34

Frå Asker til Eden

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Historia om Askerkretsen 1897-1924. Av Alfred Fidjestøl.

Citation preview

Page 1: Frå Asker til Eden
Page 2: Frå Asker til Eden

1

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 1

Page 3: Frå Asker til Eden

Alfred Fidjestøl

Frå Asker til Eden

Historia om Askerkretsen–

SamlagetOslo

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 3

Page 4: Frå Asker til Eden

© Det Norske Samlaget: Stian Hole: Samlaget: Minion ,/: g Munken Premium Cream: ScandBook AB, FalunPrinted in Sweden

----

Prenta med tilskot frå Fritt Ord.

Forfattaren har mottatt støtte frå Det faglitterære fond, Fritt Ord, Asker kommune og Anne Røflo Longva ogAlf André Longvas Fond.

BiletkrediteringAkershusmuseet: , , , , , , , (begge),, , og (begge), Asker Museum: b,Marie Garborgs privatarkiv: (begge),Mehren : a, Modum Blaafarveværk: a,Nasjonalbiblioteket og Det Norske Teatretsarkiv: b.

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 4

Page 5: Frå Asker til Eden

Innhald

Forord Ein heim for heimlause

Bjørnson versus Labråten Den bortkomne sonen Løland-huset Eit kongerike for ein stein Klovnar i kamp Det Norske Teatret Fortapte menn Eden Etterord Notar Litteraturliste Personnamnregister

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 5

Page 6: Frå Asker til Eden

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 6

Page 7: Frå Asker til Eden

Forord

Det er ikkje mange som har høyrt om Askerkretsen.Heller ikkje dei som i si tid var medlemmer av kretsen,hadde høyrt om han. Det er eit relativt nytt namn påeit uformelt nettverk som fanst omkring Hulda ogArne Garborg, Marta og Rasmus Steinsvik og Karen ogIvar Mortensson, frå dei valde å kjøpe seg gard samanpå Labråten i Asker i til Arne Garborg døyddesame plass i januar . I dette miljøet og saman mednaboar og husvener og leigebuarar, som Otto og TillaValstad, Rasmus Løland, Kristofer Uppdal og fleireandre, blei ei rad prosjekt og tiltak sette i verk som dendag i dag er med å prege kva nasjon og samfunn Noreger. Her blei den nynorske skriftkulturen etablert i heilesi breidde, her blei nokre av dei viktigaste verka i norsklitteraturhistorie skrivne og omsette, her blei Det NorskeTeatret etablert, her blei ei riksdekkande avis på lands-mål redigert, her blei den norske bunads- og folkedans -tradisjonen gjenoppliva, her blei det eldste eksister -ande barnebladet i verda redigert, og her blei nokre avdei viktigaste strategiske spørsmåla i den kulturnasjo-nalistiske rørsla avgjorde.Likevel er det ikkje primært alt det storslåtte dei

fekk til, som først fascinerte meg ved Askerkretsen.Snarare dei mange paradoksa, gapet mellom dei ambi -

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 7

Page 8: Frå Asker til Eden

si øse prosjekta og dei puslete einskildliva. Det var isanning ein skrøpeleg flokk som fann saman ute påLabråten, dei var hypokondriske og tuberkuløse, gjekkut og inn av galehus og sanatorium, krangla og plagaog elska kvarandre. Dei visste ikkje alltid kva dei skulle,dei hugsa ikkje alltid kva dei hadde gjort, men dei endaopp med å endre Noreg for alltid.Denne teksten er ein freistnad på – med kjærleik og

respekt, og stundom den djupaste undring – å skrivefram att ein krets og eit miljø som fortener ein kollektivplass i vår kulturhistorie, utover den plassen einskild -aktørane alt er tildelte. Fleire slik kretsar er alt trygtetablerte i den kulturhistoriske kanonen, som Døle-ringen, Kristania-bohemen, Lysakerkretsen, Mot Dag-kretsen og Profil-kretsen. Askerkretsen er ikkje mindreviktig enn desse, berre fordi det tok lengre tid å gje bar-net eit namn.

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 8

Page 9: Frå Asker til Eden

«Eg minnest ingen heim frå barndomen.»

Ein heim for heimlause

Regnet tromma på taket, det var kaldt og mørkt ute, ogpå ein høydunge i den tomme stova på Labråten lågHulda Garborg og Marta Steinsvik og prøvde å sove.Mellom seg hadde dei den seks månader gamle SteinarSteinsvik. Det var den første natta på Labråten, det varstarten på Askerkrets-prosjektet, det var ei vending inorsk kulturhistorie. Og det var kaldt, kaotisk og dårlegplanlagt.Tre ektepar hadde saman funne denne plassen. Hulda

og Arne Garborg, Marta og Rasmus Steinsvik og Karenog Ivar Mortensson. Dei hadde eit fellesprosjekt i denfire år gamle landsdekkande avisa Den de Mai; deihadde no valt å kjøpe seg gard saman. Men dei varframleis usikre på om dei hadde valt rett.Hulda Garborg var komen først til Labråten for å

gjere i stand. Men flyttelasset var blitt forseinka, og dåMarta og Rasmus Steinsvik og Ivar Mortensson komdyvåte til Labråten i nitida om kvelden, hadde ho måttaimprovisere saman eit slags måltid, utan særleg kjøk-kenreiskapar og møblar. Pølser, poteter og kaffi var altho hadde å by dei, før dei måtte leite opp nokre sove-plassar. Son hennar, den snart ti år gamle guten somheitte Arne Garborg etter faren, jamvel Arne Olaus Fjør -toft Garborg etter farens idol, men som alle berre kalla

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 9

Page 10: Frå Asker til Eden

Tuften, låg i løa. Der sov han i lag med dei vaksnemannfolka, Rasmus Steinsvik og Ivar Mortensson.

Arne Garborg heldt seg unna, som han alltid gjordenår noko var litt ugreitt. Han budde inntil vidare ihytta på Kolbotn, som Garborg-familien enno eigde,og der dei hadde budd i nesten ti år. Han hadde ikkjeeingong bestemt seg for om han ville bli med på detteprosjektet. Hulda og Arne Garborg hadde i årevis for-handla om kvar dei skulle busetje seg. Hennar jobb varå foreslå, hans var å avslå.Dei hadde sett på mange hus og gardar, men denne

hadde alt dei var ute etter. Garden hadde eit vånings-hus i to etasjar og eit mindre hus, Rødhuset, på denandre sida av tunet. Det var uthusbygning til dyr, bådehage og teig, og ved ein bekk i utkanten av hagen lågeit lite bryggarhus som blei brukt til kledevask. Einkunne lett sjå for seg korleis tre familiar kunne deleeigedomen, men eitt av para måtte bygge nytt hus.Totalt var bruket på om lag mål.

