24
i vest 16 Forskingsvekst gir større pengepott Vinn-vinn-situasjon: HELSE 6 21 Hjelp til dei som treng det mest Pasienthjelparen fiksa rehabilitering

2007_04_Helseivest_web

Embed Size (px)

DESCRIPTION

16 Vinn-vinn-situasjon: Pasienthjelparen Hjelp 6 21 til dei som treng det mest fiksa rehabilitering

Citation preview

Page 1: 2007_04_Helseivest_web

i vest

16

Forskingsvekst gir større pengepott

Vinn-vinn-situasjon:

HELSE 6

21

Hjelptil dei som treng det mest

Pasienthjelparenfi ksa rehabilitering

Page 2: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

2

TIDA GÅR SÅ FORT, SEIER MANGE. Nokre meiner det har med alder å gjere, andre meiner det er fordi vi har mange og interessante gjeremål. Ikkje veit eg, men måndagane kjem – og vips, så er det fredag. Personleg har eg valt å sjå positivt på at tida fl yr.

Ein av dei siste dagane i november var det ”julebord” i klassen til yngstejenta. Ei uhøgtidleg, åreviss hending, der vi foreldre står for den gode maten og der elevane lagar underhaldninga. Sosialt og kjekt, og den første aktiviteten som fortel at jula nærmar seg.

Mange er inne i den mest hektiske tida i året, med tilstellingar, framsyningar, gåver og mykje matståk. Litt blir det vel hos oss alle, men det går sanneleg an å ha ei kjekk og tradisjonsrik julefeiring utan å konkurrere med dei mest ekstreme når det gjeld mengde mat og pris på gåver. Å ta vare på det lune og varme i familien og sørgje for at alle har ei fi n og roleg feiring, er det mest verdifulle vi kan bidra med.

Men det er ikkje sjølvsagt å feire jul med gåver i nypynta hus. I denne utgåva møter vi mellom anna Anne-Siv, som er på jakt etter fast adresse. Ho og mange andre er ikkje med i den store kjøpefesten. Anne-Siv fortel om ein annan kvar-dag, der mange år som rusavhengig har sett sine spor. Ja, slike historier minner oss om at kontrastane er store og at mange lever eit totalt annleis liv enn det etablerte og trygge.

I denne utgåva ser vi også nærare på ”Raskare tilbake”. Eit samarbeidsprosjekt mellom ulike etatar, der det felles målet er at pasienten skal komme raskast mogleg tilbake i jobb. Nokre av helseføretaka i vest har gjort ein fl ott jobb allereie, dei andre kjem etter. For alle som får hjelp gjennom dette prosjektet er fordelane openbare: Tilbake i jobb – raskare – og klar til ny innsats.

I løpet av eit år er det svært mange pasientar innom sjukehusa og institusjonane våre. Nokre av desse må tilbringe jula borte frå familien. Godt er det då å vite at medarbeidarane på sjukehusa gjer sitt aller ytterste for at høgtidsdagane skal bli så gode som mogleg.

På vegne av Helse Vest takkar eg alle for innsatsen i 2007 – og ønskjer dykk ei fi n og roleg julehelg. Tenn eit lys, gled deg saman med andre og gi ditt bidrag til ei fredeleg og god feiring. God jul!

Snart er kvelden her!

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialist helsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Apoteka Vest, samt aksjeselskapet Helse Vest IKT AS. Helseføretaka har cirka 21 000 medarbeidarar, omfattar 45 sjukehus og institusjonar og yter helsetenester til rundt 970 000 innbyggjarar. Budsjettet er på 15,5 milliardar kroner. Helse Vest RHF er lokalisert på Forus i Stavanger.

Slike historier minner oss om at kontrastane er store

Bjørg SandalKommunikasjonsdirektør, Helse Vest

Page 3: 2007_04_Helseivest_web

3

Raskare tilbake 4

Hjelp til livet slik det er no 6

Styrkjer forskinga på rus og rehabilitering 9

Deltidsundersøking 10

Helse 2020 11

Verdt å vite 14

Pasient på meir effektive skinner 22

Forskingsaktiviteten aukar 16

Helseekspressen mellom Haugesund og Bergen 20

Fekk hjelp av pasienthjelparen 21

Profi len 22

I form 24

Helse i vest nr. 4/2007

Redaksjon Bjørg Sandal (ansvarleg redaktør)Elisabeth Huse (redaktør)Kristin H. Haugen

Abonner gratis på Helse i vest Send ein e-post til [email protected]

Utforming og tilretteleggingOktan Alfa AS

Forsidefoto: Shutterstock

Redaksjonen avslutta 30. november

Trykkeri Color Print Sandnes

Opplag 15.000

Opp

søkj

er p

asie

ntan

e 6

Deltids-undersøking

Prisvinnande forsking

4

Raskare tilbake i jobb

16

10

HELSE I VEST 4_2007

Helse Vest og nynorsk

Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fl eirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har difor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, blant anna Helse i vest og nettsidene www.helse-vest.no skal vere på nynorsk. Det er grunnen til at alle lesarar, også dei som er bokmålsbrukarar, får informasjonen på nynorsk.

Page 4: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

4

TEKST ELISABETH HUSE

Det seier Ingvill Skogseth som er ansvarleg for ordninga i

Helse Vest. Målet med Raskare tilbake er å få folk

som er sjukmelde, eller står i fare for å bli det, til rask behandling i spesialisthelse-tenesta. Slik kan dei komme raskare tilbake på jobb. Ordninga føreset at det skal opp-rettast tiltak utanom den ordinære sjuke-husdrifta slik at ikkje pasientane i ordninga skal snike i helsekøen slik kritikarar av ord-ninga har hevda at dei gjer.

Rosar Helse Vest

– Arbeid er eit nytt kriterium i forhold til å få behandling. Derfor er det vesentleg at tilbodet gjennom Raskare tilbake er eit supple ment til det ordinære helsetilbodet, seier Jon-Torgeir Lunke, prosjektleiar for Raskare tilbake i Sosial- og helsedirektoratet.

Han rosar Helse Vest for godt arbeid med ordninga. – Helse Vest har jobba veldig systematisk og grundig. Regionen

var tidleg ute med å etablere prosjektkoordinatorar for kvart føretak som har vore viktige kontaktpunkt for behandlarane. Helse Vest var også tidleg ute med ekstraordinære tilbod, og har etablert eit godt samarbeid med arbeids- og velferdsetaten (NAV) og fastlegane, seier han.

Har teke igjen forspranget

No ser det derimot ut til at gigantregionen som er ansvarleg for helsetilbodet til meir enn halvparten av alle nordmenn har gått forbi og tilvist fl eire pasientar enn Helse Vest.

– Helse Sør-Aust har teke igjen forspranget no ifølgje dei

førebelse tala for oktober. Men Helse Vest har framleis ein god auke, opplyser Jon-Torgeir Lunke.

For lite kjend

Ingvill Skogseth vil ikkje fokusere for mykje på konkurranse-aspektet mellom regionane, men ser heller etter kor mogleg heitene for å bli betre er størst.

– Ordninga verkar enno å vere for lite kjend blant fastlegane, og dei kunne nok ha vore meir aktive med å tilvise sjukmelde pasientar på ordninga. Men vi har hatt ein dialogkonferanse med fastlegar og representantar frå NAV for å få innspel på behova pasienten og fastlegen har. Rask utgreiing og avklaring av meir diffuse lidingar var det tydelegaste innspelet vi fekk. Det vil vi prøve å følgje opp, seier ho.

Ønskjer å jobbe

Ho er spesielt fornøgd med at helseføretaka har vore så positive til ordninga og at dei prøver å tenkje nytt i forhold til pasientar med samansette lidingar.

– For dei aller fl este er det eit privilegium å vere frisk og gå på jobb. Då må vi gi dei moglegheita til det, seier Ingvill Skogseth.

Nasjonal kampanje

I desember går det ut brev til alle fastlegar og andre tilviserar og på nyåret blir det lansert ein nasjonal kampanje for å informere om ordninga. Målgruppene er arbeidsgivarar, arbeidstakarar eller sjukmelde og behandlarane.

– Det har vore ein periode der ein har bygd opp tilbod over heile landet. Før dei er på plass har det vore vanskeleg å tilvise pasientane. No har vi god oversikt, og då gjer vi ein framstøyt, seier Jon-Torgeir Lunke.

