8
PTF Eirik Johnsen

Rapport ptf våren

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Rapport ptf våren

PTF

Eirik Johnsen

Page 2: Rapport ptf våren

4

Foto frå Camp Nou

Forord

Artige filmar

Franmark

Webside

4

3

Side

5

6

7

Page 3: Rapport ptf våren

Forord

ForordDenne PTF perioden har vore kort, men likevel utruleg lærerik. Til trass for få PTF-timar har denne perioden kanskje våre den perioden der eg har lært mest. Hovudsakleg på grunn av at eg var så heldig og fekk vere med på turen til Frankrike og Danmark. På grunn av dette og få PTF-timar har eg ikkje produsert så mykje som eg skulle ønskje og rapporten blir ikkje like pen og velskriven som eg skulle ønskje. Dette beklager eg, men Post Production av Frankrike/Danmark må rett og slett kome først.

Rapporten som no blir levert er rett og slett det same designet som den første PTF- rapporten eg leverte. Eg leverar nokre foto som eg tok på Camp Nou når eg var der saman med Raymond under studieturen i Barcelona. Eg vel og å levere to «artige» filmar frå turane eg har våre med på i år. Intensjonen er ikkje at du skal vurdere dei for hardt, men kanskje trekkje litt på smilbandet. Elles fortel eg litt om arbeidet med prosjektet Frankrike/Danmark, i tillegg til ei webside som eg har laga.

Page 4: Rapport ptf våren

4

Foto frå Camp Nou

FotoEg og Raymond var så heldige at vi fekk skaffa oss billettar til Campions League kampen mellom FC Barcelona og FC Bayern Munchen som gjekk samtidig som vi var på stu-dietur i Barcelona. Planen var eigentleg å berre gå på kampen og nyte den som fot-ballsupportar. Men sidan vi hadde moglegheiten og utstyret til det bestemte vi oss for å ta med 200mm og 300mm. Vi tok med oss kamera og objektv på kamp og prøvde å få til nokre gode bilete samtidig som vi skulle sjå kamp.

Dette bydde på fleire utfordringar. Vi hadde bestemte seter vi skulle sitte på under kampen. Dermed vart bileta i enkelte situasjonar litt frå langt ifrå når ting skjedde langt ifrå oss. I tillegg vart vinklane på bileta ganske like sidan vi berre kunne site på ein plass og ikkje gå rundt å ta foto frå der vi ville.

Ei anna utfordring var lyset. Sidan dette er fotball på ekstremt høgt nivå går alt veldig fort og lukkarhastigheita måtte difor vere høg. Dette førte til høg iso, og stor blendaropning. Bileta vart ikkje for mørke for meg sidan 70-200mm har ein f/stopp på 2.8. Bileta tykkjer eg i seg sjølv er ganske gode, men kanskje litt kjedlige. Når det skjedde dei største og viktigaste tinga, klarte eg ikkje å halde fotballsupportaren inni meg, og fortsette å vere fotograf. Dermed blir mange av bileta mine statiske. Eg følar likevel dei «fortel ei historie», og at ein kan relatere seg til dei. Krangelen med dommaren og dirigenten bakerst tykkjer eg er gode eksempel på dette.

4

Page 5: Rapport ptf våren

Artige filmar

FilmUnder turane til Frankrike, Danmark og Spania er det mykje foto og film materiell som eg tykkjer har ein bra humoristisk verdi dersom det blir satt saman på rikitg måte. Eg meinar også det er ein liten kunst å få til nettopp dette, den rette musikken, dei rette effektane og dei rette lydeffektane. Med inspirasjon frå TV3 serien Paradise Hotel har eg prøvd å setje saman desse videoane på ein artig måte.

Eg håpar ikkje desse videoane blir for hardt vektlagt i karakterprosessen. Det er meir for at du skal få sjå litt kva eg har brukt litt av tida mi på, på flyet, heime og andre stadar. Eg håpar du set pris på desse to videoana og at du får deg ein liten lattar.

Eg tykkjer sjølv desse filmane er ganske artige og er faktisk godt fornøgd med måten eg har satt saman filmane på med tanke på effektar, lyd også vidare. Utanom det er jo dei fleste klippa elendig filma utan spesielt bra lyd og har ikkje blitt fargekorrigert.

