9
skular og utdanning Tema i dag:

Tema skular og utdanning 2014

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Temasider fra Nordfjordsamkøyringa

Citation preview

skular ogutdanning

Tema i dag:

I haust starta Stryn vidare-gåande skule opp den nyeopplæringsmodellen –«Vekslingsmodellen» medfordjuping i ønska yrkeallereie første året innanprogramfaget bygg- og an-leggsteknikk. Det betyr atelevane får prøve seg ut i arbeidslivet etter berrenokre dagar på skuleben-ken. Dei kan då veljemellom ti ulike yrke, rele-vant for deira utdannings-val. Elevane kan velje åprøve ut eitt eller fleire avdesse yrka. Praksisen er at

dei som vil får vere på einarbeidsplass ein dag i veka.

Lærerikt Jan Erik Hoddevik frå Ol-den er ein av dei som harnytta seg av det nye tilbo-det ved skulen no i haust.Han har allereie bestemtseg for at han vil bli røyr-leggjar, og har vore hjå Kr.Vik i Stryn ein dag i veka.

– Eg har lært mykje ute ipraksis dette første halvå-ret. No er eg endå meir sik-ker på at det er røyrleggjareg vil bli. Arbeidsoppgå-

vene har vore å vere medein røyrleggjar på jobb.Det handlar både om ny-bygg og arbeidsoppgåver ieldre hus, seier Jan Eriksom neste år må reise tilFlorø eller Sogndal for å taandre året på klima, ener-gi- og miljøteknikk, spesi-fikt røyrleggjarfaget. Der-etter kan han kome attendetil Stryn for å bli lærling i to år.

Byggjer hus Bjørnar Sæten frå Loen erein annan som også harvalt ein dag i veka ute i ar-beidspraksis. Han er medein entreprenør som byg-gjer bustadar i Stryn sen-trum, og får lære bådetømrarfaget og betongar-beidarfaget. – Planen min er å bli både

tømrar og betongarbeidar.

Etter to år på skule her iStryn vil eg gå ut som lær-ling på den arbeidsplasseneg er no. Når læretida er over etter to år kan eg tafagbrev som tømrar. Seinare kan eg arbeide eittår til og så ta nytt fagbrevsom betongarbeidar, seierSæten som trivst godt med å arbeide ute ein dag iveka.

–Tømrar er eit yrke someg trivst veldig godt med.Det er kjekt med fysiskkroppsarbeid, og eg likargodt å byggje hus. I løpetav eit halvt år med skuleog praksis har eg lært vel-dig mykje. Eg opplever ateg får bruk for teorien vilærer på skulen, når egkjem ut på arbeidsplassen,seier Bjørnar som skal taover ein gard i Loen.

– Å kombinere tømrar-

yrket med å vere bondetrur eg kan bli ei bra løy-sing, seier han.

Rett utdanningsvalJohanne Elisabett Sørdaler utviklingsleiar ved sku-len, og seier at fordjupinginnan det yrke eleven øn-skjer allereie første året, erein framtidsretta tanke. – Vekslingsmodellen ved

Stryn vidaregåande skuleer eit resultat av fleire årsinternasjonalt samarbeid.Opplæringsmodellen iStryn er nær linka til kor-leis København Tekniskeskule har bygd opp sine yr-kesfagutdanningar. DåStortingsmelding 20 –«Kvalitet og mangfald ifellesskolen» kom våren2013, såg vi at dennesamanføyde seg med våretankar og planar kring

denne nye modellen, seierSørdal som understrekar atelevane kan velje ein dagmed arbeidspraksis alle-reie første året. –I dag har vi sytten elevar

på Vg 1 bygg- og anleggs-teknikk, der fem til sju avdei er ute på ein arbeids-plass ein dag i veka. Tan-ken er at dei skal få prøveønska yrke ute i praksis,slik at dei seinare kan veljerett utdanningsveg. Vimeiner at relevant praksiser viktig for å ta dei rettevala, seier Sørdal.

