26
Jens Johan Hyvik og Stephen J. Walton (red.) 'Der var ruskut å leggja utpå' Ti år med mastergraden i nynorsk skriftkultur NOVUS FORLAG OSLO – 2013

Der var ruskut å leggja utpå

  • Upload
    others

  • View
    4

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Jens Johan Hyvik og Stephen J. Walton (red.)

'Der var ruskut å leggja utpå'

Ti år med mastergraden i nynorsk skriftkultur

NOVUS FORLAGOSLO – 2013

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:40 Side 3

© Novus AS 2013.

ISBN 978-82-7099-716-9

Boka er utgitt med støtte frå Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda

Artiklane i boka er vurderte av fagfelle, med unntak av dei som har vore publisertetidlegare (dvs. artiklane til Angell, Burgess, Hide og Skirbekk).

Omslag : Geir RøssetOmslagsillustrasjon: © Joachim Angeltun, iStockphoto.com

Det må ikkje kopierast frå denne boka utover det som er tillate etter Lov omopphavsrett til åndsverk, Lov om rett til fotografi og Avtale mellom staten ogrettighetshavernes organisasjoner om kopiering av opphavsrettslig beskyttetverk i undervisningsøyemed.

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:40 Side 4

Toril Opsahl – Innleiing

Bidraget mitt kom til i vekene etter at eg den 26. mars 2012 vart invitert til åskrive i jubileumsskriftet. Delar av innhaldet i teksten er henta frå doktorav-handlinga mi, som eg leverte våren 2009. Avhandlinga tar primært føre segmorfo-syntaktiske trekk ved talespråket til ungdommar i multietniske språk-miljø i Oslo aust, men inneheld òg element som peikar i retning av ein meirpraksisorientert semantisk basert interaksjonell sosiolingvistikk. Det er dennesiste dimensjonen eg har hatt særleg stor glede av å utvikle vidare i denne teks-ten, mellom anna gjennom å sjå nærmare på korleis ungdommane handsamarstereotypiar og identitetskategoriar i stiliseringssekvensar i samtale.

Tidsaspektet har ikkje opna for djuptpløyande analysar, men eg freistar åtrekkje parallellar mellom framvoksteren av multietnolektiske stilar og tidlegareoppnorskings- og målreisingsprosjekt. Eg testar ut tankar om at dagens utvik-lingsprosessar i urbane, multietniske språkmiljø gjer at problemstillingar somhar hatt relevans for nynorsk målreising generelt, og på Austlandet spesielt,vert (re)aktualiserte. Eg argumenterer for at mangfald – både som idé og somspråkleg praksis – er nedfelt i ein rik nynorsk tekstkultur der det er viktig åhegne ikkje berre om kvaliteten, men òg om kvantiteten av bidraga frametter.

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 207

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 208

Austlandsk (gjen)reising og ny norsk (sic)

Toril Opsahl

Parallellar i mål og meining

Målreisinga frå grunnleggingsåra midt på 1800-talet og fram mot hundreårskiftetfekk – sjølv om det kan sporast ein viss motstraum med tendensar til ei oppvur-dering av bydialektane – ein temmeleg eintydig ideologisk profil som ei bygdereis-ing med bydialektar og det urbane som motpol (Hoel 2009: 179). Det varby–land-motsetnaden Bjørnstjerne Bjørnson appellerte til når han skulle mobiliserehovudstadsbuarane til kamp mot landsmålet. Bjørnson appellerte òg til det Hoel(2009: 287-288), med støtte mellom anna hjå Kjeldstadli, karakteriserer som då-tidas innvandringsmotstand: innflyttarmotstanden. Parallellen mellom innflyttarog innvandrar kjem òg til uttrykk i at ”segregeringsstrategien som prega innflyt-tarmiljøa med norskdomsrørsla i spissen i 1899, har (…) sterke fellestrekk medstrategien til somme av dagens innvandrarmiljø.” (Ibid.)

Hovudbolken av denne artikkelen tar for seg ulike aspekt ved framvoksterenav nye måtar å snakke norsk på – såkalla multietnolektiske stilar – i fleirkulturelleungdomsmiljø i Oslo. Forskinga eg presenterer, er henta frå Oslo-delen av det na-sjonale sosiolingvistiske forskingsprosjektet Upus (’Utviklingsprosessar i urbanespråkmiljø’, 2005–2009), som nytta både strukturelle og funksjonelle forskings-tilnærmingar til språk og praksis i urbane ungdomsmiljø. Som mellom anna inn-leiingsavsnittet syner, er korkje parallellen mellom ”innvandrar” og ”innflyttar”eller spenninga i relasjonen mellom oppnorsking og målreising i rurale og urbanekontekstar noko nytt.

Eg vil hevde at jamvel framvoksteren av multietnolektiske stilar har parallellarbåde til historiske oppnorskings- og målreisingsprosjekt. Eit døme på det første erden unge rapparen DannyBoy som seier reint ut at ”Det er vi som er Wergelandnå”.1 Eit døme på det andre er skildringa ein av ungdommane som deltok i Upus-prosjektet, Anders, gir av opphavet til språkformene: ”Det kommer jo ut ifra e nyekulturer og (.) sånn ikke sant og på en måte e (.) felleskapet har (.) utvikla det språ-ket der. Det er fellesskapet som (.) liksom vi tar og vi gir til hverandre for det er

1. Tittel på føredrag DannyBoy heldt saman med språkforskar Bente Ailin Svendsen på NRKs fagdag4. juni 2009.

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 209

det vi har og (.) det har blitt et språk ut av det.” Eller som ein annan gut, Farid,uttrykkjer korleis det rett og slett dreier seg om ”en hel masse kulturer som har (.)blitt splætta til én greie liksom”. Språkformene som oppstår i urbane, multietniskemiljø, er truleg både eit resultat av ei viljesstyrt mål- og identitetsreising, og avmeir eller mindre umedvetne akkommodasjonsprosessar på mikroplan – og nivel-leringsprosessar på eit makroplan.

Koht skriv i 1913 (sitert i Jahr 1978: 51) at: ”Landsmaale har aldri vore heiltlandsmaal. Det har aldri teke like umsyn til heile landet. Det har alltid bygt meirpaa dei folkefatige fjellbygdene enn paa dei folkerike utbygdene og byane. Dettehar alltid vore til skade for maalsaka.” Vi skal sjå nokre døme på at det ikkje varlike greitt å finne seg til rette i (det dominerande) målreisingsprosjektet for eintalar av folkeleg bymål, og døme på at det ikkje var – og er – greitt for austlendingargenerelt. Skildringa Olaf Almenningen gir av historia til Austmannalaget (Almenn-ingen 1999), syner at til tross for ein vedvarande lojalitet til eit nasjonalt lands-målsprosjekt, har målrørsla på Austlandet (til liks med Trøndelag) heilt frå førstestund av og vidare frametter har hatt særlege utfordringar knytt til den grunnleg-gjande motsetnaden mellom einskap og mangfald i nynorsken.

Eg vil freiste å syne korleis dagens utviklingsprosessar i urbane språkmiljø gjerat problemstillingar som har hatt (og kan hende har?) relevans for nynorsk mål-reising generelt – og på Austlandet spesielt – vert (re)aktualiserte. Døma og paral-lellane eg presenterer, er ikkje eit forsøk på å gi noko fullstendig samanlikning elleranalyse2, og sjølve framstillinga har nok eit visst essayistisk preg. Eg håpar sam-stundes at samanstillinga av element kan bidra til å belyse skiftande erfaringar ogposisjoneringar knytt til storleikar som marginalisering, norskdom, aust/vest- ogrural/urban-distinksjonar. Med synkrone briller på nasen gir det òg meining å skis-sere parallellar mellom (nye) språklege minoritetar og nynorsken sin status somminoritetsspråk (Bull 2004, Øvrebotten 2004). Men aller først skal vi ein tur påpuben.

”Bare en gjeng med bønder”

Eit lunt og triveleg pubmørker omsluttar muntre menneske som fredagstrøytte,men smilande solar seg i gjenskinet frå gyllen drikke i glasa seinvinteren 2012.Quizmasteren si røyst sprakar over høgtalaranlegget. ”Spørsmål 17: I kva for eitfylke vart Ivar Aasen fødd?” Skraping med stolar og tillaup til fresande mumling ikrokane. (”Utruleg vanskeleg.” ”Korleis skal ein kunne vite det, liksom?”) Mum-

210 TOR I L OP S AH L

2. Ei grundig analytisk handsaming av fleire av målreisingsparallellane eg trekkjer fram, finn ein hjåHoel (2009).

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 210

linga om vanskegraden kjem frå menneske som utan blygsel seinare kastar seg uti diskusjonar om flateinnhaldet til Mali, one hit wonder-bandet ”Men withouthats”, arkitekten bak Grand hotell og olympiske sølvmedaljørar. Quizlaga skal rettefor kvarandre, og nabolaget har skrive svaret ”Telemark” på spørsmål 17, ser eg.Og dei er ikkje aleine om det. Det skal nemnast at eit av laga svara ”Ørsta”. Mendet er ikkje noko fylke, så det spørs om dei får poeng.