1700 pasientar raskare tilbake på jobb

Helse Vest har vore best i klassen når det gjeld å få sjuke behandla og tilbake i jobb gjennom ordninga Raskare tilbake. Ved inngangen til november har 1700 pasientar fått hjelp gjennom ordninga. – Vi har kome godt i gang og har mange gode tilbod for målgruppa i alle helseføretaka.

Ingvill Skogseth

Page 5: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

5

Dette er Raskare tilbake

• Ved utgangen av oktober er over 1700 pasientar viste til behandling gjennom ordninga i Helseregion Vest. På landsbasis er talet 4 100 pasientar per 20. oktober.

• Tilbodet under ordninga spenner frå diagno-stikk, kirurgi, ikkje-kirurgisk behandling til samtaleterapi og rehabilitering.

• Den største aktiviteten skjer innan ortopedi og rehabilitering. Den største diagnosegruppa er muskel- og skjelettlidingar som utgjer 76 prosent av den totale behandlinga i vest.

• I Helse Vest er det Helse Stavanger som har tilvist fl est pasientar. Føretaket står for 56 prosent av midlane som er brukt gjennom ordninga i Helseregion Vest. Private står for 27 prosent og Helse Bergen for 11.

• Totalt er det i 2007 brukt 18 millionar kroner på ordninga i vest. Det utgjer 22 prosent av totalramma på nær 82 millionar.

• Ordninga Raskare tilbake er eitt av mange tiltak som inngår i avtala om inkluderande arbeidsliv som er inngått mellom partane i arbeidslivet for 2006 til 2009.

• Ordninga blir evaluert. Bergensfi rmaet Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) skal sjå på korleis ordninga er innført og resultata ho gir nasjonalt. Evalueringa er først klar om eit års tid.

Pasientar og fastlegar som ønskjer meir informasjon om Raskare tilbake kan fi nne det på www.helse-vest.no/sw21649.asp eller på www.nav.no/raskeretilbake

Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad meiner det har teke tid å

komme i gang med Raskare tilbake. Men no som behandlingstilbod

er på plass over heile landet, forventar ho at stadig fl eire sjukmelde

vil få tilbod om behandling gjennom ordninga.

– Å få ned sjuke-fråveret er viktig

for denne regjeringa. Det handlar om å hjel-pe enkeltmenneske og bruke ressursane til fellesskapet på ein best mogleg måte. Raskare tilbake er eitt

av fl eire viktige tiltak som vil bidra til å redusere sjukefråveret, seier Sylvia Brustad.

Ho meiner Helse Vest har organisert arbeidet godt og kome raskt i gang med tilbod.

– Spesielt positivt er det at regionen har vektlagt samarbeid med arbeids- og velferds-etaten og fastlegane.

– Det blir hevda at pasientane i Raskare tilbake-ordninga snik i sjukehuskøen, at ein gjennom ordninga let vere å prioritere dei sjukaste først og at pasientrettane slik blir brotne. Kva vil du seie til det?

– Det er spesielt viktig at ordninga ikkje skal gjere helsetilbodet dårlegare for dei andre pasientane. Det er løyvd øyremerka midlar slik at kapasiteten i helsetenesta skal aukast ved å etablere tilboda som tilleggsverksemd. Det betyr at tilbodet gjennom Raskare tilbake skal komme i tillegg – og ikkje ha innverknad på det ordinære pasienttilbodet og dei ordinære ventelistene.

Illu

stra

sjon

sfot

o: iS

todk

Foto

: Hel

se-

og o

mso

rgsd

epar

tem

ente

t

– Vi skal få ned sjukefråveret

Page 6: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

6

Anne-Siv Magnussen (til høgre) og psykolog Camilla Melin slår av ein prat i Stavanger. Nokre av arbeidsoppgåvene til Oppsøkjande Behandlingsteam ligg i namnet – dei tilsette treff brukarane der dei er. Ingen må møte opp på eit kontor. (Foto: Kjetil Alsvik)

Page 7: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

7

TEKST KRISTIN HENANGER HAUGEN / FOTO KJETIL ALSVIK

Vi trekk skjerfet ein ekstra gong rundt halsen. Klagar litt over kald bil og kalde sko. Gleder oss til varme i

omnen og ein kopp te seinare i kveld. Men først skal vi treffe eit anna liv, eit steinkast frå gryande førjulslag og overfylte handle-posar.

Utan ein plass å buAnne-Siv Magnussen (46) skal treffe oss i ei brusteinsgate litt

utanfor sentrum. Latteren er ikkje til å ta feil av. Direkte frå sin arbeidsdag – tigging på Kulturhuset og omsorg for andre kjente som lever eit liv på gata.

Godt over 20 seier ho at ho kjenner, som ikkje veit om dei får tak over hovudet den neste natta. Den gode og varme jumperen hjelper mot kulda. Smilet hennar varmar oss andre, men neppe ho sjølv.

Treng ein ny startFleire år på rusmidlar av diverse slag har sett sitt preg. Kropp

og andlet er vitne som kan fortelje mangt om tunge tider og eit kontrastfylt liv. Historia til Anne-Siv Magnussen gjer det enklare å skjønne kor ho er i dag. Men fortida skal få liggje, no er ho her, med håp om sitt eige tak over hovudet, helst til jul.

– Eg blir så utruleg sliten av å gå blant slike som meg. Berre eg kunne få meg ein fast plass å bu, som eg kan gjere triveleg, seier Magnussen. Ho håpar å få begynne på preparatet Subutex gjennom ordninga med legemiddelassistert rehabilitering (LAR), om ikkje lenge.

– Eg veit eg kan klare det, berre eg får litt hjelp.

Og det er litt hjelp sosionom Kristine Reinertsen og psykolog Camilla Melin frå Oppsøkjande behandlingsteam Stavanger (OBS) prøver å gi pasientane sine. Ikkje for å arbeide mot dei

store solskinshistoriene. Men ein ny start og menneskeverd har også desse menneska krav på.

Dei berømte stolane– Vi må få dei offentlege systema til å gi folk som Anne-Siv

blanke ark, slik at dei kan starte på nytt. Det er ikkje enkelt, men heilt nødvendig for at dei skal kunne begynne på vegen mot verdige liv. Det er mogleg å endre kurs, men ikkje utan hjelp – over lang tid, understrekar Kristine Reinertsen.

Ho har arbeidd ved OBS sidan prosjektet blei sett i gang i 2006, og ser at dei dekkjer eit felt som tidlegare har hatt manglar. Dei pasientane som hamnar mellom dei berømte stolane, som ikkje blir fanga verken av kommunen eller spesialisthelsetenesta.

– Desse menneska oppsøkjer ikkje systema på same måten som eg og du. Dei maktar ikkje å leite seg fram til tilbod, aller minst krevje sin rett.

Erfaringar frå eit liknande prosjekt i København, ”Prosjekt Udenfor”, viser at dei menneska som har behov for ei oppsøkjande teneste ikkje klarer å nyttiggjere seg eit spesialisert hjelpeapparat med profesjonelle fagfolk som stiller krav.

Hjelp til livet slik det er no

– Eg blir så utruleg sliten av å gå blant slike som meg. (Anne-Siv Magnussen)

Mørk, våt og kald novemberdag i Stavanger. Psykolog Camilla Melin går frå kontoret. Arbeidsdagen har så vidt begynt.

Page 8: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

8

Dette er OBS:• Oppsøkjande Behandlingsteam i Stavanger

er eit samarbeidstiltak mellom Stavanger kommune og Stavanger Universitetssjukehus, Psykiatrisk klinikk.

• Gjennom etablering av eit tverrfagleg samansett ambulant team skal personar med alvorlege psykiske lidingar og samansette tilleggsproblem, som tidlegare har falle ut av, eller ikkje er fanga opp av, hjelpeapparatet, gis eit behandlings- og butilbod kor det same behandlingsmiljøet skal handtere og gi hjelp over tid.

• Med behandling meiner ein oppdaging, ut-greiing, behandlings- og rehabiliteringstilbod.

• Det er ei sentral oppgåve for OBS-teamet å kople pasientane opp mot vedtaksmyndigheita ved helse- og sosialkontor for å sikre at kommunen sitt koordineringsansvar etter Lov om sosiale tenester og kommunehelse-tenestelova blir følgt frå starten.

