12
Org. nr. 980 026 655 Årsmelding 2014

Pro årsmelding 2014

Embed Size (px)

DESCRIPTION

PRO – Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri

Citation preview

Org. nr. 980 026 655

Årsmelding2014

2

Årsmelding 2014

FORMÅL

Opplæringskontoret sitt formål er å planleggje, gjen-nomføre og koordinere fagopplæring innan prosess og mekanisk industri i Sogn og Fjordane i samsvar med Op-plæringslova, med forskrifter. Opplæringskontoret skal dessutan leggje til rette og bidra med gjennomføringa av generell kompetan-seutvikling i medlemsbedriftene innanfor dei områda som er aktuelle. Kontoret skal vere ein møteplass i op-plæringsspørsmål for medlemsbedriftene. Opplæringskontoret skal vere koordinator og pådrivar i informasjonsarbeidet ovanfor elevar, lærarar, rådgje-varar og foreldre som er knytte til grunnskulen og vgs. Opplæringskontoret sitt virkeområde er alle fag som det har godkjenning for å drive fagopplæring i. Opplæringskontoret skal vere organisert som ei stifting. Stiftinga er ideell.

FØLGJANDE BEDRIFTER HAR VORE MEDLEM I PRO 2014:

Avery Dennison NTP ASBilfinger Industrial Services, HøyangerBilfinger Industrial Services, SvelgenBilfinger Industrial Services, ÅrdalCermaq ASElkem ASEwos ASFelleskjøpet Agri ASFiskvegn ASFjordPipe ASFørde Mekaniske Industri ASHagen ASHalliburton ASHardangerfrakt ASHaug Offshore ASHavyard Ship Technology ASHellenes ASI.O.S Tubular Managements ASKlausen Industrier Svelgen ASKMI - Kleive Mekaniske Industriservice ASLMI – Luster Mekaniske Industri ASNesseplastNomek ASNorway Pelagic AS, KalvågNorway Pelagic AS, FlorøNyrstar ASOM Marine Service ASPetal ASRørlegger R. Nigardsøy

SafeClean ASSaint Jean Wheels ASSolheim Diesel ASSolund Verft ASStaro Tech ASStryvo ASSunnfjord Industri ASSwire Oilfield Service ASTeekay Petrojarl ASTessVik Ørsta ASWergeland Holding ASWISWISSYndestad Mekaniske ASØsterbø Maskin AS

NYE BEDRIFTER I 2014:

FMC Technologies ASGas Tech ASStadpipe AS Stryvo Bismo AST. Frivik Taubanedrift AS

STIFTINGA HAR HATT FØLGJANDE STYRESAMANSETTING:

7 medlemar Trudi Vågene, leiarKjell Nesse Jan Tore HaugeAnders Haugen Audun Erik SundeStein KvalsundBente Nesse

Styret har hatt sju styremøte, og behandla 33 saker.Det vart utbetalt styrehonorar til styret med kr. 15.000,- til styreleiar og kr. 10.000,- til andre styremedlemar. Sty-remedlemar som ikkje har delteke på styremøte får ikkje utbetalt honorar. Medlemskontingent er lik basistilskot. Det vart ikkje kravd anna kontingent.

Stryvo Bismo AS – ny lærebedrift 2014.

3

TILSETTE PRO 2014

DAGLEG LEIARJorunn Eide Kirketeig

Administrasjon, opplæringskonsulent og lærling har i 2014 utgjort fire årsverk. Det er fire fulltidstilsette, her-av ein lærling. REVISORFjordane Inter Revisjon

BANKFORBINDELSESparebanken Sogn og Fjordane

REKNESKAPRegnskapssentralen

PRO SØR-TRØNDELAG OG OPPLAND

Det er ei bedrift i Sør-Trøndelag og ei bedrift i Oppland som er knytt til PRO. Lærlingane i Sør-Trøndelag og Opp-land får same oppfølging som lærlingar i Sogn og Fjord-ane.

