5
FylkesmanneniMøre og Romsdal jeg-f; 1 j t. i Vàr dato —~'— 1—V“Vi:.[,@‘ 06.08.2015 2014/6073/ASBU/433.52 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkardalo “å f: E Dykkar ref. seniorrådgivar Astrid Buset, 71 25 85 41 05.08.2015 ” " " “ i ' Vestre Rauma beitelag V/Oddmun Valved 6315 INNFJORDEN Iverksetjing av fellingsløyve på jerv i vestre delar av Rauma kommune Fylkesmannen gir vestre Rauma beitelag løyve til å felle ein (1) jerv innafor eige beiteområde i Rauma kommune. Heile arealet ligg utafor jerveområdet og grensar til området i Norddal kommune der det er gitt fellingsløyve på skadegjerande jerv. Fellingsløyvet gjeld frå 06.08.2015 til og med 20.08.2015. Det er knytt ei rekkje vilkår til dette fellingsløyvet. Desse går fram av dette brevet. Vedtaket er heimla i Naturmangfaldloven § 18 første ledd b) og § 77; jf. §§ 1, 4, 9 og 13 i rovviltforskrifta av 18.03.2005 og vedtak fatta av Rovviltnemnda for region 6 den 19. mai 2015 Fylkesmannen viser til søknad av 05.08.2015 frå leiaren i vestre Rauma beitelag, Oddmun Valved. Vi viser og til telefonisk kontakt med Rauma kommune V/ Rune Horvli 05.08.2015. Søknad Det er søkt om løyve til felling av jerv på bakgrunn av dokumenterte jerveskader i tilgrensande beiteområde i Norddal kommune, samt ny observasjon av jerv i Berilldalen 3. august. Det er ikkje gjort funn av kadaver i vestre Rauma beitelag sine område, men beitelaget har fått meldingar om at sauer verkar skremde. Det vert og vist til sporregistreringar av jerv i vinter, som viser at jerven streifar mellom beiteområda i Norddal og vestre Rauma. Ein ynskjer å samarbeide med Norddal kommune, som ein er kjent med har søkt om skadefelling av jerv i nabobeiteområdet. Juridisk grunnlag for avgjerda Fellingsløyve kan gjevast for â hindre at rovvilt gjer skade på bufe og tamrein. Ved vurdering av om det skal gjevast løyve til skadefelling av jerv, skal det leggjast vekt på føringane i den regionale forvaltningsplanen. l Forskrift om forvaltning av rovvilt (rovviltforskrifta) § l (formål) står det: Formålet med denne forskrift er å sikre en bærekraftig forvaltning av gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn. Innenfor en slik ramme skal forvaltningen også ivareta hensyn til næringsutnyttelse og andre samfunnsinteresser. Forvaltningen skal være differensiert slik at hensynet til ulike interesser vektlegges forskjellig i ulike områder og for de ulike rovviltarter. Forskriften skal sikre forvaltning som vektlegger forutsigbarhet og lokal medvirkning. Postadresse: Telefon: E-post: Web: Org.nr: Postboks 2520 71 25 84 00 [email protected] www.fylkesmannemno/mr 974 764 067 6404 Molde

Iverksetjing av fellingsløyve på jerv i vestre delar av Rauma … · 2015. 9. 12. · og vestre Rauma. Ein ynskjer å samarbeide med Norddal kommune, som ein er kjent med har søkt

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Iverksetjing av fellingsløyve på jerv i vestre delar av Rauma … · 2015. 9. 12. · og vestre Rauma. Ein ynskjer å samarbeide med Norddal kommune, som ein er kjent med har søkt

FylkesmanneniMøre og Romsdal jeg-f; 1 j t. i

Vàr dato —~'— 1—V“Vi:.[,@‘

06.08.2015 2014/6073/ASBU/433.52Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkardalo “å f: E Dykkar ref.

seniorrådgivar Astrid Buset, 71 25 85 41 05.08.2015 ” " " “ i ' “ ‘

Vestre Rauma beitelag V/Oddmun Valved

6315 INNFJORDEN

Iverksetjing av fellingsløyve på jerv i vestre delar av Rauma kommune

Fylkesmannen gir vestre Rauma beitelag løyve til å felle ein (1) jerv innafor eigebeiteområde i Rauma kommune. Heile arealet ligg utafor jerveområdet og grensar tilområdet i Norddal kommune der det er gitt fellingsløyve på skadegjerande jerv.