Mål for den enkelte pasienten:

• Betring av helsetilstand og livssituasjon, slik at dei etter deltaking i prosjektet har tilfreds-stillande buforhold og kan nyttiggjere seg vanleg behandling.

Målgruppe:

• Menneske med alvorlege og vedvarande psykiske lidingar og rusmisbruk, alvorleg funksjonssvikt og samansette tilleggsproblem.

– Vi skal difor yte støtte og omsorg, ikkje først og fremst behandling. Vi skal vere brubyggjarar og vi skal arbeide ut frå ein skadereduksjons-tankegang, seier Reinertsen.

T for TidOBS har seks T-ar som er gode rettleiarar i arbeidet: Tid,

Tålmod, vere Til stades, Tillit, Truverd og Timing. Prosjektet ønskjer å sette fokus på overlapping av kompetanse og samarbeid, framfor grenseoppgangar og oppdeling av ansvar.

– Teamet består av fl eire yrkesgrupper, mellom anna psykolog, sosionom, sjukepleiar, lege og barnevernspedagog. Vi skal vere

uformelle og ute blant pasientane. Dette er folk som ikkje kjem til oss. Vi må oppsøkje dei. Så begynner jobben. Tid er kanskje det viktigaste. Her skjer ikkje ting over natta. Men vi ser framsteg, og har tru på at dette er eit viktig tilbod til denne gruppa menneske, seier Reinertsen.

Anne-Siv Magnussen hoppar inn i OBS-bilen. Det er kakao i sekken i baksetet og bilen køyrer frå dystre bakgater til varme OBS-kontor på Stavanger Universitetssjukehus. Dei har mykje å snakke om og le av på vegen. Ettermiddagen er lysare allereie.

OBS-teamet er blitt evaluert denne hausten. Deretter skal verknaden for pasientane på lengre sikt studerast.

Det er Terje Lie ved IRIS (International Research Institute of Stavanger) som følgjer samarbeids-

prosjektet mellom Stavanger kommune og Stavanger Universitets-sjukehus. Prosjektet går over tre år, og første del av evalueringa ligg klar i januar 2008. Denne hausten er det behandlarteamet som har vore under lupa.

– Det er ei spennande utvikling når samhandlinga mellom kommune og spesialisthelseteneste endar i prosjekt som dette. Eg ser mellom anna på korleis samarbeidspartnarane oppfattar teamet, og utan å røpe for mykje er det mange gode tilbakemeldingar på det arbeidet OBS gjer. Dette er ein ny måte å arbeide på innan dette feltet, og her er mykje som må gå seg til, men det er tydeleg at fl eksibiliteten og det uformelle er viktige element, seier Lie.

OBS gir moglegheit for eit anna handlingsrom enn det spesialist-helsetenesta og den kommunale helse- og sosialtenesta tidlegare har hatt kvar for seg. Samtidig understrekar Lie at denne måten å arbeide på krev samarbeidsvilje og initiativ.

– Det uformelle er viktig

Page 9: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

–Vi har kome veldig godt i gang – om eg skal seie det sjølv, seier leiar Edith Victoria Lunde for det

regionale kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering.

Kompetanseheving og nettverksbyggingHovudoppgåvene til dei regionale kompetansesentra er å medver-

ke til auka forsking, fagutvikling, betra utdanning og kompetanse-heving innan sitt felt. I tillegg skal dei drive nettverksbygging mellom fagpersonar innan same felt i helseføretaka i regionen, og hos andre aktørar som universitet, høgskular, private institusjonar,

Styrkjer forskinga på rus og rehabilitering

I starten av september opna dei regionale kompetansesentra for habilitering og rehabilitering og for rus i Helse Vest. Førstnemnte er lokalisert til Helse Bergen mens det andre er det Helse Stavanger som driv.

TEKST ELISABETH HUSE

brukarorganisasjonar og andre potensielle samarbeidspartnarar.

Fort på plassSaman med tre andre tilsette ved kompetansesenteret har Edith

Victoria Lunde sidan 1. september arbeidd med ein tiltaksplan for hausten 2007.

– Her har vi sett på kva som er nødvendig for å kome vidare. Det har vore viktig for oss å komme fort på plass, så det har vore ein plan med mange milepelar. Vi har lagt vekt på å involvere alle sam-arbeidspartnarar tidleg og få innspel frå dei. Difor har vi besøkt alle helseføretaka i regionen og hatt møte med andre organisasjonar som kan ha innspel. No arbeider vi med strategiske satsingsområde og tiltaksplanar for 2008, fortel Edith Victoria Lunde.

Praktisk verdi i pasientbehandlingaI Helse Stavanger blei det regionale kompetansesenteret for rus-

forsking opna med eit todagars seminar 3. og 4. september. Her var ei rekkje aktørar innan feltet frå heile regionen inviterte.

– Første fase har vore veldig positiv med mange ulike miljø som har vist vilje til å bidra. Innan rusfeltet er ein svært positiv til ei auka satsing på forsking, og særleg klinisk forsking som tek ut-gangspunkt i problemstillingar behandlingsmiljøa opplever, for-sking som har stor praktisk verdi for pasientbehandlinga, seier dagleg leiar Espen Enoksen for det regionale kompetansesenteret på rus.

Ligg godt anDet var styret i Helse Vest som vedtok å styrkje forskinga innan

dei to fagfelta. I mars blei det bestemte at Helse Stavanger skulle opprette eit kompetansesenter på rus og Helse Bergen på habilitering og rehabilitering.

– I forhold til styret sine føringar og regionale og nasjonale planar ligg vi i dag godt an i forhold til framdrift, seier Espen Enoksen.

9

Page 10: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

10

Å rsaka til at mange ikkje ville jobbe meir, var hovudsakleg

hensynet til familie og dei forpliktingane dei hadde der. Den andre hovudårsaka var knytt til sjølve arbeidssituasjonen, for eksempel at dei ikkje ville ha større vaktbelastning.

– Dette er eit unikt materiale som gir oss store moglegheiter til å imøtekomme ønske frå den enkelte deltidstilsette, seier personal- og organisasjonsdirektør Hilde Christiansen i Helse Vest.

Sikre gode arbeidsforholdI løpet av august fekk alle deltidstilsette

og dei som hadde fl eire stillingar som til saman gir inntil full stilling i Helseregion Vest tilsendt spørjeskjema. Her fekk dei spørsmål om stillingsstørrelsen sin og kvifor dei arbeider deltid. Hovudmålet med undersøkinga er å sikre kvalitet i helsetilbodet og gode arbeidsforhold for alle tilsette.

85 prosent av dei som svarte, var i fast deltidsstilling, fl esteparten i jobb frå 50 til 75 prosent. Mange gjekk i vakter kvar tredje helg.

– Vi vil at dei som ønskjer å jobbe meir skal få moglegheit til det. Det tener interessene både til medarbeidarane og til helseføretaka, seier Hilde Christiansen.

Helse Vest har i fl eire år hatt fokus på bruk av deltidsstillingar i helseføretaka. Det har difor vore viktig å skaffe seg informasjon og oversikt for å kunne medverke til endring for dei som ønskjer det.

Ikkje anonymtResultata frå kartlegginga skal brukast

i føretaka i Helse Vest for å leggje betre til rette for deltidstilsette som ønskjer heil stilling eller større stillingsdel. Svara i undersøkinga er ikkje anonyme. På den måten kan leiarane på klinikknivå følgje opp kvar enkelt deltidstilsett.

– Her var ikkje målet å kartleggje den generelle stoda blant dei deltidstilsette, men å få eit verktøy som kan brukast for at kvar enkelt medarbeidar skal få den oppfølginga han eller ho har behov for, seier Christiansen.

Betre kontinuitet i pasientbehandlingaEndring av stillingsbrøken kan over

tid medverke til å gi betre utnytting av ressursane og tilgjengeleg kompetanse i sjukehusa, gi betre kontinuitet og fl eksibilitet, og ha innverknad på kvaliteten på pasientbehandlinga.

– Undersøkinga viser at det er vilje til omstilling blant deltidstilsette. Fleire er innstilte på å vere fl eksible og ha kombi-stillingar dersom det kan føre til at dei får full stilling, seier Hilde Christiansen.

