40
1 Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH-nett Vest Rapport frå TPS-arbeidsgruppa 20 mars 2015

Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

1

Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH-nett Vest

Rapport frå TPS-arbeidsgruppa

20 mars 2015

Page 2: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

2

Forord

Arbeidsgruppe for Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) vart oppnemnd av Arbeidsgruppe for samarbeid

om helse- og sosialfagutdanning innan UH-nett Vest i februar 2014.

TPS-arbeidsgruppa legg her fram sin rapport pr. 20. mars 2015.

Denne rapporten er eit førebels svar på det mandatet arbeidsgruppa fekk, slik at oppdragsgivar kan gi retning

for det vidare arbeidet med TPS i nettverksinstitusjonane. Som del av mandatet tar arbeidsgruppa ansvar for

gjennomføring av eit seminar om TPS i april 2015, men ser elles på sitt arbeid som avslutta. Arbeidsgruppa legg

fram forslag til nødvendige vedtak i UH-nett Vest for å kunne etablere eit nettbasert fellesopplegg for TPS for

dei aktuelle utdanningane innan nettverket + forslag til lokale løysingar for TPS i praksis/yrkesfeltet.

Bergen/Stord/Volda/Førde/Stavanger, 20. mars 2015

Gerd Bjørke, gruppeleiar Irene Aasen Andersen Rutt Bengtsson

Høgskolen Stord/Haugesund Høgskulen i Sogn og Fjordane Universitetet i Stavanger

Sissel Johansson Brenna Anders Bærheim Bente Hasle Høgskolen i Bergen Universitetet i Bergen Høgskolen i Volda

Page 3: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

3

Innhaldsoversikt

Innleiing side 5

Oppnemning og mandat 5

Arbeidet i første fase 6

Solstrand-seminaret 3.-4. mars 2014 6

HSH-seminar 26. mars 2014 6

Nett-aktivitet 6

Presisering av mandat og endringar i gruppesamansetjing 6

Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 7

Skypemøte - Loen-seminaret 11. november 2014 8

Bergensmøte I – 9. januar 2015 9

Bergensmøte II – 24. februar 2015 9

Solstrandseminar – 10.-11. mars 2015 9

Skypemøter, 20. mars 2015 10

Kva er tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) 11

Kva er tverrprofesjonelt samarbeid eller samhandling? 12

Einprofesjonell yrkesutøving, fleirprofesjonelt samarbeid og tverrprofesjonell samhandling 12

Når er det så tverrprofesjonell samhandling er spesielt viktig? 13

Ein-, fleir- eller tverrprofesjonell utdanning 14

Helse- og utdanningspolitiske føringar for satsing på tverrprofesjonell samarbeidslæring 16

Føresetnader for tverrprofesjonell samarbeidslæring 18

Utdanningsportefølje ved utdanningsinstitusjonane i UH-nett Vest 19

Teamarbeid i velferdssektoren i UH-nett Vest sitt nedslagsfelt i dag 20

Page 4: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

4

Kartlegging av dagens «TPS-verksemd» innan UH-nett Vest 22

Tverrprofesjonell samarbeidslæring ved institusjonane i dag 22

Muligheter for tverrprofesjonell samarbeidslæring i praksisstudiene 24

FoU-verksemd med fokus på tverrprofesjonell samarbeidslæring 25

Mulige modellar for tverrprofesjonell samarbeidslæring 27

TPS i praksislæringssituasjonar 27

Nettbaserte og IKT-støtta opplegg 29

Arbeidsgruppas forslag 30

Tverrprofesjonell samarbeidslæring for helse- og sosialfagstudentar

ved institusjonane i UH-nett Vest 30

1, Nettbasert TPS-opplegg 30

Administrering av opplegget 31

Finansiering 32

Framdriftsplan 32

Følgeforsking 32

2, TPS i praksissituasjonar 33

3, Fokus på teamarbeidsmodellar 33

4, Styrking av TPS-kompetanse 33

Forslag til vedtak 34

Referansar 35

Vedlegg

1. Arbeidsstader som tar i mot helse- og sosialfagstudentar

2. Utkast til brev til kommunar

3. Utkast til brev til helseforetak

Page 5: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

5

Innleiing

Etter den siste stortingsmeldinga om velferdsutdanningane, Meld. St. 13 (2011-2012) Utdanning for

velferd; Samspill i praksis, er det gitt sentrale føringar med pålegg om å leggje vekt på tverrprofesjonell

samarbeidslæring innan desse utdanningane. Nyutdanna kandidatar skal vere i stand til å gå inn i

tverrprofesjonelt samarbeid i sektoren. Dette er bakgrunnen for at UH-nett Vest også har satt

tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) på dagsorden, og oppnemnde i 2014 ei arbeidsgruppe for å

greie ut spørsmålet om kva som finst av TPS i dag og kome med forslag til TPS-styrking ved

høgskolane i nettverket.

Oppnemning og mandat

Arbeidsgruppa for Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) i UH-nett Vest vart oppnemnd 2.

februar 2014, av Arbeidsgruppe for samarbeid i helse- og sosialfagutdanningane innan UH-nett Vest. I

vedtaket (Sak 4/14) heiter det:

1. Det opprettes en TPS-gruppe i UH-nett Vest regi.

2. Hver institusjon spiller inn navn til deltakere. Følgende er oppnevnt: Sissel J. Brenna, HiB, Gerd

Bjørke, HSH, Anders Bærheim og Lone Holst (vara Reidun Kjome), UiB, Unni Uren Aasen og Sara

Terese Osland, HiSF og Jan Einar Flø, HVO. Det kan være aktuelt å opprette regionale grupper etter

hvert.

3. Gruppen bes delta på UH-nett Vest seminaret 3. og 4. mars 2014 for å konstituere seg og starte

arbeidet.

4. Gruppen får som foreløpig mandat å kartlegge eksisterende TPS-prosjekt i UH-nett Vest, kartlegge

felles praksisplasser og komme med forslag til videre utvikling av TPS-prosjekter i UH-nett Vest.

5. Gruppen inviteres til seminar 26. mars i regi av HSH om TPS

6. Det planlegges et seminar om TPS i UH-nett Vest regi, TPS-gruppen får ansvar for dette. Tid og sted

avklares senere.

I denne rapporten følgjer oversikt over arbeidet i gruppa og dei utgreiingane gruppa har gjort, med

forslag til tiltak.

Page 6: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

6

Arbeidsgruppas første fase

Her følgjer ei kort oversikt over arbeidet i arbeidsgruppa i løpet av 2014:

Solstrand-seminaret – 3.-4. mars 2014

Ved UH-nett Vest seminaret på Solstrand 3.-4. mars 2014 møttest følgjande frå gruppa for første

gong: Sissel J. Brenna, Høgskolen i Bergen (HiB), Gerd Bjørke, Høgskolen Stord/Haugesund (HSH),

Lone Holst, Universitetet i Bergen (UiB), Sara Osland, Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Jan

Einar Flø, Høgskolen i Volda (HVO). I tillegg deltok studieleiar Leif-Steinar Alfsvåg, frå HSH, ettersom

studieleiargruppa som han skulle vere i ikkje kom i gang. Arbeidsgruppa gjorde seg kjende med

kvarandre og lufta litt tankar omkring TPS-aktivitetar ved dei ulike institusjonane, og vedtok i første

omgang å starte innsamling av materiale for å kartleggje praksisplassar. Jan-Einar Flø tilbaud seg å

opprette eit felles forum i Google-disk for utveksling og samskriving. Det vart ikkje avtalt noko meir

arbeids- og ansvarsfordeling for framdrifta. Gruppa antok at deltakarane ville kunne ha kontakt via

mail og Skype.

HSH-seminar – 26. mars 2014

HSH arrangerte 26. mars 2014 ei personalsamling der TPS var tema. Arbeidsgruppa vart invitert til å

delta, men ingen utanfor HSH fekk det til å høve slik. Seminaret vart streama og eit par TPS-

arbeidsgruppe-deltakarar følgde dette.

Nett-aktivitet

Det vart ingen stor aktivitet i det felles Google-disk-rommet. I slutten av mai tok så Anders Bærheim,

som ikkje deltok på Solstrand, initiativ til eit Skype-møte, 1. juni 2014. Her vart eit idénotat frå Senter

for tverrprofesjonell samarbeidslæring i primærhelsetjenesten (TVEPS) drøfta.

Gerd Bjørke, HSH, hadde ikkje blitt informert om Skype-møtet, og reagerte i etterkant med ei

oppsummering både av forståinga av mandatet for gruppa, statusrapport frå aktiviteten ved HSH og

spørsmål om å søkje felles midlar til Norgesuniversitetet for å stimulere til kvalifisering for TPS-

veiledning av studentar i praksis.

Presisering av mandat og gruppesamansetjing

Samtidig med dette vart framdrifta i arbeidsgruppa drøfta i styringsgruppa for UH-nett Vest, og Gerd

Bjørke vart bedt om å leie TPS-utgreiinga i arbeidsgruppa. Det endelege mandatet vart formulert slik:

1. Kartlegge eksisterende TPS i UH-nett Vest (undervisningsopplegg, forsking og

utviklingsprosjekter), kartlegge felles praksisplasser og komme med forslag til videre

utvikling av TPS ved velferdsutdanningene i nettverket.

2. Planlegge et seminar om TPS i UH-nett Vest regi medio november 2014.

Page 7: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

7

Samansetjinga av arbeidsgruppa var no Sissel J. Brenna, HiB, Irene Aasen Andersen, HiSF, Jan-Einar

Flø, HVO, Gerd Bjørke, HSH og Anders Bærheim og Lone Holst, UiB. Jan-Einar Flø starta i

september 2014 i instituttleiarstilling og Bente Hasle gjekk så inn i arbeidsgruppa som representant

for HVO.

Etter at det var klarlagt at Universitetet i Stavanger (UiS) no er tilslutta nettverket, vart det tatt

kontakt med Institutt for sosialt arbeid og Institutt for helsefag for å undersøkje om nokon derfrå

kunne representere UiS i arbeidsgruppa. I november 2014 fekk vi opplyst at Rutt Bengtsson ville

representere Institutt for sosialt arbeid, medan Institutt for helsefag ikkje har meldt tilbake.

Utvidinga av arbeidsgruppa vart klarert med koordinator Lene Bakke, UH-nett Vest, likeins at HiSF

kan vere representert med ein frå Førde og ein frå Sogndal, pga geografiske avstandar og ulik

utdanningsportefølje ved desse to studiestadane. Dette har ikkje blitt følgt opp.

Pr. januar 2015 er følgjande personar med i arbeidsgruppa:

Gerd Bjørke, leiar Høgskolen Stord/Haugesund

Sissel Johansson Brenna, Høgskolen i Bergen

Irene Aasen Andersen, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Bente Hasle, Høgskolen i Volda

Anders Bærheim, Universitetet i Bergen

Rutt Bengtsson, Universitetet i Stavanger

Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014

Arbeidsgruppa vart invitert til UH-nett Vest sitt arbeidsseminar på Flesland 18.-19. september 2014.

Arbeidet med å samle oversikt over praksisplassar starta i august, med tanke på å drøfte dette og det

vidare arbeidet i Flesland-seminaret i september. Arbeidsgruppa kom ikkje så langt i Flesland-

seminaret, men gruppedeltakarane gjorde seg kjende med kvarandre og drøfte både kva som ligg i

TPS, føresetnader og moglege modellar for TPS på tvers av institusjonane. Kort oppsummert:

Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) har som siktemål at studentar ved velferdsutdanningane i

løpet av studietida utviklar samhandlingskompetanse, dvs. samarbeid yrkesgrupper i mellom og med

brukar/pårørande som partnar og i fokus for samarbeidet.

Ein føresetnad for vellukka TPS er at samhandlingskompetanse blir bygd opp gjennom erfaringslæring,

at studentar blir kjende med samarbeidande yrkesgruppers kompetanseområder og korleis eit

tverrprofesjonelt team kan gje utfyllande og helhetlige tenestetilbod til brukarar. Idealet er at

studentar lærer av, med og om kvarandre og får trening i tverrprofesjonelt teamarbeid.

