24
Juni 2005 Vel sjukehus sjølv! - kutt ventetida side 3-5 Fleire vil få kreft side 14-16 Psykiatri: Barn og unge skal prioriterast side 18-20

2005_03_Helseivest_web

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Fleire vil få kreft side 14-16 side 3-5 Psykiatri: Juni 2005

Citation preview

Juni 2005

Vel sjukehus sjølv!- kutt ventetida side 3-5

Fleire vil få kreft side 14-16

Psykiatri:

Barn og unge skal prioriterast side 18-20

222

Her er Helse Vest sitt magasin med nyttig informasjon til deg. Les om dine rettar som pasient og korleis du kan velje sjukehus – dersom du skulle trenge det.

Ingen ønskjer å bli sjuke. Men for pasientar og pårørande det viktig at helsetilbodet er godt den dagen dei treng det. Tillit og tryggleik blant innbyggjarane er avgjerande for oss som har det overordna ansvaret for sjukehusa på Vestlandet. Derfor er det tilfredsstillande å vite at pasientar fl est meiner dei får gode helstenester. Omsorg, respekt og kvalitet får dei beste tilbakemeldingane i fl eire undersøkingar.

I denne utgåva av Helse i vest kan du lese om nokre av dei viktige utviklingstrekka vi ser – vi gir deg eit glimt inn i den mangesidige og hektiske sjukehuskvardagen.

Å vente på behandling er ofte både ubehageleg og smertefullt. Dei ulike sjukehusa har ulike ventetider – og du kan sjølv velje kor du vil ta imot behandling. Du som pasient kan ofte korte ned ventetida vesentleg dersom du er positiv til å velje eit anna sjukehus. Kva for rettar har du? Kor mykje varierer ventetidene? Kven kan gi deg informasjon? Korleis går du fram? Dette er nokre av spørsmåla vi gir deg svar på.

Vi står framfor ein krefteksplosjon – kvifor er det slik? Korleis møter vi denne skremmande utviklinga?

Eg håper du synest det er nyttig å lese Helse i vest. Denne utgåva går til alle husstandar i dei tre vestlandsfylka. Du kan abonnere på publika-sjonen – då får du Helse i vest gratis tilsendt fi re til seks gonger per år.

Ver så god…Sommarferien er like om hjørnet, med alle dei herlege, late morgonane og dagar vi kan snekre saman sjølve. Pass på at du steller godt med deg sjølv og dei du har rundt deg. Å bli sett pris på, å bli lagd merke til - å bli sett - er ein grunnleggjande viktig del av sjølvkjensla og følelsen av å ha eit godt liv. Det kostar lite å vere den som gir medmenneska våre ei god oppleving.

Hugs også på deg sjølv. Å ta vare på helsa di er den beste investeringa du kan gjere. Gå ein tur, ta fram sykkelen, svøm eller fi nn andre aktivitetar du liker. Kjenn kor godt det gjer og kjenn på det psykiske overskotet som kjem i kjølvatnet. Gi deg sjølv ein fl ott sommardag, nyt fargane, blomane, havet, bekken, trea, lydane – alt som er viktig for deg - og kjenn kor godt det er å leve.

På vegne av alle oss i Helse Vest ønskjer eg deg ein fl ott sommar!

Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger

Bjørg SandalInformasjonsdirektør

Redaksjon Bjørg Sandal (ansvarleg redaktør)Elisabeth Huse (redaktør)Heidi Bjørnevik

Kontakt oss [email protected] Tlf. 51 96 38 00

Utforming og tilretteleggingOktan Sydvest AS

BidragsytararCompartner AS (tekst)Forsidefoto: Kjetil AlsvikBiletet viser jordmor Trine Kristoffersen ved Stavanger Universitetssjukehus og dottera hennar Hannah (3 1⁄2 ).

Trykkeri Norprint Rotasjon as

Opplag Cirka 400 000. Magasinet er distribuert til alle husstandane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Abonner gratis på Helse i Vest Send ein e-post til [email protected]

• Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret

for sjukehusa i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

• Helse Vest RHF eig fem helseføretak; Helse Førde HF, Helse Bergen HF,

Helse Fonna HF, Helse Stavanger HF og Apoteka Vest HF, samt eitt

aksjeselskap; Helse Vest IKT AS.

• Spesialisthelsetenesta i Helseregion Vest omfattar cirka 45 offentlege

sjukehus og institusjonar og skal gi helsetenester til rundt 920 000

innbyggjarar.

• Rundt 20 000 tilsette arbeider ved sjukehusa i regionen. Ved regions-

administrasjonen i Stavanger jobbar 29 personar. I år vil sjukehusdrifta

på Vestlandet koste rundt 13 milliardar kroner.

Helse Stavanger

Helse Fonna

Helse Bergen

Helse Førde

Haugesund

Stavanger

Bergen

FørdeDette er Helse Vest :

3

Foto: Bjørn E

rik Larsen

Redaksjon Bjørg Sandal (ansvarleg redaktør)Elisabeth Huse (redaktør)Heidi Bjørnevik

Kontakt oss [email protected] Tlf. 51 96 38 00

Utforming og tilretteleggingOktan Sydvest AS

BidragsytararCompartner AS (tekst)Forsidefoto: Kjetil AlsvikBiletet viser jordmor Trine Kristoffersen ved Stavanger Universitetssjukehus og dottera hennar Hannah (3 1⁄2 ).

Trykkeri Norprint Rotasjon as

Opplag Cirka 400 000. Magasinet er distribuert til alle husstandane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Stadig fl eire bruker fritt sjukehusval. Møt Brita Smith-Sivertsen som reiste frå Bergen til Lærdal for å få kneoperasjon.

Pensjonisten hadde vondt i det venstre kneet då ho oppsøkte fastlegen sin i haust. Legen trudde ho trengde kneprotese og dermed operasjon.

– Fastlegen min kontakta det næraste sjukehuset, Haraldsplass Sykehus i Bergen. Der kunne eg komme til undersøking i mai eller juni, fortel pensjonisten. Så kom ho over ein artikkel i Bergens Tidende.

Ringde 800 41 004– Eg las i avisa om Lærdal sjukehus og ein ny teknikk for knekirurgi dei bruker der. Ikkje lenge etter eg las artikkelen, var eg hos fysioterapeuten min. Ho gav meg telefonnummeret 800 41 004, til den gratis opplysingstenesta for fritt sjukehusval. Eg ringde og fekk snakke med ein pasientrettleiar som fann fram til sjukehusa med

kortast ventetid for min diagnose. Kortast ventetid var det i Haugesund og Lærdal. Ettersom eg nettopp hadde lese om Lærdal sjukehus i avisa, valde eg det sjukehuset, seier Smith-Sivertsen. Berre to til tre veker seinare var ho til undersøking i Lærdal, og 1. mars blei ho operert.

Til kontroll i LærdalOpphaldet, som med ein rekreasjonsperiode strekte seg over 16 dagar, er ho godt fornøgd med.

– Dette gjekk veldig fi nt. Eg fekk god fysioterapi kvar dag, og dei som jobba ved sjukehuset var skjønne menneske; både blide og hjelpsame, fortel ho. To og ein halv månad etter operasjonen går det bra med kneet, og dei siste dagane har ho kunna kaste krykkjene. Ho har vore i Lærdal på kontroll etter operasjonen, og skal til nok ein kontroll om eit halvt års tid. Smith-Sivertsen angrar ikkje på at ho brukte retten til å velje sjukehus sjølv. Ho trur ho har redusert ventetida med minst eit halvt år ved å reise til Lærdal. – Alt i alt har fritt sjukehusval fungert veldig fi nt for meg, seier ho.

F r i t t s j u k e h u s v a l

Ringde grønt nummer – fekk rask operasjon i Lærdal

Brita Smith-Sivertsen bur i Bergen og reiste til Lærdal for å få rask operasjon. Det angrar ho ikkje på.

– Sjukehusa melder inn ventetider innan ulike diagnosar til oss. Ventetidene viser at det er store skilnader mellom sjukehusa. Kor mykje ein pasient kan redusere ventetida ved å velje eit anna sjukehus enn det næraste, er avhengig av kva for ein diagnose han har og kor han reiser. Kanskje er det pasienten sitt næraste sjukehus som har den kortaste ventetida, seier pasientrettleiaren.

Han oppmoder derfor pasientar som ventar på behandling om å sjekke ventetida ved ulike sjukehus. Det kan dei gjere ved å ringje gratis til opplysningstelefonen for fritt sjukehusval; 800 41 004, den er open kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00, eller sjekke nettsidawww.sykehusvalg.no

Eksempel på ventetid ved sjukehusa

Sjukehus Ventetid Ortopediklinikken Lærdal 6Stord sjukehus 14Odda sjukehus 18Helse Førde, kirurgisk klinikk Nordfjordeid 20

Hofteleddsartrose (slitasjegikt): Protese

Sjukehus VentetidOrtopediklinikken Lærdal 8Odda sjukehus 18Helse Førde, kirurgisk klinikk Nordfjordeid 20Stavanger Universitetssjukehus 46

Kneleddsartrose (slitasjegikt): ProteseSjukehus VentetidHaukeland Universitetssjukehus 10Voss sjukehus 12Helse Førde, kirurgisk klinikk Førde 36Stavanger Universitetssjukehus 36

Snorkeoperasjon

Sjukehus VentetidHaugesund sjukehus 16Haukeland Universitetssjukehus 23Helse Førde, kirurgisk klinikk Førde 32Stavanger Universitetssjukehus 36

Fjerne mandlane (tonsillectomi)

Eksempel frå dei diagnosene som blir mest nytta ved fritt sjukehusval. Forventa ventetider for utgreiing og behandling per mai 2005. Ventetider i veker.

F r i t t s j u k e h u s v a l

Smart å velje sjukehus sjølv

Pasientar som fl yttar på seg for å få sjukehus-behandling, reduserer ventetida med 70 dagar i snitt.

Det viser ei undersøking som forskarar ved Samfunns- og næringslivsforskning i Bergen har gjennomført.

Forskarane Egil Kjerstad og Frode Kristiansen har studert 55 000 pasientar med nokre utvalde diagonser og deira val av sjukehus.

Konkurranse gir skjerping– Dei som er villige til å reise til ein annan helseregion reduserer ventetida med 70 dagar i gjennomsnitt, samanlikna med dei som vel behandling på sitt næraste sjukehus, seier Kristiansen.

