28
PROSPEKT Stiftinga Sagastad Prospektet er utarbeidd av stiftinga sitt interimsstyre april 2014

Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

  • Upload
    vakn

  • View
    231

  • Download
    3

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Sagastad skal vere eit kombinert viten- og opplevingssenter, og byggjast ved fjorden i Nordfjordeid sentrum. Ein sentral del av utstillinga i Sagastad er Myklebustskipet, truleg det største vikingskipet ein har funne restane av. Skipet skal byggjast i full målestokk, ca. 30 m langt og 6,5 m breitt. Skipet skal kunne seglast på fjorden, men vil store deler av året vere utstilt i og ein av hovudattraksjonane i Sagastad. Dette prospektet er utarbeidd av stiftinga sitt interimstyre i 2014.

Citation preview

Page 1: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

P R O S P E K T

Stiftinga SagastadProspektet er utarbeidd avstiftinga sitt interimsstyre

april 2014

Page 2: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

2

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

«Myklebustmannen». Beslag på bronsekjele. Foto: Arkikon

Page 3: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

InnhaldDEFINISJONAR 4ANSVARSERKLÆRING 4

1. SAGASTAD – BAKGRUNN 5

2. FØREMÅL OG VISJON 7

2.1 Kvifor byggjer vi Sagastad? 7

2.2 Føremålet til Stiftinga Sagastad 7

2.3 Visjon 7

3. KVA SKAL SAGASTAD VERE? 8

3.1 Dei ulike historiene 9

3.1.1 Myklebustfunna 10

3.1.2 Myklebustskipet 11

3.1.3 Nordfjorden 12

4. FORMIDLING 13

5. BYGG OG TOMT 15

6. MARKNADSGRUNNLAG 17

6.1 Lokalmarknaden og regionalmarknaden 17

6.2 Turisttrafikk 17

6.3 Cruise 18

6.4 Skuleelevar/studentar 18

6.5 Bedriftsmarknaden 19

6.6 Samanliknbare attraksjonar 19

6.7 Besøksgrunnlag 19

6.8 Synergiar for næringsliv og reiseliv i Nordfjord, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal 20

7. ORGANISERING 21

7.1 Samarbeidande organisasjonar 21

8. BUDSJETT 22

8.1 Investeringsbudsjett 22

8.2 Kapitalbehov 22

8.3 Finansieringsplan 22

8.4 Driftsbudsjett 23

9. RISIKOFORHOLD 24

9.1 Generelt 24

9.2 Spesielt om marknadsrisiko 24

9.3 Spesielt om økonomisk risiko 24

10. FRAMLEGG TIL VEDTEKTER 25

3

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Page 4: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

DEFINISJONAR

Følgjande uttrykk eller forkortingar er nytta i prospektet:

SUS: Selskap under stifting.

Stifting: Selskapsform regulert gjennom Lov om stiftelser (Stiftelsesloven). Ei stifting er definert som (§ 2): « .. en formuesverdi som ved testamente, gave eller annen rettslig disposisjon selvstendig er stilt til rådighet for et bestemt formål av ideell, humanitær, kulturell, sosial, utdanningsmessig, økonomisk eller annen art.»

Stiftinga Sagastad vert ei næringsdrivande stifting.

(Det er såleis å merke at i motsetnad til eit aksjeselskap vil den som her teiknar seg gje frå seg råderetten over midlane. Det teikna beløpet gjev ikkje rett til utbyte eller stemmerett/representasjon i stiftinga sine organ. Øvste organ i stiftinga er styret, som pliktar å forvalte midlane i samsvar med føremålet til stiftinga.)

ANSVARSERKLÆRING

Dette prospektet er utarbeidd i samband med skipinga av og reising av kapital til Stiftinga Sagastad.

Interimsstyret i Stiftinga Sagastad erkjenner ansvar for informasjonen i prospektet og stadfestar atinformasjonen i prospektet så langt vi kjenner til er i samsvar med dei faktiske forhold. Det er ikkjeutelate informasjon som er av ein slik art at den kan endre prospektet si tyding.

Nordfjordeid 14.04.2014

Stiftinga Sagastad SUS

4

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Tøger Lien Sigrid Kaland Bjørn JensenStyreleiar

Ingunn Rotihaug Sigurd Reksnes Kent Tryggestad

Magni Flyum Roger Bergset

Page 5: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

1. SAGASTAD – BAKGRUNN

Kanskje var det slik då hærmennene til Kong Audbjørn førteFirdafylket sin konge heim til garden på Myklebust. Å tenkjeseg eit skip - over 30 m langt, stemne inn fjorden i følgjemed eit stort tal båtar etter eit større krigsslag, gjer inn-trykk, og verkar meir som eit eventyr enn verkeleg historiefor elles trauste nordfjordingar.

Som andre fyrtårn i fylket vårt, på linje med Briksdalsbreen i Olden og Flåmsbana i Aurland, er dette ein del av identi-teten vår og ein premissleverandør for samfunnsutviklinga.Dette er ein verdifull ressurs som bør utnyttast og gjerasttilgjengeleg for alle, ikkje minst vil den vere ein stor bidragsytar til allereie eksisterande kultur- og næring innan-for opplevingsindustrien i fylket.

Arbeidet med Sagastad-prosjektet fram til no

Arbeidet med Sagastad starta alt i 1991,men arbeidet stoppa opp av ulike årsakerut på 90-talet.

I 2008/2009 starta arbeidet for å reali-sere Sagastad opp att. Det vart etablert eistyringsgruppe som no har arbeidd frameit grunnlag, både når det gjeld grunn-bok, modell og planar for bygging avMyklebustskipet. Tilgang til tomt og planar for bygg er óg utarbeidd og tekemed i dette prospektet.

Styringsgruppa har gjennom åra hatt ulik samansetnad, men har det siste året bestått av: Tøger Lien(leiar), Sigrid Kaland, Universitetsmuseet i Bergen, Bjørn Jensen, Selje kloster/Riksantikvaren, AslaugNesje Bjørlo, musea i Sogn og Fjordane (observatør), Ingunn Rotihaug, Eid kommune, Sigurd Reksnes, Eid kommune (politisk vald), Kent Tryggestad, Magni Flyum og Roger Bergset. Prosjektleiarfor arbeidet har vore Synnøve Aabrekk, Segel AS. I tillegg har eit stort tal medarbeidarar vore invol-vert i arbeidsgruppene for Grunnbok, Myklebustskipet, bygg/tomt og prospekt/finansiering.

