2
SAMFUNN 4 DAG OG TID FREDAG 8. AUGUST 2014 Når det beste ikkje er godt nok Då Verdsbanken rangerte tollstella i verda i år, kom Noreg på fyrsteplass. Kvifor skal dei då verta omorganiserte? TOLLSTELLET THERESE SOLLIEN [email protected] I sumar kom regjeringa med ei pressemelding. Det var ei nyde- leg melding om effektivisering og avbyråkratisering, heilt i tråd med kva ein veljar kan ynskja seg om ein har røysta på ei blåblå regjering. Skatteinnkrevjinga skulle verta effektivisert, skreiv dei. Heile fem hundre plagsame byrå- kratar såg dei føre seg å kunna kvitta seg med gjennom desse omstruktureringane, og fleire hundre millionar kroner hevda dei å kunna spara. Attåt skulle dei kjempa mot svart økonomi og økonomisk kriminalitet: «Ansva- ret for å fastsette, innkreve og kontrollere skatter og avgifter blir samlet i en etat. Dette vil blant annet styrke Skatteeta- ten i kampen mot svart arbeid», kunne ein lesa i meldinga. Pressemeldinga fylgde opp to oppdragsbrev som kom ut tidle- gare i år. Der skreiv dei ikkje so mykje om effektivisering og avby- råkratisering, men heller om det dei kalla ei «styrking». Jau, Toll- og avgiftsetaten skal verta styrkt. Det skal regjeringa få til ved å flytta fleire sentrale oppgåver frå nett denne etaten over til Skatte- etaten: «Den nye tolletaten skal styrkes og rendyrkes til å drive grensekontroll og vareførsels- administrasjon. Vi viser i denne sammenheng til oppdragsbrev om overføring av forvaltningen av særavgifter og innførselsmer- verdiavgift», sa dei. Om ein ikkje er flytande i byråkratspråk, tyder ei slik styr- kjing at sidan tollarane får færre oppgåver, skal dei verta betre på å gjera dei oppgåvene dei sit att med. Slik må ein forstå oppdrags- brevet, for kva konkret styrkjing som skal gå føre seg, ynskjer dei at det snart svekte tollstellet sjølv skal gjera greie for. Oppdragsbrevet nemner at det kanskje kan vera tale om noko ny teknologi, at tollarane kan- skje skal få nytta blåljos, dei bed tollstellet koma med framlegg til «IKT-strategi, IKT-arkitektur og IKT-målbilde», og sjølvsagt må dei finna ut korleis dei no skal verta administrerte med den nye organiseringa. Ein månad seinare kom ein rapport frå Verdsbanken. Verds- banken hadde rangert alle toll- stella i verda, og dei hadde kome fram til at i Noreg hadde me det beste tollstellet av alle land i heile verda. Kvifor? Av di tolla- rane i Noreg var so effektive på nett dei oppgåvene regjeringa no skal flytta over til Skatteetaten. FLYTTING AV OPPGÅVER Nett kva er desse oppgåvene? Det fyrste har å gjera med innkrev- jing av meirverdiavgift. Slik det er no, må ei verksemd som vil importera noko til Noreg, betala inn meirverdiavgift når vara kjem over grensa. Etter at verk- semda har selt vara til ein forbru- kar, får dei pengane attende frå staten. Slik er det av di det er for- brukaren som skal betala meir- verdiavgifta, ikkje verksemda. Systemet er godt; staten beta- lar sjølvsagt alltid attende peng- ane som dei skal, og pålitelege og kredittverdige verksemder får noko dei kallar tollkreditt. Det tyder at verksemder kan få ei rekning på denne meirverdi- avgifta og gjera opp for seg kvar månad i staden for kvar gong ei vare kjem over grensa. Det er effektivt, og om verksemdene ikkje betalar, er det slutt på toll- kreditten. Staten er streng, og difor verkar systemet godt. Og viktigast av alt: Staten får inn alle pengane dei skal ha. Men no vil regjeringa altso gjera om for å