48
årsrapport 2013 ein tydeleg medspelar

ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

årsrapport 2013ein tydeleg medspelar

Page 2: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Saman utviklar vi fylket Møre og Romsdal fylkeskom mune kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom­pe tanse bygging, utviklingsper­spektiv og partnarskap er nokre av stikkorda. Samhandlinga med kommunar, regionråd, nærings­liv og organisasjonar er noko vi også ønskjer å utvikle vidare. Fylkesplan for 2013­2016 har satsingsområda kultur, kompe­tanse, verdiskaping og samferd­sel og peikar på seks gjennomgå­ande perspektiv som er viktige for fylkeskom munen og andre aktørar i fylket si evne til å ta heilskaplege grep og ansvar for samfunnsutvik­linga: Barn og unge – universell utforming – folkehelse – likestil­ling og inkludering – internasjo­nalisering – miljø og klima. REGIONAL SAMHANDLINGFylkeskommunen har i mange år vore opptekne av å arbeide saman med andre for å gjere Møre og Romsdal fylke til ein enno betre stad og bo og arbeide i. Døme på slik samhandling er Norwegian Rooms og LegaSea der vi arbei­der saman med næringslivet og andre aktørar innanfor møbel og biomarin klynge. Vi har òg fornya partnarskapsavtalane med kom­munane om førstelinetenestene til gründersatsinga hoppid.no, og gjennomførte kurs i utviklingsar­beid og prosessleiing for over 60 deltakarar. Vi har eit tett samar­beid med kommunane på plan­sida, til dømes i utforminga av regionale delplanar for tannhelse, folke helse og kystsoner. VIDAREGÅANDE UTDANNINGMøre og Romsdal fylkeskommune gir eit vidaregåande utdannings­

tilbod vi er stolte av. Tilsette ved 23 vidaregåande skolar og to fag skolar utdannar om lag 9600 elevar, 450 studentar og over 2500 lærlingar. Vår vikti­gaste oppgåve er at flest mogleg av elevane fullfører den vidare­gåande opplæringa. Vi arbeider aktivt for å oppnå målet som er vedteke av fylkestinget om at 79 prosent av elevane skal ha gjen­nomført vidare gåande opplæring etter fem år. I 2013 er det også investert knappe 120 mill. kroner i skolebygg og utstyr til skolane. SAMFERDSELAnsvaret for fylkesvegane stiller oss framfor oppgåver som er krev­jande i høve til dei økonomiske rammene vi får. Møre og Romsdal er mellom dei verst stilte fylka når det gjeld vedlikehalds­etterslepet på bruer, ferjekaier og tunnelar.

Det er viktig at ein saman med sentrale styresmakter finn ei god løysing på desse utfordringane. Fylkeskommunen leverer sam­stundes eit effektivt, tilgjenge­leg og sikkert transportsystem på land og sjø. I 2013 er det investert knappe 440 mill. kroner i ulike fylkesvegprosjekt. UTBYGGARFylkeskommunen er ein stor utbyg­gar og forvaltar ein bygnings­masse på til saman 240.000 kvm. Det er ei krevjande utfordring både å byggje nytt og å vedlikehalde og utvikle dei eksisterande bygga. Vi er stolte over at vi dei siste åra har rusta opp skole bygg for milliard­beløp for å sikre eit godt lærings­miljø for elevar og tilsette.

InnhaldLeiar 2Politikk 4Fylkesplan 2013 - 2016 8Organisasjon 10Ungdom og miljø 14

FagavdelinganeUtdanning 16Samferdsel 20Kultur 24Regional og næring 28Tannhelse 32Plan og analyse 36

Utfordringar 40

Økonomi 42Driftsoversikt 2013 43Kostratal 44Samandrag 46

Årsrapport 2013 for Møre og Romsdal fylkeskommune skal gje ei samla framstilling av verksemda i 2013. Rapporten skal oppfylle krav til rapportering i lover og forskrifter, og gje eit oversyn over drift, utvikling, resultat og stilling for organisasjonen. Dette blir

gjort gjennom ein presentasjon av område som korresponderer med satsingsområda i den gjeldande fylkesplanen, rapportering frå dei einskilde avdelingane samt driftsoversikt og resultatrekneskap.

For nærare detaljar: sjå eige hefte med årsrekneskap.

Årsrapporten er utarbeidd av informasjonsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune. 750 eks. Trykk: kipnes kommunikasjon AS, mars 2014

MILJØMERKET

241 Trykksak 690

2 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 3: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

ØKONOMII 2013 var den økonomiske situa­sjonen prega av eit høgt inves­teringsnivå i vidaregåande skolar (119,7 mill) og i fylkesvegar (436,3 mill). Driftsutgiftene var i 2013 på 3,244 mrd. kroner, kor dei største sektorane er vidaregåande utdan­ning, med 1,6 mrd. og samferdsel med 1,2 mrd. Fylkeskommunen har også i 2013 hatt god økonomisty­ring. Resultatet viser eit netto min­dreforbruk på 67,5 mill. kroner. Den høge investeringstakta fører med seg høgare langsiktig gjeld. Ved utgangen av 2013 var låne­gjelda på heile 3,288 mrd. kroner. ORGANISASJONMøre og Romsdal fylkeskom­mune har i 2013 hatt stort fokus på arbeidsgivarpolitikk. Det er mellom anna gjennomført eigen konfe ranse for arbeidsgivar­politikk, leiarutviklingsprogram, introduksjons dag for nytilsette og nye leiarar, HMS­opplæring og kurs i krisehandtering. Vi har også fått på plass nye IKT­verkty for samhandling og deling av kunn­skap og kompetanse. Sjukefrå­været i organisasjonen er på 5,5 prosent. Fylkeskommunen er ein attraktiv arbeidsgivar, med god søking til dei fleste ledige stillin­gane. Vi rekrutterer fleire kvin­ner enn menn, og fordelinga er no 1.442 kvinner og 1.058 menn. Snittalderen på dei tilsette er også på veg ned, med 48,8 år mot 49,9 i 2012.

Eg vil til slutt gje honnør til alle tilsette for den innsatsen som er lagt ned i 2013, til beste for alle som bur og arbeider i Møre og Romsdal.

Ottar Brage Guttelvikfylkesrådmann

Saman utviklar vi fylket

3

Page 4: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

PO

LIT

IKK

POLITISKE MØTEMøre og Romsdal fylkeskommune sitt øvste politiske organ er fyl­kestinget. Det vart gjennomført fire fylkestingssamlingar i 2013. Her vart det til saman behandla 96 saker. Fylkesutvalet, som er fylkes tinget sitt arbeidsutval, hadde 16 møte og behandla 182 saker. I tillegg kjem ei rekkje orien­teringar frå bedrifter, organisasjo­nar og kompetansemiljø i Møre og Romsdal.

Fylkeskommunen har fire hovudutval, to plannemnder og åtte rådgivande utval, noko som legg til rette for brei politisk del­taking. I 2013 var det ei klar auke i saker i kontrollutvalet, regio­nal­ og næringsutvalet og plan­nemnd for byggjesaker. Fleire av dei rådgivande utvala hadde ein nedgang i talet på saker dei behandla.

STOR SPENNVIDDE I SAKENE• Økonomisk støtte til regio­

nale utviklingsprosjekt innan samferdsel, næring, kultur og utdanning/forsking

• Ulike strategiar og planar, inkl. økonomiplanen

• Uttalar knytt til aktuelle saker• Høyringsfråsegner til departe­

ment/direktorat• Tildeling av prisar• Interpellasjonar og spørsmål

frå enkeltrepresentantar• Oppnemning til styre der fyl­

keskommunen er representert• Forvaltningsrevisjonsrapportar

DØME PÅ UTVIKLINGSPRO-SJEKT SOM HAR STÅTT PÅ SAKLISTA I 2013

• Alnes besøkssenter og kultur­bygg – investeringstilskott

• Romsdalsmuseet – fylkeskom­munal garanti for lån vedk. nytt utstillings­ og magasin­bygg i Molde

• Kunstproduksjonssenteret Seanse i Volda – få på plass statleg medfinansiering

• Stranda kommune – tilskot til ferdigstilling av fossevand­ringa i Geiranger

• Opptak i «Sunne kommuner ­ WHO’s norske nettverk»

• Kjøp av aksjar i Runde Miljøbygg AS

• Tilskot til drift av Ironman Development AS

• Nordøyvegen – høyringssvar på bompengesøknad

• Jernbaneforum Dovrebanen Nord – deltaking og etable­ring av forumet

• Lokale til kroppsøving og idrettsfag for Molde og Romsdal vgs

• Molde vgs – Samarbeid med Molde kommune om ny kulturskole

• Utbyggingsprosjekt Haram vgs og Gjermundnes vgs

• Sunndal tannklinikk funk­

Mange byggjesaker

4 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 5: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

sjonsprogram for eventuell ny klinikk

• Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra – tilskot i samband med eta­blering av direkte flyrute mel­lom Amsterdam og Ålesund

• Støtte til oppstart av Kristiansund International school og Ålesund International school

• Bioforsk Økologisk – tilskot til etablering av Tingvoll Økopark

REGIONALE PLANAR TIL BEHANDLING: • Regional delplan tannhelse

(planen vedtatt)• Regional delplan for folke­

helse (planen vedtatt)• Regional delplan for attrak­

tive byar og tettstader (plan­programmet vedtatt)

• Regional delplan for klima og energi (planprogrammet vedtatt)

Fylkesutvalet handsama 182 saker i 2013. Helge Orten (bak, t.v.) frå Høgre ga seg i utvalet etter å ha blitt valt inn på Stortinget. Toril Røsand (H) har overtatt plassen. Foto: Svein Magne Harnes/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkestinget, her samla i Geiran-ger, handsama 96 saker i 2013. Foto: Per Vidar Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune

Politiske utval Ant. Leiarar i utval 2013 Tal på møte Tal på saker Utgifter i 1000 kr Sekretariat medl 2011 2012 2013 2011 2012 2013 2011 2012 2013

Fylkestinget 47 Jon Aasen (A) 12 12 11 114 88 96 11.924* 14018 14771* Adm.avd.

Fylkesutvalet 13 Jon Aasen (A) 20 16 16 189 186 182 Adm.avd.

Klagenemnda 13 Jon Aasen (A) 9 8 6 26 17 25 Adm.avd.

Kontrollutvalet 5 Knut. A. Oskarsson (H) 7 7 8 45 49 60 410 475 488 Kontr.sjef

Kultur- og folke-helseutvalet 11 Kristin Sørheim (Sp) 7 7 7 44 61 46 525 737 690 Kulturavd.

Regional- og næringsutvalet 11 Randi Asbjørnsen (TVP) 7 6 8 105 90 101 775 874 968 RN-avd.

Samferdselsutv. 11 Oddbjørn Vatne (Sp) 9 11 11 72 103 70 1109 1538 1542 Samf.avd.

Utdanningsutv. 11 Bjarne Elde (A) 6 7 8 36 40 41 583 825 1026 Utd.avd.

Rådgivande Ant. Leiarar i utval 2013 Tal på møte Tal på saker Utgifter i 1000 kr Sekretariatutval medl 2011 2012 2013 2011 2012 2013 2011 2012 2013

Ungdommens fylkesting 72 Åse Kristin Ask Bakke 3 3 3 17 11 12 892** 958 914** Adm.avd.

Ungdomspanelet 9 Åse Kristin Ask Bakke 23 22 18 54 53 41 Adm.avd.

Miljøutvalet 9 Håvard Kongshaug (A) 5 5 5 20 27 15 586 394 369 Adm.avd.

Likestillingsutv. 5 Eva Vinje Aurdal (A) 4 5 5 14 14 8 215 258 292 Kulturavd.

Fagskolestyret 7 Bjarne Elde (A) 5 3 4 21 16 19

Eldrerådet 7 Målfrid Mogstad 4 4 5 23 31 20 169 166 208 Kulturavd.

Rådet for likestilling av funksjonshemma 10 Lilly Gunn Nyheim (A) 4 5 5 18 23 15 307 207 199 Kulturavd.

Plannemnd for byggjeprosjekt: Helge Orten / 3 Anne Dyb Liaaen (H) 9 8 9 32 32 44 401 418 446 BYVE

Plannemnd for samferdselsutbygging 5 Oddbjørn Vatne (Sp) 6 8 5 31 19 10 243 623 633 Samf.avd.

Yrkesopplærings--nemnda 10 Nils Peter Hole (NHO) 6 5 7 20 16 12 128 131 213 Utd.avd.

Fylkestrafikktryg-gingsutvalet (FTU) 5 Iver Nordseth (V) 5 5 4 28 18 18 409 434 438 Samf.avd.

Saker= ordinære saker, ikke referatsakerSekretariat: Fra 1.8. overtok adm.seksjon i adm.avd. ansvar for alle utvalg. * Fylkesting + fylkesutval + godtgjersle fylkesordførar, fylkesvaraordførar og andre medlemer + representasjon ** Ungdomspanelet + arrangering av Ungdommens fylkesting + Ungdomsmidlane (250 000 kr)

5

Page 6: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Gruppearbeid under Ungdom-mens fylkes-ting.

• Regional delplan for villrein – Ottadalen (høyringsutkast vedtatt)

STRATEGIAR SOM HAR VORE TIL BEHANDLING • Program for kreative

næringar i Møre og Romsdal • Felles reiselivsstrategi for

Vestlandet (sak frå Vestlands­rådet)

• Ny Ålesundsstruktur – Utviklings planar for skolane i Ålesund

• Kvalitetsplan 2013 ­ 2017 for vidaregåande opplæring

• Revidert forvaltningsplan for store rovdyr

• Investeringsprogram fylkes­vegar 2014 – 2023

FYLKESTINGET HAR GITT UTTALER OM M.A.:• Ny finansieringsmodell og

prioritering av investerings­prosjekt i Helse Midt­Norge RHF

• Samanslåing av høgskolane i Møre og Romsdal

• Kulturutredninga 2014 (NOU 2013:4)

• Nasjonal transportplan 2014­2023

• Jernbaneverket sitt Hand­lingsprogram 2014 ­ 2023

• Situasjonen for fylkesveg­ferjene i Møre og Romsdal

• Transportsystemet i Ålesund (KVU)

• Sikring av planmidlar til Møreaksen

• Statleg finansiering av fjellskredovervakinga

• Skredsikring av fylkesvegar – fylkesvis fordeling av nasjonal pott

• Godstransport på Rauma­banen må halde fram

• Ny veg FV 60 gjennom Hornindal

FYLKESUTVALET HAR GITT HØYRINGSFRÅSEGN OM M.A.:• Lovfesting av medverknads­

ordning for ungdom • Nasjonal strategi for

utbygging av infrastruktur for ladbare bilar

• Mogleg omorganisering av 110­sentralane

• Politireforma

6 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 7: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Den nye ridehallen på Gjermundnes vidaregåande skole vart ferdigstilt i 2013. Foto: Aadne Harr/Møre og Romsdal fylkeskommune (har nytt bilde)

• Rehabiliteringsinstitusjonane ved Mork og Aure

• Statlig planbestemmelse for lokalisering av kjøpesentre og handel

• Ørsta og Volda kommunar ­ 14 småkraftverk – søknad konsesjon etter vassressurslova – fråsegn ved offentleg ettersyn

• Forslag til endring av forskrift av 12. september 2003 om leveringsplikt for fartøy med torsketråltillatelse

• Forslag til endringar i reglane om eigarkontroll i lakse­oppdrettsnæringa

• Innspel til jordbruksforhand­lingane 2013

• Søknad om dispensasjon frå vilkår for konsesjon for bruk av reservegasskraftverket på Nyhamna

DET ER BLITT UTDELT 7 PRISAR I 2013:• Fylkeskulturprisen

– til Ungdomslaget Fram frå Haram kommune

• Likestillingsprisen – til NHO Møre og Romsdal med pro­sjektet Global Future

• Fylkestrafikktryggingsprisen – til Trafikktryggingsutvalet ved Gomalandet skole v/foreldreutvalet.

• Miljøprisen – til Standal Knuseverk AS

• Årets bedrift – til Kleven Verft AS.

• Tahitiprisen (eigen jury) – til Bent Stiansen

• Årets ungdomskommune (Ungdommens fylkesting) – Nesset kommune

7

Page 8: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

FYLK

ESP

LAN

Satsingsområde

Til kvart satsingsområde i fylkesplanen er det utarbeidd eit handlingsprogram. Det inneheld prioriterte innsatsområde og tiltak. Handlingsprogramma for 2013 vart endeleg fastsett av fylkesutvalet i februar 2013. Full statusrapport på resul­tatoppnåing innanfor satsingsområde, er å finne på www.mrfylke.no/fylkesplan

2013-2016Fylkesplan 2013-2016 (T-74/12) har 4 satsingsområde og 6 gjennom-gåande perspektiv.

Satsingsområda er: Kultur, kompe-tanse, verdiska-ping og samferdsel. Dei gjennomgå-ande perspektiva er: Barn og unge, folke helse, univer-sell utforming, likestilling og inkludering, inter-nasjonalisering og miljø og klima. Til kvart satsings-område blir det utarbeidd årleg handlingsprogram.

Kultur• Vedtak av Regional delplan

folkehelse • Auke i spelemidlar til

friluftsliv og lansering av appen morotur for mobil og nettbrett.

• Vedtak av Program for krea­tive næringar i Møre og Romsdal, og store prosjekt innan nettverk, møteplassar og kompetanse er etablert for å utvikle næringa i fylket.

• Arbeid med regional delplan for kulturminner av nasjonal og regional verdi.

• Felles nettside for 33 folke­bibliotek i fylket

Kompetanse• IKO­modellen har blitt utvida

til alle kommunane• I samarbeid med Utdannings­

direktoratet, VOX og trønder­fylka starta opp forskings­basert evaluering av råd­givingstenesta i grunnutdan­ninga i dei tre fylka

• Utvikla utviklingsprogram for lærlingar i barne­ og ung­domsarbeidarfaget og resep­sjonistfaget i samarbeid med fagmiljø på Gran Canaria.

