16
Bygg & Bu Bustadmagasin Grønt og skjønt Den store trendfargen for 2012 er grøn. Saman med element frå natu- ren skal grønfargar i alle mogelege nyansar, dominere bustadsinnrei- inga framover. Side 26 og 27 ‹‹Alle›› vil til Tysvær Eigedommane i Tysvær er meir et- tertrakta enn i nabokommunane. Eigedomsmeklar Håkon Nilsen fortel at særleg bustadane nord i kommunen blir selt raskt. Side 29 Det spirer på «Drivhustomta» 15 splitter nye bustadar er under bygging ved Aksdalsvatnet. Det jobbast no på spreng på «Driv- hustomta» på Frakkagjerd, der eit av dei mest spennande bustadprosjekta i Tysvær er under påsegling. Side 36

Bygg og Bo mars 2012

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Byggebilag

Citation preview

Page 1: Bygg og Bo mars 2012

Bygg & Bu Bustadmagasin

Grønt og skjøntDen store trendfargen for 2012 er grøn. Saman med element frå natu-ren skal grønfargar i alle mogelege nyansar, dominere bustadsinnrei-inga framover.

Side 26 og 27

‹‹Alle›› vil til TysværEigedommane i Tysvær er meir et-tertrakta enn i nabokommunane. Eigedomsmeklar Håkon Nilsen fortel at særleg bustadane nord i kommunen blir selt raskt.

Side 29

Det spirer på «Drivhustomta» 15 splitter nye bustadar er under bygging ved Aksdalsvatnet. Det jobbast no på spreng på «Driv-hustomta» på Frakkagjerd, der eit av dei mest spennande bustadprosjekta i Tysvær er under påsegling.

Side 36

Page 2: Bygg og Bo mars 2012

26 Torsdag 1. mars 2012 Tysvær BygdebladBYGG OG BU

Det er jammen ikkje lett å peila ut dei store trendane når du kjem inn i farge- og interiørbutikkar for tida. Fargerike, Trygve Larsen i Haugesund sentrum er ikkje noko unntak. Det bognar av fargar, mønstre og strukturer.

– Alt er lov. Men det kjem likevel noko som peikar seg ut, for eksempel grønfargen, fortel innehavar Rigmor Larsen Bachman.

Vågar meir Det er lenge sidan alt skulle vere svart,

kvitt og sterilt i heimane til folk. Dei siste åra har kontrastveggane blitt stadig dristi-gare og fleire.

– Det byrja med at folk malte ein vegg i ein annan farge enn resten av rommet, gjerne i ein knallsk farge. Etterkvart kom også tapetet på banen, og i seinare tid har folk gått over til å dekorera fleire veggar, seier Rigmor.

Det er heller ikkje lovgitt at kontrastveg-gane skal vera like, alle fire kan gjerne ha ulik farge, eller kanskje ein kan ha tapet, og dei tre andre kvar sin farge. Alt er lov.

– Folk er blitt så mykje vågelegare, særleg dei unge. Dei er ikkje redde for å prøva noko nytt og eksperimentera. Og at moten er så variert gjer det jo også enklare og friare å leika seg, nikkar Rigmor.

StrikketapetNår Bygdebladet er på besøk i butikken i

Sørhauggata, sit Rigmor med dei aller siste trendane i fanget. På eit bord i andre etasje, ligg fleire permar oppslått, og ho blar og viser. Fargepaletten er som sagt rik, men i tillegg til det grøne, så går det også mykje i natur. Jordfargar, gråtonar og ikkje minst tapet med trykk av tre, betong, stein og strikk. Det er vågeleg og fascinerande, eit tapet som ser ut som ribbestrikk.

– Dette er noko av det siste, som særleg dei unge ønskjer. Dei er ikkje så høgtidelege og tenkjer ikkje at dei skal ha same tapet på veggen i tjue år. Dei kan gjerna endra veggane etter kvart som dei blir leie, fortel butikkinnehavar, Rigmor.

Tapetane som ser ut som treverk, gjerne slitt og i fleire fargar eller som drivved, har også dette året fått innspel av store mønstre. Det er rett og slett trykt store ornament over tremønsteret.

– Dette viser jo at alt er lov og at den eine trenden ikkje erstattar den andre, påpeiker Rigmor.

Heng saman Når det kjem til årets store farge; grøn,

så er det ikkje ein spesiell nyanse det er snakk om, men eit heilt spekter. Alt frå lys pastellgrøn til mørk mosegrøn er i skotet. At årets farge er grøn heng saman med den andre trenden; natur. Grønt er det me gjerne forbind med norsk natur og det som veks i den. Mange kombinerer gjerne også lysare grøn med naturelement og jordfargar.

Når det kjem til den godt vaksne garden så har også dei fått auga opp for det siste nye, men i langt meir beskjeden grad.

– Det er stor forskjell på dei heilt unge og dei som har levd ei stund. Mens dei som gjerne innreiar sitt første hus, vågar å ta den heilt ut, ønskjer dei eldre tapet dei kan ha lenge. Gjerne i ti, tjue år, fortel Rigmor Larsen Bachman.

På 70-80-talet var det ein ting som gjaldt; strietapet. Denne eksklusive, robuste vari-anten som nesten kjennes som eit teppe på veggen. Framleis er det ei kundegruppe som held seg til denne typen tapet.

– Det er gjerne dei godt vaksne som øn-skjer denne. Dei vil ha det same dei har hatt før, og dei ønskjer noko dei kan ha lenge. Men også strietapetet er blitt oppgradert

med tida, seier Rigmor og viser oss i ein perm.

Joda, også nostalgitapetet har fått eit fargerikt ansiktsløft. Den er no å få i alle tenkjelege fargar, også i grøn.

– Trendane viser igjen også her, i alle mogelege variantar av grøn, viser butikk-eigaren.

For damene Det er mangfald, det er det ingen tvil om.

Utvalet er enormt og kombinasjonane utan grenser. I allfall om du er dame.

Rigmor ler litt og fortel at ein ting ikkje er endra, om me no er aldri så mykje i 2012; mennene heng etter.

– Det er utan tvil damene som leiar an. Det er dei som veit kva dei vil ha, og har ein plan på det. Mennene er framleis berre med.

– Har dei ikkje kome meir på banen dei siste åra?

– Nei, ærleg talt ikkje, dei er som før, gjerne med i butikken og handlar, men dei meiner lite, seier Rigmor.

Hadde deira betre halvdelar funne på å innreia heile heimen i sjokkrosa for ek-sempel så er det vel tenkjeleg at mennene hadde heva eit augebryn og to, men det skal omtrent så mykje til.