Fleksible løysingar Første året kan elevanevelje mellom heile ti ulikeyrke, som dei kan få prøveut. Det er innan anlegg, an-leggsmaskinførar, fjellar-beidar, betong, stillasbyg-gjar, tømrar, røyrleggjar,

skular & utdanning

Arbeidspraksis gjer det lettareStryn vidaregåande skule har innført ein nyopplæringsmodell, der elevane kan fordjupeseg i ønska yrke allereie første året på bygg-og anleggsteknikk. Det gjer det lettare for ele-vane å velje rett yrkesutdanning.

taktekkjar og ventilasjon-og blikkenslagar.

–Det er ikkje alle dessearbeidsplassane vi finn rettutanfor skuledøra, men viarbeider for å finne flek-sible løysingar, og då gjer-ne på heimplassen til ele-ven. Dersom vi til dømeshar ein elev frå Eid, kan viprøve å finne ein relevantarbeidsplass der, seier Sør-dal som mellom anna for-tel om det unike tilbodetelevane har om å reise tilKøbenhavn, for å få prak-sis innan murarfaget. – I Sogn og Fjordane finst

det ikkje bedrifter som ut-fører tradisjonelt murarar-beid frå grunnen av, medteglsteinsmuring til dø-mes. Men ved eit samar-beid med København Tek-niske skule klarer vi å få tilden praksisen også. Det er

på Vg 2 at elevane som tekmurarfaget får eit tilbodom tre veker teoretisk ogpraktisk opplæring veddenne skulen. Utvekslingaer eit resultat av samarbeidmed skulen i Københavngjennom europaprosjektet«Leonardo da Vinci mobi-litet», seier Sørdal som og-så opplyser at neste år vilStryn vidaregåande kunneta inn 24 elevar ved Vg1bygg- og anleggsteknikk,mot sytten i dag.

Lærer i praksis Alexander Haavik og Joa-kim Johanessen frå Eid gårbegge andre året på bygg-og anleggsteknikk. Dei harvalt tømrarfaget, der deneine vil bli tømrar og denandre ingeniør.

– Eg lærer best når eg erute i praksis. Å få sjå

korleis ting skal gjerast erdet beste, seier Alexandersom planlegg å ta fagbrevsom tømrar etter to år somlærling. Joakim Johanessen skalogså ta fagbrev som tøm-rar, men vil gjerne utdanneseg til ingeniør etter det.

–Min plan er å gå på tek-nisk fagskule først, og så taingeniørutdanning etterdet, seier Joakim. Og den-ne «fagvegen» til ingeniør-yrket er noko som bådeskulen og næringa er opp-teken av.

– Vi ser innan fagmiljøetfor ingeniørar at dei allerhelst vil ha nyutdanna medfagbrev innan yrkesfag.Dei sit med ein faglegkompetanse innan bygg-tekniske fag som blir prio-ritert i yrkeslivet, seierSørdal som meiner at den-

ne måten å tenkje utdan-ning på kan overførast tilfleire yrkesfag.

– Ei yrkesfagleg utdan-ning med fagbrev vil gje ei større forståing for detyrket ein er på veg inn i. Å ta utdanningsvegen studie-spesialisering er vel og bra,men det gjev ikkje det samespringbrettet yrkesmessig,understrekar ho.

– Med eit fagbrev opnardei fleste mulegheiter segfor vidare og høgare ut-danning. Ungdom som veldenne utdanningsvegen erdei mest attraktive på ar-beidsmarknaden.

Stryn vidaregåande skuleFor deg som vil litt meir!

