12
EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST Volda FrP Program 2015–2019

Volda Frp program 2015 2019

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Volda Frp program 2015 2019

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

Volda FrP

Program 2015–2019

Page 2: Volda Frp program 2015 2019

2

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

Kva for ei liste skal du nytte ved kommunevalet?Vi veit at mindre enn 10% av dei røysteføre i Volda er medlem av eit politisk parti. – I denne brosjyren fortel vi om nokre av dei viktigaste sakene vi vil arbeide for i den komande perioden. - I lokalval veit vi at for svært mange kan personval og konkrete saker ofte vere avgjerande for kva røystesetel ein nyttar ved kommunevalet.

Framstegspatiet har ein «flat struktur», det vil såleis vere lett for våre representantar i t.d. kommunestyret å kunne nå dei som no sit i regjeringskontora, om det er lokale saker ein ynskjer å ta opp med dei.

Kandidatane på FrP-lista har ulik bakgrunn alders-, utdannings- og yrkesmessig, - men felles for alle er at vi har god lokalkunnskap om Volda.

Vi vonar difor du vil nytte FrP-lista ved det komande valet - vi vil gjere alt vi kan for å få til det vi alle vonar: Gjere Volda kommune til ein enno betre stad å bu i.

Ferjelista som stilte til val ved kommunevalet 2011 stiller ikkje til val no.Dei to representantane dei har hatt i kommunestyret 2011-2015, stiller begge som kandidatar for FrP ved dette kommunevalet. Det gjeld og fleire av dei andre kandidatane på FrP-lista som har representert Ferjelista i ymse kommunale utval.

Page 3: Volda Frp program 2015 2019

3

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

Vi vil gjere Volda til ein enno betre stad å buVolda FrP har i perioden 2011-2015 vore del av eit borgarleg fleirtal, som i fellesskap har «site ved roret» for å få m.a. ein ”skakkøyrd” kommuneøkonomi på rett kjøl. Dette har vore naudsynt for at viktige investeringstiltak som t.d. «ny Øyra barneskule» let seg gjennomføre. I ei kommune som Volda er det viktig med godt samarbeid mellom alle politiske parti. Men då Volda står framfor mange utfordringar og uløyste oppgåver, meiner vi det er viktig at eit borgarleg fleirtal med eit sterkt Framstegsparti får halde fram med å sitje i «førarsetet».

Lokaldemokrati - KommunesamanslåingDet nye kommunestyret 2015-2019 skal ta stilling til om Volda kommune bør slå seg saman med annan/andre kommunar og danne ei NY kommune. Kommunestyret må gjere viktige vedtak i samband med dette alt hausten 2015/våren 2016. - Det viktigaste i samband med dette er at det kan utformast eit godt nok grunnlag for denne avgjerda, - som innbyggjarane kan setje seg inn i - slik at det blir halde ei rådgivande folkeavrøysting om spørsmålet. Det vil vere eit krav frå Volda FrP at ei slik folkeavrøysting blir halden i god tid før kommunestyret tek avgjerd i saka.

Eit spørsmål som må utgreiast nøye, er korleis ei eventuell NY kommune skal styrast utan at demokratiet vert «innsnevra» samanlikna med i dag.

For at Volda FrP skal kunne kunne gå inn for ei kommunesamanslåing, må det klart dokumenterast positive synergieffektar: - økonomiske gevinstar - muligheiter for betre kommunal tenesteyting - og ordningar som gjer at samferdsla kan vesentleg betrast.

Volda må på sikt verte ei ferjefri kommuneDen ”raud/grøne” Regjeringa (Ap, SV og Sp) hadde vedteke at Stigedalsvegen mellom Folkestad og Hjelle, skulle nedklassifiserast frå europaveg/riksveg til fylkesveg, - og at Folkestadferja skulle nedklassifiserast til fylkesvegferje då Kvivsvegen vart opna. Basert på dette vedtaket lyste Møre og Romsdal fylkeskomune ut tilbod på nye ferjeruter for Folkestadferja som fylkesvegferje, og dette vart kontraktsfesta til å vare ut 2018. Dette førte til at rutetilbodet på strekninga vart redusert på dagtid, og nattferja vart teken bort.

Etter at vi fekk ny regjering frå september 2013, vart det ført forhandlingar med denne, og vedtaket til den gamle Regjeringa har Stortinget no gjort om. Frå 1. januar 2015 er både Stigedalsvegen og Folkestadferja igjen riksveg/alternativ E39.

Volda FrP har slik målsetjing for ferjesambandet Volda-Folkestad, - og vidare for Lauvstad-Volda - samt sambandet med Vanylven:1. Kjempe for å få attende det rutetilbodet som det var før den gamle Regjeringa vedtok det

skulle verte fylkesvegsamband2. Regjeringa har lagt fram ei finansieringsordning som gjer at eit ferjesamband kan erstattast

med bru finansiert av «ferjeavløysingsmidlar». Vi vil nytte denne ordninga for å erstatte Folkestadferja med ei bru mellom Greivsneset og Krumsvikneset.