– For pasientane er altså noko å vinne på å bruke fritt sjukehusval?– Ja, mykje tyder på det, sjølv om ventetidene nok kjem til å jamne seg ut over tid. Konkurransen gjer at sjukehus som mister pasientar vil skjerpe seg, trur forskaren.

Store skilnader mellom sjukehusaPasientrettleiar Jan Edvard Gjersvoll svarer på opplysningstelefonen for fritt sjukehusval i Helse Vest. Erfaringa hans er at mange pasientar kan redusere ventetida ved å velje eit anna sjukehus enn sitt næraste, også innanfor Helse Vest-regionen.

Jan Edvard Gjersvoll er pasientrettleiar i Helse Vest. – Eg oppmoder alle som står på venteliste om å sjekke ventetider ved andre sjukehus, seier han.

Foto: Sviggum, Sogndal

4

Står du i sjukehuskø?Sjekk om eit anna sjukehus har kortare ventetid!Ring gratis til opplysingstelefonen for fritt sjukehusval

I Noreg har pasientar fritt sjukehusval. Det betyr at pasientane sjølve kan velje kva for eit sjukehus dei vil la seg behandle ved.

• Kven kan velje sjukehus? Retten til fritt sjukehusval gjeld ved planlagt undersøking eller behandling, men ikkje ved akutt hjelp. Retten til å velje sjukehus gjeld alle pasientar.

• Korleis vel eg sjukehus? Retten til fritt sjukehusval oppstår når ein pasient blir vist til sjukehus. Pasienten har då rett til å velje kva sjukehus tilvisinga skal sendast til. Pasienten bør rådføre seg med legen sin før han tar eit val. Dersom ein allereie er vist til eit sjukehus, kan ein be om å bli vist til eit anna sjukehus. I så fall må ein kontakte legen som har sendt tilvisinga, eller sjukehuset der ein står på venteliste, og be om at tilvisinga blir sendt til eit anna sjukehus. Ei tilvising kan berre sendast til eitt sjukehus om gangen.

• Kva for sjukehus kan ein velje? Retten gjeld alle offentlege sjukehus i Noreg, det vil seie sjukehus som staten eig og driv, nokre private sjukehus som blir drivne som ein del av den offentlege helsetenesta samt private sjukehus som har avtale med eit av dei regionale helseføretaka. Retten gjeld også undersøking eller behandling ved sjukehusa sine poliklinikkar. Pasienten kan ikkje velje ei meir spesialisert behandling enn det som er medisinsk nødvendig.

• Kan eg bli behandla ved eit privat sjukehus? Du kan be fastlegen om å vise deg til eit privat sjukehus som Helse Vest eller ein av dei andre helseregionane har avtale med. Reiseutgifter vil bli dekka etter same reglar som for fritt sjukehusval. Fastlegen kan vise deg direkte til ein av desse klinikkane.

• Kan eg bli behandla ved sjukehus i utlandet? Det er tilbod om behandling i utlandet for pasientar med rett til nødvendig helsehjelp som har sjukdommar vi manglar kompetanse for å behandle i Noreg. Ordninga blir administrert av eininga for utanlandsbehandling i Helse Bergen, på vegne av Helse Vest.

• Kan eg få behandling andre stader? Helse Vest har avtale med ei rekkje privatpraktiserande lege- og psykologspesialistar. Hos nokre av legespesialistane kan ein óg få utført mindre operasjonar. Avtalespesialistane inngår ikkje i ordninga med fritt sjukehusval, men reiseutgifter for pasientar med bustad i regionen blir

F r i t t s j u k e h u s v a l

800 41 004

Slik vel du sjukehus

5

dekka etter same reglar som ved fritt sjukehusval. Du kan be fastlegen din vise deg til ein privat spesialist.

• Korleis kan eg fi nne ut kor køen er kortast? Ring gratis grønt telefonnummer 800 41 004 eller besøk nettstaden www.sykehusvalg.no

• Kor mykje må eg betale i reiseutgifter? Eigendelen er for tida på 115 kroner kvar veg, dersom pasienten vel eit tilbod i sin helseregion. For at reiseutgiftene skal bli dekka, er det ein føresetnad at private aktørar har inngått avtale med eit av dei regio-nale helseføretaka. Dersom du vel eit offentleg sjukehus utanfor eigen helseregionen, er eigendelen for tida 220 kroner kvar veg. Ver merksam på at det kan bli nødvendig med fl eire reiser i samband med ei og same behandling (forundersøking, behandling, oppfølging og liknande). Eigendelen gjeld i så fall for kvar reise, og det er ikkje noko tak for dei totale reiseutgiftene. Kost og overnatting blir dekka etter fastsette satsar. For meir informasjon, sjekk nettstaden www.trygdeetaten.no. Du kan òg ringje gratis til 800 41 004 eller sjekke www.sykehusvalg.no

• Kven kan gi meir informasjon? Sjukehusa har plikt til å gi nødvendig informasjon for å sikre pasientane sine rettar. Dette gjeld også retten til fritt sjukehusval. Når du er hos fastlege, spesialist eller på sjukehus, er det mogleg å spørje om fritt sjukehusval. Du får også meir informasjon på opplysningstelefonen for fritt sjukehusval, ring gratis 800 41 004. Du kan òg sjekke nettsida www.sykehusvalg.no

Foto: Kjetil A

lsvikFoto: K

jetil Alsvik

66

På veg mot eit rusfritt liv– Eg drøymer om å stifte familie, få barn og ein jobb eg trivst i, seier ”Stian” (21). Han følgjer eit behandlings-opplegg for personar med dobbeltdiagnosar, både rusproblem og psykiske lidingar, ved Gauselskogen i Stavanger.

Han ser ut som ein heilt vanleg gut på 21. Det er umogleg å sjå at han har rusa seg ein tredjedel av livet sitt. ”Stian” begynte med hasj då han var 14. Raskt var han over på amfetamin, ecstasy og LSD. Barnevernet greip inn då han var 17, og ”Stian” blei plassert i fosterheim på Sørlandet i to år.

– I den perioden rusa eg meg berre endå meir, fortel han.

Sprakk i fjorDei siste to åra har han blitt tatt og dømt for narkotika- og vinningskriminalitet. Han har vore i gang med behandling, men mislykkast. Det går betre no. ”Stian” er motivert. – Eg har vakse. Eg fann ut kor drit dette er då eg sprakk i fjor sommar. Det var ikkje slik eg såg for meg livet då eg var liten. Eg har tenkt mykje, og eg veit at eg ikkje vil leve eit liv med rus.

Soner dommen Den unge alderen til ”Stian” gjer at han får sone dommen sin i behandling.

– Det er veldig bra for meg å vere her. Eg får rammer, må opp om morgonen og følgje faste måltider, ting folk tar for gitt. Sjølve behandlinga passer meg òg. Vi har samtale- og gruppeterapi, deler erfaringar og snakkar om korleis vi skal takle ulike situasjonar. Eg har i tillegg ein fast behandlar som eg har god kontakt med, forklarer han.

T e m a : R u s b e h a n d l i n g

”Stian” (21) er 100 prosent motivert for å bli rusfri. – Eg vil at familien skal bli stolt av meg. Eg har øydelagt så mykje i forhold til dei gjennom mange år med rus og steling, seier han.

Utan medisinarRusen pregar ”Stian” meir enn dei psykiske problema.

– Eg har litt tvangstankar og sosial angst, men dette har blitt mykje betre. Så bra at eg ikkje går på medisinar, fortel han.

Rusfritt nettverkTil hausten vil han begynne på skule. Helse- og sosiallinja.

– Eg har jo aldri tatt vidaregåande utdanning, så no må eg gå saman med dei som er mykje yngre. Men det blir lettare å byggje opp eit rusfritt nettverk som skuleelev. Og det er viktig. Når ein ruser seg har ein til slutt nesten ingen venner, berre kjende i rusmiljøet. Og dei vil eg ikkje ha meir med å gjere, seier han.

– Trur du du kjem til å klare å bli rusfri denne gongen?– Eg er sikker på at eg kjem til å klare det. Men eg er redd. Vegen tilbake til rusen er så kort.

DobbeltdiagnoseEin pasient som har både ei psykisk liding og eit rusproblem har ein dobbeltdiagnose.

Tilbodet ved Gauselskogen:• Senteret har spesialisert seg på dobbeltdiagnosar.• Eininga har 15 plassar og tre typar tilbod: - Utgreiing (3-4 månader) - Behandling (6-12 månader) - Rehabilitering (cirka 6 månader)• Senteret som tidlegare heit Eikely og låg på Dale utanfor Sandnes, har 21 stillingar fordelt på mellom anna psykologspesialistar, kliniske sosionomar og spesialpedagogar.

Foto: Kjetil Alsvik

Foto: Kjetil A

lsvik

77

– Pasientar med dobbeltdiagnosar er dei svakaste av dei svake. Dei har lenge falle mellom alle stolar i behandlingsapparatet, seier direktør ved avdeling for rusrelatert psykiatri i Helse Stavanger, Randi Mobæk.

Ho har jobba med rusavhengige i over 20 år og er svært fornøgd med at helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen har peika på dobbeltdiagnosepasientane som ei av dei høgast prioriterte gruppene i 2005.

Har blitt avvist– Dette er eit viktig signal, og fokus på denne pasientgruppa er heilt nødvendig. Dei har lenge blitt avvist fordi dei ikkje har passa inn verken i psykiatrien eller i tradisjonell rusbehandling. Dei har vore for psykisk sjuke for rusinstitusjonane samtidig som rusproblema deira har hindra dei i å få eit passande tilbod i psykiatrien, forklarer Randi Mobæk.

Eitt av få tilbodHo er stolt over behandlingstilbodet ved Gauselskogen. – Det er eitt av svært få behandlingstilbod til pasientar med dobbeltdiagnosar her i landet. Vi har høg kompetanse etter å ha spesialisert oss på dette feltet gjennom 16 år, fortel ho.

Behandlingsbehovet har eksplodertDå Helse Vest overtok ansvaret for dei rusavhengige med Rusreforma i fjor, fekk denne gruppa pasientstatus og ei rekkje nye rettar.

– Dette er eit kjempeframsteg for dei rusavhengige. Rusreforma gir eit puff til alle ledd i helsetenesta om å betre samhandlinga seg imellom. Men det er synd at Stortinget ikkje har følgt opp med meir pengar og fl eire stillingar sjølv om behandlingsbehovet har eksplodert, seier ho.

