6
13 HELG fredag 19. desember 2014 DET ER 19. DESEMBER og første dag i juleferien, då Marta Margrete Økland kjem heim til Tysnes. Etter ein tung og mørk haust, med fleire sjølv- mordsforsøk, verkar ho lettare til sinns enn på lenge. Både familie og venner senkar skuldrene, og ser fram til ei fredeleg julefeiring. Margrete, som går på skule på Fitjar, møter igjen bestevenninna Kathrine Fedøy. Saman går dei på ungdomsklubb, og køyrer rundt på øya for å snakka med folk. Sjølv om Marta til vanleg er ei stillferdig jente, som helst sit for seg sjølv på rommet og skriv dikt, har ho mange ho vil snakka med denne kvelden. Alle konf- liktar ho har hatt, skal ordnast opp i. Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet. Ho vil ikkje utdjupa kva ho meiner, men Kathrine får inntrykk av at venninna, som lenge har slite med psyken, er roleg og trygg. Heime på Flatråker har Marta huset for seg sjølv. Begge forel- dra er vekke til neste dag, på jobb og møte. Ho lukkar døra til soverommet for siste gong, og legg igjen ein papirlapp med sju små ord. Livet etter døden Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet. TEKST: ANDERS TOTLAND FOTO: PER EGIL LARSEN LAYOUT: LENA HERLAND EIDE ... Marta Margrete Økland (t.v) og Kathrine Fedøy

Livet etter døden

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Livet etter døden

13HELG fredag 19. desember 2014

Det er 19. Desember og første dag i juleferien, då Marta Margrete Økland kjem heim til Tysnes. Etter ein tung og mørk haust, med fleire sjølv-mordsforsøk, verkar ho lettare til sinns enn på lenge. Både familie og venner senkar skuldrene, og ser fram til ei fredeleg julefeiring.

Margrete, som går på skule på Fitjar, møter igjen bestevenninna Kathrine Fedøy. Saman går dei på ungdomsklubb, og køyrer rundt på øya for å snakka med folk. Sjølv om Marta til vanleg er ei stillferdig jente, som helst sit for seg sjølv på rommet og skriv dikt, har ho mange ho vil snakka

med denne kvelden. Alle konf-liktar ho har hatt, skal ordnast opp i.Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet. Ho vil ikkje utdjupa kva ho meiner, men Kathrine får inntrykk av at venninna, som lenge har slite

med psyken, er roleg og trygg.Heime på Flatråker har Marta huset for seg sjølv. Begge forel-dra er vekke til neste dag, på jobb og møte. Ho lukkar døra til soverommet for siste gong, og legg igjen ein papirlapp med sju små ord.

Livet etterdøden

Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet.

TEKST: AndErS ToTlAnd FoTo: PEr EGIl lArSEn lAYoUT: lEnA HErlAnd EIdE

...

Marta Margrete Økland (t.v) og Kathrine Fedøy

Page 2: Livet etter døden

14 HELGfredag 19. desember 2014

– mange seier at det kjennest som om livet fell i grus når nokon ein er nær går bort. Men det var ikkje livet som gjekk i stykker. livet gjekk vidare, men eg gjekk i stykker. Eg mista meg sjølv heilt, og det einaste som var igjen var eit voldsamt sinne og ei djup for-tviling. Sjølv om eg etter kvart klarte å gje inntrykk av at eg fungerte, og fekk meg utdanning og jobb, var det kaos og vonde kjensler som regjerte på inn-sida, seier Kathrine. 22 år etter at ho mista bestevenninna si, er framleis tomrommet etter Marta Margrete Økland både stort og vondt for Kathrine Fedøy. Sjølv om ho ikkje mangla venner i ungdomstida, var det ingen som var like nære som Marta.

– Ho var ikkje så flink til å snakka om ting, og delte ikkje så mykje. Eg trur det var difor me fann kvarandre, for me hadde begge ting å streva med, og ingen av oss likte å snakka om det. Me kunne berre vera saman, utan at det blei stilt krav til nokon av

oss. det var noko av det fine. Me for-stod kvarandre, fortel Kathrine.

– då Marta døydde, gjekk eg med ei grunnleggjande kjensle av djup for-tviling og sinne. Eg lova meg sjølv å aldri sleppa nokon så tett innpå meg igjen, slik at eg ikkje kunne bli så såra ein gong til. det er det dummaste løf-tet eg har gjeve meg sjølv, men eg har halde det. det er først no når eg har blitt vaksen at eg har sett kor viktig det er å sleppa folk inn, men no klarer eg det ikkje, etter å ha halda alle på av-stand så lenge, seier 41-åringen.

Ho ønskjer meir openheit om kor-leis sorga kan ta ulike former, for at andre skal komma seg gjennom dei tøffe taka på ein betre måte enn ho sjølv har gjort.

– Eg ser no at min måte å takla det-te på har vore usunn og til skade for meg sjølv. Eg avviste alle rundt meg, og sjølv om det snart er 22 år sidan, har eg framleis eit godt stykke igjen av sorgprosessen min, seier Kathrine.

I fleire år prega tapet av venninna hen-ne. Same kva ho prøvde, kom ikkje Kathrine seg vidare i livet. redninga, fortel Kathrine, var å bli mor. då gjekk det opp for henne at det verkeleg var eit liv etter døden - for dei som sit igjen.

– det var først då eg fekk ein son for åtte år sidan at tomrommet blei fylt. Eg fekk fred i sjela og kunne gle meg over livet igjen, seier Kathrine.

det er ingen som veit kor mange som velgjer å avslutta livet sjølv. offentlege tal tyder på mellom 400 og 500 perso-nar kvart år. linda Amundsen, som er leiar i leve Hordaland, meiner det er grunn til å tru at om lag ti prosent av desse kjem frå Hordaland.

– når det då er om lag ti menneske rundt kvart enkelt dødsfall, kan du re-kna på kor mange som er rørt av det-te. det blir fort mange tusen i løpet av nokre år, seier Amundsen som jobbar

Eg mista meg sjølv heilt, og det einaste som var igjen var eit voldsamt sinne og ei djup fortviling.

– Då Marta døydde, gjekk eg med ei grunnleggjande kjensle av djup fortviling og sinne. Kathrine Fedøy

Page 3: Livet etter døden

15fredag 19. desember 2014

for å sikra omsorg og støtte til pårø-rande etter sjølvmord.

Ho meiner det er viktig at både støtteapparatet for dei etterlatte, og samfunnet elles, er medvitne dei ut-fordringane som følgjer i kjølvatnet av eit sjølvmord.

– Som etterlatt etter sjølvmord slit ein med heilt andre ting enn om ein til dømes mister nokon i ei bilulukke, eller andre brå dødsfall. Særleg gjeld dette den skuldkjensla og skammen mange kjenner på når ein av deira nærmaste tar sitt eige liv. Ein kan ha gjort sitt ytterste for å strekka ut ei hand og gje hjelp, men når det av uli-ke grunnar ikkje lukkast, og utfallet blir at livet blir avslutta på ein så tragisk måte, er det tungt. Sjølv om andre menneske kan seia at du har gjort alt du kan, tar det ofte veldig lang tid før ein kan klara å integrera dette i eigen fornuft og i sine eigne kjensler. Somme klarer det aldri, og klandrar seg sjølv så lenge dei lever, seier Amundsen.

Ho er oppteken av at støtteapparatet er på hogget, og ikkje let det vera opp til den enkelte pårørande å finna hjelp.

– dei etterlatte har ikkje peiling på kva form for hjelp dei treng i slike si-tuasjonar. då er det hjelpa som må komma til den etterlatne. det fungerer bra ein del plassar i Hordaland, men me kan ikkje seia at det fungerer like godt i alle kommunane, seier Amund-sen.

På grunn av at sjokket er så stort for dei som sit igjen etter eit sjølv-mord, meiner Amundsen det kviler eit ekstra stort ansvar på støtteapparatet til å følgja opp meir standhaftig enn i andre saker.