3. Volda FrP vil arbeide sterkt for å få dette til, og arbeide for snarleg oppretting av eit «Fjordkryssingsselskap» som får som hovudoppgåve å få til ei brukryssing av Voldsfjorden.

Page 4: Volda Frp program 2015 2019

4

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

4. Volda FrP ser det slik at Fjordkryssingsselskapet også arbeider vidare med å få til ei fjordkrysing av Dalsfjorden med bru mellom Nautvikneset og Skrubbeneset - finansiert på same måte.

5. Volda FrP ser det og vidare slik at det bør byggjast ein tunnel mellom Dalsfjorden og Vanylven. På ein slik måte kan Vanylven ferjefritt knytast til Volda sentrum (sjukehuset,høgskulen) og Rv. 651/alternativ E39.

Volda FrP vil arbeide intenst for å få dei skisserte løysingane som her er nemnde inn i statlege- og fylkesvise planar.

Volda sentrum – trafikk- og miljømessige problem som må løysastVolda sentrum er heile kommunen sitt sentrum, og det er viktig å få til ei løysing av dei akutte trafikkproblema som har kome etter at Kvivsvegen/E39 vart opna. Det er den nye meir-trafikken som følgje av dette, som til tider har skapt trafikkaos.

E39 gjennom sentrum må oppgraderast og omleggjast med miljøgatetilnærming som på ein god måte legg til rette for utvikling av tettstaden. Det er viktig at dette skjer med trafikk- og miljømessig fokus og på tettstaden sine vilkår, og ikkje slik at tettstaden må tilpasse seg E39 sine vilkår.

Det er viktig å få ny Volda-tunnel inn i komande rullering av Nasjonal Transportplan.Når det gjeld Volda-tunnel må denne fullfinansierast over statsbudsjettet, Volda FrP vil gå i

mot ei kvar form for lokal delfinansiering gjennom bompengar.Det må vere ei målsetting at vegen frå pleieheimen til Vikeneset vert oppgradert til «gul

stripe»-standard.All røynsle viser at auka trafikktettleik aukar faren for trafikkulukker. Dette understrekar kor

viktig det er å få på plass nye trafikk- og miljømessig gode nye løysingar i sentrumsområdet.

Page 5: Volda Frp program 2015 2019

5

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

Kommunale tenesterVolda kommune skal:- Til ei kvar tid yte dei kommunale tenester til innbyggjarane som lov- og regelverket krev.- Handheve lovbestemte tidsfristar for svar frå kommunen - t.d. må alle som vender seg til

kommunen med saker, straks få vite kva tid dei kan få svar på eit brev eller ein søknad, saksbehandlingstid, førebels svar (ref. Forvaltningslova kap III, § 11a).

Næringsliv- Ei viktig oppgåve vil vere å verne om dei arbeidsplassane som er i området, og stimulere til

etablering av nye. Her vil vi vere aktive støttespelarar til dei næringsdrivande m.a. i kampen mot byråkratiet, rigide lover og forordningar.

- Styrke Volda sentrum som tyngdepunkt for regionale handels- og servicefunksjonar.- Legge til rette for auka turisme i kommunen.- Sikre nok parkeringsplassar i Volda sentrum.- Vere langsiktige og sørgje for at det alltid finst ledig areal til næringsføremål i

kommunen.- Kommunen må gå i drøftingar med grunneigarar i Furene med sikte på å sikre areal til

utviding av næringsområdet der.- Legge til rette for torghandel i sentrum.- Grunneigarane må kunne utnytte eigen skog.- Sikre utvikling av landbruk og aquakultur.- Rettshavarane må kunne utnytte ressursane som ligg i vassdraga på ein framtidsretta måte. - Styrke samarbeidet med Høgskulen for å vidareutvikle Volda som ein unik studiestad –

Studiebygd A.

Page 6: Volda Frp program 2015 2019

6

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

Samferdsle/trafikktryggleik.- Volda kommune må vere aktive med å følgje opp dei politisk gjorde vedtaka i

Trafikktryggleiksplanen. Dette gjeld m.a. skilting (i samarbeid med Statens vegvesen).- Det finst ikkje midlar til vegljos på kommunebudsjettet - det er foresett at vegljos skal takast

inn i anleggskostnaden når vegane blir bygde. Det er framleis mange trafikkfarlege «mørke punkt»rundt om i kommunen - slike midlar må difor inn igjen på budsjettet.