Må halde oppe truaHo trur det viktigaste for å lykkast i behandlinga av denne pasientgruppa framover blir å byggje opp kompetansen og kapasiteten i fagfeltet.

– Kapasiteten må stå i høve til behandlingsbehovet. Og det vil auke sidan stadig fl eire personar ruser seg. Vi må også sikre kvaliteten i behandlinga gjennom å heve kompetansen hos dei som arbeider med rusavhengige og dobbeltdiagnosepasientar. Men den aller største utfordringa blir å oppretthalde trua på at det å bli rusfri er mogleg, seier Randi Mobæk.

Hamnar mellom alle stolar

– Rusbehandling nyttar, seier Randi Mobæk, avdelingsdirektør for rusrelatert psykiatri i Helse Stavanger. Ho oppfordrar til å ta rask kontakt med behandlings-apparatet. – Jo tidlegare vi får kontakt med pasienten, jo lettare er det å behandle han - med betre resultat, seier ho.

T e m a : R u s b e h a n d l i n g

Foto: Kjetil Alsvik

Foto: Kjetil A

lsvik

88

Kjenner du nokon som er i faresona?

T e m a : R u s b e h a n d l i n g

8

Rusbehandling i Helse Vest:

• Helse Vest har eit offentleg tilbod til rusavhengige gjennom dei psykiatriske poliklinikkane og ungdomsteama i helseføretaka. I tillegg kjem to institusjonar som tilbyr langtids-opphald, det vil seie behandling som er lenger enn seks månader.

• I tillegg har Helse Vest avtale med åtte pri-vate rusinstitusjonar som tilbyr poliklinisk behandling, avrusing, korttids- og langtidsopphald samt legemiddelassistert rehabilitering. Desse er: Askøy Blå Kors Klinikk, Blå Kors Poliklinikk Sandnes, Duedalen Blå Kors Behandlingssenter, Frelsesarmeens Bo- og Behandlingssenter Rogaland, Haugaland A-senter, Kalfaret Behandlings-senter, Rogaland A-senter, Stiftelsen Bergensklinikkene.

• Rusavhengige har som alle pasientar fritt sju-kehusval og kan derfor velje å bli behandla i ein offentleg rusinstitusjon utanfor Helse-region Vest, eller i ein privat rusinstitusjon som har avtale med eit regionalt helseføretak. Pasienten kan derimot ikkje velje behand-lingsnivå (korttids-/langtids-/poliklinisk behandling osv.).

• www.rustiltak.no har meir informasjon om rustiltak og behandlingsinstitusjonar i Noreg.

Nye rettar til rusavhengige:

• Rusavhengige fekk pasientstatus og utvida rettar då Rusreforma blei innført 1. januar 2004. Rusreforma innebar at dei regionale helseføretaka overtok ansva-ret for rusbehandlinga.

• Rusreforma krev betre samhandling mellom dei som møter dei rusavhengige, enten det er fastlegen eller andre i kommunehelsetenesta, personell ved sjukehusa eller tilsette innan psykisk helsevern og ved rusinstitusjonane.

• Målet er å gi pasientgruppa eit heilskapleg tilbod der dei kan få behandling for problema sine som ofte er samansette.

• Med Rusreforma fekk òg fastlegane moglegheit til å vise rusavhengige til behand-ling. Tidlegare var det berre sosialtenesta i kommunane som gjorde dette.

Behandling nyttar!

• Særleg for dei som kjem seg tidleg til behandling• Behandlinga må rettast inn mot både dei psykiske problema

og rusproblema samtidig• Langvarig behandling har betre effekt enn korttidsbehandling ved

dobbeltdiagnosar• Samtalebehandling er avgjerande for eit godt behandlingsresultat• Behandling i fl eire omgangar ser ut til å auke sjansane for ei vellykka behandling

(Kjelde: ”Rusa eller gal? Sammenhenger mellom rusmisbruk ogpsykiske lidelser” av Ingunn Hove, Amund Aakerholt og Margot Bratteteig)

Har du spørsmål om rus?

Ring rustelefonen 08588. Telefonen er open kvar dag (unntatt helligdagar) mellom klokka 13 og 21.

Her er nokre symptom på rusmisbruk:

• humørsvingingar og aggressivitet• unngår augekontakt eller å snakke med deg• nye venner og plutseleg skifte i klesstil• negativ innstilling til gamle venner, interesser og hobbyar• drikk mykje vatn og er veldig trøytt, særleg etter helga• dårlegare skuleprestasjonar, blir meir likegyldig og skulkar skulen• gløymer avtaler• roter meir enn vanleg

• vekttap på kort tid, dårleg matlyst, gjerne kombinert med matkick• skjelvingar i hendene, grimasar, skjærer tenner• raude auge• får kviser, er bleike, seier dei ofte er sjuke• kodesnakkar i telefonen• endringar i pengeforbruk

(Kjelde: ”Rusa eller gal? Sammenhenger mellom rusmisbruk og psykiske lidelser” av Ingunn Hove, Amund Aakerholt og Margot Bratteteig)

Er du bekymra?

Og lurer du på kva teikn på rusmisbruk du kan sjå etter, kva behandlingstilbod som fi nst for rusavhengige i din region og kva rettar dei rusavhengige har?

99

Kjenner du nokon som er i faresona?

9

3 om rusAnne-May Hogsnes, Sentralstyreleiar i pårørandeorganisasjonen Landsforbundet Mot Stoffmisbruk (LMS):

1) – Vi i LMS hadde store forventningar til dette, men det viser seg at ventetida for avrusing og behandling no fl eire stadar er opp mot eit år. Førebels har ein rettar etter lovverket, men dette fungerer berre på papiret! Retten til val av behandlingsstad ser nærast ut til å vere fråverande. Fordelen er at ein no kan “kjempe med lova i hand” for å betre rusomsorga. Men det er langt igjen!

2) – Dei største utfordringane blir samarbeid mellom etatar, kommu-ne- og spesialisthelsetenesta; avtaler med private behandlingsstadar for å få fl eire behandlingsplassar; kompetanseheving på ruspasientar hos fastlegar og helsepersonell; øyremerka midlar til kommunane til integrering etter avslutta behandling (ettervern); eigne helseføretak på rus, som for eksempel i Helse Midt-Noreg, samt ei eiga utdannings-spesialitet på rusfeltet på høgskulenivå.

Jens J. Guslund, direktør i Sosial- og Helsedirektoratet si rusmiddelavdeling:

1) – På slutten av 1980-talet fekk vi ei tenking om at rusproblem handlar like mykje om helse som sosiale forhold. Denne tenkinga har resul-tert i overføringa av rusfeltet til helseføretaka og innføringa av pasientrettar for rusavhengige. Førebels trur eg ikkje dei rusavhengige har merka så mykje til dette, men verknadene vil komme i åra framover. Vårt håp er at kvaliteten og innhaldet i behandlingstilbodet skal bli betre, samtidig som dei rusavhengige skal bli møtt med større respekt.

2) – Dei største utfordringane blir å få til praktiske arbeidsmåtar som tar omsyn til pasientrettane, og samtidig balanserer dei ulike tilnærmingane innan rusfeltet. Auka vekt på helse må ikkje føre til at vi nedprioriterer andre hjelpetiltak til rusavhengige. Det gjeld mellom anna sosial integrering og rehabilitering gjennom arbeid, utdanning og eigen bustad.

1) – Dessverre svært lite så langt. På sikt kan individuelle planer føre til betre tenester. Med brukaren i sentrum kan desse betre samhand-linga mellom dei involverte tenestene. Dei mest behandlingstrengjande har også fått rett til nødvendig helsehjelp innan ein tidsfrist. Generelt sett har rusreforma dessverre ført til dårlegare oppfølging eller integrering etter avslutta behandling. Pasientrettane forviller oss til å tru at rusavhenge er ein sjukdom i seg sjølv. Det er det ikkje.

2) – Den største utfordringa ligg i den tverrfaglege samhandlinga med brukaren i sentrum. Ei anna utfordring er å få dei ulike tenes-tene til å slutte å konkurrere med kvarandre, og heller samhandle. Ei tredje utfordring er at Departement og utførarar snakkar same språk og har same forståing av ulike sentrale omgrep. Den fjerde og kanskje viktigaste utfordringa er at utførarane av tenestene samhandlar med dei som organiserer ulike fritidsaktivitetar. Brukarane treng å få utløp for eigne interesser. Det vil òg auke sjansane for etablering av sosiale nettverk.

Jon Storaas, leiar for Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon (RIO)

T e m a : R u s b e h a n d l i n g

1) Kva har det betydd for rusavhengige å få pasientrettar?

2) Kva blir dei største utfordringane framover innan rusfeltet?

Pasientane har fått kortare sjukehuskø, betre kvalitet på helsetilbodet og det blir forska meir enn nokon gong. Men styret i Helse Vest, med Mai Vik i spissen, skal framleis arbeide for å gi vestlendingane eit stadig betre helsetilbod.

Mai Vik har hatt ansvaret for å samle Vestlandet til eitt helserike sidan våren 2002, like etter at Helse Vest overtok ansvaret for sjukehusa. Arbeidet har vore prega av store utfordringar. Derfor gler det Mai Vik at resultata kjem.

Betre for pasientenSjølv med tøffe økonomiske krav har styret i Helse Vest aldri mista pasientfokuset.

– Eg er svært glad for at den gjennomsnittlege ventetida i vest er redusert frå 214 dagar i 2002 til 89 dagar ved utgangen av 2004. Eg er også nøgd med at forskingsaktiviteten er høgare enn nokon gong og at kvaliteten på tenestene er blitt betre. Alt dette er svært viktig for pasientane, seier Vik.

Resultat og utfordringar– Trass i at Helse Vest har hatt eit dårleg utgangspunkt med tanke på fordelingane frå staten, med færre kroner per innbyggjar enn dei andre helseregionane, har vi behandla fl eire pasientar enn nokon gong før. Vi har effektivisert drifta med om lag 800 millionar kroner samtidig som vi har innfridd budsjettkrava våre. Det er ingen tvil om at omstillinga har vore tøff, men organisasjonen har vist vilje til å dra i rett retning, seier Vik.

– Mykje er gjort, men ein del gjenstårStyreleiar Mai Vik om sjukehusreforma:

10

– Kva er dei største utfordringane framover?– Eg er ikkje nøgd med resultata innan psykiatrien. Vi har ikkje nådd måla våre i forhold til tilbodet til barn og unge. Men vi er på rett veg, seier Vik.

