24
NOVEMBER 2015 Nytt og aktuelt frå Hafstad vidaregåande skule og omegn Redaksjon: 2 media- og informasjonskunnskap – VG3 Lett for mindreårige å skaffe seg alkohol – Vi prøver å følgje med og informere, men utanfor vårt område er det lite vi kan gjere om det skjer langing, seier butikkarbeidar Bjøn Kristian Sunde på Vinmonopolet i Førde. Å lange alkohol til mindreårige med- elevar skjer stadig. At det er eit alvorleg brot på norsk lov ser ikkje ut til å stoppe dei som driv med det. - Blir ein teken for å kjøpe alkohol til mindreårige kan det få langt større konsekvensar enn ein oſte tenker på, seier volleyballspelaren Petter ue. Side 4 og 5 Avtroppande Grethe Øren. Ingen ny rektor Fylkeskommunen har gitt opp å finne ny rektor på Hafstad vgs dette skuleåret. Rektor på overtid, Grethe Øren, meiner det burde ha vore kø for å a over stillinga hennar. Side 8 Benedicte Førde Mosesen. Stadig på etterskot – Å ha jobb etter skuletid går utover skulen. Det erkjenner Benedicte Førte Mosesen som arbeider på Esso på Skei etter skulen. Rådgjevar Magne År- dal meiner jobb etter skule har både fordelar og ulemper. Side 7 På landslaget 15 år gamle Karoline Fauske er den einaste frå fylket på landslaget i volleyball. – God motstand og mykje trening har gjort meg betre, seier ho Side 17

Avisa Hafstad

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Skuleavis av VG3 3ST-ABCDE - 2 Medium og informasjonskunnskap. Eit eingongsføretak for året.

Citation preview

NOVEMBER 2015 SIDE 1

NOVEMBER

2015Nytt og aktuelt frå Hafstad vidaregåande skule og omegn Redaksjon: 2 media- og informasjonskunnskap – VG3

Lett for mindreårige å skaffe seg alkohol

– Vi prøver å følgje med og informere, men utanfor vårt område er det lite vi kan gjere om det skjer langing, seier butikkarbeidar Bjøn Kristian Sunde på Vinmonopolet i Førde.

Å lange alkohol til mindreårige med- elevar skjer stadig. At det er eit alvorleg brot på norsk lov ser ikkje ut til å stoppe dei som driv med det.

- Blir ein teken for å kjøpe alkohol til

mindreårige kan det få langt større konsekvensar enn ein ofte tenker på, seier volleyballspelaren Petter Thue.

Side 4 og 5

Avtroppande Grethe Øren.

Ingen ny rektorFylkeskommunen har gitt opp å finne ny rektor på Hafstad vgs dette skuleåret. Rektor på overtid, Grethe Øren, meiner det burde ha vore kø for å a over stillinga hennar.

Side 8

Benedicte Førde Mosesen.

Stadig på etterskot– Å ha jobb etter skuletid går utover skulen. Det erkjenner Benedicte Førte Mosesen som arbeider på Esso på Skei etter skulen. Rådgjevar Magne År-dal meiner jobb etter skule har både fordelar og ulemper.

Side 7

På landslaget15 år gamle Karoline Fauske er den einaste frå fylket på landslaget i volleyball. – God motstand og mykje trening har gjort meg betre, seier ho

Side 17

NOVEMBER 2015SIDE 2

Firda opnar ungdomsredaksjonFirda skal i haust opne ein ung-domsredaksjon. Denne skal bestå av 8-10 unge journalister mellom 15 til 19 år og skal om-handle saker dei sjølv ønskjer å skrive om. Formålet med dette er å auke talet på ungdom som leser lokale nyhende.

Av: Anders Gjelsvik

– Ungdomsredaksjonen skal legge fokus på lokale saker som skal vere retta mot ungdom-men. Dette seier Marie Havnen, som har blitt tildelt ansvar for dette prosjektet av redaktøren i Firda. Ho seier dei til no har fått inn 22 søknadar som var betre enn dei først hadde forventa. Ho ønskjer å lage ei redaksjon der journalistane får vere så frie og uavhengige som mogleg, der dei kan bestemme eigne saker. Dette lar journalistane utforske og erfare yrket slik dei måtte ønske. Dei vil i tillegg gi nød-vendig opplæring og rettleiing undervegs i arbeidet.

Dei lokale sakene frå Firda er som regel retta mot vaksne og kan verke mindre interessante for ungdom. Dette ønskjer Ma-rie å endre ved å satse på saker som er meir ungdomsretta, og som forhåpentlegvis fører til

Her i Firda-bygget er arbeidsplassen for dei nye ungdomsjournalistane. (Foto: Anders Gjelsvik)

Fotojournalist for «Førdeby» Jostein Vedvik. (Foto: Jostein Vedvik)fleire unge lesarar. Ho trur også at dei som starter å lese saker frå Firda Ung etter kvart vil gå over til å lese andre saker frå Firda.

Mangel på betalingsviljeVidare seier ho at dagens unge leser meir aviser enn dei gjor-de tidlegare. Ein stor grunn til dette er nettavisene. Dei er lett tilgjengelige og har lenge vore gratis, men no som nettavisa begynner å ta over for papira-visa har dei sett at det også må

innførast betalingsløysingar for det.

– Journalistar er avhengige av betaling for å kunne fortset-te, fortel Havnen.

Ho legg også til at det er vanskelig å finne betalingsvilje blant unge, sidan dei lenge har vore vandt med at det meste er gratis på nett. Spesielt nettavis-ene som først nylig har begynt med abonnements former og eksklusive artiklar. Dette er noko Firda også har vorte nøyd

å ty til for å kunne fortsette å skrive om dei lokale sakene.

Tilrår journalikk for ungdomJostein Vedvik (18) tykkje Fir-da sin nye redaksjon er ein god ide. Han veit sjølv korleis det er å vere ungdomsjournalist etter å ha vore hos «Førdeby» som fotojournalist i to år. I tillegg har han gått to år på medielin-ja, noko som har lært han my-kje nyttig.

– Yrket eg har er kjempe-kjekt. Eg får gjere det eg likar å gjere itillegg til at eg får betalt for det. Eg lærer utruleg mykje og får erfaringar som er bra or meg i framtida, seier han.

Vedvik tykkjer denne nye re-daksjonen vil gi ungdom gode moglegheiter og erfaringar der-som dei ønskjer det.

– Unge folk som likar å skri-ve, ta bildar og lage video får sjansen til å gjere det og få be-talt for det. Det er ein god måte å få erfaring på og ein veg inn i medieverda, fortel han.

Han håper også at redaksjo-nen vil skrive fleire saker retta mot ungdom slik at dei kan re-latere seg til det, slik at det blir kjekkare å lese. Dette trur han er viktig for at avisene skal få fleire unge lesarar.

NOVEMBER 2015 SIDE 3

Trivsel er nødvendig for ein god skule

PÅ JOBB: Jorunn Eldegard på kontoret.

Psykiske plagar og lidingar er den største kjelda til helsepro-blem blant barn og ungdom. Hafstad vgs. gjer mykje for at elevane skal ha det bra på sku-len. Det er om lag like mange elevar som kjem til helsesøster med psykiske problem som med fysiske problem.

Av Sofie Romarheim

Jorunn Eldegard er helsesøster her ved Hafstad vidaregåande skule. Ho jobbar med barn heilt i frå nullårsalderen til dei er 25 år. Eldegard er ein halv dag i veka med spedbarn, på ungdomshel-setenesta kvar tysdag, og på Haf-stad tre halve dagar, og ein heil dag i veka.

- Eg er veldig glad i jobben min. Det er ein allsidig jobb, der eg driv mykje førebyggande helsearbeid, eg jobbar for at folk ikkje skal bli sjuke, og i tillegg for at folk ikkje skal bli sjuke med psykisk helse.

Det er veldig mange elevar som går til helsesøstera. Før var Jorunn berre i 40 prosent stilling på skulen, medan no er ho på skulen mykje meir enn før. Eg merka at det var endå meir be-hov for meg her, så no er eg my-kje meir på skulen, men til haus-ten att vert stillinga mi redusert, seier Jorunn.

Rett til skulehelsetenesta Det er flest jenter som går til helsesøstera, men det er også blitt fleire og fleire gutar. Man-ge av elevane kjem for å måle og vege seg, eller for å snakke om kosthald. Nokre vil også teste syn og høyrsel, eller spørje om andre generelle spørsmål.

- Det er også vanleg at elev-ar slit med angst, depresjon tvangstankar, sjølvskading, eller at nokre har det tøft heime, og då kjem dei til meg for å snakke om det.

- Eg får sjølvsagt mange van-skelege spørsmål, men eg kan hjelpe til så godt eg kan, eller så kan eg vise til skulepsykolog el-ler skulelege. Det er også veldig viktig at elevane veit at alle elevar

har rett til skulehelsetenesta, sei-er Eldegard.

Ho har open konsultasjon, og elevane kan komme å banke på døra hennar utan å bestille time. Dersom det er opptatt, blir det avtalt ny tid.

Elevane hovudfokuset Rektor ved Hafstad Vidaregåan-de skule, Grete Øren, har vore rektor ved skulen i 11 år. Ho har ansvar for alt som føregår på skulen, for at det skal vere så god opplæring og utvikling som mogleg.

- Eg har verdas beste jobb, på verdas beste skule! Elevane er hovudfokuset mitt heile tida, sjølv om eg ikkje er rundt om i klasseromma, og det er viktig for meg at elevane har det bra.

Viktige møte med elevstyret Grete har god kontakt med elev-styret, og ho har eit viktig møte med dei ein gong i månaden. Der gjer dei mykje for å prøve å hin-dre mobbing, eller for eksempel at elevar får psykiske problem. Dei har ein handlingsplan for trivsel og godt læringsmiljø, og alt dei gjer på skulen, skal vere innretta mot den.

- Alt vi gjer, gjer vi for at elev-ane skal ha det bra, og vi vil si-kre eit godt miljø. Lærarane har planleggingsdagar, der det bl.a. blir snakka om klassemiljø, moti-vasjon og trivsel. Eg prøvar å fan-ge opp dersom det er elevar som ikkje har det så bra, og gjere noko med dette.

Skulen har både miljøkoor-dinator, helsesøster, rådgjevarar, eit bibliotek, ei kantine og ein bli

kjent tur for å få elevane til å føle seg trygge.

Vil knyte eit betre bandElevrådsleiar på Hafstad Vidare-gåande skule, Massoma Jurmy, ynskjer å gjere skulen så god som den kan bli, knyte eit betre band mellom elevane og leiinga og å skape ein betre kommunikasjon.

- I elevrådet vil vi hindre mob-bing og andre negative saker. Vi har ei elevundersøking, der Haf-stad gjer det veldig bra. Elevstyret går gjennom resultatet saman med lærarane, og finn ut kva som kan gjerast dersom noko er negativt.

Hafstad vidaregåande skule har mange gode tilbod for elev-ane, og gjer mykje for at alle skal ha det bra. Alle som jobbar og går på skulen, er med på å gjere skulen så bra som den er.

NOVEMBER 2015SIDE 4

Vinmonopolet har kampanjar på nett og film for å gjere folk bevisste på konsekvensane av langing til mindreårige, seier butikkarbeidar på Vinmonopolet i Førde, Bjørn Kristian Sunde.

