24
Utdanning 12 – ei viktig oppgåve for sjukehusa i vest Juni 2008 HELSE rogaland / hordaland / Sogn og fjordane 10 20 Trenar seg friske frå angst og rus Kreft vann kampen tre gonger

2008_02_Helseivest_web

Embed Size (px)

DESCRIPTION

20 Trenar seg friske 10 Kreft – vann kampen tre gonger – frå angst og rus Juni 2008 rogaland / hordaland / Sogn og fjordane

Citation preview

Page 1: 2008_02_Helseivest_web

Utdanning12 – ei viktig oppgåve

for sjukehusa

i vestJuni 2008

HELSErogaland / hordaland / Sogn og fjordane

10

20

Trenar seg friske – frå angst og rus

Kreft – vann kampen tre gonger

Page 2: 2008_02_Helseivest_web

2

HELSE i vEST juni_2008

Du ER Ein AV nEstEn 1 million innbyggjARAR i

VEstlAnDsfylkA sogn og fjoRDAnE, HoRDAlAnD og

RogAlAnD som HøyRER til i HElsEREgionEn HElsE VEst. Alle husstandar mottek denne veka magasinet Helse i vest, der vi mellom anna orienterer om kva for rettar du har dersom du har behov for behandling i spesialisthelsetenesta.

Svært mange innbyggjarar er innom dei offentlege sjukehusa kvar dag. Ja, faktisk er det slik at aldri før har så mange pasientar fått behandling som no. Dette skjer samtidig som ventetida er kraftig redusert og kvaliteten på tenestene ragar i verdstoppen.

Sjukehusa skal gi deg best mogleg behandling når du treng det. Ulike tilbakemeldingar

tyder på at dei aller fleste meiner dei får god hjelp. Slike tilbakemeldingar er vi glade for, men samtidig er det viktig at vi ikkje slår oss til ro med det. Difor er utdanning av helsepersonell, forsking, opplæring av pasientar og pårørande og utvikling av medisinsk praksis, pleie og kompetanseutvikling våre viktigaste oppgåver.

Dei 25 000 medarbeiderane i regionen vår gjer kvar dag ein stor innsats for at nettopp du skal få eit best mogleg liv etter at du har vore på sjukehus. Behandling, pleie, støtte og omsorg til å ta fatt på kvardagen på ein best mogleg måte er det som pregar arbeidsdagen i sjukehusa.

Vårt mål er å fremme helse og livskvalitet; ambisiøst på vegne av innbyggjarane på Vestlandet, men likevel eit positivt og realistisk mål. Vi skal gjere vårt, men du må sjølv leggje inn din eigen innsats. Du sit i førarsetet for di eiga helse!

Dei vakre og lune kveldane inspirerer til uteliv. Ein roleg kveldstur, grave litt i hagen, sykle i naturen eller rett og slett slappe av med ei god bok. Gi deg sjølv ein helsegevinst – det er lite som skal til for å få effekt!

På vegne av oss i Helse Vest ønskjer eg deg ein aktiv og fin sommar!

Du sit i førarsetet!

DETTE ER DIN HELSEREGION

Helse vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialist helsetenesta i Rogaland, Hordaland og sogn og fjordane. Helse Vest RHf eig fem helseføretak; Helse førde, Helse bergen, Helse fonna, Helse stavanger og Apoteka Vest, samt Helse Vest ikt As. Helseføretaka har cirka 25 000 medarbeidarar, omfattar rundt 50 sjukehus og institusjonar og yter helsetenester til rundt 1 million innbyggjarar. budsjettet er på 16,7 milliardar kroner. Helse Vest RHf er lokalisert på forus i stavanger.

bjørg sandalKommunikasjonsdirektør, Helse Vest

Vårt mål er å fremme helse og livskvalitet; ambisiøst på vegne av innbyggjarane på

Vestlandet, men likevel eit positivt og realistisk mål.

Foto

: Kje

til A

lsvi

k

Page 3: 2008_02_Helseivest_web

3

Helse i vest, juni 2008

Redaksjon Bjørg Sandal (ansvarleg redaktør) Kristin H. Haugen (redaktør) Elisabeth Huse

Abonner gratis på Helse i vest Send ein e-post til [email protected]

Utforming og tilrettelegging Oktan Alfa AS Forsidefoto: Kjetil Alsvik

Redaksjonen avslutta 19. mai 2008

Trykkeri Norprint Rotasjon AS via Posten Norge

Opplag ca 410.000

Magasinet er distribuert til alle husstandar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

Helse Vest og nynorsk

Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har difor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, blant anna Helse i vest og nettsidene www.helse-vest.no skal vere på nynorsk. Det er grunnen til at alle lesarar, også dei som er bokmålsbrukarar, får informasjonen på nynorsk.

Sjekkar hørsla til alle nyfødde 4

Viktig med tidleg hjelp 7

Hallvard trenar seg frisk frå angsten 10

Sjukehusa som utdanningsinstitusjon 12

På sykkeltur med ny hofte 16

Dine rettar som pasient 18

Myter og fakta om helsetenestene 18

Lysten på livet etter ungdomsår med kreft 20

Finn du ikkje fram? 24

Trening som medisin

Frisk frå kreft

4 Hørselstest

20

Utd

anni

ng 12

10 Les om dine pasientrettar, side 19

Page 4: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

4

Det er musestille på rommet til Henriette Sagland ved Stavanger Universitetssjukehus. For tre dagar sidan

fødde 39-åringen ein son, og barnepleiar Marianne Hilt Botnen skal no sjekke at øyra til den vesle krabaten fungerer normalt.

Øyret sender lyd tilbake

Barnepleiaren har med seg eit lite apparat som måler hørsla raskt og smertefritt. Ho begynner med å setje ein liten propp i eine øyregangen på den sovande guten. Apparatet sender små klikke-lydar inn i det indre øyret. Eit normalt øyre registrerer klikka, og sender lyd tilbake ut gjennom øyregangen. Lyden blir registrert av måleapparatet.

Maskinen gir frå seg to pip, eitt for kvart øyre som blir sjekka, og barnepleiaren smiler fornøgd.

– Hørsla er grei både på venstre og høgre øyre, fortel ho til den spente mora.

Alle i gang i løpet av 2008

– Flott å få bekrefta at alt er i orden. Hørselstesten er eit kjempe-fint tilbod, synst Henriette Sagland.

I Helse Stavanger har dei målt hørsla på alle nyfødde sidan 1. september 2006. Etter krav frå staten blir testen obligatorisk på alle dei andre føde- og barselsavdelingane rundt om i landet i løpet av 2008. Helse Førde tok i bruk det nye utstyret i mai. Helse Fonna planlegg å starte opp 1. september. Også Helse Bergen håper

å komme i gang tidleg i haust.

Tidleg hjelp gjer læring lettare

– Målet med undersøkingane er å oppdage nedsett hørsel så tid-leg som mogleg, slik at vi raskt kan komme i gang med hjelpetiltak til hørselshemma barn. Vi finn ikkje fleire barn med hørselsproblem gjennom desse testane, men vi oppdagar dei tidlegare enn vi har gjort før. Ved å gi hjelp på eit tidleg stadium i livet, for eksempel i form av høyreapparat eller operasjon som gir kunstig hørsel, blir det først og fremst lettare for barnet å lære å snakke. Språk er viktig for utviklinga på andre område, forklarer seksjonsoverlege på Hørsels-sentralen i Helse Stavanger, Olav Mjølsnes.