Betre samarbeid med fastleganeHo ønskjer også betre samhandling mellom sjukehusa og primærhelsetenesta.

– Eit godt samspel med fastlegane og kommunehelsetenesta er viktig for å gi pasientane eit godt tilbod. For helseføretaka betyr det mellom anna å sende pasientopplysningar til fastlegane raskare enn i dag. Vi har også eit stykke veg igjen når det gjeld å utarbeide individuelle planar for pasientane, både innan psykiatrien og rusfeltet, seier ho.

I 2004 fi kk Helse Vest også ansvar for behandlingstilbodet til rusavhengige. Vik meiner det framleis er mykje å gjere for å tilpasse og vidareutvikle tilbodet til denne pasientgruppa.

SpesialiseringFramover blir det òg viktig å sikre at dei høgspesialiserte tenestene blir enda betre og riktig dimensjonerte, og at tilbodet ved dei mindre sjukehusa blir best mogleg for pasientane.

– Vi må sørgje for at vi får ei riktig fordeling og sentralisering av dei høgspesialiserte tenestene. Dette er viktig fordi det betyr mykje for kvaliteten på dei tenestene pasienten får og dermed for det medisinske resultatet pasienten oppnår. Samtidig arbeider vi for at tilbodet ved lokalsjukehusa blir vidareutvikla og har høg kvalitet. I alt vi gjer er det sentralt at vi støttar oss til forskingsresultat og råd frå den medisinske ekspertisen innan dei ulike områda, seier Vik.

215 218

180

156

128117

126

8987

Dagar

50

100

150

200

Tabellen viser utviklinga i den gjennomsnittlege ventetida for pasientar som ventar på behandling i Helse Vest.

– Eg er svært glad for at behandlingskøen er korta ned, men vi har enno ikkje nådd måla våre innan psykiatri, seier styreleiar Mai Vik.

April’02:

Aug’02:

Des’02:

April’03:

Aug’03:

Des’03:

April’04:

Aug’04:

Des’04:

April’05:

179

Foto: Kjetil A

lsvik

1111

– På fl yet heim frå Danmark fekk eg for første gong beltet rundt livet. No får eg plass i alle stolar. Eg kan gå rundt i byen utan å tenkje på om eg klarer å komme opp bakkane. Om natta søv eg godt, og eg klarer fi nt å gå i trapper. Livet har rett og slett blitt mykje betre, fastslår han.

Hardt arbeidÅ slanke bort fl eire titals kilo er hardt arbeid, og Stein har som dei fl este andre i same situasjon opplevd nedturar. Det er lov å sprekkje, men så gjeld det å kome seg inn på rett spor igjen.

– For oss som er ekstremt overvektige nyttar det ikkje å ta ein pulverkur. Det passar for dei som vil gå ned eit kilo eller to. Vi må gå grundigare til veks, for vi må endre livsstilen. Og då må ein ta tida til hjelp, seier Stein.

Etter 16 veker på kursenter i Danmark har Stein Wormsen gått ned 30 kilo. – Eg skal ned ytterlegare 30 før jul, seier han.

Stein ønskjer å kome ned i 80 – 90 kilo. Kanskje når han målet ein gong til neste år.

Gode rutinar nøkkelenMen akkurat no er det kvardagen heime som opptar drosjesjåføren. Etter opphaldet i Danmark var det viktig å komme inn i gode rutinar.

– Eg har lagt opp faste tider for alt eg gjer, både måltid og trening. Eg veit av erfaring at det som blir utsett, ikkje blir gjort. Derfor treng eg ein strukturert kvardag. Nøkkelen til suksess ligg her, fortel han.

Eit betre livNo kan Stavanger-mannen gjere aktivitetar som var utenkjelege for berre nokre få månader sidan.

Vil vinne over vekta

N E D I V E K TBakgrunnStein Wormsen frå Stavanger og Kristin Dingen frå Gulen er med på eit pilotprosjekt mot ekstrem overvekt i regi av Helse Vest. Behandlinga dreier seg om å endre livsstil, med fokus på sunn mat, mosjon og mental trening. Stein og Kristin har tilbrakt 16 veker ved Ebeltoft Kurcenter i Danmark og er no heime igjen. Ved St. Hans-tider startar neste fase i behandlinga. Då reiser gruppa med overvektige til Hauglandssenteret i Sogn og Fjordane for eit opphald på nye 16 veker. Helse i vest følgjer dei på vegen mot eit lettare liv.

Stein Wormsen

Vekt då han starta behandlinga:182,5 kilo.

Vekttap etter 20 veker: 30 kilo.

”Eg har fått eit betre liv.”

Foto: Kjetil A

lsvik

Stein Wormsen tar seg gjerne ein tur i bygatene i Stavanger, noko som var utenkjeleg for berre nokre månader sidan.

121212

Kan sleppe kneoperasjonKristin Dingen var redd overvekta skulle tvinge henne ut av arbeidslivet. Men det er nesten 30 kilo sidan.

No er ho i full jobb som sekretær ved løns- og personalkontoret i Gulen kommune. Ho et seks gonger til dagen og trener mykje, meir enn ho på førehand trudde ho skulle klare. – Eg føler meg veldig vel, seier ho.

Skal under 100Etter 16 veker på Ebeltoft Kurcenter er det slitsamt å fortsetje livsstilsendringa på eiga hand. Det går i eitt med jobb, trening og eting.

– Eg har ikkje sett meg eit konkret mål for kor mange kilo eg skal ned. Eg tar det som det kjem. Men eg har eit delmål om å kome under 100 kilo før sommaren er over. Uansett er eg storfornøgd med resultatet.

Trent seg i formEkstra motiverande er det at ho, takka vere vekttapet, kanskje slepp å ta ein kneoperasjon.

– Først sa legane at eg måtte gå ned i vekt for å få operasjonen. No seier dei at eg har trent og kome i så god form at eg kanskje ikkje treng operasjon. Det er lett for meg å gå, også i trapper. Legane seier eg berre må fortsetje treninga.

Siste sjanseKristin følte at ho hadde vunne i lotto då ho fekk beskjed om at ho hadde kome med på behandlingsopplegget mot overvekt. Ho hadde prøvd det meste. Som siste utveg vurderte ho også slankeoperasjon.

– Då eg fekk høyre om det nye tilbodet, bestemte eg meg for å prøve.Eg tenkte dette var siste sjanse før slankeoperasjon, fortel ho.

Kristin DingenVekt då ho starta behandlinga: 138 kilo.

Vekttap etter 20 veker: 28 kilo.

N E D I V E K T

Foto: Kjell R

agnar Solheim

”Først sa legane at eg måtte gå ned ivekt for å få operasjon. No seier dei ateg kanskje ikkje treng operasjon.”

Kristin Dingen følte ho hadde vunne i lotto då ho kom med på behandlingsprogrammet mot overvekt.

131313

Vi blir stadig tyngre...

• I Noreg er det no vanlegare å tilhøyre gruppa av overvektige og feite (kroppsmasseindeks over 25) enn å være normalvektig (KMI mellom 18,5 og 25).

• Vektauken skuldast ikkje først og fremst at eit mindretal overvektige dreg opp gjennomsnittet, men at vektauken skjer nokså jamleg fordelt over heile folket.

• Vektauken skjer blant begge kjønn i alle aldersgrupper og over heile landet.

• Blant skulebarn har gjennomsnittsvekta gått opp med 1 til 2 kilo sidan 70-talet.

• Overvekt og kroppsfeite er risikofaktorar for ei rekkje sjukdommar og plager, blant anna type-2-diabetes, hjarte- og karsjukdommar, gallestein og nokre kreftsjukdommar.

• Det er relativt få ekstra kaloriar som skal til dagleg før ein legg på seg. 100 kcal (for eksempel eit lite glas brus) per dag kan føre til ein vektauke på 5 kilo per år, føresett at den fysiske aktiviteten er uendra.

(Kjelde: Sosial- og helsedirektoratet)

...og fl eire treng behandling

• Helse Vest inngjekk i fjor haust ei avtale med Ebeltoft Kurcenter i Danmark og Hauglandsenteret om behandling av ekstremt overvektige. Avtalene er ein del av eit pilotprosjekt som skal gå ut året. Les meir på www.helse-vest.no

• Alle dei 48 personane som blei tatt ut til å vere med på prosjektet er i gong med behandlinga.

• Prosjektet går i fi re fasar: 1: Fire månader på Ebeltoft Kurcenter 2: Åtte veker heime 3: Fire månader på Hauglandsenteret i Fjaler i Sogn og Fjordane 4: Oppfølging på lærings- og meistringssenter eller hos fastlege

• Pilotprosjektet skal evaluerast seinare i år, og ein avgjer då om det skal vidareførast i same forma. Uansett vil det òg i framtida vere eit tilbod til ekstremt overvektige.

• Førde sentralsjukehus tilbyr kirurgisk behandling mot overvekt. Pasienten må oppfylle ei rekkje krav for å bli vurdert for behandling. Les meir på www.helse-forde.no

• Barneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus har etablert eit toårig tilbod for barn med kraftig overvekt. Les meir på www.helse-bergen.no

Slik kan du førebyggje overvekt

Sosial- og helsedirektoratet har nyleg oppdatert anbefalingane for kosthald og fysisk aktivitet. Dei seier blant anna at:

• barn og unge bør vere fysisk aktive i minimum 60 minutt kvar dag. Aktiviteten kan delast inn i kortare periodar.

• alle vaksne bør vere fysisk aktive med moderat eller høg intensitet (for eksempel hurtig gange) i minimum 30 minutt per dag. Aktiviteten kan delast inn i kortare periodar i løpet av dagen, for eksempel i bolkar som varer 10 minutt.

• fysisk aktivitet ut over denne halvtimen vil resultere i ytterlegare helsegevinst.

• for å førebyggje vektauke ser det ut til å vere nødvendig med fysisk aktivitet i cirka 60 minutt per dag også for vaksne.