TPS bør føregå innafor praksisstudiane – om dette er praktisk mogeleg. Dette betyr at praksisstadene

må vere førebudde på å ta i mot studentar som skal lære teamarbeid. Praksis må tilby å vise dei gode

eksempla på korleis teamarbeid fungerer. Kan arbeidsstadene t.d. ta i mot studentgrupper, i staden for

enkeltstudentar?

Kan vi styrkje TPS gjennom digitale løysingar? Kan studentar frå ulike studieretningar arbeide saman

over nettet?

Kan studentar lage felles seminar/konferansar/posterutstillingar – på tvers av institusjonane, som

samarbeidsprosjekt?

TPS må inn i planane for utdanningane, det må utviklast læringsutbyttebeskrivelsar som har spesifikt

uttrykte mål for kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse innan tverrprofesjonell samhandling.

Minstekrav til TPS kan kanskje vere at studentane skal ha gjennomført studiekrav og dokumentere at

dei har erfart og lært, slik at dei viser at dei har tverrprofesjonell samhandlingskompetanse?

Page 8: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

8

Kan vi byggje bru over skiljet mellom helsefag- og sosialarbeidarutdanningane? Kan det finnast nye eller

andre praksisstader som gir innpass til eit breiare spekter av studentgrupper?

Kan vi utfordre kommunane til å ta i mot studentgrupper i team?

Burde tverrprofesjonell samarbeidslæring gå ut over helse- og sosialfagutdanningane? Kva med

lærarutdanningane? I enkelte tilfelle vil også samarbeid med ingeniørar vere aktuelt, og

fellesskap/møteplass mellom utdanningar her også?

Arbeidsgruppa vedtok å arbeide vidare med oversikt over praksisplasser, likeins å samle oversikt

over undervisning og FoU-aktivitet ved kvar av institusjonane. Ut frå det kartet som då teiknar seg,

må det kunnast skisserast forslag til TPS.

I Flesland-seminaret vart det også klart at HVO, HiSF og HiM planla eit fagseminar om TPS den 11.-

12. november, i Loen. I samråd med arrangørane for dette vedtok arbeidsgruppa å leggje UH-nett

Vest sitt TPS-seminar til våren 2015, og foreslo der og då at seminaret blir planlagt til 9-10 april

2015.1

Skypemøte - Loen-seminaret 10.-11. november 2014

Ved Loen-seminaret i november deltok Bente Hasle, Irene Aasen Andersen og Gerd Bjørke. I

samband med dette seminaret hadde arbeidsgruppa eit Skype-møte, 11. november 2014, der også

Anders Bærheim og Sissel J. Brenna deltok.

I dette møtet vart ein påbegynt statusrapport frå arbeidsgruppa drøfta, likeins arbeidet med å samle

inn materiale om TPS ved institusjonane. Her er konklusjonane frå møtet:

- Arbeidsgruppa sitt arbeid:

o Vi avtalte nytt fysisk møte på Flesland 9. januar 20152. Bente, Irene og Gerd kjem

torsdagskvelden og overnattar. Tidsramme for møtet: kl 0900-1600. Vi møtest på eit av

hotella, etter nærare avtale med Lene Bakke.

o Vi melder frå til Lene Bakke om behov for resursar til Fleslandsmøtet.

- Kartleggingsarbeidet:

o Alle gjennomgår oversiktane over praksisplassar, utdanningstiltak og FoU-prosjekt om TPS og

sender Gerd, slik at desse oversiktane no kan leggjast til grunn for det vidare arbeidet

o Gerd sjekkar ut med Lene om det let seg gjere å sende spørjeskjema til kommunar og

helseføretak om muligheter for å ta i mot studentteam, for å skape autentiske TPS-

læresituasjonar.

- Kva for modellar for TPS kan vi tenkje oss? I kva grad kan vi kople studentar frå helsefagutdannningar

og sosialfagutdanningar? Kor vidt skal vi tenkje – heile UH-nett Vest regionen, eller fylkesvise

inndelingar? Dette har vi ikkje svar på enno, og det må drøftast vidare i møtet 9. januar 2015

- Idear til opplegget for TPS-seminaret i april 2015 – og plan for invitasjon, organisering etc. Her kom vi

ikkje til nokon konklusjon og spørsmåla må takast opp att i januarmøtet:

o Skal dette vere eit «intern-seminar» med utveksling av erfaringar frå det ein har fått til og

prøvd ut, så langt?

o Skal vi hente inn ressurspersonar til inspirasjon og «løfting» av problematikken? Eksempel:

Norske: Synnøve Hofseth Almås, HiÅ, Atle Ødegård, HiM, Elisabeth Willumsen, UiS, Nanna

Hauksdottir, UiT, Inger Taasen, HiOA, Sigurd Roger Nilsen, HiØ?

Nordiske: Erik Vestergård, Kolding, Danmark, Flemming Jacobsen, Holstebro, Danmark,

Margaretha Forsberg Larm , Karolinska Institutet, Sverige,

Internasjonale: Hugh Barr, UK, John Carpenter, UK, Scott Reeves, UK, Jody Hoffer Gittel,

USA

1 Datoen vart seinare endra til 22.-23. april 2015.

2 Dette vart sidan flytta til Scandic Bergen City hotell.

Page 9: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

9

o Kvar skal seminaret vere? Kostnader?

- Kva for rolle tenkjer vi oss at UH-nett Vest kan spele i eit omfattande TPS-opplegg i regionen? Felles

organisering? Heile regionen eller fylkesvise inndelingar? Korleis kan TPS koordinerast der fleire

institusjonar inngår? Skal vi foreslå eit prøveprosjekt? Kva for ressursar treng vi, om vi kan «velje på

øverste hylle»? - Desse spørsmåla må vi også gå vidare på.

- Kvalifisering for TPS – desse punkta var av meir informativ art:

o HSH tilbyr ei 15 sp vidareutdanning i Tverrprofesjonell samhandling, med tanke på

kvalifisering for tilrettelegging og veiledning ved TPS i utdanningane, og på å fokusere på

tverrprofesjonell teamkompetanse i sektoren. Dette studiet blir for V-2015 organisert

nettbasert, med ei startsamling, ei midtsamling og ei sluttsamling for lokale grupper, slik at

studiet kan bli eit tilbod fleire stader i UH-nett Vest-regionen/landet. Førebels er det planlagt

ei samling på/i Stord/Haugesund, men det er ope for samlingar/grupper fleire stader på

Vestlandet, om det melder seg nok deltakarar.

Bergens-møte I – 9. januar 2015

Arbeidsgruppa hadde så eit møte i Bergen, 9. januar 2015. Her var heile gruppa samla, og det kom no

opp forslag om

1, å samle seg om utvikling av eit felles nettbasert opplegg for alle studentane ved institusjonane i UH-

nett Vest, som eit minimums TPS-opplegg,

2, å stimulere til lokale/regionale løysingar for TPS i praksis-situasjonar, der det er opp til kvar

institusjon og etablere kontakt med andre institusjonar og praksisfeltet om tilrettelegging for

møtepunkt for studentar frå ulike utdanningsretningar

To av gruppemedlemmene (Bjørke og Hasle) tilbaud seg å skissere eit nettbasert opplegg som

grunnlag for vidare drøftingar i arbeidsgruppa, og som kunne danne grunnlag for dei forslag som

arbeidsgruppa vil kunne leggje fram i eit arbeidsseminar 22.-23. april 2015. Etter å ha konferert med

koordinator Lene Bakke i UH-nett Vest vart det bestemt å handplukke deltakarar til dette seminaret,

ein representant frå kvar utdanning + ein institusjonsrepresentant. Seminaret skulle såleis ha som

siktemål å leggje grunnlag for å setje i verk tverrprofesjonell samarbeidslæring ved alle institusjonane i

nettverket i løpet av 2016.

Bergensmøte II – 24. februar 2015

I dette møtet deltok også Ragnhild Steinsland, HSH, som IKT-ressursperson og Lene Bakke var med i

deler av møtet. Ei skisse til eit nettbasert TPS-opplegg vart lagt fram og drøfta. Det viser seg at

institusjonane har ulike læringsplattformer (HSH + HVO + HiSF har Fronter, HiB og UiS har It’s

learning og UiB har Kark). Dette kan gjere det vanskeleg å byggje bru mellom denne programvara.

Det bør difor vurderast om ein skal ta i bruk eit anna opplegg som er tilgjengeleg, som t.d. Canvas,

som er ope og tilgjengeleg på nettet. Rammene for april-seminaret vart også drøfta.

Solstrandseminar – 10.-11. mars 2015

Her møtte deler av arbeidsgruppa, Bjørke, Brenna og Hasle første dagen, i tillegg Bengtsson andre

dagen. Gruppa laga no forslag til program for aprilseminaret, hadde møte med Lene Bakke, som igjen

understreka at arbeidsgruppa bør kome opp med konkrete forslag til vedtak, ikkje skisser som skal

diskuterast vidare, om ein skal får TPS i gang på tvers av institusjonane. Gruppa hadde også møte

med oppdragsgivar, Arbeidsgruppa for samarbeid om utdanning innan helse- og sosialfag, og fekk

der lufta dei forslaga som gruppe vil fremja i april-seminaret og som konklusjon på sitt arbeid.

Page 10: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

10

Skypemøter 20. mars 2015

Det viste seg vanskeleg å samle heile gruppa i eit felles Skypemøte. Gerd, Anders og Sissel hadde

først eit Skypemøte på morgonen, deretter hadde Rutt og Gerd ein telefonsamtale. Irene gav

tilbakemelding på epost. Gerd og Bente hadde ein telefonsamtale måndag 23. mars. I desse ulike

møtene gav gruppa sine innspel og tilslutnad til rapportutkastet, slik at det no kan sendast over til

Arbeidsgruppa for samarbeid mellom helse- og sosialfagutdanningar i UH-nett Vest, før distribusjon

til deltakarane på TPS-seminaret 22.-23. april 2015.

………………..

I det etterfølgjande vil vi gå nærare inn på kva TPS faktisk inneber, bakgrunn og føresetnadar for å

leggje vekt på på TPS i velferdsutdanningane, for deretter å gi eit bilde av kva som finst av TPS ved

institusjonane i dag. Deretter legg gruppa fram

forslag til eit felles nettbasert TPS-opplegg for alle dei aktuelle utdanningane i nettverket og

administrering av dette,

forslag til lokal organisering av TPS i praksisstudiar og

forslag om å involvere kommunar og helseforetak til å invitere studentteam inn med tanke på

teamoppgåver i lokale samanhengar

forslag til styrking av TPS-kompetanse med tanke på veiledning av TPS-grupper innan

fellesopplegget.

Page 11: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

11

Kva er tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS)?

«Det heiter ikkje eg no lenger, heretter heiter det vi», (Halldis Moren Vesaas)

Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) er eit omgrep som i norsk kontekst har kome opp i Meld. St.

13 (2011-2012) Utdanning for velferd; Samspill i praksis. Denne utdanningsmeldinga, Samspillsmeldinga,

understreka at det er viktig å leggje større vekt på tverrprofesjonell samhandling som tema i

utdanningane, og reelt sett førebu studentane til det samarbeidet mellom yrkesgruppene som er ein

nødvendig føresetnad for å få til heilskap og samanheng i tenestetilboda, slik Samhandlingsreforma3

legg føringar for. Samspillsmeldinga understreka m.a. at det er:

…. Behov for en bedre forståelse av sammenhenger som påvirker helse og levevilkår, og mer helhetlig og koordinert innsats på tvers av sektorer, tjenester og fagmiljøer.