Tilstandsrapporten er henta frå Bohemen sportspub i Oslo, kjend som denandre heimen til supporterar som har donert hjarta sine til austkantklubben Vå-lerenga. Av talemåla som svirrar rundt under den dunkle takbelysninga, finn vi eitbreitt dialektmangfald, og meir enn mange andre stader òg døme på klassiske os-lomålstrekk som føreleddstrykk, tjukk l og fortidspartisippen –i i sterke verb. Kjær-leiken til Oslo aust, reminisensar av tradisjonell arbeidaridentitet og eit språkleguttrykk for denne, kopla mot ei varm omfamning av mangfaldet som er represen-tert gjennom moderne migrasjon, kjenneteiknar (og her tar eg sjansen på ein ge-neralisering) dei fleste Enga-supporterane.

Halvdan Koht skriv i 1921 dette om arbeidarreising og målspørsmål: ”Det erofte rart å legge merke til, at endå bønderne har vunne så langt fram i stats- ogsamfundsmakt som dei har gjort, så møter dei endå ikkje så sjeldan vanvyrdnadhjå byfolk, og arbeidarane, som slett ikkje har slik ei velmakt, er mang ein gongmed i denne vanvyrdnaden, – det har eg sjølv sét, og eg tenker dei fleste må sannedet. Sjølve ordet ”bone” kan ein titt høre uttala med vanvyrdsleg klang, og det kanbli nytta til skjellsord som ”grautbone” eller ”potetbone”” (Koht 1953: 186). PåBohemen sportspub – og ikkje minst på Vålerenga sine heimekampar, finn vi fram-leis ytringar med vanvyrdsleg klang: Nidviser som ”Har du traktor og ljå holderdu med LSK, har du øl og er gla’ holder du med Vål’enga”, og mantraet ”Baaareen gjeeng med bønder” brølt over mot motstandartribunen for å kneble suppor-terropa deira, er berre to døme.

Denne måten å nytta ”bonde” som skjellsord på kan ein nok forklare som delav ein særeigen fotballsupporterdiskurs, og den er på ingen måte ekskluderandefor deltaking i fellesskapen. Supporterforeininga til Vålerenga – ”Klanen” – harmedlemer frå heile Noreg (jamvel frå Lillestrøm, som får gjennomgå i nidvisa ovan-for, og jamvel medlemer i Noregs Mållag). Verre er ytringar som avslører ei formfor skylappmentalitet, med det urbane Austlandet som verdas navle og Arbeidar-partiets mantra ved inngangen til trettiåra – ”By og land, hand i hand” – som einsaga blott: I den eine enden av denne skalaen finn vi Iselin, ein av deltakarane ivårens utgåve av den (sosial-)pornografiske TV3-serien ”Paradise hotel” (som ikkjelegg skjul på at ho aktar å nytte eventuelle premiepengar på silikonbryst). Ho ytrafølgjande då ein ung gausdøling sjekka inn på hotellet: «Herregud, han nye høresut som han kommer fra landet, der de bruker brønn for å få vann og sånn». I denandre enden finn vi – kan hende verre – annonsørar i riksdekkjande mediekanalar

AU S T L AND S K ( G J E N ) R E I S I NG OG NY NOR S K ( S I C ) 211

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 211

som refererer til vêrforholda kring Marienlyst som om dei var landsgjeldande. (Eitdøme som på sett og vis er vorte ein klisjé, men som like fullt er levande.)

Martin Tranmæl skreiv i Ny Tid i 1899 ”[at] landsmaalet ved mere at hævdesog komme til sin ræt, vil hjælpe arbeideren til at ha lettere for at udtale sig og deltai de offentlige ting. Dette gjælder omtrent ligesaa meget ogsaa for byerne, hvor enstor del af arbeiderne er indflyttede folk” (sitert i Jahr 1978: 28). På pubkveldenpå Bohemen godt og vel hundre år seinare finn vi få spor av den naturlege ogemansipatoriske koplinga Tranmæl såg for seg mellom arbeidarar i byen og lands-mål, iallfall om ein skal døme ut ifrå quiz-kunnskapen om Aasen si livssoge. Kohtsi forklaring på at ”bonde” vert nytta som skjellsord, er at ”bymannen med sittrappare, meir omskiftlege liv kjenner seg gjævare enn den konservative bonden”(Koht 1953: 186). Kulturmotsetningane som ligg bak ein slik konklusjon, har nokabsolutt noko føre seg. Ein kan spore sosialradikale straumdrag i målreisingsarbei-det allereie i 1870-åra, som i Olaus Fjørtofts påpeiking av at arbeidaren på gatahar eit mål likså vel som bonden, som vi alle må ta omsyn til, og at ei nyreising påbreiare, folkeleg grunnlag ville vere ein naturleg veg å gå. Men det er vel eit svip avkonservatisme tufta på nasjonal ideologi som først og fremst kjenneteiknar den”offisielle” målreisingslinja på denne tida (jf. Jahr 1979: 40), sjølv om ein, somHoel (2009: 161ff ) gjer, kan skildra målrørsla sin plass i det ålmennpolitiske land-skapet som ein stad mellom radikalisme og konservatisme. Her er det òg eit annapoeng det er verd å merke seg, nemleg dei ulike sosiale forholda knytt til korleissjølve bondestanden var ulikt organisert på Aust- og Vestlandet i 1870- og 80-åra,der Austlandet var prega av storbønder som nok kjende eit sterkare fellesskap medembetsmennene enn den demokratiske bonderørsla, slik ho kom til uttrykk påVestlandet mellom sosialt liktståande bønder (jf. Jahr 1978: 18).

Talarar av austlandsk folkemål generelt – og kan hende bymål spesielt – stårsåleis under eit dobbelt press, som kan illustrerast med ein anekdote Geirr Wiggenfortalde i 1977: ”Jeg har blant annet truffet ei ung jente fra Kampen som søktejobb etter endt handelsskole, men som ble avvist flere steder fordi hun hadde Os-lomålets naturlige trykk på første stavelse, altså ”kontor” for eksempel. Det er opp-rørende (…) Ville Nordengen eller Kåre Willoch finne seg i det, om de skulletvinges til å si ”kontor” for å få den jobben de ønska?” (Vikør & Wiggen 1979:186)At dette er opprørande, er det ikkje vanskeleg å vere einig i. Og det er heller ikkjevanskeleg å sjå korleis den tette sambuarskapen med riksmålet som Wiggen skild-rar, kan vere ein spire til radikalisme. Før 1905 såg Tranmæl for seg målreisingsom eit emansipatorisk prosjekt som passa som fot i hose med arbeidarreisinga.Koht (1953: 191) sin spådom var òg at ”når arbeidarane i byane får syn for at dettefolkemålet er deiras mål òg, då kjem snart byane òg med i reisinga”. Tranmæl mo-dererer seg kraftig, og konkluderer i 1916 med at ”maalbevægelsen holder paa atbli en av de mest frihetsfiendtske og utiltalende bevægelser i vort land”, og held

212 TOR I L OP S AH L

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 212

rørsla fram slik, ”vil og maa [arbeiderne] opta kampen mot den” (sitert i Jahr 1978:28). I den grad ein framleis kan tale om tradisjonell arbeidar(klasse)identitet i2012, er det truleg på Bohemen sportspub (sjølv om quiz-kveldane nok tiltrekkjerseg eit breiare segment av oslofolk). Og her finn vi få spor av nynorsk målreising,for å seie det mildt, så Koht sin spådom er nok gjort til skamme, noko han sjølvòg raskt kom fram til: ”Det [en kløvning mellem bonde og arbeider] er en storfare, større enn kløvningen mellem østland og vestland” (op.cit: 52). Det skal nem-nast at heilt fråverande er nynorsken likevel ikkje i Bohemen sitt pubmørker i2012.

Aust-Landet

Vi skal forlate pubmørkret og folkeleg bymål for ei lita stund, og bevege oss nord-over langs flatbygdene ein bit. Eit par veker inn på nyåret 2012 vart det skipa tilein såkalla ”Facebook-event”, der det vart oppmoda om at alle skulle skrive nynorskpå Facebook ei vekes tid. Dette hende i kjølvatnet av Kristin Halvorsens utspelom å fjerne sidemålskarakteren som lekk i fornying og omstrukturering av norsk-faget i skulen, og fleirfaldige deltakarar kasta seg uti det. Følgjande oppsummeringdukka opp på veggen3 til ei pennefør kvinne på Eidsvoll då veka var omme: ”Davar ’nynorskveka’ over. Jeg har lært tre ting: 1) Jeg kan mer nynorsk enn jeg tror;2) Å skrive nynorsk er litt som å kle seg ut som Kari Sørbø – morsomt, men ikkehelt meg; 3) Uansett hva jeg har skrevet om i ”nynorskveka”, har det endt oppmed en diskusjon om språk. Nå er det bare å vente på gammelfranskuka!”

Det høyrer med til historia at Eidsvoll-skribenten er ein kløppar i gamalfransk.Men viktigare er det at ho (heilt eksplisitt i si etterlysing av gamalfranskveka) ogandre deltakarar i Nynorskveka i deira fleirfaldige uttrykk for frykt for raudpennenog å skrive ”feil”, opplever nynorsken som eit slag framandspråk. Det er freistandeå løfte fram det paradoksale i at Eidsvoll, som må seiast å kunne vekkje nasjonalekonnotasjonar, i vår tid fostrar intellektuelle som evaluerer ei målform reist medutgangspunkt i ein nasjonal ideologi, som framand.