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

STRYNVIDAREGÅANDESKULE

YRKESFAGLEGEUTDANNINGSPROGRAM INNAN VG1/VG2

STUDIEFØREBUANDEUTDANNINGSPROGRAMINNAN VG1/VG2/VG3

STRYN VIDAREGÅANDE SKULE

50 ledigelæreplassar

Vi tek inn lærlingar i fag:Kjemiprosess, Produksjonsteknikk, Industrimekanikar, Sveis, Plate,Automatisering, Elektrikar, Dataelektronikar, IKT-service, CNC-maski-neringsteknikk, Logistikk, Kontor- og administrasjon, Salsfag,Industrisnikkar, Industrirørleggar, Motormekanikar, Industrimontør,Serigrafifaget, Industriell overflatebehandling, Laboratoriefaget.Lærebedrifter:BIS Høyanger, BIS Årdal, BIS Svelgen, Elkem, Ewos, Vik Ørsta,Petal, Solund Verft, Havyard Ship Technology, Stryvo Cermaq,Teekay Petrojarl, KMI, Norway Pelagic avd. Kalvåg, NorwayPelagic avd. Florø, Nesseplast, Førde Mekaniske Industri, WIS,WISS, ITM, Klausen, Fjordpipe, Luster Mekaniske Industri, Nomek,

Hellenes, Solheim Diesel, SafeClean, PRO Opplærings-kontoret, Sunnfjord Industri og Sveiseservice, Hagen, Halliburton,NTP, Rørleggar Nigardsøy, TESS, Swire Oilfield Service, Saint JeanWheels.Sjå www.pro.sf.no for korleis å søke. Søknadsfrist 1.3.

å velje

OPPLÆRINGSKONTORETFOR FISKERI OG HAVBRUKSFAG

Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og FjordaneMaritim Park, Raudeberg / Pb. 89, 6707 Raudeberg

Tlf. 57 85 22 32, epost: [email protected]

Mangespanande jobbar

ventar på deg ifiskeri- og havbruks-relaterte næringar.

Les meir på www.okfh.no

sikker jobb- trygg framtid

Med bygg- og anleggsteknikk kan du bli: Tømrar, murar, målar, røyrleggjar, veg- og an-leggsfagarebeidar, asfaltør, banemontør, an-leggsmaskinførar, stillasbyggjar, taktekker, blik-kenslager, trevaresnikkar, glasfagarbeidar.

– Ein lærer aller best praktisk arbeid ute på ein arbeidsplass, meiner frå venstre Joakim Johanessen,Alexander Haavik, Bjørnar Sæten og Jan Erik Hoddevik.Stryn vidaregåande tilbyr ein dag med praksis allereie første året på bygg- og anleggsteknikk.

INGER TRÆ[email protected] telefon: 57 88 53 17

Magnus Henden frå Hen-nebygda, Martine Almen-ning frå Rugsund og Es-pen Koltveit fråRaudeberg er elevar medidrett som programfag påFirda vidaregåande påSandane. Magnus går før-ste året, medan Espen ogMartine går andre året, der

dei alle har valt turn somspesialidrett. Martine harturn som breiddeidrett,medan Magnus og Espenhar det som toppidrett. – Eg har utvikla meg vel-

dig mykje som turnar etterberre vel eit halvt år påskulen, seier Magnus Hen-den som starta på idretts-

linja i haust. Då hadde hanbak seg heile elleve år medturn, etter at han har voreaktiv i turngruppa på Eidsidan han var fem år. – For meg hadde det vore

lite aktuelt å skulle veljevanleg studieførebuandesom programfag. Eg likarå vere i aktivitet, og turn-

miljøet her på skulen erveldig bra. Vi har gode fas-cilitetar med eigen turn-hall, og no har også denunike skumgummigropakome på plass. Det betyr atvi kan kaste oss ut i fleireulike utfordringar forditryggleiken er betre med eislik grop, seier Magnus ogfår støtte frå Espen Kolt-veit som går andre året.

Utviklande miljø– Eg har turna i Skavøy-

poll IL sidan eg var ti år,og valde idrett her på

Sandane for å utvikle megvidare. Her er forholdalagt til rette slik at vi kan fåhalde på mykje med turn,under gode tilhøve for tre-ning. Ikkje minst vil egunderstreke den skum-gummigropa som no erkomen på plass. Ei gropsom vi kan lande i, medminimal risiko for å komened på feil plass. Då kan viverkeleg få utfordre osssjølve, seier Espen. Hanunderstrekar at elevanebrukar mykje tid på tre-ning saman, og at dei lærer

ved å samarbeide i eit fel-lesskap.