Hulda Garborg likte plassen, men handelen måtteavgjerast straks, dei hadde ikkje tid til å vente på mei-ninga til Arne Garborg. Rasmus Steinsvik lånte derforpengar og kjøpte Labråten åleine, den . september, for kroner, av det kontant og resten iavdrag over fem år til fem prosent rente. Med hande-len følgde to kyr, reiskapar, ein gamal frukthage og eigrønsakavling.

Hulda Garborg teikna ein leigeavtale med han. Såfekk dei semjast om korleis dei skulle dele opp eige -domen om alle likte plassen. Rasmus Steinsvik lét ArneGarborg få all makt og full fridom. «Men avtalen er, at

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 10

Page 11: Frå Asker til Eden

likar du deg, kan du gaa inn i handelen paa kva maatedu vil, anten faa eit stykke jord og hus, elder det heile,elder kos du vil,» skreiv Rasmus Steinsvik til Arne Gar-borg. «Eg for min part kan trivast noko so nær kvar detskal vera, so um du skulde like deg, og me ikkje vartforlikt um ei utskifting, elder det skulde vise seg atutskifting ikkje gjekk an, – so kan du i det høve faa takaheile garden paa dei same vilkaar som eg no hev gjengeinn for han. Eg kunne i sofall finne ein annan stad.»

Det var på høg tid den vesle familien Garborg fannseg ein fast heim. Då dei gifta seg, flytta dei til Kolbotnpå Tynset, til ei kald, lita hytte. Det siste året hadde deileigd seg ein gard i Stokke i Vestfold. No var ho blitt

år, han og Tuften snart . Dei ville ikkje bu i Kristi-ania, helst ville dei bu ein plass der Tuften kunne vekseopp som ein landsmålssnakkande bygdegut. Spørsmå-let om kvar dei skulle bu, var eit spørsmål om kven deiskulle vere. Dei var frontfigurar i ein kulturkamp forlandsmål og styrking av tradisjonell norsk bygdekul-tur; om dei gjorde sonen til ein vanleg Kristiania-gut,sveik dei han. Trudde dei. Like før dei valde Asker, haddeHulda Garborg vore innom tanken at Voss måtte verestaden. «Det skal være saa ualmindelig god Luft oggodt Maal og frugtbart som i Edens Have,» skreiv hotil mannen. «Saa kunde vi ha ei Ku og Gutten fikk Maalog vi alle det bedste Vinterklima i Norge.»

Arne Garborg hadde i lansert tonasjonslæra si,ideen om at det norske folket bestod av to nasjonar, eindansk-norsk og ein norsk-norsk. Dei kunne derforikkje bu i dansk-norske Kristiania. Men var Asker nokobetre enn Kristiania? Om sonen hans blei Asker-gut,

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 11

Page 12: Frå Asker til Eden

ville han like fullt snakke austlandsk og bli ein del avden dansk-norske nasjonen. «At min egen Søn voxerop uden at kunne tale sin Fars Maal, blir mig til et slagsVarsel: der gaar han som en levende Desavouering avhele mit Stræv, og en Spaadom om, hvordan det i Vir-keligheden skal gaa med alt dette gilde jeg har drømtom,» skreiv Arne Garborg skeptisk til Hulda Garborgdå han første gongen høyrde om Labråten.

Hulda Garborg var lojal og leita etter løysingar.Arne Garborg blei straks meir optimistisk då HuldaGarborg fortalde at ho hadde skaffa ei tenestejente fråHardanger. Om tenestejenta kunne snakke harding,Rasmus Steinsvik sunnmørsk og Arne sjølv sitt gamlejærmål, kunne det kanskje i sum bli mange nok lands-målsnære dialektar omkring Tuften til at austlen-dingen i han blei trykt ned. Hulda Garborg lokka dess-utan mannen med Rødhuset, det vesle huset på denandre sida av tunet, der ho ville innreie skrivestove tilhan: «Den indretter jeg altsaa for dig; om du skullekomme indover.»

Dette var meir enn eit kollektiv og eit kretsprosjekt;det var eit omsorgs- og redningsprosjekt for den stør-ste forfattaren landsmålet hadde fostra. Det var einfreistnad på å finne ein plass der den heimlause man-nen kunne skape seg ein heim. Der dei alle kunnedyrke jord og ord, saman og åleine, vere nær byen oglangt frå byen, gjere seg sjølve sentrale og perifere, lageein heim for tre små familiar, mens dei arbeidde for ågje nordmennene heimkjensle for sitt eige land. Midt iAsker skulle dei lage ein Edens hage for det nye Noreg.

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 12

Page 13: Frå Asker til Eden

Arne Garborgs tja

Dei vakna til klart vêr den første morgonen på Labrå-ten. Dei kunne tørke kleda, rydde og vaske og kome igang. Ivar og Karen Mortensson utsette førebels å flyttetil Labråten og drog heim til Einabu, farsgarden hans iAlvdal i Hedmark. Den år gamle Rasmus Steinsvikvar redaktør i avisa Den de Mai og drog på jobbenkvar morgon klokka sju, sat dei fem kvartera på togetfrå Hvalstad til Vestbanestasjonen, skreiv og redigerteheile dagen, tok toget attende og var sjeldan heime før–. Den år gamle Marta Steinsvik var opptattmed det vesle gutebarnet. Tuften fann seg heldigvisraskt til rette i hus og hage, klatra i epletrea og utforskaHvalstad-dalen, mens Hulda Garborg noko motvilligmåtte freiste å drive den kollektive heimen åleine desseførste vekene. Ingen av dei hadde fått fatt i tenestefolkenno; «jeg rækker ikke mer end at koge og vaske op,»klaga ho.

