4
kort klart & TORSDAG 06.10.2016 NYHENDE PÅ NYNORSK 16 Foto: AP / NTB scanpix REDDA: Ei lita jente blir redda ut frå ruinane. Ho heiter Ghazal Akhtarini og er blant dei heldige i Aleppo i Syria. Ingen kan gøyme seg for bombene. Hjelpearbeidarane er dei einaste heltane i Aleppo. Barneføter stikk ut frå ruinane. Aleppo i Syria er bomba 1.700 gonger på få dagar. Minst 400 mennesker er døde. Syria si regjering og Russland bombar. Dei skal skremme opprørarar ut av byen. Frivillige i organisasjonen Kvite hjelmar jobbar utan stopp. Dei leitar etter skadde og døde i øydelagde bygningar. Seks år gamle Ghazal Akhtarini er éi av dei heldige. Ho blei gravd fram levande i helga, ifølge nettstaden News Center. Det var nyleg ein kort pause i krigen i Syria. Barn leika i gatene. Naboar drakk kaffi saman i sola. Men no er kampen i Aleppo verre enn nokosinne. Skular og sjukehus blir bomba. – Aleppo er eit helvete. Det finst ikkje trygge stader. Dei nye rakettane kan nå over alt, seier Marcell Shewaro til Klar Tale. Ho er leiar i organisasjonen Kesh Malek. Elin B. Øvrebø [email protected] Siste håpet Les meir på side 2 – Nobelprisen betyr mykje. Kjende og ukjende har fått han. ØKONOMI: Tog står stille. Lokførarane streikar. Frå laurdag skal endå fleire lokførarar streike. Legar, ingeniørar og andre streikar også. Sjukehusstreiken har vart i ein månad allereie. I tillegg streikar folk som jobbar med oljeservice og energi. POLEN: Polen har strenge reglar mot abort. Politikarane skal bestemme om lova skal bli endå strengare. Det kan bli heilt ulovleg å ta abort. Folk som ernar foster kan bli straffa med fem års fengsel, skriv avisa Aftenposten. Fleire streikar på same tid Polen kan få strengare reglar

NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/standard/... · Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Kjelder: NRK, Dagbladet, Dagsavisen OPPGÅVA. TORSDAG VERDA 6 .1 .2016 3 ... Menn med våpen rana

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/standard/... · Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Kjelder: NRK, Dagbladet, Dagsavisen OPPGÅVA. TORSDAG VERDA 6 .1 .2016 3 ... Menn med våpen rana

kortklart& TORSDAG

06.10.2016

NYHENDE PÅ NYNORSK

16Fo

to: A

P /

NT

B s

canp

ix

REDDA: Ei lita jente blir redda ut frå ruinane. Ho heiter Ghazal Akhtarini og er blant dei heldige i Aleppo i Syria.

● Ingen kan gøyme seg for bombene. Hjelpearbeidarane er dei einaste heltane i Aleppo.

Barneføter stikk ut frå ruinane. Aleppo i Syria er bomba 1.700 gonger på få dagar. Minst 400 mennesker er døde. Syria si regjering og Russland bombar. Dei skal skremme opprørarar ut av byen.

Frivillige i organisasjonen Kvite hjelmar jobbar utan stopp. Dei leitar etter skadde og døde i øydelagde bygningar. Seks år gamle Ghazal Akhtarini er éi av dei heldige. Ho blei gravd

fram levande i helga, ifølge nettstaden News Center.

Det var nyleg ein kort pause i krigen i Syria. Barn leika i gatene. Naboar drakk kaffi saman i sola. Men no er kampen i Aleppo verre enn nokosinne. Skular og sjukehus blir bomba.

– Aleppo er eit helvete. Det finst ikkje trygge stader. Dei nye rakettane kan nå over alt, seier Marcell Shewaro til Klar Tale. Ho er leiar i organisasjonen Kesh Malek.

Elin B. Øvrebø[email protected]

Siste håpetLes meir på side 2

– Nobelprisen betyr mykje. Kjende og ukjende har fått han.

ØKONOMI: Tog står stille. Lokførarane streikar. Frå laurdag skal endå fleire lokførarar streike. Legar, ingeniørar og andre streikar også. Sjukehusstreiken har vart i ein månad allereie. I tillegg streikar folk som jobbar med oljeservice og energi.