effektivisera, seier dei. I staden for å betala inn meir- verdiavgifta til tollstellet på føre- hand, vil dei no at meirverdiav- gifta skal verta betalt inn på etter- skot, og skatteetaten skal krevja henne inn i staden for at tolla- rane tek henne inn på grensa. «Utsett meirverdiavgift» kal- lar dei det, og det er slik dei gjer det i andre EU-land. Kva kan vera gale med det? Vel, for det fyrste kjem den svarte økonomien til å auka med 19 milliardar per år, meiner leiaren i Norsk Tollerfor- bund, Fredrik Støtvig. KARUSELLSVINDEL – Om du tenkjer deg at ei verk- semd i Noreg tingar nokre varer frå ei verksemd i utlandet – og hugsa at dette er virtuelle trans- aksjonar og ikkje fysiske varer – so kjem dei med ein faktura. Fysisk kontroll er trass i alt sjel- dan. Prosedyren går som han skal, ein betalar toll og avgifter, og desse pengane får ein attende frå staten i etterkant. Slik funge- rer innføringsmoms; ein betalar ved grensepassering, og når vara vert seld ut frå lageret, får verk- semda pengane attende frå Skat- teetaten. Forbrukaren er den som betalar i siste instans. Men på dette viset sikrar me at staten får inn dei pengane han skal, med ein gong, seier Støtvig. – Kva skal verta annleis, og kvi- for kjem den svarte økonomien til å auka? – Poenget er at vara til svind- larane aldri vert seld; ho har som oftast berre eksistert på papi- ret. Skal ein taka inn momsen på etterskot, kjem desse karu- sellsvindlarane med ein gong. Det dei gjer, er å senda fakturaen til staten, og staten er ein pålite- leg aktør, han betalar alltid, sjølv- sagt. Og når pengane fyrst har vorte betalte ut, har verksemda alt forsvunne. Varene har typisk aldri ein gong vore i landet, verk- semda er borte. Her kan det vera tale om mange verksemder og underverksemder, og dei hand- lar snøgt. Transaksjonane går so snøgt at pengane berre forsvinn. – Og dette er vanleg i EU? – Dette er vanleg i dei landa som har slik utsett meirverdi- avgift. Finansdepartementet seier at me skal sjå til Sverige og få røynsler derfrå, men i Sverige la dei om so seint som i januar 2014. I andre land der dei nyttar dette systemet, reknar dei med at 16 prosent går til karusellsvindel. Det er eit konservativt overslag. I Noreg har problemet vore nær ikkje-eksisterande. I England la dei om til utsett meirverdiavgift ein gong i 90-åra, men dei gjekk attende til systemet me nyttar innan kort tid. VAR ALT ANNLEIS I 2006? I 2005 ynskte staten å sjå på om det kunne ha noko føre seg å leg- gja om til utsett meirverdiav- gift. I motsetnad til no var saka n Regjeringa vil flytta oppgåvene med å taka inn meirverdiavgift og særavgif- ter frå tollstellet til skatte- etaten. n For å effektivisera vil dei òg gjera om meirverdiavgifta frå førehandsbetaling til utsett innbetaling. n Ei arbeidsgruppe som evaluerte ei slik omleggjing i 2006, konkluderte med at ein ikkje burde leggja om systemet i Noreg. n Verdsbanken har kåra tollstellet i Noreg til det beste i verda. n Eit overslag syner at ei slik omleggjing kjem til å auka den svarte økonomien med 19 milliardar kroner per år. Bakgrunn – I andre land der dei nyttar dette systemet, reknar dei med at 16 prosent går til karusell- svindel. Fredrik Støtvig, leiar i Norsk Tollerforbund Tollstellet i Noreg har vorte kåra til det beste i verda, men regjeringa vil overføra oppgåvene dei er aller be Fredrik Støtvig meiner Finansdepartementet burde høyra med tollstellet korleis dei kan verta betre. Foto: Therese Sollien