Fellingsløyvet gjeld frå 06.08.2015 til og med 20.08.2015. Det er knytt ei rekkje vilkårtil dette fellingsløyvet. Desse går fram av dette brevet.

Vedtaket er heimla i Naturmangfaldloven § 18 første ledd b) og § 77; jf. §§ 1, 4, 9 og 13

i rovviltforskrifta av 18.03.2005 og vedtak fatta av Rovviltnemnda for region 6 den 19.

mai 2015

Fylkesmannen viser til søknad av 05.08.2015 frå leiaren i vestre Rauma beitelag, Oddmun

Valved. Vi viser og til telefonisk kontakt med Rauma kommune V/ Rune Horvli 05.08.2015.

SøknadDet er søkt om løyve til felling av jerv på bakgrunn av dokumenterte jerveskader itilgrensande beiteområde i Norddal kommune, samt ny observasjon av jerv i Berilldalen 3.august. Det er ikkje gjort funn av kadaver i vestre Rauma beitelag sine område, menbeitelaget har fått meldingar om at sauer verkar skremde. Det vert og vist tilsporregistreringar av jerv i vinter, som viser at jerven streifar mellom beiteområda i Norddal

og vestre Rauma. Ein ynskjer å samarbeide med Norddal kommune, som ein er kjent medhar søkt om skadefelling av jerv i nabobeiteområdet.

Juridisk grunnlag for avgjerdaFellingsløyve kan gjevast for â hindre at rovvilt gjer skade på bufe og tamrein. Vedvurdering av om det skal gjevast løyve til skadefelling av jerv, skal det leggjast vekt påføringane i den regionale forvaltningsplanen.

l Forskrift om forvaltning av rovvilt (rovviltforskrifta) § l (formål) står det:

Formålet med denne forskrift er å sikre en bærekraftig forvaltning av gaupe, jerv, bjørn, ulvog kongeørn. Innenfor en slik ramme skal forvaltningen også ivareta hensyn tilnæringsutnyttelse og andre samfunnsinteresser. Forvaltningen skal være differensiert slik athensynet til ulike interesser vektlegges forskjellig i ulike områder og for de ulike rovviltarter.Forskriften skal sikre forvaltning som vektlegger forutsigbarhet og lokal medvirkning. ”

Postadresse: Telefon: E-post: Web: Org.nr:

Postboks 2520 71 25 84 00 [email protected] www.fylkesmannemno/mr 974 764 067

6404 Molde

Page 2: Iverksetjing av fellingsløyve på jerv i vestre delar av Rauma … · 2015. 9. 12. · og vestre Rauma. Ein ynskjer å samarbeide med Norddal kommune, som ein er kjent med har søkt

side 2 av 5

I § 18 i naturrnangfaldlova står det mellom anna følgjande om anna uttak av vilt og lakse- og

innlandsfisk etter vurdering av myndigheitene: “Kongen kan ved forskrift eller enkeltvedtak

tillate uttak av vilt og lakse- og innlandsfisk b) for å avverge skade på avling, husdyr,

tamrein, skog, fisk, vann eller annen eiendom, (). Vedtak etter første ledd bokstav a til f

kan bare treffes hvis uttaket ikke truer bestandens overlevelse og formålet ikke kan nås på

annen tilfredsstillende måte. ”

I § 9 i rovviltforskrifta står det følgjande om kvote for, og iverksetting av, betinga

skadefelling:

«Fylkesmannen kan av eget tiltak eller etter søknad fatte vedtak om iverksetting av felling for

å forhindre fremtidig skade innenfor rammen av kvote for betinget skadefelling gitt av

rovviltnemnden, jf forskriften § 8, eller Direktoratet for naturforvaltning, jf § 13. ().

Ved vurderingen av om det skal gis tillatelse til skadefelling skal det legges vekt på føringene

i regional forvaltningsplan, jf forskriften § 6. Felling kan bare gjennomføres dersom det

ikke finnes annen tilfredsstillende løsning ut fira prinsippet om geografisk differensiert

forvaltning. Det skal særlig tas hensyn til:

a) områdets betydning som beitemark

b) skadenes omfang og utvikling

c) potensialet for fremtidige skader

d) muligheten for å gjennomføre forebyggende tiltak.

(m)

Etter naturmangfaldlova § 5 er det eit mål at artane og deira genetiske mangfald skal bli

ivaretatt på lang sikt og at artane skal kunne forekome i levedyktige bestandar i sinenaturlege utbreiingsområde. Tiltak etter naturmangfaldlova skal likevel vegast opp mot

andre viktige samfunnsinteresser, jf. § 14.

Naturmangfaldlova § 5 og prinsippet om geografisk differensiert forvaltning er konkretisert

gjennom §§ 3 og 4 i rovviltforskrifta og gjennom den regionale forvaltningsplanen for

rovvilt i region 6.

Rovviltnemnda i region 6 har i vedtak av 19. mai d.å. fastsatt en kvote på 5 betinga

skadefellingsløyver på jerv i region 6 (Sør- og Nord-Trøndelag, samt Møre og Romsdal) frå

1. juni 2015 — 15. februar 2016. Det er så langt ikkje felt jerv av denne kvoten.

I vedtaket står det mellom arma følgjande om skadefelling av jerv:

«Bestanden ligger over bestandsmålet per i dag. Terskelen for skadefelling bør være lav i

områder som har oppjj/lt bestandsmålet i henhold til forvaltningsplanen. I områder uten mål

om yngling av jerv skal terskelen for å få skadefellingstillatelse være spesielt lav».

Fylkesmannen sine vurderingarEtter naturmangfaldlova (nml) § 7 skal prinsippa i §§ 8 til 12 leggast til grunn som

retningsliner ved offentleg myndigheitsutøving. Offentlige vedtak som kan pâverke

naturmangfaldet skal så langt det er rimeleg vere tufta på vitskapleg kunnskap om artar sin

bestandssituasj on samt effekt av påverknad, jf § 8.

Det nasjonale bestandsmålet på jerv er videre fordelt på fem av åtte forvaltningsregioner for

rovvilt, jf. rovviltforskrifta § 4. I region 6 er det mål om 10 årlege ynglingar av jerv.

Page 3: Iverksetjing av fellingsløyve på jerv i vestre delar av Rauma … · 2015. 9. 12. · og vestre Rauma. Ein ynskjer å samarbeide med Norddal kommune, som ein er kjent med har søkt

side 3 av 5

F ørebelse tal frå Rovbase viser at det hittil er 12 dokumenterte ynglingar av jerv i region 6.

Fylkesmannen viser til forvaltningsplanen for rovviltregion 6, der det ikkje er mål om å hajerv i den delen av fylket som denne saka gjeld. Det nasjonale bestandsmålet på 10 årlegeynglingar i regionen blir oppretthalde ved å ha jerv innafor jerveområdet i Sunndalsfjella ogReinheimen samt innafor dei utpeika jerveområda i Trøndelagsfylka. Vi legg til grunn at vived å oppretthalde ein jervebestand i tråd med det nasjonale bestandsmålet for regionen, kanfelle jerv utanfor dette området utan at det verkar inn på overlevinga for jervebestanden iNorge.

Fylkesmannen vurderer ut frå dette kunnskapsgrunnlaget som godt, og føre-var-prinsippet i §9 blir difor tillagt lita vekt i saka.

Etter rovviltforliket punkt 2.2.19 skal soneinndelinga forvaltast tydeleg. Dette er tydeleggj orti brev av 28. april 2014 frå klima- og milj øministeren til fylkesmennene og rovviltnemndeneog i brev av 21. mai 2014 frå Klima- og miljødepartementet (KLD) og Landbruks- ogmatdepartementet (LMD) til rovviltnemndene, med kopi til fylkesmennene. I område som iforvaltningsplanen er definert som yngleområde for rovvilt skal beitenæringa tilpasse driftamed utgangspunkt i at det vil forekome rovvilt i beiteområdet. Her skal terskelen forskadefelling vere høg. I prioriterte beiteområde veg omsynet til beitenæringa tyngst, og detskal vere lav terskel for uttak av rovdyr som har gjort eller er venta å gjere skade i desseområda.

Bestandsestimatet for jerv i 2015 ligg enno ikkje føre. Førebelse tal på rovdata.no syner atbestandsmålet for region 6 er nådd. Dette inneberer at terskelen for å innvilge søknader omløyve til skadefelling på jerv utanfor forvaltningsområdet er spesielt lav.

Området si betydning som beitemarkDet vert årleg sleppt mellom 1500 og 2500 sau på utmarksbeite i Vestre Rauma beitelag(kjelde: NIBIO Kilden). I år er det sleppt om lag 1800 sau på beite her. Området har storbetydning som beitemark.

Skadeomfang_o,cL1tvik1ir;g

Det er ikkje gjort funn av sauekadaver tapt til jerv i beiteområdet til vestre Rauma beitelaghittil i år, men søkjar melder om sau som verkar skremte. I nabobeiteområdet i Norddal

kommune er det er påvist tap av fire lam til jerv i juli, nylege jerveobservasj onar samtkadaverfunn (ukjent dødsårsak, ikkje undersøkt per d.d.).

Skadepotensiale

Førre beitesesong og siste vinter har det vore vesentleg jerveaktivitet i fjellomrâda mellomNorddal og Rauma kommunar. Dette gjeld ikkje minst beiteområda i den vestre delen av

Rauma kommune, som opplevde unormalt store tap til jerv i beitesesongen 2014. Påbakgrunn av tilhald av jerv i beiteområdet over tid, og funn av sau tapt til jerv i samefjellområde i Norddal kommune i inneverande beitesesong, vurderer Fylkesmannen atpotensialet for framtidige jerveskader i vestre delar av Rauma å vere stort.

Forebyggande tiltak

Det aktuelle beiteområdet ligg utanfor forvaltningsområdet for jerv, og er i utgangspunktetikkje prioritert område for bruk av forebyggande og konfliktdempande tiltaksmiddel.Forvaltningsplanen for rovvilt i region 6 opnar for bruk av konfliktdempande- og

Page 4: Iverksetjing av fellingsløyve på jerv i vestre delar av Rauma … · 2015. 9. 12. · og vestre Rauma. Ein ynskjer å samarbeide med Norddal kommune, som ein er kjent med har søkt

side 4 av 5

forebyggande tiltaksmidlar (FKT-midlar) også i område der det ikkje er mål om yngling og

det oppstår omfattande jerveskade. I område med tunge rovviltskader vil tiltak som skil

beitedyr og rovvilt vere det mest effektive tapsreduserande tiltaket. Fylkesmannen har satt av

midlar til tidleg sanking i Rauma kommune, jfr. vårt vedtak av 26.05.2015.

På grunn av den kalde sommaren vart sleppdato forseinka med eit par veker. Grasveksten er

noko seinare enn vanleg, men fjellbeite ser ut til å kunne halde godt ut mot hausten i år på

grunn av rikeleg med snøfonner i fjellet. Området er eit beiteprioritert område, og vi kan

ikkje tilrå tidleg nedsanking eller andre tyngre tiltak som vil redusere tapa vesentleg på

noverande tidspunkt.

Dersom tapa av husdyr til jerv i beiteområdet viser seg å bli store, vil det vere rett

verkemiddel å setje i verk tidleg sanking framføre forsøk på skadefelling.

Konklusjon

Beiteområdet ligg utanfor forvaltningsområdet for jerv. I dette området har beitedyra

prioritet, og terskelen for å gje fellingsløyve på skadegjerande jerv skal vere låg. Med det

skadepotensialet som er i dette området, finn vi det rett å opne opp for felling av ein

skadegjerande jerv i vestre Rauma beitelag sitt område. Eit uttak av jerv for å hindre

framtidig skade er vurdert til ikkje å vere til skade for jervebestanden si overleving (nml §

5), eller å kome i konflikt med det nasjonale bestandsmålet for jerv, jf. Innst. S. nr. 174

(2003-2004) og § 4 i rovviltforskrifta.

Vedtak:

Ut frå vurderingane ovanfor og med heimel i Naturmangfaldloven sin § 18 første ledd b) og

§ 77; jf. §§ 1, 3, 9 og 13 i rovviltforskrifta av 18.03. 2005, samt vedtak fatta av

Rovviltnemnda for region 6 den 19. mai 2015, gir Fylkesmannen Vestre Rauma beitelag V/

Oddmun Valved fellingsløyve på ein (1) skadegjerande jerv.

Følgjande vilkår er knytt til iversetjing av fellingsløyvet:

1. Fellingsløyvet gjeld frå 06.08.2015 til og med 20.08.2015.

2. Løyve til felling gjeld innafor beiteområdet til vestre Rauma beitelag.

3. Jervetispe i følgje med ungar er unnateke frå fellingsløyvet.

4. Fellingsløyvet vert gitt til Vestre Rauma beitelag sin leiar Oddmun Valved, som også

er fellingsleiar. Fellingsleiar er ansvarleg for fellingsforsøket, og er ansvarlig for at

det ligg føre liste over alle som tek del i fellingsforsøket. Kopi av lista skal sendast

fylkesmannen.

5. Fellingsleiar og deltakarane i fellingslaget skal ha avlagt skyteprøve for bruk av rifle

til storviltj akt seinast i 2014. Dei skal og vere registrerte som lisensjegerar, jf.

Forskrift om utøving av jakt, felling og fangst, av 22.3.2002, §§ 13 og 14.

6. Det skal berre nyttast våpen og ammunisjon som tilfredsstiller krava til jakt på jerv,

jf. Forskrift av 22. mars 2002 om utøving av jakt og fangst.

Page 5: Iverksetjing av fellingsløyve på jerv i vestre delar av Rauma … · 2015. 9. 12. · og vestre Rauma. Ein ynskjer å samarbeide med Norddal kommune, som ein er kjent med har søkt

side 5 av 5

7. Dersom ein ynskjer å bruke laus hund i fellingsforsøket, må Rauma kommunedispensere frå bandtvangbestemmelsane i hundelova. Det kan kun nyttast hund somer eigna til bruk til jakt på jerv. Laus hund skal vere utstyrt med GPS-

sporingsbrikke/-sendar.

8. Felling eller forsøk på felling skal meldast til Fylkesmannen på mobilnr. 9092 6016og Statens naturoppsyn.

9. Dersom jerv vert skadeskoten pliktar dei ansvarlege å gjere det dei kan for å avlivedyret snarast mogeleg. Skyttar pliktar å forvisse seg om påskote dyr er treft ellerikkje. Ved skadeskyting skal skyttar utan opphald underrette Fylkesmarmen ognæraste politimynde. Fylkesmannen avgjer vidare gjennomføring og avslutting avettersøk. Dei som har deltatt i fellingsforsøket skal utan godtgjering biståforvaltningsmynde eller politimynde i det vidare ettersøket.

10. Jerv felt i medhald av dette løyvet er viltfondet sin eigedom. Etter § 16 i Forskrift omforvaltning av rovvilt, skal jeger vise fram felt dyr for SNO for kontroll ogprøvetaking så snart som råd etter felling. Jeger skal kunne påvise fellingsstaddersom SNO, politi eller fylkesmannen ber om det.

11. Felling og forsøk på felling etter dette løyvet kan gjennomførast uavhengig avgrunneigar sin jaktrett, jf. viltloven § 35.

12. Alle som deltar i fellingsforsøket skal vere kjende med innhaldet i dette brevet.

KlageDette vedtaket kan påklagast innan tre -3- veker frå den dagen dette brevet kom fram; jfforvaltningslova kap. IV, §§ 28 og 29. Ei eventuell klage bar grunngivast og skal stilast tilMiljødirektoratet, Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim, men sendast til Fylkesmannen iMøre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde.

Med helsing

Ulf Lucasen (e.f.) Astrid Busetass. miljøvemdirektør

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

kopi:

Rauma kommune Vollan 8 A 6300 ÅNDALSNESMiljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIMStatens naturoppsyn Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIMNorddal kommune Postboks 144 6211 VALLDALLensmannen i Rauma Havnegata 6 6300 ÅNDALSNESRovviltnemnda region 6 V/Fylkesmannen Postboks 2600 7734 STEINKJERi Nord-Trøndelag