Arbeidet med Sagastad prosjektet har fram til no har vore gjennomført med finansiell bistand frå Eid kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge, Nordfjord Vekst AS og Segel AS.Ei rekkje medarbeidarar og verksemder har i tillegg bidrege med stor dugnadsinnsats.

Prosjekteigarar i denne forprosjektfasen har vore Nordfjordeid Næringshage AS og Eid kommune.

5

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Dei var mange og slitne, hærmennene som vende

heim frå slaget ved Solkjel. I ærleg kamp om Fjordane

hadde deira eigen mektigekonge stupt for øksa

til Harald Hårfagre. Med trøytte og verkjande

hender drog dei det mektige skipet i land og

opp til Myklibolstadr.

Nordfjordeid, sentralt på nordvestlandet.

Nordfjordeid

Page 6: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

6

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

1. Gravhaugane på Myklebust. 2. Plassering av Sagastad.Foto: Droneservice AS

1.2.

Page 7: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

2. FØREMÅL OG VISJON

2.1 Kvifor byggjer vi Sagastad?Vi har alle ein trong for å kjenne til vår eiga historie, kvar vi kjem frå, kven forfedrane våre var ogkorleis dei levde sine liv. Anten vi er interesserte i historie eller ikkje, så ligg denne trongen for å hakunnskap, identitet og fellesskap djupt i oss. Vi er så heldige at vi lever i eit område som er rikt påarkeologiske funn som kan fortelje oss ei rik og spanande historie.

Dei rike funna på Myklebust står sentralt i denne samanhengen, men trådar vil bli trekte til funn og historier også andre stadar i regionen, og syne mangfaldet og samanhengane i tid og rom. Vivonar Sagastad skal bli ein sterk identitetsbyggjar for Nordfjord og heile Nordvestlandet, som bidregtil å gjere vår forhistorie kjent og levandegjere denne for nye generasjonar, både heime og ute.

2.2 Føremålet til Stiftinga Sagastad Stiftinga Sagastad skal etablere og drive eit viten- og opplevingssenter for vikingtida med basis i deifunna som er gjort på Myklebust på Nordfjordeid og historia som her har funne stad. Stiftinga skalelles sjå regionen si historie i eit større perspektiv og knyte denne saman.

2.3 VisjonSagastad er eit viten- og presentasjonssenter for vikingtida som er nasjonalt og internasjonalt kjendfor sine utstillingar og si formidlingsevne.

7

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Bronsekjele – Funn frå Myklebust. Foto: Arkikon

Page 8: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

8

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

3. KVA SKAL SAGASTAD VERE?

– ei oppleving av historia vår

Sagastad skal ha eit bodskap til publikum, og fortelje historiene om vikingtida i fjordfylket.Det kan vere vanskeleg å førestelle seg livet i Nordfjord i mellomalderen. Det er store dimensjonar i dåtidas Norge i høve makt, økonomi, luksus, fattigdom, næringsliv og levesett. Gjennom underhaldning og oppleving skal Sagastad formidle kunnskap, skape forundring, ettertanke, – og setje spor.

I Nordfjord er det gjort fleire til dels store arkeologiske funn heilt frå steinalderen og fram til i dag.Det er likevel Myklebustfunna frå yngre jernalder som i all hovudsak vil vere fundamentet for Sagastad, som gjennom ulike utstillingar, aktivitetar, historier og forteljingar skal gje oss innblikk i eiinteressant historisk tid. Sagastad vil kunne ha informasjon og utstillingar også frå andre tidsepokarog funn i Nordfjord, men størst merksemd skal viast til vikingtida i Nordfjord frå ca. 800-1100 e. Kr.

Sagastad skal vere eit kombinert viten- og opplevingssenter, og byggjast ved fjorden i Nordfjordeidsentrum. Ein sentral del av utstillinga i Sagastad er Myklebustskipet, truleg det største vikingskipetein har funne restane av. Skipet skal byggjast i full målestokk, ca. 30 m langt og 6,5 m breitt. Skipetskal kunne seglast på fjorden, men vil store deler av året vere utstilt i og ein av hovudattraksjonanei Sagastad.

Senteret vil ha ei fast hovudutstilling, basert på følgjande tema: Myklebustfunna, Myklebustskipetog Nordfjorden. I tillegg vil senteret ha gjesteutstillingar om ulike tema, slik at det alltid vil verenoko nytt å oppleve også for dei som har besøkt senteret tidlegare.

Sagastad vil ha to grunnpilarar:

1 - FAKTA: a) Formidling av fakta og kunnskap om vikingtid (samfunn og menneske; næring,

infrastruktur, jordbruk, økonomi, sosiale lag, handtverk m.m.)b) Formidling av funn i Nordfjord

Alt som blir formidla her, skal kvalitetssikrast av godkjende myndigheiter, m.a. Universitetsmuseet i Bergen.

1 - FIKSJON: c) Formidling og visualisering av korleis denne tida kan ha sett ut, utforma på grunnlag

av fagleg kvalitetssikra kunnskap og funn

Sagastad vil nytte ulike visuelle hjelpemiddel i formidlinga, og skal ha profesjonelle aktørar til å utforme utstillingane.

Sagastad skal formidle regionen si historie. Denne regionen har ei svært rik historie, frå steinalder til middelalder. Frå rike steinalderbuplassar, helleristningar slik som Noregs største helleristningsfelt i Vingen i Bremanger, middelalder-klosteret på Selja, eit stort tal gravhaugar frå jernalder, med bådeEvebøhøvdingen si grav og Vestlandets største gravminne ”Karnilshaugen” i Gloppen. I tillegg har vimiddelalderkyrkjer og forhistoriske spor etter busetnad. Vikingtida sitt senter låg likevel på Nordfjordeid og med Myklebustgrava som det absolutte høgdepunkt.

Page 9: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

9

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Med ei av landets rikaste, største og mest spektakulære vikinggraver midt i sentrum, er Nordfjordeidden openbare lokaliseringa av Sagastad. Det er i tillegg fleire andre undersøkte rike graver frå vikingtida på Nordfjordeid, som stadfestar staden si sentrale rolle på denne tida. Alle desse funna ermed på å danne bakgrunn for Sagastad.