– Vi må alltid strekkje oss vidare og prøve ut nyesaltoar og ting som vi kangjere i lufta. Vi kan til dømes sjå på youtube kor-leis det skal gjennomfø-rast, for så å prøve sjølvegjennom mange timar medterping. Etter kvart er detdette som gjev resultat,seier Espen som sjølv harplanar om å bli politi.

– Ein bakgrunn frå idrettsom programfag på vida-regåande kan nok kome

skular & utdanning

– Idrettsfag på timeplanen er bra både for kroppen og dei generelle stu-diefaga, seier tre elevar som har valt turn som spesialidrett på idrettfagved Firda vidaregåande skule.

Fysisk aktivitet er bra for skul

godt med når eg skal søkjevidare på politihøgskulen,trur han.

Ny som turnar Martine Almenning haddelite kjennskap til turnspor-ten då ho starta på idretts-fag på Sandane.

– Eg har valt turn sombreiddeidrett og har bådeturn og fotball som minespesialfag. Under skuleti-da mi så langt på Sandanehar eg lært mykje innanturnsporten. Ikkje minsthar eg fått betre koordina-

sjon og balanse, seier Mar-tine som til liks med Mag-nus ikkje har bestemt segfor kva ho vil bli.

– Eg veit ikkje kva for yrke eller utdanningsvaleg vil velje vidare, seierhan som likevel meiner atmykje idrett på skulen erbra, også for dei teoretiskefaga.

– Konsentrasjonen blirbetre når vi får nytta såmykje av skuledagen til åhalde oss i form. Det er og-så eit positivt pluss for deiteoretiske faga, der vi fak-

tisk må sitje stille, seierMagnus.

Fleire idrettarVel ein programfag idrettved Firda kan ein fordjupeseg i fotball, handball,turn, volleyball, svøm-ming, friidrett (løp/hopp/kast), vektløfting og fri-luftsliv. Ved sidan av harein også aktivitetslæresom mellom anna inklude-rer friluftsliv.

Å være frisør er gøy, sosialt og skapende. Ønsker du å ha en jobb der ingen dag er lik og du ser resultater av eget innsats umiddelbart?

Som frisør har du mulighet til å jobbe med mennesker, og hjelpe andre med å få frem det beste i seg selv.

Etter bare 5 1/2 måned på Cancam skolen kan du begynne å jobbe som lønnet lærling.

For mer informasjon ta kontakt, eller gå inn på cancamskolen.no eller facebook.com/frisorskole.

Studiestart: august 2014 og januar 2015.

DRØMMER DU OM Å BLI FRISØR?

Ålesund // tlf 951 70 784 // [email protected]

SKOLEN

Firda vidaregåande skule Firdavegen 21, 6823 Sandane

Telefon: 57 82 53 20 - Telefax: 57 82 53 21

FIRDA VG

S MED

IESENTER

• Studie- spesialiserande

• Musikk, dans og drama

• Idrettsfag• Vg3 påbygg,

generell studiekompetane

MEIR ENN EIN SKULE

FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE

edagen –Vi har ein veldig kjekk skulekvardag, der vi fårbruke mykje tid i idrettshallen, seier frå venstreMartine Almenning, Magnus Henden og EspenKoltveidt på Firda vidaregåande skule.

INGER TRÆ[email protected] telefon: 57 88 53 17

Kristoffer Sjåstad (18) fråStadlandet, Silje Forthun(18) frå Årdal og MartinMyklebust Kvile (17) fråBreim vil alle bli møbel -snikkarar, og har valt VG2Industriell møbelproduk-sjon ved Eid vidaregåandeskule for å nå målet.

Mykje på verkstadenDei lærer å lage møblarbåde for hand og med ma-skiner, og alle tre legg vektpå at det er ei utdanningmed svært mykje praksis.– Eg likar å snikre og dri-

ve med treverk, og her fårvi mykje tid på verkstadenog med maskinene. Detpassar meg bra. Eid vida-regåande har eit godt til-bod i denne linja, meinerSjåstad.