PLASSERING AV ULIKE KURS I VIDAREGÅANDE SKULE I SF I 2014

Sogn og Fjordane hatt tilbod om vg1 Teknikk og industriell produksjon ved åtte vidaregåande skular. Vg2 industri- teknologi har vore eit tilbod ved sju skular i Sogn og Fjord- ane. Vg2 Kjemiprosess har vore eit tilbod ved ein skule i Sogn og Fjordane. Vg2 Brønnteknikk har vore eit tilbod ved ein skule i Sogn og Fjordane.

Bedriftene fekk det tal lærlingar dei skulle ha. Nokre bedrifter valde å ikkje ta inn lærlingar i 2014. I hovudsak var grunngjevinga at søkjarane ikkje hadde lokal tilknyt-ing.

Det stod ti søkjarar til læreplass i industrimekanikar- faget som ikkje fekk læreplass. Det vart jobba med å få bedrifter til å ta inn fleire lærlingar.

Framleis skapar Kunnskapsløftet utfordring med ulik bakgrunn blant lærlingar i same fag som kjem frå ulike skular. Som tidlegare år merkar vi at elevane har hatt mindre fordjuping i skulen, noko som medfører at vi må gjennomføre teoriopplæring i læretida.

LÆRLINGSAMLING

PRO har gjennomført oppfølgingsmøte og halvårlege vurderingar med kvar enkelt lærling i samsvar med plan, kvar åttande veke, og tettare for dei som har behov for det. Kandidatar for avklaring til læreplass og lærekandi-datar får tettare/minst så tett oppfølging.

Det har vore gjennomført vintersamling på Hemsedal med god oppslutnad.

Teoriundervisning for lærling i elektrikarfaget har vore kjøpt av opplæringskontoret for elektrofag, som har nytta E-lærlingen. Oppfølging og teoriundervisning av lærlingar i repr. tunge køyretøy har vore gjennomført av bilbransjen sitt opplæringskontor. PRO opprettheld sitt medlemskap med BOK.

LÆRLING KICK-OFF

Pro gjennomførte lærling kick-off i mai for alle lærlin-gane med fagleg og sosialt innhald. Lærling kick-off har fokus på samarbeid, tryggleik og trivsel. Samarbeids- partnarar er Vegvesen, Jølster rafting, NMK Sunnfjord – Kråkenesmarka gokartsenter. Foredragshaldar var Egil Søby.

INTERNASJONALISERING

Utveksling 2014 vart gjennomført i januar og februar med reell utveksling, vi tok først imot lærlingar frå BASF før våre lærlingar reiste til BASF i Ludwigshafen.

PRO har inngått samarbeid med Latvia og Vocational Education Competence Centre Riga State Technical School om utveksling av lærlingar frå og med våren 2015.

SAMARBEID SKULE-NÆRINGSLIV

Det har ikkje vore aktivitet i TIP-nettverket i 2014. Pro har som mål å auke samarbeidet med vidaregåande skule og delta i aktuelle nettverk.

Teambuilding på Lærling kick-off!

4

YRKESKONKURRANSE – WORLD SKILLS

PRO deltok på Noregsmeisterskap i yrkesfag for første gong. Det var lærlingane Terje Kvam Sæterdalen og Eivind Molland frå LMI som deltok. Dei gjorde ein god inn-sats og utmerka seg positivt. LMI la godt til rette for at lærlingane fekk tid i forkant av konkurransen til å trene. I tillegg måtte lærlingane nytte eiga fritid til å førebu seg og trene til oppgåvene.

Vg3

PRO vart utfordra av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Øyrane vidaregåande skule til å gjennom- føre eit Vg3 kurs i fleire retningar for kandidatar som av ulike årsaker stod utan læreplass hausten 2013. Kurset vart gjennomført av PRO i samarbeid med ITM, Vik Ørsta, WIS, Klausen Industrier Svelgen og Hellenes. Det be-gynte seks kandidatar, ein valde å slutte for å byrje i arb-eid, dei andre fem fullførte med fagbrev.