Det krever tverrprofesjonelt samarbeid. (s. 46)

Utdanningene må bidra til at kandidatene utvikler en selvforståelse som medarbeidere i et større

velferdssystem i tillegg til identiteten som profesjonsutøver

Det er viktig at elever og studenter blir kjent med andre yrkesgrupper i tjenestene og deres roller og

oppgaver allerede under utdanningen

(s. 49)

Det er såleis denne «doble» yrkesidentiteten, å sjå seg sjølv både som representant for ei spesiell

yrkesgruppe og det å sjå seg sjølv som velferdsarbeider med fellesansvar for velferdstenester, som er

målet. Gjennom ein «fellesidentitet» meiner ein så at det kan utviklast eit betre fellesskap i møte med

dei oppgåver og utfordringar som velferdstenestene skal løyse. Føresetnaden er at studentane blir

kjende med kvarandre og korleis dei, med ulik yrkeskompetanse, kan utfylle kvarandre, slik at

brukarar opplever eit heilskapleg tenestetilbod.

3 St. meld. nr. 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen. Iverksatt pr 1.1. 2012.

Page 12: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

12

Kva er så tverrprofesjonelt samarbeid eller samhandling?

Barr et al (2005) seier at tverrprofesjonelt samarbeid

Oppstår når

1, samarbeidspartnarar frå ulike yrkesgrupper

2, arbeider med same oppgåvefelt,

3, men har kvar sine innfallsvinklar eller arbeidsoppgåver.

Innfallsvinklane er komplementære – men gjensidig avhengige av kvarandre. Ein kan også seie at

tverrprofesjonell samhandling er meir enn «summen av delane», samhandling er eit fellesprodukt, det

blir skapt i det relasjonelle feltet, i dialogiske prosessar. Det er i slike dialogiske

samhandlingssituasjonar val og avgjerder om tenestetiltak må gjerast, ikkje som administrativ

koordinering. Tverrprofesjonell samhandling krev såleis eit fellesskap mellom aktørane innan

tenestefeltet, der det horisontale samarbeidet yrkesutøvarar i mellom (og heile tida i samspel med

brukarar og med fokus på problemfelt og utfordringar) er det sentrale, ikkje byråkratiske eller

hierarkiske ordningar der ein handlar berre ut frå regelverk eller i linjestrukturar. Det er denne

horisontale samhandlinga som må liggje til grunn, ikkje berre på individnivå, men også på

organisasjons- eller institusjonsnivå, om det skal bli flyt i tenestetilbodet mellom dei ulike ledd i

velferdstenestene.

Orvik (2004) trekkjer fram skiljet mellom ‘samarbeid’ og ‘samhandling’. Han hevdar at

samhandling er mer konkret og forpliktende enn samarbeid.., at samhandling er ikke bare å samle

trådene, men innebærer en gjensidig tilpasning mellom egne og kollegenes arbeidsoppgaver, at

forholdet mellom personer må være basert på tillit, gjensidighet og likeverd… og at de berørte

må ha en fellesforståelse av situasjonen og i større grad enn ved samarbeid være forpliktet når

det gjelder å få ting til sammen. (s. 256)

Dette normative grunnlaget er basis i dei samarbeidsstrukturane som blir bygde opp eller kjem til

uttrykk. Det er innafor eit system av møtestrukturar at fellesskapet får eit fellesansvar og saman

fordeler oppgåver og innsats. Dette er eitt avgjerande kjenneteikn på tverrprofesjonell samhandling.

Einprofesjonell yrkesutøving, fleirprofesjonelt samarbeid og

tverrprofesjonell samhandling

I yrkeslivet finn vi ulike grader av arbeid, samarbeid og samhandling:

1, einprofesjonell handling, der ein yrkesperson arbeider åleine, er eksperten eller

spesialisten, som kan handle ut frå den spesialkunnskap han har, og hovudsakleg har sin klient,

brukar, pasient eller «kunde» å forholde seg til

2, fleirprofesjonelt samarbeid, som kan skje ut frå ei koordinering av tenester, men utan

interaksjon eller møtepunkt mellom spesialistane i utøvinga av tenestene.

Page 13: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

13

3, tverrprofesjonell samhandling der ulike spesialistgrupper møtest, utfyller kvarandre og

gjennom å forhandle seg fram til felles mål for dei oppgåvene dei står overfor, lagar eit

opplegg, utfyller kvarandre, konfererer med kvarandre og har eit fellesansvar for utfallet både

av tilbod og utkomme.

Når er det så tverrprofesjonell samhandling er spesielt viktig?

Jau, når kompleksiteten er stor, og problemløysing eller tenestebehovet krev innsats frå meir enn ei

yrkesgruppe. Dette vil sjølvsagt gjelde i alle ledd innan helse- og sosialtenestene, både i primær- og

spesialisthelseteneste.

I høgspesialiserte spesialisthelsetenester, som ved t.d. akuttmedisin, er teamarbeid innarbeidd som

mønster. Kvar spesialist, eller yrkesgruppe, veit nøyaktig kva som er vedkomande si oppgåve, og

samhandlinga, som oftast også føregår under tidspress, er drilla inn. Den same innøvinga av ulike

spesialistoppgåver finn vi ikkje på den same måten i tenestetilbod som ikkje har det same tidspresset,

eller er av livsviktig karakter der og då. Graden av samhandling vil, likevel, ha like stor betydning her

for kvalitet i tenestetilbodet.

I dag er det særleg innan dei kommunale helse- og sosialtenestene vi finn dei store utfordringane med

samhandling mellom ulike yrkesgrupper. Kommunane skal ta i mot pasientar frå spesialisthelsetenesta

(sjukehusa) straks pasientane er utreda eller ferdig behandla. Liggetida ved sjukehusa blir kortare og

pasientar blir raskare overførde til kommunane enn tidlegare. Har så dei kommunale helse- og

sosialtenestene apparat til å ta i mot meir behandlingstrengjande pasientar?

Vi har dei seinare åra hatt ei storstilt sjukeheimsutbygging i kommunane rundt omkring i landet. Men

sjukeheimsplassar er ikkje nok. Korleis er det med personelldekninga her? Er sjukeheimane reine

pleieinstitusjonar, eller er det knytt rehabilitering til desse? Med vekt på eldre sin rett til å velje om

dei vil bu heime eller på institusjon, har heimetenester blitt bygde ut i alle kommunane. Desse

tenestene har i stor grad hatt karakter av heimesjukepleie. Når fleire og fleire pasientar blir utskrivne

til heimen medan dei framleis er i ein opptrenings- eller rehabiliteringsfase, er dei nødvendige

yrkesgruppene då på plass? Har alle kommunar t.d. ergoterapeut- og fysioterapeutstillingar? Og

korleis føregår samarbeidet mellom dei ulike gruppene?

I dag ser vi også at det blir lagt vekt på utbygging av intermediær- eller såkalla KAD-avdelingar4, som

kan ta i mot behandlingstrengjande pasientar etter utskriving frå sjukehus for vidare rehabilitering i

heimkommunen. Vil desse avdelingane bli av ein slik storleik at det her kan vere behov for langt fleire

yrkesgrupper enn innan pleiesektoren? Vil det finnast ergoterapeut-, fysioterapeut-, bioingeniør-,

radiograf- eller sosionomstillingar ved desse «minisjukehusa»? Kor mange ulike personellgrupper vil

dei kommunale helse- og sosialtenestene ha, og korleis blir dei organiserte – kvar er møteplassane?

Helsedirektoratet har sidan 2012 hatt ein kampanje om «betre tverrfaglig innsats for barn og unge»

(BTI), med åtte prøvekommunar som har hatt i oppdrag å utvikle det førebyggjande arbeidet blant

barn og unge, med tanke på tidleg innsats når problem oppstår. Dette er tiltak som truleg vil

vidareførast til alle kommunane. Dette vil krevje eit nært samarbeid mellom barnehage-, skole-,

helse-, sosial- og barnevernstenester, og kanskje også rusomsorg. I arbeidet med rusproblematikk,

innan psykiatri, innan omsorg for utviklingshemma og funksjonshemma generelt, er det

tverrprofesjonelle samarbeidet avgjerande.

4 Kommunal akutt døgnavdeling

Page 14: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

14

Er personellet klar til dei samhandlingsutfordringane som organiseringa av velferdstenestene krav?

Treng vi ein «kampanje», utløyst av dei sentrale styresmaktene for å setje tilstrekkeleg lys på

samhandling – om Samhandlingsreforma skal verkeleggjerast?

Ut frå Samhandlingsreforma og Samspillsmeldinga er det velferdssektoren og velferdsutdanningane

som er i søkelyset. Ser vi på dei problemfelta, utfordringane og oppgåvene som desse velferdsyrkene

møter, så kan det hende at denne avgrensinga blir for snever. I arbeidet med barn og unge vil

samarbeid mellom velferdssektoren og oppvekstsektoren vere viktig, og innan rusomsorg og ved

førebygging av kriminalitet vil samarbeid mellom velferd, oppvekst og f. eks. politi også vere aktuell.

Når søkelyset blir sett på førebuing til samhandling i yrkeslivet, så bør difor kanskje dei

praksiserfaringane som studentar frå ulike yrkesretningar får kunne gå utanfor dei praksisstadene som

i dag ligg i utdanningane. Dette kjem vi tilbake til i kapitlet om forslag til tverrprofesjonell

samarbeidslæring i framtida.

Ein-, fleir- eller tverrprofesjonell utdanning

Vi kan også dele inn utdanning i tre utdanningsmodellar, tilsvarande mønsteret for handling eller

samhandling i yrkeslivet: einprofesjonell, fleirprofesjonell og tverrprofesjonell utdanning.

Eksempel på einprofesjonell utdanning er dei profesjonsutdanningane på bachelornivå som vi i dag

har. Her blir, i hovudsak, all undervisning organisert innan ei og same utdanning, utan noko blikk til

eller samarbeid med sidestilte utdanningar. Dette blir gjerne kalla «silo-utdanning». Ein kan gå frå

start til avslutning i ei yrkesutdanning utan fellesskap med eller utan å kjenne til kva som er fokus for

nærliggjande yrkesgrupper eller –utdanning er.

Fleirprofesjonell utdanning kan organiserast som fellesundervisning for studentar frå fleire studie-

eller profesjonsretningar. Dersom dette føregår i førelesingsform kan det vere førelesingar i tema

eller fag som vil inngå i fleire utdanningar (eks. anatomi, psykologi, sosiologi etc). Slik undervisning er

ikkje nødvendigvis interaktiv eller vil føre til at studentar blir kjende med kvarandre på tvers av

utdanningsretningar, og det treng heller ikkje vere samarbeid eller samhandling som er fokus for

undervisninga.

Tverrprofesjonell utdanning inneber interaktiv læring der studentar gjennom samarbeid med

kvarandre både lærer om kvarandre sine kompetanseområder og dei lærer å samarbeide. Eksempel

på slike læringsopplegg kan vere av case-, praksis- eller problemorientert art. Her må det altså vere

møtepunkt mellom studentar frå minst to ulike yrkesretningar.

Page 15: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

15

Når vi snakkar om tverrprofesjonell samarbeidslæring, så er det nettopp desse karakteristikkane av

tverrprofesjonell utdanning som gjeld. Utfordringane er å kople saman studentar frå ulike

studieretningar, når høgskolen sjølv har berre ein eller to studieretningar innan velferdsutdanningane.

Då må det etablerast samarbeid på tvers av utdanningsinstitusjonar.

Page 16: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

16

Helse- og utdanningspolitiske føringar for satsing pa tverrprofesjonell samhandling og tverrprofesjonell samarbeidslæring

Tverrprofesjonell samhandling er i fokus i dag, både helsepolitisk og utdanningspolitisk. «Bedre

samhandling bør være et av helse- og omsorgssektorens viktigste utviklingsområder framover», blir det

uttrykt i Samhandlingsreformen, som vart iverksatt 1. januar 2012.5 Satsing på samhandling skal skape

meir koordinerte tenester, som eit svar på den fragmentering som tenestene i dag er prega av.