Presseklipp - Dag & Tid 08.08.2014

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Artikkel i ukeavisen Dag & Tid 08.08.2014 som omhandler oppgaveoverføringen fra toll til skatt (ETO).

Citation preview

Page 1: Presseklipp - Dag & Tid 08.08.2014

SAMFUNN4 DAG OG TID FREDAG 8. AUGUST 2014

Når det beste ikkje er godt nokDå Verdsbanken rangerte tollstella i verda i år, kom Noreg på fyrsteplass. Kvifor skal dei då verta omorganiserte?

TOLLSTELLETTHERESE [email protected]

I sumar kom regjeringa med ei pressemelding. Det var ei nyde-leg melding om effektivisering

og avbyråkratisering, heilt i tråd med kva ein veljar kan ynskja seg om ein har røysta på ei blåblå regjering.

Skatteinnkrevjinga skulle verta effektivisert, skreiv dei. Heile fem hundre plagsame byrå-kratar såg dei føre seg å kunna kvitta seg med gjennom desse omstruktureringane, og fleire hundre millionar kroner hevda dei å kunna spara. Attåt skulle dei kjempa mot svart økonomi og økonomisk kriminalitet: «Ansva-ret for å fastsette, innkreve og kontrollere skatter og avgifter blir samlet i en etat. Dette vil blant annet styrke Skatteeta-ten i kampen mot svart arbeid», kunne ein lesa i meldinga.

Pressemeldinga fylgde opp to oppdragsbrev som kom ut tidle-gare i år. Der skreiv dei ikkje so mykje om effektivisering og avby-råkratisering, men heller om det dei kalla ei «styrking». Jau, Toll- og avgiftsetaten skal verta styrkt. Det skal regjeringa få til ved å flytta fleire sentrale oppgåver frå nett denne etaten over til Skatte-etaten: «Den nye tolletaten skal styrkes og rendyrkes til å drive grensekontroll og vareførsels-administrasjon. Vi viser i denne sammenheng til oppdragsbrev om overføring av forvaltning en av særavgifter og innførselsmer-verdiavgift», sa dei.

Om ein ikkje er flytande i byråkratspråk, tyder ei slik styr-kjing at sidan tollarane får færre

oppgåver, skal dei verta betre på å gjera dei oppgåvene dei sit att med. Slik må ein forstå oppdrags-brevet, for kva konkret styrkjing som skal gå føre seg, ynskjer dei at det snart svekte tollstellet sjølv skal gjera greie for.

Oppdragsbrevet nemner at det kanskje kan vera tale om noko ny teknologi, at tollarane kan-skje skal få nytta blåljos, dei bed tollstellet koma med framlegg til «IKT-strategi, IKT-arkitektur og IKT-målbilde», og sjølvsagt må dei finna ut korleis dei no skal

verta administrerte med den nye organiseringa.

Ein månad seinare kom ein rapport frå Verdsbanken. Verds-banken hadde rangert alle toll-stella i verda, og dei hadde kome fram til at i Noreg hadde me det beste tollstellet av alle land i heile verda. Kvifor? Av di tolla-rane i Noreg var so effektive på nett dei oppgåvene regjeringa no skal flytta over til Skatteetaten.

FLYTTING AV OPPGÅVERNett kva er desse oppgåvene? Det fyrste har å gjera med innkrev-jing av meirverdiavgift. Slik det er no, må ei verksemd som vil importera noko til Noreg, betala inn meirverdiavgift når vara kjem over grensa. Etter at verk-semda har selt vara til ein forbru-kar, får dei pengane attende frå staten. Slik er det av di det er for-brukaren som skal betala meir-verdiavgifta, ikkje verksemda.

Systemet er godt; staten beta-lar sjølvsagt alltid attende peng-ane som dei skal, og pålitelege og kredittverdige verksemder får noko dei kallar tollkreditt. Det tyder at verksemder kan få ei rekning på denne meirverdi-avgifta og gjera opp for seg kvar månad i staden for kvar gong ei vare kjem over grensa. Det er effektivt, og om verksemdene ikkje betalar, er det slutt på toll-kreditten. Staten er streng, og difor verkar systemet godt. Og

viktigast av alt: Staten får inn alle pengane dei skal ha.

Men no vil regjeringa altso gjera om for å effektivisera, seier dei. I staden for å betala inn meir-verdiavgifta til tollstellet på føre-hand, vil dei no at meirverdiav-gifta skal verta betalt inn på etter-skot, og skatteetaten skal krevja henne inn i staden for at tolla-rane tek henne inn på grensa.

«Utsett meirverdiavgift» kal-lar dei det, og det er slik dei gjer det i andre EU-land. Kva kan vera gale med det? Vel, for det fyrste kjem den svarte økonomien til å auka med 19 milliardar per år, meiner leiaren i Norsk Tollerfor-bund, Fredrik Støtvig.

