9
TETT PÅ – OM NÆRPOLITIREFORMA

TETT PÅ - Politiet · KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI TROMSØ KIRKENES BODØ TRONDHEIM ÅLESUND BERGEN KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI ” «Talet

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: TETT PÅ - Politiet · KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI TROMSØ KIRKENES BODØ TRONDHEIM ÅLESUND BERGEN KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI ” «Talet

• 1

TETT PÅ– OM NÆRPOLITIREFORMA

Page 2: TETT PÅ - Politiet · KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI TROMSØ KIRKENES BODØ TRONDHEIM ÅLESUND BERGEN KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI ” «Talet

2 • • 3

SAMAN BYGGJER VI EIT

BETRE POLITIEit breitt fleirtal i Stortinget har gitt oss i oppdrag å gjere dei

endringane som er nødvendige for å skape eit betre politi. Det

er like viktig å byggje nærpoliti på bygda som i byane. Utfordrin-

gane vi møter i bymiljøa, må også møtast av eit politi som har

førebygging av kriminalitet som leiestjerne.

Sidan eg tok til i politiet i 1980-åra, har kriminaliteten endra

karakter. No er han meir komplisert, og han kryssar grenser

på ein annan måte enn tidlegare. Inndelinga i lensmannskon-

tor og politistasjonar blei utvikla under andre vilkår, med ein

annan teknologi, eit anna kriminalitetsbilete og ein annan

befolkningsstruktur enn i dag.

I ei undersøking vi gjorde i mai 2016, svarer 97 prosent at

dei kjenner seg trygge der dei bur og ferdast. Det er svært

gledeleg. 63 prosent svarer i same undersøkinga at det som

skaper tryggleik, er at politiet kjem når det trengst. Vi skal gi

innbyggjarane eit handlekraftig nærpoliti som er til stades. Vi

skal også byggje fagmiljø over heile landet som kan handtere

den mest alvorlege kriminaliteten.

Politiet er i gang med nærpolitireforma. Arbeidet er omfattande

og kjem til å ta tid. Vi skal forbetre og modernisere polititenesta,

blant anna gjennom ny teknologi og nye arbeidsmåtar. Vi skal

styrkje arbeidet til politiet på mange område – frå førebygging

og etterforsking til beredskap og politipatruljar på nettet.

Vi ønskjer å involvere kommunane for å utvikle politiet vidare

til det beste for innbyggjarane våre. Stortinget har gitt klare

føringar på korleis dette skal gjerast. Vi ser fram til eit godt

samarbeid med kommunar og lokalsamfunn over heile landet.

Odd Reidar Humlegård

Politidirektør

Nærpolitireforma handlar om å skape trygge lokalsamfunn. Samfunnet endrar seg rundt oss,

og kriminaliteten blir stadig meir komplisert. Politiet må utvikle seg for å kunne kjempe mot

kriminaliteten i dag og i morgon. Derfor må vi i politiet endre måten vi jobbar på.

2 •

Page 3: TETT PÅ - Politiet · KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI TROMSØ KIRKENES BODØ TRONDHEIM ÅLESUND BERGEN KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI ” «Talet

4 • • 5

Politiet skal ta vare på tryggleiken til innbygg­

jarane over heile landet, både i det fysiske og i

det digitale rommet.

Det er brei semje i Stortinget om nærpolitireforma. Vi skal

utvikle eit nærpoliti som er operativt, synleg og tilgjengeleg,

og som har kapasitet og kompetanse til å førebyggje, etter-

forske og påtale kriminelle handlingar og sikre tryggleiken for

innbyggjarane.

Politiet skal utvikle eit kompetent og effektivt lokalt nærpoliti

der befolkninga bur. Samtidig skal politiet utvikle sterke fagmiljø

som er rusta til å møte kriminalitetsutfordringane både i dag og

i morgon.

For å nå måla for nærpolitireforma må politiet styrkje nærværet

sitt lokalt og utvikle seg som organisasjon.

Mobile politikontor

Målet er å utvikle eit meir kompetent og effektivt nærpoliti.

Vi skal flytte ein del av ressursane frå kontor med avgrensa

opningstid til å vere tettare på både innbyggjarane og kriminal-

iteten.

Når fleire lensmannskontor blir slått saman, skal politiet fram-

leis vere til stades. Fleire patruljar skal ut på vegen, og politib-

ilane skal ha utstyr som gjer det mogleg å starte etterforsking

på staden og gjennomføre nødvendige avhøyr.