Hvalstad var ei grend i vekst. Toglinja mellom Kris-tiania og Drammen hadde opna i , tre stasjonar varetablerte innanfor Asker kommunes grenser, mellomdei Hvalstad stasjon. Stasjonsetableringa hadde straksutløyst tilflytting og utbygging. Hvalstad blei meir folkerikt og meir av ei eiga grend innanfor Asker. Detvar landleg og sentralt på same tid. Når medlemmeneav Askerkretsen skulle handle, kunne dei gå den kortevegen ned til Lille Hvalstad og landhandlaren DitlifHvalstad.

Dei blei samde om at Steinsvikane skulle ta dei tokyrne og kalven og jorda. Familien Garborg skulle ha

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 13

Page 14: Frå Asker til Eden

potetåkeren og hovudhuset – om Arne Garborg ville.«Du kan faa det ganske som du vil,» forsikra HuldaGarborg framleis mannen. Den første tida skullebegge familiane bu saman i dette huset.Då Arne Garborg endeleg kom, i byrjinga av okto-

ber, var han sterkt ambivalent til plassen og prosjektet.«Aaja; ikkje verst,» konstaterte han i brev til Ivar Mor-tensson. Før han ramsa opp alt han ikkje kunne like.Husa var dårleg bygde: «Forunderlegt som Folk i denneTid hev gløymt den Kunsten aa byggja.» Det lokaletalemålet var fælt: «Slik er det altso ‘Fremtidens Norge’skal tale.» Og utsikta frå hagen var fin, men feil: Detvar i tillegg til fjordgløtten mogleg å sjå innover motKristiania, «denne fæle Byen for augo fraa Morgo tilKveld».

Garborg sette likevel straks i gang å ta opp poteter,dei var bønder no, natta til den . oktober var det frost,dei fekk det travelt. Ein rørleggar såg på korleis deikunne få innlagt vatn, og meinte dei kunne trekke einleidning frå bekken, om naboane aksepterte det. Hankunne lage røyrsystem for innlagt vatn og vatnings -anlegg for hagen for kroner. Berre innlagt vatnskulle dei få for halve prisen. Den tidlegare eigarenErik Thoresen hadde panelt hovudhuset og gjeve detsveitserpreg med sveitserdekor på verandaen mottunet. Det var måla i lyse fargar, men Hulda Garborgtenkte alt no på korleis ho skulle fornorske huset,fjerne sveitserpreget og måle det om; gjere det okergultmed saftiggrøne lister.

Familiane Steinsvik og Garborg prøvde å finne utav det praktiske på Labråten. Steinsvik ville helst skilje

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 14

Page 15: Frå Asker til Eden

ut ei tomt å selje for å skaffe pengar til å bygge hus for,men dei var på utrygg grunn; «ingen av oss hev Greiepaa korleis me skal greia det med desse Bankheftingarog alt det». Marta og Rasmus Steinsvik ville bygge segeit hus nedst på eigedomen, i Veslelia. Dei vurderte åkjøpe eit ferdighus og hadde fått tilbod om eit hus foréin familie, med uthusbygg, stall og kjerrehus, ferdigoppsett for kroner. Karen og Ivar Mortenssonfekk Rødhuset og halvparten av det gamle inntunet påLabråten og halvparten av hagen, Ivar-jordet, som detsidan kom til å heite. Men dei heldt seg framleis påEinabu, inntil vidare stod Rødhuset tomt.Det var mange val og mykje å halde styr på og godt

at snøen la seg kvit over hage og åker. Men utpå vinte-ren viste det seg at dei hadde lagt av for lite fôr tilkyrne. Dei åt mykje meir enn Rasmus Steinsvik hadderekna ut, dei måtte slakte kalven alt til jul og blei lettadå dei fekk tilbod frå ein som ville kjøpe begge kyrne ifebruar . Det var stussleg med dette tomme fjøsetmidt på vinteren, syntest dei. Men dei eigna seg dårlegtil dyrehald. Det skulle vise seg vanskeleg nok å haldestyr på hagen.

Ei felles avis

Arne Garborg var den førande forfattaren innanforkretsen, og innan landsmålsrørsla generelt. Med Bonde - studentar frå hadde han skrive den første storelandsmålsromanen, med Mannfolk ein av dei viktigastenorske naturalismeromanane, med Trætte Mænd detfremste dekadanseverket innanfor den dansk-norske

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 15

Page 16: Frå Asker til Eden

litte raturen på -talet, og med diktsamlinga Haug-tussa frå det fremste lyriske verket på landsmål.Mange rekna likevel den dels sjølvbiografiske romanenFred frå som sjølve høgdepunktet i forfattar skapenså langt. Året før han flytta til Labråten, hadde hanskrive det første landsmålsdramaet sitt, Læraren, som eitema tisk og kronologisk vidareføring av Fred. Menførebels hadde ingen teater interessert seg for stykket.Som dramatikar var Hulda Garborg mykje meir

vellukka. Den Holberg-inspirerte farsen hennar Ratio-nelt Fjøsstell hadde nokre månader før Asker-innflyt-tinga hatt urpremiere på Christiania Theater og bleiframleis stadig sett opp att på speleplanen med fullehus. Ho hadde dessutan nett hatt premiere på endå eitstykke, Noahs Ark, på Centralteatret. I tillegg omsetteho europeisk dramatikk, skreiv romanar og avisspalter.Ho sleit med stempelet som forfattarfrue, men var irøynda den mest produktive forfattaren av dei.Ivar Mortensson var utdanna teolog, hadde aldri

verka som prest, og hadde også ein forfattarskapgåande. Høgdepunktet var den mystiske diktsamlingaOr duldo frå . Denne første Labråten-hausten komhan med ein litterær biografi om Arne Garborg, somsamstundes var eitt av fleire emne han tilbaud som om -reisande folketalar. Rasmus Steinsvik hadde òg fleirebøker på samvitet, men brukte det meste av tida ogtalentet sitt på det felles prosjektet deira, avisa Den deMai. Både Marta Steinsvik og Karen Mortenssonbidrog i avisa som omsetjarar og skribentar. Begge tovar sørlendingar. Marta Steinsvik var fødd i Flekke-fjord og var ei av norske kvinner som hadde tatt