KARUSELLSVINDEL– Om du tenkjer deg at ei verk-semd i Noreg tingar nokre varer frå ei verksemd i utlandet – og hugsa at dette er virtuelle trans-aksjonar og ikkje fysiske varer – so kjem dei med ein faktura. Fysisk kontroll er trass i alt sjel-dan. Prosedyren går som han skal, ein betalar toll og avgifter, og desse pengane får ein attende frå staten i etterkant. Slik funge-rer innføringsmoms; ein betalar ved grensepassering, og når vara vert seld ut frå lageret, får verk-semda pengane attende frå Skat-teetaten. Forbrukaren er den som betalar i siste instans. Men på dette viset sikrar me at staten får inn dei pengane han skal, med ein gong, seier Støtvig.

– Kva skal verta annleis, og kvi-for kjem den svarte økonomien til å auka?

– Poenget er at vara til svind-larane aldri vert seld; ho har som oftast berre eksistert på papi-ret. Skal ein taka inn momsen på etterskot, kjem desse karu-sellsvindlarane med ein gong. Det dei gjer, er å senda fakturaen til staten, og staten er ein pålite-leg aktør, han betalar alltid, sjølv-sagt. Og når pengane fyrst har vorte betalte ut, har verksemda

alt forsvunne. Varene har typisk aldri ein gong vore i landet, verk-semda er borte. Her kan det vera tale om mange verksemder og underverksemder, og dei hand-lar snøgt. Transaksjonane går so snøgt at pengane berre forsvinn.

– Og dette er vanleg i EU?– Dette er vanleg i dei landa

som har slik utsett meirverdi-avgift. Finansdepartementet seier at me skal sjå til Sverige og få røynsler derfrå, men i Sverige la dei om so seint som i januar 2014. I andre land der dei nyttar

dette systemet, reknar dei med at 16 prosent går til karusellsvindel. Det er eit konservativt overslag. I Noreg har problemet vore nær ikkje-eksisterande. I England la dei om til utsett meirverdiavgift ein gong i 90-åra, men dei gjekk attende til systemet me nyttar innan kort tid.

VAR ALT ANNLEIS I 2006?I 2005 ynskte staten å sjå på om det kunne ha noko føre seg å leg-gja om til utsett meirverdiav-gift. I motsetnad til no var saka

n Regjeringa vil flytta oppgåvene med å taka inn meirverdiavgift og særavgif­ter frå tollstellet til skatte­etaten.

n For å effektivisera vil dei òg gjera om meirverdiavgifta frå førehandsbetaling til utsett innbetaling.

n Ei arbeidsgruppe som evaluerte ei slik omleggjing i 2006, konkluderte med at ein ikkje burde leggja om systemet i Noreg.

n Verdsbanken har kåra tollstellet i Noreg til det beste i verda.

n Eit overslag syner at ei slik omleggjing kjem til å auka den svarte økonomien med 19 milliardar kroner per år.

Bakgrunn

– I andre land der dei

nyttar dette systemet,

reknar dei med at 16

prosent går til karusell -

svindel.

Fredrik Støtvig, leiar i Norsk Tollerforbund

Tollstellet i Noreg har vorte kåra til det beste i verda, men regjeringa vil overføra oppgåvene dei er aller best på til skatteetaten. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Fredrik Støtvig meiner Finansdepartementet burde høyra med tollstellet korleis dei kan verta betre. Foto: Therese Sollien

Page 2: Presseklipp - Dag & Tid 08.08.2014

SAMFUNN 5DAG OG TID FREDAG 8. AUGUST 2014

Prøv

leiar | side 2Statoil og regjeringa har nulltoleranse for korrupsjon i Angola. Det blir berre frasar når landet er gjennomsyrt av korrupsjon, skriv Svein Gjerdåker.

Ikkje berre ter Erna Solberg seg som ein Venstre-leiar. Heile partiet ter seg som Venstre: Partiet for alle, skriv John Peter Collett. politikk | side 6–7

DAG OG TID

kultur Kolbein Falkeid har skrive frå seg. | side 14–15

kommentar | Nord-Korea er ein rasjonell aktør, skriv Therese Sollien. | side 10

Høgre er det nye Venstre

EØS-AVTALEN | side 4–5Trygd. Trygd. Noreg kan ikkje kjøpekraftjus-tera trygdeutbetalingane til EØS-borgarar. Det set EFTA-domstolen ein stoppar for.

HELSE | side 8–9Skandalen. Massevaksineringa i 2009 er den største medisinske skandalen i moderne tid, meiner professor Jan Helge Solbakk.