YRKESKONKURRANSE SOM PEDAGOGISK VERKTØY

Yrkeskonkurranse er ein læringsmetode som ser ut til å inkludere alle. Elevar og lærlingar kan delta og ut-vikle sine teoretiske og praktiske kunnskapar gjennom

konkurranse etter same modell som dei vil kjenne igjen når dei skal opp til fagprøve. Alle kan delta og alle vil opp- leve å meistre. PRO har sett på modellen som vår kollega i Oslo og Akershus har nytta og jobbar for å få den inn i nettverksarbeidet med skulane. Vi vil jobbe vidare med ein modell som passer for konkurranse mellom lærlingane.

OPPLÆRINGSPLANER

I samarbeid med medlemsbedriftene jobbar PRO aktivt for å få på plass aktive og gode opplæringsplaner. Det vert gjort gjennom instruktøropplæring og kontakt med faglege leiarar. Det skal vere opplæringsplaner som er i samsvar med nasjonale læreplaner i alle lærebedriftene.

Arbeidet med å få bedriftene til å bli meir bevisst på at læretida består av opplæring og verdiskaping fortset. Det er eit viktig arbeid for at lærlinginntaket skal være ein naturleg del av bemanningsplanen. Aktiv fagut- danning skal auke konkurranseevna til bedrift og gje ungdom god utdanning – fagbrev.

KURSAKTIVITET I 2014

Logistikk-kurs i Florø med 12 deltakarar.Industrimekanikar /produksjonsteknikk-kurs i Førde med 7 deltakar.Sveisekurs for alle sveiselærlingane.Varme arbeid.Dokumentert sikkerheitsopplæring: Personløfter m/fallsikring.Sertifisert sikkerheitsopplæring: Modul 1.1, Motvekts truck KL 4, Løftredskap, Bro-Traverskran

PRØVENEMNDER

PRO meiner det er viktig at instruktørar og prøvenemnder er på same arena. Faglege leiarar frå medlemsbedrifter har vore med og utvikla ein forbetra modell for vurdering av fagprøve. Modellen vart utvikla tverrfagleg ilag med prøvenemnd frå heilt anna fagutdanning, noko som viser at vurderingskriteria kan være like. Modellen er lagt ut på Sogn og Fjordane fylkeskommune si heimeside.

«TENNING PÅ TEKNOLOGI»

Traileren Tenning på teknologi er for lite i bruk. Det er eit mål å få til auka bruk i samarbeid med vidaregåande skular i TIP nettverk .

STUDENTTEAM

PRO har knytt til seg fire studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, samt to studentar ved fagskulen i Sogn og

Læretid i Østerrike.

5

Fjordane ( tidlegare lærlingar i PRO ). Dei har jobba aktivt på messer og ved skulebesøk og kjem til å jobbe vidare med å utvikle aktivitetar som aukar interessa for industri- fag og teknologi. Studentteamet vil bli supplert årleg med nye studentar når nokon er ferdig utdanna.

NORSK INDUSTRI – NI

PRO er medlem i Norsk Industri, med ordinært medlem-skap. PRO har delteke på alle samarbeidsmøte mellom opplæringskontora i regi av NI. PRO har delteke på NI sin årlege konferanse – Opplæringsledelse. Vi deltok med alle tilsette, også lærlingen.

OKSU- opplæringskontora sitt samarbeidsutvalDet er lagt opp til fellesmøte og dialogmøte mellom arbeidsutvalet i fagopplæringsnemnda og OKSU. FATEK - Fagopplæring i Teknologi-industrien (eit samarbeidsorgan for opplæringskontor i industrien) PRO deltok på FATEK si årlege samling.

SKULARPRO har gjennomført informasjonsmøte i 10. klassar, samt delteke på andre arrangement i samband med program- fag til val for 8., 9. og 10. klasse. PRO har delt ut utstyrspakke, kjeledress og vernesko til alle elevar ved Teknikk og industriell produksjon, Kjemi-prosess og Industriteknologi for skuleåret 2014 til 2015. Dette kostar oss i overkant av 300.000,- PROFILERING

Heimesida er forbetra og meir brukarvenleg.