Få nyfødde med hørselstap

Han synst erfaringane frå Stavanger har vore gode. Av dei 5125 nyfødde som blei testa på føde- og barselavdelinga i perioden frå september 2006 til oktober 2007, blei 205 barn viste vidare til Hørselsentralen fordi øyra deira ikkje gav normal respons under målingane. På Hørselsentralen viste ei ny undersøking at 172 av babyane hadde tilfredsstillande hørsel. Av dei 33 barna som ikkje fekk godkjent testresultat, blei 26 funne normale ved gjenteken test. Fem barn fekk konstatert hørselstap, og dei fekk høyreapparat. To barn møtte ikkje opp til vidare undersøking.

Når alle nyfødde i Helse Vest no skal få hørsla sjekka, er det hørsels- sentralane i dei fire helseføretaka som får det faglege ansvaret. Sjølve

Sjekkar hørsla til alle nyfødde

– Flott å få bekrefta at alt er i orden, smiler nybakt mamma Henriette Sagland etter å ha vore med på hørsels- test av den tre dagar gamle sonen. Slike undersøkingar blir no obligatoriske på alle fødeavdelingane i Helse Vest. Målet er å komme raskare i gang med hjelpetiltak for hørselshemma barn.

Page 5: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

5

– Alle bør ta stilling til organdonasjon for ein veit aldri kva som kan skje. Det er mykje større sjanse for å komme i ein situasjon der ein treng eit organ, enn der ein må gi frå seg eit organ, seier Bodil Kolltveit. Her saman med dottera Kristine (8).

Alle

foto

Mon

ica

Lars

en

Page 6: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

6

– vi ser veldig positivt på at Helse vest startar hørselstesting av alle nyfødde, seier audiopedagog Siv Hillesøy.

Ho er seniorrådgivar i det statlege spesial-pedagogiske kompetansesenteret for Vest-noreg, statped Vest. senteret hjelper skular, barnehagar, helsestasjonar og foreldre med spesialpedagogiske tenester innanfor

fagområda hørsel, språk, læring, åtferd og døvblinde. Hillesøy framhevar hørsla som heilt sentral for språkutviklinga hos små barn.

– språket spelar ei viktig rolle for den kognitive utviklinga – for korleis hjernen behandlar informasjon, og for den sosiale og emosjonelle utviklinga, fortel ho.

Audiopedagogen ser det som svært viktig at barn med hørselsproblem får diagnose og hjelp så kjapt som mogleg etter fødselen.

– Ein rapport frå sosial- og helsedirekto-ratet i 2006 viste at barn som fekk påvist nedsett hørsel hadde ein snittalder på to og eit halvt år då dei fekk diagnosen. Det er i seinaste laget. jo tidlegare vi kan komme i gang med hjelpetiltak og samspel med barnet, jo mindre læring går det glipp av. Det skjer ufatteleg mykje med språkforståinga allereie det første leveåret, forklarer Hillesøy.

Audiopedagogen er oppteken av at det ikkje er nok å stille ein diagnose. barna må også få eit tilbod. i tillegg til tekniske og medisinske hjelpetiltak som høyreapparat og operasjon som gir kunstig hørsel, kan statped gi pedagogisk og psykologisk hjelp i samarbeid med kommunen.

– Vi har etablert straksteam med audiope-dagogar, psykolog og sosialkonsulent, som gir rettleiing til familiar som har små barn med hørselstap. Hørselssentralar, helsesta-

testen blir gjort av sjuke- og barnepleiarane på dei ulike føde- og barselsavdelingane. Då skal det vere så stille som mogleg rundt bar-net. Vanlegvis blir målingane gjort mens dei nyfødde søv.

Hørselsentralen følgjer opp

– Eg trur dei fleste foreldra synst det er greitt å få utført ei slik undersøking. Nokre blir litt skeptiske når vi ikkje får påvist normal respons i øyra under den første målinga. Då prøver vi å roe dei med at det ikkje treng bety at barnet har hørselstap. Væske i øyra eller feil under målinga kan vere moglege årsaker. Då ventar vi ein dag eller to og gjer ein ny test. Får vi ikkje tilfredsstillande måleresultat då heller, viser vi barnet vidare til oppfølging på Hørselsentralen, forklarer Marianne Hilt Botnen.

Sonen til Henriette Sagland er ein av dei som ikkje viste tilfreds-stillande hørsel på første test, som blei utført då guten var halvannan dag gammal. Truleg var det væske i øyra som forpurra målingane.

– Eg var litt spent på test nummer to, men har kjent meg trygg på at guten høyrer godt. Eg har sett han reagere på lydar. Og med ein far som spelar pauke i Stavanger symfoniorkester, burde jo hørsla vere i orden, humrar Sagland.

– Viktig for språkutviklinga

Vi finn ikkje fleire barn med hørselsproblem gjennom desse testane, men vi oppdagar dei tidlegare enn vi har gjort før. (Marianne Hilt Botnen)

– Eg trur dei fleste foreldra synst det er greitt å få utført ei slik undersøking, seier Henriette Sagland, her saman med Marianne Hilt Botnen.

(Foto: Monica Larsen)

Har du spørsmål om rus?Rustelefonen er open kvar dag frå 11 til 19. Ring 08588. ingen peikef-ingrar, berre svar på det du spør om! Du kan og sende SMS <ditt spørsmål> til 08588 kvar dag frå 11 til 19 for personleg svar, eller send <namn på rusmiddel> til 08588 og få automatisk svar heile døgnet.

sjonar og foreldre kan ta kontakt med oss for å få hjelp, opplyser Hillesøy.

Page 7: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

77

Viktig å få hjelp tidlegved psykiske lidingar

Dei fleste som kjem til Stord distriktspsykiatriske senter (DPS) kjem for å få hjelp til å handtere angst og depresjon. – Ikkje nøl med å ta kontakt med fastlegen din dersom du skjønar at du treng hjelp. Det blir så mykje enklare dersom vi får hjelpe deg tidleg, seier Gunn Scheen, som er leiar ved Stord DPS.

Mangfald og fleksibilitet er inntrykket som sit igjen etter eit blikk inn i senteret si verd

i Leirvik på Stord. Vegg i vegg med 100 år gamle sjuke-husbygningar ligg Stord DPS.

Senteret er ein del av Helse Fonna, og gir eit almenn-psykiatrisk tilbod til folk i kommunane Stord, Fitjar, Tysnes og Bømlo. Stord DPS har døgnavdeling, dagav-

Det distriktspsykiatriske senteret er ein viktig del av helsetilbodet til innbyggjarane. Her er nokre av dei som arbeider ved Stord DPS: Frå venstre Kari Qvindesland, Birthe Blokhus, Kitty Taranger Lunde, Gunn Scheen og Berit Hella. (Foto: Kjetil Alsvik)

Page 8: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

8

deling og ein psykiatrisk poliklinikk. I til-legg er BUP (Barne- og ungdomspsykiatri) Stord samlokalisert med Stord DPS, med mellom anna poliklinikk og ein sengepost for barn og ungdom.

Aktivitetar kvar dag

– Pasientane som er her over lengre tid, får sett opp individuelle målsetjingar for opphaldet. Du er sjølv med på å laga di eiga målsetjing. Vi legg vekt på at du som pasient tek ansvar for ditt eige liv, der fo-kus er trening på aktivitetar i dagleglivet. Aktivitetar under opphaldet er dermed obligatorisk, for eksempel matlaging, rein-gjering og vask av eigne klede, seier Kitty Taranger Lunde, som er funksjonsleiar på døgnavdelinga for vaksne ved Stord DPS.

Brikkene fell altså ikkje på plass av seg sjølv for dei som kjem til Stord DPS. Pasi-

entane må pusle liva sine saman igjen sjølv. Men spesialutdanna sjukepleiarar, hjelpe-pleiarar, vernepleiarar, ergoterapeut, psy-kiater og psykolog gir eit tverrfagleg tilbod tilpassa pasientens diagnose og behov.