UTANRIKS | side 12–13Egypt. Seksuell trakassering råkar alle egyptiske kvinner og er ikkje noko nytt. Men det har vorte verre etter oppstanden i 2011.

livet | side 23

«Eg angrar på at eg har drite ut andre.»Harald Eia

fri vekeavis for kultur og politikk

a-avis

film | side 16–17Svikt. Den siste storsatinga i skandinavisk film er nettopp komen på kino, men ikkje i Noreg.

Frå venstre: 1. nestleiar Jan Tore Sanner, partileiar Erna Solberg og 2. nestleiar Bent Høie. Foto: Krister Sørbø / NTB scanpix

Foto: Tom Sandberg

ISSN 0803-3340

9 7 7 0 8 0 3 3 3 4 0 1 5

1 9

nr. 19 10.–15. mai 201352. årgang kr 45,-

Høgre er det nye Venstre

DAG OG TID

fri vekeavis for kultur og politikka-avis

Bilettekst

Foto: Tom Sandberg

spandable: Ingen parti vil auka dei offentlege utgiftene meir enn Framstegspartiet.

politikk | side 6–7

Festpartiet

Svarteperspelet i Midtausten | side 8

Utanriks

premiere | Stein Winge ventar seg bråk om Bibelen. | side 14–15

sjakk | side 21Uslåeleg. «Problemet for oss andre er at Magnus Carlsen vinn kvar einaste stilling»,

klagar sjakkverdsmeister Anand.

Etikk | side 16–17Forpliktande. Agnes Ravatn fridde til kjærasten sin oppe i ein Matterhorn-kopi i

Disneyland. Kvifor det, eigentleg?

Livet | side 23

Ingvar ambjørnsen

«Det streite mennesket finst ikkje.»

U-land | side 4–5Gjeldssletting. Dei tre milliardane som Myanmar skulda Noreg, vart sletta denne

veka. Bak vedtaket ligg ein lang kamp. utanriks | side 10–11Krigsretorikk. Franske og britiske leiarar nyttar Bush-liknande retorikk om konflikten i

Nord-Afrika. I USA er tonen dempa.

kommentar | side 2Kva tenkte sosialdemokratane som bygde dette landet?

Hadde dei alle saman foreldre som dei ville stue vekk

og få andre til å stelle for, spør Sigrun Slapgard.

nr. 5 1.–7. februar 201352. årgang kr 45,-

ISSN 0803-3340

9 7 7 0 8 0 3 3 3 4 0 1 5

0 5

Jan Grønli, Frank Kjosås og Bjørn Sundquist som Satan, Jesus og

Gud. Foto: Per Maning

Siv Jensen og Frp har programfesta at dei vil fjerna handlingsregelen som avgrensar bruken av oljepengar. Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

DAG OG TIDHøgre er det

EØS-AVTALEN | side 4–5Trygd. Trygd. Noreg kan ikkje kjøpekraftjus-tera trygdeutbetalingane til EØS-borgarar. Det set EFTA-domstolen ein stoppar for.

HELSE | side 8–9Skandalen. Massevaksineringa i 2009 er

UTANRIKS

Egypt. egyptiske kvinner og er ikkje noko nytt. Men det har vorte verre etter oppstanden i 2011.film

Svikt.film er nettopp komen på kino, men ikkje i Noreg.

9 777 777

Høgre er det nye Venstre

Skandalen. Massevaksineringa i 2009 er den største medisinske skandalen i moderne tid, meiner professor Jan Helge Solbakk.

UTANRIKS | side 12–13Egypt. Seksuell trakassering råkar alle egyptiske kvinner og er ikkje noko nytt. Men det har vorte verre etter oppstanden i 2011.

livet | side 23

«Eg angrar på at eg har drite ut andre.»Harald Eia

film | side 16–17Svikt. Den siste storsatinga i skandinavisk film er nettopp komen på kino, men ikkje i Noreg.

ISSN 0803-3340

000 888 000 333 333 333 444 000 11

DAG OG TIDFestpartiet

Svarteperspelet i Midtausten

Utanriks

premiere | Stein Winge ventar seg bråk om Bibelen

Livet | side 23

Ingvar ambjørnsen

«Det streite mennesket finst ikkje.»