Av utbyggingstiltak vi vil arbeide sterkt for å få gjenomført i perioden:- Rassikring av Fv. 40 - fylkesvegen rundt Dalsfjorden.- Rv. 651 - nytt fonnoverbygg over «nedstefonna» på Bjørkedalen.- Eit generelt krav er at sterkt trafikerte riks-, fylkes- og kommunevegar blir utvida med gang-/

sykkelvegar. - Arbeide for å etablere gang- og sykkelvegar på utvalde strekningar på sør- og vestsida av

Voldsfjorden.- Vi vil at Torvmyrvegen (mellom Furene og flyplassen) må ha høg prioritet for snarleg

utbygging.

Offentleg kommunikasjon generelt:- Dei offentlege tilboda er for dårleg samordna, og det må gjerast meir for å få nye tilbod. FrP

vil difor arbeide for at det blir oppnemnd ei eiga trafikknemnd til å ta seg av dette.- Flyrutene på Hovden må minst oppretthaldast slik dei er i dag - dette gjeld både

rutetilbodet - og konkurransedyktige billettprisar.- Korrespondansen mellom ferjer, bussar og fly må vesentleg betrast.- Dersom det vert innført snøggbåtrute mellom Bergen og Møre, må Volda kommune legge til

rette for anløp på Berkneset.

Statssekretær Jon Georg Dale og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen drøftar trafikkspørsmål med Odd A. Folkestad på Vikeneskaia.

Page 7: Volda Frp program 2015 2019

7

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

Økonomi og styringsstruktur- FrP vil gi ros til rådmannen og hans stab for gjennomførte organisasjonsmessige tiltak i

perioden 2012-2015. FrP vil at denne prosessen skal halde fram. - FrP vil i tillegg at drifta av kommunen skal effektiviserast vidare, slik at eigedomsskatten vert

fjerna.- FrP vil at det skal utarbeidast vedlikehaldsplanar for kommunale bygg.- FrP vil det skal nyttast åremålstilsetjing i alle leiarstillingar frå sektorsjef og oppover.- FrP vil sikre at alle oppstarta anlegg vert sluttførde etter tidsplan.- FrP vil ha innføring av enno betre rutinar for kostnadskontroll (samsvar mellom budsjett/

kostnad) i alle kommunale prosjekt.

Helsevern, eldre og familiepolitikk- Vi vil at den heimebaserte omsorga skal styrkast, slik at dei eldre som kan det, kan bu heime

lengst mogeleg.- Alle som treng det må få tilbod om einerom på sjukeheim.- Alle som har rett til det må få brukarstyrt personleg assistanse.- Alle som treng det, skal ha tilbod om kvardagsrehabilitering.- Sikre god omsorgsløn.- Sikre tilsette i pleie og omsorg rett til etterutdanning.- Ha full sjukeheimsdekning.- Vi vil at Volda kommune skal ha eit desentralt tilbod på omsorgsbustader:

* Når det skal byggjast erstatningsbustadar for bustadane på Mork, må såleis nokre av dei (5-6 einingar), leggjast til Folkestadtun.

- Tilbodet på omsorgsbustadar for Dalsfjord/Lauvstad må aukast.

Sjukehuset i Volda- Volda FrP vil engasjere seg sterkt i kampen for å bevare sjukehuset med dei funksjonar som

det har i dag.- Volda Frp vil støtte kravet om fleire parkeringsplassar på området ved sjukehuset.

Skule- Volda FrP vil stø opp om alle tiltak for å vidareutvikle Høgskulen i Volda- Volda FrP vil arbeide for å auke valfagtilbodet ved den vidargåande skulen i Volda.- Volda FrP vil ikkje legge ned barne- eller ungdomsskular i komande periode.

Page 8: Volda Frp program 2015 2019

8

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

Bustadpolitikk- Vere framsynte i å sikre byggjeklare tomter for å møte dei krav som marknaden etterspør,

både når det gjeld tal og type.- Regulere nye sentrumsnære areal til bustadbygging.

BygdeutviklingFolketalsreduksjonen på bygdene i Volda er ei utfordring. FrP vil arbeide aktivt for å finne gode løysingar:

Kommunen må leggje til rette for følgjande basisføresetnader:- nok tilgjengelige tomter i alle delar av kommunen.- godt nok tilbod innan barnehage og SFO.- god kommunikasjon (foreldre må kome seg lett til/frå arbeid).- sikre liberal praksis i saker om bu- og driveplikt.- sikre liberal praksis ved frådeling av bustadtomter.- gjere det lettare å bygge naust og brygge i strandsona.

For å motivere unge familiar til å busetje seg i bygdekrinsane, bør kommunen iverksetje følgjande for perioden 2015-2019:- Ungdom som byggjer hus første gongen, bør få tildelt eit kommunalt tilskot tilvarande

gjenomsnittsprisen for tekniske anlegg i eit kommunalt bustadfelt.

