23
NYNORSK for dumskallar Kristin Fridtun NYNORK FOR DUMSKALLAR KRISTIN FRIDTUN

Nynorsk for dumskallar

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Humoristisk og nyttig nynorskguide

Citation preview

Page 1: Nynorsk for dumskallar

NYNORSKfor dumskallar

Kristin Fridtun

NYNORK FOR DUMSKALLAR KRISTIN FRIDTUN

Kvifor heiter det vindauga og ikkje vindu på nynorsk? Hadde

Ivar Aasen sosiale antenner? Og korleis bøyer vi nynorske verb?

Nynorsk for dummies gir deg ei lettfatteleg og humoristisk

innføring i nynorsk historie og kultur, ordtilfang, grammatikk og

målføring. Boka høver både for dei som er nyfikne og vil læra litt

om nynorsk, og dei som må læra nynorsk mot sin eigen vilje.

www.samlaget.no

isbn 978-82-521-8380-1

Kristin Fridtun (f. 1987) er master i

norrøn filologi, språkspaltist i Dag

og Tid, skribent og forfattar av Norsk

etymologisk oppkok (2012). Ho kjem

frå Elverum, men er busett i Bergen.

F ORFAT TA RF O T O : T IN A A A M OD T · OM S L A G S DE S IG N : JOH A NNE H JOR T H OL

Page 2: Nynorsk for dumskallar

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 1

Page 3: Nynorsk for dumskallar

Kristin Fridtun

Nynorsk for dumskallar

SamlagetOslo 2013

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 3

Page 4: Nynorsk for dumskallar

Innhald

KVA ER NYNORSK FOR DUMSKALLAR ? ........................ 7

FØR DU LES VIDARE: MYTEKNUSING ........................ 9Ivar Aasen − fleip eller fakta? ................................................. 9Nynorsk − fleip eller fakta? .................................................... 10Nynorsken og dialektane ....................................................... 13

OM NYNORSK .................................................................. 14Ivar Aasen ............................................................................. 14Nynorskhistoria i stutte drag ................................................. 20Spynorsk mordliste ............................................................... 21Spørsmål ............................................................................... 24

OM DEI SOM SKRIV NYNORSK .................................... 25Målrørsla .............................................................................. 26Andre nynorskinstitusjonar ................................................... 26Spørsmål ............................................................................... 27

KVA HEITER DET PÅ NYNORSK? .................................. 28Eit utval vanlege nynorskord ................................................. 30Er det lov å bruka lånord? ..................................................... 37Oppgåver .............................................................................. 43

5

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 5

Page 5: Nynorsk for dumskallar

Å ORDLEGGJA SEG PÅ NYNORSK ................................ 44Dobbel bestemming .............................................................. 45Genitiv ................................................................................. 46Passiv .................................................................................... 48Substantivsjuka ..................................................................... 51Berre tåke ............................................................................. 52«Hypernynorsk» .................................................................... 53Oppgåver .............................................................................. 53

BØY OG TØY NYNORSKE ORD ..................................... 55Pronomen og determinativ ................................................... 56Verb ...................................................................................... 61Substantiv ............................................................................. 75Adjektiv ................................................................................ 81Perfektum partisipp .............................................................. 83Nokre oppmuntrande ord til slutt ......................................... 86

GRAMMATIKKOPPGÅVER .............................................. 88

FORKLARINGAR TIL ORD OG OMGREP I BOKA ...... 92

NYTTIGE BØKER OG HJELPEMIDDEL ........................ 101

SVAR PÅ OPPGÅVENE ...................................................... 105

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 6

Page 6: Nynorsk for dumskallar

Kva er nynorsk for dumskallar?

Gode lesar!

Det anar meg at du ikkje er stokk dum. Då hadde du nok sett fyr pådenne boka i staden for å opna henne, og du hadde i alle fall ikkjeumaka deg med å lesa dette føreordet. Altså er du ikkje ein dum-ming. Kva skal du då med Nynorsk for dumskallar?

Rundt om i verda finst det mange tusen for dummies-bøker, meningen av dei er skrivne for dummingar. Tvert imot retter dei seg motheilt vanlege folk, mot dei som ikkje er «spesielt interesserte» i temaetdet gjeld. Slik er det med denne boka òg. Ho er skriven for dei somikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil læra litt. Eller: Ho erskriven for dei som ikkje vil læra nynorsk, men som må læra det.