POLEN: Polen har strenge reglar mot abort. Politikarane skal bestemme om lova skal bli endå strengare. Det kan bli heilt ulovleg å ta abort. Folk som fjernar foster kan bli straffa med fem års fengsel, skriv avisa Aftenposten.

Fleire streikar på same tid

Polen kan få strengare reglar

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/standard/... · Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Kjelder: NRK, Dagbladet, Dagsavisen OPPGÅVA. TORSDAG VERDA 6 .1 .2016 3 ... Menn med våpen rana

2 TORSDAG06.10.2016NOREG

Då prisen laga bråk ● Fredag veit vi kven som

får Nobels fredspris. Her er nokre nobelprisar som laga trøbbel.

Nobels fredspris er ein av dei viktigaste prisane i verda. Den blir delt ut i Noreg. – Prisen betyr mykje. Både kjende og heilt ukjende har fått han. Det er viktig, seier Kristian Berg Harpviken til Klar Tale. Han forskar på fred.

Prisen blir gitt til folk som jobbar spesielt mykje for fred. Nokre år skal prisen inspirere til meir fredsarbeid. Harpviken nemner president Barack Obama i USA. Han fekk Nobels fredspris før han hadde gjort noko. Mange var usamde

i at han skulle få prisen.

Statsminister Esaku Sato i Japan fekk fredsprisen i 1974. Han skreiv under på ein avtale mot atomvåpen. Men Sato var eigentleg ikkje imot atomvåpen.

Leiarar i Palestina og Israel fekk prisen i 1994. Dei signerte ein fredsavtale. Men avtalen hjelpte ikkje. Det er framleis ikkje fred mellom palestinarane og Israel.

I 2006 fekk Muhammad Yunus fredsprisen. Han starta ein bank i Bangladesh. Banken skulle hjelpe fattige. Dei kunne få små lån. Mange trudde låna skulle fjerne fattigdom.

Men folk klarte ikkje å betale tilbake. Låna var for dyre.

Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010. Han kjempa for menneskerettar i Kina. Men Kina blei sinte og ville ikkje snakke med Noreg. Mange meinte det var feil å gje prisen til Xiaobo.

Nobels fredspris betyr likevel mykje, ifølge Harpviken. Vinnarar får mykje merksemd. Då kan det skje endringar.– Men Liu Xiaobo fekk det verre, seier han.

Kristine Lindebø [email protected]

BRÅK: Liu Xiaobo fekk fredsprisen i 2010. Han kunne ikkje komme til Oslo ta imot prisen sjølv. Han sat i fengsel.

Foto

: Hei

ko J

unge

/ N

TB

sca

npix

Kjelder: NRK, Dagbladet, Dagsavisen

OPPGÅVA

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/standard/... · Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Kjelder: NRK, Dagbladet, Dagsavisen OPPGÅVA. TORSDAG VERDA 6 .1 .2016 3 ... Menn med våpen rana

TORSDAG06.10.2016 3 VERDA

● 53 år gammal, statsminister i Ungarn. Ungarn bør ta imot 1.294 personar, meiner EU. Men Orbán vil ikkje at Ungarn skal ta imot flyktningar og asylsøkarar. Derfor arrangerte han ei folkerøysting. Få personar stemte under folkerøystinga. Derfor er ikkje resultatet gyldig.

NAMN I NYHENDA

Foto: AFP

/ NT

B scanpix

Viktor Orbán

Stemte nei til fredsavtalen i ColombiaCOLOMBIA: Folk i Colombia sa nei til ein fredsavtale søndag. Regjeringa og geriljagruppa FARC har jobba med avtalen i fleire år. 50,2 prosent stemte mot avtalen, skriv nyhendebyrået NTB.

Fredsavtalen er historisk. FARC har kriga mot styresmaktene i meir enn 50 år. Minst 220.000

menneske er drepne og fleire millionar har flykta.

Mange i Colombia er skuffa fordi folk sa nei.– Eg gir meg ikkje. Eg vil kjempe for fred til den siste dagen i perioden min, sa president Juan Manuel Santos.

Fredsavtalen er ikkje god nok,

meiner folk. FARC slepp unna strenge straffer. Geriljaen har kidnappa, drepe og torturert folk.

No må partane endre på avtalen.