– Eg gjekk først to år påmekanikk, men ombestem-te meg fordi det var så my-kje matematikk og kompli-sert teori. Industriellmøbelproduksjon verkameir gøy – og er det! Det ermeir handfast og større vektpå praktisk arbeid her, ogdet likar eg, fortel Forthun.

Ørsta vgsØrsta vidaregåande skule, Holmegt. 14, Ørstatlf. 70 04 74 00, www.orsta.vgs.no

VERDAS VAKRASTE YRKEØrsta vidaregåande skule er den einaste skulen i Møre og Romsdal som tilbyr blomsterdekoratørutdanning. I tillegg har elevane også høve til utplassering i utlandet. Oline Johanne Jensine Gjesdal har sett moglegheita i blomsterbransjen, og akkurat no er ho på veg til å utdanne seg som blomsterdekora-tør. Det er litt vilt, litt vakkert, men ikkje minst fargerikt. Du er konstant omgitt av naturens eigne kreasjonar og himmelske dufter. Lite kan samanliknast med det å arbeide med blomster. Oline Johanne Jensine Gjesdal har hatt sommarjobb ved Heidatun staudegartneri på Lauvstad, og såg fort at ho brann for å jobbe med blomster. I 2012 - 2013 gjekk ho VG1 design og handverk, og har no starta på VG2 Blomsterdekoratør som er eit utdanningstilbod ved Ørsta vidaregåande skule.- Følg hjartet ditt! Tørr å satse, seier Oline.

EIT SKAPANDE YRKEBlomsterdekoratøryrket er eit skapande yrke, og her vil du lære å trene deg til å få eit godt auge for farge og form. Som blomsterdekoratør jobbar du mykje med andre menneske, du hjelper dei til å få uttrykke deira følelsar i både sorg og glede. Faget går ut på å lage blomsterarbeid til ulike anledningar som bryllaup, barnedåp, konfi rmasjon, bursdagar, sorg, dekorere rom, eller berre for å gi noko vakkert for å glede eit anna menneske.

TILBOD SKULEÅRET 2014/2015Bygg- og anleggsteknikk Elektrofag Restaurant- og matfagVG1 Bygg- og anleggstekn. VG1 Elektrofag VG1 Restaurant- og matfagVG2 Byggteknikk VG2 Energi VG2 Kokk- og servitørfag VG1 AutomatiseringDesign og handverk VG3 Automatiseringsfag Teknikk og industriellVG1 Design og handverk produksjonVG2 Blomsterdekoratør Helse- og oppvekstfag VG1 Teknikk og ind.prod. VG1 Helse- og oppvekstfag VG2 Arbeidsmaskiner VG2 Barne- og ungd.arb.f. VG2 Kjøretøy VG2 Helsefagarbeider VG2 Industriteknologi

skular & utdanning

Studiespesialiserande medformgjevingsfagFrå skuleåret 2014-2015 tilbyr Eid vidaregåandeskule Studiespesialiserande med formgjevingsfag.Elevane får jobbe med maleteknikkar, grafisk de-sign, animasjon, foto og scenografi i eigne pro-sjekt, men òg saman med profesjonelle aktørar iOperahuset Nordfjord og Malakoff Rockfestival.Programfaga er Visuelle kunstfag, Design og arki-tektur, Scenografi og kostyme, Trykk og foto, ogallereie på 1. trinn er det 10 timar programfag perveke. Formgjevingsfag gjev generell studiekompe-tanse og moglegheit for spesiell studiekompetanseom ein vel fysikk og matematikk på realfag.

Eid har 150 år med tradisjon for utdanning itrearbeidsfag. Arvtakaren er industriell møbelproduksjon, som rekrutterer til mangeulike yrke. Faget er meir materialuavhengig idag, med fokus på metall, plast, stoff og hud itillegg til tre, men det er framleis ein del ele-var som ønskjer å arbeide med det tradisjons-rike materialet.