Sosial- og helsedirektoratet anbefaler at nordmenn legg opp til eit samansett kosthald, med meir grønsaker, frukt, bær, grove korn-produkt og poteter. Ein bør avgrense inntaket av produkt som salt, sukker og alkohol. (Les heile anbefalinga på nettstaden www.sef.no)

KMI (kropssmasseindeks) er det mest brukte målet for å setje kroppsvekta i forhold til helse eller risiko for å utvikle sjukdom. For å fi nne din KMI skal du setje opp følgjande reknestykke: Kroppsvekt / (høgde x høgde(m))

Eksempel: Dersom du er 180 centimeter høg og veg 85 kilo blir reknestykket slik: 1,80 x 1,80 = 3,24.85/ 3,24 = KMI 26,2

Les av resultatet på KMI–skalaen: under 18,5: Undervekt18,5 - 24,9: Normalvekt25 - 29,9: Overvekt30 - 34,9: Fedme, grad I35 – 39,9: Fedme, grad IIOver 40: Ekstrem fedme (grad III)

Rekn ut din KMI

14

T e m a : K r e f t

På Haukeland Universitetssjukehus brukar dei varmebehandling i kampen mot kreft. Pasienten eller området rundt kreftsvulsten blir varma opp til rett under 42 grader. Oppvarminga forsterkar effekten av stråling og cellegift.

Haukeland er det einaste sjukehuset i Noreg som tilbyr denne behandlinga som framleis blir rekna som utprøvande. Overlege Baard-Christian Schem har jobba med varmebehandling, såkalla hypertermi, sidan 2000.

– Fleire studium internasjonalt viser gode resultat ved varmebehandling i tillegg til stråling og cellegift. Eg har stor tru på denne behandlings-forma, seier han.

Standard om fem årSchem trur varmebehandling kan bli ein del av standard kreftbehandling rundt fem år fram i tid. For tida blir det blant anna

gjennomført ei undersøking av pasientar med livmorhalskreft. Halvparten av desse får varmebehandling i tillegg til standard-behandlinga. Den andre halvparten får vanleg behandling.

– Undersøkinga er internasjonal og vil gå gjennom dei neste tre åra. Etter at vi har analysert resultata vil vi sjå om gruppa som får varmebehandling har klart seg betre enn kontrollgruppa. Det kan bli eit gjennombrot for behandlingsforma, trur Baard-Christian Schem.

Ingen langtidsskaderHypertermi har truleg ingen langvarige skadeverknader, men kan opplevast ubehageleg for pasientane.

– Dei fl este pasientane som får regional varmebehandling opplever berre moderate plager ei kort tid. Ved varmebehandling av heile kroppen er påkjenninga heilt klart større og mange føler seg slappe og dårlege i fl eire dagar etterpå, forklarer Schem.

Han understrekar at pasientane blir følgde nøye gjennom heile den cirka halvannan timars lange behandlinga. Pasientane er utstyrte med fl eire termometer, både i svulsten og det friske vevet, slik at behandlingsteamet kan justere oppvarminga dersom det blir nødvendig.

Det blir også tatt mange prøver av pasientane til forskingsbruk, for å forstå betre kva som skjer både i pasient og svulst under behandlinga.

Må behandle fl eire– Vi ser at dei pasientane vi behandlar blir betre. Men vi må sjå behandlinga over tid, og gjere studium med fl eire hundre pasientar i samarbeid med utanlandske hypertermisenter, før vi kan dokumentere kor effektiv denne behandlingsforma er, seier Baard-Christian Schem.

Varme som våpen mot kreft

Foto: Bjørn E

rik Larsen

Baard-Christian Schem har stor tru på hypertermibehandling. – Vi ser at dei pasientane vi behandlar blir betre, seier han.

15

Med eldrebølgja og endra røykje- og kosthaldsvanar kjem talet på krefttilfelle til å eksplodere i åra framover. Ei storsatsing på førebygging, behandling, rehabilitering og forsking er heilt nødvendig.

– Vi treng 100 millionar kroner ekstra i året i gjennomsnitt fram til 2020. Og det er eit forsiktig reknestykke, seier leiar for det regionale kreftplanarbeidet i Helse Vest, Stener Kvinnsland.

Lever lengerHan er ein nasjonal kapasitet innan kreftfaget. Saman med ei prosjektgruppe har han kartlagt kva som må gjerast for å møte utfordringa: 25 prosent fl eire krefttilfelle fram mot 2020.

– Vi lever lenger enn før og fl eire røykjer, særleg blant kvinner. Dette gjer at stadig fl eire vil få kreft. I tillegg vil behandlingsbehovet auke fordi pasientar med kroniske, livstruande kreftsjukdommar lever lenger på grunn av meir effektiv behandling, seier Stener Kvinnsland.

Han er opptatt av at både kreftbehandling, -diagnostisering og -rehabilitering må styrkjast tilsvarande den forventa auken på 25 prosent.

Må sikre kvalitet i kreftbehandlingaFor å møte behandlingsbehovet i nær framtid er det behov for fl eire fagfolk og større plass.

– I tillegg er det avgjerande å få til ei oppgåvedeling mellom sjukehusa som sikrar pasientane behandling av høg kvalitet. Vi må samle behandlinga av sjeldnare kreftformer på eitt eller få sjukehus i regionen, slik at behandlarane får nok trening og kompetanse i inngrepa. I nokre tilfelle skal pasientar sendast til Rikshospitalet eller til eit sjukehus i utlandet. Omsynet til kva som er best for pasienten må stå i høgsetet, understrekar Kvinnsland.

Fleire vil trenge rehabiliteringDei siste 50 åra er overlevingsprosenten for personar med ein kreft-diagnose dobla frå 30 til 60. Denne utviklinga vil truleg halde fram.

– I takt med at fl eire overlever kreft vil fl eire også trenge rehabilitering for å komme seg tilbake til livet. Fleire vil òg måtte leve med seinskadar etter stråling, kirurgi og cellegift. Behovet for både fysiske og psykiske rehabiliteringstenester vil auke, og vi må få oversikt over kor stor denne auken blir, seier Stener Kvinnsland.

Fakta om hypertermi:• Behandlinga går ut på å auke temperaturen i kreftsvulsten for å forsterke effekten av stråling og cellegift.

• Regional hypertermi: Området rundt svulsten blir varma opp ved hjelp av radiobølgjer til over 41,5 grader om mogleg.

• Heilkroppshypertermi: Heile kroppen blir varma opp til mellom 41,7 og 41,9 grader. Oppvarminga skjer i eit kammer med varmt vatn og 100 prosent luftfukt. Pasienten får smertestillande og er ikkje bevisst.

• Regional hypertermi blir ofte gitt som behandling saman med stråling og/eller cellegift før operasjon i tilfelle der svulsten er så stor eller ligg slik til at den er vanskeleg å operere vekk eller det er stor sjanse for at svulsten kjem tilbake.

• Hypertermi har tre dokumenterte effektar: 1) Celledrepande: Høg temperatur gir ein kraftig auke i celledød. 2) Strålepotenserande: Varmen hemmar reparasjon av arvestoffet i dei cellene som er svekka av stråling eller cellegift. 3) Kjemopotenserande: Varmen gjer at dei kjemiske prosessane som skadar kreftcella gjennom cellegiftbehandling går fortare.

• Blir særleg brukt i krefttilfelle der det ikkje fi nst effektiv behandling.

• Regional hypertermi blir gitt mot livmorhalskreft, endetarmskreft, kreft i urinblæra eller ved svulstar i bein- eller bindevev (sarkomar). Heilkroppshypertermi blir gitt til pasientar med eggstokkreft og nokre typar lymfekreft.

Interessant?Du kan lese meir om denne behandlingsforma på www.helse-bergen.no/hypertermi

Fleire vil få kreft

Hypertermi eller varme-behandling er ei lovande behandlingsform mot kreft. Biletet viser regional hypertermibehandling av ein svulst i bekkenområdet.

– I 2020 vil 25 prosent fl eire få kreft enn no, seier kreftekspert Stener Kvinnsland.

Foto: Bjørn Erik Larsen

Foto: Bjørn E

rik Larsen

16

• Kreftplanen fastslår at område med få pasientar må sentraliserast, slik at det opnar for å utvikle spisskompetanse og måle kvalitet.

• Forsking og utvikling må styrkjast for å fremje kvalitet og effektivitet i behandlinga.

• Tilbodet innan smertelindrande behandling for dei med ein livstruande kreftsjukdom skal styrkjast i alle helseføretaka i vest.

• Auken i omfanget av kreft kjem til å påverke kostnadene til kreftomsorga kraftig. Eit reknestykke viser at kostnadene i Helseregion Vest kjem til å auke frå 1,5 til minst 3 milliardar kroner i 2020.

Lev sunt - førebygg kreft!

Her er tilrådingane til Den Norske Kreftforening:

1. Ver røykfri Det aller viktigaste du kan gjere for helsa di er å slutte å røykje eller å la vere å begynne.

2. Unngå overvektFysisk aktivitet og eit sunt kosthald kan redusere overvekt og dermed minske risikoen for kreft og ei rekkje andre sjukdommar.

3. Ta deg tid til å vere fysisk aktivÅ bruke kroppen i arbeid og fritid reduserer risikoen for å få kreft og hjarte- og karsjukdommar.

4. Spis meir frukt og grønsakerDet fi nst mange stoff i bær, frukt og grønsaker som verkar positivt på kroppen vår og som minskar risikoen for å utvikle kreft. Et frukt og grønsaker kvar dag - gjerne til kvart måltid og som mellommåltid.

5. Ver forsiktig med alkoholForsking viser at alkohol aukar risikoen for visse typar kreft.

6. Nyt sola med måteI små porsjonar er sola bra for kroppen - men unngå å bli solbrent. Solforbrenning og overdriven soling er dei viktigaste årsakene til hudkreft.

7. Oppsøk lege viss du merkar forandringar i kroppenMerker du forandringar i kroppen som du ikkje veit årsaka til, bør du gå til lege og få det undersøkt.

Kampen mot kreft• Styret i Helse Vest vedtok i mars ein regional kreftplan som skal vere utgangspunktet for den vidare utviklinga av tilbodet til kreftpasientar i regionen.

• I planen blir det mellom anna understreka at det er behov for å styrkje tilbodet til kreftpasientar i regionen kraftig. Kapasiteten for diagnostikk og behandling må utvidast i alle helseføretaka. Kvaliteten på behandlinga må betrast gjennom standardisering og felles retningslinjer.

8. Nytt høvet til å delta på kreftundersøkingarTidleg diagnose aukar alltid moglegheita for å bli frisk.

9. Følg arbeidsforskrifter om kreftframkallande stoffDet er arbeidsgivaren sitt ansvar å ivareta arbeidstakarane si sikkerheit og helse, og sørgje for at regelverket blir følgt. Den enkelte arbeidstakar har også plikt til å følgje forskriftene til arbeidsmiljølova.

