57
Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET MØTEBOK Møtedato: 18.04.2016 Møtetid: Kl. 09:00 – 14:10 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 029/16 - 045/16 Desse medlemmene møtte: Parti Leidulf Gloppestad Sp Magni Aa Berge Sp Bernt Reed Sp Svein-Ottar Sandal Krf Arnfinn Brekke Krf Venke Kollbotn Krf Arnar Kvernevik Ap Gunnvor Sunde SD Bjarte Gangeskar V Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Arnfinn Brekke, frå sak 35/16, men han var med på sak 42/16 Krf Ingen Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Leidulf Gloppestad Frå adm. møtte: - Rådmann Jan Kåre Fure - Rådgjevar Birte Fossheim i sak 30/16, 32/16 og 34/16 - Teknisk sjef Kjell Petter Solhaug i sak 32/16 - Planleggar Beate O. Kornberg i sak 32/16 - Næringssjef Knut Roger Nesdal i sak 32/16, 34/16 - 36/16 Utlevert i møtet: Oppdatert kostnadsoverslag for opparbeiding av badestrand i Sandane sentrum (sak 35/16) Orientering: Sjå sak 30/16! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak 32/16 Underskrifter: Leidulf Gloppestad

FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 1

GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET

MØTEBOK

Møtedato: 18.04.2016 Møtetid: Kl. 09:00 – 14:10 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 029/16 - 045/16 Desse medlemmene møtte: Parti Leidulf Gloppestad Sp Magni Aa Berge Sp Bernt Reed Sp Svein-Ottar Sandal Krf Arnfinn Brekke Krf Venke Kollbotn Krf Arnar Kvernevik Ap Gunnvor Sunde SD Bjarte Gangeskar V Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Arnfinn Brekke, frå sak 35/16, men han var med på sak 42/16

Krf Ingen

Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Leidulf Gloppestad Frå adm. møtte: − Rådmann Jan Kåre Fure

− Rådgjevar Birte Fossheim i sak 30/16, 32/16 og 34/16 − Teknisk sjef Kjell Petter Solhaug i sak 32/16 − Planleggar Beate O. Kornberg i sak 32/16 − Næringssjef Knut Roger Nesdal i sak 32/16, 34/16 - 36/16

Utlevert i møtet: Oppdatert kostnadsoverslag for opparbeiding av badestrand i Sandane sentrum (sak 35/16)

Orientering: Sjå sak 30/16! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av

området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak 32/16

Underskrifter: Leidulf Gloppestad

Page 2: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 2

SAKLISTE Sak nr. Sakstittel

029/16 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste

030/16 Referat og orienteringssaker

031/16 Statusrapport rekneskap og sjukefråvær for formannskapet sitt budsjettområde per 31.03.2016

032/16 Kommunalt bustadfelt på Gloppestad?

033/16 Status for arbeidet med kommunereforma ved utgangen av mars 2016

034/16 Mellombels leikeplass i Sandane sentrum

035/16 Ferdigstilling av badestranda i Sandane sentrum

036/16 Gjennomgang av retningslinjene for tildeling frå kommunalt næringsfond

037/16 Karavadet - tilbygg til eksisterande hytte - utebod - rehabilitering av utedo

038/16 Utbetring av lærararbeidsplassane ved Nordstranda skule - tilleggsfinansiering

039/16 Investeringsbudsjett Nordfjordnett 2016

040/16 Framlegg til skjønnsmenn for perioden 2017 - 2020

041/16 Trygge lokalsamfunn: Satsingsområde for perioden 2016 - 2019 og status i godkjenningsprosessen

042/16 Løyvepolitisk del av rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016-19

043/16 Sandane Golfklubb - søknad om tilskot til bygging av klubbhus

044/16 Utvida leigetid til Gloppen Camping & Fritidssenter

045/16 Uttale til fylkeskommunen sin regionale planstrategi for perioden 2016-2020

Page 3: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 3

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet 18.04.2016 029/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033 Objekt:

Arkivsaknr.: 16/542-1

Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå formannskapet sitt møte den 14. mars i år blir lagt fram for godkjenning. Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.

ORDFØRAREN SI TILRÅDING : 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 14. mars 2016 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 18. april 2016. 18.04.2016 FORMANNSKAPET 029/16 VEDTAK : 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 14. mars 2016 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 18. april 2016. Vedtaket var samrøystes.

Page 4: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 4

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet 18.04.2016 030/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033 Objekt:

Arkivsaknr.: 16/541

Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel

1 16/3069 I 09.03.2016 Senterpartiet i Sogn og Fjordane

Fråsegn frå fylkesårsmøte i Senterpartiet

2 16/2530 I 29.02.2016 Midtvegen 615 v Olav Klungre

Midtvegen 615 AS - emisjon (auking av aksjekapital)

Orienteringssaker: Møte med vegvesenet Møtet startar i lag med representantar frå vegvesenet som kjem for å drøfte og sjå på gang- og sykkelveg langs fv 615 frå Vonheim mot Bukta. Frå ordføraren Kort frå møta med - kommunal- og moderniseringsministeren om bru og kommunesamanslåing - samferdsledepartementet og Widerøe om flyplassen. «Ny ordførar og varaordførar» Ordføraren skal ha omsorgspermisjon i perioden 21. april til 29. juni. I denne perioden vil varaordførar Magni Aa Berge fungere som ordførar. Det betyr igjen at Hege Lothe blir medlem i formannskapet i denne perioden og Ola Henning Ommedal blir medlem i kommunestyret. Dersom kommunestyret ønskjer å velje ein ny varaordførar i Magni si ordførartid, må dette gjerast på møtet den 25. april. Etter rådmannen si vurdering er det ikkje nødvendig å gjere andre vedtak eller val i saka. Utvida formannskap i økonomisaker Ordføraren ønskjer å «utvide» formannskapet med gruppeleiarane i dei partia som ikkje er representerte i formannskapet når vi behandlar årsbudsjettsaker og økonomiplansaker. Slik rådmannen har forstått det, skal gruppeleiarane ha tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett. Det betyr at vi ikkje er nødvendig å gjere noko vedtak om organisatoriske endringar. Det blir formannskapet som gjer vedtak og innstiller til kommunestyret. Felles formannskapsmøte med Eid

Page 5: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 5

Saman med ordføraren i Eid legg ordføraren opp til eit fellesmøte mellom formannskapa i Eid og Gloppen i slutten av april. Tema er sjølvsagt kommunereforma og samarbeid rundt denne. Rekneskapen og årsmeldinga for 2015 Årsresultatet for 2015 vart kr 3.308.535,78. Rekneskapsdokumentet og årsmeldinga er på det næraste ferdig, men blir ikkje lagt fram for kommunestyret før på juni-møtet. Hovudårsaka til plussresultatet er vesentleg større tilskot til busetting av flyktningar enn rekna med. Rådmannen vil kommentere rekneskapstala nærare i årsmeldinga. Opsjon på kjøp av lokale på Grandane Etter husleigeavtalen for helsesenteret på Sandane har Gloppen kommune opsjon på å forhandle om å kjøpe lokala som vi i dag leiger. Opsjonen gjeld i fem år frå leigekontrakta vart signert. Formannskapet godkjende leigeavtalen 8. juni 2011. Det betyr at tidsfristen for opsjonen no snart går ut. Rådmannen har ikkje vurdert saka nærare, men støttar seg til eigedomsdelinga som meiner at kommunen ikkje bør nytte seg av opsjonen. Gloppen kommune betalar i dag vel 3,6 millionar i årleg husleige og del av fellesutgifter for lokala på Grandane. Leigeavtalen er inngått for 15 år, rekna frå juni 2011. Kjøp av bustad på Øyrane Rådmanne har kjøpt ein bustad på Øyrane som har vore lyst ut for sal på Øyrane. Eigedomen er kjøp for 2,8 millionar. Bakgrunnen for kjøpet er sjølvsagt det behovet vi har for bustader når vi skal busette det auka talet på flyktningar som vi har lagt til grunn i 2016-budsjettet. Bygging av bustader på Øyrane Rådmannen har intert drøfta aktuelle område for bygging av kommunale bustader for å oppfylle målsettingane om å busette fleire flyktningar. Det er ikkje ønskjeleg at kommunen regelmessig byr på bustader som er lagde ut for sal og utkonkurrerer private hussøkjarar. Eit aktuelt område i kommunal eige er ei stor tomt på Øyrane som i dag er regulert til, men ikkje brukt som, leikeplass. Viss formannskapet er samd i det, vil rådmannen sette i gang ei omregulering av tomta til bustadformål. Det er mange regulerte bustadtomter som ikkje er utbygde på strekninga Sandane – Øyrane. Alternativet til å «ta» den kommunale leikeplasstomta kan vere å prøve å få hand om ei eller fleire at dei privateigde tomtene. Det er eit poeng å busette barnefamiliar på Sandane, men utanfor opptaksområdet til Sandane skule. Studietur til Ulsteinvik og Fosnavåg 30. mars i år var representantar frå kommunen på studietur til kommunane Ulstein og Herøy på Sunnmøre for å sjå på deira arbeid med sentrumsutvikling. Med på turen var fire folkevalde og rådmannen sitt «planforum», dvs. dei som arbeider med kommunale plansaker. Siste nytt om − arbeidet med å etablere Gloppen Energi AS − problema i Trivselsbadet − Elvaneset − tidlegare Sandane Hotell. Ordet fritt…

Page 6: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 6

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 18.04.2016 FORMANNSKAPET Synfaringa i lag med vegvesenet vart avlyst på grunn av sjukdomsforfall (frå vegvesenet si side). Fråsegna frå årsmøtet i Senterpartiet − Eit framlegg til fråsegn frå Gloppen kommune blir lagt fram på kommunestyremøtet den

25. april Brevet frå Midtvegen 615 AS − Sak om aksjeutviding blir lagt fram før generalforsamlinga i selskapet den 9. juni. Fellesmøte med formannskapet i Eid Tema er arbeidet med kommunereforma. Framlegg til dato: torsdag 28. april, frå kl 09:00 på Eid. Varaordføraren følgjer opp saka. Under ordet fritt… − Organiseringa av arbeidet med å sikre og betre flytilbodet på Sandane lufthamn

o Valnemnda kjem med framlegg om ny organisering − Rehabilitering av Hyen skule

o Oppvekstutvalet vil ha sak om rehablitering av Hyen skule uavhengig av arbeidet med skulebruksplanen

� Rådmannen vil legge fram sak om oppfølging av oppvekstutvalet sitt vedtak

− Føring av møtebøker o Kan det gå fram av møtebøkene kven som stemmer for og mot i ei sak?

� Rådmannen åtvara mot å gjere dette som ei fast ordning. Dette kan gjerast i enkeltsaker viss utvalet ber om det

− Teikning av aksjar i bruselskapet for kryssing av Voldsfjorden o Kjem som eiga sak.

030/16 VEDTAK : Formannskapet ber rådmannen legge fram notat/sak om − eventuell bruk av opsjonen på kjøp av leigde lokale på Grandane − reguleringsendring av leikeplassen på Øyrane − turen til Ulsteinvik og Fosnavåg og korleis saka blir følgt opp. Formannskapet ber valnemnda kome med framlegg til ny organisering av arbeidet for å bevare og styrke Sandane lufthamn. Vedtaket var samrøystes.

Page 7: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 7

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 18.04.2016 031/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Janne Storevik

Objekt: Arkiv: 212

Arkivsaknr.: 16/534-4

Statusrapport rekneskap og sjukefråvær for formannskapet sitt budsjettområde per 31.03.2016 Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Helse- og omsorgsutvalet har bede om å bli jamleg orienterte om status i forhold til rekneskap og sjukefråvær i helse- og omsorgssektoren. Rådmannen følgjer opp dette for alle hovudutvalsområda, også for formannskapet. Hovudtal frå formannskapet sitt budsjettområde: Lønnsforbruket netto bør ligge rundt 25% per 31.03.2016.

Budsjett Rekneskap %- Avvik

2016 2016 forbruk 0

10 Lønn og sosiale utgifter 19317878 5497490,47 28 -13820388

11 Driftsutgifter 7108845 1881379,66 26 -5227465

13 Kjøp av kommunale tenester 4110000 92000 2 -4018000

14 Overføringar 3574962 586247,6 16 -2988714

15 Finansieringsutgifter 295000 42903,39 15 -252097

Sum utgifter 34406685 8100021,12 24 -26306664

16 Salsinntekter -3992000 -529611,87 13 3462388

17 Refusjonar -3289962 -430779,6 13 2859182

19 Finansieringsinntekter -335000 -235263,4 70 99737

Sum inntekter -7616962 -1195654,87 16 6421307

T O T A L T 26789723 6904366,25 26 -19885357 Sjukefråværet Måltalet for sjukefråværet er eit nærvær på 95 %. Det betyr at vi ikkje oppnår måltalet viss sjukefråværet er høgare enn 5 %.

Samla fråvær Fråvær for sjuke barn

tal tilsette i % tal

tilsette i %

Kvinner 25 6 4,8 0,4 Menn 19 11,1 0 0 I alt 44 7,9 4,8 0,3

Page 8: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 8

Sjukefråværet for formannskapet sitt område er altså 7,9 % i perioden. --- Samla sjukefråvær for heile kommunen dei tre fyrste månadene:

Samla fråvær Fråvær for sjuke barn

tal

tilsette i % tal

tilsette i %

Kvinner 545 5,7 57,7 0,2 Menn 140 4,2 11,7 0,2 I alt 685 5,4 69,4 0,2

Samla sjukefråvær i fyrste kvartal er altså 5,4 %. --- Dette er berre ein kort statusrapport på sektornivå utan nærare kommentarar og ikkje ein ordinær tertialrapport, som vil kome seinare.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet tar saka til orientering. 18.04.2016 FORMANNSKAPET Det er ikkje nødvendig å rapportere sjukefråværet på kjønn på utvalsnivå. 031/16 VEDTAK : Formannskapet tar saka til orientering. Vedtaket var samrøystes.

Page 9: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 9

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr MULTEK-utvalet 14.04.2016 060/16 Formannskapet 18.04.2016 032/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Kjell Petter Solhaug

Objekt: Arkiv: L12

Arkivsaknr.: 15/57-9

Kommunalt bustadfelt på Gloppestad? Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Rådmannen hadde møte med grunneigarane på 66/2 og 66/7 den 24. september 2015 og saka var seinast drøfta i formannskapet den 14. mars 2016. Administrasjonen har i perioden mellom møta sett på ulike måtar å kunne utnytte arealet til bustadbygging på og utarbeida kostnadsoverslag for utbygginga. Saksutgreiing: Gloppen kommune har ved ulike høve blitt kontakta om bustadtomter på Nordstranda. I gjeldane kommuneplan er det satt av tre ulike område til bustadformål mellom Austrheim og Vereide, og alle desse kom inn ved førre rullering av kommuneplanen. For dei aktuelle tomtene blei det gjort nokre grove vurderingar i potensialet, men tomtene kom ikkje inn i kommuneplanen med tanke på at det skulle bli større kommunale bustadfelt på dei. Så langt er det ikkje blitt utarbeidt reguleringsplan på nokon av desse områda, slik som kommuneplanen krev. Rådmannen opplever at spørsmålet om reguleringsplan, korleis avløp skal handterast og mogelege arkeologiske utgravingar er avgjerande faktorar for at det ikkje er blitt satt i gang arbeid i privat regi. I tillegg har tilgang til område og pris vore andre faktorar som har spelt inn i dette arbeidet. Arealet som har vore teke med i denne vurderinga (66/2 og 66/7), er på om lag 30 mål. Arealet ligg plassert mellom E39 og øvre linje og har ei rektangulær form i eit skråande terreng mot sørvest. Av andre faktorar som har medverka i vurderingane er støy frå E39, høgspentlinje i øvre del av tomta, framtidig kommunal overtaking av kommunalt anlegg, kommunalteknisk anlegg i nærleiken og topografi. Kartutsnittet under, er henta frå gjeldane kommuneplan og syner arealet si plassering.

Page 10: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 10

Kommunaltekniske anlegg, VVA. Vatn Vassleidningen til Vereide går i nedre kant av tomtene. For å få til ei god utnytting av arealet må denne vassleidningen leggast om. Avløp Det eksisterer i dag ikkje offentleg avløpsanlegg i dette området. Ei større utbygging vil krevje at det blir etablert eit anlegg for dette, eks. ein slamavskillar med leidning til sjø. Ved ei optimal plassering av avløpsanlegget, vil det vere mogeleg å legge til rette for at andre bustader/bustadfelt kan kople seg til det same anlegget. Eit anslag her er at det vil vere mogeleg å knytte til 20-25 andre eksisterande og framtidige bustader. I dette kostnadsoverslaget er det medrekna kostnader innanfor sjølve bustadfeltet og fram til tomtegrensa. Kostander utanfor feltet vil bli dekt av sjølvkostområdet ved hjelp av gebyr. Kommunal veg Topografien i området og fasongen på arealet (ca. 100 m x 250 m), gjer det krevjande å få etablert ein veg i samsvar med kommunen sine eigne normer. Det blir her stilt krav til m.a. maksimal stigning (1:10) og bredde på vegen. Det går vekk mykje areal til fylling og skjeringar til vegen og det er rekna med at det er relativt mykje fjell/store steinar i området som krev sprenging og tyngre anleggsverksemd. Areal til bustadbygging Overordna føringar (TEK10) tek føre seg ein del tema som plassering av byggverk med tanke på høgder, lys-, lyd- og solforhold, tilkomst og utvendig areal. Når vi tek høgde for dette, og det arealet som veganlegget legg beslag på, meiner rådmannen at det er igjen ca. 15-16 daa. som egnar seg til bustadbygging. Dvs. at det totale tomtearealet er redusert med 50 %. Til

Page 11: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 11

brattare tomtane er, til større bør tomtane vere for å kunne få til ei fornuftig utnytting av kvar enkelt tomt. Ved ei omlegging av tilkomsten til dagens bustad i området, vil det løyse ut moglegheit for området med litt meir fortette utbygging i nedre kant. Basert på rådmannen sine vurderingar vil det kunne vere mogeleg å få etablert 12-13 einebustadtomter, og 2 stk. firemannsbustadar på dei to eigedommane, totalt 20-21 einingar. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Rådmannen har brukt lang tid på å foreta eit så nøyaktig kostnadsoverslag som råd, ut frå det vi kjenner til om området og kva erfaringstal vi har tilgjengeleg. Prisane frå Hetlebakkane ligg til grunn for disse vurderingane. Overslaga som rådmannen har utarbeida syner eit investeringsbehov på rundt 11 millionar eks. mva. for å kunne få etablert 20-21 einingar. Det er då ikkje medteke kostnader for grunnkjøp og mogelege arkeologiske utgravingar. For Hetlebakkane utgjorde grunnkjøp 14,7 % av kostnadene og kostnaden med arkeologiske utgravingar utgjorde 7,2 % av kostnadene. Basert på desse føresetnadene og eit forsøk på ei fordeling av investeringskostnader, kan tomteprisane sjå slik ut: Type Totalinvestering Andel av totalinv. Tomt. ca. Tal Tomtepris Einebustad 11 mill. 80 % 815 m2 13 Ca. 680 000 Rekkehus 11 mill. 20 % 530 m2 8 Ca. 275 000

Faktorar som ikkje er medteke i kostnadsoverslaget Ved å kople fleire abonnentar til kommunalt avløpsanlegg, vil kommunen kunne krevje tilkoplingsavgift og årleg gebyr for disse og det vil vere fleire å dele deler av investeringane på. Tilkoplingsavgifta er i dag på kr 6.845,- og årleg avløpsgebyr er på kr 1.485,-. Det er ikkje undersøkt kva utbygging som vil vere nødvendig med tanke på framføring av straum, men dei tidlegare anleggsbidra frå SFE er no vekke, og dette vil kunne medføre auka kostnader. Dei endelege kostnadene for ei utbygging av eit kommunalt bustadfelt på Gloppestad vil ikkje kunne utarbeidast før det ligg før ein stadfesta reguleringsplan. Eit planarbeid vil kunne ta 6-9 månader. Rådmannen si vurdering: Bassert på det kostnadsoverslaget som ligg føre, og dei kostnadene som ikkje er medtekne, må tomtane på Gloppestad seljast dyrare enn gjeldane salsprisar på Hetlebakkane. Det er tre faktorar som er viktig å vurdere når det gjeld bustad, og det er plassering, plassering og plassering. Tomteområdet har ei fin plassering, ligg høgt og fritt med god utsikt mot sørvest. For Gloppen kommune sin del, vil dette bustadfeltet også ligge rett plassert i høve til at det er leding skulekapasitet på Nordstranda skule. Sett i eit folkehelse perspektiv vil plasseringa vere mindre gunstig, då barn og ungar er avhengig av transport for å komme seg til skule og fritidsaktivitetar. Basert på ei oversikt som rådmannen har utarbeid og som det blei orientert om på eit formannskapsmøtet hausten 2015, er det på strekninga Sandane Sentrum – Apalset

Page 12: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 12

(Austrheim skulekrins), totalt 22 ledige tomter. Alle desse tomtene er på private hender, men om det er moglegheit for privatpersonar å få tilgang til desse tomtene, kjenner ikkje rådmannen til. Formannskapet vedtok på møte 14.10.2015 at det skal utarbeidast ein bustadpolitisk handlingsplan for 2016 – 2024, som skal omhandle følgjande temaområde: 1. Generell bustadutvikling 2. Plan for bustadfeltpolitikk 3. Bustadsosiale forhold 4. Organisering, samarbeid og bustadforvaltning. Rådmannen meiner at det vil vere heilt naturleg at arbeidet med å etablere større bustadfelt i kommunal regi blir sett i samanheng med arbeidet med bustadpolitisk handlingsplan. Dette fordi at det følgjer mykje i kjølevatnet at det blir etablert nye tomter, som for eksempel spørsmål om skulekapasitet. Rådmannen vil i første omgang «gå ein runde» med eigarane av alle dei ferdig regulerte – og ubebygde – bustadtomtene innanfor opptaksområdet til Nordstranda skule og sjå om det let seg gjere å få desse ut på marknaden. Viss dette er uråd å få til, vil rådmannen kome tilbake til formannskapet med eitt eller fleire alternative område for eit kommunalt bustadfelt på Nordstranda. --- Til liks med dei folkevalde er rådmannen uroleg for sein og noko famlande framdrift i arbeidet med å legge til rette for bustadbygging og tilflytting til kommunen. Skal dette vere jobb nr 1, må vi prioritere dette høgare. Rådmannen vil kome tilbake til formannskapet med eit framlegg til spissa innsats på dette området. Eg tar sjølvsagt gjerne imot innspel frå dei folkevalde også på dette. RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet viser til rådmannen si saksutgreiing og godkjenner at det ikkje blir arbeidd vidare med å legge til rette for eit kommunalt bustadfelt på Gloppestad. Formannskapet ber rådmannen arbeide aktivt overfor aktuelle tomteeigarar innanfor opptaksområdet til Nordstranda skule for å få dei privateigde bustadtomtene ut på marknaden. 14.04.2016 MULTEK- UTVALET Det var synfaring. Framlegg frå Audun Mundal (KrF) :

Formannskapet ber rådmannen arbeide vidare med å legge til rette for eit kommunalt bustadfelt på Gloppestad. Formannskapet ber også om at rådmannen ser på om feltet kan utvidast til å omfatte areal frå fleire grunneigarar enn dei som har vore inne i bildet så langt.

Page 13: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 13

Framlegget vart samrøystes vedteke. 060/16 VEDTAK : MULTEK-utvalet legg saka fram for formannskapet med slik tilråding: Formannskapet ber rådmannen arbeide vidare med å legge til rette for eit kommunalt bustadfelt på Gloppestad.

Formannskapet ber også om at rådmannen ser på om feltet kan utvidast til å omfatte areal frå fleire grunneigarar enn dei som har vore inne i bildet så langt. Vedtaket var samrøystes. 18.04.2016 FORMANNSKAPET Under denne saka vart skisse over alternativ bruk av utstillingsplassen, småbåthamna og museumsområdet – Fjordtun – på Øyrane presentert. 032/16 VEDTAK : Formannskapet ber rådmannen arbeide vidare med å legge til rette for eit kommunalt bustadfelt på Gloppestad.

Formannskapet ber også om at rådmannen ser på om feltet kan utvidast til å omfatte areal frå fleire grunneigarar enn dei som har vore inne i bildet så langt. Vedtaket var samrøystes.

Page 14: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 14

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 11.04.2016 009/16 Eldrerådet 11.04.2016 009/16 Administrasjonsutvalet 14.04.2016 004/16 Formannskapet 18.04.2016 033/16 Kommunestyret 25.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 002

Arkivsaknr.: 15/1559-24

Status for arbeidet med kommunereforma ved utgangen av mars 2016

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 267367 Eid og Gloppen éin kommune? 267228 Signert intensjonsavtale om samanslåing av Eid og Gloppen til èin kommune 271057 Rådmannen i utgreiing av 0-alternativet Bakgrunn for saka: Dette er ei oppsummering av kommunen sitt arbeid med kommunereforma som også omfattar ei formell framlegging for kommunestyret av utgreiinga om Eid og Gloppen som èin kommune, intensjonsavtalen om samanslåing med Eid kommune og rådmannen si utgreiing av «0-alternativet». Saka blir lagt fram via rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og eldrerådet, sidan dei ikkje har hatt saka føre sidan oppstartingsvedtaket hausten 2014. Saka vil også bli presentert for ungdomsrådet på ein høveleg måte. Arbeidet med kommunereforma er no komen inn i sluttfasen, og rådmannen legg til grunn at saka etter kvart er godt nok utgreidd til å legge spørsmålet om kommunesamanslåing fram i ei rådgjevande folkeavrøysting. Kommunestyret har fastsett datoen for folkeavrøystinga til 30. mai i år, og røystetemaet er: Skal Eid og Gloppen slå seg saman til ein ny kommune? Svaralternativa er JA eller NEI. I tillegg er det høve til å røyste blankt. Alternative løysingar: Etter at Sunnfjord-alternativet vart lagt vekk og likeins alternativet med mindre og indre Nordfjord, er alternativa no ei samanslåing med Eid kommune eller å halde fram som eigen kommune. Til grunn for ei eventuell samanslåinga med Eid ligg − ein underskriven intensjonsavtale og − ei utgreiing om ei slik samanslåing.

Page 15: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 15

Avtalen er frå Gloppen si side forhandla fram av ordførar Leidulf Gloppestad, varaordførar Magni Aa Berge, formannskapsmedlem Svein-Ottar Sandal og rådmannen. Intensjonsavtalen er ikkje polisk behandla. Utgreiinga som avtalen byggjer på er utarbeidd av rådmannen i Eid og Gloppen og er heller ikkje politisk behandla. Å halde fram som eigen kommune har vore eit alternativ heile vegen, og rådmannen har laga ei eiga utgreiing av dette såkalla «0-alternativet» Utgreiinga og dei vurderingane som er gjorde i denne, står for rådmannen si rekning. Utgreiinga er ikkje politisk behandla. Samanslåing av Eid og Gloppen Dersom det blir ei samanslåing av Eid og Gloppen til èin kommune, vil dette skje i samsvar med intensjonsavtalen. Avtalen er ei viljeserklæring og ikkje ein juridisk bindande avtale, m.a. fordi avtalepartane (Eid og Gloppen kommunar) ikkje lenger vil eksistere når kommunesamanslåinga er eit faktum. Den som då bestemmer er kommunestyret i den nye kommunen. Når det er bestemt at Eid og Gloppen skal slåast saman (før sommaren 2017), vil det praktiske arbeidet med samanslåinga starte. Dette arbeidet er omfattande. Dei som har vore gjennom ein slik prosess, seier at det er då arbeidet startar. Ei fellesnemnd som skal opprettast etter § 26 i inndelingslova er sentral i førebuingsarbeidet. § 26 lyder slik:

Ved samanslåing av kommunar eller fylkeskommunar og ved deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b skal det opprettast ei fellesnemnd til å samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga eller delinga. Nemnda bør spegle av innbyggjartalet i dei enkelte kommunane eller fylkeskommunane. Det skal likevel vere minimum tre medlemmer i nemnda frå kvar kommune eller fylkeskommune. Fellesnemnda blir valt av og blant medlemmene i kommunestyret eller fylkestinget. Nemnda vel sjølv leiaren og nestleiaren i nemnda. Reglane i kommunelova om val og saksbehandling i folkevalde organ gjeld elles tilsvarande. Kommunane eller fylkeskommunane kan også opprette eit felles partssamansett utval etter kommunelova § 25 for behandling av saker som gjeld forholdet mellom den nye eininga som arbeidsgivar og dei tilsette. Fellesnemnda skal ta hand om det førebuande arbeidet med økonomiplanen og med budsjettet for det første driftsåret etter at samanslåinga eller delinga som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, er sett i verk. Nemnda skal i sin verkeperiode gi fråsegn til departementet om årsbudsjetta og økonomiplanen for dei kommunane eller fylkeskommunane saka gjeld. Andre arbeidsoppgåver og fullmakter for nemnda blir fastsette i reglement som må vedtakast i alle kommunestyra eller fylkestinga. Kvar av kommunane eller fylkeskommunane kan be departementet om å ta avgjerd i slike spørsmål dersom det ikkje er mogleg å kome til semje. Nemnda kan få fullmakt til å tilsetje personale i den nye eininga. Dette omfattar også tilsetjing av administrasjonssjef og revisor. Tilsetjing av revisor skjer på bakgrunn av innstilling frå kontrollutvala. Nemnda kan òg få fullmakt til å vidareføre deltaking i interkommunalt samarbeid om revisjon eller vidareføre avtale med annan revisor.

Page 16: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 16

Tilsvarande gjeld for sekretariatet for kontrollutvalet. Slikt vedtak skjer etter innstilling frå kontrollutvala. Fellesnemnda kan gi eit arbeidsutval myndigheit til å gjere vedtak i enkeltsaker eller i saker som ikkje er av prinsipiell art. Reglane i kommunelova om møte- og talerett for ordførar, leiar av kommuneråd eller fylkesråd, administrasjonssjef og tilsette gjeld tilsvarande for nemnda. Reglane i § 59 om lovlegkontroll gjeld tilsvarande for avgjerder fellesnemnda tek. Funksjonsperioden for fellesnemnda går ut når det nye kommunestyret eller fylkestinget er konstituert etter reglane i § 27.

Det vanlege er å tilsette ein «prosjektleiar» for samanslåinga. I praksis blir prosjektleiaren ofte den nye rådmannen når ny kommune er klar, i vårt tilfelle frå 1. januar 2020. «0-alternativet» er å halde fram som eigen kommune. Det blir likevel feil å seie «å halde fram som før». På same måten som vi veit lite sikkert om korleis det blir å slå seg saman med Eid, er det truleg like uvisst korleis ein åleinegang vil bli. Spørsmålet blir kva vi trur mest på. I si utgreiing om «0-alternativet» konkluderer rådmannen slik:

Basert på det vi i dag veit om kommunereforma, og det kommunekartet vi så langt ser skissene av, er det rådmannen sin konklusjon at Gloppen kommune kan halde fram som eigen kommune. Vi vil tape inntekter med åleinegong og det betyr at vi mest truleg må redusere kvaliteten på nokre tenester. Dilemmaet er sjølvsagt at så lenge staten straffar alle kommunar med mindre enn 20.000 innbyggarar, så er det ikkje sikkert kor mykje betre det blir med ei samanslåing med Eid. Nokre forutsetningar må leggast til grunn dersom Gloppen skal halde fram som eigen kommune: − Inntektstapet må i alle fall til ei viss grad kompenserast med auka inntekter frå

kraftverdiane våre og auka eigedomsskatt − Det er nødvendig å styrke kommuneaministrasjonen på leiarnivået og på

overordna planlegging − Vi må inngå forpliktande avtalar med nabokommunane våre, og først og fremst

Eid, om deling av tenester og funksjonar der det er føremålstenleg for å skape større fagmiljø og/eller gje reduserte driftskostnader.

Med desse forutsetningane vil kommunen ivareta oppgåvene sine som tenesteytingar, myndeutøvar, samfunnsutviklar og demokratisk arena på ein tilfredsstillande måte. Manglande bru mellom Anda og Lote er etter rådmannen sitt syn hovudargumentet mot ei samanslåing med Eid. Dette kan sjølvsagt snuast på hovudet og seiast slik: Ei samanslåing av Eid og Gloppen er eit hovudargument for å få bygt brua. Kva som er rett, er uråd å seie. Som sagt innleiingsvis er det alltid til sist eit spørsmål om nok pengar og godt mannskap. Og pengane er det staten som fordelar, anten vi likar det eller ikkje. Regjeringa vi har no vil truleg gjere det vanskelegare å halde fram som eigen

Page 17: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 17

kommune enn ei anna regjering. I eit 50-årsperspektiv, som vi no snakkar om, er mykje uvisst. Ikkje minst når vi snakkar om pengar…

Informasjon: I tillegg til dei tre dokumenta som følgjer denne saka, har rådmannen – etter bestilling frå formannskapet – laga ei informasjonsbrosjyre som vil bli sendt ut til alle husstandane i Gloppen. Ein kortversjon av brosjyren vil også bli laga, først og fremst med 16- og 17-åringane som målgruppe. Brosjyrane er ikkje klare når dette blir skrive, men vil vere det i god tid før kommunestyret sitt møte den 25. april i år. Tre folkemøte er planlagde i april 2016: − Torsdag 14. april i Breidarheim − Måndag 18. april i Hyen samfunnshus − Tysdag 19. april i Trivselshagen på Sandane. I tillegg til dette vil det bli eit eige informasjonsopplegg for 16- og 17-åringane i lag med ungdomsrådet. Planen er gjere dette både i lag med skulane (ungdomsskulen og vidaregåande skule) og i lag med ungdomsrådet i Eid. På Gloppen kommune si heimeside er alle aktuelle dokument i saka lett tilgjengeleg. Folkeavrøystinga: Datoen for folkeavrøystinga er fastsett til måndag 30. mai. I perioden fram til då (t.o.m. fredag 27. mai) er det høve til tidlegrøysting og førehandsrøysting. Tidlegrøystringa i Gloppen starta 21. mars for at heimebesøkande påskegjester skulle ha høve til å røyste. Startdato for ordinær førehandsrøysting er ikkje fastsett. Rådmannen sitt framlegg er tysdag 26. april. Valstyret har fullmakt til å fastsett datoen. Dette blir gjort i samråd med valstyret i Eid. Folkerøystinga vil bli gjennomført etter reglane som gjeld for kommuneval så langt som råd er. I tillegg vil alle som er fødde i 1999 og 2000 (16- og 17-åringar) få røyste. Dei vanlege røystekrinsane vil bli brukte og det er lagt opp til same opningstider som ved kommune- og fylkestingsvalet i fjor haust. Sidan det ikkje er folkeavrøysting i alle kommunar i samband med kommunereforma, vil det ikkje vere høve til å førehandsrøyste i andre kommunar slik veljarane kan gjere ved ordinære val. Alternativet for manntalsførte glopparar som ikkje har høve til å førehandsrøyste i Gloppen eller på Eid, og heller ikkje på valdagen den 30. mai, er såkalla brevrøysting. Reglane om brevrøysting blir bli lagde ut på heimesida til kommunen. Folkeavrøystinga er rådgjevande. Det er kommunestyret sjølv som skal gjere vedtak på vegner av glopparane. Det skjer på kommunestyremøtet den 17. juni. --- Rådmannen legg ikkje opp til at det skal gjerast anna vedtak i saka no enn å ta denne til orientering. Det blir feil å legge avtalen om kommunesamanslåing med Eid fram til politisk godkjenning no, men det er sjølvsagt denne avtalen som er grunnlaget for folkeavrøystinga.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING :

Page 18: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 18

Kommunestyret tar saka til orientering, og viser til tidlegare vedtak om gjennomføring av folkeavrøysting i Gloppen om kommunesamanslåing med Eid kommune. Intensjonsavtalen mellom Eid og Gloppen blir grunnlaget for folkeavrøystinga. 11.04.2016 RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 009/16 VEDTAK : Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne tar saka til orientering. Vedtaket var samrøystes. 11.04.2016 ELDRERÅDET 009/16 VEDTAK : Eldrerådet tar saka til orientering. Vedtaket var samrøystes. 14.04.2016 ADMINISTRASJONSUTVALET 004/16 VEDTAK : Administrasjonsutvalet tar saka til orientering. Vedtaket var samrøystes. 18.04.2016 FORMANNSKAPET 033/16 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 19: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 19

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr MULTEK-utvalet 14.04.2016 062/16 Formannskapet 18.04.2016 034/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Birte Fossheim

Objekt: Arkiv: D35

Arkivsaknr.: 16/463-4

Mellombels leikeplass i Sandane sentrum Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: I 2015 vart det laga ein sentrumsanalyse for Sandane sentrum. Denne skal brukast som grunnlag for vidare planar og utvikling av tettstaden Sandane. Det skal lagast ein områdereguleringsplan for Sandane, og denne heng igjen saman med kommunen sin planstrategi og evnt revisjon av kommuneplanen. Dette skal det jobbast meir med på planverkstaden for politikarar og administrasjon den 25. april. Planarbeid tek tid, og vi ønskjer undervegs i prosessen å skape engasjement blant innbyggjarane med å gjennomføre kortsiktige tiltak som byggjer opp om den utviklinga vi ønskjer på sikt. I sentrumsanalysen er dette med leikeareal i sentrum eit av dei «små grepa» som vi kan gjere noko med på kort sikt. Saksutgreiing: Eit av dei tiltaka vi gjere framlegg om i 2016 er ein midlertidig leikeplass i Sandane sentrum. Føremålet med tiltaket er å skape ein møteplass for born og vaksne, som gjere at folk oppheld seg og bidrar til å skape eit meir levande sentrum. Før vi har ferdig ein områdereguleringsplan for sentrum, så har vi pr i dag ikkje eit høveleg område som kan brukast til ein permanent leikeplass. Dette vil vere avhengig av kva grep som blir gjort i sentrum med bygging av leiligheiter. Utgangspunktet med ein midlertidig leikeplass er å teste ut korleis eit slikt tiltak virkar på sentrum, og det vil gje oss erfaring til planlegging av ein permanent leikeplass. Den midlertidige leikeplassen vil i utgangspunktet stå i perioden juni, juli og halve august, og kan fjernast til Sandanedagane om plasseringa gjere at dette er ønskjeleg. Vi planlegg å montere 3 leikeapparat som inneheld ulike funksjonar som klatre, sklie, huske og vippe. Apparata skal monterast midlertidig – dvs at fundamenta skal ikkje gravast ned i bakken og fallunderlag må tilpassast dette. Arealbehovet for 3 slike leikeapparat samla vil ligge på rundt 11 x 14 m. Plassering: Vi ønskjer at tiltaket skal gje meir liv i aksen langs «den raude løpar» - dvs ein stad mellom starten av Heradsplassen og ned til fjorden. Dette er også grunn som kommunen eig.

Page 20: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 20

Langs denne aksen ser vi to mulege alternativ: Alternativ 1:

Arealet utanfor den nye kafeen er stort nok til 3 leikeapparat i gruppe. Her vil det også vere ein vinn-vinn situasjon der vaksne har tilbod om ein kaffikopp medan ungane leikar. Denne plasseringa krev at vi stengjer innkøyringa som nokon i dag brukar over heradsplassen, og set opp eit gjerde så ikkje ungar spring frå leikeplassen ut i vegen. Dei vil likevel ha tilgang til varelevering på nedsida av Firdakraftbygget mot banken. Vi vil ikkje sperre dei gåtraseane/kryssingane som er over Sørstrandsvegen i dag. Alternativ 2: Arealet utanfor Gloppebua. Her vil tiltaket krevje 6 parkeringsplasser, og stenge innkøyringa som i dag går forbi Gloppebua. Plasseringa vert noko tett opp i bustadhus og Gloppebua.

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Vi har undersøkt med leverandørar på kva eit slikt tiltak vil koste, og det vil variere alt etter storleiken på leikeapparata ein vel. Med montering av tre apparat, fallsand og innramming slik at sanden ikkje forsvinn, vil kostandane ligge rundt kr 350.000. Om vi også set opp to benkar

Page 21: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 21

med parasollar slik at foreldre også kan bruke dette som ein møteplass, vil tiltaket ligge på nærare kr 400.000. Vi har bedt om pris hjå fire ulike leverandørar innan 13. april, med atterhald om politisk godkjenning på at tiltaket vert sett i verk. Då vil vi ha eksakt pris. Leikeapparata vil det vere kommunen som eig, og desse kan monterast på ein permanent leikeplass når vi seinare har avklart eit høveleg areal. Vi er også i dialog med fylkeskommunen om slike tiltak kan utløyse tettstadmidlar, sidan dette er ei oppfølging av sentrumsanalysen som dei delfinansierte. Søknadsfristen er 1. juni, så om vi får tilskot veit vi ikkje før tiltaket evnt. er sett i verk. Det er sett av 2 millionar i 2016-budsjettet til sentrumsutvikling. Rådmannen si vurdering: Rådmannen meiner det er viktig at det vert gjort kortsiktige grep i sentrum som gir innbyggjarane ein optimisme om at det skjer noko etter arbeidet med sentrumsanalysa. I dette arbeidet var det medverknadsprosesser med fleire målgrupper og det vart halde folkemøte. No er det forventingar om at det skal skje noko meir. Det vidare planarbeidet med utvikling av Sandane sentrum vil bli ein integrert del av planstrategien og ein evnt ny kommuneplan. Desse overordna føringane som blir avklart i dette arbeidet, legg viktige føringar for områderegulering av sentrum. Eit slikt midlertidig tiltak vil også gje oss ein god arena til å informere om planane vidare med utvikling av Sandane sentrum. Når det gjeld alternative plasseringar, vurderer rådmannen at alternativ 1 er den beste løysinga. Ein leikeplass skapar ein del støy, og plasseringa utanfor Gloppebua kjem tett på bustadhus og funksjonen i Gloppebua er heller ikkje så god kombinasjon med ein leikeplass. Det som er interessant med denne plasseringa er at den skaper debatt omkring parkeringsplasser i sentrum. Sentrumsanalysen anbefaler ei tilrettelegging meir på gåande sine premisser, og dette med heildagsparkering er ei utfordring vi må løyse framover.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet godkjenner at det vert brukt kr 400.000 av løyvinga til sentrumsutvikling i 2016-budsjettet til å lage ein møteplass og midlertidig leikeplass i sentrum med plassering som skissa for alternativ 1 viser. 14.04.2016 MULTEK- UTVALET Mariell Eikeset Koren bad utvalet ta stilling til om ho er inhabil i saka på grunn av naboskapen til kaféen ho er involvert i i Firdakraftbygget. MULTEK-utvalet meinte at Eikeset Koren var inhabil etter § 6, 2. ledd i forvaltningslova. 062/16 VEDTAK : MULTEK-utvalet ber formannskapet avvise saka med denne grunngjevinga: − alternativa er ikkje gode nok − kommunen sin 1000-årsplass bør vernast

Page 22: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 22

− den mellombelse plasseringa bør vere der vi ser for oss å ha den permanente leikeplassen. Vedtaket var samrøystes. 18.04.2016 FORMANNSKAPET Tilboda viser at ein mellombels leikeplass kan etablerast for om lag 250.000 kroner. Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf):

Som rådmannen si tilråding, men med kr 250.000 som kostnadsramme og med slikt tillegg: Formannskapet ber rådmannen sjå på heile området mellom fontena på Heradsplassen og fv. 615.

Framlegg frå Arnar Kvernevik (Ap) :

Formannskapet godkjenner at det vert brukt kr 250.000 av løyvinga til sentrumsutvikling i 2016-budsjettet til å lage ein møteplass og midlertidig leikeplass i sentrum med slik alternativ plassering: 1. på parkeringsplassen på austsida av heradshuset 2. alternativ 2 i saka 3. alternativ 1 i saka.

Det vart røysta slik: 1. Tilrådinga frå MULTEK, som fekk to røyster 2. Alternativ 1 i framlegget frå Arnar Kvernevik, som fekk 3 røyster 3. Alternativ 2 i framlegget frå Arnar Kvernevik, som fekk 3 røyster 4. Framlegget frå Svein-Ottar Sandal, som fekk åtte røyster. 034/16 VEDTAK : Formannskapet godkjenner at det vert brukt kr 250.000 av løyvinga til sentrumsutvikling i 2016-budsjettet til å lage ein møteplass og midlertidig leikeplass i sentrum med plassering som skissa for alternativ 1 viser. Formannskapet ber rådmannen sjå på heile området mellom fontena på heradsplassen og fv. 615. Vedtaket vart gjort mot ei røyst.

Page 23: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 23

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr MULTEK-utvalet 14.04.2016 061/16 Formannskapet 18.04.2016 035/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Knut Roger Berge Nesdal

Objekt: Arkiv: D37

Arkivsaknr.: 15/805-6

Ferdigstilling av badestranda i Sandane sentrum Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Ferdigstilling av badestrand i Sandane sentrum. Saksutgreiing: Gloppen kommune har gjort avtale med grunneigar av gnr 75 bnr 1 og gnr 75 bnr 2 om å opparbeide badestrand i Sandane sentrum. Avtala går i korte trekk ut på at Gloppen kommune får nytte dette arealet på nedsida av eksisterande mur mot sjø vederlagsfritt mot å koste opparbeiding og vedlikehald. Rydding av standa er gjennomført og Gloppen kommune skal no opparbeide og sluttføre dette arbeidet. Arbeidet med standa starta i 2015. Det vart fjerna ein større parti store graner som skjulte innsyn til området. Ein fjerna søppel og rusk frå området og fekk fjerna topplag med gammalt sjøgras slik at ein kom ned på sandgrunn. Det er plukka stein og ein har fjerna to store containarar med rusk. Fjerning av søppel var det elevar frå Gloppen Ungdomsskule som utførte. Når ein no skal ferdigstille standa, ynskjer vi at dette skal bli ein park/strandområde der flest mogleg finn seg til rette. Enten du skal gå tur, sole deg, leike eller møte mennesker. Som underlag på området ynskjer ein plen og sand i kombinasjon. Det vil bli i overkant 1000 m2 plen. Planen er å bygge ei bru over elva for å lage ein sikker tilkomst. Brua går over i sti med fast/hardt toppdekke. Stien skal vere terskelfri og universelt utforma. Det vil og bli lage eit felt der det er universell utforming heilt ned til sjøen. Vidare er det meininga å lyssette stien og tre i området. Det skal vere benkar og bord og forhåpentlegvis eit sanitæranlegg. Sanitæranlegget skal inkludere ein utvendig dusj, omkledningsavlukke samt kildesorteringssystem for avfall. Rør for vatn og avløp er i nærleiken og enkelt for tilkopling. I enden av stranda, mellom mur og naustrekke, vil det bli laga ein solterrasse. Gloppen Ungdomsskule har påtatt seg ei årleg vedlikehald av stranda med tanke på å klargjere denne før årets sommarsesong. Dette innebær å rydde strande fri for rusk og søppel som har samla seg her i løpet av haust og vinteren. Med tiltaka beskrive over, samtale med entreprenørar og innhenting av pristilbod, vil dette prosjektet ha ei totalramme mellom 500.000 og 600.000.-

Page 24: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 24

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Det lokale næringslivet i Gloppen har vore med og bidrege økonomisk med om lag 220.000,- for å realisere badestranda. I tillegg er det utført mykje dugnadsarbeid og lokale entreprenørar har utført arbeid til svært gunstige prisar. Ved årsskiftet 2015/2016 fekk også kommunen overført om lag 30.000,- frå ein konto som har tilhøyrt Sandane Vel til bruk i og rundt Sandane sentrum. Det vil i tillegg vere behov for ei ramme på inntil 330.000.- frå Gloppen kommune for å ferdigstille prosjektet. Pengane kan takast frå budsjettposten på 2 million til sentrumsutvikling. Totalramma vert då 550.000.- Rådmannen si vurdering: Rådmannen meiner planane med badestrand i sentrum er eit positivt tiltak for fastbuande og tilreisande. Planane samsvarer og godt med tanke på eit meir levande sentrum. Området midt i sentrum vert stelt i stand og gjort tilgjengeleg for ålmenta og tilgjengelig for folk i alle aldersgrupper. Planane er og i samsvar med sentrumsanalysen Norconsult har utarbeida over Sandane sentrum. Begge forslaga her inkluderer å bevare badestranda slik det no er tenkt.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet godkjenner at det blir brukt kr 300.000 av 2016-løyvinga til sentrumsutvikling til opprusting av badestranda i Sandane sentrum. Med løyvinga frå private på til saman 250.000, gir dette prosjektet ei totalramme på kr 550.000,-. 14.04.2016 MULTEK- UTVALET Planen for opparbeida av badestranda vart delt ut. Framlegg frå Arnar Kvernevik (AP) :

Saka blir utsett. MULTEK-utvalet meiner saka må utgreiast betre. M.a. må samla kostnad for prosjektet kome fram.

Framlegget vart samrøystes vedteke. 061/16 VEDTAK : Saka vart utsett. MULTEK-utvalet meiner saka må utgreiast betre. M.a. må samla kostnad for prosjektet kome fram. Vedtaket var samrøystes. 18.04.2016 FORMANNSKAPET

Page 25: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 25

Oppdatert kostnadsoverslag for opparbeiding av badestranda vart delt ut. Behovet for kommunal løyving er kr 450.000,-, ikkje kr 300.000,- som oppgjeve i saka. Det vart røysta slik: 1. Tilrådinga frå MULTEK-utvalet, som fekk ei røyst 2. Rådmannen si tilråding med justerte tal, som vart samrøystes vedteke. 035/16 VEDTAK : Formannskapet godkjenner at det blir brukt kr 450.000 av 2016-løyvinga til sentrumsutvikling til opprusting av badestranda i Sandane sentrum. Med løyvinga frå private på til saman 250.000, gir dette prosjektet ei totalramme på kr 700.000,-. Vedtaket var samrøystes.

Page 26: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 26

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 18.04.2016 036/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Knut Roger Berge Nesdal

Objekt: Arkiv: 243 U01

Arkivsaknr.: 16/306-6

Gjennomgang av retningslinjene for tildeling frå kommunalt næringsfond Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Rådmannen ynskjer gjennomgang av tildelingskriteria for støtte frå kommunalt næringsfond m.a. for å tydleggjere satsinga. Saksutgreiing: Gloppen kommune har fylgjande retningslinjer for tildelingar frå næringsfondet i dag.

I: Formål Målet med det kommunale næringsfondet er å styrke Gloppen kommune sitt lokale næringsutviklingsarbeid med utgangspunkt i dei lokale føresetnadene som kommunen har. Næringsfondet skal nyttast til å fremje etablering av nye bedrifter og til vidareutvikling av eksisterande verksemder. Fondet kan òg nyttast til kompetansehevande tiltak for ulike bransjar i kommunen med særskilde behov. Støtta blir gjeve i form av tilskot. II: Støttetypar a) Bedriftsutviklingstilskot/etablerarstipend Eksempel på aktuelle tiltak er søknader om etablerarstipend, kompetansehevande tiltak, marknadsføring, produktutvikling, marknadsundersøking og levekostnader. Slike søknader kan få inntil 50 % støtte. Dersom etableringa er nyskapande og det står kvinner/ungdom bak tiltaket, kan offentleg støtte utgjere 75 % av kostnadsgrunnlaget, jf EØS-regelverket. b) Investeringstilskot Eksempel på dette kan vere maskiner/utstyr til oppstarting og utviding av verksemda. Slike søknader kan få inntil 20% av det totalte kostnadsgrunnlaget, jf EØS-regelverket. c) Kurs/kompetansehevande tiltak for bransjar i kommunen

Page 27: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 27

Det kan gjevast støtte frå næringsfondet på opp til 50 % av kostnadene til kurs og opplæring i ulike næringar i kommunen. d) Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta inf rastruktur Det kan gjevast støtte til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser/utgreiingar. III: Støttevilkår Tiltak som fremjar sysselsetting blant ungdom og kvinner skal prioriterast. Fondet skal prioritere etableringar som fell utanfor ordningar til Innovasjon Norge og andre deler av det offentlege virkemiddelapparatet. Ved fordeling av midlane vil kommunen vil prioritere satsingsområda som er omtala i strategisk næringsplan. Tiltaka som vert støtta skal ikkje virke konkurransevridande på ein lokal marknad. Det er derfor krav om at etableringane som mottek støtte er nyskapande lokalt. Fondet kan ikkje nyttast til ordinær drift, gjeldssanering eller til å teikne aksjar i private verksemder. Det er ingen søknadsfrist for fondet, og fondet kan vere brukt opp på slutten av året. IV: Overordna regelverk Det er fylkeskommunen som tildelar midlar til kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane, og kommunen er bunden av det regleverket som ligg til grunn for tildelinga. V: Kapitalbehov Det vert årleg fastsett ei kapitalgrense som ei form for arbeidsdeling mellom det kommunale næringsfondet og Innovasjon Norge. Kapitalbehovsgrensene vert fastsett i samband med det årlege rammetildelingsbrevet frå fylkeskommunen til departementet. VI: Forvaltning av fondet Formannskapet i Gloppen er fondsstyre og har delegert mynde til å ta endeleg avgjerd når det gjeld bruk av fondsmidlane. Rådmannen er ansvarleg for førebuing av sakene som blir lagde fram for fondsstyret. Rådmannen har delegert mynde til å ta endeleg avgjerd i saker med ei beløpsgrense på opp til kr 5.000,-. Rådmannen skal kvart år utarbeide ein rapport om bruk av fondet. Denne rapporten skal gjevast som orientering til kommunestyret, fylkeskommunen og kommunaldepartementet. Inntil 75% av tilskotet kan utbetalast når prosjektet er igangsett. Resterande 25% vert utbetalt når prosjektet er avslutta og sluttrapport og rekneskap er godkjend av rådmannen. Søkjarar som har fått innvilga støtte må innan eitt år be om sluttutbetaling etter tildeling, viss ikkje fell tilskotet vekk. Det kan i spesielle tilfelle søkjast om utsetting av fristen.

Økonomiske konsekvensar for kommunen:

Page 28: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 28

Ingen. Det er fylkeskommunen som tildeler midlar til kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane. Rådmannen si vurdering: Rådmannen vil innleiingsvis seie at retningslinjene på ingen måte er tilpassa storleiken på dei midlane som er til posisjon på næringsfondet. Med så smålåtne midlar som vi no snakkar om, er retningslinjene nesten meiningslause. Og i tillegg kjem også det fylkeskommunale regelverket! Dette er sporvejakt med kanoner. --- Kriteria for tildeling vi har i dag dekker mykje. Etter rådmannen syn kunne vi godt spissa satsinga noko. Gloppen kommune har eit rikt og variert næringsliv. Det kan sjå ut som vi manglar den store satsinga på knoppskyting frå eksisterande bedrifter. I tillegg kan det sjå ut som vi ikkje får nok ungdom i gang med eigne prosjekt. Ungdom kan ha prosjekt over ein kortare periode, eller avgrensa til sesong for å teste ut ideen sin. Prosjekt som er med å bygge opp under merkevaren Gloppen kommune er òg viktig då desse er med å marknadsføre kommunen på ein positiv måte. Når formannskapet tildeler midlar, meiner rådmannen det kan vere lurt å sjå potensiale i bedrifta. Vert dette eit einmannsføretak i framtida, eller har det utsikter til å bli noko større? Når tildelinga er gjort, er det viktig at den vidare prosessen vert følgt nøye opp. Rådmannen har registrert at enkelte tiltak går langt utover tildelingsperioden og tilskotet burde dermed kanskje vore inndrege. Rådmannen meiner vi må bli meir restriktive på slike avvik i tida framover. I 2015 hadde næringsfondet to tildelingsrundar: ei tildeling på våren og ei på hausten. Rådmannen meiner dette er ei ordning vi må endre. Det er for lenge å vente eit halvt år for søkjarar og tiltak som treng svar og pengar fort. For raskare handsaming av søknadene kan vi alternativt ha tildeling fortløpande eller at rådmannen får utvida fullmakter, t.d. å gje tilsegn om tilskot opp til kr 50.000.-.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet ber rådmannen legg fram eit forslag til forenkling av retningslinjene for det kommunale næringsfondet som er tilpassa nivået på fondet. Formannskapet er samd med rådmannen i at - ¼ av fondet skal øyremerkast firma/tiltak etablert av ungdom under 25 år - det kan gjevast støtte til tiltak som bygger opp under merkevaren til Gloppen kommune - knoppskyting frå eksisterande bedrifter i kommunen skal prioriterast Rådmannen får fullmakt ved tildelingar frå næringsfondet under 50.000.- 18.04.2016 FORMANNSKAPET

Page 29: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 29

Innspel frå formannskapet: − næringsfondet må i hovudsak gå til mindre føretak − fullmakta til rådmannen må vurderast − betre å gje støtte til eitt tiltak i staden for å «smørje tilskota utover» − vi må ikkje utelukke enkeltmannsføretak − kva skal til for å få ungdom til å søkje? − kva blir meint med «merkevaren til Gloppen kommune»? Framlegg frå ordføraren:

Formannskapet ber rådmannen legg fram eit forslag til forenkling av retningslinjene for det kommunale næringsfondet som er tilpassa nivået på fondet med bakgrunn av innspela frå formannskapet si behandling i denne saka.

Ved alternativ avrøysting mellom rådmannen si tilråding og framlegget frå ordføraren vart framlegget frå ordføraren samrøystes vedteke. 036/16 VEDTAK : Formannskapet ber rådmannen legg fram eit forslag til forenkling av retningslinjene for det kommunale næringsfondet som er tilpassa nivået på fondet med bakgrunn av innspela frå formannskapet si behandling i denne saka. Vedtaket var samrøystes.

Page 30: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 30

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr MULTEK-utvalet 10.03.2016 046/16 Formannskapet 14.03.2016 028/16 MULTEK-utvalet 14.04.2016 055/16 Formannskapet 18.04.2016 037/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Anders Nystuen

Objekt: 76/24 Arkiv: L42

Arkivsaknr.: 15/1573-10

Karavadet - tilbygg til eksisterande hytte - utebod - rehabilitering av utedo

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 261719 Situasjonsplan Bakgrunn for saka: Grunneigar Olin Johanne Henden har søkt om oppføring av tilbygg til eksisterande hytte, nytt vedlager og rehabilitering av utedo ved Karavadet langs Gloppeelva. Dei ønskjer også å koble seg til kommunalt vassverk og avløpsanlegg. Arealet ligg som LNF-område i kommuneplanen, og det er difor også søkt om dispensasjon frå kommuneplanen. Saksutgreiing: I dispensasjonssøknaden skriv Henden at arealet der eksisterande hytte og andre hytter står ikkje er regulert til fritidsbusetnad endå i kommuneplanen. Dette kan tolkast som at området burde vore omgjort frå LNF til fritidsbusetnad, då det er meir representativt for området. Eksisterande bebyggelse på eigedomen har eit areal på 37 m2 og dei ønskjer å utvide med 51 m2. Tomta har tilkomst via privat veg som er opparbeida og open for alminnelig ferdsel. Søkjar opplyser at bygget er i eit flaumutsett område, og at elva i våte periodar går over sine bredder enkelte plassar i området ved tilkomstvegen, utan at dette gjev noko problem for tilkomsten. Ved ekstrem høg vassføring vert vegen, parkeringsplassen og området rundt overfløymt. Etter deira vurdering er dagens risiko for flaumskadar på eit lågt og akseptabelt nivå. I søknaden påpeiker dei at tilkomstvegen og parkeringa vert heva slik at ein unngår overfløyming ved ekstrem høg vassføring i elva. Elles ønskjer dei å fjerne gamal mur langs elvekanten som delvis har rast ut, og erstatte denne med ein lav plastring som også vil beskytte mot eventuell erosjon. Det har kome inn merknad til nabovarsel frå grunneigarane på gbnr. 76/80. Dei skriv at dei ikkje har nokre innvendingar mot at hytta vert utvida, men påpeikar likevel at det vert noko stort då tilbygget er mykje større enn eksisterande bygg. Dei ser heller ikkje trongen for separate bygg for utedo og ei stor vedbu på ein eigedom som utelukkande vert nytta i sommarhalvåret. Dei nemner også ein gamal kanal som gjekk mellom elva og Aniasvalen, som har vorte stengd av den tidlegare eigaren. Dei skriv at stenginga av kanalen har ført til store ulemper grunna stilleståande vatn i den grunne valen. Dei nemner at valen gror igjen slik

Page 31: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 31

at det ikkje er mogleg å hente reint vatn ved den gamle bryggja. Dei set det som ein klar føresetnad at den gamle kanalen vert gjenopna før arbeidet med hytta vert påbyrja. Søknaden er sendt til Norges vassdrags- og energidirektorat NVE og fylkesmannen for uttale. Kommunen har motteke følgjande merknadar: Norges vassdrags- og energidirektorat NVE Dei peiker på at området er i eit flaumutsett område, og at kommunen må syte for at bygget ligg trygt i høve til 200-årsflaum. For at ny utbygging skal kunne reknast trygt plassert i høve til erosjon må den ligge minst 20 horisontale meter frå toppen av erosjonsutsett elveskråning. Alternativt må det setjast krav om naudsynte tryggleikstiltak. Kommunen må vurdere om tryggleikstiltaka tilfredstillar krava i byggteknisk forskrift § 7-2 Sikkerhet mot flom og stormflo. Kommunen bør også vurdere å trekkje plastringa noko bort frå elvekanten. På denne måten vert den mindre synleg og kantvegetasjonen vil lettare kunne etablere seg. Alternativt bør det setjast krav om tilrettelegging for etablering av kantvegetasjon. Elles peiker dei på at planar av plastringa bør utarbeidast av personell med vassdragsteknisk kompetanse, og at kommunen bør vurdere den tekniske gjennomføringa. Fylkesmannen Dei peiker på at den eksisterande hytta ligg åleine ute på ein smal tange i Gloppeelva med berre ei nabohytte. Utifrå deira vurdering vil tilbygga føre til ei meir privatisering av strandkanten på tangen, og allmenne interesser vil såleis verte negativt påverka av tiltaka. Dei meiner at ein dispensasjon for to tilbygg, og ein meir enn dobling av hyttestorleiken, vil gje ein klart uheldig presedens. Utifrå prinsippet om likehandsaming vil eit positivt vedtak i denne saka kunne gjera det vanskeleg å avslå tilsvarande søknadar andre stadar langs Gloppeelva. Dei meiner at allmenne interesser og omsyn, som kommuneplanen ønskjer å sikra gjennom bruk av LNF-føremål langs vassdrag, vert skadelidande. Då først og fremst friluftsliv/fiske og omsyn til vassdragsnatur og landskap. Dei meiner utifrå dette at vilkåra i lova for å kunne gje dispensasjon ikkje er oppfylte, og at dei vil rå frå å gje dispensasjon for omsøkte tilbygg. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Rådmannen si vurdering: Grunngjevinga i dispensasjonssøknaden er at området burde vore avsett til fritidsbusetnad då det er meir representativt for området. Rådmannen meiner at det er fleire område i kommuneplanen der delar av områda nødvendigvis ikkje er representative for det arealformålet det er avsett til. Og i det aktuelle området ved Karavadet er det i dag fleire hyttetomtar, men noko meir spreidd nede ved tangen. Rådmannen meiner at det kan diskuterast om dette området heller burde vore avsett til arealformål fritidsbusetnad framfor LNF-område i kommuneplanen. Det søkjast om 2 stk. tilbygg til eksisterande hytte, noko som medfører ein dobling av nåverande areal på bygget. Naboane har nemnt i sin merknad til nabovarsel at dei synest at bygget «flyt utover», då tilbygget er mykje større en eksisterande. Fylkesmannen har også peika på storleiken i sin uttale. Dei nemner blant anna landskapsomsyn og kortare avstand frå hytta til Gloppeelva i både sørleg og nordleg retning. Elles blir det og peika på at allmenne interesser som friluftsliv og fiske vert negativt påverka, og at tilbygga kan føre til ein meirprivatisering av strandkanten. Sportsfiskar nyttar blant anna området sør-aust like nedanfor den vesle kollen der hytta står, og kollen dannar eit naturleg skilje for fiske vidare vest for hytta.

Page 32: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 32

Slik rådmannen ser det, vil ikkje tiltaket medføre noko økt konflikt av omsyn til friluftsliv og fiske sett frå dagens situasjon. Elles meiner rådmannen at tilbygga til hytta framstår som mindre ruvande i landskapet, då tilbygga er utforma som eit ledd ut frå eksisterande hytte framfor eit fullstendig samanbygd tilbygg. Rådmannen meiner det heller ikkje er grunn til å tru at løyve i denne saka vil auke utbyggingspress andre stader langs Gloppeelva, eller gje presedensverknad utover den opninga som alt ligg i kommuneplanen. NVE har kome med merknadar kring tryggleikstiltak i høve til at hytta ligg i eit flomutsett område. Rådmannen meiner det er naturleg at dette følgjast opp i ein byggesakshandsaming. Det er også kommen inn merknad til nabovarsel vedrørande gjenopning av gamal kanal i området. Søkjar opplyser at det i følgje den tidlegare grunneigaren aldri har vore ein kanal på eigedomen, og at det ikkje finst noko dokumentasjon på dette. I søknaden kjem det elles fram at grunneigar har vore i dialog med naboane om ei felles løysing for gjennomstrømming i Aniasvalen. Rådmannen meiner dette er privatrettslege høve som kommunen ikkje skal teke stilling til, og som ikkje burde ha noko innverknad på vedtaket. Vurdering etter kulturminnelova: Kommunen har oppfylt undersøkingsplikta etter kulturminnelova § 9 (jf. pbl. § 21-5). Fylkeskommunen si kulturavdeling har ikkje gjeve tilbakemelding, og det blir då lagt til grunn at tiltaket ikkje er i konflikt med kulturminnelova. Vurdering etter naturmangfaldslova: § 8 ( kunnskapsgrunnlaget) Det ligg ikkje føre registreringar av særlege naturkvalitetar i dette området. § 9 (føre-var-prinsippet) Ikkje relevant så lenge kunnskapsgrunnlaget i saka er vurdert som godt nok. § 10 (økosystemtilnærming og samla belastning) Tiltaket er av begrensa omfang og er ikkje venta å ha avgjerande innverknad på økosystem. § 11 (kostnadene ved miljøforringelse skal bæres av tiltakshavar) Ikkje relevant. § 12 (miljøforsvarlige teknikkar og driftsmetoder) Det blir stilt krav til tiltaket, generelt gjennom byggeforskriftene, men også konkret i denne saka. Krava vert følgd opp gjennom byggesakshandsaminga.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen formannskap gir med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 dispensasjon frå LNF-område i kommuneplanen for oppføring av tilbygg til eksisterande hytte, nytt vedlager og rehabilitering av utedo slik det er søkt om. Formannskapet gjev også løyve for tilkobling til kommunalt VA-anlegg. Her er allereie oppført hytter frå før, og grunngjeving for dispensasjon er at kommuneplanen opnar for løyve i denne typen saker, og at tiltaket ikkje er i strid med retningslinjer i kommuneplanen eller på andre måtar konfliktfullt. Nye tilbygg skal utformast og tilpassast eksisterande bygg.

Page 33: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 33

10.03.2016 MULTEK- UTVALET Framlegg frå Edgar Kvernevik (SD):

Saka blir utsett til neste møte, som blir med synfaring. Framlegget vart samrøystes vedteke. 046/16 VEDTAK : Saka blir utsett til neste møte, som blir med synfaring. Vedtaket var samrøystes. 14.03.2016 FORMANNSKAPET Saka vart trekt sidan MULTEK-utvalet har utsett si behandling av saka. Det blir synfaring i samband med MULTEK-utvalet sitt møte den 14. april i år. 028/16 VEDTAK : Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 14.04.2016 MULTEK- UTVALET Det var synfaring. Framlegg frå Solveig Lien Gusdal (Sp):

Som rådmannen si tilråding, men første avsnitt skal lyde: Gloppen formannskap gir med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 dispensasjon frå LNF-område i kommuneplanen for oppføring av tilbygg til eksisterande hytte.

Framlegget fekk tre røyster og fall. 055/16 VEDTAK : MULTEK-utvalet er samd i tilråding. Vedtaket var samrøystes med unnatak av siste del av første avsnitt, der eit mindretal på tre røysta for at «nytt vedlager og rehabilitering av utedo slik det er søkt om» skulle gå ut. 18.04.2016 FORMANNSKAPET 037/16 VEDTAK :

Page 34: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 34

Gloppen formannskap gir med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 dispensasjon frå LNF-område i kommuneplanen for oppføring av tilbygg til eksisterande hytte, nytt vedlager og rehabilitering av utedo slik det er søkt om. Formannskapet gjev også løyve for tilkobling til kommunalt VA-anlegg. Her er allereie oppført hytter frå før, og grunngjeving for dispensasjon er at kommuneplanen opnar for løyve i denne typen saker, og at tiltaket ikkje er i strid med retningslinjer i kommuneplanen eller på andre måtar konfliktfullt. Nye tilbygg skal utformast og tilpassast eksisterande bygg. Vedtaket var samrøystes.

Page 35: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 35

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 13.04.2016 015/16 Formannskapet 18.04.2016 038/16 Kommunestyret 25.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Olav Fure

Objekt: Arkiv: 614

Arkivsaknr.: 15/164-4

Utbetring av lærararbeidsplassane ved Nordstranda skule - tilleggsfinansiering Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: I 2013 blei det sett av tre millionar i økonomiplanen til utbetring av arbeidsplassar ved Nordstrand skule. Først i 2016 vil prosjektet bli gjennomført med same økonomiske ramme som i 2013. Saksutgreiing: Når den nye administrasjonsfløyen står ferdig i august 2016, vil det vere møterom, personalrom, kontor og arbeidsplassar for lærarane. I dag er det berre alt for trange arbeidsplassar for lærarane, knapt med kontor og eit alt for lite pauserom til alle som arbeider ved skulen. Ei slik stor endring av arealet krev ei heilskapleg vurdering av innreiinga i alle romma. Løyvinga på tre millionar kroner er disponert så godt som fullt ut med det arbeidet som no er bestilt og som må gjerast for at arbeidsplassane skal verte godkjende. Føresetnaden for at prosjektet med det vi no veit held seg innanfor dei tre millionane er at meirverdiavgifta i sin heilskap vert attendeført til prosjektet. Totalkostnad eks mva med det vi no kjenner til er 2.900.000 mot budsjett på 3.000.000. Til eventuelle overraskingar er det då att om lag 100.000, og det kan vise seg å vere i knappaste laget. Døme: Brannalarmsystemet med ledelys ved skulen viste seg å måtte bytast for å ha kapasitet til utbygginga som kjem no og kunne kople til resten av skulen ved eit seinare høve. Å skifte ut det anlegget som står i den delen det dekkjer kostar vel 190.000 eks mva. Inventaret skulen i dag rår over er stort sett frå då skulen vart bygd i 1989. Mykje av møblane er nedslitne og innreiinga for noverande arbeidsplassane er ei blanding av heimelaga bordplater, hyller og arbeidsbord som blei kjøpt inn i då. Desse oppfyller ikkje moderne krav til m.a. ergonomi. Møterom har ikkje skulen hatt og dermed manglar alt av innreiing. I dag kan det ikkje seiast at skulen har ein tilfredsstillande velferdsmessig innreiingsstandard når det gjeld lærararbeidsplassar, personalrom, kontor og møterom. Denne vurderinga burde vore med da dei økonomiske rammene blei vedteke.

Page 36: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 36

Desse krava bør vere standard (viser til arbeidsplassforskrifta om utforming og innreiing av arbeidsplassar og arbeidslokale): - Arbeidsplassane bør vere dimensjonert, innretta og tilpassa arbeidets art og den einskilde

arbeidstakar. Bord og stolar skal vere regulerbare. - Kvar lærararbeidsplass skal ha låsbart skap og avskjermast. - Møterom bør utstyrast med bord og stolar med rygg som er tilpassa tal arbeidstakarar som

normalt brukar rommet. - Personalrom bør vere hensiktsmessig innreia for kvile og eting og plass til personalet som

normalt er tilsett på avdelinga. Det er innhenta tilbod på møblar og totalt vil kostnaden for å oppruste administrasjons-/læraravdelinga til dagens minstestandard vil koste om lag 450.000 kroner eks mva. Kjende utgifter i prosjektet som kommunen har betalt eller bunde seg til fordeler seg slik: 22271 Nordstranda skule - arbeidsplass for lærarar

Rekneskap 15 Budsjett 16 Samla

Lønn vedlikehald/nybygg og nyanlegg 26 400 26 400 Avgifter, gebyr, lisensar m.M 50 000 50 000 Hovudentreprise - kontraktsarbeid 1 804 000 1 804 000 Sanitær- og rørleggararbeid - kontraktarbeid 114 000 114 000 Elektrikararbeid - kontraktsarbeid 494 000 494 000 Prosjektterings- og arkitekttenester 202 129 151 740 353 869 Byggeleiing 50 000 50 000 Andre konsulenttenester 10 000 10 000 Mva. som gjev rett til momskompensasjon 53 032 640 935 693 967 Totalkostnad kjend per 050416 291 561 3 304 675 3 596 236 Totalkostnad eks mva 238 529 2 663 740 2 902 269

Rekneskap 15 viser kva som var betalt i 2015. Budsjett 16 er inneheld summane som anten er betalte eller kontraktsfesta allereie. Det bygningsmessige arbeidet starta opp 4. april 2016. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Kommunen får refundert meirverdiavgifta og denne skal etter gjeldande reglar tilbakeførast til investering. Byggjeprosjektet er fullfinansiert dersom mva som oppstår i prosjektet vert tilbakeført til dette konkrete prosjektet, men bufferen er svært liten. I praksis har vi om lag 120 000 til tiltak som vi ikkje hadde sett måtte gjerast. Brannvarslingsanlegget og byggjeleiing er kostnader som allereie er rekna med då. Kostnad til inventar er berekna til 450 000 eks mva. Rådmannen si vurdering: Det er svært beklageleg at vi ved mest alle byggjeprosjekt ikkje har tenkt langt nok i planlegginga til å få med oss at dei nye areala også må ha tenleg innreiing. Her har vi eit stort forbetringspotensiale. Det byggtekniske har vi god kontroll på gjennom eigedomsavdelinga som gjer ein god jobb. At vi ikkje alltid får inn anbod i tråd med kalkylen frå konsulentane, er noko vi ikkje kan styre. Mangelen i vår ende er at brukarane kjem for seint på bana og at vi ikkje har kultur for å tenkje kva som må til av møblement og anna utstyr før bygget materialiserer seg. Ved synfaring har rådmannen slege fast at store deler av inventaret som i dag er på arbeidsromma for lærarane ved Nordstranda skule i beste fall kan kallast utdatert. Det er såleis

Page 37: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 37

behov for ei monaleg oppgradering for at lærarane skal få arbeidsplassar som oppfyller dagens krav til ergonomi. Både ergonomiske krav til ein arbeidsplass og arbeidsforma har endra seg mykje sidan skulen vart bygd. I 1989 var det t.d. ikkje vanleg at lærarane gjorde store deler av arbeidet sitt via dataskjermen. Kommunen har ein del godt brukande skrivebord og hyller på lager, og vi vil sjølvsagt nytte desse der det er mogeleg. Ein del av desse er så store at det er vanskeleg å finne plass til dei på det relativt avgrensa arealet vi får til rådvelde på arbeidsrommet. I tillegg er det ikkje møblar i kommunal eige som kan nyttast til pauserommet og møterommet. Det vesle pauserommet skulen har i dag har møblar som er så nedslitne at stoppinga tyt ut gjennom trekket fleire stader i tillegg til at det ikkje har sitjeplassar til alle tilsette. Behovet for investering her er såleis så synbert at det ikkje let seg gjere å oversjå det. Utbetrings-/ombyggingsarbeidet er allereie i gong og vi har god kontroll på kostnadssida. Det er likevel slik at vi i eit ombyggingsarbeid kan kome bort i element ingen hadde sett føre seg. At vi har att kring 100.000 eks mva som ein buffer er såleis lite sjølv om prosjektet ikkje er så stort. Under normale omstende er det vanleg å rekne minst 10 % uføresett i tillegg til kostnaden ein kjenner. Det inneber her 300.000, altså 200.000 meir enn budsjettert. Desse pengane skal sjølvsagt ikkje nyttast dersom det ikkje er behov for det. Rådmannen ber altså om ei tilleggsløyving på 650.000 kroner til å dekkje uføresette kostnader ved fullføring av det bygningstekniske og nytt inventar slik at totalramma for prosjektet vert kr 3 650 000 eks mva. Rådmannen tilrår at tilleggskostnaden blir dekka av investeringsfondet som før dette har ein saldo på kr 5.878.487,75.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og godkjenner at kostnadsoverslaget for prosjekt 22271 Nordstranda skule - arbeidsplass for lærarar blir auka til kr 3.650.000,- medrekna moms. Kostnadsauken på kr 650.000 blir dekka av ubunde investeringsfond. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige budsjettendringar. 13.04.2016 OPPVEKSTUTVALET 015/16 VEDTAK : Oppvekstutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. 18.04.2016 FORMANNSKAPET 038/16 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 38: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 38

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kommunestyret Formannskapet 18.04.2016 039/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Geir Liavåg Strand

Objekt: Arkiv: 026

Arkivsaknr.: 14/1357-32

Investeringsbudsjett Nordfjordnett 2016 Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: På grunn av personellsituasjonen i Nordfjordnett vart ikkje investeringsbudsjettet med i den ordinære behandlinga av årsbudsjett for 2016 i dei fleste av medlemskommunane. Saka vert derfor no lagt fram til politisk behandling. Saksutgreiing: I budsjettframlegget er det lagt inn midlar til å bytte det sentrale lagringssystemet til kommunane. Grunnen er at systemet vi i dag har er ustabilt og hadde to svært alvorlege driftsstans i 2015. Ved begge høva var det reell fare for at alle dataløysingane våre kunne bli nede i mange dagar/veker. Til alt hell stoppa system opp i to helger og ved hjelp av stor innsats frå 5-7 tilsette i Nordfjordnett var mange av systema oppe att til måndag. I etterkant av stansen kom det svært mange hendingar til brukarstøtte i Nordfjordnett. Det kom inn 100 meldingar, meir enn tre gongar meir enn normalt. Det tok Nordfjordnett ei veke for å få alle systema opp att. Lagringssystemet kommunen nyttar i dag er var i sin tid kjøpt inn av Hornindal kommune. Systemet er gammalt og det er ikkje eit spørsmål om det kjem fleire stans, men når desse stansane kjem. Det er ikkje sikkert vi får systema opp innan 1 veke neste gong. Slik sett er det svært viktig for alle kommunane at lagringssystemet vert skifta i 2016. Då Nordfjordnett vart oppretta, vart det bestemt at det skulle etablerast eit reservedatasenter på Nordfjordeid og setje dette i drift. Dette reservesenteret var med i tilbodspakken frå Vågsøy og Eid då dei vann tilbodet om lokalisering av Nordfjordnett. Denne investeringa, saman med investeringar som Eid og Vågsøy kommune gjer og har gjort, fører til at reservedatasenteret kan etablerast i 2016.

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Dei planlagte investeringa er på kr 7.176.000. Denne summen vert fordelt etter Nordfjordnøkkelen med 25% av kostnadene fordelt likt mellom kommunane og 75% av kostnadene fordelt etter folketal. For Gloppen kommune utgjer investeringa kr 1.207.385,-. Samla oversikt over fordeling av investeringane per kommune:

Page 39: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 39

SUM Folketal Hornindal Eid Gloppen Stryn Bremanger Vågsøy Selje

Folketal 32 730 1 200 6 015 5 784 7 065 3 846 6 046 2 774

7 176 000 453 609 1 245 370 1 207 385 1 418 028 888 708 1 250 468 712 432

Rådmannen si vurdering: Dei planlagte investeringane er på kr 7.176.000 som gir kommunane eit nytt, moderne lagringssystem i datasenteret i Måløy med ei tilsvarande løysing i reservesenteret på Nordfjordeid. På denne måten er kommunane sikra stabil drift av ikt-løysingane våre framover. Rådmannen vurderer at risikoen for at dagens løysing feilar, med dei følgjene dette får for kommunal drift, er så stor at noko må gjerast no. Eg vil difor tilrå at Gloppen kommune løyver kr 1.207.385 på investeringsbudsjettet for 2016 til desse heilt nødvendige investeringane i Nordfjordnett. I rådmannsgruppa i Nordfjord har det vore reist spørsmål om alternative løysingar for reservedatasenteret, t.d. å setje ut dette til andre aktørar. Ei slik løysing er eit brot på inngått avtale om drift av Nordfjordnett. Eid kommune legg i samsvar med tilbodet på etablering og drift av Nordfjordnett dei første fem åra til rette for reservedatasenteret. Dersom nokon av avtalepartane no hoppar av denne delen av avtalen blir Eid kommune skadelidande, og vil etter rådmannen sitt syn ha krav på erstatning. Det vil i så fall ikkje vere noko god sak for Nordfjord-samarbeidet.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret viser til rådmannen si utgreiing og løyver kr 1.210.000,- på investeringsbudsjettet for 2016 som Gloppen sin del til nødvendige investeringane i Nordfjordnett. Løyvinga blir finansiert med lån. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige budsjettendringar. 18.04.2016 FORMANNSKAPET 039/16 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 40: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 40

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 18.04.2016 040/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: X42

Arkivsaknr.: 15/1495-16

Framlegg til skjønnsmenn for perioden 2017 - 2020 Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Etter § 14 i skjønnsprosesslova skal det i kvart fylke vere eit utval av skjønnsmenn som blir oppnemnt av fylkeskommunen etter framlegg frå kommunane og tingretten. For Gloppen sin del skal vi kome med framlegg om 12 skjønnsmenn for perioden. Kommunestyret vedtok på møtet den 26. november 2007 (sak 78/07) å delegere til formannskapet å kome med framlegg til kandidatar frå Gloppen. Saksutgreiing: Etter § 14 i skjønnsprosesslova skal utvalet av skjønnsmenn ha allsidig samansetnad, og skjønnsmennene skal vere kyndige på eitt eller fleire område som vanlegvis blir omfatta av skjønn, d v s bygningsfag og landbruk (jord og skog). I tillegg må vi ta omsyn til alder og ei så jamn fordeling mellom kjønna som råd er. Til årets val skriv departementet i tillegg at fleire av domstolane har sagt ar dei i liten grad har bruk for skjønnsmedlemmer med alminneleg kompetanse. Domstolane treng skjønnsfolk med kompetanse knytt til ulike sider av bruk og drift av fast eigedom, og i tillegg kompetanse innanfor rekneskap. Ved oversending av framlegget til skjønnsmedlemmer skal det oppgjevast kva fag det enkelte medlem har kompetanse i. Vi må derfor endre vårt oppsett frå yrke/tittel til kompetanseområde. Desse er no skjønnsmenn frå Gloppen: 1. Gardbrukar Anne Marie Mjellem 2. Gardbrukar Bodil Solheim Klungre 3. Gardbrukar Else Tystad 4. Gardbrukar Kari-Ann Fjellestad 5. Konsulent Åse Marie Ravnestad 6. Ingeniør Solveig Lien Gusdal 7. Sivilingeniør Edgar Kvernevik 8. Entreprenør Jonfinn Aske 9. Gardbrukar Kristoffer N. Rygg 10. Ingeniør Jostein Moldestad

Page 41: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 41

11. Gardbrukar Martin Seime 12. Sivilarkitekt Rune Nordvik. Yrkestitlane på skjønnsmennene følgjer av fylkeskommunen si liste over valde kandidatar. Rådmannen ser av lista at titlane ikkje fullt ut stemmer med det framlegget kommunen sende inn. Fylkesutvalet, som har den fylkeskommunale fullmakta til å peike ut skjønnsmennene, følgde heller ikkje heilt den kommunale tilrådinga på personar. Formannskapet gjorde framlegg om Olav Klungre og Reidar Moldestad, men fylkesutvalet valde i staden Jostein Moldestad og Rune Nordvik, trass i at Jostein Moldestad hadde sagt frå seg attval. --- Saka har vore oversendt til den kommunale valnemnda, som vil kome med framlegg til skjønnsmedlemmer frå Gloppen. Når dette er skrive, er valnemnda sitt framlegg ikkje klart. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Rådmannen si vurdering: Rådmannen har ingen vurdering eller tilråding i saka. Valnemnda sitt framlegg vil blir skrive inn i tilrådinga så snart dette ligg føre.

VALNEMNDA SI TILRÅDING : Formannskapet i Gloppen kjem med dette framlegget til skjønnsmedlemmer får Gloppen for perioden 2017-2020: 1. Gardbrukar Anne Marie Mjellem 2. Gardbrukar Marit Straume 3. Gardbrukar Else Tystad 4. Gardbrukar Kari-Ann Fjellestad 5. Konsulent ved landbrukskontoret Åse Marie Ravnestad 6. Ingeniør Solveig Lien Gusdal 7. Sivilingeniør Edgar Kvernevik 8. Entreprenør Jonfinn Aske 9. Ingeniør Olav Klungre 10. Gardbrukar Kjell Mardal 11. Ingeniør Arnfinn Brekke 12. Sivilarkitekt Rune Nordvik. Vedtaket er gjort i samsvar med fullmakt i k-sak 78/07 der mynde til å kome med framlegg om skjønnsmenn vart lagt til formannskapet. 18.04.2016 FORMANNSKAPET 040/16 VEDTAK :

Page 42: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 42

Formannskapet i Gloppen kjem med dette framlegget til skjønnsmedlemmer får Gloppen for perioden 2017-2020: 1. Gardbrukar Anne Marie Mjellem 2. Gardbrukar Marit Straume 3. Gardbrukar Else Tystad 4. Gardbrukar Kari-Ann Fjellestad 5. Konsulent ved landbrukskontoret Åse Marie Ravnestad 6. Ingeniør Solveig Lien Gusdal 7. Sivilingeniør Edgar Kvernevik 8. Entreprenør Jonfinn Aske 9. Ingeniør Olav Klungre 10. Gardbrukar Kjell Mardal 11. Ingeniør Arnfinn Brekke 12. Sivilarkitekt Rune Nordvik. Vedtaket er gjort i samsvar med fullmakt i k-sak 78/07 der mynde til å kome med framlegg om skjønnsmenn vart lagt til formannskapet. Vedtaket var samrøystes.

Page 43: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 43

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Eldrerådet 11.04.2016 012/16 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 11.04.2016 012/16 Formannskapet 18.04.2016 041/16 Kommunestyret 25.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Beate O. Kornberg

Objekt: Arkiv: G10

Arkivsaknr.: 14/668-20

Trygge lokalsamfunn: Satsingsområde for perioden 2016 - 2019 og status i godkjenningsprosessen

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Kommunestyret gjorde i november 2013 vedtak om at Gloppen kommune skal ta aktivt del i den nasjonale satsinga omkring eit systematisk skade- og ulykkesførebyggande arbeid på tvers av sektorane (offentleg, privat og frivillig) etter modell frå «Trygge lokalsamfunn» og Skadeførebyggande Forum. Satsinga er forankra i «Nasjonal strategi for førebygging av skader og ulykker som medfører personskade 2009 – 2014» og ei større satsing på førebyggande arbeidet er vektlagt i Samhandlingsreforma, ny Folkehelselov og ny Plan- og bygningslov. I same møte vart det vedteke å arbeide fram mot det mål å bli godkjent som «Trygt lokalsamfunn» i løpet av 2-3 år. Vidare gjorde kommunestyret vedtak om å etablere ei styringsgruppe, beståande av ordførar, rådmann, lensmann og sekretær/koordinator for «Trygge lokalsamfunn» i Gloppen, og at gruppa og skal fungere som kommunen sitt Politiråd. Saksutgreiing: Hovudfokus i kommunen sitt tverrsektorielle skade- og ulykkesførebyggande arbeid gjennom 2014 og 2015, har vore forankring og bevisstgjering på tvers av sektorar og leiarnivå. Dette har bl.a. hatt samanheng med stor utskifting i både politisk og administrativ leiing. I tillegg til dette, har det vore arbeida med å få oversikt over tiltak og rutinar som er innarbeida rundt om i organisasjonen, etablert nye arbeidsgrupper knytt til gjeldande satsingsområde, og prøvd ut eit samarbeid med representantar for privat og frivillig sektor kring nokre av satsingsområda våre. Her kan nemnast aksjonen «Av med sekken, på med belte» der alle skulane i kommunen i samarbeid med Firda Billag, Politiet, Trygg trafikk og ansvarleg for skuleskyss sette fokus på trygg skuleskyss. «Rusfagleg forum» har i løpet av 2015 blitt revitalisert, i tråd med føringar i gjeldande «Ruspolitisk handlingsplan 2012 – 2016». Val av satsingsområde for 2016 - 2019: Styringsgruppa for «Trygge lokalsamfunn» vedtok på sitt første møte i desember 2013 følgjande satsingsområde for å kome i gang med arbeidet:

Page 44: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 44

1. Trygg i trafikk 2. Beredskap ved alvorlege hendingar i skular og barnehagar 3. Rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid 4. Ulykker i landbruket.

Satsingsområda vart valt utifrå tendensar i sentral ulykkesstatistikk, sentrale føringar og styringsgruppa sine tankar kring kva som var dei viktigaste utfordringane å ta fatt i. På dette tidspunktet hadde ikkje kommunen ein god nok oversikt over kva som var våre største utfordringar innan feltet skader og ulykker. Hausten 2016 vart det etablert ei tverrfagleg Fokusgruppe som fekk i oppdrag å utarbeide eit oversiktsdokument over faktorar som påverkar helse og trivsel i Gloppen (folkehelseoversikt), der skader og ulykker er eit av deltema. Dokumentet vart lagt fram politisk for alle råd, utval, formannskap og kommunestyret i februar 2016, og kommunestyret gjorde vedtak om at «Utfordringsdokument 2015 – faktorar som påverkar helse og trivsel i Gloppen» skal brukast som eit viktig grunnlag for den kommunale planstrategien for perioden 2016 – 2019. Status godkjenningsprossen: Kommunen sin koordinator for «Trygge lokalsamfunn» har i løpet av 2015 delteke på 3 rettleiingssamlingar i regi av Skadeførebyggande Forum lokalt i fylket, ilag med TL-koordinator for kommunane Luster og Flora. Fokuset her har vore på erfaringsutveksling og å jobbe med framdrift i arbeidet fram mot godkjenning og sertifisering. I desember 2015 deltok TL - koordinator som tilhøyrar i Luster sitt sertifiseringsmøte, i lag med TL-koordinator i Flora. I etterkant av dette har koordinator i lag med rådmannen si leiargruppe og beredskapsleiar gått igjennom kommunen sin «Tryggleiksprofil» og krava knytt til sertifisering («Trygge lokalsamfunn – Modell og metode»). Eit av krava er at TL-satsinga skal forankrast i planstrategi og kommunale planar og at satsingsområda skal vedtakast av kommunestyret. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Saka har ingen direkte økonomiske konsekvensar. Rådmannen si vurdering: Med bakgrunn i kommunen sine utfordringar som vart tydeleggjort i «Utfordringsdokument 2015», har den lokale styringsgruppa for «Trygge lokalsamfunn» drøfta kva satsingsområde vi bør ha for komande periode, og kome fram til følgjande:

1. Trygg i trafikk 2. Rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid 3. Psykisk helse 4. Trygge eldre 5. Ulykker i landbruket.

Styringsgruppa meiner at gjeldande satsingsområde 2, bør takast ut. Dette med bakgrunn i at denne satsinga vert ivareteke i kommunen sitt systematiske beredskapsarbeid, og seinast no gjennom Nasjonal prosedyre for naudetatane sitt samvirke ved pågåande livstruande vold «PLIVO». Utfordringsdokumentet støtter og oppunder at vi bør halde fram med dei andre satsingsområda. Vidare meiner styringsgruppa at «Utfordringsdokument 2015» har mye fokus på utfordringar knytt til psykisk helse for alle aldersgrupper, og at det difor må jobbast systematisk med dette i komande periode. Sist med ikkje minst er det viktig å halde fast ved kommunen si

Page 45: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 45

førebyggande satsing på å møte den sterke veksten i tal eldre i Gloppen, med eit systematisk arbeid for å utsette og redusere hjelpebehovet for denne aldersgruppa. Kommunen har over tid jobba god med dette, og det er viktig at arbeidet vert forankra som eit viktig prinsipp også i tida framover. Det er og eit krav at satsinga skal gjerast kjent for innbyggarane og at informasjon om dette skal vere tilgjengeleg på kommunen si nettside. Rådmannen vurderer det slik at Gloppen kommune er klar for å sette i gang sertifiseringsprosessen i løpet av våren 2016, når dette føreligg.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret godkjenner styringsgruppa sitt forslag til satsingsområde for kommunen sitt vidare arbeid med «Trygge lokalsamfunn». 11.04.2016 RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 012/16 VEDTAK : Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. 11.04.2016 ELDRERÅDET 012/16 VEDTAK : Eldrerådet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. 18.04.2016 FORMANNSKAPET 041/16 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 46: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 46

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Helse- og omsorgsutvalet 13.04.2016 014/16 Formannskapet 18.04.2016 042/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Geir Liavåg Strand

Objekt: Arkiv: 144 F &30

Arkivsaknr.: 16/245-4

Løyvepolitisk del av rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016-19

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 270861 Del II - løyvepolitisk del av rusmiddelpolitisk handlingsplan for 2016-19 Bakgrunn for saka: Den løyvepolitiske planen er ein del av rusmiddelpolitisk plan for Gloppen kommune for 2016-19. Grunnen til at den løyvepolitiske planen vert lagt fram no, er at eksisterande skjenke- og salsløyve går ut 1. juli 2016 samstundes som planstrategien for kommunen ikkje er vedteken og arbeidet med ein rusmiddelpolitisk plan dermed ikkje er starta opp. Saksutgreiing: Denne planen fastset Gloppen kommune sin løyvepolitikk for åra 2016-2019. Planen er ein vidareføring av gjeldande plan oppdatert med endringar i alkohollova og med dei endringane som kjem som følgje av praktisering av gjeldande løyvepolitiske plan. Det er kome fram ønskje frå næringsdrivande om å tillate skjenking av brennevin også på servingsstadar som ikkje har eige kjøken. Hovudpunkta i planen er: - Formannskapet er tillagt avgjerdsretten i enkeltsaker og har kommunen sitt kontrollansvar

etter alkohollova § 1-9 med tilhøyrande forskrift. - Ikkje-betalt sals- og skjenkegebyr og uoppgjorte skatte- og avgiftsrestansar fører til at

løyve ikkje blir gjeve/blir inndrege - Ordninga med sal av øl og rusbrus i butikk held fram - Det er ikkje sett noko tak på talet på løyve - Frå denne tildelingsrunden vert ikkje sals- eller skjenkeløyva tidsavgrensa - Skjenketidene vert utvida til kl 02:00 kvar dag for å følgje opp formannskapet sin

praktisering av reglane 2012-2016. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Denne saka, isolert sett, har ikkje store økonomiske konsekvensar for Gloppen kommune. Kommunen ønskjer å halde fram med praksisen at inntektene frå dei gebyra som vert kravd, går til å betale kontroll av løyva og til den kommunale handsaminga av søknadene. Rådmannen si vurdering:

Page 47: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 47

Rådmannen vurderer det slik at det ikkje er grunnlag for å endre hovudtrekka i den løyvepolitiske planen. Det vert jamleg gjennomført kontrollar av at sals- og skjenkestadene følgjer opp dei kommunale reglane, og kontrollørane melder om få eller ingen avvik. Frå 1. januar 2016 er alkohollova endra slik at kommunane kan gje sals- og skjenkeløyve for meir enn fire år under føresetnad av at kommunen har gjennomført ein gjennomgang av alkoholpolitikken etter kommunevalet. Rådmannen foreslår at kommunen ikkje tidsavgrensar sals- og skjenkeløyva framover, då kontrollane viser at løyvehavarane i Gloppen er dyktige til å følgje opp regelverket. Ei slik endring vil også forenkle sakshandsaminga i kommunen. I praktiseringa av gjeldande løyvepolitiske plan registrerer rådmannen at formannskapet, som klageorgan, ved dei fleste høva har opna for lenger skjenketid både for inne og uteservering enn det den tidlegare planen ga opning for. Rådmannen vil difor tilrå at regelverket vert harmonisert med praksis og foreslår å utvide skjenketida til kl 02.00 alle dagar i tråd med formannskapet sine vedtak i dispensasjonssakene. Det er kome ønskje frå ei verksemd om å endre politikken om at berre serveringsstadar med eige kjøken kan få skjenkeløyve for brennevin. Dette ønskje er grunngjeve med at utebransjen generelt slit og at Sandane ikkje er noko unnatak. Dei vil setje 20-års aldersgrense nokre fredagar (1-2 helgar i månaden) og tilby «eit vakse» publikum brennevin desse fredagane. Søkjaren er klar over dagens reglar, og reiser spørsmålet om dagens reglar kan endrast i den nye løyvepolitiske planen for å kunne innfri deira ønskje om å få løyve til sal av brennevin. Gloppen kommune har så langt slutta seg til dei nasjonale strategiske mål for alkohol-politikken. Eit av målet er å redusere totalforbruket av alkohol. Ein konsekvens av dette er at kommunen så langt har knytta brennevinsløyve til matservering og har sett eige kjøken som ein føresetnad for å få skjenkeløyve for brennevin. Rådmannen tilrår at denne regelen vert vidareført i dei nye retningslinjene.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen kommunestyre godkjenner rådmannen sitt framlegg til løyvepolitisk plan for perioden 2016-2019 slik den går fram av vedlegget i saka. 13.04.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Framlegg frå Arnfinn Brekke (KrF) :

Helse- og omsorgsutvalet meiner at eksisterande sals- og skjenkeløyve bør forlengast inntil kommunestyret har behandla heile den rusmiddelpolitiske handlingsplanen.

Framlegget vart vedteke mot ei røyst. Mindretalet stemde for rådmannen si tilråding. 014/16 VEDTAK : Helse- og omsorgsutvalet meiner at eksisterande sals- og skjenkeløyve bør forlengast inntil kommunestyret har behandla heile den rusmiddelpolitiske handlingsplanen. Vedtaket vart gjort mot ei røyst.

Page 48: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 48

18.04.2016 FORMANNSKAPET Det vart røysta alternativt over − rådmannen si tilråding, som fekk fire røyster og − helse- og omsorgsutvalet si tilråding som fekk fem røyster. 042/16 VEDTAK : Formannskapet vedtek å forlenge eksisterande sals- og skjenkeløyve inntil kommunestyret har behandla heile den rusmiddelpolitiske handlingsplanen. Vedtaket vart gjort med fem røyster.

Page 49: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 49

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr MULTEK-utvalet 14.04.2016 065/16 Formannskapet 18.04.2016 043/16 Kommunestyret 25.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan-Kjetil Øygard

Objekt: Arkiv: 223 C20

Arkivsaknr.: 15/1620-2

Sandane Golfklubb - søknad om tilskot til bygging av klubbhus Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Sandane Golfklubb har planar om å bygge klubbhus på bana til Sandane Golfpark og i samband med det har dei søkt om kr. 400.000 i tilskot frå Gloppen kommune. Saksutgreiing: Sandane Golfklubb vart stifta i 1999 og driv aktiviteten på Sandane Golfpark på Eide. I 2008 vart bana utvida frå ei 6 holsbane til 9 hols. Bana ligg svært idyllisk til i nærleiken av Eidsfossen. Behovet for eit klubbhus har etter kvart vist seg for å vere stort. Klubben arrangerer sjølv 25 til 30 turneringar i løpet av ein sesong og kvar turnering i golf varer frå 3 til 6 timar alt etter turneringsform. Då er behovet for eigna lokalitetar for gjennomføringa særs prekær, og ein tenkjer då på lokale for stemnekontor, kiosksal og toalett. I klubbhuseplanane er det også lagt opp til møterom, gode lagerfunksjonar og ein golfsimulator. Kostnadane med klubbhuset er kalkulert til vel 4 mill kr. inkl mva og golfsimulator. Sandane Golfklubb meiner at eit klubbhus vil gje heile anlegget eit løft, og at det er viktig å få dette på plass med tanke på rekruttering av nye medlemmar. Dei meiner at gode facilitetane er viktig, men også at ei velfungerande og attraktiv golfbane vil vere eit aktivum for det lokale reiselivet. Klubben tilbyr i dag opplegg for skuleklassar og bedrifter som ønskjer ein introduksjon til golf. Bana blir også nytta til terapi og aktivitet for personar med ulike funksjonshemmingar. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Det er ikkje sett av midlar i årsbudsjettet for 2016 til slike tilskot. Dersom kommunestyret gir tilsegn om tilskot, må dette innarbeidast i 2017-budsjettet. Rådmannen si vurdering: Rådmannen er samd med klubben i at det er viktig å få på plass eit klubbhus med dei facilitetane som ligg i planane. Det vil auke attraksjonsverdien av anlegget og opplevinga av å spele golf. Klubben kan vise til stor breidde i medlemstalet og aktivitet, der både barn,

Page 50: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 50

ungdom og pensjonistar er aktive. Dei arrangerer knøtte- og barnegolf jamnleg gjennom sesongen og det er aukande interesse for denne aktiviteten blant ungdom, noko som er gledeleg. Klubben har mange pensjonistar som medlemmer og for desse er aktiviteten både mentalt og fysisk stimulerande. I kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014- 2017 heiter det m.a. at, Gloppen kommune skal framleis ha som mål å yte tilskot til delfinansiering av anlegg som vert finansiert ved hjelp av spelemidlar. Kommunestyret har i sak 24/11, som omhandlar kommunal deltaking av i bygging av idrettsanlegg, ei målformulering om å yte tilskot til delfinansiering av anlegg som vert finansiert ved hjelp av spelemidlar og at kommunen vil stille seg positiv til å gje kommunal garanti i samband med låneopptak, slik at utbyggar får lån på gode vilkår. Golfparken har ikkje søkt om spelemidlar tidlegare, men Sandane Golfklubb har søkt om spelemidlar i 2016 til det planlagde klubbhuset. Rådmannen er kjent med at klubben vil ha store problem med å realisere bygget om ikkje kommunen yter eit tilskot til delfinansiering slik kommunen har gjort med mange ulike anlegg rundt om i kommunen. Rådmannen meiner at dette golfanlegget er ein svært positiv tilvekst og eit godt supplement til det lokale reiselivet, andre idrettar og aktivitetar og vil såleis rå til at det blir gjeve tilskot.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret gjev Sandane Golfklubb tilsegn om kr 400.000 i tilskot til bygging av nytt klubbhus på Sandane Golfpark. Tilskotet blir utbetalt i 2017 under føresetnad av at byggearbeidet då er kome i gang. 14.04.2016 MULTEK- UTVALET 065/16 VEDTAK : MULTEK-utvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. 18.04.2016 FORMANNSKAPET 043/16 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 51: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 51

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 18.04.2016 044/16 Kommunestyret 25.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: U64

Arkivsaknr.: 14/1427-8

Utvida leigetid til Gloppen Camping & Fritidssenter

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 240674 Kopi av avtale datert 14. januar 1999 om utleige av gbnr 5/11 i Gloppen 240675 Kart datert 15. juni 1988 (jfr pkt 1 i avtalen) 240676 Tilleggsavtale datert 1. november 2002 Bakgrunn for saka: Kommunestyret godkjende 1999 ein utleigeavtale om areal til Gloppen Camping & Fritidssenter i Bukta på Sandane. Avtalen som ligg ved, omfattar gbnr 5/11 og gjeld i 40 år rekna frå 14. januar 1999. I 2002 vart det inngått ein tilleggsavtale med campingplassen. Også tilleggsavtalen ligg ved. Avtalen er ikkje tinglyst og er truleg utforma slik at tinglysing ikkje er råd å få til. Det betyr at Gloppen Camping & Fritidssenter ikkje har nokon heimel til arealet dei held til på. Dette gjer det vanskeleg for campingplassen både å få tilgang på god lånefinansiering og forsikring. Gloppen Camping & Fritidssenter ønskjer ein langsiktig festeavtale med kommunen på arealet dei i dag disponerer. Saksutgreiing: Rådmannen har drøfta saka med Gloppen Camping & Fritidssenter fleire gonger, og har sagt at eg vil tilrå at leigeperioden blir forlenga til 40 år rekna frå i dag. I tillegg vil rådmannen ha med i ein festeavtale den tomta som kommunestyret vedtok å kjøpe i k-sak 70/15. Gloppen Camping & Fritidssenter leiger i dag denne tomta (gbnr 5/39 i Gloppen), den såkalla Øyravaulen. Etter avtalen frå 1999 leiger Gloppen Camping & Fritidssenter gbnr 5/11 vederlagsfritt. Bakgrunnen for dette går fram av avtalen. Når avtalen no blir forlenga og formalisert, legg rådmannen til grunn at vilkåret om fri leige blir vidareført i festekontrakta. Når det gjeld tomta som kommunen nyst har kjøpt, og som Gloppen Camping & Fritidssenter allereie leiger, meiner rådmannen det er rett at Gloppen Camping & Fritidssenter betaler leige (festeavgift) til kommunen på same måten som campingplassen har gjort hittil. Årleg leige har vore 10.800 kroner. Gloppen Camping & Fritidssenter har akseptert dette.

Page 52: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 52

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Den årlege leiga tilsvarar om lag kapitalkostnadene på kjøpet av 5/39. Rådmannen si vurdering: Gloppen Camping & Fritidssenter er eit godt og viktig tilbod til tilreisande og andre som brukar campingplassen og det er viktig at kommunen støttar opp om tilbodet og legg til rette for vidare drift og utvikling av plassen. Rådmannen ber derfor kommunestyret godkjenne at noverande leigeavtale for forlenga til 40 år rekna frå i dag og at gbnr 5/39 inngår i leigeavtalen slik dette er omtala i saka.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen kommunestyre godkjenner for kommunen sin del at leigeavtalen med Gloppen Camping & Fritidssenter frå 1999 blir forlenga i 40 år rekna frå i dag. I tillegg godkjenner kommunestyret at det blir inngått festekontrakt med Gloppen Camping & Fritidssenter på gbnr 5/39 for same periode. For denne delen av festekontrakta skal det betalast ei årleg leige på kr 10.800,- med vanleg indeksregulering. 18.04.2016 FORMANNSKAPET 044/16 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 53: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 53

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 18.04.2016 045/16 Kommunestyret 25.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Birte Fossheim/Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 140

Arkivsaknr.: 15/1151-13

Uttale til fylkeskommunen sin regionale planstrategi for perioden 2016-2020

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 271398 Utkast til regional planstrategi 2016 - 2020 Saksutgreiinga i denne saka er henta frå Nordfjordrådet si behandling av saka: Saksutgreiing

Bakgrunn for saka: Sogn og Fjordane fylkeskommune har lagt ut regional planstrategi på høyring med frist for tilbakemelding 28. april 2016. Saksutgreiing: Svein Arne Skuggen Hoff presenterte arbeidet med regional planstrategi i Sogn og Fjordane fylkeskommune i Nordfjordrådet 1. februar 2016. I møteboka er innspela frå Nordfjordrådet oppsummert i følgjande punkt: • Korleis måler ein vekst? I Nordfjord har ein hatt nedgang i tal offentlege

arbeidsplasser, men likevel arbeidsplassvekst i form av privat næringsliv. Dette viser eit stort potensiale for utvikling i Nordfjord. Ein bør komplettere det private næringslivet med statlege arbeidsplassar også i Nordfjord. I Sogn og Sunnfjord har dei fått auke i offentlege arbeidsplasser. Skal fylket lykkast, må ein legge til rette for vekst i privat næringsliv. I Nordfjord er det ein kultur for utvikling i privat næringsliv som er viktig for fylket.

• Fokus på fleire kvinner til fylket – marknadsføre variert og spennande arbeidsplasser. Ingenting som heiter «kvinnearbeidsplasser». Kvinner er ønskja til fylket fordi dei dei har kompetanse arbeidslivet her treng.

• Det grønne skiftet – fylket må vere i forkant og delta aktivt i utviklinga her. • Maritime næringar – stort potensiale langs kysten i fylket. Kystvegen er viktig i

denne samanheng både nasjonalt og internasjonalt. • Samferdsle – viktigaste grepet for regional utvikling, næringsliv og felles bu- og

arbeidsområde. • Klimautfordringar – redusere transport. Vi må bu tettare på sentrum og skule – gå-

og sykkelstrategiar. Kommunane si utfordring – for mange restriksjonar i arealdisponering. Korleis kan fylkeskommunen som regional aktør hjelpe

Page 54: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 54

kommunane her, slik at vi får ein best muleg arealutnytting spesielt i tettstadane i fylket.

• Globalisering/urbanisering: Sentra i Nordfjord veks. Fleire av kommunane jobbar med tettstadsutvikling. Heng også saman med arbeidsplassutvikling.

• Opplevelsesnæringar – eit potensiale for fylket i forhold til natur. Fleire ungdom som legg stor vekt på fritid når dei skal velje arbeidsstad, også dei som ikkje har tilknytning til fylket.

I brevet som fylkeskommunen har sendt ut i samband med høyringsutkastet ber fylkesutvalet spesielt om tilbakemelding på følgjande punkt: 1. Er det behov for at fylket tilpassar seg dei globale og nasjonale trendane med

sentralisering, gjennom å jobbe målretta for å få til sjølvdrivande regionforstørring rundt Førde og Sogndal?

2. Kva for strategiar treng vi for å løyse ut potensialet for vekst og utvikling i alle deler av fylket?

3. Korleis kan vi jobbe målretta med attraktivitet og mangfald i arbeidsplassar for alle, også slik at vi får fleire høgt utdanna kvinner i fylket?

4. Korleis kan vi styrke samarbeid mellom offentleg, privat og frivillig sektor for få fram tiltak som inkluderer innvandrarar enno betre?

5. Korleis kan vi saman vidareutvikle forsking og utvikling (FOU) og næringslivet for å styrke verdiskapinga?

6. Korleis kan vi tilpasse oss det grøne skifte og kva vil klimaomstilling innebere for oss?

(…) Sekretæren si vurdering: Saka vert lagt fram for Nordfjordrådet med ønskje om dialog omkring punkta fylkeskommunen ber om tilbakemelding på. Forslaga vi sender frå oss bør vere mest mogleg konkrete i forhold til formuleringar i høyringsutkastet vi ønskjer skal endrast. Innspel til punkt 1: Basert på fylkeskommunen sine analyser og vurderingar er ikkje Nordfjord ein sjølvforsterkande bu- og arbeidsmarknadsregion slik som dei har definert Sunnfjord og Sogndalsområdet. Rapporten «Utviklingstrekk i Nordfjord» (s. 12 og s. 21) peikar også på at Nordfjord med fire jamstilte tettstader byr på utfordringar. Ønskjer Nordfjordrådet ei anna formulering på s 8 i planstrategien under pkt 2-4? I tilfelle kva? Innspel til punkt 2: På førre møte vart det vist til at Nordfjord til tross for at dei hadde mista statlege arbeidsplasser hadde kompensert med vekst i privat næringsliv. Nordfjord er med andre ord god på innovasjon og gründerkultur. Nordfjord har ein kultur for utvikling i privat næringsliv som er viktig for fylket. Om vi ser punkt 2 og 5 i lag, kan vi kome med konkrete framlegg i planstrategien om ei satsing der ein utnyttar innovasjonskulturen i Nordfjord i lag med FoU-miljø? Innspel til punkt 3: I Nordfjord har vi fleire attraktive tettstader og kommunesenter i vekst. I planstrategien (s. 8 pkt 2) vert det omtalt ei satsing på tettstadsutvikling med tiltak knytt til møteplassar, trivsel, kollektiv-, gang- og sykkelløysingar og gode arbeidsplassar med eit næringsliv i vekst. Det blir også stilt spørsmål om behovet for ein regional plan for eller interkommunale planar for senterstruktur og tettstadutvikling. Kva meiner Nordfjordrådet om dette?

Page 55: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 55

Ei lokal sentralisering meiner planstrategien skal demme opp for nasjonal sentralisering, og urbanisering vil truleg også ha positiv innverknad på å få høgt utdanna kvinner til fylket. Kan vi sjå for oss at Nordfjord tek ei form for pilotrolle når det gjeld å tilby arbeidsplassar/arbeids-fellesskap med der vi jobbar med prosjekt knytt til «jobb til 2» og med eit ekstra fokus på høgt utdanna kvinner? Innspel til punkt 4: Rapporten «Utviklingstrekk i Nordfjord» (s. 18) peikar på at i Nordfjord blir mange av dei innvandrarane som kjem til regionen værande. Rapporten konkluderer med at mange av dei som flytter hit opplever regionen som attraktiv og/eller opplever arbeidsmarknaden som attraktiv. Dette er også eit område der Nordfjord leverer godt og kan bidra til å løfte fylket framover. Har vi nokre konkrete forslag til dette punktet i planstrategien (s. 8 pkt. 6)? Innspel til punkt 6: Det grøne skifte var tema på førre møte, og at fylket måtte vere i forkant her. Har Nordfjord nokre fortrinn som vi kan spele inn i forhold til denne satsinga? (…)

Nordfjordrådet si behandling

Nordfjordrådet sine innspel til regional planstrategi: Nordfjordrådet vil gje gode tilbakemeldingar på arbeidet med regional planstrategi. Vi støttar opp om strategiane som er valt, og ser at Nordfjord vil vere ein sterk bidragsytar for å oppnå ønskja utvikling for fylket samla. Vi kjenner oss att i målbilda som er skissert, og vil bidra til desse gjennom vårt arbeid med samfunnsutvikling i kommunane. Vi ser fram til og har trua på dei ønskja effektane som er skissert, og er inspirerte med tanke på Nordfjord sitt bidrag her. 1. Sjølvforsterkande bu- og arbeidsmarknad Nordfjord har fire sterke senter som er unike og komplimenterer kvarandre. Til saman utgjer Nordfjord ein heilskap som ein sjølvforsterkande bu- og arbeidsmarknad gjennom ein fleirkjernestruktur . Vi har ikkje eit regionsenter slik som Sunnfjord og Sogn, men ein fleirkjernestruktur med 4 sterke senter i vekst som har same effekt om det vert satsa på vidareutvikling som styrker denne strukturen. Nordfjordrådet vil gjennom analyse og vurdering av sentra i regionen legge opp til ein funksjonell fordeling og utvikling i regionen gjennom ein fleirkjernestruktur. Ved ei satsing frå fylket omkring ein fleirkjernestruktur i Nordfjord, vil dette – slik nasjonale føringar påpeikar – vidareutvikle Nordfjord til ein attraktiv og konkurransekraftig region. Med bakgrunn i dette ønskjer Nordfjordrådet konkret at punktet i planstrategien på s. 8 under effektar blir endra til:

Har vidareutvikla 3 sjølvforsterkande bu- og arbeidsmarknader i fylket: Sunnfjord, Sogndalsområdet og Nordfjord.

2. Nye arbeidsplassar og privat næringsliv Nordfjordrådet er positive til ambisjonane planstrategien legg opp til i tal auka arbeidsplassar. I Nordfjord er det ein sterk kultur for innovasjon og gründerånd. Til

Page 56: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 56

tross for at vi har hatt ein reduksjon i tal statlege arbeidsplassar, har vi har hatt vekst i tal arbeidsplassar totalt gjennom auke i privat næringsliv. Nordfjord har slik sett ein kultur for utvikling i privat næringsliv som er viktig for fylket. Vi ønskjer ei satsing der vi ser denne utviklinga opp mot FoU-miljø, som igjen vil styrke fylket på kunnskapsbasert næringsutvikling. Vi har kunnskapsmiljø på fornybar energi, og ser dette som eit satsingsområde for Nordfjord framover inn mot privat næringsutvikling. Vi ser kysten som eit viktig satsingsområde for grøn næring, og støttar opp om den regionale planstrategien sitt forslag om strategisk plan for kysten. 1. Attraktivitet og mangfald i arbeidsplassar Planstrategien omtaler ei satsing på tettstadsutviking med tiltak knytt til møteplassar, trivsel, kollektiv, gang- og sykkelløysingar og gode arbeidsplassar. Nordfjordrådet støtter ei satsing retta mot tettstadane, og at dette i lag med arbeidsplassutvikling, også kan ha effekt på å få fleire høgt utdanna kvinner til fylket. Vi støtter også forslaget om ein regional plan for utvikling av attraktive tettstader i Sogn og Fjordane. 2. Inkludering av innvandrarar I Nordfjord har det vore jobba med prosjekt som har fått nasjonal merksemd når det gjeld inkludering av innvandrere gjennom utdanning av helsefagarbeider. Dette er basert på godt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, NAV og kommune. Suksess og lærdom frå dette prosjektet er noko vi vil vidareføre i Nordfjord, men er også kunnskap og modellar som vil vere interessant for heile fylket, og som kan vidareutviklast inn mot fleire ulike næringar. 011/16 VEDTAK : Nordfjordrådet sine innspel til regional planstrategi vert sendt over til fylkeskommunen. Gjennom ein fleirkjernestruktur, så meiner Nordfjordrådet at dei 4 sentra i Nordfjord utgjer ein sjølvforsterkande bu- og arbeidsmarknadsregion. Nordfjord har ein kultur for utvikling i privat næringsliv som er viktig for fylket. Vi ønskjer ei satsing der vi ser denne utviklinga opp mot FoU-miljø, som igjen gir kunnskap til fylket om kunnskapsbasert næringsutvikling. Nordfjordrådet støtter planstrategien sitt forslag om å lage ein • Strategisk plan for kysten • Regional plan attraktive tettstader Vedtaket var samrøystes.

Rådmannen si vurdering: Rådmannen meiner Gloppen kommune bør støtte opp om Nordfjordrådet sin uttale til fylkeskommunen sin planstrategi.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen kommunestyre viser til Nordfjordrådet sin uttale til fylkeskommunen sin planstrategi for perioden 2016-2020 og sluttar seg til denne. Kommunestyret vil understreke at:

Page 57: FOR 18 04 2016 - Gloppen · Diverse: Presentasjon av «Fjordtun», som er prosjektet om alternativ bruk av området rundt utstillingsplassen på Øyrane, vart presentert under sak

Side 57

- at dei fire sentera i Nordfjord til saman utgjer ein sjølvforsterkande bu- og arbeidsmarknadsregion på linje med Sunnfjord og Sogndalsområdet og at dette må gå fram av planstrategien til fylkeskommunen

- at Nordfjord har ein kultur for utvikling i privat næringsliv som er viktig for fylket, og som gjev grunnlag for ei satsing opp mot FoU-miljøa, som igjen gir kunnskap til fylket om kunnskapsbasert næringsutvikling

- det må utarbeidast ein regional plan for attraktive tettstader i fylket. 18.04.2016 FORMANNSKAPET Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf):

Tillegg til rådmannen si tilråding: - Skal ein kunne utvikle gode BAS-regionar (bustad-, arbeids- og serviceregionar er

kommunikasjonar avgjerande. Ferjeavløysing Anda-Lote er eit slikt prosjekt som bør inn som eksempel på korleis ein kan bygge nye BAS-regionar i fylket

- Det må utarbeidast ein regional planstrategi for gang- og sykkelvegar i fylket på lik line med den nasjonale satsinga i NTP

- Nasjonale klimamål er også forpliktande for regionanalt nivå. Dette krev auka kunnskap i alle ledd i opplæringskjeda. Gloppen arbeider med ein slik strategi for opplæring frå barnehagar- grunnskule og vidaregåande skule. Denne må forankrast i regional planstrategi, ikkje minst for vidaregåande opplæring.

045/16 VEDTAK : Rådmannen si tilråding med tilleggsframlegget frå Svein-Ottar Sandal vart samrøystes innstilt.