TRYGGLEIK FOR INNBYGGJARANE

4 •

12 POLITIDISTRIKT

Finnmark politidistrikt

Troms politidistrikt

Nordland politidistrikt

Trøndelag politidistrikt

Møre og Romsdal politidistrikt

Vest politidistrikt

Sør-Vest politidistrikt

Agder politidistrikt

Sør-Aust politidistrikt

Aust politidistrikt

Innlandet politidistrikt

Oslo politidistrikt

TROMSØ

KIRKENES

BODØ

TRONDHEIM

ÅLESUND

BERGEN

KRISTIANSAND

TØNSBERG

OSLO

STAVANGER

HAMAR

SKI

TROMSØ

KIRKENES

BODØ

TRONDHEIM

ÅLESUND

BERGEN

KRISTIANSAND

TØNSBERG

OSLO

STAVANGER

HAMAR

SKI

” «Talet på hus er ikkje så viktig, det viktige er at politiet er ute på landevegen med rett kapasitet til rett tid.»Lensmann Marit Stigen, Stjørdal, Trøndelag politidistrikt

Page 4: TETT PÅ - Politiet · KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI TROMSØ KIRKENES BODØ TRONDHEIM ÅLESUND BERGEN KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI ” «Talet

6 • • 7

POLITI LENSMANNSKONTOR

STENGT

POLITI

POLITI

POLITI

6 •

Betre polititeneste

Lensmann Arnold Nilsen i Troms møtte lokal motstand då politiet ønskte å

slå saman dei tre lensmannskontora Berg, Sørreisa og Finnsnes. I dag er

kommunane godt nøgde med polititenesta.

«Vi var svært skeptiske til endringane, men tok feil. Vi har fått ei betre polititeneste etter at lensmannskontoret blei lagt ned. Vi har fått eit synleg politi som er til stades i nærmiljøet, og opplever at det har ein preventiv effekt.»Jan-Eirik Nordahl, ordførar (Ap) for Sørreisa kommune

At politiet og kommunen har eit godt og felles situasjonsbilete av utford-

ringane som lokalsamfunnet står overfor, er ein viktig føresetnad for ei

vellykka nærpolitireform.

«I tillegg til å møte i politiråd møter lens­mannen årleg i kommunestyret og informerer om kriminalitetsbilete, oppklaringsprosent og krim­inalitetsutfordringar. Samarbeidet og dialogen er god, og vi føler at politiet høyrer på innspela kommunen har til dei polititenestene som blir leverte.Jan-Eirik Nordahl, ordførar (Ap) for Sørreisa kommune

Kort responstid

Tryggleik for lokalsamfunnet handlar om at politiet kjem raskt når ein

innbyggjar ringjer 112 og treng hjelp.

Responstid er viktig for innbyggjarane. Derfor er det innført tydelege krav

til responstida. Stortinget har også kome med klare føringar for korleis

den lokale politistrukturen skal leggjast om, og for korleis befolkninga

skal ha tilgang til polititenestene.

Befolkninga skal vere trygg på at politifolk med rett kompetanse skal vere

raskt på plass kvar som helst i distriktet. Like viktig som rask hjelp er god

hjelp.

Politiet skal vere til stades der det er behov, og ha kompetanse og kapa-

sitet til å løyse fleire av sakene der dei skjer.

«Gjennom vaktsamarbeid med Målselv har vi no døgnkontinuerleg polititeneste i regionen.»Lensmann Arnold Nilsen, Finnsnes, Troms politidistrikt

Politiarbeid på staden er nøkkelen til eit nært politi. Med denne arbeids-

metoden løyser politiet oppgåvene med betre kvalitet. Patruljen tek

avhøyr med det same, sikrar spor og oppklarer fleire saker på staden.

MOBILE STASJONAR: Med nærpolitireforma vert nokre tenestestader erstatta med mobile einingar. Det betyr at politiet vert meir fleksibelt, tilgjengeleg og tett på.

Page 5: TETT PÅ - Politiet · KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI TROMSØ KIRKENES BODØ TRONDHEIM ÅLESUND BERGEN KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI ” «Talet

8 • • 9

FAKTA OM NÆRPOLITIREFORMA

Nærpolitireforma handlar om at politiet skal bli endå betre til å

skape tryggleik der folk bur og ferdast i det daglege. Noreg har

ein dedikert og kompetent politistyrke som på fleire område er

blant dei fremste i verda. Likevel er ikkje norsk politi godt nok

rusta for å løyse samfunnsoppdraget sitt på best mogleg måte.