‘Samhandling’ blir i St. meld. nr. 47 (2008-2009) definert som

uttrykk for helse- og omsorgstjenestenes evne til oppgavefordeling seg imellom for å nå et felles,

omforent mål, samt evnen til å gjennomføre oppgavene på en koordinert og rasjonell måte.

Samhandlingsreforma har fokus på det strukturelle forholdet mellom ulike einingar, nivå, etatar,

institusjonar, organisasjonar i tenesteapparatet. Samhandling føreset imidlertid at personellet som

utgjer dei ulike elementa i tenestene har nødvendig samhandlingskompetanse.

Det har lenge vore fokus på tverrprofesjonelt samarbeid innan velferdsutdanningane, utan at dette

hittil har fått fullt utslag og er innarbeidd som eit sjølvsagt fokus i utdanningane. Det har vore meir

fokus på utvikling av fagas eigenart og på å utvikle yrkesspesifikk kunnskap enn på det som er felles i

tenkingsgrunnlag, problemområde, utfordringar og intensjonar. Trass i at utdanningane arbeider i det

same feltet, med det same målet, så har fellesinnhaldet i og fellesorganisering mellom desse

utdanningane ikkje hatt stort fokus. Det ligg ein lang historie bak dette.

Den offentlege utgreiinga om organisering av helse- og sosialfagutdanningane6 som for første gong

kom på førstninga av 1970-tallet (Bjørnsson-komiteen, 19727, St- meld. nr. 13 (1976-77)8) var eit av

forslaga å organisere desse utdanningane med eit første felles studieår, før spesialisering i ulike

yrkesretningar. Dette forslaget gjekk yrkesorganisasjonane i sektoren massivt i mot. Resultatet vart

fortsatt separate utdanningar (einprofesjonell utdanning), men no lagde til høgskolenivået. Det vart

også oppretta eigne fagråd, men med eit felles sekretariat for desse. Kritikken mot yrkesgruppene og

utdanningane om manglande samarbeid og systemforståing vart tydeleg uttrykt i nye offentlege

utgreiingar på 1980-tallet (NOU 1986: 4). I 1990 vart så dei profesjonsspesifikke fagråda slått saman

til eitt felles fagråd, Rådet for høgskoleutdanning innan helse- og sosialfag. Dette rådet utarbeidde

5 St. meld. nr. 47 (2008-2009). (2009). Samhandlingsreformen; Rett behandling på rett sted til rett tid.

6 Dette gjaldt utdanningane på «mellom-nivå»: innan barnevern, bioingeniørfag, ergoterapi, fysioterapi,

radiografi, sjukepleie, sosialt arbeid og vernepleie. 7

8

Page 17: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

17

forslag til felles innhald i rammeplanane for utdanningane (15-30 vekttall/studiepoeng)9, for å skape ei

felles referanseramme som grunnlag for samarbeid yrkesgruppene mellom. Fellesinnhaldet skulle

innehalde emna Vitskapsteori og forskingsmetode, Etikk, Kommunikasjon og samhandling og Stats- og

kommunalkunnskap. Jamvel om det vart sagt at intensjonen bak dette fellesinnhaldet var å styrke

grunnlaget for samarbeidsevne, så var føringane for samarbeidslæring svake. Utdanningsinstitusjonane

vart oppmoda til å organisere fellesundervisning på tvers av studieretningane, men dette var ikkje

noko krav. Nokre av dei største høgskolane i landet, som hadde ein brei utdanningsportefølje var

lojale mot dei føringane som no vart gitt og la opp fellesundervisning i ein del emne. Ved nokre høve

vart det også lagt opp til arbeid i grupper sett saman på tvers av studieretningane (eksempelvis i

Tromsø, Bergen, Oslo, Østfold), men sjeldan bevisst fokus på at studentar skulle «lære av, med og om

kvarandre», slik tverrprofesjonell samarbeidslæring blir definert internasjonalt. Andre høgskolar, som

kanskje hadde berre ei eller to helse- og/eller sosialfaglege utdanningar, underviste framleis

fellesinnhaldet innafor einprofesjonelle utdanningsmodellar. Ut frå rammeplanen si emneinndeling var

det fullt mogeleg å undervise kvart av emna på fagdisiplinane sine premissar, ikkje som ei

synkronisering av fagleg innhald for å byggje opp grunnlag for samarbeid.

Då ny stortingsmelding om velferdsutdanningane (Meld. St. 13 (2011-2012) kom i 2012, vart

føringane for samarbeidslæring tydelegare. No vart det understreka at slik læring fortrinnsvis bør skje

i praksisstudiane. Samspillsmeldinga bringa, som nemnt, fram omgrepet ‘tverrprofesjonell

samarbeidslæring’, som nettopp skulle førebu studentar til det framtidig tverrprofesjonelle

samarbeidet i sektoren.

Ettersom ei prosjektgruppe innanfor UHR no arbeider med forslag til felles innhald for helse- og

sosialfagutdanningane, er det grunn til å tru at det her også kjem forslag på tilrettelegging for TPS.

Denne utgreiinga skal føreliggje pr. 1. juni d.å.

Ein føresetnad for at tverrprofesjonell samarbeidslæring kan finne stad i velferdsutdanningane er at

undervisningspersonell i høgskolane og yrkesutøvarar i arbeidsfeltet sjølve har tverrprofesjonell

samhandlingskompetanse, at dei kjenner prinsippa for samhandling, har erfaring frå samhandling, kan

formidle vidare samhandlingskompetanse og kan vise gode eksempel. Skal tverrprofesjonell

samarbeidslæring innførast i alle velferdsutdanningane, så må såleis både yrkesfeltet og

undervisningspersonellet vere førebudde på dette. Det må finnast gode eksempel på

tverrprofesjonelt teamarbeid i yrkesfeltet, som kan vere modellar i studentanes læring og

undervisningspersonellet må både leggje til rette tverrprofesjonelle læringssituasjonar og dei må

innarbeide dette fokuset i heile studieopplegget. Det vidareutdanningsopplegget som HSH sidan 2013

har tilbydd, siktar inn mot å fylle desse behova. Det overordna målet er imidlertid at dette innhaldet

skal inngå i alle BA-studiane retta mot helse- og velferdsarbeid.

9 30 vekttall for barnevernspedagog-, ergoterapeut-, fysioterapeut-, radiograf-, sosionom-, sykepleier- og

vernepleierutdanning, 15 studiepoeng for bioingeniørutdanning og 3 studiepoeng for reseptarutdanning.

Page 18: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

18

Føresetnader for tverrprofesjonell samarbeidslæring

Intensjonane, å styrke samarbeidskompetansen med tanke på samhandling yrkespersonar i mellom,

og mellom nivå, etatar og organisasjonar i velferdssektoren, har nokre føresetnader. Når det i dag

blir sett fokus på samhandlingskompetanse i sektoren, så er det ein grunn for dette. Det ligg ein

mangel bak. Det er ikkje lenger sjølvsagt at utvikling av yrkesidentitet og yrkeskompetanse som har

vore sentralt i profesjonsutdanningane, nødvendigvis inneber evne til samarbeid med andre typar

yrkeskompetanse. Innan velferdssektoren finn vi yrkesgrupper som arbeider med dei same klient-,

brukar-, pasientgruppene, med dei same problema, innafor dei same kontekstane, men utan å kjenne

kvarandre sine kompetanseområder.

Vi kan finne mange grunnar til at denne situasjonen har oppstått. Den mest openberre er sjølve

utdanningsstrukturen – det faktum at velferdsutdanningane i hovudsak er einprofesjonelle

utdanningar – at det ikkje finst fellesskap på utdanningsnivå. Ein annan grunn vi ser er den

profesjonsproteksjonismen som vaks fram på 1970-80-tallet. Profesjonsutdanningane skulle plassere

seg i utdanningshierarkiet, og akademiseringa, det å byggje opp sitt eige vitskaplege grunnlag, innafor

smale yrkesfokus, sto i høgsetet. Alle sideblikk kunne oppfattast som «utvatning» av

profesjonsidentiteten og vitskapleggjeringa av faget.

Så har vi kampen om stillingar i tider med budsjettreduksjonar. Vi har lenge hatt snakk om «bør»- og

«skal»-tenester. Det er lett for at «bør»-stillingar fell ut i tider med tronge budsjett. Dermed blir det

også spesialkompetanse som fell bort, og brukaren får ikkje kvalitative helhetlige tilbod.

Kva skal så til for at tverrprofesjonell samarbeidslæring blir like viktig og får like stor prioritet som

spesialisert yrkeskunnskap? Her kan vi finne både strukturelle og fagpolitiske svar.

Strukturelle barrierar

Ut frå definisjonen av tverrprofesjonell samarbeidslæring – at studentar frå ulike yrkesretningar lærer av,

med og om kvarandre for å oppnå større heilskap i tenestetilbod – så må det finnast møtepunkt for

studentar, på tvers av utdanningsgrenser.

Ved store høgskolar eller universitet, med utdanningsportefølje som dekkjer alle dei samarbeidande

yrkesgruppene, kan tilrettelegging av tverrprofesjonell samarbeidslæring berre vere snakk om

timeplan og logistikk, for å kunne gi studieoppgåver der studentar frå ulike utdanningsretningar

arbeider saman om problemløysingsoppgåver. Eit eksempel på dette er NTNU si satsing på

«Eksperter i team», der studentgrupper frå ulike studieretningar arbeider saman i team, med

autentiske oppgåver på oppdrag frå bedrifter, kommunar etc.

Page 19: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

19

Ved mindre institusjonar med berre ei eller to profesjonsutdanningar er utfordringa langt større.

Kven skal då studentane erfare samarbeid med? Korleis skal ein kople saman studentar frå ulike

utdanningsinstitusjonar?

Det kan finnast mange forklaringar på kvifor fokus på tverrprofesjonell samarbeidslæring ikkje har

kome lenger i dag, trass i at koordinering, samarbeid og fellesinnsats lenge har stått på dagsorden

helsepolitisk sett. Organiseringa av utdanningane, med tradisjonar prega av einprofesjonelle

utdanningar, krev aktiv innsats om ein skal overskride utdanningsgrensene. Høgskolereforma på

1990-talet, med stor grad av samlokalisering innan høgre utdanning har heller ikkje gitt store utslag

med tanke på meir fellesopplegg eller fokus på tverrprofesjonell samarbeidslæring. Akademisering

innan høgskoleutdanningane har flytta fokus over på individualisering og konkurranse, og

yrkesrelevans, fellesskap og samarbeid har kome i bakgrunnen. Spreidde tiltak med fellesopplegg har i

stor grad blitt drive fram av eldsjeler, og har blitt møtt med motstand. Utan sterk institusjonell

forankring og aktive val om at dette er eit nødvendig fokus i utdanningane, har tverrprofesjonell

samarbeidslæring vanskelege vilkår.