SOMMARAKADEMIET – FARM HOUSE

Tre studentar jobba med å utforme kommunikasjons-strategi. Det var sommarjobb i regi av Farm House og Sommarakademiet.

FACEBOOK

PRO er på Facebook. Vi likar oss på Facebook og treff lærlingar, framtidige lærlingar, samt ein del bedrifter der. Dette er det sosiale mediet der vi kan være litt uhøgtid- elege og kan vise både morosame bilete frå lærlings- aktivitetar og fagstoff. I tillegg vert aviser og andre ny-hendekanalar gått gjennom kvar dag. Vi legg ut aktuelt stoff om fagopplæring generelt og gode historier frå våre lærlingar og medlemsbedrifter spesielt.

PRO-AKTIV

Det vart gitt ut to «PRO-Aktiv» i 2014. «PRO-Aktiv» er ei avis i papir- og nettutgåve, som tar for seg relevant stoff om fagopplæring i industrifag og små og store hendingar

På skulebesøk ved Stryn VGS.

Deltakarar YrkesNM i Verdal, i blått deltakarane frå LMI.

6

i våre lærebedrifter. Avisa tar for seg korleis søkje lære-plass og aktuelle fristar. I tillegg profilerer vi nye og gam-le bedrifter, lærlingar og aktuelle lærefag. I 2014 laga vi i tillegg ei utgåve som vart delt ut under fiskerimessa i Trondheim. Avisa var tilpassa for å vise fiskerinæringa at også dei treng lærlingar og fagfolk i vedlikehaldsfag m.m. om bord på båtane.

PRO

PRO har jobba i tråd med dei krav som er sett opp gjen-nom vedtektene og i samsvar med fatta årsmøtevedtak og styrevedtak. PRO har gjort sitt for å få ei positiv vink-ling på sine medlemsbedrifter som gode lærebedrifter.

Arbeidsmiljø: Styret og dagleg leiar vurderer arbeidsmil-jøet til å være godt. Betring av arbeidsmiljø er eit konti- nuerleg arbeid, alle står fritt til å ta opp aktuelle saker og det vert vektlagt trygt arbeidsmiljø.

Sjukefråvær: Det er registert 4,4 % sjukefråvær i 2014. Dette skuldast ein ekstraordinær situasjon som ligg utenfor arbeid i PRO. Det er ikkje registrert skader.

Likestilling: Det er tilsett ei kvinne som dagleg leiar, ei kvinne som administrasjonssekretær og ein mann som opplæringskonsulent og ei kvinne, som lærling i kontor- og administrasjonsfaget. PRO har ivareteke både indre og ytre miljø.

TILSETTE HAR UTTALT KVA SOM MOTIVERA DEI MED JOBBEN I PRO:

Wenche Tollefsen, administrasjonssekretær seier, ref-erert: «Inspirerande med kvar enkel ungdom som får seg lærekontrakt, utviklar seg gjennom læretida og stolt tek imot fagbrevet sitt etter endt læretid.»

Geir Johme , opplæringskonsulent seier, referert: «Inspirerande å jobbe med yrkeskonkurransar for då får alle ei moglegheit til å vise seg fram, uansett bak-grunn. Det handlar om å gje alle ei moglegheit. Kjekt å møte motiverte lærlingar som vil fram og opp, og seinare høyre at dei har fått fagbrev og jobb. Eg er nok minst like spent som lærlingen på resultatet på fagprøven. Eg får sjå Sogn og Fjordane på godt og vondt og registrerer at behovet for fagfolk er stort.»

Kristine Bruheim, lærling i kontor- og administrasjons- fag hos PRO, seier, referert: «Det er kjekt å kunne bidra til at andre lærlingar får ei god læretid både fagleg og sosialt, samtidig som eg lærer mykje eg kjem til å ha med meg resten av livet. Det er inspirerande når ein ser at det arbeidet ein legg ned er meiningsfullt og til nytte for andre.»