– Den skal dei ha, dei er opne for det meste, og aksepterer lett trendane, nikkar Rigmor. Så da er det jo enkelt, når alt er lov.

Alt er framleis lov i tapetverda, men den store hit-fargen denne vinteren og våren er grøn.

Av Mona Terjesen

Du grøne glitrande…

Rigmor Larsen Bachman hos Fargerike Trygve Larsen er omgitt av trendar om dagen.

‹‹Folk er blitt så mykje vågelegare››

Rigmor Larsen Bachman, Fargerike

Tapetet ‹‹Trina›› er spesialdesigna for årets farge 2012. Her er også stort mønster med på å skapa blikkfang.

Naturen er gjeldane i interiørbildet også i 2012. No er mønstra enda vågelegare, sjå berre strikketapetet til venstre.

Alt er lov både når det kjem til fargar og mønster, men årets store farge er grøn, i alle nyanser.

Blomane er framleis gjeldande i tapettren-den. Det er lov å blanda sterke og duse fargar.

Page 3: Bygg og Bo mars 2012

Torsdag 1. mars 2012 26Tysvær Bygdeblad BYGG OG BU

Ferieminne, kjæledyr, djupe skogar og høgreiste tre. Kva med ein heil vegg dekka av fa-vorittfotoet ditt? No kan du få kva som helst trykt på tapet.

Av: Mona Terjesen

Det har lenge vore vanleg å trykka yndlingsbilda sine på lerret og glasplater, eller som plakatar. Men no er altså tapet det siste nye.

Fersk trend I allsens interiørblad og bloggar finn ein no fototapet. Folk dekker veggane sine med alt frå kjæledeggar til vassdråpar på ei vindurute. Og det er lett som bare det; du vel enkelt og greitt ut eit bilde du liker, sender det inn til ein fotobutikk og vips så har du eit tapet med ditt eigekomponerte motiv på. Foto Knudsen er ein av butikkane som fører fototapet. På nettsida deira kan du velja fritt i storleikar. Men det er framleis internett

som er mekka for bestilling av fototapet, der er det flust av forhandlarar, i butikkane i distriktet ventar trenden enda litt. Ein ringerunde viser at fotobutikkane i nærleiken ventar på fototapetet, men at dei framleis berre sel bilde på lerret, glas-plater og plakatar. – Me sel mykje av store lerret som gjerne dekker mesteparten av ein vegg, så tapet kjem nok også snart, fortel dei ved Japan Photo i Haugesund sentrum.

Også Foto Erik ventar på tapettypen. – Me har ikkje byrja å føra det enda, men det kjem heilt sikkert etterkvart, fortel dei der.

Må vera store nokFototapetet tåler vask og skal vera slitesterkt, så da er det einaste den som bestiller treng å tenkja på; motivet og storleiken på bildet. Dei som sel fototapetet anbefaler folk å senda inn bildane minimum ein megapiksel store.

Så da er det berre å hiva seg på den ferskaste trenden i tapetverda; knipsa draumebildet, setta seg framfor datamaskinen og bestilla seg foto-tapet.

Kunne du tenkja deg dette motivet på veggen? No er det mogeleg å tapetsera favorittbildet på veggen. Foto: Mona Terjesen

Tapetserer minna på veggen

Rigmor Larsen Bachman hos Fargerike Trygve Larsen er omgitt av trendar om dagen. Foto: Mona Terjesen

Sjølv om det er grøn som er det store trendfargen for 2012, så er fleire sterke fargar i skotet. Alt er lov, også å kombinere blomer og striper. Berre fantasien sett grenser.

Page 4: Bygg og Bo mars 2012

28 Torsdag 1. mars 2012 Tysvær Bygdeblad

ditt hus tilpasset dine behov

bestill vår husbok på www.oddhansen.no

la oss hjelpe deg på veien mot din boligdrøm.

po

pp

corn

des

ign

- F

oto

: An

ne

Lise

No

rhei

m

la deg friste -og god fornøyelse

- hjem med særpreg

odd hansen assundvegen 20, 4250 Kopervik, telefon: 982 66 260, e-post: [email protected] følg oss: www.facebook.com/oddhansenas

et oppvekstparadis

aksdalsvatnetstilige eneboliger fra urbanhus

størrelser:

171 m2 og 186 m2

priser fra

3.650.000,-

+ omkostninger 21.155,-

for mer informasjon om prosjektet ta kontakt med:Monica Mørk Vikse eiendoMsMegler Mnef mob 94 13 38 58 - [email protected] Johan helgeland Megler mob 91 58 10 18 - [email protected]

her får du:• Store romslige eneboliger med carport, 2 varianter• AkSdAlSvAtnet 1 - 171 m2 med 5 soverom, 2 bad og 1 wc 3 kjekke terrasser, flott utsikt fra 3. etasje, stort godt vaskerom og god bodplass• AkSdAlSvAtnet 2 - 186 m2 med 4 soverom og 2 badl - kUn 1 igjene• lun beliggenhet ved Aksdalsvatnet• Idylliske omgivelser med sandstrand, lekeplass, fotball- og volleyball bane• nærhet til barnehage, skole og butikker og kun 10 min. i bil til Raglamyr• God beliggenhet i forhold til jobb/aktiviteter i både Haugesund og tysvær

lekre, funkisinspirerte boliger med moderne materialvalg, plassert ved idylliske Aksdalsvatnet, der naturen byr på mye: Fra bærplukkingi skogholtet til bading ved stranden – rett utenfor stuedøra!

popp

corn

des

ign

over 50% solgt før byggestart

Page 5: Bygg og Bo mars 2012

Torsdag 1. mars 2012 29Tysvær Bygdeblad BYGG OG BU

Tysvær blir ein sta-dig meir ettertrakta plass å bu. Busta-dane og tomtene i Tysvær blir selt mykje raskare enn i kommunane rundt.

Av Mona Terjesen

At Tysvær er i vekst er det ingen tvil om, noko også eigedoms-marknaden viser tydeleg teikn på. Tala frå 2011 viser at det er stor rift om bustadane i kom-munen. Det kan virka som om

det ikkje er nok eigedommar for sal til å metta behovet til folk.

Sel rasktDet er ifølge bustadsportalen Boliga.no, 20 bustader for sal i Tysvær kommune, seks av desse er prosjekterte. Til samanlik-ning er 162 for sal i Haugesund, 158 i Karmøy og 29 i Sveio. Ser ein på storleiken til kommunane så er det få eigedommar for sal i Tysvær samanlikna med na-

boane. Årsaka er at dei ikkje ligg lenge nok ute om gongen. Dei blir rett og slett selt veldig raskt.