• Auka talet på løpande lære­kontraktar i samarbeid med partane i arbeidslivet

• Alle godkjente lærebedrifter har fått godkjent­merke og diplom

Verdiskaping• Møbelnæringa (Norwegian

Rooms) og biomarin næring (LegaSea) fekk klyngestatus

• Tilbydt alle kommunane kurs i utviklingsarbeid og prosjekt­leiing gjennom prosjektet «Lokal samfunnsutvikling i kommunane». 32 kommunar har hatt deltakarar.

• 33 kommunar har gjort ved­tak om fornying av hoppid.no avtale.

• Kartlagt behovet for rekrut­tering og kompetanse i petroleumsnæringa. Har sett i gang arbeid for å styrke utdanningstilbodet innan petroleums faga.

• Arbeidd for å styrke utdannings tilbodet innan petroleums faga.

Samferdsel• Lokalpolitisk behandling av

ferjeavløysingsprosjektet Nordøyvegen.

• Arbeidd med ny merkevare­strategi for kollektivtilbodet i fylket.

• Elevar med rett til skoleskyss er sikra sitteplass og setebelte på buss i tråd med den nye dimensjoneringsplikta.

• Utbetra fire ferjekaier og ei bru på fylkesvegnettet, naud­samband og mobildekning i Godøytunnelen.

• Fullført Grusvegpakka. Heile fylkesvegnettet har no fast dekke.

8 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 9: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

HandbokSom ein del av arbeidet med å gjen nomføre Fylkesplan 2013-2016 er det utar-beidd ei handbok for arbeidet med dei gjennom-gåande perspek-tiva i fylkesplanen. Handboka skal medverke til auka synleggjering og bevisstgjering kring dei gjennomgåande perspektiva, og skal vere eit hjelpe-middel for leiarar og sakshand-samarar i fylkes-kommunen.

Måle-indika-torarIndikatorverktøyet er utarbeidd for vurdering av opp-nåing av resultat-måla i fylkes-planen. Verktøyet skil mellom to hovudtypar av indi-katormål – innsats-mål som er knytt til tiltak i regi av fyl-keskommunen og mål på tilstands-utviklinga i fylket, som rela terer seg til tilstandsutvik-linga i fylket meir generelt.

Gjennomgåande perspektiv Dei gjennomgåande perspektiva i fylkesplanen har som målsetting å medverke til heilskapleg samfunns­utvikling i fylket, og er perspektiv og tilnærmingar som ligg til grunn for all fylkeskommunal verk­semd. Full oversikt over gjennomførte tiltak knytt til dei seks gjennomgåande perspektiva er å finne på www.mrfylke.no/fylkesplan

Barn og unge• Bokbåten Epos gjev tilbod til

bibliotek og kulturtilbod til born over heile fylket.

• Fokus på systematisk elev­medverknad i skolane og i den vidaregåande opp­læringa.

• Barneteateret for trafikktryg­ging: «Ville veier og vrange skilt» er gjennomført på 10 ulike skolar i 5 kommunar.

Universell utforming • Rådet for likestilling av

funksjonshemma har sett kriterier/krav til kollektiv­transportaktørar både på sjø og land på dagsordenen.

• Gjennomført gründercamp med tema Universell utforming.

• 80 ­ 90 prosent av løyvingane til fysiske investe ringar i infrastruktur knytt til kollektivtrafikk går til oppgradering av halde­ plassar og universell utforming.

Folkehelse• Innføring av rusplanar på

dei vidaregåande skolane. • Støtta prosjekta utvikling av

bynær sti til Nebba i Åndals­nes (Romsdalstrappa) og «Fossevandring Geiranger».

• Fire gang­ og sykkelveg­prosjekt er ferdigstilt og ni andre er under prosjektering.

Likestilling og inkludering• Gjennom prosjektet «Den

gode skoleeigar» fokusert på kjønnsperspektivet i råd­givingstenesta i den vidare­gåande skolen.

• Vertskap for konferansen «Vestlandsk Vidsyn» med integrering og inkludering av innvandrarar som hovudtema.

• Dei vel 7.000 brukarane av tilrettelagt transport (TT) fekk elektronisk betalings­løysing.

Internasjonali-sering• Utvida avtalen med

samarbeidsskolane våre i Skottland. Det vil gi ein auke i talet på plassar frå 16 til nærare 60.

• Fylkeskommunen fekk støtte frå EU sitt energipro­gram IEE (Intelligent Energy Europe) til prosjektet BEAST, der fylkeskommunen saman med partnarar frå åtte andre europeiske land skal bidra til gjennomføring av lokale klima­ og energiplanar.

• Ungdomspolitisk prosjekt om barn og unge sin medverk­nad i samferdselsplanlegging støtta av EU­programmet Aktiv Ungdom.

Miljø og klima • Kartlegging og verdi­

setting av friluftsområde. • Åtte vidaregåande skolar

vart sertifisert som miljø­fyrtårn, tre med første­gongssertifisering. Eit tannhelsedistrikt er også resertifisert i år.

• Møre og Romsdal vassre­gion har utarbeidd tiltaksanalyse og vedteke dokumentet «Vesentlege vassforval­tingsspørsmål».

9

Page 10: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Møre og Romsdal fylkes-kommune sin vedtekne arbeidsgivarpolitikk (AGP) handlar om korleis vi som organisasjon skal innrette oss for å løyse dei unike samfunnsoppdraga vi har ansvar for.

ARBEIDSGIVARPOLITIKK I 2013 Møre og Romsdal fylkeskom­mune sin arbeidsgivarpolitikk er i 2013 nedfelt i overordna mål i kvalitetsplan for vidaregåande opplæring for perioden 2013­2017 og i regional delplan for tannhelse med perspektiv fram mot 2025, vedteke i fylkestinget i 2013.

Arbeidsgivarpolitikken blir til gjennom planprosessar, dialog, kompetanseutvikling og møte­plassar for tilsette. Eit døme er den årlege AGP­konferansen; møtestad for alle leiarar, mellom­leiarar, tillitsvalte og verne­ombod gjennomført i mars 2013. Tema var kvalitet og profesjona­lisering, som er gitt stor merk­semd gjennom året også inn mot AGP­verkstadene. Verkstad er etablert som arbeidsform og metode for refleksjon og utvik­ling lokalt. I 2013 er konseptet for verkstad vidareutvikla og gir verkty for leiarar i lokale proses­sar for utvikling av organisasjon og tenestetilbod.

Fylkesrevisjonen gjennom­førte eit forvaltningsrevisjons­prosjekt i 2013 som viste at vi enno har ein veg å gå med tanke på å bygge ein sterk felles identi­tet hos våre tilsette til fylkeskom­munen som organisasjon, med felles verdiar og visjon. Arbeid med identitet og omdømme krev felles fokus og utviklingstrykk i heile organisasjonen.

ETIKK I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNEPolitikarane har gjennom arbeids­givarpolitikken vedteke fylkes­kommunen sitt felles verdigrunn­lag. Fylkeskommunen sine etiske retningslinjer og vårt verdigrunn­lag er norm for all samhandling O

RG

AN

ISA

SJO

N

FylkesrådmannAss. fylkesrådmann

KontrollsjefFylkesrevisjonen

Stabsavdeling

Administrasjons-avdelingAdministrasjonssjef

Linjeavdeling

Utdannings-avdelingFylkes-utdannings-sjef

23 vidare-gåande skolar2 fagskolar

Linjeavdeling

Tannhelse-avdelingFylkestannlege

5 tannhelse-distrikt 38 klinikkar

Linjeavdeling

Samferdsels-avdelingSamferdsels-sjef

Linjeavdeling

KulturavdelingFylkeskultursjef

Linjeavdeling

Regional- og nærings-avdelingRegional- og næringssjef

Stabsavdeling

Plan- og analyse-avdelingFylkesplansjef

Stabsavdeling

Juridisk avdelingJuridisk sjef

10 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 11: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

og utøving av rolla som offentleg aktør. Introduksjonsdag og intro­duksjonsprogram for alle nye til­sette, saman med mal for med­arbeidarsamtale for alle tilsette, legg vekt på refleksjon og dialog om verdigrunnlag og normer for samhandling.

FYLKESAKADEMIET – ARBEIDSGIVARPOLITIKK OG KOMPETANSEUTVIKLINGI 2013 gjennomførte Fylkesakade­miet faste årlege kompetansetiltak som mellom anna:

AGP­konferansen, leiarutvik­lings programmet (LUP) der andre kull avslutta med eksa­men og tredje kull starta opp, introduksjons dag for nye leiarar og ny tilsette, HMS­opplæring, informasjonsarbeid og medie­hand tering, IKT­kompetanse­utvikling, språkkurs, temadag for seniorar og fagsamlingar for drift og vedlikehaldspersonell. I tillegg er det gjennomført fleire kompetansetiltak med utgangs­punkt i innmeldte behov.

I 2013 er nye verkty for sam­handling og deling av kunnskap og kompetanse etablert gjen­nom IKT­samhandlingsverkty; Alfresco, ny e­postplattform og e­læring. Videokonferanseutstyr er installert på alle skolane og i sentraladminstrasjonen.

SJUKEFRÅVÆR / NÆRVÆRFor 2013 var det samla sjuke­fråværet i organisasjonen på 5,5 prosent. Det er ein halv prosent høgare enn året før, men lågare enn snittet dei seks siste åra (5,8 prosent). For menn var fråværet om lag som før, men fråværet for kvinner var 0,9 prosent høgare enn året før.

HELSE MILJØ SIKKERHEIT (HMS)Arbeidet med helse, miljø og sik­kerheit (HMS) er eit leiaransvar som skal kanaliserast mest mog­leg gjennom kvalitetssystemet for HMS. Lokale HMS­dokumen­tasjon til alle verksemder i orga­nisasjonen er no tilgjengeleg for tilsette i alle driftseiningar. Dette gjev betre høve til å yte sentral rettleiing og tilsyn, og einingane

får betre høve til å lære av kvar­andre. Betre tilgjenge til den lokale HMS­dokumentasjonen for dei tilsette bidreg også til at dei til­sette får eit større eigarforhold til HMS­systemet.

FORBETRINGS- OG AVVIKSSYSTEMI 2013 fekk vi sett i drift eit elek­tronisk Forbetrings­ og avviks­system. Dette er eit nytt steg mot meir systematisk kvalitetsstyring. HMS er eit av dei første områda der vi har teke i bruk det nye systemet.

BEDRIFTSHELSETENESTE (BHT)Bedriftshelseteneste skal hjelpe verksemdene i det førebyggjande HMS­arbeidet, følgje opp arbeidsta­karane si helse og bidra til å skape trygge og sunne arbeidstilhøve. Møre og Romsdal fylkeskommune har avtale med Stamina Helse om bedriftshelsetenester for alle tilsette.

ARBEIDSMILJØKART-LEGGING – MTMHausten 2013 gjennomførte fylkes­kommunen den andre medarbei­dar­ og tilfredsheitsunder søkinga i sitt slag, med svarprosent på 87 prosent. Vi ser høg svarprosent som eit teikn på at tilsette vurderer MTM som eit viktig barometer på det psyko­sosiale arbeidsmiljøet. Hovudfunna viser at tilsette har høg trivsel, arbeidsglede og lite teikn på negativt stress. I tillegg er fylkeskommunen vurdert som ein positiv organisasjon å jobbe i. Resultata viser og at Møre og Romsdal fylkeskommune har opp­gåver som blir opplevd som sti­mulerande uavhengig av sektor. Sosialt samspel mellom med­arbeidarar og leiarane er positivt

vurderte. MTM identifiserer også utfordringar i enkelte einingar, som gir grunnlag for målretta utviklingsarbeid og oppfølging. I 2013 er det brukt vesentlege ressursar til støtte i dette opp­følgingsarbeidet. Samla meiner vi gir MTM eit bilete av ein orga­nisasjon på rett veg.

REKRUTTERING TIL FYLKESKOMMUNENRekruttering etter nye medarbei­darar gir fylkeskommunen svar på om vi blir oppfatta som ein attraktiv arbeidsplass. Fagområda våre appellerer til akademisk høgt utdanna i markanden, og i 2013 rekrutterte vi fleire unge i alders­gruppa 25 – 35 år enn i 2012. Snitt­alderen i arbeidsstokken er no 48,8 år mot 49,9 år i 2012. I 2013 stilte vi spørsmål til alle nye tilsette siste fem åra, om kva som var viktig då dei søkte jobb i fylkeskommunen. Svara synte at «dyktige medarbeidarar, meinings­fulle oppgåver, godt omdømme og godt sosialt miljø» var viktigast. Vi rekrutterer fleire kvinner enn menn, og fordelinga er no 1.442 kvinner og 1.058 menn. Fylkes­kommunen er framleis aktivt med i trainee­ordningar, og ser dei som viktige tiltak for rekruttering av unge høgt utdanna til regionen. Rekruttering krev kontinuerleg aktivitet. Fylkeskommunen er til stades på karrieredagar og har gjennomført kampanje for rekrut­tering av lærarar.

LIKESTILLINGI 2013 ser vi ein auke i talet på kvinner tilsett i fylkeskom­munen. Vi rekrutterer fleire kvin­ner enn menn i alle alderskate­

Kvinnene er i fleirtal i Møre og Romsdal fylkeskom-mune. Tal frå 2013 syner at 1442 kvinner er tilsette i organisasjonen, mot 1058 menn. Foto: scan-stockphoto.com

11

Page 12: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

goriar. Kjønnsfordelinga viser auke i talet på kvinner i organi­sasjonen. I leiarsjiktet er vi med­viten om kjønnsfordelinga når vi rekrut terer, og ser ein auke av kvinner også i desse stillingane. Like lønsomsyn har vore ei sentral føring som er følgt opp i dei lokale lønnsforhandlingane i fylkeskom­munen også i 2013. Av dei tilsette som var omfatta av lønnsutvikling hadde kvinner i snitt 3,87 prosent og menn 3,81 prosent. Tilsvarande tal for leiarar syner 4,08 prosent for kvinner og 4,02 prosent for menn.

LØNNSUTVIKLING

I 2013 er det gjennomført lokale forhandlingar for tilsette i kapi­tel 5 og 3. Forhandlingsklimaet med organisasjonane er godt og det vart ingen forhandlingsbrot.

OVERTALI samband med overtal er det eit mål for fylkeskommunen å kunne gi tilbod om arbeid til alle, slik at ein unngår avvikling av arbeids­forhold. Det blir lagt ned stort samarbeid for å sikre alle tilsette gode og trygge tilsettingstilhøve. Strukturen i opplæringstilbodet i vidaregåande skole blir mel­lom anna styrt av fritt skoleval og elevane si søking til dei ulike studieretningane. I samband med stillingsplanarbeidet i 2013 stod vi att med 18 tilsette meldt over­talig. Samstundes rekrutterte vi inn 207 personar i heil­/delstil­lingar i 2013. Overtalet vart for­midla til andre stillingar (mellom­belse, faste).

MEDRÅDERETTFylkeskommunen legg vekt på gode samarbeidstilhøve mellom partane i organisasjonen. Det er etablert mange møteplassar for informa­sjon, drøfting og samarbeid.

Hovudsamarbeidsutvalet er arena for partane sentralt, og i 2013 vart 37 saker drøfta og ved­teke i utvalet. I tillegg blir til­litsvalte og verneombod inviterte til å delta på arbeidsgivarpoli­tikkonferansen, til AGP­verk­stader, arbeidsgrupper for utvik­ling av AGP­tiltak og deltek elles som arbeidstakarrepresentant i alle tilsettingssaker i fylkeskom­munen.

UTVALSSEKRETARIATETI 2013 vart det gjennomført fire fylkestingssamlingar og 16 møte i fylkesutvalet. Legg vi til møta i dei fire hovudutvala, dei to plan­nemndene og dei åtte rådgivande utvala, viser summen 145 politiske møte i løpet av året. Dette er om lag same talet som i 2012. Sekre­tariatsoppgåvene knytt til dei politiske utvala vart frå 1. august samla i administrasjonsavdelinga.

MILJØFYRTÅRNSentraladministrasjonen har vore miljøsertifisert sidan 2006. Mål­settinga til fylkestinget er at alle einingar i Møre og Romsdal fylkes­kommune skal vere miljøsertifisert (U­sak 107/08). Ved årets utgang er 16 av 23 vidaregåande skolar og tre av fem tannhelsedistrikt ser­tifisert. I 2013 har tre nye skolar vorte sertifisert, og fem skolar og eit

tannhelsedistrikt har vorte resertifi­sert. Det har vore arbeidd med ein overgang til hovudkontormodellen for drifting av miljøfyrtårnordninga i fylkeskommunen. Frå 1. januar 2014 går vi over til denne, der admi­nistrasjonsavdelinga får ei koordine­rande rolle for sertifiseringsarbeidet og rapporteringsarbeidet i alle einingane.

ITElektronisk samhandling har vore viktig i 2013. Elektronisk samhandlingsverkty i form av videokonferanse har kome på plass på alle dei vidaregåande sko­lane og i sentraladministrasjonen. Dette sparer reisetid og miljø, og gjer det mogleg å arbeide saman på nye måtar. Det vart også innført eit felles system for epost, kalender og adressebok for tilsette, noko som gjer den elektronisk samhandling enklare. Politikarar har no «papir­lause møte» ved at dokument blir distribuert elektronisk til nettbrett i staden for på papir. Fylkestinget i desember vart for fyrste gong direktesendt på video via inter­nett, noko som opnar opp for at innbyggjarane får lettare innsyn i dei politiske prosessane.

DOKUMENTHANDTERINGI 2013 vart det til saman registrert omlag 75 000 dokument i sentra­ladministrasjonen og på dei vida­regåande skolane. Ny innsynsløys­ning for politiske dokument vart teke i bruk og dokumentsenteret var med i prosjekt for innføring av papirlause møte. Politikarane

Hausten 2013 gjennomførte fylkeskommu-nen si andre medarbeidar- og tilfredsheit-sundersøkjing (MTM) av sitt slag. Den syner at dei fleste til-sette høg trivsel og arbeidsglede i kvardagen.

