4
Eventyr i Parrs univers Maria Parr har omsett og modernisert språket i ei rekkje klassiske eventyr slik at dei passar for unge lesarar i dag. 18. oktober blir det familiedag i Aasen-tunet der skodespelaren Rune Sæter tek med ungane på ei leiken eventyrstund med Bar- nas store eventyrbok i sentrum. Folkedrakter og broderikafé I boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise set Magny Karlberg historia om folkedrakter i Noreg inn i eit europeisk perspektiv. Onsdag 4. november seier ho meir om samspelet mellom mote- drakt og folkedrakt, impuls og tradisjon i Aasen- tunet. Og etterpå blir det broderikafé. Forskingsdagane 2015 i Aasen-tunet Mat og religion er tema på foredraget Bente Afset frå Høgskulen i Volda skal ha i Aasen-tunet i samband med Forskingsdagane. Alle religionar har reglar for kva ein skal ete, og sær- leg kva ein ikkje skal ete. Samstundes er måltida viktige for den religiøse fellesskapen. I foredra- get fortel ho meir om kva mat og måltid har hatt å seie i jødisk og kristen tradisjon. I år blir det både god litteratur og god musikk på den tradisjonelle boknatta. Forfattaren Tormod Haugland kjem med sin siste roman, Mørk materie. Den handlar om kjær- leik, om å velje sitt eige liv, om å gjere seg fri, og om å vere både far og son. Du møter også to av haustens debutantar, Synnøve Macody Lund med romanen Personar du kanskje kjenner og Solveig Mette Tjeltveit med den originale dikt- samlinga Noo gode gnu. Dei litterære opplevingane blir supplert med velklingan- de jazz frå Karl Seglems akustiske kvartett. Der spelar Seglem sjølv tenorsaksofon og bukkehorn, Andreas Ulvo flygel, Sigurd Hole kontrabass, og Jonas H. Sjøvaag trommer. NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 17. ÅRGANGEN Boknatt med jazz 2/2015 Ei undersøking som blei gjennomført i vår viste at berre ein av 1317 annonsar i dei mest populære magasina og vekeblada i Noreg var på nynorsk. Er det ikkje innan marknadsføring at det gjeld å skilje seg ut? Gaute Øvereng Karl Seglem

Symra 2, 2015

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Haustprogrammet til Ivar Aasen-tunet

Citation preview

Page 1: Symra 2, 2015

Eventyr i Parrs universMaria Parr har omsett og modernisert språket i ei rekkje klassiske eventyr slik at dei passar for unge lesarar i dag. 18. oktober blir det familiedag i Aasen-tunet der skodespelaren Rune Sæter tek med ungane på ei leiken eventyrstund med Bar-nas store eventyrbok i sentrum.

Folkedrakter og broderikaféI boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise set Magny Karlberg historia om folkedrakter i Noreg inn i eit europeisk perspektiv. Onsdag 4. november seier ho meir om samspelet mellom mote-drakt og folkedrakt, impuls og tradisjon i Aasen- tunet. Og etterpå blir det broderikafé.

Forskingsdagane 2015 i Aasen-tunetMat og religion er tema på foredraget Bente Afset frå Høgskulen i Volda skal ha i Aasen-tunet i samband med Forskingsdagane. Alle religionar har reglar for kva ein skal ete, og sær-leg kva ein ikkje skal ete. Samstundes er måltida viktige for den religiøse fellesskapen. I foredra-get fortel ho meir om kva mat og måltid har hatt å seie i jødisk og kristen tradisjon.

I år blir det både god litteratur og god musikk på den tradisjonelle boknatta. Forfattaren Tormod Haugland kjem med sin siste roman, Mørk materie. Den handlar om kjær-leik, om å velje sitt eige liv, om å gjere seg fri, og om å vere både far og son. Du møter også to av haustens debutantar, Synnøve Macody Lund med romanen Personar du kanskje kjenner og Solveig Mette Tjeltveit med den originale dikt-samlinga Noo gode gnu.

Dei litterære opplevingane blir supplert med velklingan-de jazz frå Karl Seglems akustiske kvartett. Der spelar Seglem sjølv tenorsaksofon og bukkehorn, Andreas Ulvo flygel, Sigurd Hole kontrabass, og Jonas H. Sjøvaag trommer.

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 17. ÅRGANGEN

Boknatt med jazz

2/2015

Ei undersøking som blei gjennomført i vår viste at berre ein av 1317 annonsar i dei mest populære magasina og vekeblada i Noreg var på nynorsk. Er det ikkje innan marknadsføring at det gjeld å skilje seg ut?

Gaute Øvereng

Karl Seglem

Page 2: Symra 2, 2015

SØNDAG 20. SEPTEMBER 18.00Mat for sjela. Operaen Is-slottet som filmKomponist Magnar Åm innleier, og samtalar i etterkant med publikum.Gratis

MÅNDAG 21. SEPTEMBER18.00 Den gode turenForedrag ved stipendiat Helga Synnevåg Løvoll, Avdeling for kul-turfag, Høgskulen i Volda Gratis

18.45 Måndagstur i HovdeåsenTuren byrjar etter foredraget «Den gode turen», oppmøte i Uteamfiet.Meir info på friluftsforeninga.no

19.30 Mat og religionForedrag ved førsteamanuensis Bente Afset, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanningSamling rundt eit enkelt måltid i kafeen I samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademiGratisPåmelding til måltidet på tlf. 482 52 17 (innan 17. september)Arrangementa 20. og 21. september er ein del av Forskingsdagane ved Høgsku-len i Volda 18.–22. september

TYSDAG 29. SEPTEMBER 20.00«Det uvanlege har oppsøkt meg» Alfred Hauge 100 årForedrag ved biograf Jan Inge Sørbø Volda Vokal framfører songar med tekstar av Alfred Hauge. I samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademiKr 100 / honnør 50

ONSDAG 30. SEPTEMBER 20.00Rettskriving i 2015: Gammalmannsfjas eller teikn på nasjonal danning? Dosent Jan Olav Fretland om dei nye bøkene Norske skrivereglar/skrivereglerKr 100

TORSDAG 15. OKTOBER 20.00Språkfakta 2015: alt vi no veitI dag er heile verket publisert. Ottar Grepstad samanfattar alle tala iblanda snadder og snop, og samtalar med invit-erte gjester om språk i verda og Noreg.Gratis

SØNDAG 18. OKTOBER 13.00Eventyrleg familiedagLeiken eventyrstund med skodespelar Rune Sæter. Klassiske eventyr henta frå Barnas store eventyrbok, som er omsett av Maria ParrVerkstad, aktivitetar og barnebokutstillingKr 50Høver best for barn i alderen 3–7 år

ONSDAG 4. NOVEMBER 19.00Folkedrakter og broderi 19.00–19.45 SalenForedrag ved Magny Karlberg, forfattar av boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise. 20.00–22.00 BroderikaféI samarbeid med Skald forlag, Volda husflidslag og Ørsta husflidslagKr 100 / medlemer Volda husflidslag og Ørsta husflidslag 50Kafeen er open frå kl. 18.00.

TORSDAG 19. NOVEMBER 20.00Boknatt med jazzSynnøve Macody Lund, Solveig Mette Tjeltveit, Tormod Haugland mfl.Programleiar: Sindre HovdenakkKarl Seglems akustiske kvartettKr 200 / student 100

IVAR AASEN-TUNET SEPTEMBER – DESEMBER 2015

ÅRETS MUSEUM?«Nynorsk kultursentrum, med Ivar Aasen- tunet i Ørsta som hovedarena, er en pioner. Nasjonalt og internasjonalt står språk- og litteraturmuseet fram som en uvanlig levende, ambisiøs og systematisk formidler og forvalter av immateriell kulturarv.»Dette skriv juryen til prisen Årets museum i samband med nominasjonen. Vi er sjølvsagt stolte og glade for å bli nominerte til den frem-ste fagprisen ein kulturinstitusjon av vår type kan få i Noreg.

Synet på naturen har endra seg mykje på 150 år. Då Ivar Aasen reiste rundt i Noreg skildra han også landskapet han kom til. Hardangerfjordens Omgivelser ere af Naturen just ikke meget behage-lige, skreiv han i april 1844. Då han to år seinare kom til Helgeland blei han møtt av fjell med mindre vegetasjon enn dei han var vande med. Fjeldrækken De syv Søstre er skrækkelig, skreiv han då. Ikkje noko sitat for dagens turistbrosjy-rar.

Foto

: Cec

ilie

Sein

ess

Foto

: HiV

olda

Foto: Per Morten Abrahamsen

Foto

: Car

l Chr

istia

n Ra

abe

Synnøve Macody LundRune Sæter

Foto

: Mar

cin

Szpr

yngi

el

Page 3: Symra 2, 2015

OR GJESTEBOKAI IVAR AASEN-TUNET

Jeg var her første gang i 1942/43, 10 år gammel.Ingebjørg S. Olsen, Trondheim 22.6.15

Tak for en fremragende rundvis-ning på Ivar Aasen-tunet.Håndslag fra Per Årseth-Hansen, Danmark 11.8.15

TORSDAG 19. – FREDAG 20. NOVEMBERNynorske scenerArbeidsseminar for festivalar og kultur-arrangørar om formidling og bruk av nynorsk. Informasjon og påmelding på aasentunet.no