3.1 Dei ulike historieneSagastad vil byggjast opp rundt 3 hovudtema. Kvart av desse vil ha fleire deltema. Hovudtemaet vili all hovudsak liggje fast, men deltemaa vil variere over tid. Det vil bli lagt vekt på at historiene somvert fortalde, også knyter saman historia både før og etter vikingtida, slik at vi synleggjer kva andreattraksjonar vi har i regionen/fylket, t.d. Selje kloster, Nordfjord Folkemuseum, skipsbyggjing i Bjørkedalen, mv.

HOVUDTEMA FAKTADEL TEMA

MYKLEBUSTFUNNA • Gravferd • Kong Audbjørn• Fjordhesten, vikingane sin hest • Livet på Myklebust • Kvinner, volver • Kongar og krigar• Anders Lorange • Barneleikar

MYKLEBUSTSKIPET • Handverket • Båtmannskap• Reiser • Plyndring• Handel

NORDFJORDEN • Infrastruktur • Livsnerve• Dronning Ingrid • Brannen på Naustdal

• Gardsdrift

Tverrsnitt av gravhaugen Rundehogjen, Myklebust. Ill. Arkikon

Page 10: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

3.1.1 MyklebustfunnaDei store skipsgravene frå vikingtida er unike ognokre av verdas ypparste og mest spektakulærearkeologiske skattar. Myklebustfunnet skil segut i denne samanhengen sidan det vart brentved gravferda, og at det er funne i eit av deiviktigaste og rikaste kjerneområda for viking-tida, Nordfjord. Denne grava vart utgreven i1874, fleire år før Gokstad (1880) og Oseberg(1904), men har komme heilt i skuggen avdesse.

Det er også heilt unikt at grava tidsmessig kanknytast direkte til historiske kjelder og namn-gjevne personar. Grava inneheldt også trulegdet største vikingskipet som er utgreve. Eit riktgjenstandtilfang og omstendigheitene rundtdenne grava gjev spelerom for formidling avbåde nasjonal og regional historie.

Sagastad skal ha oversikt over alle funn ogbrukseigenskapar for funna. Vi skal ha kart overMyklebust med henvising til kor dei forskjellige gravene låg, og kva som vart funne i dei. Dette kanvisualiserast gjennom interaktive skjermar, slik at publikum sjølve t.d. kan «grave» i haugane og sjåkva dei finn, og kva dette er, - kva det har blitt brukt til, m.m.

10

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Storleiken på Myklebustskipet. Ill. Arkikon

Diverse funn frå Myklebust. Foto: Arkikon

Page 11: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

3.1.2 MyklebustskipetDet er utarbeida ein modell for Myklebustskipet i storleik 1:20. Det er også utarbeida fullskala teikningar av skipet til bruk for bygging av ein fullskala kopi. Ei samanslutning av båtbyggjaranei Bjørkedalen skal byggje skipet, og hogging av furu for bygginga vert sett i gang straks ein har fullfinansiert skipet.

Skipet skal kunne seglast innaskjers, men vil truleg mesteparten av tida vere utstilt i Sagastad-senteret. Så langt vi veit er Myklebustskipet truleg Noregs største vikingskip, 30-34 meter langt, 6,5 m breitt og med ein stamn på ca. 7 meter. Så lenge skipet står inne, vil det kunne vere utstyrt med det som ein hadde om bord ved segling.Det skal vere høve for publikum å gå om bord i skipet.

Skikken med å byggje klinkbygde båtar er kjent frå eldre jernalder. Segl og rigg fekk båtane førstomkring 500-talet e.Kr. Med vikingskipa nådde ein eit teknologisk høgdepunkt. Fartøya var hurtige,gjekk grunt i vatnet og trong ikkje hamn, og ein kunne segle avgarde igjen sjølv om det var uguns-tig pålandsvind. Vikingskipa var ein føresetnad for vikingane sin vidare ekspansjon og deira over-legne militære dominans i denne tida.

I Bjørkedalen i Volda kommune har det vore bygt båtar i uminnelege tider. På det meste hadde kvargard sitt eige båtbyggjeri, og det heiter seg at det vart levert over 400 båtar frå ein båtbyggjar iløpet av si levetid, og ein kan tidfeste at det har vore bygt båtar på gardane sidan 1500-talet. Truleghar det vore bygt skip for vikingane og, og Snorre Sturlason fortel i sin krønike at Kalv Arneson rundtår 1000 skaffa seg skip frå Bjørkedalen.

Den dag i dag vert det bygt vikingskip, færingar og andre trebåtar i Bjørkedalen.

11

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Modell rekonstruksjon av Myklebustskipet, skala 1:20 Foto: Arkikon

Page 12: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

3.1.3 NordfjordenDet store talet på forhistoriske graver i Nordfjordområdet viser at dette var eit rikt og viktig område i jernalderen. Allereie i folkevandringstida kjenner vi rike funn som tyder på at større og mindresmåkongar har herska i området. Dette viser blant anna det såkalla Evebøfunnet, som er ei rik høvdinggrav på Sandane. For nokre år sidan blei storgarden til Evebøhøvdingen også funnen, ikkjelangt frå grava. Ved Sandane ligg også Vestlandets største gravhaug, Karnilshaugen. Fram mot vikingtida ser det ut for at maktsenteret flyttar seg nordover til området rundt Nordfjorden. Myklebustfunnet indikerer at Nordfjordeid har vore sete for ei mektig slekt i vikingtida. Her må detha eksistert eit godt grunnlag for maktkonsentrasjon, for eit høvdingdømme i merovingartid/viking-tid (600–1000 e.kr.) Etableringa av ei lendmannsætt på Stårheim i tidleg middelalder tyder på atdette området også har vore viktig i perioden etter vikingtida.

Sjølve namnet Myklebust er avleia av Mikla-bostad, som betyr Storgarden. Spor etter sjølve gards-busettinga i vikingtida er ikkje funnen på Eid. Det er likevel svært sjeldan ein finn spora etter bu-setnaden frå vikingtida. Truleg skuldast dette at vikingtidsgardane i stor grad har lege der gardanehar lege i middelalderen og fram til i dag. Derfor er vikingtida sine gardar dårlegare arkeologisk omtalt enn mange andre periodar.

