Side 1
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Telefon 918 12 542 – epost [email protected] – internett
www.naturvernforbundet.no/mr
Tingvoll, 02. oktober 2015
Verneområdestyret for Trollheimen
VOLLASETRA – UTTAK AV TORV
I samband med siste slåtteøkta var Naturvernforbundet ved Øystein Folden på Vollasetra den
24.9.2015. Då registrerte vi at det var tatt torv til tilbygget på ein plass som var svært overraskande
ut frå vår kunnskap om området.
I samband med synfaring 26. mai 2014 gikk vi gjennom med KNT v/Erik Gudmundsen kva område
på oppsida av fjøs og setersel som hadde spesielle verdiar med omsyn til mogleg plassering av
materialar og torvuttak. Dette ut frå at det då kunne vere lettare for KNT å kunne søke om
nødvendige løyve og løysingar som kunne gjennomførast. I ettertid har vi sett at den mest verdifulle
delen av dette området har hatt plankestablar ikkje berre ein kortare periode i 2014 som vi meinte
kunne passere, men sanneleg framleis når vi kjem til september 2015. Den siste utviklinga ved at
det også er tatt torv innimellom plankestablane på dette området skuffar oss veldig.
Vi har ikkje sett oss inn i kva vilkår som er sett til arbeidet med ombygginga, men meiner at det
som har skjedd her er svært ugreitt. Skadane som har oppstått som følgje av langvarig lagring treng
ikkje vere totale, sjølv om dei nok er betydelege, og det kan tenkjast at effekten av utskugging av
gras også kan ha ein positiv effekt ved å gi rom for ny spiring frå frøbank. Men fjerning av torvlag
frå dei stripene som framleis var grøne er dobbelt negativt for verdiane same korleis ein ser det. Der
er levande planter og frøbank no flytta opp på taket til andre vilkår. Det som er igjen manglar
jordsmonn og vil ikkje ha ein struktur som tillet slått. Prøver ein å reparere på dette ved å fylle på
jord, vil det bli tilført anna jord og anna frøbank enn det som har vore. Det tiltaket som truleg gjer
minst skade er å ta torva ned frå taket igjen og legge ho tilbake på plass, og deretter finne torv og
jord ein annan stad i nærleiken til taket. T.d. frå området bortom gul strek på biletet vedlagt, slik vi
tala med Gudmundsen om i mai 2014. Denne prosessen må vurderast og planleggast av økolog som
driv restaurering av denne typen skader, slik det har blitt no.
Side 2
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Telefon 918 12 542 – epost [email protected] – internett
www.naturvernforbundet.no/mr
Torvuttaket på bileta frå 2015 vedlagt er alle innafor den raude figuren til venstre på flyfotoet.
Ved det nordvestre hjørnet av eldhuset er det tidlegare tatt noko torv. Der var det hol i bakken med
stein i gropa då vi skulle slå hausten 2013. Verdiane på denne plassen var ikkje så store det vi kjente
til, men måten det var gjort på representerer ei risikoåtferd med omsyn til dei biologiske verdiane på
plassen. I løpet av 2014-2015 er det trilla ut masse frå fjøsen og lagt delvis i denne gropa. Det var
truleg ei grei løysing, då det er sannsynleg med minimal frøbank i denne jorda. Men det hadde blitt
veldig mykje betre om massen var lagt i gropa på ein slik måte at ein fekk jamn overflate når dette
gror til. No er det framleis noko grop, og det er ein ny haug, i tillegg til at stein ligg i overflata.
På nedsida av fjøset ligg det også ei jorddunge. På dette området har overflata vore humpete
tidlegare, mangla den ordinære slåttemarksstrukturen, noko som tyder på at det er rota med
jordsmonnet tidlegare. Vi har heller ikkje observasjonar nærast fjøset som seier at området er
spesielt verdifullt. Slik sett trur vi det ikkje er så stor skade skjedd, men det er viktig at dette blir
jamna fint til igjen så ein i framtida kan slå det saman med det andre. Det er elles viktig at ein
plukkar ut stein når ein planerar. Slåtteareala på Vollasetra har knapt spor av stein, som fortel om
langvarig slått.
I samband med slått vil vi normalt kunne samle saman frø frå slåtten som kan brukast til tilsåing av
mindre flekkar. Første moglegheit er ved slåtten i 2016. KNT må i så fall sørge for at det er såklart,
då ein bør så i samband med slåtten, elles blir det for seint på hausten. Anna såfrø er ikkje
tilrådeleg.
Side 3
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Telefon 918 12 542 – epost [email protected] – internett
www.naturvernforbundet.no/mr
Det er i grunnen frykteleg sårt for oss når vi legg mykje arbeidsinnsats i å ta vare på setervollen, og
så ser vi slikt som dette. Vi ber difor om at KNT får opplæring og rammer så dette kan kome i ordna
former for framtida.
Med vennleg helsing
Øystein Folden
leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Bileta nedanfor er tatt 24.9.2015 av Øystein Folden.
Side 4
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Telefon 918 12 542 – epost [email protected] – internett
www.naturvernforbundet.no/mr
Side 5
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Telefon 918 12 542 – epost [email protected] – internett
www.naturvernforbundet.no/mr
På hitsida av gul strek er det i alle fall delvis gamal voll med ein viss slåttemarksstruktur og det er
gjort ein del funn av marinøkkel. På bortsida av gul strek har det vore lagra materialar og ved og det
har vore brent, moglegvis også tatt torv, så der er det lite med restar av slåttemarksbiologien. Det
arealet er ikkje aktuelt å skjøtte som slåttemark i noko fall.