Ikkje fokus på sjukdom

Regnklede og gode uteskor er og obliga-torisk for pasientane som har opphald på Stord DPS. På ungdomsavdelinga står tur-støvlane klare til faste turar. Dei fleste gler seg etter kvart til den friske lufta og samvæ-ret med dei andre.

– Vi skal fokusere på ting ungdommane er gode på. Dei er i ei så viktig fase av livet, kva gir vi dei viss vi berre snakkar med dei om sjukdom? Dei skal få kjensle av meist-ring, det er vår oppgåve å gi dei det, seier Birthe Blokhus, som er avdelingsleiar for ungdomsavdelinga til BUP ved Stord DPS. Avdelinga er for ungdommar mellom 12 og 18 år.

Målet er at avdelinga er aktiv og har eit nært samarbeid med heim, skule, nærmiljø og fritidsaktivitetar.

– For å få god livskvalitet må relasjo-nane mellom desse arenaene fungere. Det

prøver vi å ha stort fokus på. Difor er det så viktig at dei distriktspsykiatriske sentra finst i nærleiken av der folk bur, understre-kar Blokhus.

Nedhøvla dørstokkar

Dei forskjellige avdelingane ved Stord DPS arbeider tett saman for å gi barn, ungdom og vaksne eit best mogleg tilbod. Gravide som har vore innom psykiatrisk klinikk får til dømes tilbod om oppfølging etter at barnet er fødd. Lærarar får infor-masjon om korleis dei kan handtere elevar som skadar seg sjølv. Pasientar kan delta på kurs innan sjølvhevding, korleis handtere depresjon, meistring og behandling av psy-kose, kunstterapi og familiegrupper, for å nemne noko. Alle barn av psykisk sjuke og rusavhengige foreldre skal ha ein ansvarleg ved Stord DPS som dei kan treffe ein gong i månaden.

– Vi høvlar ned dørstokkane. Vi ønskjer at folk skal komme til oss med problema sine tidleg, og vi ønskjer at det distrikts-psykiatriske senteret skal vere ein viktig og naturleg del av helsetilbodet til folk, av-sluttar Scheen.

Aktivitetar av mange slag er viktig for pasientane ved Stord DPS. - Pasientane skal lære å ta ansvar for eige liv, difor er aktivitetar som turar og matlaging obligatorisk, fortel leiar Gunn Scheen ved Stord DPS. (Foto: Kjetil Alsvik)

– Vi skal fokusere på ting ungdommane er gode på. Dei er i ein så viktig fase av livet.

(Birthe Blokhus)

Har du fast følgje?fastlegen er din næraste og viktigaste

kontakt med helsetenestene, og det er først

og fremst via legen din du blir vist vidare

til spesialisthelsetenesta. Dersom du lurer

på kven din fastlege er, eller om du vil byte

fastlege, kan du ringje fastlegetelefonen på

810 59 500

Page 9: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

9

Distriktspsykiatriske senter (DPS):

Eit tilbod til alle med psykiske problemAlle innbyggjarane i Helseregion Vest har eit distrikts psykiatrisk senter dei kan kalle sitt.

• Eit distriktspsykiatrisk senter skal ha eit hovudansvar for tilbodet innan psykisk hel-severn for vaksne. Eit distriktspsykiatrisk senter har funksjon som lokalsjukehus og gir eit allmennpsykiatrisk tilbod til befolk-ninga i eit avgrensa geografisk område.

• Pasientar blir tilviste frå sin fastlege til eit DPs for utgreiing og eventuell behandling eller innlegging.

Distriktspsykiatriske senter (DPs) skal vere fagleg og bemanningsmessig i stand til å ta seg av dei individuelle og samansette behandlingsbehova hos pasientar som får tilvising til psykisk helsevern.

(Oppdrag til Helse Vest i 2008 frå Helse- og omsorgs-departementet)

Vil ha større openheit om psykiske lidingar– Det er vår viktige oppgåve å tenke oss inn i korleis framtida vil bli. vi skal utvikle helsetenester for dei som kjem etter oss. Det store arbeidet som er gjort innan psykisk helsevern dei siste åra er eit godt døme på at resultata kjem etter god planlegging, seier styreleiar Oddvard Nilsen i Helse vest (biletet).

Rundt halvparten av befolkninga i noreg får ei psykisk liding i løpet av livet. nokre er arveleg belasta og kan bli sjuke utan at noko spesielt har skjedd. Andre gonger kan kriser som dødsfall og ulykker, eller at ein er i ein vanskeleg arbeids- eller familiesituasjon, gjere at ein blir sjuk. i mange tilfelle er årsakene også uvisse.

Det overordna målet i opptrappingsplanen for psykisk helse har vore å gjere det mogleg for menneske med psykiske lidingar å leve eit mest mogleg normalt liv, prega av deltaking, sjølvstende og evna til å meistre sitt eige liv.

– for å få til dette må tilboda vere desentraliserte og tilgjengelege for brukarane samtidig som den faglege kvaliteten er høg. no er dei distriktspsykiatriske sentra så å seie ferdig utbygde i Helse Vest, og det er no vi kan begynne å sjå resultata av dette tidkrevjande arbeidet. for mange brukarar er det normale livet det store målet. samtidig må vi arbeide vidare for å få meir openheit rundt psykiske lidingar. når så mange menneske slit med si psykiske helse, er det viktig at vi snakkar om problema, understrekar nilsen.

satsinga på psykisk helsevern dei siste åra viser og igjen økonomisk. Helse Vest har auka løyvingane til psykisk helsevern på bekostning av somatikken.

Distriktspsykiatriske senter i Helse vest:

HELSE STavaNGER

Dalane DPS - Eigersund, sokndal, lund, bjerkreim

Jæren DPS - Hå, klepp, time, gjesdal

Sandnes DPS - sandnes

Stavanger DPS - bydelane Hundvåg, storhaug, madla, tasta, Eiganes

Sola DPS - sola, bydelane Hillevåg og Hinna

Ryfylke DPS - Randaberg, forsand, strand, Hjelmeland, finnøy, Rennesøy, kvitsøy

HELSE FONNa

Karmøy DPS - karmøy

Haugaland DPS - Haugesund, suldal, sauda, bokn, tysvær, utsira, Vindafjord, sveio, Etne

Folgefonn DPS - ølen, kvinnherad, jondal, odda, ullensvang, Eidfjord

Stord DPS - bømlo, stord, fitjar, tysnes

HELSE BERGEN

Fjell og Årstad DPS - sund, fjell, Askøy, øygarden, bydelane ytrebygda og Årstad i bergen

Bjørgvin DPS - osterøy, meland, Radøy, lindås, Austrheim, fedje, modalen, masfjorden, bydelane Arna, bergenhus og Åsane i bergen

Betanien DPS - bydelane laksevåg og fyl-lingsdalen i bergen

voss DPS - ulvik, granvin, Voss, kvam, Vaksdal

Solli Sjukehus (Fana og Os DPS) - fusa, samnanger, os, Austevoll og bydelen fana i bergen.

HELSE FøRDE

indre Sogn DPS - Vik, balestrand, leikanger, sogndal, Aurland, lærdal, Årdal, luster

Nordfjord DPS - Vågsøy, selje, Eid, Hornindal, gloppen, stryn

Førde psykiatrisenter - flora, gulen, solund, Hyllestad, Høyanger, Askvoll, fjaler, gaular, jølster, førde, naustdal, bremanger

Sola DPS. (Foto: Kjetil Alsvik)

Rundt halvparten av befolkninga i noreg får ei psykisk liding i løpet av livet.