(Kjelde: www.kreft.no)

T e m a : K r e f t

Det fi nst mange stoff i bær, frukt og grønsaker som verkar positivt på kroppen vår og som minskar risikoen for å utvikle kreft.

Illustrasjonsfoto: Kjetil A

lsvik

17

Lærer pasientar rett medisinbrukFarmasøyt Frank Jørgensen på Haukeland sjukehus-apotek bruker halve arbeidstida si til å hjelpe kronisk sjuke med å meistre medisinkvardagen sin.

For menneske med kroniske og langvarige sjukdommar er medisinar ein viktig del av kvardagen. Derfor er det også nødvendig at dei har god kunnskap om legemidla. Her spelar farmasøytane ei sentral rolle.

Meirverdi for pasientane– Pasientar fl est får god informasjon om legemiddel frå

legar og sjukepleiarar. Samtidig er det slik at vi farmasøytar kan tilføre pasientane nyttig kunnskap om legemiddelbruk, seierFrank Jørgensen, ein av de 16 farmasøytane i Avdeling for farmasøytisk rådgiving på apoteket. Halvparten av dei arbeider på sjukehusavdelin-gane i Hordaland medan resten arbeider i kommunehelsetenesta. I tillegg til å vere leiar for farmasøytane på sjukehusa, har han halv stilling ved revmatologisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus.

Meir motiverteHer gir han pasientane ei djupare innsikt i korleis medisinane deira verkar og korleis dei skal brukast.

Tilbakemeldingane både frå pasientane og anna helsepersonell er at pasientane føler seg tryggare og meir motiverte i forhold til medisinbruken sin.

– Mange har eit negativt syn på medisinar. Ikkje minst fryktar dei biverknadene. Jobben min er å hjelpe dei til å få eit realistisk syn på nytten og risikoen. Eg snakkar med pasientane om alt frå korleis medisinane påverkar kvardagen deira og korleis tablettane skal takast, til korleis revmatikarar lettast mogleg skal klare å opne pakningane. Kunnskapen eg vidareformidlar, er nyttig for pasientane slik at dei blir betre og meir motiverte medisinbrukarar, seier Jørgensen.

Enklare for pasientar i e-helseverda

Farmasøyt Frank Jørgensen hjelper kronisk sjuke menneske til å bli fortrulege med medisinane sine. Her med pasient Lillian Kvinge.

Den elektroniske tidsalderen har nådd helsevesenet. Eit felles nasjonalt IKT-nettverk (informasjons- og kommunikasjonsteknologi) skal gjere kvardagen lettare for både pasientar, fastlegar, sjukehus og apotek.

Helse Vest har fått det nasjonale ansvaret for å samle Helse-Noreg i eit felles datanettverk. Nettverket skal sørgje for at elektronisk overføring av opplysningar mellom dei ulike aktørane i helsevesenet blir så effektiv og sikker som mogleg.

Overføring av pasientopplysningarFram til no har fastlegane hatt moglegheit

til å sende og ta i mot enkle meldingar frå det næraste sjukehuset. Å overføre pasientopplys-ningar mellom sjukehus og mellom fastlegar og sjukehus utanfor nærområdet, har derimot vore tungvint og tidkrevjande. Norsk Helsenett AS har laga eit felles nasjonalt datanettverk for alle sjukehusa i landet, fastlegar, spesialistlegar og apotek.

– Norsk Helsenett legg til rette for at dei ulike einingane kan få elektronisk tilgang på pasientopplysningane dei har behov for når dei treng dei, seier Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest og styreleiar i Norsk Helsenett AS.

Sikkert og effektivtSå langt er alle sjukehusa i dei fem helseregionane i landet knytte opp mot nettverket. I Helse Vest har nær alle legekontora vore knytt opp mot førre generasjons nettverk. Men i løpet av 2005 vil ein tredjedel av dei knapt 400 legekontora kople seg opp mot Norsk Helsenett.

Hovudutfordringa i utbygginga har vore at dei ulike helseregionane har hatt ulike datasystem og tryggleiksstandardar.

– Vi kan ikkje leve med at det blir stilt spørsmål ved tryggleiken i datanettverket. Derfor er det lagt ned mykje arbeid i å lage eit system som sikrar at pasientopplysningar og annan sensitiv informasjon ikkje kan komme i feil hender, understrekar Nilssen.

e-postpasientOm få år vil det vere mogleg for pasientane å kommunisere med legen sin over nettet. Pasientane kan få lese pasientjournalen sin og få svar på medisinske spørsmål via e-post.

– Dei som kan og vil bruke internett på denne måten, er på veg inn i ein ny tidsalder. Samtidig kan dei som ikkje er komfortable med å ha elektronisk legekontakt, framleis besøke legen sin som i dag, seier Nilssen.

Han legg til at det også, innanfor ein del av sjukehustenestene, vil bli mogleg for fastlegane å bestille tid for pasientane sine. – Det vil forenkle og effektivisere pasienten sin kvardag.

– Også i sjukehusa må vi bli fl inkare til å utnytte mogleghei-tene som ligg i den elektroniske verda, seier Herlof Nilssen i Helse Vest.

Foto: Bjørn E

rik Larsen

Lever livet her og no

John Skår har eit godt liv. Gode venner, jobb og husvære i eit bufellesskap. Dei siste elleve åra har han lært seg å leve med den psykiske lidinga si.

Historia om sjukdommen til John Skår startar i byrjinga av 90-talet. Ein vanskeleg familiesituasjon med ei sjuk mor gjorde at den då 15-år gamle ungdommen trakk seg meir og meir inn i si eiga verd. Enno skulle det gå eit par år før han blei psykiatrisk pasient.

Lurt til sjukehusetFram mot1994 blei den unge guten sjukare og sjukare.

– Til slutt var eg så høg og ukontrollerbar at far min ikkje såg nokon annan utveg enn å få meg tvangsinnlagt. Han sa vi skulle ut ein tur, og fekk lurt meg inn i ein drosje som køyrde til legevakta, seier han.

Drosjeturen resulterte i eit opphald på to og ein halv månad ved Dale psykiatriske sjukehus utanfor Stavanger. Dei første åra var han diagnosti-sert som schizofren, før han i 2002 fekk diagnose shizoaffektiv. Det er ein av fl eire sjukdomstypar under schizofreni. Sjukdommen er ein kombinasjon av schizofreniske symptom og ei manisk depressiv liding.

Livet raste samanInnlegginga var eit formidabelt nederlag for John Skår.

– Heile livet raste saman. No var eg blitt ein del av det systemet eg hadde så mange fordommar mot. Eg kjende eit kraftig sinne, og stengde meg inne i mi eiga tankeverd i lang tid, seier han.

Sidan den første innlegginga, har John Skår blitt verande i psykiatrien. Han har fl eire innleggingar bak seg og bur til vanleg i eit bufellesskap i Stavanger.

Vilje til å leveHan har mellom anna eit tre og eit halvt års opphald på ei rehabiliteringsavdeling bak seg.

– Etter kvart var eg i ferd med å bli litt for husvarm. Eg var nær ved å bli ein psykiatriidiot; ein som ikkje klarer å komme seg ut i verda fordi han blir vand med at systemet gjer alt for han, seier Skår.

Sjølv ville han ikkje gro fast i noko system.

– Eg er stolt over å leve. Derfor vil eg ikkje bli ein passiv del av eit behandlingsopplegg, understrekar han.

Godt livDerfor har han sjølv vore aktiv for å få til eit så vanleg liv som mogleg.

– Nå lever eg eit godt liv. Eg har nokre nære venner, mange kjende, ein stabil jobb og ein bustad eg for augeblinken trivst svært godt i, seier han.

Framtida brukar han lite energi på.

– Eg har mine kvardagslege gleder og problem. For meg er det livet her og no som er viktig, seier John Skår.

T e m a : P s y k i a t r i

18

- No lever eg eit godt liv. Eg har gode venner og ein jobb eg trivst i, seier John Skår.

Foto: Kjetil A

lsvik

Må nå folk før dei blir akutt sjuke

Rådet for psykisk helse:Lytt til brukarane

Rådet for psykisk helse meiner at brukarane må lyttast til i arbeidet for å betre det psykiatriske tilbodet.

– Brukarane har erfart tilboda frå innsida, og dei kan hjelpe fagfolka til å sjå kor betringane må komme, seier generalsekretær Tor Øystein Vaaland i Rådet for psykisk helse.

– Tilbakemeldingane vi får frå brukarar, går mykje på at det er for lite fokus på kvalitet. Krava til auka effektivisering er ikkje i samsvar med krava til kvalitet. Å ta brukarane på alvor vil koste og krevje mot og dugleik, seier Vaaland.

For Rådet for psykisk helse er det også sentralt at dei psykiatriske tilboda blir utvikla der folk bur.

– Der det er velfungerande distriktspsykiatriske senter (DPS) og godt samarbeid med kommunehelsetenesta, er det også ein reduksjon i akutt-innleggingane. Eg er overtydd om at det viktigaste suksesskriteriet for det psykiske helsevernet er å møte folk før dei blir akutt sjuke, seier Vaaland.

Helseforskaren:Tar tid å få psykiatrien på beina

Psykiatrien behandlar fl eire pasientar enn for få år sidan. Den store auken i poliklinisk behandling er i hovudsak eit resultat av fl eire tilsette og truleg ikkje at behandlinga er blitt meir effektiv, meiner forskingssjef Torleif Ruud ved SINTEF Helse.

– Opptrappingsplanen for psykiatri skapte forventningar til at psykiatrien skulle få betre kår. Sjølv om dei fl este måla om fl eire stillingar og

døgnplassar i planen snart er nådde, har ikkje resultata svart til dei forventningane folk hadde, seier han.

Ei av årsakene kan vere at det tar lang tid å byggje ut dei distriktspsy-kiatriske sentra (DPS) og det kommunale psykiatritilbodet som planen fokuserer mest på. Sjukehusa er i liten grad omtala i opptrappingsplanen.

– Talet på sengeplassar ved sjukehusa har som planlagt vore stabilt dei siste åra, mens talet på behandlingsplassar ved DPS-a har auka. Sjukehusa sine oppgåver og trong til ressursar er for lite defi nerte, og både fagleg kvalitet og samarbeid må framleis utviklast meir i alle delar av helsetenestene.

Å byggje ut eit differensiert og desentralisert tilbod er i tråd med tilrådingane frå mellom anna Verdens Helseorganisasjon. – Utfordringane i tida framover er å betre kvaliteten på tilbodet ved å auke bemanninga og heve kompetansen, seier Ruud.