Utdanningsportefølje ved utdanningsinstitusjonane i UH-nett Vest

Om vi går nærare inn på utdanningsporteføljen ved dei ulike utdanningsinstitusjonane innan UH-nett

Vest, så får vi eit bilde av dei institusjonelle føresetnadane for å kunne bringe saman studentar frå

ulike profesjonsretningar:

Institusjon Avdeling Studiestad BA-studier +

nokre MA

Antall

studentar

Høgskolen i Bergen Avdeling for ingeniør- og

økonomiske fag

Institutt for bioingeniør- og

kjemifag

Bergen

BA i

bioingeniørfag

30

Avdeling for helse- og sosialfag Institutt for ergoterapi-,

fysioterapi- og radiografi

BA i ergoterapi 40

BA i fysioterapi 75

BA i radiografi 40

Institutt for sosialfag og

vernepleie

BA i sosialt arbeid 50

BA i vernepleie 65

Institutt for sykepleiefag BA i sykepleie 170 + 70

Høgskolen i Sogn og

Fjordane

Avdeling for helsefag Institutt for sjukepleiefag Førde BA i sjukepleie 126 + 24

Avdeling for samfunnsfag Institutt for barnevern,

sosialt arbeid og vernepleie

Sogndal BA i barnevern 40

BA i sosialt arbeid 45

BA i vernepleie 30 + 11

Høgskolen i Volda Avdeling for samfunnsfag og

historie

Institutt for sosialt arbeid Volda BA i sosialt arbeid 60

BA i barnevern 50

Høgskolen

Stord/Haugesund

Avdeling for helsefag Haugesund BA i sykepleie 100

Stord BA i sjukepleie 100

Page 20: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

20

Universitetet i Bergen Det medisinske- og

odontologiske fakultet

Bergen

Medisinstudiet 160

MA i farmasi 30

MA i odontologi 50

MA i manuell

terapi10

11

BA i human

ernæring

10

BA i tannpleie 30

Det humanistiske fakultet BA i musikkterapi 10

Det psykologiske fakultet Psykologi 80

Universitetet i

Stavanger

Det samfunnsvitenskapelige

fakultet

Institutt for helsefag Stavanger

BA i sykepleie 280

Institutt for sosialfag BA i sosialt arbeid 80

BA i barnevern 110

Oversikten viser at det berre er ved Høgskolen i Bergen, saman med Universitetet i Bergen, at det

finst eit breitt spekter av helse- og sosialfagutdanningar som ville kunne vere tilnærma

«sjølvberande». Dette har også denne høgskolen kunne nytte seg av gjennom tilrettelegging av

fellesundervisning i emna i den generelle delen av rammeplanen (vitskapsteori, etikk, kommunikasjon

og samhandling og stats- og kommunalkunnskap). Her har studentgrupper sette saman på tvers av

studieretningane kunne bli kjende med kvarandre sin kompetanseområder.

Vi ser også at om ein skal leggje til rette tverrprofesjonell samarbeidslæring for alle studentane ved

desse institusjonane, så vil det gjelde ca 1700 studentar årleg, eller 5100 studentar om dei skal ha

tverrprofesjonell samarbeidslæring på kvart årstrinn.

Teamarbeid i velferdssektoren i UH-nett Vest sitt nedslagsfelt i dag

Ein annan føresetnad for tilrettelegging av tverrprofesjonell samarbeidslæring er å sjå på kva for

teamarbeid som faktisk finst i det yrkesfeltet der studentane skal få sine praksiserfaringar. Kva for

yrkesgrupper finst i kommunar og institusjonar? I kva grad er det etablert teamarbeid? Kva for

samarbeidsstrukturar finst, og korleis er samarbeidsrelasjonane mellom yrkesgruppene? Finst det

mønstergyldige praksisstader?

Dette er ei kartlegging som gjenstår å gjere. Arbeidsgruppa har drøfta eit initiativ overfor alle

kommunane og institusjonane innan nedslagsfeltet for nettverket, med spørsmål om dei ville kunne ta

i mot studentteam – altså ein annan innfallsvinkel utover dei tradisjonelle praksisstadene som er

administrert av kvar einskild utdanningsinstitusjon. (Sjå vedlegg.) Ein annan måte kunne vere å invitere

10

Manuell terapi er vidareutdanning for fysioterapeutar

Page 21: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

21

representantar for kommunar og helseføretak til eit seminar for å drøfte spørsmålet i fellesskap, og

såleis initiere fokus på tverrprofesjonelt teamarbeid og deira opplæringsansvar.

Page 22: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

22

Kartlegging av dagens «TPS-verksemd» innan UH-nett Vest

I denne bolken vil vi trekkje fram dei oversiktane arbeidsgruppa så langt har greidd å skaffe fram når

det gjeld kva som finst av tverrprofesjonell samarbeidslæring ved institusjonane i dag, kva for

muligheter som kan finnast ved dei praksisstadene som er i bruk i dag og kva for FoU-verksemd som

finst omkring tverrprofesjonell samarbeidslæring i dag.

Tverrprofesjonell samarbeidslæring ved institusjonane i dag

Ved institusjonane i UH-nett Vest er det pr i dag relativt få organiserte TPS-opplegg

(tverrprofesjonell samarbeidslæring). Oversikten som gruppa har samla inn viser følgjande (vi antyder

her om dette faktisk er TPS eller det er ei form for fellesundervisning (fleirprofesjonell utdanning):

Institusjon Pågåande tverrprofesjonell samarbeidslæring Einprofesjonell,

fleirprofesjonell eller

TPS

Høgskolen i

Bergen

1. HiB har lange tradisjonar med felles undervisnings- og samarbeidsveker i emne

frå «Generell del av rammeplanen». Det er tilrettelagt 4 fellesveker fordelt

over tre studieår. Emna er etikk og kommunikasjon (2 veker i første studieår),

stats- og kommunalkunnskap (1veke i 2. studieår), og tverrprofesjonelt

samarbeid og konflikthandtering (1 veke i 3. studieår). Alle vekene blir

gjennomført etter same modell der ein startar med nokre felles

ressursførelesningar, studentane samarbeider så om teoretiske case i grupper

sett saman på tvers av utdanningsretningane, og presenterer avslutningsvis

arbeidet sitt i eit eksamensseminar. Dei same gruppene arbeider saman i alle

tre åra.

2. HiB deltar saman med UiB, Bergen kommune og Fjell kommune i TVEPS-

opplegget. Her har eksempelvis sjukepleiestudentar arbeidd saman med lege- og

farmasistudentar om diagnostisering og planlegging av behandlingsopplegg for

utvalde pasientar. Ved andre oppgåver deltar eit breitt spekter av

utdanningsretningar, også sosiomstudentar.

3. Student-teamarbeid ved Luranetunet, med sjukepleiarstudentar frå HSH og

ergoterapeut- og fysioterapeutstudentar frå HiB. Student-teamet får ansvar for eit par pasientar. Studentane og lærer av, om og med kvarandre, med stor grad av sjølvstendig teamarbeid. Dette opplegget starta opp som eit prosjekt, men er no i gang som ordinær verksemd.

1TPS-opplegg

2 TPS-opplegg

3 TPS-opplegg

Høgskulen i Sogn

og Fjordane

1. HiSF legg til rette for TPS i praksis, ved Førde sentralsjukehus, medisinsk

avdeling. Her arbeider sjukepleiestudentar i 3 semester frå HiSF saman med

medisinstudentar i 8 semester frå UiB. Frå april 2015 blir dette utvida med også

ein farmasistudent frå UiB som er i praksis ved FSS.

1 TPS-opplegg

Page 23: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

23

2. Planlegg TPS i Sogndal helse- og sosialteneste, der 2. semesters

sjukepleierstudentar arbeider saman med 4. semesters vernepleierstudentar

3. Planlegg å utvide med TPS ved nevrologiske avdeling ved FSS der

sjukepleierstudantar frå HiSF vil arbeide saman med fysioterapeutstudentar frå

HiB.

2+3 Kan bli TPS om

fokus på

samarbeidsproblematikk

Høgskolen i

Volda

1. HVO har eit felles seminar – SOM-seminar – for barnevernspedagog-,

sosionom- og førskolelærarstudentar.

2. HVO har også eit fellesseminar for barnevern-, sosionom- og

journaliststudentar.

1 Fellesundervisning

eller TPS?

2 Fokus på samarbeid?

Høgskolen

Stord/Haugesund

1. HSH har eit 15 sp vidareutdanningsemne i «Tverrprofesjonell samhandling»,

starta opp H-2013, det andre kullet avsluttar no før jul. Til saman ca 50 studentar har då gjennomgått dette.

2. Tverrprofesjonell samhandling er eit tema i vidareutdanning i rehabilitering, som det også blir knytt studiekrav til.

3. Arbeid pågår med revisjon av fagplanar – og tilrettelegging av TPS blir drøfta.

TPS-opplegg

Temaet har fokus på

samarbeid, men blir undervist einprofesjonelt, ikkje

TPS

Universitetet i

Bergen

Universitetet i Bergen, Senter for tverrfaglig samarbeidslæring (TVEPS), organiserer

teamarbeidstrening for studentar i praksis, og samarbeider med HiB, Fjell kommune og

Bergen kommune. TVEPS spring ut frå eit samarbeid mellom Det medisinsk-odontologiske

fakultet, Det psykologiske fakultet og Det humanistiske fakultet. I 2015 var det 30

studentteam i aktivitet ved sjukeheim, helsestasjon, skolehelseteneste, manuell terapi- og

allmennpraksis, med i alt 91 studentar frå 13 ulike utdanningar: psykologi, ernæring,

musikkterapi, manuell terapi, ergoterapi, vernepleie, fysioterapi, farmasi, jordmor, medisin,

odontologi, sykepleie og tannpleie. Studentane arbeider i team med 4-5 studentar, med

reelle oppgåver i praksis.

TPS-opplegg

Universitetet i

Stavanger

1. Ved Institutt for sosialfag er det lagt inn ei vekes undervisning om

tverrprofesjonelt samarbeid for 2. klasse sosionomstudentar

2. Delprosjekt II – Utdanning og praksisfelt NAV – Rogaland - ei vekes

undervisning om NAV for 2 klasse sosionom-, 3 klasse barnevernspedagoger og

3 klasse vernepleier studenter frå Diakonhjemmet

3. Samarbeidsprosjekt om meldingar til barnevernet og seksuelle overgrep for

studentar i 3 klasse sosionom, 3 klasse barnevernspedag, 3 klasse

barnehagelærerutdanning og deltid barnehagelærerutdanninga. Ansvarlig Arvid

Lone og Ingunn Studsrød

4. Tverrfaglig veiledning: Deltidsstudie over to år, 60 studiepoeng.

Studentgruppe: Sosionom, barnevernpedagog, vernepleier, ergoterapeut,

sykepleier, helsesøster, jordmor, lærer og fengselsbetjenter.

5. Barnevernfaglig veiledning: Deltidsstudium over eit år, 30 studiepoeng.

Studentgruppe: Sosionom, barnevernspedagog og vernepleier.

6. Simuleringstrening sykepleier- og legestudentar

1 Undervisning om

tverrprofesjonelt

samarbeid – men

undervist

einprofesjonelt

2 Fellesundervisning

eller TPS?

3 Fellesundervisning

eller TPS?

4 Fellesundervisning

5 TPS-opplegg eller

fellesundervisning ?

6 TPS-opplegg?

Samanfatning:

Oversikten viser at dei opplegga vi finn i dag er ei blanding av fellesundervisning, eller fleirprofesjonell

utdanning, og med nokre få opplegg som har fokus på tverrprofesjonell samarbeidslæring.

Page 24: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

24

Muligheter for tverrprofesjonell samarbeidslæring i praksisstudiene

Arbeidsgruppa har laga ein oversikt over dei praksisstadene som er i bruk i dag, for å undersøke

muligheten for at studentar frå ulike profesjonsretningar kunne møtast i praksisstudiane. (Sjå

vedlegg).11 Her tar vi fram dei praksisstadene som pr i dag har studentar frå to eller fleire

profesjonsretningar:

Hordaland fylke Kommune Praksisstad barnevern bioing ergo fysio Radio sosionom sykepleie vernepleie lege

Askøy HiB HiB HiB

Bømlo HiB HSH

Etne Etne sjukeheim HiB HSH

Fitjar HiB HSH

Fjell HiB HiB HiB

Lindås HiB HiB

Os Heimesjukepleie HiB HiB

Os Luranetunet HiB HSH

Stord Heimesjukepleie HiB HiB HSH

Voss HiB HiB

Sjukehus

Haraldsplass HiB HiB

Haukeland HiB HiB UiB

Odda HiB HiB HiB/HSH

Voss HiB HiB HiB

Stord HiB HiB HiB/HSH

Rogaland fylke Kommune Praksisstad barnevern bioing ergo fysio radio sosion sykepl vernepl lege

Haugesund HiB HSH

Haugesund HiB HiB HSH UiB

Hgs Revmatisme sh HiB HiB

Stavanger Universitets sh HiB HiB UiB

11

UiBs helseprofesjonsstudentar brukar anten praksisplassar på Vestlandet (allmennmedisin), i heile Norge (MT, farmasi, psykologi, tannpleie, ernæring) eller både nasjonalt og internasjonalt (musikkterapi). Eksakt lokalisering varierer frå semester

til semester.