Dette var eit samfunn kor krigaridentiteten sto svært sterkt, noko som det obligatoriske våpen-utstyret i mannsgravene vitnar om. Alle frie menn skulle ha våpen, og æresomgrepet stod sværtsterkt. Å miste æra si var noko av det verste som kunne skje.

I gravene markerer det utstyret den døde fekk med seg, kva for status den døde hadde i levandelive. Desto finare utstyr, desto høgare status og rikdom. I dei rikaste mannsgravene er det oftesmedreiskaper, og ikkje minst er talet på skjold vanlegvis sett på som ein klar statusindikator. Meirenn eitt skjold i grava er svært sjeldan og vert til vanleg tolka som høg status. Meir enn to skjold ernoko ein kunne finne i dei aller rikaste gravene, slik som Gokstad m.fl. Skjolda er i skipsgravervanlegvis ansett å høyre til skipet. I dei rikaste gravene finn vi også ofra dyr som hestar, hundar ogfuglar. I Myklebustgrava var det store mengder dyrebein. Etter alt å dømme etter fleire hestar, trulegogså hund(ar) og kanskje andre husdyr. Hestar, storfe og hundar fanst også i Oseberg og Gokstad-grava. Dyra blei ofra som ein del av rituala ved gravlegginga.

I tillegg til jordbruk, fiske og handel var viking-ekspedisjonar ei viktig kjelde til prestisje, gods oggull. Vikingferdene blei utstyrte av dei mektige slektene som hadde økonomi, kontaktar og politiskmakt til å utruste og organisere slike ferder. Desse ættene var også dei som hadde førstevaletblant gjenstandane og rikdommen vikingane førtemed seg tilbake.

Bronsespannet i Myklebustgrava er eit av dei allerflottaste keltiske arbeida vi kjenner frå perioden.Spannet og den store mengda av andre insulære funnfrå graver i området, vitnar om kontakt og viking-ferder vestover til dei britiske øyer. Nord-Jæren ogNordfjord har dei desidert største konsentrasjonane avirske/keltiske praktfunn frå vikingtida og må ha voredei sentrale utgangspunkta for vikingferdene vestover.

12

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Myklebustskipet i grav. Ill. Arkikon.

Page 13: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

13

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

4. FORMIDLING

Som basis for all formidling, skal Sagastad ha sterk fagleg forankring i og tett relasjon til andrekunnskapsinstitusjonar og samarbeidspartar. Det erønskjeleg at Sagastad på sikt kan vere ein base forkompetanseutvikling og kompetansebygging somskal bidra til at Sagastad i seg sjølv kan verte eitkraftsenter og presentasjonssenter for vikingtida.

Ved å oppleve det rekonstruerte skipet i full storleik, saman med intuitivt forståelege rekonstruk-sjonar av grava og gravgodset, legg ein grunnlagetfor historiene om kong Audbjørn, menneska og samfunnet i Nordfjord i vikingtida.

Illustrasjon av Myklebustskipet - Foto: Arkikon

Page 14: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

14

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Tenkt skisse opplevingsrommet.Ill. Arkikon.

Ved å ta i bruk ny teknologi i form av visuelle dynamiske presentasjonar, det vere seg på skjermareller ved projeksjon, vil funna kunne settast inn i ein vidare samanheng, og vere intuitivt forståelegfor ei brei målgruppe.

Historia om Myklebustfunna og vikingtida er ei dramatisk og spektakulær historie som er eigna til åfascinere og engasjere publikum, og visuell formidling er svært eigna for å formidle dette.

Ved å basere seg i stor grad på skjermar og projiseringar, vil ein både kunne fortelje mykje på begrensa plass, men utstillinga vil også vere svært enkel å oppdatere eller endre skulle det verebehov for det.

Det er også mogeleg å nytte interaktivitet ved eigne informasjonsstasjonar, slik at publikum sjølvekan innhente meir informasjon på eiga hand om ulike tema skulle dei ønske det. På denne måtenkan senteret også fungere som ein kunnskapsbase om kulturminne og forhistoria til heile regionen.

Avhengig av om ein greier å etablere dette som eit vitensenter eller ikkje, skal utstillingane og sær-skilt opplevingsrommet, ha form som ein attraksjon og/eller ei oppleving. Filmen, hologrammeteller andre typar teknologiske verkemiddel som mulitmediarommet skal ha, skal gje dei besøkandeei ”wow”-kjensle, ei kjensle av uverkelegheit og eventyr.

Sagastad skal utvikle lærehefte som skal tilpassast læreplanar, t.d. i grunnskulen.

Page 15: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

5. BYGG OG TOMTSagastad vert bygt på arealet til Eid kommune,vest for Sjøgata i Nordfjordeid sentrum. Dette erden mest attraktive tomta i Nordfjordeid, nærfjorden og med eit praktfullt parkanlegg rundtseg.

Tomta ligg mindre enn 300 meter frå grav-haugane på Myklebust.

Sagastad skal ha ein kiosk for sal av billettar,kioskvarer og suvenirar. Vidare skal bygget hatoalettanlegg og kontorfasilitetar. Den mest sentrale delen av opplevingssenteret vil veremultimediarommet, anten utforma som ein kino-sal eller ei eller anna form for mediarom medminimum plass til 80 personar (ståande). Ein serføre seg eit rom med lerret på 3 av 4 veggar,eller ei form for visuell oppleving i tak eller midti rommet. Huset skal også ha eit utstillings-område for faste og skiftande utstillingar/presentasjonar, og/eller aktivitetar.

Senteret vert utforma slik at ein kjenner att grav-haugane på Myklebust så vel som vanlege sjø-buer og jamvel eit kvelva skip.

Bygget har ein diameter på 38 m, noko som omlag svarar til storleiken på gravhaugen (Rundehågen) inklusive vollgrav på 4 m. Bygget er på 1031 m2.

Det sirkulære rommet gjev den besøkande høvetil å sjå skipet både tett på og frå ein viss avstand.Samstundes er dette eit generelt rom med godesoner for utstillingar så vel som for båtbygging,handverk, musikk, dans og sosialt samvær.

15

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Skisse arealutnytting bygg. Ill. Nordplan.

Skisse bygget. Ill. Nordplan / AW.

Planskisse utfylling Nordøyrane med Sagastad.Ill. Nordplan

Page 16: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

Ytterveggane er perforerte, slik at livet inne i bygget vil kunne oppfattast frå utsida.

Materialane er reflekterande og transparente i veggar og tak. Dette kan oppnåast ved brukav glasfasadar med perforert aluminiums-kledning utvendig så vel som innvendig. Taket er prosjektert med tynne plater i rustfrittstål. Golv og rampe er i betong.

Skipet vil på denne måten bli omkransa av ein slags trollspegel som gjev både distanse,nærleik og intensitet til opplevinga av skipet,fjorden, lyset og aktiviteten i bygget. Samstundes vil rommet få eit vakkert dagslyssom naturleg vil framheve vikingskipet.

Rampen er det einaste faste elementet. Rampen bringer deg opp over ripehøgda og eventuelt ombord i skipet. På rampen kan det monterast benkar med plass til grupper av besøkande. Under ram-pen er det teknisk rom, toalett og eit mørkt multimediarom.

16

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Over: Utsyn austover frå innsida av bygget. Ill. Nordplan / AW

T.v.: Utsyn vestover frå innsida av bygget. Ill. Nordplan / AW

Page 17: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

17

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

6. MARKNADSGRUNNLAGSagastad vil i hovudsak rette seg mot følgjande marknadssegment:

6.1 Lokalmarknaden og regionalmarknadenInnanfor 2 timars køyring rundt Nordfjordeid bur nær 162.000 menneske. Desse tala er basert påpersonar mellom 5 og 70 år som ei potensiell brukargruppe.

Vidare er gruppa lokalmarknad og regionalmarknad delt i 3 segment. Dette er gjort fordi det ersannsynleg at interessa for å besøke Sagastad er høgare dess nærare senteret ein er busett. Sagastad skal også fortelje historier og ha med tema frå andre Nordfjordkommunar, og det vil ogsåbidra til at interessa for Sagastad er tilstades i heile Nordfjord.

Interessa for Sagastad er svært stor i Eid kommune. Vi antar derfor at 75 % av Eid kommune sineinnbyggjarar mellom 5 og 70 år vil besøke senteret i løpet av ein 5-års periode. Sagastad-bygget vil, slik det no framstår på teiknebordet, vere eit arkitektonisk signalbygg i Nordfjordeid sentrum, og vil derfor både appellere til dei som er interesserte i arkitektur og dei somer interesserte i vikinghistorie/eldre historie og båtbyggjartradisjonar.

6.2 TuristtrafikkI segmentet for turisttrafikk er tala utrekna på basis av gjestedøgn-statistikk for Nordfjord, delt opp inordmenn og utanlandske reisande. På denne måten fangar vi opp både individuelt reisande oggruppereiser.

Dei tilbakemeldingane som har kome frå turoperatørane er svært gode, og vi tek med nokre få avtilbakemeldingane her:

LokalmarknadenEid kommune

• Innbyggjarar mellom 5-70 år

Regionalmarknaden

• Innbyggjarar mellom 5-70 år innanfor 1,5 t køyretid frå Nordfjordeid

• Innbyggjarar mellom 5-70 år innanfor 2 timars køyretid frå Nordfjordeid

Turisttrafikk

• Norske individuelle og gruppereiser med overnatting i Nordfjord

• Utanlandske individuelle og gruppereiser med overnatting i Nordfjord

• Rundreise-gjester

Crusise

• Cruisepassasjerar Olden

• Cruisepassasjerar Geiranger

Skuleelevar/Studentar

• Grunnskuleelevar

Bedriftsmarknaden

• Bedriftsgrupper• Lag/Organisasjonar

Gerlinde Anderberg, innkjøpssjef/produktsjef hos Haman Group, Sverige:

«It is an interesting project and I think we would be able tomake a stop to visit the centre».”

Page 18: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

6.3 CruiseDette er eit marknadssegment som er spådd sterk vekst i Nordfjord, og marknadsanslaga i bransjenseier at talet på cruisepassasjerar vil doble seg fram til 2020.

I Geiranger hadde ein i 2013 214 anløp fordelt på 320.000 passasjer. Tala for Olden i 2013 var 95 anløpog 130.000 passasjerar.

I Nordfjord har vi få attraksjonar for overlandturar, og turoperatørar og agentar for cruiserederi er stadigpå jakt etter nye gode landprodukt. Sagastadsenteret vil vere ein etterlengta ny attraksjon i Nordfjord,og det viser også tilbakemeldingane frå turoperatørane. Vi er derfor visse på at eit slikt tilbod vil slå an,og kjem til å legge opp dei ulike aktivitetane/attraksjonane i senteret slik at det lar seg kombineremed fleire grupper samstundes, og innanfor ei tidsramme som er akseptabel for dette segmentet.

6.4 Skuleelevar/studentarSagastad skal også vere eit informasjonssenter for båtbyggjartradisjonar i tillegg til informasjon om vikinghistoria og Nordfjord-historia. Det vil bli lagt opp til å utvikle produkt som er tilpassa grunnskulen.Det er derfor realistisk at grunnskuleelevar frå Nordfjord i løpet av skuletida kjem til å besøke senteret.

Inger Renaud-Reistad, frå Capitales Tours sitt hovudkontor i Paris:

Der finnes jo ingen ting i Sør-Norge som har en historisk og samtidig moderne forestilling av vik-ingtiden. Den gangen jeg gikk i gymnaset var jo vikingtiden nesten litt flaut å snakke om, så sidenhar det vært presentert på en overdrevet måte av de som har villet leke viking.

Alle våre grupper besøker Vikingskip museet i Oslo og blir helt fengslet hvis de har en god guide –og vil vite mer. Vi har noen grupper til Briksdalen hvert år, en del til Geiranger Hellesylt Âlesund, men dette vil gien god grunn til å skrive et nytt program! (Det kan bli et problem med hotel i området).

Nordfjordeid sentrum: Foto: Steinart - Steinar Engeland

Page 19: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

6.5 BedriftsmarknadenHotella i Nordfjord har ein relativt stor del av næringslivskundar generelt. For Eid kommune særskilthar ein også sett at etter at Operahuset Nordfjord vart reist, har ein hatt fleire større bedriftsarrange-ment og seminar. I samband med slike arrangement, er det ofte ønskjeleg med ein sosial aktivitet itillegg til lokale/overnatting. For dette segmentet vil Sagastad vere ein stor attraksjon og ein viktigtilleggsaktivitet som vil understøtte hotella i Nordfjord i dette segmentet.

6.6 Samanliknbare attraksjonarDei sentera som vi meiner vi kan samanlikne Sagastad med, har om lag same besøkstal som einhar lagt seg på i Sagastad. Det store unntaket er sjølvsagt Briksdalsbreen og Vikingskipsmuseet påBygdøy. Vi har også sett på kva prisar desse sentera har pr. i dag.

Museum/Senter Besøkstal 2012

6.7 BesøksgrunnlagMarknadsvurderinga vi har gjennomført, vurderer besøkstala for Sagastadsenteret slik:

Vi reknar med at det vil ta 3 år før vi kjem opp i det forventa normaltalet for besøkande på om lag89.000 besøk pr år.

19

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Markedssegment Grunnlag Prosent Besøkande normtal

Eid kommune 4 900 15% 735

Lokale besøk innanfor 1,5 time 72 729 5% 3 636

Besøk innanfor 2 timars jkøyretid 88 839 3% 2 665

Cruisepassasjerar Olden 2013 110 000 15% 16 500

Cruisepassasjerar Geirangert/Hellesylt 2013 320 000 8% 25 600

Turistar m/overnatting i Nordfjord - norske ind. og gruppereiser 185 642 15% 27 846

Turistar m/overnatting i Nordfjord - utland ind. og gruppereiser 98 538 7% 6 898

Rundreise/turisttrafikk 178 000 2% 3 560

Skuleelevar grunnskulen 58713 20% 1 163

Bedriftsmarknaden/lag/organisasjonar 500

ÅRLEGE BESØKSTAL 89 103

Museum/Senter Besøkstal 2012Jostedalsbreen Nasjonalparksenter 65 000Atlanterhavsparken, Ålesund 92 000Norsk Bremuseum, Fjærland 40 000Briksdalsbreen 280 000Vikingskipsmuseet, Bygdøy 401.000

(2010)

Vikingmuseet på Borg, Lofoten 75 000

Page 20: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

6.8 Synergiar for næringsliv og reiseliv i Nordfjord, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Sagastad vil gje store synergiar til eksisterande kultur- og næringsliv, ikkje berre i Nordfjord menogså i heile Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Sagastad vil vere det einaste senteret av sittslag på Vestlandet, og som Arkikon seier det, - ”Myklebustfunna og Sagastad er Vestlandet sitt svarpå Oseberg”.

Sagastad vil styrke eksisterande reiselivsnæring, og vere ein etterlengta ny attraksjon som ikkje konkurrerer med noko av det som allereie finst i regionen eller fylka. Sagastad vil binde saman austog vest i destinasjonen, og sør-nord i fylka, noko som vil vere svært gunstig, dersom vi ser på korleis trafikkstraumane går i dag.

Lokalt/regionalt vil Sagastad kunne gje positive synergiar for Norsk Fjordhestsenter og andre somnyttar fjordhesten aktivt. Fjordhesten var vikingane sin arbeids- og stridshest, og denne vil få sinplass i Sagastad.

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

20

Norsk Fjordhestsenter: Foto: Steinart - Steinar Engeland

Page 21: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

21

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

7. ORGANISERING

Styret er Stiftinga Sagastad sitt øvste organ, jfr. Lov om Stiftingar § 30.Vi har valt å ha eit ekstra organ, årsmøte, som er tillagt formelle funksjonar.

Styret består av 8 medlemmer og er samansett slik:• 1 medlem kvar vald av hhv. Universitetsmuseet i Bergen,

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Eid kommune• 5 medlemmar valde av årsmøtet i Stiftinga Sagastad

Stifting vil ha 2 faste heile stillingar:• Dagleg leiar• Utstillingskoordinator/teknisk ansvarleg

I sommarsesongen, frå mai til september, vil ein i tillegg engasjere om lag 6 guidar/medarbeidarar.

7.1 Samarbeidande organisasjonarSagastad vil ha eit tett samarbeid med ei rad organsjonar. Nokre av desse er:

Universitetsmuseet i Bergen, De kulturhistoriske samlinger. Museet har ansvar for førhistorisk tid, dvs. perioden før reformasjonen, og har såleis ansvar for vikingfunna på Myklebust. Alt arkeologisk materiale frå Myklebustfunna ligg oppbevart på Universitetsmuseet i Bergen, som er ein sentral fagleg samarbeidspart for Sagastad.

Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelingaKulturavdeling arbeider mellom anna med å ivareta kulturminne av regional og nasjonal verdi. Avdelinga vil vere ein samarbeidspartnar som kan bidra både med kompetanse og økonomisk stønad.

Eid kommuneHeimkommunen til Sagastad er ein sentral støttespelar, bidragsytar og samarbeidspart gjennomm.a. å bidra med kompetanse og tilrettelegging av tomteareal.

Reisemål Stryn og NordfjordDestinasjonsselskap for Nordfjordregionen, som koordinerer felles marknadsføring av reiselivet i regionen.

Innovasjon NorgeInnovasjon Norge har vore og vil og framover vere ein viktig samarbeidspart for Sagastad i utviklingav Sagastad som eit fyrtårn i reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane.

Dagleg leiar

Styre8 medlemmer

Page 22: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

22

PROSPEKT Stiftinga SagastadPROSPEKT Stiftinga Sagastad

8. BUDSJETT

8.1 Investeringsbudsjette

Det totale investeringsbudsjettet er på ca NOK 69 mill. Vi har gode kostnadsoverslag når det gjeldkostnadene til tomt, bygg og skip. Investeringsbudsjettet på NOK 15 mill. til dei øvrige utstillinganeer ei førebels budsjettramme. Her har vi ikkje fått inn konkrete tilbod.

8.2 KapitalbehovDet totale kapitalbehovet som vi må finansiere opp er vurdert slik:

Det er i forprosjektet arbeidd med løysingar for tomt og bygg. Eid kommune stiller Nordfjordeid si mest sentrale strandtomt til disposisjon for stiftinga, ferdig utfylt og klar til bygging. Stiftinga Sagastad SUS har inngått ein intensjonsavtale med Eid Kommune som vil overføre tomta til stiftingaog i tillegg gå inn med NOK 1 mill i aksjekapital i eit eigedomsselskap som skal stå for bygging avSagastad bygget og leige dette ut til Stiftinga Sagastad.

Vi har på denne måten fått finansielle og praktiske løysingar på om lag NOK 11 mill. av den totaleinvesteringa. Det resterande kapitalbehovet utgjer om lag NOK 62,2 mill.

8.3 Finansieringsplan

FINANSIERINGSPLAN BYGG

Aksjekapital/tomteverdi frå Stiftinga Sagastad

Aksjekapital frå Eid kommune

Ny aksjekapital

Tilskot/lån

SUM FINANSIERING

NOK eks. mva

10 000 000

1 000 000

8 000 000

21 000 000

40 000 000

INVESTERINGSBUDSJETT

Tomt

Bygg

Skip

Utstillingar

SUM INVESTERINGAR

NOK eks. mva

10 000 000

30 000 000

14 000 000

15 000 000

69 000 000

KAPITALBEHOV

Sum investeringar

Driftskapitalbehov for drift og oppstartsfase

SUM INVESTERINGAR

NOK eks. mva

69 000 000

4 200 000

73 200 000

Page 23: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

23

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Det er behov for å hente inn minimum NOK 5 mill ekstra i aksjekapital i eigedomsselskapet. Vi har her budsjettert med NOK 8 mill. i ny aksjekapital i eigedomselskapet. I tillegg er det naudsyntå hente inn totalt NOK 15 mill ei eigenkapital til bygging av Myklebustskipet og utstillingar og oppstart av Sagastad. Total ser vi eit eigenkapitalbehov på om lag NOK 23 mill som må dekkastgjennom innskot av grunnkapital, gåver/donasjonar, løyvingar, aksjeinnskot, marknadsføringsbidrag,mv. Noko vil også finansierast gjennom rabattar på leveransar/dugnadsarbeid mv. Det vil bli søktom tilskot frå ei rad kjelder, offentlege og private.

8.4 Driftsbudsjett

Føresetnader besøkstal: Det vurderte potensialet på om lag 89.000 besøkande føreset vi blir nådd i2019. Det er lagt inn ei opptrapping av besøkstala: 2017: 62 300, 2018: 75 700. Gjennomsnittlegbillettpris: NOK 105,-. I budsjettet er det kalkulert med ei gjennomsnittleg bruttoforteneste på sal avsuvenirar på 30%.

FINANSIERINGSPLAN UTSTILLINGAR / SKIP / DRIFT

Eigenkapital/eigenfinansiering

Tilskot/lån

SUM FINANSIERING

NOK eks. mva

15 000 000

18 200 000

33 200 000

Driftsbudsjett 2017 2018 2019

Salsinntekter billettar 6 518 778 7 915 659 9 312 540

Sal suvenirar 1 955 633 2 374 698 2 793 762

Arrangement 300 000 300 000 300 000

Donasjonar/medlemskap/marknadsbidrag 400 000 400 000 400 000

Sum inntekter 9 174 411 10 990 357 12 806 302

Varekjøp 1 368 943 1 662 288 1 955 633

Avskrivingar utstillingar 2 000 000 2 000 000 2 000 000

Lønn og sosiale kostnader 2 340 000 2 410 200 2 482 506

Husleige 2 300 000 2 300 000 2 300 000

Driftskostnader bygg 450 000 463 500 477 405

Drifts- og vedlikehaldskostnader utstillingar 450 000 463 500 477 405

Marknadsføringskostnader 600 000 600 000 600 000

Ekstraordinære oppstartskostnader 1 500 000 - -

Andre kostnader 550 000 566 500 583 495

Sum kostnader 11 558 943 10 465 988 10 876 444

Driftsresultat -2 384 532 524 368 1 929 858

Finansinntekter

Finanskostnader 600 000 600 000 600 000

Netto finanspostar -600 000 -600 000 -600 000

Årsresultat før skatt -2 984 532 -75 632 1 329 858

Page 24: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

24

PROSPEKT Stiftinga SagastadPROSPEKT Stiftinga Sagastad

9. RISIKOFORHOLD

9.1 GenereltDet ligg ikkje føre spesielle risikoforhold knytt til stiftinga utover det som kjem fram av stiftinga sittføremål og innhaldet i dette prospektet. Oppsummert er risikoforholda:• Får vi på plass den finansieringa vi treng? Vi har fått ein god start, men det står att mykje

arbeid. Dette er det avgjerande spørsmålet.• Held kalkylane/budsjetta for bygg, skip og utstilling? Vi har her konservative kalkylar på bygg

og tilbod på bygging av skipet. Vi har i budsjettet ein god sikkerheitsmargin. For utstillinga elles definerer vi eit rammebudsjett.

• Held føresetnadene knytt til marknad og drift? Desse er planlagt utfrå erfaringstal andre stader, utviklinga i marknaden og vurdering av Sagastad sitt marknadspotensiale. Her vil det alltid vere rom for usikkerheit, men eit driftskonsept vil ein alltid kunne justere undervegs dersom det blir trong for det.

9.2 Spesielt om marknadsrisikoDet vurderte potensialet på om lag 89.000 besøkande føreset vi blir nådd i 2019. Det er lagt inn eiopptrapping av besøkstala: 2017: 62300, 2018: 75700. Dette framstår for mange som store tal,men trendane i marknadane, spesielt innan cruise syner særs positiv utvikling. Vi vurderer difor talasom realistiske. Det er likevel naudsynt å vurdere kva effektar ein svikt i marknaden vil ha for Saga-stad.

Ved 60.000 besøkande: Sagastad vil driftast som normal, utan endring i tal medarbeidarar, eller reduksjon av aktivitet. Alleforpliktingar som lån, husleige etc. vil bli betalt som vanleg. Der vil skje innsparingar på nokre drifts-kostnadar som er romsleg budsjettert.

Ved 30.000 besøkande: Dette representerer det lågaste tal besøkande vi vurderer Sagastad kan driftast på kommersielt etterdagens forretningsmodell. Dette krev noko reduksjon i personell, reduksjon i driftskostnader og av-dragsutsettingar. Renter på lån og andre driftskostnader vil dekkast som normalt.

Den marknadsmessige sikkerheitsmarginen vi har i høve det forventa potensiale er på over 65 %.