IKKJE BERRE TRE: Møbelproduksjon i dag er ikkje berretradisjonelt trearbeid, og utdanninga er materialnøytralmed fokus på metall, plast, stoff og hud i tillegg til tre.

Mange moglegheiter med Trearbeidsringen NordfjordTrearbeidsringen Nordfjord er danna for å auke rekrutte-ringa til tre- og møbelbransjen i distriktet. Elevar medbakgrunn frå VG2 industriell møbelproduksjon ved Eidvidaregåande skule har tilgang til mange ulike oppgåveri dei ni bedriftene som er med i ringen. NorgesviduetBjørlo AS, Bjarne Espe Trevarefabrikk AS, Nordvest-vinduet AS, Hagen Treindustri AS, Holmøy Møbel AS,Stryn Møbelindustri AS, Tonning Møbelfabrikk AS, J. E. Ekornes AS avd. Grodås og Grodås Mønstertekno-logi AS har til saman 450 arbeidsplassar i Nordfjord.

Med sans f

Myklebust Kvile søkte eigentleg på ei anna linje,og fekk plass på Industriellmøbelproduksjon etter åha ringt og spurt etter atsøknadsfristen var gått ut.

– Eg hadde flaks og fekkplass. Det er eg glad for,for eg likar meg veldiggodt her. Det er veldigkjekt med praktisk arbeid,

og eg tykkjer det er fint atvi får lage det vi vil, seierhan.

Sjølvvalde prosjektAt dei får bruke eigen kre-ativitet og jobbe medsjølvvalde prosjekt er ogsåav betyding for Sjåstad,Forthun og MyklebustKvile. I starten av skule -året er det obligatorisk åbyggje ein kommode, mennår den er ferdig står ele-vane fritt til å velje pro-sjekt sjølve.

Sjåstad har mellom annalaga eit bord han har stå-ande på hybelen sin, og erno i ferd med å byggje nykropp til gitaren sin.

Myklebust Kvile har fer-digstilt ein tv-benk og tonattbord med glasdører, oglegg no siste hand på eitmassivt spisebord i eiksom skal få plass i stovaheime hos faren når det erpussa og lakkert.Forthun har sans for tradi-

sjonsrikt møbelhandverk,og har bygd eit låsbartskåp med utskjeringar itre. No held ho på å lageein kopi av ein gamal stolmed innebygd skuffe.– Eg er glad i å jobbe med

tre, og kosar meg her. Eindag hadde det vore flott åkunne lage eitt og eitt mø-bel i min eigen verkstad,seier ho.

Landsdekkande tilbodOm ein vel Teknikk og in-dustriell produksjon (TIP)på vidaregåande, lærer einmellom anna dreiing, svei-sing, trearbeid, program-mering av industrirobotarog korleis motorar verkar.Spesielt for Eid vidaregå-ande er at TIP-elevane job-bar tett opp mot arrange -ment i Operahuset Nord fjord,og lagar kulisser, byggjerscener, sveiser lamper oglagar møblar og interiør tilopera og musikal.

Det andre året kan ein så

gå vidare med anten VG2Industriteknologi ellermed VG2 Industriell mø-belproduksjon. Frå ko-mande skuleår har Eid vidaregåande skule den ei-naste linja for industriellmøbelproduksjon i Norge,med landsdekkande tilbodog plass til tolv elevar.

– Stor arbeidsmarknadSjølv om møbelproduk-sjon har gått frå handverktil industriell produksjon,er det stadig rom for trevir-ke i faget, og distriktet harein tre- og møbelbransjemed lange tradisjonar. TIPgjev grunnlag for sværtmange lærefag, og skulensamarbeider tett med næ-ringslivet gjennom Trear-beidsringen, som repre-senterer ni verksemdermed 450 arbeidsplassar.

– Reknar ein med Sunn-møre, kjem ein opp i 2.500sysselsette i vår region.Arbeidsmarknaden innan-

for denne næringa er storfor unge som ønskjer å satse på denne utdannings-vegen, seier rektor OveBjørlo på Eid vidaregå-ande.

