24
Skuleutvikling Kom i gang med skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema: Læringsleiing

Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling

Kom i gang med skuleutvikling

Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema: Læringsleiing

Page 2: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 2 -

1. Forord

Ekstern skulevurdering – eit verktøy for skuleutvikling

Rettleiarkorps

Utdanningsdirektoratet inviterer kommunar, fylkeskommunar og skular til å vera med

i et samarbeid for kvalitetsutvikling i skulen. Målet er at fleire elevar skal læra og

meistra meir og fullføra utdanningsløpet. Rettleiarkorpset gir støtte til skuleeigarar og

skular som treng rettleiing for å betra læreprosessane i skulen. I starten av

rettleiingsperioden kjem «Ståstadsanalysen» og skulen kan få tilbod om «Ekstern

skulevurdering.» Denne rapporten er eit resultat av den eksterne skulevurderinga av

Gol skule, og er meint som hjelp til å setta fart i utviklingsarbeidet på skulen.

Kva er ekstern skulevurdering?

Ekstern skulevurdering er eit verktøy for skuleutvikling. I Rettleiingskorpset blir

ekstern skulevurdering brukt for å starta eller setta fart i skulen sitt utviklingsarbeid.

Forskrift til opplæringslova, kapittel 2, §2-1 om skulebasert vurdering, seier at alle

skuleeigarar er pålagde å ha eit system for vurdering av verksemda i skulen, internt

eller eksternt. Forskrifta seier ikkje noko om korleis den skulebaserte vurderinga skal

gjennomførast, men ein av måtane er ekstern vurdering. Dette verktøyet blir brukt i

mange kommunar og regionar for å forsterke utviklingsarbeidet på skulane.

Utdanningsdirektoratet bygger denne vurderingsmodellen på ein tilpassa versjon av

Hardanger/Voss-regionen sin skulevurderingsmetodikk.

Modellen har fem trinn:

Ståstadanalysen

Før den eksterne skulevurderinga har skulen gjennomført ståstadsanalysen, eit

analyseverktøy som hjelper skuleeigarar og skulane med å kartlegga kva område

som bør utviklast. Dette verktøyet tek utgangspunkt i kvalitetsindikatorar som

nasjonale prøver, elevundersøkingar og andre undersøkingar som vert brukt lokalt. Ut

frå analysen av desse resultata - og eventuelt andre undersøkingar, valde skulen

tema for den eksterne skulevurderinga: Læringsleiing

Vurderingsrapporten

Rapporten speglar det eksterne vurderarteamet sine konklusjonar om det valde

temaet for vurdering av skulen. I tillegg til målformuleringar, er det sett opp konkrete

utsegner om kva som kjenneteiknar god praksis. Desse teikna er basert på lov- og

Page 3: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 3 -

regelverk og god pedagogisk praksis, i tillegg er det er sjølve kjerna i

vurderingsprosessen og syner idealbiletet for den praksis skulen ynskjer innanfor

vurderingstemaet. Teikna vert sett inn i eit skjema som blir kalla «Framtidsbilde.»

Eit breidt spekter av interessentar har sagt si meining om skulen sin noverande

praksis knytt til teikna på god praksis. Det er gjennomført observasjonar i klassane

og i skulemiljøet og vurderarparet har hatt tilgang til dokument som betyr noko for

den vurderinga som er gjennomført. I tillegg har vurderarane henta inn informasjon

frå skuleleiinga, lærarar, elevar, foreldre og elevrettleiarar.

Sjølve vurderingsveka har vore fire dager. Siste dag av vurderinga vart denne

rapporten lagt fram med funna for skulen. Rapporten trekkjer fram teikn på god

praksis og teikn på praksis som kan bli betre for skulen. Konklusjonane i rapporten

skal vera til hjelp i det vidare arbeidet med det valde temaet. Rettleiarkorpset vil

rådgje skuleleiinga i det vidare utviklingsarbeidet.

Det viktigaste utviklingsarbeidet skjer på skulen når skulen saman skal fylgja opp

funna og refleksjonane frå vurderingsveka og saman jobba med å bli ein betre skule.

I. Fakta om skulen

Gol skule er ein ny 1-10 –skule som starta opp i august 2016. Tidlegare var det to

barneskular og ein ungdomsskule i kommunen. Desse tre skulane med kvar sine

strukturar og kulturar er no under same tak, samla i ein organisasjon og med ei felles

leiing.

Skulen har 540 elevar og 84 tilsette (69,5 årsverk). Av desse er det 59 lærarar, 4

leiarar og 2 sekretærar. 19 arbeider som elevassistentar eller lærlingar på skulen og

på SFO.

Etter innflytting i nytt bygg er skulen og kulturskulen samlokalisert. Det har gitt

moglegheiter for eit tettare samarbeid, med t.d. individuelle kulturskuletimar for

elevane i skuletida og gruppeundervisning rett etter skuletid. 2 av lærarane

underviser både i skule og kulturskule.

Page 4: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 4 -

Gol kommune sin visjon er Samarbeid formar framtida, og dette bør kanskje bli ein

visjon for den nye skulen òg. Eitt av satsingsområda våre er læringsleiing, og god

læringsleiing inneber at alle partar i skulesamfunnet: elevar, lærarar og foreldre,

samarbeider og kommuniserer på ein god måte.

Gol skule er med i eit felles satsingsområde for heile Hallingdal: Felles Løft for tidleg

innsats. Dette er ei satsing for god språkutvikling og god sosial kompetanse frå

barnehage og ut grunnskulen. Hovudfokuset dette og neste skuleår er heilskapleg

lese-og skrive-opplæing. Det er Stat-ped som er fagleg ansvarleg for prosjektet.