Det står mange tome bustadhus rundt om i Volda kommune, desse bør kartleggjast. Hus på bygdene kan t.d. vere eit godt bualternativ når flyktningar som har kome til Volda skal ut i marknaden for å finne sin eigen heim.

Kultur/kyrkjeKulturhusGrunna tidlegare svak kommuneøkonomi, har realisering at eit nytt kulturhus blitt «lagt på is». Det har vore gjorde politiske krafttak for å snu og betre økonomien - og tverrpolitisk semje om å prioritere bygging av ny Øyra barneskule. - Våre representantar i kommunestyret vil vere positive til å kome i gang med planlegging av eit nytt kulturhus. Vidare trygg økonomisk styring, bør gjere dette mogeleg.- FrP ser føre seg eit arkitektonisk og funksjonelt fullkome kulturhus, plassert så sentralt som mogeleg i Volda sentrum - eit bygg som vår generasjon med stoltheit kan bringe over til våre etterkomarar.

Om det vert bygging av ny Voldahall «II», har Volda FrP meint og meiner, at denne funksjonelt bør utstyrast slik at den kan «huse» også «spesielle»kulturarrangement fram til eit nytt kulturhus blir opna. – ”Det er betre å ha visse små mulegheiter medan ein ventar - enn ikkje å ha noko –”.

GrendehusaGrendehusa i kommunen må bevarast på ein god måte.

Page 9: Volda Frp program 2015 2019

9

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

KulturskulenAlle born i kommunen må få eit tilbod frå kulturskulen.

KyrkjegardaneVed nokre av kyrkjegardane i kommunen er det for lite parkeringsareal. Dette må kommunen rette på.

Sport/fritid/ungdomIdrett- Idrettslaga i kommunen må på alle måtar stimulerast til å iverksetje tiltak som motiverer til

fysiske aktivitetar for folk i alle aldrar.- Volda skisenter må halde fram med utviklinga og styrke posisjonen som regionalt

vintersportssenter.- Det må byggjast ut turstiar som gjer at m.a. rørslehemma lettare kan ta seg fram i populære

rekreasjonsområde.- Volda FrP vil i samarbeid med andre arbeide for på sikt å kunne bygge ishall i Volda.Ungdomsklubb.- Kommunen må sørgje for at ungdomsklubben vert oppretthalden, og at høveleg lokale vert

funne.Rusførebygging.- Arbeidet med rusførebygging må styrkast.Psykolog.- FrP vil at det snarast vert tilsett ny kommunal psykolog.

Page 10: Volda Frp program 2015 2019

10

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

Presentasjon av kandidatane

Odd A. Folkestad er FrP sin listetopp og ordførarkandidat

Utdanning:Økonomi og administrasjon RasjonaliseringInformasjonsteknologiMarknadsføring.Praksis:Leiarstillingar innan:* Offentleg sektor:InformasjonsteknologiOrganisasjonsutvikling

* Privat sektor (inn-/utland):InformasjonsteknologiMarknadsføringForretnigsutvikling.* Politisk røynsle:16 år som medlem av kommunestyre/formannskap (ei periode som varaordførar).

Roald Espset er leiar for Volda FrP og han står på 2. plass på vallista.Han er pensjonist etter 40 år som befal og offiser i Hærens Samband – dei siste 15 åra som systemanalytikar og programmerar. Espset har 2 periodar bak seg i kommunestyret, og sit no som FrP sin representant i formannskapet.

Jenny Venås er 22 år og FrP sin ungdomskandidat ved dette valet. Ho står på 3. plass på vallista.Jenny er student (sjukepleie), og jobbar deltid i helsevesenet.Jenny er sterkt engasjert i det meste, men spesielt innan ungdomspolitikk.Ho sit denne perioden som medlem i Volda kommunestyre for FrP.

Page 11: Volda Frp program 2015 2019

11

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

1. Odd A. Folkestad

2. Roald Espset

7. Hilda Fløtre

12. Edvin Dale

17. Karl Flåte

22. Johan Øren

3. Jenny Venås

8. Lars P. Barstad

13. Egil Berg

18. Idar Berstad Egseth

23. Terje Følsvik

4. Eiliv P. Halkjelsvik

9. Sindre Olav Kvangardsnes

14. Elin Wilhelmsen

19. Arne Oddmund Torvik

24. Rolleiv Hjelle

5. John Leirvik

10. Ragnhild Folkestad

15. Harald Ola Søvik

20. Inger J. Halkjelsvik

25. Jakob Kolbein Helset

6. Steinar Holstad

11. Asbjørn T. Humberset

16. Anne Olaug Bjørkedal

21. Edvin Sverre Mårstøl

26. Jon Georg Dale

Volda FrP

Page 12: Volda Frp program 2015 2019

12

EIN ENKLARE KVARDAG FOR FOLK FLEST

Godt val!