MÅLA MED NÆRPOLITIREFORMA

Det overordna målet med reforma er eit nærpoliti som er

operativt, synleg og tilgjengeleg – eit politi som har kapasitet

til å førebyggje, etterforske og påtale kriminelle handlingar,

og som sikrar tryggleik for innbyggjarane. Det skal utviklast

eit kompetent og effektivt lokalt nærpoliti der befolkninga bur.

Samtidig skal det utviklast sterke fagmiljø som er rusta til å

møte kriminalitetsutfordringane i dag og i morgon.

SEKS DELMÅL SKAL BIDRA TIL DETTE OVERORDNA MÅLET

• Eit meir tilgjengeleg og nærverande politi med god lokal

forankring og samhandling

• Eit meir einskapleg politi som leverer meir einsarta

polititenester med betre kvalitet over heile landet

• Eit politi med meir målretta innsats på førebygging,

etterforsking og beredskap

• Eit politi med betre kompetanse og kapasitet, som deler

kunnskap og lærer av erfaringar

• Eit politi som skaper betre resultat i ein kultur prega av open-

heit og tillit, gjennom god leiing og aktiv medarbeidarskap

• Eit politi som arbeider meir effektivt ved å ta i bruk betre

metodar og ny teknologi

HOVUDTILTAK I NÆRPOLITIREFORMA

Ei lang rekkje utviklingstiltak skal medverke til at politiet når måla

med nærpolitireforma. Tiltaka kan delast i fire hovudområde:

• Politiet skal organiserast på ein ny måte

• Leiing og styring i politiet skal styrkjast

• Politiet skal utvikle nye og betre måtar å jobbe på

• Politiarbeidet skal støttast av nye og betre teknologiske

arbeidsverktøy

Dei neste åra vil Noreg gradvis få eit betre og meir moderne politi. Nærpolitireforma er ein

langsiktig plan for å utvikle politiet i perioden fram mot 2020.

Kjelde: Masterplan nærpolitireforma

POLITI

POLITI

SAMARBEID

FOR FØREBYGGING

8 • • 9

Førebyggingsarbeidet skal styrkjast i alle politiledd og gjerast

meir målretta og systematisk i samarbeid med kommunane og

lokalsamfunna. Det er viktig at politiet og kommunane arbeider

tett med å finne gode løysingar.

«Vi har som felles mål å gi tryg­gleik til innbyggjarane. Det gjer vi best gjennom å samarbeide. Det er viktig å lytte til behova og perspektiva som kommunane har. Samtidig har eg tru på at politiet tydeleg seier frå om kva forventningar vi har til kommunane.»Lensmann Marit Stigen, Stjørdal, Trøndelag politidistrikt

Nærpolitiet i bygd og by

Politiet skal styrkje samarbeidet med kommunane og andre

lokale aktørar gjennom politiråd og politikontaktar. Mange kom-

munar har politiråd i dag, men arbeidet er ikkje like systematisert

og forpliktande overalt. God kjennskap til lokalmiljøet er viktig for å

førebyggje kriminalitet – både på bygda og i byen.

Forpliktande samarbeid med aktørar i lokalsamfunnet set politiet

i betre stand til å gjere ein god jobb. Utfordringane skal møtast av

eit politi som har lokalkunnskap, og som blir drive av å førebyggje

kriminalitet. Politikontakt, næringslivskontakt og radikalisering-

skontakt er funksjonar som skal etablerast i alle distrikta, og som

let oss kome tettare på lokalsamfunnet.

Her er nokre døme på kva som ligg i dei ulike funksjonane som

skal innførast i distrikta:

Politikontakt

- politiet sitt daglege kontaktledd med kommunane, og rådgivar

innan kriminalitetsførebygging.

Politikontakten skal sjå til at politiet har nødvendig kontakt med

kommunane som høyrer til tenesteeininga, og har ansvaret for at til-

rådingane i SLT (Samordningsmodell for lokale, førebyggjande tiltak

mot rus og kriminalitet) og politiråd vert følgde opp i politidistriktet.

Radikaliseringskontakt

– spesialisten i politidistriktet i arbeidet mot radikalisering og

valdeleg ekstremisme. Radikaliseringskontakten har fagansvar og

skal som hovudføremål sørgje for at arbeidet med å førebyggje

radikalisering og valdeleg ekstremisme er koordinert.

Næringslivskontakt

– skal arbeide med å førebyggje og redusere arbeids-

marknadskriminalitet og kriminalitet retta mot næringslivet. Skal

sørgje for eit godt lokalt samarbeid mellom politiet, næringslivet,

tryggingsorgana og andre aktørar i det sivile samfunnet.