Det er ulovleg å kjøpe alkohol til mindreårige. Likevel bryt elevar ved Hafstad vgs lova.

Av Mirell S. Øvrebø

Bjørn Kristian Sunde, butikkmedarbeidar på Vinmonopolet i Førde, påpeikar at mindre-årig ungdom kjem innom polet for å kjøpe alkohol, oftast saman med eldre ungdom.

- Når det kjem inn ei gruppe ungdommar, og den eine er for ung til å handle polvarer, blir vi sjølvsagt mistenksame. Vi går ut frå at dei som er gamle nok, kjøper til den mindre-årige. Problemet er at overlevering av varer skjer utanfor vårt område, og då kan vi ikkje gripe inn, fortel Sunde.

FørebyggingVinmonopolet prøver å hindre at langing fø-rekjem. I periodar med fest og arrangement, får ein kun kjøpe alkohol til seg sjølv. Vinmo-nopolet utfører i tillegg kampanjar på nett og film for å gjere bevisst på konsekvensane.

At eldre kjøper alkohol til mindreårige, er ikkje noko nytt. Det er vanskeleg å oppdage, og derfor sjeldan lovbrytarane blir tekne. Sunde trur at dersom politiet får teke nokon, slik at ein blir minna om konsekvensane, vil langinga og haldninga om at «det skjer uan-sett ikkje noko», bli endra.

Langing i skuletidaEin elev frå 3STC ser ikkje langing som eit problem, og fortel at dette er ganske vanleg blant elevar på Hafstad vidaregåande skule.

- Det kjem sjølvsagt an på kven ein langar til. Langing til 13-åringar er ikkje greitt. Så lenge ein er over 16 år, ser eg ikkje problemet, seier han.

3. klassingen er kjend med lova, men vel likevel å bryte ho. Han fortel at han blei sjølv langa til som mindreårig, og har medkjensle med den nysgjerrige og eventyrlystne ung-dommen. Han innrømmer at det var trasig dersom han ikkje fekk skaffa alkohol, og kjensla av å føle seg utanfor var veldig vanleg.

Petter Thue oppmodar unge til å vente. Han venta sjølv med å nyte alkohol til han blei myndig, og angrar ikkje på avgjerda.

- Eg har drukke alkohol to gongar i heile mitt liv, begge gongane etter eg fylte 18 år. Det er viktig å gå fram som eit godt førebilete, poengterer Thue.

Lett for mindreårige å skaffe alkohol

Konsekvensar Mange er ikkje er klar over konsekvensane dersom ein kjøper alkohol til mindreårige. Blir ein teken, kan følgjene vere bot, prikk på rullebladet, og dårleg samvit om noko skulle skje med den du kjøper alkohol til. Dette får betyding om du søkjer politiskolen, eller skal til USA og Australia.

- Ein stengjer dører ein ikkje tenker over, påpeikar Petter.

I følgje Thue tenkjer ikkje elevar på Haf-stad skule over at det er eit lovbrot, då mange kjøper alkohol til mindreårige medelevar.

Alkohol i ung alderEin ny studie frå Helsedirektoratet viser at

NOVEMBER 2015 SIDE 5

Vinmonopolet har kampanjar på nett og film for å gjere folk bevisste på konsekvensane av langing til mindreårige, seier butikkarbeidar på Vinmonopolet i Førde, Bjørn Kristian Sunde.

Petter Thue (Foto: privat)

Jade Camilla S. Horstad (Foto: privat)

Lett for mindreårige å skaffe alkohol

det er fleire gode grunnar til å redusere inn-taket av alkohol.

- Utviklinga av hjernen er spesielt sårbar i ung alder. Blir den utsett for mykje gift, kan det føre til at det blir vanskeleg å lære og hug-se ting, fortel Jade Camilla frå 3PAAG, tidle-gare helse og sosial elev ved Øyrane Vidare-gåande Skule.

Alkohol påverkar produksjonen av hor-mon i kroppen, noko som ofte fører til aggre-sjon, sinne og fortviling. Blir alkohol kombi-nert med andre legemiddel, kan det føre til skade på indre organ i kroppen.

Helseskadane er såpass alvorlege om inn-taket er for stort. Ein bør derfor vere moden nok til å forstå konsekvensane. Jade poengte-rer at som ung, er ein ofte med folk ein ikkje kjenner, og det er då lettare at ein blir utsett for at nokon utnyttar deg.

- Det er sjølvsagt ikkje ein unnskyldning at ein er full, men det er då dette oftast skjer. Det er viktig å vere edru, og i stand til å passe på seg sjølv når vi er på fest, seier ho.

Betre samarbeidKvart år arrangerer Førde Event & Uteliv AS «Bli-kjend» fest for å feire at skulane er byrja att. Dei alkoholfrie arrangementa blir heldt på Førde Hotell, først og fremst for å samle ungdommen. Petter Thue har sjølv delteke på arrangementa, men opplev dei ikkje som alkoholfrie.

Kvart år samlast mellom 600-800 ungdom-mar på arrangementet. I samband med til-stelling «Bli kjend-fest», samarbeider politiet med natteramnar og personar frå Røde Kors.

Thue fortel at årets «Bli kjend-fest» gjekk rolegare føre seg enn dei har gjort dei førre åra. Han meiner eit betre samarbeid mellom politi og Røde Kors, i tillegg til fleire natte-ramnar i gatene, verkar tryggande og reduse-rer uro. Synleg politi verkar og skremmande på dei som er ute etter å lage bråk.

«Det verste av alt, er at ein trur ein gjer ei teneste for nokon.»

Bjørn Kristian Sunde, butikkmedarbeidar på Vinmonopolet i Førde

«– Ein stengjer dører ein ikkje tenker over»

Petter Thue

NOVEMBER 2015SIDE 6

Nikotinbruken er redusert

Antall elever på Hafstad videre-gående skole som snuser er sterkt redusert siden i fjor, mener miljø- koordinator Ane Birkeland. Hun sier dette kan være på grunn av at lovverket er blitt mye strengere.

Av: Guro Dvergsdal Olsen

På Hafstad har snus vært og er ganske populært. Det er om lag halvparten av elevene snu-ser, mener Birkeland. Røyking var ganske populært før, men nå er det snusen som er blitt populært. Tal viser at hver femte ungdom i Norge bruker snus.

Roter, men bedre– Er det synlig at mange snuser

og røyker på skolen?– Det at antallet har redusert

siden i fjor merkes veldig godt, fordi i fjor var det faktisk helt for-ferdelig. Etter at en hel vegg var full av snus, la jeg bilde ut på mil-jøkoordinator-siden og sa at det-te ikke er greit. Men snusen ligger fortsatt på gulvet og en ser det jo hele tiden her og der, men det har kommet seg siden i fjor, forteller Hege Mathisen.

– Røyken er ut, og det er snakk om få eller ingen som røyker ved Hafstad vgs. Snusboksen er mer skjult nå enn i tidligere, kanskje

fordi det ikke er lov til å vise det like offentlig i år, mener Birke-land.

Flest gutter snuser– Helsesøster Jorunn Eldegard på skolen forteller at etter å ha jobbet på Hafstad i noen år, har hun lagt merke til at det er mange som snuser i dag, fordi alle slen-ger bare snusen på gulvet.

I følge Helsedirektoratets sta-tistikk for røyking og snusing er det stor forskjell på gutter og jen-ter som bruker snus daglig. Bland gutter som snuser daglig er det 23 prosent og jenter er det 12 pro-sent, og prosenten har økt mye de ti siste årene. Men blant de som røyker har prosenten gått kraftig ned. Både røyking og snusing er usunt for helsa, og i tillegg gir det svært store avgifter.

– Det var «nytt»– Men hva er grunnen til at unge begynner?

– Jeg begynte i grunn fordi det var det «nye». Plutselig var det flere i klassen som snuset, så jeg måtte nesten prøve jeg også. Så den «rusen» en får når en begyn-ne å snuse, gjore i grunn til at jeg fortsatte.

– Grunnen til at jeg snuser nå, er at jeg sliter med å konsentre-

re meg uten snus. Det er blitt en dårlig vane å ta en snus om mor-ningen, etter jeg har spist og når jeg kjeder meg, forteller en elev ved Hafstad.

– Like mye nikotinI en sigarett er det 66 farlige stof-fer, og er veldig farlig for lunger. Men snusen er også farlig, og grunnen til at vi blir avhengig av snus og røyk er nikotinet.

Siden det er så få som røyker, sies det at ungdommer i dag er mer sunne i forhold til oss, for-teller helsesøster Jorunn. Men man ser at der er like mye bruk av nikotin bland dette, fordi en

snus inneholder tre ganger så mye nikotin enn det er i røyk.

Snus plager andre mindre– Hvorfor folk bytter til snus?

– Mange vet at det er litt min-dre usunt å snuse i den forstand, men klart det er jo mye lettere å få kreft i munnen og andre kreft typer, mener helsesøster Jorunn. Andre grunner er at røyken går utover andre, mens snusen bare går utover deg selv. Hun avslutter med at hun synes det er trist at forskinger viser at det er så mange unge som bru-ker nikotin.

Helsesøster Jorunn Eldegar synes det er trist at forskninger viser at det er så mange unge som bruker nikotin. (Foto: Emma Øren Halvorsen)

Miljøkoordinator Ane Birkeland og Hege Mathisen mener det er forbedringer og en reduksjon når det kommer røyk og snus på Hafstad vgs.

NOVEMBER 2015 SIDE 7

Deltidsjobb skapar tidsklemmeBenedicte Førde Mosesen (17) og Lisbet Årdal (18) har begge del- tidsjobb ved sidan av skulen. Dei har to heilt ulike jobbar, men dei er krevjande på kvar sin måte.

Av Malene Kjøsnes

Seinvakt, lite søvn og lange dagar fører til konsentrasjonsvanskar og sløve kvardagar. Mange unge har jobb ved sidan av skule, dette kan skape utfordring for enkelte med tanke på å prestere på skulen i tillegg.

– Jobb ved sidan av skule fun-gerer veldig bra. Eg får tent inn pengar til ulike formål og til per-sonlege ting, seier Lisbet Årdal.

Lisbet Årdal er elev ved Fir-da vidaregåande skule. Ho har jobb på sjukeheimen på Skei. Ho jobbar anna kvar helg og har kun jobba der i nokre veker. Ho trivst veldig godt i jobben.

Kjem litt bakpåBenedicte Førde Mosesen er elev ved Hafstad vidaregåande skule. Ho jobbar på Esso Skei, der har ho seinvakt kvar torsdag og job-bar anna kvar helg.

– Ja, jobb går utover skulen. Har eg prøve dagen etter ei sein-vakt, mistar eg ein heil dag eg ikkje får førebudd meg på. Eg blir også veldig trøytt, sidan eg

er ferdig på jobb ganske seint. Rundt kl. 22.00 – kl. 23.00. Då slit eg med å stå opp neste dag, sidan eg må stå opp kl. 06.00 - kl. 06.30 kvar dag i vekedagane. Dette fø-rer til lite energi og eg vert lite opplagd til prøva dagen etterpå, seier Benedicte Førde Mosesen.

Erfaringar og yrke i framtidaDei har svært ulike meinin-gar om yrket kan vere aktuelt i framtida.

Lisbet Årdal fortel at denne jobben vil hjelpe henne med gode erfaringar til seinare arbeidsliv.