Pasientombodet:Ta pasientane på alvor

Fleirtalet av dei som tar kontakt med pasientom-bodet for psykiatrien i Hordaland fortel at dei ikkje føler seg høyrt eller sett i møte med behandlarane.

– Pasientane fortel om ei oppleving av ikkje å bli tatt på alvor, seier Kari Nesfossen. Ho har i snart ni år arbeidd som pasientombod for psykiatrien i Hordaland.

Hennar erfaring er at dei som jobbar innan psykiatrien kan bli betre til å lytte og vere lydhøre overfor pasientar og ikkje minst pårørande.– Når eg tar opp denne problemstillinga blir eg alltid møtt med velvilje. Men ofte går det ikkje lenge før pasientar og pårørande melder tilbake at dei framleis møter motstand i systemet. Leiinga ved dei ulike einingane har eit klart ansvar for å endre kulturen slik at pasientane opplever at dei blir tatt vare på, seier Nesfossen.

Samtidig som ho ser ei rekkje utfordringar innan psykiatrien, er ho også opptatt av å få fram dei gode tiltaka.

– I Helse Bergen blir det mellom anna starta opp eit ambulant team – fagfolk som reiser ut der pasientane er. At det er etablert ei eiga ambulanseteneste for psykiatriske pasientar er også eit svært godt og nyttig tiltak, seier ho.

T e m a : P s y k i a t r i

Fakta• Helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen har peika ut psykiatri som eit satsingsområde for 2005.

• Stortinget vedtok i 1999 ein åtteårig Opptrappingsplan for psykisk helse. I 2003 blei planperioden utvida med to år, til 2008. Opptrappingsplanen seier blant anna at helseføretaka skal byggje ut barne- og ungdoms- psykiatrien samt desentralisere psykiatriske tenester.

• Helse Vest deler kvart år ut midlar til forskingsprosjekt. Psykiatrien fekk ein rekordstor forskingspott for 2005. Totalt gjekk 14 prosent, cirka 9,4 millionar, av forskingsmidla til psykiatrien.

• Ei omfattande spørjeundersøking blant pasientar ved dei psykiatriske poliklinikkane viser at dei er fornøgde med tilbodet. Mest fornøgde er dei med utbyttet av behandlinga og forholdet til behandlar. Minst fornøgde er dei med informasjonen frå behandlar. Resultata frå denne og tilsvarande undersøkingar blir brukte for å betre tilbodet innan psykiatrien. Finn dei på www.helse-vest.no – Kvalitetsutvikling – Spørjeundersøkingar

”Utfordringane i tida framover er å betre kvaliteten på tilbodet ved å auke bemanninga og heve kompetansen.”

Helseforskar Torleif Ruud

19

20

T e m a : P s y k i a t r i

– Barn og unge har førsteprioritetUtbygginga av barne- og ungdomspsykiatrien og tilbodet i lokalmiljøa har førsteprioritet for Helse Vest.

– Barn og ungdom er i utvikling og etablerer mønster for resten av livet. I denne fasa legg vi mellom anna grunnlaget for korleis vi handterer konfl iktar og held oss til andre. Derfor er det viktig å setje inn tiltak tidleg dersom vi ser at barn og ungdom er i ferd med å få psykiske lidingar, seier administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen.

For nokre år sidan viste ei undersøking at rundt 5 prosent av barn og unge treng psykiatrisk

hjelp. Styret i Helse Vest har som mål å kunne dekkje dette behovet innan 2008.

Tilbod i nærmiljøetUtbygginga av distriktspsykiatriske senter (DPS) står òg sentralt i psykiatriplanen. Tilbodet inneber at alle innbyggjarar skal ha eit DPS i lokalmiljøet sitt. Ein kan ringje sitt DPS dersom ein treng nokon å snakke med. Der fi nst blant anna tilbod på dagtid, slik at pasienten kan bu heime. Fleire DPS har òg ambulante team. Det inneber at fagfolk kjem heim til pasienten.

– DPS-a er lågterskeltilbod, det vil seie at pasientar skal kunne komme tidleg og enkelt til. Med DPS-a fl ytter ein fokus frå sjukdom og diagnose til funksjon og meistring. Målet er at pasienten skal fungere og ha eit godt liv i sitt eige nærmiljø, seier Nilssen. I dag fi nst 17 DPS i helseregionen.

Byggjer opp kompetanseTidlegare var det vanleg at psykiatriske pasientar blei innlagde og budde på institusjon i lange periodar. Nokre pasientar budde der heile livet. No er trenden kortare opphald for pasientane og nært samarbeid med kommunehelsetenesta.

– Sjølv om DPS-strukturen er på plass, har vi framleis ein veg å gå for å få dei til å fungere optimalt med høgast mogleg kvalitet. Dette er grunnen til at vi no bruker midlar frå opptrappingsplanen for psykisk helse til å byggje opp kompetansen ved DPS-a. Blant anna tilset vi fl eire fagfolk, seier Helse Vest sin administrerande direktør.

Administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest.

”Det er viktig å setje inn tiltak tidleg dersom vi ser at barn og ungdom er i ferd med å få psykiske lidingar.”

Herlof Nilssen

Illustrasjonsfoto: Kjetil A

lsvik

21

Sjukehusa må omorganiserast for at helsetilbodet

og behandlinga skal bli betre.

0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

46% 17% 37%

63% 20% 17%

62% 10% 28%

Verken eller/umogleg å svareHeilt/delvis einig Heilt/delvis ueinig

1001 intervju

6 av 10 er einige i behovet for omorganisering, og like mange ser behovet for sentralisering av enkelte helsetilbod for å betre totaltilbodet.

MMI / Helse Vest

Tabellen viser eitt resultat i spørjeundersøkinga om tiltrua til helsetenestene blant innbyggjarane på Vestlandet.

For å bli betre treng vi tilbakemeldingar på kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Det er tanken bak spørjeundersøkingane Helse Vest gjennomfører jamleg. Her får pasientar, utvalde målgrupper og innbyggjarane seie kva inntrykk dei har av Helse Vest og helseføretaka.

Ei spørjeundersøking som blei gjennomført i dei tre vestlandsfylka i mars viser at åtte av ti vest-lendingar har tiltru til at dei får den behandlinga dei treng dersom dei blir sjuke eller skada.

– Vi legg stor vekt på å tilby pasientane helsete-nester av høg kvalitet. Derfor er det gledeleg at så mange har tiltru til helsetilbodet, seier informa-sjonsdirektør Bjørg Sandal i Helse Vest.

Best inntrykk av kompetansenInnbyggjarane har best inntrykk av Helse Vest og helseføretaka når det gjeld omtanke og respekt for pasientar og pårørande samt kompetansen i helsetenesta. Kor lett det er å få innsyn i verksemda til føretaka blir vurdert som dårlegast av dei faktorane som er målte.

– Dialog og openheit mot omverda er avgjerande for å skape tillit til helsetenestene. Sjølv om vi kommuniserer aktivt med media og målgruppene våre og praktiserer openheit, mellom anna gjennom opne styremøte og tilgang til styresakene på nettet, har mange dessverre enno eit inntrykk av at helseføretaka er lukka. Dette er haldningar vi må jobbe for å endre, seier Bjørg Sandal.

Må synleggjere psykiatriopptrappingaResultata frå spørjeundersøkinga gir ein peikepinn på kva område som er viktige å prioritere.

– Det er eit tankekors at to av ti meiner behandlingstilbodet innan psykisk helsevern er blitt dårlegare. Vi har ei utfordring i å synleggjere opptrappinga og utbygginga som skjer innan dette fagfeltet, seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal i Helse Vest.

Pasientane er mest fornøgdeSpørjeundersøkingar viser at dei som faktisk har kontakt med behand-lingsapparatet er meir fornøgde med helsetilbodet enn dei som ikkje har vore pasientar. Generelt sett er dei somatiske pasientane meir fornøgde enn dei psykiatriske og gjennomgåande er pasientane mest fornøgde med behandlinga og minst med informasjonen frå behandlar til pasient.

– Svara vi får frå pasientane er særdeles nyttige for oss. Desse blir brukt på sjukehusavdelingane i utviklingsarbeidet deira, fortel Sandal.

På andreplassBåde i spørjeundersøkingar retta mot pasientar og mot innbyggjarane kjem Helse Vest godt ut i samanlikning med dei andre helseregionane. I siste pasientundersøking kom Helse Vest på andreplass. Det same resultatet fekk helseregionen då innbyggjarane fekk seie sitt.

Tar tempen på helsetilbodet

Enkelte helsetilbod må sentraliserast for å kunne gi

eit betre totaltilbod.

Ved å samle kunnskap og utstyr på færre stader,

vil ein betre kvaliteten i behandlinga.

Bjørg Sandal

Vil du vite meir?Dersom du vil sjå nærare på desse undersøkingane, fi nn du resultatrapportane på Helse Vest sine nettsider. For pasientundersøkingar, sjå: www.helse-vest.no – Kvalitetsutvikling – Spørjeundersøkingar. For spørjeundersøkinga blant innbyggjarane på Vestlandet, sjå: www.helse-vest.no/sw11546.asp

22

Brukarutvala – pasientane si røystBrukerutvala taler pasientane si sak og er rådgivande organ for leiingane og styra i helseføretaka. Ta gjerne kontakt med dei dersom du har pasient- eller pårørandeerfaringar du vil formidle:

Regionalt brukarutval – tar opp saker som vedkjem pasientar i heile regionen.

Leiar Ingrid Mällberg Tlf: 51 55 74 72 / 990 16 779

Lokale brukarutval – tar opp saker som vedkjem pasientar i helseføretaket

Helse Stavanger, Leiar Jeanette Breivik Skaland Tlf.: 51 90 63 40 / 906 80 218

Helse Fonna, Leiar Egil Solberg Tlf.: 52 72 13 47 / 934 58 498

Helse Bergen, Leiar John ThorbjørnsenTlf.: 56 55 52 99 / 920 10 243

Helse Førde, Leiar Oddveig BirkelandTlf.: 57 72 32 10 / 918 19 562

– Eit godt tilbod, meiner lungepasient Lilly Storm (i midten) om likemannsarbeidet. Her i samtale med syster si Astrid Thorseth (t.h.) og likemann Tove Høgemark.

Latteren smittar lett på opphaldsrommet ved lunge-avdelinga på Haugesund sjukehus. Likemennene frå LHL (Landsforeningen for hjerte- og lungesyke) byr både på kaffi og seg sjølve når dei besøkjer pasientar.