9.3 Spesielt om økonomisk risikoI budsjetta som er presentert i prospektet er det tatt høgde for inntil 30 mill. i lån (inkl. lån til bygg).Ein auke i rentenivå på eitt prosentpoeng vil medføre ein auka totalkostnad på NOK 300.000,-. Dettilsvarar 2.850 besøkande på senteret. Auka renta med 3 prosentpoeng krev dette at besøkstaletaukar med 8.850 for å kompensere for auka kostnader, dersom ein ikkje reduserer kostnadane påandre område.

Page 25: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

10. FRAMLEGG TIL VEDTEKTER

Vedtekter for Stiftinga Sagastad

§ 1 Stiftinga sitt namn og forretningsstadStiftinga sitt namn er Stiftinga Sagastad.Stiftinga har sitt forretningskontor i Eid kommune.

§ 2 Stiftinga sitt føremålStiftinga Sagastad skal etablere og drive eit viten- og opplevingssenter for vikingtida med basis i dei funnasom er gjort på Myklebust på Nordfjordeid og historia som her har utspelt seg. Stiftinga skal elles sjå regionen si historie i eit større perspektiv og knyte denne saman.

Stiftinga skal etter sitt føremål drive følgjande verksemd:a. Drive Sagastadsenteretb. Skape opplevings- og formidlingsaktivitetar som ledd i arbeidet med å heve kunnskapen om og

engasjementet for vikingtida; samfunn, gravskikkar, skipsbyggingstradisjonar, styresett/kongemakt, reiser og samhandling, og dra linene både til tida før og etter denne periode

c. Marknadsføre senteret nasjonalt og internasjonaltd. Bidra til dokumentasjon, forskings- og utviklingsarbeid og auka samarbeid nasjonalt og internasjonalt

innan senteret sitt faglege virkeområdee. Ha ansvar for budsjett og økonomistyringf. Ha arbeidsgjevaransvar for tilsette i Stiftinga Sagastad

§ 3 Grunnkapital og finansieringStiftinga sin grunnkapital er på NOK 200.000,-.

Stiftinga si verksemd vert finansiert gjennom driftsinntekter, tilskot, løyvingar, gåver, andre inntekter og avkastning av eigenkapital.

§ 4 StyretStyret er stiftinga sitt øvste organ og består av 8 medlemar. Styret vert valt av årsmøtet, jf. § 7. Styret sifunksjonstid er 4 år. 4 medlemmar stiller til val annakvart år. Eit styremedlem kan maksimalt sitte 3 periodar.Styret vel sjølv sin leiar, som leier styremøta.

Styret pliktar å sjå til at stiftinga sitt føremål vert fremma på best mogeleg måte og at forvaltning av eigedelar og rekneskap er under kontroll. Styret skal gje årsmøtet høve til å uttale seg om årsrekneskap ogårsmelding innan 1. mai i det påfølgjande rekneskapsåret.

Styret sin leiar kallar inn til styremøte etter behov, men minst ein gong kvar tredje månad. Innkalling til ordinære styremøte skal skje skriftleg med minst ei veke varsel og med opplysning om dagsorden. Eitkvartstyremedlem eller dagleg leiar kan, med opplysning av ønska dagsorden, krevje at det blir kalla inn til styremøte.

§ 5 StyrehandsamingFor at styret skal være vedtaksført må meir enn halvparten av styremedlemane vere tilstade, jf stiftelses-loven § 32. Styret kan likevel ikkje treffe vedtak utan at alle medlemmene av styret så langt råd er gjevnehøve til å delta i handsaminga av saka. Avgjersle vert avgjort ved simpelt fleirtal. Ved stemmelikskap harmøteleiaren dobbeltstemme.

25

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Page 26: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

Styreleiar skal syte for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemane og dagleg leiar kan krevje at styret handsamar bestemte saker. Styremøter og anna styrehandsaming vertvarsla på høveleg måte og med naudsynt frist.

Styrehandsaminga vert leia av styreleiaren. Deltar ikkje styreleiaren, vel styret ein leiar for styrehand-saminga.

Det skal førast protokoll over all styrehandsaming. Protokollen skal minst vise tid og stad for møtet, deltakarar, handsamingsmåte og styret sine vedtak. Styremedlem eller dagleg leiar som ikkje er einig i styret sitt vedtak, kan krevje si oppfatning innført i protokollen. Protokollen skal underskrivast av alle deimedlemmane som har deltatt i styrehandsaminga.

§ 6. Representasjon Styret representerer stiftinga. Styret kan ved styrevedtak delegere stiftinga sin signatur til ein eller fleire styremedlemar, åleine eller i fellesskap. Slik fullmakt kan når som helst trekkast tilbake.

Styret kan gje prokura. Slik fullmakt kan når som helst trekkast tilbake.

§ 7. Årsmøtet Årsmøtet består av styret for stiftinga Sagastad og 6 medlemmar valde av styret i «Sagastads Vener». Funksjonstida for representantane valde av «Sagastads Vener» er 3 år, der 2 medlemar er på val kvart år.Årsmøtet er vedtaksført når meir enn halvdelen av medlemmane stiller. Årsmøtet vel sjølv sin leiar.

Årsmøtet har mynde til:a. å velje styremedlemarb. å fastsette godtgjersla til styremedlemanec. å føre tilsyn med stiftinga si verksemdd. å gje uttale om årsrekneskap og årsmeldinge. å gjere vedtak om granskingf. å velje revisorg. å vedta omdanning av stiftinga etter forslag frå styreth. å gje uttale til styret

Medlemmer til stiftinga sitt styre vert valt på følgjande måte:• 1 representant peikast ut av Bergen Museum• 1 representant peikast ut av Sogn og Fjordane Fylkeskommune• 1 representant peikast ut av Eid kommune• 5 representantar veljast direkte av årsmøtet

Det skal førast protokoll over årsmøtet si sakshandsaming. Protokollen skal minst vise tid og stad for møtet, deltakarar, handsamingsmåte og årsmøtet sine vedtak. Protokollen skal underskrivast av alle dei medlemmane som har delteke i handsaminga.

§ 8. Revisor Stiftinga skal ha ein statsautorisert revisor.

26

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Page 27: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

27

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Page 28: Prospekt Stiftinga sagastad (2014)

PROSPEKT Stiftinga Sagastad

Stiftinga SagastadNORDFJORDEID D

ES

IGN

: S

TE

INA

RT

.NO