Fylkeskommunen har fått på plass eit elektronisk forbetrings- og avviks-system. Verktyet skal bidra til meir systematisk kvalitetsstyring i organi-sasjonen.

12 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 13: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

mottek no innkallingar og pro­tokollar på nettbrett direkte frå sak­ og arkivsystemet.

BYGG OG VEDLIKEHALDMøre og Romsdal fylkeskommune har til saman om lag 240.000 m² bygningsmasse. Seksjonen har hatt auka fokus å følgje opp drifta ute på driftseiningane gjennom mellom anna skolebesøk og tettare samarbeid med fylkestannlegen. I 2013 er det brukt i alt om lag 114 millionar kroner i investerings­midlar og om lag 13 millionar kroner i driftsmidlar til sentralt styrte vedlikehalds­, enøk­, reha­biliterings­ og nybyggprosjekt. Det har vore særskilt stor bygge­aktivitet knytt til byggeprosjekta ved Rauma vgs og Kristiansund vgs. I 2013 har det vore gjennom­ført omfattande utviklingsproses­sar for fleire av dei vidaregåande skolane. Seksjonen har også sen­tralt forvaltningsansvar for eige­domsmassen i samband med kjøp og sal av eigedom.

INNKJØP Innkjøpsseksjonen har i 2013 gjennomført over 80 anskaffingar. Av desse er 14 anskaffingar over EØS­terskelverdi (NOK 1.600.000,­ eks. mva).

Av større anskaffingar kan det nemnast evaluering av rådgi­vingstenesta i grunnopplæringa, rammeavtale på arbeidsty, elek­tronisk betalingsordning på til­rettelagt transport for funksjons­hemma, publikumsinformasjons­system på ferjene i fylket, ramme avtale på tryggleikskurs for dei vidaregåande skolane, drift av bompengeanlegg ved Sykkylvsbrua og driftsoperatør for Atlanter havstunnelen. De to siste gjeld bistand til eksterne verksemder.

INFORMASJONÅ stå fram i ein einskapleg profil og identitet for heile organisasjo­nen har vore eit satsingsområde for informasjonsseksjonen. Frå mars ­2013 overtok seksjonen ansva­ret for annonseproduksjonen, og i samband med dette vart den grafiske profilen justert. Dette er

Alder, kjønn og rekruttering pr. 1. nov. 2013 Menn Kvinner

7,0 %

5,0 %

4,0 %

3,0 %

2,0 %

1,0 %

02009

6,1 6,0

5,45,6

5,0

2010 20112006 2007 2008 20132012

TOTALT SJUKEFRÅVER I ÅRA 2006 - 2013

6,0 %

5,5

6,15,7

eit grep som har gjort fylkeskom­munen både meir einskapleg og spissa i bodskapen i kommunika­sjonen vår med omverda. I tillegg til driftsoppgåver, har seksjonen vore aktivt med på å implemen­tere nye elektroniske verkty og til­rettelegge for streaming av poli­tiske møter. I desember vart første prøve sending med streaming frå fylkestinget gjennomført, trass i at dette ikkje var annonsert på føre­

hand, syner statistikken at over 500 unike brukarar var innom og såg frå livestreaminga. I 2013 vart det gitt ut seks nummer av fylkes magasinet Spor, tema for desse nummera var Ferjefri E39, eksport fylket Møre og Romsdal, reiseliv, kulturnæring, utdanning og forsking og utvikling.

Grafen viser korleis talet på tilsette fordeler seg på ulike aldersgrup-per og kjønn. Hovud tyngda finn vi i alders-gruppa 50-59 år, mens vi rekrutterer flest i alderen 25-35 år (ref. vertikale liner). Kvinnene dominerer i aldersgruppene under 50, men i aldersgruppa rundt 60 år er det flest menn.

I 2013 vart det registrert eit sjukefråvér på 5,5 prosent som er lågare enn snittet dei siste sju åra, men hø-gare enn i 2012. Tendensen var lik i alle kvar-tala. Trendkurva (rød line) viser likevel fallande tendens når ein ser alle sju åra samla.

Gjennomsnittsalder: 48, 7 år Tal kvinner: 1.442Tal menn: 1.058Totalt tilsette: 2.500

13

Page 14: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Ungdom

Ungdom og medverknad har gjen­nom fleire år vore ei sentral sat­sing gjennom mellom anna Ung­dommens fylkesting (UFT) og Ungdomspanelet (UP).

UP blir valt under UFT kvar haust og fungerer som arbeidsut­valet for UFT. I 2013 har UP brukt mykje tid på internasjonalise­ring, interregionalt samarbeid og Aktiv Ungdom­prosjekt. UP har også arbeidd tett med ung­domsråda i kommunane i Møre og Romsdal. Omsyn til mjuke trafikantar i samferdselsplan­legginga, heim for ein 50­lapp, undervisningsevaluering, auka aldersgrense på Ungdomskortet, regional delplan for tannhelse, regional delplan for folkhelse og lovfesting av ungdomsråd er mellom dei sakene som er arbeidd med. I tillegg har medlemene i UP deltatt på og hatt innlegg på ein rekke konferansar der dei har snakka om ungdomsmedverking.

Under UFT 8.­10. november vart det sett fokus på folkehelse og kollektivtransport. Andre saker var; Lovfesting av ung­domsmedverknadsorgan, Øko­nomiplan 2013­2016, Handlings­program for UP, val av Årets ungdomskommune 2013 (Nesset kommune) og val av nytt UP. Den største saka under UFT var eit gruppearbeid om kommunesa­manslåing.

På fylkestinget i oktober er det kvart år «Ungdommens spørje­time». Tema som vart tatt opp her var: E­val, fråfall i den vidare­gåande skolen, elevmedverknad ved tilsetting av lærarar og sam­arbeid mellom dei vidaregåande skolane og høgskolane.

I 2013 fordelte UP 250.000 kroner i ungdomsmidlar til 29 ulike klubbar, lag og foreiningar. Midlane blei gjevne til prosjekt

som stimulerer til ungdomsenga­sjement i fylket, og er retta mot alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkes­kommunen.

ELEVMEDVERKNADFylkeskommunen har også satsa på elevmedverknad, gjennom opp­rettinga av elev­ og lærlingom­bod­stillinga i 2006. Ombodet er medhjelpar for elevar og lærlin­gar i saker som gjeld kvardagen i opplæringa. Ombodet hjelper til i klagesaker, informerer om rettar og plikter, gir opplæring til elev­råd, besøker lærlingar i bedrift og tek opp enkeltsaker på vegne av elevar og lærlingar.

Ombudet har jobba tett med elevråda på dei vidaregåande skolane og har arrangert to sam­lingar for elevråda hausten 2013. Det eine arrangementet vart arrangert for første gong som ein del av arrangementet Inspirasjon Møre og Romsdal. I tillegg har ombodet, i samarbeid med utdan­ningsavdelinga, vore med på å arrangere samling for alle lær­lingar i sitt første opplæringsår.

For å nå ut til alle i vidare­gåande opplæring, har ombo­det laga ei reklamefri skoledag­bok til alle elevar og lærlingar. Målet med boka har vore at dei skal bli kjent med rettar og plik­ter i opplæringa, få motivasjon til å delta aktivt i eigen opplæ­ringssituasjon og for å bli kjent med ombods ordninga i Møre og Romsdal.

UN

GD

OM

OG

MIL

UNGDOMSPANELET2013 - 2014

• Sjur August Waagbø (leiar)

• Åse Kristin Ask Bakke (nestleiar)

• Marcus Svenning• Audun Moen

Skei • Oda Monsen• Even Hendseth• Solveig Sønder-

land Buvik• Marthe Emilie

Hansen• Georg Michaelis• Aurora Dimmen

Bratli (1. vara)• Torgeir Vestre

(2. vara)• Eldbjørg Lervik

Osen (3. vara)

• Rebekka Strand-mann Hansen (4. vara)

• Malin Vartdal (5. vara)

14 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 15: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Privat småskala vindmølle på Kilsti. Denne typen er mykje brukt på bygningar i Europa. Mølla treng ikkje snu seg etter vindretninga og egnar seg godt der vindretning og vindstyrke varierer mykje.Foto: Guri Bugge.

Miljø

Samarbeid mellom einingar, avde­lingar og etatar var gjennomgå­ande for det fylkeskommunale miljøarbeidet i 2013. Fleire inter­nasjonale, nasjonale og regionale prosjekt vart utvikla i samarbeid med regionar og kommunar i inn­ og utland. Ungdom, verds­arv, bioenergi og alternative driv­stoff til bilar og båtar sto sentralt i desse prosjekta. Fylkeskommu­nen arbeider for at næringsutvik­ling skal skje i balanse med dei andre samfunnsfunksjonane som er avhengige av areal­ og natur­ressursane.

COVENANT TERRITORIAL COORDINATOR

På grunn av fylkeskommunen si rolle som som medspelar for kommunane på klima­ og miljø­området, fekk vi i 2013 statusen som Covenant Territorial Coor­dinator i den europeiske samar­beidsrørsla Covenant of Mayors. Det var mange døme på gode sam­arbeidsprosjekt med kommunane i fylket i 2013: Fem kommunar i Romsdalsregionen har starta eit arbeid med kartfesting og ver­difesting av friluftsområde. Fire gang­og sykkelvegstrekningar i fylket er ferdigstilte i år, og ytterlegare ni er under arbeid eller prosjektering. Det er utar­beidd tiltaksprogram for vassre­gion Møre og Romsdal, og lokale tiltaksanalyser for alle fem vass­områda. Gjennom Marint miljø­ og verdiskapingsfond (MVF) har fylkeskommunen fokus på betre sameksisten mellom havbruk og villaks. Gjennom dei siste åra har MVF støtta utarbeidinga av inter­kommunale planar for sjøområda både på Nordmøre, nordre Sunn­møre og i Romsdal. I bypakkear­beidet er det jobba aktivt og mål­retta gjennom arealplanlegging,

kollektivplanar og sykkelplanar for å utvikle eit meir miljø­ og klimavennleg transportsystem i Kristiansund, Molde og Ålesund. I kulturlandskap og verdsarvom­råde er det lagt særskilt vekt på å fremje god skjøtsel.

EL-BILARFor auke merksemda på miljø­venleg transport og miljøfyrtårn i eigen organisasjon er det kjøpt inn ein el­sykkel for bruk av til­sette i sentraladministrasjonen. Talet på elbilar i Møre og Roms­dal er i sterk vekst, og fylkeskom­munen har teke ei aktiv rolle for å sikre god infrastruktur for desse. Det vart gjeve tilskot til å ferdig­stille utbygginga av hurtiglada­rar frå Volda til Valsøytunet langs E39. Med støtte frå Transnova har det og vore arrangert fleire elbilse­minar. Fylkeskommunen arbeider for å legge til rette for tog i Møre og Romsdal, både gjennom sette fokus på gods­ og persontransport på Raumabanen, og ved å støtte Lyntogforum sitt arbeid.

INDUSTRIENArbeidet med prosjektet «Ener­gieffektivisering i industrien» er ført vidare, mange nye bedrifter har slutta seg til, og etter fem år med fokus på energieffektivitet har bedriftene spart store beløp. Prosjektet «Energileiing i skolane» vart avslutta i løpet av 2013. Delar av prosjektet blir ein del av sko­lane sine vanlege driftsrutiner og miljøsertifiseringsarbeid.

INTERNASJONALE PROSJEKT har vore eit særskilt viktig fokus­område i 2013. Med støtte frå Aktiv Ungdom sette Ungdomspa­nelet fokus på korleis mjuke tra­fikantar kan påverke store sam­ferdsleprosjekt i positiv retning, og hadde møter både med både fagfolk og politikarar på alle for­

valtingsnivå. Mot slutten av året vart det innvilga støtte frå EU og Enova til prosjektet BEAST, der Møre og Romsdal fylkeskom­mune saman med partnarar frå åtte andre europeiske land skal bidra til gjennomføring av regio­nale og lokale klima­ og energi­planar. I dette prosjektet skal fyl­keskommunen ha særskilt ansvar for at prosjektpartnarane i samar­beid finn gode måtar å gjennomføre miljøvennlege samferdsleprosjekt. Overbyggande for prosjektet er betre klimaplanlegging, og inns­pel frå samarbeidet blir brukt i den pågåande revideringa av Regional delplan for klima og energi i Møre og Romsdal. Planprogrammet for regional delplan klima og miljø vart lagt fram for fylkesutvalet 1. juli 2013.

ENDRA KLIMA I tillegg til å arbeide for reduserte klimagassutslepp er det viktig at samfunnet førebur seg på eit endra klima. På dette fagfeltet samarbei­der fylkeskommunen med fylkes­menn og fylkeskommunar langs heile vestlandet, i tillegg til Vest­landsforsking, gjennom utarbei­ding av fylkesROS, Regional del­plan for Samfunnstryggleik og beredskap, og prosjektet Arealklim.

15

Page 16: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Bildetekst

UT

DA

NN

ING VIKTIGE HENDINGAR I 2013

• IKO­modellen, som er eit struk­turert samarbeid for å utvikle rutinar for overgangen mellom ungdomsskole og vidaregåande opplæring, har blitt utvida til alle kommunane i Møre og Romsdal.

• Det er i samarbeid med trøn­derfylka, VOX og Utdannings­direktoratet sett i gang eit større forskingsbasert prosjekt der ein i fellesskap skal evaluere råd­givingstenesta i grunnutdan­ninga i dei tre fylka.

• Det har i 2013 blitt utvikla eit utviklingsprogram for lærlingar i barne­ og ungdomsarbei­darfaget og resepsjonistfaget i samarbeid med fagmiljø på Gran Canaria.

• Det blir gjort eit kontinuerlig og stort arbeid saman med par­tane i arbeidslivet for å få fleire læreplassar. Vi ser ein vekst og i 2013 i løpande lærekontraktar.

• For å profilere godkjente lære­bedrifter har alle dei aktuelle bedriftene fått godkjentmerke og diplom.

OM SEKTORENUtdanningssektoren består av 2000 tilsette fordelt på 23 vidare­gåande skolar, to fagskolar og med ein sentraladministrasjon med 52 tilsette som har ansvar for drift, administrasjon og utvikling av sektoren. Avdelinga i sentralad­ministrasjonen har og ansvaret for den delen av vidaregåande opplæ­ring som skjer i bedrift, med 2508 lærlingar fordelt på vel 1000 god­kjende lærebedrifter i heile fylket.

VERKSEMDA I 2013Både nasjonalt og lokalt har mål­setninga om å auke gjennom­

Det er viktig både for den enkelte elev og for samfunnet elles at alle får moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring. Fokuset på gjennomføring inneber mange ulike vinklingar. Vi må arbeide for å skape gode overgangar mellom skoleslaga, vi må identifisere og følgje opp dei som slit, men vi må og motivere og gi dei flinke elevane mål å strekkje seg etter. Det meste vi gjer blir målt opp mot dette eine målet, gjennomføring.

Ei av dei største utfordringane fylket vårt står overfor er det kjønnsdelte arbeids­ og utdanningsmarkedet vi har. Vi ønskjer å møte denne utfordringa på ein offensiv måte. I 2013 er det i sam­arbeid med trønderfylka, VOX og Utdanningsdirektoratet sett i gang eit større forskingsbasert prosjekt der ein i fellesskap skal evaluere rådgivingstenesta i grunnutdanninga i dei tre fylka. God rådgivingsteneste er viktig både for å gje elevane eit innblikk i kva tilbod som finst i offentleg og privat sektor i Møre og Romsdal, men og å gje elevane realistiske forventningar til vidare utdan­ning og arbeid.

Elevane i skolane våre gjev tilbakemeldingar om at dei i stor grad trivst saman med medelevar og lærarar. Akkurat det er eit godt utgangspunkt for å lære og gjere det godt fagleg.

Sverre Hollenfylkesutdanningssjef

AVDELINGANE

16 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 17: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

føringa i den vidaregåande opp­læringa høg prioritet. Fylkestinget har sett som mål at 79 prosent av elevane i Møre og Roms­dal som starta i den vidaregå­ande skolen i 2010, skal ha gjen­nomført etter 5 år. Av elevane i Møre og Romsdal som starta på Vg1 i 2007, hadde 71 prosent gjennomført den vidare gåande skolen på fem år. For elevane som starta på Vg1 i 2006 var gjen nomføringsprosenten 70,7 etter 5 år. Landsgjennomsnittet for 2007­kullet var 69,3 prosent.

Andelen elevar som går yrkes­fag har vore relativt stabil dei siste åra. I 2012 var det 55,4 pro­sent av elevane, som gjekk yrkes­fag i Møre og Romsdal, mot 55,6 prosent i 2011. Nasjonalt var det i 2012 50,7 prosent av elevane som gjekk yrkesfag. Dei siste åra har ein sett ei utvikling der det er noko færre elevar frå Vg2 yrkesfag som søker Vg3 påbyg­ging til studiekompetanse. I 2011 var det 29,2 prosent av elevane i fylket som gjekk Vg2 yrkesfag året før, som gjekk Vg3 påbyg­ging til studiekompetanse. For 2012 hadde dette blitt redusert til 28,2 prosent. For skoleåret 2012/2013 var det 56,7 prosent av elevane på Vg3 påbygging til studiekompe tanse som hadde fullført og bestått alle fag. For at andelen som går frå Vg2 yrkesfag til Vg3 påbygging til studiekom­petanse skal fortsette å gå ned, må tilgangen på læreplassar vere tilstrekkeleg. Møre og Romsdal har i det siste hatt sterk fokus på å auke talet på læreplassar. Av dei som teiknar lærekontrakt og gjennomfører opplæringa i bedrift, greier 93,5 prosent fag­prøva (93,7 prosent i 2012).

Det er i 2013 gjennomført eksamensretta sommarskole ved 4 vidaregåande skolar for Vg1­elevar som fekk karakteren 1 i matematikk og naturfag. 36 elevar gjekk opp til eksamen, 28 besto. To vidaregåande skolar fekk og tilbod om å gje intensiv­kurs før ny og utsett eksamen i haust. 13 elevar deltok på kurset og 12 fekk bestått eksamen.