Helse Vest og psykisk helse

Helse vest skal leggje til rette for at ingen barn og unge under 23 år med psykiske lidingar eller rusmiddelmisbruk må vente meir enn 10 virkedagar på vurdering av rett til nødvendig helsehjelp eller meir enn mak-simalt 90 dagar (65 virkedagar) før behandling seinast blir iverksett, der det ligg føre rett til nødvendig helsehjelp, jamfør ny ventetidsgaranti som trer i kraft 1. september 2008.

(Oppdrag til Helse Vest i 2008 frå Helse- og omsorgsdepartementet)

Page 10: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

10

Sjølv over ein kopp kaffi går det i trening. Ulike pulsnivå, styrketrening og sykkelritt. Men for berre eit halvår sidan orka Hallvard Hagheim (38) knapt å gå ein tur. I Helse Førde brukar dei trening i behandlinga av rusproblem og psykiske lidingar. Med stort hell.

Hallvard trenar seg frisk

frå angstenFo

to: B

jørn

Eri

k La

rsen

Page 11: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

11

Ordninga som starta i Helse Førde blir no brukt inn-an rusbehandling og psykisk helsevern over heile

Noreg. – Eg har vore kjempeheldig som har fått Kåre som trenings-

kontakt. Han har vore så tålmodig med meg. Eg orka nesten ikkje gå i starten, seier Hallvard Hagheim.

– Og no er det du som spring frå meg, skyt Kåre Øyri inn.Han har ein fjelltur i Lærdal for nokre dagar sidan friskt i minne.

Då var det Hagheim som måtte vente på treningskontakten sin.

Konfronterer angsten

Hallvard Hagheim har hatt alvorleg angst sidan han var 23 år, og har vore innlagt i lange periodar. Saman med kognitiv terapi brukar han no trening som behandling. Det er også ein måte for han å konfrontere angsten på.

– Den første månaden var det berre fælt. Eg orka ikkje halde følge med Kåre på tur og eg fekk angstanfall av tanken på å trene. Eg var redd for å døy – at kroppen ikkje skulle tåle det.

Motiverande utvikling

Men no er denne angsten nesten borte. Og angstanfalla blir stadig sjeldnare.

– Det hjelper veldig å trene. Angsten gjer meg uroleg, men etter trening får eg ein god følelse av ro i kroppen. I tillegg er det enormt motiverande å sjå utviklinga. Eg merkar at eg er i betre form, at kvilepulsen går ned og at eg orkar meir. No trener eg 4-5 gonger i veka og gler meg til kvar økt. Det betyr mykje for psyken og gir meg sjølvtillit og overskot.

Joggetur langs elva

Etter eit kafébesøk er det ut i sola. Kaffi og vaflar er fortærte, og sprekare utskeiingar ventar. I Lærdal spirer bjørk og kvitveis, himmelen er knallblå, og framleis ligg det snø på fjelltoppane som omkransar bygda.

Hallvard Hagheim og treningskontakt Kåre Øyri trenar van-legvis saman om kvelden. Men i dag tek dei ein joggetur langs Lærdalselvi til ære for fotografen.

– Kåre har betydd utruleg mykje for meg. Han dreg meg ut når eg har ein dårleg dag og har introdusert meg for nye miljø innan idretten, blant anna skøyte- og sykkelmiljøet.

Frisk?

Hallvard Hagheim har også god støtte i sambuaren og dottera på tre år. For første gong på tre år har han også så smått begynt å jobbe igjen.

–Er du frisk no?– Ja, ikkje 100 prosent, men 70-80. Samtaleterapien og spe-

sielt treninga har fått meg hit. Har eg ein dårleg dag, tek eg ein treningstur, og då får eg tilbake det positive synet på livet.

saman med kollega Harald munkevold tok Atle skrede eit viktig initiativ ovanfor kommunane i Helse førde i 2002. Dei laga eit konsept for å bruke fysisk aktivitet i behandlinga av psykisk sjuke og rusavhengige. i dag blir oppskrifta brukt over heile landet.

– Det er enormt gledeleg at opplegget har blitt så vellykka at vi no blir førespurde om å halde treningskontaktkurs landet over. ikkje minst er det flott at brukarane får betre livskvalitet og ein betre kvardag, seier treningspedagog Atle skrede.

Teke imot med opne armar

– Vi laga eit solid kurskonsept der vi brukte dyktige fagfolk frå psykia-trisk klinikk i Helse førde og idrettskretsen i sogn og fjordane. Dette ble teke imot med opne armar av kommunane, fortel Atle skrede.

opplegget med treningskontaktar er også eit glitrande eksempel på god samhandling mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

Også for andre pasientar

i dag er det primært pasientar innan rus og psykisk helsevern som får tilbod om treningskontakt. men Helsedirektoratet, som har støtta prosjektet med rundt 1 million kroner, ønskjer å bruke opplegget på alle typar pasientar i framtida.

– Det kan vere folk med diabetes, høgt blodtrykk, overvekt, kols (kronisk obstruktiv lungesjukdom) eller muskel- og skjelettsjukdommar.

Markant nedgang i symptom

Atle skrede og Harald munkvold har evaluert behandlingsoppleg-get. Resultata blei publiserte i tidsskriftet for den norske legeforening i 2006, og viser ei positiv uvikling for pasientar som brukte trenings-kontakt i tillegg til at dei fekk behandling ved psykiatrisk klinikk i Helse førde.

–Vi følgde dei i tre år og vurderte den psykiske helsa deira før og etter at dei deltok på opplegget. Resultata viser ein markant nedgang i angst- og depresjonssymptom. faktisk var snittet til pasientane etter å ha brukt treningskontakt betre enn for normalbefolkninga, fortel Atle skrede.

Fast timeplan

i tillegg til ordninga med treningskontaktar, tilbyr Helse førde tre-ning gjennom ”Aktiv på dagtid”. Her får personar som er sjukmelde, uføretrygda, i rehabilitering eller på attføring eit tilbod om fellestrening ni gonger i veka.

– Vi brukar naturen, trenar på treningssenter eller i basseng og har ein fast timeplan over eit halvår som eit vanleg treningssenter, fortel Atle skrede.

– Eg kan med handa på hjertet seie at dette har spart psykiatrisk klinikk for mange innleggingar. Dette er effektive og billige tiltak som gir pasientane auka livskvalitet, seier treningspedagogen.

Helse førde-konseptet til heile landet

ATLE SKREDE, treningspedagog

framhald side 12 sjekk med kommunen

din viss du vil vite om det

er etablert trenings-

kontaktordning der.

Treningskontakt

i din kommune?

Foto

: Bjø

rn E

rik

Lars

en

Foto

: Bjø

rn E

rik

Lars

en

Page 12: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

12

Utdanning – ei viktig oppgåve for sjukehusa

Camilla Stadheim Hellum (26) er turnuslege ved

Stavanger Universitetssjukehus. – Eg er veldig fornøgd med turnusen,

det har vore kjempevariert og spennande, seier ho.

Lungesjuke

Ho har hatt turnus ved sjukehuset sidan august, men er fersk på medisinsk klinikk.

– Eg trur kanskje det finst ein kjappare veg, seier ho mens ho skynder seg gjennom korridorar og opp trapper. Ved sengepost 4G ventar lungesjuke pasientar, dei fleste har kronisk obstruktiv lungesjukdom eller lungekreft.

Eit fleirtal i utdanning

– Vi er heilt avhengige av turnuslegane, dei går inn i vår ordinære vaktturnus og gjer ein viktig jobb, seier avdelings-overlege Svein Skeie ved medisinsk klinikk ved Stavanger Universitetssjukehus.

Imponert over framgangen

Atle Skrede er ein av initiativtakarane til ordninga med treningskontaktar i Helse Førde. Han er impo-nert over framgangen til Hallvard Hagheim, og skryt av samarbeidet mellom Hagheim og treningskontakt Kåre Øyri.

– Dei har ei unik og fleksibel treningsform. Når Hall-vard spring på treningsbane, står Kåre på rulleskøyter ved sida av. Og Hallvard er blitt så mykje friskare og har fantastisk interesse for – og utbytte av, trening. No sender han meg e-post med treningstekniske spørsmål om pulsnivå og anna, fortel Atle Skrede med eit for-nøgd smil.

Trener etter årstida

Hallvard Hagheim og Kåre Øyri trenar saman to-tre gonger i veka, og prøver å tilpasse det ver og årstid. Dei syklar, trener styrke, har intervall-løp og går på skøyter og fjelltur.

– Hallvard har utvikla seg enormt sidan oktober. Framgangen hans er heilt imponerande, det er nesten ikkje til å tru, skryt Kåre Øyri.

Sjølv har han alltid hatt ein aktiv livvstil. Og i 2003 kursa han seg til å bli treningskontakt. Noko han vil anbefale andre å gjere også.

– Eg såg ein annonse i avisa og tok kontakt. Eg er veldig interessert i trening og var motivert av tanken på å hjelpe andre og få dei interesserte i fysisk aktivitet. Viss eg ikkje får trene er eg ikkje meg sjølv. Men det at eg har Hallvard gjer nok at eg trener meir enn eg ville gjort elles, seier han.

– Eg har vore kjempeheldig som har fått Kåre som

treningskontakt. Han har vore så tålmodig med meg. Eg orka

nesten ikkje gå i starten.(Hallvard Hagheim)

Helse-Noreg er godt organisert

Helsetenestene i noreg er delte inn i primærhelsetenester i kommunane og spesialisthelsetenester i helseregionane.

Primærhelsetenesta, for eksempel fastlegar, helsestasjonar og sjukeheimar, skal sikre alle med behov for helse- og omsorgstenester

nære og gode tilbod i sin kommune. spesialisthelsetenesta skal gjennom helseføretaka (for eksempel Helse vest) sikre sjukehustenester,

akuttmedisinsk beredskap og ambulansetenester, samt tilbod innan rehabilitering, psykisk helse og tverrfagleg spesialistert behandling for

rusmiddelmisbruk.

Foto

: Bjø

rn E

rik

Lars

en

Page 13: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

13

Tusenvis av medisinstudentar, assistent- og turnuslegar er med på å halde hjula i gang i sjukehusa - døgnet rundt heile året. Dette er personell som framleis er under utdanning eller spesialisering, men som gjer ein viktig jobb. Utan dei ville det blitt mange hol i vaktplanane.

Camilla Stadheim Hellum slår av ein prat med Karsten Helleland på post 4G ved Stavanger Universitetssjukehus.

Turnuslege og medisinstudent: Camilla Stadheim Hellum og Kristian Engseth.

Alle

foto

: Kje

til A

lsvi

k

Page 14: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

14

Han er ansvarleg for alle legane ved sek-sjonen, og har eit fleirtal av legar i utdan-ning under seg. I tillegg til turnuslegane er dei såkalla assistentlegane på veg til å bli spesialistar innan sitt fagområde.

– Turnuslegane jobbar mykje med inn-tak og utskriving av pasientar, men også be-handling. Dei bemannar blant anna akutt-mottaket døgnet rundt. I tillegg tilfører dei nye synspunkt og fagleg oppdatering som nyutdanna. Og dei stiller spørsmål og er interesserte. På den måten set dei også oss andre litt på prøve, seier han.

Utskriving og undervisning

Det har vore ein travel formiddag for Camilla Stadheim Hellum med morgon-møte og visittar. Etter ein rask lunsj, er ho på veg for å sjå til nokre pasientar, gjere ferdig utskrivingsrapportar og skrive ut re-septar til dei som skal få reise heim. Klokka tre må ho rekke fellesundervisning for tur-nuslegane. Undervisning utgjer om lag 20 prosent av arbeidsveka hennar.

Størst på føden

– Eg har likt meg ved dei fleste avdelin-gane, men eg trur ikkje eg kjem til å bli

kirurg, seier ho etter fire månaders turnus ved både psykiatrisk og kirurgisk/ortope-disk klinikk.

– Mannen min er assistentlege på kirur-gen, og det er veldig vanskeleg å kombi-nere med familieliv.

Derimot har tida ved gynekologisk avde-ling og føden gitt meirsmak.

– Viss eg skal spesialisere meg, blir det

nok innan medisin eller gynekologi, seier Camilla Stadheim Hellum med handa på den gravide magen. I august kjem babyen.

Blir rogalending

26-åringen frå Lørenskog kan fort gjere rogalending av seg. Etter barselpermisjo-nen ventar turnus ved eit fastlegekontor i fylket. Og så vil ho gjerne tilbake til Sta-vanger Universitetssjukehus.

– Ja, det kan fort bli Stavanger for eg trivst godt. Og det at sjukehuset er såpass stort er eit pluss, seier ho.

Effektiv rekruttering

Svein Skeie bekreftar at turnustenesta er ein veldig effektiv rekrutteringsport.

– Nesten kvart halvår tilset vi ein lege som har vore i turnus her. Det er ein fordel for begge partar. Vi kjenner legen og veit at han fungerer, og legen veit kva som ven-tar. Samtidig er det jo enklare å få inn ein person som allereie er kjent med interne rutinar og system.

TURNUSLEGE

lege som er ferdig med medisinstudiet, men som

er i arbeid i primær- og spesialisthelsetenesta i

til saman halvtanna år for å få autorisasjon.

Kvart år er fleire hundre medisinstudentar innom sjukehusa i regionen. Frå venstre:

Steinar Guvåg, Marit J. Andersen, Kristian Engseth, Astrid Eidhammer og

Thomas Bjordal. I midten turnuslege Camilla Stadheim Hellum.

Alle

foto

: Kje

til A

lsvi

k

Page 15: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

15

HOvUDOPPGÅvENE

TiL SJUKEHUSA

• pasientbehandling • utdanning av helsepersonell

• forsking • opplæring av pasientar og pårørande • utvikling av medisinsk

praksis, pleie og kompetanseutvikling

(frå vedtektene til Helse Vest)

Heilt avhengige av turnusleganeUtdanninga av helsepersonell er ei av fem hovudoppgåver for sjukehusa. – Men det er lett å gløyme, seier avdelingsoverlege Svein Skeie ved Stavanger Universitetssjukehus.

Han meiner det er viktig at denne oppgåva er godt forankra i regelverket slik at utdanning av helsepersonell ikkje blir nedprioritert i tøffe økonomiske tider.

– Sjukehusa bruker mykje ressursar på utdanning av helsepersonell, men det er lett å gløyme i diskusjonen om alle behova for helsetenester og prioritering av helsekronene.

Han meiner det må vere ein balansegang mellom talet på overlegar og legar i utdanning.

– Vi er avhengige av turnuslegane i drifta. Samtidig krev det noko av oss andre for å kunne tilby ei god turnusteneste. Det er så enkelt som at vi treng fleire legar for å utdanne fleire legar. Og denne utviklinga må skje parallelt.

ASSiSTENTLEGE

Autorisert lege som arbeider ved ei sjukehusavdeling for å bli spesialist. Dette tek rundt fem år. Ein overlege er ferdig

spesialisert.

SvEiN SKEiE

Avdelingsoverlege ved Stavanger Universitetssjukehus

ikkjE bERRE lEgAR

i tillegg til legar og medisinstudentar er det ei rekkje andre yrkesgrupper som tek utdanning i sjukehusa.

sjukehusa har blant anna mange sjukepleiar-studentar, radiografstudentar, hjelpepleiar- elevar og lærlingar for eksempel i ambulanse- tenesta. i tillegg er det til ei kvar tid ei stor gruppe psykologar og sjukepleiarar som spesialiserer seg.

– Den miksen ein til ei kvar tid har av ferdig utdanna helsepersonell og studentar i sjuke-husa representerer eit viktig møtepunkt for utveksling av kompetanse og erfaring, seier fagdirektør odd søreide i Helse Vest.

Han er oppteken av at helseføretaka må leggje vekt på å tilby gode utdanningstilbod og praksis- plassar for alle grupper helsepersonell slik at dei sikrar høgt nivå på utdanninga av helseper-sonell – samtidig som dei gjer seg attraktive også som framtidige arbeidsplassar.

– Allereie i dag, men ikkje minst i framtida, blir det viktig for helseføretaka å aktivt bruke utdanningssituasjonen som ein rekrutterings- arena, seier odd søreide.

Her er andre grupper som har praksis/ utdanning i sjukehusa:

helsesekretærarergoterapistudentar bioingeniørstudentarfysioterapikandidatarjordmødrersjukepleiarstudentarradiografstudentarhjelpepleiarelevarlærlingarpsykologar i spesialiseringsjukepleiarar i spesialisering

Page 16: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

16

Inger Michaelsen (66) hadde eigentleg slått seg til ro med at ho skulle opererast på Stavanger Universitets-

sjukehus (SUS) i slutten av mars. I løpet av hausten i fjor hadde ho jamleg vore innom nettsidene til Fritt sjukehusval og sjekka vente- tidene, men konkluderte med at forskjellane ikkje var så store. Då SUS ringte etter jul og spurte om ho heller ville opererast på Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen i februar, takka ho først nei. Men då mannen fekk høyre det blei ho mildt irettesett – Tenk kva ein månad betyr på denne tida av året, du må jo takke ja! Så Inger spora opp kontaktpersonen på SUS og sa ho hadde ombestemt seg.

– Eg innsåg jo at det var tullete av meg å ikkje ta i mot tilbodet. Med hage på 3 mål, fem barn og tolv barnebarn ville eg jo komme i sving igjen så raskt som mogleg.

Friluftsliv er viktig

Michaelsen hadde slitt med ei vond hofte i mange år, men har klart å halde det i sjakk. Den siste tida tok ho smertestillande før og under lengre fotturar. Friluftslivet tek nemleg ein stor del av tida til Michaelsen. Ho har allereie vore på fleire sykkelturar etter operasjonen.

– Sykling på flat veg er glimrande trening etter at eg blei hofte- operert. Vi puttar syklane i bilen og køyrer av garde til nye vatn. Sist hadde vi ein flott tur rundt Frøylandsvatnet på Bryne, fortel ho.

Den tidlegare læraren bur med sin Odd Reidar i det gamle skule- huset i Oltedal, om lag ein halv times køyring frå Stavanger. Det

På sykkeltur med ny hofteDen tidlegare læraren er ikkje tung å be om ein sykkelsving på tunet. To månader etter hofteoperasjonen nyt ho friluftslivet til fulle. Fritt sjukehusval ga Inger Michaelsen frå Oltedal i Rogaland nytt håp om ein aktiv sommar.

er ein fredeleg plass, og ho er glad ho får nyte sommaren med tilnærma friske bein. Stor gjestfridom på Haraldsplass

– Eg angrar ikkje på at eg reiste til Haraldsplass. Eg blei fantas-tisk godt motteken. Første dagen var eg til mange undersøkingar før eg blei operert dagen etter. Heile opphaldet var heilt topp. Etter åtte dagar reiste eg heim att. Fysioterapeuten på Haralds-plass ringte Gjesdal kommune, så då eg kom heim var alt av nødvendige hjelpemiddel på plass.

Neste år er målet å gå til toppen av Grytenuten i Ryfylke. – Det har alltid vore eit mål. Då er det utruleg når den irske ”senge- naboen” min på oppvakninga på Haraldsplass tilfeldig spør meg om eg har vore på Grytenuten – det hadde ho og var mektig imponert. Nei, men dit skal eg, svara eg!

Pasienthjelparen hjalp meg fram

Det var Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen som ringte til Pasienthjelparen i Helse Vest og informerte om at dei hadde ledige plassar til hofteoperasjonar.

Pasienthjelpar Liv Torunn Rundhovde tok så kontakt med Stavanger Universitetssjukehus og oppmoda dei om å kontakte nokre av sine pasientar som stod på ventelista deira. På den måten fekk Inger Michaelsen komme til operasjon tidlegare enn planlagt. Ho reiste med vanleg rutefly frå Stavanger til Bergen. Mannen hennar køyrde henne ned igjen. Alle reiseutgiftene blei refunderte av NAV.

Page 17: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

17

– Eg innsåg jo at det var tullete av meg å ikkje ta i mot tilbodet…

(Inger Michaelsen)

Lei av å vente?dersom du står du i sjukehuskø kan

du ringje til pasienthjelpar liv torunn

Rundhovde. Ho svarar på dine spørsmål

på telefon 800 41 005 kvar dag mellom

klokka 9 og 15. Ho kan gi deg

praktisk og individuell hjelp og rettleiing.

slik at du kanskje kan bli behandla raskare.

Foto

: Håk

on V

old

Page 18: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

18

Myte: Sjukehusa får altfor lite pengar.

Fakta: Sidan 2002 har sjukehusa fått meir pengar kvart år. Helse Vest som eig sjukehusa på Vestlandet, har eit budsjett i 2008 på rundt 16,7 milliardar mot under 10 milliardar i 2002. Det må likevel leggjast til at sjukehusa har fått nye oppgåver som fullt ut tilsvarar auka ressurser.

Myte: Det er lang ventetid for å få behandling i sjukehusa.

Fakta: Ventetida ved sjukehusa i Helse Vest er meir enn halverte på seks år, frå eit snitt på 218 dagar i 2002 til rundt 100 dagar i 2008.

Myte: Pasientar innan psykisk helsevern får for dårleg behandling.

Fakta: Det har skjedd store positive endringar innan psykiske helsevern dei siste åra, ikkje minst har det kome meir personell og vesentleg meir pengar. Og sjølv om det framleis er ting å ta tak i, tyder brukarundersøkingar på at pasientar og pårørande er godt fornøgde med tilbodet.

Her er nokre av rettane dine som pasient:

Er du sjukmeldt?ordninga Raskare tilbake er tilbod som skal få sjukmeldte arbeidstakarar raskare tilbake i jobb. sjukemeldte arbeidstakarar får tilbod om raskare behandling innanfor spesialisthelsetenesta via fastlegen, manuellterapeut eller kiropraktor, eller individuell oppfølging, avklaring og arbeidsretta rehabilitering gjennom nAV. les meir på www.nav.no/raskeretilbake

Slik vel du sjukehus

1 når du blir tilvist til eit sjukehus frå fast-legen din har du rett til å velje kva sjukehus tilvisinga skal sendast til.

2 Dersom du allereie er tilvist til eitt sjuke-hus, kan du be om at tilvisinga di blir sendt til eit anna sjukehus.

3 når du er hos fastlegen din, kan du spørje om fritt sjukehusval. Dei har plikt til å gi deg nødvendig informasjon for å sikre pasientane sine rettar.

4 Du kan ringe gratis grønt telefon- nummer 800 41 004 eller besøk nettstaden www.sykehusvalg.no for å finne ut meir om dine rettar til å velje sjukehus sjølv.

&Myter faktaom helsetenestene

v Rett til å velje sjukehus Alle pasientar som treng planlagt behandling i spesialisthelsetenesta har rett til å velje sjukehus.

v Rett til vurdering og fristAlle som blir viste til eit sjukehus har rett til å få helsetilstanden sin vurdert innan 30 virkedagar. Pasientar som blir vurderte til å ha ”rett til nød-vendig helsehjelp” skal få fastsett ein tidsfrist for når helsehjelpa seinast skal starte. fristen skal setjast etter ei medisinsk vurdering.

gjennom media kan ein ofte få inntrykk av at det står dårleg til med norske sjukehus. men er biletet verkeleg så svart?

Page 19: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

19

v Rett til informasjonPasienten skal informerast om han er vurdert til å ha rett til nødvendig helsehjelp og om den fastsette fristen. i tillegg skal pasienten orienterast om rettane han har ved brot på fristen og om retten til å klage.

v Rett til behandlingnokre pasientar vil få ein rett til å få nødvendig behandling. Vurderinga av kven som har ein slik rett er gjort mellom anna ut i frå kor alvorleg tilstanden til pasienten er og moglegheita for å betre denne. Pasientar som har behov for spesialisthelsetenester, men som ikkje har rett til nødvendig helsehjelp, skal òg få tilbod om behandling. Denne gruppa må vente noko lenger på behandling. Prinsippet er at dei sjukaste skal få behandling først.

v Rett til å klagePasienten kan klage på den medisinske vurderinga. Dette gjelde mellom anna i høve til vurderinga av om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp eller ikkje og den konkrete fristen pasienten eventuelt har fått.

Det er Helsetilsynet (www.helsetilsynet.no) som er klageinstans dersom rettane i lova ikkje blir oppfylde. Pasientombodet (www.pasientombudet.no ) kan også hjelpe. Dersom du treng meir informasjon, ring gratis nummer til fritt sjukehusval 800 41 004 eller sjekk nettstaden www.sykehusvalg.no. Du kan og kontakte Helse Vest sin pasienthjelpar, liv torunn Rundhovde på telefon 800 41 005.

DEi sjukAstE skAl fÅ HjElP føRst

– Det vår plikt å prioritere på ein måte som er til pasientens beste. Vi er alle einige om at dei sjukaste skal få hjelp først. Det må spegle måten vi brukar ressursane våre på, seier administrerande direktør Herlof nilssen i Helse Vest.

Det er mange ufordringar som vil prege helsetenestene i framtida samtidig som forventningane er store. Ei aldrande befolkning vil få konsekvensar for sjukdomsbiletet og samansetjinga av arbeidsstyr-ken. blant anna vil fleire få kreft. mange vil ha behov for rehabilitering grunna seinskadar etter kreftsjukdommen.

– kontroll på økonomien er ein føresetnad for gode helsetenester også i framtida. Det er ikkje slik at tilboda vi hadde for 20 år sidan skal vere like i dag. Difor må vi ha eit kritisk blikk på oss sjølve og måten vi brukar pengane på. Vi må vite kor mykje pengar vi til ei kvar tid bruker slik at vi kan investereder det er nødvendig for å få eit minst like godt helsetilbod i framtida. medkontroll og oversikt over økonomien får vi handlingsrommet som er nødvendig for å byggje og utvikle nye tilbod til pasientane i framtida, seier nilssen.

Her er nokre av rettane dine som pasient:

Myte: Sjukehusa er ineffektive.

Fakta: Sjukehusa aukar effektiviteten og produktiviteten sin kvart år med det resultat at stadig fleire får behandling. I 2007 fekk fleire behandling ved sjukehusa i Helse Vest enn nokon gong tidlegare.

Myte: Helsetenestene i Noreg er dårlege samanlikna med utlandet.

Fakta: Noreg blir rekna som å ha ei av dei beste hel-setenestene i verda. Ei internasjonal undersøking frå 2006 viser også at etter Monaco og Sveits er det ingen land i Europa som brukar meir pengar per innbyggjar på helsetenestene enn Noreg.

Illustrasjonsfoto:

BananaStock / StockByte

Page 20: 2008_02_Helseivest_web

20

Lysten på livet etter ungdomsår med kreft

Tre gonger har Stig Fjeldsbø (29) blitt frisk etter blodkreft. På sjukehuset var alltid målet å komme seg ut av senga. Heim til venner, fotballtrening og Liverpool FC.

I februar 1996 fyk lampar og bilete veggimellom i eit rom på kreftavdelinga ved Haukeland Universitets-

sjukehus. Stig Fjeldsbø er 17 år. Han har hatt blodkreft to gonger tidlegare. Han har nettopp fått vite at kreften har teke tak i krop-pen igjen og at beinmargstransplantasjon er einaste løysing.

Tok avskjed med venene

– Eg blei redd. Eg visste at dette var min siste sjanse. Før trans-plantasjonen hadde eg fest for vennene mine heime i Bergen. Vi skulle ha det gøy og le. Ein kveld å hugse.

Men det blei mykje grining. Alle visste jo at det kunne vere siste gongen vi var saman, fortel Stig. Det er vår og sesongstart. Han kan ikkje lenger sparke fotball sjølv, men turar til Liverpool og heimekamp for favorittlaget kan ingen ta frå han. Laget har vore med han gjennom heile livet. Eit fast haldepunkt.

20

helse i vest juni_2008

Page 21: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

Lysten på livet etter ungdomsår med kreft

Tre gonger har Stig Fjeldsbø (29) blitt frisk etter blodkreft. På sjukehuset var alltid målet å komme seg ut av senga. Heim til venner, fotballtrening og Liverpool FC.

21

Foto

: Bjø

rn E

rik

Lars

en

Page 22: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

22

Han var seks år første gongen han fekk diagnosen lymfatisk akutt leukemi.

– Andre gongen var eg tolv, men også denne gongen blei eg frisk. Eg hadde ei flott ungdomstid med venner og fotball. Difor var det ein kraftig nedtur å måtte inn igjen på sjukehuset ein tredje gang. Det var så mange av vennene mine frå barneavdelinga som hadde døydd. Eg tenkte mykje på at no er det min tur.

Ut av senga

Men beinmarg blei transplantert og Stig kom seg gjennom nok ei lang behandling. – Eg har alltid kome meg raskt ut av senga, ville ikkje vere sjuk. Det trur eg har hatt mykje å seie for at eg er her i dag. Eg gjorde alt for å komme meg ut av sjukehuset og heim.

Han hugsar han måtte drikke ei viss mengde væske før han fekk reise heim. Han tvang det i seg, som oftast i form av cola. – Eg drakk og brakk meg, drakk og brakk meg. Det einaste eg hadde klart for meg var at eg skulle heim.

Badeengel ville ikkje bade

Mora Ann Margareth omtalar han berre som Stigen. Ho har fortalt historia mange gonger før. Om yngste sonen, badeengelen

på seks som ikkje orka å bade ein einaste gong i løpet av heile sommarferien i 1986. Om åra inn og ut av sjukehuset, sorga over tapt barndomstid og kampen for å halde ut.

Familien har alltid vore open om sjukdommen til Stig. Faren Rune arbeider offshore, og andre som opplevde kreft i familien spurte han gjerne om gode råd på vegen. Å ta godt vare på resten av familien i ein slik situasjon kan gjerne bli vanskeleg.

– Søsken blir gjerne forsømt. Det blir så stort fokus på den sjuke. Då siste tilbakefallet kom sa eg at no klarer eg ikkje meir, no er det nok. Men du klarer meir. Fordi du må. Det finst ikkje noko alternativ, seier Ann Margareth.