Elin B. Øvrebø[email protected]

HAITI: Orkanen Matthew herja i Haiti tysdag. Orkanen reiv ned tre, skular og hustak. Minst 11 menneske døydde på grunn av uvêret. Ein mann døydde då han redda eit barn i Haiti. Barnet hadde falle ut i ei oversvømt elv. Det overlevde.– Det er den verste orkanen eg har sett nokon gong, sa Fidele Nicolas i sivilforsvaret i Haiti. Det skriv nyhendebyrået NTB.

Uvêret herja, drap og øydela

ORKAN: Orkanen Matthew øydela i Haiti.

UTSLEPP: Fabrikkar i India forureinar mykje.

Foto: Reuters / NTB scanpixFoto: Money Sharma / AFP / NTB scanpix

Prest han bli helgenITALIA: Vatikanet vil gjere presten Jacques Hamel heilag. Han blei drepen av terroristar i juli. Det skjedde i den katolske kyrkja Saint-Étienne-du-Rouvray i Frankrike. Pave Frans kallar presten ein martyr, skriv kanalen NRK.

Skal forureine mindreINDIA: 62 land vil følge avtalen om eit betre klima. Også India har sagt ja til å følge Parisavtalen. Landet skal forureine mindre dei neste åra. India er blant landa som forureinar mest, skriv NTB.

Kort fortaltMinst 52 menneske blei trakka i hel. Det skjedde på ein religiøs festival i Etiopia søndag.

Ei kvinne blei truleg drepen av ein elg i Alaska i USA. Ho blei funnen utanfor huset sitt.

President-kandidat Donald Trump i USA har truleg ikkje betalt skatt på 18 år. Kjelde: NTB

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/standard/... · Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Kjelder: NRK, Dagbladet, Dagsavisen OPPGÅVA. TORSDAG VERDA 6 .1 .2016 3 ... Menn med våpen rana

4 KULTUR Konstituert redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er omsette frå lettlest-avisa Klar Tale.

– Kva er favorittordet ditt?– «Nestekjærleik».

– Kvifor likar du dette ordet så godt?– Ordet lyser opp i ei uroleg og egoistisk verd. Vi må seie det ofte både med ord og handlingar. – Kva ord likar du ikkje?– «Egoisme». Vi i Noreg har det så utruleg godt. Likevel har vi strenge reglar for innvandrarar. – Kva er eit typisk musikk-ord?– «Følelse». Musikk utan følelsar kan vere så bra som berre det. Men utan nerve og følelse, likar eg det ikkje.

– Kva ord skildrar deg best?– «Entusiastisk». Eg blir lett veldig entusiastisk.

Karin Flø[email protected]

Kurt Ove Mæland er 45 år gammal og artist. Han er ute med albumet «Kom helt inn».

Glad for å bu i Noreg

Foto: Privat

Draumar som aldri døyr » Bobby Dorfman vil prøve lykka som skodespelar. Han reiser

til Hollywood i Los Angeles. Men draumen blir knust. Bobby blir ulykkeleg forelska. Han endar opp heime i New York. Der lagar han ein nattklubb for rike menneske. Filmen «Café Society» har premiere fredag. Han passar for alle over 12 år.

Foto: Norsk Film

distribusjon

FILM

KRIMINALITET: TV-stjerna Kim Kardashian West skulle sjå moteshow i Paris i Frankrike. Men ranarar trua seg inn der ho budde. Det skjedde natt til måndag. Kim skal ha blitt bunden fast. Ranarane stjal smykke verd 90 millionar kroner. Ektemannen Kanye West måtte avbryte ein konsert.

Menn med våpen rana Kim

RANA: Stjerna Kim Kardashian West blei rana på eit hotell.

Foto: AFP / NTB scanpix

Ny «Skam» midt på nattaFJERNSYN: Serien «Skam» er i gang igjen. Kanalen NRK slapp ein ny episode midt på natta, skriv avisa Dagbladet. Den nye sesongen skal handle om Isak. Episoden startar med at Isak og vennene er på fest. Der møter han ei dame, men det kjennest ikkje rett å kysse henne.

Veit kven forfattaren erBOK: Elena Ferrante har mellom anna skrive boka «Min brilliante venninne». Men ho brukar ikkje det verkelege namnet sitt. Fleire medium skriv at Anita Raja er kvinna som skriv bøkene. Ho er frå Italia og jobbar i eit forlag.

MITT ORD

‘‘