Page 25: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

25

Sogn og Fjordane fylke Kommune Praksisstad barnevern bioing ergo fysio radio sosion sykepl vernepl lege

Gaular HiB HiB HiSF

Sjukehus

Førde sh HiB HiB HiB HiSF UiB

Nordfjord sh HiB HiB/HiSF

Lærdal sh HiB HiB HiSF

Møre og Romsdal fylke Kommune Praksisstad barnevern bioing ergo fysio radio sosionom sykepleie vernepleie lege

Sjukehus

Denne oversikten viser at det er lite felles utnytting av praksisstader, og at det sannsynlegvis må

finnast store unytta potensiale i å få studentar frå ulike yrkesretningar til å vere i praksis samtidig.

FoU-verksemd med fokus på tverrprofesjonell samarbeidslæring

innan UH-nett Vest i dag

Når det gjeld FoU-prosjekt med fokus på tverrprofesjonell samarbeidslæring innen UH-nett Vest har

gruppa skaffa fram følgjande oversikt:

Institusjon FoU-tiltak

Høgskolen i Bergen

Høgskulen i Sogn

og Fjordane

HiSF får ein førstelektorkandidat som deltar i TPS-prosjekt, og som vil bruke dette som del av sin portefølje for

opprykkssøknad.

Høgskolen i Volda Har gjennomført ei kartlegging av forståing av TPS blant undervisningspersonell ved HVO, HiM og HiSF(Sogndal), dvs

innan barnevernspedagog-, sosionom- og vernepleierutdanning.

Høgskolen

Stord/Haugesund

1. HSH har, i samarbeid med Høgskolen i Østfold (HiØ) og Høgskolen i Ålesund (HiÅ), eit TPS-prosjekt,

«Tverrprofesjonell samhandling», i tidsperioden 1. januar 2014 – 1. juli 2016. Prosjektet har som mål å

utvikle, initiere, prøve ut og etablere nettbaserte utdanningsopplegg med fokus på tverrprofesjonell

samhandling i velferdssektoren, som vidareutdanning for lærarar og praksisrettleiarar, og som emne i

profesjonsutdanning for velferdssektoren. Det vidareutdanningsstudiet som er i gang no, er første fase i

dette prosjektet. Her har det vore eit breitt spekter av deltakarar: ergoterapeutar, førskolelærarar,

fysioterapeutar, lærarar, miljøarbeidarar, sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiarar, osv

2. HSH har ein førstelektorkandidat som deltar i TPS-prosjektet, og som vil bruke dette som del av sin

portefølje for opprykkssøknad

3. HSH har også ein stipendiat som er i ferd med å starte på et dr. grads prosjekt, og som vil ha TPS-

problematikk inn i sitt avhandlingsarbeid

4. HSH deltar i nært samarbeid med Helse Fonna og nærliggjande kommunar i eit forskingsnettverk om

samhandling – FoUSAM. Her pågår ei rekkje samhandlingsprosjekt, og som har potensial til å fokusere på

TPS.

Page 26: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

26

5. HSH v/Gerd Bjørke deltar også i ei forskingsgruppe ved HiØ, med fokus på tverrprofesjonell samhandling.

6. HSH har vore representert både ved dei nordiske nettverket, NIPNET, og det internasjonale nettverket

knytt opp til «All Together Better Health»-konferansane, med poster- og panelinnlegg.

Universitetet i

Bergen

1. Ved TVEPS er det produsert to artikler om didaktikk, ein akseptert i International Journal of Teaching and

Learning in Higher Education og ein artikkel er klar for innsending til Journal of Interprofessional Care.

2. Validering av Safety Attitude Scale (SAQ) til bruk i sykehjem. Finansiering i orden, arbeidet pågår.

Utkomme: internasjonal artikkel. SAQ kan være et kvalitetssikringsverktøy for Bergen kommune (og

andre) samt et forskningsinstrument.

3. SAMPROF. Hva lærer kommuneansatte ved samarbeid med studenter fra TVEPS? Et forskningssamarbeid

mellom TVEPS og Bergen kommune. Finansiering: søknad til forskningsrådet. SAQ blir

hovedeffektparameter.

4. TVEPS samarbeider med Det juridiske fakultet og Norges Handelshøyskole. Studentar herifrå vil få

teamtrening saman med studentar i TVEPS, kombinert med masteroppgåver.

5. TVEPS arbeider saman med Eksperter i team ved NTNU og liknande sentra i Danmark og Sverige om to

NORDPLUSS-søknader.

6. TVEPS samarbeider med Centre for interprofessional Learning ved Monash University om å kartlegge

korleis gjensidig idémyldrande arbeid kan skape endring ved dei to universiteta.

Universitetet i

Stavanger

Har tre fagpersonar som har tatt PhD om tverrprofesjonelt samarbeid (Willumsen, Aase, Sætre Hansen)

Prosjekt om simulering saman med HSH

Page 27: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

27

Modellar for tverrprofesjonell samarbeidslæring

Som oversiktane i den føregåande framstillinga viser, så finst det innafor UH-nett Vest i dag spreidde

tiltak når det gjeld tverrprofesjonell samarbeidslæring. Ut frå definisjonen at studentar skal lære av,

med og om kvarandre med sikte på heilskaplege tenestetilbod, så er det store utfordringar om

dette skal kunne gjelde alle studentar i alle utdanningar. Her må det antakeleg lagast ulike tilbod.

Spørsmål som dukkar opp, er t.d. om denne type undervisning kan leggjast opp enkeltvis, innafor

einprofesjonelle utdanningar, eller om ein her må overskride utdanningsgrensene og tenkje større

opplegg. Nokre idear:

- Kan det tenkjast ein MOOC – eit nettbasert opplegg som vil gjelde alle studentane innafor

nedslagsfeltet? Kan eit slikt opplegg t.d. gi innføring i grunnlaget for tverrprofesjonell

samhandling, kombinert med refleksjon over erfaringar i praksisfeltet?

- Bør eit slikt opplegg vere innafor eit lukka LMS – eksempelvis Fronter eller It’s learning?

- For begge desse variantane: kven skal lage opplegget, og kvar skal det administrerast frå?

- Kan det tenkjast utvida grad av møteplasser i praksisfeltet? Jf. det å invitere kommunar og

institusjonar til å ta i mot studentgrupper, f. eks. ergoterapeut-, fysioterapeut-, lege-,

sjukepleier- og sosionomstudent, som saman skal gjennomføre eit oppdrag med fokus på

samhandling? Korleis skal dette i så fall administrerast?

- Bør det inviterast til introduksjonsseminar for team frå kommunar og institusjonar med

tanke på fokusering på teamarbeidet som skjer, eller som kan utviklast?

TPS i praksislæringssituasjonar

Ser vi på modellar for TPS i praksissituasjonar, finn vi både av det som er utprøvd her i landet og

internasjonalt ei rekkje ulike opplegg som kan vere til inspirasjon for utdanningsinstitusjonane og

praksisfeltet. Her vil vi kort beskrive nokre av desse:

«Eksperter i team» (NTNU/Høgskolen i Sør-Trøndelag)

Dette konseptet har vore brukt ved NTNU i lang tid: studentar frå ulike studieretningar utgjer eit

team, som arbeider med autentiske problemløysingsoppgåver frå yrkesfeltet, dvs på «bestilling» frå

yrkesfeltet. Her får studentane erfaring med teamarbeid i praksis i eit problemløysingsfellesskap.

Studentane er langt komne i si yrkesutdanning og kan såleis gå inn og representere sin

yrkeskunnskap i teamet, samtidig med at dei lærer om kvarandre. Eit visst antall team møtest i

«landsbyar», ei samling av fleire team, for erfaringsutveksling. NTNU og HiST har også eit to-dagars

fellesopplegg, SAMPROF.

Page 28: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

28

«TVEPS»-opplegg (UiB/HiB/Fjell kommune/Bergen kommune)

Dette konseptet er også eit problemløysingssfellesskap der tverrprofesjonelle studentteam i eit tre

dagars opplegg får i oppdrag å diagnostisere og lage eit behandlingsopplegg for sjukeheimspasientar

og overfører som team sin kunnskap til sjukeheimstilsette.

«Student-team i praksis» (HiB/HSH/Luranetunet)

Dette konseptet har blitt brukt ved ein sjukeheim, der ei studentgruppe sett saman av sjukepleier-,

ergoterapeut- og fysioterapeutstudentar, også saman med turnuslegar, har fått ansvar for to

pasientar. Dei går saman om å lage behandlingsopplegg (rehabilitering) og gjennomfører dette.

Sjukepleierstudentane er i ein seks-vekers fulltids praksisperiode, medan ergoterapeut- og

fysioterapeutstudentar er innom sjukeheimen to-tre dagar pr veke.

«Student-team i praksis» (HiSF/UiB/Helse Førde)

Dette konseptet vert gjennomførd ved medisinsk sengepost ved Førde Sentralsjukehus. Kvart team

er sett saman av to sjukepleiarstudentar og to medisinstudentar, og teamet har ansvar for ein

pasient i tre dagar. Studentane går saman om å planlegge og gjennomføre pleie- og behandling, frå

innlegging til utskriving.

«Skyggepraksis» (Høgskolen i Ålesund)

Eksempel på tverrprofesjonell skyggepraksis kan vere når bioingeniør- og sjukepleierstudentar frå

Høgskolen i Ålesund har «skygga» kvarandre, ein halv dag kvar, for å lære om kvarandre sine

arbeidsfelt.

«To-spann» (Høgskolen i Østfold)

Her er eit eksempel der sjukepleier- og vernepleierstudentar har «gått saman» i heimebaserte

tenester, og gjennom det lært å arbeide saman, men også blitt kjende med og fått innblikk i

kvarandre sine tenke- og tilnærmingsmåtar.

«Tverrprofesjonell uke» (Høgskolen i Østfold)

Dette kan vere eit eksempel på organisering, der det er sett av ei veke til ulike innfallsvinklar til

tverrprofesjonelt samarbeid. Her kan inngå oppgåveløysing, førelesingar, oppsøke, observere og

intervjue ulike yrkesgrupper, felles observasjonsoppgåver etc.

Simulering (Haugesund sjukehus/UiS/SUS/Lærdal Foundation og UiB/HiB)

Tverrprofesjonell samarbeidslæring kan også leggjast inn som eit element i simuleringstrening, slik

det t.d. blir gjort for sjukepleier- og medisinstudentar ved Haugesund sjukehus og ved Haukeland

universitetssjukehus.

Fellesundervisning med «på-tvers-gruppearbeid» (Høgskolen i Bergen)

Ved Høgskolen i Bergen blir det innafor fellesopplegget for alle helse- og sosialfagstudentar

organisert grupper som arbeider saman med oppgåvesvar – dei same gruppene møtest på kvart

årstrinn.

Page 29: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

29

Nettbaserte og IKT-støtta opplegg

Det kan også tenkjast opplegg der studentar arbeider saman med oppgåveløysing på nettet. Ved

Universitetet i Tromsø vart eit slik opplegg prøvd i 2010-2012, der programmet «Læringssti» innan

Fronter vart brukt. Dette var basert på oppgåveløysing i tverrprofesjonelt samansette grupper, på

førelesingar som var lagde ut i Fronter, med diskusjonsforum og innlevering av oppgåvesvar i dette

læringsrommet.

Digital historiefortelling er også eit verktøy som kan brukast for å stimulere refleksjon over

tverrprofesjonell samhandling i yrkespraksis. Dette er ei kreativ arbeidsform, med utvikling av digitalt

fortalte historier, med sterkt fokus på brukarorienterte etiske spørsmål og på opplevingsaspekt. Her

kan samarbeidsfokuset også vere ei sentral oppgåve.