Økonomisk ansvarlegUtanom prosjekt og andre ting har eg også vore ansvatrleg for økonomien i ungdoms-bedrifta. Eg har sendte faktura, samla inn pengar frå klassen til studietur når det har vore naudsynt, betalt til reiseleiar Olav Øygard det han skulle ha i tillegg til dei andre oppgåvene til ein økonomisjef. Dette har vore litt tidskrevande og slitsamt men også veldig lærerikt ved å finne ut korleis det er å vere i styret i ei bedrift og ikkje minst kor vanskeleg det kan vere å vere økonomisk ansvarleg.

5

Page 6: Rapport ptf våren

4

6

FranmarkFrankrike/DanmarkDette prosjektet er det eg har lært klart mest av etter to år på medium og kommunikasjon. Å få vere med på ein «ordentleg» filmproduksjon har våre fantastisk interessant og lærerikt og er ein opplevelse eg er utruleg takknemlig for at eg har fått og eg kjem til å ta den med meg vidare i livet.

Eg, Martine og Josef vart sendt til utlandet saman med ein medielærar for å lage ein promoteringsfilm for fylkeskommunen. Dei sa det skulle vere ein informasjonsfilm, men eg tykkjer meir det er ein reklamefilm for det arbeidet Sogn og Fjordane fylkeskommune gjer.

Byrjinga på prosjektet var utan tvil det mest utfor-dande. Dei første turane til Sogndal og Stryn og dei første dagane i Frankrike då eg var usikker på eit heilt ukjend kamera og usikker på kva eg skulle filme når det kom til innklippsbilete. Etter kvart som eg vart meir kjend med kameraet og meir sikker på kva eg skulle filme følte eg at alt kom seg. Eg følte at eg fekk betre kontroll og dermed følte eg og at det eg filma vart betre.

I post production tok det utruleg lang tid før vi kom i gong, av to grunnar. Vi hadde ikkje PTF timar, og vi fekk beskjed om at Bjørn skulle fikse nokre supermaskiner til oss slik at det vart enklare å redigere. Slik gjekk det ikkje. Si-dan skuleåret holdt på å gå over bestemte eg meg for at eg berre var nødt å begynne med det. Sjølv om vi ikkje hadde verken PTF timar eller supermas-kiner. Det hjalp ikkje på når Espen og Josef plutse-lig hadde blitt einige om at vi skulle synke intervjua manuelt. Detter er noko eg kun har gjort på ama-tørnivå heime før, men eg kom kjapt inn i det og fann koden på korleis eg skulle gjere det. Dette var likevel utruleg slitsamt og tidkrevande, når det var over to timar med intervju og ingen klipp var over 5 minutt.

Vidare no har eg sett gjennom alle intervjua og valgt ut det som er brukande til å ha med i informasjonsfilmen. Den neste fasen eg skal setje igong med no er å prøve å skape ei historie med intervjua og prøve å få formidla bodskapen fylkeskommunen vil ha formidla. Å få vere med i ein slik produksjon har våre ekstremt lærerikt og eg ser fram til å fortset-je med arbeidet med den. Utanom oplevelsen og læringa med den har eg lært meg nye filmteknikkar og nye ting i Premiere Pro.

Page 7: Rapport ptf våren

7

Webside

WebEtter den ifølge megsjølv for korte webperioden og skuffelsen om at vi ikkje kunne kome opp i web på eksamen valte eg å lage endå ei nettside. Sidan eg er ganske inter-essert i fotball og sko laga eg ei nettside for fotballskoa til Adidas. Sidan eg ikkje kan selje produkta sjølv, blir ein visst ein trykkjer inn på eit produkt for meir info og for å kjøpe blir ein sendt vidare til ei side som sel skoa prodirectsoccer.com.

Fotoa som er nytta på webisda har eg henta frå prodirectsoccer.com og frå google. Eg har med favicon som er adidaslogoen. Dei fleste effektane og det eg har gjort her visste eg eigentleg ikkje korleis ein gjorde, men google og youtube har vore til ekstremt god hjelp. Måten eg har fått publisert nettsida på er via domenet til Ole Johnny.

Ved dette raske prosjektet har eg lært mange nye nyttige ting som eg ikkje kunne frå før av. Sjølv om eg ikkje har fått noko spessielt med hjelp av lærarar har eg på ein måte lært meg sjølv via søk på internettet og youtubeturtorials.

Page 8: Rapport ptf våren

4Vår 2015

Eirik Johnsen