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 16

Page 17: Frå Asker til Eden

artium i . Ho blei jamvel preseterist og haddestarta på medisinstudiet, men brote det av då ho bleigravid med Rasmus Steinsvik. Karen Mortensson varfødd i Tvedestrand, men hadde arbeidd som lærarinnei Bergen før ho møtte Ivar Mortensson. Dette årethadde ho deltatt på eit av landsmålskursa til ekteman-nen, men hadde vore i gang som Den de Mai-skri-bent alt før det.Dei tre mannfolka kom alle frå gard og var gamle

bondestudentar. Dei tre kvinnfolka kom alle frå riks-målsbyar. Mennene heldt landsmålskurs, kvinnene gjekkpå landsmålskurs. Tre bondegutar og tre bykvinnerskulle saman bygge det norske landsmålet, gjennomDen de Mai.For redaktør Rasmus Steinsvik var avisa sjølve livs-

prosjektet. Han såg ut til å lukkast med den ville ambi-sjonen: å skape ei brei og samlande avis på landsmålsom kunne ta opp konkurransen med dei største avis -ene i landet, og som kunne vere ei naturleg nummer-ein-avis for alle landsmålssympatisørar. Det var ingenliten revansj som låg i dette.Arne Garborg, Ivar Mortensson og Rasmus Steinsvik

hadde nemleg drive avis i lag før: avisa Fedra heimen,som Arne Garborg starta år gamal i , og somstraks blei den mest interessante verkstaden for idépro-duksjon og strategidebatt i den unge målrørsla. IvarMortensson tok over redaktøransvaret frå Garborg etterei tid, og då familien Garborg hadde flytta til Kolbotn iTynset, der Ivar Mortensson budde frå før, flytta deiheile avisredaksjonen dit. I flytta Rasmus Steinsviketter for å bli ein del av redaksjonen, men Rasmus

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 17

Page 18: Frå Asker til Eden

Steins vik og Ivar Mortensson dreiv Fedra heimen i ei sta-dig meir radikal og anarkistisk lei, fullstendig på tvers avsynsmåtane til dei aller fleste abonnentane. Ved inn-gangen til var det berre betal ande abonnentaratt, og den . mars same år kom avisa ut for siste gong,på blodraudt papir. Deretter kom det ytterlegare tremånadlege hefte av Fedraheimen, no med «Anarkist-kommunistisk organ» som undertittel. Frå juni varòg desse Fedraheimens dødskrampar over.

Suksessen med Den de Mai var derfor ein over-raskande opptur for alle tre. Den de Mai var blittstarta opp i , og kom den første tida ut tre gonger iveka, og var raskt blitt den dagsordensetjande lands-målsavisa for heile landet. Heile kretsen var involvert.Rasmus Steinsvik var redaktør. Ivar Mortensson varskribent og stadig vikarierande redaktør, Arne Gar-borg skreiv politiske artiklar. Marta Steinsvik omsetteromanføljetongar. Hulda Garborg skreiv reisebrev ogvar fast matspaltist. Dei dominerte avisa og gjekk ikkjeav vegen for å skrive om kvarandre; Rasmus Steinsvikhadde alt meldt fleire bøker av Arne Garborg, HuldaGarborg og Ivar Mortensson i Den de Mai.Der Fedraheimen var blitt stadig meir introvert og

radikal, med geografisk base på Tynset, flytta dei pro-sjektet politisk og symbolsk og geografisk nærare sent -rum, med redaksjonslokale i Kristiania og personlegbase i Asker. Avisa hadde «Norskt folkeblad» som under-tittel og ein fast framsidevignett som den kjendekunstnaren og illustratøren Erik Werenskiold haddeteikna av ein lukkeleg familie i ferd med å heise flagget.Politisk var prosjektet moderert sidan Fedraheim-tida.

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 18

Page 19: Frå Asker til Eden

Mange av anarkismens idear var rett nok framleis tilstades, som frivilligheit, samdrift og sameige, menSteinsvik var blitt tilhengar av den moderne staten.«Vilde privatfolk byggje bergensbanen,» spurde Steins -vik retorisk. «Det er ting som maa drivast med tvang;til det trengs ein stat.» Avisa var ei nasjonaldemokra-tisk venstreavis og hovudorganet til den unionsradi-kale fløya i partiet.Avisa var i vekst. Frå januar hadde Rasmus

Steinsvik lagt om til dagsavis. Stofftilgangen haddevore i jamn vekst sidan oppstarten. Dei første årahadde redaksjonen stadig måtta etterlyse stoff frå lesa-rane, men no var situasjonen snudd, og redaksjonenmåtte orsake at innsendt stoff blei liggande i kø ellerikkje kom på trykk i det heile tatt. Avisa hadde i

tatt i bruk eit nytt trykkeri, Oslo Prenteverk, og redak-sjonen var no samlokalisert med dette i Akersgata .Aksjekapitalen frå skipinga var oppbrukt, RasmusSteinsvik opna derfor ei ny aksjeteikning i sambandmed omlegginga og fekk inn friske kroner. Menav dette gjekk med til å dekke gamal gjeld. Hanhadde hatt bruk for og håpt på mykje meir. Sjølv omabonnentane heretter skulle få daglege aviser i post-kassa, gjekk prisen berre opp med øre, frå , til ,

kroner. Det var tronge marginar. Omlegginga til dags-avis var ei dristig satsing.

Den norske marknaden

Omlegginga kom i ein medvindsperiode for landsmå-let. Den . april tok Stortinget stilling til om Arne

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 19

Page 20: Frå Asker til Eden

Garborg skulle få fast statsstøtte. Velviljen på Stortingetfor Arne Garborg var overveldande. Ordskiftet handlaaldri om han skulle få stipend, men kva slags stipendhan skulle få: fast diktargasje på kroner i året somBjørnson, Ibsen og Lie hadde, eller ein gasje for denspråklege innsatsen for landsmålet som Ivar Aasenhadde hatt, på kroner. Stortingsmennene kappastom å rose Arne Garborg. Venstre-representant ThoreEmbretsen Myrvang drog fram Garborgs innsats for«at hæve Bondens Sprog og fremme og vække For-staaelse og Sympathi og Agtelse for det». Fleire avtalarane la vekt på at Garborg hadde æra for at deifleste såg meir forsonleg på målstriden no enn før. Åretfør, i , hadde Arne Garborg gjeve ut den vesle pam-fletten Vor Sprogudvikling, der han argumenterte for atmålstriden var meir eller mindre over. Bokmålets oglandsmålets fedrar, Knud Knudsen og Ivar Aasen, varnyleg døde. No som livsverka deira var fullførte, sågArne Garborg klarare det felles prosjektet deira, korleisdei representerte to vegar frå kvar sin kant mot detsame målet: «Det er tydeligvis en Art Forening af de toSprog, som maa tilstræbes.» I eit lite etterord myntapå målfolket og skrive på landsmål formulerte ArneGarborg eit nytt program for målrørsla: «Ikkje Strid,men Arbeid!» Landsmålet hadde fått sitt juridiskegjennombrot. Alt i hadde Stortinget vedtatt dethistoriske «jamstellingsvedtaket», der det oppmodaregjeringa om å «træffe fornøden Forføining til, at detnorske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog side-stilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog». Ogsom ein konsekvens av dette blei landsmål i inn-