Jorunn Eide Kirketeig, dagleg leiar, seier, referert:«Kvar dag møter eg lærlingar og lærekandidatar som gjer meg påfyll av ungdommeleg kunnskap og utford-ringar. Lærebedrifta og vi skal saman sørgje for at den einskilde lærling og lærekandidat får nytte kunnskapen og påfyll av ny læredom fram til fagbrev, for lærling og kompetansebevis for lærekandidaten. Det vil bidra til auka konkurranseevne for bedrifta.»

Det har vore 180 lærekontrakter knytt til PRO i 2014.PRO har i alt teikna 50 nye lærekontrakter i 2014.Det har vore heva tre lærekontrakter. 57 lærlingar har gått opp til fagprøve, av desse var det 33 som fekk bestått mykje godt, 23 som fekk bestått og ein som fekk ikkje bestått. Lærlingen som fekk ikkje

Oppstartsmøte.

Skriving av kontrakt.

7

bestått gjekk opp til ny prøve og fekk karakteren bestått mykje godt. Det har vore tre opplæringskontrakter i PRO i 2014, for-delt på tre ulike bedrifter.

LÆRLING- OG BEDRIFTSUNDERSØKING 2014

Undersøking blant 2. års lærlingane vart gjennomført i 2014. Resultat viser at PRO har lærlingar som i all hovud-sak trivast på arbeidsplassen og kjenner seg inkludert. Dei aller fleste er bevisst på sin opplæringsplan. Vi har null toleranse for mobbing og syns ikkje det er greitt at ein har svart at han/ho føler seg mobba av og til. Det kjem fram at nokre kunne ønskje seg meir støtte og hjelp av arbeidskollega i det daglege. Samstundes kjem det fram at dei fleste er godt nøgd med oppfølging og vurdering både frå bedrift og PRO.

Undersøking blant bedriftene viser at dei i all hovudsak er godt nøgd med tilrettelegging, oppfølging og støtte frå PRO. Det er likevel ei bedrift som ønskjer seg ei meir aktiv rolle frå PRO, utan at det er spesifisert kva ein øn-skjer meir av, eventuelt om det kan være nye tiltak ein ønskjer at PRO skal gjere for bedriftene.

For nokre bedrifter ser det ut til at det kan være eit ønskje å få hjelp til å utvikle systematisk samarbeid mellom bedrift og skule, spesielt for å legge betre til rette for prosjekt til fordjuping. Det er bedrifter som meiner dei kan bli meir bevisst på å utvikle instruktørane si peda- gogiske kompetanse.

MÅLTALL FOR KVALITET

PRO vil frå og med 2015 setje inn måltall i årsmeldinga. Tala skal vise samanheng mellom dei område styret vil

ha fokus på og oppnådd resultat. Gjennomstrømming er viktig og styret og leiing seier seg nøgd med at det kun har vore tre heva kontrakt i 2014. Sida PRO meiner trygg-leik og trivsel er grunnleggjande for læring er det eit måltal som vi vil ta med i det vidare arbeidet.

Med bakgrunn i undersøkingane, samt oppfølging med eigene undersøkingar vil styret sette måltall som gjer PRO betre i stand til å gjere bedriftene enda betre i sitt arbeid med lærlingar og lærekandidatar.

KVALITETSIKRING – KSHausten 2014 føretok Sogn og Fjordane Fylkeskommune revisjon av PRO sitt KS-system. Fagopplæringsnemnda fatta vedtak om at PRO sitt KS-system er i samsvar med Opplæringslova.

RETTVISANDE OVERSIKT OVER UTVIKLING OG RESULTAT

I 2014 vart driftsinntekter kr. 6.969.754,- Styret og dagleg leiar er tilfreds med eit overskot på kr. 1.200.289,-. Eigen- kapitalen er pr. 31.12.14 på kr. 9.423.980,-.