– Ein likemann er eit medmenneske. Vi er her for å lytte, støtte og vise pasientane at det går an å komme seg gjennom sjukdommen, seier Tove Høgemark. Ho er ansvarleg for likemannstenesta til LHL ved Haugesund sjukehus.

Alle likemenn skal sjølv ha opplevd hjarte- eller lungesjukdom, eller dei skal ha erfaring som pårørande. Arbeidet er basert på frivillig innsats.

– Kva er pasientane opptatt av når dei snakkar med dykk?– Mange strever med angst. Dei veit ikkje kva som skjer vidare. Då er det godt å kunne snakke med andre som har vore gjennom det same. Det viktigaste er likevel at vi har tid. Vi har tid til både småprat og

meir alvorlege samtaler. Vi ønskjer å vere ein venn som den sjuke eller pårørande kan dele tankane sine med, seier Høgemark.

Mange vil også snakke om at dei er takknemlege.– Dei føler det slik, både fordi dei har fått eit godt behandlingstilbod og fordi dei får så god hjelp frå dei tilsette, fortel ho.

Lilly Storm er ei av dei som gjerne vil skryte av tilbodet på sjukehuset og dei som jobbar der. Storm er pasient på lungeavdelinga, innlagt for lungebetennelse. Ho har også tidlegare hatt kontakt med likemenn.

– Eg hadde ein mann med emfysem og astma. Då snakka vi med likemenn, dei som sjølv hadde opplevd same sjukdom. Det var eit godt tilbod, minnast ho.

For å bli likemann i LHL må ein, i tillegg til å ha kjent sjukdommen på kroppen, gå på kurs. Alle likemenn må signere ei teieplikterklæring. Besøkstenesta ved Haugesund sjukehus starta opp i april. Fleire andre brukarorganisasjonar gjer tilsvarande likemannsarbeid ved sjukehusa i regionen.

Fritidsaktivitet: Medmenneske

Sparer samfunnet for store summar– Deling av erfaringar, som gjennom likemannsar-beid, er for pasientar eit viktig tilskot til behandling og samtaler med lege. Særleg nye pasientar får ofte ikkje med seg alt legen og helsepersonell seier. Like-menn sørgjer for at dei får grundig informasjon om diagnosen sin, rettar og behandling. Det er sjølvsagt også nyttig å treffe andre som har vore i same situasjon. Det kan verke oppmuntrande for ein pasient å sjå at andre har kome seg heilskinna

gjennom den sjukdommen han sjølv slit med, seier leiar for det regionale brukarutvalet i Helse Vest, Ingrid Mällberg.

Ho er glad for at fl eire pasientorganisasjonar i år fekk tilskot frå Helse Vest til nettopp likemannsarbeid. – Dei fl este pasientorganisasjonane baserer drifta på frivillig innsats. Dette arbeidet sparer helsetenesta og samfunnet for enorme summar, seier ho.

Helse Vest løyver i år rundt 6 millionar kroner til om lag 120 pasient- og brukarorganisasjonar i regionen.

Foto: Bjørn E

rik Larsen

Ingrid Mällberg

Dine rettar som pasientDu har rett til medverknad når du blir pasient. Her nokre sentrale pasientrettar:

Rett til å velje sjukehusAlle pasientar som treng planlagt behandling i spesialisthelsetenesta har rett til å velje sjukehus.

Rett til vurdering og fristAlle som blir viste til eit sjukehus har rett til å få helsetilstanden sin vurdert innan 30 verkedagar. Pasientar som blir vurderte til å ha ”rett til nødvendig helsehjelp” skal få fastsett ein frist for når helsehjelpa seinast skal ytast. Fristen skal setjast etter ei medisinsk vurdering.

Rett til informasjonPasienten skal informerast om han er vurdert til å ha rett til nødvendig helsehjelp og om den fastsette fristen. I tillegg skal pasienten orienterast om rettane han har ved brot på fristen og om retten til å klage.

Korleis skal ein sikre at det nye pasienthotellet i Stavanger tilfredsstiller krava til brukarane? Jo, ved å ta brukarane med i planlegginga.

Brukarane er representerte gjennom brukarutvalet i Helse Stavanger. Det er samansett av representantar frå ulike brukarorganisasjonar. Brukarrepresentantane har hatt fl eire møte med prosjektleiinga for pasienthotellet.

– Saman har vi sett på romløysingane, fortel Jeanette Breivik Skaland. Ho leier brukarutvalet i Helse Stavanger.

– Vi som representerer brukarane tenkjer på forhold som andre kanskje ikkje kjem på. Korleis blir tilgjengelegheita for rullestolbrukarar? Er baderomma tilrettelagde for funksjonshemma? Blir det montert teleslyngjeanlegg for hørselshemma? Dette er blant spørsmåla vi i

Foto: Sigbjørn Sigbjørnsen

brukarutvalet har reist i samband med prosjektet, fortel Skaland. Ho håper samarbeidet med leiinga for pasienthotellet vil fortsetje, og at dei tek omsyn til brukarane sine synspunkt.

Brukarutvalet i Helse Stavanger var ei av fl eire fokusgrupper som blei sett saman i samband med bygginga av pasienthotellet. Prosjektleiar Svanhild Gaupås er full av lovord om samarbeidet med brukarutvalet.

– Brukarane har vore ein fantastisk ressurs i dette prosjektet. Dei er veldig viktige aktørar, og vi har brukt dei aktivt. Innspela dei har kome med har i høgste grad vore relevante og gode, seier Gaupås.

Pasienthotellet i Stavanger er no under bygging. Det skal etter planen stå ferdig i april neste år.

Rett til behandlingNokre pasientar vil få ein rett til å få nødvendig behandling. Vurderinga av kven som har ein slik rett er gjort mellom anna ut i frå kor alvorleg tilstanden til pasienten er og moglegheita for å betre denne. Pasientar som har behov for spesialisthelsetenester, men som ikkje har rett til nødvendig helsehjelp, skal òg få tilbod om behandling. Denne gruppa må vente noko lenger på behandling.

Rett til å klagePasienten kan klage på den medisinske vurderinga. Dette gjeld mellom anna i høve til vurderinga av om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp eller ikkje og den konkrete fristen pasienten eventuelt har fått.

Det er Helsetilsynet (www.helsetilsynet.no) som er klageinstans dersom rettane i lova ikkje blir oppfylde. Pasientombodet (www.pasientombudet.no) kan også hjelpe. Dersom du treng meir informasjon, ring gratis nummer til fritt sjukehusval 800 41 004 eller sjekk nettstaden www.sykehusvalg.no

Ser det med brukarane sine auge

Representantar for brukarorganisasjonane har vore involverte i bygginga av pasienthotellet i Stavanger. Prosjektleiar Svanhild Gaupås (f.v.), leiar for brukarutvalet i Helse Stavanger Jeanette Breivik Skaland og dagleg leiar for pasienthotellet Leif Michaelsen sjekkar teikningane på byggjeplassen.

– Eg vil seie det så sterkt som at det er i gang ein stille revolusjon i helsetenestene når det gjeld brukarane sin posisjon. På få år, og særleg sidan sjukehusreforma blei sett i verk, har makta i langt større grad blitt fl ytta frå systemet

over til brukarane. Det viktigaste trur eg likevel er den styrka posisjonen pasientane har gjennom pasientrettane, seier helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen.

Ansgar Gabrielsen

– Brukarane speler ei sentral rolle

23

Returadresse:Hesle Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger B

Øydelagde lunger skal gi røykfrie ungdommar

Foto

: Bjø

rn E

rik

Lars

en

To lunger blir sende nedover stolrekkjene. Den eine frisk, den andre øydelagt av

tobakksrøyk. Nokre av niandeklassingane klarer ikkje sjå på, og sender vevsprøvene vidare med skepsis i blikket.

Elevane frå Lynghaug Ungdomsskole i Fyllingsdalen blir møtt av medisinstudentar og eit stativ kvite frakkar i det dei kjem til Haukeland Universitetssjukehus. Dei skal bli ein del av MARK - Medisinstudentanes Alternative Røykfrikampanje.

Vektlegg faktaMARK blei starta for fem år sidan av medisinstudentar i Bergen. Målet var å fange opp ungdommar før dei blei fanga av røyken. Tilbodet om å delta i MARK blir gitt til niandeklassar i Bergen og omegn.

Sterke inntrykkÅ komme tett innpå ekte kroppsdelar er ikkje kvardagskost for ungdommane. Nokre studerer øydelagde lunger med interesse, andre snur hovudet vekk med grimasar.

– Flimmerhåra fører slim og partiklar ut av lungene - på same måte som ein som hoppar frå ei scene på ein rockekonsert blir tatt i mot av publikum, fortel Øystein Halvorsen, ein av medisin-studentane. Han lærer ungdomsskuleele-vane korleis lungene fungerer.

– Røyk tar livet av fl immerhåra. Dermed går slimet og partiklane uhindra ned i lungene, forklarer han til dei lydhøre ungdommane.

Å møte ein pasientFor at ungdommane ikkje skal drukne i teori, legg medisinstudentane vekt på

praktiske opplevingar. Blant anna får niandeklassingane møte ein pasient med kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) – den vanlegaste og mest usynlege sjukdommen forårsaka av røyking.

Elevane blir plasserte i eit lite undervisingsrom. Inn kjem Alf Kåre Fretland (bildet) i rullestol. Han har ein slange i nasen som heile tida gir han rein oksygen.

– Eg begynte å røyke då eg var 13 år, og røykte i 40 år. Då eg begynte fortalde ingen at det var farleg. No klarer eg maksimalt å gå 15-20 meter utan kvilepausar på ein god dag, seier han.

SugerøyrFor sjølv å få kjenna korleis livet til Fretland er, får elevane kvart

sitt sugerøyr. Dei får beskjed om å puste gjennom sugerøyret mens dei held seg for nasen og har stafett i trappene på

sjukehuset. – Det går ikkje an å puste gjennom dette her, seier Daniel Hummelsund (biletet) når han blir beden om å fortsette å puste i sugerøyret etter trappespringinga.

Verken han eller andre av elevane i gruppa røykjer. Det tre timar lange undervisningsopplegget verkar også positivt

på det.

– Eg skal i alle fall ikkje begynne å røykje. Eg synst ikkje dei som røykjer er tøffe,

seier Marina Halvorsen Bryn.

Informasjon