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 20

Page 21: Frå Asker til Eden

ført som fag i lærarskulen. Året etter blei landsmålssal-mane til Elias Blix autoriserte til kyrkjeleg bruk. Nogjaldt det å bygge opp det nye språket, steg for steg,kommune for kommune, skulekrets for skulekrets.Stille, sakte og utan kontrovers. Stortinget sette pris pådenne nye retorikken. Eit fleirtal på mot repre-sentantar gjekk for den mest kostbare løysinga og gavhan heretter kroner i året, med den doble grunn-gjevinga: som «Anerkjendelse af Arne Garborgs For-fattervirksomhed og Arbeide for det norske Lands-maal».

For å utnytte den generelle velviljen for landsmålethadde ein i oppretta den såkalla Maalkassa, eitfinansieringsinstitutt for landsmålstiltak. Maalkassahadde freista å samle inn pengar etter ein pyramide-modell, der kvar medlem batt seg til å betale øre imånaden til Maalkassa og blei pålagd å rekruttere ninye medlemmer. Men det kom lite pengar inn gjen -nom det snedige systemet. I staden freista ein no i

med ein stor målmarknad, på det populære forlys-tingsområdet Tivoli på Klingenberg midt i Kristiania,til inntekt for Maalkassa. Den norske marknaden vardet første store dømet på den nye linja: «Ikkje Strid,men Arbeid!» Marknaden var dessutan det første storefellesløftet for den nyskipa Askerkretsen.Eit heilt år i førevegen hadde målfolk vore i sving

med å samle inn gjenstandar som kunne synast fram –og seljast – på marknaden. Men ein liten månad føropningsfesten angra initiativtakarane intenst på heileideen og prøvde å avlyse. Dei frykta at dei aldri villeklare å fylle marknaden med folk og aktivitetar, dei

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 21

Page 22: Frå Asker til Eden

ville knapt kunne tene inn att husleiga. Eigaren avTivoli, dansken Bernhard Holger Jacobsen, nekta dei åbryte kontrakten, dei var tvinga til å gje gass heller ennå bremse. Arne Garborg var vekkreist, men sende for-tvilte og pessimistiske brev. Hulda Garborg beit han av:«nu trenger vi alle Mod og Opmuntring, det er deteneste – siden vi nu er tvungne».

Helst ville ho berre stikke av, dei samarbeidde dår-leg i arrangementskomiteen, men om ho stakk av, villedet ikkje berre gå utover «de Par Mennesker som manærgrer sig over», men «over Maalkassa, over ‘Saka’ alt-saa». Den siste veka før marknaden kom ho heim tilLabråten først ved midnatt kvar kveld. På kjøkkenethadde ho ei kasse øl til trøyst.

Marknaden skulle vare i dagar, frå den . til den. september, og ein innbydingsannonse blei tryktgong på gong i Den de Mai, der menn og éikvinne inviterte til marknad for å «vække sansen forvor nationale kultur». Dei underskrivarane var pro-minente og kjende personar, det var stortingsmenn,redaktørar, kunstnarar, forfattarar og akademikarar.Statsminister Johannes Steen og Noregs statsminister istatsrådsavdelinga i Stockholm, Otto Blehr, og sjustatsrådar stod på lista.

Rasmus Steinsvik gjorde Den de Mai til kampanje -organ for marknaden. «Tenk deg væl um,» stod det iavisa hans då marknaden nærma seg, «det kan mangtvera i tølom av gamle nedervde saker som byfolk vildesjaa stor mun i aa eiga. Gamle skaap, bollar, sylvsakero.s.b. det er just for byfolk slikt.» Og folk tenkte segvel om. Ungdomslag, uorganiserte miljø og einskild-

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 22

Page 23: Frå Asker til Eden

personar sende i vekene før marknaden inn ein straumav gåveartiklar – mange fleire enn arrangørane skullerekke å lodde ut. Åklede, treskjerararbeid, saueskinns-og reinsdyrfellar, jamvel ein elgskinnsfell frå statsrådQvam, bunader, skjorter, skåp, ridesadlar og ølbollar.Eit seks meters silkeflagg – utan unionsmerke! – frågrosserar Dobloug til ein verdi av fleire hundre kroner,ein båt frå Vigmarkens ungdomslag, tiner, krus, kub-bestolar, utskorne bilete og uendeleg mykje meir. ErikWerenskiold og Harriet Backer gav kvar si teikning,Kitty Kielland ein akvarell, Edvard Grieg eit originaltpartitur. Hulda Garborg trefte Elias Blix tilfeldigvis iAsker og bad han tynt skrive nokre vers til marknaden.Blix sa nei. Men dagen etter sende han seks nyskrivnevers. Då bad ho Christian Sinding å komponeremusikk til versa. Han gjorde som ho sa.Tivoli var bygd opp etter mønster frå Tivoli i Køben -

havn, det låg på sørsida av Stortingsgata og hadde einenorm sirkusbygning omkransa av ein park med kon-sertpaviljong, sommarteater, uterestaurantar og bodega.Til Den norske marknaden blei heile området ominn-reidd og pynta, så det fekk «ein norsk svip». Festsalenblei omgjord til «huskestove», innreidd for framsyningav dans, musikk og forteljingar. I florasalongen var detkaffi- og ølsal og utlodding og sal av dei mange gåve -artiklane. Ølet var sjølvsagt norsk, og om norske kaffi-bønner var vanskeleg å oppdrive, forsikra Den deMai – med ein mild sjølvironi – at kaffien i det minstevar «tilstelt av norske hender, kokt i norske kjedlar mednorsk ved, og tilsett med egte norsk fløyte». Program-met var nesten absurd i sin usamanhengande innfalls-

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 23

Page 24: Frå Asker til Eden

rikdom. Baktanken var enkel, «litegrand karneval!» varmålet. Ein kjend og påstått sannspådd teosof heldt treforedrag, høvesvis om «Sjælelivets mysterier», om«Skandinaviens urindvaanere» og om «Vort solsystem».«Negerkomiker» Geo Jackson og hans «negerselskab»stod på scenen kvar einaste kveld i teateret. «Noregsstørste diktar», den to meter høge Hans Seland, for-talde skrøner i «huskestova» og styrte tombolamaskinai ledige stunder. Fanitullen, «den av fanden komponer -ede feleslaat», som det heitte i annonsane, blei framstiltsom tablå.