Eigedomsmeklar i Eiendoms-megler 1, Håkon Nilsen er blant dei som opplever trenden tyde-leg og seier at omsetningstida er lågare i Tysvær kommune enn for eksempel i Haugesund og Karmøy.

– Ser me på alle eigedommar samla, så er snittida for sal i Tys-vær på 30 dagar. I Haugesund er den 46 dagar og i Karmøy kom-mune 42 dagar, nikkar Nilsen.

Det er tomannsbustadane som freistar kjøparane mest i Tysvær kommune. Desse går i snitt etter berre 27 dagar ute

Rift om eigedommane i Tysvær

Eigedomsmeklar i Eiendoms-megler 1, Håkon Nilsen fortel at eigedommane i Tysvær kommune blir selt raskare enn i nabokom-munane.

Arkivfoto

Bustader for sal i Tysvær kommune: Tre leilegheiter i Stuvik, NedstrandEinebustad i Slåttevik.Ein leilegheit på Rindane, Førresdalen. Ein einebustad ved Aksdalsvatnet.Ein einebustad på Veimtoppen, Førresdalen.Ein tomannsbustad i Skjoldastraumen.Ein einebustad på Askeland, Aksdal.Ein einebustad på Susort.Ein einebustad i Førresdalen.Ein einebustad på Førresfjorden Brygge.Ein einebustad på Voll, Hervik.Eit rekkehus på Førreneset. Ein einebustad i Slåttevik, Tysværvåg.Ein leilegheit i Slåttevik, Tysværvåg.Rekkehus på Førresfjorden Brygge.Ein leilegheit på Førresfjorden Brygge.To leilegheiter i Aksdal.

Ledige kommunale tomter:Ni ledige tomter i Nypedalen, Hindervåg. To ledige på Garhaug.20 ledige på Øverland.

Private tomter/firma for sal:Ei tomt på Vestli i Førresfjorden.Ei tomt på Kalvatre i Tysværvåg.To tomter på Førland, Aksdal.Ei tomt i Skjoldastraumen.Fire tomter på Veimtoppen, Førresfjorden.Ei tomt på Eikelund, Aksdal.

Hytter for sal i Tysvær kommune:Ei hytte med naust på Lindanger, Skjoldastraumen.Ei hytte i Grinde.Ein fritidseigedom på Hetland, Aksdal.Ein sjøeigedom ved Grindefjorden, Aksdal.Eit nedlagt gardsbruk Grindefjorden, Aksdal.

Desse er for sal per i dag:

på marknaden. Einebustadar ligg for sal i 29 dagar i snitt og leilegheiter i 39 dagar.

Tomter Tysvær er heilt klart ein kom-mune i medvind, med god økonomi og mange planar. I den kommande kommuneplanen for 2011-2023 er det skissert bustadbygging over heile kom-munen åra framover, særleg nord blir det mykje aktivitet.

Legg me saman alle eige-dommar som er regulert til bustadføremål, altså ulike typar bustadar og prosjekterte tomter, så ligg dei i snitt ute i 79 dagar før dei blir selt i Tysvær og 85

dagar i Haugesund. I Vindafjord ligg dei i 80 dagar og i Sveio ligg dei ute i 94 dagar i snitt før nokon kjøper dei.

Tomtene i Tysvær er med an-dre ord også ettertrakta, og det blir stadig skilt ut fleire. Det er per dags dato 31 kommunale tomter for sal og 10 private eller via byggfirma. 20 av kommunen sine tomter er på Øverland i Nedstrand. Til våren kjem det nye tomter for sal på Bjørnsvik i Tysværvåg og på Kallevik Sør.

Skilnader Sjølv om Tysvær med sin gode økonomi, store planer og vold-samme vekst, samla sett er ein

ettertrakta kommune å bu i, er det store skilnadar på dei ulike stadene. Det blir lagt for sal langt fleire bustadar nord i kommunen enn sør, og dei mest populære plassane som sel best er Førresfjorden, Førre, Frak-kagjerd, Aksdal og Grinde.

– At desse stadene sel så raskt viser kor populære dei er, kom-menterer meklar Nilsen.

Han legg til at eigedommar som blir lagt ut for sal på andre områder som Hervik, Tysvær-våg, Skjoldastraumen og Ned-strand ligg mykje lengre før dei blir kjøpt opp.

På Veimtoppen i Førresfjorden ligg det igjen eit par tomter for sal, dei andre er solgt, og husa poppar opp på høgda. Foto Mona Terjesen

«Ser me på alle eigedommar samla, så er snittida for sal i Tysvær på 30 dagar»

Meklar Håkon Nilsen

Page 6: Bygg og Bo mars 2012

Tysvær Bygdeblad30 Torsdag 1. mars 2012

Kombinasjonen urbant liv, fantastisk natur og trygg oppvekst er uslåelig. Vi kaller det

KONTRAST - URBANT I NATUR!

170 m2 3-4 soverom Eget vaskerom Stor takterrasseTomt ca 800 m2

www.øklandhus.no/øklandhus

Utviklet i samarbeid med deg! Morten Økland · 924 49 013 · [email protected] · tlf. 52 82 08 00

Urbant i natur

Page 7: Bygg og Bo mars 2012

Torsdag 1. mars 2012 31Tysvær Bygdeblad BYGG OG BU

Typografi på veggane er kome for å bli!

Av Ingvild Myklebust

Ord, sitat og bilete som blir limt på veggen, og kalla wallstickers, har dei siste åra blitt svært populære. Konseptet går ut på at ein gir nytt liv til veggar og overflater ved å lima på eit motiv.

Billig dekorasjonMange brukar wallstickers som eit alternativ til ny tapet, eller ny måling. I staden for å endra farge eller dekorasjon på veggane i

heile rommet, kan ein berre byta ut wallsticker-

sane, og dermed få eit rom som

ikkje er slik det var før.

Her kan ein spa-ra nokre

kroner, fordi wallstickers er billigare enn ny tapet eller ny måling. Det er heller ikkje til og stikka under ein stol at ein sparar seg for mange timars arbeid.

Personleg pregDet å bruka walllstickers på veggar i heimen er med på og skapa eit meir personleg preg. Ein vel sitat, ord eller bilete som gjerne betyr noko spesielt. Dette er ein av grunnane til at wallstickers er så populært. Ein kan bruka fantasien og vera sin eigen interiørdesignar. På barnerommet kan ein til dømes ha favoritt teikneseriefiguren til barnet.