– Etter å ha fullført toskuleår, kan elevane gå ut ilære og få seg fagbrev, eller gå vidare til påbyggfor generell studiekompe-tanse og derifrå gå vidarepå høgskule, seier han.

Ønskjer læreplassBåde Sjåstad, Forthun ogMyklebust Kvile håpar pålæreplass hjå bedrifter iNordfjord. Sjåstad harallereie fått tilbod omplass.

– Eg vil ikkje ha meir ut-danning etter dette skule -året, eg vil ut i jobb. Ekor-nes i Hornindal har einplass til meg når eg er ferdig, og den vil eg ta,fastslår han.

– Sjølv om eg seinare teksikte på å bli sjølvstendig

møbelsnikkar, vil eg halærlingplass og jobbe i be-drift. Kanskje hjå BjørloNorgesviduet, det kunneeg godt tenke meg, seierForthun.

– Det kan kanskje bli ak-tuelt med vidare utdanningpå eit seinare tidspunkt,men først vil eg gå vegensom lærling. Eg kunne tildømes ha lyst på plass hjåEspe eller Nordvestvindu-et. Målet mitt er å få jobbsom møbelsnikkar i einbedrift som driv med mø-belproduksjon, og allerhelst her i distriktet, seierMyklebust Kvile.

Med teknikk og industriell produksjonkan du bli: Møbelsnikkar, platearbeidar, industrimekanikar,bilmekanikar,verktøymakar, billakkerar, motormekanikar,brønnoperatør eller motormann.

GITAR: Kristoffer Sjåstad lagar ny kropp til gitaren sin.

STOL: Silje Forthun dreier bein til stolen ho held på å la-ge. Lærar Mari-Janne Henden rettleiar.

SPISEBORD: Martin Myklebust Kvile har bygd eit spise -stovebord i heiltre eik. Berre pussing og lakkering står att.

MARIA [email protected] Direkte telefon: 57 88 53 14

or trevirke og praktisk arbeid

Jim Frode Pedersen, Kris-toffer Stokke d.y. og SirilSjåstad går alle andre åretved programfaget restau-rant- og matfag ved Mål-

øy vidaregåande skule.Andre året heiter det kokk-og servitør, og etter hal-vanna år ved skulen hardei lært å lage mat av gode

råvarer, frå grunnen av. –Vi har lært korleis dei

mest grunnleggande opp-skriftene fungerer, og såkan vi byggje matlaginga

www.maloy.vgs.no

Er dette noko for deg?

Måløy vidaregåande skule6718 Deknepollentlf.nr: 57 84 91 00e-post: [email protected] www.maloy.vgs.no

SOGN OG FJORDANEFYLKESKOMMUNE

VG1 Bygg- og anleggsteknikk

VG1 Helse- og oppvekstfag

VG1 Naturbruk

VG1 Restaurant- og matfag

VG1 Studiespesialisering

VG1 Teknikk og industriell produksjon

VG2 Akvakultur

VG2 Barne- og ungdomsarbeiderfag

VG2 Byggteknikk

VG2 Fiske og fangst

VG2 Industriteknologi

VG2 Kokk- og servitørfag

VG2 Køyretøy

VG2 Maritime fag

VG2 VG2/3 Studiespesialisering - Språk, samfunnsfag og økonomi - Realfag

Tekniske og allmenne fag (TAF)

Eid vidaregåande skule

Utdanningsprogram for Eid vidaregåande skule 14/15

realfag, økonomifag, samfunnsfag, språkfag.

vg1, vg2 elenergi, vg2 data og elektronikk, vg3 dataelektronikk

vg1, vg2 industriteknologi, vg2 industriell møbelproduksjon (landslinje)

fylkesdekkjande tilbod, vg1, vg2 interiør og utstillingsdesign

Besøk www.eid.vgs.no og vår facebookside eller ring 57 88 52 00

Alle elevane på alle trinn kan velje PROGRAMFAG knytt til skule-musikal og idrett

skular & utdanning

Eit nytt syn på matlaging – Vi har lært grunnleggande matlaging, og kan setje saman mangespennande rettar av gode råvarer, seier tre elevar som går andre åretpå kokk- og servitør ved Måløy vidaregåande skule.