– Eg vil ikkje seia at dei må masa, men dei må ikkje gje seg. det kan godt vera at ein først takkar nei til til-bod om hjelp, men likevel har behov for det. om ein som støtteapparat blir avvist, bør ein prøva å ta kontakt på ny etter ei tid, seier Amundsen.

Ho har ei klar oppmoding til alle

som kjenner nokon som opplever sjølvmord i familien eller omgangs-kretsen:

– Ta kontakt. Ingen ventar at nokon skal klara å setja seg inn i kva dei et-terlatte går gjennom, men berre det å oppleva medmenneskelegheit og omsorg betyr veldig mykje. det treng ikkje å vera så viktig kva ein seier. Eit klapp på skuldra eller eit handtrykk kan vera nok, seier Amundsen.

det, meiner Amundsen, kan også vera god sjølvmordsforebygging.

– Me veit kor viktig det er for folk å bli sett. det å bry seg om og inkludera andre menneske, det er enkle tiltak i kvardagen som har vesentleg effekt, seier Amundsen.

Eg mista meg sjølv heilt, og det einaste som var igjen var eit voldsamt sinne og ei djup fortviling. Livet etterdøden

Ein kan ha gjort sitt ytterste for å strekka ut ei hand og gje hjelp, men når det av ulike grunnar ikkje lukkast, og utfallet blir at livet blir avslutta på ein så tra-gisk måte, er det tungt.Linda Amundsen

...Kathrine Fedøy sleit lenge med tapet av venninna.

HELG

Page 4: Livet etter døden

HELG16 fredag 19. desember 2014

mona Lene HareiDe blar i gamle album, og finn fram dei bileta ho likar best. Ho smiler forsiktig når ho ser dei gamle fotografia, samstun-des som klumpen i halsen får stemma til å skjelva. det er snart 22 år sidan veslesøstera, Marta Margrete, tok livet av seg. Framleis er det vanskeleg å snakka om.

– det er når ein plutseleg blir lettare til sinns, og mindre dyster, ein skal bli uroleg. det har me lært i ettertid. Hadde me visst det då, hadde sjølv-sagt alarmane ringt. Men me visste ik-kje, seier Mona lene som fortel om ei sprudlande og blid veslesøster.

overgangen kom då Marta Margre-te byrja på ungdomsskulen.

– Me vaks opp i ein kristen heim, og det er klart at alle hadde vel eit slags ungdomsopprør på kvar vår måte. Marta Margrete byrja å sminka seg, tok hol i øyrene og gjekk på fest. det blei ein markant overgang frå bar-neskulen til ungdomsskulen. Tysnes er ei lita øy, med eit lite miljø. På den tida hamna du anten blant dei tøffe og

kule eller blant dei søte og snille, fortel Mona lene.

Sommaren før Marta Margrete tok livet av seg, gifta Mona lene seg. For første gong skulle ho feira jul med dei nye svigerforeldra i Molde. Marta Mar-grete hadde vore tidleg ute med jule-handelen, og gåva frå veslesøstera var med i bagasjen då Mona lene sette seg på flyet nordover.

– Ho var så roleg, og det verka som ho såg så lyst på livet. difor reiste eg med god samvittigheit, fortel Mona lene.

det kom difor som eit sjokk då eld-ste søstera ringde på morgonen 20. desember.

– Eg hugsar at eg sette meg på senga og gret, og tente meg ein røyk. det er første og siste gong eg har gjort det. då ho ringde forstod eg at Marta Margrete verkeleg hadde bestemt seg. om dei andre forsøka var rop om hjelp, hadde ho no teke valet som ik-kje kunne gjerast om.

Tre dagar seinare, på veslejulaftan, blei Marta gravlagd. dagane etterpå

blei fulle av kontrastar for familien på Flatråker. dottera og veslesøstera, Marta Margrete, var død, men i hei-men var det framleis liv, der fire små gledde seg til julefeiring og presan-gar.

– Jula blei heilt surrealistisk, med grining og song om kvarandre. Had-de det ikkje vore for desse niesene og nevøane våre, veit eg ikkje korleis det skulle gått, fortel Mona lene.

I løpet av juleferien blei det invitert til ei samling for ungdommane i byg-da, for å snakka om det som hadde skjedd. For søster Mona lena var det tøft, men i ettertid er ho glad for at dei valde å gjera det slik.

– På den samlinga, der me hadde med både prest og lege, kom det fram at det var fleire andre i miljøet som hadde gått med dei same tanka-ne som Marta Margrete. Eg veit ikkje om me faktisk avverga nye sjølvmord den kvelden, men det fekk i alle fall fleire til å tenkja over korleis det er for dei som må leva vidare etter at nokon har teke sitt eige liv, seier Mona lene.

– Ta kontakt. Ingen ventar at nokon skal klara å setja seg inn i kva dei etterlatte går gjennom, men berre det å oppleva medmenneskelegheit og omsorg betyr veldig mykje.

På den tida hamna du anten blant dei tøffe og kule eller blant dei søte og snilleMona Lene Hareide

Mona lene Hareide (t.v) og Kathrine Fedøy.

Page 5: Livet etter døden

fredag 19. desember 2014 17

Finn trøyst i felles-skap

liv Kari Bru var den siste leiaren av leve i Sunnhordland.

Livet etterdøden– Ta kontakt. Ingen ventar at nokon skal klara å setja seg inn i kva dei etterlatte går gjennom, men berre det å oppleva medmenneskelegheit og omsorg betyr veldig mykje.

Målet er at folk skal få verktøy til å meistra livet utan at det vonde skal dominera fullstendigLiv Kari Bru

...

– Det er veldig ulikt kva folk føler er godt for dei. Medan somme synest det er ei belastning å vera saman med mange som har opplevd det same, og føler at dei på ein måte ikkje kjem seg vidare, er det andre som synest det er god hjelp i å møta andre med like erfaringar, seier Liv Kari Bru.

Ho var den siste leiaren i leve sitt lokallag i Sunnhordland. Etter nokre år med liten aktivitet, blei laget lagt ned, og sunnhord-lendingane i laget høyrer no til i leve Hordaland. Men sjølv om det ikkje lenger finst ein lokal leve-møteplass på Stord, og Bru har skifta jobb frå soknediakon til kyrkje-verje, jobbar ho framleis med etterlatte et-ter sjølvmord. – Alle som opplever å mista nokon på Stord, får tilbod om sorggrupper. dei som opplever brå død og ulukker får endå meir tilbod om oppfølging. Så er det opp til den enkelte å seia ja eller nei, men me gjev i alle fall tilbodet, seier Bru.

– Kva gjer de der?– det er ein fast liturgi kvar gong, men

det er ikkje noko kyrkjeleg innhald i det. det er dei som kjem som styrer samta-len, og det er mykje snakk om dei som er døde, og reaksjonane til dei etterlatte. Målet er at folk skal få verktøy til å meis-tra livet utan at det vonde skal dominera fullstendig, seier Bru som fortel at det no er soknediakon lisbeth nygård som leiar sorgarbeidet til kyrkja. linda Amundsen i leve Hordaland mei-

ner den felles referansebakgrunnen til dei etterlatte gjer noko med forståinga av kvar enkelt sine traume.

– Ein finn ofte gjenklang hos andre i alle dei spørsmåla og kjenslene ein sit igjen med. det å møta andre, og sjå at livet går vidare, sjølv om det kan ta tid, er veldig nyttig, seier Amundsen.

Ho meiner fellesskap med andre som er i same situasjon også kan vera verdfullt over tid.

– Etter kvart som det går mange år si-dan sjølvmordet, er det ikkje så mange miljø igjen der ein kan snakka om dette. då har denne gruppa vist seg å vera god for mange, seier Amundsen.

HELG

Page 6: Livet etter døden

18 HELGfredag 19. desember 2014

– Hald fast på håpetSjølv bak dei mørkaste skyer skin sola. Det er bodskapen til Liv Åse Dybdal ved Stord DPS.

– Me må aldre gløyma at det er håp. Uansett kor mørkt det ser ut, finst det ei framtid, der ting kan bli betre, seier liv Åse dybdal, som er leiar for Stord dPS.

Gjennom jobben møter ho ofte personar som går med tankar om å ta livet av seg. Hennar inntrykk er at problematikken er relativt utbreidd i vårt lokalsamfunn.

– Men det betyr ikkje at alle som tenkjer på dette har ei psyksik li-ding. dette kan vera tankar ein får i ein fortvila livssituasjon, der ein ikkje ser noko meining med å leva vidare. det er først når desse tankane kver-

nar vidare, og det blir meir langvarig og konkret det byrjar å bli skummelt, seier dybdal.

– Me ser at det ofte er dei som er djupt deprimerte som kan få al-vorlege tankar om å ta livet av seg. det kan vera så slitsamt og plagsamt med dei lidingane dei har, at dei rett og slett ikkje orkar meir, seier dybdal.

Ifølgje dybdal er det fleire risiko-faktorar som går igjen hos personar med sjølvmordstankar. det kan til dømes vera ein kjærast som går sin veg, dårlege prestasjonar på skulen eller å mista jobben.

– om ein mister alle desse hal-depunkta som held oss på plass til kvardags, kan det bli ei massiv opp-leving av at ein ikkje lukkast med noko i livet. det kan vera skummelt, seier dybdal,

Psykologspesialist Beate Gjerm-

stad har følgjande råd til dei som opplever at personar i nær omgangs-krets ikkje klarer å finna lyspunkt i li-vet lenger.

– dersom ein opplever at nokon i familien eller andre ein kjenner slit psykisk, og ein er bekymra for om dei kanskje har tankar om at dei ikkje vil leva lenger, er det viktig å spør direk-te om dette. Mange vil kanskje vegra seg for å spør om noko så vanskeleg fordi dei er redde for å støta, såra el-ler provosera. Eg tenker at det å spør heller er eit uttrykk for omsorg og at ein bryr seg om ein. For mange er det nok også lettare å innrømma at dei har sjølvmordstankar når nokon spør om dette, og vegen er då oftast kort vidare til behandlingsapparatet. Å våga å spør kan faktisk utgjera ein veldig stor skilnad, og kanskje også bidra til å redda liv, seier Gjermstad.

Livet etterdøden

For mange er det lettare å innrømma at dei har sjølv-mordstankar når nokon spør om detteBeate Gjermstad

Sjølv bak dei mørkaste skyer skin sola.

Sjølvmord blir som regel ikkje omtala i media. det er det gode grunnar til. Aller tyngst veg argumentet om at merksemd kring sjølvmord medfører ein viss fare for at andre kan komma på same tanken, og dermed føra til ein slags smitteeffekt. difor skriv me ikkje om enkeltpersonar

som tar livet av seg, slik me dekkjer andre dramatiske hendingar i nærmiljøet der nokon mister livet. I haust har me sett ei klar oppmjuking av dette i både TV og aviser over heile landet. Meir eller mindre profilerte personar har stått fram og fortalt om sine oppleving-ar, for å setja søkjelys på det dei meiner er meir enn personlege kriser. Sjølvmord er,

om me løftar blikket frå enkeltlagnadene, eit samfunnsproblem. det fortener meir merksemd enn kryptiske notisar. dette viser også igjen i pressa sine etiske retningslinjer, Vær Varsam-plakaten, som blei endra for få år sidan. der det tidlegare stod at sjølvmord og sjølvmords-forsøk som hovudregel ikkje skulle omta-last, står det no følgjande: «Vær varsom

ved omtale av selvmord og selvmordsfor-søk. Unngå omtale som ikke er nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov. Unngå beskrivelse av metode eller andre forhold som kan bidra til å utløse fleire selvmordshandlinger». Som fleire av ekspertane i reportasjen påpeiker, kan det vera godt å snakka om dette problemet, både for pårørande og

personar som går med slike tankar. det ynskjer me å bidra til, ved å reisa debatten på ein sakleg og nøktern måte lokalt. Vonleg bidrar me til å senka terskelen for å snakka om sjølvmord og sjølvmordstankar eit lite hakk. det er ikkje triveleg å lesa om. Men så er heller ikkje verda ein triveleg plass alltid, for alle. .red

difor skriv me om sjølvmord