Page 6: TETT PÅ - Politiet · KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI TROMSØ KIRKENES BODØ TRONDHEIM ÅLESUND BERGEN KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI ” «Talet

10 • • 11

Ein viktig del av nærpolitireforma er å utvikle sterke fagmiljø i

distrikta – fagmiljø som er rusta til å møte kriminalitetsutford-

ringane i dag og i morgon. I dag er politiet ulikt organisert frå

politidistrikt til politidistrikt, og kvaliteten på tenestene er ujamn.

Lik organisering og like funksjonar gir betre polititenester

Ein meir heilskapleg og overordna organisasjonsmodell gjer

det lettare for politiet å jobbe meir systematisk og på tvers av

distrikta. Det skal også etablerast over 40 standardiserte funks-

jonar, med nasjonale, einskaplege funksjonskrav.

Radikaliseringskontakt, næringslivskontakt, politiråd og poli-

tikontakt er eksempel på desse funksjonane. I tillegg skal vi

styrkje spesialistmiljø på prioriterte område, som vald i nære

relasjonar og seksualovergrep mot barn. Funksjonane skal

etablerast i alle politidistrikta, og medverke til å heve kvaliteten

på politiarbeidet.

Styrkt fagmiljø

Politiet ønskjer politidistrikt som har nok kompetanse til at dei

sjølve kan løyse fleire saker med alvorleg kriminalitet. Det er

nødvendig for å sikre ei god og einsarta polititeneste.

«Gjennom å samle ressursane har vi greidd å auke både talet på tenestemenn og tenestekvinner og kompetansen deira på utlendingsfeltet. Dette har ført til at dei i dag har høgare kvalitet på gjennom­føring av passkontrollar, utlendingskon­trollar på veg og tog, og dermed stansar og utviser fleire på grensa som ikkje har lovleg tilgang til landet.»Lensmann Marit Stigen, Stjørdal, Trøndelag politidistrikt

Fagmiljøa blir sterkare gjennom politireforma. Politidistrikta skal

ha spisskompetanse på prioriterte område.

Løft av etterforskingsfeltet

Politiet skal bli betre på etterforsking. Det handlar om god

etterforskingsleiing, erfaringsdeling mellom distrikt og fagmiljø,

og spisskompetanse lokalt. Nærpolitiet skal setjast i stand til å

etterforske alvorleg og komplisert kriminalitet, og det skal bygg-

jast opp eigne spesialistmiljø i politidistrikta som er betre rusta

til å etterforske økonomisk kriminalitet, vald i nære relasjonar og

menneskehandel.

Leiing, kultur og haldningar

For å skape betre resultat treng politiet ein kultur prega av open-

heit og tillit. Med kultur meiner vi måten vi løyser oppgåvene på,

hos oss.

Kultur blir påverka gjennom god leiing og rette rammevilkår,

som felles retningslinjer og effektive prosessar som alle deler.

Vi jobbar blant anna med å rekruttere og utvikle høgt kvalifiserte

leiarar og medarbeidarar, nye etiske retningslinjer, plan for

kjønnsbalanse i leiarstillingar og oppdaterte varslingsrutinar.

Politiet skal levere gode polititenester med meir ein­

sarta kvalitet, uavhengig av kvar i landet du bur.

BETRE KVALITET – TIL ALLE

10 •

Page 7: TETT PÅ - Politiet · KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI TROMSØ KIRKENES BODØ TRONDHEIM ÅLESUND BERGEN KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI ” «Talet

12 • • 13

Nærpolitiet skal også på sikt vere til stades på digitale møteplas-

sar. Her skal politiet tryggje innbyggjarane med kompetente

nettpatruljar og rett kompetanse for å førebyggje og nedkjempe

kriminalitet.

Cyberkriminalitet omfattar blant anna informasjonstjuveri, svindel

på nettet og sabotasje. Dette er ei stadig større kriminalitetsut-

fordring. Politiet må styrkje kompetansen sin og samarbeide tettare

med IKT-miljø for å førebyggje og nedkjempe denne kriminaliteten.

Digital politimelding og nettbrett i bil

Politiets tenestetilbod til innbyggjarane skal digitaliserast, og store

IKT-investeringar trengst. Å kunne politimelde via nettet er blant dei

første polititenestene som kjem digitalt. Etter kvart kan innbyggja-

rane også søkje om pass og våpenkort på nettsidene til politiet.