Det er i alt 21 faglege nettverk i sektoren som arbeider aktivt som rådgivande organ for skoleeigar. Aktiviteten i nettverka er høg og det er ein viktig møteplass for lærarar for fagleg samarbeid og refleksjon på tvers av skolane. Nytt mandat for dei faglege nett­verka i 2013­2014 skal sikre eit tettare samarbeid mellom sko­lane, opplæringskontora/bedrif­tene og utdanningsavdelinga.

Fagnettverka planlegg og held etterutdanningskurs for læra­rar. I tillegg blir det gjennom­ført etterutdanningskurs i regi av utdanningsavdelinga og sko­lane. Dette skoleåret tek 23 lær­arar vidareutdanning gjennom “Kompetanse for kvalitet” som er eit samarbeid mellom staten og fylkeskommunen.

Alle skolane i fylket har hatt undervisningsevaluering vinte­ren 2013­14. Elevgruppene har evaluert minst ein lærar i to eller fleire fag og alle lærarar har vorte evaluert av minst to elevgrupper kvar. Nytt av året er at elevane kan gje tilbakemeldingar til sin faglærar i eit eige fritekstfelt i evalueringsskjemaet.

Skolane har gjennomført elev­undersøkinga både vår og haust i 2013. Dette fordi Utdannings­

Fylkestinget har sett som mål at 79 prosent av elevane som har starta i den vidaregåande skolen skal ha gjennomført etter 5 år. (Foto: Molde vgs)

17

Page 18: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

direktoratet har bestemt at under­søkinga frå og med skoleåret 2013/2014 skal vere på hausten. I vår deltok vel 77 prosent av elevane, mens talet for hausten er 84 prosent.

NY GIVNy GIV­prosjektet som opphavleg var initiert av Kunnskapsdeparte­mentet gjekk ut 2013, men fylkes­kommunen er gitt høve til å søke om å halde fram med prosjektet ut 2016 for å forsette arbeidet med å betre gjennomføringa i vidare­gåande opplæring.

Ny GIV i Møre og Romsdal har hatt fleire fokusområde i 2013:• Det har vore gjennomført

kompetanseheving innan Ny GIV–metodikk for lærarar i både grunnskole og vidaregå­ande skole, med hovudvekt på grunnleggjande ferdig heiter, samt kurs i matematikk og norsk for lærarar som under­viser på påbygging til studie­kompetanse.

• På 10. trinn har det vore inten­sivopplæring i grunnleggjande ferdigheiter.

• Det er gjennomført forskole ved tre vidaregåande skolar for NyGIV­elevar. Tanken med for­skolen er å halde fast på elevane gjennom sommaren og om mog leg gje dei eit forsprang ved oppstart i vidaregåande opplæring. Om lag 60 elevar

deltok.• Ny GIV har prioritert møte med

leiing og pedagogisk personale på dei vidaregåande skolane for å hauste erfaring om korleis Ny GIV­elevane blir tekne imot og følgt opp, samt å få oversikt over korleis tilretteleggings­midlar blir nytta.

• IKO­modellen (Identifisering, Kartlegging, Oppfølging), som er eit strukturert samarbeid for å utvikle rutinar for overgan­gen mellom ungdomsskole og vidaregåande opplæring, har blitt utvida til alle kommunane i Møre og Romsdal.

VAKSENOPPLÆRING (TAL FRÅ 2012 I PARENTES)I 2013 vart det gjennomført om lag 600 (785) realkompetanse­vurderingar. Nedgangen skuldast i hovudsak mindre pågang frå søkjarar. Det har vore gjennom­ført om lag 60 (70) ulike kurs for 1000 (1025) elevar. Det er tatt inn elevar både med og utan rett til vidare gåande opplæring for å møte behovet til næringslivet i fylket. Enkelte av kursa blir køyrt i samar­beid med næringsliv og/eller NAV.

I 2013 har 11 av dei vidaregå­ande skolane køyrt ulike yrkes­faglege kurs for vaksne og fire av skolane har tilbydt kurs i generell studiekompetanse.

Vi har framleis tilbod om § 3­5 kurs for praksiskandidatar i fag der det er slike behov.

Nesten ni av ti elevar ved dei vidaregå-ande skolane i Møre og Romsdal får plass på første kursønske. (Foto: Molde vgs)

Andelen som går yrkesfag har vore relativt stabil dei siste åra. I 2012 var det 55,4 prosent av elevane som gjekk yrkesfag. Foto: Reidulf Dyrkorn/Rauma videregå-ende skole.

18 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 19: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Også i 2013 starta ein ny klasse for minoritetsspråklige elevar. Dette er eit forsøk.

Det er framleis stort fokus på helse – og oppvekstfaga i vaksen­opplæringa, men arbeidet med å utvikle kurs i nye fag held fram. I 2013 vart det starta kurs innan­for restaurant og matfag to sta­der i fylket. Det er og gjennom­ført kurs i m.a. industrisnikkar, industritapetserar og det blir arbeidd med å starte kurs innan­for utdanningsprogram for tek­nikk og industriell produksjon.

HOVUDAKTIVITETSTAL (TAL FRÅ 2012 I PARENTES)I skoleåret 2012/2013 er det 9575 (9600) elevar som går på vidaregå­ande skolar. På Vg1 fikk 87,5 pro­sent (87,3 prosent) av ungdomane plass på sitt første kursønske. Dette betyr at det er nokon færre som har fått innfridd sitt første kursøn­ske for 2013/2014 enn økonomi­planmålet som er på 90 prosent.

Det vart i 2013 inngått 1158 nye lærekontraktar, noko som er på same nivå som i 2012 då det var 1165. Ved årsskiftet var det 2508 (2257) løpande lærekon­traktar og 153 (103) opplærings­kontraktar. I 2013 vart det avlagt 1556 (1525) fag­ og svenneprøver.

FAGSKOLANEArbeidet med kvaliteten i opplæ­ringa heldt fram i 2013. Prosessen med årleg revidering av strategi­planen vart starta på slutten av året. Dei økonomiske rammene er framleis ei utfordring, og det er ikkje midlar til å auke aktiviteten i det fylkeskommunale tilbodet. Ein treng fleire helsearbeidarar i fyl­ket, og ein har lukkast med å auke fylket sin del av statlege midlar slik at fleire søkjarar har fått eit tilbod i 2013. Talet på studentar innanfor helsefagutdanningane med stønad frå fylkeskommunen auka frå 50 våren 2013 til 95 hausten 2013. I tillegg til det stadbaserte tilbodet i Kristiansund har fylkeskommunen eit nært samarbeid med private til­bydarar på dette området. Søkinga til fag skoletilboda held seg sta­bil og god. Hausten 2013 var det 450 studentar ved fagkulane; 273 i Ålesund og 177 i Kristiansund.

ØKONOMIUtdanningssektoren har ei samla driftsramme på 1 586,9 mill. kro­ner og eit samla mindreforbruk på 2,3 mill. kroner. Samla sett hadde dei vidaregå­ande skolane eit mindreforbruk på 5,2 mill. kroner, men 9 av 23 vidaregåande skolar hadde eit meirforbruk. Det var også eit meirforbruk på fagskolane inkl. fagskolestyret på netto 1,4 mill. kroner. Dei statlege overførin­gane til fagskoledrift er ikkje til­strekkeleg til å få balanse i drifta med den struktur og kapasitet ein har i dag.

Når det gjeld dei andre ram­mene under utdanning, viser vi til rekneskapen for detaljar.

UTFORDRINGAR• Gjennomføringsgraden i

vidaregåande opplæring skal aukast. Målet er at 79 prosent av dei som starta i vidaregå­ande opplæring i 2010 skal ha gjennomføre med studiekom­petanse eller fagbrev i løpet av 5 år.

• Sikre at dei unge opplever tilpassa opplæring, kvalitet, heilskap og samanheng i opp­læringa og eit godt arbeids­ og læringsmiljø.

• Auke tilgang på læreplassar gjennom og sikre god kvalitet og omfang på opplæringstil­bodet for lærlingar.

• Sikre god tilbodsstruktur og opplæringskvalitet i fagsko­lane innafor gitte økonomiske rammer.

2 500

2 000

1 500

1 000

500

2011

1985 20812104

2012

17321 858 1 844

2013 2011 2012 20130

Tilsette Årsverk

UTDANNING - TAL PÅ TILSETTE/ÅRSVERK

Elevar frå TIP (teknikk og industriell produksjon) ved Rauma videregående skole (RVS). Foto: Ole Tommy Ødegård/RVS.

19

Page 20: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Bildetekst

SAM

FER

DSE

L

VIKTIGE HENDINGAR 2013• Lokalpolitisk behandling av

ferjeavløysingsprosjektet Nor­døyvegen vart gjennomført i 2013. Prosjektet blir våren 2014 sendt over til vidare sakshandsaming i Vegdirekto­ratet.

• Ny merkevarestrategi for kol­lektivtilbodet i fylket er nær ferdigutvikla, og vil gjelde alle nye kontraktar, den før­ste på ytre Nordmøre frå 01.01.14.

• Oppstart av ein organisa­sjonsgjennomgang for å sikre at avdelinga er organisert på ein tilfredsstillande måte.

• Som ein del av vedlikehalds­arbeidet på fylkesvegnettet vart det i 2013 utbetra fire ferjekaier og ei bru, og i til­legg er Driva bru under pro­sjektering. Gødøytunnelen fekk naudsamband og mobil­dekning.

• Grusvegpakka er fullført, og inneber at heile fylkesvegnet­tet no har fast dekke.

HOVUDMÅL FOR SAMFERDSEL 2013-2022: Hovudmålet som er utvikla for samferdsel 2013­2022 legg vekt på at vi skal fremme regional utvik­ling og robuste bu­, arbeids­ og serviceregionar gjennom å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem

Samferdselsavdelinga har ansvar for ein rekkje oppgåver:• Vegbygging • Vegvedlikehald av 3108 km. • 20 mill. km bussruter • 5 hurtigbåtruter• 21 ferjesamband • 20 mill. buss­,hurtigbåt­, og

ferjepassasjerar årleg• 9 terminalar• Marknadsarbeid og ruteinfo. • Takstpolitikk

KOLLEKTIVTRAFIKKENI samarbeid med kommunar og andre skal kollektivandelen aukast ved å gjere det lettare og meir attraktivt å reise kollektiv både i og mellom fylka. I 2013 har vi arbeidd med å utvikle ein ny merke varestrategi for kollektiv i fylket som er nær ferdigutvikla, og

Samferdsel er viktig for å skape utvikling i samfunnet, og er ein føresetnad for velferd, økonomisk vekst og attraktivitet. Store endringar innan samferdsel dei siste åra har gjort det nødvendig å vurdere om avdelinga er organisert på ein tilfredsstillande måte. I 2013 starta vi opp eit utviklingsprosjekt kor målet er å bli enda meir treffsikker i våre leveransar.

For å gjere det enklare og meir attraktivt å reise kollektivt har vi utvikla ein ny merkevarestrategi for kollektivtilbodet i fylket. Buss, hurtigbåt og ferje blir samla under ein paraply der vi vil koordinere alle operatørar på land og til sjøs slik at billettsal, info, og kundeservice før, under og etter reisa blir meir samla. Kollektivsatsinga er krevjande. Vi opplever at pri­sauken på driftskontraktar på buss, ferje og veg er høgare enn kompensasjonen som blir gitt i årlege rammetilskot og fjoråret synte også at naudsynte kutt i rutebilramma må til for å sikre budsjettbalanse.

Tross betydeleg vedlikehaldsarbeid på vegnettet i fylket så fortsett etterslepet å auke. Ei finansieringsløysing må kome på plass.

Fjoråret var elles prega av ferjeavløysingsprosjektet Nord­øyvegen som var til politisk behandling fleire gonger. I tillegg feira vi at grusvegpakka vart fullført i oktober. Med det er over 500 km grusveg i fylket asfaltert.

Arild Fuglseth samferdselssjef

AVDELINGANE

20 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 21: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

vil gjelde for alle nye kontraktar. Nytt informasjonssystem for ferje og hurtigbåt er ferdig, og skal inn­førast i 2014. Systemet skal òg prøvast ut på buss. Det er utvikla nettbutikk for påfylling av reise­kort, med lansering 2014.

Bypakkearbeidet har dreidd seg om reguleringsplanar, syk­kelplanar og kollektivplanar for betre, meir miljøvennlege og heilskaplege transportløysingar.

FERJETRAFIKKENBarrierane ferjetrafikken repre­senterer skal byggast ned gjennom auka og tilpassa kapasitet, fleire døgnopne samband, betre regu­laritet og enklare betalingsløysin­gar. I 2013 er fire ferjekaier ut be­tra og ei er under bygging. Det er lyst ut tre anbodspakker på ferje; Sølsnes – Åfarnes, Nordøyane, og Nye ytre Sunnmøre. Møre og Romsdal fylkeskommune har del­

teke i nasjonalt arbeid for å utvikle malar for kontraktar. Det elektro­niske kontraktsoppfølgingsverk­tøyet Mercell er innført for enk­lare, tettare og betre oppfølging. Ein app for sanntidsinformasjon for ferje og hurtigbåt er utvikla for IOS, Android og Windows­phone. Det er også valt løysing for info­skjermar på 30 ferjekaier.

forts...

Billettering skal bli enklare og raskare med nye og framtidsretta løysingar

Publikums-informasjon via digitale kanalar er eit satsings-område. I 2014 vert det lansert ulike tekniske løysingar for ruteinformasjon og billettkjøp via mobilen.

Ferjesambandet Åfarnes-Sølsnes er eitt av fleire samband i fylket som opplever trafikkvekst.

21

Page 22: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

og kommunar ta i bruk og prøve ut ulike modellar for finansie­ring i samferdselssektoren, samt selje inn og drive påtrykk for rask og tilstrekkeleg finansiering hos sentrale styresmakter. Arbeidet med Nordøyvegen vil avklare ein rekke prinsipp rundt finansie ring av store prosjekt frå sentrale sty­resmakter. Arbeidet med Lang­fjordtunnelen vil gje mange svar

TRANSPORTSYSTEMETTransportsystemet skal utviklast og haldast ved like slik at det blir differensiert men effektivt, tilgjen­geleg og trafikksikkert, og har til­strekkeleg standard for alle typar trafikantar. Det skal arbeidast for Gudbrandsdalen som trase for framtidig lyntog mellom Oslo og Trondheim. I 2013 har Fv 659 Nordøyvegen vore til poli­tisk behandling fleire gonger, og neste steg er no kvalitetssikring, KS2 og behandling hos sentrale styresmakter. Byggesteg 2 og 3 på Straumsbrua er ferdigstilt, ei bru er utbetra, og ei er under prosjek­tering. Fire gang­ og sykkel­

vegstrekningar er ferdigstilte, og ytterlegare ni er under arbeid eller prosjektering. Fylkeskom munen har delteke i transportgruppa i Nordsjøkommisjonen.

FERJEAVLØYSINGFerjestrekningar skal på sikt av løysast av bru eller tunnel­løysingar der det er samfunns­økonomisk forsvarleg, teknisk mogleg og der effektane er særs positive for utvikling av robuste bu, ­ arbeids, ­ og serviceregionar.

FINANSIERINGMøre og Romsdal fylkeskommune skal saman med interessegrupper

Markering av grusvegpakka. Frå venstre; Avd.dir. i Statens vegvesen Knut Nauste, med lem i Samferd-selsutvalet Iver Nordseth, leiar av Samferd-selsutvalet Oddbjørn Vatne, ordførar i Fræna kommune Nils Johan Gjendem, fylkesordførar Jon Aasen og seksjonsleiar i Statens vegve-sen Ivar Hoel.

Det vert utarbeidd ein ny og omfattande kampanje som skal få fleire skoleelevar til å bruke setebelte. Kampanjen blir sett i verk i 2014.

I samband med ny merkevare-strategi for kollektivtilbodet i fylket er det utvikla ei ny grafisk profil for buss, hurtigbåt og ferje.

22 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 23: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

ØKONOMISamferdsel har ei samla drifts­ramme på 1 213,2 mill. kroner og eit samla mindreforbruk på 2,4 mill. kroner. Avdelinga har hatt eit meirforbruk på fire rammer og eit mindreforbruk på fire rammer. Rutebilramma slit med stort meir­forbruk grunna dyre nettokon­traktar samt for høge inntektsfor­ventningar i bruttokontrakten for budsjettåret 2013. Raset i Todalen vart finansiert med auka ramme til samferdsel. Investeringsramma til samferdsel var på 513,9 mill. kroner i 2013. Av denne løyvinga gjaldt 502,3 mill. kroner investe­ringar i fylkesveg. I sistnemnde beløp var 99,3 mill. kroner knytt til statlig tiltakspakke for rassikring.

Av løyvinga på 513,9 mill. kroner står det ubrukt 72,9 mill. kroner ved utgangen av 2013. Dei ubrukte midlane fordeler seg med 66,0 mill. kroner på fylkes­vegar og 6,9 mill. kroner på andre investeringar.

Mindreforbruket på fylkesveg skuldast i hovudsak at prosjekt er forseinka i høve til opphavleg framdriftsplan.

UTFORDRINGAR• Bruttoanbod på buss og ferje

gir auka risiko på inntektsida. Dette gjer det naudsynt å styrke marknadsarbeidet.

• Prisauken på driftskontraktar på buss, ferje og veg er høgare enn kompensasjonen som er gitt i dei årlege rammetilskota.

• Naudsynte kutt i rutebilramma må gjennomførast for å sikre budsjettbalanse.

• Det er eit omfattande og alvor­leg forfall på fylkesvegane. Det er naudsynt med enda større rammetilskot frå staten.

• Sikre ein robust organisering av avdelinga som handterer eksis­terande og nye oppgåver.