Svarprosenten i undersøkinga er 37.– Vi hadde ønska at han var vesentleg

høgare, men no skal vi jobbe for å løyse utfordringane for dei som har svart. Det håper vi vil inspirere medarbeidarar som av ulike grunnar ikkje svarte, til å vere med ved neste høve, seier Hilde Christiansen.

Du fi nn heile resultatrapporten på www.helse-vest.no/sw25559.asp

Undersøking i Helse Vest

72 prosent fornøgde

med deltidOver 3000 deltidstilsette

i Helse Vest har sagt simeining om kor mykje dei

vil arbeide. 72 prosentav dei er tilfredse med

størrelsen på stillinga si.No skal helseføretaka

arbeide vidare for at deisom ønskjer det skal få

endra stillingsstørrelsen sin.

Illu

stra

sjon

sfot

o: s

hutt

rsto

ck

TEKST ELISABETH HUSE

Hilde Christiansen

Page 11: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

11

Vi veit at spriket vil auke mellom kva som er medisinsk mogleg og kva folk forventar.

Han understrekar at dette er felles gods som skal gjelde

for alle helseføretaka i Helse Vest. Difor er midtsida av Helse i vest denne gongen via til visjonen og måla for spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Napp ut plakaten og heng han på veggen, så har du til ei kvar tid oversikt over kva mål vi styrer mot.

– Å fremme helse og livskvalitet er den nye visjonen for spesialist-helsetenesta på Vestlandet. Felles visjon, verdiar og målsettingar er viktig for å nå måla våre. Men uansett kor gode strategiane og måla er, har dei liten verdi før dei blir sette ut i livet. Difor er det no det heile startar, seier Helge Bryne.

Håper på engasjementHan legg til at den vidare konkretiseringa og den praktiske

gjennomføringa skal skje i helseføretaka.– Det blir eit utfordrande og spennande arbeid der engasjementet

og innsatsen frå alle medarbeidarar blir avgjerande. Vi håper difor at fl est mogleg vil engasjere seg, delta, komme med innspel og vere med på å utvikle arbeidsplassen sin.

Du kan også få strategirapporten I rapporten Strategi for helseregionen er dei ulike delprosjekta

og tiltaka som Helse2020 har munna ut i, nærare skildra. Ta kontakt med Helse Vest dersom du vil ha rapporten tilsendt. Du kan også få fl eire eksemplar av plakaten med visjon og mål.

Det fi nst også elektroniske utgåver av plakat og rapport på www.helse-vest.no.

Arbeidet med å førebu seg for framtida i gang

Prosjektfasen er ferdig og det er tid for å setje planar og målsettingar ut i livet. – Gjennom prosjektet Helse2020 har Helse Vest fått nyttig kunnskap om korleis framtida vil fortone seg i sjukehusa. No gjeld det å setje i gang arbeidet slik at vi kan møte desse utfordringane, seier viseadministrerande direktør i Helse Vest Helge Bryne, leiar for strategiprosjektet. TEKST ELISABETH HUSE

Bla om for å sjå Visjon og mål for spesialisthelsetenesta på Vestlandet fram mot 2020.

Kva veit vi om åra framover?• Vi veit at det vil komme medisinske, teknologiske

og behandlingsmessige nyvinningar i eit stadig høgare tempo.

• Og: vi veit at spriket vil auke mellom kva som er medisinsk mogleg og kva folk forventar. Ikkje minst vil spriket auke mellom forventningar frå pasientane og kva samfunnet er villig til å bruke av ressursar til behandling både når det gjeld helsepersonell, medisin og utstyr.

• Vi veit at kravet til kontinuerleg endring, omstilling og utvikling vil bli forsterka.

• Vi veit at nordmenn lever stadig lenger og at fl eire vil leve med kroniske og andre sjukdommar og seinskadar etter til dømes kreftbehandling. Dette aukar behovet for omsorg og behandling i spesialisthelsetenesta.

Helge Bryne

Page 12: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

12

Fremme helse oVÅR VIS JON ER :

Okt

an A

lfa

Fot

o: g

etty

imag

es

Page 13: 2007_04_Helseivest_web

e og livskvalitet

HELSE2020

VÅRE VERDIAR ER : • Respekt i møte med pasienten• Kvalitet i prosess og resultat• Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg

VÅRE MÅL:

Trygge og nære sjukehustenester• Våre pasientar skal bli møtte av kompetente team

som har fokus på deira situasjon

• Våre pasientar skal ha tilgang til diagnostisering, behandling og omsorg av høg kvalitet

• Våre pasientar skal få god informasjon og opplæring, og vere aktive deltakarar i eiga behandling

• Våre pasientar skal oppleve ei samanhengande helseteneste på tvers av behandlingsnivå og avdelingar

• Våre pasientar skal erfare at vi styrkjer arbeidet med førebygging og rehabilitering

Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk• Vi systematiserer behandlingskjeda og utviklar betre prosessar

• Vi samlar sjeldne og komplekse tenester på færre stader

• Vi samordnar støttetenester og effektiviserer arealbruk

• Vi er opne om våre prioriteringar og resultat

Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon• Våre medarbeidarar og leiarar tek ansvar og skaper gode resultat

• Vi er ein attraktiv, lærande og utviklande arbeidsplass

• Vi tek i bruk nye metodar og teknologi basert på beste kunnskap

• Vi satsar på forsking, utdanning og fagutvikling for å sikre god pasientbehandling

• Vi styrkjer omdømmet vårt gjennom kloke val

Page 14: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

1414

verdt å vite

DET KAN LØNNE SEG Å TENKJE litt ekstra på handhygienen, no som infl uensasesongen er rett rundt hjørnet. Vi kan bli fl inkare til å vaske hendene, meiner ekspert.

God handhygiene er eit av dei generelle smitteførebyggjande råda Folkehelseinstituttet gir. Ein grundig utført handvask fjernar dei fl este av mikrobane på hendene våre, og slik skaper vi eit forsvar mot både forkjøling, infl uensa og magesjau. Vi bidreg dessutan til å hindre sjukdomsspreiing.

I kampen mot farlege mikrobar blir mykje av fokuset i dag retta mot utviklinga av nye medisinar og vaksiner. Slik sett er det kanskje lett å gløyme at

enkle ikkje-farmasøytiske tiltak også kan vere viktige for helsa.

– I det daglege er nok handvask det mest effektive tiltak mot bakteriar og virus for kvart enkelt menneske. Kva angår infl uensa, så smittar den også gjennom lufta ved hosting og nysing, men størstedelen av smitten skjer likevel gjennom hendene. Ved at vi vaskar hendene grundig med varmt vatn og såpe er det mogleg å hindre at både du sjølv og andre blir smitta, seier rådgivar Petter Elstrøm ved Divisjon for smittevern på Folke-helseinstituttet.

(forskning.no)

Viruskamp med enkle middel

… sola er den viktigaste kjelda til vitamin D. Vitaminet fi nst blant anna og i tran …

Illu

stra

sjon

sfot

o: s

hutt

erst

ock

Illu

stra

sjon

sfot

o: s

hutt

erst

ock

Hjernen veit når du tek feil

DU HAR NO SETT DET ANDLETET FØR – eller hugsar du heilt feil? Hjernen din veit forskjell på ekte og falske minne, sjølv om ikkje du gjer det, ifølgje ein ny studie.

Alle merkar av og til at hukommelsen ikkje er til å stole på. Du kjem ein time for seint til møtet, fordi du var overbevist om at det begynte klokka ti. Eller du er skråsikker på det riktige svaret i quizz-konkurransen, mens du eigentleg er heilt på jordet. Ei mager trøyst i slike situasjonar er at hjernen din faktisk “veit” forskjellen på ekte og falske minne, ifølgje ei ny undersøking som er publisert i Science.

Forskarane ved Daegu-universitetet i Sør-Korea utførte undersøkinga ved hjelp av 11 forsøkspersonar.