Gol skule ynskjer å vera ein open, inkluderande og transparent skule. Vi ynskjer at

foreldra skal kjenne seg velkomne her og at alle skal kjenne tilhøyre og

medeigarskap i skulen vår.

II. Val av hovedutfordring

Ut frå resultat av Ståstadsanalysen og andre identifiserte utviklingsområde

kjem skule, skuleeigar og rettleiar frem til skulen si hovudutfordring. Denne

blir formulert og blir utgangspunkt for den eksterne vurderinga.

Som fylgje av resultata i Ståstadsanalysen og i samarbeid med rettleiar, - har skulen

vald som hovedutfordring temaet: Læringsleiing

I august 2016 flytta ungdomsskulen og barneskulen på Gol inn i ny skule med felles

leiing. Vurderarane er klår over at det tar tid å etablera ein felles kultur og

samversformer i ein organisasjon med over 500 elevar og 90 tilsette. Derfor må ein ta

høgde for at ein ikkje skal forventa at det er etablert ein vi-skule ennå, det tar tid å bli

kjend og finne ut korleis ein vil ha det i ein ny, moderne organisasjon. Vi har sett så

mykje god praksis at alle forhold skulle ligge til rette for at denne skulen kan utvikle

ein god lærande organisasjon når ein får sett den gode praksisen i system.

III. Framtidsbilde Å vurdera vil her seia å måla ein no-situasjon opp mot ein idealtilstand. Her

blir ein slik idealtilstand kalla framtidsbilde. Eit framtidsbilde syner temaet frå

ulike sider og er knytt til aktivitet. Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela

det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen sin noverande praksis

blir vurdert opp mot dette bildet. Kvalitetsmål og teikn på god praksis på

framtidsbildet skal henge nøye saman med påstandane i ståstadsanalysen,

organisasjonsanalysen og elevundersøkingane. Framtidsbildet er utforma av

vurderarar, men skulen er involvert i arbeidet i forkant av

vurderingsprosessen.

Skulen har godkjent at fylgjande skal være kvalitetsmål og teikn på god praksis på

deira skule:

Page 5: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 5 -

Framtidsbilde for temaet Læringsleiing ved Gol skule

Kvalitetsmål Teikn på god praksis

Elevperspektivet

Det er godt lærings- og klassemiljø

ved skulen. Elevane er motiverte og

aktive i læringsprosessen og opplever

høg grad av meistring

Elevane veit kva dei skal lære og kva

mål dei skal arbeide mot

Elevane opplever meistring og veit kva

dei skal gjere for å betre

læringsutbyttet i fag

Elevane er motiverte i læringsarbeidet

Elevane er engasjerte og medverkande

i eiga læring

Alle elevane er inkluderte og opplever

at dei høyrer til sosialt

Lærarperspektivet

Det pedagogiske personalet har god

kompetanse i arbeidet med

læringsleiing og har god forståing for

leiarrolla si.

Lærarane formulerer tydelege

læringsmål og vurderer fortløpande

elevane si læring

Lærarane legg til rette for at elevane

reflekterer og medverkar i lærings-

arbeidet

Lærarane har positive relasjonar til alle

elevane

Lærarane har høge forventningar til

alle elevane og gir dei trening i å

vurdere korleis dei best lærer

Lærarane vurderer eigen praksis og

reflekterer saman med kolleger

Foreldreperspektivet

Foreldra er godt orienterte om eleven

sin skulekvardag og er ei god støtte i

eleven si faglige og sosiale utvikling.

Forventningane mellom heim og skule

er avklarte

Foreldra kjenner læringsmåla til

elevane, og korleis dei lærer

Foreldra bidrar positivt i elevane si

læring og utvikling

Foreldra har positiv haldning til og

snakkar positivt om læringsarbeidet

skulen driv

Foreldra opplever samarbeidet med

skulen som positivt

Elevane si læring blir diskutert på

foreldremøter og foreldresamtaler

Organisasjonsperspektivet

Skulen er ein lærande organisasjon og

har gode system og rutiner som

fremmer god læringsleiing

Skulen har ei tydeleg pedagogisk leiing

Leiinga og personalet har felles

forståing av kva som kjenneteiknar

god læringsleiing

Leiinga legg jevnlig til rette for

refleksjon, erfaringsdeling og

kompetanseutvikling i arbeidet med

læringsleiing

Page 6: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 6 -

Felles reglar og retningslinjer som er

fatta blir lojalt fulgt opp av alle ansatte

IV. Teikn på god praksis Samanstille og sjå mønster

Når alle data er samla inn ved hjelp av ulike metodar, vert desse data sett

saman. Vurderarane analyserer og vurderer informasjonen ved å spegla den

mot framtidsbiletet (teikna på god praksis).

Ut frå denne vurderinga blir konklusjonane trekte. Ein finn fram til sterke

sider innafor området som skulen har vald, og til sider som bør utviklast for

å bli betre.

Kvalitetsmål: Elevperspektiv

Det er godt lærings- og klassemiljø ved skulen. Elevane er motiverte og aktive i læringsprosessen og opplever høg grad av meistring.

Alle elevane er inkluderte og opplever at dei høyrer til sosialt

Page 7: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 7 -

Tilleggstema – Klasseledelse Gol skule

På vår skule har lærerne god forståelse av sin lederrolle overfor elevene

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 93,3

%

6,7% 0,0%

Lærerne på vår skule har god innsikt i det sosiale samspillet i elevgruppene de

underviser

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 93,3

%

6,7% 0,0%

På vår skule arbeider vi bevisst med å utvikle positive relasjoner mellom elevene

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 96,7

%

3,3% 0,0%

Tilleggstema – Klasseledelse Gol ungdomsskule

På vår skule har lærerne god forståelse av sin lederrolle overfor elevene

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 76,2

%

23,8

%

0,0%

Lærerne på vår skule har god innsikt i det sosiale samspillet i elevgruppene de

underviser

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 71,4

%

28,6

%

0,0%

På vår skule arbeider vi bevisst med å utvikle positive relasjoner mellom elevene

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 85,7

%

14,3

%

0,0%

I samtalane var elevane tydelege på at alle var inkluderte og høyrde til

sosialt. Dei var merksame på kameratar som var åleine ute og inviterte dei med i leiken. Elevane fortalde at lærarane var opptekne av at alle

skulle vera med i leiken. Skulen legg vekt på fysisk aktivitet med organiserte aktivitetar som

Trivselsleiarprogrammet og Fysak. Dette bidreg til samarbeid og bygging av gode relasjonar mellom elevar og mellom lærar og elev.

Skulen legger til rette for fysisk aktivitet hver dag for alle elever

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 100,0

%

0,0% 0,0%

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 90,0

%

10,0

%

0,0%

Lærarane meinte at dei aller fleste var inkluderte, men at det kunne

være umogeleg å ha full oversikt over alt som skjedde mellom elevane, m.a. ute. I samtale med barnerettleiarane (assistentane) kom det fram

at dette ikkje stemte heilt. Dei kunne fortelje om elevar som gjekk åleine ute og ikkje hadde nokon å vere saman med, særleg elevar som trong

ekstra oppfylging.

Elevundersøkinga viser at det er svært få elevar ved skulen som opplever

seg mobba, og at det er eit godt læringsmiljø på skulen.

Page 8: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 8 -

Elevundersøkinga - grunnskule, 7. årssteget

Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking som blir gjennomført kvart år. Her

får elevane seie meininga si om læringsmiljøet og dei tilhøva som er viktige for å lære og

trivast på skulen. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat for alle indeksane

unnateke mobbing. Når det gjeld mobbing, vil låg verdi seie lite mobbing.

Indikator og nøkkeltall Gol skule Buskerud fylke Nasjonalt

Læringskultur 4,3 4,1 4,1

Elevdemokrati og medvirkning 4,2 3,9 3,8

Faglig utfordring 4,2 4,1 4,1

Felles regler 4,7 4,3 4,3

Trivsel 4,6 4,4 4,4

Mestring 4,2 4,1 4,1

Støtte fra lærerne 4,6 4,4 4,4

Motivasjon 4,2 4,0 4,0

Vurdering for læring 4,0 4,0 3,9

Støtte hjemmefra 4,6 4,4 4,4

Mobbing på skulen 1,1 1,2 1,2

Gol skule, Grunnskule, Elevundersøkelsen, Offentlig, 2015-2016, Trinn 7, Begge kjønn

Kvalitetsmål: Lærarperspektivet

Det pedagogiske personalet har god kompetanse i arbeidet med læringsleiing og har god forståing for leiarrolla si.

Page 9: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 9 -

Teikn på god praksis:

Lærerane formulerer tydelege læringsmål og vurderer fortløpande elevane si læring

Under observasjon såg vi at læringsmåla var kommunisert munnleg til

elevane og i fleire basar var dei skrivne på tavla. Læringsmåla var også skrivne på vekeplanane til elevane. I intervju med elevane uttrykte dei

aller fleste at dei kjende til læringsmåla for timen / perioden og at læraren hadde gode system for å vurdera elevane si læring. Dette

kunne visast på tilbakemelding på lekser / heimearbeid og prøver, men også i den daglege framovermeldinga i klasserommet. På spørsmål om

dei oppsummerte korleis læringsmåla var oppnådde, svarte dei fleste at dei ikkje hadde gode nok rutinar på dette.

Lærarane har positive relasjonar til alle elevane

Lærarane vi møtte var trygge, glade og forventningsfulle. I

klasserommet møtte dei elevane med respekt og varme. På fleire trinn arbeidde dei med «positiv julekalender» og julekort. Elevane skulle

skrive tre positive ting om medelevar, og dette skulle formidlast til alle etterpå. Slik får elevane trening i å leite etter gode sider ved kvarandre

og forsterke desse. I samtaler med elevane sa dei at læraren sa frå at ho likte dei særs

godt. Ho viste det med teikn og sa at nettopp denne gruppa var den beste dei hadde hatt nokon gong.

Frå ståstadanalysen barnetrinnet:

Hovedtema – Skulens praksis - Læringsmiljø og rådgivning

Lærerne viser interesse for hver enkelt elev

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 100,0

%

0,0% 0,0%

Lærerne har en positiv relasjon til hver enkelt elev

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 93,3

%

6,7% 0,0%

På vår skule arbeider vi bevisst med å utvikle positive relasjoner mellom elevene

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 96,7

%

3,3% 0,0%

På vår skule blir krenkende ord og handlinger raskt fulgt opp

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 93,3

%

6,7% 0,0%

Alle elever er inkludert i skulens fellesskap

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 80,0

%

20,0

%

0,0%

Page 10: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 10 -

Frå ståstadanalysen ungdomstrinnet:

Hovedtema – Skulens praksis - Læringsmiljø og rådgivning

Lærerne viser interesse for hver enkelt elev

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 100,0

%

0,0% 0,0%

Lærerne har en positiv relasjon til hver enkelt elev

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol ungdomsskule 95,2

%

4,8% 0,0%

På vår skule arbeider vi bevisst med å utvikle positive relasjoner mellom elevene

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol ungdomsskule 90,5

%

9,5% 0,0%

På vår skule blir krenkende ord og handlinger raskt fulgt opp

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol ungdomsskule 81,0

%

19,0

%

0,0%

Kvalitetsmål: Foreldreperspektivet

Foreldra er godt orienterte om eleven sin skulekvardag og er ei god støtte i eleven si faglege og sosiale utvikling. Forventningane mellom heim og skule er avklarte.

Teikn på god praksis:

Foreldra kjenner læringsmåla til elevane og korleis dei lærer

Foreldra var samstemte i at læringsmåla var godt kommuniserte i

vekeplanane og i heimearbeidet til elevane. Elevane hadde god greie på kva dei skulle lære og korleis dei skulle lære det. Heimearbeidet var

å øve på innlært stoff. I utviklingssamtalane var elevane sine

læringsmål tema og også korleis dei kunne arbeide for å bli endå betre.

Page 11: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 11 -

Foreldra bidreg positivt i elevane si læring og

utvikling

Elevane fortel at foreldra er interesserte i skulearbeidet, og dei hjelper til med leksene når elevane treng det. Foreldra seier det same på

foreldremøtet. Her er dei også opptekne av at dei har eit stort ansvar for at elevane skal få nok søvn, kome utkvilte på skulen og ha med seg

det dei treng av mat og klede. Foreldra var også samstemde i at dei hadde eit ansvar for å snakke positivt om skulen, gå tenesteveg og ta

opp saker med skulen direkte dersom noko ikkje var som det skulle

vere.

Kvalitetsmål: Organisasjonsperspektivet

Skulen er ein lærande organisasjon og har gode system og rutiner som fremjer god læringsleiing

Teikn på god praksis:

Skulen har tydeleg pedagogisk leiing

Det er utarbeidd gode planar for utviklingsarbeidet på skulen. Det er også ein tydeleg møtestruktur med fordeling av roller og ansvar.

Rektor får mykje ros frå barneskulelærerane for å vera ein dyktig, ryddig og tydeleg leiar. Personalet fortel at dei er glade for den ryddige

strukturen på skulen, men meiner samstundes at dei dette halvåret har hatt for mykje merksemd på reglar og retningsliner, og at fellesmøta

har hatt overvekt av informasjon.

Page 12: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 12 -

Skoleledelsen tar ansvar for å sette mål for skulens utvikling

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 71,4

%

28,6

%

0,0%

Skoleledelsen tar ansvar for å sette mål for skulens utvikling

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 57,9

%

42,1

%

0,0%

Skoleledelsen har god innsikt i lov- og avtaleverk

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 96,6

%

3,4% 0,0%

Skoleledelsen har god innsikt i lov- og avtaleverk

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 84,2

%

15,8

%

0,0%

V. Praksis som kan bli betre

Kvalitetsmål: Elevperspektivet

Det er et godt lærings- og klassemiljø ved skulen. Elevane er motiverte og aktive i læringsprosessen og opplever høg grad av meistring

Teikn på god praksis:

Elevane er engasjerte og medverkande i eiga læring

Elevene på skolen er engasjert i egen læring

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 70,4

%

29,6

%

0,0%

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 25,0

%

75,0

%

0,0%

Både elevane og lærarane fortel om eksempel på at dei meiner elevane er

medverkande i eiga læring, men seier at det kjem mykje an på fag.

I dei fleste fag er planen for kva som skal gjerast og lærast, bestemt av lærar. Når

dei er ferdige med det som skal gjennomgåast, kan elevane til dømes velje kva dei

vil lese, kva oppgåver dei vil jobbe med og til dømes vanskegrad på oppgåvene.

Vi har og høyrt om elevsamtalar, og loggbøker, der elevane kan skrive ned både

behov og ønskjer og få svar på innspela sine.

Vurderarane oppfattar at skulen har ein veg å gå for å få reell elevmedverknad, der

den enkelte elev opplever å bli både sett, høyrt og spurt, sjølv om vi også her

oppfattar at det er forskjellar frå lærar til lærar kor mykje dette blir vektlagt.

Page 13: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 13 -

Frå heftet «Vurdering på barnetrinnet» (Utdanningsdirektoratet) som er laga ut frå

Opplæringslova og Forskrift for vurdering Heftet kan vere til god hjelp for skulen til å

dra elevane med i læringsarbeidet:

Egenvurdering

Elever skal vurdere eget arbeid, egen faglig utvikling og egen kompetanse.

Ved å vurdere eget arbeid og egen fremgang, får elevene innsikt

i hva de skal lære og hva de mestrer, i tillegg til hvordan de lærer.

Gjennom egenvurdering skal elevene selv, utfordret og støttet av læreren,

lære seg å lære. Ved å snakke med medelever om egen læring og

utvikling, kan elevene få øvelse i å gi tilbakemeldinger som de kan bruke

når de vurderer eget arbeid. Involvering og refleksjon rundt læringsarbeidet

og målene for opplæringen, er viktig for å trene elevene i å

styre egne læringsprosesser, også i et livslangt læringsperspektiv.

Kvalitetsmål: Lærarperspektivet

Det pedagogiske personalet har god kompetanse i arbeidet med læringsleiing og har god forståing for leiarrolla si

Teikn på god praksis:

Lærarane vurderer eigen praksis og reflekterer saman med kollegaer

Skolen har arenaer for felles refleksjon og læring

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 58,6

%

41,4

%

0,0%

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 45,0

%

55,0

%

0,0%

Lærarane har nokre faste møtepunkt kvar veke. Dei møtest på lagmøter og på

storlag. På 5.-10. trinn har dei og faggruppemøter.

Vurderarane sitt inntrykk er at mykje av tida i desse møta går til planlegging, og lite

til felles refleksjon. Enkeltlærarar seier at dei må reflektere for seg sjølve.

I tillegg har dei fellesmøter for alle tilsette. Her innvender fleire lærarar at desse møta

ofte har gått til informasjon og meiner at dei heller kunne bli brukt til pedagogisk

utviklingsarbeid.

Skulen si SWOT-analyse konkluderer også med at dei ikkje har arenaer for felles

refleksjon og læring.

Vurderarane si oppfatning er at arenaene lærarane allereie har, kan brukast til dette,

dersom leiinga legg felles refleksjon, erfaringsdeling og læring inn som ei klar

bestilling til desse etablerte møtepunkta.

Page 14: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 14 -

Kvalitetsmål: organisasjonsperspektivet

Skulen er ein lærande organisasjon og har gode system og rutiner som fremmer god læringsleiing

Teikn på god praksis:

Skulen har ei tydeleg pedagogisk leiing

På vår skole har vi et aktivt verdigrunnlag

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 50,0

%

43,3

%

6,7%

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 33,3

%

66,7

%

0,0%

Vår skole har en tydelig visjon

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 13,3

%

73,3

%

13,3

%

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 15,0

%

80,0

%

5,0%

Skuleledelsen gir tilbakemelding på utført arbeid

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 31,0

%

58,6

%

10,3

%

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol ungdomsskule 36,8

%

63,2

%

0,0%

Gol skule og Gol ungdomsskule gjennomførte ståstadanalysen kvar for seg førre

skuleåret. Frå i haust vart dei ein skule.

Skulen har sjølv konkludert, i sin SWOT-analyse, at mangel på felles visjon er ein

svakheit. Ettersom dei er blitt ein skule er det endå viktigare at dei har eit felles

verdigrunnlag og ein, felles visjon å gå etter, for å vise retning for arbeidet deira med

elevane, og at «sånn er det her hos oss», den vi-kjensla som vi veit kjenneteiknar ein

lærande organisasjon.

Leiarane i skulen leier ein organisasjon med tradisjon for stor sjølvstende. Tydeleg

pedagogisk leiing handlar om leiinga sine arbeidsmåtar i arbeid med pedagogiske

spørsmål.

Tilbakemelding til medarbeidarane er ei av leiarens viktigaste og mest utfordrande

oppgåver. Fleire av dei vaksne, både lærarar, barnerettleiarar og foreldre, meinte i

samtale at skulen har gode system for organisering, men sa at dei saknar system for

medverknad og tilbakemelding.

I tilbakemeldingane frå lærarane, var mangel på tilbakemelding frå leiinga ein

gjengangar. Dei ønskjer synleg leiing, og dei ønskjer å bli tatt med på råd, få

tilbakemeldingar, bli sett og inspirert.

Page 15: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 15 -

På våre besøk i klasseromma under vurderingveka, observerte vurderarane mykje

god pedagogisk praksis. Lærarane ga uttrykk for at dei gjerne ville ha

tilbakemeldingar.

Teikn på god praksis:

Leiinga og personalet har felles forståing av kva som kjenneteiknar god læringsleiing

På vår skole har vi en felles plattform for det pedagogiske arbeidet

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 46,7

%

50,0

%

3,3%

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 38,1

%

61,9

%

0,0%

Skolen har retningslinjer for god klasseledelse

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 42,9

%

57,1

%

0,0%

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 42,1

%

31,6

%

26,3

%

Lærerne følger skolens retningslinjer for god klasseledelse

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 42,9

%

57,1

%

0,0%

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 36,8

%

36,8

%

26,3

%

Forsking viser at på dei beste skulane er pedagogisk leiing synleg og tydeleg i

kvardagen ved at leiarane bl.a kjem til klasserommet og ser kva undervisning

elevane får. (Robinson)

Samtalene med elevane og observasjonar i klasseromma viser at lærarane har ulik

praksis innafor mange område, mykje av skulekvardagen til elevane er

læraravhengig.

Vurderarane si oppfatning er at omgrepet læringsleiing er nytt for lærarane. Det er

dermed personavhengig korleis leiinga av læringsarbeidet går føre seg. Skulen

manglar ein felles praksis.

Personalet meiner det ikkje er tydeleg uttrykt kva som gjeld som god læringsleiing

ved skulen. Dei nytilsette opplever heller ikkje at dei blir sett inn i kva skulen reknar

for god pedagogisk praksis eller læringsleiing, og at dei saknar tid til felles refleksjon.

Ståstadanalysen viser at det er eit utviklingspotensiale både på felles plattform for

det pedagogiske arbeidet og på retningslinjer for arbeidet med læring i

klasserommet.

Skulen har sjølv konkludert med, i SWOT-analysen som er felles for begge skulane,

at ein av svakheitene er at dei ikkje har retningslinjer for god klasseleiing.

Page 16: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 16 -

Både elevar, lærarar, barnerettleiarar og foreldra fortalde om variasjonar som i stor

grad var læraravhengig.

Når vi observerte i dei ulike klassane kunne vi t.d. så at eit og same tema kunne

gjennomførast på ulike måtar, meir avhengig av lærar enn av elevar eller elevgruppe.

Teikn på god praksis:

Leiinga legg jevnlig til rette for refleksjon, erfaringsdeling og kompetanseutvikling i arbeidet med læringsleiing

Felles reglar og retningslinjer som er fatta blir lojalt følgt opp av alle tilsette

Beslutninger som er fattet, blir lojalt fulgt opp av alle ansatte

Ståstedsanalysen 2015/2016 - Gol skule 69,0

%

31,0

%

0,0%

Ståstedsanalysen 2015/2016 – Gol ungdomsskule 15,0

%

70,0

%

15,0

%

Vurderarane har gjennom intervjua fått forståinga av at personalet synest det er

veldig mange reglar og retningslinjer i den nye skulen, og dei svarer eit klart nei på

spørsmålet om dei trur alle er lojale. Dei gir uttrykk for at dei har for mange reglar og

retninglinjer, og synest at nokre av dei er vanskelege å tyde.

Dei seier likevel at dei synest det er fint at dei nå får vere med og diskutere kva for

reglar skulen skal ha.

Dei yngste elevane seier at dei skjønar at det må vere reglar og at det skal hjelpe til

å halde orden, mens dei eldste elevane synest det blir vel barnsleg.

Både elevar og lærarar på ungdomsskuletrinna stiller spørsmålsteikn ved om dei

same reglane må gjelde for dei som for dei yngste.

Foreldremøtet etterlyste retningslinjer for kommunikasjon til og frå skulen, slik at det

ikkje er så læraravhengig korleis kontakten skal vere. Særleg dei som har ungar på

ulike klassetrinn merkar den personavhengige forskjellen.

VI. Etterord Forsking om ekstern skulevurdering konkluderer med at ei slik vurdering kan ha

mykje å seie for utvikling av skulen vidare. Men det heng saman med kva skulen gjer

med sin nye kunnskap etter vurderingsveka.

Gol skule vil få hjelp av rettleiar, VK-16, i arbeidet som følgjer etter ekstern

skulevurdering, og vi utfordrar óg skuleeigar til å ta ansvaret sitt ved å etterspørje

vidare arbeid.

Page 17: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 17 -

Spørsmål til refleksjon, ettertanke

Spørsmål som skulen bør stilla for å koma vidare. Spørsmåla er basert på teikna og på

eventuelle andre relevante funn og problemstillingar som er omtala i

vurderingsmaterialet.

Korleis kan skulen gjennom å arbeide med visjon, verdiar, elevsyn og

læringssyn få ein organisasjon som sikrar felles haldningar til elevane og til

samværsformer på skulen?

Korleis kan skulen kvalitetssikra den gode timen og den gode undervisninga?

Korleis kan skulen nytta den informasjonen som assistentane gir til å oppdaga

elevar som fell utanfor?

Korleis skal skulen få ei tydelegare pedagogisk leiing?

Korleis få til lojalitet i personalet?

Korleis arbeide fram ein felles kultur for Gol skule, der alle føler seg inkludert

og medverkande?

Vidare arbeid etter ekstern skulevurdering Etter at vurderinga er over og rapporten er ferdig, startar utviklingsarbeidet i skulen.

Prosessen vert styrt av skuleleiinga og blir fylgd opp av skuleeigar.

Døme på korleis ein slik prosess kan gjennomførast:

Innan to veker etter vurderinga: skuleleiinga lagar ein milepælsplan for

etterarbeidet

Milepælsplanen bør ha mål og ansvarsfordeling

Personalet blir involverte i det vidare arbeidet med tiltaka i milepælsplanen

Etter cirka eit halvt år: Skuleeigar har møte med skuleleiinga for å fylgja

prosessen

Etter cirka eit år: Skulen og skuleeigar har nytt møte for å sjå kva som har

skjedd av endringar

Vedlegg A.

Deltakarar i ekstern vurdering Det er viktig at dei skulane som får rettleiing forankrar prosessen hjå elevane,

foreldra, alle medarbeidarar på skulen og andre samarbeidspartar som er

viktige for skulen. Ekstern vurdering sikrar at dei ulike stemmene blir høyrde

og sett.

− Interne: Rektor, lærarar, elevassistentar, elevar på alle trinn, og 20

foreldrerepresentantar frå alle trinn.

− Eksterne: Rettleiar Kristi Odéen og vurderar Kjellrun Bø Johansson, frå Udir.

Page 18: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 18 -

Grunngjeving for val av informantar

Temaet læringsleiing har fokus på elevane si læring, i motsetning til klasseleiing, som

meir har fokus på læraren si undervisning. Elevane er dermed dei viktigaste

informantane våre.

Læringsleiing dreier seg likevel mykje om kva læraren gjer og korleis ho/han legg til

rette for læring i klasserommet. Læraren kan og gi informasjon om organisasjonen og

korleis det blir lagt til rette for felles praksis. Lærarane er derfor også uvurderlige

informantar.

Barnerettleiarane har ofte oversikt over det som skjer i ulike klasserom og med ulike

lærarar, og ikkje minst ute i friminutta. Dei er derfor også viktige informantar.

I tillegg har vi hatt daglege møter med rektor og inspektørar for avklaringar.

Vedlegg B. Tidsplan og aktivitetar Før vurderingsveka på skulen, har det vore kontakt mellom vurdererarar og

skule, og data er henta inn. Det er utarbeidd ein tidsplan for prosessen.

Framtidsbiletet er utarbeidd og diskutert og endra i samspel med skule-

personalet. Personalet har gjennomført ei organisasjonsundersøking og ein

ståstadsanalyse som rettleiarane har vore med på å oppsummera.

Samtaleguidar er utarbeidd og møte med føresette planlagd.

Det er sett av inntil tre dagar (fire dagar på store skuler) til sjølve vurderinga.

Dette vil seia i hovudsak ein startdag der vurdererarane og rektor/leiing og

personalet møtes for fyrste gong. Så starter informasjonsinnhentinga

gjennom samtalar, møter, observasjon o.l. Alle data blir samansett, og

vurdererarane leiter etter mønster i materiale og speglar det mot

framtidsbiletet. Rapport blir skriven og lagt fram for personalet tredje dagen.

Å gjennomføre ei kvalitetsvurdering på 3 dagar er knapp tid, og fører til seg

ei avgrensing av temaet.

VII. Ekstern vurdering 28. november til 1. desember

2016

Dag Klokkelslett Møte Kven deltar Kor

Måndag 08.00 – 08.30 Møte for

personalet

Alle Aula

08.30 – 09.15 Elevar Elevar 9 og 10 Møterom 2

09.30 – 10.15 Observasjon Møterom 2

10.30 – 11.15 Elevar Elevar 7 og 8 Møterom 2

11.30 – 12.00 Pause Møterom 2

Page 19: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 19 -

12.00 – 12.45 Observasjon Møterom 2

13.00 – 13.45 Observasjon Møterom 2

13.45 – 14.30 Observasjon Møterom 2

14.45- 15.15 Adm Adm Møterom 2

18.00 – 20.00 Foreldre FAU og

vararepr.

Trinn 10

Tysdag 08.30 – 09.15 Elevar 1 og 2 Møterom 2

09.30 – 10.15 Lærarar 8-10 Møterom 2

10.30 – 11.15 Observasjon Møterom 2

11.30 – 12.00 Pause Møterom 2

12.00 – 12.45 Elevar 3 og 4 Møterom 2

13.00 – 13.45 Observasjon Møterom 2

13.45 – 14.30 Lærarar 1-4 Møterom 2

14.45 - 15.15 Adm Adm Møterom 2

Onsdag 08. 30 – 09.15 Elevar 5 og 6 Møterom 2

09.30 – 10.15 Observasjon Møterom 2

10.30 – 11.15 Assistentar Alle Møterom 2

11.30 – 12.00 Pause Møterom 2

12.00 – 12.45 Observasjon Møterom 2

13.00 – 13.45 Observasjon Møterom 2

13.45 – 14.30 Lærarar 5-7 Møterom 2

14.45- 15.15 Adm Adm Møterom 2

Torsdag 11.30 – 12.30 Presentasjon

rapport

Adm Møterom 2

14.45-15.45 Presentasjon

rapport

Personale

FAU

Repr

skuleeigar

Aula

Vedlegg C. Metodar

Skulen har alt ein del data gjennom ståstadsanalysen og

organisasjonsanalysen. Det gir eit godt grunnlag for å velgja område for

ekstern vurdering. For å sikra god forankring og at alle stemmer blir høyrte,

blir det henta inn data frå fleire andre kjelder (kjeldetriangulering). For å få

best mogeleg kvalitet på informantar frå elevene, ber ein rektor i samarbeid

med kontaktlærarar plukka ut elevar som skal bie intervjua.

Rektor får også ansvaret for å laga ein plan for intervju med personalet slik

at skulen kan fungera under vurderingsveka.

Alle intervju er gruppeintervju.

Tema og tid til rådvelde har verknad for val av metode. I prosessen på denne skulen

er fylgjande metodar nytta:

Ståstadanalyse

Barne og ungdomsskulen gjennomførte ståstadanalysen kvar for seg i februar 2016.

Dei gjennomførte først fase 1 i samla personale og deretter individuelt fase 2

elektronisk. På barnetrinnet svarte 31 av 40 tilsette, på ungdomsskulen 21 av 26

tilsette. Resultatet vart drøfte på kvar skule for seg i samla personale. Deretter

Page 20: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 20 -

utarbeidde dei ein SWOT felles for begge skulane for å finne kva dei var sameinte om

og kva som kom ulikt ut på dei to skulane.

Dokumentanalyse

Vi har fått tilgang til Utviklingsplanen til skulen, SWOT og til It´s Learning der vi kunne

finne ulike vekeplanar for dei ulike klassane

Samtaleguidar

For å fanga lik tematikk, har vurderarane på førehand utarbeidd ulike samtaleguidar

til hjelp for samtalar med elevgrupper, foreldre og personale på skulen, både lærarar

og elevrettleiarar. Spørsmåla i desse samtaleguidane er alle henta frå teikn på god

praksis i framtidsbiletet. Desse samtaleguidane ligg som vedlegg.

Møte

Vi hadde møte dei tilsette på skulen i 20 minutt mandag morgon.

Møte med elevane i 5 ulike grupper á 45 minutt.

Møte med tilsette i 4 ulike grupper, tre lærargrupper og ei gruppe elevrettleiarar.

Møte med leiinga på skulen kvar ettermiddag, måndag til onsdag.

Observasjon

Vi observerte i alle klassar gjennom heile skuledagen, måndag til onsdag.

Logg Vi skreiv logg frå alle samtalar og møte, og notatar frå alle observasjonar

Vedlegg D. Tomme samtaleguidar

Spørsmål til elevane:

Kvalitetsmål Teikn på god praksis

Kva er det beste med Gol skule?

Nevn 3 ting

Elevperspektivet

Det er godt lærings- og

klassemiljø ved skulen. Elevane er

motiverte og aktive i

læringsprosessen og opplever høg

grad av meistring

Veit du kva du skal lære og kva mål

du skal arbeide mot i skulen?

Opplever du meistring og veit kva du

skal gjere for å lære meir og bli betre

i fag?

Er de motiverte i læringsarbeidet?

Får du vere med og bestemme kva

du skal lære og/eller korleis du kan

arbeide for å lære?

Trur de alle opplever at dei høyrer til

sosialt?

Lærarperspektivet

Page 21: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 21 -

Det pedagogiske personalet har

god kompetanse i arbeidet med

læringsleiing og har god forståing

for leiarrolla si.

Formulerer lærarane tydelege mål for

kva de skal lære?

Vurderer lærarane fortløpande

læringa dykkar?

Legg lærarane til rette for at de

sjølve reflekterer og medverkar i

lærings- arbeidet?

Opplever du at lærarane liker deg?

Korleis veit du det?

Liker lærarane alle elevane i klassen?

Korleis får du vite om kor godt du

lærer?

Korleis får du vite kva du skal gjere

for å lære meir og betre?

Foreldreperspektivet

Foreldra er godt orienterte om

eleven sin skulekvardag og er ei

god støtte i eleven si faglige og

sosiale utvikling.

Forventningane mellom heim og

skule er avklarte

Kjenner foreldra læringsmåla til

elevane, og korleis de lærer?

Bidrar foreldra positivt i læringa og

utviklinga di?

Har foreldra positiv haldning til og

snakkar positivt om læringsarbeidet

skulen driv?

Organisasjonsperspektivet

Skulen er ein lærande

organisasjon og har gode system

og rutiner som fremmer god

læringsleiing

Har alle lærarane like reglar?

Er det noko skulen kan bli betre til?

Er det noko elevane kan bidra med

for å gjere skulen betre?

Spørsmål til personalet:

Kvalitetsmål Teikn på god praksis

Elevperspektivet

Det er godt lærings- og klassemiljø

ved skulen. Elevane er motiverte

og aktive i læringsprosessen og

opplever høg grad av meistring

Veit elevane kva dei skal lære og kva mål

dei skal arbeide mot?

Opplever elevane meistring og veit dei kva

dei skal gjere for å betre læringsutbyttet i

fag?

Er elevane motiverte i læringsarbeidet?

Page 22: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 22 -

Er elevane engasjerte og medverkande i

eiga læring?

Er alle elevane inkluderte og opplever at

dei høyrer til sosialt?

Lærarperspektivet

Det pedagogiske personalet har

god kompetanse i arbeidet med

læringsleiing og har god forståing

for leiarrolla si.

Formulerer lærarane tydelege læringsmål

og vurderer fortløpande elevane si læring?

Legg lærarane til rette for at elevane

reflekterer og medverkar i lærings-

arbeidet?

Har lærarane positive relasjonar til alle

elevane?

Har lærarane høge forventningar til alle

elevane og gir dei trening i å vurdere

korleis dei best lærer?

Vurderer lærarane eigen praksis og

reflekterer saman med kolleger?

Foreldreperspektivet

Foreldra er godt orienterte om

eleven sin skulekvardag og er ei

god støtte i eleven si faglige og

sosiale utvikling.

Forventningane mellom heim og

skule er avklarte

Kjenner foreldra læringsmåla til elevane,

og korleis dei lærer?

Bidrar foreldra positivt i elevane si læring

og utvikling?

Har foreldra positiv haldning til og snakkar

positivt om læringsarbeidet skulen driv?

Er samarbeidet mellom heim og skule

godt?

Blir elevane si læring diskutert på

foreldremøter og i foreldresamtaler?

Organisasjonsperspektivet

Skulen er ein lærande

organisasjon og har gode system

og rutiner som fremmer god

læringsleiing

Har skulen ei tydeleg pedagogisk leiing?

Har leiinga og personalet felles forståing

av kva som kjenneteiknar god

læringsleiing?

Legg leiinga jevnlig til rette for refleksjon,

erfaringsdeling og kompetanseutvikling i

arbeidet med læringsleiing?

Blir felles reglar og retningslinjer som er

fatta lojalt fulgt opp av alle tilsette?

Page 23: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 23 -

VIII. FORELDREMØTE, 28.november, Gol skule

Tema: Læringsleiing Alle gruppene svarer på spørsmål 1.

Gruppene svarer så på alle spørsmåla på kvart sitt område før de fortset på dei andre

spørsmåla.

Svar på spørsmål 15 og 16 til slutt.

1. Kva er det beste ved Gol skule? Nemn tre ting skulen er god på.

Gruppe 1: kvalitet i læringsarbeidet

2. Korleis veit elevane kva dei skal lære og kva mål dei skal arbeide

mot?

3. Opplever elevane meistring og veit kva dei skal gjere for å betre

læringsutbyttet i fag?

4. Er elevane motiverte, engasjerte og medverkande i eiga læring?

5. Veit de om alle elevane er inkluderte og opplever å høyre til

sosialt?

6. Oppfattar de at lærarane har positive relasjonar til elevane?

Gruppe 2: forventningar til skule – heim

samarbeid

7. Har lærarane høge forventningar til elevane og gir dei trening i å

vurdere korleis dei best lærer?

8. Korleis er samarbeidet mellom heim og skule?

9. Korleis blir dei gjensidige forventningane mellom heim og skule

etablert og fulgt opp?

10. Har de foreldre positive haldningar til skulen og korleis

viser de desse haldningane?

IX. Gruppe 3: Samarbeid om elevane si læring 11. På kva måte blir de gjort kjende med læringsmåla til eige

barn, og korleis dei lærer?

12. På kva måte blir de gjort kjende med graden av

måloppnåing for eige barn?

13. Motiverer de foreldre barna i læringsarbeidet?

14. Blir elevane si læring diskutert på foreldremøter og

foreldresamtalar?

Page 24: Rapport frå ekstern vurdering på Gol skule i veke 48 /2016 Tema ...€¦ · Framtidsbildet blir gjort konkret ved å dela det inn i kvalitetsmål med teikn på god praksis. Skulen

Skuleutvikling Rapport frå ekstern vurdering ved Gol skule

- 24 -

X. Vegen vidare 15. Er det noko skulen kan bli betre på?

16. Er det noko foreldra kan bidra med for å gjere skulen

betre?