30

20

10

2011

22

2012

2827

21,5

25,826,1

2013 2011 2012 20130

Tilsette Årsverk

SAMFERDSEL - TAL PÅ TILSETTE/ÅRSVERK

rundt temaet sjølvfinansierande prosjekt. Ei prinsippsak for prio­ritering av store prosjekt er utar­beidd og vil bli politisk handsama i 2014. Dokumentasjon på finan­sieringssituasjonen i ferjesektoren er utarbeidd, og det har vidare vore møte med statsråden for å formidle fakta, og få betra finan­sieringa.

TRAFIKKTRYGGINGGjennom aktivt arbeid med trafikk­trygging vil vi medverke til å nå det nasjonale målet for 2024 om færre drepne og skadde i vegtra­fikken. Andre risikofaktorar som ras og dårlege farleier på sjø skal utbetrast. Ein kampanje for barne­hagar, og eit barneteater for sko­leverket er gjennomført. Brosjy­remateriell til skoleelevar om bruk av setebelte i buss er utarbeidd. Utforming av ein kampanje for bruk av setebelte i buss er i gang. Haldningsarbeidet Ballhentar­ prosjektet i fotballklubbar er gjen­nomført i Hødd, MFK, Aafk, og KBK. Konferansen «Kan legen forebygge veitrafikkulykker» vart arrangert med nær 100 deltakarar, og god respons frå legar, politi og media.

OU-PROSJEKTETDei siste åra har det skjedd store endringar innan samferdselsom­rådet, og det har vore nødvendig å vurdere om samferdselsavde­linga er organisert på ein tilfreds­stillande måte. Våren 2013 vart det starta eit utviklingsprosjekt i avdelinga som vil fortsette i 2014.

Møre og Romsdal fylkeskom-mune har inngått kontrakt med Nordled om drift av ferjetrafikk til Nordøyane. Frå venstre: adm.dir. i Norled, Ivan Fossan, samferdselssjef Arild Fuglseth og juridisk rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune Jesper Wiig.

Raset i Todalen gjorde store skader på fylkesveg 671.

23

Page 24: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Gjennom å legge til rette for eit rikt og variert kulturliv, ønskjer kultur­avdelinga å medverke til livskvali­tet, identitet og bulyst, i samarbeid med kommunar, frivillige organi­sasjonar og kulturinstitusjonar. Verksemda omfattar driftssek­sjon, fylkesbibliotek, folke helse og fysisk aktivitet, kultur formidling, kulturminnevern, frivillig arbeid, kulturnæring, i tillegg til drift av likestillingsutvalet, eldrerådet og rådet for likestilling av funksjons­hemma.

VIKTIGE HENDINGAR 2013• Vedtak av program for kreative

næringar i Møre og Romsdal.• SEANSE, Senter for Kultur­

produksjon, i Volda er inne på statsbudsjettet frå 2014.

• Vedtak om investeringstil­skot til Alnes besøkssenter og kultur bygg

• Arbeid med regional delplan for kulturminner av nasjonal og regional verdi og vedtak av regional delplan for folkehelse.

• Felles nettside for 33 folkebi­bliotek i fylket.

FOLKEHELSE OG FYSISK AKTIVITETDet er fordelt 47,3 mill kroner i spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og friluftsliv. Nettstaden www.morotur.no vart vidareut­vikla, inneheld om lag 600 turar frå 35 kommunar, og ein lanserte appen morotur for mobil og nett­brett. Alle kommunane i fylket har inngått partnaravtale med i God Helse­partnarskapen 2013­2016. Regional delplan for folkehelse vart vedteke i desember 2013, og ein har samarbeidd med kommu­nar og andre aktørar i ut forminga av den. Planen har seks satsings­område. Frivilligprosjektet ”kom­petanse og inkludering” vart avslutta i 2013. Målet med pro­sjektet var å rekruttere fleire og betre leiarar gjennom auka kom­petanse og auka tilgjenge og del­K

ULT

UR

Kunnskap, kompetanse, kreativitet og kultur er viktig for ei god utvikling i fylket vårt. Eit år inne i den nye planperioden (2013­2017) er ein på god veg med gjennomføring av nye satsingar. Likevel er det slik at nokre kommunar slit med reduserte ressursar, noko som svekkjer nettverksarbeidet og krafta i den felles kultursatsinga som utviklinga av fylket treng. Målsettinga må vere framleis brei dugnad der alle yter innsats mot felles mål. Dei siste 15 – 20 åra har det vore gjennomført ei storstilt infrastrukturbygging. Sist ut er nybygg på Romsdalsmuseet, vidare er Seanse i Volda endeleg på plass etter ni år med forsøks­ og utvi­klingsarbeid og usikker finansiering. For å full­føre den langsiktige planen for naudsynt kulturell infrastruktur, står Opera­ og kulturhus i Kristi­ansund igjen for å sikre arena for mellom anna Operaen i Kristiansund og Nordmøre Museum. Planlegginga er no i ein avgjerande fase. Fylkesutvalet vedtok i juli eit eige program for kreative næringar. KU­ og RN­avdelinga har i samarbeid med eksterne kompetansemiljø og næringa utvikla programmet.

Samla verksemd i avdelinga og den breie kultur­dugnaden i fylket medverkar til å gjere Møre og Romsdal til eit godt fylke å bu i for alle.

Arvid Blindheim fylkeskultursjef

AVDELINGANE

24 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 25: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

taking frå grupper med særskilde behov og anna kulturbakgrunn i frivillige organisasjonar.

KULTURFORMIDLINGSeksjonen har i løpet av 2013 framleis utviklingsarbeidet for Kultursekken og Møremusi­karane i tett samarbeid med eit stort kulturnettverk lokalt, regio­nalt, nasjonalt og internasjonalt. Nysatsingar som opplevelseskort for Møre og Romsdal, nyproduk­sjonar for barnehagane, finan­sieringsløysing for SEANSE og Midtnorsk musikkmesse er døme på engasjerte og kompetente fag­miljø i heile fylket. 132 produk­sjonar og 303 utøvarar har turnert gjennom kultursekken frå 0 ­19 år, noko som tilsvarar 170 000 bilet­tar! UKM i Møre og Romsdal er eit av tre fylke på landsbasis som har auke i deltakartalet. I alt deltok 1986 ungdommar på lokalmøn­stringane. Møremusikargruppa ”Fjord og Fjell” gav ut CD’n Sneis i 2013 og den fekk terningskast 6 i Sunnmørsposten.

KULTURVERNSeksjonen har utført eit omfattande arbeid med restaurering, sikring,

Svøu i Sunndal. Foto Siv Aksdal

Barneboka «Kakerlakken med den stygge frakken... og hovudet fullt av triste tankar» av Martine Grande. Boka er også å finne som animasjonsfilm. Grande mottok kunstnarstipend i 2012.

25

Page 26: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Bokbåten ”Epos” feira 50 år i 2013, og dette vart markert langs heile kysten. ”Epos” var eit av tre bibli­otek som vart nominert til prisen ”Årets bibliotek” av Norsk biblio­tekforening i 2013 ­ den gjevaste pris eit norsk bibliotek kan få. Pri­sen gjekk til slutt til Time biblio­tek, men nominasjonen var i seg sjølv eit viktig bibliotekpolitisk signal om at bokbåten fortener heider og merksemd. Totalt har fylkesbiblioteket lånt ut 29 500 bøker, ei auke på 2,9 prosent frå 2012.

KREATIVE NÆRINGARVåren 2013 vart program for krea­tive næringar i Møre og Romsdal vedteke. Satsinga er godt politisk forankra og er utforma i dialog med næringa, kunnskapsinsti­tusjonar og verkemiddelappara­tet. RN­ og KU­avdelingane står saman med Innovasjon Norge om satsinga. Hausten 2013 vart det lyst ut midlar til utvikling av nett­verk, møteplassar og kompetanse for næringar, og KF­utvalet for­delte kr. 4 680 000 til seks motta­karar, alle treårige prosjekt.

kartlegging, digitalisering, tilret­telegging og formidling av kul­turarven. Det er fordelt 7,9 mill til freda bygg og anlegg, kystkultur og verdsarvområde. Det er også brukt mykje tid til å handsame dei om lag 1300 arealplanane som har vore på høyring. Regional del­plan for kulturminner av nasjo­nal og regional verdi har vore via stor merksemd, og seksjonen har vore ein sentral medspelar til utvikling av kommunale kultur­minneplanar i 14 kommunar. Det kanskje mest spannande funnet i 2013 gjeld spor etter steinalder­menneske i einbogestilling i Nord­dalsfjella. Dette er første gong vi har fått ei så gamal datering frå eit fangstanlegg i høgfjellet i vårt fylke og funnet er også spesielt i lands samanheng. Ei spesiell

glede i 2013 var at ein av nesto­rane innanfor kulturminnevernet i vårt fylke, Jon Bojer Godal ved Geitbåtmuseet i Halsa, fekk Kon­gens Fortenestemedalje i sølv.

FYLKESBIBLIOTEKET2013 har vore prega av store utvi­klingsarbeid, prosjekt og felles­satsingar på bibliotekområdet. Hausten 2013 gjekk 33 folke­bibliotek i Møre og Romsdal inn i ein ny digital kvardag. Via koordi­nering frå fylkesbiblioteket, kunne biblioteka i november lansere nye og funksjonelle nettsider etter tre års arbeid. Ein hadde også ansvar for to store arrangement dette året: Regional bibliotekkonferanse for fem fylker og felles jubileums­feiring for Bokbåten ”Epos” for tre fylkesbibliotek på Vest landet.

Kreativfylket.no – ei storsat-sing som skal hjelpe kreative næringar i Møre og Romsdal å byggje nettverk. Prosjektet går ut 2016.

Regional delplan for folkehelse blei vedteke i fylkestinget i de-sember 2013

Kommunalt tilsette som arbeider med spelemidlar reiste på studie-tur til Danmark i 2013. Foto: Møre og Romsdal fylkeskom-mune.

26 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 27: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

ØKONOMIFylkeskommunen sine ressur­sar utløysar både statlege og kommunale ressursar gjennom finvevde samarbeid. Samarbeidet fører til ein stor kulturdugnad og mange spleiselag gjennom frivil­lige organisasjonar, institusjonar med vidare. Dette utløysar også samarbeid mellom amatørar og profesjonelle aktørar.

Kultur har ei samla netto drift­sramme på 102,9 mill. kroner og eit mindreforbruk på 82.000 kroner.

Kulturavdelinga har brutto

forvalta om lag 200 mill. kro­ner. Den store skilnaden mel­lom brutto­ og nettotal skul­dast ei rekkje større og mindre overføringar frå staten, m.a. (sjå tabelloppsett nedanfor)

60

50

40

20

2011 2012

5656 56 53,2550,75

53,55

2013 2011 2012 20130

Tilsette Årsverk

KULTUR - TAL PÅ TILSETTE/ÅRSVERK

30

10

DIV. STATLEGE OVERFØRINGAR

KKD spelemidlar, inkl. forenkla spelemidlar og nærmiljøanlegg 47.034.000KKD Desentralisert ordning kulturbygg 6.626.000KKD Spelemidlar kultursekken (grunnskole og vgs) 11.042.000Rikskonsertane 2.832.751DN tilrettelegging og sikring av friluftsområde 1.902.000Riksantikvaren (Freda bygg og anlegg og verdsarv) 7.915.000Sosial og helsedirektoratet (lokalt folkehelsearbeid) 819.000

Framsyninga «Ut av det blå» blei spela i barnehagar som ledd i Kultur-sekken. Foto: Nils Christian Thompson.

I samband med at bokbåten Epos feira 50-årsjubileum i fjor, blei det arrangert eigen jubileums-turné, noko som blei markert ved fleire høve. Her besøkjer fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær (t.h.) båten saman med inviterte kollegaer frå andre fylke og nasjonalbibliotekaren. Foto: Fylkebiblioteket.

Øvst: I 2013 ble det lansert ny felles nettside for folkebiblioteka.

Mikhael Paskalev frå Ålesund turnerte i Kultursekken for dei vidaregåande skolane i 2013.

27

Page 28: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Bildetejkst

REG

ION

AL

OG

RIN

G

VIKTIGE HENDINGAR 2013:• Møre og Romsdal fekk god

uttelling i siste programperio­den for VRI (2014­2017). VRI er Forskningsrådet si satsing på mobilisering til forsking og innovasjon i regionane i Noreg.

• Fylket fekk to nye arena­program, Norwegian Rooms (møbelnæringa) og LegaSea (biomarin klynge).

• Fylkeskommunen, ved regional­ og næringsavdeling og kultur­avdelinga, utarbeida strategi og lyste ut prosjektmidlar til krea­tive næringar.

• Det vart gjennomført kurs i utviklingsarbeid og prosesslei­ing med over 60 deltakarar frå kommunane.

• Partnarskapsavtalane med kom­munane om førstelineteneste i hoppid.no er fornya

Næringslivet i Møre og Romsdal eksporterer meir per tilsett enn noko anna fylke. Eksporten gir grunnlag for verdiskaping hos underleverandørane, private og offentlege tenestetilbod, bustadinvesteringar og handel. Regional­ og næringsavde­linga arbeider strategisk med å legge til rette for at bedriftene kan utvikle seg basert på sine fortrinn.

Eit variert og dynamisk arbeidsmarknad er ein føresetnad om vi skal gjere Møre og Romsdal attraktivt, og fylkeskom­munen har i 2013 satt i gang satsing på å utvikle dei kreative næringane.

Lokalsamfunna må ha attraktive sentrum og bumiljø, samt gode offentlege tenester, og vi støtter kommunane i deira utviklingsarbeid. I Bysatsinga har vi i 2013 lagt grunnlaget for utviklingsfokus for byane og regionane rundt. Gjennom LUK, Tettstadprogrammet, Bulyst har vi hatt samarbeid med dei fleste kommunane i fylket om utviklingprosjekt.

Utfordringa for 2014 vert å forvalte avdelinga sine verke­middel, kompetanse og tilskot, optimalt slik at vi kan hjelpe fram nye utviklingsprosejkt. Det er ei utfordring at dei regio­nale utviklingsmidlane frå staten vert kraftig redusert i 2014.

Bergljot Landstad regional- og næringssjef

AVDELINGANE

28 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 29: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

• Foresight­prosjektet Nord­møre og Romsdal er avslutta, og arbeidet er overtatt av ROR og ORKidé.

AVDELING OG VERKSEMDRegional nærings­ og samfunns­utvikling er hovudarbeidsområdet for avdelinga. Vi er initiativtaka­rar, pådrivarar og samarbeidspart i satsingar knytt til utvikling av fyl­ket. Arbeidet er forankra i Fylkes­plan og Handlingsprogram Verdi­skaping. Regional­ og næringsav­delinga har forvaltningsoppgåver innan akvakultur, havressurs­ og naturforvaltning. Fylkeskom­munen er deleigar og oppdrags­gjevar for Innovasjon Norge, og vi samarbeider tett med kommunar, næringsliv og forsking og kunn­skapsmiljø. Ressursane våre er høg og variert kompetanse hos dei til­

sette, eit sterkt eksternt nettverk og kapital til utviklingsprosjekt.

ENTREPRENØRSKAPI 2013 har ein fått fornya avtale om hoppid.no­kontor med 33 kommunar. I entreprenørskaps­utlysinga «Grunderfylket Møre og Romsdal» løyvde Møre og Romsdal fylkeskommune 2,1millionar kro­ner til tre prosjekt.

Regional­ og næringsavde­linga og kulturavdelinga har arbeidd fram satsing på kreative næringar, og i 2013 lyste vi ut prosjektmidlar. Målet med sat­singa er å hjelpe aktørar i dei kreative næringane til å utvikle eiga verksemd.

TILRETTELEGGING NÆRINGSLIVSikring av kraftforsyninga til fylket er viktig. Fylkeskommu­

nen har oppretta ein møtearena, Arena Gardermoen, der aktørane som er ansvarleg for utbygging av kraftforsyning til fylket, er samla. Fylkeskommunen støtter utbygging av fysisk infrastruk­tur, og i 2013 har ein vært med å finansiere utviding av industrikaia på Steinshamn og fleirbrukskai i Sykkylven.

KMD er Noregs talerøyr inn til EU ved utarbeideing av nytt EØS­regelverk for regional statstøtte, og fylkeskommunen har tala kommunane sin sak ved innspel til soneinndelinga for ny periode frå 1.juli 2014.

Petroleumsrelatert nærings­liv er ein svært viktig del av næringslivet i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har utført kart legging i heile fylket med fokus på rekruttering og kva fag

Regional- og næringsavde-linga samar-beider med Kulturavdelinga om satsinga på kreative næringar. Krea-tive næringar er definert som bransjane trykte medium, kul-turarv, annonse og reklame, arkitektur, mu-sikk, kunstnar-leg verksemd, film, foto, spel, design, tv og radio. Her frå lydstudioet Ocean Sound Recordings på Giske. Foto: FredJonny

29

Page 30: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

kommisjonen. For å motivere unge til interna­

sjonalt engasjement er det arran­gert seminar og orienteringsmøte om mulegheiter innan for Aktiv Ungdom­programmet, og Ung­domspanelet fekk bistand i orga­niseringa av prosjektet «Barn og unges medvirkning i samferd­selsplanlegging». Fylkeskom­munen fekk innvilga støtte frå energiprogrammet IEE (Intelli­gent Energy Europe) til prosjek­tet BEAST, der Møre og Romsdal fylkes kommune saman med partnarar frå åtte andre euro­peiske land skal bidra til gjen­nomføring av lokale klima­ og energiplanar.

FOUVRI Møre og Romsdal fekk full utteljing på søknaden om vidare deltaking i VRI programmet. VRI Møre og Romsdal var ein av seks regionar som fekk midlar gjennom konkurransepotten.

10 prosjekt frå Møre og Roms­dal fekk støtte frå Regionalt for­skingsfond Midt­Norge i 2013. Det har vore utlysing både på for privat og offentleg sektor i 2013, med mange gode søknader frå Møre og Romsdal.

som trengs i petroleumsnæringa, og det vert arbeidd for å utvide den petroleumsretta utdanninga i fylket.

Både Norwegian Rooms (møbelnæringa) og LegaSea (bio­marin næring) fekk arenastatus i 2013, og begge har fått støtte frå fylkeskommunen i prosjektperio­den. Saman med NCE Maritime, iKuben og NCE Tourism har vi no fem klyngeprogram i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal er Noregs

største sjømatfylke, og fylkes­kommunen var saman med næringa representert på Aqua­Nord i Trondheim. Gjennom året har vi støtta prosjekt innan merke varebygging, sjømatkvali­tet, produktutvikling, marin bio­teknologi, og miljøtiltak.

INTERNASJONALTInternasjonalt har fylkeskommu­nen deltatt i tre møte i dei tema­tiske undergruppene for Marine Ressursar og Transport i Nordsjø­

Arbeidsinn-vandring og integrering var på dagsorden i LUK-arbeidet (Lokal Sam-funnsutvikling i kommunane) i 2013.Foto: Molde kommune

Leiar i Regional og nærings-utvalet Randi Asbjørnsen og nestleiar Hanne Notøy repre-senterer Møre og Romsdal på AquaNor-messa som det største sjømatfylket i Noreg.

30 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 31: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

ØKONOMI

Regional og næring var tildelt ei samla driftsramme på 69,7 mill. kroner. Av denne er 23,5 mill. kroner løyvingar til å støtte FoU verksemder/organisasjonar i Møre og Romsdal. Fylkeskom­munalt tiltaksfond utgjer 11 mill. kroner. For alle rammer totalt sett har vi eit underforbruk på 5,8 mill. kroner.

Regional­ og næringsavdelinga hadde ansvar for statlege ver­kemidlar på 225 mill. kroner til regionalt utviklingsarbeid i 2013, desse har ein nytta til:• 125,96 mill. kroner «Regionale

utviklingsmidlar»­ 60 mill.kroner til Innova­

sjon Norge­ 26,5 mill. kroner til kom­

munale næringsfond­ 39,5 til Regional­ og

næringsavdelinga• 97,3 mill.kroner «RDA(88,4 /

Breiband 8,9)»• 1,5 mill. kroner «Rekruttering

landbruk»• 0,4 mill. kroner Viltfond

UTFORDRINGAR

• Forvalte avdelinga sine ver­kemiddel, arbeidsressursar og økonomiske, på ein slik måte at verknadane av lågare over­føringar frå KMD ikkje råkar utvikingsarbeidet i Møre og Romsdal.

• Næringsklyngene våre, spesi­elt maritimt og marin, er regio­nens fortrinn. Vi må forsterke dei praksisnære utdannings­ og forskingsmiljøa rundt klyn­gene

• Næringslivet har i auka grad tatt i bruk forsking i sitt utvi­klingsarbeid, offentleg sektor må og henge med

• Forankre prosjektet «Byen som regional motor» hos byane og dei omliggande kommunane.

30

25

20

10

2011

27

2012

30 29

26,5

29 28,7

2013 2011 2012 20130

Tilsette Årsverk

REG. 0G NÆRING - TAL TILSETTE/ÅRSVERK

15

5

I konjunkturbarometeret TEMP var tema i 2013 ulike måtar å sikre konkurransekraft. Gjennom investeringar i automatisering og robotisering kan vi produsere meir effektivt, og merkevarebyg-ging kan gjere oss stand til å konkurrere betre på den interna-sjonale marknaden.

Fylkeskom-munen i dialog med nærings-livet: Linjebygg Offshore har spesialisert seg på å ut-føre krevjande operasjonar i skvalpesona. Foto: Øyvind Tveten

KOMMUNERETTA UTVIKLINGI regi av LUK­satsinga er det gjen­nomført kurs i utviklingsarbeid og prosessleiing for kommunalt til­sette i 2013. Gjennom LUK­utly­sing ga fylkeskommunen tilskot til sju utviklingsprosjekt, og til saman har 33 prosjekt fått LUK­støtte i programperioden.

Attraktive tettstader og bumiljø er viktig, og nærare 30 av kommunane i fylket har tett­stadprosjekt i gong i ulike fasar. Det er i 2013 gjennomført 4 arki­tektkonkurransar, og 7 prosjekt er undervegs i fysisk opprusting.

FORVALTNINGDet er utarbeidt tiltaksprogram for vassregion Møre og Roms­dal, og det er utarbeidd lokale tiltaks analyser for alle fem vass­områda. Gjennom Marint miljø­ og verdiskapingsfond (MVF) har fylkeskommunen fokus på betre sameksi sten mellom havbruk og villaks. Gjennom dei siste åra har MVF støtta utarbeidinga av inter­kommunale planar for sjøområda både på Nordmøre, nordre Sunn­møre og i Romsdal.

31

Page 32: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

TAN

NH

ELSE

BildetejkstFylkeskommunen skal syte for tannmedisinsk hjelp til heile befolkninga som bur eller mel­lombels oppheld seg i fylket. Dette gjeld i hovudsak barn og unge, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjuke­pleie og personar i kommunal og statleg rusomsorg. Flyktningar, personar med opphald på huma­nitært grunnlag og asylsøkarar som bur og oppheld seg i statlege mottak har også rett til frie tann­helsetenester.

Fylkestannlegen er fagleg og administrativ leiar for tannhel­setenesta. Den utøvande verk­semda er organisert i fem tann­helsedistrikt, som kvar blir leia av ein overtannlege og til saman 37 distriktstannklinikkar.

VIKTIGE HENDINGAR• Overordna tannhelseplan,

Regional delplan tannhelse, vart vedtatt av Fylkestinget.

• Etablering av spesialist­/kom­petanseklinikk i Molde.

• Laserstøtta tannbehandling er tatt i bruk for å betre tilbodet til pasientar med uttalt angst for tannbehandling.

• TOO­team med psykolog er eta­blert i Møre og Romsdal som eit ledd i helsedirektoratets sat­sing for å betre tilbodet til svake grupper.

REGIONAL DELPLAN TANNHELSE2013 vart prega eit omfattande arbeid med den nye overordna tannhelseplanen, Regional del­plan tannhelse, som vart vedtatt i fylkestinget i oktober 2013. Pla­nen gir oss retning å jobbe etter i faglege spørsmål og prioriteringar, men også for korleis vi skal orga­nisere den offentlege tannhelsete­nesta i eit 2025­perspektiv.

2013 har vore eit spennande og innhaldsrikt år for tannhelsetenesta. Regional delplan tannhelse, vedtatt i fylkestinget i oktober, gir retning for kor­leis vi må tilpasse samfunnsoppdraget for å sikre kvalitet, kompetanse og pasientsikkerheit i ein situa­sjon med rekrutteringsutfordringar og endringar i befolkninga si samansetning og behov. Planen gjer greie for strategiske vegval i eit 2025­perspektiv, og har fokus på målretta førebyggande innsats og profesjonell klinisk praksis til beste for det priori­terte klientellet.

Våre tilsette er dei viktigaste bidragsytarane i arbeidet med å skape kvalitet i pasientbehandlinga. Kvalitet skal utviklast gjennom individuell innsats frå dei tilsette, gjennom deling av kompetanse og kunnskapsoverføring på tvers av klinikkar. Regio­nal delplan legg opp til etablering av kompetanse­klinikkar i heile fylket. I løpet av hausten er nye klinikk lokale for oralkirurg og kjeveortoped etablert i ved distriktstannklinikken St. Carolus i Molde. Ny tekno logi og laserstøtta tannbehandling er også eit satsings område. Målet er nye behandlingsmetodar som kan gi eit betre og meir smertefritt behand­lingsalternativ for dei mest engstelege pasientane våre.

I 2013 starta etableringa av eigne kompetanse­team for tilrettelagt tannhelsetilbod for menneske som er utsett for tortur, overgrep eller har odontofobi (TOO). Dette blir eit satsingsfelt som ytterlegare vil styrke vårt unike samfunnsoppdrag.

Anthony Norman Valen fylkestannlege

AVDELINGANE

32 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 33: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

DET FØREBYGGANDE TANNHELSEARBEIDETTiltak for å fremme både den gene­relle helsa og tannhelsa krev ei heilskapleg tilnærming og regi­onal delplan tannhelse vektlegg vår pådrivarrolle i samhandling på tvers av forvaltningsnivå og tenestegrenser i det førebyggande og folkehelsefremmande arbeidet. Førebygging er ein grunnpilar for den offentlege tannhelsetenesta. Hovudstrategien for folkehelsear­beidet er å legge til rette for sunne val, bygge alliansar, utvikle og ta i bruk ny kunnskap. Det førebyg­gande arbeidet skal prioriterast framfor behandling.

Tannhelsetenesta har stor kompetanse innan førebygging i eige fagfelt, som skal nyttast i samarbeid med andre aktørar frå andre helserelaterte fagfelt. På tannklinikkane blir det kon­tinuerlig drive individretta tiltak med informasjon og rettleiing om kosthald, munnstell og fluorbe­handling. Risikopasientar blir identifisert for individuell opp­følging. Tannhelsetenesta har i 2013 lagt ned 1200 timar i føre­byggjande arbeid utanfor kli­nikkane mot helsestasjonar, sju­keheimar og andre samarbeids­partar i kommunane. Dette er eit viktig arbeid som koordinerast av fylkestannlegen sin folkehel­sekoordinator og folkehelsekon­taktane i distrikta.

Tannhelsa til 18­åringane i Møre og Romsdal har ikkje hatt like positiv utvikling som i mange andre fylke, og det har i 2013 blitt sett fokus på sunne matval i skolekantina, m.a. med

samling for kantinetilsette frå VGS for erfaringsoverføring og kompetanseheving.

MÅLOPPNÅING FOR DET PRIORITERTE KLIENTELLETTenesta hadde i 2013 tilfredsstill­ande måloppnåing for alle dei prioritertegruppene. I den største gruppa av det prioriterte klientel­let (gruppe A: barn og unge opp til 18 år) er tilsynsprosenten 87 prosent for tre­åringane, 92 pro­sent for fem­åringane, 89 prosent for 12­ åringane og 88 prosent for 18­åringane.

For tre­åringane har vi tann­

helse statistikk frå 2012, medan vi for dei andre tre indikatorkulla har tal tilbake til 1984. Alle fylka registrerer tannhelseutviklinga for desse årskulla. DMFT­ tala gir ein verdi på kor mykje karies (tannråte) pasientane har, kor mange tenner som er tapt og kor mange tenner som er fylte. For 2013 viser DMFT­tala ein liten forverring for tre­åringar som er undersøkt, medan dei undersøkte fem­ og 12­åringar har hatt for­betring i si tannhelse. Tala for 18­åringane var uendra frå 2012. DMFT­tala er samanliknbare mellom fylkeskommunane og

Regional delplan tannhelse vart vedteke av Fylkestinget den 15. oktober 2013

33

Page 34: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

60 prosent av alle barn mellom tre og 18 år har ikkje behov for tann-behandling.

gir oss ein indikasjon på korleis vi kan effektivisere behandlinga og sette riktige innkallingsinter­vall. Tidligare vart alle barn inn­kalla minst ein gong årleg. No møter pasienten ut frå eit indi­viduelt behandlingsbehov. I snitt går det no mellom 16 og 18 måna­der mellom kvart besøk dei unge har på tannklinikken.

Trenden er no at statistikken for indikatorkulla er i ferd med å flate ut.

FLEIRE TANNLEGAR, MEN FRAMLEIS REKRUTTERING S-UTFORDRINGARDet er fleire søkjarar til tannlege­stillingane enn tidlegare år, men få av søkjarane kan gå rett inn i distriktstannlegestillingar på dei minste tannklinikkane. Nokre av søkjarane har lisens, men manglar autorisasjon og kan ikkje arbeide aleine utan rettleiing frå ein erfa­ren tannlege. Ein stor del av søkja­rane er utanlandske tannlegar som ikkje snakkar eit skandinavisk

språk, og som av den grunn ikkje kan tilsettast.

Rekrutteringsutfordringane handlar no i større grad om å sikre tilgangen på autoriserte tannhel­sesekretærar og tann pleiarar. Dei siste par åra har det blitt stadig vanskelegare å rekruttere autori­serte tannhelsesekretærer, og fleire av sekretærstillingene er i dag bemanna med arbeidstaka­rar utan autorisasjon. Gjennom­snittsalderen er høg blant sekre­tærane, og vi får merkbar avgang frå denne gruppa i eit femårsper­spektiv. Ungdom er lite interes­sert i tannhelsesekretærutdan­ning, og svikt i søkjartalet har medført at VG3­tibodet ved Borg­und VGS for tida ikkje eksisterer.

KOMPETANSEBYGGINGKompetanseutvikling inngår i Regional delplan tannhelse som satsingsområde for å sikre kva­litet og pasientsikkerheit. Planen løftar fram ny teknologi og nye forskingsbaserte behandlingsme­

todar for å sikre kontinuerleg kva­litetsforbetring.

Den offentlege tannhelsetene­sta gir eit tenestetilbod som krev høg og spesialisert kompetanse, og tilhøva skal leggjast til rette for at alle tilsette kan vedlike­halde og vidareutvikle sin kom­petanse i takt med den faglege utviklinga innan tannhelse faget. Tannhelsetenesta sin strategiske kompetanseplan er revidert i 2013.

Tannhelsetenesta ønskjer å vere ein lærande organisasjon med kultur for læring, der dei tilsette lærer av kvarandre i fel­lesskap og får vidareutvikla sine evne i refleksjon over eigen prak­sis. Med fokus på oppdatert kom­petanse og rett arbeidsfordeling, skal fagprofesjonane innan tann­helsetenesta samhandle om det best moglege behandlingstilbo­det for pasientane.

Dei forskingsrelaterte aktvi­tetane i den offentlege tannhel­setenesta i Møre og Romsdal har

34 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 35: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

auka dei siste åra og våre tilsette har fleire vitskaplege publikasjo­nar i 2013.

Tannhelsetenesta har i 2013 investert i utstyr for laser­støtta tannbehandling i Molde tannhelse distrikt og Ålesund tannhelsedistrikt. Fylket er blant dei første i landet som kan tilby denne innovative teknikken i tannbehandlinga.

ARBEIDSMILJØMedarbeidarundersøkinga som vart gjennomført i 2013, viser ein svært positiv trend for tannhelse­tenesta. Undersøkinga gir kunn­skap om faktorane i arbeidet som er viktige for trivsel, helse og yteevne, og resultata viser at til­sette i tannhelsetenesta opplever arbeidsglede, høg grad av meist­ring og positive utfordringar. Sju­kefråværet aukar frå 6,2 prosent til 7,2 prosent frå 2012 til 2013, men er framleis godt under nivået frå dei føregåande åra.

ØKONOMITannhelsetenesta hadde i 2013 eit samla mindreforbruk på 2,6 mill kroner. på driftsbudsjettet. Dette skyldast i all hovudsak to forhold: • Vakante stillingar, på grunn av

høg turn­over, permisjonar og vanskar med å finne dei rette kandidatane til dei utlyste stil­lingane. Der er mange søkjarar til stillingane, men få som kan gå rett inn i tannlegestillingar på små klinikkar. Situasjonen gir vakansar i lengre periodar og genererer eit mindreforbruk på driftsbudsjettet.

• Utbetaling frå skadefondet på grunn av eit større datasaman­brot på slutten av 2012 og byr­jinga av 2013 som førte til pro­duksjonstap. Heile utbetalinga vart bokført i 2013.

UTFORDRINGAR• Implementere Regional del­

plan tannhelse og starte arbei­det med oppfølging av resul­tatmåla knytt til satsingsom­

råda kvalitet/pasientsikkerheit, kompetanse, berekraftig kli­nikkorganisering og folkehelse/samhandling.

• Vidareutvikle kompetanse i dei kliniske miljøa, gjennom opp­følging av tannhelsetenesta sin strategiske kompetanseplan og bruk av ny teknologi.

• Rekruttering og stabilisering av medarbeidarar med pasientfo­kus, gode samarbeidsevner og produktivitet.

• Løyse dataproblem knytt til digitale røntgenbilete.

200

100

2011

199

2012

192 194

169159 162

2013 2011 2012 20130

Tilsette Årsverk

TANNHELSE - TAL PÅ TILSETTE/ÅRSVERK

150

50

Fleire eldre beheld eigne tenner enn før

Tilrettelagt behandling av pleietrengjande pasientar blir stadig viktigare

35

Page 36: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Bildetejkst

PLA

N O

G A

NA

LYSE

AVDELINGANE2013 var eit hektisk år på plansida i kommunane i Møre og Romsdal, noko som også prega vår kvardag. Endringane som blei gjennomført i Plan­ og bygningslova for få år sidan gjorde at mange kommunar starta arbeidet med å revidere kommuneplanane sine, både på samfunnsdelen og arealdelen. Vi har derfor levert mange innspel til slike planprosessar i forma av statistikk/analyser samt prosessrettleiing i tillegg til formelle uttalar når planane er på høyring. Vi sit med eit inntrykk av at kvaliteten på kommunale planar, både når det gjeld prosess og sjølve plandokumentet, er i ei positiv utvikling. Her vi vi særleg peike på at kommunane er blitt langt flinkare til å legge eit regionalt perspektiv til grunn i arbeidet, og at kommuneplana blir tatt i bruk, ikkje berre lagt i ei skuff og gløymt. Våre faste publikasjonar Fylkes­statstikk og RISS, samt den fornya kommunestatstikken på nett vert tatt i bruk av stadig fleire, og vi får gode tilbake­meldingar på at dette er nyttig kunnskap når ein skal drive samfunnsutvikling. Det er kjekt å sjå at det vi syslar med i øvste etasje på Fylkeshuset er til nytte i heile fylket, og vi merkar ein aukande interesse både frå kommunar og media.

Ole Helge Haugen fylkesplansjef

Møre og Romsdal fylkeskom­mune er regional planstyresmakt. Plan­ og analyseavdelinga er ei stabsavdeling som skal medverke til å styrke den heilskaplege sam­funnsplanlegginga i Møre og Romsdal. Avdelinga har sentrale oppgåver innan planlaging, plan­rettleiing etter plan­ og bygnings­loven, karttenester samt statistikk og analyse. Avdelinga si viktigaste målgruppe er kommunane.