Page 30: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

30

Arbeidsgruppa sitt forslag

Tverrprofesjonell samarbeidslæring for helse- og sosialfagstudentar

ved institusjonane i UH-nett Vest

Arbeidsgruppa legg her fram sitt forslag til organisering og gjennomføring av tverrprofesjonell

samarbeidslæring for studentar ved velferdsutdanningane innan UH-nett Vest og til stimulering av

fokus på tverrprofesjonell samhandling innafor utdanningane og yrkesfeltet. Forslaget omfattar:

1, eit felles nettbasert studieopplegg som blir organisert på tvers av alle institusjonane og dei aktuelle

utdanningane.

2, tverrprofesjonell samarbeidslæring i praksis/yrkessituasjonar:

- Innafor praksisperiodane, evt med tilpassing av tidspunkt for slike studiar

- Som spesielt tilrettelagt teamerfaringspraksis av kortare varighet

- Arbeidskrav om skriftleg innlevering om tema tverrprofesjonelt samarbeid

3, fokus på teamarbeidsmodellar i helse- og velferdstenester i kommunar og spesialisttenester,

4, styrking av TPS-kompetanse i utdanningsinstitusjonar og arbeidsfelt.

1, Nettbasert TPS-opplegg

Det blir laga eit felles nettbasert studieopplegg for alle studentane ved helse- og sosialfagutdanningane

innafor UH-nett Vest. Studentane skal i dette opplegget arbeide i nettgrupper på tvers av

institusjonane, med gitte oppgåver og innlevering av både individuelle og gruppearbeidssvar.

Tverrprofesjonelle grupper sette saman på tvers av utdanningane. Arbeidsmengd ei veke pr år (totalt

ca 5 studiepoeng), men organisert innafor ein fire vekers periode. Same grupper arbeider saman

kvart år.

Første studieår:

1. Streama førelesingar felles:

a. Innføring i kommunikasjon (eks. «Den gode samtale» v/Tor Johan Eikeland, HVO)

b. Innføring i tverrprofesjonell samhandling (v/Sissel J. Brenna, HiB).

2. Oppgåve: Med utgangspunkt i førelesingane drøfte relasjonelle aspekt ved tverrprofesjonell samhandling

i nettgrupper (Adobe Connect, Skype eller Face-book).

Page 31: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

31

3. Arbeidskrav:

a. Levere gruppenotat om relasjonelle aspekt ved kommunikasjon i samhandling, innan gitt frist,

lagt inn i eit fellesrom i læringsplattforma

b. Tilbakemelding til to andre grupper, innan gitt frist.

Andre studieår (tredje semester):

Arbeid i nettgruppa i ein periode over fire veker (men tilsvarar arbeidsmengde for ei veke):

Tre case – problemløysingsoppgåver, arbeidsinstruksjonar, læremateriell og førelesingar lagt ut i

læringsrommet på ei læringsplattform, innlevering og tilbakemelding på oppgåver i det same

læringsrommet. Gruppeinnlevering. Medstudentrespons frå ei anna gruppe.

Tre hovudtema:

- Tverrprofesjonell samhandling ved utvikling og bruk av individuell plan

- Tverrprofesjonell samhandling ved sårbare brukarar

- Tverrprofesjonell samhandling, taushetsplikt og personvern

For kvart tema blir det lagt opp

- Aktuell litteratur, kjelder

- Fokusførelesingar

- Trigger – videosnuttar etc

- Oppgåveinstruksjon

- Plan for innlevering, tilbakemelding frå medstudentar og frå lærarar

Tredje studieår:

I nettgruppene: planlegge ei kartlegging av tverrprofesjonell samhandling i ein arbeidssituasjon.

Individuelt: gjennomføre ei kartlegging i ein arbeidssituasjon, beskrive, analysere, drøfte og foreslå/prøve ut tiltak for å styrke tverrprofesjonell samhandling.

I nettgruppene: Drøfte erfaringar og gi tilbakemelding til kvarandre i nettgruppa. Arbeidskrav: Felles notat om erfaringar lagt inn i fellesrom for ei samling av grupper.

Ønskjeleg: framlegging i fellesseminar på tvers av institusjonar! Vurdering og tilbakemelding frå lærarar.

Administrering av opplegget

Utprøving av det nettbaserte opplegget blir organisert som eit prosjekt, «Prosjekt nettbasert TPS i

Vest», med ei styringsgruppe,12 lokale grupper (ved kvar institusjon) og ei IKT-ansvarleg gruppe ved

ein av institusjonane, eller eit fellesansvar for fleire institusjonar.

Ettersom institusjonane har ulike læringsplattformer blir det foreslått å byggje opp ei ny felles

læringsplattform (eks. Canvas el.l.), som er gratis og tilgjengeleg på nettet.

12

Styringsgruppa kan i første fase vere den TPS-arbeidsgruppa som er i gang i dag.

Page 32: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

32

Ein av institusjonane får i oppdrag å administrere opplegget, dvs. utvikle opplegget på nettet, lage

studentgrupper, vere «sekretariat» for studentar, lærarar/veiledere og institusjonane.13

Styringsgruppa får hovudansvar for utvikling av det faglege opplegget, og brukar lokale grupper som

drøftingspartar. Dei lokale gruppene introduserer fellesopplegget på sin institusjon.

Finansiering

Utgreiing av kostnadane, kva den enkelte institusjon kan bringe inn til fellesopplegget og kva som

trengst av «friske midlar» for å etablere opplegget, må gjennomførast, før styret i UH-nett Vest gjer

vedtak om etablering av dette fellestiltaket.

Framdriftsplan

April 2015: TPS-arbeidsgruppa sitt forslag blir lagt fram i TPS-seminaret og oversendt

Arbeidsgruppa for samarbeid mellom institusjonane i UH-nett Vest

Juni 2015: Arbeidsgruppa legg forslag til vedtak om felles nettbasert TPS fram for styret i UH-

nett Vest. Vedtak om igangsetting og drift.

August-Desember 2015: Styringsgruppa for nettbasert TPS konkretiserer det faglege opplegget og

utarbeider læremateriell. IKT-driftsgruppa utviklar nettopplegget.

Januar-April 2016: Utprøving av pilot, med 10 grupper

April-juni 2016: Evaluering av pilot, evt justeringar.

September 2016: Full igangsetting for 1700 studentar ved seks institusjonar.

Oktober-Desember 2016: Evaluering av første gjennomføring.

Følgeforsking

For å kunne evaluere utprøvingen av dette nettbaserte opplegget blir 3-4 personar frå ulike

institusjonar inviterte til å følgje tett på gjennomføringen. Plan for denne følgeforskinga må vere

utarbeidd i løpet av V-2016.

13 Det blir foreslått at anten Høgskolen i Volda, som har brei erfaring med nettbaserte studiar, eller Høgskolen

Stord/Haugesund, som har eit aktivt IKT-miljø, med m.a. masterstudium i IKT og læring, tar denne funksjonen i

første omgang.

Page 33: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

33

2, TPS i praksissituasjonar

TPS inneber at studentar frå minst to ulike utdanningsretningar lærer av, med og om kvarandre. For å

kunne lære teamarbeid i praksis, vil det vere best om slike læresituasjonar blir lagt til rette i

yrkesfeltet. Dette betyr at studentar frå ulike yrkesretningar kan møtast i praksis. Å leggje til rette

for slike møtepunkt vil krevje nært samarbeid mellom institusjonane og med yrkesfeltet. Dette krev

nærare utgreiing. Her foreslår arbeidsgruppa:

- Kartlegging av god teampraksis i kommunar og ved institusjonar, med invitasjon til å ta imot

grupper av studentar som saman kan utforske og lære om teamarbeid i konkrete situasjonar

- Utgreiing av mogelege møtepunkt mellom studentar frå ulike studieretningar ved

nærliggjande institusjonar. Dette føreset samarbeidsgrupper mellom institusjonar/utdanningar

- Utvikling av nye teamlæringssituasjonar, eksempelvis studentteam som besøkjer barnehagar,

NAV-kontor, sjukeheimar, uteseksjonar, bu- og behandlingsheimar etc..

3, Fokus på teamarbeidsmodellar

Ein føresetnad for tverrprofesjonell samarbeidslæring er at det finst gode teamarbeidsmodellar i

yrkesfeltet som kan vere eksempel for studentars læring, slik at dei både kan observere og lære og at

dei kan delta i teamarbeid. For å kunne leggje til rette denne type praksislæring vil det vere viktig å

både kartleggje dei teamarbeidsmodellane som finst innan kommunar og spesialisttenester, og å

utfordre til å ta i mot grupper av studentar som kan få oppgåver som fremmar tverrprofesjonell

samarbeidslæring.

4, Styrking av TPS-kompetanse

Team frå kommunar og spesialisthelsetenesta bør inviterast til kompetansebyggjande kurs og studiar.

Her kan modellen frå Helsedirektoratets kampanje for «Betre tverrfaglig innsats for barn og unge»

vere eit mønster. Ein kampanje for «Tverrprofesjonelt teamarbeid som arbeidsmodell innan helse- og

velferdssektoren» bør kunne igangsetjast (TPT). Med pålegg frå Helsedirektoratet om å etablere

teampraksis, styrke teamkompetanse og dermed skape grunnlag for å ta i mot studentar for

tverrprofesjonell samarbeidslæring, vil kunne leggje grunnlag for å fullføre intensjonane i

Samhandlingsreforma og i Samspillsmeldinga. Det nettbaserte studiet i «Tverrprofesjonell

samhandling» ved HSH kan representere eit nødvendig kompetansebyggjande tiltak. Ved t.d. team frå

kommunar og spesialistenesta som deltar i studiet, kan utvikling av teamkompetanse i eige miljø bli ei

studieoppgåve.

Page 34: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

34

Forslag til vedtak

1. Eit prosjekt «Nettbasert TPS i Vest» blir etablert for å utvikle og prøve ut eit nettbasert TPS-

opplegg for alle aktuelle velferdsutdanningar ved institusjonane i UH-nett Vest.

a. Ei styringsgruppe med ein representant frå kvar av institusjonane får ansvar for

utvikling av det faglege opplegget. To-tre personar i denne gruppa får ansvar for

gjennomføring av ein pilot V-2016 og føre denne vidare i full drift H-2016.

b. Høgskolen i Volda, med ei samarbeidsgruppe med representantar frå dei andre

institusjonane, blir bedt om å ta ansvar for å utvikle og drifte ein nettstad.

c. Ei følgeforskingsgruppe planlegg og gjennomfører evaluering av pilot- og utprøving

av opplegget for heile cohorten.

2. Ei arbeidsgruppe på tvers av institusjonane får ansvar for

a. å kartlegge eksisterande teampraksis i kommunar og spesialisttenester innan UH-

nett Vest sitt nedslagsfelt

b. å invitere kommunar og spesialisttenester til å tilby studentteam å utforske og lære

teampraksis i konkrete arbeidssituasjonar

c. å utvikle nye praksissituasjonar der studentteam kan få observasjons- og

kartleggingsoppgåver, for å lære av, med og om kvarandre.

3. Helsedirektoratet blir oppfordra til å etablere ein kampanje for «Tverrprofesjonelt

teamarbeid som arbeidsmodell innan helse-, velferds- og oppvekstsektor», med 10

prøvekommunar innan UH-nett Vest, og med ein plan for evaluering og vidareutvikling mot

landsdekkande fokus på teamarbeid. Som del av kampanjen må det inngå

kompetansebyggjande tiltak, og gis ressursar for dette.

Page 35: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

35

Referansar

Barr. H., Koppel, I., Reeves, S., Hammick, M. & Freeth, D. (2005). Effective Interprofessional

Education. Arguments, Assumptions & Evidence. London: Blackwill Publishing.

Orvik, A. (2015). Organisatorisk kompetanse – i sykepleie og helsefaglig arbeid. Oslo: Cappelen

Akademisk forlag

NOU 1972: 23. (1972). Utdanning av sosial- og helsepersonell. Oslo: Sosialdepartementet.

NOU 1986: 4. (1986). Samordning i helse- og sosialtjenestene. Oslo: Sosial- og helsedepartementet.

Meld. St. 13. (2011-2012). Utdanning for velferd; Samspill i praksis. Oslo: Kunnskapsdepartementet.

St. meld. nr. 13. (1976-77). Om organiseringen av den fremtidige utdanningen av sosial- og

helsepersonell. Oslo: Sosialdepartementet.

St. meld. nr. 47. (2008-2009). Samhandlingsreformen. Rett behandling – på rett sted – til rett tid.

Oslo: Helse- og omsorgsdepartementet.

Lenker til aktuelle nettstader

EIPEN: European Interprofessional Education Network www.eipen.org

CAIPE: Centre for Advancement of Interprofessional Education www.caipe.ac.uk

NIPNET: Nordic Interprofessional Network www.nipnet.org

WCC: World Interprofessional Education and Collaborative Practice Coordinating Committee,

ATBH-conferences: http://www2.rgu.ac.uk/ipe/global/committee.html#

WHO: World Health Organization www.who.int/en/

Page 36: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

36

Vedlegg

Praksisstader – i kommunar og i spesialisttenester

Arbeidsstader som tar i mot studentar frå helse- og sosialfagutdanningane

Sjå eiga fil.

Page 37: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

37

Vedlegg II

Forslag til brev

Til kommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Tverrprofesjonell samarbeidslæring – i yrkessituasjonar UH-nett Vest som er eit nettverkssamarbeid for universitet og høgskolar på Vestlandet14 har f.t. ei arbeidsgruppe som skal

kartleggje mulighetene for tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) for studentar i velferdsutdanningane15, og foreslå

opplegg for dette framover.

Fokuset på TPS har samanheng med satsinga på Samhandlingsreforma, jf. St. meld nr. 47 (2008-2009) og den siste

stortingsmeldinga om velferdsutdanningane, Meld. St. 13 (2011-2012) Utdanning for velferd; Samspill i praksis. Særleg den

siste meldinga legg vekt på at det må leggjast meir fokus på tverrprofesjonell samarbeidslæring inn i utdanningane, og at slik

læring helst bør føregå i praktiske læresituasjonar. TPS blir definert som læresituasjonar der studentar lærer av, med og

om kvarandre, med det siktemål å styrke samarbeidsevne , få betre kjennskap til kvarandre sine kompetanseområder og dermed

få grunnlag for å kunne arbeide saman slik at dei utfyller kvarandre i eit tverrprofesjonelt teamarbeid. Skal slik læring kunne foregå i

praksis eller yrkesfeltet, må det finnast møteplassar der studentar frå ulike profesjons- eller yrkesutdanningar kan møtast og

arbeide saman i reelle samarbeidssituasjonar. I dag er det kvar utdanning som inngår avtalar for praksisplassar for sine eigne

studentar. Det er tilfeldig om studentar frå ulike utdanningsretningar vil ha praksis på den same plassen samtidig.

Arbeidsgruppa som no kartlegg mulighetene for TPS i yrkesfeltet har stilt seg spørsmål om det kan finnast andre måtar også,

der studentar frå ulike studieretningar ville kunne møtast i praksis og ha fokus på det tverrprofesjonelle samarbeidet. Det er

ut frå dette vi no vender oss til kommunane, for å få tilbakemeldingar om kommunane f. eks. kunne tenkje seg å invitere

team av studentar til arbeid med konkrete oppgåver over kortare eller lengre periodar? Vi ser i dag at studentar har praksis

ved t.d. sjukeheimar, i bufellesskap, i heimetenester, ved DPS, ved NAV-kontor, i barnehagar, etc. Kunne det tenkjast at t.d.

1, Ein sjukeheim tok i mot eit team av lege-, sjukepleier-, ergoterapeut- og fysioterapeutstudentar som fekk i

oppgåve å arbeide med t.d. fire-fem pasientar, over eit par dagar, der dei skulle undersøke og planlegge eit

behandlings- eller aktivitetsopplegg for pasientgruppa?

2, tilsvarande, eit bufellesskap tok mot eit studentteam som fekk ei oppgåve å løyse oppgåver saman med

bebuarane?

3, eit studentteam fekk delta i teammøter ved aktuelle arbeidsstader og dermed skape grunnlag for drøftingar om

samarbeidsformer mellom yrkesgruppene, eller ut frå det planlegge og gjennomføre eit tiltak for og saman med ei

gruppe brukarar?

4, eit studentteam fekk i oppdrag å førebu og bistå ved overføring frå spesialisthelsetenesta (sjukehus) til

kommunehelsetenesta (evt heimen).. etc

Det kan vere eit mangfald av variasjonar av muligheter for å gi studentteam ulike praksisopplevingar, som har til siktemål å

lære korleis samarbeidet mellom ulike yrkesgrupper føregår, og korleis ein kan utfylle kvarandre.

Vi legg ved eit enkelt skjema for utfylling og som vi ber om blir returnert innan ……, for å kartleggje mulighetene for nye

typar tverrprofesjonell samarbeidslæring, som går utover dei rammene som elles er i dag.

På vegne av Arbeidsgruppa for TPS i UH-nett Vest

14

Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Volda, Høgskolen Stord/Haugesund, Universitetet i

Bergen og Universitetet i Stavanger 15 Hovudsakleg barnevernspedagog-, bioingeniør-, ergoterapeut-, ernæringspedagog-, farmasøyt-, fysioterapeut-,

medisin/lege-, tannhelse-, radiograf-, sosionom-, sykepleier- og vernepleierutdanning, men det burde også kunne inkludere

barnehagelærar og grunnskolelærarutdanning.

Page 38: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

38

Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) på Vestlandet – ei

kartlegging av muligheter for teampraksis i kommunane

Kommune: ………………………………………………………….. Kontaktperson:

…………………………………………………………….. Tlf. ………………. Epost: ………………………………..

Aktuelle einingar for TPS-praksiserfaring

Evt namn på eininga

Har praksisplassar i dag (kva for studentgrupper)

Vil ta i mot Studentteam Ja/nei

Dersom ja: Aktuelle oppgåver

Dersom ja: Aktuelle yrkesretningar

Dersom nei: Grunnen til dette

Sjukeheim:

Sjukeheim:

Sjukeheim:

Pleie- og omsorgssenter

Rehabiliteringssenter

Heimetenester/heimesjukepleie

Ambulerande team

Bu- og behandlingssenter

Aktivitetssenter

Dagsenter

Psykisk helsevern

Rustenester

DPS

Barneverntenester

Innvandrarkontor

NAV-kontor

Vaksenpsykiatri

Psykososiale team

Barne- og ungdomsavdeling

Skule

Anna:

Page 39: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

39

Vedlegg III

Forslag til brev

Til Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Møre, Helse Rogaland

Tverrprofesjonell samarbeidslæring – i yrkessituasjonar UH-nett Vest som er eit nettverkssamarbeid for universitet og høgskolar på Vestlandet16 har f.t. ei arbeidsgruppe som skal

kartlegge mulighetene for tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) for studentar i velferdsutdanningane17, og foreslå

opplegg for dette framover.

Fokuset på TPS har samanheng med satsinga på Samhandlingsreformen, jf. St. meld nr. 47 (2008-2009) og den siste

stortingsmeldinga om velferdsutdanningane, Meld. St. 13 (2011-2012) Utdanning for velferd; Samspill i praksis. Særleg den

siste meldinga legg vekt på at det må leggjast meir fokus på tverrprofesjonell samarbeidslæring inn i utdanningane, og at slik

læring helst bør føregå i praktiske læresituasjonar. TPS blir definert som læresituasjonar der studentar lærer av, med og

om kvarandre, med det siktemål å styrke samarbeidsevne , få betre kjennskap til kvarandre sine kompetanseområder og dermed

få grunnlag for å kunne arbeide saman slik at dei utfyller kvarandre i eit tverrprofesjonelt teamarbeid. Skal slik læring kunne foregå i

praksis eller yrkesfeltet, må det finnast møteplassar der studentar frå ulike profesjons- eller yrkesutdanningar kan møtast og

arbeide saman i reelle samarbeidssituasjonar. I dag er det kvar utdanning som inngår avtalar for praksisplassar for sine eigne

studentar. Det er tilfeldig om studentar frå ulike utdanningsretningar vil ha praksis på den same plassen samtidig.

Arbeidsgruppa som no kartlegg mulighetene for TPS i yrkesfeltet har stilt seg spørsmål om det kan finnast andre måtar også,

der studentar frå ulike studieretningar ville kunne møtast i praksis og ha fokus på det tverrprofesjonelle samarbeidet. Det er

ut frå dette vi no vender oss til helseforetaka, for å få tilbakemeldingar om det her f. eks. kunne vere mogeleg å invitere

team av studentar til arbeid med konkrete oppgåver over kortare eller lengre periodar?

Vi ser i dag at studentar har praksis ved ulike avdelingar ved sjukehus og institusjonar. Kunne det tenkjast at t.d.

1, Ein avdeling tok i mot eit team av lege-, sjukepleier-, ergoterapeut- og fysioterapeutstudentar som fekk i

oppgåve å arbeide med t.d. fire fem pasientar, over eit par dagar, der dei skulle undersøke og planlegge eit

behandlings- eller aktivitetsopplegg for pasientgruppa?

2,, eit studentteam fekk delta i teammøter ved aktuelle arbeidsstader og dermed skape grunnlag for drøftingar om

samarbeidsformer mellom yrkesgruppene,

3, eit studentteam fekk i oppdrag å førebu og bistå ved overføring frå spesialisthelsetenesta (sjukehus) til

kommunehelsetenesta (evt heimen).. etc

4, ….. andre muligheter

Her kan det vere uttallige variasjonar av muligheter for å gi studentteam ulike praksisopplevingar, som har til siktemål å lære

korleis samarbeidet mellom ulike yrkesgrupper foregår, og korleis ein kan utfylle kvarandre.

Vi legg ved eit enkelt skjema for utfylling og som vi ber om blir returnert innan …….., for å kartleggje mulighetene for

nye typar tverrprofesjonell samarbeidslæring, som går utover dei rammene som elles er i dag.

På vegne av Arbeidsgruppa for TPS i UH-nett Vest

16 Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Volda, Høgskolen Stord/Haugesund, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger 17 Hovudsakleg barnevernspedagog-, bioingeniør-, ergoterapeut-, ernæringspedagog-, farmasøyt-, fysioterapeut-,

medisin/lege-, tannhelse-, radiograf-, sosionom-, sykepleier- og vernepleierutdanning.

Page 40: Tverrprofesjonell samarbeidslæring i UH nett Vestprosjektsider.hsh.no/tps/files/2015/04/Rapport_TPS... · Flesland-seminaret – 18.-19. september 2014 Arbeidsgruppa vart invitert

40

Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) på Vestlandet – ei

kartlegging av muligheter for teampraksis innan helseforetaka

Institusjon: …………………………………………………………..

Avdeling: …………………………………………………………….. Kontaktperson:

…………………………………………………………….. Tlf. ………………. Epost:

………………………………..

Aktuelle einingar for

TPS-praksiserfaring

Evt

namn

eininga

Har

praksisplassar i

dag

(kva for

studentgrupper)

Vil ta i mot

Studentteam

Ja/nei

Dersom

ja:

Aktuelle

oppgåver

Dersom ja:

Aktuelle

yrkesretningar

Dersom

nei:

Grunnen

til dette

Kirurgisk avdeling

Medisinsk avdeling

Psykiatrisk avdeling

Geriatrisk avdeling

Rehabiliteringsavdeling

Revmatisk avdeling

Ortopedisk avdeling

Andre avdelingar: