2
S TRANDA K ULTURSKULE ØYNA 13, 6200 STRANDA S TRANDA K ULTURSKULE Ø YNA 13 6200 STRANDA Mob: +47 464 11 055 e-post: [email protected] Side 1 av 2 STRANDA, TORSDAG, 25. FEBRUAR 2016 TIL ELEVAR OG FØRESETTE S AMSPELPROSJEKT VÅREN 2016 Kulturskulen gjennomfører sitt årlege samspelprosjekt i perioden frå vinterferien og til påske. Dei siste to veke før påske skal vi legge vekk alle dei vanlege timeplanane i sentrumskrinsen. Alle elevane som er med i prosjektet vert så sett saman i ulike grupper og band som skal øve saman fram mot to konsertar veka før påske. Onsdag 16.mars vert det offentleg konsert i Kulturhuset kl. 18.00. Torsdag 17.mars har vi invitert Ringstad skule til skulekonsert kl. 10.00. Tema for Samspelprosjektet i år er GRAND PRIX. Vi har valt ut eit bra knippe med gamle og nyare låtar frå MGP og MGP-Junior. Vi håper låtvalet er populært og at elevane finn glede både i musikken, temaet og låtane de skal framføre. Målet vårt for samspelprosjektet er fleirdelt. For det første ynskjer vi at alle elevane skal få oppleve gleda ved å spele saman med andre. I musikk gjeld regelen om at «saman er vi sterkare enn kvar for oss!». Dette håper vi at alle får oppleve i år. Det å spele saman er sosialt og vi håper at elevane difor skal oppdage og kjenne på fellesskapet som oppstår i ei samspel- gruppe/band. Utfordringane med å spele i band er ofte ansleis enn dei vi opplever til dagleg når vi sit åleine med instrumenta våre. For at ei samspelgruppe skal fungere må alle saman ha same følelse for takt og rytme. Dette vert oftast den største utfordringa. Alle elevar i Stranda skal i utgangspunktet vere med i prosjektet. Nokre elevar har av ulike årsaker valt å ikkje vere med. Desse har ikkje rett til å få erstatta undervisningstida dei misser. Nokre elevar begynte på kulturskulen etter jul, eller der er andre årsaker til at dei ikkje er med i prosjektet. Desse vil vi så langt som råd forsøke å gje eit fullgodt tilbod også i prosjektvekene. Vi har sett opp ein eigen øvingsplan for desse vekene. Dei aller fleste banda har tre øvingar + konsertar desse vekene. Dette betyr at elevane må møte ein del meir enn og til andre tider enn i dei vanlege vekene. For enkelte som er med i fleire band kan det verte hektiske dagar. Om du føler det vert for mykje bør du kontakte læraren din og avtale kva for nokre øvingar det er viktigast at du er med på. Øvingane som er sett opp varer alle i 45 minutt. Eg ber dykk om at de prioriterer desse øvingane i desse to vekene. Øvingsplanen som er lagt kan berre i liten grad endrast og det vert vanskeleg å ta omsyn til eventuelle andre aktivitetar der er med på sidan våre band er samansett med elevar frå ulike aldersgrupper og med både gutar og jenter. Nokre av øvingane er sett opp som gruppeøvingar. Dette betyr at ikkje alle skal møte denne dagen. I timeplanen har vi då skive Gruppeøving og kven som ikkje skal møte. Alle timeplanar ligg også på Speedadmin. Her kan de enkelt få oversikt over alle øvingane de er sette opp på. Vedlagt finn de to ulike timeoppsett. Det eine er ei total oversikt over alle banda med ein detaljert øvingaplan for det enkelte bandet.

Brev til heimane Samspelprosjekt 2016

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

S T R A N D A K U L T U R S K U L E ØYNA 13, 6200 STRANDA

S T R A N D A K U L T U R S K U L E

Ø Y N A 1 3 – 6 2 0 0 S T R A N D A

Mob: +47 464 11 055

e-post: [email protected] Side 1 av 2

STRANDA, TORSDAG, 25. FEBRUAR 2016

TIL ELEVAR OG FØRESETTE

S A M S P E L P R O S J E K T V Å R E N 2 0 1 6

Kulturskulen gjennomfører sitt årlege samspelprosjekt i perioden frå vinterferien og til påske.

Dei siste to veke før påske skal vi legge vekk alle dei vanlege timeplanane i sentrumskrinsen.

Alle elevane som er med i prosjektet vert så sett saman i ulike grupper og band som skal øve

saman fram mot to konsertar veka før påske. Onsdag 16.mars vert det offentleg konsert i

Kulturhuset kl. 18.00. Torsdag 17.mars har vi invitert Ringstad skule til skulekonsert kl.

10.00.

Tema for Samspelprosjektet i år er GRAND PRIX. Vi har valt ut eit bra knippe med gamle

og nyare låtar frå MGP og MGP-Junior. Vi håper låtvalet er populært og at elevane finn glede

både i musikken, temaet og låtane de skal framføre.

Målet vårt for samspelprosjektet er fleirdelt. For det første ynskjer vi at alle elevane skal få

oppleve gleda ved å spele saman med andre. I musikk gjeld regelen om at «saman er vi

sterkare enn kvar for oss!». Dette håper vi at alle får oppleve i år. Det å spele saman er sosialt

og vi håper at elevane difor skal oppdage og kjenne på fellesskapet som oppstår i ei samspel-

gruppe/band. Utfordringane med å spele i band er ofte ansleis enn dei vi opplever til dagleg

når vi sit åleine med instrumenta våre. For at ei samspelgruppe skal fungere må alle saman ha

same følelse for takt og rytme. Dette vert oftast den største utfordringa.

Alle elevar i Stranda skal i utgangspunktet vere med i prosjektet. Nokre elevar har av ulike

årsaker valt å ikkje vere med. Desse har ikkje rett til å få erstatta undervisningstida dei misser.

Nokre elevar begynte på kulturskulen etter jul, eller der er andre årsaker til at dei ikkje er med

i prosjektet. Desse vil vi så langt som råd forsøke å gje eit fullgodt tilbod også i

prosjektvekene.

Vi har sett opp ein eigen øvingsplan for desse vekene. Dei aller fleste banda har tre øvingar +

konsertar desse vekene. Dette betyr at elevane må møte ein del meir enn og til andre tider enn

i dei vanlege vekene. For enkelte som er med i fleire band kan det verte hektiske dagar. Om

du føler det vert for mykje bør du kontakte læraren din og avtale kva for nokre øvingar det er

viktigast at du er med på.

Øvingane som er sett opp varer alle i 45 minutt. Eg ber dykk om at de prioriterer desse

øvingane i desse to vekene. Øvingsplanen som er lagt kan berre i liten grad endrast og det

vert vanskeleg å ta omsyn til eventuelle andre aktivitetar der er med på sidan våre band er

samansett med elevar frå ulike aldersgrupper og med både gutar og jenter.

Nokre av øvingane er sett opp som gruppeøvingar. Dette betyr at ikkje alle skal møte denne

dagen. I timeplanen har vi då skive Gruppeøving og kven som ikkje skal møte.

Alle timeplanar ligg også på Speedadmin. Her kan de enkelt få oversikt over alle øvingane de

er sette opp på.

Vedlagt finn de to ulike timeoppsett. Det eine er ei total oversikt over alle banda med ein

detaljert øvingaplan for det enkelte bandet.

S T R A N D A K U L T U R S K U L E ØYNA 13, 6200 STRANDA

S T R A N D A K U L T U R S K U L E

Ø Y N A 1 3 – 6 2 0 0 S T R A N D A

Mob: +47 464 11 055

e-post: [email protected] Side 2 av 2

Den andre timeplanen er ei skjematisk oversikt over alle øvingane som er sette opp i desse to

vekene.

Lærarane er fordelte slik at minimum to lærarar er saman på kvar øving. På enkelte øvingar

vert det tre lærarar. Sidan banda er sett samen av elevar med ulike instrument vil ikkje alle få

«sin» lærar i bandet. Kven som er lærar på dei forskjellige øvingane vil også vareiere noko.

Onsdag 16.mars er det sett opp lydprøver heile ettermiddagen frå rett etter skuleslutt. Her skal

lydmannen stille inn lyden til kvart enkelt band slik at det vert best mogleg under konserten.

Kvart band har avgrensa med tid. Det er difor svært viktig at de møter MINST 10 minutt før

de er sett opp på lydprøve. Dersom bandet før er ferdig før tida vil vi gå i gang med neste før

den oppsette tida. Om nokon manglar har vi ikkje høve til å vente eller «ta oppat» songen

seinare.

Spesielt for Kulturell Førskule

De skal vere med å synge ein song – «Sur da» under konserten. De skal ikkje ha ekstra

øvingar utanom lydprøva som er sett opp onsdag 16.mars. NB! Merk at Den kulturelle

førskulen tysdag 15. er avlyst.

Spesielt for dans

Dansarane skal vere med på denne forestillinga med to dansenummer. Alle detaljar er ikkje

klare enno. De vil få nærare beskjed om kven som skal delta, oppmøtetider for evt.

ekstraøvingar seinare.

Til slutt vil eg ynskje alle elevane lukke til i prosjektet. Vi håper og trur at dette vert to

trivlege veker for alle elevane våre.

Trond Otto Berg

Rektor

Vedlegg:

1. Detaljert timeplan for kvart enkelt band. (denne vert også lagt ut på nettet og

facebook, men då utan oversikta over bandmedlemmene)

2. Oversikt over alle øvingar i alle banda – Timeplan.