– Å jobbe med eldre som treng hjelp er berre kjekt og lærerikt. Dei er veldig hyggelige og imø-tekommande, noko som gjer ar-beidstida veldig kjekk. Eg har

ikkje peiling på kva eg vil bli, men eg likar denne jobben veldig godt, så eit yrke innan helseve-senet er ikkje utenkjeleg, seier Årdal.

Benedicte har fått andre erfaringar ved å jobbe på Esso Skei, enn kva Lisbet har fått med å jobbe på Sjukeheimen på Skei.

— Eg jobbar med mat og sånt, det er noko eg kan, difor har ikkje eg fått noko spesielt med erfarin-gar. Så tvilar på at det gjev meg noko spesielt med erfaringar til seinare arbeidsliv.

Det er ikkje eit alternativ yrke

i framtida, seier Førde Mosesen.

Balansegang Jobb ved sidan av skule kan vere krevjande men det gjev også gode erfaringar til seinare arbeidsliv. Magne Årdal er Rådgjevar ved Hafstad Vidaregåande Skule, han fortel at det kan vere utfordrande for enkelte, men med god struk-tur skal det gå fint med jobb og skule.

– Det kan på mange måtar vere fornuftig å ha jobb ved si-dan av skule. Spørsmålet er om ein klarer å finne balansegangen mellom å vere aktiv i skulen og klare å førebu seg skikkelig til eventuelle prøver, i tillegg til å jobbe litt ved sidan av. Det er viktig å lære seg korleis arbeids-livet fungerer, å lære ein god måte å arbeide på og sjølvsagt tene litt peng. Men dette skal ikkje gå utover skulearbeid, seie han.

UtfordringarMagne Årdal påpeikar at ein skaffar gode erfaringar til sei-nare i arbeidslivet. Ved bruk av arbeidskontrakt, betale skatt, hardt arbeid og forhold mellom inntekt og svartarbeid. Det er altså mykje ein må passe på. Han har opplevd tilfelle der elevar har set jobb framfor skule.

– Utfordringar kan vere på den eine sida at ein ikkje har ei arbeidskontrakt. Og når arbeids– gjevar kjem å spør om du kan jobbe, føler dei at dei må jobbe eller så er ikkje det sikkert at dei får jobbe seinare. Dette har ført til at vi har sett tilfelle der nokon må ha gått tidlig frå ten-tamen fordi dei skal på jobb. No-kre har ikkje fått førebudd seg til tentamen, fordi dei har vore på jobb. Dette er dømer på nokre uheldige kombinasjonar .

Har du gi nokre gode råd til dei som har jobb ved sidan av skulen og til dei som vurderer å skaffe ein deltidsjobb?

– Planlegging er eit viktig stikkord. Ein må lære seg til å strukturere dagane i veka. Ein må prioritere skulearbeidet, sette av tid til førebuing i fag og eventuelt tid til jobb, seier han.

JOBB PÅ ESSO SKEI: Benedicte Førde Mosesen jobbar på ein Esso bensintasjon.

RÅDGJEVAR: Magne Årdal

NOVEMBER 2015SIDE 8

Nokre blir i god tid førebudde på å flytte på hybel når dei skal byr-je på vidaregåande skule, medan andre blir kasta inn i vaksenlivet når denne tida kjem.

Av Malin Torsheim

På dei vidaregåande skulane i Førde er det opp imot 200 hybel-buarar til saman, og på Hafstad vgs er det 26 hybel¬buarar totalt på heile skulen, men dei hevder hybellivet faktisk ikkje er så gale som ein skal ha det til.

Maria Høydal (17) og Hanna Eide (17) er begge hybelbuarar og går i 2. klasse på medium og kommunikasjon. I følgje dei er det å bu på hybel i Førde ganske greitt, bortsett frå når det kjem til økonomien. Ingen av jentene er nøgde med pengesummen dei får frå Lånekassen og må difor få litt ekstra pengar frå foreldrene for å klare seg. For ingen av jentene har deltidsjobb på sida av skulen.

– Det som av og til kan vere vanskelig med å bu på hybel er å bestemme meg for kva eg skal ha til middag, så eg har det ei¬gent-leg ganske bra, seier Maria.

Litt lite å finne på På skulen trives dei godt saman med dei i klassen sin, men kjenner eigentleg ikkje så mange andre på skulen. På fritida går det då for det meste i å sitte heime på hybelen og slappe av, eller å gå på trening.

– Alle vennane våre er på San-dane og i Bergen, og her i Førde er det litt vanskeleg å komme innpå folk og bli kjent med dei. Så vi er ikkje så mykje med venner på fri-tida, seier Maria.

Dårlig med tilbod Jentene er ikkje fornøgde med til-boda som finst for hybelbuarane her i Førde. Men dei har, på lik lin-je med andre hybelbuarar i Førde, ikkje vore særleg flinke til å nytte seg av dei tilboda som har vore.

Dei fortel at dei høyrer frå ven-nene sine at tilboda for hybelbu-arar der dei går på skule er betre enn her i Førde. Dei har til dømes tilbud om varm middag, til en billig penge, og leksehjelpo etter skulen.

– Vi skulle ønske hybelbuarane i Førde kunne fått det same tilbo-det ein gong i veka, for i forhold til andre som bur heime og har foreldre som kan stå til hjelp har

ikkje hybel-buarane dette, seier jentene.

Sjølv reiser begge jentene heim til familien sin kvar helg, har kort veg å gå til skulen og trivst godt med hybellivet og på skulen.

Tilbod til liten nytte Miljøkoordinator ved Hafstad vgs., Ane Birkeland, hevdar det er godt tilrettelagt for alle hybelbua-rane på dei vidaregåande skulane i Førde. Ho informerer om at det et er eit godt samarbeid mellom miljøkoordinatorane på dei ulike skulane, og det er mange tilbod

for hybelbuarane som skal gje hjelp på ulike område og for å prøve å sveise dei saman og skape vennskap på tvers av skulane. Det finst bl.a. ei lukka Facebookgrup-pe som heiter «På hybel i Førde (Hafstad og MOY vgs)», i tillegg blei det i år prøvd ut ein hybelpak-ke som bestod av 6 aktivitetskvel-dar der 3 av 6 blei avlyst.

– Det er vanskeleg å få dei til engasjere seg. Tilboda er der, men hybelbuarane er ikkje flinke til å nytte seg av dei.

Vanskelegare for nokonBirkeland som miljøkoordinator synes det verkar som at mange av hybelbuarane blir godt tatt imot og fletta inn blant dei andre elev-ane i klassen, men det er klart at nokre synes hybellivet er vanske-leg. Ho meiner det er ein tydeleg forskjell på dei som har vore fø-rebudde på å flytte på hybel frå tidleg alder og gjort seg klare opp gjennom åra, og på dei som spon-tant berre har blitt kasta ut i det fordi dei plutseleg fann ut at dei måtte flytte på hybel.

– Mange av hybelbuarane har til og med ein delidsjobb, seier ho.

Miljøkoordinator på Hafstad vgs, Ane Birkeland.

Både Maria Høydal (17) og Hanna Eide (17) er hybelbuarar og går i 2. klasse på medium og kommunikasjon på Hafstad vgs. Begge trivst på skulen, men meiner det elles er lite å finne på og få tilbod for hybelbuarar i Førde.

Vart kasta inn i vaksenlivet

NOVEMBER 2015 SIDE 9

Rektor og elevrådsleiar ved Hafstad vidaregåande skule meiner det er behov for eit ny-bygg på skulen då elevane ik-kje har nok plass å arbeide på. Slik som det er no ligg nokre av klasseromma til skulen på Før-dehuset. Fylkesordførar, Jenny Følling (SP), seier seg einig og gjer støtte til planarbeidet.

Av: Emma Øren Halvorsen

Både rektor og elevrådsleiar ved Hafstad meiner at eit nybygg som rommar resten av klassane er nødvendig for skulen. Rektor meiner skulen treng eit større auditorium også, når det som al-lereie er her ikkje har nok plassar til meir enn to klassar. Ho legg til at nye grupperom og lekser-om som elevane kan jobbe på, er også eit behov.

- Talet på elevane aukar anten vi vil det eller ikkje og grunnen til dette er at Medium og Kom-munikasjon blir frå neste år eit treårig løp med 30 elevar i kvar klasse. Det er også stilt spørsmål ved nytt auditorium. Slik det er no nyttar elevane kantina for å få plass til eit heilt årstrinn samla, eller når det er foreldremøte på skulen, seier Grethe Øren, rektor ved skulen.

- Har du noko formeining om kva dette kjem til å koste?

- Nei eg har ingen aning om beløp, det kan fort bli mange millionar. Dette er vanskeleg å seie noko om, seier Øren.

- Eg synast nybygg og eit nytt auditorium høyrest praktisk ut. Eit nytt auditorium kan romme eit heilt årstrinn, og vi elevane slepp å reise bort på Førdehu-set eller å bruke kantina, legg elevrådsleiar, Massoma Jurmy (17), til.

Spørsmål om tidFylkesordførar, Jenny Følling (SP), seier at fylkestinget har brukt ein milliard på dei vidar-egåande skulane vi har i fylket. Ho meiner også at det er nød-vendig å få større plass på Haf-stad.

Ønskjer nybygg på Hafstad

Grethe Øren og Massoma Jurmy, rektor og elevrådsleiar ved Hafstad, meiner det er nødvendig med eit ny-bygg på skulen.

Fyllkesordførar, Jenny Følling (SP), støttar ønskje om nybygg.

- I forbindelse med at Medium og Kommunikasjon har blitt fly-tta frå Jølster til Hafstad, vil det vere behov for å utvide for å få alt på ein plass. Vi har gått inn for at vi skal starte dette planarbei-det, sånn at ein kan få laga planer over korleis ein kan utvide sku-len i framtida, seier Følling.

Det er spørsmål om kor my-kje det kostar og kor tid dei har råd å fullføre det. Følling legg til at dei også må sjå an kor mykje dei har råd til å gjere, og at det må bli planlagt samla så får ein sjå kva rekkjefølgje det skal bli gjort, eller om dei kan ta alt på ein gong.- Vi har ikkje oversikt over kor mykje dette kjem til å koste endå, det må vi sjå når den tid kjem. Bestillinga som er gitt frå fylkesutvalet er at ein skal lage

planar for ei utbygging, så får vi sjå kva som kan byggjast først og korleis vi kan gjere det, legg Følling til.

Har brukt milliardarHar dykk nokon planar for alle dei vidaregåande skulane i fylket, er det noko de vil forbetre?

- No har vi bygd ut mange av dei vidaregåande skulane. Vi har bygd nye skular i Sogndal, Flora, Stryn og Eid. Dale er relativt ny og ikkje minst Firda som er bygd ut for musikk og idrett. Vi har utbyggingsplanar for Måløy, som er relatert til fiskeri og havbruk. I tillegg har vi planar for Mo og Øyrane, og utviding på Hafstad. Det er viktig å finne ei løysing for fagskulen i tilknytning til næring-slivet på Øyrane og ridehall på Mo, og nybygget på Hafstad.

Det er gjort veldig mykje på dei vidaregåande skulane, då dei har investert for over ein milliard, så no er det Mo og Øyrane, Hafstad og Måløy som står for tur.

NOVEMBER 2015SIDE 10

Netthandel meir populært hos ungeEi auke i netthandel blandt unge føre til at butikkane mistar ein del av utvalga sine, og kanskje til og med må legge ned butikken.