REGIONAL PLANLEGGINGAvdelinga følgjer opp og koordi­nerer den regionale planlegginga med basis i «Regional plan strategi 2012­2016», som vart vedteken av fylkestinget i april 2012 (T­7/12) og godkjent av Miljøverndeparte­mentet august 2013. For perioden 2012­2016 er det planlagt utar­beidd og/eller revidert 12 planar.I 2013 var planar med så ulike tema som samfunnstryggleik og beredskap, tannhelse, folkehelse, kulturminner av regional og nasjonal verdi, klima og energi og senterstruktur under arbeid i Fylkeskommunen i tillegg til at vi deltok i arbeidet med planar med verknad for vårt område men som blei leia/gjennomført av andre m.a. på området villrein.

REGIONAL DELPLAN FOR TANNHELSE vart vedtatt av fylkestinget i sak T­59/13. Planen gir retning for korleis fylkeskommunen må arbeide innanfor tannhelsefeltet for å sikre kvalitet, kompetanse og pasienttryggleik i ein situasjon med rekrutterings­utfordringar og endringar i befolkninga si saman­setjing og behov.

36 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 37: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

REGIONAL DELPLAN FOR FOLKEHELSE vart vedtatt av fylkestinget i sak T­78/13. Planen skal vere eit grunn lag for det samla arbeidet med folkehelse i Møre og Romsdal. Målet med folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse for den enkelte, og reduserte sosiale helse­forskjellar i befolkninga.

REGIONALE KYSTSONEPLANAREtter initiativ frå kommunane er det sett i gang tre prosessar som skal føre fram til interkommunale sjøarealplanar.

Fylkeskommunen har gitt øko­nomisk tilskot til dette arbeidet og følgjer planarbeidet med prosess­rettleiing. Det varierer kor langt dei tre planprosessane har kome. I Romsdal er planprogrammet

vedtatt og det er venta at plan­forslaget vil bli lagt til offent­leg ettersyn første halvår 2014. På Nordmøre arbeider dei med planprogrammet. Planen vil mest sannsynleg bli lagt til offentleg ettersyn i 2015. For Sunnmøre er det vanskeleg å anslå framdrift.

PLANBEHANDLINGAlle høyringssaker etter plan­ og bygningslova vert samordna i eitt brev inn/eitt brev ut til kommu­nane. I 2013 vart det handsama 1117 innkomne saker. Dette er det same som i 2010 og 2011, men omlag 100 færre enn i 2012.

Saken ford eler seg slik:• reguleringsplanar 472, av

desse 458 detaljreguleringar, 14 område reguleringar

• kommuneplanar/­delplanar 64• dispensasjon frå plan 573, av

desse 216 også frå pbl §1­8 (byggjeforbodet i strandsona).

Forholdstalet mellom plan og dis­pensasjon er nokolunde som tid­legare. Når det gjeld strandsona er talet tilbake til det «normale» etter ei kraftig auke i 2012. Det er som venteleg stor forskjell i akti­vitet mellom kommunane. Talet for detaljregulering varierer frå 1 til 46, dispensasjonar frå 2 til 59.Det vart reist motsegn til 102 av plansakene. I halvparten av desse gladt motsegna manglande regis­treringar ned omsyn til automa­tisk freda kulturminne. Omsynet til barn og unge (34) eller planfag­lege manglar (39) var andre vik­tige grunnar. Dei aller fleste av

Planar utarbeidd etter plan- og bygningslova er viktige sty-ringsdokument som omset poli-tikk til handling og samlar ulike aktørar om fel-les strategi og retning. Mange regionale planar blei ut-arbeidd eller fornya i 2013.

37

Page 38: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Bildetejkst

motsegnene er løyst eller framleis i prosess. Berre to saker gikk til mekling hos fylkesmannen og den eine av desse er framleis uavklart. Seks dispensasjonsvedtak vart påklaga, ei klage trekt undervegs.

Det vart gjennomført 8 sam­lingar i regionalt planforum med tilsaman 10 saker. Regionale plannettverk var samla 2 gonger.

GISLINKFylkeskommunen sin kartportal GisLink (www.gislink.no) hadde i 2013 eit gjennomsnitt på 7000 besøkande i månaden. Tenesta har vore stabil og mykje nytta til ulike oppgåver. Avtale for vidare drift gjennom ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe vart i 2013 under­skrive med samarbeidspartnarane for karttenesta. Det er også sett opp fleire spesifikke fagtenester, blant anna ei kartteneste for dei interkommunale samarbeida for sjøplanar i Romsdalen og Nord­møre og karttenester som blir nytta av elevar i den vidaregåande skolen. I samarbeid med Sør­Trøn­delag fylkeskommune er det også sett opp ein skoleskyssportal for berekning av avstand mellom bustad og skole i fylket.

BARN OG UNGE I PLANSAKER.Møre og Romsdal Fylkeskom­mune har i 2013 hatt eit ekstra fokus på barn og unge i plansaker. For å støtte opp om kommunane sitt planarbeid er det utarbeidd ei såkalla «policy­dokument» på temaet som synleggjer nasjonal og regional politikk og heimels­verk i forhold til barn og unge sine interesser i plansaker. Erfaringa så langt er at omsynet til barn og unge ikkje blir vektlagt nok i kom­munale planprosessar, men vi ser allereie ei betring i dei plansakene vi får til handsaming. Satsinga vil bli vidareført i 2014 m.a. gjennom kompetansehevingstiltak for kom­munale planleggarar og barnere­presentantane i kommunane.

VAL AV SJUKEHUSTOMT I ROMSDAL – NORDMØRE.Fylkesplansjefen og fylkeskom­munen sin plankoordinator har etter førespurnad frå Helse Møre

Fylkeskom-munen har hatt ekstra fokus på oppvekstvilkåra til barn og unge i sine plansaker, noko som har gitt positive ringverknader til kommunane som no vektlegg dette temaet betre enn før.

38 ÅRSRAPPORT 2012 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 39: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Populærvitskaplege artiklar med fokus på aktuelle samfunns-spørsmål i vårt fylke. Treng du tema og argument for å fart på diskusjonen i lønsjpausa finn du det her.

«Fylket i tal» - ein omfattande oversikt over utviklinga i fylket presentert i statistikk og tabellar. Mykje brukt av media og som kunnskapsgrunnlag for kom-munalt plan- og utviklingsarbeid. Passar ypparleg til å laga quiz med lokale spørsmål!

og Romsdal koordinert arbei­det med kommunedelplanar for ny sjukehustomt i kommunane Molde, Gjemnes og Kristiansund.

REGIONAL STATISTIKK OG ANALYSEAvdelinga utarbeider og formidlar aktuell statistikk og analyser om Møre og Romsdal, som grunnlag for politiske vedtak, og for fylkes­kommunen og kommunane sitt arbeid. Publikasjonane Fylkessta­tistikk 2013 og RISS 2013 doku­menterer samfunnsutviklinga og set søkjelys på viktige tema i sam­funnsdebatten.

For å støtte betre opp om kom­munane si planlegging har Kom­munestatistikken for 2013 ikkje berre blitt oppdatert med nye data, men også med nye tema som til dømes bustadbygging og hushald, kommunal planlegging, samt ein presentasjon av publi­kasjonar som kan være til hjelp i kommuneplanprosessar.

I 2013 har regionalisering blitt teke inn i både Fylkesstatistikk og Kommunestatistikk. Avde­linga har her lansert omgre­pet «Kvardagsregionar», som er basert på blant anna dei fire store pendlingsstraumane i fyl­

15

5

2011

12

2012

1213

12 11,5612,80

2013 2011 2012 20130

Tilsette Årsverk

POA - TAL PÅ TILSETTE/ÅRSVERK

10

Omgrepet re-gion er ikkje så lett å definere, men nyttast oftast om eit distrikt, eit større avgrensa område, som er større enn lokalsamfun-net (kommunen eller byen) og mindre enn nasjonen. Ei slik avgrensing kan i mange høve være tenleg, også i statistisk samanheng. Basert på pend-ling, handel, kulturpendling osv. lanserte vi i 2013 «Kvar-dagsregionen», ei inndeling av fylket i fire regionar som innbyrdes heng tett saman i «kvardagen».

ket, handel, tenester og kultur. Med utgangspunkt i desse kan fylket delast inn i fire regionar: Eiksundregionen, Ålesundregio­nen, Molde regionen og Kristian­sundregionen.

Avdelinga leverer statstikk og analysar som grunnlag for kom­munal planlegging og utviklings­arbeid og som bidrag i samfunns­debatten også gjennom innleiin­gar og fordrag i ulike fora samt kronikkar og intervju i media.

ØKONOMIAvdelinga hadde i 2013 eit samla budsjett på i overkant av 11 mil­lionar og eit forbruk på om lag 10 millionar. Underforbruket har si forklaring i at på nokre postar er budsjettperioden fleirårig.

UTFORDRINGAR I 2014• Koordinere fylkeskommunen si

støtte til og deltaking i viktige planprosessar i kommunane

• Produsere og formidle kunn­skapsgrunnlag i kommune­strukturdebatten.

• Lose prosessen kring ny sjuke­hustomt fram til styrevedtak i 2014.

• Sikre barn og unge sine inter­esser i plansaker.

• Oppfølging av den kommunale planlegginga etter det myndet som er lagt til fylkeskommunen i plan­ og bygningslova.

39

Page 40: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

UT

FOR

DR

ING

AR ØKONOMISKE RAMMER OG

DRIFTSUTFORDRINGARVed utgangen av 2013 var Møre og Romsdal fylkeskommune si låne­gjeld på 3,288 mrd. kroner. Den sterke auken i lånegjelda – meir enn dobling sidan 2008 – gir redu­sert økonomisk handlefridom og store driftsutfordringar. I tillegg blir fylkeskommunen sin økonomi låst i eit 30­års perspektiv. Høg lånegjeld medfører også økono­misk sårbarhet knytt til auke i lånerenta. Til dømes vil ei rente­auke på 1 prosentpoeng medføre i overkant av 30 mill. kroner auka driftsutgifter per år ved ei låne­gjeld på over 3 mrd. kroner.

SAMFERDSEL OG UTDANNING er dei største tenesteområda til Møre og Romsdal fylkeskommune. Den totale driftsrekneskapen viser at vi i 2013 brukte 2,8 mrd. kro­ner på utdannings­ og samferd­selssektoren, dvs. 86,1 prosent av totalt driftsrekneskap. Summen av netto driftsrekneskap til kulturte­nestene, regional­ og næringsut­vikling og tannhelsetenestene er til samanlikning på om lag 285 mill. kroner.

Møre og Romsdal fylkeskom­mune står overfor store framti­dige investeringar i både skole­bygg og opprusting av fylkes­vegar. Overføringane frå staten dekkjer på langt nær behovet for investering og dei driftskonse­kvensane dette får.

Utviklingsplanar for dei vida­regåande skolane i fylket viser behov for totalt 2 mrd. kroner til investering i skolebygg den neste 10­års perioden (2014­2023). I til­legg er det behov for betydelege vedlikehaldsmidlar.

NASJONAL TRANSPORTPLANNår det gjeld fylkesvegar har Sta­tens vegvesen (Vegdirektoratet) rekna ut at fjerning av forfallet på fylkesvegane i Møre og Roms­dal vil ha ein kostnad på 5,6 mrd.

Nye tilbod på fem ferjesamband viser ei kostnadsauke på i gjennomsnitt 42 prosent. Dette må fylkeskommunen handtere innanfor fylkeskommunen si totalramme, og er med på å redusere handlingsfridomen.

40 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 41: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Gjelda i Møre og Romsdal fylkeskom-mune har auka sterkt og er no på knappe 3,3 milliardar kroner. Dette reduserer den økonomisk handle -fridomen sterkt og gir store driftsut-fordringar.

Vidaregåande opplæring47,5 %

Sentrale kontrollorgan: 0,2 % Sentrale styringsorganog fellesutgifter: 4,9 %

Regional ognæring: 2,0 %

Tannhelse: 3,6 %

Kultur: 3,2 % Fagskular: 1,4 %

Samferdsel37,3

Samla rekneskap 2013 fordelt på område

kroner. I Nasjonal transportplan 2014­2023 vart det lova 10 mrd. kroner til opprusting av fylkesve­gane, 1 mrd. kroner per år i 10 år fordelt på alle fylkeskommunane. Møre og Romsdal fylkeskommune får om lag 10 prosent av dette beløpet, dvs. i gjennomsnitt 100 mill. kroner per år. Dette er dermed langt frå nok til å dekkje behovet.

KOSTNADSAUKE DRIFTSKONTRAKTARMøre og Romsdal fylkeskommune har også andre utfordringar på samferdselssektoren. Kostnadsau­ken på driftskontraktar i anleggs­bransjen aukar langt meir enn ordinær pris­ og lønsvekst som fylkeskommune får i kompensa­sjon gjennom rammetilskotet. Det same gjer kostnadene på drift av ferje og kollektivtilbod (bilruter). Nye tilbod på fem ferjesamband viser ei kostnadsauke på i gjen­nomsnitt 42 pst. Dette må fylkes­kommunen handtere innanfor fyl­keskommunen si totalramme, og er med på å redusere handlings­fridomen.

STALEGE OVERFØRINGARDersom fylkeskommunen i åra framover skal makte å løyse dei store oppgåvene og utfordringane ein står framfor, krevst det statlege overføringar som tryggjer drifta og føreseielege rammer i høve til langtidsbudsjettering.

120 %

100 %

80 %

60 %

40 %

20 %

02009

39 45 46

68 6974

80 84

9692

Figuren viser at ved uendra rentesats og avdragstid vil ein stadig større del av fylkeskommunen sine inntekter måttebrukast til å dekkje utgiftene til renter og avdrag i økonomiperioden.

2010 20112005 20062004 2007 2008 2012 2013

LÅNEGJELD I PROSENT AV BRUTTO DRIFTSINNTEKTER (GJELDSGRAD)

41

Page 42: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

DRIFTSOVERSIKT 2013 Driftsoversikta viser netto utgifter for drift per sektor målt mot kor­rigert budsjett.

Ein fullstendig rekneskap med noter ligg føre i eit eige dokument.

Avvik målt på bruttotal eller enkelte utgifts­ og inntektsarter gjev ikkje eit korrekt bilete av reelle budsjettavvik. Dette heng saman med at øyremerka tilskot i stor grad ikkje er budsjettert. Det same gjeld nokre finanspostar.

NETTO DRIFTSRESULTATMøre og Romsdal fylkeskommune sitt netto driftsresultat (driftsre­sultat medrekna renter og avdrag) er på ­60,2 mill. kroner, dvs. ­1,4 prosent av brutto driftsinn­tekt for 2013. Ei av årsakene til negativt netto driftsresultat er at

fylkeskom munen i 2013 har brukt om lag 80 mill. kroner meir av øyremerka statlege midlar enn vi har fått tilført dette året.

Korrigerer vi netto drifts­resultat for avsetning og bruk av bundne fond, får vi eit positivt netto driftsresultat på om lag 20 mill. kroner, dvs. 0,5 prosent av brutto driftsinntekt.

RESULTATREKNESKAP 2013År 2013 syner eit netto mindrefor­bruk på 67,290 mill. kroner. Til­svarande tal for 2012 var eit min­dreforbruk på 74,707 mill. kroner.

Budsjettreglementet byggjer på prinsippet om at dei etatane/avdelingane som har hatt min­dreforbruk eit år, etter ei vurde­ring kan få med seg midlane over i neste budsjettår. Likeeins kan dei

ØK

ON

OM

I

250

150

100

50

02010

249,2

120,9

67,374,7

2011 2012 2013

MINDREFORBRUK 4 SISTE ÅR - MILL. KRONER

200

50 %

30 %

20 %

10 %

0 %2010

37,935,8 36,337,5

2011 2012 2013

LØNN SOM DEL AV DRIFTSUTGIFTER I PROSENT

40 %

3 500

2 500

2 000

1 500

1 000

500

02010

2 086

2 595

2 967

3 288

2011 2012 2013

LÅNEGJELD I MILL. KRONER

3 000

42 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 43: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

som har hatt meirforbruk eit år, etter ei vurdering få tilsvarande trekk i ramma for neste år. Med utgangspunkt i dette reglemen­tet vart heile 56,8 mill. kroner overført i samband med evalu­eringa av 2012­rekneskapen som ei styrking av rammene for 2013. I neste omgang vil ein i samband med evalueringa av 2013­rekne­skapen måtte finne ut kor stor del av mindreforbruket i 2013 som i følgje same budsjettreglement må setjast av til styrking av dei ulike rammene for 2014.

Avvika per rammeområde er slik:

SENTRALE STYRINGSORGAN OG FELLESUTGIFTERResultatet for sentrale styrings­organ og fellesutgifter viser eit samla mindreforbruk på 23,3 mill. kroner. Innan posten fellesutgifter og utgifter til fordeling er det ei innsparing på 17,2 mill. kroner, medrekna ei styrking av ramma med 10,4 mill. kroner frå evalue­ringa for 2012. Innsparinga skul­dast i hovudsak ei mindreutgift på 8,1 mill. kroner knytt til premie­avviket. I tillegg har det vore mindre forbruk knytt til organi­sasjonsutvikling og sentral opp­læring, vedlikehald av bygg, samt andre fellesutgifter.

Politisk verksemd har eit min­dreforbruk på 1,7 mill. kroner, medrekna ei styrking av ramma på 1,5 mill. kroner i samband med 2012­evalueringa.

Stabsfunksjonar har eit min­dreforbruk på 4,4 mill. kroner, medrekna ei styrking av ramma på 3,9 mill. kroner etter 2012­eva­lueringa.

På reserveposten er det dispo­nert 0,4 mill. kroner mindre enn budsjettert.