Først fekk dei sjå ei rekkje ord eller kombinasjonar av ord innanfor bestemte kategoriar, for eksempel “husdyr”. Deretter skulle forsøkspersonane prøve å hugse kva ord og uttrykk dei nett-opp hadde sett, og gradere kor

sikre dei var på at dei hugsa riktig. Samtidig registrerte forskarane hjerneaktiviteten deira ved hjelp av magnetresonanstomografi (MR). Analysane viste at når forsøks-personane var sikre på at dei hugsa riktig, og også hadde rett, auka blodgjennomstrømminga til den delen av tinninglappen i storehjernen der hippocampus ligg. Men når forsøkspersonane var like sikre på at dei hugsa riktig, men faktisk tok feil, auka aktiviteten i staden i pannelappen, i den framre delen av hjernen.

Denne delen av hjernen behandlar sanseinntrykk som blir opplevde som kjente eller gjenkjennelege, men som ein ikkje klarer å knytte konkrete minne-bilete til – tomme minnebilete. No håper forskarane at den nye forståinga av kor i hjernen ekte og falske minne blir behandla, ein dag kan bidra til å auke rettssikkerheita. Kanskje kan nøyaktige målingar av hjerneaktiviteten sannsynleg-gjere om vitne i rettssaker har ekte eller falske minnebilete av ei hending, kommenterer Roberto Cabeza (Ph.D.), som har utført undersøkinga saman med kollega Hongkeun Kim.

(forskning.no)

Illu

stra

sjon

sfot

o: C

olou

rbox

Vitaminet som held deg ung

ER DU UTE etter å bevare ungdommen, bør du lese vidare. For no kan forskarar ha funne løysinga. Ved King’s College London har forskarar nemleg sett på meir enn 2.000 kvinner og funne at dei med høgare vitamin D-nivå hadde færre aldersrelaterte forandringar i arvematerialet sitt.

Sola er den viktigaste kjelda til vitamin D. Vitaminet fi nst blant anna og i tran.

– Det er mogleg at sola, som kan auke risikoen for hudkreft, også kan ha ein helsegunstig effekt på aldringsprosessen ge-nerelt, seier professor og studie medforfattar Tim Spector, til BBC. Kvinnene i studien var mellom 18 og 79 år, og forskar teamet målte mengda vitamin D i blodet deira. Dei saman-

likna dette med lengda på såkalla telomerar i dei kvite blod cellene. Ein telomer er den aller ytterste delen av eit kromosom. For kortinga av desse er ein måte å studere aldringsprosess på celle nivå.

Etter å ha justert for andre faktorar som alderen til den enkelte test personen, fann forskarane at det var meir sannsynleg at kvinnene med høgare vitamin D-nivå hadde lengre telomerar i cellene sine, og vise versa.

– Desse resultata er spennande fordi dei viser for aller første gong at menneske som har høge nivå av vitamin D, kan eldast saktare enn dei som har låge nivå av vitaminet, seier studieleiar professor Brent Richards.

(dinside.no/helse)

Page 15: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

15

Korleis kan vi organisere sjukehusopphaldet på ein slik måte at pasienten opplever det som effektivt? Pasientforløp var tema for eit seminar i Haugesund tidlegare i haust.

TEKST KRISTIN HENANGER HAUGEN

Helse Fonna arbeider mykje med å betre løpet for pasient-

ane sine, altså det arbeidet som ligg i å gjere tida for pasientane så enkel og ryddig som mogleg, slik at både pasient og behandlar opplever at tida blir brukt på best mogleg måte.

Heile regionen deltok

– Det er viktig for oss å setje fokus på dette området, og difor er det ekstra fl ott når så mange viser interesse for utviklinga rundt prosessane for betre pasientforløp, seier administrerande direktør Johannes Kolnes i Helse Fonna.

Kolnes meiner sjukehusa må sjå pasientane i eit heilt løp, frå dei blir sjuke og kjem på sjukehus til dei blir ut skrivne og kjem heim att. Helse Fonna har difor tett dialog og sam handling med blant anna kommune helse tenesta for å gjere

behandlings vegen enklast mogleg for den enkelte pasient.

– Vi må skape system på avdelingane våre som sikrar auka kvalitet basert på færre arbeidsoppgåver, seier Kolnes. Han viser til at industrien som pregar Vestlandet kan skilte med å vere i verdstoppen innan logistikk og kvalitet. Han meiner helseføretaka kan klare det same ved i større grad å tenkje prosess og standardisering.

Tidlegare i haust inviterte helseføretaket, saman med Helse Vest, til seminar i Hauge-sund. Målet var å setje tankane i sving for å utvikle kvaliteten på pasientforløpet vidare. Over 120 tilsette frå alle helse føre-taka deltok på seminaret.

Satsar på pasienten

– At pasientane må vente på helse-personell, at ein manglar rett kompetanse og at ein manglar god planlegging hindrar ein meir effektiv prosess for pasienten. Det er viktig at sjukehusopphaldet blir organisert på ein slik måte at pasienten opplever det som effektivt, understrekar fagdirektør Odd Søreide i Helse Vest.

Fokus på utvikling av gode pasient forløp er ein del av den regionale kvalitetssatsinga i Helse Vest. – Målet er at arbeidet med kvalitetssatsinga er lokalt forankra og regionalt koordinert. Vi kan lære av kvarandre, og dette seminaret viser at det er mykje godt arbeid ved dei enkelte helseføretaka som kan bringast vidare til

andre, seier Søreide.– Målet for tenestene spesialisthelse-

tenesta skal levere er at dei er verknadsfulle og trygge, at dei involverer brukarane og gir dei innverknad, er samordna og prega av kontinuitet, utnyttar ressursane på ein god måte og er tilgjengelege og rettferdig fordelt. Eit godt pasientforløp er eit viktig tiltak for å nå dette målet.

Som ein del av kvalitetssatsinga i Helse Vest er det i 2007 tildelt 2 millionar i prosjekt midlar til kvalitetsutviklings-prosjekt, og mange prosjekt har temaet pasientforløp . Ein reknar med å kunne tildele prosjektmidlar også i 2008. Søreide trur seminaret i Haugesund var viktig, mellom anna for å bidra til betre samhand-ling mellom føretaka.

KVALITET

”Kvalitet omhandlar i kva grad det

som skjer av aktivitetar og tiltak fører

til ønskt helsegevinst for individet og

for grupper av individ, gitt dagens

kunnskap”

Nasjonal helseplan 2007-2010

Pasient på meir effektive skinner

“ At pasientane må vente på helsepersonell, at ein manglar rett kompetanse og at ein manglar god planlegging hindrar ein meir effektiv prosess for pasienten.”

Illu

stra

sjon

sfot

o: C

olou

rbox

Page 16: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

16

Forskings-aktiviteten aukar og gir meir pengar i potten

Helse Vest er den einaste helse-regionen som har auka forskings-aktiviteten jamt og trutt sidan 2002. Og forskinga i vest utgjer ein stadig større del av den samla helseforskin-ga i landet. Det betyr igjen at Helse Vest får meir pengar til å forske for.

Det viser tal som blei presenterte under den femte årlege regionale forskings-konferansen som blei arrangert på Sol-strand utanfor Bergen 18. og 19. oktober.

Her møttest representantar frå sjuke-husa, universiteta, høgskulane og andre forskings institusjonar på Vestlandet.

Helse Bergen nest størst Det er det regionale samarbeidsorganet

for helseforsking på Vestlandet som arran-gerer konferansen. Samarbeidsorganet be-står av Helse Vest og universiteta i Bergen og Stavanger.

– Helse Bergen står for nær 20 prosent av den nasjonale helseforskinga og er der-med det nest største forskingsinstitusjo-nen innan helse i landet, fortel fagdirektør Odd Søreide i Helse Vest. Han er også leiar for det regionale samarbeidsorganet.

Vekst i StavangerRikshospitalet HF er størst med 35 pro-

sent av den samla helseforskinga i Noreg. – Helse Stavanger har også hatt ein stor

auke i forskingspoeng, og forskinga deira utgjer nær 5 prosent av den nasjonale for-skinga, seier Søreide.

Ifølgje forslaget til statsbudsjett for 2008 får Helse Vest nær 91 millionar øyremerka

kAnne Grimstvedt Kvalvik bestemte seg for at ho ville jobbe ved Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus det meste av karrieren sin. Men då måtte ho vere sikker på at kvaliteten på pasient-behandlinga var god. No har ho fått Helse Vest sin forskingspris for arbeidet sitt.

– Dette er stort, det vil jo stå i nekrologen min, seier Anne Grimstvedt Kvalvik om kvalitetsprisen ho har fått frå Helse Vest.

Og så er det veldig kjekt for sjukehuset. Flott at vi viser at det skjer forsking i eit lite miljø, seier ho.

Foto

: Mon

ica

Lars

en

200

7Fo

rski

ngs

-ko

nfer

anse

n

TEKST ELISABETH HUSE / FOTO ØVIND SÆTRE

Page 17: 2007_04_Helseivest_web

17

–Det et utruleg inspirerande å få ein slik pris. Eg var så glad under prisutdelinga at eg trudde eg

skulle smile rundt, seier Anne Grimstvedt Kvalvik.

Måler og justerer

Forskaren har teke for seg behandlinga som er gitt til leddgikts-pasientar ved Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus (HSR) gjennom nærare 30 år. Ho har sett på effekten behandlinga har hatt på sjukdomen hos pasientane. Dette har ho samanlikna med andre forskingsresultat og retningslinjer for behandling av leddgikt. Funna ho har gjort gjennom forskinga si har blitt brukt til å gjere behandlinga stadig betre. Målet er at sjukehuset skal tilby behandling av svært høg kvalitet – også i internasjonal måle-stokk.

– Veit kor gode vi er

– Vi har etablert eit kvalitetsregister og her måler vi resultata fortløpande. Med bakgrunn i desse registreringane kan vi lage nye målsettingar. På den måten veit vi kor gode vi er. Det er engasjerande og motiverande, i tillegg til at det er kjekt å kunne gi resultat når vi blir spurt om det. I dag er det for eksempel rundt 30 prosent av leddgiktspasientane våre som ikkje har sjukdomsaktivitet. Det betyr at dei kjenner seg friske sjølv om dei har ein kronisk sjukdom som jo leddgikt er.

Delte mikroskop på patologen

28. september disputerte ho for doktorgraden med forskinga si. Og ho har fl eire i familien ho kan diskutere fag med.

– Mannen min traff eg då vi delte mikroskop på patologen under legeutdanninga i Bergen. Han er allmennlege, fortel ho.

Også faren er lege – og forskar. Han er no pensjonert, men har

tidlegare fått pris for å ha forska på ein arveleg form for føfl ekk-kreft som ramma ei slekt på Vestlandet.

Også to av barna studerer medisin, den eldste er turnuskandidat i Haugesund no.

Passar til å jobbe med kronikarar

– Kvifor valde du å bli akkurat revmatolog?– Eg hadde vore student på HSR og syntest det var spennande

å arbeide med denne pasientgruppa. Dei er så fl inke til å greie seg sjølv om dei har ein fæl sjukdom: Vi har mykje å lære av dei der. Det passar nok for meg å jobbe med kronikarar. Du har ikkje dra-maet ved å redde liv i akuttsituasjonar. Men det er noko med å bli kjent med folk over tid, seier Anne Grimstvedt Kvalvik.

Vil til Boston

Her er utdrag frå grunngivinga til komiteen som tildelte kvalitets-prisen: ”Anne Grimstvedt Kvalvik har gjennom sitt forsknings-arbeid analysert behandlingsprosessen og utkommet for pasienter med leddgikt. Det er satt opp kvalitetsindikatorer for prosess, struktur og resultat og behandlingstilbudet er vurdert mot disse indikatorene. Gjennom dette arbeidet er det etablert et system som Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus bruker for å heve kvaliteten på sine tjenester. Kvalvik innstilles til prisen for sitt praktisk rettede forskningsarbeid som har store konsekvenser for kvaliteten på behandlingstilbudet.”

Prisen frå Helse Vest var på 100 000 kroner og eit kunstverk. Grimstvedt Kvalvik veit kva ho helst vil bruke prispengane på:

– Eg drøymer om eit opphald på eitt av dei store institutta for kvalitetsutvikling i helsevesenet i Boston. Det er der guruane på kvalitetsarbeid held til, seier ein fornøgd prisvinnar.

ktspasientar betre behandling

forsking neste år. 5 millionar meir enn i år. I tillegg legg Helse Vest nær 21 millionar oppå dette slik at dei totale rammene blir på 112 millionar forskingskroner for 2008.

Pasientsikkerheit på programmetDei om lag 100 deltakarane på forskings-

konferansen fekk presentert eit variert pro-gram. Eitt av foredraga som skapte mest debatt hadde tittelen ”Det vitskaplege grunnlaget for pasientsikkerheit”. Profes-sor Charles Vincent frå University College London omtalte blant anna dei vanlegaste årsakene til feil i pasientbehandlinga og konsekvensane for pasientar, pårørande og helsepersonell som har påført skade.

– Utfordringa er at det heller enn svikt hos enkeltpersonar ofte er snakk om at sjukehus ikkje har gode nok system og retnings linjer for korleis handtere ein krise-situasjon, sa han på konferansen.

Andre tema var internasjonalisering i forskinga, frå innovasjon til kommersialise-ring samt presentasjon av eit program for kirurgisk og eit for helsefagleg forsking.

Skal halde trykketHøgdepunktet under forskingskonfe-

ransen var middagen med utdeling av to forskingsprisar. Kvalitetsprisen gjekk til Anne Grimstvedt Kvalvik ved Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus og prisen til ein ung forskar som gjekk til Helge Ræder ved Haukeland Universitetets-sjukehus. (Les om prisvinnarane på side 16 til 19.)

– Forskingskonferansen er blitt ein viktig arena for samhandling på tvers av fag område og organisasjonar. Årets konferanse var ein ubetinga suksess, og vi kan slå fast at det er behov for ein slik møteplass for å inspirere, byggje nettverk og å halde oppe trykket på forskinga i regionen, seier Odd Søreide.

Prisvinnarane Helge Ræder og Anne Grimstvedt Kvalvik fl ankert av fagdirektør Odd Søreide og adm. dir. Herlof Nilssen i Helse Vest. (Foto: Bjørn Erik Larsen)

Foto

: Bjø

rn E

rik

Lars

en

… dei totale rammene blir på 112 millionar forskingskroner for 2008.

Page 18: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

18

I familien Ræder studerte følgde nedarvinga av diabetes-sjukdommen eit strengt mønster der enten mor eller far

var sjuk og om lag halvparten av barna.– Fleire i denne familien hadde også vitamin D-mangel og mage-

problem i tillegg til diabetes, men ingen legar hadde reagert på det tidlegare, fortel den 35 år gamle forskaren.

Jakta på samanhengen

Saman med kollegaar ved barneklinikken på Haukeland Universitets sjukehus starta han jakta på ein samanheng mellom mageproblema og diabetesen. Etter fl eire år med forsking kom det store gjennombrotet.

– Vi fann at årsaka til begge deler låg i ein mutasjon i det såkalla CEL-genet. Dette genet hadde aldri tidlegare blitt linka til diabetes.

Endring i eitt gen nok

Kort fortalt fi nst det to hovudtypar diabetes, diabetes 1 og diabetes 2. I tillegg fi nst det ein tredje samlekategori der diabetes-typen Ræder har studert inngår. Innan denne kategorien fi nst monogen diabetes der endring i eitt einaste gen er nok til å gi sjukdommen.

– For type 1 og type 2 er årsaka til sjukdommen langt meir samansett, og dermed vanskelegare å fi nne. Men vi håper at funna våre skal ha verdi for forståinga av diabetes type 1 og 2 også.

Vil fi nne ein kur

Forskinga har altså gitt ei forklaring på diabetessjukdommen i familien på Askøy, men framleis gjenstår å fi nne ein kur. Men Helge Ræder er i gang med det også.

– Vi prøver no ut å gi pasientane enzym som betrar mage-problema deira. På sikt skal vi studere om dette også verkar positivt inn på diabetesen. Kanskje dette kan forseinke utviklinga av diabetes?, seier forskaren.

Har revolusjonert behandlinga av nyfødd-diabetes

Parallelt med dette studerer han mus med diabetes for å prøve å fi nne ut korleis genforandringane fører til sjukdom. Han har

også vore med i eit anna viktig arbeid innan diabetes. Det førte til at dei fann årsaka til ein type nyfødd-diabetes og ein tablettkur mot denne i staden for insulinsprøyter. Eit stort gjennombrot i behandlinga som i dag er standard over heile verda.