Det var på Minne (i dag Minnesund) at Eivind Berggrav heldt talen som gjernevert oppfatta som startskotet for tilskipinga av Østlandsk reisning for nestenhundre år sidan. Eidsvoll inneheld ikkje berre vogga, men jamvel ei av gravstøttenetil Østlandsk reisning: Ideen om eit austlandsk kultursentrum der austlandsk fol-kemål kunne kome til sin rett, mellom anna gjennom framdyrking av bruken av

AU S T L AND S K ( G J E N ) R E I S I NG OG NY NOR S K ( S I C ) 213

3. Facebook er ikkje allemannseige, så ei stutt forklaring på kva ’veggen’ er, er kan hende på sin plass:Det er kort fortalt det offentlege ”andletet” ein har, der ein delar lenkjer og kommentarar, og der detautomatisk kjem oppdateringar om kva handlingar ein gjer, og kva for hendingar ein deltek i, i Fa-cebook-samfunnet.

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 213

dei valfrie formene i 1917-reforma, var sterk blant somme av skiparane av Eidsvolllandsgymnas. Gymnaset stod ved opninga i ein situasjon der to personar kniva omrektorstillinga. Fleirtalet i forstandarskapet innstilte Torgeir Krogsrud, austlendingog redaktør for bladet Østaglett, men vart overkøyrd frå departementalt hald.Johan Fredrik Voss (som saman med Olav Riste stifta Volda private millomskoleog gymnas i 1910) fekk stillinga. Ønsket om lærebøker med valfrie former vart –for landsmålet sin del – avvist av Voss.

Sjølvsagt ville (og vil?) ikkje alle målfolk sjå dette som eit nederlag, men snararesom ei etablering av ein ny skanse for målreising mot riksmålsspøkjelset austafrå.Skildringa Jarle Simensen gir av kvardagslivet på Eidsvoll landsgymnas tydar likevelikkje på at det vart gjort særlege framstøyt for å ”plante over målet vestanifrå”: ”Imotsetnad til det ein høyrer frå somme andre stader vart det aldri noe varmt for-hold mellom landsgymnaset og bygda Eidsvoll. Sett utanfrå var gymnaset eit fra-mandelement, ein statsinstitusjon som var dumpa ned på Vilberg-jordet, understyring frå departementet, med ein lærarstab av nynorsktalande innflyttarar. (…)[Lektorane] omgikk helst kvarandre, og få var med i foreiningsliv i bygda.” (2007:129f ) Jamvel her ser vi med andre ord tillaup til ei form for segregeringsstrategisom prega (delar av) norskdomsrørsla i byane ved inngangen til det 20. hundreåret(Hoel 2009: 288).

”En dott ved siden av en overmægtig kompagnon”

Overskrifta ”en dott ved siden av en overmægtig kompagnon” kan i 2012 lausrivestå som uttrykk for den kjensla av marginalisering ein vestlending kjenner når vêr-forholda på Marienlyst vert løfta fram som riksnyhende. Eller når ein austlandskbonde entrar Paradise hotel og opplever at talemålet hans vert assosiert med pri-mitivisme og manglande innlagt vatn. Den kan skildra kjensla til den nyleg utek-saminerte handelsskulekandidaten Wiggen fortalde om, som ikkje fekk arbeid påkontor. Og den kan òg vere aktuell om ein i dag som (urban) austlending trer inni delar av Nynorskland – sjølv når pennen er kvesst til nynorskbruk. Om dei ”frå-falne” austnorske forfattarane som skifta attende til riksmål av di dei ikkje fannspråkleg armslag innanfor landsmålsrammene, sa Geirr Wiggen i 1977 at ein ”ien sterkt vestlands-dominert skriftnorm (…) ikke [skal] vente at osloenseren utenvidere føler seg hjemme” (Vikør & Wiggen 1979: 186). Når folkemålsformer einkjenner seg heime i, blir haldne utanfor, og ein som austlending (og her kjem over-skrifta i sin opphavlege, historiske kontekst: frå Berggrav i Minne-talen) kjennerseg som ”en dott ved siden av en overmægtig kompagnon” (les: Vestlandet) (jf.Jahr 1978: 42), er det ikkje vanskeleg å sjå for seg ei rutsjebane ned til framand-gjeringa. Den utbreidde bygdeskepsisen mot byar og byvekst var truleg ei av dei

214 TOR I L OP S AH L

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 214

sterkaste drivkreftene bak den sterke nynorskframgangen dei to fyrste tiåra på1900-talet, skriv Hoel (2009: 552).

Éi forståing av omgrepet ’målreising’, slik den òg kjem fram i Tranmæl sittemansipatoriske prosjekt sitert innleiingsvis, er: ”å vedkjenne seg morsmålet sittog bruke det i tale og skrift. Det er ei personlig frigjøring” (Vikør & Wiggen1979: 185). Ein kan vanskeleg nekte for at marginaliseringa og erfaringa meddagleg å verte konfrontert med ei skriftnorm ein ikkje kjenner seg heime i, i dagpassar om ein nynorskbrukar, same kor vedkomande kjem frå. Det er helleringen tvil om viktigheita i påstanden om at ”[e]in politikk tufta på eit oppriktigønske om å sikra ein levande nynorsk språkkultur for framtida [difor] må […]omfatta tiltak som er særleg innretta på å støtta opp under nynorsk språk”(St.meld. nr. 35 2007–2008: 196). Men det er likevel greitt å hugse orda Berg-grav visstnok òg ytra i Minne-talen om at ”[m]e skal ikkje fara aat som Maal-mennerne paa Vestlandet og setja nokon utanfor” (Jahr 1978: 67). Kjensla avmarginalisering var med andre ord gjeldande for austlendingar, både i flatbygdog by på byrjinga av 1900-talet. Her er det sjølvsagt viktig å halde tunga rett imunnen og hugse at vi står overfor eit komplekst samspel av ulike historiske ogideologiske føresetnader. Parallellane eg skisserer, er til dels overflatiske. Sam-stundes vil eg minne om at det – i eit historisk perspektiv – ikkje alltid er likeopenbert kven som til eikvar tid passar best i rolla som den store, stygge margi-naliserings-ulven. Men det er viktig òg å påpeike at det ikkje berre var (segrege-rande) innflyttarstrategiar som kjenneteikna målreisingsarbeidet retta mot byane.Hoel (2009: 551) skildrar fleire framstøyt og strategiar som vart tekne i bruk iåra fram mot og etter 1900, men ingen av dei nådde fram: ”Målrørsla stangaaltså hovudet i bymuren.”

Norsk, norskare, norskast

”Heilt opp til våre dagar,” skriv Tove Bull, ”hevdar somme at einast nynorsk harden historiske retten til å bli kalla ’norsk’” (Bull 2004: 39). ”Det er rimelig å tru”,skriv Jahr (1978: 18), ”at mye av uviljen mot landsmålet hos mange på Østlandet,skriver seg frå omtalen av østlandsmåla som mindre brukelige i nasjonal sammen-heng.” Jahr siterer vidare Vetle Visle i eit av dei første skrifta Austmannalaget sendeut etter tilskipinga, der han slår fast at ”[d]et er sjølvsagt at ikkje alle bygdemaal erlike gode i norsk meining”. Her må vi sjå ”norsk” med dåtidas briller. Dei meireller mindre ubrigda banda attover i målsoga fann Aasen dei sterkaste spora av påVestlandet, og slik sett er termen stoverein i samanhengen. Som ein som daglegarbeider vidare på Aasen sitt leksikografiske prosjekt, kan eg skrive under på ge-nierklæringa av han. Samstundes er det spennande tankar som veks fram av Einar

AU S T L AND S K ( G J E N ) R E I S I NG OG NY NOR S K ( S I C ) 215

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 215

Lundeby sitt hypotetiske spørsmål: ”Hvordan hadde forholdene blitt dersom Aasenhadde vært østlending?” (Lundeby 1979: 27)

Ein kan i dag vanskeleg seie seg ueinig i motivasjonen bak ei målreising somlegg vekt på at austlendingen vil reise målet sitt ”tå di at han er nordmann og vilvera norsk”, heller (Koht 1953: 175). I samband med ein diskusjon kring etniskeog nasjonale dimensjonar i den norske målstriden spør Hoel: ”Korleis kan ein idet heile forsvara at ein strid mellom nordmenn, innanfor dei norske grensene ogutan framande makter som på noko vis prøver å påverka eller gripa inn, kan kallastein ’nasjonal’ strid?” (Hoel 2009: 564).

Norskdomsideologien som drivkraft i nynorsk målreising miste så å seie all sityngd etter krigen, og krafta i det nasjonale argumentet ser ut til å ha tapt seg alti mellomkrigstida (Hoel 2009: 567). I den neste bolken av denne artikkelen skalvi sjå at norskdomsspørsmålet kan seiast å ha vakna til live i ei ny drakt. Kjenslaav marginalisering som har vore gjeldande for talarar av folkemål og skrivarar avnynorsk både i by og bygd, og både austa- og vestafjells til ulike tider og i ulikemiljø, er høgst aktuell i 2012, men no i samband med framvoksteren av ein nynorsk.