U-land | side 4–5Gjeldssletting. Dei tre milliardane som Myanmar skulda Noreg, vart sletta denne

veka. Bak vedtaket ligg ein lang kamp. utanriks | side 10–11Krigsretorikk. Franske og britiske leiarar nyttar Bush-liknande retorikk om konflikten i

Nord-Afrika. I USA er tonen dempa.

Jan Grønli, Frank Kjosås og Bjørn Sundquist som Satan, Jesus og

Gud. Foto: Per Maning

kommentar | side 6–7

– Den norske oljebonanzaen nærmar seg slutten, men

Ola Borten Moe vil ekspandere til Nordpolen, skriv

Trygve Refsdal.

pussy riot:

– President Putin

eksisterer ikkje

for meg, seier

aktivist Nadezjda

Tolokonnikova

frå arbeidsleiren.

intervju | side 8–11

DAG OG TID

romasoge Livius er verd å lese. | side 25

FILM | Sverige fall for Spise sove dø. | side14–15

Straffangenhelsevesenet | side 4-5

Myten. Professor Bjarne Jensen knuser mytar

om helsevesenet. Noreg har ikkje stort

overforbruk av sjukehustenester.

kommentar | side 2

Overvaking. Diverre er Brennpunkts

kommentar Infiltratøren ei heller tynn suppe,

meiner Øyvind Strømmen.

intervju | side 23

Skuldkjensle. – Eg har hatt moralsk

forkastelege og ekstremistiske synspunkt,

vedgår Lars Gule.

intervju | side 16–17

«Goya fanga det

vonde og det

vakre i kvitauget.»

kirsti blom

fri vekeavis

for kultur

og politikka-avis

film | side 28

Meisterleg. Paul Thomas Anderson har fått

scientologikyrkja på nakken for den meister-

lege filmen Master, melder Brit Aksnes.

Nadezjda Tolokonnikova i Pussy Riot vart

dømd til to års fengsel etter eit stunt i

Frelsaren Kristus-katedralen i Moskva i

fjor. Foto: Novaja Gazeta

Foto: Tom Sandberg

ISSN 0803-3340

9 7 7 0 8 0 3 3 3 4 0 1 5

0 8

nr. 8

22.–28. februar 2013

52. årgang

kr 45,-

– den nynorske vekeavisa for kultur og politikk – gratis!

Send SMS med kode-ordet DT3V til 2007, så sender vi deg tre prøvenummer utan at du forpliktar deg til noko som helst.

Tips oss – om ein typisk

-lesar som ikkje les Dag og Tid. Send SMS til 2007 slik: TYPISK følgd av namn og adresse til personen. (Døme: TYPISK Jonas Gard Større, Riksvegen 10, 5020 Bergen). Han eller ho du tipsar om, får tre nummer av Dag og Tid, heilt utan plikter. Du får eit Flax-lodd som takk for hjelpa.

leiar | side 2Statoil og regjeringa har nulltoleranse for korrupsjon i Angola. Det blir berre frasar når landet er gjennomsyrt av korrupsjon, skriv Svein Gjerdåker.

Ikkje berre ter Erna Solberg seg som ein Venstre-leiar. Heile partiet ter seg som Venstre: Partiet for alle, skriv John Peter Collett. politikk | side 6–7

DAG OG TID

kultur Kolbein Falkeid har skrive frå seg. | side 14–15

kommentar | Nord-Korea er ein rasjonell aktør, skriv Therese Sollien. | side 10

Høgre er det nye Venstre

EØS-AVTALEN | side 4–5Trygd. Trygd. Noreg kan ikkje kjøpekraftjus-tera trygdeutbetalingane til EØS-borgarar. Det set EFTA-domstolen ein stoppar for.

HELSE | side 8–9Skandalen. Massevaksineringa i 2009 er den største medisinske skandalen i moderne tid, meiner professor Jan Helge Solbakk.

UTANRIKS | side 12–13Egypt. Seksuell trakassering råkar alle egyptiske kvinner og er ikkje noko nytt. Men det har vorte verre etter oppstanden i 2011.

livet | side 23

«Eg angrar på at eg har drite ut andre.»Harald Eia

fri vekeavis for kultur og politikk

a-avis

film | side 16–17Svikt. Den siste storsatinga i skandinavisk film er nettopp komen på kino, men ikkje i Noreg.