Årets overskott vart høgre enn budsjettert overskott grunna lågare lønnskostnader.

Styret og dagleg leiar ser den solide eigenkapitalen som ein tryggleik for at ein kan fortsetje og vidareutvikle drif-ta av opplæringskontoret. Den likvide stillinga er også svært tilfredsstillande. Styret og dagleg leiar meiner det er rett å leggje føreset-nad om fortsatt drift til grunn ved framlegging av årsrek-neskapen. Styret har oppnådd årsmøtet sitt intensjonar for driftsåret 2014.

Førde, den 12. mars 2015

Trudi Vågane Kjell Nesse Jan Tore Hauge Anders Haugen Styreleder Styremedlem Styremedlem Styremedlem

Audun Erik Sunde. Stein Kvalsund Bente Nesse Jorunn Eide KirketeigStyremedlem styremedlem styremedlem - dagleg leiar -

8

Årsrekneskap 2014

RESULTATREKNESKAP

Driftsinntekter og driftskostnader NOTE 2014 2013

Tilskot 6 564 947 5 675 044

Annen driftsinntekt 404 808 596 858

Sum driftsinntekter 6 969 754 6 271 902

Direkte kostnader lærlinger og kurs 1 582 773 1 216 475

Lønnskostnad 5 2 158 762 2 727 008

Avskrivning på driftsmidler 1 220 220 223 020

Annen driftskostnad 5 1 955 391 1 508 290

Sum driftskostnader 5 917 145 5 674 793

Driftsresultat 1 052 609 597 109

Finansinntekter og finanskostnader

Annen renteinntekt 134 967 114 368

Annen finansinntekt 13 155 13 454

Annen rentekostnad 442 1 345

Resultat av finansposter 147 680 126 477

Resultat før skattekostnad 1 200 289 723 586

Årsoverskudd 1 200 289 723 586

Overføringer

Avsatt til annen egenkapital 1 200 289 723 586

Sum overføringer 1 200 289 723 586

9

BALANSE PR. 31. DESEMBER 2014

Eiendeler NOTE 2014 2013

Anleggsmidler

Varige driftsmidler

Driftsløsøre, inventar o.a. utstyr 1 533 300 734 001

Sum varige driftsmidler 533 300 734 001

Sum anleggsmidler 533 300 734 001

Omløpsmidler

Fordringer

Kundefordringer 2 123 353 160 663

Andre kortsiktige fordringer 445 171 527 241

Sum fordringer 568 524 687 904

Bankinskudd, kontanter o.l. 3 9 919 152 7 716 385

Sum omløpsmidler 10 487 676 8 404 289

Sum eiendeler 11 020 976 9 138 290

Egenkapital og gjeld

Opptjent egenkapital

Annen egenkapital 9 423 980 8 223 692

Sum opptjent egenkapital 9 423 980 8 223 692

Sum egenkapital 9 423 980 8 223 692

Kortsiktig gjeld

Leverandørgjeld 335 644 50 446

Skyldig offentlige avgifter 231 877 252 725

Annen kortsiktig gjeld 4 1 029 475 611 428

Sum kortsiktig gjeld 1 596 996 914 598

Sum gjeld 1 596 996 914 598

Sum egenkapital og gjeld 11 020 976 9 138 290

Førde, den 12. mars 2015

Trudi Vågane Kjell Nesse Jan Tore Hauge Anders Haugen Styreleder Styremedlem Styremedlem Styremedlem

Audun Erik Sunde. Stein Kvalsund Bente Nesse Jorunn Eide KirketeigStyremedlem styremedlem styremedlem - dagleg leiar -

10

Notar til årsrekneskapen for 2014Regnskapsprinsipper: I årsregnskapet er alle poster verdsatt og periodisert i overensstemmelse med regnskapslovens bestem-melser og reglene som følger av god regnskapsskikk.