DRIFTSOVERSIKT 2013 (tal i tusen kroner)

Rekneskap Budsjett Avvik Rekneskap 2013 korrigert B - R 2012 Fylkesutvalet - Øvrig verksemd Driftsutgifter 239 891 207 565 (32 326) 191 416 Driftsinntekter (78 043) (23 991) 54 052 (78 928)Brukt til investeringsformål 600 - (600) - Div. interne finans.poster (2 626) - 2 626 4 001 Resultat fylkesutvalet - øvrig verksemd 159 822 183 574 23 752 116 489 UTDANNING Driftsutgifter 1 816 282 1 701 862 (114 420) 1 769 646 Driftsinntekter (232 548) (113 661) 118 888 (233 351)Brukt til investeringsformål 4 695 - (4 695) 3 784 Div. interne finans.poster (3 849) (1 324) 2 525 (2 420)Resultat utdanning 1 584 580 1 586 877 2 298 1 537 659 TANNHELSE Driftsutgifter 157 222 155 255 (1 967) 159 076 Driftsinntekter (36 899) (34 811) 2 088 (35 610)Driftsinntekter (2 500) - 2 500 - Resultat tannhelse 117 823 120 444 2 621 123 466 KULTUR Driftsutgifter 195 061 133 312 (61 750) 187 944 Driftsinntekter (107 254) (30 344) 76 910 (95 206)Div. interne finans.poster 15 079 - (15 079) 3 695 Resultat kultur 102 886 102 968 82 96 432 REGIONAL OG NÆRING Driftsutgifter 399 574 82 253 (317 321) 225 789 Driftsinntekter (249 121) (2 973) 246 148 (245 418)Div. interne finans.poster (86 584) (9 595) 76 989 81 152 Resultat regional og næring 63 868 69 685 5 817 61 523 SAMFERDSEL Driftsutgifter 1 397 631 1 278 829 (118 802) 1 298 179 Driftsinntekter (187 358) (65 600) 121 758 (109 780)Div. interne finans.poster 588 - (588) 1 286 Resultat samferdsel 1 210 861 1 213 229 2 367 1 189 686 SENTRALE KONTROLLORGAN Driftsutgifter 6 567 6 952 385 6 727 Driftsinntekter (488) (353) 135 (564)Resultat kontrollorgan 6 079 6 599 520 6 163 NETTO DRIFTSRAMMER 3 245 918 3 283 374 37 456 3 131 418

3 %

9 %8 %7 %6 %5 %4 %

2 %

0 %–1 %–2 %

1 %

5,51

8,77

2,56

5,53 5,24

–1,44

2,43

Møre og Romsdal fylkesk. Gj.snitt alle fylkesk. eks. Oslo

2010 2011 2012 2013

NETTO DR.RES. % AV BRUTTO DR.INNTKT.

8 000

6 000

14 000

12 000

10 000

4 000

0

2 000

11.5

94 12.3

48

12.6

12

10.9

28

10.2

30

11.8

09

10.4

77

Møre og Romsdal fylkesk. Gj.snitt alle fylkesk. eks. Oslo

2010

Kr

2011 2012 2013

FRIE INNTEKTER PR INNBYGGJAR

8 000

6 000

14 000

12 000

10 000

4 000

0

2 000

8.21

6

8.23

0

8.34

610.1

13

11.4

38 12.5

72

7.29

2

Møre og Romsdal fylkesk. Gj.snitt alle fylkesk. eks. Oslo

2010

Kr

2011 2012 2013

LÅNEGJELD PR INNBYGGJAR

43

Page 44: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

UTDANNINGSTENESTERResultatet for utdanningstenes­tene viser eit samla mindreforbruk på 2,3 mill. kroner medrekna ei styrking av ramma på 29,3 mill. kroner etter 2012­evalueringa. Samla sett hadde dei vidaregåande skolane eit mindreforbruk, men ni av 23 skolar hadde eit meirfor­bruk. I tillegg var det eit meirfor­bruk på fagskolane inkl. fagsko­lestyret på netto 1,4 mill. kroner. TANNHELSETENESTERResultatet for tannhelsetenestene viser eit mindreforbruk på 2,6 mill. kroner. Mindreforbruket inklude­rer ein kompensasjon for tapte inntekter i 2012 på 1 mill. kroner som først vart ført i rekneskapen i 2013.

KULTURTENESTERResultatet for kulturtenestene viser eit mindreforbruk på 82 000 kroner medrekna ei styrking av

ramma på 133 000 kroner etter 2012­evalueringa.

REGIONAL - OG NÆRINGSUTVIKLINGResultatet for regional­ og næringsutvikling viser eit min­dreforbruk på 5,8 mill. kroner medrekna ei styrking av ramma på 6,7 mill. kroner etter 2012­eva­lueringa.

SAMFERDSELSTENESTERResultatet for samferdselstenes­tene viser eit netto mindreforbruk på totalt 2,4 mill. kroner medrekna ei styrking av ramma på 4,5 mill. kroner etter 2012­evalueringa. Det totale netto mindreforbruket inneheld meirforbruk på rammene for lokale bilruter, skoleskyss vgs., TT­ordninga og fylkesvegar, samt mindreforbruk på rammene for samferdselsavdelinga, fylkesveg­ferjedrifta, båtruter og div. sam­ferdselsformål.

SENTRALE KONTROLLORGANHar eit mindreforbruk på 0,5 mill. kroner medrekna ei styrking av ramma med 0,4 mill. kroner etter 2012­evalueringa.

DRIFTSINNTEKTENEResultatet for frie inntekter i 2013 viste ei samla mindreinntekt på 1,9 mill. kroner i forhold til budsjett.

Mindreinntekta er ein sum av følgjande postar: Inntektene frå fylkesskatt og rammetilskotet frå staten (inkl. inntektsutjam­ninga) blei høvesvis 42,3 mill. kroner høgare og 8,4 mill. kroner lågare enn budsjettert. I tillegg viste resultatet for sal av kon­sesjonskraft ei mindreinntekt på 2,1 mill. kroner. Momskompen­sasjon frå investeringar viste ei mindreinntekt på 34,2 mill. kro­

EIT UTVAL AV KOSTRATAL FOR BRUTTO DRIFTSUTGIFTER

Kostragruppe 2010 2011 2012 2013 400 Politisk styring 20 488 23 240 25 623 27 734410 Kontroll og revisjon 5 890 5 817 6 419 6 234 420 Administrasjon 125 062 139 885 148 230 154 687 + 421 Forfaltningsutgifter eigedomar 9 988 8 976 9 632 10 787 + 430 Administrasjonslokale 21 559 21 980 21 608 22 397

Sum gruppe ¹) 156 609 170 841 179 470 187 871 Utdanning 1 527 033 1 579 939 1 693 732 1 738 111 Tannhelse 127 136 136 657 149 192 147 539 Regional utvikling 276 163 386 409 229 156 404 228 Samferdsel 1 071 420 1 205 071 1 328 221 1 365 617 Kultur 152 743 169 107 165 564 172 170

1) Gruppesummen gjeld administrative ressursar for både indre og ytre einingar

60

140

120

100

80

40

0

20

104113

124130

106 10899

Møre og Romsdal fylkesk. Gj.snitt alle fylkesk. eks. Oslo

2010

Kr

2011 2012 2013

POLITISK STYRING OG KONTROLL - BDU PR INNBYGGJAR

300

800

700

600

400

500

200

0

100

617666

586 586

692 718

565

Møre og Romsdal fylkesk. Gj.snitt alle fylkesk. eks. Oslo

2010

Kr

2011 2012 2013

ADM. OG ADM.LOKALE OG INTERN SERVICE - BDU PR INNB.

80 000

180 000

160 000

140 000

100 000

120 000

60 000

0

20 000

40 000

146.

971

149.

155

151.

873

156.

566

160.

726

163.

427

164.

937

Møre og Romsdal fylkesk. Gj.snitt alle fylkesk. eks. Oslo

2010

Kr

2011 2012 2013

UTDANNING BDU PR INNBYGGJAR 16-18 ÅR

300

700

600

400

500

200

0

100

602 613659 658

634 638671

Møre og Romsdal fylkesk. Gj.snitt alle fylkesk. eks. Oslo

2010

Kr

2011 2012 2013

KULTUR - BDU PR. INNBYGGJAR

44 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 45: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

300

700

600

400

500

200

0

100

501

512 533545 575 573 564

Møre og Romsdal fylkesk. Gj.snitt alle fylkesk. eks. Oslo

2010

Kr

2011 2012 2013

TANNHELSE - BDU PR. INNBYGGJAR

600

1 800

1 600

1 200

1 400

800

1 000

400

0

200

1.08

8

1.50

6

1.54

6

758

870

775

883

Møre og Romsdal fylkesk. Gj.snitt alle fylkesk. eks. Oslo

2010

Kr

2011 2012 2013

REGIONAL UTVIKLING - BDU PR. INNBYGGJAR

6 000

5 000

4 000

3 000

2 000

0

1 000

4.22

0

3.22

3

4.69

6

3.66

0

5.12

0

5.22

2

3.78

3

Møre og Romsdal fylkesk. Gj.snitt alle fylkesk. eks. Oslo

2010

Kr

2011 2012 2013

SAMFERDSEL - BDU PR. INNBYGGJAR

ner, m.a. som følgje av eit lågare investeringsnivå enn budsjettert. Rentekompensasjon for investe­ringar i skoleanlegg og fylkes­vegnettet blei 0,5 mill. kroner høgare enn budsjettert.

DRIFTSUTGIFTENEAvvik målt på bruttotal eller enkelte utgifts­ og inntektsartar gjev ikkje eit korrekt bilete av reelle budsjettavvik. Dette heng saman med at øyremerka tilskot i stor grad ikkje er budsjettert. Det same gjeld enkelte finanspostar.

NETTO FINANSINN- TEKTER/-UTGIFTERMøre og Romsdal fylkeskommune har ei meirinntekt på finansom­rådet som utgjer 3,9 mill. kroner. Isolert sett viser renteinntekter og

andre finansinntekter ei meirinn­tekt på 7,1 mill. kroner. Renteut­gifter og andre finansutgifter viser ei meirutgift på 3,2 mill. kroner.

INVESTERINGSREKNESKAPENInvesteringsrekneskapen er avslutta i balanse. Investeringar i anleggsmidlar utgjorde 577,1 mill. kroner, og til utlån, forskotteringar og aksjekjøp var det brukt 43,6 mill. kroner.

Det vart investert 436,3 mill. kroner i fylkesvegar. Det vart investert 119,7 mill. kroner i sko­lebygg og utstyr til skolar.

Av investeringane er 510,5 mill. kroner finansiert med bruk av lån. Langsiktig gjeld (utanom pensjonsforpliktingar) auka med 321,0 mill. kroner frå året før til 3 287,9 mill. kroner.

NØKKELTAL OG SAMANLIKNINGARMed utgangspunkt i eit utval av Kostra­nøkkeltal er det laga gra­fiske framstillingar av utviklinga i Møre og Romsdal dei siste åra samanlikna med situasjonen i dei andre fylka ekskl. Oslo. Samanlik­ningstal med andre fylke for 2013 ligg ikkje føre enno.

Når det g jeld ytterlegare detaljer og noter knytt til drift og balanse viser vi til den god­kjente rekneskapen som blir lagt fram for fylkestinget i april 2014.

Resultatet for frie inntekter i 2013 viste ei samla min-dreinntekt på 1,9 mill. kroner i forhold til budsjett.

45

Page 46: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

SAMANDRAG AV BALANSEN (tal i tusen kroner)

tal i tusen kroner 2013 2012 2011 2010 Endr. 12-13 Endr. 11-12 AKTIVA Anleggsmidlar 7 697 488 7 107 095 6 525 978 6 000 833 590 393 581 117 Omløpsmidlar 1 657 973 1 771 256 1 674 143 1 236 970 (113 283) 97 113 Sum aktiva 9 355 461 8 878 351 8 200 120 7 237 803 477 110 678 230 PASSIVA Eigenkapital (2 316 298) (2 475 504) (2 380 991) (2 173 542) 159 206 (94 513)Langsiktig gjeld (6 210 566) (5 672 234) (5 066 764) (4 438 493) (538 332) (605 470)Kortsiktig gjeld (828 597) (730 614) (752 366) (625 768) (97 983) 21 752 Sum passiva (9 355 461) (8 878 351) (8 200 120) (7 237 803) (477 110) (678 231)

SAMANDRAG AV DRIFTSREKNESKAPEN (tal i tusen kroner)

2013 2012 2011 2010 Endr. 12-13 Endr. 11-12 Skatt på formue og inntekt (1 287 425) (1 228 517) (1 115 479) (1 084 941) (58 908) (113 038)Ordinært rammetilskot (2 010 890) (1 974 579) (1 914 987) (1 858 826) (36 311) (59 592)Andre generelle statstilskot (16 775) (15 381) (15 679) (11 136) (1 394) 298 Momskompensasjon investeringar (94 990) (47 639) (37 933) (63 582) (47 351) (9 706)Generelle overføringar frå andre (4 989) (9 069) (8 959) (8 582) 4 080 (110)Sum frie disponible inntekter (3 415 069) (3 275 186) (3 093 037) (3 027 067) (139 883) (182 148) Renteinntekter, gevinst og utbytte (49 422) (51 859) (226 581) (49 937) 2 437 174 722 Renteutgifter, tap og andre finansutg. 93 797 93 646 83 690 71 170 151 9 956 Avdrag på lån 112 619 96 862 101 700 73 283 15 757 (4 838)Netto finansinntekter/-utgifter 156 994 138 649 (41 191) 94 516 18 345 179 840 Til fri disponering/avsetjing Til ubundne avsetjingar 27 599 53 644 281 739 17 974 (26 045) (228 095)Til bundne avsetjingar - 6 307 - - Bruk av tidlegare års mindreforbruk (74 707) (120 933) (249 229) (59 281) 46 226 128 296 Bruk av ubundne avsetjingar (84 792) (30 900) (20 041) (44 528) (53 892) (10 859)Netto avsetjingar (131 900) (98 189) 12 470 (79 528) (33 711) (110 659) Overført til investeringsrekneskapen 76 767 28 600 45 816 16 632 48 167 (17 216) TIL FORDELING DRIFT (3 313 208) (3 206 126) (3 075 942) (2 995 447) (107 082) (130 183)SUM FORDELT TIL DRIFT 3 245 918 3 131 418 2 955 009 2 746 218 114 500 176 409 REKNESKAPSMESSIG MINDREFORBRUK (67 290) (74 707) (120 933) (249 229) 7 417 128 296

SAMANDRAG AV INVESTERINGSREKNESKAPEN (tal i tusen kroner)

2013 2012 2011 2010 Endr. 12-13 Endr. 11-12 Investeringar i anleggsmidlar 577 143 593 291 420 355 628 158 (16 148) 172 936 Utlån og forskotteringar 43 555 16 824 4 008 73 310 26 731 12 816 Avsetjingar 15 732 25 180 619 27 15 707 (180 595)Årets finansieringsbehov 636 430 610 139 604 982 701 495 26 291 5 157 FINANSIERT SLIK: Bruk av lånemidlar (510 527) (400 227) (266 389) (313 175) (110 300) (133 838)Inntekter frå sal av anleggsmidlar (2 632) (10 550) (192 872) (28 536) 7 918 182 322 Tilskot til investeringar - - (71 500) (103 814) - 71 500 Mottatte avdrag på utlån og refusjonar (32 604) (152 410) (23 765) (123 615) 119 806 (128 645)Andre inntekter (1 057) (979) (1 085) 351 (78) 105 Sum ekstern finansiering (546 820) (564 166) (555 611) (568 789) 17 346 (8 556) Overført frå driftsrekneskapen (84 060) (32 384) (48 939) (19 697) (51 676) 16 555 Bruk av avsetjingar (5 550) (13 589) (431) (113 009) 8 039 (13 158)Sum intern finansiering (89 610) (45 973) (49 371) (132 706) (43 637) 3 398 UDISPONERT - - - - - -

46 ÅRSRAPPORT 2013 | MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Page 47: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Molde

Kristiansund

Ålesund

Møre og Romsdal fylkeskommuneeig og driv bl.a.

37 tannklinikkar 23 vidaregåande skolar og 2 fagskolar

Fylkeskommunen løyser oppgåver innan:

• UTDANNING: Vi eig og driv 23 vidaregåande sko-lar og to fagskolar i fylket med rundt 9.600 elevar og 2.000 tilsette. I tillegg har vi ansvar for om lag 2.000 lærlingar i 1.300 lærebedrifter. Vaksenopp-læring fell òg inn under ansvars området vårt.

• SAMFERDSEL: Vi er den største vegeigaren i fyl-ket og skal byggje og ved likehalde over 3.000 km fylkevegar. Vi har òg ansvar for drift av kollektiv-trafikk med buss, ferje og hurtigbåt.

• TANNHELSE: Gratis tann helseteneste til barn og ungdom, psykisk utviklings hemma, eldre og uføre i institusjon og heime sjukepleie. Klinikkane gir òg tilbod til vaksne, betalande pasientar. Samla behandlar vi om lag 80.000 pasientar kvart år.

• REGIONAL- OG NÆRINGS UTVIKLING: Vi har eit særskilt ansvar for næringsutvikling i regionen. Vi er initiativtakarar og pådrivar til ei mengd prosjekt som er viktige for framtida og som vi løyser i tett samspel med kommunar, næringsliv og organisa-sjonar. Vi forvaltar òg m.a. regionale utviklings-midlar.

• KULTUR: Vi gir årlege tilskot til kultur insti tu-sjonar, festivalar og frivillige organisasjonar. Vi driv Fylkesbiblioteket som er kompetansesenter for alle biblioteka. Vi har ansvaret for Kultur sekken retta mot barn og unge, har ei ordning der vi gir kulturrabatt for ungdom, og vi har fleire prosjekt innan helsefremjande arbeid. Møremusikarane sorterer òg under Kulturavdelinga.

Vil du vite meir om oppgåvene som fylkes kommunen skal løyse, ta ein tur innom nettsida vår: www.mrfylke.no

47

Page 48: ein tydeleg medspelar årsrapport 20132013+LR.pdf · kan sjå tilbake på eit inspirerande arbeidsår der tenesteyting, kom petansebygging, utviklingsper spektiv og partnarskap er

Fylkeshuset, 6404 MoldeTelefon 71 25 80 00

E-post: [email protected] | www.mrfylke.no