

Meir informasjon om Rammsund finn du på www.rammsund.com

Rammsund er noko så eksotisk som ein nynorsk hyllest til dei tyske kultheltane i Rammstein.

RammsundFredag 11.08

kl. 20.45

Laurdag 12.08

kl. 20.30

Fredag 11.08

kl. 20.00Til vanleg syng The Foes på engelsk. Men på målROCK er det duka for urpremiere av låtane deira på nynorsk.

Page 8: Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006 · 2012. 4. 26. · Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl

- Grunnen til at vi ønskjer å bruka målROCK aktivt er at vi veit det er mange utflytte årdøler som er heime denne helga. Vår interesse er å skapa kontakt mellom dei og næringslivet, samt få dei registrert i databasen vår. Det er mange av desse som sit på kompetanse vi har bruk for her i Årdal, og kanskje kan vi få nokon til å flytte heim att på sikt, seier Jorunn Nilssen i Årdal Utvikling.

Det er dei som saman med Inkubas og Årdal Framtid står bak satsinga heimatt.no. I dag er 204 yrkesaktive

og 93 studentar registrerte i databasen, og fleire årdalsverksemder er også representerte.

- Vi hadde eit arrangement under målROCK på Klingenberg i fjor der Årdal Utvikling, Årdal Framtid og Inkubas orienterte om heimatt.no og ulike prosjekt som var på gang i bygda. Vi ønskjer å markere oss i år også, og oppmodar folk om å følgje med på heimatt.no for å få meir informasjon.

- Det er fem år sidan eg og familien kom tilbake, og vi har aldri angra på det valet vi gjorde, seier Harald Husabø, som den gongen gjekk frå å vere bedriftsrådgjevar i PricewaterhouseCoopers til å bli økonomisjef i den interna-sjonale karbonavdelinga til Hydro Aluminium.

- Det som var den største overraskinga for meg var kor store og spennande moglegheiter som låg i arbeidsmark-naden i Årdal. På grunn av Hydro er mykje av det som

skjer i bygda internasjonalt retta, og sjølv om eg jobba i ei utanlandsk verksemd i Bergen også, vart eg mykje meir internasjonalt aktiv i Årdal. Eg håpar fleire blir klar over dei interessante moglegheitene som finst her.

I dag er Husabø dagleg leiar i industriinkubatoren Inkubas, eit selskap som utviklar og etablerer nye industribedrifter i Årdal. Verksemda er eit viktig verktøy i omstillingsfasen årdalssamfunnet står midt oppi.

- Det kjem til å skje masse spennande i tida framover, og då må vi samstundes få folk med kompetanse til bygda. Vi håpar utflytte årdøler ser alle styrkane ved dette samfunnet og at dei har lyst til å flytte heim, seier Husabø, som trek-ker fram nettportalen heimatt.no som eit viktig instrument for å lukkast med det. Portalen har ein database der det er mogleg for utflytte årdøler å registrere seg og legge ut CV og informasjon om seg sjølve. Det er også ein portal som gir verksemdene i Årdal høve til å fortelje om kva som skjer i næringslivet.

- Vi ser at det er svært viktig å komme i kontakt med dei som har relasjonar til bygda. Det er gjerne lettare å få dei tilbake, enn det er å få folk utanfrå til å flytte hit, seier Husabø, som innser at kampen om arbeidskraft er stor.

- Det er stor etterspurnad etter arbeidskraft i Noreg, og den tradisjonelle måten å få tak i folk på fungerer ikkje like godt lenger. Gjennom møteplassen heimatt.no er det mogleg for verksemder å komme i direkte kontakt med folk som sit på den kompetansen dei er på jakt etter, seier

Husabø, som sjølv har mange positive røynsler med å busette seg på heimstaden etter mange år ute.

- Det er sjølvsagt både plussar og minusar, men for oss har det vore mest positive sider. Som familie har vi blitt langt meir sosiale etter at vi kom heim att, og sjølv om tilbodet var større i byen, er vi med på fleire aktivitetar her heime fordi det er lettare for oss. Vi har eit heilt anna nettverk rundt oss enn det vi hadde i Bergen, seier Husabø, som også framhevar målROCK som eit av fleire viktige arrange-ment som kan gjere Årdal til ein attraktiv plass å etablere seg på.

- målROCK er eit sosialt og samlande arrangement der det blir lagt ned ein formidabel dugnadsinnsats både før, under og etter festivalen. Arrangementet har blitt ein sam-lingsstad der du kan treffe venner og kjente, og kvaliteten på musikken er så god at den også er med på å trekke folk utanfrå bygda. Det er heilt klart med på å sette eit positivt lys på Årdal.

Han gler seg til årets målROCK, og det er spesielt eitt band han gler seg til å høyre.

- I år er det ti år sidan Raga Rockers spelte på Uken i Bergen, og eg var fotograf på konserten. Det var 1000-1500 tilskodarar til stades og då var det gjevt å få den vesle meteren framfor scena som gjorde at du kom ekstra tett innpå bandet. Eg gler meg til å høyre Raga igjen.

- målROCK bidreg positivt Etter åtte år i Bergen vende Harald Husabø heim til Årdal. No jobbar han for at fleire utflytte årdøler skal gjere det same.

Heimatt.no vil markere segNettportalen heimatt.no håpar målROCK vil hjelpe dei i å nå ut til endå fleire utflytte årdøler.

ENTREPRENØRFORRETNING

Sponsorar

Hovudsponsor Sponsorar

Olav O. Hæreid & Sønn AS

Årdalstangen

Farnes Storkiosk

Page 9: Meieriparken Årdalstangen 10. - 12. august 2006 · 2012. 4. 26. · Det dukkar alltid opp gamle flotte ord som ein kan blåse nytt liv i, seier Runar Gudnason, alias Thorstein Hyl