På ungdomsskulen hadde eg ein norsklærar som sa: «Nynorsk erikkje vanskeleg − vil eg, så kan eg.» Ingen trudde på henne, ikkje egheller. Eg var bokmålselev i tjukkaste bokmålsland og skjønte ikkjekorleis ho kunne hevda at nynorsk ikkje er vanskeleg. Men no må egbita i graset og vedgå at ho hadde rett: Når vi vil, går alt mykje lettare− til og med nynorsk. Problemet er berre det at svært få av oss harbrennande lyst til å læra nynorsk. Kanskje kjenner vi oss litt dummeog hjelpelause når vi skriv det, og då er det lett å tenkja at det berreer håplaust, alt saman. Det er ikkje moro å skriva når ein ikkje meist-rar språket.

7

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 7

Page 7: Nynorsk for dumskallar

Men fortvil ikkje! Den nynorske jungelen er ikkje så stor ogskummel som vi trur. No skal eg gå først og kvista løype, så kan duberre henga på.

Elverum, juni 2013Kristin Fridtun

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 8

Page 8: Nynorsk for dumskallar

Før du les vidare: myteknusing

Alle veit noko om nynorsk. Nokre veit mindre enn andre, men sværtfå kan seia at dei ikkje veit noko som helst. Dei fleste veit òg nokoom Ivar Aasen (1813−1896), «nynorskens far». Men er det rett, detvi veit? Mange utbreidde sanningar om Aasen og nynorsken er ikkjeså sanne likevel. Nokre av dei er reint oppspinn, andre er berre mis-tydingar. Når vi veit lite om ei sak, er det lett å tru blindt på slikemytar. Nedanfor finn du eit utval vanlege påstandar om Aasen ognynorsk, så kan du sjølv sjå om det er noko sant i dei eller ikkje.

Ivar Aasen − fleip eller fakta?

1. Ivar Aasen laga nynorsken for å plaga folk.Fleip! Aasen reiste landsmålet, det vi no kallar nynorsk, for å hjelpafolk. Han såg at mange skuleelevar og vaksne sleit med å lesa ogskriva, først og fremst fordi dei måtte lesa og skriva eit framand-språk: dansk. Folk flest prata ein norsk dialekt, men det fanst ikkjenoko norsk skriftspråk. Aasen meinte at folkespråket burde verahovudspråket i landet, difor sette han saman eit skriftspråk sombygde på dei norske dialektane.

9

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 9

Page 9: Nynorsk for dumskallar

2. Ivar Aasen var vestlending.Fakta! Aasen var fødd og oppvaksen i Ørsta på Sunnmøre, menstørsteparten av livet budde han i hovudstaden Kristiania (no:Oslo). Dessutan reiste Aasen svært mykje rundt i landet: Hanundersøkte talemåla i alle dei norske fylka − bortsett frå Finnmark.

3. Ivar Aasen var gamal heile livet.Fleip! Vi ser ofte føre oss ein puslete og inntørka gubbe når vi høyrernamnet «Ivar Aasen», men det er nok fordi Aasen er gamal på allebileta vi har av han. Då er det lett å tru at det var ein krokete gamlingmed stokk som reiste rundt og granska dialektane, men Aasen varfaktisk berre 29 år då han drog ut på den første store granskingsferdasi i 1842.

4. Ivar Aasen var sur og mangla sosiale antenner.Fleip! Folk har fortalt at det var moro å vera saman med Aasen. I lagmed gode vener kunne han vera full av skjemt og gode historier, oghan hadde støtt ein treffande replikk på lur. Aasen var ein av deiførste moderne kjendisane i Noreg, og mange syntest det var stas åtreffa han, til dømes slo Henrik Ibsen gjerne av ein prat når han ogAasen møttest tilfeldig på Karl Johan.

Nynorsk − fleip eller fakta?

1. Nynorsk er for vestlendingar.Fleip! Alle som vil, kan skriva nynorsk. Aasen kalla skriftspråket sittlandsmål nettopp fordi det bygde på talemåla i heile landet og var eitskriftspråk for heile landet. Det er rett at nynorsken står sterkast påVestlandet, og då særleg i Sogn og Fjordane, men vi finn nynorsk-skrivarar i alle delar av landet og jamvel i utlandet.

Mange trur òg at vestlendingar pratar nynorsk, medan alle andrepratar bokmål. Det er feil: Dei aller fleste av oss pratar dialekt.Nynorsk og bokmål er skriftspråk, altså språk som vi skriv. Det finst

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

10

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 10

Page 10: Nynorsk for dumskallar

nokre som har bokmål eller nynorsk som talespråk, men dei er tem-meleg få.

2. Nynorsk er eit konstruert språk.Fakta! Alle skriftspråk er konstruerte, og nynorsk er som sagt eitskriftspråk. Eit skriftspråk blir til ved at éin eller fleire personar finnein måte å skriva språket på. Merk at det er politikarar (Stortinget/Kulturdepartementet) som vedtek dei norske rettskrivingsreglane.Det er lett å sjå at nynorsk er konstruert, ettersom det var éin mannsom sette saman skriftspråket, men nynorsk er ikkje meir konstruerteller kunstigare enn bokmål og andre skriftspråk.

3. Det er så mykje vanskeleg grammatikk i nynorsk.Fleip! Den nynorske grammatikken er eigentleg meir systematisk oglettare enn bokmålsgrammatikken. Likevel synest vi ofte at bokmåler det lettaste, fordi vi har bokmålet rundt oss heile tida, og diforlærer vi bokmålsgrammatikken utan vi merkar det sjølve. Dersom vihadde lese og skrive og sett mest nynorsk, hadde vi synst at nynorsk-grammatikken var lettast.

4. Nynorsk er gamaldags og passar best i fjøset.Fleip! Nynorsk er eit moderne språk som er fullt brukande i dag.Det er rett at nynorsk har ein del felles med gamalnorsk, men allemoderne språk stammar frå eldre språk: dansk frå gamaldansk,engelsk frå gamalengelsk og så bortetter. Det er òg slik at mange ordsom vi trur er nye, eigentleg er gamle: Lånorda idiot og prosjekt kjemfrå gresk og latin − to språk som er eldre enn gamalnorsk. Dei gamlegrekarane meinte forresten at latin var eit bondsk språk.

Det er òg rett at Aasen først og fremst undersøkte talemålet ibygdene, men det var fordi dei fleste budde på bygda i hans tid, ogfordi mange av dei som budde i kjøpstadene og tettstadene, ofteprøvde å prata dansk eller dansk med norsk uttale.

FØR DU LES VIDARE: MYTEKNUSING

11

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 11

Page 11: Nynorsk for dumskallar

5. Det er nesten ingen som skriv nynorsk.Fleip! Nynorsk er eit lite språk om vi samanliknar det med deistørste språka i verda, som mandarinkinesisk, engelsk og arabisk,men om vi reknar med alle språka i heile verda, er nynorsk eit stortspråk. Undersøkingar viser at om lag ein halv million nordmennbruker nynorsk privat, dessutan bruker mange nynorsk i arbeidetsitt. I skuleåret 2011−2012 hadde nesten 80 000 grunnskuleelevarnynorsk som opplæringsmål. Nynorsk er administrativt språk i 114kommunar og i tre fylkeskommunar.

Folk i alle yrkes- og aldersgrupper skriv nynorsk, og vi finnnynorsk i alt frå songtekster, teikneseriar, bloggar, sms-ar og veke-blad til stortingsmeldingar og vitskaplege artiklar. Det har aldri voremeir nynorsk i det norske samfunnet enn det er i dag.

6. Eg får ikkje bruk for nynorsk.Fleip! Når vi lærer nye språk, aukar vi den allmenne språkkunnska-pen vår. Det er ein av hovudgrunnane til at vi skal læra både nynorskog bokmål. Vi tileignar oss nye ord og får eit større register å spela pånår vi skriv − anten vi skriv nynorsk eller bokmål. Ein del bokmåls-brukarar opplever at dei skriv betre bokmål etter at dei har lærtnynorsk.

Elles veit vi at mange verksemder og arbeidsplassar har bruk forfolk som kan nynorsk, til dømes aviser, forlag, NRK, TV2, reklame-byrå, advokatkontor, skuleverket og ei rekkje statlege institusjonar.

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

12

Visste du at ordet nynorsk ikkje berre er namnet på eit skrift -språk, men òg namnet på ein språkhistorisk periode? Språketfrå ca. år 700−1350 kallar vi gamalnorsk, språket frå ca. år1350−1536 kallar vi mellomnorsk, og språket frå 1536 og til idag kallar vi nynorsk. Skriftspråket som Ivar Aasen reiste,byggjer på dialektar i den nynorske perioden. Dermed kan vislå fast at nynorsk er ny norsk − ikkje gamal norsk.

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 12

Page 12: Nynorsk for dumskallar

Nynorsken og dialektane

Mange av dei som bur i bokmålsområde og sjeldan møter nynorsk ikvardagen, tenkjer at nynorsk er eit språk for «dei andre», altså at deisjølve ikkje har noko med nynorsk å gjera. Men det har dei! Detnynorske skriftspråket byggjer som nemnt på dei nynorske(= moderne) dialektane, og nynorsken samsvarar med vanlege tale-mål over heile landet. Det er ikkje slik at du må seia eg og ikkje for åha ein dialekt som ligg nær nynorsk.

Dei ulike dialektane våre har det same utgangspunktet: gamal-norsk (norrønt). For tusen år sidan var talemålet stort sett likt i heileNoreg, men etter kvart byrja folk på ulike stader å uttala og bøyaorda ulikt. Dialektane voks fram. Når vi veit at nynorsken byggjer pådialektane, skjøner vi at det er ei ubroten linje frå gamalnorsk viadialektane og til nynorsk.

Om vi ser ordentleg etter, oppdagar vi fort dei mange likskapanemellom nynorsk og talemåla. Når austlendingar seier gutta, og trøn-derar og nordlendingar seier guttan, samsvarar det med nynorskgutane. Det same gjeld former som bånn (nyno. botn), juge (nyno.ljuga/ljuge), høl (nyno. hòl), ei bru, har prata. I presens av sterke verbhar svært mange dialektar einstava form, som kjem/kjæm, finn, liggog søv − akkurat som i nynorsk.

Altså kan vi ofte bruka talemålet vårt som rettesnor når vi skrivnynorsk, i staden for å tenkja at nynorsk er eit heilt framandt språkder vi må pugga all grammatikken og slå opp i ordlista støtt.Nynorsk er ikkje latin − du kan mykje nynorsk utan at du veit detsjølv!

FØR DU LES VIDARE: MYTEKNUSING

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 13

Page 13: Nynorsk for dumskallar

Om nynorsk

Ivar Aasen

«Dette landet har vært utsatt for to fatale ulykker.Det er Svartedauen og Ivar Aasen.»

Henrik Groth i NRK/Radio 5.10.1973

Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Nokre meiner det. Ikkje så reint fåhar teikna hitlerbart på bilete av han, sagt at dei skal pissa på gravahans eller ønskt at dei kan reisa tilbake i tid og kverka han. Aasensjølv tek nok alt dette oppstyret med knusande ro, for han har voresteindaud i over hundre år. Likevel er det litt merkeleg at ein stillfer-dig mann som ikkje ville gjera noko vondt mot nokon, blir utsett forså mykje spott, uvilje og fiendskap. Ei av hovudårsakene til at mangeforbannar «den jævla nynorskens far», er nok at dei ikkje har fått eiskikkeleg forklaring på kvifor Aasen skapte landsmålet − skriftsprå-ket som i 1929 offisielt fekk namnet nynorsk.

Dansk og dialektDå Aasen voks opp tidleg på 1800-talet, var dansk skriftspråket iNoreg. Slik hadde det vore lenge: I 1380 vart Noreg underlagt Dan-mark, og utover 1400-talet skreiv stadig fleire nordmenn dansk. Det

14

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 14

Page 14: Nynorsk for dumskallar

norske skriftspråket tapte gradvis prestisje. Frå 1600-talet og fram-over var dansk det einaste respekterte og lovlege skriftspråket iNoreg. Store delar av den norske overklassa heldt til i kjøpstader ogtettstader og hadde dansk bakgrunn, så dei hadde ingen vanskarmed å bruka dansk. Men over nitti prosent av folket i Noreg buddepå landsbygda, og størsteparten av dei prata ein dialekt som varsvært ulik dansk.

Det er rimeleg å tru at denne språksituasjonen gjorde livet surt formange av skuleelevane. Den gongen gjekk læraren på rundgang i gar-dane, og ungane fekk undervisning berre nokre få dagar i året. Pådenne vesle tida skulle dei altså læra seg å lesa og skriva eit framandtspråk. Dessutan skulle dei helst «normalisera» talemålet sitt til dansknår dei var på skulen, altså prata dansk. Om ungane gløymde seg ogbrukte eit ord frå heimemålet sitt, kunne det henda at læraren lo oggjorde narr av dei. Morsmålet deira var ikkje rekna som eit fullverdigspråk; det passa heime på garden, men ikkje i «finare» samanhengar.

Ivar Aasen hadde sunnmørsdialekten som morsmål. Han lærtedansk svært fort, og som 18-åring tok han til å arbeida som lærar.Etter kvart brukte han all fritida si på å studera språk, særleg gram-matikk. Han sette seg tidleg inn i latin, tysk, fransk og engelsk, mendet var eitt språk han ikkje fann nokon grammatikk eller ordbokover: talespråket sitt.

OM NYNORSK

15

Visste du at språket i den norske Grunnlova frå 1814 er reindansk? Nedanfor ser du eit utdrag frå paragraf 51 i lova. Detgjev oss eit lite hint om korleis skriftspråket i Noreg såg ut påden tida:

De Forandringer dette efterhaanden maatte undergaae,anføres ufortøvet deri. Enhver skal, forinden han indføres iMandtallet, offentligen til inge sværge ConstitutionenTroskab.

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 15

Page 15: Nynorsk for dumskallar

Det var rart, syntest han, for ut frå språkkunnskapane sineskjønte han at sunnmørsmålet var å rekna som eit eige språk. Snartsåg han òg at talemålet hans hadde fleire fellestrekk med islandsk ognorrønt enn med dansk. Han kom fram til at det same galdt deifleste norske talemåla. Då Aasen var 22 år, var han overtydd om atdialektane kunne vera grunnlaget for eit sjølvstendig norsk skrift-språk som skilde seg frå dansk (jamfør «Om vort Skriftsprog», somAasen skreiv i 1836).

Aasen og dei andreAasen var ikkje den einaste som var oppteken av dialektar og norskskriftspråk på dette tidspunktet. Heilt sidan Noreg i 1814 vart eineigen stat, hadde språket vore emne for diskusjon: Noreg bør vel ògha eit eige språk? Elles er vi vel ikkje ein eigen nasjon? Mange vissteat dialektane skilde seg mykje frå dansk og hadde fellestrekk medgamalnorsk, men dei var ikkje samde om korleis dei skulle dra nytteav det. Diktaren Henrik Wergeland og historikaren Peter AndreasMunch kan stå som talsmenn for dei to hovudretningane som synteseg på 1830-talet.

Wergeland ville ta norske ord og former inn i det danske skrift-språket og gradvis gjera det norsk. Munch var usamd og sa at detville berre bli rot om vi prøvde å fornorska dansken ved å henta innlaust og fast frå målføra. Han meinte det var betre å «bringe en afvore reneste Almuesdialekter i en ordentlig Form sammenholdt medvort Oldsprog, i stedet for som nu skjændigen at forhutle og sam-menjaske vore Dialekter i vild Uorden».

Favorisera éin av dei norske dialektane og oversjå dei andre? Dethadde vore urettferdig, og noko slikt ville ikkje Ivar Aasen vera medpå. Han hadde ein annan plan:

Det er ikke min Hensigt hermed at fremhæve nogen enkelt af voreDialekter; nei, ingen saadan bør være Hovedsprog, men dette skuldevære en Sammenligning af, et Grundlag for dem Alle. («Om vortSkriftsprog» 1836, trykt i Syn og Segn 1909)

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

16

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 16

Page 16: Nynorsk for dumskallar

Det tyder ikkje at Aasen ville «sammenjaske vore Dialekter i vildUorden». Han var svært oppteken av orden og system og ønskte atdet nye skriftspråket skulle vera regelrett og logisk oppbygt. Det varviktig for han at skriftspråket bygde på alle dialektane, ikkje berreéin dialekt, og at skriftspråket hadde dei levande dialektane som vik-tigaste utgangspunkt, ikkje norrønt («vort Oldsprog»), som knapthadde vore i bruk dei siste fire hundre åra.

Aasen vart faktisk kritisert for å vera for moderne, ettersom hanla meir vekt på det levande folkemålet enn på norrønt. Norrønt vardet store prestisjespråket i samtida − det var det ekte, rotnorske språ-ket som dei gamle norske kongane hadde brukt. Men det levandefolkemålet hadde låg status: Hovudgrunnen til at eliten var interes-sert i dialektane, var at dei hadde restar av norrønt i seg. Truleg kanvi seia det same om kulturen til dei som prata dialekt: Eliten var førstog fremst interessert i folkekulturen fordi dei fann gamalt, nedarvakulturgods der, til dømes folkeviser og eventyr. Nasjonalroman -tikken slo gjennom i Noreg nettopp i denne perioden, og mangeforskarar og kunstnarar var opptekne å leita opp og dyrka det typisknorske, eller «folkeånda», som visstnok skulle finnast i folke -kulturen.

Bondesonen Aasen var oppteken av noko anna. Han var kritisktil nasjonalromantikarane, men han skjønte òg at den store interessafor folkekulturen kunne gjera det lettare for han å få støtte til arbei-det med folkemålet. Til skilnad frå mange andre i samtida si hevdaAasen at dei norske dialektane slett ikkje var dårlegare eller meir pri-mitive enn dansk og engelsk og andre språk med høg prestisje. Deter ingen grunn til at vi i Noreg skal bruka skriftspråket til danskane,meinte han, når vi har eit rikt og levande folkemål som vi kan byggjaeit norsk skriftspråk på − eit skriftspråk som kan vera til hjelp ognytte for vanlege folk over heile landet, og som kan få dei til å skjønaat talemålet deira er like mykje verdt som andre mål. Eit slikt skrift-språk ville Aasen skapa.

Han avgjorde at språket skulle vera samansett av dei skriftfor-mene som samla flest dialektformer i seg (mønsterformprinsippet);

OM NYNORSK

17

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.58 Side 17

Page 17: Nynorsk for dumskallar

det ville vera mest demokratisk eller rettferdig. Då måtte han førstgranska dei norske dialektane skikkeleg, for det hadde ingen gjortfør han. Aasen var difor på reisefot i mange år. Då han hadde samladet materialet han trong, måtte han samanlikna funna sine, prøvaseg fram til han fann dei formene og skrivemåtane som passa best,og ordna dei i eit klart og godt system.

Det var ikkje akkurat tale om noka kjapp «sammenjasking» avdialektane, for Aasen brukte mange tiår på dette arbeidet. Han gavlandsmålet endeleg form med bøkene Norsk Grammatik (1864) ogNorsk Ordbog (1873).

Ein sann systemfrikÅ samla ord og former frå dialektane er éin ting, men korleisavgjorde Aasen kva slags form orda skulle ha? Her skal vi sjå nokredøme på korleis Aasen gjekk fram då han fastsette skrivemåten avorda i landsmålet. Då får vi samtidig ei forklaring på kvifor skrive-måten av mange nynorskord er ulik skrivemåten av bokmålsorda.

Aasen hadde ei lett oppgåve dei gongene orda hadde dei sameeller nesten dei same formene og bøyingsmåtane i alle dialektane.Verre var det når eit ord hadde særs ulike former, som ordet hovud.Aasen høyrde at dialektbrukarane uttala dette ordet ulikt:

Austlandet: hue, huuTrøndelag og Nord-Noreg: hauHallingdal, Valdres: huvuTelemark, Agder: hovuSør-Vestlandet: hoveSunnmøre, Nordfjord: haudGudbrandsdalen, Østerdalen: hugu

Det var umogleg å finna ein skrivemåte som sameinte alle desse for-mene. Då tok Aasen utgangspunkt i norrønt, ettersom dialektfor-mene hadde opphavet sitt i den norrøne forma hofuð. Men han tokikkje den norrøne forma direkte inn i landsmålet: Han justerte skri-

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

18

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 18

Page 18: Nynorsk for dumskallar

vemåten litt og landa til slutt på forma hovud (jf. dansk hoved ogsvensk huvud).

Du kan òg merka deg at vi på nynorsk bruker hovud både omkroppsdelen og som forledd i mange ord: hovudrolle, hovudsak,hovudpine. På bokmål bruker vi hode om kroppsdelen, men vi bru-ker den gamle danske forma hoved som forledd i visse ord (hoved-rolle, hovedsak) og den nye forma hode i andre samansette ord (hode-pine). Her kan vi vel seia at nynorsken eigentleg er lettast?

Aasen la òg stor vekt på at skrivemåten av orda skulle vera gjennom-siktig, altså at det skulle vera mogleg å tolka eit ord og sjå kva ordetvar samansett av, berre ved å sjå på skrivemåten. Som døme kan vi tavindauga/vindauge. I eldre tid var vindauga namnet på eit rundt holi veggen som det kom luft (vind) inn i. Vi bruker ofte auga om små,runde ting, tenk berre på ord som nålauga og smørauga. Då skjønervi at vindauga eigentleg tyder ‘lufthol’. Det kan vi tolka oss fram tilberre ved å sjå på forma vindauga/vindauge («vindøye»), men det erumogleg når vi ser på bokmålsforma vindu. Skrivemåten vindu er eiforkorting av vindauga.

Nedanfor ser du fleire døme på at ord som er i slekt, har same skri-vemåte i nynorsk. Til dømes skriv vi hugsa i nynorsk (bokmål:huske), fordi dette verbet kjem av substantivet hug (‘sinn, tankar’). Idialektane varierer uttalen av hugsa, mellom anna huksa, hoksa,husse. Aasen ville at samanhengen med hug skulle koma klart fram iskrift, difor valde han hugsa.

OM NYNORSK

19

Visste du at det engelske ordet window kjem av norrøntvindauga? Engelskmennene lånte dette ordet av oss i mellom-alderen og gjorde det om til window.

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 19

Page 19: Nynorsk for dumskallar

nynorsk bokmålein hug − å hugsa en hug − å huskehar drope (av å drypa) − ein drope har dryppet − en dråpeein stad − ein hovudstad et sted − en hovedstadeit laup − eit bryllaup(eigentleg: brudlaup) et løp − et bryllupå eiga − min eigen å eie − min egen

Nynorskhistoria i stutte drag

➢ 1842−1847: Ivar Aasen var ute på den første granskingsferda sifor å studera norske dialektar, med støtte frå Det KongeligeNorske Videnskabers Selskab i Trondheim. Frå 1851 og til handøydde, fekk Aasen stipend frå staten.

➢ 1848−1853: Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik(1848), Ordbog over det norske Folkesprog (1850) og Prøver afLandsmaalet i Norge (1853).

➢ 1858: Aasmund Olavsson Vinje grunnla Dølen, den første avisapå nynorsk.

➢ 1864: Aasen gav ut Norsk Grammatik.➢ 1868: Vestmannalaget, det første mållaget i Noreg, vart grunn-

lagt av Henrik Krohn. Seinare same år vart Det Norske Samlagetgrunnlagt i Kristiania.

➢ 1869: Lesebok i Landsmaalet av Olav Paulson kom ut, førsteskule bok på landsmål.

➢ 1873: Aasen gav ut Norsk Ordbog.➢ 1878: Det kom påbod om at «Undervisningen i Almueskolen

saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog».➢ 1885: Stortinget sidestilte landsmålet med «vort almindelige

Skrift- og Bogsprog» (dansk) som skulespråk og offisielt språk.➢ 1892: Landsmålet kunne veljast som opplæringsmål i folke -

skulen.

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

20

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 20

Page 20: Nynorsk for dumskallar

➢ 1894: Stortinget vedtok for første gong ei lov som var skriven pålandsmål.

➢ 1902: Elevar ved lærarskulen skulle no ha skriftleg eksamen ibegge målformer. Dei kunne velja sjølve kva dei skulle ha somhovudmål og sidemål.

➢ 1907: Gymnaselevar fekk sjølve velja hovudmål og sidemål.➢ 1906: Norigs Maallag vart grunnlagt. Frå 1922 har det heitt

Noregs Mållag.➢ 1908: Det vart tillate å skriva landsmål på embetseksamen ved

universitetet.➢ 1913: Det Norske Teatret (stifta 1912) hadde opningsframsyn-

ing i Kristiansand.➢ 1929: Stortinget vedtok at språket skulle heita nynorsk i staden

for landsmål. Samstundes vedtok Stortinget namnet bokmål istaden for riksmål og dansk-norsk.

➢ 1930: Stortinget vedtok lov om målbruk i statstenesta.➢ 1961: Noregs Student- og Elevmållag grunnlagt, frå 1972 kalla

Norsk Målungdom.➢ 1970: Stortinget vedtok at 25 prosent av sendingane i NRK skal

vera på nynorsk.➢ 1981: Ny mållov (jf. 1930). Ho regulerer bruken av bokmål og

nynorsk i statstenesta.➢ 2012: Ny rettskriving for nynorsk. Nynorsken har no vore gjen-

nom seks rettskrivingsreformer: i 1901, 1910, 1917, 1938, 1959og 2012.

Spynorsk mordliste

Mange synest det er kjekt at boktittelen Nynorsk ordliste lett kan gje-rast om til Spynorsk mordliste. Det er ikkje farleg å tukla litt medbokstavane på ei bok og gjera nynorsk om til spynorsk, tvert imot erdet ein temmeleg harmlaus måte å få ut frustrasjon på.

Ein annan måte å få ut frustrasjon på, er å spy ut alskens stygge

OM NYNORSK

21

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 21

Page 21: Nynorsk for dumskallar

ord om nynorsk og om dei som skriv nynorsk. Det har folk gjort iover hundre år. Dei har kalla nynorsken «grautmål», «fjøslatin» og«dustesprog», og dei har kalla nynorskfolk «spyfluer» og «spedalske».Vi kan le av det, men vi skal òg hugsa at nynorskbrukarane er imindretal. Tidlegare var bokmålstilhengjarane redde for at nynorsk-ingane skulle bli i fleirtal og gjera nynorsk til det einaste skriftspråketi Noreg. Det har ikkje skjedd: I dag har bokmålstilhengjarane eitsolid overtak, og dei treng eigentleg ikkje bruka tid på å plaganynorskingane.

Likevel ser vi stundom at folk driv ap med eller seier at dei hatarfolk som skriv nynorsk; det er så vanleg at nesten ingen reagerer pådet. For å setja det på spissen: Ein del homofile nynorskingar fortelat dei aldri har blitt plaga fordi dei er homo, men at dei stadig blirspotta fordi dei skriv nynorsk. Det kan av og til sjå ut som nynorsk-folk er den einaste minoriteten som det er fullt lovleg å trakasseraoffentleg.

Med det i minne skal vi sjå nokre eksempel på kva folk har sagtom landsmål/nynorsk og målfolk opp gjennom tidene.1 Vi opnarfriskt med Bjørnstjerne Bjørnson. I starten såg Bjørnson med god-vilje på landsmålet, men med tida snudde han tvert om, og i 1907var han med og grunnla Riksmålsforbundet.

Men saa slip dog «Fedraheimen»! Disse endnu lodne Folk, disseHuleboere, lad dem raute paa Maalet og sikle Bønner nedover enStenfetisch; hvad Fanden har De med det? Kan De civilisere sligeDyr?

Bjørnstjerne Bjørnson i brev til Arne Garborg ein gong før 1880

Naar hverken Oldnorsk eller Bygdemaal strækker til, naar alle natur-lige Midler slipper op, griber Maalstræverne til de overnaturlige; dabegynder de at trolle. Maalstræverne er store Troldmænd; hvor der

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

22

1 Du finn fleire slike sitat i Den store nynorske sitatboka. Norsk kulturhistorie gjennom 800sitat (2000) av Ottar Grepstad.

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 22

Page 22: Nynorsk for dumskallar

ingen Ord er, der gjør [lager] de Ord, Ord som ingen Tunge har talt,og intet Øre har hørt; det er «Trollmaal».

Professor Johan Storm i Landsmaalet som Kultursprog, 1903

Stupid bonde-«kultur» som velter sig ind paa folk med alt sit haben -gutt [skrap] − sin stenalderdannelse og sine tomme, rosemaltehjerne kister.

Oslo-avis, 1913

Kan ikke De, Skard, tale litt landsmål, så vi kan få noe å le av.Vertinna i eit ungdomsselskap på Oslo vest til gjesten Sigmund Skard,

kring 1920

Herved meddeles at vi ikke antar [godkjenner] elever som taler ogskriver landsmaal.

Brev til ein søkjar frå sjukepleiarskulen ved Ullevål sykehus 31.3.1926

Gjennom skolevæsenets betændte lymfebaner har sotten spredt sigfra de store svulster på Vestlandet; havregjøede spyfluer har sværmetut over landet og slått ned med smittestoffet overalt hvor de fant etstykke uskjærmet hud.

Peter Wessel Zapffe i Frisprog 5.2.1955

Når jeg hører landsmålet i radioen nu blir jeg syk.Alf Larsen i Farmand 28.2.1962

På en del kartonger for skummet melk som Vestfold Meieri har dis-tribuert, er det kommet en annonse med nynorsk tekst. Dette harvakt irritasjon blant konsumentene. Gjennom NRK får folk mernynorsk enn de noensinne kan fordøye, og man ber om å bli spartfor uappetittlige ord på spisebordet.

Reportasje i Tønsberg Blad, kring 1983

OM NYNORSK

23

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 23

Page 23: Nynorsk for dumskallar

Jeg kan ikke lese norsk bygdemål. Det irriterer meg så jeg blir sjukav det. Det virker som en ondskapsfull imitasjon av islandsk.

Den islandske forfattaren Halldór Kiljan Laxness i intervju med NRK, kring 1983

Spørsmål

1. Kvifor fanst det ikkje noko norsk skriftspråk i Noreg tidleg på1800-talet?

2. Korleis kan vi seia at landsmålet til Aasen var eit demokratiskprosjekt?

3. Kva er grunnen til at vi skriv vindauga og hugsa i nynorsk?

NYNORSK FOR DUMSKALLAR

Nynorsk for dumskallar_Layout 1 01.07.13 08.59 Side 24