Frå venstre: 1. nestleiar Jan Tore Sanner, partileiar Erna Solberg og 2. nestleiar Bent Høie. Foto: Krister Sørbø / NTB scanpix

Foto: Tom Sandberg

ISSN 0803-3340

9 7 7 0 8 0 3 3 3 4 0 1 5

1 9

nr. 19 10.–15. mai 201352. årgang kr 45,-

DAG OG TID

fri vekeavis for kultur og politikka-avis

Bilettekst

Foto: Tom Sandberg

spandable: Ingen parti vil auka dei offentlege utgiftene meir enn Framstegspartiet.

politikk | side 6–7

Festpartiet

Svarteperspelet i Midtausten | side 8

Utanriks

premiere | Stein Winge ventar seg bråk om Bibelen. | side 14–15

sjakk | side 21Uslåeleg. «Problemet for oss andre er at Magnus Carlsen vinn kvar einaste stilling»,

klagar sjakkverdsmeister Anand.

Etikk | side 16–17Forpliktande. Agnes Ravatn fridde til kjærasten sin oppe i ein Matterhorn-kopi i

Disneyland. Kvifor det, eigentleg?

Livet | side 23

Ingvar ambjørnsen

«Det streite mennesket finst ikkje.»

U-land | side 4–5Gjeldssletting. Dei tre milliardane som Myanmar skulda Noreg, vart sletta denne

veka. Bak vedtaket ligg ein lang kamp. utanriks | side 10–11Krigsretorikk. Franske og britiske leiarar nyttar Bush-liknande retorikk om konflikten i

Nord-Afrika. I USA er tonen dempa.

kommentar | side 2Kva tenkte sosialdemokratane som bygde dette landet?

Hadde dei alle saman foreldre som dei ville stue vekk

og få andre til å stelle for, spør Sigrun Slapgard.

nr. 5 1.–7. februar 201352. årgang kr 45,-

ISSN 0803-3340

9 7 7 0 8 0 3 3 3 4 0 1 5

0 5

Jan Grønli, Frank Kjosås og Bjørn Sundquist som Satan, Jesus og

Gud. Foto: Per Maning

Siv Jensen og Frp har programfesta at dei vil fjerna handlingsregelen som avgrensar bruken av oljepengar. Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

kommentar | side 6–7

– Den norske oljebonanzaen nærmar seg slutten, men

Ola Borten Moe vil ekspandere til Nordpolen, skriv

Trygve Refsdal.

pussy riot:

– President Putin

eksisterer ikkje

for meg, seier

aktivist Nadezjda

Tolokonnikova

frå arbeidsleiren.

intervju | side 8–11

DAG OG TID

romasoge Livius er verd å lese. | side 25

FILM | Sverige fall for Spise sove dø. | side14–15

Straffangenhelsevesenet | side 4-5

Myten. Professor Bjarne Jensen knuser mytar

om helsevesenet. Noreg har ikkje stort

overforbruk av sjukehustenester.

kommentar | side 2

Overvaking. Diverre er Brennpunkts

kommentar Infiltratøren ei heller tynn suppe,

meiner Øyvind Strømmen.

intervju | side 23

Skuldkjensle. – Eg har hatt moralsk

forkastelege og ekstremistiske synspunkt,

vedgår Lars Gule.

intervju | side 16–17

«Goya fanga det

vonde og det

vakre i kvitauget.»

kirsti blom

fri vekeavis

for kultur

og politikka-avis

film | side 28

Meisterleg. Paul Thomas Anderson har fått

scientologikyrkja på nakken for den meister-

lege filmen Master, melder Brit Aksnes.

Nadezjda Tolokonnikova i Pussy Riot vart

dømd til to års fengsel etter eit stunt i

Frelsaren Kristus-katedralen i Moskva i

fjor. Foto: Novaja Gazeta

Foto: Tom Sandberg

ISSN 0803-3340

9 7 7 0 8 0 3 3 3 4 0 1 5

0 8

nr. 8

22.–28. februar 2013

52. årgang

kr 45,-

då ein open prosess, og Stortin-get gjekk den gongen til det ste-get å setja i verk ei utgreiing for å vurdera om ei omleggjing var ein god idé.

I 2006 kom rapporten frå arbeidsgruppa som røkte etter saka, og i den 77 sider lange rap-porten er konklusjonen eintydig og tvillaus: «Statens provenytap vil være om lag 200 millioner kroner per år med en rentesats på tre prosent», skreiv dei.