Ny norsk

Framvoksteren av nye måtar å tale majoritetsspråka på i multikulturelle miljø istorbyar er no kjend og skildra i fleire europeiske land. Svenskane var tidleg ute,og her står Ulla-Britt Kotsinas sitt pionerarbeid frå den innvandrartette Stock-holmsforstaden Rinkeby i ei særstilling (jf. t.d. Kotsinas 1988, 1996). Ho var eiav dei første som synte at språkformene som oppstod i fleirkulturelle miljø, ikkjevar uttrykk for mangelfull innlæring av majoritetsspråket, men kunne reknast somein eigen varietet, som mellom anna oppstod som ein viktig lekk i ungdommanesi fleirkulturelle identitetsskaping. Det tok ei stund før tilsvarande forsking vartstabla på beina i Noreg. Lenge var det berre det leksikalske nivået som vart dekt,gjennom studium av korleis lånord og slang frå ymse innvandrarspråk dukka oppi talen til ungdommar i multietniske miljø. Oslo-delen av Upus-prosjektet synteat ikkje berre leksikon, men òg morfo-syntaktiske, fonologiske og særmerkte prag-matiske drag kjenneteiknar språkbruken til ungdommar i multietniske miljø i ho-vudstaden (jf. t.d. Svendsen og Røyneland 2008, Opsahl 2009a, Aarsæther 2010).Ungdommane som deltok i Upus-prosjektet, er alle fødde i Oslo. For fleire av deigaldt dette foreldra òg, medan mange hadde ein eller to utanlandsfødde foreldre.

Eit av dei viktigaste funna prosjektet kunne leggje fram, var korleis bruken avdei multietnolektiske trekka ikkje var knytt til etnisitet eller språkbakgrunn i nokoein-til-ein-samhøve. Også ungdommar med norsk som (einaste) morsmål nyttar

216 TOR I L OP S AH L

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 216

multietnolektiske språkdrag. Upus-prosjektet nytta både strukturelle og funksjo-nelle tilnærmingar til det dei valde å kalle framvoksteren av ein multietnolektiskstil.

Strukturelle kjenneteikn ved ein multietnolektisk stil

Det som vel først spring ein i øyra når ein møter talarar av norsk i multietniskeungdomsmiljø, er eit særskilt tonefall, ofte karakterisert som ”stakkato”-aktig, ogbruken av lånord frå innvandrarspråk. Men det stoppar ikkje her. Dei strukturelletrekka som vart påviste, gjeld mellom anna syntaks, der bruken av setningar medbrot på den såkalla V2-regelen – det at det finitte verbet alltid kjem på andre plassi utsegnssetningar – var utbreidd. Særleg etter innleiande adverbial som ’eigentleg’og ’plutseleg’, og etter topikaliserte setningar som uttrykkjer vilkår, kjem subjektetfør verbet. Vi får med andre ord døme på strukturen X (toplikalisert element), S(Subjekt), V (Verbal) der ein ville forvente XVS (”Plutseleg han kjem” vs. ”Plutselegkjem han”). Dette er eit klassisk trekk ved språkbruken til personar som er i ferdmed å lære seg norsk som eit andrespråk, men også ungdommar med norsk som(einaste) morsmål nyttar som sagt denne konstruksjonen. Desse ungdommanevekslar mellom strukturar med og utan verbflytting ut ifrå samtalepartnar og emnefor samtalen. I intervju med ein vaksen forskar finn vi døme på XSV-strukturar i12 % av dei moglege kontekstane for verbflytting, medan prosentdelen aukar til38 % i samtalar mellom ungdommar der ingen vaksen forskar er til stades (Opsahlog Nistov 2010: 54).

Sams kjenneteikn ved fleire av dei topikaliserte ledda vitnar om at vi har å gjeremed felles syntaktiske og pragmatiske tilhøve, som i somme tilfelle kan koplast tilinnovative uttrykk for informasjonsstrukturelle faktorar. Dette er ikkje eineståandefor norske data, men mønster vi òg finn att hjå svenske og tyske ungdommar imultietniske miljø (Freywald et al., i kjømda). Det ser med andre ord ikkje ut tilat det å sjå på utviklinga berre som forenklande trekk, som typisk dukkar opp imassive språkkontaktsituasjonar, er dekkjande for dei prosessane vi er vitne til idesse miljøa. Snarare er det snakk om ein ekspansjon og kreativ utnytting av eitveksande lingvistisk repertoar.

Det same kjenneteiknar det morfologiske nivået. Her ser vi tillaup til ei foren-kling av den grammatiske genus-kategorien på ei side, men òg døme på innova-sjonar og framvokster både av nye determinativ og fokusmarkørar, som til dømesein ekspansjon av funksjonane til ’sånn’. Her er det – i likskap med XSV-strukturen– mogleg å sjå parallellar mellom utviklinga i norsk og andre europeiske språk (jf.Ekberg et al., i kjømda). På samtalenivået ser vi korleis lingvistiske ressursar somer tilgjengelege i majoritetsspråka, inngår i eit samspel med innlån frå minoritets-

AU S T L AND S K ( G J E N ) R E I S I NG OG NY NOR S K ( S I C ) 217

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 217

språk i framvoksteren av særeigne diskursmarkørar som ’wolla’ (opph. arabisk ’åsverje ved Allah’), som fyller ulike funksjonar i interaksjon (Opsahl 2009b). Deter elles verd å merke seg at fleire av dei strukturelle kjenneteikna på ein multiet-nolektisk stil kan koplast til klassiske språkkontaktfenomen, og dei er såleis ikkje”nye” i norsk samanheng. I språkkontaktområda i Nord-Noreg finn vi døme pådei same trekka både kva gjeld genuskategorien og verbplassering (Bull 2012, Con-zett et al. 2011, Sollid 2005).

Norskdom på ny

Det språklege og kulturelle mangfaldet er regelen snarare enn unnataket for ung-dommar som veks opp i Oslo i dag. I ein kvardag der normaltilstanden er eit møtemellom ulike språk og kulturar innanfor Noregs grenser, det Noreg ein er fødd i,reiser spørsmålet seg på nytt om kva omgrepet ’norsk’ eigentleg rømer (jf. Hoel2009: 564). Som vi hugsar frå tidlegare, var det på sett og vis legitimt å hevde atnokre dialektar var norskare enn andre. Det framande som drog i motsett lei, varkolonimakt og embetsmannsverk. Målreising var frigjering både då og i sambandmed dialektreisinga i 1970-åra, då det er vanskelegare å stemple rørsler som drogi motsett lei som unorsk og ’framand’. Paradoksalt nok har nynorsken ikkje berrefått ei form for minoritetsspråkstatus: ”Nynorskveka” på Facebook var eitt av fleiredøme på at nynorsken for somme framstår som eit framandspråk. Men kva erstoda for den ”nye” norsken?

Dei av Upus-ungdommane som ikkje har norskfødde foreldre, fekk eit spørs-mål under intervjuet som avdekte eit tankevekkjande mønster. Forsvinnande fåmeinte at dei kunne svare ”Noreg” om dei fekk spørsmål om kor dei kom frå. Aar-sæther et al. (2007) studerer intervju med 25 Upus-ungdommar, og av desse svararberre ein (1) av dei ”Noreg”. No kan ein seie at spørsmålet i seg sjølv (”Kva plardu svare om nokon spør kor du kjem frå?”) stengjer for moglegheita for å svareNoreg, men ting tyder på at det ikkje berre er metodiske tilhøve som spelar innher. Somme av ungdommane reflekterer vidare rundt spørsmålet, og somme utviserei særs pragmatisk haldning til det: Ein gut svarar at dersom han er i Noreg, svararhan Marokko, og om han er i Marokko, svarar han Noreg.

Det som gjer svarmønstra tankevekkjande, er at på spørsmål om kva dei følerseg mest som, svarar fem av dei beint og plent ”norsk”. Tolv svarar at dei kjennertilhørsle som både norsk og til foreldra sitt heimland. 17 av desse 25 ungdomaneuttrykkjer altså tilhørsle til landet dei er fødd i (Noreg), og kjenner seg komfortablemed merkjelappen ”norsk” – anten åleine eller i samband med ei bindestrektil-høyrsle med foreldra sin bakgrunn. Men fleire gir samstundes både direkte og in-direkte uttrykk for at denne norskdomen ikkje er noko dei står fritt til å hevde.

218 TOR I L OP S AH L

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 218

Her kan ein sjå parallellar til graderinga av norskdomspreg i norske dialektar i dentidlegare målreisingshistoria. Ei rekkje små og store bymålsgranskingar på byrjingaav 1900-talet gjorde at ein etter kvart forstod at lågstatusdialektane i byane haddefellestrekk med bygdemåla ikring byane, og – som Hoel (2009: 549) skriv – ”atdei såleis kunne reknast som ’norske’ dialektar. Med Amund B. Larsens granskingfrå 1907 var det heller ingen tvil om at kristianiamålet høyrde til i det gode dia-lektselskapet.” Men nokon heidersplass fekk ikkje bydialektane i selskapet, til detvar dei ikkje ”reine” nok. Hoel (2009: 293) fortel at då Arne Garborg og Ivar Mor-tensson gav ut tredje utgåve av Lesebok for høgre skular i 1901, tok dei med eitstykke på oslomål, men sette det i kapitlet ”Bygdemaal”. At folkemålet i byanevart tekne inn i varmen, aktualiserte samstundes ei dreiing frå ei by–bygd-polari-sering til ei forsterka polarisering mellom det norske og det unorske.

Sjølv om det finst røyster som den dag i dag ikkje vil tilleggje anna enn nynorskstatus som eit norsk skriftmål (jf. Bull 2004), er det vel færre som vil hevde detsame om talemålstilhøva. Om multietnolektiske stilar kjem til å verte ståande, kanberre framtida vise. Fleire ungdommar hevdar at dette er noko dei legg av seg nårdei vert eldre, men samstundes finn vi òg ungdommar som hevdar at dette er deiradialekt. Nokre av ungdommane som deltok i Upus-prosjektet, fortel som sagt bådeindirekte og direkte at dei ikkje kan kalle seg norske. Og eg vil tru – rett nok basertpå anekdotiske framstillingar og spor på verdsveven – at det eksisterer fleire røystersom ikkje vil gå med på å kalle talemålet deira for norsk. Vi finn òg døme på, bådefrå vitnesbyrd i Upus-materialet og i avisoppslag, at Wiggen sin anekdote ommanglande suksess på arbeidsmarknaden for unge talarar av folkeleg bymål i 1970-åra har klåre parallellar hjå talarar av urbant multietnolektisk norsk i dag.

Bruk og funksjon4

Når det gjeld meir funksjonelt innretta tilnærmingar til språk og språkbruk i mul-tietniske ungdomsmiljø, har studium innan og i kjølvatnet av Upus-prosjektet av-dekt korleis bruken av dei multietnolektiske trekka inngår i eit komplekst samspelmed andre semiotiske ressursar og ideologiar i fram- og reforhandling av identitetar.Brunstad et al. (2010) syner til dømes korleis multietnolektiske språktrekk kankoplast til uttrykk for ei global kulturreising gjennom kopling mot hip hop-kultur.Hårstad (2010) syner korleis det trondheimsungdommar kallar ”dårleg norsk” vertutnytta i samband med identitetsforhandling på ein alternativ lingvistisk marknad,der stereotypiske førestillingar om innvandrarar og det som er ”framand”, vert ut-nytta som lekk i statusetablering, med føremål om å syte for tryggleik og samhald

AU S T L AND S K ( G J E N ) R E I S I NG OG NY NOR S K ( S I C ) 219

4. Delar av framstillinga i denne bolken er henta frå Opsahl (2009a).

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 219

i ungdomsgruppene. Ein slik tankegang finn han òg støtte for i sosiologiske stu-dium av ungdomsgrupper i Oslo sentrum (Sandberg 2005).

Vi ser òg døme på at variasjonen ein tidlegare har kunne ordne langs ein tra-disjonell sosio-geografisk akse mellom aust og vest i Oslo, til dels er skifta ut medvariasjon langs ein etnisitetsakse (Opsahl og Røyneland 2009). Sandberg (2005:37) hevdar at vi i tillegg til ein demografisk samanheng, i det at det er større kon-sentrasjon av innvandrarar i Oslos austlege bydelar, kan sjå tendensar til at det harutvikla seg ein symbolsk samanheng mellom austkant og utlending, der det generellebiletet av austkanten har vorte minoritetsetnisk, uavhengig av den faktiske etnisi-teten til innbyggjarane.

Her er det òg rom for å trekkje en parallell til (den segregarande) innflyttar-strategien i den tidlege målreisinga. ”Sjølv om innflyttarrørsla programmatiskynskte å skapa oasar av bygdekultur i storbyen, var det ikkje den autentiske bygdaeller ’heimen’ dei skapte”, skriv Hoel (2009: 320) med utgangspunkt i UlrikeSpring sitt arbeid: ”Det som vart skapt, var ei redigert attforteljing av bygdekultu-ren, ikkje minst på tvers av dei geografiske identitetsskilnadene som elles pregalandet. Kulturen og identiteten som tok form innanfor Bondeungdomslaget vareit produkt av eksilet som desse miljøa levde i. At det rådande kultursynet ikkjevar essensialistisk i praksis, vert understreka av at også byfødd ungdom kunne iden-tifisera seg med og gå inn i denne kulturen.”

Det er ikkje spesielt kontroversielt å hevde at dei geografiske identitetsskilna-dene som prega landet, lever i beste velgåande som stereotype førestillingar om tildømes austlendingar og vestlendingar. Vi skal no sjå at polariseringa mellom ”aust”og ”vest” er viktig for osloungdommar. Det symbolske aust/vest-skiljet som er vik-tig for dei, og vi skal sjå nærmare på, går ikkje berre langs langfjella, men òg langsAkerselva.

Austkant og vestkant

Tradisjonelle talemålsskilnader mellom aust og vest i Oslo er svekt (Opsahl ogRøyneland 2009). Nokre av ungdommane løftar fram bruken av multietnolektisketrekk som lekk i ein meir eller mindre medviten re-etablering av divergens overforvestkantungdommar. Somme gjer til dømes eit poeng ut av trongen til å markereavstand frå eit ”jålete homospråk” på vestkanten (Aarsæther 2010, 116f ). Detteer ikkje noko særnorsk. Vi kjenner tendensen att i britiske studium der bruken avsomme fonologiske variablar akselererer ut ifrå eit ønske om å skape opposisjontil ”[…] the idea of ’being posh’ – in other words , to being perceived as snobbishand/or upper class” (Cheshire et al. 2005: 149). Rampton (2010) syner korleisbruken av det han kallar ”crossing” – dvs. bruken av språktrekk som i utgangs-

220 TOR I L OP S AH L

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 220

punktet tilhøyrer andre – kan knytast til ein reforhandling og etablering av ein nyform for arbeidarklasseidentitet. Dei britiske ungdommane har ”developed a setof relatively conventionalized interactional procedures that enables them to rec-oncile and rework their ethnic differences within broadly shared experience of aworking class position in British society. […] In short, through language crossing,adolescents refigured ethnicities within the dynamics of British social class” (Ramp-ton 2010: 142). Om den multietniske ungdomsvarieteten ‘verlan’ i Paris’ forstaderskriv Doran: ”By reconfiguring terms for race and ethnicity, and using them inplayful ways, youths divested them of the negative social judgements attached tothem […] creating a parallel semantic system within which ethnic origins couldbe recognized without being a source of stigma or alienation” (Doran 2003: 109).

Gjennom å leike med uttrykk for etnisitet og stereotypiar oppnår ungdom-mane med andre ord ei form for frisetjing frå dei same stereotypiane. Dette møns-teret ser vi temmeleg klårt i samtaleutdraget nedanfor. Det vart samla inn iUpus-prosjektet, der gutane Johnny og Ummar kjem til orde. Gutane er – ettermønsteret i materialinnhentinga i Upus-prosjektet – overletne til seg sjølv i eit rompå fritidsklubben; etter at dei er intervjua kvar for seg, har dei fått frie taumar, littbrus og eit ark med framlegg til samtaletema. Eit kamera surrar og går i hjørnet,og gutane har myggmikrofonar på. Temaa på arket gutane har fått utdelt, spennerover emne som korleis det er å vere ung i Oslo, ferieminne, sport, samferdsle, mu-sikk og film. Her er det ramsa opp ein del nyare filmar som særleg omhandlar fleir-kulturelle, urbane miljø, (noko som er viktig i møte med eit anna samtaleutdragvi skal sjå på nedanfor).

15 Ummar: Hør (.) vi har eksempel på vestkanten og østkanten (.)2 dere ser ganske godt forskjell (.) han er rolig, jeg er hyper.3 Johnny: Forskjellen er at e=4 Ummar: =han er soss, jeg er ikke-soss.5 Johnny: Jeg har penger, du har ikke penger.6 Ummar: Eh nei (.) det-7 Johnny: Likheten er atte han kjører Mercedes og jeg kjører Mercedes

men jeg skjønner ikke hvordan han har råd til det.8 Ummar: (0.5) Du vet 0stjeling0

AU S T L AND S K ( G J E N ) R E I S I NG OG NY NOR S K ( S I C ) 221

5. Transkripsjonsnøkkel: Døma er ortografisk grovtranskribert med følgjande tilpassingar: Komma mar-kerer fortsetjande intonasjon, punktum markerer fallande intonasjon, (.) markerer kort pause, (0.5)markerer pause i faktisk varigheit målt i sekund, [ord] markerer overlappande tale, ((ord)) markererusikker transkripsjon, = markerer direkteovergang utan pause mellom talarane (’latching’), 0ord0markerer kviskring, og ord markerer trykk. Tekst i enkle parentesar, t.d. (klappar i hendene), er me-takommentarar. @@@ markerer lått.