Med restaurant- og matfag kan du bli: Kokk, institusjonskokk, servitør, bakar, konditor,pølsemakar, kjøttskjærar, slaktar, butikkslaktar,sjømathandlar, fagarbeidar i sjømatproduksjoneller industriell matproduksjon.

ut frå det, seier Kristoffer Stokkesom for lengst har lagt vekk To-ro-pakken når han skal lage mat.

–Det handlar om å gå i djupnanår det gjeld kjennskap til råva-rer og matlaging, alt frå sausar tilmeir avanserte teknikkar ogmange slags sortar av garnityr,seier dei tre som meiner læraraneved skulen og bra utstyr på kjøk-kenet, er viktige faktorar for eibra utdanning.

Topp kjøkken –Vi har eit heilt topp moderne

kjøkken med alt ein kan ønskje segav gode kjøkkenreiskapar. Det gjertil at ein kan prøve seg på avansertmatlaging og lukkast. Mellom an-

na har vi tilgang på fersk fisk fråskulen sin fiskebåt og ein eigenrøykjeomn. Lærarane er også vel-dig flinke og kjem med dei besteråda undervegs, seier dei tre somønskjer å gå ulike yrkesvegar etterto år ved skulen i Måløy.

Lærling på båt Jim Frode Pedersen frå Florø har allereie fått jobb som lærlingpå Hurtigruta, og tek til der etteravslutta skulegang i Måløy no tilvåren.

–Eg har vel alltid hatt lyst til åarbeide på ein båt, og no gårdraumen i oppfylling, der eg og-så får jobbe med mat, seier JimFrode. Han trivst veldig godt

med studieopplegget på skulen,ikkje minst fordi elevane får ut-fordringar av ulike slag.

–Vi har hatt fleire oppdrag til-knytta aktivitetar utanfor skulen,og ulike konkurransar som vi harvore med på. Det er ein spen-nande måte å lære på, seier han. Også Siril Sjåstad frå Stadlandetvil gjerne bli lærling på ein båt.

–Eg kjem frå ein fiskarfamilieog for meg er det heilt naturleg åprøve livet til sjøs, seier Sirilsom gjerne vil til fjerne farvatnfor å lage mat. Å jobbe i landsom Kina, Japan og Australia ernoko ho kunne tenkje seg.

–I desse landa finst det spen-nande kjøkken som har kome

langt med å utvikle det beste avgourmetmat, fortel ho.

Mat som hobby Kristoffer Stokke er den einaste avdei tre som ikkje vil gå vidare påkokkevegen etter to år i Måløy.

–Eg har vel funne ut at ei meirteoretisk utdanning passar bestfor meg, og har bestemt meg forå studere jus. Det betyr studies-pesialiserande her i Måløy fråhausten av, seier Kristoffer somlikevel ikkje har angra på valetav kokkefag. –No har eg lært mykje om matla-

ging som eg vil ta med meg vidare.Det er spennande å lage litt utfor-drande rettar, og matlaging blir de-

finitivt ein viktig hobby for meg iframtida, seier Kristoffer.

Mange vegval Frå hausten av er det berre Mål-øy vidaregåande skule som til-byr restaurant- og matfag i Nord-fjord, etter at Stryn vidaregåandemiste det programfaget. Elles iSogn og Fjordane er det to andreskular der ein kan ta dette faget,både første året og andre året påkokk- og servitør. Om ein vil gåvidare andre året på matfag, ogseinare bli til dømes bakar ellerkonditor, må ein ut av fylket.

–Det er spennande å utdanne seg til kokk i Måløy. Vi får mange utfordringar og får vere med på konkurransar undervegs, seier frå venstre Jim Frode Pedersen, Kristoffer Stokke og Siril Sjåstad.

INGER TRÆ[email protected] telefon: 57 88 53 17