For å gi innbyggjarane betre service blir andre polititenester knytte

til forvaltning og sivil rettspleie digitaliserte. Dette frigjer ressursar,

slik at politiet kan bruke meir av tida på å løyse kjerneoppgåvene.

Tekniske hjelpemiddel som nettbrett i bil og utstyr til å gjennomføre

avhøyr på staden gjer at politiet kan vere meir på vegane, jobbe

meir målretta og løyse fleire saker meir effektivt.

Den teknologiske utviklinga gir både mogleg­

heiter og utfordringar for politiet. Politiet skal

møte befolkninga der dei er, også på digitale

flater. DIGITALT

NÆRPOLITI FINNMARK POLITIDISTRIKT

KIRKENES

Ellen Katrine Hætta

TROMS POLITIDISTRIKT

TROMSØ

Ole B. Sæverud

NORDLAND POLITIDISTRIKT

BODØ

Tone Elisabeth Vangen

TRØNDELAG POLITIDISTRIKT

TRONDHEIM

Nils Kristian Moe

MØRE OG ROMSDALPOLITIDISTRIKT

ÅLESUND

Ingar Olav Bøen

VEST POLITIDISTRIKT

BERGEN

Kaare Songstad

SØR-VEST POLITIDISTRIKT

STAVANGER

Hans Vik

AGDER POLITIDISTRIKT

KRISTIANSAND

Kirsten Marie Lindeberg

SØR-AUST POLITIDISTRIKT

TØNSBERG

Christine Fossen

OSLO POLITIDISTRIKT

OSLO

Hans Sverre Sjøvold

AUST POLITIDISTRIKT

SKI

Jon Steven Hasseldal

INNLANDET POLITIDISTRIKT

HAMAR

Johan Brekke

HOVUDSETE OG POLITIMEISTER I POLITIDISTRIKTET DITT

12 •

«Eit tomt lokale skaper ikkje trygg­leik. Tryggleiken sit ikkje i veggene. Det er mykje viktigare å ha dyktige tenestemenn tilgjengeleg døgnet rundt, slik at folk får hjelp når dei treng det.»Lensmann Anne Margrethe Ruud, Lyngdal, Agder politidistrikt

Page 8: TETT PÅ - Politiet · KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI TROMSØ KIRKENES BODØ TRONDHEIM ÅLESUND BERGEN KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI ” «Talet

14 • • 15

I tillegg til lønn er mykje av pengane i politiet bundne opp i

administrativt arbeid, driftskostnader og husleigekostnader.

Gjennom nærpolitireforma skal politiet arbeide smartare. Dette

kjem innbyggjarane til gode gjennom eit politi som er effektivt

og tett på.

Ressursar skal frigjerast frå administrativt arbeid. Gjennom kutt i

husleigeutgiftene og andre driftskostnader skal vi få fleire politi-

patruljar på vegane og sterkare fagmiljø.

Politiet skal styrkjast

Sidan 2013 har det blitt betydelege fleire politifolk. Aldri før har

det vore så mange tilsette i politiet, og den største veksten er

komen på politiutdanna i distrikt og særorgan.

Politiet har dei siste åra fått ein betydeleg tilførsel av ressursar, særleg i form av nye stillingar.

Politiet har likevel ein stram økonomi. Vi må jobbe smartare for å få meir politikraft ut av pengane.

POLITIET MÅ FÅ

MEIR UT AV PENGANE ORGANISERING AV ETATENLEIING OG STYRINGNYE OG BETRE MÅTAR Å JOBBE PÅNYE OG BETRE ARBEIDSVERKTØY

SLIK SKAL VI SAMAN UTVIKLE EIT BETRE POLITI

14 •

Politiet skal oppklare fleire saker raskare. Politiet blir sett betre i

stand til å løyse samfunnsoppdraget sitt – førebyggje og ned-

kjempe kriminalitet og skape tryggleik for befolkninga.

«Ordførarar og rådmenn i Indre Østfold fortel oss at dei er meir fornøgde med lokalpolitiet sitt no enn dei var før omorganiseringa.»Politistasjonssjef Trond Widme, Indre Østfold Politistasjon, Aust politidistrikt

Page 9: TETT PÅ - Politiet · KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI TROMSØ KIRKENES BODØ TRONDHEIM ÅLESUND BERGEN KRISTIANSAND TØNSBERG OSLO STAVANGER HAMAR SKI ” «Talet

16 •

Les meir om nærpolitireforma på politi.no

ISBN: 978-82-8256-068-9

POD­publikasjon: 2016/08

Opplag: 2000

Trykketid: September

Design: WergelandApenes