– Litt sært

– Kva betyr det å få ein forskingspris i så ung alder?– Det er veldig stimulerande. Det er ei gulrot for unge forskarar

å kunne konkurrere om ein slik pris. Det er ei veldig konkret tilbakemelding på at det ein driv med er viktig. Forsking er jo litt sært, det er ikkje lett å skape begeistring hos venner og familie ved å snakke om genforandringar i sjeldne sjukdommar.

Pris frå kollegaane

Og Helse Vest-prisen er langt frå den einaste prisen 35-åringen har fått. Han fekk blant anna også Meltzerprisen for yngre forskarar frå Universitetet i Bergen i 2006.

– Men det var veldig hyggeleg å få ein pris frå Helse Vest som representerer sjukehusmiljøet og kollegaane eg jobbar med, seier prisvinnaren.

Helge Ræder oppdaga ein heilt ny type diabetes i ein Askøy-familie med mageproblem. I haust fekk han Helse Vest sin pris til beste unge forskar for arbeidet sitt.

– Eg har fått mange positive reaksjonar frå pasientar og pårørande etter at eg vann forskingsprisen, seier Helge Ræder. Her undersøkjer han fjorten år gamle Thomas ved Barneklinikken på Haukeland. (Foto: Bjørn Erik Larsen)

Forskinga har altså gitt ei forklaring på diabetes-sjukdommen i familien på Askøy, men framleis gjenstår å fi nne ein kur.

200

7Fo

rski

ngs

-ko

nfer

anse

n

TEKST ELISABETH HUSE / FOTO BJØRN ERIK LARSEN

Page 19: 2007_04_Helseivest_web
Page 20: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

20

I november starta Helse Fonna med eige busstilbod for pasientar som skal til Bergen. Helseekspressen fraktar pasientar til og frå behandling ved Haukeland kvar dag frå måndag til fredag . Så langt har ruta vore ein suksess.

TEKST KRISTIN HENANGER HAUGEN

Bussen køyrer frå Haugesund sjukehus, via sjukehuset på

Stord til Haukeland Universitetssjukehus. Bussen er framme ved Haukeland klokka

11.05, med retur klokka 14.30. Ordninga krev tilrettelegging ved innkalling av pasientar til poliklinisk behandling ved Haukeland. Sidan bussen starta turane den 12. november har fl eire dagar nærast vore fullbooka.

Helsepersonell om bordDen nye helsebussen er spesialbygd for

pasienttransport, med tre båreplassar og 23 sitjeplassar. Om bord er det tilsette med helsefagleg kompetanse. Bussen er laga slik at transporten kan tilpassast kvar enkelt pasient.

– Tilbod om Helseekspress har vore prøvd ut med stor suksess andre stader i landet, mellom anna ved Telemark sentralsjukehus og på Geilo. Begge stader har dei no tre bussar som går i rute, og tilbakemeldingane er gode. Pasientane er storfornøgde og brukar tilbodet. Vi trur dette er eit riktig tilbod for pasientane i Helse Fonna, seier administrerande direktør Johannes Kolnes.

Godt nøgde passasjerar så langHelseekspressen i Helse Fonna starta

opp i begynnelsen av november, og så langt har føretaket fått gode tilbakemeldingar frå pasientar som har brukt tilbodet.

– Helseekspressen er eit trygt alternativ for pasientane. Bussen er særs komfortabel og rutetida er fastlagt slik at ein skaper ei forutsigbar reise. Både pasientar og på-rørande set pris på tilbodet, seier Kolnes.

Helse Fonna serverer kaffi og noko å bite i på turen, dei tilsette legg vekt på god service. Pasientar i alle aldrar har så langt

nytta tilbodet. Om bord i bussen er det tilrettelagt for både kuvøser og barn som treng babysete. Toalettet på bussen er til-rettelagt for rullestolbrukarar.

Helseekspress mellom Haugesund og Bergen

• Kva kostar det å ta Helseekspressen? Alle må betale eigendelen som er fastsett av Stortinget. Prisen er 120 kroner kvar veg i 2007. Personar med frikort og barn under 12 år slepp å betale eigendel.

• Når kan du bruke Helseekspressen? Når du skal til behandling eller under-søking ved helse institusjonar og spesialistar som har avtale med Helse Vest RHF langs ruta til Helseekspressen.

• Kven kan bruke Helseekspressen? Tilbodet gjeld befolkninga i Helse Fonna sitt sjukehusområde. Bussen går ei fast ekspressrute, og ein blir køyrt til busstoppa med drosje eller personbil.

• Må du ha rekvisisjon eller innkalling?

Ja, for å bruke Helseekspressen må du ha rekvisisjon frå lege/behandlar eller frå NAV trygd – eventuelt eit innkallingsbrev.

Helse Fonna tilbyr pasientane daglege bussavgangar frå Haugesund til Bergen. Bussen er spesialbygd for pasienttransport. Tilsette, brukarar og deltakarar frå prosjektet fann seg vel til rette på signingsturen tidlegare i haust.

Page 21: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

2121

Ho er fødd med klumpfot og har levd i over 50 i år utan leddkorsband i knea. Den alltid optimistiske

dama, som etter beste evne har sykla, gått tur og trena, har sidan i sommar vore tvungen venn med krykkjene. Senefestebetennelsen som slo henne ut hadde truleg vore i knea i minst eitt år. Sykkelen får stå i fred og turane blir korte. No må ho ha bil for å komme seg rundt.

Treng riktig informasjonDet var ei heller fortvila dame som tok kontakt med Pasient-

hjelparen i Helse Vest, Liv Torunn Rundhovde. Rekdal hadde prøvd å fi nne fram til korleis ho kunne komme seg til ein rehabiliterings stad i nærleiken med varmtvannsbasseng. Basseng-trening har alltid vore svært viktig for Rekdal.

Men på Hommersåk utanfor Sandnes er bassenget på Riskatun stengt. Det skal pussast opp og det har teke tid å avklare kven som skal ta rekninga. Rekdal har alltid vore oppteken av å halde seg i form, og det var fortvilande å ikkje fi nna fram til korleis ho kunne få rett behandling. Det var ikkje så enkelt å fi nne ut av kor ho kunne reise, kor lange ventetidene var og kven som skulle betale utgiftene.

Må kjenne systemetHo blei difor letta då Pasienthjelparen i Helse Vest kunne ta saka

hennar og følgje opp, slik at papir ikkje fekk tid til å ”forsvinne” eller ”bli gløymt”. No skal ho til Eiken rehabiliteringssenter i februar neste år. Lenge nok å vente, meiner ho sjølv, men ho er glad for at ho endeleg skal få trene opp knea sine.

– Eg meiner det ikkje skal vere tilfeldig om du får nødvendig informasjon eller ikkje. Eg har faktisk aldri fått forslag til korleis eg

kan ta vare på helsa, det har eg jobba med på eiga hand. Eg er fl ink til å ta affære, men eg har vondt av dei mange som ikkje er i stand til det sjølve. Då er eit tilbod som pasienthjelparen spesielt viktig – at nokon som kjenner systemet kan ta saka for deg.

Vil vere aktivHo og tvillingsøstera, som og er fødd med klumpfot, har alltid

blitt behandla som vanlige barn.– Det var ingen puter under armane, nei. Vi måtte ut på jordet

og arbeide som alle andre. Det har vore slitsamt til tider, men det er nok difor vi har blitt så oppsette på at vi skal klare oss sjølve og at vi har ansvaret for å halde oss i form.

Men i sommar blei det så ille at Rekdal måtte ta i bruk rullestol.– Det var eit sjokk å oppleve kor sårbar ein blir av å sitje i staden

for å stå og gå. Eg såg jo ikkje over buskar og hekkar, eg var heilt avhengig av andre. Det var ei tung tid.

No bruker ho krykkjer og held seg så aktiv som ho kan. Men bassengtreninga merkar ho manglar.

– Eg vil ikkje at sjukdommen min skal hemme meg meir enn nødvendig. Det er utruleg my-kje ein kan gjere sjølv om ein ikkje kan alt. No har eg trua på at Eiken skal gjere meg betre. Livet skal jammen levast så godt eg klarer å få det til!

TEKST KRISTIN HENANGER HAUGEN / FOTO HÅKON VOLD

Fekk hjelp i ein jungel av informasjonGrete Rekdal frå Sandneshadde vonde kne og var fortvila over kor vanskeleg det var å fi nne fram i sjukehusverda. Til slutt fekk ho nummeret til Pasienthjelparen i Helse Vest. No skal ho på rehabilitering i februar.