Så blei ho og sonen einige om at dei skulle klare det ein siste gong. Det skulle halde hardt. – Her ein dag fann eg skilsmisse-papira langt inne i eit skap. Eg hugsar eg henta dei på Tinghuset etter det siste tilbakefallet. Eg var mykje aleine med Stig og sjuk-dommen, Rune arbeidde offshore og var borte over lengre perio-dar. Eg kom til eit punkt der eg ikkje makta meir. Då Stigen fekk vite det, ga han klar beskjed om at dersom vi skilte oss, kom han til å avslutte behandlinga. Vi ler av det i dag, men den gongen var det alvor.

9 av 10 barn overlever blodkreft

kvart år får rundt 140 barn under 15 år kreft. Akutt lymfatisk leukemi (All) er den vanlegaste kreftforma blant desse.

– På 70-talet skjedde det ein revolusjon i behandlinga av blodkreft. før den tid døydde praktisk talt alle. Etterpå har vi gått frå null til nesten hundre, seier direktør frøydis langmark i kreftregisteret til Vg. Ho ser ikkje bort frå at ein om nokre år kan oppnå nærmast full overleving for enkelte barnekreftformer.

– internasjonalt er noreg, og dei andre nordiske landa, i toppsjiktet når det gjeld behandling av kreftsjuke barn, ifølge langmark.

”Helse Vest skal arbeide for å sikre ein kvalitetsmessig standard innan kreftbehandling”

(oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet til Helse Vest for 2008)

kampanje for ungdom med kreft

– Det har skjedd utruleg mykje bra når det gjeld oppfølging av barn med kreft dei siste åra. No fortener ungdommane meir merksemd, seier rådgivar og sjukepleiar britt ingunn sævig i kreftforeningen. i nesten 30 år har foreininga hatt eit nært samarbeid med barnekreftavde-linga på Haukeland universitetssjukehus.

Eg hadde ei flott tid med venner og fotball. Difor var det ein kraftig nedtur å måtte inn igjen på

sjukehuset ein tredje gang. (Stig Fjeldstø)

Page 23: 2008_02_Helseivest_web

HELSE i vEST juni_2008

23

Syltetøy og te, takk!

Etter at Stig fekk ny beinmarg, låg han i koma i ein månad på Rikshospitalet. Mora låg på madrass på golvet. – Eg hugsar eg var ute og lufta meg. Då eg kom inn, kom pleiarane springande mot meg. No er han død, tenkte eg. Men då dei heiv seg rundt halsen min, skjøna eg at han hadde vakna. Det var ei fantastisk opp- leving. Det første han spurde etter var ei skive med syltetøy og ein kopp te. Han hadde aldri drukke te i heile sitt liv. Han hadde fått beinmarg frå ein engelskmann.

Både foreldra og sonen er einige om at det viktigaste du kan gjere om du blir sjuk, er å stå på sjølv og behalde vilja uansett kor dårleg du er. – Eg kom meg ut, spelte fotball, spydde bak corner-flaget og kom meg ut på bana igjen. Eg ville så gjerne vere med. Det ga meg trua på at eg skulle leve vidare.

I dag arbeider Stig aktivt i Ungdomsgruppa til Kreftforeningen. – Eg vil gjerne gi litt tilbake etter alle desse åra. Eg har mykje erfa-ring frå sjukdommen min som eg kan bruke til å gjere situasjonen enklare for andre. Blant anna er det tungt å setje seg inn i alle ordningar frå det offentlege når ein er i ein slik situasjon. Vi har jo som regel nok med sjukdommen vår.

– Det er viktig at brukarane organiserer seg i brukar- organisasjonane. ingen blir frisk av å vere medlem, men medlemsskapet bidrar til støtte for alle tiltaka organisasjonane gjennomfører, seier ingrid mällberg.

Ho er leiar for det regionale brukarutvalet i Helse Vest, som skal ivareta alle pasientar i regionen og fokusere på vidare utvikling av helsetenestene til beste for alle pasientar.

– At brukarane blir høyrde og sett er avgjerande for utviklinga. Våre erfaringar kan definitivt bidra til at helsepersonell ser heile mennesket og ikkje berre den enkelte diagnosen, og føre til at kommunikasjon mellom behandlar og pasient blir betre enn tilfellet ofte er i dag, seier mällberg.

–mange av brukarorganisasjonane i landet gir store beløp til forskings-prosjekt innan sine diagnoseområde. Vidare er brukarorganisasjonane høyringsinstans i dei aller fleste forslag til endringar i lovverk, til prosjekt og i mange utval både sentralt og lokalt, seier mällberg.

kvar veke har sævig og barnekreftavdelinga møte. i samarbeid med det tverrfaglege teamet som alle barn med kreft på Haukeland har rundt seg, set ho seg ned og arbeider med korleis barna og deira familiar kan få det best mogleg i den situasjonen dei er i.

– saman med foreldreforeningen arrangerer kreftforeningen blant anna familiesamlingar, sorgsamlingar og søskengrupper. Vi gjer alt i nært samarbeid med avdelinga. mange av dei tilboda vi berre hadde i kreftforeningen før, er no i større grad blitt offentlege tilbod, mellom anna det å arbeide tett med skulane til barna om situasjonen og kva som kan gjerast for at dei ikkje skal miste kunnskap og nettverk i sjukdomsperioden, fortel sævig.

Avdelingsoverlege unni sandaker blom på Haukeland set stor pris på det nære samarbeidet med kreftforeningen. – Vi har i dag eit heilt behandlingsteam som er der for å hjelpe barna. men vårt hovudfokus skal likevel vere sjølve behandlinga. Difor er det så bra at kreftfore-ningen bidrar til å gjere liva betre for pasienten og dei pårørande. behandlinga tek jo gjerne over to år. Vi følgjer barna lenge og blir godt kjent med dei.

kreftforeningen sin årlege kampanje handlar i 2008 om ungdom og kreft. – Ei av våre oppgåver som brukarorganisasjon er å setje fokus på det som manglar. ungdom på sjukehus er gjerne for vaksne for barneavdelingar og for unge for vaksenavdelingar. Enkelte ungdoms-rom med tilbod om noko anna enn legoklossar og barnebøker kan vere ei løysing, seier sævig.

– Eg ville så gjerne vere med. Det ga meg trua på at eg skulle leve vidare. (Stig Fjeldstø)

noko anna å tenke på: Fotballen har vore viktig for Stig gjennom alle åra han har hatt kreft. Samtidig har familien alltid vore open om sjukdommen. Det har resultert i artiklar i lokalaviser, fleire turar til England og møte med kjente fotballspelarar. Her saman med far Rune i 1992 på Selhurst Park i London, Wimbledon spelar mot Liverpool. (Foto: Rune Sævig)

Brukarorganisasjonane sørgjer for utvikling

Er du min type?Blod kan ikkje kjøpast eller framstillast kunstig.

mange kan i dag ikkje overleve utan blodoverføring

– dei treng hjelp frå deg. Det tek ein halv time å gi blod,

bli blodgivar i dag! les meir på www.giblod.no

Page 24: 2008_02_Helseivest_web

Returadresse:Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger b

informasjon

ok

tAn

Alfa

fot

o: s

hutt

erst

ock

Står du i sjukehuskø? ventetida kan variere mykje mellom sjukehusa. Du har rett til å velje kor du vil bli behandla. Pasienthjelparen i Helse vest kan gi praktisk og individuell hjelp til deg som står i sjukehuskø.

Vanskeleg å finne fram?

Ring pasienthjelparen!

e-post: [email protected]

Les meir om denne ordninga på www.pasienthjelp.no

Ring gratis

800 41 005