Korleis det verkarWallstickers er vinylfolie som ein ganske enkelt limar på veggen. Sjølv om det krev litt presisjon og måling for at alt skal verta beint, er ikkje det å hengja opp wallstickers nokon stor kunst. Dersom ein skal montere wallstickers bør ein gå fram slik:

1. Reingjer området der du skal feste vinylen. 2. Klipp ut objekta du skal montere.3. Motiva er plassert mellom to stykk papir. Ei trans-parent side og ei tjukkare med skrift. Trekk langsamt vekk den sida med tekst på. 4. Fest den øvste delen av elementet på veggen5. Held den enden som ikkje sit fast litt ut frå veggen

så den ikkje klistrar seg på gal stad. Gni på motivet til det sit fast.6. Gni hardt på objektet med ein flat og fleksibel gjenstand (f.eks. eit bankkort) for å unngå luftbobler.7. Ta forsiktig av overføringspapiret mens du forsikrar deg om at designet sit igjen på veggen.

Kvar finn ein wallstickers?Det finst svært mange nettstader som sel wall-stickers. Her kan ein finna så og seie alt ein kan ynskje seg av ord, utrykk, bilete og sitat. Dersom ein ynskjer det kan ein og finna wall-stickers i møbel og interiørbutikkar. Her er ut-valet litt smalare, og prisane er ofte litt høgare.

– Vi har selt svært mykje wallstickers den siste tida. Det verkar som det er veldig popu-lært. For augneblinken er vi faktisk utselt for wallstickers, men dei vil snart vera og finna i butikkhyllene igjen, fortel Gro Vikse som er interiøransvarlig på Bohus i Haugesund.

Komen for å bliSlik det ser ut no er wallstickers trenden noko som er kome for å bli ei stund. Fleire og fleire vel å dekorera heimen med bokstavar og bilete. Så dersom du ynskjer å pynta opp litt i stova eller på soverommet er kanskje dette noko for deg!

V e g g p r y dBiblioteket på Nedstrand barne og ungdomsskule har og blitt med på wallstickers trenden. Foto: Ingvild Myklebust

Page 8: Bygg og Bo mars 2012

32 Torsdag 1. mars 2012 Tysvær BygdebladBYGG OG BU

Naturen er for alvor på veg inn i stuene til folk. No skal inn-reiing og interiør vere grønt og naturleg. Anne Kjersti Aarhus har tatt naturen med seg inn heile livet.

Av Mona Terjesen

Det kunne ikkje blitt meir roman-tisk og naturskjønt, huset til Anne Kjersti og Vidar Aarhus på Odland i Gismarvik. Det ligg i enden på ein avstikkarveg med sjøen og skogen som næraste naboar. – Det er nesten litt som ei hytte, men det er slik me vil ha det, seier Anne Kjersti smilande idet ho slepp oss inn kjøkkeninngangen. Treverk, heimelaga møbler, kvister og blomar. Det kjennes verkeleg som om naturen er med inn i heimen til ekteparet. – Eg er eigentleg ikkje særleg opp-tatt av innreiing, men eg har alltid likt å ta med meg det eg finn ute i naturen, inn i heimen min, fortel Anne Kjersti.

Utsikt Mange kjenner nok Anne Kjersti som aktivitetskoordinator i Tys-vær kommune, der ho i mange år har sørgja for aktivitetar for dei eldre og dei som bur på institu-sjonar. Tysdagsbordet er blitt ein tradisjon, der Anne Kjersti tar med seg ting frå naturen inn til dei eldre og uføre og gir dei ei natur-oppleving dei elles ikkje ville fått. Sjølv er ho ute kvar einaste dag, saman med Mira, ei tre år gammal tricolor Border collie-tispe. Tidleg om morgonen går dei to tur i skogen rundt huset på Odland. Med seg heim har dei gjerne sopp, greiner, stein, mose eller blomar. – Det er så mykje fint å finne der ute, og det skal så lite til, seier Anne Kjersti og peiker mot ein liten vase som står på eit bord i stua. Tre små kvitveis står sirleg plassert saman med nokre greiner. – Folk presser ofte blomane oppi vasar så dei står heilt tett, då kjem dei jo ikkje til sin rett i det heile tatt. Det er mykje finare å la dei få rom så me ser dei, meiner akti-vitetskoordinatoren. Ho har fleire vasar med greiner i stua, svart ask med knoppar på, villepletre og solbærgreiner. Ho blandar nokre få kvister med tulipanar og markblomar. Og det harmonerer, skaper stemning. Stemning skaper også den fantas-tiske utsikta utanfor det mørkegrå huset til ekteparet Aarhus. Hav og natur så langt auga kan sjå. Betre kunne det vel eigentleg ikkje blitt. – Me føler oss heldige som bur her, det er utruleg vakkert, nikkar Anne Kjersti.

Blei buande Etter å ha budd seks år i lærar-bustaden på Hetland, der Anne Kjersti var lærar og mannen Vidar styrar, bygde dei huset på Odland. I 1979 kunne dei to og ungane Mathilde og Are Oddmund flytta inn i draumeheimen. Ho er frå Oslo og han er frå Har-danger, jobben førte dei til Tysvær og her blei dei. – Det er så enkelt at me liker oss Ei enkel grein er ofte nok for å pynte opp heime. Denne solbærgreina spirer grønt i stua

til Anne Kjersti og Vidar.

Tunet og huset til ekteparet Anne Kjersti og Vidar Aarhus ligg som ei perle i naturen, med havet som næraste nabo.

Utsikta frå huset på Odland kunne ikkje blitt betre.

Ei skjønn lita Sisselrot har funne grobotn på eit tre.

Før i tida brukte dei bjørnemose til å lage kostar av.

Page 9: Bygg og Bo mars 2012

Torsdag 1. mars 2012 33Tysvær Bygdeblad BYGG OG BU

Tar med naturen... inn i stua si

her, smiler Anne Kjersti. Vestlandsnaturen får si ære for at det blei tysværbuar av ekteparet

Aarhus. – Det er så rått og vilt, og det liker eg godt, nikkar koordinatoren. Ho vaks opp i blokk i hovudstaden, men blei ikkje ‹‹bydame›› av den grunn. Familien hennar levde med marka som nabo, og det deiikkje

hadde rundt seg, oppsøkte dei sjølve. Hytte på Hvaler hadde dei også.Før ho fekk jobben som aktivitets-koordinator i kommunen, jobba

Anne Kjersti også ved Pedagogisk

senter og i Vaksenopplæringa.

På turMira trippar ved sida av oss mens me pratar. Ho vil gå ut, ut på tur. Me tar ho på logringa, finn fram ytter-kleda og går i retning skogen. Som på bestilling gløtter sola fram og ein svak regnboge dukkar opp på himmelen. Det luktar vår, sjølv om kalenderen framleis viser februar. – Visste du at det finnes 1000 sortar mose?Anne Kjersti har gått over i kne-ståande, og er i full gong med å

utforska ein rik plett med djupgrøn mose. Ho kan mykje om naturen, det er det ingen tvil om. Me får læra litt om mykje når me er på tur med Anne Kjersti. At bjørnemosen ein gong blei brukt til å lage kostar av, for eksempel. Og at mange av vok-strane som lever fritt, ikkje berre er etelege, men smaker godt! Ho fortel ivrig, om det me treff på i det fri. Peiker, kjenner, luktar og smaker. Det er nesten som å gå i barndommen igjen. – Det er jo trist at mange berre sluttar å utforske naturen fordi dei blir vaksne. Mange er glade i å vere ute, men dei legg ikkje merke til alt det flotte som er rundt dei, påpeiker Anne Kjersti. Etter ein time med uendeleg mange naturinntrykk, mister me Mira av syne. Etter nokre rop frå matmor, er ho der; dekka av gjørme. Tyde-leg svært nøgd med seg sjølv. Men dusjen er ikkje langt vekke. Ein tur i bekken er løysninga. Med nyvaska hund og hendene fulle av grøne vokstrar, vender me nasen heimover. Men naturen for-let me ikkje, for den fortset i huset på Odland.

‹‹Det skal så lite til››

Anne Kjersti Aarhus

Desse steinane er frå Vardø, kor sonen Are Oddmund bur.

Cæsar har sin eigen stol. Det er faren til Vidar, som har laga den.

Anne Kjersti Aarhus og Mira går tur kvar einaste dag på Odland i Gismarvik. – Gå vekk frå stiane, rår naturglade Anne Kjersti. Foto: Mona Terjesen

Utanfor huset har Anne Kjersti pynta med lyng, påskeliljer, mose og heimelaga bjørkekrans.

Page 10: Bygg og Bo mars 2012

34 Torsdag 1. mars 2012 Tysvær Bygdeblad

Vil du ha faglært hjelp

til oppussinga?• Tapetsering• Maling

La meg ta jobben du syter med...

Harald Kr.Kallevik5563 FørresfjordenTlf. 52 77 30 68Mob. 900 45 013

GravingSprengning

Transport

Natursteinsmuring

Knapphus • 5576 Øvre Vats • Tlf. 908 46 284Ottar Skjold Maskin as

Grus • Pukk • Sand

www.espegard.no3570 Ål • Tlf. 3208 6330

EspEgardsparkstøtting

nYHEt!barnEsEtE

Solid utførelse i bøk og stålTre ulike størrelser:Dame • Herre • Junior

Nodland5563 Førresfjorden - tlf 52 71 55 [email protected]

Rørlegger’n AS utfører alle typer rørleggertjenester og er totalleverandør av komplette bad- og våtrom. Vi leverer baderomsmøbler og utstyr fra de fleste leverandører på det norske markedet.

www.rorleggern-haugesund.no

MAGNEKLUNGTVEIT

TRANSPORT AS• Utkjøring av pukk, grus og støypesand

• Singel og grus• Asfaltering• Transport

• Nå også kranbil

Ring for tilbud98 28 24 61

5574 SKJOLD • TLF 52 76 55 90

Fornøyde kunder er vår beste referanse

Tlf 52754470 [email protected]

Se bedre ut! - med vinduer og dører produsert lokalt,

i miljøvennlig, impregnert furu, hvor

malingsjobben er gjort og med

en kvalitet for tøft Vestlandsvær!

Kjapt levert – ferdig montert!

Forhandler for:

5567 Skjoldastraumen - Tlf. 52 77 87 00 - www.fjordprosjekt.no

Vi har ledige hyttetomter og boligtomter

Page 11: Bygg og Bo mars 2012

Torsdag 1. mars 2012 35Tysvær Bygdeblad

Se mer av hva vi kan tilby på www.hervik.no

Hervik Rør AS | Neset | 5566 Hervik | Tlf.: 52 77 47 90 |

Faks: 52 77 47 91 | [email protected] | www.hervik.no

FAGKUNNSKAP GIR TRYGGHETsom kunde hos oss skal du føle deg tryggBadet er et av husets viktigste rom, om ikke det viktigste! Her starter og ender dagen som regel. Det er mye å ta hensyn til enten man skal bygge nytt og inn­rede bad for første gang eller om man skal pusse opp. Vi har rørleggere med lang erfaring som kan gi deg de beste råd om tips om gode løsninger på badet.

Kontakt oss for en samtale, planlegging og et godt tilbud.

Elektriker når du trenger det.............

Stian PedersenElektriker

Mobil nr. 478 98 403

Aibel AS, Tollbugt. 11, 5527 HaugesundTlf. 852 70 000E-mail: *[email protected]

•Nybygg •Påbygg

•Reparasjon•Rehabilitering

Mobil 90 88 22 77

Kvalitet og service i fokus!

• PLANERING • UTFYLLINGARBEID• GRAVING • SPRENGING

Ta kontakt for pristilbud!

Skal du pusse opp?!?Vi leverer kvalitetsmaterialer:

• Sponplater • Paneler • Isolasjon • Trykkimpregnerte materialer

Åpningstider: Man.-fre. 07.30 - 16.00 Lørdag 09.00 - 14.00Tlf. 52 77 51 76

AS

Når du trenger elektriker••El.installasjoner •Varmepumper•Boligalarm

Spøross,viharfagfolkene

Tlf.52779239/mob.98266930,Skjoldastraumen

Har du byggeplaner?Har du byggeplaner?

- fagkunnskap gir trygghet

Even M. Heggland5566 Hervik Tlf. 918 11 [email protected]

B Y G G M E S T E R

Elektriker når du trenger det.............

Dag Jostein KvæstadElektriker

Mobil nr. 452 98 402

Aibel AS, Tollbugt. 11, 5527 HaugesundTlf. 852 70 000E-mail: *[email protected]

Nå leverer du bilvraket ditt til oss!(Vrakpant kr. 2.000,-

utbetales kontant)

Vi holder til på Bøneset Karmøy

Tlf. 52 81 48 10

Åpningstider: man. 07.00 - 18.00tirs. - fre. 07.00 - 15.00

www.metallretur.no

Slipp lyset inn på loftet.

Lagerføres i flere størrelser.

TN Bygg & Snekker-service AS52 72 57 95 - [email protected]

TAKVINDU

Enkelte størrelser

- 30 %

FastelektrikerskalgifærrebrannerOslo (NW): En ny ordning med fastelektriker skal bedre el-sik-kerheten i norske hjem og gi oss boliger som er tilpasset strøm-bruken.

– Det er vanlig med jevnlig kontroll av bilen, helsen og tennene. Men det blir sjelden foretatt kontroll av det elektriske anlegget i boligen. Dette til tross for at fire av ti branner har elektrisk årsak, sier styre-leder Tor-Erling Johnsen i Nelfo, Foreningen for EL og IT bedriftene.Nå har Nelfo gått sammen med Elektroforeningen for å bedre el-sikkerheten i nor-ske boliger.– Verken gamle boliger med skrusikringer, eller nye boliger med det billigste av elektriske instal-lasjoner, er tilpasset dagens høye elektrisitetsforbruk. Store kabelklyser og man-glende overspenningsvern er dessverre vanlig i nor-ske hjem, sier Johnsen.Fra 10. oktober ble det mulig å tegne en fast avtale med en elektriker, som kom-mer jevnlig på kontroll og sjekker at både el-anlegg og elektriske apparater er i orden.Og nordmenn øn-sker ordningen velkom-men, ifølge en undersøkelse utført av Nelfo. Hele syv av ti sier de vil ha en fast elektriker.

Fagmannogrådgiver Elektrikere som tilbyr fast-elektrikeravtale er medlem-mer av Nelfo og oppfyller de nødvendige kompetanse-kravene.– Det koster ingen-ting å ha en fastelektriker, du betaler kun for arbeid som utføres. Avtalen starter med en brannforebyggende el-kontroll som gir et riktig bilde av tilstanden til anleg-get, sier fastelektriker Olav Haugene i STX Grenland.El-kontrollen resulterer i råd og tilbud om tiltak du må gjøre noe med på grunn av sikkerheten. Du får vite hva du bør gjøre og hva du kan gjøre for å øke komfort og funksjonalitet.Fastelek-

trikeren skal gi veiledning om alt fra strømsparende tiltak og styringssystemer, til riktig leselys. Du kan også få råd om bruk og vedlikehold av anlegg og elektrisk utstyr.– I løpet av livet ditt forandrer det elektriske behovet seg kon-tinuerlig. Ominnreder du for eksempel barnerommet til kontor, trenger du trolig strømuttak til PC, printer og leselys. Pusser du opp kjøkkenet, er det påbudt med komfyrvakt. 13 pro-sent av alle branner i Norge skyldes faktisk tørrkoking, sier Haugene.Som boligeier får du jevnlig oppfølging av fastelektrikeren etter avtale. Du får også råd ved kjøp eller salg av bolig.

BoligmappepånettDokumentasjon på alt ar-beid fastelektrikeren ut-fører i hjemmet ditt, blir lagt i en egen boligmappe på nettet.– Norske boliger skifter ofte eier, og kjøperen vet sjelden hva som er blitt gjort av elektrisk arbeid eller at alle forskrifter er fulgt. En mappe som følger boligen vil bety et stort løft for el-sikkerheten, sier ad-ministrerende direktør Jos-tein Skree i Nelfo.Nettopp trygghet og sikkerhet er hva vi legger mest vekt på i vårt forhold til elektrikeren, viser en undersøkelse gjort i forbindelse med EL-løftet.Samtidig forventer vi at elektrikeren er presis, påli-telig og kan gi et pristilbud der og da.– Fastelektriker-ordningen er en ambisiøs satsning for oss, og vi har store forventinger til hva ordningen kan bety for folk flest. Vi sier at sikrings-skapet er boligens hjerte, og fungerer ikke hjertet så fungerer ikke boligen, sier Skree.

Å knytte seg til en fast-elektriker utelukker ikke at du kan benytte andre elek-trikere, men du forplikter deg til ikke å gjøre ulovlige inngrep i el-anlegget.Fast-elektriker i din kommune finner du på www.fastelek-triker.no.

Page 12: Bygg og Bo mars 2012

36 Torsdag 1. mars 2012 Tysvær BygdebladBYGG OG BU

På «Drivhustomta» på Frakkagjerd gra-vast og jobbast det på spreng for tida. Om kort tid vil ein sjå 15 nye bustadar nær Aksdalsvatnet.

Av Alf-Einar Kvalavåg

For eit snautt år sidan besøkte me Urbanhus på Raglamyr. Grunnen var at dei skulle ut-vikle ei av dei mest spanande bustadprosjekta i Tysvær. Nå be-gynnar det å gå seg til og denne veka var det ein travel gjeng frå både Nerheim & Søner og Haugaland Kraft som jobba på spreng. Snart skal ein begynne betongarbeidet.

– Me er i rute og begynner å sjå konturane av prosjektet som skal innehalde 15 einebustadar satt saman i eit tun. Og nå når vegen, leikeplassen og grunnar-beidet er på plass ser me at dette blir bra. Ingen tvil om at dette blir slik som me både håpa og trudde, seier Åse Kristin Foss i Urbanhus.

Kvalitet selSaman med Morten Klunge-land, som har teikna prosjektet, er Foss svært nøgd både med salet så langt, men også med tilbakemeldingane dei har fått.

– Me har prøvd å gjere dette unikt og med strenge krav til kvalitet. Då er det kjekt å få tilbakemeldingar på akkurat dei

Det blir stadig fleire tysværbuar. Er det berre byfolk som flyttar inno-ver?

Av Alf-Einar Kvalavåg

Når Monica Vikse hos Eien-domsMegler 1 oppsummerer sala av dei nye bustadane på «Drivhustomta» på Frakka-gjerd så langt, er det god geo-grafisk spreiing på kjøparane.

– Det er ingen tvil om at det å kjøpe seg hus eller leilegheit i den ytre delen av Tysvær er at-traktivt. Difor visste me, før me opna salet her for Urbanhus, at dette ville vere ein populær stad som er lett å selje. Dei åtte første som har signert kontrakt her kjem frå Sola i sør til Sveio i nord. Eit av husa er selt til ein frå Kopervik, to til haugesun-darar og tre har allereie adresse Førresfjorden. Det betyr at ein legg merke til Frakkagjerd

langt utanfor kommunegren-sene, seier Vikse.

SkuleFor dei aller fleste meklarane er ytre del av Tysvær blitt indrefi-leten når dei skal lage prospekt.

– Men kva er det som gjer området så ettertrakta?

– Her er det mange ting som spelar inn. Det er nærleik til skule, barnehage, butikk, idrettsanlegg, natur og til kommunesentrum i Aksdal. I tillegg er det fem minuttar til Raglamyr og knapt nok ti minuttar til sentrum av Hau-gesund. Det er sjeldan ein kan ramse opp så mange plussar i eit prospekt, seier meklaren som sjølv kjem frå Sveio og har eit lite ankepunkt i tomtepoli-tikken i nabokommunen.

– Eg registrerer at Tysvær prioriterer sine eigne når dei legg ut tomter. I Sveio får ein eit verdibevis når ein er ung, som ein kan nytte til tomtekjøp om ein flyttar heim att etter enda utdanning. Det er sjølv-sagt fritt å lage si prioriterings-

liste, men eg veit det sit mange rundt om som kunne tenkt seg ei tomt her, seier Monica Vikse.

Lettselt15 einebustadar i eit miljø er det Vikse skal selje på Frak-kagjerd denne gongen.

– Før den første muren er støypt har me selt over halv-parten, noko som er uvanleg. Men så er det eit prosjekt som er i eit miljø med 15 bustadar som ligg på ei fantastisk tomt. Det heile er gjort komplett av Urbanhus, slik at kvar bustad blir unik, men samstundes ein del av det ferdige miljøet. Stor-leiken er enten 171 kvadratme-ter eller 186 kvadratmeter i tre og to etasjar, seier Vikse.

– Kan du seie noko meir om kjøparane?

– Utan å gå i detalj i akku-rat dette prosjektet ser me nå at stadig yngre kjøparar har midlar til å investere i bustadar frå 3,6 millionar til omlag fire millionar kroner. Der kor det tidlegare berre var 40+ som var på banen, er aldersgrensa

nå snart kutta med ti år. Men når det er sagt har me interes-serte kjøparar i alle aldrar frå som sagt snart heile Rogaland, avsluttar Monica Vikse.

Monica Vikse kan plukke opp nok eit skilt og skrive «solgt» på. Over halvparten av bustadane på «Drivhustomta» blei rivne vekk.

Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Det «spirer» i drivhus tomta

tinga me har hatt mest fokus på. Me ønskjer å skape oss eit rykte om at vårt namn skal forbindast med kvalitet på heile prosjektet og då er det også eit visst press. Spesi-elt når me får slike tomter å byggje ut som her, seier Klungeland.

– Kor langt er ein komme i arbeidet?

– Nå har ein fått grave ut tomta og gjort ferdig infra-strukturen. Om kort tid vil ein starte betongarbeidet og så kjem snekkarane like etter. Som ein

ser held Haugaland Kraft på med å legge kablar inn til husa, mellom anna breiband. Tar ein med tomtene på haugen bak oss som Hagland Eigendom eig, så har heile dette området nå spanande veker framføre seg,

seier dei to representantane for utbyggjarane.

To verder– Urbanhus har valt å lage hus i to og tre etasjar i eit ferdig tun. Kvifor?

Åse Kristin Foss og Morten Klungeland likar det dei ser så langt. Snart vil det poppe opp 15 einebustadar like ved Aksdalsvatnet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Kor komme dei eigentleg frå?

Page 13: Bygg og Bo mars 2012

Torsdag 1. mars 2012 37Tysvær Bygdeblad BYGG OG BU

Kransar er i skotet som aldri før, og no er det ikkje berre ytterdøra som skal pyn-tast, men også stueveggen. Og trudde du at ein krans er ein krans så tar du feil. Her er fire tips til flotte kransar du lett kan lage sjølv.

Av: Mona Terjesen

1. Berre fantasien sett grenser. Her har me brukt valnøtter for å laga ein litt annleis krans. Dei er lette å få tak i på butikken, kan-skje du til og med har nokre igjen etter jul? Du treng berre ein tjukk ståltråd og litt lim så er du i gong. Både hjar-teform og sirkel er like fint. Her har me også brukt litt kvitmaling utvatna i white spirit på nøttene.

2. Anne Kjersti Aarhus har laga denne flotte bjørkekransen av heilt tynne, fine greiner. Jo større tre med finare greiner, jo betre. Her er det ikkje ein gong brukt ståltråd for å halde grei-nene på plass, så mjuke er dei.

3. Kongler finn me overalt og dei eignar seg godt til å lage krans av. Du må ha heilt tynn ståltråd for å tvinna konglene saman, og ein tjukk som du former som ein sirkel og festar konglene til. Så enkelt er det. Også kongle-kransen er flott med litt kvitfarge. Eller kanskje ein heilt annan farge?

4. Du kan bruke kva slags tresort du ønskjer når du lagar krans. Det kan vere særleg deko-rativt å bruke ein tre-sort med mykje farge, slik som denne raude duggpila. Tresorten har mykje voks på seg så den er lettast å flette i overgangen mellom frisk og tørr.

Heimelaga kransar1.

2.

3.

4.

Det «spirar» i drivhus tomta

– Me meiner at bygga skil seg ut og bryt kvarandre litt av sjølv om dei på mange måtar er like. Saman vil dei utgjere noko komplett som skal vere typisk for oss. Her har me også måtte ta omsyn til at det er to verder som møtast. Me har det urbane knytt til at Frakkagjerd ligg sentralt på ytre Haugalan-det. Samstundes ligg det i naturskjønne omgivingar kor det er nærleik til vatnet og den frie naturen som er her. Så kombinasjonen av det urbane og det naturlige har vore eit tema i planane, seier Morten Klungeland.

– Korleis trur de bustad-utviklinga i Tysvær blir framover, sett frå eit teik-nebrett?

– Tysvær er allereie ein moderne kommune, noko me ser av planane for Aks-dal. Men me trur at dette berre vil bli meir og meir tydeleg i åra som kjem. Når stadig yngre kjøparar kjem på banen vil det vere nye utfordringar knytt til bustadane.

– Kva med området her på Frakkagjerd kor det er

mange planar. Kva vil skje her?

– For det første er det trist at ein har næringsområdet som ligg på begge sider av hovudvegen. Draumen for alle som driv i vår bransje hadde sjølvsagt vore å flytta den biten til ein nærings-park. Men det skjer ikkje, og det som er mest sannsynleg dei neste åra er ei fortetting på dei nåverande bustad-felta. Det vil skje her kor me står dag, men også elles på Frakkagjerd. Så er det pro-sjekter nede ved fjorden og litt her og der. Så bustadbyg-ging på Frakkagjerd vil det vere i mange år framover, seier Åse Kristin Foss og Morten Klungeland.

– Og det med Urbanhus som ein ivrig trendsettar?

– Me får håpe det. Her likar me oss godt, smilar dei to og tar ein ny kikk på «Drivhustomta», som nå opplever ein ny vår.

Åse Kristin Foss og Morten Klungeland likar det dei ser så langt. Snart vil det poppe opp 15 einebustadar like ved Aksdalsvatnet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

«Urbanhus har valt å lage hus i to og tre etasjar

i eit ferdig tun» Morten Klungland

– Kor komme dei eigentleg frå?

Page 14: Bygg og Bo mars 2012

38 Torsdag 1. mars 2012 Tysvær Bygdeblad

Kommer snart!Følg med for info

Lundal PanoramaPÅ FRAKKAGJERD

A.Utvik AS, Kong Augvaldsv. 8A, 4262 AVALDSNES, Tlf 52 84 65 70, Fax 52 84 65 71

Flotte leilighetsbygg med unik utsikt kommer snart for salg på Frakkagjerd! Følg med for mer informasjon

Lundal Panorama består av 30 stk fl otte selveierleiligheter på Frakkagjerd med unik utsikt over Aksdalsvannet. Prosjektet har 2 bygg med totalt 30 leiligheter fra ca. 60 m2 - 125 m2. Prosjektet har universell utforming med lukket garasjeanlegg og heis.

Utvalgte leiligheter får store terrasser, så vær tidlig ute!Følg med fremover på www.a-utvik.no for mer informasjon.

Page 15: Bygg og Bo mars 2012

Torsdag 1. mars 2012 39Tysvær Bygdeblad

Mesterhus får du ikke lengrepå Raglamyr, vi finnes nå i Haugesund sentrumog på Liaheia i Skjold.

Kontakt:Isdahl & Skogland Hus iHaugesund - tlf 52 71 60 44Haugesund - tlf 52 71 60 44

Kalstveit & Vik i Tysværtlf - 52 76 72 00

Mesterhus får du ikke lengrepå Raglamyr, vi finnes nå i Haugesund sentrumog på Liaheia i Skjold.

Kontakt:Isdahl & Skogland Hus iHaugesund - tlf 52 71 60 44Haugesund - tlf 52 71 60 44

Kalstveit & Vik i Tysværtlf - 52 76 72 00

Mesterhus får du ikke lengrepå Raglamyr, vi finnes nå i Haugesund sentrumog på Liaheia i Skjold.

Kontakt:Isdahl & Skogland Hus iHaugesund - tlf 52 71 60 44Haugesund - tlf 52 71 60 44

Kalstveit & Vik i Tysværtlf - 52 76 72 00 DU FINNER OSS I HAUGESUND SENTRUM

OG PÅ LIAHEIA I SKJOLD!

Kontakt: Kalstveit & Vik i Vindafjord - tlf. 52 76 72 00Isdahl & Skogland Hus i Haugesund - tlf. 52 71 60 44

Bygg AS

Sundgata 167, 5527 HaugesundTlf. 52 72 60 70 47 64 94 07

VESTLANDSVINDUET

ENOVA ANBEFALER:Å SKIFTE VINDUER

Å ETTERISOLERE - SKIFTE KLEDNING

Vi har lang erfaring og gunstige priser. Kontakt oss i dag!

[email protected] – www.byggmv.no

Ferdigbetong Vindafjord 53 77 52 00Tysvær 52 77 45 50Stord 53 40 90 30

ElementbyggSandeid 52 76 13 95

Mur og Hage- Grunnmursblokk- Forskalingsblokk- Stablemurer- Belegningsstein- Heller- TONA skorsteinHaugesund 52 72 65 90

Hovednummer 53 77 52 00

SPRENGING • GRAVING • PLANERINGBortkjøring og tilkjøring av masse:

SUBB • STEIN • MATJORD • GRÅSTEINSMURING

Nils Magne: 992 29 283, 52 77 93 15 Roald: 918 46 186 Øyvind. 992 29 282

El-sjekkenKomplett sjekk fra:

kr. 2.300,-

Kan gi rabatt på forsikring!

Tlf. 52 77 90 40 - www.hegevold.com

Innvendige trapper

lages etter

spesialmål

Ølen Trevare asDommersnes, Vikebygd

Tlf. 53 76 84 45Fax. 53 76 87 87

[email protected]

Innvendige trapper

lages etter

spesialmål

Ølen Trevare asDommersnes, Vikebygd

Tlf. 53 76 84 45Fax. 53 76 87 87

[email protected]

Page 16: Bygg og Bo mars 2012

Prosjekt Service

Alt innen elektrotekniske arbeider

Bravida HaugesundRennesøygt. 125537 HaugesundTelefon: 52 70 51 80Servicetelefon: [email protected]

Bravida er en betydelig aktør i prosjektmarkedet på Haugalandet og ønskerå bidra til at byggene vi er med på blir levert med høy kvalitet, til riktig tidog til riktig pris.Trenger du hjelp med installasjon av en ny eiendomsteknisk løsning?Allerede før selve installasjonen begynner, kan vi hjelpe til med både analyse, design og prosjektering. Vi kan levere all sterkstrøm og svakstrømpå bygget. Alt du trenger for å drifte bygget på en energieffektiv og sikkermåte.Med oss som partner kan du føle deg trygg. Vår kompetanse og erfaringborger for kvalitet og god økonomi, både når det gjelder selve inves-teringen og den fremtidige driften og vedlikeholdet.Stor kunnskap, lang erfaring og en bred produktportefølje med markedetsledende fabrikat, gjør at vi kan finne løsninger som oppfyller de mestskiftende installasjonsbehovene.Vi har dyktige prosjektledere, anleggsleder og montører som er sværtgode på å gjennomføre prosjekt. Våre systemer hjelper oss til å følge oppprosjekter både når det gjelder planlegging, fremdrift og økonomi.

Har du en installasjon som trenger service? Du har kanskje en eldre bygning som trenger renovasjon, vedlikehold eller justeringer? Eller har duen ny installasjon som trenger jevnlig tilsyn? Vi påtar oss både store ogsmå oppdrag og tilbyr serviceavtaler for alle typer installasjoner innenelektro.Med regelmessig tilsyn og skjøtsel holder en installasjon lenger, og med feil-rettende og planlagt vedlikehold kan du forsikre deg om at driften op-timeres. Vårt internkontrollsystem gir deg en trygghet og sørger for ensikker og trygg drift for mennesker og utstyr.Vi utfører både store og små serviceoppdrag, og takket være veldefinertemetoder og verktøy for tilbudet vårt, kan du være sikker på at du får effektiv teknisk service av høy kvalitet, uansett hvilket av våre kontorer duvelger å henvende deg til. Ved å tegne en serviceavtale med oss kan vi i fellesskap sørge for at anlegget ditt utnyttes optimalt. Vår veltrimmede organisasjon kan ogsåhåndtere akutte problemer – for eksempel driftsforstyrrelser – hvis detskulle oppstå.