Av Vilde Susann Asheim

Johanna Fransson (18) er ein ak-tiv nettshandlar når det kjem til kosmetikk. Ho vel heller å kjøpe dette på nettet, dersom det er bil-ligare der enn det er i butikkane.

– Eg synest at eg finn fleire ting som appellere til meg på nettet, ettersom eg er veldig kresen. For meg så er det ikkje alltid prisen som avgjer om eg handlar i bu-tikk eller på nettet, men meir om utvalet, seier ho. VindusshoppingFleire butikkar har blitt meir ut-satt for vindusshopping dei siste åra, der folk ser på kva utvalg bu-tikkane har, prøver det, og reiser heim for å bestille det på nettet. Dagleg leiar ved Vita Classy på handelhuset, Tina Lending, kjen-ner til dette problemet.

– Eg har ikkje lagt merke til så mykje av det hos oss. Vita er ein ganske stor butikk og vi har man-

ge gode kampanjar ganske ofte. Det er heller meir klesbutikkar og skobutikkar at eg høyre folk er inne og får mykje informa-sjon om eit produkt, og går hel-ler heim og kjøper det på nettet, seier ho.

I dette tilfellet med vinduss-hopping meiner Tina Lending at det er jenter som er mest ram-ma. Fordi dei går i butikkar for å prøve ting, og så reiser heim og kjøper det billigare på nettet, gjer til at arbeidarane mista tilliten sin til kundane og ikkje får like lyst til å gje ut så mykje informasjon til dei om produkta dei spør om. Netthandel – Vi i vita sender våre kundar på nettet dersom det er noko vi har gått tom for. Sjølv om vi ik-kje tenar like bra på dette, så får kunden service og produktet får dei til same pris med gratis frakt. Men det vil vere betre for oss om kunden handlar i butikken, seier Tina Lending. Kva tykkjer du om netthandel? -Eg er sjølv ikkje noko nett-handlar. Eg har sjølvsagt prøvd

å handle hos Ellos og andre bu-tikkar på nettet, men det endar alltid med at berre halvparten av kleda passar. Derfor syntes eg det er lettare og kjekkare å kunne handle i butikkane. Ettersom ein får prøvd kleda der og kunne få det med seg heim med ein gang, seier ho.

Oddbjørn Skrede (52) synest det er dumt for butikkar som ikkje får den nødvendige omset-tinga som dei trenger, for at vi skal få eit godt tilbod, derfor vel han heller å handle i butikkane. Dersom fleir og fleir handlar på nette, vil jo dette til slutt gå ut over tilbodet butikkane kan gje oss, og det føre til at vi berre får tak i dei kvardagslege tinga i butikkane, men ting som er litt vanskelegare å få tak i og som ofte har vore på tilbod, berre kjem på nettet.

– Eg føretrekker heller å kjøpe i butikkar, enn å handle på nett nettopp fordi eg vil ha den gleda av å sjå kva vare eg vil ha, og kun-ne kjøpe den der og då, seier han.

KundeserviceKorleis arbeider du for å få flest mogleg kundar tilbake?

– Eg prøvar jo så godt eg kan å vere behjelpeleg og møte kun-den. Når ein kunde spør om hjelp, forventar jo kunden at han får hjelp til det han spør om. Det er noko eg synest er veldig vik-tig. Dersom eg kjem i ein butikk og ikkje får noko hjelp, sjølv om eg til og med spør om det, då fø-ler eg ikkje for å komme igjen til den butikken. Den som jobbar må vere der med ein gang og ta i mot kunden. På denne måten sikrar du at kunden vil komme igjen, seier ho.

Netthandel er svært populært hos den yngre generasjonen, fordi utvalget er betre på nettet enn i butikkane.

Tina Lending, dagleg leiar ved Vita Classy.

NOVEMBER 2015 SIDE 11

Eit halvt år etter første utlysinga er det enno ikkje tilsett ny rek-tor ved Hafstad vidaregåande skule. Den avtroppande rekto-ren kan ikkje forstå kvifor.

Av Mathias Kastet Johnsen

– Eg har spurt meg sjølv flei-re gonger om kvifor ikkje fleire har søkt, seier Grethe Øren (69), som måtte halde fram i stillinga lengre enn ho hadde tenkt.

Ho kan ikkje skjøne anna enn at dette burde vere ein attraktiv jobb.

– Rektorjobben er spennande og interessant. Hafstad er ein fin skule, med flotte elevar og lærarar, seier Øren. Hafstad vi-daregåande skule i Førde har 75 tilsette og om lag 530 elevar.

Ikkje spesielt få søkjararFylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, seier at det var fleire som hadde søkt på rektor-stillinga på Hafstad vidaregåan-de skule.

– Det var ein som vart tilsett i sommar, men ho valde å takke nei, seier Skaasheim.

Ho trur ikkje at nedskjeringa-ne og kutta for fylkeskommunen dei komande åra er årsaka til det låge søkjartalet.

– Hafstad er sentralt plassert og hadde gode søkjartal, seier fylkesdirektøren.

Skaasheim seier at talet på sø-kjarar til rektorstillingar varie-rar, og at talet i seg sjølv ikkje er interessant.

– Det er spørsmålet om kva-lifiserte søkjarar som er viktig, seier ho.

Tid og ansvar Hafstad-elev Silje Viktoria Grav-dal Vallestad (17) har klare mei-ningar om kva ein skule utan ein rektor er for noko.

– Ein skule utan ein rektor er ingen skule. Ein skule skal ha eit bra overhovud og ein god administrasjon, seier ho.

Ho trur årsakene til at så få har søkt, er at det følgjer mykje ansvar med å vere rektor, og at jobben tek god tid. Ho seier også at det kanskje ikkje var så mange andre kvalifiserte søkjarar.

Andreklassingen ved Hafstad vidaregåande skule trur regelen om maksimalt ti prosent fråvær kan bli eit problem.

– Ein må følgje med på eleva-ne sitt fråvær. I tillegg er mange elevar på forskjellege nivå, noko som kan føre til ei utfordring for rektorar og lærarar, seier Gravdal Vallestad.

Blir stilt mykje meir kravGjennom dei elleve åra Grethe Øren har sitje ved roret på Haf-stad vgs, har stillinga som rektor endra seg mykje.

– Det har kome mykje meir krav og styring frå Utdannings-direktoratet og fylkeskommunen som skulen må følgje opp, seier den avtroppande rektoren.

I tillegg har det også blitt my-kje meir krav og trykk i frå sam-funnet elles. Elevar og foreldre har blitt mykje meir bevisste på kva krav dei skal stille til skulen.

– Det er sjølvsagt berre po-sitivt at dei gjer det, men det krev meir. Det krev mykje meir tid, både for rektorar og lærarar, seier Øren. I tillegg, er leiarres-sursen ved ein skule som Hafstad knapp, slik det nok er tilfelle ved dei fleste skular i landet. Løn er eit anna problem.

– Ein leiar med så stort ansvar som ein rektor har, kan kanskje ikkje samanliknast med leiarar i samfunnet elles, seier den av-troppande rektoren.

Skulekvardag i endringSkulekvardagen har også endra seg, enn den var for berre nokre få år sidan. Til dømes har det kome mykje meir IKT inn i sku-len, noko som er eit kjempeløft og omfattande for lærarane på skulen.

– Fråværet til elevane bekym-rar meg, viss eg skal fortsette, seier Øren.

I år trer den nye ti prosent- regelen i kraft. Den avtroppande rektoren på Hafstad vidaregåan-de skule og elev på Hafstad Silje Viktoria Gravdal Vallestad, er begge usikre på kva som kjem til å skje då. Kanskje det kan vere at nokre elevar fell ut tidleg, eller at det er andre som har droppa ut som ein skal prøve å få inn att.

Toppjobben ingen vil ha

Avtroppande rektor Grethe Øren forstår ikkje at det skal vere så vanskeleg å få ny rektor på Haf-stad.

Ingen ny rektor i årJobben med å finne ein ny rektor ved Hafstad vidaregå-ande skule vert usett til mars 2016. Etter ei nøye vurdering stoppar fylkesrådmannen prosessen med å finne ny rek-tor stillinga ved Hafstad vgs. Stillinga lysast ut att rundt 1. mars neste år, med eit mål om ha ny rektor på plass til 1. au-gust 2016.

Rektor Grethe Øren sluttar 1. januar, og pedagogisk lei-ar Inger Karin Oppedal vert konstituert i stillinga fram til ny rektor er på plass.

Det har vist seg vanskeleg å få tilsett ny rektor ved Hafstad vgs. No stoppar fylkeskommunen prosessen til våren.

SISTE:

NOVEMBER 2015SIDE 12

Livet på eit mindreårig mottakPå Skei i Jølster bur det 54 einslege, mindreårige asylsøkja-rar. Desse kjem frå Eritrea, Etiopia, Somalia, Afghanistan og Syria. Dette er ungdomar som har behov for eit trygt og godt miljø, og mange av desse har opplevd vanskelege situasjonar. Den vesle bygda langs Jølstravatnet, har ikkje verdas største aktivitetstilbod i lokalsamfunnet, men bebuarane er nøgde med tilbodet dei får på mottaket.

NATALIE HERMANSEN

Fakta: På Skei i Jølster driftar Norsk Mottaksdrift AS eit asylmottak for mindreårige etter oppdrag frå UDI. Mottaket er i det tidlegare HV-10 bygget, som idag rommar 54 flyktningar. Ungdomane bur på mottaket i maks 3-6 månadar før dei får ein eventuell opphaldsplass eller fosterheim.

Mangfaldig aktivitetstilbodMed eigen aktivitetsansvarleg

på mottaket, vert kvardagen til ungdomane organisert igjennom forskjellege aktivitetar. Maria Løkkebø er aktivitetsansvarleg, og seier at dei har det veldig kjekt ilag på mottaket. Latter, glede og fotballspeling er i gangane, og ungdomane spelar ilag, vitsar og ler.

-Sjølv om det er utfordrande å finne aktivitetar for femti, veldig forskjellege ungdomar, får ein til utruleg masse kjekt ilag, seier ho og legg til at fotball og cricket er populære sportar. -Bebuarane

går på norskopplæring på Sandane på dagtid, så om kveldane har dei mest lyst til å slappe av. Difor fokuserer vi mest på aktivitetar i helgene, fortel Løkkebø som nemner aktivitetar som filmkveld og diskodans. Høg trivsel

Inne på mottaket sit det ein gjeng med ungdomar i ei grøn so-fagruppe. Desse smilar, og helsar hyggjeleg på den nye gjesten som kjem opp trappa. Mohammad Khalid er ein av ungdomane som bur på mottaket. Han er 15 år gamal, og kjem ifrå Afghanistan. Han har budd på mottaket på Skei i omtrentleg tre månadar, og trivst svært godt. -Vi er alle gode vener, fortel han. -Trass i det kalde vêret, er Skei ein veldig vakker plass med vakre fjell og bygningar. Han gler seg til å oppleve den norske vinteren, slik at han kan stå på ski og kaste snøballar. Grunna språket, har det vore vanskeleg å få kontakt med folk, men han synest at jølstringane verkar som bra folk. Skuletilbodet på Sandane vert høgt verdsett, og han synest det er veldig bra å få høve til å lære noko.

Kommuniserer gjennom ballenI den vesle vestlandsbygda,

med knappe 500 innbyggjarar, har fotballen eit sterkt fokus, og for somme på Skei er fotball-bana sjølve knytepunktet i bygda. Bebuarane har delteke på fotballturnering saman med skæissarane, noko som blei møtt med mykje positive kjensler. Mo-hammad er ein mange gutar som likar å spele fotball, og kunne gjerne tenkje seg å bli like god som Lionel Messi.

-Bebuarane må vere med på det som skjer her, påpeiker aktivitetsleiaren, og fortel om ei aktiv deltaking på Jølsterdagane. Fotball er ein relativt interna-sjonal sport, noko som gjer det lettare for ungdomane frå motta-ket å spele saman med dei lokale ungdomane. Sidan fotballen nyttar eit meir kroppsleg språk, kan ungdomane samarbeide og ha det kjekt med dei lokale utan språkproblem.

I takt med naturenI tillegg til å fremje miljøet

innad gruppa på mottaket, er det viktig å knyte band til det ytre lokalmiljøet. Integreringsproses-

sen til ungdomane vert starta på mottaket, og til dømes «Inn-På-Tunet», er ein aktivitet som ungdomane på Skei er med på. Dette inneber eit gardsbesøk på Egge, der ungdomane besøkjer ein gard, og hjelp til med arbei-det som følgjer denne. På garden steller dei med dyra, lagar mat og går tur på fjellet. -Dette er veldig kjekt for dei, avsluttar Løkkebø.

Kommunale tenester på plassOrdførar i Jølster, Oddmund

Klakegg, ser at mange av desse ungdommane er i ein emosjonelt utfordrande situasjon, då dei ventar på opphald og permanent tilvere. Han fastlegg at kom-munen sørgjer for at bebuarane har eit godt undervisingstilbod, og at ungdommane får gode helsetenester under opphaldet sitt i Jølster. Barnevernstenes-ter og psykisk helsevern vert også kopla inn dersom denne hjelpa trengst. Klakegg opplyser om at kommunen er med på å tilretteleggje, og hjelpe mottaket med fritidssysler for bebuarane, men at dette i hovudsak er noko mottaket sjølv organiserer.

Fotball er ein høgt elska sport blant mottaksungdomen. Foto: privat

På dette mottaket bur det 54 einlege flyktningar.

Livet på eit mindreårig-mottak

NOVEMBER 2015 SIDE 13

Fleire alternativ for Førde kommuneStorkommune, SiS og liten SiS er alle alternativ for Førde i kommunereforma. Desse er dei mest aktuelle alternativa, men Førde kan også velje å stå åleine.

Av Erlend Berntsen

Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) består av kommunane: Førde, Jølster, Gaular, Naustdal og Flora, mens liten SiS tar Flo-ra vekk frå bilete. Storkommune har med kommunane som er i SiS, men legg også til fem andre: Gloppen, Solund, Askvoll, Fjaler og Hyllestad.

– Alle er aktuelle og har forsk-jellige fordelar, men alle har sine svake sider også. Til dømes har ein storkommune fordel av at vi blir ein stor og kraftig kommune mellom Bergen og Ålesund. Bak-delen er at det blir lang avstand frå ein ende til den andre, seier prosjektleiar for kommunerefor-ma i Sunnfjord, Øystein Høyvik.

Mangel på respekt– Vi har hatt innbygg-jarundersøking av eit repre-sentativt utval som vil gi oss ein peikepinn. Ei folkerøysting egnar seg best til ja eller nei spørsmål, og det kan bli vanskelig med fleire alternativ. Folket skal bli høyrt, men vi har vanskar med å sjå korleis ein skal organisere det, fortel Høyvik.

Stortinget har gjort seg merk-same på at dei har opna seg for tvang i det tilfelle at ein kom-mune blokkerar andre kommu-nar for å slå seg saman, sjølv om både kommunen og innbyggja-rar er einige om at dei ikkje har lyst på samanslåing.

– Kommunane veit sjølv kva som er best for dei og innbygg-jarane. Det er vanskelig for folk i Oslo å leve seg inn i situasjonar her. Det er rett og slett galskap og mangel på respekt, seier bysty-remedlem Reidar Fugle Nord-haug (Ap), som også er leiar for AUF i Førde.

Større utfordringar Fleire påpeiker at ein større kom-mune med færre folkevalde, som

styrar over fleire menneske og større område, kan være urovek-kjande og reiser spørsmålet om ein storkommune kan gi inn-byggjarane like gode tenesetetil-bod og saksbehandling som før. Høyvik meinar at det viktigaste er å sjå på samanhengen mellom arbeid og bu-område.

– For å få fleire til å bu i dette fylket så er vi nøydde til å bli sterkare og jobbe meir samord-na. Det blir stilt større og større utfordingar til oss i forhold til tenesteytingar, så det blir auka krav til kvalitet og mengde. Ein treng truleg større einingar for å nå desse krava. Alternativet kan bli å måtte overlate det til staten viss vi ikkje klarer det. Det er det siste vi ønskjer, seier Høyvik.

Usemje om sentralisering Kommunereforma kan vere eit problem for kommunane i ytter-kanten av dei ulike modellane, men spesielt i storkommunen. Omlandet rundt kan tape når det blir sentralisering av arbeid-splassar og tenestar.

– Velferdsplassane ligg i ro, men arbeidsplassane blir sen-traliserte som gjør at senteret blir forsterka og distrikta blir svaka-re. Eit anna problem er repre-sentantane frå dei små stadane i ytterkantane får utfordringar om

å bli høyrde godt nok. Dette er nokre av dei uheldige sidene ved reforma, seier Nordhaug.

– Det er lagt opp til at alt skal bli utførast som i dag. Det som vil skje, er at det forsvinner be-hov for ein del leiarar. Men det er ikkje sentralisering, det er å effektivisere.

Namna er klareDet er førebels bestemt at «Fir-da» skal være namnet på kom-munen om det blir storkom-mune, og «Sunnfjord» viss det blir nokon av SiS-alternativa. Det er fortsatt rom for endrin-gar av namnet når alternativet først blir bestemt.

Ein illustrasjon av korleis storkommune-modellen vil sjå ut. (Foto: Skjermdump frå PwC rapport)

Øystein Høyvik er prosjektleiar for kommunereforma i Sunnfjord.

NOVEMBER 2015SIDE 14

Fleire ungdommar som er rundt attenårsalderen vurderer eller har allereie bestemt seg for å ta lappen. Men sidan køyretimar tek mykje tid og føregår samtidig som skuletimane er det vanske-lege val for elevane kva dei skal prioritere mellom køyretimar og skuletimar.

Av Henrik Skrede

Joakim(18) er elev på Hafstad og går tredje året på formgjeving. Han har valt å legge til side billap-pen for å prioritere skulen. Han seier at han har prioritert lekser og øving til prøver framfor billap-pen, men legg til at han har tenkt å begynne med køyretimar når han får tid.

Han seier vidare at han synes det er viktig å prioritere skule først, slik at han kan få dei karak-terane han vil ha, slik at han skal kunne få ta den utdanninga han ønsker.

– Trur du karakterane hadde vore dårlegare om du hadde prio-ritert lappen.

– Ja, viss eg hadde prioritert den for mykje. Hadde eg derimot tatt

den over ei lengre periode hadde det ikkje vore noko problem.

Men Joakim legger ikkje skjul på at han har tenkt til å prøve å ta lappen i framtida. – Tenker eg skal ta den i løpet av neste år svarar han då han før spørsmål om kva han tenker om å ta lappen i framtida.

Angrar ikkje Ein som derimot valte å prioritere lappen framfor skuletimar er Fredrik(18). Han går tredje året sitt på studiespesialisering og han angrar ikkje på at han ofra skuleti-mar for å ta lappen, men han seier at han også synes det er trasig å miste skuletimar for køyretimane.

– Det er trasig. På vidaregåan-de er det sånn at det kan bli lett å bli hengande etter i eit fag om du mister for mange skuletimar, men for meg gjekk det fint.

Ville du heller tatt lappen i som-marferien enn i skuletida?

– Nei det ville eg ikkje, fordi at eg ikkje vil bruke opp ferien på køyretimar, men eg kan seie at eg brukte litt av sommarferien på å ta lappen.

Fredrik fortel vidare at han

ikkje trur at det å ta lappen hadde noko stor effekt på skulegangen hans, men han fortel vidare at å ha lappen har gjort ting meir praktisk for han. Han seier at han kjem seg lettare på skulen no som han kan køyre, og at han ikkje no lenger er så avhengig av andre for å bli hen-ta og køyrt rundt.

Minst mogleg fråvereGrethe Øren, rektor på Hafstad vgs seier at ho ikkje synes det er bra at elevar vel å prioritere vekk skuletimar for køyretimar. Ho seier at ho vil at elevane skal vere minst mogleg vekke frå skulen.

Må velje køyring eller skule

– Eg synes jsjølvsagt at det skal vere på skulen mest mulig, det går jo litt tid til lærekøyring, så det beste hadde vore om de fikk timane etter skuletid eller i friti-mane, men eg trur det er slik at mange elevar passar på å få køyre- timar i fritimane, seier ho.

Rektoren seier ho synes det er vanskeleg å vite korleis skulegan-gen blir påverka av køyretimar, men understrekar at det er viktig å ikkje miste for mange skuleti-mar.

– Minst mogleg vekke frå sku-len, er mi haldning i saken, avslut-tar rektor Grethe Øren.

Joakim( 18) på bilete over har valt å prioritere skulen framfor billappen Fredrik (18) har valt å prioritere billappen framfor skuletima.

Rektor Grethe Øren meiner elevane bør priortere skulen framom å ta køyretimar

NOVEMBER 2015 SIDE 15

Førde folkehøgskule set opp førestillinga High School Mu-sical. Rollene i musikalen vert spela av elevar frå Solvang fol-kehøgskule i Førde, men også frå andre fylker i Noreg. Mu-sikalen vert leda av Anders Al-varo som står for koreografi, scene og regi, og musikkansvar-leg Eivind Os.

Frida Steen

Etter at musikalen Grease som vart ein stor suksess, har leiarane no sett opp High School Musi-cal. Musikalen handlar om elev-ar som går på ein amerikansk videregåande skule. Der hand-linga tek føre seg livet deira som tenåringar gjennom sang dans og drama.

Viktig å stille oppHovudrollene vert spelte av Georg Lipai som Troy, og Anne Noddeland som Gabriella. Føre-stillinga vert set opp på kvelden 30.oktober i storesalen i Førde-huset. Dette er eit samarbeids-prosjekt med lærarar og elevar frå skulen. Der timeplanen skal passe for alle, og også mykje tid blir lagt ned under planlegging og øvingar til førestillinga.

– Det er viktig at alle stiller opp på øvingane, og at dei er vil-lige til å øve, fortel Anne.

Etter som dette er ein folke-høgskule med fleire linjer som dans, song og drama, får ein my-kje god erfaring. Ein får arbeide individuelt, og i grupper.

– Alle er flinke på forskjelli-ge områder, og dermed kan ein lære mykje av kvarandre og ein sjølv, seier Georg.

Elevane har også god samar-beidsvilje med arrangørane, der dei og kjem med innspel om oppsettet til musikalen.

– Dei er veldig fleksible rundt musikkdelen av musikalen. Då alle er gode på sine områder, må ein tilpasse nivået song og musikk til dei forskjellige sko-despelarane. Der ein bla. løyser tostemte delar av songane. Elles prøver vi å følgje manus og mu-sikk veldig nøyaktig.