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 221

9 Johnny: Ja ja [Kebabsjappa] kebabsjappa går så bra.10 Ummar: [De kjører Mercedes.]

Samtaleutdraget synes korleis gutane rettar seg til eit tenkt publikum gjennompronomenforma ”dere”. ”Han” og ”eg”, på si side, vert ytra medan gutane peikarpå kvarandre og seg sjølv, og ser inn i kameraet. Utdraget syner òg korleis gutaneframhevar kontrastane mellom aust og vest i Oslo med utgangspunkt i stereotypeførestillingar både om utsjånad og om eigenskapar ved høvesvis aust- og vestkant-bebuarar. Johnny vert framstilt som ein kvit, roleg, jålete og pengesterk gut.Ummar vert framstilt som ein mørk, uroleg gut som har opparbeidd ein viss gradav økonomisk status, anten gjennom lyssky verksemd (jf. ”steling”, linje 9) eller ådrive gatekjøken. Begge gutane er for unge til å ha sertifikat, og køyrer ikkje bil,så henvisinga til det å køyre Mercedes (linje 7) er òg emblematisk og ein lekk ietableringa og utprøvinga av roller basert på stereotypiske førestillingar.

Stereotypiane er strekt til det ekstreme, men dei gir samstundes ein peikepinnom kategoriseringar som ser ut til å vere viktige for ungdommane. Den geografiske– og ikkje minst førestillingsmessige – distinksjonen mellom aust og vest i byen ernoko gutane kan samlast om. Det vert mellom anna ein ”tryggare” form for dis-tinksjon enn den som kan etablerast på bakgrunn av foreldra sine opphavsland(som i Johnny og Ummar sitt tilfelle er høvesvis Noreg og Pakistan). Frå det somkan vere kimen til ein konflikt seinare i samtalen, når Ummar protesterer motJohnnys negative evaluering av pakistansk køyreopplæring, glir gutane leikandelett over i ein samstemd diskusjon om relasjonen mellom aust- og vestkanten ibyen.

Stil og stilisering

MSN, YouTube, Facebook, smarttelefonar og andre sosiale middel og medium hargjort sjølveksponering og utprøving av roller mest til noko daglegdags. I skildringasi av to multietniske ungdomsskuleklasser på Nørrebro i København hevdar Quist(2005: 76) at elevane blandar, stiliserer, siterer, syng osb. langt meir enn dei ikkjegjer det. Ei metodisk frykt frå forskarhald om at ein mikrofon eller eit kamera skalverke hemmande for naturleg utfalding, kan i mange tilfelle syne seg å vere grunn-laus. ”Naturleg utfalding” kan nettopp vere den performance-akten ungdommaneset i scene framfor kameraet. Sjølve opptakssituasjonen ser, som vi allereie har settdøme på, ut til å oppmode til ei form for iscenesetjing av – og posisjonering mel-lom – stereotypiar. Ein veg inn til studiet av den indeksikalske koplinga mellomlingvistiske trekk, registergjering og posisjonering innanfor rådande og latente ideo-logiar, er nett gjennom å sjå nærmare på stilisering i interaksjon (jf. Agha 2007,

222 TOR I L OP S AH L

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 222

Coupland 2007, Madsen og Svendsen (i kjømda) og Rampton 2009).Som nemnt ovanfor, var eit av temaforslaga ungdommane fekk utdelt, film,

og nokre konkrete døme på filmar, som Izzat, Jalla! Jalla! og Ungdommens råskap.Dei flaggar på mange måtar ei uuttalt førforståing om at dersom du bor i eit fleir-kulturelt miljø, er du interessert i filmar som går føre seg i fleirkulturelle miljø.Men denne latente provokasjonen av velmeinande tilrettelegging for subjektiv re-levans, synte seg å vere ein god igangsetjar for nokre av samtalane, især for samtalenmellom dei to gutane Robert og Leonel:

1 A: Har dere sett filmer som ”Ungdommens råskap,”,”Izzat”, ”Jalla”? (.)”Jalla, jalla” @@

2 B: Har du sett ”Izzat”?3 A: Ja,4 B: Okei. @ ”Ungdommens råskap”?5 A: uh nei har du sett (.) ”Jalla, jalla”? (..) Utlendingfilm ass’6 B: Jeg har tenkt å se den.7 A: Jeg også!8 B: Jeg gadd ikke se den.= 9 A: =ikke jeg heller (.) Håper jeg vinner på Flaxloddet6 ass. 10 B: @@to tusen@@ vent a hvor mye kan man vinne? (..)11 A: Man kan vinne en million, (..) @@12 B: @ Blir rik (.) Flytter ut av Norge. @@Drar vi til family’n min.13 A: @@ 14 B: ((V))i flytter til den sumpen.15 A+B: @@@@@16 A: (peiker på ei stor pappøskje) ((vi)) bor i den greia der,17 A+B: @@@@@@18 A: Mamma og pappa, dere kan komme ut nå!19 A+B:@@@@@@@20 B: ((klapp)) Snakk, (.) Spør,21 A: (smatting) Fotball eller annen sport dere er interessert i, har dere et

fotball-lag=22 B: =det hadde vært vanskelig å lese det arket der,23 A: ((wolla)) @ ((det var det))24 B: ((det)) @ ((mora))25 A: @ ((wolla)) vi er svarte hva faen forventer du deg a?@@

AU S T L AND S K ( G J E N ) R E I S I NG OG NY NOR S K ( S I C ) 223

6. Ungdommane som deltok i prosjektet, fekk kvart sitt Flaxlodd som takk for at vi fekk låne av tidadeira.

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 223

Om ein kjapt ser gjennom samtaleutdraget, er det på sett og vis eit forstem-mande bilete som utkrystalliserer seg. Gutane, som har foreldre frå Mellom-Ame-rika og Aust-Afrika, spelar ut ein stereotypi om manglande interesse for”utlendingfilmar” (linje 5), om at utlendingar er ubemidla og bur under kummer-lege tilhøve, som til dømes ei pappøskje (linje 18), og at dei er mindre begåva in-tellektuelt sett, til dømes i si manglande evne til å lese frå eit ark (linje 22, 25).Samstundes ber heile samtaleutdraget preg av skjemt, lått og knis. Gutane etablerergjennom leik og – som vi skal sjå – stilisering ein felles front der dei saman stårsterke, og gjennom ei raffinert språkleg åtferd riv dei ned makrodiskursane sompå overflata skapar eit forstemmande bilete. Etablering av einskap dei imellomkjem mellom anna fram i utvekslingane i linje 6–9. Her er det viktig å vere samdei evalueringa av filmar, og når det opnast opp for potensiell usemje, snur talaranekjapt om, endrar evaluering og jamvel fokus frå film til Flaxlodd. Det er vanskelegå sjå ut ifrå transkripsjonen, men det eg kalla ”raffinert språkleg åtferd” ovafor, erknytt til det røystmangfaldet som både konkret og meir abstrakt utspelar seg idenne samtalesekvensen: I linje 1–5 nyttar gutane ei stilisert form for ”intervjuar-røyst”, medan dei systematisk går gjennom lista med filmar. Det er ei mogen, snus-fornuftig røyst som fnysande ytrar ”utlendingfilm” i linje 5. Samstundes er ordetuttala med ein lett overdrivi runda innleiande vokal, som gjerne vert assosiert med(stiliserte utgåver av) utlendingar. Den lengre performance-sekvensen om dårlegebutilhøve for ”utlendingar” i sumpen (jf. linje 14) kulminerar i eit utrop i linje18, der den eine guten med hjartevarm røyst ber mor og far om å kome ut avpappøskja dei ”bur” i. Responsen frå kameraten, den felles hysteriske låtten i linje19, tydar på at det vesle showet han spelar ut, er vellukka.

Denne delsekvensen av samtalen inneheld samstundes få spor av innlærartrekkeller trekk som kan assosierast eksklusivt med ein multietnolektisk stil. Her er detheller eit meir ”klassisk” ungdommeleg (oslo-)talemål som kjem til syne, gjennombruken av tradisjonelle austkanttrekk og etterhengd ”ass (’altså’)” og lånord frå en-gelsk (”family’n”). Paradoksalt nok er det dei talar om i denne sekvensen, det åflytte fråNoreg. Dei plasserer seg igjen ”utanfor ” medan dei nyttar språkdrag som– isolert sett – plasserer dei ”innanfor ” ein fellesskap, i linje 1–5 i ein vaksen, snus-fornuftig ”intervjumodus” og i linje 9–19 i ein ungdommeleg, tradisjonell aust-norsk talemåls-modus.

Det mest konkrete uttrykket for iscenesetjinga og skifta i fortolkingsrammersom går føre seg, ser vi i linje 20, der B fysisk klappar i hendene (omtrent som einfilmregissør) og oppmodar A om å ”snakke og spørje”. B si ytring ber her preg avein prosodi som gjerne kjenneteiknar ein multietnolektisk stil. A sin respons i linje21 – der han smattar og tar seg goood tid, som tilårskomne journalistar flest (?) –er attende i ein stilisert intervjuarrøyst-modus. Han kjem knapt i mål før B er at-tende med påstanden om deira manglande leseevner. Og her glir gutane samstemde

224 TOR I L OP S AH L

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 224

inn i ei kjapp replikkveksling (linje 22–25) der både dei prosodiske og diskursivetrekka som kjem til syne, gjerne er assosiert med ein multietnolektisk stil, til detheile kulminerer i ei låtthikstande stadfesting av at gutane er ”svarte”. Igjen ser vikorleis (førestillingar om) rådande stereotypiar på makroplan vert fletta inn i leikog stilisering på ei vis som gjer at det som er trugande og marginaliserande, vertomkopla, slik at spenninga vert løyst ut og gjort til ein handtérbar materie, så åseie. Dette dømet lyt òg vere eit klårt uttrykk for at tanken om at talarar er berararav éi autonom, ”opphavleg” røyst, ikkje er synonymt korkje med mål eller medmeining.

Sluttord

I ein norsk kontekst er det førebels berre i Oslo vi finn empirisk evidens for fram-voksteren av multietnolektiske stilar. Hårstad (t.d. Hårstad 2010) si forsking av-dekkjer tydelege spor av ei tilsvarande utvikling i Trondheim. Det er samstundesliten tvil om at resultata av moderne migrasjon vil finne språklege uttrykk ogsåandre stader. Innleiingsvis hevda eg at framvoksteren av multietnolektiske stilarhar parallellar både til historiske oppnorskings- og målreisingsprosjekt, og at egville syne korleis dagens utviklingsprosessar i urbane språkmiljø gjer at problem-stillingar som har relevans for nynorsk målreising, vert (re)aktualiserte. Høyrer ny-norsken heime saman med ei skildring av nyare urban språkutvikling i ei tid derberre éin einaste elev i Oslo-skolen har nynorsk som hovudmål? (Eleven det gjeld,har interessant nok utanlandsfødde foreldre.)

Hoel (2009: 126) skriv med utgangspunkt i antropologisk retta etnisitetsfor-sking om korleis førestillingar om det reine og ureine er sentrale i å skape kulturellog symbolsk orden, og om korleis prosessar som skapar symbolsk orden, er grunn-leggjande i kulturell meiningsskaping. I norsk samanheng, skriv Hoel, ”er bådepurismen i nynorsktradisjonen og skepsisen til dialektale former i riksmålstradi-sjonen uttrykk for den same grensedragings- og homogeniseringsprosessen der fø-restellingar om ’reine’ og ’ureine’ språkdrag spelar inn på eit meir abstrakt plan.”Skirbekk (1999: 269) skriv at: ”I desse forvirrande postmoderne tider vil det alltidkunne vere ein eller annan (t.d. ein politisk korrekt sosialantropolog) som kjempå den dekonstruktivistiske idé at det nasjonale er noko vi i desse multikulturelletider bør kvitte oss med, og at det nasjonale og nynorske heng saman, og at vi føl-gjeleg bør skrelle bort nynorsken!”

Gjennom språkleg praksis illustrerer osloungdommane korleis grensedragings-og homogeniseringsprosessar der førestellingar om ’reine’ og ’ureine’ språkdrag harein fornya aktualitet, men at resultata av desse prosessane er mindre viktige ennsjølve prosessane i ein seinmoderne, urban kulturfellesskap. Ein kan vanskeleg

AU S T L AND S K ( G J E N ) R E I S I NG OG NY NOR S K ( S I C ) 225

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 225

stoppe karusellen og lande på noko som eintydig kan definerast som reint når det”ureine” – og spelet mellom val frå eit formmangfald – så å seie er det som kons-tituerer ein symbolsk orden. Ungdommane illustrerer òg korleis det multikulturelleog nasjonale heng i hop. Vi har sett at vi i eit diakront perspektiv kan rekne medfleire norskdommar. Oslo-ungdommane orienterer seg òg aktivt mot globale kul-turstraumdrag som til dømes hip-hop-kulturen. Moderne talemålsutvikling erikkje noko særnorsk, og fleire vil hevde at det heller ikkje er noko særnorsk meddet nynorske målreisingsprosjektet (jf. t.d. Nymark og Theil 2011). Det nasjonaleer berar av det internasjonale, og vice versa.

På ei anna side kan ein hevde at det særnorske ligg i sjølve innstillinga til (språk-leg) mangfald som noko verdfullt i seg sjølv. I sjølve idégrunnlaget bak eit nynorskmålreisingsprosjekt ligg mangfaldstanken internalisert. Både i multietniske ung-domsmiljø og i nynorsk skriftkultur finn vi spor av ”en hel masse kulturer somhar (.) blitt splætta til én greie liksom”, som Farid uttrykte det innleiingsvis. Deter såleis ikkje overraskande at Noregs Mållag var tidleg ute med mål om å styrkjeog verne om morsmålsopplæring for språklege minoritetar. Frå ein austlandsk stå-stad kunne ein – og somme kan nok framleis – ha ønskt seg eit breiare norm-grunnlag som basis for nynorsken. Det er samstundes greitt å merke seg at detikkje automatisk ligg pedagogiske vinstar i ei norm med stor grad av valfridom ogatterklang frå eige austnorsk talemålsgrunnlag (Rødningen 1999). Det er trulegmangelen på møte med nynorsk i kvardagen som er det største problemet.

Garborg skreiv i 1879 at ”grunnen til at det gjeng so seint med aa fornorskaByarne, er den, at Byfolk mest aldri fær høyra skikkeleg Norsk” (sitert i Hoel 2009:142). Olaug Nilssen etterlyser over 100 år seinare tekstar på nynorsk om sminke,og ho peikar på eit viktig poeng når ho skriv at dei ihuga målfolka ikkje er dei ei-naste nynorskbrukarane i Noreg. Dei ihuga litteraturentusiastane er heller ikkjedei einaste nynorsklesarane i Noreg, skriv ho òg (Nilssen 2010). Den teknologiskeutviklinga har gjort at eit mangfald av røyster, normer og variantar i (delar av) of-fentlegheita står sterkt. På éin måte kan ein difor seie at det emansipatoriske pro-grammet, og den demokratiserande målreisingsideologien det kvilar på, harlukkast. Dette vart slått fast i St.meld. nr. 35 (2007–2008), der ein kan lese at”Det må seiast å vera eit framskritt at ein så stor del av befolkninga gjennom nettettek skriftspråket i bruk. Slik sett har nettmedia vore med på å gjera skriving meirallminneleg, og dermed kan det hevdast å ha skjedd ei demokratisering av skrift-språkbruken i samfunnet.” (s. 159) Stortingsmeldinga har rett i at ein stor del avbefolkinga tek skriftspråket i bruk gjennom nettet. Men nettet opnar og for hy-bridsjangrar og tilfelle der det ikkje er vasstette skott mellom skrift og tale. Skrift-kulturen er såleis del av ein tekstkultur som òg rømer ansikt-til-ansikt-interaksjon.

Det er ikkje vanskeleg å leve seg inn i kjensla av avmakt som låg til grunn forvalet av tvang som målreisingsstrategi for byane utover i 1920-åra (jf. Hoel 2009:

226 TOR I L OP S AH L

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 226

551). Det er heller ikkje vanskeleg å leve seg inn i kjensla av avmakt som nynorsk-skrivande møter i medie- og arbeidslivssamanheng (jf. Øvrebotten 2004.) Sam-stundes kan – og har nok – tvangen ha nørt opp under framvoksteren av mestekstreme motførestellingar og -krefter mot nynorsken. Ei reising tufta på fram-syning og framdyrking av mangfaldet – kopla med vidare innsiktar i ulike språklegepraksisformer – kunne vere oppskriften på ei austlandsk gjenreising. Mangfaldeter nedfelt i ein rik tekstkultur der det er viktig å hegna ikkje berre om kvaliteten,men vel så mykje om kvantiteten av bidraga frametter. Det er rom for båe. Ein kangle seg over at deltakarane i årets utgåve av ”Paradise hotel” for første gong repre-senterer eit breitt dialektmangfald, og ein kan gle seg over tilskipingar som ”Ny-norskveka” på Facebook. Den viktigaste erfaringa Eidsvoll-kvinna vi høyrde om,fekk, var talande nok at ho kunne meir nynorsk enn ho trudde.

Vi skal avslutningsvis ta turen attende til utgangspunktet vårt, Bohemensportspub, der følgjande anekdote kan stå som eit siste døme på at eit språkmang-fald ikkje veks på steingrunn i hovudstaden: Quizmaster-oppdraget – det vil seieansvaret for å lage og lese opp quiz-spørsmål – går på rundgang på puben. Dennekvelden er det mellom anna ein (alt anna enn avslepen) bodøværing som skal leseopp spørsmål. Når det er hans tur til å gripe mikrofonen, stemmer han i med eilangsam, austnorsk leseuttale med klassiske riksmåldrag. Det tar ikkje lange stundafør vi igjen er vitne til skraping med stolar og tillaup til fresande mumling i kro-kane: ”Snakk vanleg!” brøler pubgjestene.

Litteratur

Agha, Asif 2007. Language and Social Relations. Cambridge: Cambridge Univer-sity Press.

Almenningen, Olaf 1999. Austmannalaget og nynorsken på Austlandet. Språk-politiske hovudliner gjennom 100 år, i Turid Kleiva et al. (red.), Austlandsmåli endring. Oslo: Samlaget, 220–245.

Brunstad, Endre, Unn Røyneland og Toril Opsahl 2010. Hip Hop, Ethnicityand Linguistic Practice in Rural and Urban Norway, i Marina Terkourafi(red.), Languages of Global Hip Hop. London: Continuum, 222–255.

Bull, Tove 2004. Nynorsk som minoritetsspråk, i Språknytt 3-4/2004, 36–39.Bull, Tove 2012. ”Enten man ville eller ikke, så lærte man samisk.” Genus og

substantivbøying i ein nordleg norsk språkvarietet, i Hans-Olav Enger, JanTerje Faarlund og Kjell Ivar Vannebo (red.), Grammatikk, bruk og norm. Fest-skrift til Svein Lie på 70-årsdagen. Oslo: Novus, 33–55.

Cheshire, Jenny, Paul Kerswill og Ann Williams 2005. Phonology, grammar anddiscourse in dialect convergence, i Peter Auer og Frans Hinskens (red.), Di-

AU S T L AND S K ( G J E N ) R E I S I NG OG NY NOR S K ( S I C ) 227

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 227

alect Change. Convergence and Divergence in European Languages. Cambridge:Cambridge University Press, 135–167.

Conzett, Philipp, Åse Mette Johansen og Hilde Sollid 2011. Genus og substan-tivbøying i nordnorske språkvarieteter, i Nordand, Nordisk tidsskrift for andre-språksforskning 6 (1), 36–71.

Coupland, Nikolas 2007. Style. Language Variation and Identity. Cambridge:Cambridge University Press.

Doran, Meredith 2004. Negotiations between Bourge and Racaille: Verlan asyouth identity practice in suburban Paris, i A. Pavlenko og A. Blackledge(red.), Negotiations of Identity in Multilingual Contexts. Clevedon: Multilin-gual Matters, 93–124.

Ekberg, Lena, Toril Opsahl og Heike Wiese (i kjømda). Functional gains: Across-linguistic case study on three particles in Swedish, Norwegian, and Ger-man, i Jacomine Nortier og Bente A. Svendsen (red.), Language, Youth andIdentity in the 21st Century. Cambridge: Cambridge University Press.

Freywald, Ulrike, Leonie Cornips, Natalia Ganuza, Ingvild Nistov og Toril Op-sahl (i kjømda). Beyond verb second – a matter of novel information struc-tural effects? Evidence from Norwegian, Swedish, German and Dutch, iJacomine Nortier og Bente A. Svendsen (red.), Language, Youth and Identityin the 21st Century. Cambridge: Cambridge University Press.

Hoel, Oddmund Løkensgard 2009. Målreising og modernisering i Noreg 1885–1940. Doktoravhandling, Trondheim: NTNU.

Hårstad, Stian 2010. Unge språkbrukere i gammel by. En sosiolingvistisk studie avungdoms talemål i Trondheim. Doktoravhandling, Trondheim: NTNU.

Jahr, Ernst Håkon 1978. Østlandsmåla fram! ei bok om rørsla Østlandsk reisning.Tromsø: Universitetsforlaget.

Jahr, Ernst Håkon 1979 [1975]. Ideologier i målreisinga, i Lars. S. Vikør ogGeirr Wiggen (red.). Språklig samling på folkemåls grunn. Artikler frå bladetSpråklig Samling. Oslo: Novus, 39–41.

Koht, Halvdan 1953 [1916]. Østlandsk reising, i Norsk Folkemål. Grunnskrifterog innlegg gjennom hundre år. Festskrift til Halvdan Koht. Oslo: Det NorskeSamlaget, 164–175.

Koht, Halvdan 1953 [1921]. Arbeidarreising og målspørsmål, i Norsk Folkemål.Grunnskrifter og innlegg gjennom hundre år. Festskrift til Halvdan Koht. Oslo:Det Norske Samlaget, 176–191.

Kotsinas, Ulla-Britt 1988. Rinkebysvenskan – en dialekt?, i Per Linell et al(red.), Svenskans beskrivning 16. Linköping: Universitetet i Linköping, 264–268.

228 TOR I L OP S AH L

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 228

Kotsinas, Ulla-Britt 1996. Rinkebysvenska – ett ungdomsspråk, i Å. Daun og B.Klein (red.) Alla Vi Svenskar. Stockholm: Nordiska museet, 29–45.

Lundeby, Einar 1979 [1966]. Fornorskings- og tilnærmingstanken i historiskperspektiv, i Lars S. Vikør og Geirr Wiggen (red.). Språklig samling på folke-måls grunn. Artikler frå bladet Språklig Samling. Oslo: Novus, 25–31.

Madsen, Lian Malai og Bente Ailin Svendsen (i kjømda). Stylisation, identitiesand social categories: Interaction among urban youth in Oslo and Copen-hagen (førebels tittel), i Jacomine Nortier og Bente A. Svendsen (red.). Lan-guage, Youth and Identity in the 21st Century. Cambridge: CambridgeUniversity Press.

Nilssen, Olaug 2010 [2008]. Målkvinner med såpevaska fjes, i Kirsten Kallebergog Astrid Elisabeth Kleiveland (red.), Sakprosa i skolen. Bergen: Fagbokforla-get/Landslaget for norskundervisning, 389–391.

Nymark, Johannes og Rolf Theil 2011. Dei ukuelege språka. Språkpolitikk ogspråksituasjonar. Bergen: Fagbokforlaget/Landslaget for norskundervisning.

Opsahl, Toril 2009a. ”Egentlig alle kan bidra!” – en samling sosiolingvistiske stu-dier av strukturelle trekk ved norsk i multietniske ungdomsmiljøer i Oslo. Dok-toravhandling, Universitetet i Oslo.

Opsahl, Toril 2009b. Wolla I swear this is typical for the conversational style ofadolescents in multiethnic areas in Oslo, i Nordic Journal of Linguistics 32 (2),221–244.

Opsahl, Toril og Unn Røyneland 2009. Osloungdom – født på solsiden eller iskyggen av standardtalemålet?, i Norsk Lingvistisk Tidsskrift 27, 96–119.

Opsahl, Toril og Ingvild Nistov 2010. On some structural aspects of Norwegianspoken among adolescents in multilingual settings in Oslo, i Pia Quist ogBente A. Svendsen (red.), Multilingual Urban Scandinavia. New LinguisticPractises. Bristol: Multilingual Matters, 49–63.

Quist, Pia 2005. Stilistiske Praksisser i Storbyens Heterogene skole. En etnografisk ogsociolingvistisk undersøgelse af sproglig variasjon. Doktoavhandling, Køben-havns universitet.

Rampton, Ben 2009. Interaction ritual and not just artful performance in cross-ing and stylization, i Language in Society 38, 149–176.

Rampton, Ben 2010. Crossing into class. Language, Ethnicties and Class Sensi-bility in England, i Carmen Llamas og Dominic Watt (red.), Language &Identities. Edinburgh: Edinburgh University Press, 134–143.

Rødningen, Dagfinn 1999. Ottadalen – ei utforbakke til bokmålet?, i TuridKleiva et al. (red.), Austlandsmål i endring. Oslo: Samlaget, 246–258.

Sandberg, Sveinung 2005. Stereotypiens dilemma: Iscenesettelser av etnisitet pågata, i Tidsskrift for Ungdomsforskning 5 (2), 27–46.

AU S T L AND S K ( G J E N ) R E I S I NG OG NY NOR S K ( S I C ) 229

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 229

Simensen, Jarle 2007. Eidsvoll. 1956-kullet som sosialhistorie, i Gudleiv Forr ogHelge Vold (red.), Landsgymnaset. Oslo: Samlaget, 117–135.

Skirbekk, Gunnar 1999. Mål og meining. Tankar om nynorsken ved årtusen-skiftet, i Turid Kleiva et al. (red.), Austlandsmål i endring. Oslo: Samlaget,259–270.

Sollid, Hilde 2005. Språkdannelse og -stabilisering i møtet mellom kvensk og norsk.Oslo: Novus.

Svendsen, Bente Ailin og Unn Røyneland 2008. Multiethnolectal facts andfunctions in Oslo, Norway, i International Journal of Bilingualism, 1 & 2,63–83.

Vikør, Lars. S. og Geirr Wiggen (red.) 1979. Språklig samling på folkemåls grunn.Artikler frå bladet Språklig Samling. Oslo: Novus.

Vikør, Lars S. 1999. Valfriheita – mellom ideologi og praksis, i Helge Omdal(red.) Språkbrukeren – fri til å velge? Artikler om homogen og heterogen språk-norm. Forskningsserien nr. 17, Kristiansand: Høgskolen i Agder, 225–234.

Øvrebotten, Magni 2004. Nynorsk og ulv, i Språknytt 3-4/2004, 34–35.Aarsæther, Finn, Ingvild Nistov og Toril Opsahl 2007. Youth in multiethnic

Oslo: their language practices and their sense of belonging, Føredrag presen-tert ved The 6th International Symposium on Bilingualism, Universität Ham-burg, Research Center on Multilingualism.

Aarsæther, Finn 2010. The use of multiethnic youth language in Oslo, i PiaQuist og Bente A. Svendsen (red.), Multilingual Urban Scandinavia. NewLinguistic Practices. Bristol: Multilingual Matters, 111–126.

230 TOR I L OP S AH L

Hyvik ombrukket 5_Layout 1 17.01.13 14:21 Side 230