Klassifisering: Eiendeler bestemt til varig eie eller bruk, samt fordringer med forfall mer enn ett år etter balansedagen er medtatt som anleggsmidler. Øvrige eiendeler er klassifisert som omløpsmidler. Gjeld som forfaller senere enn et år etter regnskapsperi-odens utløp er oppført som langsiktig gjeld.

Varige driftsmidler og avskrivninger: Varige driftsmidler er vurdert til historisk kost etter fradrag for bedriftsøkonomiske avskriv-ninger som er beregnet på grunnlag av kostpris og antatt økonomisk levetid.

Fordringer: Fordringer er oppført i balansen med fordringens pålydende etter fradrag for konstaterte og forventede tap.

Driftsinntekter og kostnader: Inntektsføring skjer etter opptjeningsprinsippet som normalt vil være leveringstidpunktet for varer og tjenester. Tilskudd er inntektsført når de er mottatt. Kostnader medtas etter sammanstillingsprinsippet, dvs at kostnader med-tas i samme periode som tilhørende inntekter inntektsføres.

NOTE 1 Varige driftsmidler

Transportmidler Kunnskapstrailer Driftsløsøre, inventar, verktøy etc. TOTALT

Anskaffelseskost 1.1. 1 010 000 1 074 723 871 580 2 956 303

Tilgang kjøpte driftsmidler 42 720 42 720

Avgang -375 000 0 0 -375 000

Anskaffelseskost 31.12. 635 000 1 074 723 914 300 2 624 023

Akkumulerte avskrivninger 31.12. 261 000 1 074 723 755 000 2 090 723

Balanseført verdi pr. 31.12. 374 000 0 159 300 533 300

Årets avskrivninger 95 000 0 125 220 220 220

Økonomisk levetid 7 år 5 år 5 år

Avskrivningsplan Lineær Lineær Lineær

NOTE 2 Kundefordringer

Vurdering av kundefordringer 2014 2013

Vurdert til pålydende 140 353 160 663

Avsatt til dekning av usikre fordringer 17 000 0

Bokført verdi pr. 31.12. 123 353 160 663

Bokførte tap på fordringer fremkommer slik:

Konstaterte tap på fordringer 0 0

Endring delkredereavsetning pr 31.12. 17 000 0

Inngått på tidligere avskrevne fordringer 0 0

Tap på fordringer 17 000 0

NOTE 5 Lønnskostnader, antall ansatte, godtgjørelser, lån til ansatte m.m.Lønnskostnader 2014 2013

Lønninger 1 706 102 2 124 363

Arbeidsgiveravgift 239 632 271 782

Pensjonskostnader 160 391 238 190

Andre ytelser 52 636 92 672

Sum 2 158 761 2 727 007

Gjennomsnittlig antall ansatte: (utenom desse fleire kursholdere på timebasis) 4 4

Ytelser til ledende personer: Daglig leder Styret

Lønn 802 933 0

Annen godtgjørelse 158 116 0

Styrehonorar 75 000 0

Revisor: Det er kostnadsført honorar til selskapets revisor med kr 32.300,-.

Obligatorisk tjenestepensjon: Foretaket har pensjonsordning etter lov om obligatorisk tjenestepensjon. Pensjonsforpliktelsen

er ikke balanseført, og den årlige pensjonpremien anses som årets pensjonskostnad. Foretaket har ytelsepensjon.

NOTE 4 Annen kortsiktig gjeld

Annen kortsiktig gjeld består av: 2014 2013

Skuldige lønn og feriepenger 242 884 210 960

Tilskot til utbetaling til bedrifter 674 775 385 883

Annen kortsiktig gjeld 111 815 14 584

Annen kortsiktig gjeld 31.12. 1 029 474 611 427

NOTE 3 Bundne midler

I posten inngår bundne bankinnskudd med kr 150.353,-

11

12

PRO Opplæringskontoretfor prosess og mekanisk industri

ConcordbyggetFirdavegen 6

Postboks 4926803 Førde

Tlf.: 57 83 22 60Fax: 57 83 22 45

Org. nr.: NO 980 026 655 MVA

www.pro.sf.no