LAURDAG 28. NOVEMBERJulehefteOpning av julehefteutstilling og open julebutikk

ONSDAG 2. DESEMBER 11.00BarnekunstutstillingOpning av utstilling med inspirasjon frå boka Jakob og Neikob og det tomme rommet av Kari StaiI samarbeid med Det Norske SamlagetInviterte barnehagarGratis

SØNDAG 6. DESEMBER 13.00Familiedag med juleverkstadFørjulsstund med julesongar Høgtlesing frå boka Jakob og Neikob og det tomme rommet av Kari StaiVerkstad og barnekunstutstillingI samarbeid med Det Norske SamlagetKr 50

IVAR AASEN-TUNET SEPTEMBER – DESEMBER 2015

SPRÅKFAKTA OM HEILE VERDAPå den europeiske språkdagen 26. september publiserer Nynorsk kultursentrum Språkfakta 2015 på Aasentunet.no. Dette arbeidet med statistisk dokumentasjon av språk i Noreg, Europa og verda tok til for nesten 20 år sidan, og no er det klart for fjerde utgåve. – Prosjektet har vakse oss over hovudet, seier Ottar Grepstad. I tillegg til alt som trengst om skule, kyrkje, offentleg forvaltning og massemedium lovar han snadder og snop som vil fornye mang ein kvisskveld. – No vil det finnast sikre svar på kor mange språk Olav H. Hauge er omsett til, og kva land som første gong hadde ein song på dialekt i finalen i Eurovision Song Contest. Eit eige kapittel presen-terer alle dei meiningane nordmenn har hatt om språk dei siste 70 åra.

HOVUDSPONSORAR

PROGRAM OG BILLETTAROppdatert informasjon:www.aasentunet.no

Billettar til arrangementebillett.no 70 04 75 84

Med atterhald om endringar

NYNORSK BARNEBOKTURNÉ MED KARI STAI

Klart vi les! Nynorsk barnebokturné har med seg forfattar Kari Stai rundt om i Møre og Romsdal 12.–15. oktober. Stai vil mellom anna lese frå bøkene sine om Jakob og Neikob.

Det er fjerde året Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet samarbeider om Klart vi les! og i løpet av fire dagar blir det 13 arrangement i både bibliotek og skule.

Turneen blir avslutta med Barnelitterær formidlingsfest på Ålesund bibliotek. På programmet står den nynorske barnelit-teraturen, kvalitetane ved han og korleis formidle bøker for barn. Seminaret er sikta spesielt inn mot barnehagelærarar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med barn.

Meir informasjon og påmelding på aasentunet.no.

Foto

: Ben

edik

te S

karv

ik

Foto

: Lar

s O. F

lyda

l

Foto

: Fin

n St

åle

Felb

erg

Tormod Haugland

Page 4: Symra 2, 2015

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG

Sju nye utebibliotek

Tunkatten Lurivar har laga sju nye utebibliotek til born på Søre Sunn-møre og i Nordfjord til sommar- ferien. Prosjektet er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og sju kommunar i regionen i Friluftsåret 2015.

– Barneboktua er eit litt annleis bibliotek. Det er sjølvbetent og alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese i vakre om-givnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går, seier formidlar Liv Astrid Skåre Langnes i Aasen- tunet. Oversikt over kvar utebiblio-teka er finn du på aasentunet.no.

Språk til salsKva ligg bak ordvala til reklamema-karane? Kva type formuleringar set vi som forbrukarar mest lit til? Kva rolle spelar dialektar eller engelsk i ein reklame? Dette er nokre av spørsmåla Ivar Aasen-tunet set lys på i ei ny temautstilling om reklame-språket som opna i sommar.

Fem nye forfattararHo fekk P2-lyttarane sin romanpris for den siste romanen sin. No er Brit Bildøen presentert i Forfattar-rommet i Ivar Aasen-tunet, saman med fire andre forfattarar.

Du får også vite meir om Lars Petter Sveen, Ruth Lillegraven, Arvid Hanssen og Jan Roar Leikvoll dersom du svingar innom utstil-linga i Aasen-tunet. Forfattarane blir presenterte gjennom tekst, bilete, gjenstandar, bøker og avisut-klipp.

Nytt frå UlvikOlav H. Hauge-senteret og Hardan-ger folkemuseum heidrar Kjartan Hatløy med Diktartavla 2015. Dik-tarstien i tunet på Hardanger folke-museum blir med dette utvida med steintavle nr. 24. Hatløy har til no gitt ut 11 diktsamlingar og natur-motiva står sentralt i diktinga hans.

Stort utval i nynorske varer på handlenett.no

Bokstøtte Ivar AasenKr 229

SpeledåseBlåmannKr 149

Jakob og Neikob-koppKr 169

Aasen-boksardame og herre Kr 149 (249 for to)