Erfarne hovudrollerDei som prøvespelte for rollane var mellom 16 og 27 år, dei fleste låg rundt 19-års alderen.

– Eg har arbeida veldig seriøst med song og musikk på Firda vi-daregåande skule, der eg har gått på vokalundervisning i tre år. Familien min er også veldig mu-sikalsk, spesielt faren min som eg fekk min første gitar av når eg var tolv år gammal. Etter det gjekk det frå å vere ein hobby, til meir alvor, og vart ein viktig del av livet mitt. Eg begynte å øve litt meir strukturert, fortel Georg.

Anne fortel at ho har jobba mykje med teater, og har gått på drama linje i tre år.

Ho har fått mykje god erfaring gjennom arbeidet med denne musikalen.

– Det er ein musikal som heile gruppa har eit godt forhold til, og har vakse opp med.

Mange utfordringarMusikalen slår fint an på skuleal-der, men er også av interesse for dei vaksne. Eg meiner at alle har mykje å lære av musikalen, både unge og vaksne. Då dei har ulike synspunkt på musikalen. Veldig lærerikt, fortel musikkansvarleg Eivind Os.

– Har det vert utfordringar med musikalen?

– Ja blandt anna er songdelane utfordrande. Det å leve seg inn i rolla er og utfordrane.

Ein må allereie på øvingane gi hundre prosent. Det er ikkje all-tid like lett som det høyrest ut, å sette seg inn i den atmosfæren, fortel Anne.

Mange som ville– Dansing og koreografi har vert ei utfordring, ettersom eg ber-re har studert vokal og musikk. Vart detta noko nytt for meg, fortel Georg.

– Kva var det som gjorde at det var desse som fekk rollane?

– Det var mange som kom på audition, ein må kunne danse, synge og spele drama. Både mu-sikken og koreografien må passe

alle. Dersom ein var litt mindre god på nokon område, kunne ein ta timar, der ein kunne verte be-tre. Nivået som var i år var veldig høgt, det var mange dyktige som kom på audition, fortel Anders.

Vert tradisjon- Georg, visste vi om, og hadde sett føre oss at her vi ein god kandidat til Troy, og det var han absolutt. Sjølv om det var mange andre flinke som prøve spelte for rollen. Hos Anne la vi merke til kor god tilstedeverelsen hennar på scena. Dette var veldig im-ponerande, og gripande. Der ho hadde ein veldig gripande auditi-on, fortel Erlend.

Leiarane bekreftar at det vil verte sett opp fleire førestillingar framover, enno veit dei ikkje kva førestillingar som vert aktuelle for den tid. Den stilarten som har vert, med pop og rock er den stilarten som vil fortsette i mu-sikalane framover. Ønsket er å få med så mange som mogleg i musikalane.

– Det har vore ei kjempeoppleving

«High School Musical» i Førdehuset

Georg Lipai og Anne Noddeland spelar hovudrollene når Sunnfjord folkehøgskule set opp «High School Musical».

NOVEMBER 2015SIDE 16

Einaste frå fylket på landslaget–Eg syns det er veldig kjekt å

vere en del av landslaget. 15 år gamle Karoline Fauske er einas-te frå Sogn og Fjordane som er med på landslaget i volleyball i U19.

Av Camilla K.Bolsø

– Det er kjekt å trene masse og klare å oppnå noko så stort. Den første landskampen eg spelte var mot Island og då var eg 14 år. Eg merka fort at vi spelte på eit meir seriøst nivå, og følte meg meir som ein ordentleg idrettsutøvar.

– Volleyball er ein veldig viktig del av livet mitt. Kvardagen min består av å trene og gjere skule-arbeid. Eg har veldig lyst å satse på volleyball seinare, men utdan-ning er også veldig viktig. Idret-ten er ikkje like stor i Norge som den er i utlandet, i tillegg er det også vanskeleg å leve av å spele volleyball. Det hadde vert spen-nande å prøve å få gå på volley-ball skule i USA.

Utvikla seg mykje – Flinke trenarar med masse vol-leyballbakgrunn og mykje øving har hjelpt meg masse med å kom-me på laget. Eg fekk også tilbod om å gå på toppvolley, men fekk ikkje lov til det ,fordi foreldra mine meinte at skule er viktigare. Så det er også ein stor motivasjon for meg, å bevise at ein ikkje treng å gå på toppvolley for å bli ein god spelar. Sidan Karoline begynte på elitela-get i 2014 har ho fått utvikla seg masse på grunn av god motstan-den frå andre lag.

Trene målretta– Har volleyballeklubben i eit

godt miljø?–Klubben har eit godt miljø.

Fleire og fleire kjem inn i miljøet og det blir lagt opp masse trenin-gar og turneringar til oss. Nå blir det også større elitesatsing for damene.

– Har du nokre gode tips til dei som vil nå like langt?

– Gode tips til dei som har lyst å nå like langt er å trene målretta

og høyre på det trenarane seie.

Stort miljøVolleyballtrenar Kasia Ciesielska er einig i at klubben har eit godt miljø.

– Eit så bra miljø gir masse moglegheitar til å utvikle seg som både spelar og trenar. Eg er vel-dig glad at for at eg fekk mogleg-heita til å jobbe her i Førde som volleyballtrener for elite kvinner, volleyball linja på Hafstad og som regionskonsulent. Klubben gjer ein kjempebra jobb kvart år.Ciesielska fortel også at det er stor forskjell på nivået i volleyball i Norge og Polen.

– I Polen er alle klubber frå 2.divisjon proff. Nivået er også høgare enn i Norge. Vi kan seie at den beste klubben i Norge i år har nivå 2.div i Polen.

Har tru på vekstDagleg leiar i Førde volleyball-klubb Tor Kristian Kvammen fortel at volleyballmiljøet i Før-de har stått sterkt heilt sidan det starta i 1974.

– Klubben har alltid hatt eit godt sosialt miljø og en god tre-ningskultur. Så lenge eg har vore med har det vore eit stabilt og bra stort miljø i klubben. Det skjedd ein del endringar dei siste åra.

Det har vore ei auka satsing på damesida, og dei siste 4 seson-gane har ein hatt lag i eliteserien både på dame - og herresida.

Kvammen har stor tru på at miljøet kjem til å vokse enda meir.

– Det er myke positivt som skjer rundt volleyballklubben for tida.

– Vi har starta med minivol-leyball for dei yngste, 2 -6 klasse, Vi har fått et nytt fantastisk bra sandvolleyballanlegg i Hafstad-parken. Alt ligg til rette for at mange kjem til å ha det kjekt med volleyball i Førde også i framtida.

Karoline Fauske er på U19-landslaget. (Foto: Hamlstolen NEVZA)

NOVEMBER 2015 SIDE 17

Køyrer seg inn i verdseliten Ein avtale med tysk gigant har sett fart på gokartkarriera til førdianaren Håvard Hellerud. Forrige veke fekk han måle seg med verdas beste.

Av Julie Tvinde

- Dette er ein avtale begge partar har jobba med lenge, seier Hå-vard Hallerud. Kontrakten går ut på at ungguten frå Førde skal teste ulike rammer for Mach 1, og ha eit samarbeid der ein finn ut kva som gir dei beste utslaga og resultata. Mach 1 produserar rammer og er mekanikarar for gokart. Dei skal i dette samarbei-det vere mekanikarar på karten ,og hjelpe Hallerud til å prestere betre.

– Er det mange som får slike kontrakter?

– Eg veit ikkje om nokon andre som har ein slik avtale, og spesi-elt ikkje frå Noreg. Det er veldig uvanleg, gliser Hallerud.

For kort tid tilbake var han i Le Mans og køyrde mot 350 av ver-das beste gokartkøyrarar. Tidleg i

konkurransen klarte han å køy-re raskare enn det totalvinnaren gjorde. Vidare fekk han trøbbel med motoren som gjorde til at han enda lengre ned på tabellen enn håpa

I løpet av sesongen har han delteke på 17 løp og vunne 4 av desse. – I tillegg låg eg ann til å vinne 3 til, men det heldt ikkje heilt ut, fortel Hallerud. Målet hans vidare er å konkurrere in-ternasjonalt og klare å gjere det så bra som mogleg.

Store treningsmengder Grunnen til at han har kome dit han er i dag er fordi han har tre-na mykje i Kråkenesmarka og er ein av dei som trenar mest på sin alder. På ei veke trenar han go-kart 1-2 gongar. Då er det ofte trening frå klokka er 14 til den slår 20-21. Men det er ikkje berre køyretrening som må til for å bli god i gokart.

– Eg trenar og fysisk, men mest av alt styrke, kommenterer han. Leiar i klubben, Jarle Tveit, fortel at Håvard er svært enga-

sjert i det han driv med, og tre-nar mykje for å bli god.

– Han køyrer veldig pent og ryddig som gjer det lett for me-kanikarane å sjå kva justeringar som må gjerast for at han skal kunne køyre endå fortare.

Samstundes som Mach 1 har inngått avtale med Hallerud, må også andre støttespelarar hjelpe til for at kabalen skal gå opp.

– Pappa er ein av dei. Han køy-rer meg over alt uansett kvar eg skal på konkurranse, og har vore mekanikaren min opp igjennom åra, seier han.

NMK Sunnfjord i god vekst Gjennom 2015 har antall med-lemmar stige med over 30 pro-sent. No nærmar det seg 200 medlemmar som er aktive sjølv eller som er mekanikarar.

– Alt som skjer i Kråkenes-marka blir gjort på dugnad, sei-er leiar i NMK Sunnfjor, Jarle Tveit. Han fortel også at det er lav medlemskostnad på grunn av store personlege kostnadar, med tanke på alt utstyret ein

Håvard Hallerud i aksjon under siste konkurranse i Le Mans denne sesongen. (Foto: privat)

treng. Bana vert også brukt til utleige for bedrifter, skuleklassar, arrangement og så vidare, som er ei god rekrutteringskjelde for klubben. Det er no på veg opp ei ny gruppe som også køyrer kon-kurransar.

I Noreg er det i dag 700 som har lisens innanfor gokart. I 2014 steig talet med 50 lisensar, noko som gjer at talet heldt seg stabilt. Blant desse er dei beste sitt nivå ganske jamt.

– Når dei reiser til utlandet for å konkurrere klarar dei å halde seg i toppen med dei andre. Vi-dare når ein er tilbake i Noreg og køyrer er det framleis stor kon-kurranse og tøft om plassane, fortel Stine frå Norges bilsport forbund.

Håvard Hallerud, gokartkøyrar

«Eg veit ikkje om nokon andre som har ein slik avtale, spesi-elt ikkje frå Noreg»

NOVEMBER 2015SIDE 18

Det er stor trivsel på høgskulen i Sogndal, det kan Nikolai Skinlo bekrefte. Det skulle ta tre år å finne ruta. Sjølv om ruta har vert lang, har den gitt innsikt i kva han vil gjere vidare.

Av Sunniva Skrede

21 år gamle Nikolai Skinlo frå Jølster, kosar seg på høgskulen i Sogndal, der han no studera for å få ein bachelorgrad. Likevel har ikkje det at han ikkje endte her med eingong etter vidaregåande

vore noko han angrar på. Etter å ha fullført tre år på

idrettslinja på Sandane, tok Skinlo turen til Hallingdal Folkehøgskule, det tok ei lita veke før han forstod at dette ikkje var noko for han. To år seinare, har han prøvd seg som vikari i Skei Barnehage, og studert på førskulelærar-linja i Bergen.

Trivst på høgskulen– Altså, folkehøgskule og høgskule er to heilt ulike ting. Han grublar litt før han fortset.

– Den største forskjellen er... vel, at du ikkje bur på skulen. Ellers er det kanskje mykje av det same om man tenkjer over det, lekse, eksamen og lignande.

No har Skinlo studert på den populære høgskulen i tre månadar. Allereie før han byrja på høgskulen hadde han fått eit godt inntrykk av skulen og miljøet den er knytta til.

– Eg trivast veldig godt, det er mykje å finne på, og skulen kjem med mange gode tilbod frå ulike student-organisasjonar som vi

– Hjartet førte han til Sogndal

får benytte oss av. Skinlo tar fram handa og byrjar tellinga.

Poplære aktivitetar– Vi har Studentspretten, Sjøspretten, Lurkis, Meieriet og Parlamentet. Alle desse fem har aktivitetstilbod som du kan melde deg inn i, og dei dekker eigentleg alle dei fritidsaktivitets-behova som folk har.

Mange benytter seg av desse tilboda, ofte sel dei billettar til ulike arrangement dei skal halde.

«Gjer akkurat det de har lyst til, drit i kva andre seie, vegen blir til mens de går, du finne fram til slutt, berre køyr på.»

NOVEMBER 2015 SIDE 19

– Mange av desse blir utsolgt på minuttet, fortel Nikolai medan han knipsar ut i lufta for å demonstrere.

– Dei fleste som går i Sogndal likar mykje av det same, det går i fjellsport, ski og den slags aktivitetar, så det er vel derfor folk kjem hit.

Dritkul linjeHøgskulen i Sogndal er svært

populær, og Nikolai hadde høge forventningar når han starta. Han er ikkje i tvil om at skulen og miljøet har levd opp til

forventingane. – Eg blei godt tatt imot og dei

var veldig flinke fadderar, det var ikkje noko stort drikkepress, og ein følte ikkje at ein alltid måtte ut å feste den fyrste veka. Det var eigentleg ganske avslappande og fint.

Skinlo tar no ein bachelor i Friluftsliv.

– Det er ei «dritkul linje», det kan du berre skrive, fortel han med eit smil. Han er ein av mange studentar i Sogndal som har valgt hybellivet framfor det å bu heime.

Mange på hybelDette er noko dei fleste ynskjer, sånn som Johannes, ein kompis av Nikolai.

– Han er eit prakteksempel på akkurat det, kjem i frå Sogndal og bur ikkje langt unna her, men vel likevel å bu her med meg. Så dei fleste vil nok inn i Sogndal kjerna når dei først er begynt på skule her.

Nikolai bur i ei flott leilighet med kun fem minutt gå-avstand til skulen.

– Her bur eg med tre andre

studentar, som eg kjende litt frå før. To av dei budde her allereie då eg flytta inn. Dei var på jakt etter to nye som kunne flytte inn hos dei, så då fekk Nikolai dei til å sette av eit rom til han.

– Vi kosa oss veldig i leiligheta, og hybelmiljøet i Sogndal er generelt veldig bra eigentleg.Nikolai tykkjer det er viktig å følge hjartet og velge det ein kjenner er riktig for sin eigen del.

Kirsti Møller Bruland er rådgje-var på høgskulen i Sogndal, fortel at ho opplever trivselen blandt elevane som svært god, men legg til et ein er nødt til å engasjere seg for å komme inn i miljøet.

Sidan dei aller fleste er flytta heimanifrå, så er dei nødt til å lage seg eit nytt nettverk. Då er det ikkje hjelp i å sitje inne utan å vere sosial.

Som rådgjevar opplever Bru-land også studentar som ikkje tri-vast på høgskulen, dette tykkjer ho er kjedeleg, skipssmannskapet har gode tilbod til desse studen-tane, og veileder dei slik at dei får flyte betre inn i miljøet. Bruland fortel at ho aldri har hørt om stu-dentar som har havna på feil kjør som ei følge av miljøet i Sogndal

RÅDGJEVAR: Kirsti Møller Bruland.

– Studentane må engasjere seg

FRILUFTSLINJA: Nikolai Skinlo har byrja fyrste året på høgskulen i Sogndal, her studerar han på Friluftslivlinja.

NOVEMBER 2015SIDE 20

– Det er knapt om plass. Eldre-gruppa har det det i det siste kun hatt ein liten time i hallen. Vi må nytta oss av utetrenin-gar om vinteren sida hallen ikkje har kapasitet til fleire på denne tida av året. Medlem av seniorgruppa i Førde friidrett Simen Gram meiner dette går utover treningane.

Av: Christian Danielsen

Førde friidrett ligg langt bak på landsbasis. Dei har mykje å ta igjen etter det dei har prestert dei siste åra. Desse resultata kjem ikkje utan grunn, fordi friidret-ten i førde har over lenger tid hatt problem med å halde på med-lemmane til dei to idrettsklassa-ne. Både junior og senior grup-pa har hatt mykje problem med den «lille» kapasiteten i idretts- hallen.

- Travel idrettshallIdrettshallen i Førdehuset blir tatt i bruk av aktiv ungdom kvar dag, heile dagen. Her er det det alt ifrå volleyball og handaball til badminton og bueskyting.

Hallen er i hovudsak delt inn i tre delar. Friidretten i førde må forhalde seg til ein av dei tre delane ettersom resten er booka store deler av veka. Dette gjør at seniorgruppa og juniorgruppa må ha delte treningar noko som også skaper problemer for dei eldste som ynskjer å satse etter- som det er dei som ikkje får innetreningar.

Tru på dei minsteSimen har trua på at dei minste.

– I minstegruppa er det ein god del folk som har stor interesse for friidrett. Det gjeld for dei å halde interessa oppe når dei blir eldre.

Gram er usikker på kva fram- tida vil bringe for Førde friidrett, men håper på at interessa vil auke. Han tar det med eit smil og seier at vertfall han har tenkt å fortsette med både trening og konkurransar.

Du imponerte med to første-plassar på same stemne, føler

du sjølv at du har hatt ein god sesong?

– Innesesongen var bra. Eg fekk persa på både 60m og 100m. Resultatet kunne gjerne verte betre sida eg mangla en del løps- trening. Utesesongen som har vert starta også bra, men eg fekk skade i både kne og legg, noko som førte til at eg måtte avslutte sesongen.»

Korleis er interessen for friidrett blant dei yngste?

– Minstegruppa er det ein god del folk som virka som dei har

stor interesse for friidrett. Det gjeld for dei å halde den interessa når dei blir eldre.

Førdehuset saman med Førde kommune tilbyr treningsfasilite-tar til Førde friidrettt. Har dette hatt effekt i forhold til rekrute-ringa?

– Det har hatt sin effekt, men det kan fremdeles bli ein utfor-dring å halde på utøverane.

Kva tenkjer du om at Før-de friidrett må kutte ut senior treningane?

– Dette er selvfølgelig dumt.

Det er mangen som reiser vekk, noko som har gjort det vanskelig for trenerane å halde fram med organisert trening for dei eldste.

Som tidlegare innebandy- spelar har eg opplevd at det har vert trangt om plassen i idretts-hallen i Førde. Gjelder dette fri- idretten også?

– Det har vert knapt om plas-sen, det tilbodet vi har hatt for eldregruppa er ein time trening i hallen. Dette har vert lite ideelt for treninga. Vi fekk meir ut av treningane av å vere ute.

– Utfordring å halde på utøvarane

NOVEMBER 2015 SIDE 21

Trenar til «Norges sterkaste mann»Joakim Kvarme er 18 år og kjem frå Bygstad. Kvarme likar styr-ketrening, og trenar opp til 5-6 økter i veka. Benk og markløft er spesialiteten. Av Gina Årdal Indrebø

Joakim og faren såg på Norges Sterkaste Mann på tv, og dette syntes Joakim var utrulig spen-nande. Tv-programmet inspirer-te han til å byrje å trene og han fekk lyst til å bli Norges Sterkaste Mann. I byrjinga då han var 12-13 år var treningsplassen i kjella-ren, men i slutten av 2013 byrja Kvarme på treningssenter.

– Eg trenar 5-6 økter i veka, og øktene er lange. Eg likar best å trene benk og markløft, seier Kvarme.

Trening nyttigMarit Hjelle Vie er gymlærar på Hafstad vidaregåande skule, og meiner det er viktig å trene så

ofte, men det er viktig å ha korte, i staden for lange økter. Ein time aktivitet om dagen er viktig, men dette trenger ikkje å vere på eit treningssenter, aktiviteten kan vere så enkel som å gå til og heim frå skulen. Helsesøster Jorunn Eldegard er einig med Vie.

– Trening er sosialt18-åringen trenar ikkje berre for å bli Norges Sterkaste Mann, men fordi trening er også sosialt og kjekt. Både Vie og Eldegar mei-ner det same som 18-åringen.

– Trening hjelper både for det fysiske og det psykiske. Mange elevar slit fysisk og psykisk , og dermed er det lurt å trene. La-gidrett er svært sosialt og hjelper mykje, men sidan det har blitt så sosialt å trene på treningssenter hjelper dei også, seier Jorunn El-degard.

Kosthald er viktig for kroppenDet blir lettare å trene visst ein et

sunt og proteinrik mat. Ein blir i betre humør og det gir styrke til kroppen. Kvarmes kosthald har variert frå då han var yngre til no.

– No passar eg på å få i meg rikelig med protein, karbohydrat og riktig fett. Eg et også mykje frukt, og prøver å ete nok grønsa-ker, slik at eg får i meg nok vita-min og mineral. Då blir ein ikkje så lett sjuk. Det går mykje i havre-gryn, kylling, laks, egg, fullkorns ris, søtpoteter, karbonadedeig, tortilla- lefser, tunfisk, kesam, proteinpulver, biff, poteter osv, seier Joakim.

Helsesøstera er einig med mat- en 18-åringen et.

– Det er lurt å ete grønsaker, vere bevist på kva type fett og kor mykje dei et. Grov mat er bra, 5 om dagen er lurt og få i seg nok D-vitamin, fortell helsesøstera.

Ikkje tren for mykjeMen Eldegard meiner også at nokon et for sunn mat og trener

for mykje. Det er bra å ete typisk norsk mat, og det inneberer og å ete litt usunt, sidan norsk mat ik-kje alltid er like sunn. Ho meiner også at anabole steroider er noko alle burde halde seg lang unna, sidan det er mange som velje det-te for å bli større når dei føler på kroppspresset.

Ikkje dop– Når det gjelder det ytre pres-set frå andre, føler eg ikkje noko press for å bli større og sterkare. Den motivasjonen og presset kjem innanfrå. Men eg føler eit slags press i forhold til andre som driver med det same som eg, si-dan eg skal bli best. Eg vurdera heller ikkje å prøve dop.

Eg meina at det ikkje er verdt risikoen, fortell Joakim Kvarme.

Joakim Kvarme har enda ikkje vert med på noko konkurranse, men når han er skadefri har han lyst å prøve det ut.

– Eg trener 5-6 økter i veka, og øktene er lange. Målet til Joakim Kvarme er konkurransen «Norges sterkaste mann»

NOVEMBER 2015SIDE 22

Respekt, disiplin og kroppskontroll Sebastian Gjervik (18) har drive med Taekwondo i lang tid. No er målet svart belte.

Av: Kristian Walaker

Naustedølen fann ut at det var Taekwondo han brann for, då han slutta på fotball for å byrje på kampsporten. Han byrja så på dette saman med to andre kompi-sar, fordi han syntes det høyrdest kjekt ut (og slutta dermed på fot-ball, der han følte han ikkje hadde talent).

Potensial og inspirasjonskjeldeSebastian har ein klar plan på å få ut potensialet til det fulle og kor-leis han skal gå fram for å verte betre.

– Det er å øve og terpe på det eg er dårleg på, og så å utfordre meg sjølv på det eg ikkje får så godt til. På spørsmål vidare om kor han hentar inspirasjon til å fortsette, seier han at det er ikkje ein spe-siell person som inspirerer, men heller dei spesielt flinke, og at han ynskjer å bli like god som dei. Det konkrete målet er å få svart belte, som er eit hakk opp i grad frå der han er no.

Kan anbefalastSebastian vil anbefale kampspor-ten vidare, ettersom det ikkje er så mange som driv med det.

– Det er god trening for alle og ein får utfordra seg sjølve, samt å lære å beherske kroppen sin. Vel-dig kjekt er det også,» presiserer Sebastian.

Han meiner at Mads Naustdal er ein av dei som har hjelpt han på vegen til å kome der han er i dag,. Disiplin er e viktig dersom du skal meistre kampsporten.

– Eg er sjølv trenar to gonger i veka, der eg får trena sjølv i til-legg, og så blir det ein del heime, der eg må lære nye ting på eiga

Sebastian gjer det han kan best, her i aksjon under stemne i Florø. (Foto: Egil Årdal)

hand, legg Naustedølen til.

Stolt trenarHan får støtte når det gjeld ut-viklinga si frå sin gamle trenar Mads Naustdal, som no er busett i Bergen. Han har bakgrunn som trenar i seks år, mellom anna for Sebastian, frå han var 15 til 21 år og vart hovedtrenar for Taekwon-do i fylket.- Når ein har vore trenar i seks år får ein verkeleg sjå kor-leis elevane utviklar seg både inn-anfor sporten og som personar. Derfor blir ein særs stolt når ein blir vitne til denne utviklinga, og du veit at du har spelt ei rolle i det.

Brukar heile kroppenNår det gjeld kva som gleder han innanfor kampsporten han brenn

for, har ikkje Mads Naustdal lite på hjartet.

– Det er mykje som gir meg stor glede innanfor kampspor-ten. Du har det sosiale som går på det sterke bandet du får med alle andre som du trener med. Du lærer også det å respektere andre menneske, og viktigheita av god disiplin, noko eg meiner er nokre av mine sterke verdiar eg har no takka vere Taekwon-doen. Du har også dei fysiske delane med kampsporten. Du brukar kroppen på ein heilt anna måte enn ved å spele fot-ball. Du må bruke heile krop-pen, og lærer deg kroppskon-troll og koordinasjon, noko som er spesielt viktig for unge under oppveksten.

Meir enn forsvarHan framhevar at det er veldig in-dividuelt kvifor folk vel idretten, og held fram.

– Eg meiner at ved å trene Ta-ekwondo lærer du deg mykje meir enn det å kunne forsvare deg. Du utviklar også eit sunt verdigrunnlag, som eg veit kjem godt til nytte, så igjen kjem ein inn på respekt og disiplin. Så skal det seiast at ved å halde seg aktiv og bruke hele kroppen slik som ein gjer når ein trenar Taekwon-do, kjem du til å halde deg unna visse skader.

Sjølv merkar han at når han har hatt periodar med inaktivitet, så legg han til at han får ryggpla-ger, og meiner Taekwondo er det einaste som held han vekke frå det.

NOVEMBER 2015 SIDE 23

Opprykk står på ønskjelista til damene i Førde Handballag og trenar Kristinn Gudmunsson. Samtidig har Marit Ova Bøyum (19) og Emilie Myklebust Sande (17) ønske om å kome på land-slaget.

Av Nathalie Foss

Kristinn Gudmunsson er trenar for Førde handball damelag, med 18 spelarar. Dei trenar 4-5 gonger handball i veka og 1-2 gonger styrke i tillegg til kam-par på søndagar. Han trener også jenter 12 til 14 år to ganger i veka, og er derfor 100% hand-balltrenar. Spelarane på damela-get til Førde trener hardt og inn-satsen deira er på topp.

– Treningskulturen her i Før-de er god og følgjer opp ambisjo-nar godt.

Dei har satsa på opprykk før og satsar fortsatt på det, for å komme opp må dei vinne 2. di-visjon region Vest. Dei må og

vere eit av tre lag som kjem seg gjennom seks lagkvalifiseringar, så det er ein tøff jobb for spela-rane.

– Vi er veldig fornøgde med la-get vi har i dag og kjem til å satse

på å ha det slik. Gjennom seson-gen ynskjer vi at alle spelarane skal få spele.

I fjor mista vi ein spelar og måtte ta inn igjen ein, men la-get er mykje likt som i fjor. Til

saman har vi spelt fem kampar og vunne fire av dei. Damelaget i Førde samarbeider med Puls og ein personleg trenar, som legg planar om fysiske treningar.

Marit Ova Bøyum frå Jølster og Emilie Myklebust Sande frå Før-de satsar begge hardt på hand-ballen. Begge vil på landslaget.

Marit Ova Bøyum spelar hand-ball på Førde damelag, og trener som regel 6 eller 7 økter kvar veke. Ho spelar for det meste venstre back, men det hender at ho speler venstre kant og høgre back.

Trente i pauseneAllereie når ho var mindre var

ho interessert i handball, der ho såg på kampane som gjekk på TV.

- Når det var pause mellom kampane, lagde eg og søstera mi vår eiga bane nede i kjellaren og spelte mot kvarandre. I tillegg ville mamma at vi skulle spele handball sidan ho spelte sjølv då ho var yngre og syns det hadde vert stas om vi gjorde det same.

Marit Ova Bøyum har spelt handball heilt sidan 11 eller 12 års alderen. Målet hennar er å

kunne spele i den øverste divi-sjonen og kanskje til og med på landslaget. Vegen til dette er både tung og lang, seier ho. Og ho må derfor jobbe ekstremt hard der-som ho ynskjer å nå så langt.

I tillegg til treningane får alle som trenar på Førde Damelag

trene på Puls Treningssenter. Der lagar ein personleg trenar eit treningsprogram spesifisert til handball som alle på laget skal følgje.

Starta som niåringEmilie Myklebust Sande spelar

også handball, men spelar på 3.divisjonslaget til Dale. Ho tre-nar kunn ein gong i veka med dei, mens ho med trenar tre gonger med Førde sitt 2.divisjonslag. For det meste spelar ho høgre back, nokre gongar spelar ho venstre back eller midt.

Emilie byrja allereie som ni-åring å spele handball, men var med storesøstera på fleire av handballtreningane tidlegare og vart fort interessert i sporten.

Når ho var liten var alltid drau-men å kome på landslaget. Ho er ikkje sikker på kvar ho kjem til å ende opp, men jobbar for å bli så god som mogleg. På treningar og kampar får ho tilbakemeldingar som ho tar til seg og øver på å verte betre på.

På Puls Treningssenter har ho også eit program ho skal følgje, denne treninga skal styrke mus-kelgruppene ein brukar når ein speler handball. Ho trener ekstra mykje kne og bein på grunn av ein skade i kneet.

Satsar på landslagsdraumen på kvar sitt lag

Opprykk og landslag på ønskelista

Marit Ova Bøyum (Foto privat) Emilie Myklebust Sande. (Foto privat)

-

NOVEMBER 2015SIDE 24

Tråkkar til det stoppar

21-åringane Stian Lie og Johan-nes Lund, har ei interesse litt utanom det vanlege. Dei syklar i fjellet der folk flest har nok med å gå.

Av Karina Skinlo

Gutane studerer ved høgskulen i Sogndal, og møttest gjennom fel-les venner og sykkelturar saman med andre. Etter kvart utvikla dei ei svært energisk og aktiv sykkel-gruppe.

Interessa henta i ung alderJohannes har alltid hatt stor in-teresse for syklar. Etter kvart som han blei eldre, tok faren han med ut for å sykle på sti på Kaupanger med vanlege syklar, og fekk eigen sti-sykkel etter ei stund, noko som førte til auka interesse.

Stian kombinerte ski og syk-ling, då han var aktiv med lang-renn. Han byrja å like seg på stiane, bygging av eigen sykkel auka interessa. Når han flytta til Sogndal, var det fleire som had-

de same interessa, og fritida blei brukt på sykkelsetet.

– Terrenget er litt meir utfor-drande i Kaupanger enn i Dram-men, fortel han.

Spesiell interesse– Det som er så spesielt med sti-sykling er at du styre farta sjølv, og at teknikken må vere god fpr å få fin flyt nedover bakkane. Du får eit skikkelig adrenalinkick når du setter utfor, og testar gren-sene dine, seier Johannes Lund.

– Du får ein heilt ubeskriveleg meistringsfølelse, slenger Stian på.

Du er også heile tida ute, og opplever den fine naturen som er rundt. Det blir aldri det same kvar dag, du utviklar deg kvar dag. Du kan sykle i skianlegg, grusstiar, fjellet og på vanlege vegar. Terrenget er variert, og du går aldri lei.

Tidsbruk– Det blir aldri for mykje tid på sykling, synest Stian Lie. Det va-riera frå kvar veke på kor mykje

tid dei kan bruke på interessa dei har ilag, men mellom 10-14 timar i veka er dei sikre på.

– Skulen må også prioriterast av og til, fortel Johannes.

Målet er at dei skal halde på med sti-sykling til kroppen seier stopp, og håpar at gjengen heng ilag også etter dei er ferdig å stu-dere i Sogndal.

Dyr hobbyÅ drive med sti-sykling som stu-dent er krevande. Du treng plass, pengar og mykje utstyr.

–Vi er veldig heldige som har bilar til å komme oss dit vi vil og ein plass der vi kan oppbevare sy-klane, seier Stian.

På ca. eit år brukar du kanskje 60 000 kr. Skal du ha ein skik-keleg sykkel må du minst legge ut 15 000 kr. Ekstra utstyr som hjelm, beskyttelse og klede kostar også.

– Det er ein fordel å kunne skru på syklane sjølv, då delar på syklane som fort kan få seg ein bøy og bli øydelagde, slår begge gutane fast.

«Fjordtråkkers»Gutane har oppretta ei Facebook side og Instagram konto, der flei-re kjente følger dei.

– Vi sat å prata mykje om det, og snakka om andre sykkelgrup-per som har gjort det og fått det til. Ein dag bestemte vi oss for at vi og skulle prøve det ut, og vi lykkast, seier Stian og smilar stort.

Det er veldig kjekt å sjå at det er så mange som følgjer oss, og kor fort det gjekk ut til heile verda.

Gutane vil prøve seg i konkur-ransar til sommaren, og derfor er det kjekt å ha eit namn som representerer gruppa. Johannes deltok i konkurranse i sommar, og blei nr. 13 blant 100-150 på-melde.

Dei har skapt namnet «Fjordtråkkers» fordi dei tråk-ka heile tida, og dei har fjorden framfor seg.

Følg gutane på Instagram og Facebook, Fjordtråkkers.

Sykling ved Kaupanger. (Foto: Stian Lie)