2
Informasjon frå Samnanger kommune SYNFARING AV EIGEDOMAR I SAMBAND MED INNFØRING AV EIGEDOMSSKATT Det skal med verknad frå 2015 innførast eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i Samnanger kommune. I samband med dette vil kommunen synfara fritidseigedomar og ein del bustadeigedomar i august 2014. Dette informasjonsarket inneheld orientering om korleis synfaringane vil verta gjennomført. Før det vert skrive ut eigedomsskatt, må kommunen fastsetja takst på fritidseigedomar og på ein del bustadeigedomar (bustadeigedomar som ikkje har fått fastsett eit såkalla formuesgrunnlag av Skatteetaten). Synfaringa vil vera med på å danna grunnlaget for taksten på eigedomen. Kommunen vil i utgangspunktet berre gjennomføra utvendig synfaring, der ein gjer følgjande: Sjekkar at kommuen sine registrerte opplysningar om eigedomen er rette (gjeld til dømes talet på bygningar på eigedomen). Tek bilete av eigedomen Tek utvendige mål på bygningar på eigedomen (ved behov) Noterer eventuelle spesielle forhold på eigedomen. Synfararane vil gå med refleksvest merka med ”Samnanger kommune”. I tillegg vil dei ha identitetskort frå kommunen. Synfararane vil ikkje kunne svara på spørsmål om kor stor taksten eller eigedomsskatten vert. Det er ikkje synfararane som avgjer desse spørsmåla, men kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt. Sakkunnig nemnd består av tre innbyggjarar som er valde av kommunestyret. Side 1 av 2

Informasjonsark før synfaring i august 2014

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Informasjonsark synfaring eigedomsskatt Samnanger kommune

Citation preview

Page 1: Informasjonsark før synfaring i august 2014

Informasjon frå Samnanger kommune

SYNFARING AV EIGEDOMAR I SAMBAND MED INNFØRING AV EIGEDOMSSKATT

Det skal med verknad frå 2015 innførast eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i Samnanger kommune. I samband med dette vil kommunen synfara fritidseigedomar og ein del bustadeigedomar i august 2014. Dette informasjonsarket inneheld orientering om korleis synfaringane vil verta gjennomført.

Før det vert skrive ut eigedomsskatt, må kommunen fastsetja takst på fritidseigedomar og på ein del bustadeigedomar (bustadeigedomar som ikkje har fått fastsett eit såkalla formuesgrunnlag av Skatteetaten). Synfaringa vil vera med på å danna grunnlaget for taksten på eigedomen.

Kommunen vil i utgangspunktet berre gjennomføra utvendig synfaring, der ein gjer følgjande: Sjekkar at kommuen sine registrerte opplysningar om eigedomen er rette (gjeld til dømes talet på

bygningar på eigedomen). Tek bilete av eigedomen Tek utvendige mål på bygningar på eigedomen (ved behov) Noterer eventuelle spesielle forhold på eigedomen.

Synfararane vil gå med refleksvest merka med ”Samnanger kommune”. I tillegg vil dei ha identitetskort frå kommunen.

Synfararane vil ikkje kunne svara på spørsmål om kor stor taksten eller eigedomsskatten vert. Det er ikkje synfararane som avgjer desse spørsmåla, men kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt. Sakkunnig nemnd består av tre innbyggjarar som er valde av kommunestyret.

Side 1 av 2

Page 2: Informasjonsark før synfaring i august 2014

Ønskjer du å vera med under synfaringa? Synfaringa vil gå føre seg i vekene 31—34/2014. Det er ikkje nødvendig at eigar er med under synfaringa, men eigar har høve til å vera med dersom han/ho ønskjer det.

Eigarar som ønskjer å vera med under synfaringa, må melda skriftleg frå til kommunen om dette (i brev eller på e-post). Adresser finn du nedst på denne sida. Hugs å oppgje telefonnummer der me kan treffa deg på dagtid. Me vil då kontakta deg for å informera om når synfaringa på eigedomen din vil finna stad.

Meir informasjon om innføringa av eigedomsskatt i Samnanger Det er utarbeidd ein eigen brosjyre med diverse informasjon om innføringa av eigedomsskatt i Samnanger. Brosjyren og anna informasjon ligg på kommunen sine nettsider:

www.samnanger.kommune.no

Side 2 av 2

Kontaktinformasjon til Samnanger kommune

Telefon: 56 58 74 00

Postadresse:

Samnanger kommune Tyssevegen 217

5650 Tysse

E-post: [email protected]

Kva skjer etter synfaringa? Ei tid etter synfaringa vil kommunen senda eit skjema til eigar. På skjemaet vil det gå fram kva opplysningar kommunen har registrert om eigedomen. Eigar vil få høve til å melda skriftleg frå til kommunen dersom han/ho meiner det er feil i kommunen sine opplysningar.

Opplysningane som kommunen har om eigedomen etter synfaringa, vil danna grunnlag for taksten/verdien som vert fastsett for eigedomen. Det er ikkje synfararane, men kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt som fastset taksten. Taksten vert fastsett på grunnlag av eigedomsskattelova og kommunen sine takserings-reglar. Eigedomsskattelova § 8 A-2 seier dette om fastsetjing av verdien: ”Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal”. Den sakkunnige nemnda har frist til 1. mars 2015 med å fastsetja taksten. Taksten som vert fastsett, vil normalt stå i 10 år.

Takst og utrekna eigedomsskatt for 2015 vil verta lagt ut til offentleg ettersyn ca. 1. mars 2015. Eigar vil samstundes få tilsendt informasjon om taksten og utskriven eigedomsskatt på eigedomen. Eigar vil då også få orientering om klagerett. Klagefristen vil vera 6 veker.