På ettermiddagen torsdag den . september bleileidningen kopla til stikk-kontakten. I same augneblin-ken lyste innskrifta «Den norske marknaden» i elek-trisk skrift, over inngangsporten som førte inn tilmarknadsområdet. Eit forventingsfullt gisp gjekk gjen -nom forsamlinga. Basert på dampkraft og likestrømhadde Kristiania hatt elektrisk gatelys i seks år, mensåkalla eldskrift var enno ein attraksjon. Ein kabel vartrekt frå Frognerkilens Fabrikk til Tivoli-området, medein stikkleidning vidare til inngangsportalen. Elektri-sitet var enno ein kostbar attraksjon, eit reint urbantluksusfenomen. No lyste blandinga av norrøn orna-mentikk og elektrisitet mot publikum, bygde- og by -kulturen var smelta saman, ei bru var spent frå nasjo-nalromantikken til moderniteten.Inne på Tivoli-området, bak den lysande portalen,

flakka Hulda Garborg og ein flokk amatørskodespela-rar nervøse omkring. Seinare på kvelden skulle deispele landsmålsteater midt i hovudstaden. Den årgamle Valdres-komedien Ei hugvending av Hallvard

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 24

Page 25: Frå Asker til Eden

Hande skulle ha urpremiere. Hulda Garborg haddeskrapa saman skodespelarar. Ivar Mortensson haddenekta å stille som skodespelar, mens Marta Steinsvikgladeleg hadde påtatt seg hovudrolla. Tre fulle prøvarvar alt dei hadde bak seg før premieren. Men det gjekk.Dei fekk fine og velvillige meldingar i avisene. Spesi-elt i Rasmus Steinsviks avis.Hulda Garborg var dødssliten då ho . gjekk ned

til Vestbanestasjonen for å ta toget heim etter opnings-kvelden. Heime på Hvalstad blei ho liggande søvnlaus,full av spenning og uro etter opninga.

Dag etter dag var ho og dei andre attende og fyltebyen med landsmålsunderhaldning. Det strøymde folktil marknaden. Fridtjof Nansens foredrag frå den tre -årige Fram-ekspedisjonen, til ° ’ nord, trekte åleinemeir enn tilhøyrarar. Kvar kveld blei det gjeve nyeteaterframsyningar. Etter fem dagar med Ei hugvend -ing, med fleire dobbeltframsyningar, sette teatertrup-pen opp Sigurd Næsses I apehagen og Rasmus LølandsTrollspel. «Baae stykke vart godt spela,» oppmuntraDen de Mai.

Vidare synte dei Sven Morens Naar vaaren kjem ogVetle Vislies Det ruskar i ro, før dei den siste veka setteopp landsmålsdramatikkens eine store klassikar, IvarAasens Ervingen. Framsyningane tok seg kraftig oppundervegs, i alle fall om vi kan feste lit til den entusias-tiske rapporteringa i Den de Mai. Attraksjonen låguansett ikkje i det kunstnarlege, sjølvsagt kunne ikkjedei utrena amatørane målast mot dei profesjonelle tea-tera i hovudstaden, attraksjonen var at stykke medtema frå norsk landliv faktisk blei spelte på bygdemål

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 25

Page 26: Frå Asker til Eden

midt i Noregs hovudstad. I avisannonsane stod ikkjeeingong kva stykke som skulle spelast, berre det pir-rande «Skuespil paa bygdemaal»!Arne Garborg heldt seg sjølvsagt unna under heile

den arbeidskrevjande marknaden, men han følgdemed gjennom avisene og blei ivrig av å lese om teater-suksessen. «Du er nok absolut Teatermenneske,» skreivhan stolt til kona. «Gid vi kunne komme i Gang en Be -gyndelse til et fast lidet Teater».

Då marknadsvekene var over, hadde meir enn

menneske vore innom kvar einaste kveld, det vil seieover besøkande totalt. Overskotet var på

kroner. Pengane blei skyfla inn i Maalkassa og derfråbrukt til å støtte ei rekke målpolitiske tiltak dei nestetiåra.Marknaden var ei enorm oppmuntring for flokken

ute på Labråten. Og han var det første synlege sam -arbeids tiltaket der medlemmene av Askerkretsen varsentralt plasserte. Hulda Garborg og Rasmus Steinsvikvar mellom initiativtakarane, Arne Garborg skreivprolog, Marta Steinsvik spelte teater, og kunstnarenOtto Valstad, som sjølv var oppvaksen på Hvalstad rettpå den andre sida av vegen frå Labråten og snart skulleflytte heim, laga dekorasjonar.Det var ein oppslutnad om tiltaket som fekk dei til

å tru at kva som helst var mogleg. Plutseleg hadde deipengar, dei hadde folket med seg, og dei hadde hovudafulle av planar. Det var ei forsonleg stemning mellomby- og bygdekulturen og dei to skriftspråka som komtil uttrykk i denne marknaden. Framleis var det nokoeksotisk og fascinerande og nesten kuriøst ved alt det

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 26

Page 27: Frå Asker til Eden

vakre desse bygdefolka synte fram midt i hovudstaden.Dessutan var den norske marknaden eit påfallandepresist uttrykk for den karnevalistiske folkelege tradi-sjonen som den russiske litteraturforskaren MikhailBakhtin har peika på som ein understraum i europeisklitteratur og historie sidan antikken. Ifølgje Bakhtinhar det parallelt med den statlege, institusjonaliserte,kanoniserte kulturen heile tida eksistert ein motkultur,som kjem fram i karnevalskulturen og i somme litte-rære sjangrar, i bannskap og i dei frodige folkemåla, medgroteske overdrivingar og parodiar, omvende verdi -hierarki og humor knytt til mat og drikke, kropp ogkroppsopningar. På karnevalesk maner hadde arran-gørane av Den norske marknaden snudd Kristiania påhovudet ved å late bondekulturen dominere kjernenav hovudstaden. Garborgs opningsprolog slo an tonenfor den føremålslause og utsvevande profilen som pro-grammet la opp til. «Drikk deg full!» formante Gar-borg gjestene som hadde funne fram til opninga, førhan ramsa opp all moroa dei hadde i vente: spåkoner,spelemenn, klokkefantar, hestehandlarar og mykjemeir. Fyll og moro, overtru, skrøner, juks, negerunder-haldning og djevlemusikk skulle finansiere framtidigelandsmålstiltak.Gjennom denne måten å halde ein marknad på

kopla norskdomsrørsla seg på kulturuttrykk som althadde fotfeste i hovudstaden. I Kristiania fanst på-talet eit mylder av varietear der ein kunne sjåtrylle kunstnarar, dansarar, negerkomikarar, arabartrup-par, syngande hundar og dresserte gjæser. I arbei-darstroka av byen fanst eigne teater, mest kjent var

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 27

Page 28: Frå Asker til Eden

Grønlands Folketeater, oppretta i i lokala somsidan blei til kneipa Olympen, snart kjend under nam-net Lompa. Teateret, som knapt fekk merksemd i avis -ene, spelte mest enkle folkekomediar, student komediarog revyar, men òg dramatiske klassikarar som Jeppepaa Bierget. Det blei servert mat og drikke i salen,publikum kosa seg med bayer og dram under fram -syningane. Forutan Lompa fanst Bazarhallen, Dovre-hallen, Eldorado Teater og fleire andre kort- og lang-liva teaterscenar. Marknaden la seg slik tett opp til einpopulær og folkeleg teaterkultur på byens austkant,noko som seinare skulle bli ein viktig nisje for eit ny -norskteater i hovudstaden.

Draumen om eit teater

Marknadssuksessen styrkte posisjonen til Den deMai, dei gamle anarkismeassosiasjonane frå Fedra-heim-tida var heilt borte. Omlegginga til daglege utgå-ver gjorde at fleire bidragsytarar og fleire ulike stand-punkt fekk kome på trykk. Den polemiske meinings-berande kommentaren var ikkje lenger ein like domi-nerande sjanger i avisa, ein fekk meir nøkterne ut -greiingar. Dei første reportasjane og jamvel dei førsteintervjua kom på trykk. Utanriksstoff var høgt prio-ritert, Halvdan Koht dekte Dreyfus-saka frå Paris i, og i perioden til var det nyheiter å finnefrå meir enn land i avisa, mellom dei eksotiske ogfjerntliggande land som Chile, Colombia, Kina, Kongo,Paraguay, Sudan og Venezuela.Marknaden vekte dessutan til live den gamle drau-

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 28

Page 29: Frå Asker til Eden

men om å starte opp eit lite landsmålsteater. Nokreveker etter marknaden presenterte Arne Garborg forstatsråd Vilhelm Wexelsen ideen om å skipe eit lag somkunne reise omkring «i Bygderne paa bekomne Tiderog gi Forestillinger», og spurde konkret om ikkje statenhadde ei tomt å selje, på særleg gode vilkår «for detnationale Formaals Skyld». Og den . november innleidde Arne Garborg på eit møte i fellesregi avMaalkassa og diskusjonsklubben Rødelaget om kvaoverskotet frå Den norske marknaden skulle nyttast til.Igjen argumenterte Garborg for å skipe eit norsk teateri Kristiania. Eit landsmålsteater midt i hovudstadenskulle stå som eit lysande, handfast vitnemål om lands-målets eksistens. Representantar for den urbane eliteni hovudstaden kunne fint leve kvardagane utan å støytepå landsmål verken i skrift eller tale. Eit tydeleg ogambisiøst landsmålsteater med base i hovudstadenville rokke dette vilkåret. «[K]unde me no svara pådette ’existerer ikke’ med å visa folk ned i den og dengata nummer det og det, og seia: der eksisterar det,friskt og djervt og livslivande,» drøymde Garborg ogavslutta talen med å opplyse at det – inspirert av med-gangen under målmarknaden – no skulle skipast einliten teatertrupp. «No vil dei freiste med nokre moro-kveldar (aftenunderholdninger), halvvegs ’huskestove’og halvvegs teater; gjeng det godt, vil dei halda fram ogdermed samstundes øva upp spelarar, som ein sidankan bruke.»

Men ikkje alle var glade for ideen. Den år gamleKlaus Sletten frå Nordhordland skreiv i Den de Maiat ein burde prioritere arbeidet for «maalsaki og annan

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 29

Page 30: Frå Asker til Eden

norskdom ogso utanom Oslo» framfor eit hovudstads-basert landsmålsteater. Både Steinsvik og Garborgslo tilbake, hardt tilbake, med kvar sin artikkel, Gar-borg mellom anna ved å latterleggjere «aalvorsman-nen» Sletten. Sletten var tydeleg overraska over intensi -teten i svarinnlegga og svarte mykje spakare at inten-sjonen hans berre var å åtvare mot at målrørsla skullegå for fort fram, ho måtte hugse å «byggje fraa grun-nen av og timbra traust uppover».

Den nyskipa kretsen hadde i praksis all makt i denenno uorganiserte målrørsla. Steinsvik redigerte detvidare ordskiftet med hard hand, slik at tilhengjaraneav teaterideen fekk kome til orde ein etter ein, mensinnlegga frå motstandarane gjekk rett i bøtta. «I Oslodriv dei balar med eit spellag ser eg. Det er ret! Klempaa!» skreiv lærar Anders Fosvold, «ver rauste og haldfram med den storgjæve tanken um eit maalteater,»oppmoda Bernhard Sudmann, og formann i SognUngdomslag, Andreas B. Vamraak, meinte maalkasse-pengane umogleg kunne nyttast til noko «likare en eitmaalteater».

Slik ordskiftet blei redigert, såg det ut til å vere breinasjonal oppslutnad om ideen. Samstundes førebuddebåde Arne Garborg og Rasmus Steinsvik ein eventuelldistriktskritikk mot eit teaterprosjekt i hovudstaden,med eit sterkt og strategisk forsvar for sentrum i denunderliggande sentrum-periferi-konflikten. Steinsvikslo fast at Den de Mai hadde – gonger fleire ting-arar i Kristiania enn i Bergen, mens Arne Garborgargumenterte demografisk med at Noreg om ein gene-rasjon ville bli som Danmark, at landet er «hovudsta-

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 30

Page 31: Frå Asker til Eden

den med oppland», og at nøkkelen til å vinne målsakaderfor låg i å vinne Kristiania. Å flytte frå Tynset tilAsker var ikkje berre geografisk, men òg ei strategisktilnærming til Kristiania.

Å skrive seg heim

I hagen på Labråten var hausten ein god eple-haust, sjølv om Tuften uroa seg for at mange av eplafall ned før dei var mogne. Hulda Garborg sendefrukt og grønsaker frå den første avlinga til Ivar ogKaren Mortensson på Einabu. På vinteren flyttaSteinsvik-familien attende til Kristiania. Marta Steins -vik var gravid igjen og venta barn på våren. Då gjekkdet ikkje lenger med to familiar i eitt hus. Arne Gar-borg var letta over avgjerda. Men Steinsvik-familienhadde på ingen måte gjeve opp prosjekt Labråten, deimåtte berre vente med å flytte attende til dei haddeskaffa seg eit eige hus der ute.Askerkrets-medlemmene hausta dessutan stadig

nye bøker. I kom Arne Garborg med det vesle pro-salyriske meisterverket, Den burtkomne Faderen. Denneboka fullførte trilogien som opna med Fred og Læra-ren. Idet Arne Garborg hadde fått seg heim i Asker,skreiv han seg tematisk og litterært heimover motbarndomens Jæren. Den gode venen og kampfellenSteinar Schjøtt såg tendensen: «Sproget forekommermig bedre end nogensinde,» skreiv han då han skulletakke for Den burtkomne Faderen. «Du har nu fundet‘hjem’ mere end nogensinde.»

Hulda Garborg gav dette året ut den første koke-

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 31

Page 32: Frå Asker til Eden

boka på landsmål, Heimestell, basert på spalta i Dende Mai. Boka var del av det større nasjonsbyggings-prosjektet; hygiene og sunn mat skulle styrke folke-helsa. For denne boka var meir enn ei kokebok; det varHulda Garborgs program for korleis eit sunt og for-nuftig liv skulle organiserast. Den ideologiske inspira-sjonen hadde ho frå Rousseau. Forma på boka er låntfrå Hanna Winsnes’ Lærebog i de forskjellige Grene afHuusholdningen, boka som Hulda Garborg fortvilthadde støtta seg til då ho plutseleg skulle fø ein litenfamilie på Kolbotn ti år tidlegare. Nett som HannaWinsnes byrja Hulda Garborg med ei innføring i hus-stell og hygiene. Nokre av oppskriftene tok ho fråWinsnes og nokre frå nabokonene rundt Savalen. Sam -stundes er boka tydeleg inspirert av reisene hennar iTyskland. Vegetarimpulsen og kritikken av modernekosthald og kjøpemat er ein arv frå den tyske Lebens-reform-rørsla.Arne Garborg skreiv seg heimover, sa venen. Hulda

Garborg gav ut Heimestell. Den ideologiske kampenfor å gjere det norske folket kulturelt og språkleg heimei eige land, etter år med danskestyre og snart

år under Sverige, var grunnlaget for Askerkretsen. Livs-prosjektet deira var å gjere Noreg heimsleg att. Etable-ringa på Labråten hadde såleis ei dobbel tyding; deiskulle arbeide for igjen å gjere nordmenn heime i sitteige land, dei skulle endeleg skape seg ein personlegheim.For også biografisk og sosiologisk var det noko

underleg heimlaust over dei. Vesle Karen Hulda Ber-gersen var blitt skilsmissebarn eitt år gamal. Faren

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 32

Page 33: Frå Asker til Eden

Christian Fredrik Bergersen var ein rik sakførar, mentura, svindla og drakk. Han fekk barn med ei av teneste -jentene og mishandla kona. Han skal ha sparka oppsoveromsdøra hennar ein gong ho måtte låse seg inne,og dratt henne så hardt etter håret at nattkappa gjekksund. Til slutt kasta han henne ut av heimen. Hangjekk rettens veg og kravde skilsmisse fordi ho etterseiande skulle ha kome med «gemene, raae og formas-telige Skieldsord» mot han. Eit rettsleg forlik kom istand som innebar at mora og Hulda fekk to veker påseg til å kome seg ut av huset, mens dei to eldre søst -rene fekk bli buande med faren. Mora freista først ålivnære seg og Hulda med saumarbeid på Hamar, menfrå , då Hulda var , flytta dei til Kristiania oglevde på ulike hyblar i hovudstaden. Hulda fekk aldrinokon barndomsheim, familien var oppløyst og hei-men seld. «Eg minnest ingen heim frå barndomen; mebudde på hybel,» skreiv Hulda Garborg seinare.

Tilsvarande hadde Arne Garborg opplevd at hei-men hans blei sprengd innanfrå då far hans, EivindGarborg, opplevde ei religiøs omvending og påla segsjølv og huslyden den strengaste form for lovstyrt ogmørk pietistisk kristendom. Borna skulle arbeide hardt,dei skulle ikkje tale om anna enn naudsynlege ting. Pådommens dag skulle dei gjere rekneskap for kvart orddei hadde sagt. Dei skulle ikkje lese anna enn oppbyg-gelege bøker. «Den paulinsk-lutherske-pon toppidanskeKristindomen hans far sprengde meir og meir Huse,»skreiv Arne Garborg seinare. Aadne Eivindson Und-heim Garborg, som Arne Garborg strengt tatt heitte,flytta frå heimen, sa frå seg odelen, utdanna seg til

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 33

Page 34: Frå Asker til Eden

lærar, starta opp ymse handskrivne aviser og tidsskriftog las og skreiv. Han skifta namn til Arne Garborg, ogmens han sat på Holt seminar og skreiv vers, spelte feleog røykte pipe, gjekk Eivind Garborg inn i løa oghengde seg i ein bjelke.Det var heilt frå barndomen noko heimlaust over

Hulda og Arne Garborg. Dei hadde ikkje nokon plass åvende tilbake til, dei måtte sjølve definere kven deiskulle vere. Dei måtte byrje på nytt. Dei måtte sjølveskape seg ein Edens hage.

Frå Asker til Eden ferdig_A 14.08.14 14.41 Side 34