Kva med effektiviseringa, då? Såg dei føre seg å verta kvitt byråkratisk daudkjøt? Nei då, dei såg tvert om føre seg at dei måtte nytta om lag ein million kroner på å auka ressursane: «Når det tas hensyn til det økte ressursbehovet i skatteetaten, anslås endringene i offentlige myndigheters (toll- og avgifts-etaten og skatteetaten) årlige ressursbehov ved innføring av en ordning med utsatt avregning å utgjøre en økning i størrelses-orden en million kroner. I tillegg reises spørsmål om en omleg-ging kan medføre økt unndra-gelsesrisiko», skreiv dei.

Kva då med næringslivet? Vert det ikkje enklare å importera varer for dei? Nei då, heller ikkje

her såg arbeidsgruppa føre seg ei forbetring: «Arbeidsgruppen anser at en omlegging til utsatt avregning ved innførsel av varer ikke vil innebære en vesentlig forenkling av merverdiavgifts-systemet verken for næringslivet eller for myndighetene. Arbeids-gruppenes konklusjon er ikke å innføre et slikt system i Norge», står det i rapporten.

DOBBELTARBEID– Stikk i strid med kva regje-ringa trur, kjem resultatet av denne omleggjinga ikkje til å styrkja kampen mot svart øko-nomi, særleg ikkje om dei inn-fører utsett meirverdiavgift. Me trur heller ikkje me får betre grensekontroll av di me mis-ser heilskapsbiletet når nokre av oppgåvene vert flytte over til skatteetaten.

– Men korleis har dei defi-nert effektivisering? Kva er det regjeringa ser føre seg skal verta betre med denne omleggjinga?

– Tilsynelatande kan omleg-gjinga verka fornuftig, av di dei seier at dei skal spesiali-sera etatane, og skatteetaten skal ha ansvaret for alt som har med pengar å gjera. Grense-

kontrollen i tollstellet skal verta styrkt, noko me sjølvsagt er glade for, men so seier dei sam-stundes at me framleis skal ha ansvaret for det dei kallar vare-føringsadministrasjon, som tyder import og eksport av varer. Avgiftssystemet er so nært knytt til vareføringsadministrasjon at ressursbruken kjem til å auka av di det vert dobbeltarbeid. Ein kjem til å trenga folk i båe eta-tar med same kompetanse. Eg trur at når Siv Jensen talar om grensekontroll, so ser ho føre seg narkotika. Grensekontrol-len driv i hovudsak med lovlege varer, ikkje berre narkotika og slikt. Det trur eg ikkje regjeringa heilt har skjøna.

– Kva med særavgiftene, kan dei verta overførde til skattee-taten utan at tollstellet protes-terer?

– Det er det faktisk større konsekvensar for tollstellet der. Registrerte importørar har toll-kreditt, medan dei verksem-dene som ikkje er registrerte, må gjera opp på grensa, der og då. I framtida må tollstellet og skatteetaten driva med dei same oppgåvene for å krevja inn desse pengane, so redusert

ressursbruk får regjeringa i alle fall ikkje. Me har ein heil haug av avgifter i Noreg: sukker avgift og bilavgift og so bortetter. Pro-blemet er at nokre importørar er registrerte og andre er ikkje registrerte. Tollstellet skal fram-leis ha ansvaret for dei ikkje-registrerte, for dei må gjera opp for seg på grensa. Dei registrerte kan betala på etterskot. Og då er det tydeleg at det vert ei duble-ring av kompetansen: Både toll og skatt skal sitja med dei same oppgåvene som krev den same kompetansen. Korleis kan det verta meir effektivt?

Fredrik Støtvig er motlaus. Han meiner regjeringa har gjort eit mistak i å taka ei slik avgjerd utan å høyra kva tollstellet har å seia om saka.

– Om du ser på rangeringa til Verdsbanken, er det nett dei oppgåvene som gjer at me får fyrsteplassen, som regjeringa no vil flytta over til ein annan etat. Hadde eg vore i Finansdeparte-mentet, ville eg heller ha spurt dei som alt gjer det bra, om kor-leis dei kunne gjera det endå betre, i staden for å taka slike avgjerder utan i det heile teke å spørja dei kva dei tykkjer.

Tollstellet i Noreg har vorte kåra til det beste i verda, men regjeringa vil overføra oppgåvene dei er aller best på til skatteetaten. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix