Upload
vakn
View
238
Download
6
Embed Size (px)
DESCRIPTION
Denne presentasjonen viser kva som er tenkt kring realisering av Sagastad på Nordfjordeid.
Citation preview
Ei opplevingav ei fantastisk historie
SKIPET FUNNA BYGGET
Behov for fleire gode opplevingar
I Nordfjord har vi få attraksjonar for
overlandturar, og turoperatørar og
agentar for cruiserederi er stadig på
jakt etter nye gode landprodukt.
Vi er derfor visse på at eit slikt tilbod vil slå an, og kjem til å legge opp
dei ulike aktivitetane/attraksjonane i senteret slik at det lar seg kombi-
nere med fleire grupper samstundes, og innanfor ei tidsramme som er
akseptabel for dette segmentet.
Sagastadsenteret vil vere ein
etterlengta ny attraksjon i Nordfjord.
Ill. Idar Vingen Engeland/Nordwest 3D
Ill. Arkikon
Ill. Arkikon
Vi har alle ein trong for å kjenne til vår eiga historie, kvar vi kjem frå,
kven forfedrane våre var og korleis dei levde sine liv. Vi er så heldige
at vi lever i eit område som er rikt på arkeologiske funn som kan
fortelje oss ei rik og spanande historie.
Eit behov for å fortelje vår unike historie
KVIFOR BYGGJE SAGASTAD?
Ill. Idar Vingen Engeland/Nordwest 3D
Visjon
Sagastad er eit viten- og presentasjonssenter
for vikingtida som er nasjonalt og internasjonalt
kjend for sine utstillingar og si formidlingsevne.
Ill. Arkikon
Eit fyrtårn for reiselivsnæringa i regionen
Ill. Arild Wåge / Nordplan
Synergiar for næringsliv og reiseliv i Nordfjord, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
Myklebustfunna og Sagastad er Vestlandet sitt svar på Oseberg
– Arkikon
”Sagastad vil gje store synergiar til eksisterande kultur- og næringsliv,ikkje berre i Nordfjord men også i heile Sogn og Fjordane og Møre
og Romsdal.
Sagastad vil vere det einaste senteret av sitt slag på Vestlandet.
Sagastad vil styrke eksisterande reiselivsnæring, og vere ein etter-lengta ny attraksjon som ikkje konkurrerer med noko av det som
allereie finst i regionen eller fylka.
Sagastad vil binde saman aust og vest i destinasjonen, og sør-nord i fylka, noko som vil vere svært gunstig, dersom vi ser på
korleis trafikkstraumane går i dag.
KVA SKAL SAGASTAD VERE?
Eit viten- og opplevingssenter
Sagastad skal byggjast ved fjorden i Nordfjordeid sentrum. Senteret skal stå fram med ein moderne og sjølvsikker profil som skal peikeframover som symbol på ei ambisiøs satsing som skalskape merksemd både nasjonalt og internasjonalt.
Ill. Steinart/Idar Vingen Engeland (Nordwest 3D)
Dei var mange og slitne, hærmennene som vende heim frå slaget ved Solkjel.
I ærleg kamp om Fjordane hadde deira eigen mektige konge stupt for øksa til Harald Hårfagre.
Med trøytte og verkjande hender drog dei det mektige skipet i land og opp til Myklibolstadr.
”
Kong Audbjørn og det over 30 meter lange skipet
BAKGRUNN:
Ill. Arkikon
MYKLEBUSTFUNNA:
Spor etter ei storheitstid
Dei store skipsgravene frå vikingtida er unike og nokre av verdas ypparste ogmest spektakulære arkeologiske skattar. Myklebustfunnet skil seg ut i denne samanhengen sidan det vart brent ved gravferda, og at det er funne i eit av deiviktigaste og rikaste kjerneområda for vikingtida, Nordfjord. Denne grava vartutgreven i 1874, fleire år før Gokstad (1880) og Oseberg (1904), men har kommeheilt i skuggen av desse.
Ill. Arkikon
MYKLEBUSTSKIPET:
Noregs største vikingskip
Så langt vi veit er Myklebustskipet truleg Noregs største vikingskip, 30-34 meter langt, 6,5 m breitt og med ein stamn på ca. 7 meter.
Erfarne båtbyggjarar frå Bjørkedalen i Volda kommune skal byggje det nye Myklebustskipet.
Ill. Arkikon
Myklebust 32 m
Oseberg 21,5 m
Gokstad 23,8 m
Eit kraftsenterpå Vestlandet
Ei tid då vi satte spor etter oss
NORDFJORD
N O R D F J O R D
S U N NMØ R E
S O G N E F J O R D E N
S U N N F J O R D
ÅLESUND
BJØRKEDALENSELJE
VÅGSØY
GLOPPENBREMANGER
SOGNDAL
FLORØ
FØRDE
STRYN
HORNINDAL
GEIRANGER
NORDFJORDEID
Eit områdeprega av stor aktivitet i vikingtida
BERGEN
Det store talet på forhistoriske graver i Nordfjordområdetviser at dette var eit rikt og viktig område i jernalderen.
Myklebustfunnet indikerer at Nordfjordeid har vore sete forei mektig slekt i vikingtida. Her må det ha eksistert eit godtgrunnlag for maktkonsentrasjon, for eit høvdingdømme i merovingartid/vikingtid (600–1000 e.kr.)
Ill. Steinart
EIT MAKTSENTER I NORDFJORD:
Storgarden på Myklebust
GRAVHAUGANE PÅ MYKLEBUST
FORMIDLING:
Eit opplevingssentermed eit innhald som dei fleste i regionen – på vestlandet – i Noreg og verda elles, vil finne interessant å bli nærare kjend med.
Ved å oppleve det rekonstruerteskipet i full storleik, saman med intuitivt forståelege rekonstruk-sjonar av grava og gravgodset,legg ein grunnlaget for historieneom kong Audbjørn, menneska ogsamfunnet i Nordfjord i vikingtida.
Ta del i historia
Ill. Arkikon
Ill. Steinart/Idar Vingen Engeland (Nordwest 3D)
Sagastad / bygg og tomt
Eit praktbygg – der det høyrer heime
Ill. Steinart/Idar Vingen Engeland (Nordwest 3D)
BYGG OG TOMT:
På rett plass Senteret vert utforma slik at ein kjenner att gravhaugane på Myklebust så vel som vanlege sjøbuer og jamvel eit kvelva skip.
Bygget har ein diameter på 38 m, noko som omlag svarar til storleiken på gravhaugen(Rundehågen) inklusive vollgrav på 4 m. Bygget er på 1031 m2.
Sagastad vert bygt på den mest attraktive tomta i Nordfjordeid, nær fjorden og med eit praktfulltparkanlegg rundt seg. Tomta ligg mindre enn 300meter frå gravhaugane på Myklebust.
LokalmarknadenEid kommune
• Innbyggjarar mellom 5-70 år
Regionalmarknaden
• Innbyggjarar mellom 5-70 år innanfor 1,5 t køyretid frå Nordfjordeid
• Innbyggjarar mellom 5-70 år innanfor 2 timars køyretid frå Nordfjordeid
Turisttrafikk
• Norske individuelle og gruppereiser med overnatting i Nordfjord
• Utanlandske individuelle og gruppereiser med overnatting i Nordfjord
• Rundreise-gjester
Cruise
• Cruisepassasjerar Olden
• Cruisepassasjerar Geiranger
Skuleelevar/Studentar
• Grunnskuleelevar
Bedriftsmarknaden
• Bedriftsgrupper• Lag/Organisasjonar
MARKNADSGRUNNLAG: Sagastad vil i hovudsak rette seg mot følgjande marknadssegment:
Lokalmarknaden og regionalmarknadenInnanfor 2 timars køyring rundt Nordfjordeid bur nær 162.000 menneske. Desse tala er basert på personar mellom 5 og 70 år som ei potensiell brukargruppe.
TuristtrafikkI segmentet for turisttrafikk er tala utrekna på basis av gjestedøgn-statistikk for Nordfjord, delt opp i nordmenn og utanlandske rei-sande. På denne måten fangar vi opp både individuelt reisande oggruppereiser.
Markedssegment Grunnlag Prosent Besøkande normtal
Eid kommune 4 900 15% 735
Lokale besøk innanfor 1,5 time 72 729 5% 3 636
Besøk innanfor 2 timars køyretid 88 839 3% 2 665
Cruisepassasjerar Olden 2013 110 000 15% 16 500
Cruisepassasjerar Geirangert/Hellesylt 2013 320 000 8% 25 600
Turistar m/overnatting i Nordfjord - norske ind. og gruppereiser 185 642 15% 27 846
Turistar m/overnatting i Nordfjord - utland ind. og gruppereiser 98 538 7% 6 898
Rundreise/turisttrafikk 178 000 2% 3 560
Skuleelevar grunnskulen 5 871 20% 1 163
Bedriftsmarknaden/lag/organisasjonar 500
ÅRLEGE BESØKSTAL 89 103
Museum/Senter Besøkstal 2012Jostedalsbreen Nasjonalparksenter 65 000Atlanterhavsparken, Ålesund 92 000Norsk Bremuseum, Fjærland 40 000Briksdalsbreen 280 000Vikingskipsmuseet, Bygdøy 401.000
(2010)
Vikingmuseet på Borg, Lofoten 75 000
Marknadsgrunnlag
INVESTERINGSBUDSJETT
Tomt
Bygg
Skip
Utstillingar
SUM inveSteringar
NOK eks. mva
10 000 000
30 000 000
14 000 000
15 000 000
69 000 000
KAPITALBEHOV
Sum investeringar
Driftskapitalbehov for drift og oppstartsfase
SUM inveSteringar
NOK eks. mva
69 000 000
4 200 000
73 200 000
Investeringsbudsjett
FINANSIERINGSPLAN BYGG
Aksjekapital/tomteverdi frå Stiftinga Sagastad
Aksjekapital frå Eid kommune
Ny aksjekapital
Tilskot/lån
SUM FinanSiering
NOK eks. mva
10 000 000
1 000 000
8 000 000
21 000 000
40 000 000
FINANSIERINGSPLAN UTSTILLINGAR / SKIP / DRIFT
Eigenkapital/eigenfinansiering
Tilskot/lån
SUM FinanSiering
NOK eks. mva
15 000 000
18 200 000
33 200 000
Finansieringsplan
Driftsbudsjett 2018 2019 2020
Salsinntekter billettar 6 518 778 7 915 659 9 312 540
Sal suvenirar 1 955 633 2 374 698 2 793 762
Arrangement 300 000 300 000 300 000
Donasjonar/medlemskap/marknadsbidrag 400 000 400 000 400 000
Sum inntekter 9 174 411 10 990 357 12 806 302
Varekjøp 1 368 943 1 662 288 1 955 633
Avskrivingar utstillingar 2 000 000 2 000 000 2 000 000
Lønn og sosiale kostnader 2 340 000 2 410 200 2 482 506
Husleige 2 300 000 2 300 000 2 300 000
Driftskostnader bygg 450 000 463 500 477 405
Drifts- og vedlikehaldskostnader utstillingar 450 000 463 500 477 405
Marknadsføringskostnader 600 000 600 000 600 000
Ekstraordinære oppstartskostnader 1 500 000 - -
Andre kostnader 550 000 566 500 583 495
Sum kostnader 11 558 943 10 465 988 10 876 444
Driftsresultat -2 384 532 524 368 1 929 858
Finansinntekter
Finanskostnader 600 000 600 000 600 000
netto finanspostar -600 000 -600 000 -600 000
Årsresultat før skatt -2 984 532 -75 632 1 329 858
Føresetnader besøkstal: Det vurderte potensialet på om lag 89.000besøkande føreset vi blir nådd i 2020. Det er lagt inn ei opptrapping av besøkstala:2018: 62 300, 2019: 75 700.
Gjennomsnittleg billettpris: NOK 105,-. I budsjettet er det kalkulert med ei gjennomsnittleg bruttoforteneste på sal av suvenirar på 30%.
Driftsbudsjett
Dagleg leiar
StyreOrganisering
Styret i Stiftinga SagastadStyrets leder Tøger Lien
Styremedlem Kjell Arvid Storeide
Styremedlem Nils Asbjørn Gjerland
Styremedlem Roger Bergset
Styremedlem Alfred Jens Bjørlo
Styremedlem Cecilie Bjørlo
Styremedlem Solveig Olaug Midtbø
Revisor Hovden & Vatne Statsautoriserte Revisorar AS
Logosymbolet – eller bumerket – til Sagastad er designa etter inspirasjon av Myklebustmannen og ornamentikken på «drakta» hans.
Kva denne enkle forma betyr veit vi lite om, men vi tolkar denne som;
• ein S (Sagastad)• grunnmuren i eit bygg• open og søkjande• ein del av ein heilheit – kultur, historie, kunst, kunnskap, osv.
Vidare legg vi til verdiar som;
• styrke
• sjølvsikkerheit
• soliditet
• stoltheit
• tydeleg, osv.
Logoen vår skal vere andletet utad og skal verebodberar for Sagastad-senteret sin eigenart ogverdiar – samtidig som den gjev eit bilde av einryddig og sjølvsikker organisasjon.
Uttrykket i logoen er både klassisk og moderne på same tid, og skal knyte saman fortid medframtid.
Bumerket
Ein bodberar for Sagastad sin eigenart
B l i med og s kap den nye h i s to r i a
S t i f t i n g a S a g a s t a d 0 9 . 2 0 1 4
DES IGN : STE INART . I L LUSTRASJONAR/FOTO : No rdp l an /A r i l d Wåge , A r k i kon , S t e i n a r t , I d a r V i ngen Enge l and /No rdwes t 3D