Livsmot: Grete Rekdal tek ikkje eit nei for eit nei. Etter hjelp frå pasienthjelparen i Helse Vest skal ho no på rehabiliteringsopphald.

PASIENTHJELPtil deg som står i sjukehuskø

Ring gratis800 41 005

Page 22: 2007_04_Helseivest_web

22

KARI SCHRØDER HANSENSeksjonsoverlegen ved Kirurgisk avdeling i Helse Bergen er leiar for det såkalla BEST-prosjektet i Botswana: Betre og systematisk traumebehandling.

profi len

–Vi har som mål å betre behandlinga av hardt skadde pasientar i Botswana og redusere talet på

dødsfall, seier Kari Schrøder Hansen.

Kan utrette mykje med små midlar

Saman med helseministeriet i Botswana, leiinga ved det enkelte sjukehus og andre Haukeland-tilsette stasjonert i landet, driv gruppa hennar opplæring av botswanske team av helsearbeidarar.

– Det er utruleg spennande å få vere med i eit sånt prosjekt og ha moglegheit for å utrette mykje med små midlar. Kurset vi køyrer er godt utprøvd i Noreg og tek utgangspunkt i enkle prinsipp som kan gjelde lokalt. I Botswana har dei ikkje noko system for dette i dag, så bør det vere enkelt å få til ei solid forbetring.

Store utfordringar

Kari Schrøder Hansen og samarbeidspartnarane skal kurse helsepersonell ved alle dei offentlege sjukehusa i landet og nokre private. Botswana er eit land med spreidd busetnad, mange små sjukehus og ofte lange avstandar for transport av skadde pasientar. Det gir store utfordringar i utviklinga av eit godt system for traumebehandling.

– Eg håper prosjektet skal føre til at landet får eit betre system for behandlinga av hardt skadde pasientar. At dei får betre oversikt over kva utstyr dei treng og at dette blir lett tilgjengeleg.

Haper å redusere dødstala

– Kva betyr dette for botswansk helsepersonell og ikkje minst pasientane?

– Det gjenstår å sjå. Hypotesen er at det kan bidra til å betre akuttbehandlinga og redusere dødstala. Samtidig veit vi at det er vanskeleg å påverke dødstala i eit land med ein befolkning på berre 2 millionar menneske. No skal prosjektet gå i to år, og så skal vi evaluere.

Overraskande likt

Kari Schrøder Hansen er overraska over kor lett det var å drive opplæring på andre sida av jordkloden.

– Det var overraskande likt det å kurse nordmenn. Det gjekk veldig greit å trene i team sjølv om vi visste at dei har mindre tradisjon for det. Det blei veldig godt motteke og vi fekk veldig konstruktive diskusjonar, fortel ho.

Kurs og diskusjonar gjekk på engelsk og det fungerte godt. Engelsk er eitt av to offi sielle språk i Botswana.

Malawi for tur

– Er det idealisme som er drivkrafta i slikt arbeid?– Det er ei moglegheit for å drive bistandsarbeid. Det kjennest

viktig og fl ott å vere med på. Vi meiner vi har eit konsept som vil passe i dei fl este land, men vi er alltid nøye med å ha samarbeid med myndigheitene i landet. Ein skal vere varsam med bistand. Det må vere noko som landet føler behov for. I dette tilfellet kom initiativet frå botswanske myndigheiter.

Til våren står Malawi, eitt av dei fattigaste landa i Afrika for tur.– Vi har vore nede og sett på forholda der, og skal i gang med

forsøk for å sjå om kurset egnar seg. Opplæringa er jo basert på teamarbeid, så viss ein ikkje har kultur for det, er det ikkje sjølv-sagt at det fungerer.

Betrar akuttbehandlinga i Botswana

Botswana har seks gonger så mange tra-fi kkdrepne som Noreg. Det ønskjer Kari Schrøder Hansen å gjere noko med.

TEKST ELISABETH HUSE / FOTO BJØRN ERIK LARSEN

Trening i akuttbehandling: Legar frå Haukeland og Botswana opererer saman. Frå venstre operasjonssjukepleiar May Solheim, dr. Lesetedi

frå Botswana og medisinstudent Ingrid Schrøder Hansen. For ordens skuld, teamet opererer på ein gris.(Innfelt foto: Kari Schrøder Hansen)

“Det er utruleg spennande å få vere med i eit sånt prosjekt og ha moglegheit for å utrette mykje med små midlar.” Kari Schrøder Hansen

Page 23: 2007_04_Helseivest_web

HELSE I VEST 4_2007

23

“ Ein skal vere varsam med bistand. “ Kari Schrøder Hansen

Foto

: xxx

xxx

xxxx

xxxx

xx

Page 24: 2007_04_Helseivest_web

IRENE KRYSTADLeiar for prosjektet ”Aktive sjukehus” i Helse Fonna

Returadresse:Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger B

Informasjon

Ho stupar i vatnet fl eire dagar i veka. No håpar fysioterapeut Irene Krystad at tilsette i Helse Fonna skal bli del av eit endå meir aktivt helseføretak.

TEKST ELISABETH HUSE / FOTO MAGNE LANGÅKER

Irene Krystad er nemleg leiar for prosjektet ”Aktive sjuke-hus” i Helse Fonna.

– Bassengtrening er ei kjent og svært god form for trening, både for å førebyggje og behandle skadar. Her får folk høve til å byggje seg opp på ein trygg måte. Vatnet gjer dette til ei mild trengings form som er lite belastande, seier Krystad som arbeider i halv stilling som fysioterapeut i Tysvær kommune i Rogaland. Det er her interessa for bassengtrening kjem inn. Fleire gonger i veka er ho i terapi-bassenget på Tysværtunet. Tysvær kommune tilbyr bassengtrening til folk i alle aldrar, og har det siste året også hatt tilbod om gratis bassengtrening for dei tilsette i kommunen.

Held forma med høgt aktivitetsnivåDei neste tre åra skal Krystad vere prosjektleiar for prosjektet ”Aktive

sjukehus” i Helse Fonna. Ho er tilsett av Norges bedriftsidrettsforbund (NBIF), som har oppretta fem halve stillingar for å drive prosjektet

i enkelte sjukehus rundt om i heile Noreg. Prosjektet får økonomisk støtte frå Helse- og omsorgsdepartementet, og set fokus på førebyggjande helsearbeid for dei tilsette i helseføretaka.

Sjølv held ho seg i form med raske turar og eit høgt aktivitetsnivå som småbarnsmor. Ho bur med familien sin på Susort, ved Kårstø i Tysvær kommune.

– Eg har ikkje høve til å delta på organiserte kveldsaktivitetar i løpet av veka, difor er raske turar det viktigaste middelet mitt for å halde meg i form, i tillegg til bassengtreninga.

Viktig for pasientane med friske tilsetteNo håpar Krystad at dei tilsette i Helse Fonna som ikkje er aktive

i dag, skal sjå gleda i å komme i form.– Målet er å få dei tilsette som ikkje innfrir dei offi sielle til-

rådingane om minimum 30 minutters fysisk aktivitet kvar dag til å komme i betre form. Lågterskelaktivitetar, som til dømes pause-gymnastikk, gå-grupper, sykle/gå til jobben og aerobic/yoga, skal tilretteleggjast i samanheng med arbeidsplassen. Sentralt i prosjektet står kartlegging, eigne nettsider og kampanjar. Dei tilsette vil og få tilbod om kondisjonstesting. På arbeidsplassar som Helse Fonna, der ein behandlar pasientar, er det kanskje spesielt viktig at personalet går føre som gode eksempel. I tillegg er trim eit viktig verktøy for å makte hektiske arbeidsdagar, seier Krystad.

For meir informasjon om prosjektet, gå inn på www.aktivbedrift.no

Fysioterapeut Irene Krystad er prosjektleiar for ”Aktive sjukehus” i Helse Fonna. Ho håpar dei tilsette i helseføretaket vil auke aktivitetsnivået sitt gjennom prosjektet.

Nytt prosjekt i Helse Fonna:

Vil gi tilsette ein aktiv kvardag

Foto

: Mag

ne L

agåk

er