4
Oppsummering av desember Me hadde som mål i desember og ta vare på juletradisjonane mellom anna med å synge julesongar og vere ute i snøen. På avdelinga hadde me peparkaker hengande, desse var populære blant dei små. Alle fekk med seg heim peparkakehjarta frå adventskalendaren vår og nokon ville gjerne ha med heim litt oftare enn dei kunne få Me hengde opp raude hjarter i glaset og hadde adventsamlingar på adventsrommet vårt. Me kveikte lys, song , før me avslutta med å holde kvarandre i hendene og song «jul med din glede», med klapping og bukking og å neie. Me yngste å vere motvekt til eit travelt samfunn og ha rolege, gode dagar. Det synst me at me stort sett lukkast med. Me hadde mange opne dagar, der borna gjorde det dei ville og nokre ting me tilbydde dei å vere med på som å bake peparkaker eller lussekattar. Nokon av oss var i kyrkja, me hadde besøk av 6.klassenissar, me leika i aulaen og me pynta oss og hadde julebord. Julegåvene vart stort sett laga i november, håpar dei fall i smak. Språkutvikling I rammeplan for barnehagen står det «Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale.» Me kan nok med handa på hjarta seie at det er ikkje ein dag på Rosa utan at det blir lese for borna. Nokre gonger les me høgt, til dømes i fruktstunda. Men kvar dag blir det lese til einskildbarn eller til små grupper av barn. Nokre av borna er flittigare å komme med bøker enn andre, det kjem an på interesse og alder. Samtale er me bevisste på, og me snakkar mykje med borna. I desember gjekk det mykje i julesongar. Favorittane var nok «På låven sitter nissen» og «Å jul med din glede». På sistnemde holdt me i hendene og gjekk i ring alle saman, me bukka, neia og snudde oss – veldig stas. I «På låven sitter nissen» brukar me teikn. Me ser at fleire og fleire brukar hendene sine når dei syng denne. Dei er trygge på kvarandre og hermar. Det er så bra. Pedagogisk leiar har observert nokre av dei når dei har sunge i lag med heile barnehagen, då observerar dei og det kjem kanskje lite til uttrykk. Når me så kjem på Rosa og er i den velse gruppa så er det heilt annleis. Synd de foreldre ikkje får sjå det! Det gjev så mykje glede for oss som jobbar med desse små å sjå utviklinga deira, kor fort ein del av dei dei skjønnar begrep me jobbar med. Me ser og at dei prøver å ta etter både i song og rørsle alt etter alder og modning. Me synst me er heldige som får vere med dei dag etter dag Mobiltelefonnummer til Rosa avdeling 459 75 898 .

Mobiltelefonnummer til Rosa avdeling 459 75 898 fileOppsummering av desember Me hadde som mål i desember og ta vare på juletradisjonane mellom anna med å synge julesongar og vere

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Mobiltelefonnummer til Rosa avdeling 459 75 898 fileOppsummering av desember Me hadde som mål i desember og ta vare på juletradisjonane mellom anna med å synge julesongar og vere

Oppsummering av

desember

Me hadde som mål i desember og ta vare på juletradisjonane mellom anna med å synge julesongar og vere ute i snøen. På avdelinga hadde me peparkaker hengande, desse var populære blant dei små. Alle fekk med seg heim peparkakehjarta frå adventskalendaren vår og nokon ville gjerne ha med heim litt oftare enn dei kunne få Me hengde opp raude hjarter i glaset og hadde adventsamlingar på adventsrommet vårt. Me kveikte lys, song , før me avslutta med å holde kvarandre i hendene og song «jul med din glede», med klapping og bukking og å neie. Me yngste å vere motvekt til eit travelt samfunn og ha rolege, gode dagar. Det synst me at me stort sett lukkast med. Me hadde mange opne dagar, der borna gjorde det dei ville og nokre ting me tilbydde dei å vere med på som å bake peparkaker eller lussekattar. Nokon av oss var i kyrkja, me hadde besøk av 6.klassenissar, me leika i aulaen og me pynta oss og hadde julebord. Julegåvene vart stort sett laga i november, håpar dei fall i smak.

Språkutvikling

I rammeplan for barnehagen står det «Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale.» Me kan nok med handa på hjarta seie at det er ikkje ein dag på Rosa utan at det blir lese for borna. Nokre gonger les me høgt, til dømes i fruktstunda. Men kvar dag blir det lese til einskildbarn eller til små grupper av barn. Nokre av borna er flittigare å komme med bøker enn andre, det kjem an på interesse og alder. Samtale er me bevisste på, og me snakkar mykje med borna. I desember gjekk det mykje i julesongar. Favorittane var nok «På låven sitter nissen» og «Å jul med din glede». På sistnemde holdt me i hendene og gjekk i ring alle saman, me bukka, neia og snudde oss – veldig stas. I «På låven sitter nissen» brukar me teikn. Me ser at fleire og fleire brukar hendene sine når dei syng denne. Dei er trygge på kvarandre og hermar. Det er så bra. Pedagogisk leiar har observert nokre av dei når dei har sunge i lag med heile barnehagen, då observerar dei og det kjem kanskje lite til uttrykk. Når me så kjem på Rosa og er i den velse gruppa så er det heilt annleis. Synd de foreldre ikkje får sjå det! Det gjev så mykje glede for oss som jobbar med desse små å sjå utviklinga deira, kor fort ein del av dei dei skjønnar begrep me jobbar med. Me ser og at dei prøver å ta etter både i song og rørsle alt etter alder og modning. Me synst me er heldige som får vere med dei dag etter dag

Mobiltelefonnummer til Rosa avdeling 459 75 898

.

Page 2: Mobiltelefonnummer til Rosa avdeling 459 75 898 fileOppsummering av desember Me hadde som mål i desember og ta vare på juletradisjonane mellom anna med å synge julesongar og vere

Leik

Me observerar at nokre av borna byrjar å leike meir rolleleik. Mange er opptekne av mat, dei kjem med kaffi og te til oss rett som det er. Me har fått leikekjøkken inn på det nye rommet vårt og det er populært til matlaging. Me ser at det blir frustrasjon når nokon tek til dømes fatet som var dekka på bordet (utan lov!), men me lærer av våre erfaringar Leikekjøkenet blir og brukt til mange andre ting, som å klatre på, eller å ta ulike leiker inn i osv. Greitt at tinga kan brukast allsidig! No i det siste han nokre av borna vorte inspirerte av nissar og komme bærande med saccosekkar som var sekkar med gåver i. Ein dag i desember samla me alle 2 åringane, dei som er fødde i 2015. Me var i aulaen og leika, song og gjekk rundt juletre. Pr no er det 17 barn som er fødde det året. Me hadde ei god stund i lag, virka som om dette var noko som var kjekt for mange av dei.

Turar og

fysisk aktivitet

Psykisk helse

Nokre dagar i desember var det hardt ute og vanskeleg å føta seg. Det var mykje knall og fall og fort gråt. Me gjekk då heller tur. Hestane er som mange veit populært å gå å sjå på. Me har mykje å snakka om rundt dei, som korleis dei ser ut og oppfører seg, maten dei et mm. Nokre gonger går me til dei, andre gonger i vogn for å dra litt lenger. Me har vore i ballbingen, framover i Grindane eller andre stader i nærområdet. I ballbingen erfarte borna at det var snø, og litt vanskeleg å bruke ball. Det var forresten og vanskeleg å føte seg for ein del. For at barn skal utvikle god psykisk helse er det viktig at me snakkar med dei og er gode omsorgspersonar for dei. Det er dei små avhengig av heilt frå dei som nyfødde kjem til verda. I desse tider der det er lett å sjå på mobiltelefon, nettbrett eller liknande i staden for å gje merksemda til dei små. Me tek bileter med mobiltelefon og legg ut bileter på facebook og brukar mobiltelefon til det. Er likevel bevisste på å legge vekk mobilen når me har «gjort det me skal».

Mål og innhald for

januar

I januar blir Rosa utvida frå 18 – 24 plassar. Det blir fleire små og fleire vaksne. Gunn Jorunn Hesjevoll skal vera barnehagelærar i 70 % og Silje Vinda i 30 %, pluss at ho er fagarbeidar i 20%. I tillegg blir lærling Marita Gjerde med oss nokre veker framover. Det blir innkøyringsperiode både for nye og oss andre som er der no som må tilpasse oss den nye kvardagen. Det blir spanande På årsplan står vinter og leseøkter. Me vil jobbe ekstra mykje med eventyret «Skinnvotten». Me har laga eventyrkoffert til eventyret som me vil bruke. For dei minste vil me ha ekstra fokus på «Babblarna», dei er og måla på eine glaset på avdelinga.

Page 3: Mobiltelefonnummer til Rosa avdeling 459 75 898 fileOppsummering av desember Me hadde som mål i desember og ta vare på juletradisjonane mellom anna med å synge julesongar og vere

Anna informasjon

Minner om at me fortsatt hugsar å merke klea til borna, no blir det fleire som skal ha sine kle i garderobane.

Minner om at borna til ei kvar tid har bytekle i barnehagen, og at dei har varme kle. For oss er det gjerne betre med «for mykje» enn for lite, me kan då vurdere kva borna har på til ei kvar tid.

Nokre glimt frå desember-

kvardagen. På nederste bilete

er det adventsamling, med

julekveldsvisa og bileter frå ei

bok.

Page 4: Mobiltelefonnummer til Rosa avdeling 459 75 898 fileOppsummering av desember Me hadde som mål i desember og ta vare på juletradisjonane mellom anna med å synge julesongar og vere

Her glimt bla. frå nissefesten, der

mange 6.klassenissar kom og

leika, song og åt graut med oss.